Chronica Regum Manniae - Del 3

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Latinsk Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Chronica Regum Manniae

Krøniken om kongane og biskopane på Man.

Knut Rage
2018


Del 3: Chronica Regum Manniae


Folio frå Cronica regum Mannie et insularum - Chronicle of the Kings of Mann and the Isles, AD 1000–1316. BL Cotton MS Julius A vii, f. 31r. Held and digitised by the British Library. Ill. Wikimedia Commons.
Krøniken om kongane på Man og Øyane har henta tittelen frå den første setninga i det latinske dokumentet frå mellomalderen: "Incipiunt chronica regum Manniae et Insularum et episcoporum et quorundam regum Angliae, Scotiae, Norwegiae." Teksten sjølv har ingen tittel. Det var først i 1586 at det vart sett ein tittel på manuskriptet, då William Camden i sitt verk Britannia gav teksten namnet Chronicon Regum Manniae, dvs. "Krøniken om kongane på Man".

‘’Cronica Regum Manniae’’ er soga om dei norrøn-gæliske kongane som herska på Isle of Man og Hebridane (etter 1156 truleg berre på Man, Skye og dei ytre Hebridane, frå 1180 truleg kun Lewis og Harris) og tidvis delar av Irland og Skottland, frå ca. 1066 til ca. 1265[1]. Soga fortel også om hendingar og forhandlingar med kongane i Skottland, Irland, England og Noreg frå ca. 1016 til 1265, og sjølvsagt om hendingar på Man. Krøniken inneheld også ei liste over biskopar av Sodor (dåverande Man og Hebridane) frå ca. 1066 til 1377. Me får også høyra om spreidde hendingar utanfor Man, særleg i Storbritannia og Irland, for det meste i byrjinga av soga. Innføringane for dei tidlegaste åra er merkbart kortare enn den delen av teksten som omhandlar "nyare" tid. Den mest naturlege årsaka er truleg at hendingar frå seinare år sit meir levande og detaljert i minnet enn hendingar frå langt tilbake. Ein pussig ting er at hendingane for dei tidlegaste annalene er datert omlag femten år før sjølve hendinga. Hendingar frå før 1047 er heller ikkje relatert direkte til Man, men er kopiert frå ei kjelde som også den engelske Melrose-krøniken har nytta seg av.

Krøniken er sett saman av fleire manuskript, skrive over eit lengre tidsrom. Broderick hevdar at seks forskjellige skrivarar har arbeidd med soga om biskopane, medan fem skrivarar har attgjeve soga om kongane[2]. Det er altså snakk om to separate soger. Iallfall dei første delane er skrive i Rushen Abbey. Det er også mogleg at to skrivarar kan ha samarbeidd om dei same epokane i Krøniken. Alt dette er gjenstand for historiske og filologiske studiar som kan rekonstruera arbeidet med dei forskjellige delane av Krøniken eit langt stykke på veg, og som vert gjort nøye greie for i Broderick si utgåve.

Hovuddelen av manuskriptet er truleg skrive mellom 1261 og 1262. Manuskriptet er skrive med blekk på kalveskinn. Sidene er omlag 15 cm x 20 cm.

Krøniken er skrive i ein stil som ein finn att i engelske og skotske krøniker frå same tid. Som tidlegare nemnd stod Rushen Abbey i tett samband med Furness Abbey i Skottland, som til ein viss grad hadde ei sterk innflyting på kyrkjesaker på Man, mellom anna utnemning av biskopar. Det er såleis ikkje utenkeleg at delar av Krøniken kan ha vore skrive i Furness Abbey, eller i alle høve av munkar herfra som kom til Rushen Abbey[3]. I alle høve ser det ut til at det aller meste, om ikkje alt, av dei skriftene som utgjer Krøniken er skrive på Man. Eit spørsmål er kven som kan ha bestilt desse skriftene. Broderick peikar i føreordet til si utgåve av Krøniken på at det er sannsynleg at den politiske og i ei viss utstrekning også den kyrkjelege historia i kongedømmet frå Godfred Crovan (kong Orry i manx-tradisjonen) si tid vart nedteikna på oppdrag frå, anten direkte eller via eit mellomledd, dvs. kong Magnus (1252-1265), den siste herskande monarken av Crovan-dynastiet[4]. Seinare har munkane på Abbey Rushen ført Krøniken fram til 1316.

Om kronologien i arbeidet seier P.A. Munch[5]:

The hand-writing in the main part of the Chronicle bears the character common to the latter half of the thirteenth century, and as it finishes with the year 1257, where it is relieved by another, we may safely conclude, that the volume has been commenced some time previous to that period, and that the words, with which the legend, related p. 24 and 25 concludes: "Hæc sicut ab ore ejus didicimus, scipsimus", are the words of the author himself, not copied by him from another record, and consequently, that the author heard the tale from the very man, who was so wonderfully rescued from the persecution of Harold the son of Godred, about a. d. 1249 or 1250. With the entry for a. d. 1275, a third, more recent, hand-writing with cursive characters, like those usual about a. d. 1300, begins, and finally a fourth, with the entry for a. d. 1313. This shows, that the Chronicle has been successively continued from a. d. 1257 by contemporary writers, yet, as will easily be perceived, very languidly, without any pretensions to completeness, only some stray events being entered.

Eit anna spørsmål melder seg: kor påliteleg er Krøniken? Av P.A. Munch si utgåve, som vert nytta her, går det fram at Krøniken er uklår mange stader, noko som i første rekkje skuldast feil i kronologien, med t.d. avvik på 17 til 19 år i dei tidlegaste annalene. Det kan skuldast feil under kopieringa, eller at hendingane låg så langt tilbake i tid at informasjonen var mangelfull. For dei seinare åra aukar truverdet - ja, det finst døme på at skrivaren sjølv har vore augnevitne til ei hending, eller har sine opplysningar direkte frå involverte personar. I den latinske teksten er dessutan norrøne personnamn og stadnamn skrive feil. Men som heilskap betrakta framstår Krøniken som påliteleg. For krøniken om kongane på Man sitt vedkomande ser det ut som at hovudforfattaren har gjort store anstrengingar for å vera så presis og sannferdig som mogleg, ned i kvar minste detalj, og har tydelegvis teke oppgåva med stort alvor[6].

William Camden. Portrett av Marcus Gheeraerts d.y. National Portrait Gallery, London. Ill. Wikimedia Commons.
Rett nok vert Krøniken nemnd i 1586, men manuskriptet si soge til 1620-åra er ukjend. Krøniken finst berre i eitt eksemplar, kjend som ‘’British Library Cotton Julius Avii’’. Manuskriptet er bunde saman med tolv andre skrifter. I eksemplaret er årstalet 1620 skrive, saman med namnet på dåverande eigar Roger Dodsworth, som stod i kontakt med William Camden, forfattaren av "Britannia". Etter at klosteret vart opppløyst i 1540 må manusriptet ha vandra på private hender inntil Roger Dodsworth fekk det i si eige. Han presenterte det for Sir Robert Cotton, som hadde samla ei stor mengd manuskript frå mellomalderen (og nyare manuskript) som utgjorde ein av hjørnesteinane i British Museum sine samlingar, og vert no altså oppbevart i British Library i London. Det har vore fleire kampanjar for å få Krøniken tilbake til Isle of Man på permanent basis. I 2014 vart det stadfesta at den keltiske organisasjonen Celtic League formelt vil krevja at Chronica Regum Manniæ et Insularum blir returnert til Isle of Man.


Liste over utgåver:

  • 1586: William Camdens Britannia, London (kun seksjon A), seinare utgåver 1587, 1590, 1594, 1600, og 1607. Engelsk oms. av Britannia utg. av Edmund Gibson, biskop av London, i 1695, og på ny i 1753 og 1772.
  • 1598: I R. Hakluyts Principal navigations of the English Nation, band 1, London.
  • 1774: Chronicon Regum Manniae 1066-1266 i J. Langebek (red.): Scriptores rerum Danicarum medii aevi... band 3, Hafniae (København).
  • 1784: John Gillies's Chronicon Manniae, or a Chronicle of the Kings of Man... Perth.
  • 1786: James Johnstones Antiquitates Celto-Normannicae, containing the Chroncle of Man and Isles, Køpenhavn. Første komplette utg. med engelsk oms. og noter.
  • 1827: James Thomsons Chronicon Manniae, The Cronicle of Man, Monrose.
  • 1858: Joseph Stevensons «The Chronicle of the Isle of Man» i The Church Historians of England, band 5, London.
  • 1860: J. R. Olivers Cronicon Manniae et Insularum i Momnumenta de Insula Manniae, Douglas. Med engelsk oms.
  • 1860: Peter Andreas Munchs Chronica Regum Manniae et Insularum. The Chronicle of Man and the Sudreys, Christiania (Oslo). Med engelsk oms. og Munchs omfattande essayer og noteapparat.
  • 1874: Revidert utgåve av Peter Andreas Munchs utg. ved prost Goss, Douglas.
  • 1874: The Chronicle of Man and the Isles, faksimile av Codeks Julius A. vii i British Museum, Douglas.
  • 1973: George Broderick og Brian Stowells Chronicle of the Kings of Mann and the Isles, Recortys Reeaghyn Vannin as ny Ellanyn, Edinburgh. På mansk og originale latinske tekst.
  • 1979: George Brodericks Cronica Regum Mannie & Insularum. Chronicle of the Kings of Mann and the Isles. Engelsk utgave med forord. Opptrykk i 1995 og 2004.

Til mi omsetjing av Krøniken om kongane på Man og Øyane har eg nytta meg av den engelske omsetjinga i P.A. Munch si krønike-utgåve frå 1860. Eg har teke med hans noter der eg finn det relevant, men altså ikkje alle, og få av hans fotnoter som omhandlar grammatikalske og etymologiske spørsmål. Mitt språk er nynorsk, og så langt eg veit er dette første gongen Krøniken vert omsett til norsk, enn seia i ei nynorsk omsetjing. Eg følgjer det originale handskriftet si sideinndeling, og også teksten vert attgjeve så nøyaktig som mogleg, men i somme høve må eg snarare ty til attforteljing enn ei direkte attgjeving for å få "flyt" i teksten på moderne norsk. Det er også interessant å merka seg at t.d. Broderick og P.A. Munch omset den latinske teksten noko forskjellig - også her er det stundom "attforteljing". Noko hovudbry har eg hatt med stadnamn og ikkje minst personnamn, særleg norrøne namn. Dei er attgjevne på forskjellig vis på latin og i den engelske omsetjinga - og i tilegg kjem altså dei opphavlege norrøne og våre moderne norske former. Her freistar eg så langt mogleg å følgja dei to sistnemnde formene, men ikkje alltid. Inndelinga i historiske periodar følgjer nettutgåva av Krøniken utg. Manx Historical Society.

Sjølv om eg har vald å omsetja P.A. Munch si engelske omsetjing av Krøniken til nynorsk, har eg derimot vald å gje att kommentarane hans på engelsk, slik me finn dei i utgåva frå 1860. Her kan eg grunngi det med P. A. Munch sine eigne ord: "I owe an explanation to my readers, why I have chosen to use the English language, which may seem strange in a work published in Norway, by a Norwegian (-) being sure, that all those of my countrymen who take an interest in these matters, are sufficiently familiar with the English language (-)[7]. Munch sine noter følgjer etter teksten i ei eiga avdeling, merka i sjølve teksten som (’’Note’’).



Chronica Regum Manniae

Krøniken om kongane og biskopane på Man.

Omsetjing til norsk


1000-1158

s.1
Kong Salamon (1053 – 1087) vart krona i 1063, ti år gammal. Ill. Wikimedia Commons.
Her byrjar Krøniken om kongane og biskopane på Man og Øyane, og om nokre av kongane i England, Skottland og Noreg. I året 1000 (Note 1) etter oppstoda til Vår frelsar tok kong Knut, son av Svein, til å herska i heile England. Etter ei tid, då han hadde drepe Edvin, bror til kong Edmund, sende han Edmund og Edvard, sønene til den same kongen, til kongen i Sveariket for å la dei bli dømde til døden. Sistnemnde var uviljug til å drepa uskuldige småborn og sende dei til kong Salamon, kongen i Ungarn, der Edmund, i tidas løp, enda livet sitt, medan Edvard gifta seg med Agatha, dotter av Henrik, keisaren av Tyskland, som han fekk avkom med; dottera Margrete som vart dronning over skottane, nonna Kristina og arvingen Edgar. Kong Knut gifta seg med Emma som han fekk Hardeknut med, som seinare vart konge over både danskane og engelskmennene, og ei dotter som heitte Gunhild som seinare vart gift med Henrik, den romerske keisaren.

I året 1002 drog Hardeknut, konge over engelskmennene og danskane, til Danmark, der han budde heile vinteren i stor prakt. I året 1003 (1020) vende kong Knut tilbake til England og kalla saman til eit stort råd i Cirencester, under påskefeiringa.

I året 1011 (1028) sigla kong Knut til Noreg med femti (lang)skip; han dreiv Olav derfrå og tvinga landet under seg. I året 1012 vende kong Knut, konge over engelskmennene, danane og nordmennene, heim.

I året 1013 (1030), vende Heilag-Olav, kongen, son av kong Harald,

s. 2 heim til Noreg, der han var blitt drive vekk av kong Knut, og urettvist drepen av nordmennene. Han vart krona til martyr og overgjeven til Herren.

I året 1014[8] (1032) reiste kong Knut vidare til Roma i stor prakt, der han gav store gåver av sølv og gull til St. Peter. Pave Johannes gav han fritak for det engelske seminariet[9].

I året 1015 (1032) vart kyrkja bygd for St. Edmund, konge og martyr, innvigd. Etter råd frå prestar og adel innførte kong Knut den regelen at lek-prestar vart fjerna. I det same året vart mange stader i England råka av brannar som ikkje kunne stansast.

I året 1017 (1034) døydde Malcolm, konge over skottane. Han vart etterfølgd av Duncan.

I året 1018 (1035) sette Knut, engelskmennene sin konge, sonen sin Svein til konge over nordmennene før han sjølv døydde. Over danane sette han sonen og sonen til dronning Emma, Hardeknut, og over engelskmennene sonen Harald, fødd av Elfwina frå (Nord) Hampton. Etter det tok kong Knut avskil med dette livet i Shaftesbury 13. november. Han vart gravlagd med all tilhøyrande seremoni i det gamle klosteret i Winchester. Men ikkje lenge etter vart det engelske kongedømet delt mellom Harald og Hardeknut. I det same året døydde Robert, hertugen av Nordmandie. Sonen Wilhelm Bastarden, guten hans, etterfølgde han.

I året 1022 (1037) vart Harald, konge over folka i Mercia og Northumbria, vald til å herska over heile England, då broren Hardeknut vart vraka

s. 3 fordi han brukte altfor mykje av si tid i Danmark. I året 1023 (1040) døydde kong Harald i London og ligg gravlagd i Westminster. Hardeknut etterfølgde han.

I året 1027 (1046) underla Magnus, kongen av Noreg, son av St. Olav, seg Danmark, etter at han hadde drive ut Svein, kongen over svearne.

I året 1028 (1047) kjempa kong Magnus mot Svein, dreiv han ut av Danmark og herska der. Ikkje lenge etter døydde han.

I året 1029 (1048) tok Svein herredømet i Danmark, og Harald Hårfagre [10], son av kong Sigurd, tok tilbake Noreg. Sistnemnde var ein bror av St. Olav på morssida, det vil seia onkel til kong Magnus. Gjennom sine sendebod bad han om fred med kongen av England. I det same året var det eit stort jordskjelv.

I året 1035 (1054) drog Sigurd, hertug av Northumbria, etter ordre av kong Edvin, inn i Skottland med ein stor hær, kjempa mot Macbeth, dreiv han ut og gjorde Malcolm til konge, som Edvin hadde bede om.

For åra 1036, 1037, 1038, 1039, 1040, 1041, 1042, 1043 og 1044 er det ingenting å føra opp.

I året 1045 (1063) vart Griffith, konge av nordwalisarane, drepen av sine eigne tilhengjarar. Dei sende hovudet og ornamenta hans til kong Harald, som straks fekk dei overlevert til kong Edvard, men kong Edvard gav landet til dei to brørne til Griffith.

I året 1046 (-)

I året 1047 (1066)(Note 2) døydde Edvard, kongen av England, i fromt minne. Om han er det sagt at han var til heider og ære for engelskmennene medan han levde, men deira ulukke då han døydde.

s. 4
Harald Godwinson eller Harald II (angelsaksisk: Harold Godƿinson; latin: Haroldus; fødd ca. 1022, død 14. oktober 1066) var den siste angelsaksiske konge av England. Han sigra over den norske kong Harald Hardråde under slaget ved Stamford Bridge i Yorkshire 1066, men vart sjølv drepen i slaget ved Hastings seinare same året. Ill. Wikimedia Commons.
Han vart etterfølgd av Harald, son til Godwin, som Harald Hårfagre [11] (Note 3) hadde møtt ved Stamford Bridge. Engelskmennene sigra, jaga alle nordmenn på flukt og slakta ned mange av dei. I dette nederlaget slapp ein viss Godred, med tilnamnet Crovan, unna. Han var son av Halvdan Svarte frå Ysland. Han tok flukt til Godred (Note 4), son av Sytric, som då var konge av Man, der han vart teken imot med heider. I det same året erobra Vilhelm Bastarden England, drepte Harald og herska i hans stad, og drog engelskmennene ned i evig trelldom. Han herska over folket i England i tjue år og elleve månader, og vart etterfølgd av sonen.

I året 1051 la Malcolm, konge av Skottland, England aude så langt som til Cleveland, og gifta seg med Margrete. Det same året døydde Godred, sonen til Sytric, konge av Man. Han vart etterfølgd av Fingall.

I året 1056 (1079) samla Godred Crovan ein stor styrke av menn og skip og kom til Man. Han kjempa mot innbyggjarane der, men vart slegen og tvungen på flukt. Nok ein gong samla han ein hær og ein flåte og kom til Man, møtte manx-mennene, vart slegen og tvungen på flukt. Den tredje gongen samla han eit stort antal følgjarar, kom om natta til hamna som heiter Ramsey, og tre hundre

s. 5
Minnesmerke for slaget ved Skakafjell utanfor Ramsey, i ettertid kalla Sky Hill. Foto: Wikimedia Commons.
menn vart skjult i ein skog, ved foten av den åsen som kallast Scacafell (Sky Hill). Då det grydde av dag gjekk mennene på Man i samla orden for å slåst, og storma mot Godred. Medan kampane raste på sitt varmaste greidde dei tre hundre mennene, som hadde blitt overrumpla i bakhaldsåtak, å skapa uorden mellom manx-mennene og tvang dei på flukt. Då innbyggjarane såg at overmakta vart for stor, og heller ikkje klarte å koma seg unna (for tidevatnet hadde stige høgt i elva Sulby, og på den andre sida forfølgde fienden dei) bad dei som var att, med ynkelege skrik, Godred om å spara livet deira. Godred fekk medkjensle og tykte synd i dei for ulukka deira, ettersom han hadde vekse opp i lag med dei for ei tid, og kalte hæren tilbake og sa at dei ikkje skulle forfølgja motstandarene meir. Dagen etter gav Godred hæren valet mellom å dela landet mellom seg og busetja seg der om dei ville det, eller om dei ville venda tilbake til heimane sine. Soldatane ønskte å plyndra heile øya og venda heim med rikdommen. Godred gav då dei få øyfolka som hadde heldt seg til han den sørlege delen av øya, medan dei overlevande manx-mennene fekk den nordlege delen, på det vilkåret at ingen skulle gjera krav om arverettar på land kor det enn var. Såleis gjekk det til at til denne dag tilhøyrer heile øya kongen åleine, og alle krav tilfaller han. Godred la deretter under seg Dublin og ein stor del av Leinster. Han tvang også skottane under seg, slik at ingen som bygde

s. 6 eit skip våga å slå i meir enn tre boltar (jarnboltar). Han styrde i seksten år, og døydde på den øya dei kallar Islay. Han let etter seg tre søner, Lagman, Harald og Olav. Lagman, den eldste, tok over styringa og herska i sju år. (Note 5). Harald, bror hans, gjorde lenge opprør mot han. Til slutt vart han teken til fange, lemlesta og blinda. Seinare angra Lagman på at han tok synet frå broren, han sa frå seg kongedømet, tok krossen og reiste til Jerusalem, der han døydde.

I året 1073 (1093) vart Malcolm, konge over Skottland, slått av engelskmennene og vart etterfølgd av Duncan. Det same året døydde Margrete, dronninga i Skottland, i fromt minne.

Øya Islay ligg lengst sør i dei indre Hebridane. Foto: Wikimedia Commons.
I året 1075 (1095), då alle høvdingane på Øyane fekk høyra at Lagman var død, sende dei bodbringarar til Murchadh O'Brien, kongen i Irland, og bad han om å senda ein dugaleg mann av kongeleg byrd som dei kunne ta til konge inntil Olav, sonen til Godred, hadde vakse opp. Kongen gjekk viljug med på dette og sende dei ein Donald, son av Teige (Note 6), med påbod om å styra mildt og med måtehald i eit kongedøme som ikkje var hans. Men Donald tok lett på tilrettevisingane som han hadde fått av herren sin. Han misbrukte makta på tyrannisk vis og gjorde seg skuldig i mange uhyrlege brotsverk, og styrte som eit udyr i tre år. Då gjekk høvdingane på Øyane saman alle som ein mot han,

s. 7 og dreiv han ut av området. Han flykta til Irland og kom aldri tilbake.

I året 1077 (1097) vart ein viss Ingemund send av kongen i Noreg for å ta herredømet i kongeriket på Øyane. Då han kom fram til øya Lewis skikka han i veg sendebod til alle høvdingane på Øyane og bad dei halda eit ting og velja han til konge. Men i mellomtida kasta han og fellane hans seg ut i ein orgie av plyndring og misferd. Dei valdtok jenter og gifte kvinner, og gav seg alle sanselege lyster i vald. Då dette vart gjort kjend for høvdingane på Øyane som hadde kome saman for å ta han til konge, vart dei rasande og drog straks i veg og kom over han om natta. Dei sette fyr på huset hans og drepte både han og mennene hans, nokre med sverd og andre i brann, Ingemund og alle fellane hans.

I året 1098 vart abbediet St. Mary i Citeaux grunnlagd. Antiokia vart erobra av dei kristne, og ein komet viste seg. Ein komet er ei stjerne som ikkje alltid vert sett, men kjem vanlegvis til syne når ein konge døyr eller når ein religion vert ramma. I det same året kom det til kamp mellom manx-mennene ved Santwat, og desse i nord sigra. I denne striden vart Ottar jarl drepen, og MacMaras, leiarane på kvar side.

I det same året gav Magnus, kongen av Noreg, son av Olav, son av Harald Hårfagre[12] bod om at grava til St. Olav konge og martyr skulle opnast, avdi han ville vita om kroppen hans hadde rotna.

s. 8
Olav den heilage vert drepen. Altarbilete frå første halvdelen av 1300-talet.
Biskopen og prestane sette seg sterkt imot det, men kongen gav seg ikkje, og ved kongeleg befaling vart grava opna for at han kunne få undersøkja den. Då han sjølv med sine eigne auge hadde teke på og sett den friske kroppen vart han gripen av ei sterk redsle, og han drog sin veg i all hast. Natta etter viste Olav martyren seg for han i ein draum, og sa: "Vel sjølv," sa han, "den eine av to ting, anten misser du både kongedømet og livet innan ein månad er gått, eller du forlater Noreg for aldri å sjå landet meir." Då han vakna av svevnen kalla kongen saman alle sine høvdingar og eldste og fortalde dei om synet han hadde hatt. Dei vart redde og rådde han til å forlata Noreg så fort han kunne. Såleis, utan å kasta bort tida, samla han ein flåte på 160 skip og sigla til Orknøyane, som han straks la under seg (Note 7). Deretter tok han seg fram mellom alle øyane og kom så langt som til Man. Då han gjekk i land på øya St. Patrick fekk han sjå valplassen der manx-mennene nyleg hadde kjempa seg imellom, ettersom mange av dei drepne framleis ikkje var gravlagde. Han såg kor vakker øya var, og valde å slå seg ned der. Han bygde festningar som framleis har hans namn. Han la folket i Galloway under seg og tvang dei til å skjera tømmer og bringa det til stranda for å bygga festningane. Han sigla til Anglesey i Wales og fann to jarlar som heitte Hugo[13], den eine drap han, den andre dreiv han på flukt og la øya under seg, og styrte der.

s. 9 Walisiarane gav han gode gåver, deretter tok han avskil med dei og vende tibake til Man. Han sende skorne sine til Murrough, kongen av Irland, og gav han befaling om å bera dei på skuldrane gjennom huset juledag, slik at utsendingane fekk sjå det, som eit teikn på respekt for kong Magnus. Då irane høyrde dette vart dei irriterte og djupt fornærma, men kongen tok meir til fornuft og sa at han ikkje berre ville bera skorne, men eta dei, "heller enn at kong Magnus øydeleggjer ein einaste bit av Irland." Han gjorde difor som han vart beden om og viste utsendingane stor ære, og sende med dei mange gåver til kong Magnus og bad om ei fredsavtale. Då utsendingane vende tilbake fortalde dei sin herre korleis alt var og kor fint det var i Irland, om dei rike avlingane og det særs gode klimaet. Då Magnus høyrde dette tenkte han ikkje på anna enn å leggja heile Irland under seg. Såleis gav han ordre om å samla ein flåte på seksten skip og utforska landet. Men då dei gjekk i land frå skipa var han uforsiktig og dei vart brått omringa av irar, og han omkom saman med mest alle mennene som følgde han. Han vart gravlagd like ved St. Patrik's Church i Down. Han styrte seks år i kongedømet for Øyane. Då han var død sende høvdingane på Øyane bod etter Olav, son av Godred Crovan, som me har fortald om tidlegare, som på den tida levde ved hoffet til Henrik, kongen av England, og hans son William, og dei bad han koma heim.

s. 10 I året 1102 tok Olav, son av Godred Crovan, til å styra over Øyane, og han herska i 40 år (Note 8). Han var ein fredeleg mann, og hadde eit så godt tilhøve til kongane i Irland og Skottland at ingen gjorde nokon freistnad på å forstyrra roen i kongedømet over Øyane i hans levetid. Han tok ei kone som heitte Affrica, dotter av Fergus av Galloway. Med ho fekk han sonen Godred. Han hadde også mange friller (Note 9), som han hadde tre søner med, Reginald, Lagman og Harald, og mange døtrer; ei av dei vart gift med Somerled (Note 10), lord av Argyll, og det vart årsaka til at kongedømet over Øyane gjekk under, for han fekk fire søner med ho, Dugald, Reginald, Angus, og Olav, som me skal fortelja om seinare.

I året 1112 vart abbediet St. Mary av Savigny grunnlagd (Note 11).

I året 1126 (1124) døydde Aleksander, kongen av Skottland, og vart etterfølgd av broren David. I det same året vart abbediet St. Mary i Furness grunnlagd (Note 12).

I året 1133 (1132) vart abbediet St. Mary i Rievaulx grunnlagd. Det same året var det ei solformørking onsdag 2. august[14], så ei tid på dagen vart til natt (Note 13).

I året 1134 vart abbediet St. Mary i Calder grunnlagd. I det same året gav kong Olav eit stykke land på Man til Ivo, abbeden i Furness, slik at det kunne byggjast eit kloster på ein stad som heiter Rushen, og til dei to kyrkjene på Man gav han både land og privilegier (Note 14). Han var ein from kristen og særs oppteken av å tena Gud, og han var velsett både av Gud og menneske, bortsett frå at han fråtsa mykje i dei lastane som kongar har.

s. 11 I året 1135 (1136) døydde Henrik, kongen av Skottland, og vart etterfølgd av nevøen Stephen, hertug av Boulogne. Den dagen han vart krona let dei vera å lesa fred over folket under messen, fordi det vart gløymd.

I året 1139 (1136) vart abbediet St. Mary i Melrose grunnlagd. I det same året vart slaget ved Standard utkjempa mellom engelskmennene og skottane; skottane vart slegne og jaga på flukt (Note 15).

I året 1140 (1148) døydde biskop og legat av St. Malachy i Irland i Clairvaux, og vart gravlagd i oratoriet vigd den heilage jomfru Maria, som han elska høgt (Note 16).

I året 1141 (1150) vart abbediet St. Mary i Holme, Cultram, grunnlagd (Note 17).

I året 1142 (1152) sigla Godred, son av Olav, over havet til kongen av Noreg, som heitte Inge, og gjorde ære på han. Han vart godt teken imot og vart verande der ei tid. I det same året samla sønene til Harald, bror til Olav, som hadde vekse opp i Dublin, ein stor hær mot han. Mellom dei var menn som hadde flykta frå øyane som Godred hadde herska over. Dei kom til Man og krov av kongen halve kongedømet over Man og Øyane for seg sjølve. Kongen høyrde på kravet deira. Han ville gjerne stagga dei og sa at han skulle spørja om råd i saka. Då tid og stad for møtet var avtala, tok desse vonde mennene til å leggja planar for korleis dei skulle drepa kongen. Då den avtala dagen kom møttest mennene i hamna som heiter Ramsey og sette seg til tings, kongen og fellane hans på den eine sida, og dei andre på motsett side. Reginald, den nest eldste broren, som

s. 12 skulle gje kongen det dødelege slaget, gjekk til sides og tala med ein av høvdingane i landet. Då han vart kalla fram for kongen snudde han seg, så det såg ut som ei helsing, løfta den glitrande stridsøksa høgt i lufta og slog hol i hovudet på kongen (Note 18). Så snart denne svikefulle handlinga vart gjort delte dei landet mellom seg. Då det var gått nokre dagar samla dei flåten sin og sigla til Galloway for å erobra landet. Men mennene i Galloway storma mot dei med ein stor styrke så inntrengjarane vende om og rømde i stor forvirring til Man. Nokre av mennene frå Galloway som budde på Man vart drepne; alle dei andre vart jaga frå øya.

I året 1143 (1153) døydde Bernard, av fromt minne, som var den første abbeden i Clairvaux. I det same året døydde David, kongen av Skottland. Han vart etterfølgd av sonesonen Malcolm, som kom på tronen slik skikken var. I det same året vart kong Olav drepen, som me alt har fortald, på festdagen for dei heilage apostlane Peter og Paulus. Hausten deretter kom Godred, sonen hans, frå Noreg med fem skip og landa på Orknøyane. Alle høvdingane på Øyane vart glade då dei høyrde at han var kome tilbake. Dei kom saman, og alle som ein valde dei han til konge. Så kom Godred til Man, greip dei tre sønene til Harald, og for å hemna faren sitt dødsfall løna han dei med døden, som dei fortente. Ei anna soge fortel at han stakk ut augene på to av dei, og drap den siste.

I året 1144 (1154)[15] tok Godred til å styra og herska i trettitre år (Note 19). Det kunne vore fortald mange soger om han, som fortener å minnast,

s. 13 men me tek dei ikkje med her ettersom det vil føra for langt. Då han hadde styrt i tre år sende folket i Dublin bod og bad han koma og herska over dei. Etter at han hadde samla ein stor mengd skip, og ein stor hær, sigla han til Dublin, der han vart teken imot med takksemd og glede. Nokre dagar seinare gjorde dei opprør og tok han til konge, alle som ein. Då Murrough, kongen av Irland, høyrde dette, samla han ei stor mengd irar og tok straks vegen til Dublin for å jaga bort Godred og leggja byen under seg sjølv. Då han kom til byen som heiter Cortcellis, stansa han og slo leir. Dagen etter valde han ut tre tusen mann til hest. Over dei sette han halvbroren Osiblen og sende han med dei nyss nemnde hestefolka til Dublin, for å gå i forhandlingar med folket i byen og sjå kor motige dei var. Då hæren nærma seg byen storma Godred og hans menn, saman med heile folket i Dublin, mot dei med ei slik kraft, og gjekk til åtak med slik ein skur av piler at hæren straks var tvungen til å venda om og flykta. Osiblen, som tappert heldt stand, vart omringen og drepen saman med mange av mennene sine. Resten av hæren kom seg vekk og vende tilbake til herren deira, og fortalde kva som hadde hendt. Då kongen fekk høyra at broren var død sørgde han så djupt over han at han var utrøysteleg, og vart verande så full av sorg at han gav mennene sine befaling om å reisa heim att. Etter nokre dagar sigla Godred

s. 14
Dette ukjende portrettet i stein som arkeologane fann ved Peel Castle, festningen grunnlagd av Magnus Berrføtt, kan representera ein mann frå denne perioden. Foto: Finn Bjørklid, Wikimedia Commons.
tilbake til Man, og let høvdingane på øyane reisa heim til dei stadene der dei høyrde til. Då han no sat trygt på tronen, og visste at ingen kunne truga han, tok han til å oppføra seg som ein tyrann mot høvdingane. Han tok odelen frå nokre, og rettane frå andre. Av desse reiste Torfinn, son av Ottar, som var mektigare enn dei fleste høvdingar, til Somerled og bad han om at hans son Dugald måtte bli sett til konge over Øyane. Somerled var særs takksam for førespurnaden og sette Torfinn til å rettleia Dugald, som vart ført til Øyane, der han la dei alle under seg og tok gislar alle stader han kom. Ein av høvdingane, som heitte Pál, skunda seg i løynd til Godred og fortalde han om kva som hadde hendt. Godred vart særs uroa då han høyrde dette, og bad mennene sine om å gjera skipa klare til å sigla og møta fienden. Men Somerled og mennene hans samla ein flåte på åtti skip, og sigla for å møta Godred.

I året 1156 vart det utkjempa eit sjøslag mellom Godred og Somerled, om natta Heilage tre kongers kvelden, og mange menn vart drepne på begge sider. Men då det grydde av dag heldt dei fred, og vart samde om å dela kongedømet over Øyane mellom seg, og til denne dag har kongeriket såleis vore delt. På dette viset vart kongedømet over Øyane øydelagd frå den tida då dei tre sønene til Somerled fekk herredøme der (Note 20).

I året 1158 kom Somerled til Man med tre og femti skip, kjempa mot Godred, dreiv han på flukt, plyndra heile øya og

s. 15 trekte seg tilbake. Men Godred sigla til Noreg, for å be om hjelp mot Somerled.

Det kan her passa seg at me fortel om det miraklet som St. Maughold[16], ein from kristen, gjorde. På den tida då Somerled enno låg i den hamna på Man som heiter Ramsey, fekk hæren høyra at kyrkja vigd St. Maughold var full av rike skattar; for denne staden var ein trygg tilflukt mot all fåre, i respekt for den heilage Maughold.

Kirk Maughold. Foto: Wikimedia Commons.
Ein av dei framste høvdingane, som heitte Gilcolum, gjorde Somerled merksam på desse skattane, og sa at dei ikkje ville bryta den heilage freden om dei drog dit og tok kveget som beita på markene utanfor kyrkja, så lenge det var for å skaffa mat til hæren. Men Somerled vart tviksam, og sa at han ikkje på noko vis kunne gå med på å bryta kyrkjefreden. Men Gilcolum gav seg ikkje og heldt fram, og bad om at han og mennene hans fekk løyve til å dra dit og ta alt ansvar på seg. Til slutt gav Somerled sitt samtykke, og sa: "La denne saka bli mellom deg og St. Maughold. Eg og hæren min vil ikkje ha noko med dette å gjera, og me ønskjer heller ikkje å ha nokon del i det byttet du tek." Lukkeleg gjekk Gilcolum tilbake til mennene sine. Han ropte fram dei tre sønene sine og alle sine menn, og bad dei alle om å gjera seg klare før morgonen rann, slik at dei kunne dra i veg til kyrkja vigd St. Maughold, som låg ei halv mil unna, straks det grydde av dag. I mellomtida nådde eit rykte fram til kyrkja om at fienden var på veg, og så skrekkslagne vart dei der at mange flykta frå kyrkja og gjekk i skjul mellom store steinar, eller i holer, medan resten av kyrkjelyden med høge og stadige

s. 16 rop og bøner til Maughold om at han måtte gå i forbøn til Vårherre for dei alle. Det svake kjønn, med håret i uorden og sorgfulle røyster, gjekk langs murane i kyrkja og ropte: "Kvar er du, o Maughold? Kvar er alle dine miraklar som du har utført i denne kyrkja? Vil du no ikkje gjera meir på grunn av våre synder og forlata ditt folk i all deira redsle? Om ikkje for vår skuld, så i det minste for å heidra ditt eige namn, hjelp oss no!" Rørd, trur me, av desse og liknande ytringar, og av medkjensle med deira redsle, redda St. Maughold dei frå den trugande fåra og dømde fienden deira til ein frykteleg død. For då den før nemnde Gilcolum hadde falt i sømn i teltet sitt viste St. Maughold seg for han i kvit drakt og med ein gjetarstav i handa, og sa til han: "Kva er det mellom deg og meg, Gilcolum? På kva måte har eg gjort deg eller dine noko gale, sidan du vil dra i veg og plyndra min stad?" På dette spørsmålet svara Gilcolum: "Kven er du?" Helgenen svara: "Eg er Kristus sin tenar, Maughold, han som er vigd den kyrkja du vil vanæra, men du skal ikkje lukkast." Etter at han hadde sagt det, løfta han staven som han heldt i handa og dreiv spissen gjennom hjartet til Gilcolum. Den ulukkelege mannen utstøytte eit grusomt skrik, som vekte opp alle som låg og sov i telta rundt han. Endå ein gong gjennombora helgenen han, endå ein gong skreik han. Ein tredje gong gjentok helgenen gjennomboringa, ein tredje gong skreik mannen. Sønene og mennene hans, som vart forskrekka då dei høyrde skrika, sprang til teltet hans for å høyra kva som hadde hendt. Mest ute av stand til å røra tunga svara han med eit støn: "St. Maughold har vore her og gjennomhola meg tre gongar med staven sin, og drepe meg. Men skund dykk i veg til kyrkja, og hent staven hos prestane og munkane og be dei gå i forbøn for meg hos St. Maughold,

s. 17 slik at han vonleg vil tilgje meg for det eg hadde i tankane å gjera mot han." Dei skunda seg å gjera som han sa, trygla munkane om å bringa staven til St. Maughold og bli med tilbake til herren deira, som no låg på det siste. Dei fortalde også om alt det som hadde skjedd han. Då prestane, munkane og alt folket høyrde denne soga jubla dei høgt av glede, og med bodbringarane sende dei nokre av munkane som bar staven. Då dei stod ved leiet hans og såg at han var i ferd med å gje opp anden, for han hadde kort tid i førevegen mista taleevna, forkynte ein av munkane denne forbanninga: "Måtte St. Maughold, som har byrja å straffa deg, ikkje gje seg før han har teke deg inn i døden, slik at andre, som ser eller høyrer om dette, lærar å visa større age for heilage stader." Etter at han hadde sagt dette vende munkane heim, og då dei var gått sverma det så mange svarte floger kring andletet og munnen hans at korkje han eller oppvartarane hans fekk jaga dei vekk. På dette viset utanda han i store smerter og pine kring den sjette timen av dagen. Då han var død greip ei stor redsle Somerled og hæren hans, og så snart skipa flaut med det stigande tidevatnet forlot flåten hamna, og drog heim så raskt dei kunne.



1164-1223

I året 1164 samla Somerled ein flåte på 160 skip og la til ved Renfrew, fordi han hadde i tankane å leggja under seg heile Skottland. Men forsynet greip inn og han vart overfallen av eit lite antal fiendar, og drepen i lag med sonen og mange av mennene sine (Note 21).

Det same året stod det eit slag i Ramsey mellom Reginald, bror av Godred, og manx-mennene. Etter eit svik utført av ein viss greve vart manx-mennene

s. 18 jaga på flukt og Reginald tok styringa. Men på den fjerde dagen vende Godred tilbake frå Noreg med eit stort antal stridsmenn. Han greip bror sin, lemlesta og blinda han.

Det same året døydde Malcolm, kongen av Skottland, som vart etterfølgd av broren Vilhelm.

I året 1166 viste to kometar seg før soloppgang i månaden august, den eine i sør og den andre i nord.

I året 1171, sigla Rikard, jarlen av Pembroke, til Irland og la under seg Dublin, med ein stor del av Irland.

{{Fil:Thomas Becket Murder.JPG|thumb|Drapet på Thomas Becket i Cantebury-katedralen. Den tidlegast kjende biletgjeringa av hendinga, ca. 1200. Original i British Library. Ill. Wikimedia Commons.]] I året 1171 fekk Henrik, kongen av England, sonen sin Henrik, som framleis var ein gut, krona til konge av London 22. mai, og vart salva om sundagen av Roger, usurpatoren til erkebiskopembetet i York, som braut med all kyrkjeleg skikk og oppførte seg like tyrannisk som kongen, med forakt for lova, og hadde teke seg til rette i eit embete som han ikkje hadde rettmessig krav på, og lagt under seg ein provins som ikkje låg under hans bispedøme, medan den høgst aktverdige Thomas, erkebiskop av Canterbury, framleis var i live, i eksil i Frankrike (Note 22). Det same året, under feiringa av festen for apostlane Peter og Paulus, kom det eit stort og frykteleg jordskjelv ganske brått.

I året 1171, vart den heilage Thomas, erkebiskopen av Canterbury, paven sin representant, den engelske kyrkja sin primas, ein sann martyr for Kristus, snikmyrda[17] framfor høgaltaret i si eiga kyrkje.

I året 1176 la John de Courcy Ulster under seg. Det same året kom Vivian, kardinal og paveleg utsending, til Man, for å utføra sin plikt

s. 19 og sjå til at Godred vart vigd i eit lovleg ekteskap med kona si, dotter av MacLoughlin, son av Muinrough, konge av Irland, som var mor til Olav som då var tre år gammal. (Note 23). Den same dagen gav Godred eit stykke land i Mirescoge til abbed Silvanus, der han snart fekk bygd eit kloster; men med tida vart både land og munkar overført til abbediet St. Mary i Rushen.

I året 1182 kom Reginald, son av Eacmarchat, ein mann av kongeleg byrd, til Man med eit stort følgje, medan kongen var fråverande; og under dei første kampane vart ein flokk av dei som vakta kysten drepne, omlag tjue av dei. Men seinare den dagen fekk manx-mennene samla ein stor flokk, gjekk fienden motig til møte og drap han og nesten alle i hans følgje. (Note 24)

I året 1183 døydde Foceolt, lensherren på Man.

I året 1185, på dagen til minne om apostlane Filip og Johannes, var det ei solformørking, slik at stjernene kom til syne.

I året 1187 vart Jerusalem erobra av heidningane, og den heilage krossen vart teken til Damaskus.

Det same året, den 10. november, døydde Godred, konge over Øyane, på øya St. Patrick, på Man. Tidleg neste sommar vart lekamen hans frakta til øya som heiter Iona. Han let etter seg tre søner, Reginald, Olav og Ivar. Reginald, som var ein fullvaksen mann, var borte frå Øyane. Olav, som framleis var ein svært ung gut, budde på Man.

Medan Godred levde hadde han utpeikt sonen Olav

s. 20 som arving til kongedømet etter hans eigen død, for han hadde lovmessig krav på kongedømet, ettersom han var fødd i eit lovleg ekteskap; og han hadde kravd av folket på Man at dei skulle ta Olav til konge etter hans død, og såleis halda deira ed til han. Men etter at Godred var død sende manx-mennene bodbringarar kringom på øyane med bod etter Reginald og gjorde han til konge, ettersom han var ein mann med stor styrke og i meir moden alder. For dei frykta at Olav ville vera svak, i og med at han berre var ti år gammal, og dei tenkte at eit menneske som på grunn av sin unge alder ikkje visste korleis han skulle opppføra seg, ville vera heilt ute av stand til å styra over sine undersåttar. Det var grunnen til at folket på Man tok Reginald til konge. (Note 25).

I året 1188 tok Reginald, son av Godred, til å styra over Øyane. I det same året vart Murrough drepen, ein høvding med ei makt og ein styrke som var kjend over heile kongedømet over Øyane.

I året 1189 døydde kong Henrik av England. Han vart etterfølgd av sonen Rikard. I det same året døydde Rodoiph, abbeden i Furness, på Mellifont.

I året 1190 la Filip, kongen av Frankrike, og Rikard, kongen av England, i veg mot Jerusalem med store hærar.

I året 1192 kom det til strid mellom sønene til Somerled, Reginald og Angus. Mange vart såra og drepne, men Angus sigra. I det same året vart vart abbediet St. Mary of Rushen flytta til Douglas. Etter å ha vore der i fire år vart munkane sende tilbake til Rushen.

s. 21
Øvst: Jesus i Jerusalem, øydeleggjinga av templet. Midten: Halshogging av jøder. Nedst: Erobringa av Jerusalem. Biletet påbyrja i England omkring 1200 og ferdigstilt i Spania i det 14. hundreåret.
I året 1193 kom Rikard, kongen av England, tilbake frå Jerusalem og vart teke til fange i Tyskland. England betalte 100 000 mark i løysepengar for han.

I året 1193 døydde Mikael, biskop over Øyane, på Fountains. Han vart etterfølgd i bispeembetet av Nikolas.

I året 1204 gjekk Hugh de Lacy inn i Ulster med ein hær og kjempa mot John de Councy, tok han til fange og la han i lenker, og la Ulster under seg. Etterpå gav han John fridommen. Då han slapp fri frå fengselet drog John til kong Reginald, der han vart teken imot med stor heider, fordi han var svogeren hans. John de Courcy gifta seg med ei dotter som heitte Affrica. Ho grunnla klosteret St. Mary under Guds åk[18], der ho vart gravlagd.

I året 1205 samla John de Courcy, som no hadde kome til krefter att, ein stor styrke, og fekk følgje av Reginald, konge av Øyane, med nærare eitt hundre skip, til Ulster. Dei styrte inn i den hamna som heiter Strangford og beleira, på makeleg vis, festningen ved Rath. Walter do Lacy kom på dei med ein stor hær og overraska dei så alle mann tok til flukt; etter den tid vann John de Councy aldri tilbake landet sitt.

I året 1210 vart Angus, son av Somerled, drepen, saman med dei tre sønene sine. I det same året sigla John, kongen av England, med ein flåte på femti skip til Irland og la landet under seg. Han sende ein del av hæren med ein jarl

s. 22 som heitte Fulke til Man. På femten dagar la denne styrken mest heile øya aude, og tok gislar som dei frakta med seg heim. Kong Reginald og høvdingane hans var borte frå øya på denne tida.

I året 1217 døydde Nikolas, biskop av Øyane, og vart gravlagd i Ulster, i Bangor kloster, og vart etterfølgd i embetet av Reginald.

Her trur me det høver, av omsyn til lesarane, å gje att eit kort samandrag av historia til Reginald og Olav.

Frå øya Lewis på dei ytre Hebridane. Foto: Wikimedia Commons.
Reginald gav broren Olav ei viss øy som vert kalla Lewis. Om denne øya vert det sagt at ho er stor i utstrekning, men tynt befolka, fordi det er mykje berg og stein der og mest uråd å dyrka opp noko. Dei som bur der livnærer seg mest av jakt og fiske. Olav tok denne øya i si eige og budde der, sjølv om han levde særs enkelt. Men etter kvart då han såg at øya ikkje kunne livnæra han og følgjet hans, gjekk han djervt til bror sin Reginald, som den tida herska over Øyane, og tala til han såleis: "Du veit, min bror og konge, at kongedømet over Øyane var mi rettmessige arv, men ettersom Vårherre valde deg til herskar vil eg ikkje halda det mot deg, og eg er heller ikkje misnøgd med at du har nådd så høgt som til å bli konge. Difor vil eg no be deg om at du gir meg land på Øyane som er tilstrekkeleg til at eg og mine folk kan leva eit godt nok liv, for øya Lewis som du gav meg er ikkje nok til mitt underhald." Då Reginald høyrde dette lova han

s. 23 å tenkja over saka, og koma attende med eit svar på denne bøna dagen etter. Då det grydde av dag fekk Olav vita at han var kalla til ein audiens hos kongen, men då han kom dit gav Reginald mennene ordre om å gripa og binda han, og såleis skulle han fraktast i lenkjer til Vilhelm, kongen av Skottland, for å bli halden som fange i dette landet. Ordren vart følgd, og Olav sat i fangenskap hos kongen av Skottland i nærare sju år. (Note 26). I det sjuande året døydde Vilhelm, kongen av Skottland, og vart etterfølgd av sonen Aleksander. Før han døydde gav Vilhelm ordre om at alle fangar i hans varetekt skulle setjast fri. Då Olav såleis vart kvitt lenkjene og fekk fridomen tilbake, reiste han atter til sin bror Reginald på Man, og kort etter drog han i veg med eit følgje av menn av høg byrd for å finna grava til St. Jakob[19]. Då han vende tilbake frå pilgrimsferda gjesta han nok ein gong broren Reginald, som tok vennleg imot han. Ved dette høvet gav han broren Olav syster til kona si, Lauon, som var dotter til ein mann av høg byrd frå Kintyre, og skjenka han den før nemnde øya Lewis. Olav tok avskjed med broren, reiste dit med kona si og budde der.

Etter nokre dagar kom Reginald, biskop over Øyane, etterfølgjaren til biskop Nikolas, på visitas til kyrkjene. Olav gjekk han særs vennleg til møtes, og var glad for at han var komen, for biskopen var son til systera hans, og han ville stella i stand eit stort gjestebod. Men Reginald sa til Olav: "Eg vil ikkje ha noko med deg å gjera, bror, før Kyrkja ved kanonisk lov har løyst deg frå ditt ulovlege

s. 24 ekteskap." Og biskopen la til: "Veit du ikkje at du lenge har levd med kusina til ho som du no har teke til hustru?" Olav nekta ikkje for sanninga i det som var sagt, og vedgjekk at han lenge hadde hatt kusina hennar som si frille. Ein synode vart difor kalla saman, og ved kanonisk lov skilde biskop Reginald Olav, son av Godred, og Lauon, kona hans. Seinare gifta Olav seg med Kristina, dotter av Fenquhard, jarlen av Ross.

Men kona til kong Reginald, dronning av Øyane, som var frå seg av sinne over at systera hennar var skild frå Olav, og full av bittert hat, og gjerne ville sjå til at eitkvart band mellom Reginald og Olav vart brote, skreiv i løynd eit brev i namnet åt kong Reginald til sonen Godred, som var på Isle of Skye, og bad han gripa og drepa Olav. Straks han hadde fått brevet samla Godred ein stor styrke menn og sigla til Lewis for å utføra, om han kunne, mora sitt vondskapsfulle ønskje. Men Olav gjekk i ein liten båt med nokre få menn og slapp med naud og neppe unna Godred, og rømde til svigerfaren sin, jarlen av Ross, medan Godred la aude mest heile øya, drepte nokre av dei som budde der og vende heim.

På denne tida rømde Pál, son av Boke, lensherren i Skye, som hadde ei makt og ein styrke som kunne kjennast over heile kongedømet, frå Godred, etter at han hadde nekta å godkjenna at Olav skulle drepast, og som Olav vart han buande hos jarlen av Ross. (Note 27). Etter nokre dagar slutta Olav og den før nemnde lensherren ein venskapspakt,

s. 25 som vart stadfesta av dei begge med ein eid, og med berre eit skip sigla dei til Skye, der dei i fleire dagar gjekk i skjul på stader der dei kunne opphalda seg i løynd. Då dei fekk vita av spionane dei hadde send ut at Godred oppheldt seg på ei viss øy, som heiter St. Coim, utan vakthald, og med berre nokre få av mennene sine kring seg, samla dei alle sine vener og andre som dei kjende, og alle som var viljuge å følgja dei, omringa dei øya midt på svartaste natta, og la ut med fem båtar frå ei strand i nærleiken, som var omlag fire hundre meter frå den før nemnde øya. Godred og mennene hans vart djupt uroa då dei vakna om morgonen og såg at at dei var omringa. Men dei var godt væpna og sette seg imot åtaket med stort mannsmot, men til lita nytte; for kring den niande timen den morgonenen gjekk Olav og Pál, den før nemnde lensherren, i land på øya med alle sine menn. Dei drepte alle dei kom over kring kyrkja, og greip Godred, lemlesta han og stakk ut augene på han. Olav gav ikkje sitt samtykke til denne handlinga, men kunne ikkje hindra det på grunn av den før nemnde lensherren, son av Boke. Dette hende i det nådens år 1223. Den følgjande sommaren tok Olav gislar frå alle høvdingane på Øyane og kom til Man med ein flåte på 32 skip, og la seg til i hamna ved Ronaldsway. Ved dette høvet delte Reginald og Olav kongedømet over Øyane mellom seg. Man vart gjeve til Reginald, som også fekk tittelen konge. Olav reiste frå Man etter at folket der hadde betalt han skattar, med eit stort følgje til sin andel av Øyane.



1224-1249

s. 26 Året etter (1224) sigla Reginald, saman med Alan, lord av Galloway, og mennene på Man, til Øyane for å ta frå broren Olav dei landområda han hadde gjeve han, og leggja dei under seg sjølv att. (Note 28). Men ettersom mennene på Man var uviljuge til å slåst mot Olav og mennene på Øyane, som dei hadde stor vyrdnad for, mislukkast Reginald og Alan, lord av Galloway, i freistnaden deira, og vende heim. (Note 29)

Kort tid etter mottok Reginald 100 mark frå folket på Man, under påskot av å reisa til hoffet til kongen av England, men i staden reiste han til hoffet hos Alan, lord av Galloway. Samstundes gav han dottera si i ekte til Alan sin son. Då manx-mennene høyrde dette vart dei rasande, og sende bod etter Olav for å ta han til konge.

I det nådens år 1226 fekk Olav sin rettmessige arv tilbake, nemleg kongedømet over Man og Øyane, som broren hans Reginald hadde styrt i 38 år. Han styrte utan avbrot i to år.

I året 1228 sigla Olav, med alle høvdingane og størstedelen av folket, til Øyane. Kort tid etter kom Alan, lord av Galloway, Thomas, jarlen av Atholl og kong Reginald med ein stor hær til Man, la heile den sørlege delen av øya aude, plyndra kyrkjene, drepte alle menn dei fekk tak i og let etter seg den søre delen

s. 27 av Man nærast som ein villmark. Alan reiste tilbake med hæren tilbake til sitt eige land, og let etter seg namsmenn som skulle sørgja for at skattane frå Man vart betalte. Men kong Olav vende tilbake, dreiv ut namsmennene og vann tilbake kongedømet, medan folket på Man, som var spreidd i alle retningar, vende heim for å leva eit trygt liv att. (Note 30)

Katedralen St. German på øya St. Patrick ved Peel, Isle of Man. Foto: Wikimedia Commons.
Det same året kom kong Reginald ganske uventa, kring midnatt om vinteren, frå Galloway med fem skip. Denne natta sette han fyr på alle skipa til broren Olav, og skipa til høvdingane på Man på øya St. Patrick, og sigla kring landet i ein freistnad på å få i stand ei avtale med broren. Han vart verande nær førti dagar på Ronaldsway. I mellomtida vann han alle øybuarane i den sørlege delen av Man over på si side. Nokre av dei svor at dei var reide til å ofra livet for hans sak, til han hadde fått tilbake styringsretten over halve kongeriket. Kong Olav på si side samla alle manx-mennene i den nordlege delen kring seg, og fekk med orda sine ei slik makt over dei, at sjelane deira var hans åleine. Den fjortande dagen i månaden februar, på festen for St. Valentin, martyren, kom Olav med følgjesmennene sine til den staden som heiter Tynwald, og venta der ei ganske kort tid. Då Reginald nærma seg staden, og stilte opp mennene sine på rekkje for å utkjempa eit slag med broren, gjekk Olav og mennene hans brått til åtak, storma mot hæren og spreidde dei som ein saueflokk. Nokre vonde menn kom seg innpå kong Reginald og stakk han ned på staden, utan at

s. 28 broren visste om det. Han sørgde tungt då han fekk høyra om denne hendinga, men til sine dagars ende gjorde han aldri noko for å hemna drapet. Mange menn mista livet ved dette høvet, og då den sørlege delen av Man kort tid etter vart heimsøkt og plyndra av sjørøvarar, fanst det knapt ein einaste innbyggjar att. Munkane på Rushen frakta lekamen til kong Reginald til abbediet St. Mary på Furness, der han vart gravlagd på den staden han sjølv hadde peika ut medan han levde.

Etterpå sigla Olav til hoffet til kongen av Noreg; men før han reiste dit hadde kongen av Noreg utnemnd ein adelsmann av kongeleg byrd, ved namn Husbc, son til Oddmund, kongen over Suderøyane[20], og gav han namnet Håkon. (Note 31). Håkon sigla med Olav og Godred Don, son av Reginald, og eit stort følgje av nordmenn til Suderøyane. Då dei kom til øya som heiter Bute, og prøvde å ta borgen på øya, vart Håkon treft av ein stein og drepen, og vart gravlagd på øya Iona.

I året 1230 drog Olav, i lag med Godred Don og nordmennene, til Man. Her delte dei mellom seg (det vil seia, Olav og Godred Don) kongedømet Man og Øyane. Olav tok Man som sin del, medan Godred Don reiste til sin del av øyriket og vart drepen på øya Lewis. Etter at Godred var død styrte Olav kongedømet Man og Øyane åleine for resten av sitt liv.

I året 1237 døydde Olav, son av Godred, konge av Man og Øyane, på øya St. Patrick. Han vart gravlagd i abbediet St. Mary i Rushen. Olav styrte i elleve år av sitt liv, to år medan broren Reginald levde, og i ni år etter at han fekk herredøme over heile kongeriket. Etter hans død tok sonen Harald hans plass. Harald var fjorten år gammal då han tok til å regjera, og han styrte i tolv år. Den same sommaren då styringstida hans tok til sigla han til Øyane saman med alle høvdingane sine, og overlot til Loughlin, ein slektning av han, til å ta over styringa av Man inntil han vende tilbake.

s. 29 Han vart teken godt imot av folket på Man, som viste han all mogleg ære. (Note 32). Hausten deretter sende Harald dei tre sønene til Njál, Dugald, Torkild og Molmore, til Man. Dei la til ved øya St. Patrick. Den fem og tjuande dagen i månaden oktober, den tredje dagen etter at sønene til Njál hadde kome dit, vart det halde eit møte for heile folket i Man på Tynwald, der dei tre sønene til Njál, med følgjesmennene dei hadde teke med seg frå Øyane, var til stades. Også Loughlin, lensherren på Man, med alle sine vener og kvar einaste mann han greidde å overtala til å følgja han, drog til møtet, for dei stolte ikkje på sønene til Njál, ettersom det var strid mellom dem. På møtet, etter mykje hard ordstrid og ein bitter kappestrid i ord mellom dei, kom dei ikkje til semje og det enda med at dei to flokkane gjekk laus på kvarandre. Loughlin sine tilhengjarar sigra, og to av Njál sine søner vart drepne på staden, Dugald og Molmore, med den før nemnde Joseph, kong Harald sin ven, medan resten flykta. Møtet vart då oppløyst, og kvar og ein drog heim.

Våren etter kom Harald frå Øyane til Man, og la seg til i hamna ved Ronaldsway. Den same dagen flykta Godred frå Harald, med alle sine følgjesmenn, og sigla til Wales, og tok med seg fostersonen Godred, son av Olav, ein lovande ungdom. Eter å ha sigla heile dagen og mesteparten av

s. 30 natta kom dei fram utanfor kysten av Wales, men endå så ivrige dei var etter å sigla inn i den hamna dei hadde bestemt seg for, vart dei hindra i å sigla inn til land av ein kraftig storm som brått blåste opp, og dei grunnstøytte på eit skjær like utanfor kysten. Loughlin var den første som hoppa i land på skjæret, men då han høyrde ropa frå fostersonen hoppa han ombord att, klar til å ofra livet for han om så var. Han tok guten i armane, og med stort strev ville han bera han i land, men då fall dei begge frå det øvre til det nedste dekket på båten og drukna begge to. Heile skipet vart fylt med vatn opp til dei øvste plankane, slik at det ikkje lenger var snakk om eit skip i sjøen, men sjøen i skipet; omlag førti andre drukna, og knapt det same talet vart berga.

I året 1238 vart Godpatrick og Gilchrist son av Murkerthac, send av kongen i Noreg for å avsetja Harald avdi han nekta å framstilla seg sjølv ved hoffet i Noreg. (Note 33). Dei tok makta i heile landet og kravde inn skattar til den norske kongen. Harald gjorde to ekspedisjonar til Man, men vart møtt ved kysten av dei to nemnde høvdingane, Godpatrick og Gilchrist, med deira hær, og vart såleis hindra i å gå inn i landet, og også frå å skaffa dei forsyningane han trengde, og vende såleis tilbake til Øyane og budde der.

s. 31
Håkon Håkonson var konge i Noreg frå 1217 til 1263. På denne illustrasjonen sit han saman med hertug Skule. Frå Flateyarbok. Ill. Wikimedia Commons.
I året 1239 følgde Harald eit godt råd og sigla til hoffet til kongen av Noreg[21], og vart verande der i bortimot to år. Etter å ha opphalde seg så lenge ved hoffet tok den norske kongen omsider til å sjå med mildare auge på han, og utnemnde han til konge over alle dei øyane som før var blitt styrt av Godred, Reginald og Olav, hans føremenner, og gav han og hans arvingar dette riket for all tid, verna av hans kongelege segl.

I året 1240 døydde Gospatrick i kyrkja vigd St. Michael, og vart gravdlagd i abbediet St. Mary i Rushen.

I året 1242 vende Harald, som hadde fått sitt herredøme over kongeriket over Man og Øyane stadfesta av den norske kongen, tilbake til Øyane frå Noreg, der han samla ein mengd skip og ein stor hær og reiste til Man. Han la til ved øya St. Patrick; hit kom heile folket på Man og tok fredeleg imot han med alle teikn på at dei var nøgde. Då Harald såg at han vart så godt motteken av innbyggjarane på Man utstyrte han følgjesmennene sine frå Øyane med forsyningar og sende dei heim. Frå denne dagen styrte han roleg og fredeleg, og fekk i stand ein varig fred med kongane i England og Skottland og vart sameint med dei i eit vennleg samband.

I året 1247 vart Harald slegen til riddar av Hans majestet kongen av England, som hadde vist den same æra til far hans. Han vende heim frå England fullasta med gåver. (Note 34).

s. 32 Det same året kalte kongen av Noreg Harald til seg. Harald sigla straks om hausten, og la vegen om England til Noreg, der han vart teken ærefullt imot av den norske kongen, som gav han dottera si til ekte, og la til at han gjerne ville bistå han i eitt og alt, og lyfta kongedømet hans i høgare omdøme enn det hadde hatt då føremennene hans styrte i kongeriket over Øyane.

Det same året døydde Simon, av fromt minne, biskop over Øyane, den siste dagen i februar, i kyrkja vigd St. Mikael, erkeengelen. Han vart gravlagd på øya St. Patrick, i kyrkja vigd St. Germanus, som han sjølv byrja å byggja. Han døydde i det attande året av si tid som biskop, godt oppe i åra. Etter hans død vart ein Lawrence, erkediakon i Man, vald til biskop, etter samrøystes råd frå heile domkapitlet. (Note 35). Han la straks i veg til Noreg for å framstilla seg for kong Harald, og erkebiskopen i Trondheim som skulle gje han velsigninga. Men Harald, som hadde motteke falske opplysningar i eit dokument send han frå Man, nekta å godkjenna valet før Lawrence hadde reist med han tilbake til Man, og bli vald i nærvere av kongen, med heile presteskapet og folket til stades.

I året 1249 la Harald, son til Olav, konge over Man og Øyane, saman med kona si, dottera til kongen av Noreg, og den før nemnde Lawrence, kandidat til bispedømet i Man og Øyane, saman med mange andre leiande personar, ut på tilbakereisa frå Noreg, omlag kring festen for erkeengelen St. Mikael. Då dei kom nær Shetland blåste det opp til full storm, og kongen med heile sitt følgje leid havari og drukna. (Note 36).

s. 33 Meldinga om hans død vart motteke med sorg av alle som kjende han. Broren hans Reginald etterfølgde han på tronen. (Note 37).



1249-1316

I året 1249, den sjette dagen i mai, tok Reginald til å styra, og den trettiande dagen den same månaden vart han drepen av riddaren Ivar og hans medsamansvorne, på ei eng nær Den heilage trefaldigheitskyrkja i Rushen. Han vart gravdlagd i kyrkja St. Mary i Rushen. Etter hans død tok Harald, son til Godred Don, til å herska i Man.

På den same tida samla Aleksander, kongen av Skottland, ei stor mengd skip, med det føremålet for auga å leggja under seg kongedømet over alle øyane. Han kom til den øya som heiter Kerrera, her vart han råka av feber og døydde. Lekamen hans vart frakta til klosteret i Melrose. Her vart han lagd i eit gravkammer med mykje ære. Sonen hans Aleksander, som enno var berre ein gut, etterfølgde han. (Note 38).

s. 34 Harald, son av Godred Don, tok til seg namn og vyrdnad som konge av Man, og dreiv ut mest alle høvdingane til Harald, son til Olav, og i staden innsette han dei flyktningane som hadde følgd han som høvdingar og adelsmenn.

Den heilage Maria sitt mirakel

Ruinar av Rushen Abbey på Man, der Krøniken om dei norske kongane på Man og Øyane vart skrive. Foto: Wikimedia Commons.
Det var ein høvding som var godt til års, som heitte Donald, ein særs god ven av Harald, son av Olav. For å sleppa unna Harald, son av Godred Don, som forfølgde han, flykta han med sin vesle son til klosteret St. Mary i Rushen. Harald forfølgde han til klosteret, men ettersom han var ute av stand til å bruka makt på heilag grunn nytta han i staden vennlege og falske ord: "Kvifor rømmer du frå meg? Eg vil deg ikkje noko vondt", og svor ein eid på at han ikkje ville skada han, og at han fritt kunne reisa kvar han ville i landet. Mannen, som stolte på kongen sin eid og heider, følgde han ut av klosteret. Etter ei kort stund gløymde kongen, som var full av vonde tankar, at han hadde gjeve sin eid, og gav ordre om at mannen skulle gripast og bittast og haldast som fange i skogen på ei øy som heiter Mirescog, og vera vakta av mange menn. Men den før nemnde høvdingen hadde stor tiltru til Herren. Så snart det lot seg gjera vende han seg til Herren på sine kne og bad om å bli fri lenkjene, med at den heilage gudsmora jomfrua Maria greip inn, ettersom det var frå klosteret som var vigd til henne at han var teken. Han vart då heller ikkje sviken frå det høgste. Ein dag då han sat åleine i huset med berre to vaktarar, ettersom dei andre hadde gått for å driva med sine eigne saker, brast lenkjene

s. 35 brått frå føtene hans, slik at han var fri til å rømma. Men han tenkte som så at han ville ha ein betre sjanse til å koma seg unna dersom han flykta i mørkret medan vaktarane sov, så han prøvde å få foten på plass i lenkja att. Det viste seg at det ikkje var mogleg for han. Då tenkte han at det nok låg ei guddommeleg vilje bak det som no var skjedd, så han tok på seg kjortel og kappe, og skunda seg å rømma frå huset. Ein av vaktarane, som nett då var oppteken med å baka, oppdaga freistnaden på å rømma, reiste seg og følgde etter, men han hadde ikkje kome langt før han, ivrig som han var etter å gripa rømlingen, snubla over ei trestamme og nær på brekte foten, slik at han i staden for å springa vidare no var ute av stand til å røra seg, gjennom Gud si makt. Fangen, som såleis hadde fått hjelp av Den allmektige, kom på den tredje dagen til klosteret St. Mary i Rushen. Her takka han Den allmektige og Hans medlidande mor for sin fridom. Me skriv dette slik me har høyrd det frå hans eigne lippar.

I året 1250 vart Harald, son av Godred Don, kalla til den norske kongen sitt hoff; for kongen var misnøgd med at han hadde teke til seg eit kongedøme som han ikkje hadde rett på, og ville ikkje la han reisa attende til Suderøyane. Det same året kom Magnus, son av Olav, og Jon, son av Dugald med nokre nordmenn til Man, og la til i hamna ved Ronaldsway. (Note 39) John, son av Dugald, sende bodbringarar til folket på Man for å seia at "slik og slik vil John, konge av Øyane, at de skal gjera. Då

s. 36 manx-mennene høyrde at Jon ville vera konge over Øyane, i staden for Magnus, son til Olav, vart dei harme, og nekta å høyra meir av bodbringarane, som vende tilbake og fortalde herren deira alt om korleis det hadde gått. Jon vart frå seg av raseri og bad straks følgjesmennene sine om å gripa til våpen. Han førte dei opp til St. Mikaels-øya, der han stilte dei opp i ordna rekkjer, og sa at dei alle måtte vera reide til å slåst i eit slag så snart det grydde av dag, dersom manx-mennene då ikkje skulle gje etter og føya han i alt han bad om. Manx-mennene, som såg at stridsmennene samla seg på ein trugande måte, gjekk tappert ned til stranda og samla seg i rekkjer slik fienden stod oppstilt, og venta på kva som ville skje. Medan det var flo og tilgjenget til øya var sperra, gjekk Jon og følgjesmennene hans ombord i båtane sine, medan andre var spreidde over heile øya, og atter andre ordna med å gjera i stand forsyningar. Om kvelden tok ein ung mann som følgde Sir Ivar seg over til øya i lag med mange mennn, og drepte mange under det første åtaket, medan andre drukna då dei freista å symja ut til skipa. Då dette var skjedd tvilar eg ikkje på at dei var altfor stolte og ubøyelege til å godta fredsvilkåra frå den innfødde befolkninga; for folket på Man sende dei bodbringarar den første timen på dagen som sa til dei: "La dei av dykk som er sende av kongen i Noreg stiga i land utan frykt, og vis oss dei kongelege dokumenta, så skal me godta kva enn den vyrde herre befalar."

s. 37 Men dei viste korkje fram breva eller var viljuge til å gå inn i fredsforhandlingar, eller godtok nokre av dei andre tilboda frå manx-folket; og då dei trekte seg tilbake frå Man i stor vreide dagen etter mista dei mange av høvdingane i forlis då ein sterk storm råka dei.

I året 1252 vende Magnus, son til Olav, tilbake til Man, der alle tok imot han med stor glede og utpeikte han til konge.

I året 1253 sigla Magnus, son til Olav, til hoffet til den norske kongen, der han vart teken imot med stor heider, og vart verande eitt år. (Note 40)

I året 1254 krona Håkon, kongen av Noreg, Magnus, son av Olav, til konge over alle øyane som føremennene hans hadde styrt, som hans rettmessige arv, og stadfesta ved sitt kongelege segl at han og hans arvingar skulle ha rett til kongedømet for evig tid, slik det tidlegare var gjort for hans bror Harald. Då fiendane til Magnus såg og høyrde alt dette, vart dei sørgjeleg skuffa og tapte alt mot og håp. Magnus var såleis utnemnd til konge av Man og Øyane, av den vyrde kongen i Noreg, som tok avskjed med han på det mest ærefulle vis, og vende heim.

I året 1258 vitja Magnus, konge av Man og Øyane, hoffet

s. 38 til kongen av England der han vart teken særs godt imot, slegen til riddar og tildelt mykje heider, og fekk med seg mange flotte gåver til avskjed. (Note 41).

I året 1257 vart kyrkja St. Mary i Rushen vigsla av den høgvyrdige herre fader Rikard, biskop over Øyane, i det femte året av hans bispeembete, i nærvere av Magnus, konge over Man og Øyane, i det femte året av hans styringstid, medan den høgvyrdige Simon var abbed.

I det Herrens år 1263, kom Håkon, kongen av Noreg, til Skottland, men då han ikkje oppnådde noko vende han tilbake til Orknøyane, og døydde i Kirkwall. Neste vår vart lekamen hans frakta til Noreg, og gravlagd i Trefaldigheitskyrkja i Bergen. (Note 42).

I året 1265, 24. november, døydde Magnus, son av Olav, konge over Man og Øyane, i Rushen Castle; han vart gravlagd i abbediet St. Mary i Rushen.

I året 1266 vart kongedømet over Man og Øyane overdrege til Aleksander, kongen over skottane.

I året 1274 vart Edvard, kongen av England, krona i London. I det same året vart eit generalkonsil halde i Lyons under Gregor den tiande. Det same året døydde Margaret, dronninga av Skottland, dotter av Henrik, kongen av England, syster av kong Edvard; ho ligg gravlagd i Dunfermline.

s. 39 I året 1275, den sjuande dagen i månaden oktober, la ein flåte frå den vyrde Aleksander, konge av Skottland, til i Ronaldsway, og dagen etter, før solopppgang, vart det utkjempa eit slag mellom manx-mennene og skottane, der skottane sigra og drepte 537 manx-menn, derom vert det fortald:

Ti L, og tre X, med fem og med to
daude manx-folk, ja, då var det djevelen som lo!

(Note 43).

I året 1313, den attande dagen i mai, kom lord Robert, kongen av Skottland, til Ramsey med veldig mange skip, og sundagen deretter gjekk han til nonneklosteret i Douglas, der han overnatta, og måndagen beleira han borgen Rushen, som vart forsvara av den vyrde lord Dungall MacDowyle mot den før nemnde vyrde kongen til tysdagen etter festen for apostelen St. Barnabas, og på den nemnde dagen tok den vyrde kongen borgen.

I året 1316, på askeonsdag, ved solopppgang, la Richard de Mandeville, med brørne sine, og mange andre storfolk, og mange av dei som støtta han i Irland, til i hamna ved Ronaldsway med svært mange skip, og sette i land soldatar, våpen, bannere og anna, og kravde anten land, eller forsyningar, kveg eller pengar, fordi dei hadde møtt slik motstand og fiendskap alle stader. Dei sende ut bodbringarar med denne bodskapen til alt folk. Men folket på Man svarte at dei ikkje ville gje dei noko, og var budde på å forsvara seg på open slagmark. Dei irske bodbringarane vende tilbake og fortalde kva svar dei hadde fått. Då irane høyrde dette vart dei rasande og stemde straks i med krigssongen, budde seg til striden, og gjekk i to rekkjer mot manx-mennene til dei kom fram til Wardfel, ein open stad, som var bustaden til ein mann som heitte John Mandeville. Her møttest dei fiendtlege partane og kjempa. Under det første samanstøytet vende manx-mennene om og flykta, og det låg mest førti mann døde att på slagmarka. Irane forfølgde dei, nokre til fots og andre på hesteryggen, og drepte og såra mange av dei. Dei plyndra landet for alt av verdi, og fann mykje sølv som var skjult forskjellige stader i landet. Deretter tok dei vegen til Rushen Abbey som dei plyndra, både av inventar og av kveg og sauer, og let absolutt ingenting vera att. Då dei hadde halde på ein månad på dette viset, lasta dei skipa sine med alt det dei hadde plyndra og vende heim.



Biskopane på Suderøyane

s. 40 Dei følgjande er biskopane som sat på bispesetet i Man frå Godred Crovan si tid, og noko tid før det[22]

Konge frå sjakkspel funne på øya Lewis, mogleg frå Nidaros. Foto: Wikimedia Commons.
Roolwer[23] var den første biskopen før Godfred Crovan si styringstid. Han ligg gravlagd i kyrkja St. Maughold. Det fanst verkeleg fleire biskopar frå den velsigna Patrik si tid, som blir sagt å vera den første som forkynte den katolske trua for manx-mennene, men det er tilstrekkjeleg å byrja denne bispesoga med Roolwer. Me seier tilstrekkjeleg, for me er ganske ukjende med kven eller kva som var biskopar før Roolwer si tid; for me finn korkje skriftlege kjelder om emnet, og me har heller ingen sikre overleveringar frå våre eldste.

Etter Roolwer var William biskop.

Etter William, i Godred Crovan sine dagar, var Hamond, ein son av Iole, ein manx-mann, biskop.

Han vart etterfølgd av Gamaliel, ein engelskmann, som ligg gravlagd i Peterborough, i England.

Etter han vart styringa av kyrkja på Man overlate til Reginald, ein nordmann. Han var den første då dei styrande på Man overlot ein tredel av kyrkjene som vart gjort frie for avgifter til biskopen[24].

Han vart etterfølgd av Christian, ein mann frå Argyllshire, som ligg gravlagd i klosteret i Bangor.

Etter han følgde Christian, ein mann med uklanderleg vandel og viden kjend for sine dygder, ein munk i gavnet så vel som i namnet, på bispestolen; han enda sine dagar i høg alder og vart vyrdeleg gravlagd i Fountains (Abbey) i det Herrens år 1203.

s. 41 Han vart etterfølgd av Nikolas av Argyll, som ligg gravlagd i klosteret i Bangor.

Etter han vart Reginald, ein adelsmann av kongeleg byrd, vigsla til biskop, og han styrde bispedømet med stor iver. Helsa hans var svak, men han heldt på dei kreftene han hadde, Herren vera lova, og utanda til slutt, etter eit liv som var eit vitne om hans tru, og ligg gravlagd i kyrkja St. Mary i Rushen.

Rushen Abbey, ca. 1903.
Han vart etterfølgd av John, son av Hefare, som på grunn av ei tragisk hending, forårsaka av vanvare av ein av tenarane hans, omkom i ein brann og ligg gravlagd i Jerewos[25] i England.

Etter han følgde Simon, ein mann med mange dygder og med stor kunnskap om den heilage skrifta, som styrte kyrkja i Suderøyane. Han døydde i høg alder i kyrkja St. Michael, og ligg gravlagd i kyrkja St. German, som han sjølv byrja å byggja. Etter hans død var bispeembetet ledig i nærare seks år.

Etter den høgverdige biskopen av Suderøyane, Simon, vart Richard, ein engelskmann, vigsla i Roma av erkebiskopen av Trondheim, og styrte bispedømet i Suderøyane i tre og tyve år. På veg heim frå generalkonsilet i året 1274 døydde han i Langalyver, i Copeland, og vart gravlagd i klosteret St. Mary i Furness.

Etter han styrte Mark, ein mann frå Galloway, bispedømet i Suderøyane med god hand i fire og tyve år, då manx-mennene dreiv han ut. På grunn av dette vart landet sett under bannlysing i tre år. Etter dette vart han kalla attende, og manx-mennene betalte då ei skadeserstatning på ein penny for kvart hus med ein eldstad. Denne erstatninga blir etter gammalt framleis betalt for kvar ny biskop som vender tilbake etter å ha vore borte frå Øyane. Mark var ein vidsynt og rettskaffen mann. Han døydde i høg alder, etter at han hadde vorte blind, og ligg gravlagd i kyrkja i St. German, på øya Holm[26].

s. 42 Etter han var det Allen, ein mann frå Galloway, som styrte bispeembetet med heider; han døydde den femtande dagen i månaden februar i året 1320, og vart gravlagd i kyrkja til den heilage Maria i Rothesay, i Bute.

Gilbert MacLelan, ein mann frå Galloway, etterfølgde han. Han var biskop for Suderøyane i to og eit halvt år, og vart gravlagd i den før nemnde kyrkja i Bute.

Bernard, ein skotte, følgde han, og vart gravlagd i klosteret i Kilwinning, i Skottland. Han sat fire år i bispestolen.

Han vart etterfølgd av Thomas, ein skotte, som hadde embetet som biskop i atten år, og vart gravlagd i Scone, i Skottand, etter sin død den 21ste dagen i september A.D. 1348. Han var den første som krov tjue skilling i visitashonorar frå alle kyrkjene i Man. Han var også den første som krov gebyr frå alle sokneprestane for den avgifta dei tok frå framande som dreiv fiske etter sild.

I 1348 vart William Russell, ein manx-mann, abbed ved klosteret St. Mary i Rushen, vald til overhyrde for bispedømet i Suderøyane av prestane på øya Man, i katedralen St. German, på Holm i Man, og vart vigsla av pave Clemens VI i Avignon. Han var den første biskopen som vart vald på Suderøyane som vart godkjend og vigsla av Den heilage stol, for alle hans føremenner måtte først godkjennast og vigslast av erkebiskopen i Trondheim, det vil seia metropolitten.

Han døydde den 21ste dagen i månaden april 1376, i Ramsheved, og vart gravlagd i klosteret St. Mary i Furness. Han var abbed i Rushen i atten år, og biskop for Suderøyane i seks og tjue år.

Torsdag 31de mai A.D. 1374, som fall saman med feiringa av Corpus Christi, vart John Duncan, ein manx-mann, vald av prestane i Man til sjelesørgjar og biskop i Suderøyane, i katedralen St. German. Under den følgjande feiringa av St. Leonard vart valet stadfesta av pave Gregor XI, og under feringa av St. Katarina vart han høgtidleg vigsla, med åtte andre biskopar til stades, i klosterbrørne si kyrkje, av kardinal Palestrina, tidlegare erkebiskop i Canterbury. Under feringa av St. Paul si omvending, i det Herrens år 1376, det tredje året etter vigslinga, vart han høgtidleg innsett i den før nemnde katedralen, og fekk mange storslagne gåver denne dagen, under den første messa han heldt etter innsetjinga. I dette tidsrommet hadde han vore halde i fangenskap, under nøye oppsyn i Boulogne, i Picardy... men vart etterpå sett fri mot ei betaling på... mark...

s.43 Picardy. Etterpå vart han sett fri for ei betaling på fem hundre mark.


Avsluttande notat

Her sluttar Krøniken, men ikkje heilt. Som nemnd i innleiinga inneheld Krøniken nokre få sider som handlar om grensene for munkane sitt land. Det er elles interessant å leggja merke til at så seint som i 1374 vart erkebiskopen i Trondheim anerkjend av kurien som det øvste tilsynet med biskopen i Man, til liks med Orknøyane, Færøyane, Island og Grønland. Munch skriv[27] at det er uvisst nøyaktig kor lenge det heldt fram slik, men så seint som i 1472 viser dokument frå Vatikanet at Episcopus Sodorensis er underlagt Archiepiscopus Nidrosiensis.


Fotnotar

  1. Broderick, s. 6
  2. Broderick, s. 9.
  3. Broderick, s. 6.
  4. Broderick, s. 6.
  5. Munch, s. 26
  6. Broderick, s. 14
  7. Munch, s. 33
  8. 1015, Broderick f.31 v.
  9. Munch: the English establishment in Rome
  10. dvs. Harald Hardråde
  11. dvs. Harald Hardråde
  12. dvs. Harald Hardråde
  13. Hugo, jarl av Chester og Hugo, jarl av Shrewsbury
  14. 2. august 1133
  15. Broderick fører opp 1153
  16. Machalus, Machella, Macaille, Maguil, Maccul, Macull, Maghor, Machaoi, Mawgan, Macc Cuill; lat: Maccaldus
  17. Broderick nyttar ordet "beheaded" i si omsetning av Krøniken, dvs. halshogd. f. 39v.
  18. Grey Abbey i Down.
  19. I Santiago de Compostela, Spania.
  20. dvs. Hebridane og Man
  21. Dvs. Håkon Håkonson (1204-1263)
  22. Det finst ingen skriftlege kjelder som nemner dei første biskopane ved namn, men det verkar som dei har stått utan motkandidatar (Munch, p. 136). Den første biskopen som er nemnd i dei islandske annalane er Ragnaldus eller Reginald (Reinardus), som døydde i 1170. Men medan Cronica Regum seier at Reginald vart etterfølgd av Christinus av Argyll, deretter Christinus frå Michael som døydde i 1193 og Mikael frå St. Nikolas som døydde i 1217, seier dei islandske annalane ettertrykkeleg at etter Reginald sin død var det ingen biskop på Øyane i førti år, då ein biskop Koli vart gravlagd i 1210.
  23. Norrønt Hrolfr, truleg av norsk opphav
  24. to whom the incuni bents in Man gave the thirds of the churches, that they might thence be free from any episcopal exactions.
  25. Truleg er det meint "Jernemuthe", dvs. Yarmouth i England.
  26. St. Patrick's Isle.
  27. Munch, s. 149