Ålsgorsreia, nissar, underjordiske folk og røse

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Ålsgorsreia, nissar, underjordiske folk og røse

Fra boken Agder I Manns minne - Daglegliv ved hundreårsskiftet.


Per O. Ousdal (f. 1884 - ), Øvre Sirdal:
   Dei gamle kunne fortelja om Ålsgorsreia som særleg i jola tok hestane og farta rundt forbi i dal og grend. Når dei om holedagen kom ut og skulle stulla hesten, stod han skumsveitt. Men å få bukt med dene Ålsgorsreia var mest umogeleg.
   Bestefar fortalde om desse gamle nissar, små av vokster, med raude huer, som fekk grautetvora eller jolegraut ut på dørhella eller andre laglege stader. Då vart me born heilt oppglødde, og me måtte spørja han om her var slike nisser ennå. Å nei, sa han, der er lenge sidan desse folka viste seg, men eg kan så vel hugsa kva far min fortalde med då eg var liten, kor dei gamle hadde fortalt han at inne på stølane, særleg på Kallebekk og på Midstøl og likeins på Gaudstøl kunne desse nissane med sine raude huer koma ein og annan dag ganske tidlig. Dei mjølka både kyr og geiter. Når så husfolket kom og skulle mjølka, var der ikkje ein skvett mjølk å få, og dei måtte gå heim att utan nokon ting. Då kunne disse nissane sitja oppe i bakkene og veifta med huene og hegrele fordi dei denne dagen hadde tatt seg nytte av mjølka, men dei var så besette til å koma seg vekk inn i fjellholer og store urer. Ingen kunne få tak i dei.
   Det var au andre folk i den gamle tida som var kalla for underjordiske folk. Dei hadde at tilhald i fjellkløfter og andre utenkelege stader. Dei kunne brått kome inn i eit hus. Stundom spådde dei godt for huslyden og stundom dårleg. Dei kunne au døma om hell og uhell som ville møta den eller den. Dei kunne døma uhell over buskap, og der var mange som kom in i fjøset og såg si beste ku liggjande daud. Vanlegvis var folk svært redde desse underjordiske. Det kunne au av og til treffe at dei vart gifte med ei gardmannsdotter. Her går framleis ei soge om ein underjordisk som fekk gifta seg med ei gardjente og såleis vart ein fast busitjande bonde.
   Dei fortalde òg om røsen. Han skulle vera mektig stor, og kunne stege fleire hundre meter i kvart steg. Sette hann foten på eit berg, viste labbane hans alltid etterpå.
   På Kleiveberget kan ein greitt sjå fotefara hans. Han stod på Stårfjell, steig så med eit sted ned på Kleivberget, og så med det andre steget heilt bort på høgste toppen av høghei, fortalde bestefar.