Draumkvedet
| Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
|---|---|---|---|---|---|---|
| Denne teksten finnes på følgende språk ► |
I ny uppsetjing med utgreidingar
Cammermeyers Boghandel
Oslo
1927
Innhold
- 1 Draumkvedet
- 2 Innføring
- 3 Der er ein diktar
- 4 Stelling i ålmenn bokheim
- 5 Kva saknar me?
- 6 Grenselandet mellom liv og daude
- 7 Kvarhelst finn me att eit lån?
- 8 Er det nokon plan i Draumkvedet?
- 9 Upphavstid, tendens, namn
- 10 Tendensen i Draumkvedet
- 11 Rette namnet til skalden
- 12 Eit tankeeksperiment
- 13 Fotnoter
Draumkvedet
- FYRESTEV
- 1.
- Vil du meg lye, eg kvea kann
- um einkvan nytan drengjen[1],
- alt um han Olav Åsteson,
- som heve sovi so lengje.
- INNGANG
- 2.
- Han la seg ned um joleftan
- sterkan svevnen fekk,
- vakna 'kje fyrr um trettandagen
- då folke åt kyrkja gjekk.
- Og det var Olav Åsteson
- som heve sovi so lengje.
- 3.
- So sala han ut fljotan folen
- og vilde til kyrkja rie.
- So sprette han på seg belte sitt
- det glima i verdi so vie.
- Og det var o.s.b.
- 4.
- Presten stend´e fyr altare
- og les upp lestine lange.
- Olav set seg i kyrkjesvali
- og tele draumane mange.
- Og det var o.s.b.
- 5.
- Presten stend'e på preikestolen,
- legg ut tekstine sine[2],
- Olav set seg i kyrkjesvali,
- han gret utav draumane sine.
- Og det var o.s.b.
- 6.
- Gamle mennar og unge
- gjeve åt det gaume,
- med han Olav Åsteson
- tele sine draumar.
- Og det var Olav Åsteson
- som heve sovi so lengje.
- DRAUMANE
- Yversyn.
- 7.
- Eg hev vori meg upp med sky
- og nedatt med havet svarte.
- Den som vil mitt fotspor fylle
- lær 'kje av bliom hjarta.
- Den lange natt og den lange lei.
- 8.
- Eg hev vori meg upp med sky
- og nedatt med havsens grunne.
- Den som vil mitt fotspor fylle,
- lær kje av bliom munne.
- Den lange o.s.b.
- 9.
- Eg hev vori meg upp med sky
- og nedatt på havet djupe.
- Og det kann eg for sanning segja
- at sumtid so tottest eg fjuke.
- Den lange o.s.b.
- 10.
- Eg hev vori meg upp med sky
- og nedatt på svarte dikje.
- Eg hev set åt heite Helvite
- og glutta åt Himmerikje.
- Den lange o.s.b.
- 11.
- Eg hev vori meg høgt i sky
- og nedatt på havsens bott,
- der såg eg mi goe stjukmor
- ho stod kinna blo.
- Den lange o.s.b.
- 12.
- Eg var meg i and-heimen
- i mange nættar og trå.
- Det veit Gud i Himmerik
- hossi mang ei naud eg såg.
- Den lange o.s.b.
- 13.
- Eg kann noko av kvorjom,
- difor tykkjest eg frod.
- Eg var longo i moldi moka,
- hadd' eg tott den dauden god.
- Den lange natt og den lange lei.
- 1. dagen
- HELGRINDI
- 14.
- Eg drakk ein drykk av sløkefrid,
- den gjorde meg so leid.
- Eg la meg ned og somna,
- so underleg hev eg drøymt.
- Den lange natt og den lange lei,
- den lange natti da somna eg.
- 15.
- Det var no um joleftan,
- dei bar inn kling og kakur,
- då måtte eg på havsens botn
- og sjå med Fiskjir vaker.
- Den lange natt og den lange lei,
- den lange natti då somna eg.
- 16.
- Det var no um joleftan,
- dei bar inn øl i skål.
- Men ingen av mine venir
- kunne høyre mitt mål.
- Soli ho svortna,
- og helgrindi dunde.
- 17.
- Eg var meg i skomeheimen,
- der ingi soli skin.
- Hurdi nurka i kaldom jønne,
- og jøklane hekk ikring.
- Der ingi soli skin.
- 18.
- Hurdi nurka i kaldom jønni,
- og jøklane hekk ikring.
- Eg totte lenger den vetter-notti
- enn halve alderen min.
- Der ingi soli skin.
- 19.
- Inkje kneggja soten min,
- inkje gøydde min hund'e.
- Inkje gol dei ottefuglann,
- det tottest meg vera under.
- Der ingi soli skin.
- 20.
- Austan rek'e, skyi skjek'e
- det driv so kaldt i heie.
- Betre var det heime sitja
- dei frosne tæane tøye.
- Der ingi soli skin.
- 2. dagen
- GLAHEIMSBERGE
- 21.
- Fyrst eg var i ut-ekste
- eg for yvir tynner-mo.
- Sund´e gjekk mi skarlaks-kåpe
- og neglann av kvar min fot.
- Min frende og din ven!
- Månen skin'e
- og vegjine falle so vie
- 22.
- Det fyrste eg for, då førde dei
- igjenom den tynner-ring.
- Neglann spratt av kvar mi tå,
- og bloe av kvar min fing.
- Månen skin'e o.s.b.
- 23.
- Eg hev fari yvir vigde vatne
- og yvir djupe dalar,
- er både trøytt og ferda-mod,
- og endå so må eg fara.
- Månen skin'e o.s.b.
- 24.
- So gjekk eg meg på villan hei
- eg fraus på mine føtar,
- at steinen klaka og bloe tela,
- det tok i hjarterotar.
- Månen skin'e o.s.b.
- 25.
- Kom eg so på Glaheims-berge,
- det føykte og det dreiv.
- Då høyrde eg den kvite bikkja
- i måneljose gøy.
- Månen skin'e o.s.b.
- 26.
- Eg var meg på Glaheims-berge,
- hugen leika so vie.
- Drosi leika i hugen min,
- som spunne gulle det frie.
- Månen skin'e
- og hugen leikar so vie.
- 27.
- Der såg eg meg til Paradis,
- og ingjen mann eg kjende,
- berre ho goe Gudsmor mi,
- med raue gullband kring hende.
- Månen skine
- og hugen leikar so vie.
- 3. dagen
- SKOMEGYGRI
- 28.
- Skomegygri sto utanfyre
- og raka med skoro i elden:
- "Hot er dette for eit kogabán,
- som kjem'e so seint um kvelden?"
- Der er ingjen dage.
- 29.
- Å høyr du det du skomegygri,
- sant du segje meg:
- Hori hev du fengji det breie belte
- du ber ikringum deg?"
- Der er o.s.b.
- 30.
- "Det var kje ifjor men i fyrre jolom
- det var i Sankt Olavs velde,
- eg vilde live av kongen taka
- so seint ein joleftans kvelde.
- Der er o.s.b.
- 31.
- Det skyna eg på lando deira,
- eg naut der ingjen fred,
- sprette eg belte av kongens rygg
- og smaug i jordi ned.
- Der er o.s.b.
- 32.
- Men høyre du no du byrge svein
- hokke vil du av dessom gjera:
- anten høgaste mann i osku-rei
- eller lågast i himmelen vera?"
- Der er o.s.b.
- 33.
- "Å, set du no det kose for meg,
- hokke eg av dessom vil gjera,
- då heller den lægste i Himmerik,
- um hesten meg orkar å bera?"
- Der er o.s.b.
- 34.
- Gygri sat under Gjallar-brui,
- vilde telja heidna-lov.
- Burte vart ein, burte vart tvo,
- burte vart gygri i kaupe.
- Der er ingjen dage.
- 4. dagen
- GJALLAR-BRUI
- 35.
- Sume for yvir Grimar-åsen
- og sume yvir Skale-strand.
- Men dei som for yvir Gjallar-hylen,
- dei kom so våte fram.
- Min frende og din ven!
- Månen skin’e,
- og vegjine falle so vie.
- 36.
- Dei som fara Ejikjar-åsen
- dei fara med tut og skrål.
- Men dei som fara yvir Gjallar-hylen,
- ‐ dei fara med tunge mål.
- Månen skin’e o.s.b.
- 37.
- Dei som fara den øystre vegen,
- dei fara ‘kje alt so skjott.
- Dei koma inkje åt Geiruvs-garden,
- fyrr drukki er ei onnor jol.
- Månen skin’e o.s.b.
- 38.
- Blaute so er dei Gagle-myrann
- for den som skal der gange.
- Høgre so ligg den Gjallar-brui,
- ho tykkjest under skyi hange.
- Månen skin’e o.s.b.
- 39.
- Kjem eg meg åt Gjallar-brui,
- ho heng so hågt i vinde.
- Ho er all med gulle slegji
- og saum i kvorjom tinde.
- Månen skin'e o.s.b.
- 40.
- Gjallar-brui, Gjallar-brui,
- ho er både bratt og brei.
- Ormen høgg, og bikkja bit'e,
- og stuten stend midt på lei.
- Gjallar-brui, Gjallar-brui
- ho er både bratt og brei.
- 41.
- Ormen høgg, og bikkja bit'e,
- og stuten stend midt på leii,
- Tri er tingi på Gjallar-brui,
- og alle er grame og vreie.
- Gjallar-brui o.s.b.
- 42.
- Gjallar-brui, Gjallar-brui
- der var den gnyren mange.
- Ormen høgg, og bikkja bit'e,
- og store stuten stangar.
- Gjallar-brui o.s.b.
- 43.
- Det kom ein rysil or rusto ut.
- Han pipa so vent i fløyta:
- "Den som vil yvir Gjallar-brui
- han må seg fulla nøyte."
- Gjallar-brui o.s.b.
- Hunden gøydde, og hanen gol,
- og stuten sto og stanga.
- 44.
- Hunden gøydde, og hanen gol,
- og stuten sto og stanga.
- "Det slepp ingjen yvir Gjallar-brui,
- den domane gjerest vrange."
- Gjallar-brui o.s.b.
- 45.
- Hunden gøydde,
- og stuten sto og
- "Me slepp inkje yvir den Gjallar-brui,
- for draugane er so mange."
- Gjallar-brui o. s.
- 46.
- Hunden gøydde, og hanen gol,
- og stuten sto og stanga.
- "Å, anten vil eg yvir Gjallar-brui
- eller dau etter salen hange."
- Gjallar-brui o.s.b.
- 47.
- Eg hev fari Gjallar-brui,
- og der var krokane på.
- Men eg totte tyngre dei Gagle-myrann
- Gud betre den dei skal gå.
- Månen skin'e,
- og vegjine falle so vie
- 48.
- Eg hev vassa Våse-myrann,
- der hev inkje stai meg grunn.
- No hev eg fari Gjallar-brui
- med rapa mold i munn.
- Min frende og din ven!
- Månen skin'e,
- og vegjine falle so vie
- 5. dagen
- HELVITE
- 49.
- "Eg helsar deg Helfrid og talar til
- under fjøllo.
- Kossi liver dei i jolo hjå deg?"
- "Det er tungt å trøa dansen under moldo."
- 50.
- "Her er varmt, og her er kaldt,
- og inna so mun og brenne,
- eg høyrer vatn men inkje fær,
- under jordi so mun det renne."
- Det er tungt o.s.b.
- 51.
- Kjem eg meg i den fyrste halli,
- der var so underleg vori.
- Alvane dansa stogo umkring,
- og ormane spela etter borde.
- Det er tungt o.s.b.
- 52.
- Kjem eg meg i den andre halli
- der inne troll-kjeringar sat,
- molo på so tunge steinar
- monnom mold til mat.
- Det er tungt o.s.b.
- 53.
- Kjem eg meg åt sysle-huse
- der var troll-kjeringar inne.
- Dei sto kinna i raue blo,
- det var so tung ei vinne.
- Det er tungt o.s.b.
- 54.
- Der er heitt i Helvite,
- heitar enn nokon hyggjer.
- Der hengde dei pivi ein tjøru-kjetel
- og brytja nedi ein preste-rygge.
- Det er tungt o.s.b.
- 55.
- Kjem eg meg åt vatni dei,
- der isane brunne blå.
- Gud skaut det i hugen min
- eg vende meg derifrå.
- Min frende og din ven!
- Det er tungt å trøa dansen under moldo
- 6. dagen
- SMÅDRENGJINE
- 56.
- Det var meg den andre utreisa,
- eg for yvir dyre-trå.
- Sund'e gjekk mi skarlaks-kåpe
- og hui av kvor mi tå.
- Den som skal mitt fotspor fylle
- må trøa så hardt i mot.
- 57.
- Eg sleit sund mi skarlaks-kåpe,
- i dyre-ringen meg refsa.
- Komo dei fram små-drengjine
- og mine fingane fesla.
- Den som o.s.b.
- 58.
- Eg sleit sund mi skarlaks-kåpe,
- igjenom den dyre-trå.
- Komo dei fram små-drengjine,
- dei heldt under kvor mi tå.
- Den som o.s.b.
- 59.
- So gjekk eg meg den Grana-stigen
- han er so tung å gange.
- Men endå verre den lindar-ormen
- meg tykkjest i heiane hange.
- Den som o.s.b.
- 60.
- So såg eg ei liti hind,
- som vilde med meg svalle.
- So kom der fram tvo lindar-ormar,
- som meg vondt vilde valde.
- Den som o.s.b.
- 61.
- So kom ho fram den lisle hindi,
- som hogg-ormen jaga ifrå.
- So fekk eg fat i den hinde-ham
- og sveipte den kringum min fot.
- Den som o.s.b.
- 62.
- So kom ho fram den lisle hindi,
- som var meg so god.
- So fekk eg fat i den hinde-hamen
- te lappe mine sko.
- Min frende og din ven!
- Månen skin'e,
- og vegjine falle so vie.
- 7. dagen
- HELHEIMEN
- 63.
- Eg såg meg einom drengjen
- det fyrste eg vart ved.
- Han bar eit bån på armen sin
- og vassa i jord til knes.
- Der skine soli av
- aldri varm.
- 64.
- "Eg hadde meg eingong eit lite
- eg vilde kje med det kanne.
- Difor lyt eg i denne heimen
- lie den store vande."
- Der skine o.s.b.
- 65.
- Kjem eg meg åt mannen den,
- kåpa, den var blo.
- Gud nåde dei synduge såline
- her kunde for runine rå.
- Det skine o.s.b.
- 66.
- "Sutine og sorgjine
- det blandast alt til saman.
- Auga lær og hjarta græt'e.
- Det er so lite gaman."
- Det er so lite gaman.
- 67.
- "Sutine og sorgjine
- dei dreg eg under min sko.
- Di gla'are skal eg halde meg,
- di meir det gjeng meg imot."
- Der er so lite gaman.
- 68.
- Kjem eg meg åt mannen den,
- kåpa den var bly.
- Hans arme sål i denne heimen
- var trong i dyre ti.
- Der er so lite gaman.
- 69.
- "Sæl er den i føes-heimen
- konnmålet den kann auke.
- Han tarv 'kje reddast i and-heimen
- for store hunde-gaule."
- Der er so lite gaman.
- 70.
- Kjem eg meg åt monnom dei,
- dei bar på gloende jord.
- Gud nåde dei fatike såline,
- dei flutte deilder i skog.
- Der er so lite gaman.
- 71.
- "So er det i denne heimen,
- du snakar jord av andre.
- So må du i andre heimen
- lie so stor ein vande."
- Der er so lite gaman.
- 72.
- Kjem eg meg å bonnom dei,
- dei sto so høgt uppå glo.
- Gud nåde dei synduge såline
- hadde banna burt far og mor
- Der er so lite gaman.
- 73.
- Kjem eg meg åt padda og ormen
- dei hogde kvorare med tanne.
- Det var dei syndige systkjeni,
- som hadde kvorare banna.
- Der er so lite gaman.
- 74.
- "Ingjen fuglen flyg'e so høgt
- som ørni med sine ungar.
- Og ingjen ormen sting so sårt
- som beiske manne-tunga.
- Der er so lite gaman."
- 75.
- So møtte eg dei ormane tvo,
- dei bite kvorare i sporde.
- Det var dei synduge systkjen-bonni,
- som gifte kvorare på jordi.
- Der er so lite gaman.
- 76.
- So for eg fram den gagle-veg,
- han var so vond å gange.
- Fram kom alle små-bonni
- under mine føtar hange.
- Min frende og din ven!
- Månen skine
- og vegjine falle so vie.
- 8. dagen
- PARADIS
- 77.
- So tok eg på ein vette-stig
- alt på mi høgre hand.
- Der såg eg til Paradis,
- det lyser yvir vene land.
- Det lyser yvir vene land.
- 78.
- Kom eg meg åt Bjartings-hall
- og strei der med ei løve.
- Løva trådde meg under seg
- og reiv meg med sine kløar.
- Det lyser yvir vene land.
- 79.
- Vent meg tottest i Rosen-lund
- og i dei djupe dalar.
- Lykilen syng, og løva spring,
- og fagraste gaukane gala.
- Uppetter med å
- der renne dei urtine brune og blå
- 80.
- Vent meg tottest der å vera,
- der drotten dansa med drengjom.
- Gauken gol i grøne lund,
- og fuglane skoke vengjom.
- Uppetter med å
- der renne dei urtine brune og blå
- 81.
- Lerka ho syng'e der so sødt
- yvir ve og tre.
- Og alle fuglar byggjer og bur,
- med folki bliende lær.
- Det lyser yvir vene land.
- 82.
- So sat eg under ei linde-grein,
- som fuglane hadde sitt reir,
- men her må inkje nokon vera,
- som gjer'e fuglane mein.
- Det lyser yvir vene land.
- 83.
- So sat eg under ei linde-grein,
- som fuglane hadde si føe.
- Men den må ingjen gjera mein,
- som fuglane gjer til nøgjes.
- Min frende og din ven!
- Soli skine,
- og vegjine falle so vie.
- 9. dagen
- PILEGRIMS-KYRKJA
- 84.
- Kjem eg meg åt Pilegrims-kyrkja
- der var meg ingjen kjend'e,
- berre ho goe Guds-mor mi,
- med raue gull-band kring hende.
- Soli ho skin'e.
- 85.
- Kjem eg meg at Pilegrims-kyrkja,
- der var meg ingjen go,
- berre ho goe Guds-mor mi,
- ho gav meg nye sko.
- Soli ho skin’e.
- 86.
- Vent er det i Vinnings-kyrkja,
- når bruri ho kjem inn.
- Dei tarv “kje bry seg for ljosi bera,
- det lyser av blomekinn.
- Soli ho skin’e.
- 87.
- Vent er det i Vinnings-kyrkja,
- nar brurine gjeng i flokkar.
- Dei tarv ‘kje bry seg for ljosi bera,
- det lyser av brure-lokkar.
- Soli ho skin’e.
- 88.
- Håre ha dei som tiritunga,
- og halsen var som mjell.
- Augo var i hausen sjå,
- som soli rann uppa fjell.
- Soli ho skin’e.
- 89.
- Eg totte det, når eg hera sat,
- som eg sat uti solskin bjarte.
- Sæl er den som her kjem inn,
- han gledest i hug og hjarte.
- Soli ho skin’e.
- 90.
- Der såg eg att Guds-mor mi,
- meg munde 'kje betre gange:
- "Reis du deg til Brokk-svalinn,
- der skal domen stande."
- I Brokk-svalinn
- der skal domen stande.
- 10. dagen
- DOMEN
- 91.
- Der kom ferdi norantil,
- og den rei no so kvast.
- Fyre rei Grutte Gråskjeggje
- alt med sitt store brass.
- I Brokk-svalinn
- der skal domen stande.
- 92.
- Der kom ferdi sunnantil,
- det tottest meg vera best.
- Fyre rei Såle-Mikkjel,
- han rei på kvitan hest.
- Der skal domen stande.
- 93.
- Der kom ferdi sunnantil,
- og den rei no so tvist.
- Fyre rei sankte Såle-Mikkjel
- næste Jesum Krist.
- Der skal domen stande.
- 94.
- Der kom ferdi sunnantil,
- ho tottest meg vera trå.
- Fyre rei sankte Såle-Mikkjel,
- og luren under armen låg.
- Der skal domen stande.
- 95.
- Det var sankte Såle-Mikkjel
- han bles i luren lange:
- "Å no skal alle såline
- fram for domen gange."
- Der skal domen stande.
- 96.
- Men då skolv dei synde-såline
- som ospelauv i vinde.
- Og kvor den, kvor den sål der
- ho gret for syndine sine.
- Der skal domen stande.
- 97.
- Det var sankte Såle-Mikkjel,
- han vog i skålevekt
- So vog han alle synde-såline
- burt til Jesum Krist.
- Burt til Jesum Krist.
- 11. dagen
- SÆLPRISINGAR
- 98.
- Sæl er den i føes-heimen
- fatike låner hus.
- Han tarv kje reddast i and-heimen
- for høyre på ulve-tut.
- Tunga talar, og sanning svarar
- fyr domen.
- 99.
- Sæl er den i føes-heimen
- fatike gjeve klee.
- Han tarv kje reddast i and-heimen
- for håge kjellar bre´e.
- Tunga talar o.s.b.
- 100.
- Sæl er den i føes-heimen
- fatike gjeve brau.
- Han tarv kje reddast i and-heimen
- for horske hunde-gau.
- Tunga talar o.s.b.
- 101.
- Sæl er den i føes-heimen
- fatike gjeve sko.
- Han tarv kje berrføtt gange
- på kvasse hekle-mo.
- Tunga talar o.s.b.
- 102.
- Sæl er den i føes-heimen
- fatike gjeve konn.
- Han tarv 'kje reddast i and-heimen
- for kvasse stute-honn.
- Tunga talar o.s.b.
- 103.
- Sæl er den i føes-heimen
- fatike gjev'e ku.
- Han tarv inkje sumlug gange
- på håge Gjallar-bru.
- Tunga talar o. s. b
- (Lyden syng:)
- 104.
- "Sæl er den i føes-heimen
- fatike freden kann gjeva.
- Han tarv kje reddast i and-heimen
- den hægste i Himmerik vera."
- Tunga talar og sanning svarar
- fyr domen.
- 12. dagen
- HEIMFERDI
- 105
- So var eg uppå den berge-topp,
- som skorpejonen mun fara.
- Men det var den største glee eg veit
- å vera der gaukane gala.
- Min frende og din ven!
- Månen skine, og soli skin'e,
- og vegjine falle so vie.
- 106.
- So såg eg den fugleflokk,
- som alle på rneg søkte,
- men endå verre den store fuglen
- som ørne-kløar krøkte.
- Månen skin e, og soli skine o.s.b.
- 107.
- So såg eg den fugleflokk,
- som ørni i fjørom bar.
- Men den’ som mine fotspor fyller,
- han blir so sjelda gla.
- Manen skin’e, og soli skin’e o.s.b.
- 108.
- "Sæl er den i føes-heimen
- vekt og mål ikkje vrakar.
- Han tarv ‘kje reddast i and-heimen
- i ørne-klør å takast.“
- Månen skin’e, og soli skin’e o.s.b.
- 109.
- Eg var som ein fugl i bur,
- som gjønne vil vera fri.
- Det veit ingjen livandes,
- hot ein i verdi skal lie.
- Manen skin’e, og’ soli skin’e o.s.b.
- 110.
- Eg er den eismalle i verdi,
- som sterke svevnen fanga,
- som den einslege fugl pa kvist
- i fugle-bure må gange.
- Månen skin’e, og soli skin’e o.s.b.
- 111.
- So såg eg den fugle-flokk
- i linde-greinine fara.
- Gud gjeve eg mått’ i min faers gard
- få fullende mine dagar.
- For soli skin’e
- og vegjine falle so vie.
- 13. dagen
- GLIME- BELTET
- 112.
- "Soli skin i bu-døri,
- og enno søve du:
- Statt upp Olav Åsteson,
- no er dagen ljos.
- No er dagen ljos.
- 113.
- Vakre deg Olav Åsteson!
- No hev du sovi so lengje.
- Folke hev i kyrkja gjengi
- og hanane skaka vengjir."
- Statt upp Olav Åsteson
- som heve sovi so lengje.
- 114.
- Det var årle um morgoen,
- soli ho rann i lie.
- Eg sprette på meg belte mitt
- det glima i verdi so vie.
- I villande hei,
- i rode-lando der kjenner dei meg
- 115.
- Det var årle um morgoen,
- soli ho rann i lie:
- "Idag vil eg til kyrkjune,
- fortelja draumane mine."
- I villande hei o.s.b.
- 116.
- Som eg kom meg åt kyrkje-le
- eg studde meg ned åt stette.
- So mange som på mitt belte såg,
- Dei lyfte på hatt og hette.
- I villande hei o.s.b.
- 117.
- Presten framfor altare sto
- alt med si lærde tunge.
- Og rett som han mitt belte såg,
- han gløymde både lesa og syngje.
- I villande hei o.s.b.
- 118.
- "No stend'e du for altare
- og les upp lestine dine.
- So set eg meg i kyrkje-svali
- og tel'e draumane mine."
- I villande hei,
- høgt uppi landi der kjenner dei meg.
- ETTER-SKRIFT
- 119.
- Gamle mennar og unge
- dei gjev'e åt det gaum'e.
- Det var han Olav Åsteson.
- no hev han talt sine draumar.
- Og det var Olav Åsteson,
- som heve sovi so lengje.
Nokre ordtydingar
|
|
Innføring
Det er langt imillom kvar gong det blir skrivi noko um Draumkvedet.
Jørgen Moe skreiv um det i Norske Universitetsannaler 1850, Landstad i sine "Norske Folkeviser" 1853, og professor Sophus Bugge gav "Mythologiske oplysninger" i "Norsk Tidsskrift 1854-55. Professor Moltke Moe heldt fyrelesningar um det ved universitetet (som me ventar sårt på skal bli prenta). Han skreiv og ymist i Hellands Bratsberg amt 1900 og i Mindeskrift over Sophus Bugge 1908. So gav han ut i 1911 (i Maal og Minne) "Middelalderens visionsdiktning" saman med professor Hjalmar Falk, avstytt etter "et fællesarbeide fra 1890-årene", som gjev mange upplysningar um samanheng millom visjonsdiktning og Draumkvedet. I 1920 skreiv professor Knut Liestøl ei stutt utgreiding i "Norske Folkevisor 1". Same året skreiv eg um "Draumkvedeskalden" i "Norsk Aarbok". Og i 1925 kom Knut Liestøl i "Heiderskrift til Marius Hægstad" (side 113 —123) med nye utgreidingar "Til Draumkvedet". Professor Paasche skreiv i "Edda" 1914 og i "Kristendom og kvad" m. m., Hj. Kristensen i "Vort litterære liv". Dertil i ymse bokheimssogur, norske, danske og tyske.
Det er forvitnelegt å sjå på nysoga til Draumkvedet. Den soga er snart eit hundra år gamal.
Draumkvedet vart funni av folkevise-samlarar i mange små stubbar, her og der i Telemarki, stundom større eller mindre verse rekkjur, stundom som lause vers millom gamle-stevi. Jørgen Moe meinte det var "Solarljod" frå Island som her gjekk att, Landstad tykte det laut ha ein samanheng med Ansgar og kong Olav den heilage. Men elles fekk det sin plass millom folkevisune, dei som tykkjest mest "ha gjort seg sjølv .
Då Jørgen Moe i 1847 gjorde si uppsetjing hadde han berre 3 uppskrifter som han arbeidde ihop. Han skriv at "disse optegnelsers indarbeidelse i hinanden til et hele har været vanskeligere end man vel er tilbøielig til at forestille sig. Heterogene stoffer skulle naturligvis utsondres, og en tankegang diktet igjennem, ved strofernes ordning opnåes, men man savner de ledende vink, som den episke tråd altid giver i den egentlige kjempevise. Jeg tør naturligvis ikke påstå i min redaktion at have fundet det rette." Dette vågar heller ikkje Landstad og Moltke Moe å gjera. Moe held seg til Landstad, skjer burt noko og trur seg ikkje til nokor heil uppbyggjing, samlar upplysningar umkring kvedet, men skynar at han vantar fyresetningar til å leva seg inn i det og byggje det upp ut ifrå innre organiske prinsip.
Soleis er det rom for nye freistnader. (Jørgen Moe hadde 37 vers, Landstad 60, Moltke Moe 52, og eg hev 119.) Eg meiner at no er tidi komi til å gjera freistnaden ut ifrå ei ny forståing. "Hald fram som du stemner, sae Moe til meg.
Gjenom tidene hev Draumkvedet vori utsett for mange innhogg. Den romerske kyrkja måtte sjå ublidt til det, fordi det hadde leie sneiord til prestane og gudstenesta med si latinske messe og stive utlegging. Og dernest hadde det for mange minne um gamal heidendom, tykte dei. Det er trulegt at kyrkja etter kvart fekk lempe ut eller vride um eit og anna som dei ikkje lika.
Når so reformasjonen kom vart det skipa ut alt som tyktest vera for katolsk, og strengare tok dei det ogso med alt som dei meinte var heidendom.
Soleis vart Draumkvedet litt um senn sundrivi, snøytt og stundom umlaga og skipa i nye redaksjonar, medan ofte utskot og eldre brigde heldt seg pa folkemunnen i avkrokane, ofte fast og heilt som fyrr, men stundom berre fausket.
I sume uppskrifter er alt ihop lause vers som er kasta um kvarandre utan samanheng. Men i dei fleste er nokre vers sette saman og bundne ihop med same umkvedet, so dei blir ei serskild rekkje. Og av slike rekkjur og bolkar er det mange. Men når det gjeld å ordne desse bolkane i samanheng, er det ymse meiningar. Kvarhelst skal sælprisingane sta? kvarhelst domen? kvarhelst hel heimen?
Den fyrste fyreloga som granskarane sette seg, det var å finne kjeldone til Draumkvedet, det vil segja kvar emnet var sanka helst, eller lånt ifrå. Eller kvar fyrebiletet var.
Jørgen Moe meinte (altso) det var frå "Solarljod", men det avsanna sonen, professor Moltke Moe, som saman med prof. Hjalmar Falk meiner at dei hev funni dei "to visioner som har inspireret Draumkvedets dikter, den holstenske bonde Godskalks syn vinteren 1189—90, og den engelske leilænding Thurkills fra høsten 1206."
Um denne utfinningi skriv professor Knut Liestøl (i "Heidersskriftet til Marius Hægstad") at "berre den ting at ein må søkja fyre biletet for dei einskilde dragi i Draumkvædet stundom hjå Gottskalk og stundom hjå Thurkill syner at ingen einskild av desse visjonane kann ha gjeve inspirasjonen. Likskapen ligg helst i einskilde spreidde drag, og han er aldri fullkomen; ingen stad finn ein noko som er sermerkt for Draumkvedet og desse visjonane og som syner so stort samsvar at ein kann segja; "her må det vera lån. Han legg til at "dessuten må Moe på eit einskilt punkt gå ut ifrå at Tundals visjon hev vore kjelda. Og like vel vert det i Draumkvedet mangt att som ikkje lét seg tyda ved hjelp av desse tri visjonane".
Dertil finn han so mange likskapar med den norske umsetningi av Tundals visjon frå midten av det 13. hundradåret, som er kalla "Duggals leizla" at han "kann ikkje tyda dette på annan måte enn at Draumkvedet her byggjer på minningar frå Duggals leizla." Ja ogso fra "Gundelins visjon" (ikr. 1250) finn han påverkningar, og so kjem han til det at "når no Draumkvedet byggjer både på Tundals og på Gundelins visjon, kann det ikkje vera eldre enn frå siste luten av 13de hundradåret."
Ja, soleis ser saki ut når ein byggjer på den fyresetnaden at Draumkvedet er eit litterært produkt, smitt ihop av ein lærd bok mann som hadde fire, fem skrifter liggjande framfyre seg, og so henta han eit drag her og eit drag der, lånt gods var det meste, og so sette han truleg sjølv til eitkvart.
Der er ein diktar
Saki tek seg annleis ut når ein ser ho frå ei onnor side Litt um senn ovrar det seg eit nytt syn på Draumkvedet. Granskarane er på veg til å finne at det ikkje er ei folkevise, men eit dikt, at der er ein original diktar, og det ein mann so rik og stor at han skulde ikkje trengje å låne so mykje av andre. Den danske professoren Axel Olrik kalla Draumkvedet "hele middelalderens ypperste diktning i Norge", og professor Moltke Moe segjer at det "ligger likesom baade ett og to trin løftet over det vanlige episke nivåa. Skjønt det nu bare er en ruin, virker alvorstyngden og den massive mægtighet som om man stod foran kyklopiske murer". Han fortel um då han fyrste gongen høyrde Draumkvedet sungi. Det var ei husmannskjering i en avdal i Telemarki som song. "Det var koralens høitidelighet, salmens inderlighet, ekstasens henrevethet, av og til som en fjern, dirrende om av kirkeklokker. Jeg begyndte at skjønne at dette kvad kunde gaa fra mor til datter og fra far til søn i syv hundrede aar, magte at fylde slegt efter slegt med sin høihet og sin helhetsstemning. Det var som jeg saa ind gjennem torv og sten til en sunken tid, en tid med oprindelighet og dimensioner og av vidunderlig enkelhet. Men saa fjern, saa fjern." Um skalden skriv han: "Den ukjendte forfatter har været en digter av høi rang."
Og det er gildt å sjå korleis no Liestøl kjem honom eit steg nærmare inn på livet og tek mål av storleiken hans. Han segjer at ikkje eingong "innum visjonsdiktingi, der Draumkvedet tydelig høyrer heime, vil ein finne at han hev havt noko som ein beint fram kunde kalla eit literært fyrebilete". Draumkvedet "er ikkje nokor literær etterdiktning. Det er eit sermerkt og originalt kvæde, og det syner ei poetisk evne som må ha makta å smelta gamalt tilfang um og skapa nytt på det gamle grunnlaget. Det som Draumkvede-diktaren fortel må på ein eller annan maten Vera upplevt.
Dette var greidtenkte og sanne ord. Og dei opnar porten til ny gransking.
Kva upplysningar gjev Draumkvedet sjølv um diktaren? Eg held meg her til mi eigi uppsetjing.
Fyremælingi segjer at i uppvokstren var han grannvaksen "som ein siljurunne" og at foreldri var sers glade i honom, alt ifrå han var fødd. Det laut ha vori noko sers ved det barnet. "So var han i augo å sjå som rimar-logen brenne.' Ljos var han og ven og klok i alle sine rødur, ein framifrå emneleg gut, som dei fulla måtte gjeva upplæring på aller beste måten.
Sjølv fortel han, at då han tok til å somne, so var det ingen av hans "venir" som kunde høyre målet hans. Han var soleis ikkje heime millom foreldri eller systkjen eller i ein huslyd, men i eit lag med vener.
Ein kjem då helst til å tenkje på at han måtte vera munk i eit kloster. I fylosterskulen hev han då lært latin. (Ei slik ordleggjing: "gjeva åt det gaume", minner um latinen "ad hoc animum advertere" leggje merke til.) Og versemålet som kvedet bruker er nær på det same som me finn på latin, soleis i klosterskulen på Selja i det 12. hundradåret.
So mykje kjenner han seg heime i latinen at den gjev honom både makt og mot til å fri seg ut or den stive biletrama til dei islendske skaldane og byggje tempel for sine eigne draumsyner med steinar hoggne or norsk fjell og med malmfuru frå norske skogar. Han fortel at han hadde ein rettleidar med seg i andheimen. Måten han fortel det på er fin kunst. Det er gjort med nokre fåe ord, som stundom kjem framfyre det vanlege umkvedet um manen og lyder so: "Min frende og din ven." Kva ligg det i desse ordi? Jau, stundom i vande høve, når det tykkjest motlaust og rådlaust og veglaust er det liksom einkvan varleg legg handi si på honom og kviskrar inn i øyra : "Gjev deg ikkje over, du må hugse at du hev ein åndeleg frende med deg og han er din trugne ven og rettleidar. Far hugheilt vegen din fram." Det var ikkje nokon ny mann, som han fyrst møtte i andheimen, i so fall hadde han fortalt um møtet med honom ; men so kjend og kjært eit mål, det var noko so intimt ved ordi hans som det vore ein gamal ven. Ja, det var hans gode fylgjesengel frå fødesheimen, som vel ofte hadde kviskra trøyst og rettleiding til honom.
Stor djervskap synte han med di han gjekk utanum bodet um å tegja med det han hadde "drøymt". Og likso djervt var det at han tok til å tala, med presten heldt gudstenest i kyrkja på latin. Sitt eige norske ord gjorde han dermed krav på skulde vera gildare enn den latinske messa. Han vilde vera både reformator og profet, større krav gjorde han jamvel enn Luther i Wittenberg.
Ja djervskap åtte han som gamle kjempegutar, det synte han, då han våga seg over Gjallarbrui : "å, anten vil eg over Gjallarbrui eller daud etter sålen hange" (v. 46).
Det var eit rikt huglynde, eit mangslunge kjensleliv i honom. Liten og skjelvande fér han gjenom porten til andheimen, hugmjuk svarar han gygri at han heller vil vera "den lægste i Himmerik enn den høgste i Asgard", og gråtande fortel han draumane sine. Beiske drykkjer hev han drukki, som hev tvegi sjeli og bøygt storvona, men ogso herda glodbeitelen, so han endå hev sjølv-vyrdskapen til å segja at det som han hev gjort kann ikkje mange gjera etter.
Sume kann vel "fylgje" spori hans, men fåe kann "fylle" dei. "Den som skal mine fotspor fylle, han lær 'kje av bliom munne" (v. 7). Byrg segjer han um seg sjølv: "Eg kann noko av kvorjom, difor tykkjest eg frod. Eg var longo i jordi moka, hadde eg tott den dauden god" (v. 13). Dette må ein skyna so, at han hadde lært noko som hadde gjort han so klok (frod), at det stod i hans eigi makt å taka imot dauden eller leva lenger. Slik høgre livsvisdom og makt over sit eige liv kunde ein einast lære i mysterieskulane, der ein vart innvigd i høgre og høgre gradar av løynd livsvisdom. Frod vil her visst segja det same som innvigd i mysterie-visdom. M. B. Landstad melder (Norske Folkeviser s. 858) at sume kjeldur "berette at det var drømmeren Olaf Astason strengeligt forbudet at fortælle hvad han havde seet og erfaret; han maatte ikke aabenbare det for noget menneske. Men da det var en trang for ham at meddele sig, gik han til kirken, vendte sig til gravstenene paa kirkegaarden og berettede dem sine syner i kirke-almuens nærværelse. Saaledes kom de ut i folkemunde."
Denne upplysningi fortel oss ein vigtug ting. Kven var det som stod bak dette forbodet? Anten makter i andheimen, men me høyrer ikkje um nokon slik autoritet der. Eller eikor menneskjeleg stormakt. Men kva slag makt? Det er berre eit svar ein kann få: Frå utgamal tid var det strengt forbodi å fortelja det ein upplevde, når ein vart innvigd i mysteria. Og denne visjons-draumen her var ei slik innvigsle. Med andre ord: Det var frå eit mysterielag forbodet kom, truleg i ein munkeorden. Den som braut eit slikt forbod utsette seg sjølv for den verste vanlagnad i tid og æve, som eit men neskje kunde tenkje seg. Dette visste han, likevel gjorde han det, so tungt det var, gråtande bar han løyndomen fram. Dette var hans aller største djervskap.
Stelling i ålmenn bokheim
- Draumkvedet hev Falk og Moe greidleg synt høyrer med til det bokslaget som ein kallar visjonsdikting.
- Draumkvedet er som Liestøl segjer ein upplevd visjon. :*Draumkvedet er ei innvigsle til ein mysteriegrad.
Visjons-litteraturen er som eit tre med djupe røter og mange greiner.
Falk og Moe segjer at "av den hele uoverskuelige rekke av visjoner er der bare tre som har nådd det høieste ; Tundals syn, Dantes Divina Commedia og Draumkvedet." Millom desse hev Draumkvedet ei serstelling, her hev me den reinaste formi: dette verket er skapt av ein mann som både er sjåar og diktar. Bakum sjåaren merkar me glimtar av høgre rettleidande krefter og sjåaren hev diktaren til sin forteljar og skrivar.
I Tundals syn kjem diktaren meir fram (og i den norske umsetjingi fær diktaren reint overtaket og det renn upp villskot og misforståingar).
Refleksjonen blandar seg inn i "Solarljod" og hjå Dante (og fær reint overtak i moderne nyskot, Helheimsboki hans Garborg). Ja, på dette gamle treet, denne Yggdrasils ask, både rann det villskap i diktarhugar og det vart turre kvister, når refleksjonen tok til å gnaga, stundom so hardt, at rot-tæger domna.
Men sume stader heldt treet seg lenge grønt og drog ny kveik av friske røter. Det var i ymse hagar, der treet vart stelt av var same og kjærlege hender, i mysterielag og då i millomalderen helst innanfor kloster-murane.
Ein kann tydeleg dele alle visjonar i tvo slag, dei ekte og dei mindre ekte eller uekte, som er blanda med dikt og refleksjon og etter kvart (som Moe segjer) syner "en avgjort nedgang i den skapende evne, de er væsentlig kun variationer over det gamle stof. Og denne nedgang er blivende.
Med ekte visjonar meiner eg slike, som fortel um verkelege syner og upplevingar, anten det hev vore i draum eller "utekste", ekstase.
Av desse er det eit serlegt slag som er innspirera av gamle tradisjonar, som (med ordi til M. Moe og Falk) "gaar tilbake til de nykristelige apokalypser, som atter er strømmet ut fra orfiske forestillinger og jødedommens eschatologiske og hellenistiske skrifter med leilighetsvise manikaeiske tankebilleder".
Det er dei som høyrer saman med gamal mysterie-kultus og lnnvigsle-former. Og desse heldt seg langt ned gjenom tidene. I alle religionar, skriv E. Lehman (i "Die Religion"), hev det haldi seg restar av gamal mysteriekultus burtgøymd, nedtrykt og forbodi av allmanns-religionen, soleis både i India, Persia, og i den kristne kyrkja langt nedigjenom millomalderen.
Innvigsling til mysteria det var å uppleva inni seg sjølv det som gjekk fyre seg i natur og historie og fyrrtid og framtid, "uppleva dei store umskifte: livsspretting, vokster, nedfall, daude og ny lauvspretting. Gjenom ei slik uppleving fekk ein vitring um, at det var dei same tvo grunnkrefter som verka tilsaman, til kvar tid og umskiftande, den eine sterkare enn den andre. Og alle stader var desse tvo kreftene verksame: i umskiftet millom årstidene og i urter tre, i menneskjelivet, i historia og i heile kosmos med sine mindre og større uppatt-tak og umsviv som ein finn gjenom vitskapeleg vigde hadde ymse namn, soleis åklet i Voluspå: "Mims synir og ljona kindir".
Conrad Englert-Faye skriv (i "Vidar" 1926, nr. 2) um dette:
Oldtidens mysteriereligioner forberedte det levende menneske til aa kunne være et dødt menneske ved aa formidle det de skildrede anskuelser om sjelens skebne efter døden som oplevelser. Innvielsen bestod i en konkret indre oplevelse som den hellige handling fremkaldte. Innvielsen var lik dødsoplevelsen. En innviet skildrer den med følgende ord : 'Til aa begynne med flakker man møisommelig omkring og farer vill, det er en angstinngytende vandring gjennem tett mørke. Derefter, umiddelbart før innvielsen opleves der alle redsler, man skjelver, sitrer, sveder og stivner av isnende angst. Endelig straaler op et vidunderlig lys, eller man kommer til rene egne og enge hvor der høres sang, og hvor der sees dans og ophøiede ting og syner av det hellige."
(Nett soleis som det er fortalt i Draumkvedet.)
Det er ei grunnsetning i sann okkultisme, at ein skal vera varsam med dei farlege krefter og makter i naturi, so ein ikkje vekkjer eller eggjar dei for brått, men ventar til "tidi er fullkomi", til du sjølv gjenem livsens røynslur blir mogen til å styre dei og ikkje misser di sjel under veldet deira.
Det er fårlegt å vekkje for tidlegt dei latente okkulte krefter i deg sjølv, og det er fårlegt å vekkje dei som er i soli og månen, for det vil skapa verkningar i deg sjølv, i so mange naturkrefter og åndelege makter, at du vilde fæle, um du visste um det. Men du skal likevel ein gong, når du steg for steg mognast til det, få del i denne løynde rikdomen" (som eg skreiv i "Nyklar").
Det er fortalt ymse sogur um kor ille det gjekk for mange som vilde fyrebu seg og gjera det som vart pålagt med vande prøvur nar ein skulde gange "den smale vegen" gjenom den "tronge porten" og bli innvigd i mysteria. Av tri som eingong freista vart ein sinnssjuk, den andre strauk med og berre den tridje greidde seg fram (liksom den yngste broren i eventyret). Og med dette i minne skynar ein den fulle meiningi med ordi til drøymaren, at
- "den som vil mine fotspor fylle
- han lær 'kje av bliom munne".
Innvigslevegen med alle sine prøvur var det han hadde gjengi. Verk og vande og mange tårer må det ofrast på den vegen.
Me kjenner fleire visjonar som skriv seg frå benediktiner-munkar. Visjonen til Benedikt frå Nurcia sjølv (f. 480), til Ansgar (ikr. 810) og til Alberik (ikr. 1130). Og visjonen til bonden Godskalk (1190) tykkjest ogso vera innspirera av dei gjenom klosteret i Ny Corvey. Um Bernhardsmunkane eller cistercienserane veit me også at dei hadde hugmåli sine i slikt. Bernhard sjølv var stundom burtrykt eller i excessus, same ordet som er brukt i Draumkvedet: utekste. Millom munkane er det serleg benediktinerane som hev haldi okkulte skikkar uppe.
Dr. Chr. A. Bugge hev funni samanheng med gamal mysteriekultus hjå benediktinerane. I eit fyredrag i Vitskapslaget sa han (etter Dagbl. 29/3 1913): "Der gaar gjennem de gamle mysteriereligioner den tanke at gjenfødelsen foregaar paa den maate at det gamle menneske dør og et nyt menneske opstaar. Dette fremstilles som en vandring gjennem verdensrummets elementer og tilbake fra dødens og mørkets til livets og solens land. Det kaldes en symbolsk død og gjenfødelse. Men den samme mystiske død og gjenopvekkelse finder vi hos benediktinerne ved deres "profess hvor den saakaldte mystiske grav med likklokker og likkjerter etc. fremføres."
Ein kann trygt gange ut ifrå at i teosofiske åndsringar, i millomalderen (slike som benediktinerane høyrde til) der var vegen til innre upplysning og åndelegt sjølvsyn den same uppskulingi som blir gjevi i våre dagar av okkulte lærarar. Eg meiner at når ein munk spurde meisteren sin um korleis han skulde nå den høgre sannkjenning, so vart svaret det same som antroposofen Rudolf Steiner i våre dagar gjev spyrjaren : "Drag fyrst lærdom av det som andre hev fortalt um slik sannkjenning" (studium av åndsvitskapen).
Og dersom han segjer: "Eg vil sjå, eg vil ikkje vita noko av det som andre hev set," - så blir det svara: "Nettupp når du høyrer på det som andre hev fortalt gjer du det fyrste stiget til sjølv å få sannkjenning' (Teosofi s. 114).
Difor må ein tru at Draumkvede-skalden hev høyrt alt som vart fortalt um sovore i eit kloster, og at han kjende gamal visjons litteratur og fylgde vel med i alt nytt som blømde upp so rikt og fagert i sumarbragen sin nett i uppvekstringsåri og manndoms-tidi hans både hjå benediktinerar og Bernhardmunkar. Men gneisten fekk han av åndelege krefter.
Korleis kunde han våge å bryte lovnaden um å løyne mysterievisdomen? Korleis kunde han våge å fortelja ålmugen um det som han hadde upplevt i visjonen sin?
"Gud skaut det i hugen min," segjer han i eit vers (v. 35). Sameleis er det vel her. Han kjenner seg driven av Guds ånd i visse ting til det som han gjer. Anten det er gjenom den røysti som kallar seg hans "frende" og "ven", eller det er på ein djupare og høgre måte, det kann ein ikkje sjå. I so fall må slike hugskot frå Gud gjelde dei største livsspursmål. Og han finn det er rett å gå utanum pålegg og lovnad.
Truleg skynar han at no er den tidi komi at eit segl må brytast, so at det som fyrr berre var etla fåe, det hev ålmugen rett til å få vita. Det kann vera tvo ting som gjer dette ynskelegt. Det eine er, at han merkar, at det er å kalle eit umskifte i folks innre liv og hugmål og åndelege evne, so at det heretter er berre fåe som vil kunne gå den gamle innvigjings-vegen. Og dei innvigde hev no nått fram til eit resultat, det målet som det fyre bils var mogelegt å nå i kunnskap um åndsheimar.
Det andre er at gjenom sprungur og sprekkar i klostermurar og mysterie-ringar hev det segi ut so mykje som veks inn i hugleiken og blir fantastiske dikt med mange sanningsglimar, men villt kaos utan rettfylgje og samanheng og med mange tildiktingar. Han tenkjer på dei mange visjonssogur frå u-innvigde, som er i umlaup. Når det finst so mange villspor for huglivet, trengst det ei reltleiding frå den som meir veit.
Kva saknar me?
Dersom alt som gjev seg ut for å høyre til Draumkvedet skulde takast med, vilde det bli fleire hundre vers. "Det som finst," segjer Liestøl, "er attstødor etter eit større kvede, "ein ruin". Ein veit at i gamle dagar, når dei heldt likvake, vart dei ikkje ferduge med å syngje ut kvedet på ein kveld. Visst er det at mange vers må vera fallne ut.
Liestøl segjer ogso at so mykje må vera burtkomi at det er "ovleg vandt å setja broti saman att til noko heilt".
Lettare vilde då sjølvsagt dette arbeide vera dersom det kunde koma fram att noko av det som hev vorti burte.
Han talar ikkje meir um dette, men det er verdt å tenkje etter korleis det kann vera laga med det som er burtkomi.
Ein lyt spyrja : Når no Draumkvedet er so sundbroti og gleppugt og uheilt, kvar hev det då vorti av det som er burte? Er det kann hende nokon som hev lånt eit og anna ? Og er det i so fall råd til å få att eitkvart og setja det inn på plassen sin?
Dei segjer at det må fram att alt som ikkje er stoli og brent. Sumt kann nok vera både stoli og brent av Draumkvedet, og sumt kann reint vera gløymt. Men det er andre måtar ymis kann koma burt på. Noko kann gøyme seg burt på reint utenkjelege stader, og sumt kann vera lånt burt og hev ikkje komi attende.
Merkjelegt er det at granskarane ikkje byrja med å spyrja etter dette i staden for å fara rundt land og strand og frega um storskalden hadde lånt mykje til kvedet sitt, so ein kunde få takke for lånet. Nordmannen heldt seg lenge berre for ein husmann. Kven kunde det då vera som hadde lånt noko av Draumkvedet? Jau, seinare forteljarar eller umsetjarar, visediktarar, kvedarar og stevsyngjarar.
Når ein går ut ifrå at Draumkvedet er ein upplevd visjon, ei mysterie-innvigsle, slik som ho var i millomalderen, og når ein veit at alle som gjekk igjenom ein slik prosess laut igjenom dei same røynslur som dei upplevde meir eller mindre individuelt, og såg i meir eller mindre klåre bilete og fortalde sidan meir eller mindre greidt, kvar etter sine evnur til å skila og til å fortelja, då vil ein ha god hjelp til å finne kva det er for steg eller bolkar som er gleppuge eller vantar i Draumkvedet. Og dersom ein i folkeviseheimen, millom lause vers eller innskot, finn slike vers som gjev det som ein saknar, da må ein kunne våge å setja dei inn i Draumkvedet på slike stader som andre visjonar fortel oss at dei høyrer heime.
Når me tek umsyn både til innhaldet av andre visjonskrifter og til det som høyrer med til innvigsle-former og rettleidingi fra diktaren sjølv, kva er det so me tykkjest sakne i dei versi som tradisjonen kallar draumkvede-vers ?
- 1. Skildring av overgangen, døri, frå det medvitelege til visjonen og kjenslune som kjem over ein då (soleis som det er i "Solarljod").
- 2. Skildring av millomverdi fyrr ein nar brui, jordhimmelen eller Jotunheimen
- 3. Skildring av langsynet langt burte mot det målet som gjev mot vekt mot det nærmaste stygge og leide.
- 4. Rikare skildring av Helvete og Paradis, og attvending til fødesheimen.
- 5. Når det skal vera ein bolk til kvar av dei 13 dagane, so er det sume som vantar.
- 6. Fleire umkvede. Hev det vori eit serskilt umkvede til kvar bolk?
Kva rettleiding fær me so frå andre visjonar og skildringar i andheimen? Og kva for noko av dette finn me att i folkevise heimen?
Grenselandet mellom liv og daude
I Tundals visjon (1149) heiter det at med det same sjeli for ut or kroppen, storma det fram vonde vette imot honom med spott ord, at no var ho i deira vald.
Um det som hender strakst etter døden fortalde persarane : (E. Lehmann: Zarathustra 11, s. 251):
Op gjennem luften til æterens egne stiger Sraosha med sjælen. Ham hjælper den gode Vae (Vayu) og Vahram, den sterke seirs gud (Verethragna) er i hans følge. Seiv denne sidste færd er en stadig kamp med dæmoner. Astavidad, "ødelæggeren", dødens djævel, kaster sin lasso efter sjælen for at drage den ned til helvede; den onde Vae, de lavere luftlags dæmon, forfølger den ligesaa, og Aeshma, den hadefulde. Men Sraosha og hans genier beskytter sjælen; dens egne gjerninger beskytter den, om de var gode nok dertil, og frelste naar de da til himmelbroen, hvor den første dom skal holdes over sjælene." Jmfr. Draumkvedet v. 44 "domane gjerest vrange.
Om oldtidens kulturmenneske skriv C. Englert-Faye (i "Vidar" 1926 nr. 2) at "grensegebetet mellem liv og død, mellem jord og himmel anså de for å være befolket av alslags demoniske vesener og uhyggelige magter som forsøker å sette sig i besiddelse av de hjelpeløst omflakkende sjeler. Det er det riket som vi ser befolket av djevler og engler som strides om sjelene som netop har forlatt de døde legemer på det veldige maleri "Dødens triumf i Campo Santo i Pisa fra det 14de århundre."
Vers 25 og 26 um Gladheimsberget hev likskap med visjonar frå langt attende. Persarane fortalde at trie dagen kom sjeli til eit høgt berg. Og Thurkills syn frå 1206 kallar berget mons gaudii, gledeberget. Etter same kjelda fortel Gundelins syn frå 1161 um at sjeli hans vart førd "i lopt upp um marga palla" og strakst etter såg han drosi, jomfru Maria skinande som soli millom stjernune.
Gudsmor mi finn me att i Ansgars draum um mor si i ein flokk kvitkledde droser som fylgde Jomfru Maria, som sae til honom: "Son min, vil du til mor di?" "Ja," svara han. Mælet hennar var so usegjeleg ljuvt og mildt. Soleis lydde det ogso ljuvt for øyra til draumaren: "Min frende og din ven."
Dyri ved Gjallarbrui høyrer me fyrst gjeti hjå persarane, tvo hundar vaktar der himmelbrui Tsjinvat, som ein kjem til trie dagen etter ein er død, og der møter ein domarane sine. I Davids-salme 22 er det nemnt fleire dyr attmed portane til døden, hundar, uksar, løve. I ein av Gregor den stores dialogar (frå 594) er det fortalt um ei sjel som skal over brui, då kjem det svarte dæmonar upp av elve-skoddi og vil draga han nedi. I visjonen til Alberik (ikr. 1130) ligg det ein stor orm attmed helvetsbrunnen, so er det tvo store ubeist, ein hund og ei løve. Over den breide jarnbrui slepp dei rettferdige lett, men på midten er ho smal som ein trå, der stuper dei vonde ned i djupet.
Minne um tvo vers (86—87) synet i Vinningskyrkja med Maria og drosene finn me att hjå Thurkill 1206. Vinningskyrkja, det vil segja basilica virginis Mariae (jomfru Maria-kyrkja), heiter der basi lica beatae (den sæle) Mariae. Pilegrimskyrkja heiter congregatio animorum (flokken med sjeler).
Flokken der er skildra hjå Tundal mest som i Draumkvedet : "Andliti glødde med slik ein glans at ingen kann segja det, det var. som å sjå mot soli, når ho stend høgst på himmelen, håret deira glitra som gull, og alle bar dei gullkronur sette med dyrlege steinar." Det er berre måla ut med fleire ord enn i Draumkvedet. Heilage møyar, Drottins måladroser, er nemnde i "Solarljod". Sådanne hellige jomfruer omtales også i visjonslitteraturen flere gange, således nævner Tundals syn "jomfruernes hvitklædte skare". Thurchils syn skildrer et pragtfuldt tempel i det hinsidige, hvori tre hellige jomfruer" (Falk : Solarljod).
Kvarhelst finn me att eit lån?
Når det gjeld gamle kyrkjur hev arkitektane funni på å leite rundt både i bygd og by, både heime og i utland, etter burtkomne saker, og det som dei fann sette dei gjerne inn på plassen sin, anten dei fann det i ein fjøsmur eller umgjort til ei staburskiste eller i eit utanlandsk museum.
Det er no på tid at filologane gjer det same som arkitektane. Um lånebrev ikkje finst, hev eigaren likevel rett til å krevja lån attende. Sume vil kveda imot meg : "Det gjerest so gomol'e gjeldi greie, og seint skal du ho få." Difor kann ein ikkje drygje lenger med å krevja lånet attende.
Kvar helst kann ein vente å finne lån frå Draumkvedet?
Fyrst og fremst der som me tydeleg ser at noko er lånt; der kann ein ha von til å finne meir av same slaget.
Då lyt ein fyrst leite i stevhaugane.
Gamle-stevi vart i eldre tider kalla frode-stev, visdoms-vers eller ogso draugkvede eller draumkvede. Når ein spurde etter Draumkvedet fekk ein ofte berre gamle-stev. Mange gonger finn ein at slike vers som fullvisst høyrer til Draumkvedet er brukt som lause stev, og endå oftare ser ein stev, som er ei umsveiping av eit Draumkvedevers ofte er ei vrengjing og skjemteherming, drykkjestevet hev kasta ut alvoret og sett noko løglegt i staden. Ei einskild line gjeng att i eit heilt nytt vers. Eller situasjonen hev vorti ein annan, meir utvortes. Soleis hev fyrstelina "Eg var meg i andheimen vorti til "Eg var meg ein gong nordanfjølls" med fri umdiktning og ny utfyllling. Fyrstelina "Eg var meg i skomeheimen" hev vorti til "Eg for vilt i Viuskogen". Fleire lause stev, segjer Landstad, reknar ymse folk med til Draumkvedet, endå dei ikkje finst i nokor uppskrift av dette kvedet. Dei må soleis ha dotti ut i eldre tid og stend att som stolpar i nedfallne veggjer. Og um sume slike lause stev segjer Landstad med gløgg intuisjon at dei tykkjest hava høyrt med. Millom dei ikr. 200 gamle stevi som me kjenner er det 10—20 som meir eller mindre tydeleg er bygde på Draumkvedet. Dertil kjem Bjålands-stevi, der i det mindste eitt, og det eit av upphavs stevi um bjorki på tunet i dei tvo siste linur:
- "den som vil stevjast i kapp med meg
- må spenne imote med foto"
er nærskyldt med desse linune i Draumkvedet:
- "den som vil mitt fotspor fylle
- må treda so hardt imot".
Og desse Draumkvede-versi:
- "Vakre deg (eller statt upp) Olav Åsteson,
- no hev du sovi so lengje"
og
- "Han vakna 'kje fyrr um trettandagen
- då soli rann i lide"
dei minner um linur i Bjålands-versi :
- "Soli skin ivi nipa nord
- og du ligge søve so lengje.
- Statt no upp du Bjålands mann
- og vekk dine late drengjer."
Upphavet til båe desse versi er elles ei utgomol segn som gjeng mange stader um ei budeigje som sov burt seg ein morgo. So vakna ho med det at ei huldr kom med buskapen sin og song:
- "Statt upp Eli stølrumpe
- mjølke no di ku.
- Sole skin på framlysåsann,
- enno søve du." (Folldal.)
Av dette kann ein draga nokre slutningar um Draumkvedeskalden:
Gamle segner og sullar hev leika for øyrom hans, og han hev nytta dei ut.
Og han hev stadi nær munkane på Bjåland, som hev laga stev etter kvedet hans i det 12te hundradåret. (Bjåland i Lårdal i Telemark var kloster eller klostergard og høyrde truleg til Bernhardsmunkane i Lyse.)
I eit brigde av verset frå Folldal ser ein ogso tydeleg saman heng med Bjålands-verset og klosteret der, med di gjenta som vart vekt heiter "Mari munkedeigje" , det vil segja ho som er budeigja til munkane.
Og når eit stev talar um dei "Bjålands drengjer" so er det truleg meint munkar, som i Draumkvedet (v. 1) blir kalla "dei nyte drengjer"[3].
I uppskriftene etter Anne Skålen frå Mo heng det endå att i sjølve Draumkvede-teksten mange slike vers som ein ellers finn berre som lause stev. Soleis hev ho på ymse stader 5 vers, som byrjar med: "Eg var meg ein gong nordanfjells", og her må det tyde: i den andre verdi. Dette gjev eit vink um at det ogso kann vera andre slike "nordanfjells"-stev som frå det fyrste kann ha høyrt til Draumkvedet, soleis som eg hev ført dei inn att i 2. dags bolk (Skomeheimen).
Vers 74 la Anne i munnen på ein som var i Helheimen og sameleis vers 66 og 67 um sutine og sorgjine som blandast til saman, som S. Bugge ein annan stad høyrde var lagde i munnen på Guri rysserova, som hadde valda nie barnekonur gråt og vart teki av oskureidi. I ein visjon (truleg Thurkills) er det mest same ordi lagde ein i munnen i den andre verdi. Dette kann berre tydast so at visjonen og stevsyngjaren hev same kjelda: Draumkvedet. Eit pålitelegt vitne frå ikr. 1200 skulde det islendske kvedet, "Solarljod" vera (som Fr. Paasche set til ikr. 1200, Finnur Jonsson til det 12. hundr.).
Dette vitnet skuvar Liestøl ifrå seg: "Samanhengen millom Draumkvedet og "Solarljod" synest å vera mykje tvilsam, anten ein so reknar det eine eller det andre av dei tvo dikti for å vera det eldste." For alle granskarane fyrr hev dette spursmålet vogi tungt.
Moltke Moe skriv: "Forholdet til det islandske "Solarljod" er det omvendte av hvad Jørgen Moe og Landstad antog; det er Draumkvæe som er det ældre digt og som har øvet indflydelse paa og af givet motiver til Solarljod. "Solarljod" karakteriserer sig seiv som "i draumikvesit" og viser allerede derved sit slægtskab med vort draumkvæe." (Hellands Bratsberg 1900).
Fr. Paasche skriv um "Solarljod" at det "forutsetter den religiøse utvikling som det 12. aarh. bragte. Men ved aar 1200 kan jord bunden ha været der. Netop ved aar 1200 under Sturlungetidens kampe, blomstret det islandske drømmevers."
Fr. Paasche kallar Solarljod-skalden for "den lærde digter". Våns drage, det er den lærde digters Grutte Gråskeggji. Kristus står på den same plass i de to kvad og Næmørkts syv sønner er den lærde digters navn på Draumkvædets Sankte Såle-Mikkjel og hans følge." Her ser ein den lærde diktaren som inspirera av det reine visjonsdiktet Draumkvedet hev skrivi dette refleksjonsdiktet ikkje lenge etterpå.
Korkje Liestøl eller Paasche vågar å gjera "Solarljod" eldre enn Draumkvedet. Og med Moe attmed meg held eg på det at "Solarljod" hev lånt ymse drag av Draumkvedet. Og med F. Jonsson og Fr. Paasches samhald um "Solarljod"´s alder ikr. 1200 eller fyrr og med Liestøls burtvising av Gottskalk og Turehill som kjeldur, finn eg god grunn til å halde på mi meining at Draumkvedet må vera eldre enn 1200.
Landstad skriv at eldre folk fortalde at i si ungdomstid høyrde dei at det var med i Draumkvedet ymist som var likt Solarljod, soleis um at "solen sortnede og helgrinden larmede". Det må da vel ha lydt umlag so : "Soli ho svartna, helgrindi dunde." I "Solarljod" v. 40:
- Sol ek så, sanna dagstjørnu
- drupa dynheimum i
- en heljar grind heyrSa ek å annan veg.
- tjota þungliga.
Her er det tydeleg det stutte motivet i Draumkvedet som er utvidt til eit ljodahått vers.
M.a.o.: "Solarljod" hev lånt av det eldre Draumkvedet. Og eg tek lina inn som eit umkvede (v. 16).
Stevet v. 18 meiner Landstad hev høyrt med til Draumkvedet. Slutten : "Eg totte lenger den vinternatti enn halve alderen min," gjeng att i "Solarljod": "Ollum lengri var su hin eina nott, er ek la stirsr, á stram." Og det viser attende ti! Skirnesmål: "Ofte ein månad mindre tottest enn halve hi notti som for."
Vers 52 slutten er etter Landstads forteljing, at drøymaren "kom til nogle koner som mol muld til mad for sine menn." I "Solarljod" heiter det: "Sinum monnum svipvisar konur molu mold til matar." Å skjera burt noko av det som tradisjonen hev rekna med til Draumkvedet det vågar ikkje ein utgjevar å gjera no, utan han hev sers gode grunnar. Sjå no bolken um beltet som dei fleste fyrr skar burt, fordi dei ikkje fann nokon grunn til å ha det med. Dei fann ein motgrunn og sa at det er ei skjemtevise, som hev villra seg inn. Ho fortel um ein smågut som gjorde seg eit belte av halm og sildeflus og gjekk til kyrkja og narra folk.
Men at ei slarvevise hev vorti umgjort til ein ålvors-song er det vandt å finne sidestykke til i folkeminne-soga. Det er beint imot hundrevis av døme på at høgre hugmåls kvede hev vorti hermt og umvridi til moro og gjøn, drykkjevisur og stev.
Ja men belti-versi kjem då so reint umotivera! Dersom dei høyrde med, skulde ein ha venta å få vita fyrr i kvedet um kvar dette underlege beltet var komi ifrå. Men det leitar ein fåfengt etter.
Fyrst ligg det her nær å spyrja : Kann hende hev motivet, upp havet til beltet dotti ut?
Og di næst: Er det mogelege å finne att eit slikt belte nokon stad?
Jau, den som leitar vil finne eit slikt belte, som reint umotivera hev fengi sin plass i ei ferde-vise til Jotunheimen, visa um Asmund fregdegjæva.
Versi i "Asmund Frægdegjæva" um gygri og Sankt Olav kallar Liestøl "eit innskot so langt, at ein finn ikkje maken i nokor onnor norsk folkevise". Men i Draumkvedet høver dei godt til forklåring av versi 114 —117 um glime-beltet som drøymaren hadde, når han vakna. Då folk ikkje skyna lenger kor beltet kom ifrå, var det mange som skaut ogso desse belte-versi ut, og då vart dei um gjorde til ei skjemtevise.
Gamal renning og innslag med ny veft ser ein sers tydeleg i ei onnor vise, den um jotunheimsferdi hans Gonge-Rolv.
Visa um Gonge-Rolv frå Færøyane (som me berre hev nokre vers av i Norig) hev ymse likskapar med Draumkvedet. Ho tykkjest vera laga ihop etter minne frå visur um trollebotnferder og Draumkvedet. Sjølve gangen i visa minner um Draumkvedet. Rolv fér over havet (= vigde vatnet, daude-elvi) til Jotunheimen, ein ryse tek skipet og tyner alle som er med, berre Rolv og tvo til kjem undan og fer sidan over kalde heidar, over "frosne jokle stræte, kvar som kjem i slik ei naud, han misser glede og kjæte" eller "han lær ikkje allan tid". "Ned seg sette Illgjerd-Stein, han kolna på hender og føter". Og han døydde. Sameleis gjekk det Odnarbjørn. I den norske visa heiter dette:
- "Um so tala han Gonge-Rolv
- — han fryse på sine føtar.
- Endå verre for Elljestein
- de klakar i hjarterøtar."
Og dette heiter mest likeeins i eit laust stev:
- Eg fraus på mine føtar
- at steinen klaka og blodet tela
- de tok i hjarte-røtar."
lllgjerd-stein hev i Færøyvisa vorti til namn på ein felage, men i bilet-målet til Draumkvede-skalden treng det ikkje vera meint annleis enn ei umskriving for hjarta som er nemnt i næste lina og i samanheng med blodet (odnar-bjørn, stormbjørn, det fossande blodet).
So kjem han til Jotunheimen og det heiter mest likt i Færøyvisa og i den norske (her etter den norske):
- "Han kom seg unde Trolle-fjøllo
- der såg han den ellen brenne.
- "Anten d'er troll eller kristne folk
- so sko eg innunde renne."
- Gonge-Rolv drog til helleren
- som han såg de rjuke
- møtte han den skomegyvri
- ho vilde honom sluke."
Der var det ei gjente som berga han og fekk til slutt rysen Rosmar (= kvalross) til å bera han over sjøen (dette minner um hindi som berga drøymaren frå lindormen). Han skar beltet av rysen.
Sidan kom Rolv til "Møya-landet"; dei fleste av møyane er leide mot honom og vil drepa han men einast dronningi, Lindi mjå, var god mot honom. Ho henta den store fuglen Skuv, som tok han på ryggen (liksom ørnen i Draumkvedet) og bar han heim att til Norig. Og han fortalde um reisa si til kong Olav med ord som er lånte av Draumkvedet:
- "Ofte hev eg i våset vore
- stundom oppe i sky.
- Den som i mine fotspor stig
- lær ikkje kvar ei stund."
- "Ofte hev eg i våset vore
- stundom nede på grunn.
- Den som i mine fotspor stig
- lær ikkje all si tid."
Frå Norig kom denne visa til Danmark. Der heiter Rolv Roland, og ho fortel at Roland kom til Trollebotnen og rysen bar han heim att. Einast på Færøyane finst tillegget um Lindinmjå (Maria) og den store fuglen.
Det er mogelegt at namnet Rolv er avstytting av namnet Runolv.
Ser å lag gjeld det umkvedi at dei i folkesongen er haldne for lausøyre, som ein for tonen og rytmen si skuld kunde låne fra visa dei høyrde til og hengje attåt danse-visur eller andre songar med emne som høvde eit gamalt umkvede.
Finn ein då eit umkvede som ikkje er fullt høvelegt til den visa det stend attmed no, men runne av same malm og med same stemning som ein bolk av Draumkvedet, so torer ein nok setja det inn att der. For i dei uppsetjingar som me hev av Draumkvedet ser me at der hev vori mange fleire umkvede.
Allvist i ei vise, som høyrer til same åndsringen som Draumkvedet ser me greidt at der er eit lån. Visa um Maria, der lyder det "Tunga talar og såli svarar for domen". Dette er eit avbrigde av "Tunga talar og sanning svarar på domedag".
I andre visur av same åndsringen Torgjusdøtrane er umkvedet "Med soli skine so vide".
Likeins i "Den veinde styfymori" og "Agnus Do".
Sume bolkar i Draumkvedet (etter mi uppsetjing) hev umkvede som nett høver der og ikkje andre stader. Soleis "Der skal domen stande" til bolken um domedag. Og til "sælprisingane" høyrer " Tunga talar og sanning svarar på domedag".
Til reisebolkane høver framifrå "For månen skine, og vegjine falle so vide", med eller utan fyreordi "Min frende og din ven". Til den forteljande inngangen høver : "Og det var Olav Åsteson, som heve sovi so lenge". Og til slutten "I villande heid, i Rode landom, der kjenner dei meg"; til Helheimen "Der skine soli av aldri varm". Til Paradis "Uppetter med å, der renne dei urtine brune og blå". Til heimreisa "For månen skine og soli skine, og vegjene falle so vide".
Da hev me 8 umkvede, kvar til sin bolk. So tek eg attende 2 lån fra visa: "Det vonde stykmori", "Den lange natt og den lange leid, den lange natti då somnar eg". Og til bolken um Helvete brukar eg "Det er tungt trøda dansen under moldo".
Fra visa um Asmund fregdegjæva, tek eg "Der er ingen dage" og set det inn i "Skomeheimen". Då hev eg umkvede til 11 bolkar.
Eit umkvede tek eg frå Landstads forteljing um at gamalt høyrde det med til Draumkvedet "en beskrivelse av hvorledes solen sortnede for drømmeren, helgrinden larmede". Dette umset eg so: "Soli ho svortna, helgrindi dunde", og bruker det til å måle under kjensla i drøymaren då han for over grensa.
Dei restande umkvede hev eg teki ut av fyndord eller avbrigde i tekst-uppskriftene. Soleis fær då kvar bolk sitt umkvede slik som det vonleg var meint av diktaren. Draumkvede-skalden held eg for upphavsmannen og grunnleggjaren for den nynorske bokheimen i millomalderen. Draumkvedet held eg for den nye sterke kjelda som i fleire hundre-år gav kveik til folkevisediktarane og var mønster i målbunad og versekunst. Etter kvart som storkvedet i folkeminnet greina seg ut i småkvisler og tok til å bli gleppugt, vart det meir og meir og nytta ut som ei gullgruve for diktarane; episke drag med sine umkvede, allvist slike som hadde skilt seg ut og sveiv på lausfot vart umgjorde til lettare visur, heiltupp skjemte-visur (soleis um guten som kom til kyrkja med det gilde beltet) eller sett inn i andre visur (soleis tåtten i visa: "Åsmund fregdegjæva", um korleis beltet vart vunni).
Er det nokon plan i Draumkvedet?
Sidan det hev vorti meir og meir sannkjent at Draumkvedet er eit dikt skrevi av ein stor diktar, må ein tru at han hev bygt det upp etter ein plan, at han hev sett det inn i ei råme, at alt hev ei sakleg samanheng, so det likevel let seg finne ein episk trå til rett leiding. Og dersom ein finn slike rettleidingar og freistar samskipe lause brot og ordne versrekkjur og bolkar deretter og so sidan finn at ei slik samskiping og ordning svarar til andre visjonar og mn vigsle-røynslur, då fær ein den trygge kjensla av at ein er på fast grunn.
Um korleis ein skal ordne tåttane i kvedet hev skalden sjølv gjevi os rettleiding i nokre vers. Han segjer (v. 7 og 8):
- Eg hev vori meg upp med sky
- og ned att med havet svarte
- (eller: på svarte dikje)
- Eg hev set åt heite Helvite
- og glutta åt Himmerikje.
Når var det han var "upp med sky" ? Jau, det var når han for over Gjallar-brui, "for ho tykkjest under skyi hange" eller "ho heng so hagt i vinde" (d. v. s. lufti).
Og det svarte havet er det som han sjølv kallar Helvite, sameleis som det er gjort i visjonane frå gamalt attende. Og fleire gonger nemner han dette, at då han hadde vori so høgt uppe, kom han "ned att" på havet svarte. Dermed veit me at forteljingi um Helvete skal koma etter Gjallarbrui. Rekkjefylgja mi er for det meste som i Alberiks syn: Helvete (tornemoen), draken (lindormen). dei serskilde straffestadene (serleg straff for kvar sjæl), blomesletca og det indre Paradis (Vinningskyrkja).
I dei irske visjonar er det vanleg 4 stasjonar, helvete, skiringselden (det jordiske paradis), himmelen og sameleis 4 slag menneskje, dei vonde, dei halvvonde, dei halvgode og dei fullgode. So hev eg umfram dette funni ei rettleiding for uppsetjingi med å granske kva det er for slag "Vegjer" og kva det er for slag "dyr" det er tale um.
Når "dyreringen" er nemnt (v. 57) so må det vera namn på det same som me endå kallar so, dyreringen på himmelen, solvegen, solbrauti, gjenom 12 stjernebilete (fylgji, flokkar). Og når det heiter i umkvedet :
- "Månen skine
- og vegjine falle so vide"
so må det vera meint den same vegen gjenom dyre-ringen, som ogso månen fer.
Fylgjer me denne rettleidingi fell ordningi av bolkane av seg sjølv, dei svarar til dei "dyreheimar" som månen skrid gjenom frå Taurus (stuten) til Sagittarus (skyttaren). (Sjå på eit stjernekart eller avritet her sist i boki.)
Det fyrste drøymaren sansar, etter at han er komen gjenom den kalde døri, hurdi, som er dauden, og kjenner seg naken og frosen som um han sat på ei øyde heid er dette, at månen glytter fram gjenom skyi, og han ser at han er på det fagre, strålande berget (Gladheimsberget) dit han hev lengta so ofte, der synet når so langt, og der hugen leikar so vide.
Der ser han langt undan sæle gudsmor Maria uppe i himlane, og ho vinkar til han der ho sit gullprydd millom alle sine møyar. Men nær seg høyrer og ser han "den kvite bikkja". (Sume uppskrifter segjer "bikkjune", det var soleis fleire.)
På stjernekartet finn ein snart desse "bikkjune", den vesle hunden Prokyon og den store hunden Sirius, ein av dei bjartaste, kvitaste stjernur på heile himmelen.
Dei stend på kvar side av den brui som han når, Gjallar-brui, himmel-brui (kann hende med tanke på det latinske ord coelum, himmel), Gjøli heiter elvi i Edda. Denne himmelbrui, som gjeng upp millom dei tvo hundane kjenner no alle, mjølke-vegen, vintergata, vetter-brauti eller rettare vette-brauti, d. e. beint fram sjæle vegen. (Fugle-vegen hjå lappane). Døri (hurdi) inn til den andre heimen er vel dei 5—6 stjernune i Gemini (tvillingane) som ser ut som ein port. På høgre sida er Orion (fiskjer).
Det er også lett å kjenne dei andre dyri som han møter på Gjallar-brui. Umfram hunden som gøyr, er det stuten som stend og stangar midt på leidi. Det er stjernebiletet uksen eller Taurus (som sju-stjerna høyrer med til; sjølve ukse-hovudet er lenger til vinstre (Hyadane). Og ormen som høgg er den store ormen djupt nede, Ketus (Kvalfisken) og ei lang rekkje med stjernur som heiter Eridanus. Og der i djupet er det myrke og kalde helvite, "Ormesalen" som var målet for den fyrste utreisa hans.
Det er ikkje fortalt korleis han kjem upp att, men dette skynar me at han kann ikkje fara beinast frå Helvete til Himmerike, anna han må attende, vonleg heilt til brui. Og då må han taka ut lik som på nytt denne "andre utreisa" (v. 56) og leva upp att dei same trengslur som ein ofte må lide når sjæli skal skiljast frå lik-hamen og kunne svive sine eigne vegjer. Jamvel den finare hamen, skar lakskåpa, fær flengjur (v. 21 og 56).
På denne nye utreisa kjem han so høgt på Gjallarbrui at han når den store krossvegen der solbrauti skjer vette-brauti; han fer over dyre-ring eller dyre-trå (v. 56). Månen kjem då frå Taurus (stuten) og etter at den hev skridi over mjølkevegen, når den stjerne huset Gemini eller tvillingane (Kastor og Polluks).
Det er denne vegen drøymaren fylgjer månen, og kjem då fyrst til smådrengjine (tvillingane) som steller vel med honom, lækje såri etter reisa frå jordi og let han få kvile ut. So når han fram til den andre staden på måne-vegen, stjernefylgjet Cancer eller krabben, der lindarormen (stjernefylgjet Hydra) sting seg upp og "tykkjest i heiane hange".
Han fer gjenom alle 7 stadene i Helheimen der han møter dei grovaste syndarar fyrst, og dei mindste lengst burte, og fær tala med sjælene der. Men verre og verre vert det å koma fram, der til slutt småe born krabbar og hengjer seg til foten hans og vil han skal føre dei til Paradis i den tru at det er far eller mor som hev komi.
Endelig kjem han til den tridje staden, Paradis, då er han gjengen solbrauti so langt som til stjernehuset Leo eller løva (Lykilen syng og løva spring og fagraste gaukane gala, v. 79)[4] . Der lyser det og laver av blomar, skogen stend grøn og fuglane syng. Alle sjæler som der er må hava fugle-håm, og det fær han ogso sjølv. Det "vene land" og Venus-landet.
Den fjorde staden han kjem til, Vinningskyrkja (den høgre delen av Paradis), er stjernehuset Virgo eller jomfruga (ecclesia virginis), der han finn den sæle Gud(s)mor, Maria møy, den lysande himmelbruri[5], som gjev gåvur og råder til den store flokken som samlast i pilegrims-kyrkja og kanskje må få sin lagnad sett til ei ny pilegrims-ferd på jordi (nye skor) dersom dei ikkje stend for domen, der Kristus og Grutte Gråskjegg kjem fram på kvar sin kant og Mikael erkeengel prøver kvar ei sjæl.
Til denne staden, Brokk-svaline, må han ogso fara, det er der som vekti er: "det var sankte Såle-Mikjel, han vog i skålevekt" (v. 97). Og Mikjel, Mikael, er truleg i Merkur-landet. Han møter me då i det næste stjerne-fylgjet på solbrauti, det som heiter libra eller vekti. Brokksvaline er ikkje langt undan, himmelberget der domen blir halden og sælprisingane forkynte. (Sameleis som i Math. 24, 30, 31 og 25, 31—46, må dom og sælprising stå saman i Draumkvedet.)
Endå må drøymaren fara månevegen eit stykke: "So var eg uppå den berge-topp, som skorpejonen mun fara". Det er nettupp næste stjernehuset skorpionen, som kjem etter libra. Då hev han fari månereisa gjenom 6 stjernefylgje i dyreringen (tvillingane, krabben, løva, jomfruga, vekti, skorpionen). Og ettersom månen sviv vel tvo jamdøger i kvart stjerne-hus, so svarar denne reisa til dei tolv dagane han sov. Den trettande dagen etter han tok fylgje med full månen, då når han med minkande måne inn mot soli i stjernefylgjet Aquila eller ørni, biletet til soli ifrå gamal tid, over stjernehuset Sagittarius (skyttaren).
Og no fer han som ein liten fugl gøymd trygt "i fjørom" til sol-ørni beine vegen heim etter vette-brauti. Um denne reisa segjer han: "sumtid so tottest eg fjuke".
Fyrst fortel umkvedet at "månen skin", sidan er det både måne og sol som skin, og på slutten er det berre "Og soli skin og vegjine falle so vide". Draumkvedet er både ein måne-song og eit "solarljod". I det 12. hundreåret finn ein både det kristne solsymbolet og det muhamedanske månesymbolet, som arabardomen førde inn i Sørvest-Europa, dei møttest i franske kloster.
Um stjernekunnskap millom munkane i millomalderen vitnar preikune til franciskanermunken Berthold frå Regensburg i det 13de hundradåret. Han vil fortelja folk, segjer han, eitkvart um dei ting som Gud hev skrivi på himmelen i den boki som dei skal lesa um natti; der er dei høgre bøker. Han nemner Karlsvogni og Krona og attmed den ein stor rise, det er djevelen som vil røve krona frå alle som kjem til himmelen på vogni. Ein lyt her tenkja på Grutte gråskjegg i Draumkvedet[6] .
Då eg hadde skipa ihop Draumkvede-vers som finst i ymse uppskrifter og stelt dei saman i bolkar etter denne planen og teki burt slikt som berre tyktest vera variantar og tildiktningar og dertil fyllt ut med vers frå stev og visur som eg hadde grunn til å tru kunde eller måtte vera lån frå Draumkvedet, då fekk eg som ei stadfesting på at eg var på rett veg, med di at det vart ein bolk for kvar dag drøymaren var burte. Forteljingi um reisa hev 13 bolkar, 11 av desse på 7 vers kvar og 2 bolkar hev 2 x 7 eller 14 vers. 1 alt 118 og 1 til etterskrift =119 vers.
Det tykkjest å liggje ei dubbelt meining under: I staden for at folk etter gamal skikk i joli brukte å kveda dei gamle heidne visune um ferder til Jotunheimen og utfriing av kongsdotteri, kunde dei no for kvar dag frametter joli kveda ein bolk um reisa til den åndelege Jotunheimen, ja heile den verdi som låg burtum dauden i ånd heimen, der det som budde inni menneskje på jordi kom heilt for dagen og kvar fekk sin lagnad og sin stad etter som han var verd.
Det kunde soleis bli som ei religiøs uppbyggjingsbok, ei innprenting av kristelege grunnsanningar som nokon kvar kunde få tak på og minnast til åtvaring og rettleiding i all si livsferd.
Og anten 7-talet var sett av diktaren eller det var skipa til sidan soleis med 7 eller tvo gonger 7 vers i kvar bolk, so var dette ei god rettleiding for songaren, so ikkje noko vers vart avgløymt eller nye smaug inn. I likvakane der heile kvedet vart sunge på 2—3 kveldar var 7-talet ogso ei god studning.
Upphavstid, tendens, namn
Liestøl meiner at det høver godt å setja upphavet åt Draumkvedet til ikr. 1300. For då var det blømings-tidi til folkevisune våre.
Ja dersom Draumkvedet var ei vanleg folkevise, slik som det var tenkt fyrr, so kunde dette høve. Men no hev Liestøl nett hjelpt oss med eit godt tak til å lyfte Draumkvede-skalden upp or flokken med visediktarar og draga mannen fram i ei serstilling. Og då kann me ikkje sleppe han ned att i myrkret, men lyt halde han uppe i denne serstillingi. Me hev set at når det finst mange likskapar millom Draumkvedet og folkevisur og stev, er det ikkje Draumkvedet som er påverka av folkevisa, men folkediktingi hev fengi kveiken av den store diktaren. Soleis blir han standande som upphavs-skalden i bokheimen vår, den rike gøysen, som dei hev runne av dei mange småe bekkjene, som samla seg til den åi som me kallar blømingstidi for folkevisune våre. Og då må me leite etter plassen hans i historia lang tid fyrr denne folkevise-blømingi kom. Me må leite i den tidi, då det var blømingstid for det åndslivet som ovrar seg i Draumkvedet, i den store friske visjonstidi. Og me må finne kvarhelst i norsk bokheim Draumkvedet hev sin naturlege plass.
Upphavet til norsk bokheim eller skriven litteratur kann ein setja til tidi ikr. 1100. Det var lovene (for Gulating og Frostating) som fyrst vart uppskrivne. Dei fyrste Norigs-sogune vart skrivne på latin, "Historia Norvegiae" umlag 1170 og Thjodrek Munk (truleg benediktinar) skreiv si historie-bok umlag 1178. På latin var det ogso skrivi stev truleg på Selja, likeins Olavs-hymnar.
I andre helvti vart det skrivi soge-bøker på norsk og ei samling med preikur og heilagsegner, "Norsk homiliebok". Det finst ogso stubbar av ei norsk Olavs-soge som må vera skrivi umlag 1150.
Kven var det då som gjorde upphavstaket til å slutte med latin og bruke heimemålet? Det laut vera ein både kunnig og framtøk mann og ein diktar, som brøytte veg med eit stort verk. Diktverk er eldste litteratur i alle bokheimar. Me kjenner ogso 3 verk frå dette hundradåret, som må vera gjorde av store diktarar. Det eine er ein Olavs-hymne på latin ("Lux illuxit laetabunda"). Det andre er kvedet "Svipdags-mål" som stend på grensa millom gamalt og nytt, med eine foten i Edda-diktning og den andre i folkevisa. Det tridje er Draumkvedet som hev røter i Edda, men stend med båe føter på ny grunn. Dei tvo siste verki hev mange likskapar med kvarandre både i innhald og ordbruk. Det kann vera mogelegt at det var tri ukjende diktarar, men mest trulegt er det at hundrad-året berre hadde ein slik stordiktar, han som makta og leggje grunnsteinen for norsk bokheim, han som me kallar Draumkvede-skalden.
Den historiske plassen til Draumkvedet finn me best i den ny brotstidi, då dei lærde folk tok til å slutte med latinen i Norig og byrja skrive på morsmålet, den same tidi då dei slutta å dikte på det gamle versemålet som var brukt i Edda og av skaldane og byrja med nye lettare versemål som folkevisedansen førde med seg. I denne tidi, ikr. 1150, og ikkje seinare er romet for den mannen som vil byggje kristeleg visjons-lære saman med den gamle norske fra utgamle fyrr-kristelege dagar, då Hermod for Gjallarbrui og skulde finne att Balder.
Hugheilt bruker Draumkvede-skalden det heidne namnet "Gjallarbrui" um den kristne visjonsbrui. Ja likso uredd nyttar han drag frå gamle kvede um ferder til Jotunheimen (slike som Saxo fortel og som gjeng att i våre trollvisur) og meiner soleis at det var ein del av den same "andre heimen" dei heidne fedrane våre hadde sungi um. Og både frå latin og frå desse gamle kvedi fekk han malmen i bjølla si, når han kasta den gamle stive skaldevers-hamen og skapte den nye versformi på nyare folkemål, den som sidan vart mønster for gamle-stev og visur. Han er gjenombrotsmannen i norsk bokheim, og i faret hans gjekk bispen Bjarne Kolbeinsson som skapte ny-stevet og islendingen Hravn Sveinbjørnsson som Fr. Paasche meiner kunde ha skrevi Solarljod. Og kong Sverre var gjenom glødd av denne nye ånds-straumen.
Draumkvedet skriv seg frå ei tid "med oprindelighed og dimensjoner", sa Moltke Moe.
Men kor langt attende må ein for at ein kann finne ei slik tid i Norigs soga ?
Eg trur ein lyt heilt attende til det 12. hundradåret; då var mange sterke krefter i rørsle. Strid og tevling millom kongsemne og stormenn, sterke viljar kappast, mykje blod rann og hugar var i øsing. Og krossferdene til det heilage landet skapte villmenn um til religiøse globeitlar. Kyrkja var endå ikkje under tukt av Rom.
Iduge Benediktinarar og milde, uppglødde Bernhardsmunkar vekte åndskrefter, gotikken kom og løyste gamle band og skapte nye former for alt åndslivet. Domkyrkja i Nidaros reiste seg. Ikkje noko anna hundradår i millomalderen hev rom for slik ein norsk kult som Draumkvede-skalden. Og det vilde ikkje vera utenkjelegt å finne han på krossvegen der dei møttest benediktinerane med sin utgamle tradisjon og Bernhardsmunkane med sin eldhug og mystikk.
Hjå dei tvo munkelagi stod visjonsdiktingi i si siste bløming midt i hundradåret, då og ikkje seinare åtte dette straumdraget den livskrafti, som måtte kunne inspirere ogso ein norsk visjonsdiktar. Um erkebispen i Danmark (frå 1138 til 1178) Eskil som var uppalen ved klosterskulen i Hildesheim og beste ven med Bernhard av Clairvaux og som skipa fleire cistercienser-kloster, um honom er det fortalt at han i sin ungdom (fyrr 1138) hadde same slag syner som Draumkvedet fortel um. Han var hardt sjuk, og i helorane såg han ein eld som vilde tyne han, skiringselden. I daudredsla bad han um hjelp, og gudsmor Maria synte seg for honom med all sin drustleik og lova å berge han, men kravde at han skulde gjeva henne fem skjeppur korn.
Det var nokre reint serlege åndelege tilhøve i det 12. hundr Det at ei åndskjempe var hovdingen i tidi.
"Igjenom tri hundra år vil ein aldri leite lenger enn 10 år etter eit stort namn som lyser i historia, anten ein keisar eller em pave. Det finst berre ein einaste mannsalder, der det er fåfengt å leite. Det er åri millom 1125 og 1152. Men ogso denne tidbolken syner oss namnet til ein mann som bar fram so store idear, so ein mest kann segja at båe stormaktene i heimen må draga seg inn i skuggen, so at desse ideane kunde få si rette strålings-tid. Det er æva til Bernhard av Clairvaux."
Denne renningen frå Benedikts rotgamle klostere, cisterciensarane, som skaut upp i Clairvaux i Burgund 1115, vart ein ljos berar for nordvest-landi i Europa, og han lyste inn i dei myrkaste krokar millom folki og i menneskjelivet. Bernhard hadde det indre ljoset brennande i seg so klårt og varmt at det glødde upp ungdomar i alle land og sette kveik i åndslivet og dreiv gutar fram til mannsverk. Brødrane i klostri hans hadde ikkje rett til å tala med kvarandre, for at dei skulde kunne samle tankane sine innetter i mystisk kontemplasjon og gudeleg visdom, men so mykje meir kunde dei då syngje og skrive og dikte or eit rikt stemningsliv Byane stod for dei som eit fengsel, men i naturlivet, i villmarki, der dei slo seg ned, fann dei sitt paradis, der var Guds hus og himmel porten. Venleiken i landskap, åsar og fjelldrag gledde dei seg yver, og skreiv fagre naturskildringar. Der fanst då beste vokstr-jord for ein visjons-diktar.
Bernhard av Clairvaux heldt det nett for uppgåva si, at han skulde vera ein åndeleg herførar som kunde samle og temja upp "nye Kristi hermenn". Og den hardaste ota han sende kvar ein ut i, det var striden med Gud, der skulde guten vinne seg sjølv og dermed finne vegen til ei høgre verd. Dei unge nemingane sine førde han gjenom mange år upp frå steg til steg i åndeleg vokster, då kunde dei nå det høgste, den mystiske ekstasen, der sjæli kjenner seg so langt i frå verdi som ho skulde vera åleine med Gud i den største sæla. Strenge krav sette han difor til brødrane. Han meinte det var mogelegt for kvar ein å koma upp i dei same åndshøgder som han sjølv sveiv i. Og han hadde slik makt i preike og tale, at han kunde lyfte dei til vers, so dei mest ikkje kjende att sine gamle menneskje. Sume fall vel snøgt ned att, men mange heldt seg i høgdi og merka at dei fekk englar til livsfylgje.
Desse Bernhardsklostri breidde seg snøgt som elden frå land til land. Det var umlag tvo tusen av dei fyrr år 1200.
Samstundes steig det profetånder fram, og både kyrkja og folket lydde, soleis Hildegard frå Bingen (1098—1179) visjonær nonne. Ho vart frå ungdomen uppali i eit benediktinerkloster, vart abbet (klostermor) i Disibod og skipa 1147 eit nytt kloster på Rupertsberg ved Bingen. Det ho mest såg var fantastiske bilæte um at det skulde gå gali både med keisardom og pavedom, kyrkje og presteskap. Ho reiste mykja og hadde brevskriving med mange og dreiv jamt med profetisk-reformatorisk verksemd. Alt frå ungdomen hadde ho visjonar, frå 1141 vart dei uppskrivne, og ho skreiv mange mystiske og asketiske bøker. På same måten som Bernhard av Clairvaux klaga ho over nedfallstidi i kyrkja og kravde moralske umbøter. (Sjå Preger: Geschichte der deutschen Mystik). Elisabeth benediktiner i Schøneau hadde også profetsyner.
På denne tid var kyrkjesamlaget til latharane ei stormakt i Vest-Europa med si reinkarnasjonslære og mystikk (siste straumdraget frå manikæarane). Og den utgamle visdomsskulen i Chartres (med kel tiske mysterie-minne) drog sitt gamle Guds-mor-bilete fram i dagen. Og ungdomen i Norig drog ut til slike skular.
Maken til tid med slik åndskveik kann ein snaut finne. Ei god rettleiding til å tidfeste Draumkvedet finn me, når me steller det ihop med "Solarljod" og Tundals syn, og merkjer oss eit serlegt drag som skil desse tvo frå Draumkvedet.
I "Solarljod" er det pålagt drøymaren at han skal fortelja folk det som han hev drøymt og at det skal tydast ut av Solkatle-sønene, det vil segja folk som var innvigde i det utgamle solmysteriet. Og det same pålegget fær drøymaren i "Tundalsvisjonen" (1149). Fylgjesengelen hans segjer: "Debes ad corpus tuum redire et omnia quae vidisti ad utilitatem proximorum memoriter retinere", det vil segja: gøyme alt i minnet til gagn for dei nærmaste.
Men um Draumkvedet fortelst det (som sagt er framanfor) at det var drøymaren "strengeligt forbudet" å fortelja det han hadde set. Med andre ord Draumkvedet høyrer til den eldre tid, då det var forbodi å fortelja det som høyrde til mysterie og innvigsle røynslur, men han fann ut at no var tidi komi til å gjera slikt kjent for alle folk. Og dermed sette han den nye skikken som sidan vart fylgd i ymse land fyrste gongen i Irland i 1 149 og på Island vonleg eit halvt hundre år seinare. Og då må Draumkvedet vera eldre enn 1149.
Etter den tidi, når seglet ein gong vart broti, vilde det vera utenkjelegt eit slikt forbod, ja reint meiningslaust.
Ei storhending i den åndelege heimssoga var dette verket til Draumkvede-skalden. Største djervskap, ja kann hende verste våe verk, som kunde tenkjast: broti vart seglet for eit mysterium, lagt fram for alle var ei bok som berre skulde vera lesande for nokre fåe. Ein einaste gong var slikt gjort fyrr. Kristus sjølv hadde gjort det med dei austerlendske mysteria. No var det gjort like eins med mysteriet som hadde levt sitt eige liv i Europa. Støkk og harm eller undring breidde seg gjenom alle mysterie-ringar. Skulde dei bannstøyte han, eller var tidi komi som Jesus tala um, at alle løyndomar skal openberrast (Math. 10, 26)?
Var denne drøymaren ein falsk eller ein sann profet? Kva var det for ei meining som vart godkjend av dei styrande åndelege krefter ?
Ikkje berre i praksis vart han godkjend synsmåten til Draumkvede-skalden, men ogso av krefter frå ei høgre verd, etter det som er meldt i visjonen til Tundal, fra ein fylgjengel kjem der det nye bodet: det skal forteljast.
Og med dette er det slutt med dei løynde innvigslur, portane til andheimen er opna for alle som vil og maktar å trengje inn, og visjonar blir emne for vanlege diktarar med meir eller mindre fri utnytting av gamle kjeldur, umdikting og nye innskot, nokre manns aldrar frametter.
Dersom ikkje nye granskingar kann finne at nokor slik opning av mysteria hev vori gjort fyrr i eitkvart anna land, so veit me det, at skalden vår hev sett eit vigtugt historisk grensemerke millom gamal og ny tid ikkje berre i Norig, men i heile Europa. Ei åndskjempe og ein fyregangsmann av det aller høgste slaget.
Tendensen i Draumkvedet
Skalden vender seg mot gamal heidenskap, som endå heng att.
Den heidne disi Torgjerd hølgabrur, som Håkon jarl ofra til og som truleg endå blir heidra, ho er for honom ei gygr i Jotunheimen, som hefter sjælene på vegen til andre heimar, og som ein må taka makti frå skal ein koma lenger.
På den andre sida vender han seg imot preste-kyrkja med si latinske messe og sin stive kyrkje-skikk, med di han skiplar Guds tenesta og let folk lyde på sine draumar eller profetsyner um at det einast gjeld å leva etter Kristi domedags ord um bukkane og sauene, dersom ein skal få det godt etter dauden. Personleg kristendom er det han forkynner. Mikael skal føre sjælene til Kristus. Han tykkjest forkynne same reinkarnasjonslæra som ein finn i samtidi hjå katharane og i Edda, so draumesyni hans skal syne det som menneskje-sjælene upplever millom dauden og ei ny fødsel, då sjælefuglane må inn i eit nytt likhamsbur. Gudsmor Maria gjev dei nye skor, ein ny livslagnad eller karma (v. 109 og 110, noko uklårt, må helst tydast so).
Det er mykje i gamal heidenskap som han ikkje er redd, men friskar upp att. Skalden finn nok djupe sanningar i gamle kvede og sogur og fører dei inn i eit kristeleg livssyn. Og Tors verk, då han fekk styrkebeltet av gygri (Grid), det gjer han sjølv upp att. Heidendomen hev plundra den gamle openberrings-trui for maktmidlar tykkjest han meine. Men no er tidi komi at ein i Kristi namn kann krevja dei att.
Det beste i den utgamle heidendomen og det rotekte i kristen domen skal profetsynet binde ihop att so sterkt, at både ny heidendom og prestelærdom bleiknar burt.
Mystikken er det som skal renne upp att og suge kraft or gamle og nye røter. Og drøymarar eller profetar skal stelle og vatne treet, so det veks og breider ut sine greiner.
Difor kann me ogso vera trygge på at det ligg den djupare mystiske meining under i læra hans i "Sælprisingar" . Og den meiningi er ikkje vand å finne.
Ein skal låne hus til den som bankar på døri, Kristus. Det er tanken til Paulus: i meg . Me skal lata han bu i hjarta vårt med si nye åndelege kraft. Me skal gjeva han næring i var sjæl, me skal late han klede seg i vårt kjøt og blod, so eg sjølv med sjæl og lekam blir gjenomtrengd med Kristus-krafti og uppattfødd til eit høgre, åndelegt menneskje, og kornet som me ofrar er det utgamle symbolet på uppattstode or dødsriket til eit nytt liv. Soleis blir Draumkvedet reint som ein liten "katekismus" både for einfengde og djupare sjæler.
Rette namnet til skalden
Merkjelegt vilde det vera um ein slik mann ikkje skulde vera nemnd nokon stad.
Skal ein leite etter namn so må det, etter det som eg fyrr hev greidt ut, helst vera ein munk, benediktinar eller cisterciensar, som hev studera i vesterlandi. Og då kjem ein snart til å tenkje på ein kjend norsk mann, som fyrst var benediktinar og sidan cisterciensar og heldt seg både i Norig og England, fyrste abbeten i Lyse-klostret ved Bergen, Ranolo eller Runolv, som skipa klostret der 1146, Han lyt vera fødd i åri 1100—1110.
Grunnar for at nordmannen abbed Runulf eller Ranulf (namnet er skrivi på båe måtar) kann vera Draumkvede-skalden, hev eg gjevi i Norsk aarbok 1920, Draumkvæde-skalden. Professor A. Bugge trur ogso det må ha vori ein mann av Runolvs type.
Fyrr 1132 var han benediktinar-munk (benediktinarane hadde skulen sin i Selja på Sundmøre). Men i England[7] vart han cistercienser-munk og var med å skipa kloster i Fontains etter Bernhard av Clairveauxs reglar i 1 132. Biskop Sigurd fekk honom med seg heimatt, og han gav til kloster garden sin i Lyse eit par mil sunna Bergen 1146. Sidan reiste abbeten til England og døydde der.
Klostersoga segjer at "denne Ranulphus var ein av dei fyrste fedrane, ein vyrdeleg mann og full av kjærleik. Dette klostret styrde han i mange år og lærde eit barbarfolk til å mjukne under Kristi åk. Mange ting er fortalde um honom verde til å minnast, då han åtte utifrå heilagdom og ei makelaus trøystekjelde, med di han hadde ei openberrings nådegåve og profet-ånd. Dei segjer ogso, at han hadde ein engel attmed seg, som ofte vitja honom til hug styrkjing, han plagde jamvel å rive honom upp, dersom han um natti kom til å gjeva vel lenge etter for svevnen.
Legg merkje til kva det ligg i desse ordi frå England. Um kristendom og folk i Norig fell den domen at dei endå var eit "barbarfolk", det vil segja, at kristendomen endå ikkje retteleg hadde fengi makt i folkelivet.
Men då Runolv kom, vart det ei vending. Han var den varme og sterke åndskjempa, som makta å få dei til å "mjukne under Kristi åk" .
At eit slikt verk og ein slik mann ikkje er nemnd i kyrkjesogune våre, lyt ein storleg undrast på.
Minne um namnet Runolv hev ein truleg i "Ronnov-steinen" på Rauland (fødesheimen hans?), skriv R. Berge (Norsk Aarbok 1921). Minne um namnet Ranulv kann hende i den engelske visjonen ti) Randulf. Kann hende namnet er (som fyrr sagt) avstytt i folke visa um Rolv (eller Roland).
Olavs-namnet. I Jes. 65, 15 stend det: "...Tenarane mine skal få eit nytt namn", og soleis var det vanleg skikk ved innvigsle eller dåp. Og tvo namn vart ofte brukt frå gamalt attende, eit profant og eit heilagt. Plutarch fortel um Aridaios, som var daud i 3 dagar, at med det same han kom i den andre heimen, var det ei ånd som tok imot han og gav honom namnet Thespesios. Ved innvigsla si fekk draumkvedeskalden namnet Olav, Guds åstarson (benedictus). Olav vart sett i samanheng med det latinske ordet oleum, olje, og tydd soleis: han som Gud hadde salva og innvigt til eit stort arbeid for land og kyrkje.
Ein kunde tenkje seg at Draumkvedet hadde båe namni, i fyrstningi det rette namnet "Det var Ranolv Åstason" og på slutten det nye namnet som han hadde vunni saman med beltet "Olav Åstarson . Men med tidi og serleg når dei song kunde dei glide ihop til eit "Olav Åsteson". Når dei song "det varranolv" kunde dette snøgt bli til "det var an olav", og folk hugsa ikkje lenger at det var tvo namn. Det sjeldfengde namnet glid so ofte burt i eit som som er meir vanlegt. Lanstad skreiv fyrst åstason.
Når drøymaren stundom blir kalla "Olav Aknesi" eller "Åsnesi", so vart dette i Vinje (fortel professor Sofus Bugge) tydt um ein gard på Rauland. Når han stundom er kalla "Åkneson" so er vel dette ei umvriding av gardsnamnet samanblanda med "Åsteson". Me veit um abbed Ranulv at han av ukjende grunnar slutta med arbeidet sitt i Lyse-kloster og drog attende til sine "eigne" (gamle lagsbrødrar) i England. Truleg er det samanstøyt med kyrkja og forfylgjing (for skuld Draumkvedet), som hev drevi han burt. Kyrkja hadde ikkje lenger øyre for eit slikt profetmål. Lyse-kloster er truleg upphavs-staden til Draumkvedet ikr. 1146 1149.
Eit tankeeksperiment
Draumkvede-skalden var truleg upplærd i munkeskulen på Selja både i latin og norsk.
Han lydde vel etter gamle sogur um hendingar og merkjelege menn i gamle tider. Og mange slike skreiv han upp og tenkte vel over dei.
Med han gjekk i munkeskulen hjå benediktinarane hadde det vori hans gildaste lesnad, når han kom over bøker, som fortalde um heilage menn langt attigjenom, som hadde merkjelege draumar, syner og visjonar. For han sjølv hadde upplevt mykje av det slaget. Og munkane hadde mange slike bøker og tala ofte um desse emni. Um Heilag Olav vart det fortalt mangt merkjelegt rundt ikring i landet.
Han beit seg serleg fast i ei soge um korleis han fekk namnet sitt. Det var ein arv frå den namngjetne kongen på Vestfold Olav på Geirstad i Skiringssal. Han ogso var sanndrøymar, og etter som det vart fortalt, måtte han ha gjort eit gildt verk til å fremja gudsdyrkjing og rettlivnad i landet, og han måtte sjølv havt profetiske gåvur, sidan han fann grunn til å beda folk at dei ikkje skulde dyrke han som ein Gud, når han var dåen. Men det hjelpte ikkje. Haugen hans heldt dei heilag, og han sjølv vart dyrka som ein landvord for rikjet sitt og vart kalla Geirstada-alven.
So fortalde gamle sogur, at lang tid etter Olav Geirstada-alv var dåen, hende dette:
Fosterfar til Olav Haraldsson, Rane, fekk i ein draum pålegg um å gå til gravhaugen og grava fram beltet hans Olav og gjeva det til dronning Åsta på Ringerike og segja, at både beltet og namnet som fylgde med skulde ho gjeva sonen, som ho snart skulde få.
På same måten som kong Olav Geirstada-alv i heidne-tidi vart heidra etter dauden som ei levande ånd eller landvord, soleis var det ogso trong til å få ein slik fristen norsk landvord, som kunde taka arv etter den gamle, so historie-tråen ikkje vart broten og likevel laut han bera fram noko nytt.
Den kristne kongen som bar same namn og belte var sjølv skriven til stellingi, som han var fullverd, då han hadde dei høgre åndsevne til å sjå inn i andre heimar i draum, og serleg då det spurdest, at han var ikkje retteleg dåen som andre folk, for hår og neglar vaks etter han var lagd i kista. Han var liksom berre fallen i ein lang dvale. Difor laut dette vera visst, at han var ein av Guds serlege "åstvenir , likesom han hadde ein ring av "åstvenir ikring seg, som han fortalde sine draumesyner. Og i den ringen var han kalla Olav Guds åstven. Og det var vel ofte ynskt i vande landshøve at Olav åstven, eller åstarson, som hadde sovi so lenge, snart kunde koma att "endrborin . I all borgarstriden i det 12. hundradåret vart dette ynskjet so brennande, at det skapte seg ord : Kom att, statt upp att du Olav Guds åstven, no hev du sovi so lenge. Men kong Olav hadde mist belte sitt. Torgjerd Hølgabrur hadde røva det.
Soleis vart det fortalt av folk.
Og etter dette hende vart kongen ikkje seg sjølv lik, veik og vonbroten vart han, og lykka snudde seg for honom. Den heidne dis hadde teki veldet fra honom.
Og då gav drøymaren seg til å grone på dette um det kunde vera mogeleg å fri beltet ut att frå Jotunheimen, sameleis som Tor fekk styrkebelte av Grid, då han skulde ut i striden og på same måten som Herodot fortalde um ein konge i Egypt, at han for til daudeheimen og vann beltet med livsmerkje av dronningi der. Vilde nokon no våge ferdi dit og freiste seg ut på dei same vegjer som Hermod for, då han skulde løyse Balder? So underleg dragande leika det i hugen til skalden, at den som kunde møte den heidne disi og vinne att Olavs-belte, han vilde bli Heilag-Olavs rette arvtakar og med beltet vinne namnet som fylgde, Olav (den innvigde), Guds eigen åstarson.
Då han ikkje kunde bli fri desse tankane, tok han til å undrast um det var Guds meining at han sjølv skulde freiste å vinne beltet att frå gygri. Etter den gamle læra i Edda måtte eit menneskje fødast tri gonger på jord fyrr han vart fri. Tvo gonger var Olav fødd. Skulde han sjølv vera den tridje Olaven? Han hadde den sjuken at han stundom fall burt og vart liggjande som daud, dette som dei kalla "den heilage sjuken" (epilepsi). Og når han langt um lenge vakna, fortalde han underlege ting som han hadde set. Ein gong han hadde legi sanselaus i mange dagar var han reint som ifrå seg, og då vilde han til kyrkja med ein gong. Og der sette han seg i svali og fortalde draumane sine um at han vandra på stigen etter brui som gjekk til himmels og hadde set merkjelege ting. Og beltet hadde han teki frå gygri.
Og etter den tidi var han ikkje i tvil um anna enn at han var Heilag Olavs rette arvtakar i Norigs kristning, sjølv var han den tridje eigaren både av beltet og Olavs-namnet og Guds åstven. Seinare vart han mykje kalla Olav (Guds) åstven eller åstarson.
Himmeldørene stod på glytt. Våren 1146 heldt Bernhard den glødande krossferdtalen som kveikte ein eldhug, som eit heilt år glødde upp Vest-Europa. Tridje joledag måla han Kristus på dome dag, so kvart hjarta blotna. Truleg same leite var det han og pave Eugen den 3dje vigsla profetordi til Hildegard. Heile lufti i samtidi dirra av åndskrefter, som vakna og song som vårfuglar um opne himlar. Då baud historia dei beste høve ogso for ein norsk drøy mar og profet. Snart etter myrkna det, himmeldørene stengdest av ein ny pave. Rom fekk veldet i kyrkja.
Jol 1147 skulde ein tenkje laut vera rette tidi for draumkvede skalden.
Heilag Olav vart sett upp som Norigs nye kristne landvord, som etter dauden vaker over folk og kyrkje. Kongen er jarlen hans og styrer i Olavs namn. Og i kyrkja hev han same rang over bispar og prestar i Norig som paven i andre land.
Kong Sverre kalla seg upp etter sonen til Olav, Sverre Magnus. Men den som stod høgst etter Heilag Olav, det var åndskjempa som gjenom ei hard innvigsle hadde vunni Olavs belte, dette gamle symbolet på sanning og kraft han er det som er eigar av Heilag Olavs åndelege makt, rette arvtakaren av både namn og verk, vigd til å fullgjera kristningsverket i Norig til Guds ære i ånd og sanning, ja utvald til å finne dei sterke ord, som skulde berast på folketunga gjenom 700 år og då på nytt vekkje folket av dvale, når tidi var komi, då det tok til å ljome i luren fullsterkt:
- Statt upp att du Olav Astason
- som heve sovi so lenge!
Far og son, mann og manns verk, Runolv og Draumkvedet, fekk same lagnad, same fiendar, som døyvde og tynte dei og grov minnet deira i mold.
Men or gravhaugen stig dei båe fram att og krev sin rett i Heilag Olavs namn.
Etter 700 år, 1847 vart fjukande draum-kvede-fjører sanka i haugar av Landstad og J, Moe, 70 år etter vart alt brukande sett upp i sammenheng. 7 år deretter vart det blåse nytt liv i skalden.
Fotnoter
- ↑ eller: alt um dei nyte drengjir.
- ↑ eller: på alt folket han stoggar
- ↑ Kvedaren vil fortelja um desse "nyte drengjer" og serskilt då um den fremste av dei Olav Åstason, som kallar dei andre sine "venir". "Nyt" tyder verksam, onnug, idug. "Dreng" tyder helst ugift kar. Munkane vilde sjølve vera slike "nyte drengjer", men av uvener fekk dei utnamnet "late drengjer".
- ↑ Ymse eventyr, og visa um Sveidal, fortel um løva ved sælelandet: "Løven og den vilde bjørn de falde den herre til fod. Linden med hendes gyldne blade hun bugned neder til rod".
- ↑ Ein gamal barnesull fortel um ein som vil låne fugleveng og fljuge til Gullan-tuva. "Der sit ei jomfru åleine. Der gjel gauken, der veks lauken, der skin soli, der er ly og der er le der flyg den kvite duva med raude gullband i luva".
- ↑ I "Elucidarius" av Hononus av Autun frå fyrst på det 12te hundr. ei bok som var overlag mykje lesi, er det nemnt 3 himlar, coelum corporale, spirituale og intellectuale. I den norsk-islendske utgåva er dette sagt so, at det er tri himnar, ein lekamleg, annar andleg, der andelege skjepnur byggjer. I Snorres Edda heiter det so, at "annar himin er sud og upp frá þessum himni" (den synlege), og denne himin heiter andlang. (Hjalmar Falk i Heidersskrift til Marius Hægstad s. 35 . Finnur Jonsson meiner at boki er umsett alt i det 12te hundre-året. Coelum spirituale heiter vel frå fyrst i Draum kvedet anda-himinn, som sidan hev vorte til andheimen.
- ↑ M. Moe finn at Draumkvedet må vera skrivi av ein norsk mann i England, der dei ogso hev funni nokre folkeminne-vers, som godt kann vera leivder av Draumkvedet vårt.