Innleiding til Orknøyingasoga

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Orknøyingasoga


umsett av

Gustav Indrebø


Norrøne bokverk nr. 25


Det Norske Samlaget

Oslo 1929


Innleiding


Den norrøne sogeskrivingi heldt seg mest til sjølve Noreg og so til Island: kongesogone til Noreg, ættesogone til Island. Men islendingane hev òg skrive nokre sogor um dei mindre norske nybygdene som voks upp vestanfor havet i vikingtidi. Um Færøyane hev me Soga um Sigmund Bresteson (på nynorsk i Norrøne Bokverk — fyrr Gamalnorske Bokverk — nr. 13); ho fortel um hovdingane Sigmund Bresteson og Trond i Gata, og um korleis Færøyane vart kristna, og kom under Noregs-kongen. Um Grønland fortel Soga um Eirik Raude (på nynorsk i Norrøne Bokverk nr. 2), og likeins Grønlendingatåtten og Tåtten um Einar Sokkeson i Flatøy-boki. Soga um Eirik Raude fortel korleis Grønland vart funne og kristna, og um uppdagingsferder derifrå til Vinland. Grønlendingaåtten fortel òg um nokre Vinlandsferder som gjekk ut ifrå Grønland. Tåtten um Einar Sokkeson fortel korleis grønlendingane fekk seg sin eigen biskop under Sigurd Jorsalafare, og um noko ufred som vart på Grønland etterpå. Um dei gamle norske øyane som ligg tett nordanfor Skottland, Orknøyane, fortel Orknøyingasoga. Ho kallast òg med eit anna namn for Jarlasoga, som kanskje er rettare.

På Orknøyane busette det seg nordmenn tidleg i vikingtidi. På Harald Hårfagre si tid kom der upp eit norsk jarle-rike. Torv-Einar, son åt Rognvald Møre-jarl, vart jarl der, og han vart ættfar til ei sterk og livekraftig hovding-ætt. Orknøyingasoga fortel um hovdingar or denne ætti frå Torv-Einar sjølv av og ned til 1170 på lag. Soga rekk soleis yver ein tidbolk på ikring 300 år. Heile jarlerekkja er med. Men dei hovdingane som stig mest fram, og som bokmeisteren gjer størst, er Torfinn Sigurdsson († 1064), Magnus den Heilage († 1115) og Rognvald Kale († 1158). I slutten av soga hev den merkelege vikingen Svein Åsleivarson († ca. 1170) fenge eit hovudrom. Han høyrde ikkje med til jarlane.

Orknøyingasoga er ei ættesoge, lyt ein kalla det. Men det er noko meir drustelegt enn det vanlege med den ætti som ho fortel um. Dertil spenner soga yver ein mykje lengre tidbolk enn dei sogone som me elles plar kalla for «ættesogor». Og bokskrivaren hev havt eit meir sjølvstendigt arbeid med å samla inn og skipa i hop tilfanget enn ved dei fleste ættesogor, nettupp for di soga gjeng yver so lang tid. Ved alt dette skil Orknøyingasoga seg ut og kjem ikkje so lite i klasse med ymse kongesogor, slike som Fagerskinna og Heimskringla. Grensone hennar attyver og nedyver i tidi fell òg nokso nøgje saman med dei tidgrensone som Fagerskinna hev, og som Agrip hev havt; — me reknar då ikkje med den uhistoriske innleidingi um Nor og Gor osb. i Orknøyingasoga, og ikkje heller dei yngre tilleggi som stend sist i boki no.

Soga er ikkje jamn heilt igjenom. Dei eldste jarlane hev dei hugsa mindre um enn um deim som var yngre. Difor gjeng forteljingi nokso snøgt fyrstundes, men ho vert breidare di lenger det lid. Den siste jarlen som heilt høyrer til fyre 1170, Rognvald Kale, er med gjenom halve soga. Minnet um honom hev vore friskt på Orknøyane den gongen soga vart skrivi. Og sogeskrivaren hev visseleg sjølv vitja øyane og samla tilfanget um Rognvald jarl der, og likeins um samtidingen hans, Svein Åsleivarson. For dei eldste tidene derimot hev han ikkje havt anna å byggja på enn nokre skaldevers og so ymse spreidde fråsegner elles, — slikt som islendingar hev fortalt heim til Island i ei eldre tid. Der som soga kjem inn på den norske rikshistoria (kongesoga), hev ho havt eitt eller fleire skrivne sogeverk um dei norske kongane til hjelp.

Stilen er ikkje heller radt jamn. Men det kann no koma mykje av at soga soleis som me hev henne no, hev vorte auka med ymse innskot; dei hev ikkje gagna anten komposisjonen eller einskapen i stil.

Kor som er, so kann det ikkje neittast at sogemeisteren hev eit sers godt lag til å fortelja. Han hev sers godt vit på å få til replikkar, og karakterteikningi rekk høgt. Mange sermerkte, sterke og heller blanda karakterar fær andlit i denne soga. På mange måtar er ho ei av dei forvitnelegaste sogone som me hev. Men uppbyggjingi og samanarbeidingi i det heile er like vel ikkje soleis at ho akkurat reint kunstnarleg sét kann få rom millom dei aller fremste av dei norrøne sogeverki.

Historisk sét stend derimot Orknøyingasoga tvillaust millom dei fremste; i det store og heile er ho uvanleg pålitande, etter det ein kann skyna. Men sjølvsagt lyt det vera skil på dei ymse bolkane i det stykket òg. Tidrekningi er eit veikt punkt.

Orknøyingasoga er skrivi ikring eller litt etter år 1200. Fleire ting vitnar um at ho er yngre enn 1190. Soleis nemner ho at Rognvald jarl vart lyst heilag; han vart lyst heilag 1192. På hi sida må ho vera eldre enn ca. 1220, etter som Snorre Sturleson hev nytta henne til kongesogone sine. Ein stad (kapitel 42) viser rett nok teksti i Orknøyingasoga til Snorre Sturleson. Men denne tilvisingi stend so keiveleg at det er tydelegt ho er eit seinare innskot; so ho provar ingen ting um at Orknøyingasoga skulde vera yngre enn Heimskringla. Dei siste sidone som er tekne med her etter teksti i Flatøyboki, er seinare tillegg. Soga hev upphavleg slutta med Svein Åsleivarsons fall (i kap. 108), soleis som ei umsetjing til dansk frå det 16. hundradåret — etter ei onnor handskrift — røynleg enno gjer. — Bokmeisteren kjenner me ikkje noko til; men det hev visseleg vore ein islending.

Sume hev meint at upphavleg hev det ikkje vore ei soge um Orknøy-jarlane. Det skal ha vore fleire serskilde sogor: ei um jarlane til og med Torfinn Sigurdsson, ei som hadde Magnus jarl den Heilage til hovudperson, og so ei Rognvaldssoge, um Rognvald Kale og samtidingane hans. Dersom dette er tilfellet, laut det vera desse upphavssogone som var skrivne ikring år 1200. Ihopskøytingi til ei stor soge kunde då ha gjenge fyre seg noko seinare. Det er ikkje umogelegt at dette kann vera rett, og det vilde forklåra ymist av det ujamne og av dei brester i komposisjonen som soga no hev. Men yngre avskrivarar hev fare so vidt fritt fram med teksti at det er vandt for oss no å segja noko visst um kva som er det rettaste. Noko merke elles etter desse upphavssogone, skulde vera, hev me i alle høve ikkje. Og der finst no òg sumt som helst talar for at heile boki alt frå fyrstonne er sett saman av ein mann. Soleis dei fyrevarsli som fyrebur viktuge hendingar i alle tri bolkane: ordi åt Rognvald Bruseson um kvelden fyrr Torfinn kjem yver honom og drep honom (kap. 29), grunnbrotet og spådomsordi åt Magnus jarl på daudeferdi til Egilsøy (kap. 47), den underlege njosingi hans Rognvald Kale kvelden fyrr han skal falla (kap. 103), samtala millom Svein Åsleivarson og Harald jarl fyre siste ferdi hans Svein (kap. 106), m. m. Dilike fyrevarsl finn ein nok mange stader i andre sogeverk òg. Men slik som dei er brukte her i soga, i alle hovudlutene, er dei med og gjev boki ein indre einskap. — Eit par specialsogor som ein hev um Magnus den Heilage, byggjer på Orknøyingasoga, ikkje umsnutt.

Um kritiske spursmål vedkomande Orknøyingasoga lyt me elles visa til Sigurður Nordal, innleidingi til utgåva hans (Kjh. 1913—16), og til Finnur Jònsson, Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie, 2. utg. II bd., s. 646—653.


Orknøyingasoga er for den tidbolken ho rekk yver den mætaste kjelda me hev til kunnskap um Orknøyane og det norske riket der. Ogso dei norske nybygdene på Hjaltland og Suderøyane fær me vita ymist um. Og frå dei norske nybygdene på Katanes, det er nordluten av Skottland, fortel Orknøyingasoga ikkje so lite. Det meste av dette vilde ha vore dult for oss utan denne soga; og kunnskapen vår um dei gamle norske bygdene nordanfor og rundt Skottlandsstrendene og um den gamle norske kulturen der burte vilde ha vore heller fatig mot som han er no. Den norske historia hev mykje å takka den sogeskrivaren for som sette saman Orknøyingasoga.

Ved den tid som Orknøyingasoga endar, er Orknøyane enno avgjort norske, ser det ut til. Det 12. hundradåret var endå til ei glanstid for den norske kulturen på desse øyane. Då hadde dei menn som Rognvald jarl og biskop Bjarne Kolbeinsson, skaldar og store hovdingar båe tvo — dei var elles båe søner av heimenorske stormenn, soleis ny-utflytjarar; og då vart Magnuskyrkja bygd. Men det hadde alt då gjenom lange tider vore eit politisk hopehav millom øyane og Skottland; Orknøy-jarlane hadde havt jarledøme på Katanes under Skottlands-kongen, på same tid som dei styrde Orknøyane (og Hjaltland) under den norske kongen. Og det hadde vorte mykje ihopgifting millom jarleætti og skotske hovdingætter, soleis som soga viser. Elles og hev der vore samkvæme, og blodblanding, millom skottar og nordmenn. Dette sambandet med Skottland var ein fåre for norskdomen; for Skottland låg næmare enn Noreg.

I 1266 tok so det norske Vesterhavs-riket til å løysa seg upp; Magnus Lagabøte selde Suderøyane til Skottlands-kongen.

I 1468 pantsette Kristian I Orknøyane, og i 1469 Hjaltland. Og øyane vart ikkje utløyste att medan det var tid. I det 16. og 17. hundradåret vilde ikkje Skottland lenger taka imot løysepengar. Dermed hadde Orknøyane og Hjaltland vorte heilt politisk skilde ifrå Noreg. Det var då berre eit tidspursmål, når dei skulde verta nasjonalt skilde òg. Den norske kulturen og det norske målet kunde ikkje halda seg mot yvermakti utan studnad frå heimlandet. Avnorskingi fekk yverhand. Skotske og engelske lover vart innførde. I det 18. hundradåret vann engelsk mål heilt makti.

Alle minne um nordmennene er like vel ikkje burte enno. Ein finn enno ymse gamle norske rettssedvanar att på Orknøyane, og ei mengd med norske ord og namn minner um at desse øyane hev vore ein norsk utpost. Endå sterkare enn på Orknøyane er minni etter nordmennene på Hjaltland. Og folket der burte, både på Orknøyane og Hjaltland, kjennest ved sitt norske upphav den dag i dag.


Umsetjingi fylgjer hovudteksti i Nordals utgåve, men i nokre fåe høve er det teke umsyn til tillegg og avbrigde i variantane. Eg hev ikkje teke med skikkeleg alle skaldeversi. Når versi fanst i Heimskringla, hev eg stundom brukt umsetjingi i Heimskringlaumskrifti åt Steinar Schjøtt.


Gustav Indrebø.