Ei huldra-kyr

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Ei huldra-kyr

Frå Johannes Heggland: 'Tysnes. Det gamle Njardarlog'. Bind 2.
Segner frå Tysnes, samla ved Sigurd Brottetveit.


Jau, eg spår so visst det! Kor var det ikkje med Nilsa-Hans'n her eit året. Ein kveld skulle han og sjå etter ein stut som hadde vorte uteliggjande. Stuten hadde vore borte i fleire dagar. Jau, Hans'n gjekk utover rustene ved Storakleivo og såg etter beistet. Det var endå so fint maksver, skodda og muske-regn som det kan vera stundom. Han gjekk utover. Ingen stut å sjå. Men kva hende! Just han er komen inn i Natadalen, der møter han ei huld. Nett som eit menneske for han å sjå til, med raudt overliv og kvit skjorta, og mjølkebytta på armen, skulle på stølen, må vita.
   Og slike fletter som ho hadde, og som ho såg på han. Han sa det ofte, det var nett som han kom ifrå alt. Han såg berre på flettene. Men so vart ho vekke. Det var nett som ho kvarv bort i skodda.
   Jaja, han gjekk då vidare ned gjennom Natadalen, han. Og der innunder Natadalshellaren, der fann han stuten. Men han munde sjå ut! Det fanst ikkje det som hår kunne kallast på heile hans kropp. Hadde han ikkje vore inni haugen, so veit ikkje eg. Han hadde ikkje vore soleis faren utan. Men so ein kveld i florstida står det ei kyr ved florsdøra åt Hans med bytta på horna og ville inn. Det var kyr fyrsta. Det var som det draup av henne. Men meiner du dei kom på å kasta stål over beiste? Det var vel ei huldra-kyr, ei som huldo hadde sendt heim te Hans'n. Hadde dei slengt stål over kyro so hadde dei hatt henne. Men no kom ho bort og dei såg henne ikkje meir.


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.