Billeder fra Giske

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Norsk.gif


Billedarkiv

Billeder fra Norge

Giske - Vigra - Godøya - Valderøya
(Giske kommune, Møre og Romsdal)


Giske kommune er en øykommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal, like nord og vest for Ålesund. Kommunen består av de to flate øyene Giske og Vigra og to mer ulendte, Godøya og Valderøya, samt en rekke mindre øyer. Kommunen er rik på kulturminner fra ulike perioder. I følgje tradisjonen er både Ragnvald Mørejarl og normannarkongen Gange-Rolv fra Giske.


Skjonghellaren

Skjonghellaren på vestsida av Valderøya er ei av dei mest kjende holene på norskekysten. Her har storhavet grave seg inni i ei svak sprekksone i fjellet. Holeopninga ligg i dag om lag 55 meter over havet og er 10 meter høg. Medrekna lausmasse er holeopninga eigentleg 38 meter høg. Hola er 70 meter djup, men sprekksona fylt med lausmasse, strekkjer seg om lag 140 meter inn i fjellet. Botnen er dekt av over 20 meter tjukke lag med lausmasse. Der har forskarar analysert klimavekslingane gjennom istid og isfrie periodar i Ålesundsområdt.

I lausmassane er det så langt funne opp til 30 000 år gamle dyrebein. Skjonghellaren er slik eit arkiv som kan fortelle historier langt tilbake i tid. Dei eldste sikre spora etter menneskeleg aktivitet i Skjonghellaren, er omkring 2000 år gamle. I 1873 og 1878 fann ein materiale som tyder på busetnad. Dette materiallaget er frå tidsrommet 500 f.Kr - 600 e.kr.

Koordinater til Skjonghelleren på Valderøya


Hogstein

Eilifsrøysa på Hogstein er det største gravminnet som framleis ligg bevart i Møre og Romsdal. I følgje den lokale tradisjonen skulle Eilif jarl ligge gravlagd i denne røysa. Eilifrøysa på Godøy er ein 5 m høg gravhaug frå yngre romartid (375-400 år e.-Kr.). Røysa vart grave ut i 1962 og det blei funne importerte gjenstandar frå romarrike av høg verdi. Ei nedteikning frå det 14. hundreåret frå Sunnmøre seier at Eilifr jarl ligger i Eilifhaug i Gudø.

Ved fyrvaktarbygningane ute på Hogsteinneset står to bautasteiner. Den fyrste er 3 til 4 meter høg, 90 cm brei og inntil 20 cm tjukk. Bauta nummer to har vore brukt som sete i ein benk utanfor fyrvaktarbustaden, men er no sett opp att ved restane etter ei større gravrøys vest av husa på tunet. Det er usikkert om dette er den opphavlege plasseringa. I dag ligg berre ein liten rest av denne røysa att.

Koordinater til Hogsteinneset


Mjeltehaugen

Mjeltehaugen på Giske, i Giske kommune, er eit av dei mest spesielle gravminne i Noreg. Haugen som er 30 meter i diameter og 6-9 meter høg inneheld ei dekorert gravkiste som har sin næraste parallell i Kivik grava i Skåne i Sverige. Det må ha vore ein person med stor rang som vart gravlagt i denne haugen omkring 1300-1100 f. Kr. Personen må ha hatt kontaktar til sørlege delar av Skandinavia og kanskje heilt ned til Mellom-Europa.

Mjeltehaugen er bygd på ein naturleg sandbanke og har opphavleg vore om lag 30 m i tverrmål og 6 m høg. Ved utgravningar i 1847, 1867 og 1878 vart det funnet to graver. Den eldste, på botnen av haugen, er tidsfesta til eldre bronsealder, omlag 1500 før Kristus. Den andre låg nær haugtoppen og er tidfesta til omlag 200 e. Kr. Bronsealdergrava var ei steinkista som truleg har vore 4,50 m lang, 1,20 m brei og 60 cm høg. Kista var bygd av 8 store heller, som knakk i mange store og små stykke under utgravingane, fordi bergarten var mjuk. - Hellene har vore pryda med innhogde figurar. Båtfigurane og ein ringfigur er av same slaget som på ymse hellaristningar, medan ulike linemønster minner om vovne teppe med frynser. - I kista vart det funne brende menneskebein, men ingen gjenstandar. Det er ristningane og forma på kista som gjer at ein tidsfestar gravminnet til bronsealderen. Hellene i kista må være komne langsvegsfrå da bergarten dei er laga av, ikkje finst på Sunnmøre. - I den yngste grava i Mjeltehaugen var det to spenne av bronse, og det er truleg ei kvinne som har vore gravlagt der. Både storleiken på haugen og funna tyder på at det er personar med høg sosial status som til ulike tider er vortne gravlagde i Mjeltehaugen.

Koordinater til Mjeltehaugen


Gange-Rolv

Giske kommune har ei spesielt rik kulturhistorie, med fleire gravfunn og fornminne som fortel om busetnad i fleire tusen år. Det er gjort rike funn av gravhaugar og busetnad frå jernalderen, og lokale stadnamn på øya stammer tilbake frå denne perioden. På Roald på Vigra fins det ein levande tradisjon med segner om Gange-Rolv, men i følgje tradisjonen kommer Gange-Rolv og Ragnvald Mørejarl frå Vigra. Gange-Rolv var leiar for erobringa av Normandie i 911 og stamfar for Wilhelm Erobraren og dermed m.a. det engelske kongehus.

Koordinater til Roald på Vigra


Lenkar