Ormen Lange (Per Sivle)

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Per Sivle
Naturlyrikk og romantikk


Per Sivle

Ormen Lange


Vilja de høyra kvedet mitt, og vilja de ordi tru?
Om han Olav Tryggvason skal songen her seg snu.

Ref:
   Dansen glyme i halli, så dansa me då i ring!
   Glada ridar Noregs menn til Hildar-ting.

Kongen let seg ei snekkje byggja bort på den slette sand.
Ormen den lange, det største skip som bygdest i Noregs land.

Skipet det bygdest i Noregs land utav dei beste emnom,
sytti alner og fire til var kjølen imellom stemnom.

Forgylte så våro dei stamnane båe, bordi dei våro blå.
Forgylte skjoden i toppen blenkte, - så sier soga ifrå.

Kongen uti høgsætet sit, talar til sine drenger:
"No skal me sigla den salte sjø, det heve eg tenkt så lenge!

Bere no då dei herkledi fram, dei brynjor og blanke sverdi!
Så leggja med sidan frå landet ut, så gjeva me oss på ferdi"

Modige mælte dei sveinane då: "Herre, me skal deg fylgja,
anten du fer i strid eller fred. Me ottast 'kje svarte bylgja!"

Frå berget ein gut med bogen i hand steig ned så raust å sjå:
"Jarlen utav Ringerike så skal eg helsa ifrå"

Kongen då til orde tok, fagnad i augo skein:
"Å no skal du seia meg namnet ditt, du unge, fræge svein!"

"Einar så skal du nemna meg; vel kan eg bogen spenna,
og Tamb så heiter min glupe boge, han fær vel pili til renna!"

"Høyr du det, du unge mann, vil du med meg fara,
så skal du vera min pile-svein, Ormen til å forsvara"

Ganga dei så til strandi ned spræke karar og rauste.
- Lunnane brosto og jarni skalv då skipet dei drog or nauste.

Vundo dei opp sine silkesegl, vinden å taka i fanget.
- Og så er det sagt at kongen sjølv han styrde "Ormen lange".