I vesterveg - Shetland

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif
Hans Reynolds: I vesterveg, 1912.


I vesterveg

Shetland

av Hans Reynolds

L. E. Tvedtes Forlag
Oslo
1912





"Me er nordmenn her i Hjaltland."
(Shetlendingen John Nicolson).


So bar det nordetter aa nyo til det gamle Hjaltland. Det er ikkje svært langt ifraa Kirkwall til Lerwick; me gjekk ifraa Orknøyarne ved middagstid og var framme same kvelden.

Mange her heime trur kan henda, at alt norskt fraa longe framfarne dagar no er døydd ut paa Shetland. Men det er ikkje so. Det er mykje att der au, baade i folkenamn og stadnamn, maal, sinnelag og seder, som minner um nordmennerne. Eg var reint undrig yver dette, daa eg vitja øyarne, og eg vart ikkje vonsviken paa nokor vis.


Paa Hetland sprang Engellands Enhornshest,
da Norløven sov som bedst,
og Skotlands Tistil trives
paa Ørknøes Klint dernæst.
Bort svømmede Man,
den gyldne And;
og Suderø dukkede ned.
At Tidernes Hav
er Storhedens Grav,
det plyndrede Norge ved".
Henrik Wergeland.


Hjaltland - det gamle namnet paa denne øyekrinselen - ligg ei dagsferd vest for Bergen. Det er mange øyar, heile 117, og 29 av deim bur det folk paa, umkring 30 000 menneskje. Landet er skoglaust, og det høgste fjellet, Ronas Hill, er paa lag 1500 fot. Den shetlandske uttala er Røness, i gamall tid Rauðnes. Shetlendingarne er herdige og velrøynde sjøfolk, og mange av deim hev andsvarsfulle postar jamvel av høgste grad paa oceanbaatarne. Det norske sermerket er meir synberrt her enn paa Orknøyarne. Forf. Robert Cowie segjer, at dei shetlandske orlogsgastar er ein flokk av menn, som kva land det so er vilde vera stolt av.

Livet paa desse vérharde øyarne minner mykje um færøyske tilstand. Ein britisk forf. skriv um Foula (Fugløy) og fortel, at ein mann, som budde knapt 3 norske mil undan, bruka aa ha brevbyte samstundes med Foula og Kina. Mannen fekk ofta snarare svar fraa den siste staden end den fyrste. Dette hende i 1870-80 aari. Paa Vesterøy (Orknøyarne) var 100 personar fraa øyarne i kring um med og tura bryllaup. Dei maatte vera der i 6-7 vikor; dei saag sine eigne hus kvar dag, men vaaga ikkje fara heim for vind og sjø.

Foula er ei øy, som ligg 3 mil fraa dei andre, og folk der hev lote liva meir aaleine enn andre hjaltlendingar. Ein skotsk ferdamann var der nyleg aa skreiv um ymist, som han tykte var uvanlegt. Dei gamle fiskarane hev sine eigne truer, skriv han. Naar ein fiskar skal paa sjøen, og han møter eit kvinnfolk, som talar til honom, so snur han beint heimatt; han vil ikkje ro ut i ulukka! Kvinnfolki veit vel um denne trui, so dei held tett, naar dei møtar fiskaren i sjøvegen.

Ein skotte sa umkr. 1770, etterat han hadde vore paa Shetland og Orknøyarne: "Shetlendingen er fiskar og hev eit lite stykke land, Orknøybuen er jordbrukar og hev ein liten baat".

Svenskar (baahusleningar), tyskarar og hollendingar driv mykje med sildefiske ved Shetland. Det ligg alltid norske fiskarar der burte og, men ikkje so mange, som det burde vera, etter det ein norsk fagmann skreiv for nokre aar sidan. Ordi hans gjeld visst enno. Den tid, eg var der, var shetlendingarne med i fisket med 6-7 dampbaatar og 293 siglarar. Umkr. aar 1650 laag det ikkje mindre enn 2200 hollandske farty og fiska der; i 1908 var det 6- 700 av deim.

Ein forf. i 1860-70 aari kallar hjaltlendingarne eit sterkt, djervt og dugande manneslag". I eit amerikanskt blad stod det nyst eit stykke um Hjaltland med tittelen "Vikingheimen". Der heiter det m. a.: Øyarne er vaagskorne, og der er mang ei logn vik, um sjøen er grov utanfor. Der bid ikkje tre, men so er det so fullt av villblomstrar. Folket paa Hjaltland no er det overlag gildt aa sjaa. Det er tvo byar der, Lerwick og Scalloway, og der er folk stolte av si norrøne ætt, som dei segjer. Men det er bygdefolket, som er dei rette vikingsønerne, av ublanda norskt blod, um dei ikkje talar um det. Dei hev i lange tider vore trælka under skotske jordherrar, og livd i fatigdom, men dei er staute folk, og er mykje onnorleis aa sjaa til enn skottarne. Dei er ikkje slike teologar som dei skotske bønderne. Hjaltlendingen er glad i spel og dans. Han tenkjer skarpt og hev djupe kjenslor, og sturer stundom. Han er ikkje so storvaksen, men er sterk og godt bygd. Han er folkeleg og blid, noko dulram og bljug, men er urædd i faaren.

Dei fleste er leiglendingar paa eit stykke mager mark. Og der er ei mengd med hyttor, som ikkje ser ut so, at folk kan bu der. Elles liver han mykje av sjøen; mannen fiskar, medan kona og borni stellar plassen. Ho skjer torv, og ber heim paa ryggen, og kvar ho gjeng, hev ho ein bunding millom fingrarne. Den, som hev ferdast der, gløymer seint "Vikingheimen".

Ute etter torv, Shetland.

Ein norsk sjømann, som nyst var i Olnafirth, segjer, at shetlendingarne er gjestmilde og gilde folk. I sume av husi deira var eldstaden midt paa golvet, som var stein lagd. Dei driv mykje med heimearbeid, og dei sel ei mengd med ullvaror til England. Eg saag eit kvitt ullsjal i ei bud i Lerwick. Det vog berre tvo unsor (62 1/2 gramm) og kjendest paa handi umlag som ei fjør. Prisen var 360 krunor! Shetlandssauen hev mjuk ull, og dei hev bunde sokkar der burte, som kunde gaa igjenom fingerringen aat ei dame. Dei riv (ruar) ulli av sauerne her som paa Færøyarne, av di ho næste gong vil verta finare, enn um dei bruka saksi.

Shetlandshestar.

Den vesle Shetlandshesten er det rimelegt, at ein framand bisnar paa. Han er mindre enn baade Islandshesten og Færøyhesten. Det er ikkje noko tvilsmaal um det, at han er so liten, av di han vart flutt til desse vérharde øyarne og fekk snaud, klen føda gjenom ættarled. Dei er lette aa temja, er sers hardbare, kloke, sterke og støde paa foten. For 50 aar sidan kunde ein kjøpa ein hest der burte for 36 krunor og ei merr for mindre. Seinare vart prisen 90-360 krunor og er visst endaa høgre notildags. Sume av desse hestarne er ikkje større enn ein Newfoundlandshund. Eg saag ikkje, dei vart bruka som ridehest. Men ein amerikansk ferdamann fortel, at ein dag saag han ein slik ørliten "fjording", som dilta av garde med eigaren sin, ein høg, grovlagd øybue, og føterne hans var berre nokre faae turnar fraa bakken. Amerikanaren hadde aldri set so liten hest bera so stor ridar.

Hev det vore ille, og er det enno gale paa Orknøyarne med jordspursmaalet, so er det ikkje mindre gale paa Shetland. Den "vonde jarl Patrick" (Stuart), som herja paa øyarne kring aar 1600, tok med vald eigedomsretten fraa odelsmennerne og gjorde mest alle sjølv eigarer til leiglendingar. Det er berre 141 bønder paa Shetland, som eig jordi, men 3442 leiglendingar. Eigarane er knapt 4 procent av alle. Endaa er det verre sume andre stader. I Caithness i Nordskottland er det berre 1.14 pct. av gardbrukarane, som eig jordi. Paa Shetland er eit bruk, innmark og utmark, jamt rekna 65 maal. Det er berre ei bygd i Stor-Britannia, som hev smærre bruk.

Moseyjarborg.

Det største forhistoriske minnesmerke paa Shetland er eit keltisk forsvars-taarn paa ei øy sud for Lerwick. Øyi heiter Mousa, og nordmennerne kalla taarnet for Moseyjarborg. Dei trur, det er bygt i den eldste jarnalderen. Eit korters gange utanfor byen er det eit av same slaget, men meir til nedfalls. Det er trulegt, at nordmennerne hev bruka desse taarni, etter at dei hadde busett seg der burte. Det finst 75 slike rundtaarn paa Shetland, 70 paa Orknøyarne, 79 paa Caithness (Katanes, Nordskottland), 60 i Sutherland (Nordskotti) og 68 paa Hebridarne - i alt 352. Av dei fleste er det no berre grunnplanen att. Ein kan knapt raaka paa noko meir forvitnelegt enn desse minni. Ein vitskapsmann segjer um dei eldste byggverki paa dei skotske øyarne - og det høver ogso paa Moseyjarborg - at dei er sett upp av eit dugande og byggjekunnigt folk. Dei verk, dei hev etter seg, ser me paa i vaar tid med undring. Dei ber vitne um høg intelligens, framifraa arbeidsmagt og god samskiping. Taarnet paa Mosøy er det mest heilslege av sovoren bygningskunst, og det ligg paa ein knaus nær havstrandi. Det er bygt av stein, som bregder paa hellestein, og er laga ihop utan hjelp av kalk elder cement av noko slag. Nedantil hev det eit rundmaal paa 158 fot, og det er nærom 40 fot høgt. Bygt umlag paa same vis som ein apotekarmortel vert det grannare etter kvart. Men burtimot toppen, millom 30 og 40 fot i høgdi, aukar det i vidd att, og hindrar soleis ein fiende fraa aa stiga upp paa det. Det einaste op utanfraa er ein liten inngang paa den sida, som ligg nærast sjøen, men dei trur, at dei bygde honom att, naar noko stod paa.

Naar me kjem inn i dørgapet, ser me, at bygnaden hev ein dubbel vollmur, kvar mur er fem fot tjukk, og dei stend fem fot fraa ein annan. Millom murarne gjeng det ei vindetropp. Paa vegen upp til toppen av bygnaden hev denne troppi paa ymse stader samband med smaa kover elder kammers i den inste muren. Ljoset kjem fraa hol, som snur mot det indre av taarnet. Koverne er bygde yver kvarandre, soleis at taket i den underste er golv for den, som ovanfor ligg. Taarnet ser ikkje ut til aa ha havt noko slag tak. Moseyjarborg er sers forvitneleg for nordmenn ved det, at ho tvo gonger hev vore eit live for norske vikingar. Den første var Bjørn Brynjulfsson, viking og kjøpmann, fraa Fjordarne, som livde paa Harald haarfagre si tid. Han førde bruri si, Tora Roaldsdotter, til denne audslege borgi, av di han ikkje vaaga gifta seg med henne i Norig. Far hennar var imot det.

Heile ladningi aat skipet vart au teki i land og førd inn i taarnet. Her heldt han so bryllaup og budde seg paa aa halda ut ei um lægring av jarlarne i kring um, som kongen hadde øst upp imot honom. Men dei kom ikkje, og vaaren etter for han til Island.

Midt i det 12te hundradaaret førde Orknøy hovdingen Erlend Unge kjærasten sin Margareta dit og heldt ut ei umlægring av son hennar, Orknøyjarlen Harald Maddadhson. Harald vart undermann til slutt og gjorde fred med styvfar sin.

Gamall bonde paa Shetland.

Naar det gjeld maalet paa Shetland, so finst det mykje meir att av norsk der enn paa Orknøyarne. Ein shetlending fortalde meg, at far hans kunde minnest fleire, som tala norsk. Kring 1700 var (etter skottske kjeldor) norsk so mykje nytta, serleg paa dei nørdste øyarne, at det var det fyrste maalet, borni lærde. Og norske visor (norn viseks) bruka dei til ringdansen sin, som var likeins som den færøyske folkevisedansen, ser det ut til. Den største hugnad, dei gamle "udallers" (sjølveigarar) paa Shetland hadde, var aa sitja i godt lag og syngja folkevisor. Jol ("jöl", dei kallar) byrja med, at dei i dagspretten tok fela og spela ein utgamall norsk tone: "The Day-Dawn", d. v. s.: Dagning. Denne tonen var dei svært glade i.

Millom dansarne deira er ogso nemnd "sverddansen". Mennerne trødde daa leiken med drege sverd og gjorde turar og slengar. Paa Papastour (Papøy store) ser ein den siste skuggen av sverddansen enno, segjer Worsaae i 1851. Paa aarsfesten i Viking Club i London iaar skulde nokre lagsmenn i "English Folk-Dance Society" ganga gamle engelske bondedansar, heitte det. Folk skulde og faa sjaa ein dans, som likjest noko sverddansen paa Shetland. Men paa næste aarsfest (1913) i Viking Club er det tanken aa faa syna fram den rette shetlandske sverddansen. Det er ein, som skal fara til Shetland og røkja etter, um det finst nokon der, som hev set dansen og kan segja, korleis han var. Dei veit, at folk dansa han so seint som i 1859. Viking Club hev gjeve ut ei liti bok med utgreiding um denne dansen og ordi, dei kvad til han. I boki er det dessutan fire shetlandske folketonar.

Ein gamall bonde fraa Guttorm paa Foula sa fram eit kvæde i 1774 paa "norn" (norrønt maal) for ein vitskapsmann, George Low, og denne granskaren skreiv upp kvædet - Hildinakvadet. Low kallar det "Jarlen av Orknøy og dotter til kongen av Norig: ei riddarvisa". Det er tydd av professor Hægstad, som hev gjeve ut ei skrift um det. Fyrste verset luar so:


Da vara larlin o Orkneyar,
for frinda sin spirde ro,
whirdi an skilde meun
or vannaro eidnar fuo
Or glasburyon burtaga.


Kvadet byrjar, skriv Hægstad, med aa fortelja, at jarlen av Orknøyarne spurde sin ven elder frende til raads, um han skulde løysa møyi ut or vanden hennar og taka henne or glasborgi.

Dei tala norsk paa den vesle øyi Foula[1] lenge etter at det var gløymd andre stader, og enno brukar bygdefolket paa Shetland ei mengd med norske ord i talemaalet sitt. Dei reknar 10 000 norske ord i Shetlands-dialekten; men berre 5000 er i aalgjengt bruk. Shetland-norn som sjølvstendugt maal kom burt um bil 1750. I det fadervaaret fraa Foula, som etter kjem, hev serskilde engelske ord trengd undan dei norske: gainst, tempa, but, delivra, puri, glori (ɔ: mot, freista, men, frels, magti, æra).


Fadervaar
fraa Foula, Shetland, 1774:
Fy vor or er i Chimeri. / Halaght vara nam dit.
La Konungdum din cumma. / La vill din vera guerde
i vrildin sindaeri chimeri. / Gav vus dagh u dagloght brau.
Forgive sindor wara / sin vi forgiva gem ao sinda gainst wus.
Lia wus ike´o vera tempa, / but delivra wus fro adlu idlu.
For do i ir Kongungdum, u puri, u glori, Amen.


Barneremsa fraa Unst:
Buyn vil ikka tia,
tak leigen,
slogan veggin,
buyn vil ikka tia.
(Baanet vil ikkje tagga,
tak det i leggen,
slaa det i veggen,
naar ikkje baanet vil tagga)


I ei færøysk remsa "Rura, rura barnið" heiter det:
vil ikki barnið tiga,
so tak um legg
og slá i vegg
so skal barnið tiga.
"Goadik" (gaata) fraa Unst:
Føre honge, føre gonge,
føre stad epo skø,
twa vistre vegebi,
and en comes atte drilandi.
Løysing : kui.
Fire heng (juret),
fire gjeng (beini),
fire tend upp mot sky (horn og øyror),
tvo syner vegen til byen (augo),
og ein kjem dinglande
baketter (rova).


Maal fraa Foula (fraa fyrste halvparten av fyrre hundradaaret) :
Kwarna farna? Kvar skal du av?
Sponna ligere glegan. Gl. norsk: Spónninn liggr i glygginu(m); sponen (skeidi) ligg i
glaset.
Mader to de bjadni, mat til barnet.


Fraa Unst:
Ø'll i rigen. Ilt i hrygginum ; illt i ryggen.
Fo me a dek. Få mér (ein) drykk ; gjev meg noko aa drikka (ein drykk).
Skondi (skond dee), pjagi. Skunda deg, din druntar (pusling); færøysk: pjak.


Sør-Shetland og andre stader:
Oba dona (opna døri!)
to geng hosamila (ganga husa-millom, med slarv).


Paa Foula mintest dei enno - umkr. 1895 den gamle helsingi: Goden dag (ogso: Dogen dag), med atthelsingi: Goden (dogen) dag til dora, goddag til Dykk.

Shetlandsk bondegaard.

Dei fortel um folket i Cunningsburg, Sud-Shetland, at dei ikkje var vidare gjestmilde. Sosnart som dagen kom, vakte dei ferdamannen med desse ord: "Myrk in e liora, luce in e liunga, tina in e guest in e geungna." (Det er myrkt i ljoren, men det er ljost i lyngi, og det er paa tid for gjesten aa ganga). Paa Vell, Nord-Shetland, hev dei gøymd same talemaaten i denne form : "Merka lora, lestra lin ga, tamra gestra gongera".

Berggylta heiter paa shetlandsk vanleg de bergolti, bergiltek el. bærgel(t). Ordet fram brukar dei nord paa øyarne tildømes um: fram elder framme i forstemnen av baaten. Dessutan kallar dei fiskegrunnar, som er langt undan: fram haf, tollen elder keipepinnen: de keb (gl. norsk keipr) og hamlebandi: de homlibands (gl.n. homluband).

I Weisdale, paa Mainland, finn me dette ordtøket: "Goit a taka gamla mana" ro ɔ: paa gl. norsk: gott at taka gamla manna ráð); det er godt aa taka imot raad av gamle menner. Fraa nordre luten av Unst hev me stubbar av ei sjøvisa, og i den tek dei uppatt ordi : sagde kále gambli el. gam(b)la (ɔ: sagði kallinn gamli).

Færøyingen, dr. Jakob Jakobsen, hev granska det norrøne maal paa Shetland og gjeve ut fleire skriftir um det - nytta til denne boki. Han segjer um dei stubbar paa "norn", som er prenta av her, ordtak, gaator o. dl., at dei er prøvor paa eit ille medfare maal i sitt siste livstak. Etterdi "norn" døydde ut, segjer han, og aldri hadde vore granska av fagmenn, er dei prøvor paa det, me til no hev, reint faae. Det er serleg det sudvestlege Norig (Agder), som er heimstaden for dei ord, shetlandsk hev ihop med norsk. Professor S. Bugge fekk sjaa ei lista yver shetlandske ord, og han meinte, at dei liktest mest paa maalet i Lister og Mandals amt.

Etter 1897 hev dei ikkje lov til aa bruka gamal-shetlandske ord og talemaatar i skularne der burte, og venteleg vert shetlands-maalet snart gjord so godt som engelsk. Dei ord, som hev halde seg lengst ved lag er (liksom paa Orknøyarne) deim, som tyder t. d. reidskap og innbu og helst dei ting, som heng ihop med dagsens liv og arbeid. At ei mengd med gamle ord og ordlag, som vedkjem ver og vind og sjø, hev vorte gøymd, er sjølvsagt, naar det gjeld eit folk, som er so mykje eit fiskar-folk som det shetlandske. Den siste mann paa Unst, som dei sa kunde tala "norn", var Walther Sutherland fraa Skaw (Skagi). Han døydde umkr. 1850. Men det heiter, at dei tala det lenger paa Foula. Dr. Jakobsen nemner dette og segjer, at det venteleg stod smaatt til med det maalet, men han legg til, at enno i 1894 var det folk paa Foula, som kunde taka upp att setningar paa "norn" (han fekk sjølv tak til aa høyra det). I boki hans "Det norrøne Sprog paa Shetland" stend det ogso eit lite vers fraa Unst fraa det 18de hundradaaret, halvt paa norn og halvt paa "laag-skotsk", dei kallar. Dette verset syner, korleis maalføret var paa den tid. Ein gut fraa Shetland hev vore i Skottland (Katanes) og er komen heim att med ein grand kjennskap til skotsk. Dei gamle er svært stolte av dette, og verset er lagd i munnen paa far elder mor hans:


De vare gue ti, when sone min guid[2] to Kadanes:
han kan ca rossa
han ca big
han ca eld
han ca klovan´di


"Det var i ei god stund (tid), at (daa) son min gjekk til Katanes: Han kan kalla merr (rossa) mare, bygg bere, eld fire, eldtong (klove) laings..."


Desse kvardagslege skotske ord hev soleis enno ikkje vore i bruk paa Shetland paa den tid (i alle fall ikkje paa Unst).

Eit shetlandsk blad fortel etter ei gamall preste-dagbok: I 1720 song dei paa St. Olafs kyrkjegard, nordre Vell, eit vers paa "norn", naar liket var lagd i gravi. Verset lua so:


Yurden du art
fur af yurden du vis skav'd
Oktoa yurden du ven doed.
Op fra yurden Skal Du Opstaa
Naar Herren laar syne bastuan blaa.


Dette er skrive soleis, som presten høyrde eit maal, han lite skyna, og med engelsk stavemaate. Elles ser det ut som det er noko uppblanda med engelsk (bastuan blaa - basunar blaasa?) Og det ser meir ut til aa vera avlagd dansk enn rett norsk.

Minnet um St. Olav hev dei ogso havt travelt med paa Shetland. Nær Girlsta (Geirhildarstaðir) paa Mainland stod det eingong ei kyrkja, som var vigd til St. Olav. Nær Kirkwall paa Bressay er det og attrstødor av ei St. Olavs-kyrkja. So langt fram som i det 18de hundradaaret, skriv ein britisk forf., var det vanleg aa høyra shetlendingarne skryte av, at dei hadde fenge logerne sine av "St. Olla".

I ei ordbok yver bygdemaali paa Shetland og Orknøyarne (gjevi ut i 1866), er det - av 3-4000 ord - paa lag 2000 norrøne, og det er soleis fleire tusen norrøne ord, som forf. ikkje hev fenge med.

No ivaar var, hadde dei ein fest paa Bressay ved Lerwick, og der spela dei ei komedi paa egta Hjaltlands-maal.

Ein gard ved Collanfirth.

Fyrst etter 1600 kann kjennskapet til engelsk ha vorte aalment paa øyarne, for i 1593 gjorde presten paa Unst - Magnus "Norsk", dei kalla - ei ferd til Norig for aa læra det maalet, dei tala der, av di kyrkjelyden hans ikkje skyna anna maal enn "Norse" (norsk). Dei segjer, at han fekk tilnamnet sitt etter denne ferdi.

Men folket byrja smaatt um senn aa halda det for fint aa taka ved skotske ord og talemaatar, og dei blygdest for aa bruka dei gamle heimlege ord. Dei gjekk tilslut so langt med det, at det aa tala det reine, heimlege maal i mange augo var merke paa vanheil daning. Ein kan orsaka dei med det, at daa dei vart skilde fraa Norig, var det ikkje lett aa staa imot den stendige paaverknad av skotsk. Og visseleg var det fyrst etter motstand, fylgd etter av ei dovningstid, at det skotske maal tok til aa eta um seg.


Prøvor paa shetlandsk, fraa Foula 1774
bygg-braud = boga coust[3]
torsk = gronge, grodningar (islandsk grunnungr; fisk, som søkjer grunnarne.)
berg = berg, berrie
baat = bodin, knorin (gamalnorsk knorr)
sjø = sheug
fisk = fisk
kolja, hysa = hoissan
langa (longa) = longo
sild = sildin
segl = seiglé
mast = mostin
sko = scugin[4]
maake = whitfuglin
ørn = ednin
skeid, spon = sponin
sleiv, ausa = heosa
hest = hessin
merr, rossa = russa[5]
ku = kurin
sau = sedvite.sokk = sokin


Ordi: boga kost, fisk, bærg og bærri, sko gin, sponin og ros(s)a minnest dei enno paa Foula.

Den islandske helsingi: "Guð veri med thjér" er nett den same som den shetlandske: "Göd bi vi di', og det shetlandske: "Blessings bi wi di" er det same som det islandske: "Verið thjér blessið". Desse helsingar er mesta umsette etter bokstaven.

Ein Lerwickbue gav seg ikkje, fyrr han fekk takk i Ivar Aasen si ordbok. Ho var ikkje aa faa i Oslo, men so fekk han henne tilslutt gjenom ein bokhandlar i Oxford. Og han segjer i eit brev til forf.:


"Det er ei bok, som er sers forvitneleg aa ha for ein shetlending. Eg ser soleis, at det finst høve, der me hev halde ved lag det norske maalfelle i dialekten vaar fullt ut. Til dømes: me segjer um ein person, som gjeng ikring med eit par retteleg gamle, utslitne sko, at "he 's gjáin upá his tá-klivs". Hald ihop med det norske: "Han gjeng'e paa taklauaa." Eg kunde gjeva Dykk andre døme fraa Aasen, der vaart maalføre ligg sers nær det norske. Eg trur, at det "norn", dei tala paa Shetland, just fyrr det døydde ut, var meir likt det norske maal paa den tid enn det islandske." Same shetlendingen hev lese landsmaal ei tid og skriv : "Eg ser, at ord, som me kjenner paa Shetland notildags, praktisk tala er tapt i Norig. Ta dei gamle ord i bruk att, og folk vil læra deim."


Lerwick-bladet "The Shetland News" skriv millom anna um landsmaalet:


"Ikkje alle (paa Shetland) hev greida paa, at det norske bokmaal - dansk-norsk, er langt onnorleis enn maalet til storparten av nordmennerne. Det skrivne maalet hev t. d. tvo kyn i namnord; talemaalet hev tri, o.s.b. o.s.b.; og fedralandskjære nordmenn ynskjer aa faa talemaalet godkjend til landsens maal, som det i sanning er - og faa det til bokmaalet for framtidi. For ein, som berre kann dansk-norsk, vil "landsmaalet" synast vanskeleg med det same; men sér ein nærare etter, finn ein, at maalet er rikt paa ord med greid meining; der er mange gamle ordformer og gamle ord - ord, som me hev i vaare gardsnamn og i vaart maalføre. For sant aa segja er det norske bygdemaalet nokolunde det same som det gamle norrønmaal paa Hjaltland fyrr, - meir likt en dansk norsk; og soleis vert landsmaalet forvitnelegt for hjaltlendingar."


Ein shetlending kom og fortalde meg, at Jonas Lie just var avliden. Denne shetlendingen hadde ikkje so lite kjennskap til bokheimen vaar, og han var huga paa aa faa sjaa Norig, "det gamle morland", som han kallar det i eit brev.

Den skotske forf. Low segjer i 1774 um hjaltlendingarne: "Dei fleste av sogorne deira hev samband med Norigs-soga; det ser ut for det, at dei berre kjenner resten av Europa paa namn. Men alt, som kjem Norig ved, kan dei paa fingrarne."

Dr. Jakobsen skriv:

"Skjønt Shetlandsøerne nu i mere end 400 aar har været en skotsk provins, er almuens følelse av det gamle slægtskab med de nordiske folk endnu meget levende, og gjennemsnits-shetlænderen har endnu den dag idag meget stærkt udprægede nordiske sympatier og skotske antipatier. En nordbo blir paa Shetland altid modtagen som en ven og frænde, en skotte i reglen som en uvelkommen fremmed - noget, hvori der først i den allernyeste tid med dens udviklede handelssamkvem mellem Skotland og Shetland er begyndt at indtræde en forandring. Dette forhold, som mange skotter nutildags har ondt ved at forståa, finder let sin forklaring, naar man betragter øernes historie lidt nærmere."


Kvalfangarstationen i Collanfirth. Dei dreg just kvalen opp paa slippen.

Ifjor sumar var den norske kanonbaat "Frithjof" i Lerwick. Daa var det 10-11 aar sidan, eit norskt herskip hadde vore inne paa hamni der. Nokre dagar fyrr var eimbaaten "Namsos" innum paa veg til Færøyarne med dei 70, som skulde til den norrøne stemna.

I gamall tid hadde Shetland ikkje so lite samband med Færøyarne; dei hadde lagmann ihop med deim, og det gjorde, at dei og kom meir i sambinding med morlandet Norig, helst Bergen. Dei baatar, som folk i Vest- Norig ein gong i tidi (umkr. 1850) bygde og sende yver til Hjaltland, kalla dei gjerne for "Hjeltebaatar". Og det nordlege innlaupet til Bergen, der hjaltlendingarne mest kom, kallar dei enno for "Hjeltefjorden".

I det danske verk "Islandsfærden", som fortel um siste gongen, danekongen vitja Island, heiter det m. a. um Shetlandsøyarne:


"Ak hadde dog ikke Christian den første hat den ulykkelige idé at pantsætte dem til skottekongen for bryllupsmedgiften, saa hadde vi nu skullet lande paa denne bekvemme station til Færøerne og Island, og aapne danske arme hadde mottat os."


Det er merkeleg, kor lett sume danske bok menner hev for "aa taka i miss", naar det gjeld nordrlendsk soga. Det tykte ein shetlending au, og han sa med klemb : "Desse øyarne hev aldri høyrd Danmark til!"

Av stadnamn der burte fraa den norske tidi finn me Lerwick, Haroldswick, Breiwick, Westerwick, Skudasound[6], Skogadale, Houlland, Hamnavoe[7], Olasvoe, Swartaskerry, Bretto, Stromness Voe, Steinswall, Sandwick, Sandwick Holm, Colbinstoft, Djuba Wick, Sandness, Troswick, Setter[8], Grimsetter, Dalsetter, Hestinsetter, Bakkasetter, Trondray, Hamar, Hamarsland, Lambaness, Ramsness, Toft Ness, Kettlaness, Vatsness, Laxfirth, Laxovoe, Laxdale, Busta, Dale, Buness, Fuglaness, Fuglawater, Foulawick, Foglaskerry, Fuglastack, Breiwater, Heimarwater, Kirka Ness, Brugarth, Hestaness, Hestaford, Vatsland, Stovabreck, Silwick, Bruray, Breitoe, Bratta Breck, Brimness, Sandvatn, Sandvoe, Kirkholm, Hogaland, Hoversta, Bratta Field, Hamna Field, Liora Field, Djupa Gill, Sweyn Holm, Stoura Pund, Lilla Pund, Whalwick, Wester Hævdi, Hellibergs Wick, Otters Wick, Hundi Stack, Feideland, Olnafirth, Collafirth[9], Olligarth, Scarf Stack, Stoura Clett, Helga Water, Kirkabister, Muckla Loch, Muckle Lunga Water, Lit Lunga Water, Mucklaberg, Valla Dale, Bakka, Tangwick, Trondavo, Grimista, Ulsta, Oddsta, Forso, Kurkigarlh, Galtagarth, Herra, Calstad, Norwick, Norby, Ollaberry, Breiholm, Hamarness, Hamnadale, Haraldsdal, Haraldswater, Finnister, Finsteg, Gunnista, Gunnister (av Gunnarr, Gunnhildr), St. Magnus Bay o. m. fl.

Av norske folkenamn, som enno finst i shetlandske bygder, hev me t. d. Olla elder Ollaw, Magnus, Sigurd, Erik, Tervel (Torvald), Brita og etternamn som Ollason, Magnason o. a. Det er helder ikkje so lenge sidan, døttrene der burte kalla seg for Magnusdaughter (Magnusdotter) o. s. b.

Shetland hev og sitt Tingwall-namn enno sameleis som Orknøyarne, Nordskottland og Man. Den shetlandske tingstaden ligg ikkje langt ifraa Lerwick. Tett attmed er Grista (venteleg det gamle Griðastaðr elder fredlyst stad). Paa holmen i Tingwallvatnet sat domarane, naar dei var til tings. Det store tinget for Shetland skal ha vore paa den nordlegaste øyi Unst, fyrr det vart flutt til Tingwall. Unst ligg nærast Norig, og dei trur, at det var ein av dei fyrste stader, som nordmennerne busette seg paa. Haroldswick ligg paa denne øyi, og det er gode hamner der. I Haroldswick var det, Harald Haarfagre fyrst gjekk i land, daa han lagde under seg Hjaltland og Orknøyarne. Segni segjer, at Harald freista paa aa landa ved Funzie paa Fetlar, ei øy rett sunnanfor. Men han fann ikkje trygg ankarplass der, og so sette han kosen for Unst. Tingvollskyrkja var vigd til St. Magnus, likeins som domen paa Orknøyarne, og ho vart halvt um halvt rekna for ei domkyrkja. Ho er m. a. nemnd i eit ervebrev, dagsett 9de juli 1506. Tingvollen ligg ei halv mils veg fraa sjøen. Byen Scalloway er venteleg det gamle Skålavágr etter skaalarne elder budirne ved tingstaden og ikring um der. Til hovudtinget i Tingwall laag det berre paa Mainland i alle fall sju mindre ting, og paa 5 av dei er namni enno gøymd i Sandsting (Sandsþing), Aithsting (Eiðsþing), Delting (Dalaþing), Lunziesting (Lundeiðisþing) og Nesting (Nesting).

Gravhaugar, bautasteinar og runeinnskriftir hev dei ikkje funne stort av paa Shetland. Paa alle høgdir paa øyarne hev det stae vardar og vakthus i gamall tid. No er det berre restar av vakthusi att.


Til Hjaltland![10]


Du øyland langt derute
i ville vestersjo,
der mang ei norrøn skute
for stormen søkte ro,
du hyser frende-tankar,
ja, syner samhug stor,
for Norig hjarto bankar
enno paa Hetlands jord!


Du stig med grøne vollar,
høgt peikar Ronas tind,
mot bratte berg og kollar
vil nokon hamn seg finne
i sprøyt og maakeskrik,
Haarfager hev sitt minne,
styr inn til Haroldswick.


Ja, gjeng du inn paa strandi,
til fiskarhytta laag,
dei tek deg traust i handi,
so du vert varm og fjaag,
og skulde du deg vende
mot Lerwick - kjem du dit,
daa hels ein trufast frende,
som bur i Magnus street.


Me glade vert, naar traai
ho stend til Norigs fjell
med seglet spent fraa raai
og norskdom under tjeld;
lat broderbandet bindast
- hugs, sterkt det eingong batt
me forne tider minnast
og finn kvarandre att!


Eingong kring Haakons merke
alt Norig samla stod,
daa var her gutar sterke
med magt og mannemod,
slikt kan vel hugen mana
til daad ein dag paany,
breid ut kong Haakons fana
og lyft ho djervt mot sky !
(H.R.)


Det vilde vera urett mot vaare frendar hjaltlendingarne aa segja, at dei hev gløymd Norig. Ein mann i Lerwick skreiv, daa han høyrde um den norrøne stemna paa Færøyarne: "Eg vonar, det vert ein tur dit, og at dei lydest innum Orknøyarne og Shetland og. Men gjestingi vert helder kort, er eg rædd. Eg er so glad, naar eg ser, at noko vert gjord for aa halda ved lag ættarkjensla millom vaare norrøne folk. At Norig er det gamle morland, hev aldri vore heilt gløymd av shetlendingarne, men for aa segja sanningi, eg hev ofte kjend, at det norske folk for lenge sidan hev gløymd det gamle sambandet med øyarne."

Ein shetlandsk diktar, John Nicolson, god Norigsven, hev skrive denne songen til vaart land:


Northland, skaal!


"Ja, vi elsker dette landet,"
sings the exile of his home
and his fancy dreams of Norge,
land of mountain, and of foam.


We are Norsefolk here in Hjaltland,
and our hearts are leal and true,
so we echo back that chorus,
for we love the Northland too.


Long we 've lived beside the "fremd´ folk"
but we ne'er forgot our "ain",
and those ties still bind us closely,
though we're scattered o'er the main.


We to all our northern kinsfolk
"hilsen" send with heart and will
clasp their hands in friendship's token
for we all are "sutchkins"[11] still.
John Nicolson.


Nordland, skaal!


Ja, vi elsker dette landet",
utlæg fugl syng mang ein kveld,
drøymer tidt um gamle Norig,
landet høgt med foss og fjell!


Me er nordmenn her i Hjaltland,
truskaps-eld i hjarto brenn,
og mot aust gjeng atter-ljomen :
Ja, me elskar Norig enn!


Um bland framandt folk me livde,
ætti ei me gløymde av,
frendebandet er 'kje broste,
um oss skil det myrke hav.


Heil og sæl! kvar norrøn broder!
syng me ut av ærleg barm,
sjaa, me mot deg retter handi
- systkin-kjensla enn er varm!
John Nicolson.


Ein forfattar fortel i ei skotsk tidskrift um alt det norske i Lerwick og nemner, at han tykkjer, det er mesta vel mykje i ein britisk by. Men Lerwick hev ikkje gløymd, held han fram med, at Shetland eingong stod under norsk styre, og godviljen for det gamle morland er enno rotfast i bringa hjaa alle true shetlendingar. Gatenamn som "King Harald Street", "King Håkon Str.", "King Eric Str.", "St. Olaf Str." og "St. Magnus Str." let underleg i øyra paa ein mann fraa ein landslut lenger sud, men Lerwickbuerne sjølv meiner, at namni høver godt. Han segjer ogso, at shetlendingarne tykkjer det er gildt, at kong Edward er ætta ifraa ein norsk jarl.

Lerwick er ein by med meir enn 4000 ibuarar og ligg vænt til midt i Bressay-sundet (det gamle Breideyjarsund, der Haakon Haakonson sin store flote laag nokre dagar i 1263 paa vegen til Suderøyarne).

Harald haaragre og Ragnvald Mørejarl. (Raadhuset i Lerwick).

Raadstova i Lerwick er sers forvitneleg aa sjaa for ein nordmann, for baade utvendes og innvendes ber ho vitne um at hjaltlendingarne minnest "gamlelandet" - austa-føre hav. Ho vantar korkje langskip, Berrføttsløvor elder andre merke paa det forne samband millom Shetland og Norig! Ho er ikkje gamall - bygt i 1882. Ruteglasi i det store, stilfulle samlingsromet syner oss ein heil bolk av soga vaar: norske kongar og dronninger, jarlar og bispar rada burtetter, so det er ein hugnad aa sjaa. Dei storgilde prydnader i denne salen er ei maalande attgjeving av fortidi, og dei hev visst ikkje maken til deim i nokon aalmenn bygnad i Skottland. I eit rundt vindauga paa eine tverveggen (den nørdre) finn me Norigs løvevaapn - det ser me og paa andre stader i romet - og dessutan Oslo, Nidaros, Bjørgvin og Tunsberg bysegl. Vaapnet og dei fire segl er ei gaava ifraa Bergens by. Paa veggen beint imot ser me (i lita glas) Harald haarfagre taka land paa Shetland i 870, innsetjingi av jarl paa Orknøyarne og Shetland og dertil heilfigurar av kong Harald og Ragnvald Mørejarl. I næste vindauga erkebispen Eystein i Nidaros og bisp William den gamle av Orknøy - den fyrste bispen paa øyarne. Den siste hev eit mynstr av Kyrkjevaagdomen i eine handi. Yver baae figurar stend vaapnet aat erkebispstolen i Nidaros. Ned under deim er skildra kryningi av kong Magnus Erlingsson av Norig (1162) og dessutan grunnleggjingi av St. Magnusdomen i Kyrkjevaag. Ein kann sjaa byggmeisteren Kol ligg paa kne og breider ut byggjeplanen for bisp William.

Helsingi fraa Shetland til Haakon d. 7de.

I dei andre glasi - paa vestveggen - finn me: Olav Trygvason og dronning Thyra; Magnus (jarl og heilagmenne) og Harald hardraada; "Møyi fraa Norig", dotter til Eirik prestehatar og Margaretha, den skotske dronningi hans[12]; Olav den heilage og jarl Ragnvald Brusisson ; Haakon Haakonson og Ragnvald krossfare, jarl av Orknøyarne og Shetland; Margrethe, dotter til Kristian I, konge av Norig og Danmark, og Jakob 111, konge av Skottland.

Inne i same romet heng det eit stort portræt av dronning Victoria. Paa bilætet er det eit skilt, og der stend det millom anna: H. M. dronning Victoria, ein og trettiande ætting etter Ragnvald jarl: sju og tjugande etter kong Harald haarfagre: og tri og tjugande etter kong Olaf Haraldson (St. Olaf).

Hjaltlandsvaapnet er eit vikingskip og eit berg og runeinnskrifti: "Med log skal land byggjast."

Ein villa uppe i byen saag eg hadde det egte norske namn „ Kveldsro", og det vanta ikkje paa god-ord um Norig. "Me kjenner oss byrge av aa ætta fraa Norig og hev stødt havt eit varmt hjarta for det landet," sa ein mann i Lerwick til meg.

I den helsingi, som Shetland sende til kong Haakon i 1906, heiter det til slutt:


- -- i dei framfarne hundradaar hev det vore store umskifte, men ibuarane er enno allramest av norsk ætt, og mykje av det gamle maalet finst i ei sundbroti form i maalføret. Av framande flagg er ikkje noko meir velkjend og meir vel komen i vaagerne og hamnerne vaare enn Norigs, for shetlendingarne held ved aa tenkja paa Norig som det gamle morlandet sitt og minnest med byrgskap og godhug den tidi, daa forfederne deira stod under styring av dei norske kongar. Dei hev difor og tykt stor mun i, at Norig attrstend millom folki som eit eige kongerike, under ein konge og ei dronning av kong Harald haar fagre og St. Olav si grein.


"Den nye joli" er eit ordlag, som aalment vert bruka um 1ste joledag av folket paa Shetlandsøyarne, og denne høgtidi hev dei aldri halde vidare gjæv der burte. Det var i røyndi fyrst i 1897, at ibuarane i Lerwick, hovudstaden deira, fyrste gongen heldt jol etter den nye rekningi, men kringum i bygderne høgtidar folket enno den 5te januar som jol.

D'er kje tvilande paa, at dette er ein leivning av jolefesten aat deira forfeder, dei gamle vikingar, for han stod ikkje i noko samband med Kristi fødsl, men var ein heidensk fest, som dei heldt ved vintersolkverv. Dei gleddest daa ved, at soli vende att og jubla ved tanken paa all livsens uppatt-nying um vaaren. Denne festen vart innførd til Shetland av nordmennerne, som søkte livd der for aa slippa Harald haarfagre sin vreide. Dei lystuge lag byrja den 5te januar og stod paa i 24 dagar. I denne tidi livde bygdefolket i sus og dus, snart i eitt hus, snart i eit anna. Men sistpaa, den 24de natti, kom dei ihop alle paa ein stad og dreiv paa med dans og drikking storveges, so det plent gjekk framum stimet alle dei fyrre dagarne.

Dette heldt ved heilt til den tidi, daa øyarne kom under Skotland (1468), men etter det aaret tok dei hardraadige styrarar til aa trælka folket slik, at det slo ifraa seg mesta alle tankar paa noko slag høgtid. Dei vart likavel ved aa halda joli heilag etter den gamle rekningi, og i den merkelege fest, som dei kallar "Up-Helli-Aa", og som dei held i Lerwick kvart aar den 29de januar, hev me ein leivning av den 24de natti - ei kyndel-ferd av maska folk med eit vikingskip i gamall stil i brodden.

"Jolebukk-jarlen".

Ei tid i fyrevegen held dei møte i byen for aa velja ei nemnd. Formannen kallar dei for "Jolebukk-jarl". Nemndi syter for alt, som kjem festen ved, og alle utgifter greider dei ved friviljug paaskriving. Til dette fyremaalet sender dei ut ei vænt fraa-seg-gjord adressa, som i lentuge ordlag manar paa aalmenta, at ho skal teikna seg for tilskot - ei uppmoding, som stødt møter samhug.

Medan dei lagar til kyndlarne og byggjer vikingskipet, som er av tre, hev ungdomen det annvint med aa gjera seg maskebunader. Dette kostar ofte mykje stræv, av di det ikkje er so greidt aa finna paa noko, som ikkje hev vore nytta fyrr.

Naar festdagen kjem, syner det seg, at den herdige nemndi hev arbeidt trugent heile ut lange natti. Til "krossen" paa torget er det fest ei stor tavla, som fortel "kvar ein" um alt det gilde, kvelden hev aa bjoda paa. Etter kvart som dagen lid, kjem det mengdevis med bygdefolk, og i den tronge, bugtute gata er det eit yrande liv. Smaatt um senn byrjar maskekarane aa møta fram og taka det romet, dei hev fenge vist i fyrevegen; so kjem vikingskipet og vert sett i brodden for det heile. Imillomtid hev formannen for nemndi sytt for, at kvar maskemann hev ein kyndel; naar han gjer teikn, vert dei tendra, og ferdi losar til.

Vikingskipet plar vera av same storleiken kvart aar, 25 fot langt, og stend paa ein breid tram, som er maala og syner fram sjøen. Lerwick-bladi gjev skipi dei beste lovord kvart aar. Dei er so fint fraa-seg-gjorde, at folk segjer: "Sjølvsagt vil dei ikkje brenna det der, eg vonar, dei vil gjøyma dette skipet, det vilde vera synd aa brenna det" o. s. b. Ramneflagget blakrar fraa mastetoppen, og skuta hev ti aarar og ti skjoldar paa kvar sida. Drakehovudet og sterten er utifraa vænt arbeid og prydd med brikjande fargar.

Det norske vikingskip ved jolefesten.

Eit aar var det 230 kyndel-berarar med i ferdi, og paa vegen til torget gjekk dei gjenom St. Olafs gata. Attaat vikingskipet plar dei stundom byggja eit skip fraa den tidi, som no er, og ved festen i 1909 hadde dei med ein norsk kvalfangar, som synte fram den siste nordmennerne hadde send yver til øyarne. Baaten var bygd av gutarne paa verven i Lerwick og var 24 fot lang. Han hadde dekkshus, utkik og kanon med harpun i. Eit av dei beste utsyns-stelle, som ein kan sjaa heile stasen ifraa, er hamaren ved det gamle fortet. Paa denne berghylla ser ein ut yver inngangen til hovudgata. Ljosken av elden, som syner seg paa hustaki, og dertil fyrverket, ei løyser kvar augneblink mot den myrke vinterhimmel, legg attskin yver hamni og er det fyrste merke paa, at skreidi bugtar seg fram i den lange gata. Av di ho er so trong, ser det ut, som um ho var full av eld.

Med eitt vert den myrke inngangen yver flødd av ljos, og ein fær sjaa noko sjeldsynt og utifraa vakkert. Fyrst kjem vikingskipet, drege fram av beinksame hender; det er i alle maatar ei gild skuta, og som ho røyvar seg drusteleg fram, svagar stamnen med drakehovudet, og attrstemnen, fraa eine sida til hi, nett som um dei heldt takt med dei livande tonar fraa spelmennerne uppe i skipet. Baketter fylgjer maskemennerne, og det er ein rikdom paa bunader og fargar, som er beint fram storlagd.

Ein maa sjaa eit slikt skodespel for aa skyna, kor hugtakande det er.

Naar ho hev gjengi kringum i byen, vender ferdi att til utgangspunktet paa torget, og maskefolket gjer ring med skipet i midet. Jarlen kastar no laust seglet, stellar seg i fram stamnen og krev dei vanlege hurra, som alle ropar av fullt hjarta. Det siste hurraet for "den gamle Up-Helli-Aa-fesl, den lenge liva!" er gjerne eit, som hev vaska seg. Dermed gjeng han fraa borde og kastar ein tendra kyndel umbord i skipet. Alle dei andre maskemennerne gjer likeins, og snart spreider elden seg yver det dømde skip.

Naar ein ser dette storlagde syn, segjer ein shetlending, kjem eg uviljande til aa minnest dei skip, som vart kveikte som baal, naar dei gamle sjøkongar skulde fara til Valhal.

Til slutt hev logarne gjort sitt verk, og det vert mesta berre ein oskehaug att. No slær maskefolket seg ihop og syng songen "Djerve nordmenn" (Hardy norsemen), som byrjar so:


(Tone: For Norge, kjæmpers fødeland):


The Norsemans home, in days gone by,
was on the rolling sea.


ɔ: I forne tider hadde nordmannen sin heim
paa det baarande hav.


Dei syng og ein serskild "Up-Helli-Aa"-song, som er um vikingar og ramneflagg, Odin og Thor og gamall fridom:


Gakk paa, gakk paa,
lat trumma gaa -
set kyndlarne i brand!


No marserar flokkarne til sine fastsette møtestader og bur seg til aa fara kringum i byen paa gjesting. Og dei er hjarteleg velkomen i heimen til alle førarar.

Ei mengd med unge damer hev vorte bedne til kvar heim. Naar dei lustige seiler kjem, vert dei fagna paa det beste og gjeve rom ved festbordet. Deretter tek dansen til, for kvar flokk hev sin spelmann. Under dansen prøvar "vakker-slaget" aa gissa namnet paa dei maska gjesterne, og dei fær alltid vita det fyrr velfaret. Naar ein flokk gjeng, kjem det ein annan, og stundom kan det vera tvo elder tri slike i eit hus samstundes.

Soleis freistar folket paa Shellandsøyarne, med gjestebod og dans som i gamle dagar, aa halda i live minnet um forfederne sine.

Skulde dei norske ungdomslag firma paa aa faa istand ei ferd til Shetland og Orknøyarne - liksom til Færøyarne i 1911 - er eg fullviss um det, at det ikkje vilds koma til at vanta paa god mottaking! Det, ein shetlending segjer um "Norrøn a stevnan" paa Færøyarne - nemnd fyrr i denne boki - tyder paa, at det og vilde verta ei gild samvera paa dei norsk-skotske øyarne.. Dei hev Norig og nordmennerne i kjærlegt minne; sagte er me skilde politisk, men ikkje aandeleg, Som eit blad her heime skriv : "Me hev vel altfor mykje gløymd frendefolki der vest og tenkjer, at all nordmannskap er stroken av dei. Men det er likt til, at dei hev vore likso trufaste som islendingarne og færøyingarne."

Færøyingen, diktarpresten P. A. Holm syng um Shetland:


(Tone: Fridtjofs vikingebalk):


Land forude, i vest: Det er Hetland, hurra!
Øer dykker som maager av hav:
Sorte bjerge mod sø, grønne lier og dal
smukke bygder, hvor kysten er lav.


I den henrundne tid bygged nordmænd sit bo,
vandred kjæmper blandt fjeldene her;
da var bonden ei træl, men den fribaarne arm
værned landet mod vikingesværd.


Da kvad skalden um kveld ved den blussende ild,
stemmed harpen med underfuld klang,
og det fjeldfriske maal rulled kraftigt og stærkt,
som en gjenlyd av fossenes sang.


Ak, men skilsmissen kom som en Ragnaroks dom,
virket lønligt i natten av Skuld;
britter hersked paa nordmandens arvede jord,
kjøbte landet og folket for guld.
- Saa farvel nu, farvel, o du herlige land,
Norges frifødte datter i syd!
Vist du skuer din moder en morgen igjen,
og din sorg skal forvandles til fryd.


Daa eg kom ned paa brygga i Lerwick og skulde fara heim, sa ein mand der, som hadde gjeve meg rettleiding, den tid eg kom dit: "Eg vonar, De hev lika Dykk her paa Shetland. Kom snart att, me er frendar, veit De nok." Me nevtokst, og "St. Nicholas" gleid ut Bressay- sundet med ei lang røykstrime etter seg . . .


Fotnoter

  1. Fula el. Fugla
  2. Uttala: god = gjekk.
  3. Uttala: kost.
  4. utt. : skogin.
  5. Uttala: ros(s)a.
  6. scuda: paa Shetland baat med 12 aarar.
  7. voe: vaag.
  8. etter det gl norske: setr (bustad) og sætr (sæter).
  9. KodlafjørSur (Færøyarne).
  10. Eigna Mr. William Ratter, Lerwick.
  11. Systkin.
  12. Ho var etla til aa faa prins Edvard II av England. Paa den maaten vilde dei knyta ihop dei tvo britiske rike og faa til venskap med Norig. Men ho døydde i 1290, sju aar gamall, i ei liti hamn paa Orknøyarne, som heiter etter henne. Skipet maatte gaa inn der paa yverreisi fraa Norig til Skottland.