Fyreord av Ivar Mortensson-Egnund

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Fyreord


ARNE GARBORG var det som størde meg til verke; tunge tak tok han sjølv og, med mange kvæde gjorde han fyrste arbeide. Ein ovstor godviljesmun hev Sophus Bugge lagt til. Berre skade at eg inkje fekk høve til å nytte rettleidingi hans i so fullt mål som det baudst. Moltke Moe hev gjevi mange gode rådir. Halvdan Koht og Magnus Olsen hev lånt meg fyrilesningar etter Bugge. R. Flo hev hjelpt meg med rettingi. Alle desse må eg takke. Den som gjorde fyrste freisnaden med å umskrive Edda-kvæde på nynorsk var Ingjald Kjennerud i 1885. Sidan hev Marius Hægstad umsett ymist. Til stor nytte for meg var desse arbeidi.

Folddalen i oktober 1905.


Ymse umvølingar hev eg gjort i denne nye utgåva, mest i merknadsvegen.

Eidsvoll i mars 1928.

IVAR MORTENSSON EGNUND.