Huldra i Ystaneset

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Huldra i Ystaneset

Johan Tufteland; 'Gamal tru og åtferd'
i Sunnhordland årbok 1967.


Dei fortalde at hulda som budde i Ystaneset ropte til dei då ho sat og mjølka på ei kvit ku som dei hadde der. Dei skjente først på henne: "Æ du no dar igjen og malkar på beistæ ditt svarte svin dar du æ!" Då kvakk ho med og reiste seg med linet på og ropte: "Kvite og rauge måtte vel liggja dauge, men blå og grå har bonden alt for få utå!"