Huldrekjedet

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Huldrekjedet

Johan Tufteland 'Soga og segner knytt til Stolmastova'
i Sunnhordland årbok 1965.


Tett ved Stolmastova stod Ingebrigtstova. Attved var det ein bergknaus som heitte Huldaskarvet. Dei høyrde stundom at hulda anka seg inne i berget, då skyna dei at ho var i barnsnaud.
   Ein dag gjekk kona i Stolmastova inn i eldhuset som stod sør for lngebrigtstova. Ho skulle koka løyping til beista. Då ho kom inn der, såg ho at det hang barne-reivar til turk i skjerdinga.
   Det måtte vera hulda sin vask, for dei hadde nyleg høyrt at ho anka seg, og konene i husa hadde ikkje reivabad'n. Det som hang i skjerdinga, var ein linde eller eit breidt seleband som hulda linda barnet sitt i, og det var vel heile utstyret hennar.
   Kona visste at det var gale å ta i huldakleda med hendene. Difor stakk ho ein bakstefløy inn under linden og lyfte han varsamt av skjerdinga, og så la ho han utfor eldhusveggen.
   Dagen etter var linden vekke. Då kona kom inn i eldhuset, hang det eit stort sølvkjede i skjerdinga. Det skulle vera løn for at ho ikkje hadde teke i huldaklæda med hendene.
   Kjedet var så stort at dei seinare delte det i tre delar, og det fylgde tre familiar på Våge. Men det vart berre ulukke med desse kjeda. Ei kone som åtte det eine huldakjedet, drukna sør for Våge då ho var i veg og skylde klede i ei tjørn nede med sjøen.
   Det vert og fortalt at kjedet skulle vera funne på eit folketomt skip som kom rekande inn frå havet. Dei berre sa at dei hadde fått det av hulda for å lura raka-futen.