Huldrekyr i Årbømarka

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Huldrekyr i Årbømarka
Sagn fra Fitjar i Sunnhordland

Dette sagnet ble fortalt i 1950 av Gurine Hovstad, f. 1873.
Nedskriven av Arne R. Tislavoll, Fitjar 1998.


Årbømarka strekkjer seg frå bøgarden og opp mot fjellbeite. Her var det ei hulder som stal kyr år om anna. Då vart beisto borte uten at det fanst spor etter dei.
   Ola Arbø f. 1804 var ein gong oppe i marka og såg etter beisto sine. Då såg han nokre velfødde fine beist som var grå i leten. Han skjøna med ein gong at det var huldrakyr. Han visste at dersom han greidde å kasta stål over ei ku, kunne det bli ei god ku på båsen. Han kom så nær kua at han skulle til å kasta øksa si over henne. Men til all ulukke, så stupna han med det same han skulle til å kasta. Og då han reiste seg att, var beisto borte, som sokken i jorda. Så det vart inga huldraku på båsen hos Ola.