Sigvat skald og hans samtid

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Original.gif


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Sigvat skald og hans samtid


Halvdan Egedius: Sigvat Skald
Vanlegt som de var, at skaldane berre var til gjest, kann ein segja, hjaa hovdingane, eit aar eller so um gongen, var de likevel gjerne so, ved den norske hird i daa, at kvar hovding hadde i minsto ein skald som var aa rekne for fast ved hans hird, so lengi baae livde, og som ein soleis kunde kalle hans hovudskald, endaa um han kanskje ikkje alltid var beste skalden i lage. De som helst batt saman var daa vel, her som elles, eit visst samhøve i hug og haatt millom hovdingen og denne skalden, liksom millom ven og ven. Soleis maa ein tru at Olav Trygveson og Hallfred Vandrædaskald, um ikkje so like i alle maatar, likevel var laga til aa høve godt saman, beinfarande og framgjengde som dei var baae tvo, ikkje aa tala um mod og djervskap, som var so aalgjengd dygd hjaa mennar i den tid her i vaare land. Men med ingin hovding og skald syner eit slikt samhøve seg betre enn med Olav Haraldsson og Sigvat skald. De som den eine var millom kongane, de var den andre millom skaldane. Ser ein mest paa den eller den sida, kann de nok vera at ymse av vaare kongar var meir lysande enn Olav; men de var ingin som samla so mykje i seg som han, og samla de so fast og til slik daadug styrke. De rom han hev i vaart lands sogu svarar visst so toleleg vel til de rom han jamleg hev fengi i sogu-bøkane, som i boki hans Snorre, der han tek upp meir enn tridjedeildi av rome, og paa ein maate kann ein segja at han fyller heile Heimskringla.

Mælt med dette maale tek Sigvat og upp eit drjugt rom millom skaldane i Heimskringla. Ikkje berre de at de der er med ei 120 av hans vers i alt,[1] men Snorre talar elles og mykje meir um honom enn um nokon annan skald, og de er ikkje vandt aa sjaa at han sèt honom sers høgt. Likevel er ikkje Sigvat aa rekne til dei mest lysande millom skaldane, um ein dømer berre etter de reine skaldelage. Med alt de han var soleis laga, etter de Snorre fortèl, at han «var ikkje lettmælt i vanleg maalsemd, men skaldskap laag so vel for honom, at versi strøymde fraa tunga so lett som annan tale», syner likevel ikkje kvadi hans so heilt den fødde skalden som mange andre. Dei syner ikkje so mykje de rike og rame hugsyn, med de sviphage grip som sermerkjer den rette skaldskapen. Hans kvad hev meir sin styrke i tanke enn i hugsyn; de er ein mann som tenkjer i skaldemaal, og tenkjer godt og djupt og fint. I de heile er de ikkje skalden ein fester seg so mykje ved, som mannen ein merkar bak ordi, den kloker djuptenkte og fintenkte, rettviljuge og rettvise mannen. De var daa heller ikkje i skaldskap at Sigvat hadde sin einaste eller beste styrke; han var likso mykje ein raadsnar, framtøk og verkfør mann, som de er mange døme paa. Og de beste vitnemaal um kva han var og dugde til, hev me i de at Olav gjorde honom til sin stallar og raadgjevar og beste ven, som han trudde framum nokon annan, ser de ut til.

Um Sigvats ætt, og um hans liv fyrr han kom til Olav, er lite kjent. Av ættingar som me hev nokon kjennskap til, er aa nemne — forutan hans frende Ottar Svarte, som og var skald — berre hans far, Tord Sigvaldeskald, som han er kalla, eller Torrød, som Sigvat sjølv kallar honom. Han var fyrst med Sigvalde jarl og Torkjel den høge, og sidan med Olav Haraldsson, daa han kom til Noreg. Straks etter var de at Sigvat og kom fraa Island til kongen. Han maa daa ha vori berre ung, 17-18 aar paa lag, etter de han sjølv segjer i Bersøglisvisune, at han var «heilt skjegglaus daa». Sidan var han aa rekne for fast-buande i Noreg, der han var gift og hadde born og gard, so lengi han livde, vel til 1044-45 paa lag. Han var soleis med likso god rett aa rekne for nordmann som ymse norsk-fødde skaldar vert rekna for islendingar. Merkande er de og, at de einaste norske kongesogu-verk som baade er paa norsk maal og hev greide merke av at de er ein nordmann som hev skrivi de, Aagrip,[2] de nemner ikkje andre hirdskaldar enn Øyvind Skaldespillar og Sigvat.

Kor som er, vantar de ikkje paa at Sigvat er sermerkt i sin skaldskap; han er i røyndi den mest sermerkte millom alle hirdskaldar, de me no kjenner til. I sjølve innhalde merkjer han seg daa ut, forutan med de som fyrr er nemnt, serleg med de at han er langt mindre hermanns-skald enn dei andre. Ein merkar lite til at hugen hjaa honom leikar med vaapnglamr og blodbad, ulvar og ramnar og all den stasen; i minsto er ikkje sjølve slaastingi for honom hovudsaki, men dei høgre fyrimaali ein kunde naa med herstrid, soleis som de var for Olav sjølv. De han helst gjev seg aat med i sine kvad er sjølve menneski, deira liv og ferd, tankar og hugmaal, med eit og anna drag fraa den natur og de liv som dei ferdast i. Korleis han sjølv var til hermann er ikkje sagt noko um, og de er berre eitt slag me veit han var med i, Nesja-slage; men de er ingin grunn til aa tvila paa de han sjølv vitnar, at han var ikkje den som vilde spara seg i nokon strid, naar de galdt um de.

Hans skaldskap er ikkje mindre sermerkt i formi, med de at han brukar lite av dei kenningar eller innskrivingar som var aalgjengde daa, anten no dette heng saman med hans skaldegivnad, hans meir tøymelege hugsyn, eller med de at han var aalvorleg kristeleg. Visst er de, at han greider seg utan hjelp av nokon av dei gamle gudar og deira fylgje i sine kvad. I staden brukar han mykje aa skjote inn smaa side-merknadar i versi, so han paa den maaten fær dei ordi han hev bruk for til den vande versbygnaden, og som de stundom, med fyrste augnekast, kann synast heller ikkje hev anna der aa gjera; men ser ein betre etter, skal ein likevel finne at dei mang ein gong gjer utruleg god hjelp. Soleis i eit av dei finaste versi hans Sigvat, der han skildrar korleis fjelli i Noreg tottest honom smile, den tid kong Olav livde, — der er smøygt inn nokre ord um at han (S.) var «kjend paa knarrom» (handelsskipi). Kva skal no dette vera til? Jau, de skal i 2-3 ord segja so mykje som at han i den tid hadde havt god raad til aa sjaa dei norske fjelli, og nettupp fraa den sida som dei i seg sjølve skulde vera minst smilande aa sjaa til, til skilnad fraa «lidine sjølve» inne i lande, som han talar um etterpaa.

Kvadi hans Sigvat er so mange, so de vart for langt aa gaa nærare inn paa dei fleste av deim. De meste me no hev av deim er daa og aa finne i Heimskringla, og tolleg vel samla der kvart for seg. Med sume av kvadi er de elles noko ugreidt med skipnaden, soleis at de med sume vers er vandt aa vita kva kvad dei hev høyrt til, eller um dei berre er «lausavisur», som Sigvat hev vori sers romhendt med, ser de ut til.

De fyrste av dei større kvadi hans er visstnok Vikingarvisur, um Olavs vikingferdir og dei slag han heldt i den tid (Heimskr. s. 238-54). Her er de greidt nok med skipnaden, med di at slagi er nemnde med sitt tal i rekkja, fyrste, andre o. s. fr. De er i alt nemnt 13 i de som er med der (eller 14 med slage i Saudungssund), men etter Fagrskinna hev de visstnok vori 17. Deretter kjem Nesjavisune, um slage ved Nesjar millom kong Olav og Svein jarl. Her var Sigvat sjølv med, som de syner seg, ikkje berre av de han segjer beint fram, men ogso av de at skildringi er so rik og livfull. De meste av dei 14 heile og halve versi me no hev av kvade høyrer til Heimskr, s. 271-74. Kvad av eit sers slag, med si blanding av godlynd frisk skjemt og aalvor, er hans Austfararvisur, som han dikta paa si ferd til Rognvald jarl i Gautland. Av dei 24 versi etter Sigvat som Heimskr. hev s. 293-333, høyrer i minsto 21 til dette kvade, og kanskje eit par vers elles og. Noko i same leid er hans Vestfararvisur, dikta paa ei ferd som Sigvat gjorde, i den siste tid Olav var konge, til Normandi og England. Men av dette kvade er de att berre 3½ vers,[3] og etter deim ser de ikkje ut til de hev vori vidare godt heller. Av andre kvad kann me nemne hans Erlingsflokk, dikta um Erling Skjalgsson, etter han var fall in. Av dei 9 versi me no hev høyrer 7 til Heimskr. s. 470-72. De syner seg her, som Snorre segjer, at Sigvat hadde vori «god ven med Erling», og han kann ikkje dylja sin harm, jamvel mot kongen sjølv, ser de ut til, alt um de visst ikkje er tvil um at Olav meinte de ærleg med aa vilja spara Erlings liv, endaa so ille han hadde sviki konge og land. Av hans Knutsdraapa er de dessverre berre lite att, ei 11 heile og halve vers (7 i Heimskr. s. 251, 444-48). Dette ser ut til de hev vori eit av Sigvats beste kvad. De er visst nok ei «ervedraape», som de og er kalla sume stadir, og soleis dikta etter kong Knut var daain, truleg endaatil etter forlike millom Hordaknut og Magnus den gode. De sereigne versemaale som her er brukt, «tøglag», hev namn etter Tøgdraapa hans Torarin Lovtunge (Heimskr. 467-68).

Men høgst millom alle kvadi hans Sigvat, og millom alle hirdskalde-kvad i de minste, stend hans Bersøglisvisur (Framtalande-visa). De var her ei baade vanskeleg og faarleg uppgaave han hadde, aa tala til rette ein hovding i ein alder som er minst vitnæm. Men dette var nettupp ei slik som laag for Sigvat, og han hev løyst henne so fullgodt, at de er raadlaust aa tenkje seg de kunde vori gjort betre. Forutan dei 9 i Heimskr. (s. 549-50) hev me 8-9 av versi andre stadir, so me hev visstnok dette kvade gøymt so godt som heilt, og de er fyrst naar ein fær lesa de alt i samanheng at ein rett skynar kor meisterlegt de heilt igjenom er bygt. Me veit de er vandt aa døme um kva fylgjur den og den ting kann ha havt; men so mykje maa ein kunna segja, at hev noko kvad havt inngripande og vidgjengde fylgjur, so er de dette. Hadde ikkje Magnus vorti den gode og folkekjære kongen han vart, so kunde mangt komi til aa set annarleis ut, ikkje berre i vaart lands sogu, men de kunde og vera uvisst nok, um Magnus med sine nordmennar daa hadde komi til aa gjera sitt storverk paa Lyrskogsheidi, daa dei med sin siger mot vindane stemde den slaviske folkeflaumen, som elles kunde ha yvifløymt endaa vidare baade nordlandi og andre land.

Til prøve paa Sigvats skaldskap skal me her taka med noko av hans Ervedraapa um Olav den heilage, nokre vers som de ser ut til hev høyrt til fyrstningi og slutten av kvade. Desse og resten av dei 24 versi me no hev av kvade, og som handlar mest um slage paa Stiklestad, høyrer med i Heimskringla; men berre nokre av deim er gjevne i umsetjing der (s. 442, 507-19). Dette er visstnok de siste kvade me hev etter Sigvat, men ser ikkje ut til de hev vori sers godt. So er de nokre vers der Sigvat skildrar si sorg og saknaden etter Olav. Um dei hev høyrt saman i eitt kvad, kann vera uvisst; i minsto er ikkje kvade kjent med noko namn; men eit namn som Olavs-minne synest daa vera høvelegt. Endeleg er de nokre vers til dronning Aastrid og til kong Magnus. Versi til Aastrid syner sjølve at dei hev høyrt til eit kvad til henne; men um versi til Magnus hev høyrt til same eller til noko anna større kvad er uvisst aa vita. Desse tvo kvadi eller vers-samlingane høyrer til i sogo um Magnus den gode.


1. Av ervedraapa um Olav den heilage


(1.)
Olav, andprudt hovud,
øvre lande raadde,
fyrr han fall paa si ættjord,
femtan vetrar jamfyllt.
Hev vel gjævare hovding
heimsens nørdre ende
eignast? Hans æve drygdest
altfor kort, mot ho burde.
[Andprudt, med fagert andlit, aasyn. (Slikt noko kunde dei gjort vel i aa merke seg, sume av deira som tok paa seg aa gjeva teikningar til eit verk som Heimskringla).]


(2.)
Upplandi fekk til endes
under seg mildingen vunni,
kristindomen reiste
rett og i gjenge sette.
Hovdingar fyrr hadde
her elleve styre;
mennane, veit me, valde
i vedd gisl aa setja.
[Milding, gaavmild mann. — Vedd, pant.]


(3.)
Dei som illverk yrkte
ofte baud gull de raude,
kunde dei kaupe seg undan;
men kongen dette deim neitta.
Av lét han hogge hovud
paa herjarom, — so skal verjast
rike; dei radt fekk kvitte
ransverk, andre til merke.
[Kvitte, tilsvara, bøte.]


(4.)
Mæte drottnen, som metta
mest vargar, dei fleste
tjonsfolk tynte og ransmenn, —
tjuvskap hefte i stuven.
Kongen tjuv-snotar natne,
naadig, lét sakne baade
hendar og fotar; landsfred
fulltrygg so han bygde.
[Tjon, skade, ugagn. — Naadig her skal kanskje segja noko um at kongen var mindre streng med deim som ikkje var so «natne», ikkje var drivne tjuvar eller friske og arbeidsføre.]


(5.)
Mest de velde viste,
at av vikingar rikleg
mengd sitt hovud lét kongen
misse for sverdi kvasse.
Vidt seg vann i mann-røyn
vaapn-gagn far aat Magnus;
utsvnt til ære ténte
Olav Digre hans sigrar.


(21.)
Heren vart skild i ser-lag;
sume paa Gud trudde
(harde herstridar førde
hugdjerv konge tjuge):
fræge hovding paa høgre
hand bad dei kristne stande.
Fredheims Gud bed eg fagne
flugt-traude far aat Magnus.
[Flugt-traud, traud (uviljug) til aa fly.]


(22.)
Herre — din vilje er heilag —
honom hjelp som mi dotter
heim or heidindomen
hov og gav namne Tova.
Barm-faste bror aat Harald
barne mitt til daapen
heldt; i hugen fegin
heilt var eg denne morgon.
[Hov, av hevja, lyfte. — Fegin, glad, sæl.]


(23.)
De bør oss Olavs messe
etter far aat Magnus
i mitt hus meinlaust halde;
magt Gud gjev kongen.
De høver meg aa halde
helg etter saknad-dauden
hans Olav; han mine hendar
hylde med raude gulle.
[Magt, d. e. magt til aa gjera jarteignir. — Hylja («hylle»), dekkje.]


(24.)
Aat honom som hug-reint hjarta
hadde, eit skrin er laga,
gullprydt; heilage hovding
eg heidrar, — Gud han søkte.
Denne drottnens gravstad
dyre gjeng de mang-ein
fraa med friske augo
som fram-aat blind var komin.
[Søkte Gud, d. e. gjekk heim til Gud.]



2. Olavs-minne


1.
Glym-vònd, som gull-umvundin
gav meg kongen, eg skildest
her-mod ved, og heiman
heldt til Rom paa gagnferd.
Alt-med hermennar ulvar
ulysta, ned me lagde
sylv-hjalta vaapn og vigde
vandringsstav tok til fylgjar.
[Glym- vònd («ljom-kjepp»), sverd. — Her-mod, trøytt av her-live.]


2.
Paa Munt eg stod og mintest,
ein morgon, nær borgom,
braatt kvar skjoldar brotna,
brynjur side flengdest.
Kongen som lande lengi
lukkeleg raadde eg mintest,
fraa fyrste tid. daa i fylgje
far min var der, Torrød.
[Munt eller Mont (fjell), Alpe-fjelli.]


3.
Mannen vil døy som misser
møyi og hennar fangtak;
ovdyrt kaupt er elsken,
naar etter-paa ein maa graate.
Men framdjerv mann, i faaren
fast, for drepne kongen
taarur feller; de tape
tykkjest kongsmenn verre.


4.
Ramnar hit til hamni
hastar — dei lik minnest —
her som skipe med nyte
Noregs son dei saag fljote.
Kvar dag kvass-øygde ørnir
kvin innanfor Hillar,
dei som med aate Olav
ofte fordom lokka.
[Hillar, Hilløy, sudvest for Mandal.]


5.
Tvert eg gjeng fraa tufti
der tjodkongens hirdmenn leikar;
bleik som bast eg faanast,
i barmen sorgi sprengjer:
De minner meg, kor fordom
med mennom sine leika
ofte paa odels-tuftom
ordsæle min drottin.
[Faanast, bleikne. — Ordsæl, velgjetin, ord- fræg.]


6.
Kvitekrist late meg hava
heite elden til pinsle,
um eg vilde Olav svike!
alt er eg rein for dette.
Um meg endelaust mange
mennar de kann vitne,
eg fór til Rom i faare;
fritt maa alle de vita.


7.
I heile Noreg dei høge
heng-bratte fjell meg tottest
læ. daa Olav livde; —
leid-kjend eg var med knarrom.
No. daa trege meg tyngjer,
tykkjest meg lidine sjølve
ikkje braatt so blide; —
burte er kongen meg unte.
[Trege, mismod, sorg.]


8.
Enn eg ynskjer aa høyre
austan nytt fraa Gardar;
ord ura kongs-emne unge
ofte lovande frettest.
Eg spør, naar fuglar smaae
smyg seg oss imillom,
etter ætthege sveinen,
undrast um hit han kann ventast.


9.
Alfiva-sonen unge,
di æve lengi skal minnast,
daa ukse-mat me inne
aat, og skav, som geitar.
Anna de var daa egg-djerv
Olav lande raadde:
kvar korn-hjelm daa kunde
av kostigt fræ seg rose.
[Skav, avskavin bork. — Kostig, kraftig, matgod.]



3. Til Aastrid og Magnus


1.
Løne me vil med lydmælt
lov for rike gaavur
Olavs dotter, som digre
drottnen til viv aatte.
Ting-stemne heldt paa Hangrar
her-sank ovleg mannsterk,
aust i Svitjod, daa Aastrid
for Olavs son bar upp maale.
[Olavs dotter, dotter til Olav Svenske. — Bar upp maale, tala hans sak.]


2.
Trutt med toruge sviom
tinga ho kunde ikkje
meir, um manndomsame
Magnus var son hennar eigin.
Næst megtuge Kristus
mest til de ho gjorde,
at Magnus konge koma
kunde til Haralds ættland.
[Tòrug, vaagall, modig.]


3.
Milde Magnus kann takke
for manndomsam hjelp Aastrid;
velde fekk seg vidlendt
venen aat mennom, ved dette.
Stortenkt drosi sin styvson
studde som faa andre
kunde; henne til heider
her eg sann-ord yrkjer.
[Stydja («støtte»), gjeva studnad.]


4.
Til høves heim du søkte
hugdjerv, Magnus konge;
vel maa du faa av folke
fagnad god, som av lande.
Vernsmann eg var for di styvmor
visst, og fór kje til Gardar;
milde de aatalen torde,
tjodkonung! mot din namnfar.
[Fagnad, glede. — Aatale, klander, «bebreidelse». — Namnfar, Sigvat, som hadde gjevi Magnus namn.]


5.
Mennom mi meining eg segjer,
Magnus, at eg fegnast
ved ditt vakthald for lande
vel; Guds løn er dette.
Av folk i fødesheimen
faa fær slik ein konge,
so sant dyre sonen
sæle far sin likjest.



Skalden Ottar Svarte, som fyrr er nemnd, var ein systerson til Sigvat, men ikkje mykje lik honom i huglag. Han var hugbraa og eldfull, og sparde ikkje paa sterke ord. I Svitjod hadde han lært aa kjenne kongsdotteri Aastrid, ho som sidan vart gift med Olav Haraldsson, og hadde gjort eit kvæde til henne, der han visst hadde vori drjugt fri og djerv i si hyllest. Daa han sidan kom til den norske kongen, vart han ikkje vel mot-tekin; for Olav hadde høyrt um dette kvade, og lét skalden setja fast. Men lukka var daa at Sigvat var der, og han fekk stelt de so at Ottar skulde dikte eit kvad um kong Olav. Dette gjorde han daa so godt at han med de slapp fri. Difor er kvade kalla Hovudlausn. Slike «hovudløysn»-sogur er de likevel so mange av, so ein vandt kann lata vera aa mistenkje sume av deim, at den eine er noko laga etter den andre. De meste som er etterleivt av dette kvade hev me i Heimskringla (s. 238-357; 17 av dei 20 heile og halve vers). Elles er de berre ei 6 halv-vers av ei draape til Olav Svenske, i eit verse- maal som er kalla «halvknept», ei 10 vers av hans Knutsdraapa, og ei 2-3 lausavisur. Han høyrer til dei beste skaldar i den tid, og hev meir av de reine, fløymande skaldelage enn Sigvat; men hans dypt eller tankestyrke hev han daa ikkje.


Ein serleg namnkjend mann i norrøn sogu er Tormod Kolbrunarskald. De som hev gjort honom so namngjetin er likevel ikkje hans skaldskap, heller ikkje so mykje hans liv, endaa de var merkelegt nok, men mest, som me veit, hans utgang or live, i slage paa Stiklestad. Hans liv er skildra i Fostbrødrasaga, og mykje i same stil som med Kormak, Hallfred Vandrædaskald, Gunnlaug Ormstunge o. fl. Tormod hadde endaatil tvo han var hugbrend for ute paa Island; men den gjævaste, eller einaste gjæve av deim var Torbjørg Kolbrun, som han gjorde eit kvæde til, og av dette fekk sitt tilnamn. Fostbroren, Torgeir Haavarsson, var ei styrlaus utyrme, soleis at endaatil Tormod laut skilja lag med honom. Men daa so ein grønlending gjorde de manndomsverk aa drepa denne ulemen, heldt Tormod seg likevel skyldig til aa fara til Grønland og hemne fostbroren, og de gjorde han so grundig med den eine føre (vinstre) handi han hadde, so at dersom de var fleire som gjorde slik mannslagting der, er de ikkje aa undrast paa at Grønland vart folkeaudt for nordmennar. — De me no hev att av hans skaldskap er berre ei 15 vers av hans Torgeirsdraapa, etter fostbroren, daa han var drepin, og so nokre lause vers, serleg 5-6 av dei siste han dikta (Heimskr. s. 501-23), paa Stiklestad. Men jamvel desse er de mest tilhøve som gjer noko merkelege, og heller ikkje de andre me no hev etter honom syner nokon sermerkt skald.


Halvdan Egedius: Tormod Kolbrunarskald, Gissur Gullbraaskald og Torfinn Munn


Med de same fær me nemne 2 skaldar som var med Tormod i den «trioen» som kvad fyri slage paa Stiklestad (Heimskr. s. 502): Gissur Gullbraaskald og Torfinn Munn. Etter desse tvo er de likevel ikkje noko meir aa rekne for me hev att enn de verse kvar av deim dikta der. Um Torfinn er de fortalt at han ogso hadde vori skald hjaa Haakon jarl, og han maa daa ha vori ein noko gamall mann den tid han var med paa Stiklestad. Sameleis hev de vel vori med Gissur og, med di han var fosterfar til ein skald som i minsto ikkje lengi etter kom til Noreg, Rev Gjestsson eller Hovgarda-Rev som han er kalla. Han var son til skaldkona Steinun, ho som kvad nokre vers til presten Tangbrand (Njaala), ætta fraa Alv paa Voss og av same grein som Sturlungane; og far til skalden, Gjest, var av den gjæve landnaams-ætti som gjekk attende til Bjørn Buna og Grim herse i Sogn. Etter denne skalden er de att nokre fleire vers eller halvvers, 1 i Heimskr. (s. 517) av hans ervekvad um fosterfaren. De er berre skade at de ikkje er meir; for ved desse versi er de so mykje framifraa fint og godt, so de ser ut til han hev vori ein med dei aller beste skaldane.


Ein skald som er nemnd fyrr, Torarin Lovtunge, fær me tala um noko meir, endaa han var ikkje skald hjaa Olav, men hjaa hans motmann Knut og sonen Svein. Um Knut hev han m. a. dikta den fyrr nemnde Tøgdraapa (Heimskr. s. 467-68), um hans ferd til Noreg. De andre større kvade me hev etter honom, Glælogns-kvida (Heimskr. s. 534), er i vissa merkelegt med di, at endaa de skal vera til kong Svein, er de i røyndi vorti eit lovkvad um kong Olav, og syner at han merkeleg snart hev vunni eit høgt heilagdøme.


Endaa ein skald fær me taka med her, som heller ikkje høyrer til Olavs-skaldane; men han hev daa dikta eit kvæde til ein av dei fremste mennane hans, Kalv Arneson. De er Bjarne Gullbraaskald med sin Kalvsflokk. Baade tilnamne og anna er de noko uvisse um med denne skalden, liksom med den fyrr nemnde Gissur med same tilnamne. Dei 7 versi av kvade som Heimskringla hev (s. 473-549) skal me taka med her, etter di dei ikkje er gjevne i umsetjing der. De som her er umtala um Kalv, er at han var med kong Olav i bardagen ved Bokn mot Erling Skjalgsson, hans ferd til kong Knut og deretter herstriden med Olav paa Stiklestad, korleis han henta kong Magnus fraa Gardarike, og um uvenskapen som skilde Kalv fraa Magnus. Men kvade maa vera komi til noko lengi etter den tid, kann ein skyna, m. a. av de at de fell so tiltøklegt aa kalle kongane Olav og Magnus med nemningane bror og brorson aat Harald (H. Hardraade), og at de maa vera komi til vestanhavs, kann ein sjaa av de at skalden tenkjer seg øyi Bokn i aust, — endaa de finst døme paa at islendingar vilde bruke «aust» paa ein slik maate like godt um dei var austanhavs og.


Kalvsflokk


1.
Der, Kalv, var du nære,
der djerve Haralds erving
bøyste-tak baud aust-med
Bokn; di id er vidkjend.
Gygre-traavaren gav De
god maaltid til joli;
deg saag dei fremst i slage
millom spjot og kaste-grjote.
[Bøyste-tak, slagsmaal, beite, herstrid — Gygretraavaren, ulven. — Kaste-grjot, stein til aa «bombardere» skipi aat fienden med.]


2.
Alle leid ulut av byte.
Erling vart der kringsett;
blakke vod i blod-laug
bord ved Utstein nordan.
Sannrøynd sak er at kongen
svikin vart fraa rike.
Lande under egdine lagdest;
i lage deira var fleire.
[Ulut, laak lut; ordtak um eit byte (deling) som alle taper paa. — Bord, skipsbord, skip. — Egdir, folk fraa Agdir.]


3.
Sjøen med stamn lét skjera
snarraadig konge auster;
her-kvate bror aat Harald
hadde aa fara til Gardar.
Men — um folks bragdir
brukar eg ikkje aa raka
saman skrøyt — daa De skildest,
søkte du Knut med de fyrste.
[Bragd, tiltak, storverk.]


4.
Odd-ram jarle-ætting!
Englands konge du skylder
takk aa segja: i saki
sanneleg langt du naadde.
Land han lét deg lova,
Londons herre, fyrr vestan
heim du siglde, — og snarleg;
smaatt med deg er de ikkje.


5.
Lande med vaapn du varde,
vigdjerv, imot Olav,
hadde ei beite med hæve
hovding, — de kom meg for øyra.
Fram til stordaad du stemnde
paa Stiklestad den fremste,
der merke vod; du vaapnverk
vann til kongen var fallin.
[Varde, av verja, verne, forsvara. — Vigdjerv, djerv til vaapn strid.]


6.
Unge hovding til eige
arven du gav hans rette;
sant er at Svein maatte
sitja i Danmark einast.
Kalv! du vegen viste
vaapndjerve Magnus til lande
heim fraa Gardar, og honom
heimla fekk hans ættjord.


7.
Haralds brorson deg berleg,
bror aat Torberg, synte
venskap — de du verdig
var — til andre de spillte.
Ovundsmennar avla
ideleg tvist imillom
deg og Olavs erving;
utrengs-verk de meg synest.
[Berleg, opinbert, berrsynt. — Torberg, Torberg Arneson.]




Notar:

  1. I landsmaals-utgaava og er komne med dei fleste som høyrer til sogo um Olav den heilage: derimot av deim som høyrer til sogo um Magnus den gode er berre versi av Bersøglisvisune med.
  2. Dei 2 andre soguverki me hev etter nordmennar er baae paa latin; de eine Tjodrek munk’s og de andre Historia Norvegiæ. Alle 3 høyrer til dei eldste soga-verk i me hev i nordlandi, til tidi 1177-1200 eller nær der-ikring.
  3. Høyrer til Heimskr. s. 414-45, men er ikkje komne med i landsmaals-utgaava.

HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.