Sagn fra Bomlø

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Sagn fra Bomlø

Hannaas-samlinga, 49.10; Seksjon for folkloristikk, UiB.
Jakob Tveita og Gudmund Lundemannsverk, 31.3.1913.


Ute i Brømnes trudde dei mykje paa hulder og sovore. Paa Hallaraaker var det ein mann som nett hadde sett seg opp nye uthus. So var det ein vetter det laag nokre storda-buar der ute med not. Og ein kveld tok dei seg til og narra denne mannen so fælt. 'Jens inkjevetta' tok ein mann på herdane sine og 'bar kraakebøro'. So gjekk dei til mannen og banka paa. Han kom ut; og vart fælen daa han saag dette skrymslet som han mest inkje kunde sjaa til endes paa.
   'Du mann', sa dei, 'du fær vera so gilde aa flytja fjose ditt (floren din). Ku-lande renn beint ne paa bore vaart.' Og dei let um at dei skulle hjelpa til so steinarne inkje skulde verta so tunge aa flytja. Men gjorde han det inkje, so skulde han snart faa ulukka paa buskapen.
   Ja mannen vart rædd og lova godt. Og det fyrste han gjorde um vaaren, det var at han reiv ned uthusi og flutte dei. (Lars Rommetveit har og fortalt dette. Men han sa det var Nils Tyso som skræmde mannen.)