Skiderimet (Solfrid Vestli)

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif


Skaldekvad


Skiderimet

omsett frå fornislandsk
av Solfrid Vestli
© 2011


1
Eg dug dårleg til elskovsdikt,
dei er det reine svallet,
støtt slik gaman sluttar slikt,
sånt er sams for alle.

2
”Kom i frukthagen søte skatt,”
slik kunne ynglingen dåra,
men ut fann møya ikkje att,
ofte trilla tåra.

3
Kjem fagre dikt i fruars veg
så får dei tankar søte,
dei trur at orda er til seg
og tenkjer kjærleiksmøte.

4
Gjerne mæler mange søtt
møyene dei smeikjer,
men åstord høver ikkje støtt
og åt alle veikjer.

5
Yrk i staden utan bry
eit eventyr med lette,
for da veks vi drustne drengars ry
hjå drosene dei nette.

6
Fjolne-karens forntidsbåt,
som flaut i tankehallen,
er Skide-soga skjemtfull kåt
som skriv om loffarkallen.

7
Han vart tidleg høgreist sann,
Hítardalarstranten,
ja, det sa ein edel mann
som ei skreiv fjas om fanten.

8
Som ein trå med pukkel på
var pilten (lengst av menner),
og krumme nevar, svære så,
sat på stygglange hender.

9
Skides kinnbein stakk seg fram,
skeive var hans tenner,
tynnskjegg tala fri for skam,
frekt åt fine menner.

10
I si skreppe han Skide bar,
ei skonål av dei beste,
og dei seier veska var,
velfyld av det meste

11
Ein storstav hadde håken og,
med holk og stålbroddsende,
ryktet hans var så som så,
støtt med slarv han rende.

12
Tiggarvegen trødde han
trufast all si æve,
der han hota dei han fann
den helten vår den gjæve.

13
Matskrin åtte alken sær,
inni seigt av feite,
og så stort var det skrinet her,
at ”Smørsvin” vart dess heite.

14
Og det var som andre svin
innholt lik ei kiste;
Grélant dverg or garden sin
gav honom det som niste.

15
Karen kutar krinsen rundt
klar for det neste fliket;
gjetord om denne gangarglunt
gjekk snart i heile riket.

16
Helten såg seg ihuga om
utpå vestlandskanten;
seinare sveinen til Saurbær kom,
slik for denne stranten.

17
Til Torgils stad han stemnar så,
Staðarhóll het garden;
venleg vart han helsa på,
hæv var bondekaren.

18
Oddås son var storverkvand,
styrde karar fine;
dei kjende han som gjorde gant
med gangferdsogene sine.

19
Eg har høyrt at den huslause gjekk,
heim åt vesterbyggen,
”må den støtta som eg fekk
svi dei midt i ryggen.”

20
Torgils skyssar svolten vekk,
syt for sine gutar;
Skides matsvin mesta sprekk
om morgonen da han kutar.

21
Tidleg må den mannen ut,
som mange sitt vel skal akta,
drivne drengar slo ein stut
frå Stagley som sveinane slakta.

22
Da tala bonden Torgils glad
til den fine karen:
”Kva skal tiggar Skide ha
for skjemten sin i garden?”

23
Lenge har sveinen sakna sko,
til skolær har han hangen,
for mange strevar meire no,
som mindre lit på gangen.

24
Sneia var av skikkeleg slag,
skarpt skar kniven i luten,
når skinn er tjukt som su om lag,
smiler livet åt guten.

25
”Dei vil seia du er gild
dei drengar som er gjæve,
om du gav ein ende til
at oksen din den gjæve.”

26
”Tak ei snei du synest dug,
skjer ho sjølv du berre.”
”Gørstor er din gjevarhug,
gjæve, gode herre.”

27
Midt oppå lendene larven skar
langt og vidt snitta gjesten,
og da meinte kvar ein kar,
at knapt han skal på hesten.

28
Brått han baud farvel, sin sekk
slengde han opp på herda,
så var han reidug og vandra vekk
for vidare gjekk denne ferda.

29
Austafor Skarð gjekk alken brå
og langs Ásólfsgata,
heilt åt Hvammur kappen så
klampa ned på flata.

30
Stulle het den svære mann
som styrde staden fride,
ryet godt det hadde han,
så hit han bad seg Skide.

31
”Vart du kjent borti veststroka, gjest
verten hans høgmælt spurde,
høyr, kva bonde hæv er best,
han vi æra burde.”

32
”Best er Torgils, gild og god
gubben er mot nesten,
for eit lær åt fire sko
det fekk i gårkveld gjesten.”

33
Stulle gav ein stålsmidd kniv
og stelte godt med karen,
han bad Gud signe Skides liv,
og snart var vandraren faren.

34
Han stabba ei sørleg lei,
langs Svínbjúgur, Hítarvatn,
men buken hans batna visst ei:
brumla som bjørnar atten.

35
Torleif, den beiske baus
på Belgjardalargarden,
var visst sjeldan særleg raus,
samla gjorde karen.

36
Men snautt med stell fekk Skide-far,
skumt det vart om nova,
fremst i stova eg fretta han var,
da folket skulle sova.

37
Dei ville ikkje drengen sjå
da drykk og mat vart smaka,
”eg skit i tykket til dei små,”
så tala Leif om saka.

38
To skopar laga den larven da
med lisser som var store,
det kan du seia at eg sa
for alt er sant, kvart ordet.

39
Stadens søner snørde sko,
som skikken var, til foten,
åt beltet batt ein også to,
og likt det gjorde doten.

40
Han set skreppa fram for seg
før han opnar henne,
flaket vidt og fyrsteleg
av fisk han fann oppi denne.

41
Halve svinet slukte han
og sju grunnungar dengde,
men til sist da smøret svann
han Skide munnen stengde.

42
Ein vråpall valt han på
vant batt loffargjesten
svinet sitt til sida og
surra til herdene resten.

43
På rygg han slumra i si krå,
snau var salmesongen,
fattigfolk som fanst der og
fælte han den gongen.

44
Ikkje sa dei han signa seg,
(så smått vil gleda rakna),
han skal snart, det ottast eg,
av ille draumar vakna.

45
Sidan somna sveinen snart,
Skide ingen gløymde,
for det vart visst veldig rart
det vandringsmannen drøymde.

46
Inn kom mann i stova så stor,
med stålprydd hamar i hende,
det var av alle Åsa-Tor
som Odin kongen sende.

47
Slik fall orda da åsen fann
alken vår på pallen:
”Odin vår høgste overmann
ønskjer Dykk åt hallen.”

48
Kongar to tok til med tull,
tretta ved sengetida,
Fjolne gjev deg fullt av gull,
får du løyst den strida.

49
Kjalar har høyrt om karen slug
kjent i verda vide,
og kvar ein svein med sans for dug
han søkjer åt si side.

50
Du fekk både dug og vit
for deg har lukka fanga,
derfor står det i drottens rit
at du mot aust skal ganga.”

51
Strantens strekte stølna skrott
og spytta før han svara:
”det gjev ære åt din drott
at dølen dit vil fara.”

52
Ryktet sa at raven ris
og rausar ut med kausen,
han fer på heller høyrleg vis
høge ferdafausen.

53
Det gjeng trått å trø mot aust,
tung er jøkulskaren,
men venleg ventar Ving-Tor raust,
viss på hell er karen.

54
Austafor Horn dei for frå land
fram til dei norske strender,
dei kom tett ved Trondheimens strand,
trur eg, desse menner.

55
Om brottsjøen slo dei berre lo
av bylgja den kaute,
for ho kom aldri over sko
og ingen vart blaute.

56
Der i fjæra fylgjet fann
ein faus som Olmod heiter,
han er ein utesetemann
som etter spådom leiter.

57
Olmod helsar Svolnes son
og spør: ”så kven er fausen?
Gjev han heppe, hell og mon
han her som fylgjer med kausen?”

58
”Skide nordmann vi nemner han,
med namnet i frå dåpen,
alt det ork ein ønskja kan
er i den djerve slåpen.”

59.
”Ikkje synest sveinen meg
så særleg hard i kjøtet;
og ikkje kjem han, det ottast eg
utan mein frå møtet.”

60.
”Slutt å spå meg slik styggferd, slask,”
slik fall Skide-orda
”elles så skal eg din digre brask
dengja deg til jorda.”

61
”Tomme ord er ikkje det,
når æsene tek kallen,
får han sitt å strida med,
straks han kjem aust til hallen.”

62
Svallet vart Skide sliten av
og styggsur han halvvegs nådde,
Olmod med sin store stav,
sveinen der som spådde.

63
Tiggaren sprang frå steinut veg
og skunda seg over taren,
der datt han med heile seg
og hermed var holken faren.

64
Dagen etter fekk alle sjå
Olmods funn frå stranda,
æra tener ingen på,
ho ofrast lett for anna.

65
No dei aust for Noreg for
nest på langs dei drangla,
over dei danske si jord
desse ein augneblink dangla.

66
Brauta var så stor og god
som om dei byen gjesta,
dei var komne åt Asia no,
og Odins hallar mesta.

67
Skide la sine sundslitne sko
i sekken sin den vide,
dei nye snørte stranten no
som før var lagt til side

68
Det glym i kvar ei gate svær,
glør gjer tårn som gullet,
høvisk som ein heimsmann er
her kvar mann til fulle.

69
”Kven eig slike hæve hus?”
høgt var Skíðis mæle.
”Dette er vår Valhall flus,
velfylt av velstand og sæle.”

70
”Du Tor”, spør Skide der dei står,
”ditt fylgje lurar berre,
kvar kjempane sit og Svolne vår
og sveita hæv, min Herre.”

71
”Æser tolv på kvar sin stol
sit inst ved Odins side,
og hallen skin som snø i sol
av sylv og gullet fride.

72
Her ser du han Hildetann
og Halfdan drott den milde,
ja, du veit mi soge er sann
slik eg nemner dei gilde.

73
Inst sit Ivar og ein drott:
Alv den sterke og harde,
og Helges Rolv med hirden flott,
til helteverk snare.

74
Sjå, Arngríms søner der dei er
dempar ikkje bråket,
Hagbard og gamle Starkad svær
sit i lag med Åke.

75
Så sit Harald som blotar
saman med Tråen i haug,
minst likt er daude dotar,
dei er eins troll kvar draug.

76
Visst er dette Vidurs tjod
og Vidolfs volve-faren,
og hans Eddgeir og Åventrod,
som alder bylgjer skaren.

77
Her er Geirmund heljarskinn
hjå han sit helten Vikar,
og Sorle som av styrk er stinn
slikt folk som stridsgny likar.

78
Kappen Åsmund sterk og svær
som skipet Gnóð kan føra,
og jamt har hell med det han gjer,
han ser du ytst ved døra.

79
Ivar, far åt Aud er han,
inst på lange pallen,
har ein hird av hundre mann
med herskarrang i hallen

80
Sigurd Ring han sit der òg
med sonen sin kong Ragnar,
og frøkne Åle utare så,
alle i stridstid gagnar.

81
Andri jarl har felag før,
far er Ragnar-kallen,
og Isungs søner meir mot sør
treng mykje plass på pallen

82
Rett nordom midten rastar så
Reidmars griske søner,
atten dvergar utare frå,
er ingen smiekløner.

83
Dernest sit ein skokk av tolv
store karar gilde,
gjetne garpen Gange-Rolv
og guten åt Gautrek milde.

84
Gjukes eigne søner, sjå
sit med han Jarnskjold-Tore,
nord for den modige Ubbe og
andre bausar store.

85
Ytst ved døra er Sigurd svein
som ei sit med fjottar,
av han her fekk Fåvne mein,
frægst er han av drottar.

86
Ormens vaktar er´kje fin,
ageleg er karen,
Odin tel han ei som sin,
såg han heller faren.

87
Med kvite hanskar dei sit på stol,
der ser du Frigg og så Frøya;
men ho tredje er Hedens sol,
Hild den sivmjåe møya.

88
Si Hild vil gjerne Heden få,
men Hogne står i mot det;
defor veks vår våpentrå,
vilt hiv mugen grjotet.

89
Her ho løynest lukka di,
lær desse to å semja,
elles eig vi inga tid
før alle må remja.”

90
Skide, Islands stolte lurv
stod så snart i hallen,
snart lo kvar i kongens hurv
”kva vil den langskjeggskallen?”

91
Fyrst tok Skide husfars hand
som han var vant med å gjera;
her fanst kunst frå kvart eit land
og krik og krok av verda.

92
Odin strekte seg og sa,
”slå deg ned du fride,
svært velkomen er sabben ja
set deg ved mi side.

93
Eg har jo jamt dette ønskjet ått
om å finna karen.
Sei meg nytt, både stort og smått
du svein som vidt er faren.”

94
”Fri for nytt er ferda mi,
fred eg ønskjer berre,
Eg har noti din nåde blid,
no er eg seksti, min herre.”

95
Det som Svolne spurde nest
skapte litt mindre vande:
”ja, er det så at du er best,
edle mann, i landet?”

96
”På Island har jo så mange makt
litt mindre og meire,
men i dåder og dygdeprakt
du og eg sler fleire.

97
Torgils er nok aller best
av dei i vest eg møtte,
nei, det finst´kje nokon gjest
han nektar hjelp og støtte.

98
Eg ordgyller ikkje så tidt,
ørfå menn har eg hylla,
men eg vil syna deg svinet mitt
som han baud dei å fylla.

99
Det er og ein edel til,
eg trur han heiter Stulle,
denne kniven kvass og gild
kjem frå dette gullet.”

100
”Det å vandra ut var stritt,
så ven, eg gjev ei like.
ved at du får velja fritt,
verdsak frå mitt rike.”

101
”Gjev meg ein holk åt min stav,
eg mista hin, dessverre,
eg tenkjer nok det at han trilla av,
truleg i Noreg, min herre.”

102
”Smid med kraft or stålet mitt,”
han Svolne sa åt Regen,
”stygghard holk skal herren fritt
ha for den lange vegen.”

103
”Eg spring snøgt åt smia mi,”
sa smeden som straks tok svitten,
merka ti han hadde i,
høgast kant fekk midten

104
”Brokk, du skal bruka belgen vel,
blåsa til smedens beste,
men brest belgen i ein del,
er du nok daudens neste.”

105
”Gjev meg smør i skreppa mi,
snille drott,” sa stranten
Straks bad Fjolne Frøya si
finna smør åt fanten.

106
”Gjev du ja til kvar som spør
skrumpar det i bua,
eg er oftast utan smør,
utgifta fell på frua.”

107
”Fort skal Loft få fatt i det
og Frøya fylla svinet."
"Snart må eg kanskje kjøpa med,
kva sømd er det, min fine?”

108
Han Fårbaute fylde i,
og frakta svinet til hallen.
”Gøym det du Frøya, frua mi,
fram til dess at han krev det, den kallen.”

109
”Dvel hjå meg i kveld, du døl,
dryg med utferdstrongen.”
Så kom innan styggsterkt øl.
”Eg skålar for deg,” sa kongen.

110
”Gud skal løna vinen, vert
velsigna takk”, sa Skide.
Da heldt Ygg for øyro tvert,
som ille råkt av kvide.

111
”Du talar ikkje høgt om han,
her i mine hallar.
Alt eg gav deg, gode mann,
kan gleppa om du svallar.

112
Kjos ei kvinne her til di,
eg kan jo fleire nemna;
Bortsett frå ho Frøya mi
får du kvar einaste femna.”

113
”Eg vel Hild så hag og mjå,
ho er som inga anna,
for eg kan ingen andre sjå
som er i alt så danna.”

114
”Av døtre har Hogne ei,
så han får råda åleine,
men Heden vert heller lei
om her vert fleire om beinet.”

115
Skide snudde seg og sa,
slik var gubbetalen:
”kva skal eg leggja i loven din da
for lilja så ljuv i salen?”

116
”Han Gagnråd sjølv kan gjerne få
gifta bort mi kjære,
betre måg er ei å få,
i alt er vår dreng den svære.”

117
”Eg skal gjeva alt eg kan
om de semje lagar.”
”Sjølv om du vert ektemann
ikkje alt seg hagar.”

118
”Verta måg er alt eg vil,”
sa alken vår til faren,
som svara ”vend deg sutlaust til
Svolne vår, du karen.”

119
”Mågen kan tenkja mykje no”
mælte Hogne, ”om dette.”
”Er de så samde”, sa Skide, ”de to,
Gud signe dykk for lette.”

120
”Fy for ein svall”, sa den store Tor,
den sterke helten fride.
”Vår venskap døyr av vamle ord,
ven deg av vås, du Skide.”

121.
”Unge gullskatt”, Odin sa,
”ønskjer du å taka,
denne hæve helten da?”
Han gjekk rett på saka.

122
”Eg bør halda ordet mitt
og på Heden venta,
men synest far min at eg står fritt
så svarar eg ja,” sa jenta.

123
”No skal vi feira bryllaup brått
blant desse brave menner,
som vitne har vi Halvdan drott
og Hildetann, skål venner.”

124
Gubben strekte gifteklar
ei grosvart hand mot drosa.
Allfader gav han Indias land
og alt som han ville kjosa.

125
Kappen fekk eit kongsnamn da,
kjapp og røynd i kampen.
Men somme karar spitfullt sa:
”som ein gut er slampen.”

126
Denne tidend kom åt oss
at da Skide-guten,
fort slo teiknet for frelsarens kross
fekk han rapp på snuten.

127
”Kvi meier du mågen min no”,
mælte svigerfaren,
da Heimdal med horntuppen slo,
hardt etter Skide-karen.

128
”Styggfrekk er kappen som kom hit,
krenkt oss svært har gossen,
For gapen mælte gudsordskit
og gjorde gamle krossen”.

129
Heimdall fekk ein hovudrapp,
han fall beint i svime,
av farken som var fælsleg kjapp
og fekta med fart og fime.

130
Men da vart han Hildetann snøgg
han reis og rista skrotten.
”Kven dett nest når kjøsen høgg,
kanskje sjølve drotten?”

131
Der fekk Skide slaga tre
skokken slo og kvella,
det er skire sanninga med:
slampen let stålholken skrella

132
Her stokk Geirmund heljarskinn
han sa ”de er´kje greie
som gjev min landsmann Skide inn,”
så steig hans øks den breie.

133
Han høgg etter Haralds liv,
hin skreik mot øksa harde,
den låten var like kiv,
som løvas brøl i snaret.

134
Han Harald fall som ein stokk av tre,
ynking høyrde alle,
det drønna godt da han datt ned,
digert dunk gav fallet.

135
Med spjut stakk Ubbe som er frak
slik at heljarskinnet,
daudskremt med same digre brak
datt på rygg der inne.

136
Straks kong Halv sprang snøggleg opp
han svinga så på sverdet,
og sa: ”eg drep den stakkars skrupp
som slær min landsmann kjære.”

137
Ubbe fekk av Alv ein tamp
akkurat på kinnet,
dette kan vi kalla kamp,
knapt fandens born er linne.

138.
Han Ivar sa da Ubbe fall
og fekk mørklagt vitet:
”bruk ein træl som skjerming, kall,
slike tyder lite.”

139
Så han gamle Starkad ris,
sterkt han byrja å remja:
”for Ivars svall eg gjev ein fis,
ingen skal Skide lemja.”

140.
Ivars auge fekk eit slag
av den gamle kallen;
fred var uråd denne dag,
dei sloss stygt i hallen.

141
Kong Halv dei måtte halda fast
han fekk ei slåss som resten,
for han slo åt kvar ein gast
som yppa seg mot gjesten.

142
Utstein jarl og han Rok så svart
den svære Ubbe banka
eins han Skjelkall etterkvart
ingen nåd det vanka.

143
Atten frake fellar datt,
fall for Ubbes hender,
som slo Skide-skolten att,
og straks spratt det fire tenner.

144
Frøke Åle sprang med sitt spyd,
som snøggleg drep ein gubbe,
åt han som skjenkte skjolda hyd
og stikk det gjennom Ubbe.

145
Da dett Ubbe ut ei dør,
atten hundre er såra,
han lever til lysken blør,
lungene nedover låra.

146
Kløyvd eins ved vart Åle med,
av ein helt nemnt Agnar,
sverdsplitta nedåt skuldrene,
set han seg og tagnar.

147
Snart den ovsvære Eddgeir slo
Agnar midt i skallen,
han svara inkje, men skratta no
så fall også den kallen.

148
Pilskura står i Odins ve,
Arngrims søner vil berja,
Volsungs slekt får stogga det
og synest Skide verja.

149
Vikar sloss på Valtyrs golv,
vond å slå vart drotten,
Sorle gauv på han Gange-Rolv
og gav han sverdhogg i skrotten.

150
I mens han Vidolf gjekk mot Rolv,
møtte Bjarke-kallen,
og snart sloss og ein skokk av tolv,
strida skrall i hallen.

151
Rolv vann sin siger da Vidolv fall,
veldig tungt på valen.
Ein høyrde det høge skrall,
hundre rastar frå salen.

152
No veida mugen mågen mest,
mange måtte falla,
dei høyrde ein høglydt brest,
da han let holken sin gjalla.

153
Folk kutta kvarande sund
og kløyvde ned lik ville,
dei fann at denne fæle stund
var full av alt ille.

154
Ugg gav denne oddeskur
underfæl var denne,
ingen på dei andre trur,
ymse fall i henne.

155
Bryna sprakk på Grimhild sin gut,
grovt vart Gunnar kutta,
da far åt Lodbrok langa ut,
leit vil leiken slutta.

156.
For Gunnars sverd gav Sigurd svar,
snøgt stod det i hans tenner;
og snart dei nesten daude var,
dei drustne, fræge menner.

157
Meidd og mod var mugen no,
mødde døydde somme,
oklehøgt stod ofras blod,
eggane song i rommet

158
Han Eddgeir og Åventrod med
ønskjer Skide dåen.
Men Harald får hindra det,
hans strid var ferdig med Tråen.

159
Tore jarnskjold treiv ein stein,
trefte som eit under,
Haralds vange så han vart klein
og valt i desse stunder.

160
Men no ryk begge risane ut,
rivne er dei i holdet,
for Tråen, ein ofsesterk gut,
eig ork og kraft som trollet.

161
Brune berserk barde hardt,
baneslo Tråen-guten,
da han laust frå livet vart
han let så ljott som stuten

162
Giftspytt skvatt frå Fåvne no
som fort mot Skide hasta,
men gjennom hurda fauk han do,
her fekk visst ingen rasta.

163
Spydet sterkt stakk Skide-gut
slangen Fåvne i synet,
så ei trollsleg tann spratt ut,
stygt var det ormetrynet

164
Dette sjakkspelsemnet stakk
Skide oppi skreppa,
pint vart dølen så det rakk,
men dauden fekk han sleppa.

165
Åt sitt forne ormehi
er det Fåvne kutar,
medan han Starkad hugast på strid,
hugs det ein vending, gutar.

166
Ving-Tor sjølv åt skokken gjekk
og sa åt vandrarfanten:
”slutt med å slå oss og drag deg vekk,
du dvela for lenge, stranten.

167
Odin vinn du aldri på”,
sa Åsa-Tor trygt åt lurken,
”men den smellen som du skal få
vil sanneleg fella skurken.”

168
No heva han sin hammar Tor,
og hogg med kraft til Skide,
som hogg i mot med holken stor,
her høyrdest smellet vide.

169
Starkad hogg til Tore no,
trefte han frampå hausen,
svint ned åt midja sverdet no,
snitta opp den fausen.

170
Brått ein Bruse berserkkall,
brukte kølla verre,
slik at gamle Starkad fall,
og styret vart´kje smærre.

171
Ragnar og hans sveinar slo
stakkars Gautrek den milde,
Kjetil og Rolf dei dansa no
med drengane så gilde.

172
Det høyrdest der helten for,
hogg fekk Bruse den bause,
han fall ved foten hans Tor,
her vart dei fleste tause

173
Drotten Alf han slit seg laus,
snart løftar han kong Vikar,
og sler han midt i Odins haus,
slik åtferd mislikar Nikar.

174
Frøya støkk med ein stålsmidd kniv
og stikk i Skide sin nase,
når ho ser koss sveitten driv,
av Svolne, maken i maset.

175
Høgne treiv og hivde kvast,
Halvdan frægst av alle,
så beina i bringa brast,
for barskt var det jarlefallet.

176
Da sa kvar ein svein og mann,
samd var æseflokken,
fjern denne Skide den som kan,
snart drep han heile skokken.

177
Dette fann dei fleste godt,
fik han fekk på kinnet,
tretti veida vår vandrarfjott
veldig var styret der inne.

178
Han Skide drap Loke (Byleists bror),
Balder, Njord og Høne,
han kverka femti på Kjalars jord
og kasta tolv på mønet.

179
Da brynja skaka sa Sigurd så:
”sjå på den kristne eine,
meg synast at sveinen må,
slåss mot mange åleine.”

180
Du lura hit den larven, Tor,
og laga dermed flausen,
ryet vårt gjeng ned og nord,
når han sladrar, bausen.”

181
Da tok han Sigurd sverdet Gram
og svinga kraftig stålet,
skadde spratt som skremde lam,
svint or Allfaders skåle.

182
No slengde Sigurd den strantne ut,
og stilte seg på svilla;
still og skadd låg Skide-gut,
skralt det vart med snilla.

183
Innanfrå den høge hall
høyrde gubben bråket,
det var mest så drottsalen fall
slik dirra han i ståket.

184
Med snøggleik ropar Skide inn,
der skokken låg så flakna,
”snille, søte Sigurd linn,
svinet mitt er sakna.

185
Eg skal nemna han Sigurd titt
som bar silketrøya,
om du stikk etter svinet mitt,
som eg la hos Frøya.”

186
Denne gilde gjerning klok
gjorde Åsmund fride:
Gnóð sin styrar svinet tok
og sendte det til Skide.

187
Han vart råka i vitets bu,
vandringskaren vakna,
heime i Hítardalur du,
der drosa Hild han sakna.

188
Tett ved døra tasen låg,
truleg fraus han i gufsen,
der tende dei ljos så dei såg,
og skvetta vatn på tufsen.

189
Strengt tok Torleiv Skide fatt,
”stygge, vonde slange,
du har vori villmann i natt
og vandra stega mange.

190
Ja, du slo mang ein stakkar hardt
så han måtte lida,
for fleire her har farken bart,
fem fekk du felt i strida.”

191
Dei såg ein holk på slampens stav,
stor som åtte merker,
som mang ein arming meinhogg gav,
mode kroppar verkjer.

192
To par sko var trampa i sund
og trasne opp åt rista,
lamt var fåmen lik ein hund,
så låk finn eg denne lista.

193.
Det datt tenner or fantens haus,
fire mista han Skide,
og den femte var visst laus,
ho valde, sa han, kvide.

194
Og så fortalde han flokken straks
frå si draumevandring,
det vert skrivi større slags
skrift med mindre handling

195
Snøggt dei skoda han Skide godt,
og så saumfor dei stranten den såre,
blå var larvens lamde skrott
og lik ein fjærkost håret.

196
Skreppa, som var skapt med flid
som var tom om kvelden,
hadde smør frå ei eldforn tid,
or Asia no åt fellen.

197
Hundane som smøret fekk
frå skreppa åt han Skide;
snart or det leie livet gjekk
og låg der daude vide.

198
I taska låg ei trollstor tann
den tjue merker tunge;
som prover det at soga er sann,
om sveinen den unge.

199
Med fine reiskap fusane skar
fagre blomar på henne,
den beste staven bispen bar
borti Hólar vart denne.

200
Denne vinter han var sjuk
veldig lenge Skide,
folna gjorde hans fæle buk
som fyltest av sår og kvide

201
Aldri folna faus får gro
før han sver som sanning,
å fasta laurdagsnettene no
og nektar seg all banning.

202
Eg veit ikkje enden og
alt som sidan hender,
men eit svar skal Suðri få
på sundagen, venner.