Eirik Jarl

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Per Sivle
Naturlyrikk og romantikk


Per Sivle


Skaldemaal


Bergen

Litlerés Boghandels Forlag

— Johs. Andersen —

1896


Eirik Jarl


Han Eirik Jarl
var Mannen du saag
           som gjævaste Kjempa
           i Hjørungavaag.
Og so vert truande
           Soga fortald:
der berga han Noreg
           or Jomsviking-Vald.

Han Eirik Jarl
ved Svolder det er,
           som høgg os vaart Noregs
           Hjarta so nær,
feller Riket
           og fantar det ut,
so Svensken og Dansken
           fekk kvar sin Lut.

Men baketter var det,
som bleikna han av,
           — til sidan han utanlands
           fekk seg ei Grav.
— Det ringjer til Likferd
           i Bringa paa han,
som høgg sit Sverd
           i sit Fedraland.