Ei huldresoge fra Austevoll

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Ei huldresoge fra Austevoll

Nedskriven av Hallvard Bjånes. Frå Fjon til Fusa 1957.


Ein kveld, i fyrste helvti av attanhundradåri, giekk ein gut frå Byrkjeland nord i Hufthamar-utmarki og leita etter sauene. Det tok ei tid før han fann dei, og det tok til å myrkna noko då han skulde gå heim att. Som han no gjekk der, fekk han sjå eit kvinnfolk som stod på ein haug eit stykke burte. Han ropa til henne: "Hei, du gjenta, du skal verta mi brur du!" -
   Han fekk ikkje noko svar, og ikkje kunde han sjå kva slags kvinnfolk det var. Men det skulde han tids nok få sjå.
   Guten var trulova, og straks etter den kvelden i Hufthamarsmarki skulde han gifta seg. Men brudlaupsdagen, då dei skulde til kyrkja, kom huldri, for henne var det han hadde ropa til den kvelden, og ho kom både med kruna og hunad, fylgje hadde ho med seg og. No var ho komi og vilde ta han på ordet at ho skulde verta bruri hans. Det tok til å sjå speleg ut, dette, for huldri vilde ikkje vike, og ikkje skulde han få koma til kyrkja med nokon annan.
   Til all lukka var ei eldre kona frå Eido i brudlaupet. Ho var kjend for å kunna meir enn Fadervåret. Det var ei kona der på Eido som "låg på seng", som dei segjer her. Ein dag kom ein stygg mannsskapnad inn, ein underjording, eller kva det no kunde vera, og stelte seg upp ved barnevogga, og då laut dei henta henne, for ho var den einaste som kunde få han burt. So vert det fortalt.
   Kva slags råder ho bruka, er ikkje nemnd, men ho fekk huldre-folket til å kverva, og dei synte seg aldri meir.


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.