Det Store Tidskiftet

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Det Store Tidskiftet

Folkeliv i Setesdal, s. 20-26
Svein Hovet, 1969


Lenge etter at kristendommen var innført og offisielt godkjent, heldt avgudsdyrkinga fram utover bygdene i dei gamle former, i Setesdal som andre steder i landet. Det krydde av avgudar i mange og ulike former, og den tru og skikk som var plugga inn i folk gjennom hundretals år, let seg sjølsagt ikkje rydde bort i ein fart. Jamvel etter at dei gamle gudar av tre og stein var gøymde på mørkeloftet, hende det nok at dei vart henta fram att i store stunder. Det var så rart med det - ein synleg gud som ein kunne ta på, og stella godt med, var noko anna enn ein usynleg. Under dette store tidsskiftet mellom heidendom og kristendom, hende det nok iblandt at husbonden henta fram den gamle guden, og sette han i høgsetet på julekvelden. Smurde han med feitt så det glisna av han, og slo øl og mjølk i nakkehola hans. Då først kjende husbonden den gamle høgtidsstemninga som han var med, og som hadde gjeve han ro og fred. Men det var ikkje verdt at andre fekk greie på det, så han låste gjerne dørene i den stunda. Og når høgtida var slutt, laut nok den gamle guden berast på mørkeloftet att, og det vart lenger og lenger mellom kvar gong han vart henta.
   Det er merkelig korleis mennesket gjennom alle tider har funne fram til gudsdyrking i ei eller anna form. Om vi i dag fekk sjå ei samling av alle dei rare figurar, både levende og døde, som mennesket har dyrka som guder, ville vi vel knapt tru våre eigne augo. Men sant er det likevel at våre fedrar har tilbede trekubbar, utskorne i mannskapnad, oksar, kyr, hestar, løver og tigrar, krokodillar, ormar, elefantar, aper, padder, og mange andre ting. Det ligg nær tru at naturmaktene og livslovene er dei ting som har fått mennesket til å tenke seg sterkere makter enn dei ein til vanleg hadde synlige omkring seg. Der måtte vera noko sterkare enn sjølve mennesket, noko ein skulle bøye seg for og tilbe. Og i redsle og bøn til desse makter, skapte så menneske sin gud i sitt eige bilete.
   Fakse Brokke var ein slik avgud eller husgud, som hadde sitt "rike" i Hylestad i Setesdal, og soga om han gjev eit visst innsyn i overgangstida mellom heidendom og kristendom. Fakse hadde mannsskapnad og var hoggen ut av eit stort furutre, henta heim frå skogane ein stad, ein mektig tyrikubbe som ikkje vatn eller tid beit noko større på. Han var grundig innsmurt med tjøre, og hadde ein hatt av stein, dei rekna vel med at ein gud skulle vera sterk på alle vis. Fakse reiste ikkje omkring i riket sitt, og var ikkje ute i storm og styggver. Han satt for det meste i høgsetet og stelte med menneskelagnader, og der gjekk dei til han og bad om gode år og avlingar.

Han hatten ha av ein hoggen steine,
og hold og hjarta var tyri feite.
På håge heidi dei tok han ut,
der laut vera malm i den norske gud,

heiter det i eit lengre dikt som Folke Jonson Uppstad laga om Fakse. Diktet er på heile 14 vers, og fortel mykje om den plass som Fakse hadde i sjølve folkelivet og folketrua. Fakse var hard og streng når det galdt rett og rettferd, løgn og svik, men elles må ein nok seia at han hadde svært menneskelege eigenskapar:

I høgste sætet laut Fakse vere,
fysst dei ha brædt han i saup og tjøre,
då la han ut av sin visdom stor,
om kor strengt han straffa eit broti ord.
Han fagna kjempa som vann i leiken,
og beste hesten som drig i kneiken.
Han elska jenta sin vene song,
og si signing sendtè 'an dei mang ein gong.

Om denne Fakse var gud for ei heil grend eller berre ein einskild gard, seier ikkje soga noko om. Det er ting som tyder på at kvar gard hadde sin eigen gud. Om sommaren reiste alle til fjells i slåttonna, og då hadde dei guden med seg. Han var liksom noko av sjølve invetaret som dei hadde bruk for til kvar tid. Men stølane låg ofte langt frå kvarandre, og etter ein lang og hard arbeidsdag var det ingen som hadde hug å gå lange vegar for å få dyrka guden. Då var det meir praktisk å ha sin eigen gud stående i stølsbua.
   Når dei hadde bruk for god tørk i slåttonna, gjekk dei til guden sin og bad han ordna med slike ting, det var han som skulle hjelpa dei ut av alle vanskar, difor var det greitt å ha han så nær seg som mogeleg. Men før dei bad han om ei eller anna teneste, prøvde dei å gjera han blid og imøtekomande med ei gåve, mest vanleg var det at dei slo øl eller mjølk i nakkehola hans. Og Fakse vart meir og meir tørst med åra - etter kvart som treet rotna! Det kan nok synast underleg at ein skulle ha slik hug på sterkt øl, men dei gjekk nok ut frå seg sjølve, kva anna skulle dei gjera. Dei visste ikkje noko betre enn sterkt øl, og rekna då med at guden hadde den same smak. Og det var nok store mengder øl og mjølk som kvart år gjekk i den mektige tyrikubben. Hende det at ein mann vart ute for fleire stygge ulykker etter kvarandre, så var det merke på at han hadde synder på samvetet, og at det var Fakse som straffa han for dei vonde gjerningar. "Hans makt og visdom ått' aldri ende", heiter det i det nemnde dikt.
   Det var ingen komedie når folketrua vitna at Fakse følgde med i alt som hende i kvardag og gjestebod, dei trudde for rame alvor at gjennom han skulle mennsket nå fram til dei høgste makter over livet. Dei makter som dei trong trøyst og hjelp av når sorg og motgang tårna seg opp. Når dansen gjekk over tilje i gjestebodsgarden, stod Fakse i svala og heldt vakt over alle hendingar. Jamvel ulykkeleg kjærleik kunne han ordna opp med, og mange unge menneskene har nok legi på kne i varm bøn til den gamle tyrikubben, når dei ikkje fekk den dei ville ha. Når alle vegar tyktest stengde, var det berre Fakse som kunne hjelpe. - "Han kunne hugen hjå jenta vende, og hat i staden for kjærleik tenne."
   Med ei slik allmakt som Fakse hadde etter folketrua, skulle det ikkje vera vanskeleg å bli lykkeleg for den som greidde å få guden i godlag, slik at han gjekk med på det ein bad om. Og kven ville ikkje gladeleg ofra ein god del øl og mjølk og hesteblod, når berre kunne bli fri den store sorga, og attpå bli gift med den ein helst ville ha. Det er då lett skjønleg at i slike krisetider for mennesket vart Fakse reine stordrikkaren. Men han kom aldri ut av jamvekt, det sømde seg sjølsagt ikkje ein gud. Han måtte alltid ha den kalde, klåre ro over seg, gjennom skiftande menneskelagnader.
   Fakse hadde til vanleg plassen sin på eit skåp i høgsetet, og inn i dette skåpet la dei ofte mykje god mat, først og fremst når det var høgtid, eller dei skulle be han om ei eller anna teneste. Som ein kan skjøna vart det etter kvart eit stormande liv i dette skåpet, der mus og rotter levde høgt på all den gode gudematen. Men slikt tala ikkje folk om, endå ein må vel tru at dei i løynd hadde sine tankar kvar maten vart av. Likevel vart det stadig sett inn ny mat, guden skulle ikkje leva på noko svelteforing, då ville han nok berre bli i ulag, og sende hard straff over sitt folk.
   Men Fakse kom meir og meir i konflikt med sjølve kristendomen, og han var ikkje nådig mot dei som hadde tatt mot den nye trua. Dei blir likevel fleire og fleire, og Fakse får kjenna korleis makta hans minkar for kvar dag. Det blir lenger og lenger mellom kvar gong dei kjem til han med øl og hesteblod, lenger og lenger mellom kvar gong han blir tatt inn til varmen og gnidd og smurt med feitt og tjøre. Det blir så altfor stilt omkring han, ingen kjem med mat og set inn i skåpet hans, mus og rotter har måtte fløtta over til andre og betre beitemarker. Det er som folk har vakna opp or ein lang draum og ser det komiske ved å tilbe ein tyrikubbe. Vørnaden for Fakse minkar, og ein dag må han ta mot den store skamma, han blir slengt ut på tunet for å nyttast til hoggestabbe:

Den tyngste lagnad fekk han av adde,
dei bruka han til ein hoggestabbe,
og mang ein dag i den varme vår,
låg Fakse blødde av sine sår.

Større vanvørdnad kunne vel ikkje ein gud koma ut for, og det blir etter kvart klårt for alle at Fakse likevel ikkje var allmektig. Men gamal tru heng lenge, og der var nokon som ikkje var heilt nøgd med fraferda han fekk, der låg ein liten løynd tanke om at guden kunne koma til å hemna seg, det ville vera best å få han langt bort, og så vart Fakse fløtt til ein støl langt inne i fjellet.

Til Skrymelidi dei Fakse flutte,
i hop med tussar og troll han budde.
Der låg han drøymde sin maredraum,
til dei brend 'an opp i ein fiskeflaum.

Fakse hamna altså på bålet til slutt, og nå var han endelig komen inn i den store freden, der ingen kunne vanvøra eller tilbe han. Alt han greidde med sitt liv var å varme opp nokre forfrostne fiskarar, som ein våt kveld kom inn i stølsbua og var i beit for ved.
   Til slutt i det lange diktet om Fakse Brokke er det ikkje fritt at dikteren let ironien sleppa til:

Du gamle Fakse me for deg græte,
so tung ein lagnad var du kje være.
Me vonar ein gong du heimte kjem,
for ho sviv kring Løfjell di tyrisjel.

Vi må tru at dei som var eigarar av Fakse, også var skuld i hans lagnad, og at det ikkje var nokon tåreflaum ved avferda hans. Men soga om han gjev forvitnelege gløttar inn i tru og tenkemåte hos dei gamle setedøler. Eller var nok avgudsdyrkinga stort sett den same over alt landet. men mange stader i verda hadde avgudsdyrkinga mykje meir uhyggelege former enn her, fleire stader vart det ofra menneske, serleg der guden var eit levande dyr. Ein stad i India vart det oppdaga at prestar og munkar kvart år hadde ofra eit barn til ein stor krokodille, og det har nok hendt mykje i samband med avgudsdyrkinga som kan få ein til å kulsa nedetter ryggen. Og enda finst der ting som vitnar om kor veldige dimensjonar avgudsdyrkinga ein gong hadde. Nord for Tokio er det ei samling avgudar som er forma ut i stein, eldgamle, mosegrodde figurar som ikkje let seg brenna, slik som Fakse.
   Jamvel om Fakse hadde vanleg mannsskapnad, så kunne han ikkje vera som ein annen setesdøl i kvardagsklede, han var ein hovding med blanke knappar nedover bringa, og langs saumen i ridebuksene var ein kant av grønt klede.
   Når dei gamle døler gjekk til Fakse med øl og mat, var det nok ikkje først og fremst tenkt som ei gåve. Dei venta å få noko att, noko som var mykje meir verdt enn det dei bar fram. Den slag egoisme ligg vel stort sett bakom mest all gudsdyrking. Men trass i at Fakse berre var ein trekubbe, spela han likevel ei viss rolle i det moralske liv, fordi folk trudde at han straffa dei som gjorde urett, og dei gode gjerningar fekk si løn. Det er då rimelig at dei innretta sitt liv mest mogelig etter dette, som ellers også var i samsvar med det menneskelege samvet. Det er òg verdt å merke at når dei bad Fakse om hjelp, så var det gjerne for å få sin rett, god avling, eller hjelp til å gjera livet rikare på ein eller annan måte. Dei gjekk aldri til han når dei tenkte på låke gjerningar. Trass all toskeskapen som følgde med avgudsdyrkinga, var Fakse likevel på ymse måtar ein talsmann for det beste i mennesket. -


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.