Ingólfr : norsk-islandsk hopehav 870-1536

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Ingólfr - norsk-islandsk hopehav 870-1536
Utgivers omtale


Ingolfr.jpg

Ingólfr - norsk-islandsk hopehav 870-1536
Jón Viðar Sigurðsson; Berit Gjerland; Gaute Losnegård
Selja forl. 2005
ISBN: 8291722501


Utgivers omtale: Ingolf Arnarson er rekna som den første landsnåmsmannen på Island. Han kom frå Dalsfjordområdet i Sunnfjord til Island kring år 870. Sidan kom kanskje 10 000 innvandrar til, dei fleste nordmenn, og grunnla ein nasjon som i stor grad var prega av det norske opphavet.
   Denne boka fortel den felles historia Noreg og Island har, frå landnåmstida og fram gjennom mellomalderen til nyare tid. Utvandrarane kom i hovudsak frå norskekysten, med vestlandet som eit tyngdepunkt. Boka fortel om norsk vikingtid, om vikingskipa og ferda over havet, og om busetjing og organisering av eit nytt samfunn på Island. Det er ei fascinerande, spennande og eineståande historie: I nyare historisk tid har ikkje eit så stort, folketomt landområde blitt busett og teke i bruk med det resultat at ein nasjon og eit samfunn vart oppretta. Ikkje noko land i verda kan vise til liknande opphav som Island.
   Ingolfr inngår i ein serie med mellomalderhistorie på Selja Forlag. Tidlegare er utkome Audun Hugleiksson 2002 og Riddarane av Losna 2003. Alle bøkene i serien er rikt illustrerte, og inneheld det siste som er kome fram av materiale og forsking på området.
   Jón Viðar Sigurðsson (f.1958) frå Hafnarfjörður, Island, har budd i Noreg sidan 1984. Førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske studier, Universitetet i Oslo. Har skrive ei rekkje artiklar og bøker, m.a. Frá goðorðum til ríkja, Chieftains and Power in the Icelandic Commonwealth, Norsk historie 800-1300 og Kristninga i Norden 750-1200. Berit Gjerland (f.1954), Førde, er arkeolog og rådgjevar i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Kulturavdelinga, og var i 6 år kulturvernleiar. Ho var medforfattar i Audun Hugleiksson og Riddarane av Losna. Gaute Losnegård (f.1970), Askvoll, er historikar, bygdebokforfattar og frilans skribent. Han har skrive fleire lokalhistoriske bøker, m.a. "Peter Andreas Blix" og "Bygdebok for Jondal kommune", og han var også medforfattar i "Riddarane av Losna".


Andre utgivelser fra Selja forlag:

Ingolfr.jpg Riddarane av Losna.jpg På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bd. 1.jpg Audun Hugleiksson - frå kongens råd til galgen.jpg Undredal - kyrkja og bygda.jpg Førde - kulturhistorisk vegvisar.jpg