Huldregildet i Stølsberget

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Huldregildet i Stølsberget

Vikebygs Sogeblad 1980.


Er ein oppe på Tveit-vassnuten natta til Haust-jamndøgn, i klårvær og måneskin, vil ein få sjå at Stølsberget, (på nordsida av Langårdsdals-vatnet) opnar seg ei tid om natta. Då kan ein sjå rett inn i sjølve Stølsberget, ein stor, flott, og fullt opplyst gildesal. Heile salen er av reint gull. Ein kan sjå at gullet glittrar og skin i lyset og speglar seg i Langårdsdals-vatnet. Ein kan høyra omen av huldreslottane1 som vert spela, og ståket av huldrene som kåte svingar seg i dansen.
   Utpå natta ei tid ser ein at Stølsberget lukkar seg att. Lyset fell heilt bort, det vert mørkt i berget. Gildet er slutt. Tydeleg kan ein høyra lydar av fotsteg om natta. Subbing over myrar og gjenom krattskog.
   Dette er huldrer som har vore på gildet i Stølsberget, og som nå skundar seg heimatt til "Berga" sine før sola renn om morgonen.


1) slott, egentlig slått, melodi som blir slått på strengeinstrument. Norsk folkemusikkstykke knytt til dans el. seremoni, framført på tradisjonelle instrument el. sunget.