Fljotsdøla

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Islandske ættesagaer


Fljotsdøla


Umsett fraa gamalnorsk
ved Aslak Tonna


Norsk Barneblad

1921


Tidrande heitte ein mann. Han budde i Njardvik, som ligg millom Fljotsdal og Borgarfjord. Tidrande var hovding i heradet umkring Njardvik og uppover aat Selfljot, 170 gardar um lag. Tidrande var ein megtig mann og venesæl, av di han for høgleg fram mot sine undermenn. Han var sterk og stor, og ein djerv kar. Han vart kalla Tidrande gamle. Det var han og. Folk segjer han vart 136 aar. Han var frisk like til det siste, og gjekk ut og inn og stelte, so folk kom aldri i hug aa sjaa etter han. So var det um vinteren i brundtidi, drengene var paa fiske og sume paa høykøyring, at Tidrande gjekk burt i sauehuset sitt. Um kvelden kom alle heim fyre han. Karane spurde kvar han var, og kvendi svara han hadde gjenge aat sauehuset. Dei gjekk dit og fann han sitjande utum veggen. Dei spurde kvi han ikkje kom heim; han svara, at han hadde noko vondt for aa ganga, for ein ver hadde stanga av han laarbeinet. Dei bar han inn og fekk han aat sengi; men det sette seg verk i laaret, og dette vart hans bane.

Tidrande hadde tvo søner, Ketil og Torvald — kjempekarar baae tvo. Torvald var ein ven mann, faatalande og stillfarande og sannordig. Ketil var ein ljot kar, men hovdingsleg. Han var greid til kvardags, men vart snøgt tagal og varlaaten. Folk kalla han Trum-Ketil. Han hadde ein sjukdom, han aldri vart kvitt. Kvar fjortandag fekk han ei rid han fraus og skalv so det var fælt aa sjaa. Daa maatte det gjerast store eldar ikring han, og folk maatte hjelpa han paa alle maatar. Etter denne ridi fylgde eit fælt sinne, so han var speleg aa koma nær. Daa gjekk han beint fram og rudde undan alt som kom i vegen, anten det var levande eller daudt. Han skydde ikkje varmen eingong. Daa maatte folk fara undan. Etter ridi var han greid og dugande som vanleg. Tidrande gamle hadde ei dotter og, Hallkatla. Ho vart gift med Geitir Lytingsson fraa Krossvik i Vaapnfjord. Dei hadde tvo søner, Torkell og Tidrande. Desse brørne var baae vel mennte, men svært ulike. Torkell var myrkleitt og liten, men sterk og spræk, og bar seg vel i all motgang. Tidrande Geitirson var stor og sterk og ein utifraa ven og snaal kar. Han er nemnd millom dei fire karane som hev vore best mennte paa heile Island. Dei andre tri er Kjartan Olavsson, Høskuld Torgeirsson Ljosvetningjagode og Ingolv Torsteinsson, som folk kalla «den vene». Tidrande vart fostra av Roar Tunge-gode paa Hov, ein gamal, ættstor og ovrik mann.

Brørne i Njardvik vart ikkje vel forlikte um arven sin. Ketil vilde raada aaleine og Torvald vart ikkje spurd um nokon ting. Torvald vart leid dette, og sa dei fekk skifta baade eigedom og hovdingdøme. Ketil gjekk med paa aa skifta eigedomen, «men godordet er lite, so det nennest eg ikkje skifta.» Torvald tyktest eiga jamnmykje i alt, sjølv um han ikkje fekk retten sin, — «eg hev lenge set at du vil draga undan meg det meste. Eg tenkte ikkje eg skulde tola aa verta skaven slik av deg; men me fær vel helst skiljast denne gongen. Vita skal du likevel at eg tykkjest eiga halvparten med deg, baade i godord og anna, anten eg fær det eller ikkje.» Sidan skifte Ketil fe til helmings med Torvald, baade levande og laust, innan- og utanstokks, utan godordet, det skifte han ikkje.

Torvald drog so over heidi med alt sitt, og leigde burt buskapen sin. Sidan kjøpte han seg varor og lut i eit skip og for utanlands. Han fekk ring og ulagleg vind og for lenge ikring. Til slutt kom det ein fæl storm og dreiv dei mot Hjaltland-øyane ei natt. Skip og gods tyntest, men mennene kom seg i land. Torvald kom seg i land med dei andre. Han var i vanlege islandske klæde. Av godset hans rak ingenting i land utan eit svært spjot som han tok i handi. Dei bia ved strandi i tvo dagar, men ingen ting rak inn. Daa tykte Torvald det var til ingen nytte aa bia lenger. Over Hjaltland styrde daa ein jarl som heitte Bjørgulv. Han var ein gamal mann. Torvald gjekk til jarlehalli, og sette seg nede med døri um kvelden. Um morgonen gjekk han fyre jarlen og helsa han. Jarlen spurde kven han var. Torvald sa han var fraa Island, av laag ætt, nykomen or skipsbrot og pengelaus, — «og no bed eg, herre, um lov til aa vera her i vinter.» Jarlen svara: «Det ser ut som du kann trenga det.» Torvald bad daa jarlen syna seg sæte. Jarlen sa: «Du skal sitja paa andre sida av halli, der som trælar og frie menn møtest. Og so fær du vera greid og venleg mot alle.» Torvald gjekk til sætet sitt, og var der um vinteren. Han var venleg mot alle, som jarlen hadde bede han, endaa dei som sat nærast paa benken var kjaalege karar. Soleis gjekk det til fram imot jol. Daa vart alle uglade, og jarlen mest. Kona til jarlen var ung, og dei hadde tvo søner, vene og evnelege.

Det var ein kveld Torvald spurde sidemennene sine, kvifor alle var so uglade; men ingen vilde svara noko paa det. Ei natt næst under jol, let Torvald ille i svevnen. Dei vilde vekkja han; men jarlen sa han skulde faa njota draumen sin. Daa han vakna, spurde dei kva han hadde drøymt; men han vilde ikkje segja det. Tvo dagar fyre jol gjekk Torvald fyre jarlen og helsa vyrdeleg. Jarlen svara blidleg. Torvald sa: «Eg er komen og vil spyrja um det som ingen annan vil gjeva meg greida paa: Kvifor er alle so uglade? Ingen ser ut til aa kunna njota korkje mat eller svevn, so det er reint ugodsleg.» Jarlen svara at han trong ikkje grava meir etter dette. «Det kjem deg ingen ting, og ingen takk fær du for det.» Torvald sa han hadde ikkje spurt, um han hadde visst jarlen hadde imot det — «men no vil eg beda deg tyda draumen min.» «Eg er ingen draumetydar,» sa jarlen, «men du kann fortelja draumen um du vil.

Torvald sa: «Eg tykte eg gjekk ned til sjøen. Eg var klædd i kvardagsklædi og hadde spjotet mitt i handi. Det var so ljost at eg saag kvar eg gjekk. Det tyktest vera fjøre daa eg kom til strandi. Eg tykte eg gjekk langs strandi etter store sandar der det var mykje utfjøra. So kom eg til eit skjer, og deretter til ein lang tange. Paa landsida var det eit stort fjell og nede ved sjøen hamrar og berg. Eg tykte eg vassa framum, og det djupt. Daa eg kom forbi bergi, gjekk eg lenger millom sjøen og fjellet etter ei steinut strand. Til slutt kom eg til ein stor heller, og der gjekk eg inn. Der brann mange ljos, og midt i helleren stod ei jarnsula fraa golv til tak. Til sula var det bunde eit kvende. Hendene hennar var bundne bak og haaret sveipt kring sula. Jarnlekkjor var det ikring ho, og laas fyre. Eg saag ikkje fleire levande i hola enn ho. Eg tykte eg løyste ho og for burt med ho same vegen eg hadde kome. Daa eg kom dit eg maatte vassa, tykte eg det kom eitkvart setjande etter meg, og det var meg til stor otte. Det naadde meg og; men korleis det daa gjekk, veit eg ikkje; men daa hev eg visst laate ille i svevnen, og med det same vakna eg.»

Jarlen vart raud som blod og sa: «Underleg framferd er det aa segja ein hev drøymt det folk hev fortalt ein. Ingen treng fortelja meg at dotter mi er bergteki; eg minnest det nok likevel. Eg hev forbode alle aa tala um ho, og visste eg kven som hev fortalt deg um det, skulde han faa løn for umaken.» Torvald svara: «Det skal du vita, herre, at dette hev ingen av dine menn fortalt meg; dette hev eg drøymt, so som eg alt hev sagt. Men De fær raada, herre.» Jarlen tagde ei stund, og so sa han: «Dette kann tyda tvo ting. Anten er du fyrevis, eller so er dette feigdarbod for deg.» Torvald svara: «Fortel meg alt um dette, herre.» «Kann henda det er best,» svara jarlen. «Eg hadde ei dotter, som var eldre enn sønene mine. Ho heitte Droplaug, og folk sa ho var baade ven og vitug, og eg var svært glad i ho. I fjor i joli vart ho innkvervd av ein jotun som heiter Geitir. Han held seg der du tyktest koma. Det heiter Geitishamar, og fjellet heiter Geitis-sula. Han er mange til mein. Han drep baade folk og fe, og er det verste meinvette paa heile Hjaltland. Eg hev lova, at um nokon er so fræg han tek dotter mi fraa han, skal han faa ho til kona.» Torvald sa det var utruleg nokon kunde berga ho. Jarlen svara; «Ja, eg hadde heller ikkje lova ho burt so, um eg hadde visst nokor raad. Men no synest eg mest du er skuldig aa freista, sidan du hev blanda deg i det.» «Eg vilde aldri etter hava spurt,» segjer Torvald og gjeng til sætet sitt.

Um kvelden, daa alle hadde sovna, tok Torvald spjotet sitt og gjekk ut or halli. Han stemnde til sjøs og for same leidi som han tyktest hava fare i svevnen. Han gjeng over sandane og skjeret, og vassar sidan langs fjellet og gjeng steinstrandi. Daa han kjem til helleren, gjeng han inn og ser der brenn ljos. Paa den eine sida stod ei seng, som var so stor at tvo store karar kunde liggja i kvar sin ende og endaa ikkje naa kvarandre med føtene. I sengi var svære dynor og eit gullvove teppe. Over sengi hekk eit stort sverd. Han tok det ned, og daa fylgte eit steinras med. Sverdet var vel fraa seg gjort, med jarnhjalte, men ikkje staseleg. Torvald svinga sverdet. Det var grønleta og brunt mot eggi. Ikkje ein flekk var det paa det, og Torvald tykte han aldri hadde set eigelegare vaapn. Han saag og i helleren fullt av alle slag varor, islandske og andre. Dyre og gode ting var det alt saman, betre aa eiga enn aa missa. Midt i helleren stod ei jarnsula, og til den var det bunde eit kvende, so som han hadde drøjmit. Ho var klædd i ein raud kyrtel, og endaa so fager som ho hadde vore i draumen, so var ho likevel no mykje fagrare. Han gjekk burtaat og helsa og spurde kven ho var. Ho sa ho heitte Droplaug, og var dotter til Bjørgulv jarl. Ho bad han skunda seg burt og berga seg. «Du er mykje verre faren enn du skynar,» sa ho. «Her raar eit troll so stort og sterkt at det ikkje finst maken. Og eg sit nok so fast at du ikkje maktar frelsa meg.» Han segjer at ho skal vera med. «Du greider det ikkje,» segjer ho. «Mannemakt er inkje mot eit slikt troll. No kjem han heim snart. Han er paa ran um nætene, og bind meg daa. Um dagen ligg han i sengi og kastar meg hand av hendi og leikar seg med meg. Vil han sova, gjev han meg gull- og sylvstas aa leika meg med. Paa si vis veit han ikkje det beste han vil gjera meg » Torvald svara: «Anten skal me koma burt baae eller ingen.» Han svinga sverdet, og so godt beit det at jarnlekkjone gjekk av som ingen ting. So leidde han ho med seg ut or helleren, men tok elles ingen ting anna enn sverdet med seg. Dei gjeng no etter strandi, til dei kjem dit dei maa vassa. Ho er daa so trøytt han maa bera ho. Sjøen hadde og teke til aa fløda, so det var vonom djupare. Det tok no til aa ljosna av dag. Han saag uppover seg i berget ei skor, mest som ho skulde vera hoggi, men han naadde ikkje upp. Det gjekk fælt seint gjenom vatnet; men dei var alt komne nær skjeret, daa dei høyrde eit fælt rop fraa helleren. Droplaug vart redd og bad Torvald sleppa seg. «Eg sa deg fyreaat korleis dette vilde gaa. Fær han no tak i meg att, vert han so fegen han ser ikkje meir etter deg.» «Det skal aldri henda,» segjer Torvald. «No skal eitt gaa over oss baae, so lenge eg er i live.» Han tok av seg kappa og sveipte ikring ho, og sette ho ned paa strandi og la stein paa kappeflaki, so ho ikkje slapp laus. Spjotet la han ved sida hennar. So tok han sverdet og snudde attende mot jotunen. Han saag hovudet hans mot himmelen, han var høgre enn berghamaren. Jotunen skreik høgt og bad han hava seg undan. «Du hev teke fanget for fullt, din stakkars krok, naar du tenkjer aa taka ho fraa meg.» Med det same sette Jotunen eine foten uppi skori som Torvald hadde set, og den andre burt paa skjeret. Han trong ikkje væta seg paa føtene! Daa sprang Torvald innunder han. Jotunen breidde ut lokane og skulde taka han; men Torvald hogg so høgt han naadde, og sverdet beit so godt at det tok av vinstre foten ovanfor kneet, og for attaat djupt ned i sanden. Jotunen fall og stunde saart: «Ille hev du svike meg. Eg visste ikkje du hadde teke det einaste vaapn som kann gjera meg skade. Eg for uredd etter deg; for eg kom aldri i hug smaafolk kunde gjera meg noko. No tenkjer du deg vel til aa bera dette sverdet, du og dine ætlingar; men det spaar eg at den fær minst nytte av det, som mest treng det.» Torvald svara at han skulde ikkje faa segja meir i utrengsmaal, og han hogg til so hovudet fauk av. Sidan tok han og la hovudet ved bakenden hans; men det greidde han rett nok ikkje fyrr trollet hadde roa seg.

So gjekk han burt til Droplaug, og fann ho liggjande i uvit. Ho retta seg daa han tok ho upp, og so bar han ho heim til jarlen. Folk sat og aat aabiten daa dei kom. Ingen hadde gjeve større gaum paa at Torvald hadde vore burte. Torvald gjekk inn i halli med Droplaug paa armen, og sverdet i andre handi. Han gjekk fram til jarlen og helsa, og bad han taka mot dotter si. Jarlen vart svært fegen, og so vart alle andre. Jarlen spurde korleis dette hadde gjenge til. Torvald fortalde, og sa det hadde gjenge mykje etter draumen. Jarlen sa: «Mykje til gjæving er du. Det var det verste trollet som hev funnest her i landet. Dette storverket maa me alle sjaa.» Hirdmennene sa at trollet kunde ikkje ha vore so fælt som ordet gjekk — «naar han kunde vinna paa det aaleine. Dette er visst lygn det meste.» Torvald vilde no ganga til sætet sitt. Jarlen ropa etter han, og bad han setja seg midt fyre høgsætet «Du er nok verd meir vyrdnad enn eg hev gjeve deg, og du sjølv hev kravt. God ferd hev du gjort, og eg reknar ikkje verket mindre etter det er gjort enn eg gjorde fyre. Men eg er ikkje trygg, fyrr eg sjølv hev set at illvettet verkeleg er avlide.» Etter dette gjekk det heller snøgt med maaltidet, og bordi vart burttekne. So bad jarlen mennene væpna seg og ganga av og sjaa. Torvald vart med. Daa dei kom dit trollet laag, kunde alle sjaa korleis til hadde gjenge. Og no var det mange som gjekk tæpt aat, av dei som fyrr hadde sagt dette ikkje kunde vera so stort karsstykke likevel. Jarlen let hogga ved og draga saman, og laga til eit svært baal, og so drog dei jotunen paa baalet og brende han og kasta oska paa sjøen. Sidan tok dei skipi og for til helleren og henta alt godset. Sidan heiter dette Geitisheller og Geitishamar; men ingen hev høyrt noko til troll der meir. Daa dei saag over varone fraa helleren, fann Torvald alle sine varor der. Sidan let jarlen og Torvald kvar faa sine varor att, um dei kunde draga kjensel paa dei; men mesteparten kom ingen eigarmann til, og Torvald fekk alt det. Torvald sat no i Hjaltland i stor vyrdnad. Jarlen heldt han gjævare enn alle andre, og so gjorde alle. Det kom tidend heilt til Island un Torvald, og i Austfjordane vart alle fegne, so nær som Ketil, bror hans, som lest som han inkje visste.

Daa det leid mot jol att, gjekk Torvald ein dag fyre jarlen, helsa han og spurde um han kunde minnast den fyrre joli. Jarlen sa at det kunde han. «Daa vil eg krevja løni, du sjølv sette upp daa eg fortalde draumen min. Du lova aa gjeva dotter di til den som kunde frelsa ho. Du lyt svara meg paa dette; for fær eg ho ikkje, vil eg ikkje vera her lenger.» Jarlen svara: «Eg gjeng ikkje fraa lovnaden. Du hev og beste reiten til ho. Eg synest elles ikkje løni er so stor no som fyrr, av di dotter mi er ikkje seg sjølv lik etter ho var hjaa trollet. Men du skal raada deg sjølv. Det kann og henda det gjeng godt, av di ho er svært glad i deg, og rosar deg framum alle andre. Men gjeng det gale, fær du takka deg sjølv. Eg skal gjeva deg jarledøme her, til sønene mine er vaksne og kann taka mot det.» Torvald svara han ikkje vilde hava noko jarledøme. «Det sømer seg best at du sjølv styrer til sønene dine er føre til det. Eg er heller ikkje av hovdingætt. So vart det sendt bod etter mor til Droplaug, Arneid, og bror hennar, Grim. Far deira heilte Helge, og mor deira Hallerna. Daa Arneid og Helge kom, gav dei med ein gong sitt samtykke til festarmaalet. Torvald hadde frelst ho, og daa maatte han og hava ho. So vart Droplaug fest til Torvald med stor heimanfylgja. Det vart straks laga til brudlaup, og det vart halde med stor stas. Etter brudlaupet gav Torvald gjestene gode gaavor, og vart endaa meir venesæl.

Um vaaren kjøpte Torvald seg eit skip, og ladde det med midelen sin. Han og Droplaug kom godt ut av det, men ho var faalaati og stor paa det mot andre. Ho var og framum andre baade i venleik og dugleik. Mor hennar hadde mange andre born. Ho var enkja daa ho fekk Droplaug. Denne vaaren skifte ho med borni sine, og gifte burt ei dotter som heitte Gro. So raadde ho seg til skips med Torvald, og vilde fylgja dotter si til Island. Grim Hallernuson, bror hennar, for og med. Dei fekk god bør, og kom til Island tidleg paa sumaren. Dei la til lands i Borgarfjord sunnanfor Njardvik. Frendane til Torvald reid mangmennte til skips, so snart dei høyrde um koma hans. Dei tok overlag vel imot han og baud han til seg med so mange mann han vilde. Men Ketil, bror hans, kom ikkje til skips, og Torvald sende ikkje bod heller. Daa var Ketil gift og hadde ein son som heitte Torkjel. Han vart sidan kalla Torkjel Fullspak og er ikkje stort med i denne soga. Hallstein heitte ein mann. Han budde i Jorvik og var mykje skyld til Njardvikingane. Han var ung og nygift, og hadde vore beste venen til Torvald fyrr han reiste utanlands, Hallstein reid til skips og baud Torvald til seg med alle sine. Torvald tok mot tilbodet, og for til Jorvik, fire i fylgje — han og Droplaug og eit par tenestfolk. Dei andre fraa skipet fekk seg vintervist paa ymse av gardane. Torvald var vinteren over i Jorvik. Den vaaren raadde frendane hans til at han skulde tala med bror sin, og taka over godordet. Torvald vilde ikkje. «Det vilde lite gagna meg um eg fekk det. Og ingen vyrdnad fær eg av aa stridast med ætti mi.»

Ein dag tok Torvald nokre menn med, og reid upp gjenom heradet og vest over Lagarfljot til ein gard som heiter Vallholt. Det var ein stor gard, men klent husa. Torvald kjøpte garden, og buskapen med. Siden husa han upp og flutte dit. Arneid, mor til Droplaug, var med og tok over husstellet baade innan- og utanstokks. Daa skifte folk namn paa garden, og kalla han Arneidsstad. Droplaug var myndug og mykje vyrd av alle. Torvald hadde ikkje godord, som fyrr er sagt, men han var so venesæl at snart vilde alle baade standa og sitja som han vilde. Han var godven baade med frendane sine og andre i heradet. Ein mann heitte Berse Øssurson og budde paa Bersestad i Fljotsdal, vest for Lagarfljot. Han hadde tvo born, Ormstein og Torlaug. Ormstein var gift og budde paa søre Veavoll; men Torlaug Bersedotter var ung enno. Berse var ein klok mann og vart kalla Spak-Berse. Han og Torvald vart svært gode vener. Det fyrste aaret Torvald budde paa Arneidsstad, fekk Droplaug ein son. Han vart kalla Helge. Tvo aar etter fekk dei endaa ein son. Han vart kalla Grim, etter Grim Hallernuson som daa var død. Baae desse gutane var svært evnelege. Fire aar etter dei var komne til Arneidsstad, døde Arneid og vart hauglagd ovanfor garden. Droplaug tok daa styringi i huset og styrde godt.

Ein gong hadde Torvald og Droplaug lova aa koma i brudlaupet til ein skylding, Gunnar Bondestad. Daa tidi kom, bad Torvald Droplaug gjera seg ferdig. Ho svara at ho vilde ikkje reisa, — «og helst vilde eg at du og var heime.» Torvald spurde kvi ho vingla soleis, «du hev daa lova aa koma, du som eg.» «Eg vil ikkje reisa,» segjer ho; «og eg bed at du og vil vera heime. Eg kjenner paa meg at det kjem ikkje noko godt av denne reisi.» Torvald svara: «Eg lova so visst at eg skulde koma, elles kunde eg nok vore heime.» Han budde seg til aa reisa i ein tiæringsbaat, med ni mann i fylgje. Droplaug vart svært sorgfull. Ho bad han maatte leggja att sverdet «endaa inkje er sverdet aa rekna mot deg.» Torvald svara at han brydde seg ikkje um varsel og sovore, «og ikkje hev du heller gjort det fyrr. Men eg ber no ikkje slik elsk til sverdet at eg ikkje kann sleppa augo av det.» So for han til skips, og ho fylgde til strandi og tykte at ho mest ikkje kunde skiljast ifraa han. Torvald siglde av garde i utsynningsver; men det vart til slik storm at dei kollsiglde og kom burt alle saman.

Droplaug syrgde svært over mannen sin. Ho dreiv etter den dag mykje meir med arbeid enn fyrr. Daa Berse spurde tidendi, reid han ut til Arneidsstad, og Droplaug tok vel imot han. Berse mælte: «Som du veit, var Torvald og eg gode vener. No vil eg bjoda deg den hjelp du treng til aa styra eigedomane dine; og so vil eg og bjoda deg aa fostra Helge, son din, og det med at eg skal læra han upp so godt eg kann.» Droplaug sa ho kunde ikkje visa fraa seg eit tilbod som var til slik æra for guten, «endaa sønene mine no er meir enn alle andre for meg.» Daa var Helge 6 aar og Grim 4, og baae var langt framme etter alderen. Helge sa: «Eg vil ikkje reisa fraa Grim. Anten fær me reisa baae, eller og vera heime baae.» Berse sa: «Det er godt aa sjaa at de er so glade i kvarandre. De kann vera hjaa meg baae, so lenge de trivst med det.» Helge svara at dei kunde stundom vera hjaa han og stundom med mor si. No vart dei med Berse baae tvo, og han var snild med dei, og la mykje vinn paa aa læra dei upp i all idrott, mest Helge. Dei var mykje hjaa Berse med dei var smaa, men meir heime daa dei vart eldre. Desse brørne var ikkje mykje like kvarandre. Grim var ljoshærd og krulla og ein utifraa ven kar. Helge var stor og velvaksen, hadde ljosbrunt haar, var raudleitt og breidleitt og hadde stygg munn.

Ein sumar kom Gro, syster til Droplaug, med skip til Island. Mannen hennar var avliden, og so hadde ho selt gardane sine og kjøpt seg skip for aa raaka att mor si. Gro var rik. Droplaug reid til skips og baud Gro til seg, og ho reiste dit. Den vinteren var Helge og Grim heime, og Gro vart glad i dei baae. Utpaa vaaren kjøpte Gro ein gard i grannelaget som heitle Eivindaraa. Ho let hogga upp skipet sitt og brukte timberet til aa husa med. Gro synte seg snart som eit gildt kvende og vart vel lika i heradet. Ho var mindre enn andre kvende, men ovende ven, og attaat klok. Det varde ikkje lenge fyrr det kom friarar til ho; men ho svara alle at ho kunde ikkje gløyma mannen sin, og vilde ikkje gifta seg att. Gro hadde svær lukka med buskapen, og hadde mykje fe. Gjævast heldt ho ein hest ho hadde ale. Ho kalla han Inne-Kraak, av di ho fødde han inne um vinteren. Droplaugssønene var ofte hjaa Gro, og det vart ofte sagt at dei hadde godt aa ganga til, som kunde velja millom dei tri likaste gardane i heradet.

Paa denne tidi gifte Berse burt Torlaug, dotter si, til Helge Asbjørnsson fraa Adalbol, og det var dei som sa at Helge Droplaugsson lika seg ikkje so godt paa Bersestad etter det. Torlaug drukna i Trælevik eit par aar etter, og um ei tid gifte Helge Asbjørnsson seg att med Tordis, syster til Bjarne Brodd-Helgesson paa Hov, som me seinare fær høyra um.

Tore heitte ein mann som budde i Mynesi austanfor Lagarfljot. Det var berre ein gard som heitte Finnstad millom Mynesi og Eivindaraa. Tore var ein stillfarande og venesæl mann. Han hadde ein tenestgut som heitte Torgrim, og vart kalla Tordivel. Han hadde vore træl, men hadde vunne seg fri og tykte no han var mykje til kar. Torgrim var ein liten, kvik kar, mangtalande og vondtalande, styven og kjeltring. Høyrde han vellæte over nokon, pæste han imot og tala vondt. Det var ein kveld um hausten at dei i Mynesi var komne heim or høyskog, og karane hadde kasta av seg dei vaate klædi og sat og baka seg ved elden. Tore laag paaklædd i romet sitt og tala med gjestene sine. I den tidi var sengi inntimbra i veggen, og dei steig like or sengi og i sætet sitt ved bordet. Framme ved elden segjer Torgrim: «Det maa ein segja at ingen stad er som her i Mynesi, og ingen hev slik husbond som me. Det ser ein og av den uppgang av gjester her allstødt er. Og kann de nemna meg nokor enkja gjæv som han, og som hev halde romet etter sin husbond som han etter si husfrua?» Alle tagde. Daa svara Torgrim seg sjølv: «Det er godt aa sjaa dykk ordlause av di de inkje veit aa svara.» Daa segjer ein av tenestgutane: «Ofte er det so med deg, at du rolsar og røder um ting som ikkje kjem deg ved. Eg veit ei kona, likso gjæv millom kvendi som Tore er det millom menn. Og ho hev og halde romet etter husbonden sin likso gjævt som Tore etter si husfrua. Reis du heimanfraa og vest over Lagarfljot og upp til Arneidsstad. Der bur ei enkja heiter Droplaug, som me alle veit hev sete vyrdeleg etter at husbonden hennar fall ifraa. Eg kann gjerne taka meir i, og segja at maken hennar finst ikkje her i landet og ikkje i mange andre land heller.» Torgrim svarar: «Det er best du tegjer no, og ikkje blæs altfor fælt. Dei segjer eg er maalug, men det kann trengast no. Alt du segjer kunde vore vel nok, um det ikkje hadde vore aalmenn tale at Helge, son hennar, er meir lik Svart, trælen hennar, enn Torvald, husbonden hennar.» Tore høyrde dette siste, og sprang fram og slo Torgrim rundt øyro med ei vidja og bad han tegja. «Det var likare du veivla tunga kring hovudet. Og det bed eg alle her, um de vil løna meg betre enn Torgrim, at ingen fortel kva her hev vorte sagt.» Alle lova godt, men ikkje alle heldt det. «Ordet fer vidt, naar det er sloppe or munnen,» som dei segjer, og Torgrims ord spurdest snart paa Arneidsstad.

Gutane hadde ein dag vore i rjupeskog, som dei ofte var for moro skuld. Dei fanga ikkje rjupa i net som andre folk, men skaut dei med snørespjot. Dei kom med rjupone til mor si um kvelden, og venta aa faa vellæta som vanleg. Men mor deira var vond og sa ho brydde seg ikkje noko um kreket dei kom med. Helge sa han kunde ikkje skyna det var noko gale i aa veida rjupor — noko maatte dei daa finna paa. Mori segjer: «Det er vel av di du fer med slikt smaatteri at Torgrim Tordivel segjer deg i ætt med Svart træl og ikkje med Torvald Tidrandeson og andre Njardvikingar.» «Bry deg aldri um kva slike som Torgrim Tordivel segjer, mor,» sa Helge. «Eg kann trøysta deg med det, at er eg liv lage, skal nok folk faa sjaa um eg er i ætt med Torvald Tidrandeson eller ikkje. Og kva Torgrim Tordivel rotar i, bryr eg meg ikkje um.» Daa var Helge 12 aar, og so sterk og spræk at det var mange vaksne som ikkje var betre. Grim var 10 aar og langt framme etter alderen, han og. Dei var so glade i einannan at dei fylgdest stødt. Dei heldt seg mest heime denne vinteren; men mori var aldri blid, og lest helst som ho aldri saag dei.

Ei natt frampaa vaarparten vakna Grim ved at Helge tok han i foten. Han spurde kva det var. «Far stilt,» sa Helge. «Eg fær ikkje sova. Her er maaneljost, so det er som dagen. Kom no. Me gjeng over vatnet og til Eivindaraa, eg leidest faalæta av mor.» Grim spratt upp og klædde seg, og dei gjekk. Dei hadde snørespjot i hendene. Ingen av dei orka farssverdet endaa. Paa Eivindaraa vart dei godt mottekne og var der ein dag. Um natti, straks fyre dag, vekte Helge Grim att. «Kom no,» sa han, «no skal me etter rjupor.» Daa dei kom ut, gjekk Helge nedum skogen og burtover myrane. «Kvi tek du denne leidi?» sa Grim. «Me maa til fjells, skal me finna rjupor.» «Me skal ganga brunine ovanfor Finnstad og ned um Mynesi,» sa Helge. «So gjeng me upp til Tokastad og fram over fjellet og kjem til Eivindaraa til dugurds.» Daa dei for over brunine, lyste det av dagen. Dei saag tvo mann med hest ved ein høystakk fram mot Lagarfljot. Denne stakken aatte Mynes-Tore. Helge sa: «Ser du dei burti neset? Den eine likjest Torgrim Tordivel » «Ja, kva daa?» sa Grim. «Eg hev høyit han skal ha tala ille um mor mi.» «Ja, men du sa til mor at ho aldri skulde bry seg um det, ein slik slarv sa,» «Kom no,» sa Helge. «Det vøre moro høyra kva han segjer i dag. Du veit, eg skal ikkje gjera han noko.» Dei sprang no nedover paa skaren. Dei var lette aa kjenna, Droplaugssønene, naar dei var ute, av di dei alltid gjekk jamsides. I lasset var Torgrim Tordivel, og uppi stakken var den tenestguten som hadde ordskiftast med han. Torgrim sa: «Der kjem nokon farande ned brunine ovanfor Finnstad. Dei fer fort, og det ser mest ut som det er Droplaugssønene.» «Ja, kva gjer det oss,» sa den andre. «Dei er gilde gutar, og ingen til mein.» «Det er eg ikkje so viss paa,» sa Torgrim. «Det er vel meg dei vil finna.» «Kva skulde dei vilja deg?» «Minnest du ikkje det me tala um ved elden i haust? Eg hev høyrt at dei hev fenge vita det paa Arneidstad, og at Droplaug hev eggja Helge upp mot meg. No er eg redd dei vil taka meg, og difor vil eg spenna hesten ifraa og rida heim til Mynes so snøgt eg kann.» «Det vilde eg aldri gjera,» sa den andre. «Tak heller staurane utor sleden og kom uppi stakken til meg, so kann dei ikkje gjera oss noko. Dei er daa berre ungar baae.» «Nei,» segjer Torgrim, «dei vil eg ikkje bia paa. Dei hev spjot og raakar all ting, baade menn og fuglar.» Og so spring han paa hesten, og slær paa og rid alt han kann. «Din stakkars krok!» ropar hin. «Lygn og slarv fer du med um alle. Men du er so redd at du torer ikkje bia paa tvo gutungar ein gong.» Torgrim reid av garde tvert over neset. Men daa han trudde seg sikker, vikte han hesten imot dei, og veifta med armane og skrækta og let og spotta dei. Helge vart vond, kasta av seg overklædi og sprang imot han og kasta spjotet sitt. Spjotet leita seg stad: det flug ind under den eine armen paa Torgrim og ut under den andre, og han datt daud til jordi. So tok Helge hesten og leidde burt aat, lyfte so Torgrim uppaa og bad Grim stydja han, medan han leidde hesten burt til stakkgarden. Dei helsa finsleg paa tenestguten, og Helge sa: «Me hev nok kome til aa drepa felagen din, so no fær me vel hjelpa deg med lessingi » Han svara: «Eg treng ingi hjelp. Dette var ingen skadedaude. Dei fleste vil nok heller segja at dette kunde han ha venta seg lenge sidan. Far no de heim den veg de sjølv synest; eg kjem ikkje til aa rykkja rova av meg.» Helge sa: «Torgrim vil nok vera med deg. Han trur seg ikkje til aa fara eismal » Han tok eit reip or sleden og batt Torgrim fast paa hesteryggen, og Tordivelen var no heller dap aa sjaa til. So for brørne heim til Eivindaraa, og tenestguten gjorde ferdig lasset i ro og mak. Sidan køyrer han heim, lesser av lasset, brynner og gjev hesten medan Torgrim sit paa ryggen. Sidan mokar han fjøset og ruslar og steller sitt vanlege arbeid, alt medan Torgrim sit paa hesteryggen. Ved nonstid gjekk han inn og fortalde husbonden tidendi. Tore spurde kvifor han hadde drygt so lenge. Han sa han hadde mykje aa gjera — «og so tykte eg det var lite aa røda um at den skitfuglen var drepen.» Tore spratt daa upp fraa bordet og baud tvo mann sala hestar og verta med han.

Droplaugssøne kom til Eivindaraa og fortalde Gro tidendi. Ho sa det var vel gjort — «men eg tykkjer du frende, byrjar tidleg med manndraap » Dette var fyrste mannen Helge drap. Gro bad dei skunda seg. «De skal no taka Inne-Kraak og rida til Arneidstad, av di eg gjet paa at Tore kjem hit i dag og vil finna dykk. Eg skal nok faa forlik med han. Far no vel.» Daa dei kom heim, var mor deira blid og spurde etter tidend. Dei sa ikkje noko. «Korleis hev det gjenge med veidingi?» segjer ho. «Klent, mor,» segjer Helge; «eg fekk berre ein tordivel.» Ho svarar: «Det er nok berre eit lite krek; men eg hev lenge fyst etter den fuglen, og takk skal du hava.» Og no var ho so blid som ho ikkje hadde vore paa lenge. Mynes-Tore kom imedan til Eivindaraa med mennene sine, banka paa døri og bad Gro koma ut. Gro kom ut og helsa dei vel. Tore tok det heller seinleg, og spurde etter Droplaugssønene. Ho svara at dei var ikkje der — «men endaa er det som dei var her, av di det dei hev gjort, skal eg taka paa meg, og bøta for det. Du kann setja boti som du vil, det skal ikkje segjast al me ikkje kann bøta for ein træl. Og me hev vore gode vener sidan eg kom hit til lands, og eg vilde gjerne me so skulde verta, so eg synest me kunde forlikast um dette.» Tore svarar at Gro alltid hev vore ein god granne — «og raad no sjølv for kva bot du vil gjeva.» Ho gjekk inn, og kom ut att med so mykje som vanleg var i trælebot. Attaat gav ho Tore ein ring, og bad han vera godven med gutane. Han lova det og reid heim.

Ein mann heitte Nollar. Han var bror til Torgrim Tordivel og budde paa Nollarstad, grannegarden til Arneidstad. Nollar hadde lite fe, men mange smaaborn. Svart var han og stor, ein slarvekjeft var han og, illordig og uvensel og lite lika. Daa Nollar spurde draapet, for han av garde til Helge Asbjørnsson og vilde faa hjelp til aa hemna seg paa Droplaugssønene. «Du er nærast til det, for du er hovding i heradet » Helge viste han ifraa seg, og sa at dette hadde gjenge som ventande var. Same svaret fekk han andre stader. Han vart no fælt sinna paa Droplaugssønene; men dei lest som dei aldri visste um det.

Torbjørn heitte ein mann som budde paa Skjeggestad, ein gard ikkje langt ifraa Nollarstad. Torbjørn var ein god bonde, rik og venesæl. Han var enkjemann, og hadde ei dotter, Helga, som var baade ven og vitug. Berse hin Spake var god ven med Torbjørn og var ofte hjaa han — og dei gav kvarandre gaavor. Folk vilde ha det til at Berse gjekk etter Helga. Helge Droplaugsson var og ofte paa vitjing paa Skjeggestad, og ordet gjekk at Helga hadde ikkje noko imot det. Tvo dagar etter draapet paa Torgrim Tordivel, beitte Helge Inne-Kraak for sleden og bad Grim vera med ut og køyra. Dei for isen utetter og til Skjeggestad. Dei gav hesten høy og gjekk inn i stova, og Helga tok vel imot dei. Helge sette seg burt i benken hjaa ho og spurde um ho vilde vera med til Eivindaraa og vera hjaa Gro um vinteren. Ho lova det. Medan dei sat og rødde, kom det inn ein mann i svart kufta. Det var Nollar. Han gjekk og reika att og fram paa golvet og yrvde seg. Best det var for han paa dør og nedover mot isen. Der tok han av seg overklædi og slengde uppaa ein stein, og so skaut han beinspitone under seg og la til sprangs so det var fælt. Høgstdags kjem han farande inn paa Bersestad, so sveitt at det ryk av han. Berse helsar han og spør kvi han fer so fort. «Eg fer ikkje fortare enn det trengst,» segjer Nollar. «Og eg fer likso mykje i ditt ærend som i mitt.» «No daa?» sa Berse. «Jau, Helge, fosterson din hev kome til Skjeggestad, og no vil han taka Helga med makt og hava ho til Eivindaraa. No kann du sjaa. Du hev trutt han som sjølve deg, og ikkje visst det beste du kunde gjera han. No løner han deg med det han hev nok av: fantestykke og svikraader.» Berse lo og sa: «Kvi kjem du nettupp hit med dette?» Nollar svarar: «Av di eg tenkte du brydde deg mest um det. Det er daa aalmenn tale at du likar ho betre enn andre kvende.» Berse sa: «Det som høver i hop, heng i hop. Og um Helga vart gjevi til fosterson min, so vart det gild gjenta til raust mann. Mitt venskap med Helga treng ingen hava vondt av. Eg er ven med far hennar og difor med henne og. No kann du springa til andre med slosone dine.» «Det er nok som dei segjer,» sa Nollar. «Det er ikkje stort att av kjempone i Fljotsdal. Men at dei skulde vera so utlevde at dei let gutungar trø seg paa tærne, tenkte eg ikkje. Det er nok lite mod i deg Berse no; og mindre vert det vel, di meir det røyner paa.» Berse sa: «Eg skynar det vil gaa med deg som med Torgrim, bror din, at du mæler deg sjølv til bane, um du ikkje fær nokon med deg som hev betre vit.» Berse baud daa aa sala tvo hestar, og so reid han av garde med ein mann, og Nollar og tvo andre fylgde etter. Paa Skjeggestad sat dei og talast ved, som me hev høyrt. Ut paa dagen bad Helge at Helga maatte gjera seg ferdig — «det er langt til Eivindaraa, og eg vil ikkje koma dit um natti.» Helga saag seg um: «Var ikkje Nollar inne her i fyremiddag?» «Han var her visst; men han for av garde att,» sa Helge. «Daa hev han sikkert laga i hop ei slosa aa fara med,» sa Helga. «Det vøre moro gjera han til ljugar; eg vil ikkje reisa nokon stad i dag.» «Gjer som du vil,» sa Helge; «men eg kjem ikkje og hentar deg fleire gonger.» «Du lyt hava raadi hjaa deg,» sa Helga.

Brørne køyrde av garde. Daa dei var komne eit stykke paa isen, saag dei Berse og hans fylgje nedanfor Nollarstad, og kjende dei. I det same saag Nollar dei, og sa til Berse: «Der ser du. No hev Grim ride fyre, og dei andre køyrer. Men no lyt du gjeva meg lov til aa fara heim. Eg tek til aa trøvtna, og so hev eg mykje aa gjera og.» «Reis du,» sa Berse. «Eg hev ikkje bede deg vera med meg, og kjem visst ikkje til aa gjera det heller.» Nollar fer no heim, og Berse rid utetter isen — svært makleg. Baade brørne og Berse for paa vestsida av vatnet. Der sting det ut eit nes som heiter Medalsnes. Der utpaa neset ligg ein gard som heiter Reidarstad, og her budde Reidar, ein landnaamsmann og god ven baade med Berse og Droplaug. Framfor neset var ei raak i isen, og der bruka Reidar aa brynna nauti sine. Daa brørne kom til voki, brynnte dei hesten. So sa Helge at her skulde dei springa upp i skogen. So skar dei av nokre rislor og batt i hesteselen, so dei krisla hesten paa laari og under vombi naar han sprang. Sidan knytte Helge upp taumane og bad hesten springa heim. Hesten tok av garde, og for heller fort av di rislone krisla han. Gutane sprang upp i skogen, og Helge skar seg eit par bjørkepaakar og tok med. Um ei rid kom Berse og hans menn framum neset, og dei saag daa hesten springa alt han orka og trudde gutane sat i. Daa tok karane til Berse til aa spotta dei: «Sjaa kor dei rømerl Aa det for den mann som aldri hev gjort dei anna enn vel. Desse kann ikkje vera so modige som ordet gjeng.» «Det er toskut aa røda so,» sa Berse. «Eg tenkjer det skal syna seg dei ikkje er redde naar tidi kjem. No kann de som gjeng, gaa upp til Reidarstad og bia til eg kjem att i morgon. Paa Eivindaraa hev eg inkje vondt aa venta, so eg treng ikkje meir enn ein mann.» Karane vart glade for at dei slapp aa gaa lenger og gjekk innover isen mot garden. Dei lo og gapte og sa dei aldri hadde set slike karar — «som rømer lenger di lenger det lid.» Daa dei kom til raaki, la dei seg ned og vilde drikka. Gutane hadde høyrt paa dei og Helge sa: «No skal me springa ned og gjera dei eit spikk.» «Nei,» sa Grim, «Berse er venen vaar og hev alltid vore snild imot oss, so me kann ikkje skada hans menn.» «Me skal ikkje skada dei,» sa Helge; «men dei skal faa vita at dei er i vaart vald.» So sprang dei ned paa isen og flaug paa kvar sin mann. Grim greidde ikkje meir enn aa halda nede den han hadde aa gjera med; men Helge for som han vilde med sin. Han surra hendene hans i kross over magen, og so bøygde han honom framover so hovudet kom millom beini, og so stakk han det eine bjørkekjevlet millom nakken og hamarsbøtene paa han, so han laag i ein krok og ikkje kunde leda seg. So tok han den Grim heldst med, og stelte til paa same visi og sidan tulla dei overklædi deira um dei og let dei liggja paa isen. Gutane gjekk upp til Reidarstad og banka paa. Reidar kom ut, og daa han saag kven det var, baud han dei aa vera der um natti. «Me er so ofte her,» sa Helge; «men i kveld maa me heim. Eg vil berre beda um du vil prøva finna hanskane mine i kveld naar du brynner nauti. Eg kom til aa leggja dei att nede ved voki, og no tek det til aa snøa, so eg er redd dei vert burte.» Reidar lova det. Han hadde den vanen at han var uppe til langt paa natt og so laag han til langt paa dag og.

Helge og Grim gjekk sudetter, forbi Hov, til dei kom nedanfor Skjeggestad. Daa tok det til aa snøa so det vart reint styggever. Daa snudde Helge inn mot land til Nollarstad. «Me fær ganga med landet, so me ikkje villar oss burt,» sa Helge. Daa dei kom til Nollarstad, banka Helge paa, endaa det no var so seint at folk hadde lagt seg. Nollar reis upp og gjekk og skulde sjaa kven det var. Med det same han opna døri, tok Helge han i eine handi og rykte han ut i uveret. Grim tok andre handi, og so leidde dei han burt til beitekosten og drog skjorta over hovudet paa han. Grim stod framanfor og heldt, og Helge nykte ei sviga ut or kosten, og risa Nollar so det var ikkje ein skinnheil flekk fraa nakken til hælen. «Det skal du hava for du sprang so i dag. Ein annan gong skal du faa meir,» sa Helge. Med so fraaseggjort for brørne, og kom heim utpna natti.

Berse reid um kvelden til han kom til Eivindaraa. Litt fyre han hadde Inne-Kraak kome med sin bunad. So kom Berse til gards. Gro fagna han vel. Berse spurde um frendane hennar var komne dit. Ho svara dei hadde ikkje det, — «hev du noko aa melda um dei.» Berse fortalde daa kva som hadde hendt um dagen. Fyrr Berse reiste um morgonen, bad Gro han vera vyrk for gutane og lata dei njota hans venskap. Han lova det.

Paa Reidarstad sat dei og fortalde sogor til det var sengetid. Daa gjekk Reidar og stjorna kyrne, og so dreiv han dei ned paa isen og brynnte dei. Han kom i hug kva Helge hadde bede um og leita etter hanskane. Han fann dei ikkje; men han fann dei tvo stakkarane som laag bundne og nedsnøa. Han løyste dei, men dei var stive som stokkar. Han for daa etter hest og køyrde dei til gards og stelte med dei, og dei kom seg straks. Utpaa dagen kom Berse til Reidarstad. Han lo godt daa karane hans fortalde korleis det hadde gjenge dei. «Dette var eit godt spikk. Og de fekk daa sjaa at dei var ikkje so klene karar som de trudde. Det hadde gjenge dykk verre, hadde dei ikkje spart dykk for mi skuld. De æreskjemde dei, so dei hadde grunn til aa drepa dykk. No stend de dykk paa aa tegja still.» «Det skal me,» sa karane. So for dei vidare uppetter isen, til dei kom til Nollarstad. Der sat Nollar utum lafti, som ei onnor bikkja, og øya og let. Han fortalde, og bad Berse taka seg av han, so han fekk rett paa Droplaugssønene. Berse meinte han hadde fenge det han trong. «Men eg fær vel hjelpa deg, endaa du er ikkje verd det.» Nollar drog seg inn, og Berse for vidare til Arneidstad. Der var onnor læta. Droplaugsønene stod ute og tok imot fosterfar sin. Dei baud han liggja og fagna han paa det beste. Berse takka og vart der um natti. Um morgonen rødde dei mangt og mykje, men mest um kvifor han hadde fare etter dei. «Eg vil beda dykk.» sa Berse, «at de aldri let vonde folk koma millom dykk og meg. Eg vert aldri uvenen dykkar, utan de daa tek paa meg sjølv eller Ormstein, sonen min. Elles kann de alltid koma til meg um de treng hjelp. Men eg vil beda at de ikkje gjer dei paa Skjeggestad noko, for dei hev alltid vore mine vener.» «Eg trur ikkje du treng vera redd for det, fosterfar,» sa Helge. Berse sa: «Og so lyt de gjeva Nollar eit naut eller so for dengsla de gav han, endaa han hadde fortent det.» Helge sa at det skulde dei gjera for hans skuld. So budde Berse seg av garde. Helge gav Berse tvo graa uksar, fem aar gamle, og ein grahest, «Heierauen», med tri merrar. Den eine av dei huskarane, som hadde lege paa isen, fekk eit sverd, og den andre ei øks. So skildest dei vener.

Tidrande Geitisson, systerson til Trum-Ketil, syskinbarn til Droplaugsønene og fosterson til Roar Tunge-gode fekk hug til aa fara utanlands. Han bad fosterfar um reisepengar. «Eg vil sjaa sed og skikk i andre land,» sa han. Boar svara: «Eg tykkjer vondt at du vil reisa. Eg eldest no, og er redd du kjem ikkje att i mi tid. Men eg skal rusta deg ut so sømeleg eg kann, og du skal sjølv raada for um du vil koma att snøgt eller ikkje.» So reidde han Tidrande raust ut i alle maatar. Dette var den tid Haakon Jarl raadde i Norig. Tidrande var paa Lade hjaa jarlen um vinteren, og jarlen vyrde han meir enn nokon annan. Det var manns ord og tale at slik kar var ikkje komen til Norig i manns minne. Um vaaren bad han jarlen um lov til aa fara ut att til Island. Jarlen spurde kvi han vilde fara so snøgt. «Eg veit ingen mann eg heller vil unna gjestvenskap enn deg.» Tidrande svara at han maatte heim til Island. Mori var gamal og svært glad i han, og det var dei som hadde sagt det var best han kom heim so snart raad var. Jarlen gav han daa lov aa reisa og gav han store gaavor ved skilnaden. Tidrande kjøpte seg skip og varor og siglde av garde. Det vart sagt at Tidrande ikkje lika huglyndet til jarlen, og ikkje vilde vera lenger hjaa han av den grunn. Daa Tidrande kom til Island, vart han ovende vel motteken. Gjetordet um den vyrdnad han hadde note av jarlen hadde gjenge fyre han. Mest glad var Roar Tungegode. Han kom til Krossvik og tok Tidrande med seg til Hov med ein gong. Alle frendane hans Tidrande var fegne over at han var komen att, og Trum-Ketil sende bod at han skulde koma til Njardvik og vitja han. «Seg han skal ikkje gjera reisi for inkje. Han er den av frendane mine, eg helst vil sjaa, og sjaa ofte.» Tidrande lova aa koma straks etter slaatten.

I Njardvik var paa denne tid i arbeid ein mann som heitte Asbjørn, og vart kalla Vegghamar. Han var stor og stygg og ugodsleg; men likevel vilde mange hava han i arbeid av di han var so ovende hag til aa mura upp steingjerde. Han hadde reke vidt um. Sist hadde han vore husmann under Torbjørn paa Koreksstad som var i slegt med Njardvikingane. Men so tykte han det var for brysamt aa syta for kona og born, og so laup han av og kom til Njardvik. Trum-Ketil tok imot han, og lova han upphelde og verja i tvo aar, mot at han la steingard fraa fjell til fjøra for han. No maatte dei paa Koreksstad syta for kona og borni hans. Alle i Njardvik lika Asbjørn Vegghamar ille, nær som Ketil sjølv.

Sju vikor paa sumaren reiste Tidrande paa gjesting til Njardvik. Dei var sju mann i fylgje og kom um kvelden til Koreksstad. Torbjørn og sønene hans, Gunnstein og Torkjel gjekk imot Tidrande og fagna han vel, og bad han vera der so lenge han vilde. Han var der um natti. Korekssønene (1) bad Tidrande um han vilde prøva faa Ketil til aa senda Asbjørn Vegghamar heim att, eller og taka kona og borni hans til Njardvik, so dei slapp aa syta for dei lenger. Tidrande lova han skulde nemna det til Ketil. Um morgonen drog dei av garde tjuge i fylgje. Dei reid ut til Os og over Gonguskard, og kom frampaa mot Njardvik over middag. I Njardvik var dei ikkje ferdige med slaatten endaa, so det var faa mann heime. Ketil sat inne. Daa kom sjukdomen hans paa han. Han skalv og hakka tenner, og trutna upp og vreid seg i pina. Han bad ei kona aa gjera upp varme, so han fekk baka seg. Ho so gjorde, og breidde ein skinnfeld under han, og han laag so ved elden og baka seg. I medan reid Tidrane nedetter mot garden med sine menn. Nede i lidi kom dei paa ein mann som dreiv og la steingard, og dei kjende att Asbjørn Vegghamar. Han helsa ikkje, og dei tala ikkje til han. Gunnstein Koreksson reid fram til Tidrande og sa: «Hev du set styggare kar? No vil eg taka spjotet mitt av skaftet og skjota skaftet imot han, so fær me sjaa korleis han lagar seg.» «Gjer ikkje det,» sa Tidrande. «Ofte kjem ilt av illom.» Likevel gjev Gunnstein seg etter, tek geirnaglen ut og spjotet av, og skyt skaftet etter Asbjørn og lær høgt. Daa Asbjørn saag spjotet koma farande, rykkte han til. Men spjotet kom i trøyeflaket hans og han vart so redd han datt over ende. So reiste han seg, og sette til sprangs heim til garden so fort han orka. Han kom farande inn der Ketil laag, og kasta seg upp i sætet paa andre sida av varmen. Ketil spurde kva bila han. Asbjørn svara: «Eg tenkte det i vaar dan eg kom hit at no var eg komen til sopass hovding at eg trong ikkje vera redd nokon. Men det ser ikkje slik ut. No er Korekssønene komne her, og Gunnstein skaut til meg, so spjotet gjekk inn under den eine armen og ut under den andre; men du sit her og duger ikkje til aa hjelpa mennene dine ein grand.» Asbjørn tala høgt og anda fort og tungt, som ein som er saara. Ketil spratt upp i fælt sinne. I berre buksa og skjorta gjekk han gjenom elden so det frasa ikring han. Han gjekk burt til sengi si utan aa mæla eit ord og tok hjelm paa, og skjold og sverd. Han kastar ifraa seg sverdslira og gjeng. I det same kjem Tidrande og hans menn ridande inn paa tunet. Ketil sa ikkje eit ord, men hogg til Tidrande. Det kom so braatt at han fekk ikkje skjolden fyre seg, og maatte kasta seg baklengs or salen, men kom standande ned. Hogget kløyvde salen endelangs og hesten og. Ketil hogg til Tidrande att. Han fekk daa skjolden fyre seg; men sverdet gjekk gjenom skjolden og ned i bakken. Dei kvendi som var heime, sprang no ut, og saag at karane var i arbeid. Sume av dei sprang daa burt i ein gard som heitte Verkhus etter hjelp. Der var nokre av slaattekarane hans Ketil, i alt eit tjug mann. Tidrande ropa til sine menn at ingen maatte bera vaapn paa Ketil. «Og um nokon gjer det, skal eg drepa han, um han er min mann aldri so mykje.» So bed Tidrande Ketil aa halda fred. «Eg hev fenge onnor velkoma enn eg hadde venta. Men hev du saksgrunn mot nokon av oss, er eg viljug til aa bøta so du skal hava sømd og æra av det. Um du ikkje bryr deg um meg, so tenk paa mor mi som er syster di, og gjev upp denne striden.» Ketil tagde, berre hogg og hogg etter han. Tidrande sa daa til mennene sine. «Eg forbyd dykk enno aa bera vaapn paa Ketil, av di han vil snart sansa seg att. Men mennene hans kann de gjera som de vil med.» Dei tok daa paa mennene som kom farande. Striden drog seg ut or tunet og sud over vollen burt imot ein løk som gjekk der. Tidrande hadde heile tidi berre fare undan Ketil, og no var skjolden hans hoggen reint i fillor. Daa Tidrande kom til løken, heldt han sverdet fyre seg, og hoppa baklengs over. I det same hogg Ketil til han i den høgre oksli so det lyste inn paa lungone. Daa tek han sverdet i den vinstre handi og hoppar over bekken og høgg til Ketil so han sig daud ned. So gjeng han over løken att, og gjeng burt paa ei tuva som no heiter Tidrandetuva, og set seg. Daa var alle Tidrandes menn falne, nær som Korekssønene, Gunnstein og Torkjel. Mennene til Ketil styrmde ikring han og breidde over liket, og so gjekk dei heim, trøytte, og mange saara. Tidrande sa til Gunnstein: «Korleis tykkjer du dette hev gjenge? No ser du at ofte kjem ilt av illom som eg sa. Men, gjort er gjort, og det nyttar lite aa brigsla deg no. Hev du set noko til Asbjørn seinare i kveld?» «Eg hev havt anna aa gjera enn aa sjaa etter den skarven,» sa Gunnstein. «Ja, eg hadde det no ikkje annsamare,» sa Tidrande, «enn at eg kunde sjaa litt etter han og. I kveld daa mennene hans Ketil kom farande, kom Asbjørn og ut, og skygnde og saag korleis det gjekk med oss. Men han for ikkje hermannsleg, og no gjet eg han gøymer seg utmed løken ein stad. Eller og driv han og ranar dei falne.» Gunnstein spratt upp og for ut med løken. Han fann Asbjørn og hogg han i tvo luter. Gunnar heitte ein mann som budde hjaa Ketil. Han var handelsmann, ætta fraa Haalogaland. Han var ein ung mann av god ætt, stor og sterk og ein gild kar i alle maatar. Han hadde varone sine i eit bur eit stykke fraa garden, og hadde sete der og set dei over, og visste ingen ting um heile striden. Ei kona som var i tenesta hjaa han, kom springande upp til han. Han sat daa i døri og fjøra nokre piler. Kona sa: «Sant er som sagt er at ingen mann kann sjaa korleis kvar er. Daa Ketil baud deg hit, tenkte han nok ikkje det skulde verta so lite gagn i deg um noko kom paa. Men her ligg du som ei bikkja med kvelpar, medan husbonden din ligg fallen, og mange av hans menn. Her hev kome ufredsmenn, og dei hev drepe Ketil.» Gunnar spratt upp, tok bogen sin, og la ei pil han nett hadde ferdig paa strengen. «Hev dei kome seg burt dei som gjorde det?» spør han. «Nei,» svarar ho. «Paa tuva burtanfor løken, sit Tidrande og Korekssønene,» sa ho. Gunnar bende daa bogen, og det tyktest vera samstundes, at strengen gall, og at Tidrande fall baklenges paa tuva. Pili hadde gjenge gjenom brjostet hans. Gunnar spurde kven fall. Ho svara det var Tidrande Geitisson. «Aa, for ei ulukka!» sa Gunnar. «Han var ein venesæl mann, og den eg sist vilde drepa.» Torkel Koreksson spurde Gunnstein, bror sin, um han var saara. Gunnstein sa han var noko saara — «men korleis er det med deg, Torkel?» «Inkje noko aa røda um,» sa Torkel. So sa Torkel: «No treng me ikkje bia Tidrande lenger, og ikkje kann me koma til gards. Hestane vaare fær me ikkje tak i, og ikkje er me rare til aa ganga heller.» So la dei eit skjold over Tidrande, og tok sidan vegen upp brekkone. Det var alt myrkt, og det gjekk seint med dei. Dei gjekk til dei kom til den nedste brekka i skaret. Der er ein kvæv sunnanfor vegen som heiter Kidjekvæven. Ei aa renn fraa skaret og ned i kvæven, og der er ein stor foss. Nedanfor fossen er ein stor heller, som folk ofte søkjer inn i um hausten naar dei fer over fjellet. «Me fær gaa til helleren,» sa Torkel; «eg er so trøytt eg orkar ikkje meir.» Daa dei kom til helleren, var Gunnstein so varm at han tok av seg klædi og kasta seg ned. Torkel sprette av seg beltet og reiv av seg klædi. Daa rann innvolane ut. Slik hadde han gjenge nede fraa Njardvik. Der døde Torkel. So var Gunnstein aaleine att, og var sjølv mykje saara. Han tenkte fyrst paa aa gaa vidare; men daa han reiste seg, var han so stiv at han kunde ikkje flytta ein fot. So laut han vera der han var, um det var aldri so ille. Torbjørn Korek let ille i svevnen denne natti. Han vakna og skunda seg aa vekkja sauegjætaren sin og sa: «Du fær taka tvo hestar og fara av garde med ein gong. Rid ut til Os og over Gonguskard til helleren de er vane aa taka inn i naar de er paa dei kantar. Sjaa vel etter der inne, og vert du var noko, so lat meg faa vita det med ein gong.» Mannen for som han var sagd, og daa han kom til helleren, lyste det av dagen. Der fann han Gunnstein, som endaa levde, men som var so stiv av kulde og saar at han mest maatte berast ut og lyftast i salen. Dei kom heim til Koreksstad ut paa dagen, og daa hadde far hans laga ferdig laug, og stelte um Gunnstein det likaste han visste.

Desse tidender spurdest braatt, og alle tykte vondt aa høyra. Roar Tungegode, fosterfar til Tidrande, vart sjuk og døydde av sorg. Torkel Fullspak hadde vore nord i fjorden etter skreid, og kom heim dagen etter striden hadde stade. Det fyrste han fekk høyra var at far hans og Tidrande var falne baae. Torkel hauglagde Tidrande, frenden sin med stor sømd. Han ligg paa ein bakke eit stykke fraa bøen. Torkel kasta og haug over dei andre som var falne. Gunnar austmann rak han burt i stor vreide og med munge harde ord. Han sa han hadde gjort dei slik skam og skade, at det aldri kunde bøtast, daa han drap Tidrande som alle lika og venta seg stor hugnad av. Gunnar kvarv daa burt, so ingen spurde noko til han. Det var mange som leita etter Gunnar austmann, og vilde hemna draapet paa Tidrande. Torkel Geitisson var nærast til aa hemna; men og Bjarne Helgesson fraa Hov var nærskyld Geitissønene (2). Droplaugssønene, Helge og Grim, var syskinborn til Tidrande, veit me, og skuldige aa hemna han. Alle desse leita no etter Gunnar og vilde hemna Tidrande. Men ingen kunde finna Gunnar. Folk trudde helst han hadde kome seg fram til nokre andre nordmenn som hadde buder og skip ved Snotranes, millom Njardvik og Borgarfjord. Dei var 17 mann.

Frampaa vaaren, daa dagane tok til aa lengjast, budde Torkel Geitisson seg heimanfraa Krossvik med 10 mann. Han for austan Lagarfljot og kom til Arneidsstad ein kveld. Droplaug og sønene hennar tok vel imot han, og han var der um natti. Um morgonen bad han Grim og Helge vera med ut til Njardvik og finna Torkel Fullspak, og sidan sud i fjordane. — «Eg vil prøva koma paa far etter denne Gunnar, som folk no kallar Tidrandesbane, og som hev gjort oss so stor harm.» Brørne vart med Torkel. Dei for utetter heradet og tok med seg utvalde karar, so dei i alt vart attan. Um kvelden kom dei til Koreksstad, der Torbjørn og Gunnstein tok vel imot dei og baud dei vera um natti. Dei spurde Gunnstein nøgje ut um det som var hendt i Njardvik, og han fortalde alt saman, endaa det var greidt aa sjaa han tykte det var vondt. Ut paa morgonsida stod Helge Droplaugsson upp og vekte felagane sine. So gjekk han til Gunnstein og sa: «Du vil visst vera med, frende, ut til Njardvik.» «Eg vil nok, um de vil hava meg,» sa Gunnstein. So for dei av garde. Dei reid um Sandbrekk og Os og so upp mot Gonguskard til dei kom til siste brekka upp mot skaret. Der er ein kvæv som heiter Djupekvæven, og der delar vegen seg. Sumarsvegen gjeng paa sørsida og vintervegen paa nordsida. Ved vegskilet steig Helge av hesten og bad mennene setja seg i ring og passa baae vegane, men ikkje syna seg. Torkel Geitisson spurde kvifor dei skulde gjera so. «Eg høyrde mannemaal uppi skaret,» sa Helge, «og no vil me handtaka dei, kven det so er.» So vidt dei hadde sett seg, kom det fem fullvæpna menn etter vegen. Det var Torkel Fullspak og nokre av tenestgutane hans. Helge og hans menn spratt upp og tok dei til fange fyrr dei visste ordet av. Helge spurde Torkel kvar han skulde av. Han skulde upp i heradet og krevja inn gjeld, sa han. «Kann du ikkje finna paa noko likare?» sa Helge. «Ingen fer og krev inn gjeld paa denne tid av aaret. Men eg trur nok eg skynar kva ærend du fer i. Du vil til Mjovanes og finna Helge Asbjørnsson og faa han til aa løyna Gunnar Tidrandesbane. Du trur han vil gjera det, av di du veit det er faatt um millom han og meg.» Torkel svara: «Korleis kann du tenkja at eg vil løyna den mannen som hev gjort oss so stor skam og skade? Du hev daa vel høyrt korleis eg rak han burt den same dagen eg kom heim?» «Eg fer ikkje etter kva du segjer,» sa Helge. «No kann du velja eilt av tvo: Anten so segjer du kvar Gunnar er, eller so drep eg deg her paa flekken.» So reiv Helge herklædi og vaapni av Torkel og hans menn, la dei ned og sette ein mann til aa passa kvar av dei. So sa Helge: «Eg veit kva eg vil. Naar ikkje du vyrder skyldskapen med meg, so evar ikkje eg meg med aa drepa deg.» Daa gav Torkel seg og sa: «Du sparar ingen, du Helge. Og det gjeng meg som andre. Skal eg velja, so vel eg aa leva. Eg lyt daa standa til at eg hev løynt denne mannen. Uppi heidi, ovanfor Njardvik gjeng ein sete i fjellet fraa skaret og ut mot Skaalenes. Midt imot garden hev det gjenge ei steinskrida. Der, millom steinane, slo eg telt for han, fyrr eg rak han burt. Teltet er jarngraatt og samlita med steinane. Eg bar klædi hans dit og stelte so godt eg kunde, og der hev han vore sidan.» «Det var godt for deg at du sa sanningi,» sa Helge. «Ikkje for det, eg visste Gunnar maatte vera i di varveitsla. No skal eg ikkje gjera deg noko; men du kann ikkje faa sleppa laus no straks.» So spurde Helge Torkel Geitisson: «Kva vil du no helst? Vil du fara over heidi og leita etter austmannen, eller vil du vera her og gjæta namnen din til middags?» Torkel Geitisson svara: «Eg vil helst vera her og gjæta namnen min. Me er ikkje so spræke, me vaapnfjordingane, so til aa fara etter Gunnar trur eg meir paa deg.» «Du skal raada,» sa Helge. «No skal me skifta folki vaare. Grim og eg tek med oss ti mann og leitar. De skal fara upp til Arneidsstad og bia der til eg kjem i morgon. Finn eg ikkje austmannen, so rekk eg heim til middags. Daa skal me drepa Torkel Fullspak, dersom han hev loge. Hev han sagt sant, skal me ikkje gjera han noko. Kjem ikkje eg att til middags, skal du lata Torkel fara, av di daa maa eg hava funne faret etter austmannen.» So skildest dei.

Daa Helge og hans folk kom upp i skaret, tok det til aa ljosna av dagen. Fraa havet drog upp uversskyer, og snart tok det til aa snøa og blaasa. Daa dei kom eit stykke ned i brekkone, saag dei seten ut etter lidi. Dei gjekk etter den og kom snart til skrida og saag teltet. Daa var det halvljost. I denne stundi vaknar Gunnar austmann i teltet. Han vil ut for sjølve seg og ris upp i berre skjorta og linbrok, kippar sko paa seg, men snører dei ikkje att. Inkje hadde han over seg, og inkje i hendene daa han gjekk ut. Daa han var ferdig, og heldt paa kneppa paa seg broki, høyrde han mannemaal sunnanfor seg. Dei var alt so nær at han ikkje rakk attende til teltet og faa paa seg. Han for daa ut etter seten alt han orka. Dei andre saag han, og tykte dei godtsom hadde han i hendene alt. Gunnar sprang so skorne fauk av han, og drog heller undan dei, av di han var utkvild. Han sprang ned bak husi og mot sjøen, og var daa so langt fyre at han stansa og knytte broki betre paa seg. Dei andre var og komne ned til husi og spreidde seg og vilde ringa han inne mot sjøen. Grim var den skjotaste og sprang ned og vilde gjera det av med han. Gunnar saag Grim koma og kasta seg paa sjøen. Grim skaut spjotet etter han og raaka i vinstre handi. Gunnar kippte spjotet ut og sumde uttetter viki. Det var svær sjø og snøver. Daa ropa Helge: «Hev de set so kræv kar nokonsinn? Er det nokon som fysest aa fara etter han?» Ingen baud seg til det. «Det er venteleg,» sa Helge; «for ikkje trur eg det er godt aa søkja land der Gunnar stend fyre. No fær me springa til naustet og faa oss baat; men sjaa no vel etter kvar han legg til land.» Gunnar sumde over Njardvik og kom i land sunnanfor skrida, der som no heiter Gunnarsdæld. Dei som er kjende der, segjer det er reint utruleg ein mann kunde symja so langt. Han sprang so utover til Snotranes, der dei andre nordmenn hadde sett upp bud. Dit vilde han. Droplaugssønene rodde over viki og kom i land litt etter Gunnar, so dei saag kvar han for. Gunnar sprang inn i budi og bad dei andre hjelpa seg. «Her kunn me godt verja oss, me er mange nok.» Dei svara dei vilde ikkje vaage liv og velferd for ei slik uheppa som han. Han gav daa viki namn etter felagane sine. «Geitevik høver,» og so heiter viki enno. So for Gunnar upp Snotranes og tok leidi mot Borgarfjord. Droplaugssønene saag han for hjelpelaus fraa viki, og umaka seg ikkje dit, men sprang beinveges ovanfor budene. Gunnar tok no til aa armast. Han sprang berrføtt paa klaken, og so kaldt var det at klædi fraus paa kroppen. Men han fraus ikkje, han røynde seg for hardt til det. Dei andre drog no inn paa han uppover aasen. Men det hallar bratt av mot sud.

Sunnan under halsen ligg ein gard som heiter Bakka. Der budde ein mann som heitte Sveinung paa denne tid. Han var ein mangkunnig kar og ei kjempa. Son hans var ni aar gamal. Det var ikkje fleire mannfolk paa garden, men nokre kvende. Det var aalmenn tale at Sveinung var ikkje all der ein saag han. Sveinung hadde denne dagen reist etter torv paa den kanten Gunnar for. Han heldt paa og lessa daa Gunnar kom springande og ropa: «Berg meg!» «Kva for?» «Uvenene mine er etter meg.» «Kven er du?» «Eg heitter Gunnar, og vert kalla Tidrandesbane.» «Kven er etter deg?» «Eg veit det ikkje visst; men eg trur det er Droplaugssønene.» «Det er bra,» segjer Sveinung, eg treng ikkje spyrja meir. Det er bra du fær løn for gripet du gjorde: aa drepa den mann som alle hugde seg til.» «Eg dyl ikkje at verket var klent,» sa Gunnar, «likevel vil alle berga seg um dei kann.» «Legg deg ned millom grindane daa,» sa Sveinung. «Endaa det hjelper deg nok ikkje stort naar slike karar er etter deg.» Sveinung tok av seg kufta og hadde paa han, og no kasta han torv over han og køyrde heim. Droplaugssønene var kome ned paa vestsida av halsen, og torvgarden var paa den austre, so dei saag ikkje dette. Daa Sveinung kom heim med lasset, stod son hans i døri. Han var i kvit kufta og vadmaalsbuksor. Sveinung sa: «Tak staven din og spring og jaga heim sauene. Her ser ut til aa verta fælt ver.» «Eg skal berre svinta meg inn og faa paa meg luva og vottar,» sa guten. «Daa eg var ung, trong eg ikkje korkje luva elter vottar,» sa Sveinung. So sprang guten som han var, av di han var redd far sin. Sveinung velte lasset ved døri, so han som i var, vart liggjande duld, so set han inn hesten og reiser upp sleden. I same stundi kjem Dropplaugssønene. Dei helsa, og Sveinung helsa venleg attende. Han spurde kva dei for etter. Helge spurde um han hadde set nokon mann springa der, — «med du køyrde torv.» «Eg saag ingen annan enn sjølve meg,» sa Sveinung. «Men vil de ikkje inn og kvila.» Helge sa dei trong ingen ting. «Eg er meir forviten etter aa høyra um du ikkje raaka ein mann burte i torvtaket. Du maa ha set han.» «Eg er ikkje sikker heller,» sa Sveinung, «eg syntes det sprang ein mann med ljose klæde der burte. Det maa vera den same som spring der sud i fjellet.» Han peika. Dei saag ein sprang der, og for av garde. Daa kasta Sveinung torvi av Gunnar. So tok han kniven og skar dei frosne klædi av han og gøymde han i høystaalet i fjøsløa. So gjeng han attende og tek til aa lø upp torvi. Droplaugssønene sprang sudetter so hardt dei vann. Med eitt sting Helge paa foten, stend still og segjer: «Denne mannen spring svært lett til aa vera nykomen or sjøen og hava sprunge berrføtt paa klaken i heile dag. Og høyr! no ropar han etter sauene.» Gunnstein Torbjørnsson sa: «Det kann han gjera til aa narra oss.» «Han er ikkje lik Gunnar heller,» sa Helge. «Sveinung hev sikkert sendt son sin av etter sauene, til aa narra oss og faa tid til aa gøyma Gunnar. No skal me snu og tala med Sveinung.» Dei gjekk attende til garden og fann Sveinung, som stod og lødde torv. Han spurde kvi dei kom att so braatt. «Av di me trur mannen er i di varveitsla og ikkje burti fjellet; det er son din,» sa Helge. «Eg tenkte gutungen var inne,» sa Sveinung; «og ikkje skynar eg korleis eg skulde fenge gøymt nokon.» «Han laag vel i sleden, og du velte han av med torvi. No vil me ransaka her,» sa Helge. «Ja, de hev makt til det, so mange som de er. Men eg hev aldri fyrr vorte ransaku som ein tjuv.» Dei gjekk no inn og leita alle stader, men fann inkje. «Me fær leita i fjøset og løa og,» sa Helge. Sveinung gjekk daa inn og tok eit stort sverd. So gjeng han til fjøset og let upp døri. Han snudde seg til Helge og sa: «Du Helge som er lovkunnig, veit vel kva lovi segjer, at ikkje fleire skal gaa inn enn fyre er. No er eg ein; og ein av dykk kann koma inn. Eg vil ikkje hava buskapen skræmd, og kanskje skamfaren av staaket og vaapni dykkar. I løa er mykje høy, og myrkt er der og, av di eg hev fyllt gluggane med møk, som no er stivfrosi. Det er best de høgg upp gluggane, og so gjeng du, Helge, med inn og ransakar.» So gjekk han inn i fjøset, og Helge fylgde. Grim og dei andre tok til aa hogga upp gluggane; men det gjekk seint daa møki var klaka heilt igjenom. Helge leita i fjøset baade i baasar og bingar. So gjekk dei i løa. Sveinung sa: «No fær du standa i døri med eg gjeng upp paa staen og velter ned. Kjem du paa staen fyrr eg hev reinska undan, skjemmer du ut dei staselege klædi dine.» So gjekk Sveinung upp paa staen og tok Gunnar og la han innaat veggen. So tok han og velte han framover ihop med høyet til han inntulla i eit svært høyflak rulla ned for føtene til Helge. Endaa rakk Sveinung aa rulla ned tri høyflak til, fyrr dei andre fekk hogga gluggane upp so det vart ljost i løa. Daa gjeng Sveinung ned av staen og segjer: «No ser de alle gøymslor her. No fær de tæ upp høyet, for anten er han i høyet, eller so er han ikkje her paa garden. Men eg vil ikkje hjelpa dykk lenger.» Helge drog paa det og sa: «Det trengst visst ikkje aa leita her lenger.» So for dei burt, utan aa beda farvel til Sveinung. Daa dei kom sud i gjordet, møtte dei guten med fenaden.

Daa Droplaugssønene vel var burte, tok Sveinung austmannen og fylgde han ned i naustet sitt. Framme i naustet laag storbaaten kvelvd, halvt nedgraven i jord og snø. Sveinung tok ein staur og fekk eit hol under sida paa baaten, so Gunnar kunde krabba inn. So moka Sveinung snø og sauetad over. I det same kom guten med fenaden, som dei bruka aa hava i naustet i styggever. No trakka sauen til, so ingen kunde sjaa der var nygrave. Daa Droplaugssønene var komne eit stykke av garde, stakk Helge paa foten og sa: «Sant er som sagt er: etterpaa er styvingen klok. Me hev ikkje leita vel nok hjaa Sveinung.» «Kvar trur du han er daa?» sa Grim. «Fire flak velte Sveinung av staen, og det fyrste tyktest vera det tyngste,» sa Helge. «Fyrst etterpaa bad han oss leita.» «Kvi kom du ikkje paa det fyrr?» sa Grim. «Eg kom fyrst til aa tenkja paa det no,» sa Helge. «No fær me prøva ein gong til.» — Dette hev sume lagt ut som at Helge nok skyna kvar Gunnar var, men torde ikkje gjevast um, av di han var eismal i løa med Sveinung. «Skal me leita i fjøs og løe ein gong til,» sa Grim. «Det trengst ikkje no,» sa Helge. Dei gjekk attende, og kom til gards som Sveinung kom upp fraa naustet. «Gjeng du i ring, Helge?» sa Sveinung. «Det ser so ut.» «Kva vil du no daa?» «Leita meir.» Sveinung lo: «Kvar er han daa?» «Han var i det fyrste høyflaket du velte. Det var tyngst.» «Du fær dit og taka han daa.» «Aa, du hev nok funne ei onnor løynd for han no.» «Kvar vil du leita no daa?» «No vil me leita i naustet ditt.» «Det er rimeleg de finn han der,» sa Sveinung. «Gimbrane hev vel gøymt han. Dei er sløge dei. Men slepper de ut sauene mine i uveret, skal de og syta for aa faa dei inn att. Baaten min ligg der, det er den einaste gøymsla der er. Men fordervar de han, fær de bøta skaden.» Dei gjekk no aat naustet og slepte ut sauene. Sveinung sette seg i brekka og saag ut over sjøen. Daa dei kom inn, sa Helge: «Dette er som Sveinung segjer, her er ikkje andre gøymslor enn under baaten. No fær de hogga han laus og flytja han.» Grim sa: «Det trengst ikkje. Lat oss berre stinga spjoti vaare under, so kjenner me nok um der er nokon. Det er so gild baat at det er synd um me skader han.» Dette raadet tok dei, og stakk spjoti sine inn under baaten alle stader. Gunnar merka det og tok tak i baatbandi og spente imot og lyfte seg soleis upp under baaten. Han fekk likevel eit stort saar; eit spjot gjekk gjenom eine laaret; men han rykte seg ikkje, og han som stakk, gaadde ikkje noko. Daa dei hadde leita det dei vilde, gjekk dei ut av naustet utan aa bry seg um sauene. Sveinung sat paa bakken og saag stygg ut. Han skifte leter, var stundom bleik som bast og stundom svart som jord, og haaret reiste seg paa hovudet hans. Dei skyna at hadde dei fenge tak i austmannen, so hadde Sveinung bruka trolldom mot dei. So for Droplaugssønene burt for godt, og Sveinung tok Gunnar og hjelpte han i hus og stelte saaret hans.

Droplaugssønene for sud til Dysjemyr, og kom der seint paa kvelden. Der budde ein mann so heitte Gunnstein. Han var gode i Borgarfjord og hovding. Han var sambror til Sveinung. Gunnstein var og ein stor og sterk kar. Dugande var han, men ikkje greid aa kjeppast med. Han hadde same naturi som Sveinung, sa folk; han var ikkje einhama. Gunnstein tok vel imot Droplaugssønene og baud dei vera der um natti. Dei takka og fylgde inn. Delte var etter nattverden. Gunnstein sette seg framaat med dei aat, og spurde kva dei for etter denne gongen. Helge fortalde fraa fyrst til sist, ogso um korleis det hadde gjenge hjaa Sveinung um dagen. Daa Gunnstein høyrde Sveinung var med, lydde han etter og spurde upp att, men Helge fortalde som ingen ting var. Daa Helge hadde fortalt, tok han kniven sin og skar seg noko kjøt av ein lem som laag paa bordet. «Eg hev høyrt de hev gild sau her i Midfjorden,» sa han; «men dette skulde ein tru var av naut og ikkje sau.» Gunnstein svarar ikkje, men tøygjer seg fram og grip Helge um høgre handleden og kreistar so handi dovnar og kniven fell ned paa bordet. Helge triv seg um handleden og ser burt paa Gunnstein. Gunnstein sit bleik som eit lik, og kvart haaret er som bust. Helge sa: «Ditt udyr! vil du hamast paa oss no?» «Eg skal ikke trolla paa deg,» sa Gunnstein; «men halda vil eg, til eg hev høyrt med sannom at du ikkje hev gjort bror min noko.» «Slepp meg! eg hev ikkje gjort han noko. Ikkje for det! trollmann er han, han som du, verre og ikkje betre.» «Slik kar er du, Helge, at du er vel ikkje redd aa segja sanningi,» sa Gunnstein og slepte handi. Helge spratt daa upp fraa bordet og alle hans menn. Dei sette seg paa benken og vilde ikkje eta meir. Inkje beinet vilde dei taka mot meir, men la seg i klædi sine som dei gjekk og stod. Ut paa morgonsida gjekk Helge ut. Det var daa vegljost, men svær skygang for maanen. Helge gjekk inn og vekte folki sine og sa at no var vegen godt farande. Dei for, utan aa beda velliva med Gunnstein, og gjekk upp paa heidi. Vegen var fælt tung, og daa det vart ljost, sette dei seg og kvilde. Helge hadde lagt spjotet sitt over knei, og daa saag han at det var blodut over alt. «Sant er som som sagt er,» mi Helge, «ofte vantar minste munen. Der hev austmannen lege under baaten likevel. Ein blekk hev han fenge av spjotet mitt; men ikkje veit eg kor mykje det kann vera. No hadde me havt han, um de hadde gjort det eg sa, og brote laus baaten.» Dei svara: «Lat oss fara attende so fort me kann, og finn me ikkje Gunnar, so drep me Sveinung.» «Det var han verd,» sa Helge; men det er ikkje kvar manns sak aa kjeppast med dei brørne. Og Gunnar er me nok ikkje lage til aa naa denne gongen. Sveinung hev for mykje under hetta til det. Faa er og Gunnar like i raustleik og krævleik.» Dimed stod Helge upp, og dei gjekk til dei kom til Arneidsstad. Der raaka dei Torkel Geitisson som spurde korleis ferdi hadde gjenge. Helge fortalde, og Torkel meinte at saki no stod verre, naar slike karar som Sveinung og Gunnstein var komne med. Torkel hadde sete over namnen sin til høgstdags — «daa slepte eg han, og han for heim til Njardvik.» Torkel Geitisson for so heim til Krossvik.

Denne tidendi spurdest vidt, og folk sa, at Gunnar hadde greidt seg der det tyktest vera vonlaust. Straks etter for Sveinung heimanfraa og hadde Gunnar med. Dei for heiane og stana ikkje fyrr dei kom til Mjovanes og fann Helge Asbjørnsson. Helge tok imot Gunnar og gøymde han i utburet sitt. Ingen annen visste um det enn Sveinung og Helge. Der var Gunnar vinteren over; men folk trudde han var hjaa Sveinung.

So leid vaaren fram mot tingtidi. Tinget var paa Kidjafell og Helge Asbjørnsson skulde setja og helga det. Helge skyna han kunde ikkje baade fara og helga tinget, og stella for austmannen so ingen fekk vita um han. Han tok daa det raad at han fortalde Tordis, kona si, at Gunnar Tidrandesbane var der. «Og no vil eg at du tek paa deg aa stella for han og passa paa at ingen fær spurlag paa han med eg er paa tinget.» Tordis svara: «Underleg mann er du, Helge, som kann tenkja deg at eg vil hegna um den mannen som hev gjort oss slik skade. Eg skal lata drepa han, fær eg tak i han. Det ser ut som du berre vil skipla freden med frendane dine; for no vert det visst endaa meir graatt imillom dykk. I morgon skal eg senda bod til Bjarne, bror min, so fær han æra av aa taka Gunnar.» «Du gjer som du vil,» sa Helge; «eg gjev han i ditt vald. Kanskje du minnest kor mykje du vart vyrd med du var heime hjaa bror din? Du gjekk som ei onnor tenestgjenta der. Kanskje du minnest kva du hev meg aa takka,» heldt Helge ved; «her raar du, og er lite mindre vyrd enn eg sjølv. Men set du no fram mannen under øksi til Bjarne, bror din, so skal du herifraa og heim att til Hov, so fær du sjaa kva vyrding du fær. Aldri kjem du i mitt hus meir.» Tordis svara: «Eg vyrder ikkje trugsmaalet ditt. Bjarne vil nok halde meg likso gjævt som du.» So skildest dei, og kvar tykte sitt. Um morgonen kom tingmennene til Helge, og han reid til Kidjafell og helga tinget. Daa Helge var reist, gjekk Tordis til utburet og stelte mat for Gunnar, men sa ikkje eit ord til han. Ut paa kvelden, daa folk hadde sett seg til bords, vart det banka paa døri i Mjovanes. Det var nær aatti mann, og fyre dei var Bjarne fraa Hov. Tordis gjekk ut, og systkini helsa venleg paa kvarandre. Ho sette folk til aa stella hestane deira, og andre til aa taka imot klædi og stella mat. Etter maten vart gjestene vist til sengs. Daa alle hadde lagt seg, gjekk Tordis til sengjeromet aat bror sin, og dei talast ved um mykje og mangt. Sist sa Bjarne: «Det er ærendet mitt hit, at eg hev fenge njosn um at Gunnar hev vori her ei tid. No, Helge er paa tinget, er han venteleg i di varveitsla.» Ho svara at han var ikkje der. «Kann du tenkja eg vilde hegna um ein mann som hev hogge slikt skar i ætti vaar.» «Eg veit at hen er her, og eg kom av di eg venta du vilde hjelpa meg. Eg veit og kvifor du dyl han. Helge hev vel vara deg og truga med aa reka deg burt, og mint deg um korleis du vart mismætt heime. Skulde du no koma til Vaapnafjord, skal du verta likso mykje vyrd der som her i Fljotsdal.» Tordis svara at ho kunde ikkje segja det ho ikkje visste. «Dulram er du,» sa Bjarne; «men eg veit han er her, og eg kann noko so nær gjeta kvar han er og. No vil eg bjoda deg sju hundrad i sylv eg her hev og godt fe er det, um du sel mannen i hendene mine.» «Du er mykje flusare no enn daa eg var heime,» sa ho, «og det er ingen skade. Men dette feet vilde eg ikkje taka mot, um eg so visste kvar han var.» «Daa skal me ransake her i morgon,» sa Bjarne, «og eg tenkjer nok me skal finna han, og drepa han skal me for augo dine.» «De kjem visst ikkje til aa finna han,» sa Tordis. So stod ho upp og gjekk til romet sitt, hugtung som rimeleg var. Daa alle hadde sovna, gjekk Tordis og vekte ein av tenestgutane. «Du skal fara so fort du kann, upp til Kidjafell paa tinget. Du skal segja Helge at han maa koma heim so fort han kann, og ikkje faament. Her er kome gjester som eg ikkje kann vyrdsla so sømeleg eg gjerne vil naar han ikkje er heime, av di eg veit ingen mann eg skuldar meir sømd enn Bjarne, bror min. Rid no so fort du kann. Greider du dette ærendet vel, skal du ikkje gjæta sauer meir, det lovar eg deg.» Han reid av garde alt han kunde, og kom til tings i graalysingi. Daa Helge høyrde bodet fraa Tordis, spratt han upp og vekte mennene sine og bad dei henta hestane so fort dei vann. So reid han fra tinget og heim med halvtanna hundrad mann. I Mjovanes vekte Bjarne mennene sine tidleg um morgonen. «Me skal av garde med ein gong,» sa han. Tordis bad at han maatte daa bia til dei hadde fenge seg mat. Bjarne sa han nentest ikkje aa ransake ho som ein tjuv. — «Endaa du fortente det vel, som ikkje vil meg anna enn vondt. Og eg skulde nok finna han um eg vilde.» Syskini skildest lite blide denne gongen. Daa Bjarne var komen utmed vatnet, saag han govsky ovanfor garden i Mjovanes. Helge hadde ride so fort at han kom til tuns fyrr Tordis hadde gjenge inn. Ho snur seg daa mot Helge og helsar han blidleg og fortel um Bjarne og samrøda med han. Helge takkar ho. «Eg visste nok eg var godt gift; men eg visste ikkje, at du var so mykje til kvende. No kann eg rida til tings att, dersom du trur deg til aa vera eismal heime.» So reid Helge til tings, og Tordis styrde heime. Gunnar var der sumaren til endes og vart vel halden; men dei heldt han løynd.

Droplaugssønene heldt so god vakt at Gunnar aldri naadde skipet sit. Eignalutne sine fekk han heller ikkje tak i, utan nokre faa. Dei andre austmennene siglde til Norig um sumaren, og fortalde at det var paa voni um Gunnar kom til Haalogaland meir.

Um sumaren paa Altinget la Torkel Geitisson fram fe for hovudet av Gunnar, og bad hovdingane taka han kvar dei naadde han. Alle lova dette, og helst venene aat Torkel. Der var Torkel Eyolvsson. Han var gift med Gudrun Usnivsdotter. Ho hadde fyrr vore kjær i Helge Asbjørnsson og dei hadde sendt gaavor seg imillom. Dette visste ikkje Torkel Eyolvsson daa han fekk ho. Ut paa hausten sende Helge Gunnar fraa seg med eit par mann til fylgje. Dei for nord Mødrudalsheii og til Myvatn, so vestover att til Helgafell. — Helge sende med jarteikn og bod til Gudrun at ho laut taka godt mot Gunnar, og prøva faa han ut or landet næste sumar. Torkel Eyolvsson hadde lova aa drepa Gunnar, veit me; men det høvde so heppe han ikkje var heime daa Gunnar kom. Gudrun tok ovgodt imot Gunnar, og sende mennene hans Helge attende med gode gaavor. Gellir heitte son til Torkel og Gudrun. Han var ung, men ein gild kar og ein stor farmann. Denne sumaren var han paa vitjing hjaa foreldri sine, og skipet hans laag i Laksaros. Daa Gunnar hadde vore paa Helgafell ei natt, kom Torkel heim seint um kvelden. Der var mange menn, og dei drog av dei vaasklædi og gjorde upp store eldar i halli. Folk gjekk til og fraa. Torkel saag det kom inn ein mann i blaa kyrtel og graa kappa, og med ei kvass øks i handi. Mannen var ikkje høg, men svært før, ljoshaara var han, rettleitt og ven. Torkel spurde kva dette var for ein kar. Han svara han heitte Gjest. Torkel stirde paa han ei rid og sa: «Etter fraasegni er du fælt lik den karen dei kallar Tidrandesbane, som hev vore i austfjordane ei tid. Kvar er du heime, og kvar skal du av?» Han vart heller ordfallen og svara ikkje. Torkel segjer: «Eg trur du er ein annan enn du segjer, og eg tenkjer eg hev gjete namnet ditt rett nok.» Gunnar svara: «Enn um so er, kva vil du so gjera?» «Det skal du straks faa vita,» sa Torkel og spratt upp og greip sverdet Skavnung, det han sidan hadde med daa han drukna i Breidefjord. Torkel sprang over elden og hogg til Gunnar. Gunnar bægde av med øksi, og so hardt hogg Torkel at sverdet vart mest hangande fast i øksi. So hov Gunnar øksi. I medan hadde folk sprunge inn i stova og sagt Gudrun kva som gjekk fyre seg i eldskaalen. Gudrun kom no og sa til Torkel at han laut stagga seg. «Du skal ikkje gjera han ein grand, elles so skil eg meg i denne dag. Denne mannen vart meg send av venene mine til hald og til traust, og eg etlar aa halda han som son min til eg kann senda han ut or landet til sumars. Og um nokon blæs so mykje som eit haar av hovudet hans, so skal eg løna det so godt eg kann. Og det er sume som segjer at det er lite moro aa verta ute for vreiden min. Og denne gongen skal eg so visst ikkje spara paa det som vondt er, um nokon gjer han mein. Du Torkel treng ikkje bry deg um han; han skal berre hava mitt umsjaa og mine velgjerningar». «Oftast er du raadgjerug, Gudrun,» sa Torkel, «og ingen maate kann du, fær du det ikkje som du vil. Eg vert helst litenmann eg, naar du lutast til.» Med det roa Torkel seg, og Gunnar vart der vinteren over i fred og ro.

Um vaaren spurde Torkel Gudrun: «Kva skal so gjerast med Gunnar, felagen din, at du tykkjer det er godt nok?» «Det skal eg snøgt segja deg,» sa Gudrun. «Det skipet Gellir siglde heim i fjor sumar, ligg i Laksaros. Det vil eg bu til utferd i sumar, og leggja til full ladning og gjeva Gunnar det. Gellir kann vera heime i sumar.» Torkel sa ikkje imot. — «Det er fælt til ofse med deg. Og no som fyrr vert det vel ikkje fred aa faa, um du ikkje fær det som du vil.» Morgonen etter denne samrøda let Torkel skipet skuva paa vatnet. Sidan ladde han det med gode varor og sparde ingen kostnad. Daa skipet var seglbutt, fylgde dei Gunnar um bord og gav han alt saman med raa og reide. Gunnar takka dei vel baade for gaava og den vyrdnad og hjelp dei hadde gjeve han. So siglde han og fekk god bør, og tok land i Norig der han vilde. Far hans var herse og ein megtig mann paa Haalogaland. Det vart sidan mykje kyt over Gunnar, av di han hadde greidt seg aaleine mot slike kjempor som var etter han. Sumaren etter lasta Gunnar skipet med god ladning og sende det ut att til Island, og attaat dyre eigneluter i gaavor til Gudrun og Torkel og andre han hadde godt aa løna.

Det var ein mann som heitte Hallstein. Han budde paa Veavoll i Fljotsdalsherad og var svært rik. Hallstein var enkjemann og hadde tvo søner, Sigvat og Snorre, storlaatne karar baae. Denne Hallstein fridde til Droplaug, endaa Spak-Berse raadde han ifraa. Droplaugssøne drog paa det, men sa at mori fekk raada. Ho sa at det hadde gjenge tilbake med midelen deira, so no vilde ho gifta seg med Hallstein dersom han ikkje vilde krevja noko medgift og attaat lova at Helge og Grim skulde erva til liks med hans andre born — «av di aldri kann eg løna avlidne husbonden nok for hans godvilje.» Grim og Helge sa ho trong ikkje bry seg um dei, dei hadde midel nok; men Droplaug sa Hallstein fekk henne ikkje paa andre vilkaar. Hallstein samtykte i alt, og so vart dei feste. Hallsteinssønene var mykje hjaa Ramnkel Toresson, ein namngjeten hovding som daa var paa sitt beste. Daa dei høyrde um festarmaalet aat far sin, vart dei sinna og for heim til Veavoll og skifte alt fe til helmings, og tok morsarven sin og for burt. Dei vilde ikkje eingong vera i brudlaupet, og Ramnkel Toresson og Helge Asbjørnsson kom ikkje heller. Dette tykte Droplaugssønene var fælt svivyrdeleg. Droplaug og Hallstein fekk ein son som vart kalla Bjørgulv etter morfar sin. Han vart ein dugande kar og tidleg vaksen.

Droplaugssøne for jamleg og vitja mor si, og kvar gong heftest dei lenge paa Bersestad hjaa Berse. Det var ein ting Berse og Helge var svært usamde um: Berse var ein stor blotmann og elska gudane sine. «Eg veit ingen ting eg likar so ille,» sa Helge, «som at du kann tru paa desse tingi som folk hev gjort med hendene sine, og som korkje kann gagna seg sjølv eller andre og er baade blinde og dauve og maallause. Eg vilde vera mykje lenger hjaa deg enn eg er, for i alle ting er du god imot oss, var det ikkje for dette.» Berse svara: «Du vilde vera den klokaste paa Island, av dei som no veks upp, um du kunde tru paa deira miskunn.» Helge sa: «Gjev eg aldri maa verta so uheppen at eg ventar meg noko godt av desse styggetingi som ikkje er til anna enn ilt.»

Droplaug og Hallstein budde saman i sju aar og forliktest vel; men etter den tidi hardna samfara deira, og det vart mykje uhugge. Dei hadde mykje fe saman, og Droplaug sende ofte bod til sønene sine at dei skulde koma og skifta millom dei; men dei let det drygja ei tid. So ein dag utpaa vinteren, kom det atter ein sendemann fraa Veavoll til Arneidsstad med bod fraa Droplaug at no maatte dei koma straks. Dei svara ikkje større paa det. Leid av nokre dagar kom det atter ein mann med same bodet. «Far heim,» sa Helge, «og seg at me kjem naar me synest det høver.»

So ein dag paa nyaaret vekte Helge Grim og bad han vera med. Dei klædde seg og tok ut. Vinteren var hard, og denne morgonen var det reint fælt. Snørøyken stod etter fjelli like til havs, og kaldt var det so det beit. Dei for fyrst ned gilet og paa isen; men det vart reint umogleg. Det snøa og bles og fauk, so dei saag ingen ting. «Her er mykje verre enn eg tenkte,» sa Helge, «me fær fara over heidi og fram med gardane.» Dei so gjorde; men veret snudde og vart heller verre. Dei gjekk lenge um dagen og vasa og visste ikkje kvar dei for. Ein stad maatte dei over eit svært gil. «Kva for eit gil er dette tru?» sa Grim. «Dette maa vera Ørevsgil millom Bersestad og Skrida,» sa Helge. «Det trur eg ikkje,» meinte Grim; «det er visst best me dreg oss nedover til bygdar; so vert me vel mottekne kvar me kjem.» Dei so gjorde; men det var like fælt aa koma fram, og daa dei kom i laaglendet, visste dei ikkje daameir kvar dei var. Dei gjekk so uppetter heradet, og kom til slutt til ein bergklove der det var noko lettare aa fara. Best det var, miste dei fotfestet og datt utover ein hengjeskavl. Det var blautt nok under, so dei naua inkje, men lo godt daa dei kom ned. Dei stakk broddstavane sine gjenom snøen og kjende at det var is under. Grim spurde um Helge kunde segja kvar dei var no. «Slett ikkje. Eg veit ikkje um annan is her enn Lagarfljot; her er ingen løk heller, det eg veit.» «Ikkje eg heller,» sa Grim. Dei gjekk so av isen og burt mot ein rant. Der saag dei det svortna i noko gjenom uveret. Det var eit sterkt gjerde, so høgt at Helge sovidt naadde uppaa det med handi. Dei gjekk umkring og fann at det var rundt. Det var eit led med ei sterk grind som var læst. Helge sa: «No veit du vel kvar me er komne?» «Ikkje meir enn fyrr,» sa Grim; «her hev eg aldri vore, det eg veit.» «Eg veit det,» sa Helge; «dette er hovet til Berse, fosterfar vaar.» «Lat oss skunda oss herifraa daa,» sa Grim. «Nei,» sa Helge, «no vil eg sjaa dei som er inne her.» So braut han laasen fraa grindi med sverdet, og gjekk sidan burt til hovet og braut upp der. Daa segjer Grim: «Ille gjer du no, frende, naar du bryt sund og øydeleg her. Det vil Berse, fosterfar din lika storille.» Helge svarar: «No vil eg vita korleis desse karane er aa koma til. Det er ikkje visst eg treng meir til dei ein annan gong, um dei ikkje kann hjelpa no.» So gjekk dei inn i hovet og saag at der var ljos fraa alle sidor og ingen skugge. Tjelda var det over alt. Gudar sat paa baae benker, og alt glodde av gull og sylv. Dei rengde med augo og baud ikkje dei som komne var. Frøy sat der samsætes med Tor. Helge stana fyre dei og sa: «Her sit de, herjans-sønene (3), og dei som dyrkar dykk synest visst de er sømelege hovdingar. Um de no vil at me brørne skal tru paa dykk som andre, so fær de staa upp og vera gjestmilde mot oss, av di no er det fælt ver ute. Gjer de no so, so skal me tru paa dykk som andre; men er de tverre, so talar me ikkje meir med dykk.» Men dei var store paa det og tagde. So gjekk Helge tvert over golvet, der sat Frigg og Frøya. Han sa det same til dei, og lova han skulde gjera vel mot dei, um dei gjorde vel mot han. Grim sa: «Gjer no so vel aa ikkje skifta fleire ord med desse illmenni. Lat oss fara burt.» «Ikkje skal eg gjera som andre, og springa over gjerdet der det er lægst,» sa Helge. So gjekk han paa Tor og rykte han or sætet og flengde klædi og stasen av han og hivde han i golvet, og like eins gjorde han med alle dei andre og. So bar han klædi og stasen burt i ei kraa og breidde over so det ikkje skulde taka skade. Grim sa: «Dette er lite karsstykke, for desse kann ikkje hemna seg. Og no vert du uven med Berse, fosterfar vaar. Eg kallar dette daarleg verk.» «Dette er det beste arbeid eg hev gjort,» sa Helge. «Dei hev villt vegen for meg i dag; for aldri hev eg fare vill fyrr.» So gjekk dei ut og let hovet standa ope. Dei kom til Veavoll seint um kvelden og vart vel mottekne. Men dei hadde vore der i mange dagar fyrr uveret gav seg. Droplaug tala lenge i einrom med sønene sine, og ingen fekk vita kva dei rødde um.

Nokre aar etter kom Helge fraa hausttinget og for um Veavoll. Droplaug sa daa til Hallstein at han skulde bjoda Helge aa vera der um vinteren. «Eg bryr meg ikkje stort um det,» sa Hallstein; «eg vil heller gjeva han nokre uksar eller hestar.» Men ho gav seg ikkje, og so baud han Helge aa vera der, og han tok imot (4). Hallstein hadde ein træl som heitte Torgils. Ein dag tala dei lenge i einrom Droplaug, Helge og Torgils træl. Ingen fekk høyra kva dei rødde um. Torgils træl hadde arbeidet sitt eit stykke fraa garden, i eit sauehus med løe som laag der. Ein dag kom han til Hallstein og sa at no maatte han vera med og sjaa til sauene og høyet. Daa dei kom dit, hogg Torgils Hallstein i hel med ei øks som Helge aatte. Helge kom med det same ned lidi, der han hadde set til hestane sine. Daa han saag Hallstein var vegen, sprang han til og drap trælen. Sidan gjekk han heim og fortalde mor si denne tilburden. Ei tid etter kom det ut millom folk at Droplaug og Helge hadde vore lenge i einrom med trælen fyrr Hallstein vart drepen, og dei vart skulda for aa hava lagt upp med trælen. Helge Asbjørnsson tok saki upp og stemnde Droplaug og Helge for svikraad mot Hallstein, og budde saki til Alltinget. Helge Droplaugsson hadde vondt for aa faa hjelp i denne saki, so han fekk ikkje andre med seg enn Torkel Geitisson og Ketil Tidrandesson. Daa Alltinget skulde byrja, tok Droplaug son sin, Bjørgulv, og den eigedom ho kunde faa med, og for til Færøyane og kjøpte seg gard der. Soleis er ho ute av soga. Sønene til Hallstein var utanlands paa denne tid, og difor førde Helge Asbjørnsson saki. Han hadde møtt svært mannsterk til tings. Det vart freista forlik; men enden vart at Helge Asbjørnsson fekk sjølvdøme. Han dømde at for drapet paa Hallstein skulde bøtast tolv hundrad i sylv og femtan kuverd, og Helge Droplaugsson skulde vera utanlands i tri aar. Fyrr han for, maatte han ikkje vera meir enn ei nott paa kvar stad; og for han ikkje, skulde han vera utlæg for Helge Asbjørnsson millom Smørvassheii og Lonsheii. Helge vilde ikkje fara utanlands. Daa slo Grim, bror hans, seg i lag med han, og dei var um vinteren i Krossavik, men for elles baade til gjestebods og tings som um Helge aldri var fredlaus.

Torgrim Skinnhuva budde paa Midbø i Nordfjorden. Kona hans heitte Rannveig og var skyld Droplaugssønene. Um vaaren paa Muleting bad ho Helge koma og skifta millom ho og Torgrim, av di ho vilde skilja seg fraa han, og Helge lova dette. Nokre aar fyrr hadde det høvt so at Helge Droplaugsson skulde segja upp lovi paa hausttinget paa Tinghovda. Midt i leksa kom han av det, og vart standande og hakka. Folk lo, og Helge Asbjørnsson mest. Helge Droplaugsson vart sinna og sa: «Du trur deg vel naar Ramnkel er med, Helge.» «Det kvittar meg eitt,» sa den andre; «kanskje me ein gong kann møtast slik at me ikkje skilst heile baae.» «Eg er ikkje redd trugsmaali dine,» sa Helge Droplaugsson; «av di eg hev tenkt aa leggje stein over hovudet ditt, um me møtest slik.»

Helge og Grim vart samde um at dei skulde fara og skifta millom Rannveig og Torgrim Skinnhuva med ein gong. Torkel Geitisson og ein som heitte Gunnstein fraa indre Krossavik og tvo tenestgutar vart med. Dei for aust over heii og kom til Torkel paa Torvestad. Dotter hans heitte Torve og vart kalla Liarsol. Ho var glad i Helge, og dei tala mykje saman denne gongen. Ho sa ho kjende paa seg at han kom ikkje att fraa denne ferdi, og ho gret saart daa ho fylgde dei til vegars. Helge sprette av seg eit fint belte med kniv og gav ho. Fraa Torvestad for dei til Straumi; og mannen der, Helge, vart med, so dei vart sju i alt. Paa Eivindaraa vart dei vel mottekne av Gro. Der la Helge att sverdet han hadde etter far sin. Det var ein huskar der som var flink til aa stella vaapn, og Helge bad han stella litt paa sverdet og tok eit anna i staden. Fraa Eivindaraa for dei til Nordfjorden og kom fyrst til ein Torstein som var gift med Tordis, syster til Rannveig. Der raaka dei Torkel Svarteskald, bror til Torarin fraa Straumsfjord, og ein mann med han. Der var dei um natti, og Helge og Torkel vart gode vener. «Kvar etlar du deg herifraa?» spurde Helge. «Ut til Nes til Bjarne; han selde lereft for meg i vinter. Eg vert der vel tri dagar,» sa Torkel. «Eg vilde gjerne hava selskap over fjellet,» sa Helge. Torkel svara han vilde og gjerne det. So for dei i lag til Midbø. og Torkel vidare til Nes. Helge banka paa døri i Midbø, og Rannveig kom ut. Helge sa: «Vil du no skiljast med Torgrim?» «Det vil eg gjerne,» sa ho. So nemnde ho seg vitne, og sa seg skild fraa Torgrim Skinnhuva. Ho tok alle klædi hans og kasta i landgrefti. Etter det for dei burt av di Helge vilde koma att seinare og skifta millom ho og Torgrim. Dei reiste til Fannardal, og kom dit til dugurds.

So snart dei var burte, reis Torgrim upp og tulla sengklædi um seg, av di alle klædi hans var utskjemde. Han sprang til Hov til Torarin Saagylta, som var kjempekar og ein klok kar. Torarin sa: «Kvi er du so tidleg, Torgrim, og so tuskeleg klædd?» Han svara at kona hans var teki fraa han — «og no vil eg beda deg um hjelp i denne saki.» «Fyrst vil eg gjeva deg klæde, for det treng du,» sa Torarin. Etter dugurden sa Torarin: «Eg vil raada deg til aa gaa til Helge Asbjørnsson og beda han hjelpa deg. Vrid han seg undan, so spør um han minnest dei ordi han lyste paa hausttinget paa Tinghovda. Vaknar han ikkje daa, lyt du erta han meir. Seg at Helge Droplaugsson vil fara over fjellet um tri dagar og at han hev sju mann med. Stell det so at du kjem seint til Mjovanes i kveld, for Helge sit seint og lokar sjølv dørene.» Torgrim reiste og kom same kvelden til Mjovanes. Helge sat uppe. Torgrim bar fram erendet sitt; men Helge svara inkje. Torgrim sa: «Du dreg deg undan naar det gjeld aa hjelpa tingmennene dine mot Helge Droplaugsson. Ein gong paa Tinghovda lyste du at du var ikkje redd aa møta han; men du hev vel gløymt det no?» Helge sa: «Er det du sjølv som hev funne paa dette?» «Torarin Saagylta raadde meg til det,» sa hin. Daa sa Helge: «Du Torgrim skal fara til Bjarne Kvite paa Myrar og beda han koma hit fyre middag i morgon. So skal du til Veavoll til Hallsteinssønene og beda dei koma hit um dei vil hemna far sin. So skal du til Ossur paa Aas og beda han hit, og han kann du og fylgja. Torgrim for, og alle dei bodsende kom. Hjaa Helge budde tvo austmenn, Sigurd Skarv og Aamund. Dei for, sekstan i saman, til Hovda. Helge bad Hjarand og Kaare vera med. «Eg hev lenge venta paa det,» sa Hjarand. No er dei attan mann, og fer so upp Eivindardal til Knutssel og set seg fyre Helge Droplaugsson. Paa Skagafell budde Igull. Han og son hans skulde njosna, og melda fraa naar Helge Droplaugsson kom.

No er aa fortelja at Torkel kom til Fannardal for aa fylgjast med Helge Droplaugsson, og dei var der um natti. Helge let ille i svevnen, so dei vekte han tri gonger um natti. Torkel spurde kva han drøymde; men han vilde ikkje segja det. Fyrr dei reiste, bad Helge um Torstein vilde sjaa etter Rannveig, og fylgja ho til Arneidsstad um det trongst. So for dei, ni saman, ut Fannardal og upp paa heii. Daa dei var komne uppaa, vilde Helge kvila og sette seg paa feiden sin. Han klo seg paa kinnet og hoka og sa: «Det kjem visst til aa klø verre innan kvelden. Hev du hug til aa høyra draumen min no, Torkel?» «No, som fyrr,» sa Torkel. «Eg tykte,» sa Helge, «at me for denne heii og var komne i Eivindardal til Kalvkvaal. Daa kom attan eller tjuge vargar mot oss, og ein var svært stor. Me vilde prøva aa koma upp paa haugen midt i dalen, men naadde ikkje fram. Vargane tok paa oss, og ein av dei klypte meg i kinnet, og i det vakna eg.» Torkel sa: «Her sit sikkert folk fyre deg. Det er nok Helge Asbjørnsson og hans folk. Dei fleste i heradet leidest no av ovmodet ditt. No vil eg bjoda deg aa vera med heim til meg ei tid.» «Eg vil fara den vegen eg hev tenkt meg,» sa Helge.

Uppe i Eivindardal budde ei kona som heitte Tordis, ho var gamal og baade ljot og svart. Helge hadde tenkt aa spyrja etter tidender der; men i det same tok ein av mennene hans og kasta ein snøball paa kinnet til Tordis. Ho vart sinna og sa: «Gjev ulvane tok dykk alle.» «Det er klent gjort aa slaa eit kvende,» sa Helge; «og styvingen er verst, naar han er heimanfraa.» Der fekk dei ingi tidend. Daa dei kom til Valagilsaa baud Torkel seg til aa fylgja til Eivindaraa; men Helge meinte det trongst ikkje. Likevel snudde Torkel daa han var komen litt upp i brekka, og skunda seg etter Helge. Helge tok ovvel imot han og sa han viste seg som fullgod ven.

Ved Kalvvadsøyane saag dei attan mann koma springande mot seg. Helge og hans menn prøvde aa naa haugen og verja seg der, men naadde ikkje fram, Daa snudde dei og sprang ned mot Øyrargilsaa. Paa elvekanten var ei lite høgd med ei snøfonn i dældi framanfor. Der vilde dei verja seg, og der stend no ein liten varde til minne um striden. Helge spurde Grim um han helst vilde skjota Helge Asbjørnsson uppe eller nede. Grim valde aa skjota han uppe. «Ikkje vil du daa feigdi av namnen min. For mot pili mi skulde ikkje skjolden berga han,» sa Helge. Dei skaut baae paa ein gong, og pili hans Grim gjekk gjenom skjolden, men saara ikkje. Pili til Helge gjekk ovanfraa gjenom kneet, etter leggen gjenom risti, so Helge Asbjørnsson vart ufør til strid. Bjørn Kvite sette seg og studde han, so ingen av dei slost den dagen. Ossur fraa Aas gjekk fraa og vilde ikkje stridast med Helge Droplaugsson. Tord Skarv, son til Igull, hadde lege i aai og njosna um dagen, so klædi hans var stivfrosne. Han sette upp skavlen mot Helge; men Helge skaut spjotet gjenom han, so han fall bakover. Spjotet hogg seg fast i skavlen og der vart han hangande. Helge Abjørnsson eggja maagane sine til aa gaa paa, og mest Hjarand. Hjarand og Kaare sette paa Helge Droplaugsson. Hallsteinssønene og ein til sette paa Grim. Dei tvo austmennene tok paa Torkel Svarteskald. Der fall Torkel; men fyrst drap han Aamund og saara Sigurd Skarv mykje. Etter Helge og Grim var Torkel beste karen i den flokken. Helge fraa Straumi saag at baade Hjarand og Kaare tok paa Helge Droplaugsson. Han sprang til og slost med Kaare. Der fall Kaare, men Helge Straumi vart mykje saara. Hjarand sette hardt paa og hogg til Helge Droplaugsson baade tidt og hardt. Helge hogg korkje færre eller smærre hogg, men sverdet hans beit ikkje. «Du maa taka i,» sa Helge, «vil du vinna ætterett for kona di. Ho er frilledotter aat Helge Asbjørnsson, veit du.» «Hald kjeften din,» sa Hjarand; «ho hev ætterett god som nokon.» Og so sette Hjarand so mykje hardare paa naar slike ord kom med. Skjolden til Helge var fælt sundhoggen, og han skyna han maatte finna paa noko. Daa synte han vaapnkunsten sin, Han kasta skjold og sverd i lufti, og tok sverdet i vinstre hand og hogg til Hjarand i laaret. Sverdet beit ikkje beinet, men svaadde det av heilt ned til kneet. I same stundi hogg Hjarand til Helge. Han tok mot med skjolden, men sverdet gleid av og burt i andletet og sneidde laus nederleppa. «Aldri var eg fager; men dette gjorde det ikkje betre,» sa Helge. Hjarand krabba ned under skavlen og sette seg. Hadde Helge havt sitt eige sverd, hadde nok ikkje Hjarand stade so lenge, segjer folk, endaa Hjarand var ei svær kjempa. Daa saag Helge at Grim, bror hans, var fallen, og ikring han laag dei daude, dei som hadde slegest med han. Helge tok sverdet til Grim og sa: «Her er den mann fallen som eg hugde best, og namnen min ventar vel ikkje at me skal skiljast med dette.» So stemnde han ned mot Helge Asbjørnsson, og alle dei som stod paa skavlen stokk undan han. Ossur fraa Aas stod i vegen hans, han hadde ikkje vore med i striden, veit me. «Der stend du Ossur,» sa Helge; «men deg treng eg vel ikkje vara meg for; for du helga vatnet for meg (5)» Dermed sprang han nedover. No maatte Ossur velja. Anten sjølv drepa Helge Droplaugsson, eller sjaa paa at Helge Asbjørnsson vart drepen. Daa tok Ossur den uraad at han la spjotet gjenom Helge Droplaugsson, daa han minst venta det. «No sveik du meg!» sa Helge, og la seg paa spjotet for aa naa han med sverdet. Ossur skuva fraa seg av all makt, og sette so spjotskaftet i marki og slepte det. Daa Helge saag han naadde ikkje, sa han: «Dette seinka meg, og det stod du deg visst paa.» Med det seig han ut i snøen, og soleis lykta livet aat Helge Droplaugsson. Fem mann var falne av fylgjet hans Helge Asbjørnsson, og alle dei andre var saara, so nær som Bjørn Kvite og Ossur. Av den andre flokken fall Helge og Grim og Torkel Svarteskald og felagen hans, og so ein austmann som hadde vore med Helge og Grim. Helge Asbjørnsson maatte stydjast daa han reid heim; men Hjarand greidde seg sjølv. Kaare vart boren paa skjold og hauglagd paa Hovda. Daa dei paa Hovda høyrde um striden, var det ein mann som spurde: «Kva gjorde so Helge Droplaugsson framum andre i dag?» Sigurd Skarv svara: «Hadde alle hans menn vore som han, hadde ingen av oss sloppe fraa det.»

Helge Magre fraa Straumi kom seg fram til Eivindaraa og sa Gro tidendi. Han var mykje saara. Ho bad Baard, son sin, taka hestar og henta Helge og Grim og dei andre. Dei for til valen og la Helge og Grim og Torkel i sleden. Dei jorda dei andre døde, og hjelpte dei saara til aa koma paa hesteryggen. Gro fylgde den sleden Grim laag i, og saag etter at dei for høgleg fram. Daa dei kom heim, let ho liki føra til eit utbur, og so sa ho: «No vil eg og Baard, son min, halda nattseta over dei daude, og de fær hjelpa dei saara so godt de kann.» Daa alle hadde sovna, for Gro over vatnet til Ekkjefjell til Alvgerd lækjar. Gro bad henne vera med, og fortalde kor til stod. Daa dei kom fram, saag Alvgerd at det stod til liv med Grim. Ho stelte saari hans og tok han med seg. Um morgonen let dei kasta upp haug sunnanfor garden paa Eivindaraa, og Baard og ein mann dei trudde kunde tegja med at Grim levde, haugla liki. Der vart Helge og Torkel høygde.

Baade Grim og Helge Asbjørnsson laag av saari sine vinteren over. Det kom snart ord ut um at Grim levde; sume sa det var sant, og sume sa det var lygn. Ordet var kome fraa Eivindaraa. Daa let Helge gjera seg lokaseng i Mjovanes. Grim for nord i Krossvik til Torkel so snart han var frisk att. Helge Asbjørnsson kjøpte garden Eid ut i heradet. Han tyktest vera tryggare der, med tingmennene sine rundt um seg; men lokaseng let han gjera seg der og. Kona hans spurde kvi han heller vilde bu der, som skogen stod innpaa so ein ikkje saag folk fyrr dei var like ved garden. Daa kvad Helge:

«I skog eig eg,
so snart det myrknar,
mang ein mann
som modig møter
ufredsmenn og nøgje njosnar.
Seint skal sverdsvingar
søkja meg.»

Grim budde i Krossvik i nokre aar. Aldri var han glad og aldri lo han, etter Helge var fallen. Ein gong Torkel maatte til Øyfjord og forlika nokre av tingsmennene sine, skulde Grim vera att og styra garden. Um nokre dagar gjorde Grim seg reiseferdig; han vilde av og krevja Torgrim Hjardarhaga i Jøkulsdal; «det er no sikkert at han ikkje vil betala,» sa han. Jorunn, kona hans Torkel og dotter av Einar fraa Tverraa, sa: «Eg skal betala denne skuldi, so kann du vera heime.» «Ikkje betalar han daa,» sa Grim. So reiste han i lag med fostbrørne sine, Glum og Torkel Trane. Dei hadde nista med. Dei gjekk til Rangaa vest for Lagarfljot. Der ifraa tok dei over elvi og kom til Bakka, aust for vatnet. Der gjekk dei inn i fjoset og tok med staur og reka. So gjekk dei til Oddmarslok, vest for Eidskog. Der gjorde dei seg eit jordhus til aa gøyma seg i um det trongst. Moldi kasta dei paa elvi. Med dei var der, reid folk heim fraa Lambenesting, og mange folk fylgde Helge Asbjørnsson heim til Eid. Ketilorm fraa Rollaugsstad med 30 mann var med. Maagane til Helge, Hjarand og Bjørn var der og. Same kvelden gjekk Grim og fostbrørne hans til Eid og smatt inn i fjoset. Fraa fjoset gjekk forskaali med gang inn i setehuset, so dei kunde høyra og sjaa kva som gjekk fyre seg inne. Um kvelden spurde Helge kona si: «Kvar vil du at Ketilorm og kona hans skal liggja?» «Eg hev laga god seng til dei ved sessen deira,» sa ho. «Nei,» sa Helge, «dei skal liggja i vaar seng, for dei rømer sengi si for oss, kvar gong me er der.» Ho svara: «Du er ikkje alltid varsam. Var eg Grim, vilde eg helst søkja deg naar du hadde mange gjester og mykje aa sjaa etter.» «Ofte hev eg fenge høyra at eg er altfor var,» sa Helge, og so laut han raada. Grim sa til Torkel: «Gaa inn og faa tak i det sverdet som bror min aatte.» Han gjekk og kom ut att med sverdet um ei stund. Grim sa: «Gaa inn att og sjaa elter kvar Helge ligg.» Um ei liti stund kom Torkel ut og sa at Helge laag i sengi som var etla Ketilorm; men paa andre sia av golvet laag Arnodd, ein blind, men ovende sterk kar. Grim sa: «No fær du Torkel gaa inn og drepa Helge. Du er pligtig aa hemna bror min.» «Det er sant,» sa Torkel. Grim gav han sverdet, og dei gjekk inn aat døri. Torkel sa: «Eg vil ikkje du skal tru eg er redd aa gaa inn; men du sa ein gong at du unnte ingen annan enn deg sjølv aa hemna bror din.» «Det kom av at det tyktest vera vonlaust aa hemna og koma fraa det med livet.» Daa vilde Torkel gaa inn; men Grim tok i han og sa: «God kar er du, Torkel; men eg er ikkje sikker paa du høgg Helge so djupe saar som eg vil, det er nok som eg sa, at eg unner ingen annan aa hemna Helge.» So tok Grim sverdet og sa: «Du Torkel skal halda i dør-ringen, eg veit du vert ikkje kvismen; og du Glum skal setja slogbranden for døri.» So tok han av seg, so han var berre i skjorta og underbuksa og utan sko. Han tok eit kjevle i handi daa han gjekk inn — han visste at vedladet stod ved døri ut til fjoset. Glum hadde um kvelden bunde saman halane paa kyrne. Grim gjekk upp paa sengegolvet og la kjevlet fraa seg, og so gjekk han burt til sengi og breidde klædi av Helge. Han vakna og sa: «Tok du paa meg Tordis, og kvifor er handi di so kald?» «Eg tok ikkje paa deg,» sa ho; «uvar er du, og eg fæler her stend noko fyre.» So sovna dei att. So gjekk Grim burtaat og tok handi aat Tordis vekk fraa Helge. «Vakna no Helge, utsvævd er du!» sa han og la til med sverdet, so det stod gjenom Helge. «Vakna karar! Ein mann drep meg!» ropa Helge. Daa tok Grim kjevlet han hadde med og kasta i vedladet, og sprang sjølv andre vegen. Mennene for dit larmen kom fraa. Grim stillte seg mot den døri han kom fraa. Daa greip Arnodd han og lyfte han upp og ropa: «Hit karar! her er ugjerningsmannen!» «Slepp, din tosk! eg vil hemna Helge,» sa Grim. Arnodd heldt han med ei hand og trivla han med den andre. Han kjende han hadde berre underklædi paa og slepte han, men sa: «Kven veit um eg ikkje no slepte den eg helst burde halda.» Grim sprang til døri og ut, og Torkel skaut loka og Glum slagbranden fyre og so sprang dei aat jordhola si og gøymde seg. Dei som var etter tok daa det raad at dei skulde setja vakt i skogane og ved alle bruer over Jøkulsaa so dei kunde faa tak i draapsmannen. Hjarand og Ketilorm og ein heil flokk tok ut paa leiting. Ut paa kvelden kom dei att utan aa hava funne noko. Helge livde endaa og spurde um Bjørn og Hjarand var komne. «Her er eg,» sa Bjørn Kvite; «men Hjarand er ikkje komen enno.» «Det er no som fyrr,» sa Helge, «Hjarand er den trugnaste.» So døydde Helge. Utpaa natti gjekk Grim og dei andre tvo ut av jordhuset og upp med vatnet til Hovda. Der stod eit telt som høyrde til ein Torlak som hadde baat og og sette folk over vatnet. Grim gjekk burt til teltet og ropa: «Det kunde gjerne koma tjuvar og stela baaten din!» Torlak laante dei baaten over vatnet. Grim rodde baaten attende aaleine og sumde sidan over. So for dei ut med vatnet og kom til Jøkulsaa. Grim sumde over, fyrst med Torkel og so med Glum. Dei kom til Krossavik fyrr Torkel var heimkomen. Folk spurde etter tidend; men dei fortalde inkje.

Dagen etter spela Grim sjakk med ein austmann. Ein av ungane til Torkel og Jorunn braaka og puffa spelet i koll. Austmannen puffa til guten so han frata. Daa lo Grim. Jorunn gjekk burt aat han og sa: «Kva kjem over deg Grim? at du lær? Det lyt du fortelja.» Daa kvad Grim:

«Hirddraugar lo
— lite løgje var det —
daa Grim laag saara
saart her sunnanfor.
Høyrt hev eg
— no tyt onnor læta —
i Fljotsdals fjølli
er hovdingen fallen.»

«No hev du visst hemnt Helge, bror din,» sa Jorunn. Daa kvad Grim:

«Hemnt hev eg
Helge-draapet.
Gjævt var det
gledast gjer eg.
(Ættesverdet øydde
han, eiterkvasst.)
No maa byrge Bjarne
byrja paa hemni.»

«No trongst husbonden heime,» sa Jorunn. «Me lyt koma i hug at Bjarne Kvite er næraste granne.» So løynde dei Grim til Torkel kom heim. Daa Torkel kom, gjekk han til Grim og fekk høyra heile tilburden. Grim kvad:

«Snarpt sverd
beit skjolden.
Hogg fraa Helge
høvde gramen,
so leggen laut han
mindre lita paa.

Helge vog og
Helge varde.
Tri laag der
laage og lavøyrde
daa Helge høve
fekk til hogga.
Visst vil verket
minnast lenge.

Ute ottefull
aatte dagar
— endaa læande,
logn — laag eg.
Vig vog eg.
Helge var det,
sverdet stod i
Asbjørnssonen.»

Torkel reid til Alltinget med sine menn, og Grim og hans felagar slo telt i Snøfjell, upp fraa Krossavik. Ramnkel Gode, syskinbarn til Helge Asbjørnsson, reiste sak mot Grim for draapet. Torkel Geitisson baud bøter for Grim; men Ramnkel vilde ikkje taka mot, og Grim vart lyst utlæg.

Utpaa sumaren kom eit norsk skip til Krossavik. Styresmannen og tri mann fekk lov til aa bu hjaa Torkel. Daa det hausta, flutte Grim teltet ned paa ein sete i fjellet. Der stod det millom store steinar der gras og mose møtest. Det heiter no Grimsbu. Paa leikstemna um hausten kom dei andre austmennene og vilde finna styresmannen. Daa sa ein av dei: «Eg tykkjest sjaa eit telt uppe i fjellet, eller ein graa stein; men helst trur eg det er telt » «Du er ein skarpsynt kar,» sa Torkel. «Det er ein stein, som me kallar Teltsteinen.» Natti etter kom Torkel upp til Grim og dei andre tvo. Han fortalde kva som var hendt og sa: «Det vert nok ikkje lenge fyrr her kjem folk paa leiting. No fær de helst fara heim til Arneidsstad. Ingjald, maagen din, er ein klok mann og greider nok løyna dykk. Vaagar han ikkje taka det paa seg, fær de koma hit att.» No for dei til Arneidsstad og heldt seg i ein heller som no kallast Grimshelleren. Ingjald sa til sauegjætaren sin: «Kjem det burt noko, so treng du ikkje gjeta um det.» Eitt av kvendi kom til Ingjald og sa: «Bekken vaar er so saurut no, at vatnet er mest udrikkande.» «Det kjem seg av at eg held paa reinskar han upp,» sa Ingjald. Sanningi var at Grim gjorde seg ein løyndgang og bar jordi fraa den ut i bekken. Gangen kom upp ved sengi til kona hans, og der laag han sidan kvar natt.

Torkel Spake var litt skyld Grim og budde i Njardvik. Han var ein nyfiken kar og snusa i alt. Ramnkel Gode gav han eit hundrad i sylv, for at han skulde snusa upp kvar Grim no heldt seg. Han tok mot, for han var ikkje mykje tru mot venene sine. Han for um heid og hamar, og kom so til Arneidsstad. Der raaka han son til Grim, ein seks aars gut. «Er ikkje du son hans Grim?» «Jau.» «Er far din heime?» «Ikkje veit eg det, og ikkje sa eg det, um eg so visste det,» sa guten. Um kvelden spurde eitt av kvendi: «Kvar er skaali hans Grim?» «Skaali hans Grim,» sa Torkel; «kva er det med den?» Ingjald sa: «Bukken vaar heitter Grim, og me gjev han støtt av same skaali.» Daa tyktest Torkel vita at Grim var der, og for til Ramnkel Gode og fortalde det. Um vaaren reiste Ingjald til Hornefjord til eit skip som laag der. Han gav styresmannen mange pengar for at han i løynd skulde føra Grim og kona hans og Torkel Tram og Glum til Norig. So henta han Grim og var hjaa dei, til dei var komne av landet. Sidan maatte Ingjald betala Ramnkel Gode tri merker sylv for di han hadde hjelpt Grim.

Skipet kom vel fram og inn i Sogn. Der sa styresmannen til Grim: «De kunde nok vera her; men eg hev ikkje makt til aa halda dykk mot Gunnar Tidrandesbane eller andre uvener » So kjøpte han dei hestar og skaffa dei fylgje til Upplandi. So skildest dei vener. Paa Upplandi kom dei til ein mann som heitte Finngeir. Han var ein ung og rik mann. Syster hans heitte Sigrid, og var baade ven og vitug. Der var dei fyrst ei natt. Um morgonen spurde Finngeir Grim: «Kvar etlar du deg av?» Grim fortalde korleis dei var stedde. Finngeir baud dei aa vera der ein halv maanad, og daa den var ute, sa han: «No kann de fara til garden etter bror min og vera der.» Det tok dei mot

Gaus heitte ein viking, ill aa eigast med. Han for med tri mann og gjorde stor skade. Det beit snautt jarn paa han. Han hadde vore paa Upplandi nokre aar, og hadde jaga tvo bønder burt faa gardane og sjølv teke dei. Denne Gaus fridde til Sigrid; men ho vilde ikkje hava han. Daa skora Gaus Finngeir til holmgang. Finngeir sa: «Det skulde eg ikkje vera traud til, hadde eg vore fire aar eldre. Men eg vil no likevel heller slaast med deg, enn aa gjeva deg syster mi.» Finngeir lyste ut at um nokon vilde slaast med Gaus og drepa han, skulde han faa Sigrid med stor heimanfylgja. Men ingen torde. Holmgangsdagen fylgde Grim Finngeir paa holm og baud seg daa til aa slaast for han. So kom Gaus og la fram seks merker sylv i løysingspengar (6). «Dei pengane skal eg taka,» sa Grim. Grim hogg like godt med baae hender, og hadde tvo sverd, av di Gaus kunde døyva eggi. Grim svinga sverdet med vinstre handi, men hogg med den høgre, og tok foten av Gaus ovanfor kneet. Gaus fall, men sveivde i det same sverdet burt i foten til Grim, so det vart eit svousaar. Vikingane flydde, og Grim tok sylvet og fekk mykje lovord. Finngeir gav Grim garden han hadde butt paa med lut og lunnar. Det kom verk i saaret hans Grim og foten trutna upp. Ein kveld kom ei kona, som sa ho var lækjar. Ho fekk lov aa binda um foten hans og kvarv sidan burt. Etterpaa vart foten mykje verre, so han vart truten heilt upp i hofti. Daa sende dei bod etter presten, og straks han hadde vore der, døydde Grim.

Um vaaren kjøpte Finngeir eit skip og gav Helga, kona hans Grim, og so for ho til Island alt med all si eiga. Dei landa i Reydafjord (7). Ingjald kom og tok mot dotteri, og ho budde sidan paa Arneidsstad. Ho gav halve skipet til Torkel Trane, og andre halva selde ho. Torkel Trane for utanlands og er ute av denne soga. Tordis, kona etter Helge Asbjørnsson, vart gift att med Hoskuld, son aat Torgeir Ljosvetningagode. Hoskuld fekk tak i Glum, fostbror hans Grim, og drap han. Etter Ingjald var død, budde Helga paa Arneidsstad med Torvald, son hennar og Grims. Torvald fekk ein son som heitte Ingjald, og han fekk ein son som heitte Torvald. Den Torvald sagde denne soga. Helge Droplaugsson fall aaret etter at presten Tangbrand kom til Island.

Her lyktar Fljotsdølasoga.


Notar:

1. Torbjørn vart kalla Korek.

2. Helge Asbjørnsson var gift med Tordis, syster til Bjarne

3. Herjans-sønene – Odins-sønene, men og Satans-sønene

4. Paa denne tid hadde Grim gift seg; men det segjer soga ikkje fraa um.

5. Maa vel tyda at Ossur var med daa Helge vart aust vatn over – ein slags heiden daap, altso.

6. Den som vart saara, skulde kunna løysa seg av striden for dette.

7. Kvalfjord.