Sætesdals-stev
Hopp til navigering
Hopp til søk
Norske ballader og folkeviser
Bergen 1920
Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
---|---|---|---|---|---|---|
Denne teksten finnes på følgende språk ► |
Sætesdals-stev
Samla og utbladde av Alexander Seippel
Norsk aarbok 1920
Utgjevi av Torleiv Hannaas professorBergen 1920
- Ja, mi sku kvee sum aire laate,
- o dei sum hoyr’ de sku sitj’ o graate,
- o mi sku kvee so hjarte-vent
- at dei sku graate so vitt du ser.
- Mi vi ’kje gange gutan te trengsel,
- men mi vi gjeve dei ein hjarte-lengsel,
- o mi vi gjeve dei ei hjarte-uro,
- sum e vandt i ungdomen gjeng ut-o.
- Nei so haagt te heis vi eg alli vere
- o auke guten min slik ein vege;
- eg vi alli vere so haagt te heis
- o auke guten min slik ei lei.
- No hev dei logje paa meg so lengi –
- ett’ aalmann-vegjen fær eg kje gjengi;
- men no vi eg rø meg ein ure-veg,
- so ska du sjaa gutan dei fygjer meg.
- Eg kan kje vite koss de e skili
- me eg ska leggje ne aa tili;
- eg kan kje vite kaa eg hev gjort
- me eg ska hav’ limen te hovde-gjor.
- Min lisle gut, eg ha unt deg anna
- hell du sill’ vare baa spytt o banna;
- kjærare laag du i hugjè mi,
- men dei vaare adde me deg for stri’.
- Mi lisle gjente hev ingle lyti,
- eg tikj’ eg ser alli hennis liki,
- o sko hè uppi o glaap hè ne
- um du kan sjaa lyti i noken le!
- Mi lisle gjente, deg vi eg finne,
- um dynnan dei ska i flisa springe;
- um hu ligg innen-at laasan tri,
- so ska dei upp it eg vi te mi.
- No hev eg leita, no hev eg vunni –
- tru noken finare hev han funni?
- No hev eg leita, no hev eg blett,
- men tru noken finare hev han set?
- No vi eg take den guten vene,
- um eg i vike-tal ska ljot’ tene;
- no vi eg take den guten snaal,
- um eg ska so tene de same vaar.
- Mi hjarte mamme, du maa kje skjemme –
- eg hev hug-lagt han, eg kan ’kje vende;
- Eg hev hug-lagt han dei aarè tri,
- o so sia heile mi live-ti.
- Kan eg kje guten me æra vigje,
- so vi eg alli paa hesten stige;
- kan eg kje guten me æra faa,
- so vi eg han alli for augo sjaa.
- Inna-for bringa, aa vistre lene
- der e han gjoymde min gute vene,
- o der so kjem han alli i fraa
- so lengi hjarta e mann te slaa.
- Ai ai ai, du min gute vene –
- du laag for lengi paa hjarte-lene,
- du laag for lengi paa armen mi –
- dei kjem vist te blikne, mi raue kinn.
- Mi ungdoms-dage dei e burt-oydde
- ut-i ei sut bliv alli gloymde:
- mi ungdoms-dage burt-oydde eg
- ut-i ei sut sum bedrøva meg.
- Mitt kaate hjarta no hev de stiddna,
- dei raue rosune have blikna;
- mitt kaate hjarta de for so fort,
- o dei raue rosune kome burt.
- Mitt kaate hjarta, no hev du brusti,
- o støste gleen min den e burti,
- mitt kaate hjarta, de e forbi,
- eg maa syt’ o graate mi heile ti.
- Mitt ljos de slokna, mi sol hu gladdi
- daa eg saag at dei han n’i mollè spaddi;
- di-fyre vaddrar eg sossi her –
- alli finn eg lei, alli hev eg veg.
- Legg alli hugjen din ne so stoyge,
- for sia var’ han vist verri loyse;
- legg alli hugjen din ne so sterk,
- for det kan eg sei’ at e baane-verk.
- No e eg gaamaal, no e eg faren,
- o ingjen ting kan eg sei’ e gama;
- eg tikj’ alli gama i noko ting
- kaa i slette mona o borkjen min.