Snorre Sturlason, liv og skriftir

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


For at alle skrivefontar som blir brukt i denne artikkelen skal visast korrekt må ein ha fonttypen Plain Germanica installert på PCen sin. Plain Germanica skal lagrast i Fonts-mappa i Windows.


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Snorre Sturlason, liv og skriftir.

Fyrimæling

til

Snorre Sturlasons kongesogur i umsetjing.[1]


(1. Um Snorre og live hans. 2. Skriftine hans. 3—4. Handskriftir, utgaavur og umsetjingar til kongesogune).


1. Snorre Sturlason høyrde til ei megtug hovding-ætt paa Island, ei ætt som talde gjæve stormenn fraa eldre tid millom forfedrane sine. Paa mannssida er rekkja kjend berre i 5 ætt-ledar, og farfar aat Snorre, Tord Gilsson, var den fyrste som naadde upp millom landsens hovdingar, godane. Men mor hans Tord var dotterdotter aat Halldor Snorreson paa Hjardarholt (nemnd s. 572), og Tord sjølv var gift med ei sonedotter aat dotterson til denne Halldor og ervde med di godorde til Snorrungane (kalla so etter far aat Halldor, Snorre gode, nemnd s. 5 og 396). Son hans Tord, Sturla Tordsson paa Hvamm eller Hvamm-Sturla (fødd 1115, † 1183) vart gift med Gudny Bodvarsdotter og vart ættfar aat «Sturlungane». Gudny var paa farssida stokki or den namngjetne skalde-ætti Myramennane (ætti hans Egil Skallagrimsson og Einar Skuleson), og gjenom farmor si var ho ætta fraa den frægde og lovlærde skalden Markus Skjeggeson. Um Sturla er de sagt, at han var klok og sløg, munnkaat og staakal, hemnfus og magtsjuk; han traadde etter aa koma seg upp i høgdi, og tok seg frammi allstad der de brann strid i lande, han var alltid aa vange med aa velta seg inn paa andre hovdingar, men han var og alltid reidug til aa hjelpa sine undergjevne tingmenn til aa auka seg vyrdnad. Paa sine gamle dagar kom han i strid med ein magtrik prest og hovding, Paal Solveson paa Røykjaholt. Men der rauk han; for megtugaste og fremste mannen i lande, Jon Loftsson paa Odde (nemnd s. 703 og 793), heldt med Paal og hjelpte han til retten sin (1181). De var som ei jamning paa denne mannaminken at Jon baud seg til aa fostra sonen av Sturla, Snorre, som daa var tri aar. Ein sovorin heider totte Sturla ovgildt i, og dette førde til eit samband millom Odde-ætti og Sturlungane.

Daa Sturla døydde i 1183, vart godse hans skift millom dei tri sønine hans. Dei tvo eldre, Tord og Sigvat, tok strakst ved sin lut, men den femaars-gamle Snorre fekk mor si til formyndar, og Snorre vart i uppvokstren verande hjaa fosterfar sin. Garden hans Jon Loftsson, Odde (paa sudlande), var som ein aare for aandslive paa Island. Farfar hans, Sæmund den frode, hadde vori namngjetin for prestelærdomen sin og for den framifraa sogu-kjennskapen han hadde til Island og Norig i eldre tid; han hadde paa eigi hand haldi ein skule til aa læra upp prestar, og son hans, Loft, likeins prest (nemnd s. 703), heldt og denne skulen ved lag. Son aat Loft, Jon, hadde og fengi prestelærdom og var vigd til dekn. Paa Odde hev vel Snorre og halvt-um fengi kyrkjeleg upplæring, hadde lært aa lesa og skriva (vel og litevetta latin) og hev tidleg sysla med sogu-bøkane dei hadde paa garden. Skaldskap hadde og ein heimstad i ringen um Jon Loftsson; de finst enno eit kvæde, som ein ukjend skald, den tid Snorre var ung, dikta til ære for Jon Loftsson, og der er de rekna upp alle dei gamle norske kongane som Jon var skyld med. Soleis hev Snorre alt i ungdomen sin paa Odde fengi kveiken i seg til de manndoms-varpe han skulde gjera som skald og sogumann. Her hev han og fengi den lovkunnskapen som verdslege hovdingar trengde til, med di dei baade skulde segja domar paa fjordungs-tingi og vera med i lovgjeving og døming paa Altinge; her hev han og tidleg vorti kjend med hovdingane i heimlande sitt og er komin inn i tankestraumar og hugdrag som raadde millom deim. Den fyrste striden paa Island millom kyrkja og dei verdslege hovdingane fell inn i ungdomsaari hans Snorre, daa bisp Torlak i Skaalholt (1178—93) etter paabod fraa den norske erkebisp Øystein freista aa gjeva bispen velde yvi heime-kyrkjune paa hovding-gardane. Bispen tapte i denne saki mot Jon Loftsson, som dei fleste hovdingane fylgde. I denne striden kunde Jon stø seg til de utfalle som same tvistemaale hadde fengi i Norig millom erkebispen og kong Sverre, og han tykkjest i de heile hava brukt same framferdi som kongen. Etter Torlak, daa han var daain, fekk Jon son sin, Paal, vald til bisp i Skaalholt, og med alt de den landlyste erkebispen Eirik hadde vigt han, var den nye bispen ikkje rædd for aa vera i lag med den bannstøytte kongen i Norig, Sverre, og møta paa ein synode i Bergen som kongen hadde tilstemnt (1195); likeins heldt han seg seinare utanfor i bagle-striden, og de vil segja de same som at Paal og folke hans nærast heldt seg til kong Sverre. Soleis kom og Snorre i uppvokstren inn i de breide kyrkjelege straumfare som kong Sverre drog aat i Norig, og i heile livetidi hans ser me at han dregst aat de same kyrkjelege fare; hovdingane paa nordlande hadde han stødt paa si side i striden med den høg-kyrkjelege bispen Gudmund, endaa Snorre sjølv sette denne mannen høgt.

Aar 1197 døydde Jon, men Snorre, som no var 19 aar gamal, vart endaa ei tid buande paa Odde hjaa Sæmund, eldste sonen hans Jon. Sæmund fekk jamvel Snorre til aa møta paa sine vegnir i ei rettssak. Snorre var daa fatig aa kalla, etter di mor hans hadde øydt upp de han aatte. Daa var de at den eldre bror hans, Tord, som sjølv hadde gift seg til rikdom, hjelpte Snorre til eit rikt gifte, med di han (1199) fekk Herdis tii kone, ho var dotter til den rike presten og hovdingen Berse paa Borg, de gamle sæte hans Egil Skallagrimsson. Snorre vart likevel verande paa Odde alt til verfaren døydde (1202), daa flutte han til Borg. Med kona si fekk han ei dotter, Hallbera, og ein son (1204), som fekk namne Jon, etter fosterfar aat Snorre. Men giftarmaale var ikkje lukkelegt, og truleg hadde Snorre mest skuld i de, for han var «manglynd og hadde barn med fleire kvende enn kona si»; umfram hadde han ein son, Urøkja (fødd 1209), og tvo døtrar, Ingebjørg og Tordis, Snorre vart og snart skild med kona si, med di at han ikr. 1206 flutte til garden Røykjaholt inne i Borgarfjords-herad, medan kona hans vart buande paa Borg til ho døydde 1233.

Den midelen som Snorre fekk i sitt velde med kona si visste han aa nytta ut baade gløgt og onnugt; liksom faren og brørane var han ein dugande og drivande gardsstyrar, og liksom dei var han slid etter munir og magt og heller ikkje altfor grannvar med aa finna vegir til aa auka midelen sin. Me veit, at han tidleg hev eigna til seg ymse store og gilde gardar vest og sør paa Island; Hvamm (i Dalasysla), Stavaholt (i Borgarsysla), Bessastadir (paa sudvest-skagen) o. fl. høyrde honom til. Paa Røykjaholt, som i røyndi var kyrkjegods, men som elles Magnus Paalsson hadde gjevi han aa styra, stelte Snorre seg reint som han var eigaren, bygde um husi og gjorde deim større, sette upp ein borgmur («virke») og ei timberstogu (av norsk timber); de gamle lauge (bad), som var i bruk alt i de 10de hundradaare, hev visstnok Snorre bygt um, med di de enno etter honom er kalla Snorrelaug.

Austanfor garden er de ei gøys-kjelde med varmt vatn, slike som dei so tidt er aa finna paa Island, skrifla (lyder skribla); fraa kjelda er de lagt ei renne av hoggin stein (ikr. 120 meter lang) og yvidekt her og der. Renna gjeng strakst nedanfor garden ut i eit rundt opi lauge-kjer, ikr. 4 meter breidt, bygt av flate, firkanta, tilhogne steinar (kiselsinder), paa lag 1 meter høge. Varmen paa vatne i skrifla er 97 º C., men gjeng paa vegen til lauge ned til 65 º. Til aa faa vatne laglegt til varmt laug hev ein berre aa setja ein stein for enden paa renna, so vatne vert avdemt og renn burt i ei side-veit. Naar ein sèt steinen fyri um kvelden, hev vatne i lauge-kjere um morgonen kolna so vidt, at de er høveleg varmt til aa lauga seg i. Etter segni hev Snorre ført ein bekk med kaldt vatn inn i lauge; men dette er ikkje paalitande; for i vide leite ikring Røykjaholt finst ikkje vanleg kaldt rennande vatn. Dette lauge er no de einaste att-livande minne um de Sturlungasoga segjer um Snorre, at han «var hag i alt han tok seg til med hendane sine».

Dei eldre brørane til Snorre, Tord og Sigvat, hadde likeins visst aa auka seg munir og magt, Tord mest paa Snæfellsnes-lande, der han budde paa Stad, og Sigvat lenger nord ved Breidafjorden. Sigvat kom seg og tidleg inn med folk paa nordlande paa Island, og sidan flutte han til Øyafjorden og vart her etter hand den megtugaste hovdingen. Med verbrørane sine, Kolbein og Arnor Tume-sønir i Skagafjorden, og stykfar deira, Sigurd Ormsson paa Svinafell (austlande), fekk han gjort eit sterkt samlag i nordaust-luten av lande, og dette fekk etter kvart likso mykje aa segja som Odde-folke sudvest i lande, den ringen som Snorre endaa høyrde med til. Daa den nye bispen paa Holar, Gudmund Areson (1202—37) paa nytt lag blés eld i kyrkjestriden paa Island med meir strit enn vit, og fekk slik ugreide paa bispedøme sitt, at flestalle dei verdslege hovdingane, med Sigvat Sturlason til fyrimann, lagde seg saman um aa taka styringi fraa han, so studde Snorre uppunder med Sigvat, bror sin (i minsto letst han so), medan Tord heldt seg undan. Hovdingane nøydde (1209) bispen til aa vika sæte sitt, men fann seg i at Snorre baud bispen heim til aa taka vettervist paa Røykjaholt, samstundes som dei sjølve tok paa seg pengestelle paa bispesæte og meinka bispen so han ikkje fekk bruka noko kyrkjelegt velde. Tvo aar etter fekk hovdingane — millom deim Snorre med — eit aatvaringsbrev fraa den norske erkebispen, der han stemnde dei 6 hovdingane til aa møta for domstolen hans. Tvo av deim fylgde daa og stemningi og drog til Norig i 1213, Arnor Tumeson og Torvald Gissursson, og aare etter likeins bisp Gudmund, medan Snorre, som og hadde tenkt aa fara paa same tid, vart att paa Island. Daa Gudmund kom fram til Norig, var erkebispen daain, og hovdingane drog difor heim att, medan bisp Gudmund gav seg til i Norig i fleire aar.


Snorrelaug ved Røykjaholt.


De er tidleg nemnt um Snorre, at han var ein «god skald» og kunnug i lovi. Dei fyrste kjende kvadi av han var draapur um dei norske kongane paa samtidi hans, Sverre († 1202) og Inge († 1217), og likeins um halvbror aat Inge, Haakon jarl. Desse kvadi (som no er burtkomne) hev Snorre teikna upp eller lati teikna upp og sendt deim skrivne til Norig. De er soleis kjent um de kvæde han sende Haakon jarl, at jarlen fagna de vel og sende gaavur til Snorre med eit skip (skjold, sverd og brynju) og baud han til seg og «lova han stor heider». Jarlen bad han og aa laga eit kvæde til kona hans, fru Kristina, fraa Sverige, og de gjorde Snorre. Snorre, som alt i 1211 var stemnd til erkebispen, tenkte no for aalvor paa aa fara til Norig sumaren 1214; men um vaaren frettest de til Island, at jarlen var daain i januar s. a., og difor sette Snorre ut med ferdi. For lovkunnskapen sin hadde Snorre slikt ord paa seg, at han i 1215 vart vald til landsens lovsegjings-mann (formann paa Altinge), og dette gjorde at han drygde ut med Norigs-ferdi til dei 3 embættes-aari var gjengne. I dei aari Snorre var lovsegjings-mann kan ein sjaa han freistar paa aa faa seg eit yvitak i landsstyre, med di at han skilde lag med Odde-folke og endaatil vaaga paa aa bjoda seg imot fosterbroren hadde vori, Sæmund Jonsson. De var ikkje fritt for anna Snorre her eggja upp til strid, i staden for, som de høyrde til embætte hans, aa telja til fred, og de var mest den nye bispen i Skaalholt, Magnus Gissursson, aa takka, at freden likevel heldt seg.

I 1218 gjorde Snorre aalvor av den ferdi han hadde tenkt paa til Norig. Fyrimaale med ferdi hev vori tvo ting: De eine aa vinna skaldefrægd og fagnad hjaa dei norske hovdingane og de andre aa læra dette lande aa kjenna, no han so lengi hadde sysla med soga aat kongane der. Han kom til Bergen um hausten og fór derfraa sør um lande til Viki, og raaka der kong Haakon og Skule jarl, nettupp som de var gjort full fred millom birkebeinar og baglar, og baglane hadde gjevi kongen si hyllest. Vetteren (1218—19) heldt han seg hjaa jarlen i Tunsberg og hev vel alt daa sagt fram eit kvæde for jarlen. Um vaaren drog Snorre til Gautland og vilde vitja enkja etter Haakon jarl, der ho var uppatt-gift med Eskil lagmann. Fru Kristina fagna Snorre vel og takka han for kvæde hans. Til avskils gav ho han rike gaavur, soleis og ei fane, som frenden hennar, kong Eirik, hadde ført i slage ved Gestilren. Hausten 1219 kom Snorre attende til Norig og vart verande yvi vetteren hjaa Skule jarl, i Nidaros, og der var kong Haakon og no, etter han hadde trulova seg med dotter aat jarlen, Margrete. Denne vetteren vart Snorre tekin upp i hirdi aat kongen, og ikkje berre hirdmann, soleis som andre islendingar og hadde vorti, men skutilsvein, de høgste rangstige i hirdi (de svarar til «riddar» seinare i tidi). Med de same hev Snorre svori den norske kongen truskaps-eid; men med di kongens magt ikkje naadde til Island, batt denne eiden han til kongen berre so lengi han var i Norig, og elles berre til aa gjera kongen beinkur paa Island, i slikt som ikkje var han til nokon sjølvraadings-mink. Likevel vart denne eiden lagnadstung for Snorre og for Island, med di at riksens høve daa horvde so til. Son aat Sæmund Jonsson, Paal, hadde lyst store ord i Bergen og var komin ut for spott millom folk der; harm vart han og tok vegen nordetter seinhaustes (1216) og bleiv utanfor Stad (19de nov.). Daa dei spurde dette paa Island, tok dei der hemn og plundra ut dei kaupmennane fraa Bergen som raaka til aa vera i lande (1217), og dei att, som skikk og bruk var i den tid, gjorde attergjeld og drap bror hans Sæmund, Orm Jonsson paa Breidabolstad (6te aug. 1218), endaa han var reint skuldlaus. Dette hende paa lag samstundes med at Snorre landa i Norig, og ikkje lengi etter hadde maagen hans Orm, Bjørn Torvaldsson, hemnt draape hans paa ein nordmann som var likso skuldlaus. Desse illverki vekte harm i Norig, og daa Skule jarl um vaaren 1220 kom til Bergen i lag med kongen, tenkte han paa aa senda ein her og flote mot Island. Men Snorre Sturlason og dei andre islendingane som var i Bergen daa, lagde seg imillom, og med hjelp av lagmannen Dagfinn bonde fekk dei den unge kongen til aa raada jarlen fraa herferdi, soleis at han slo de ifraa seg. Snorre hadde daa forrent seg og gjevi jarlen den raadi, at han heller skulde hugvinna dei megtugaste menn paa Island, og han baud seg til at han skulde yvitelja desse til «aa venda seg til lydnad mot Norigs hovdingar»; han sagde, at næst etter Sæmund Jonsson var brørane hans dei megtugaste menn, og «dei vilde visst fylgja raadi hans.» Denne vitringi gav jarlen gaum paa, og daa saki vart meir dryft, fekk Snorre i berrsynom paalegg um at han skulde «skipa fred aat dei norske kaupmennane paa Island», men i løyndi laut Snorre lova kongen eller rettast jarlen, at han skulde tinga med landsmennane sine um aa gjeva seg under kongen; til gisl paa truskapen sin skulde han senda den unge sonen sin Jon til Norig. Fyrr Snorre fór avstad, vart han nemnd ut til norsk lendmann, og han fekk ein lensrett ogso; med dette batt kongen han til seg med eit sterkare truskapsband, i di han no vart norsk borgar og (um so skulde falla) lagsmann i kongens «høgste raad», — noko som sidan drog mykje leidt etter seg, daa han ikkje lét seg binda til ein sovorin skyldnad paa den maaten som de var meint i Norig.

Hausten 1220 kom Snorre attende til Island. De var paa sudlande han lende. Gjetorde gjekk um at han hadde haldi seg med hirdi hjaa kongen og fengi nytt kjenningsnamn (dei hadde ei von um kva de hadde paa seg) og at han skulde vera fred-semjar; og dette kveikte mistru hjaa ervingane av Orm Jonsson og ætti hans, Odde-folke. Men ei heppe var det for Snorre at dei rauk i ota med kvarandre paa sudlande; dette døyvde magti hans Sæmund Jonsson; Bjørn Torvaldsson vart drepin av brorson hans Sæmund Jonsson, Loft Biskopsson (1221), og strakst etter vart Loft og ein av Sæmundssønine landlyste og maatte fara til Norig. Daa Bjørn Torvaldsson døydde, stansa alle kravi um bot for draape paa Orm Jonsson, so de vart lettvint for Snorre aa tryggja fred aat dei norske kaupmennane paa Island (de er ikkje fortalt korleis). I so maate hadde han haldi lovnaden sin til kongen og jarlen i Norig, og han sende ogso Jon sonen sin dit 1221, han vart tekin upp i hirdi hjaa Skule jarl.

Men Snorre gjorde lite eller inkje-noko til aa faa landsmennane sine under den norske kongen,
Facsimile av 1ste sida (full storleik) av utdrage hans Mattis Størsøn (Jens Mortensen si utgaave, Kjøvenhavn 1594).
og de er vel ingin tvil um anna, enn de var berre naudi som fekk han til aa binda seg med ein slik lovnad. De ser og ut til, at Skule jarl etter riksskifte millom han og kongen hev løyst Snorre fraa eiden, for i 1224 lét jarlen sonen aat Snorre reisa fritt heim til Island. Men de er greidt at Snorre i desse aari hev freista aa faa eit yvitak for sjølve-seg paa ein maate som til dessa var ukjend paa Island. Hausten 1222 døydde Sæmund Jonsson, og sumaren fyrr hadde Snorre fengi seg valt til lovsegjings-mann att paa Altinge, tydeleg med den meining, at han med ein sovorin vyrdnad vilde kunna laast vera ein allmanns fred-semjar. Eit sermerkjelegt, halvt fornheimslegt drag av tankane hans er lagt i de namne han gav den nye store tingbudi, som han no bygde uppe paa Tingvollane, austan for Øksaraai; han kalla ho «Valhall» (Odins hall) og hev soleis tenkt laast ruva som ein «allfader» millom landsmennane sine. Snorre freista ogso aa grunnleggja sjølvvelde sitt ved ein giftarmaals- og ættepolitik, som vel ikkje var ukjend hjaa stormennane, men som aldri nokon hadde fylgt so tankestrengt som no. Etter at Sæmund var daain tenkte Snorre paa at han sjølv vilde gifta seg med den rike dotteri hans, Solveig, men brorsonen hans, Sturla Sigvatsson, kom i fyrivegen for han og vart gift med ho (vaaren 1223); dette var upphave til tvidrage millom Sturlungane, med di Snorre og, noko daa, den eldste, fredelege bror hans, Tord, no stod imot Sigvat og sonen hans, Sturla. Snorre freista no andre vegir til aa faa draga aat seg storættine paa sudlande; han vann hugen av Torvald Gissursson, hovude for Haukadals-ætti, og skipa eit giftarmaal millom yngste sonen hans, Gissur, og si eigi dotter Ingebjørg, og samstundes fekk han med Torvalds hjelp ei sameige istand med Hallveig Ormsdotter, enkja etter ovundsmannen hans Snorre, hadde vori, Bjørn Torvaldsson. De var eit røynlegt giftarmaal som Snorre her skipa (1224); kyrkjevigsla kunde likevel ikkje koma istand, so lengi den fyrre kona hans livde, men vart vel gjord, etter at ho døydde i 1233. Hallveig hadde stor rikdom baade etter far sin og etter ein rik morbror og var haldi for ei av dei rikaste paa øyi; fraa fyrste gifta si hadde ho tvo sønir, som stod under verjemaale hennar, og alt godse hennar kom no under velde eller styringi av Snorre, so at dei etter dette rekna han for den rikaste mannen paa Island. Endaa same hausten fekk han yngste dotter si, Tordis, gift med den megtuge og stridsjuke hovdingen i Vatsfjorden, Torvald Snorreson, som i røyndi var ein av Sturla Sigvatsson sine fylgjesmenn, men no vart han ved dette dregin heilt yvi til Snorre sin flokk. Snorre nytta seg no av magti og sambandsringane sine og tvinga Sturla til aa gjeva fraa seg den gamle arven i ætti, Snorrunga-godorde. Usemja heldt seg i fleire aar; men de loga daa aldri upp til endefram kamp millom Snorre og Sturla. Maagen hans Snorre, Torvald i Vatsfjorden, vart soleis drepin av Sturla sine fylgjesmenn 1227, og sønine av Torvald, som han hadde havt med fyrre kona si, gjorde eit løynskt aatak paa Sturla og vilde drepa han, men de lukkast ikkje for deim. Daa trudde baade Sturla og andre at Snorre hadde visst um raadgjerdi, men dei gjekk daa inn paa ei semju med Snorre og flokken hans. Ikkje daa heller brast de millom Sturla og Snorre, naar Sturla hemnde seg og gjorde aatak og drap sonen hans Torvald, Tord (1229); Snorre var tvertimot mykje lett aa faa med paa soning; han hadde endefram vinning av at Tord døydde, for no vart den umyndige dottersonen hans, Einar, (fødd 1227) erving av Vatsfjord, og Snorre tok arven hans i si verju, so at han, i alle fall til de leid paa, fekk magt ogso i den nordvestlege luten av lande, «Vestfjordane». Snorre hadde ogso andre grunnar til aa vinna Sturla og Sigvat for raadine sine. Eldste dotter hans, Hallbera, som han i 1218 hadde gift med Arne Ureida, livde ikkje lengi saman med mannen sin, men vart skild fraa han (1224) og hadde sidan gift seg med den nordlandske hovdingen Kolbein den unge fraa Skagafjorden; men dette giftarmaale hadde og vori lukkelaust, og sjuk var ho, daa Kolbein sende ho attende til Snorre, som lét ho faa bu hjaa mor si paa Borg. Der døydde ho alt i 1231, og Snorre, som var ervingen hennar, kravde no luten hennar av sameiga. No var farsyster av Kolbein gift med Sigvat Sturlason — og Sturla var soleis systkjenbarn til Kolbein —, og det galt daa for Snorre um aa faa skyldfolke sitt til aa skilja seg fraa Kolbein, og dette lukkast for han ogso. Daa dei skulde gjera saki av paa Altinge (1233), reid Snorre til tings med ein heil her av undergjevne, 960 menn, og han fekk tilmed hjelp av brørane sine og Sturla, medan Kolbein møtte fram med 720 menn. Ogso Torvald Gissursson hadde komi mannsterk, men han vilde freista aa semja. De lukkast han og andre fredsame menn aa faa istand ei semju, og ho vart til bate for Snorre: Kolbein laut byta magti si paa nordlande med Snorre og lova aa stø uppunder i de han hadde fyri seg, og elles skulde han gjeva syster si, Arnbjørg, vel heimanreidd, til sonen av Snorre, Urøkja, og han skulde Snorre likeins reida ut med gods.

Dette var den siste store framgangen Snorre hadde med magt-stræve sitt; no heretter gjekk de snart nedyvi; og dette var ikkje utan hans eigi skuld. De vart sagt um Snorre, at de var ved giftarmaals-sambandi sine han hadde komi seg so til magt, men han skyna ikkje aa halda fast paa deim, fordi han var so paahaldin og negta aa binda skyldfolk og maagar attaat seg med gaavur; han vilde ikkje byta magti og rikdomen med nokon. Daa soleis eldste sonen hans, Jon, vart myndig og vilde gifta seg, kravde han av far sin at han skulde unna han Stavaholt til sæte; men Snorre var uhuga paa dette og meinte at han kunde nøgja seg med morsarven og bu paa Borg hjaa mor si. Jon vart harm og reiste no andre gongen (1229) til Norig, han heldt seg fyrst hjaa Skule jarl og sidan hjaa kongen i Bergen, og her var han so uheppin at han rauk i ota med ein landsmann, og daa verbror hans, Gissur Torvaldsson (som var tilstaes) vilde halde han attende og stogga han, vart han saara av motstandaren sin, og ved hans eigi agtløyse vart dette saare banen hans (jan. 1231). Um sumaren førde Gissur sakine hans Jon til Island, og han fortalde der um dette syrgjelege hende; men daa andre hadde lagt saki ut til meins for Gissur, laut han sverja ifraa seg at han var saka i draape. Snorre lét um at han var nøgd med di. Men det var likevel for augo synt at de var ute med venskapen millom han og Gissur, og daa Gissur snart etter skilde seg med kona si, som var dotter av Snorre, slutta alt samgjenge millom Snorre og Haukadals-ætti, og Gissur heldt seg sidan jamleg utanum i tvidrage millom Snorre og motstandarane hans paa nordlande.

Den yngre sonen av Snorre, Urøkja, vart gift med systeri av Kolbein, og no kravde han av far sin at han maatte faa Stavaholt, soleis som de var lova han. Snorre freista koma seg undan dette, men til aa stogga han nokoleis sette han Urøkja til aa styra Vatsfjorden for Einar-guten.
Facsimile av 1ste sida (full storleik) av umsetnaden hans Peder Claussøn (Worm si utgaave, Kjøbenhavn 1633).
Urøkja tok imot tilbode, og no gjorde han seg til sin eigin herre i Vatsfjorden men paa ein reint sjølvraadin maate. Motsett far sin var Urøkja stridsjuk og allstad framme; han samla kringum seg ein flokk med villstyringar, og etter hand vart han reint som ein ovrikjar i Vatsfjorden. Far hans, som skulde vera den rettelege formyndaren, gjorde ikkje noko til aa stogga den vanskipa guten sin, og han hadde visst ikkje nokon sers hug til det heller, allvisst daa Urøkja snart kom i strid med farbror sin, Sigvat, og gjorde mein paa eigedomane aat Sturla, son hans, med han var burte paa Rom-reise. Sturla Sigvatsson hadde raaka kong Haakon i Norig paa heimferdi fraa Rom; Haakon hadde longe skyna, at de ikkje vart aalvor av med Snorre at han vilde leggja Island under kongen i Norig, og no mana han Sturla til aa taka paa seg denne aalogo. Sturla gjekk inn paa de, og kongen lagde de paa han, at han ikkje skulde vekkja strid paa Island men senda hovdingane yvi til Norig. Daa Sturla kom til Island hausten 1235, totte han at ovrikjingi hans Urøkja var fullgod grunn til aa leggja seg ut med Snorre, far hans, og no tok den krigen aat som førde til at Snorre fekk banen sin og fristaten vart tynt. Snorre skyna og, at no var tidi komi, daa han laut verja si stilling med vaapnmagt. Han samla herfolk kringum seg, lét brorsonen sin, Bodvar Tordsson, taka vettervist paa Røykjaholt med væpna fylgje og sende bod til Urøkja, som og kom mannsterk og var reidug til aa strida for far sin. Men daa de bar til, glapp mode for Snorre, han var korkje krigshuga eller krigstamd; han gjorde tilbod um semjing med Sturla og Sigvat og let Urøkja senda folki sine heimatt. Men Sigvat og Sturla vilde ikkje høyra um fred lenger; dei skreid ned til Borgarfjorden med ein her paa 1000 mann (april 1236), og Snorre — slepte alt sitt undan seg, tok flugti fraa Borgarfjorden og drog sørpaa til Bessastadir. Sigvat og Sturla eigna til seg alt godse hans Snorre i Borgarfjorden, og Snorre kjende seg ikkje trygg paa Bessastadir eingong, men drog vidare til austlande, der han heldt seg um sumaren og var gjest hjaa ein av hovdingane der. Einast Urøkja helt merke til far sin uppe, han dreiv som ein sjøkrig i Vestfjordane, men hadde ikkje magti lengi til aa halda stillingi. Dei gjorde no avtalur um eit sættamot, og i millomtidi skulde Urøkja faa venda attende til Stavaholt. Sturla lokka han mein-sløgt derifraa til Røykjaholt, og der vart han tekin til fange, og dei tvinga han til aa lova at han skulde draga til Norig; dette gjorde han og. Far hans, Snorre, manna seg upp for seint til aa kunna halda fram med kampen, daa han fekk hjelp av den trauste frenden sin, Torleiv Tordsson i Gardar. Med 800 mann fór dei nord til Borgarfjorden; men daa Torleiv ikkje vilde fylgja Snorre sine krigsraadir, skilde Snorre lag med han, og Torleiv maatte kjempa ut striden aaleine. I slage paa Bør (28de april 1237) vart Torleiv sigra, og han laut gjeva seg yvi til Sturla, som dømde han og ymse av fylgjesmennane hans til aa draga aat Norig. Og Snorre torde ikkje anna enn aa gjera de same. Høve til dette fann han i ei innkalling, som kongen og Skule jarl og erkebispen um vaaren 1237 hadde sendt til hovdingar paa Island, um at dei skulde koma til Norig; kongen og jarlen vilde semja hovdingane, og erkebispen vilde faa stell paa den kyrkjelege ugreida. Med brotin hug, mest som ein røming, laut Snorre denne gongen strjuka fraa Island, annarleis mot 19 aar fvrr, daa han drog til Norig og vilde vinna vyrding og frægd.

I Norig fann Snorre ogso mangt annarleis. Ymse av venine hans, hadde vori, som Dagfinn bonde, var daane; den trauste verjaren hans, Skule, var ikkje lenger landsens herre, men lydgjevin under forsytingen sin, hadde vori, kong Haakon, og Haakon hadde etter kvart vitrast og magna seg upp til ein hovding som visste kva han vilde. Millom anna tenkte han paa aa faa lagt Island heilt under Norig, og han hadde valt Sturla til reidskapen sin, ikkje Snorre, som tottest han for veik eller for usæteleg. Snorre fekk soleis kjenna at han var i unaade hjaa kongen, og de var ikkje lengi etter han var komin at han gaadde de tok til aa kolna millom Skule og kongen, og daa saag han seg ikkje nokon annan kans enn aa halda seg til Skule. Islendingane vart verande vetteren ut (1237—38) i Nidaros, og Snorre var gjest hjaa sonen av hertug Skule, Peter, og sumaren etter var han saman med hertugen, som tok han aat seg og hyllte han vel. Daa kom der um hausten ei tidend fraa Island: Etter at Snorre var reist, hadde Sturla Sigvatsson reist opin kamp mot Gissur Torvaldsson um velde, han hadde tvinga Gissur til samfesting med Kolbein unge i Skagafjorden, og no kom grunnstøyten, i slage paa Ørlygstadir, der fall den gamle Sigvat Sturlason, og Gissur drap Sturla med eigi hand (21de aug. 1238). Han vart skilleg kløkt, Snorre, er de sagt, daa han spurde banen av sine nære frendar, og han bar sorgi si fram i eit vers, som han sende bror av Sturla, Tord, i Bergen; men paa den andre sida fekk han von um at han no, daa Sturla var daain, kunde vinna magt og rikdom attende, og han vart raadd paa at han straks vilde venda attende til Island ilag med sonen sin Urøkja og frenden sin, Torleiv. Men kong Haakon hadde no mist maalsmannen sin paa Island, og daa vilde han ikkje sleppa Snorre til aa motverka han, difor sende han tidleg um vaaren 1239 bod til Nidaros, um at Snorre og dei andre islendingane ikkje maatte reisa fraa lande «fyrr de var skila ut med kva slag ærend dei skulde fara». Samstundes kalla kongen ogso hertugen til eit møte i Bergen. Hertugen negta ikkje beintfram aa koma, men gjorde paa traass mot kongen og gav Snorre løyve til aa reisa, ja lét han jamvel faa plass paa eit skip, som halvt høyrde til han sjølv og halvt til nordlendingen Gudleik av Skartastadir (Skarstad i Binndalen), som dei kalla «Snorre sin ven». De ser jamvel ut til, at Skule hev gjort Snorre kjend med uppreist-tankane sine og lova aa gjera han til jarl yvi Island, dersom han fekk siger i kampen. Daa kongen spurde at islendingane likevel budde seg til ferd, sende han paa nytt eit brev til Nidaros, og forbaud deim med reine ord aa fara ut den sumaren; de naadde deim, daa dei laag seglbudde under Nidarholmen, men daa Snorre fekk sjaa breve, svara han berre «Ut vil eg» og siglde avstad, — til vissa ein djerv ulydnad, og, naar ein hugsar korleis Snorre var stelt til hertug Skule, var de tilmed høgbrots-verk.


Facsimile av 1ste sida (full storleik) av Johan Peringskiöld si utgaave (den øvre delen, den islandske og svenske teksti)


Snorre og venine hans kom vel fram til Island um hausten, dei lende paa sudlande, og paa
Facsimile av 1ste sida (full storleik) av Johan Peringskiöld si utgaave (den øvre delen, den islandske og svenske teksti).
Breidabolstad var kona til Snorre, Hallveig, og tok imot han; dei drog saman til Røykjaholt, der Snorre slo seg til att, Torleiv strauk til Gardar og Urøkja til Stavaholt. Snorre reiste no hemn-krav etter Sturla, og samstundes kravde han og Torleiv ogso at dei skulde hava straff som hadde kjempa mot deim ved Bør, og de varde ikkje lengi, fyrr Snorre hadde de same velde i Borgarfjorden og umland, som han hadde havt fyrr. Han utykte seg likevel ikkje med Sturla sine fiendar, Kolbein og Gissur, endaa de var greidt at nokon godtokke var de ikkje millom deim. De var kong Haakon som braut freden denne venda, han harma seg paa ulydnaden hans Snorre, og no, daa hertug Skule var daain, vilde han hemna seg. Til umbodsmann valde han Gissur Torvaldsson, og i 1240 sende han maagen hans Snorre, hadde vori, Arne Ureida og nordmannen Øyvind Bratt til Island med eit brev til Gissur, og der baud han at han skulde senda Snorre heim til Norig, anten de so tottest han kjært eller ukjært, — eller so skulde han drepa han, fordi han hadde fari ut til Island imot forbode til kongen. Gissur tok imot ærendi fraa kongen, men heldt ho løynd, og med Snorre gjorde han berre avtale um eit møte næste sumaren (1241) paa Altinge, der dei skulde semjast um bøtar for draape paa Sturla og Sigvat. Baae kom til møte, Snorre hadde berre 120 mann, han tottest skilleg vera ottelaus. Men braaleg kom felagen hans Gissur, Kolbein unge, til tings med ein her paa 900 mann; Snorre maatte skjott røma til kyrkja paa Tingvollane, men stelte upp mennane sine utanfyri, og desse gruste seg so uggleg, at Kolbein vaaga ikkje aa taka paa deim, og han veik undan. Gissur laut daa gjera forlik med Snorre, og alt tottest enda med venskap. Men snart etter døydde kona aat Snorre, Hallveig (25. juli), og Snorre, som syrgde tungt paa ho, laut no taka til med de uhuglege arbeide aa byta arven etter ho med styksønine sine, Kløing og Orm Bjørnssønir. Desse gjorde krav paa halve sameiga, men Snorre heldt paa, at hovudgardane, Røykjaholt og Bessastadir m. m. var utanfor bue; dei forliktest daa for de fyrste um at dei berre skulde skifta bue og bøkane og setja ut med de meire. Kløing og Orm søkte no um hjelp hjaa farbror sin, Gissur, og han nytta med glede dette høve til aa velta seg inn paa Snorre. Han heldt eit møte uppi fjelli (mot nordlande) med Kolbein unge, og dei vart samstelte um aa gjera eit aatak, sidan stemnde han fylgjesmennane sine aat seg og lagde fram konge-breve, med di han lét at han paa ingin maate vilde setja seg upp imot kongen sitt bod um aa fanga Snorre. Kløing slo lag med Gissur, men den yngre bror hans, Orm, som sjølv var fostra hjaa Snorre, vilde ikkje vera med paa nokon aatsøknad, og han fór heim att. Snorre hadde fengi aatvaring i eit brev som var skrivi med løynlege runir («stavkarla-skrift»), og han skyna av dette, at han laut agta seg; han vilde ogso no gjera som han fyrr hadde gjort i slike høve og flytja lenger sørpaa og fyrst berre skipa alt paa Røykjaholt. Men fyrr dette var stelt kom ulukka yvi han. Medan Kolbein skreid nordan mot Snorre sine flokkar paa vestlande, kom Gissur uventa til Røykjaholt med 90 mann natti etter 22 september; dei trengde seg umeinka inn paa garden og braut upp de huse som Snorre sov i, han slapp likevel ned i kjellaren. Gissur freista aa lokka ut av kapellanen kvar Snorre var helst, han sagde at dei ikkje kunde koma til forliks, dersom dei ikke raakast; presten svara i si agtløyse, at dei vilde finna han, dersom dei lova han grid. Dei fann han daa ogso, og 5 mann gjekk ned i kjellaren etter tilsegjing av Gissur; der vart ikkje tale um grid, daa tenaren hans Gissur, Simon Knut, straks baud ein av mennane, Arne Beisk, aa hogga til Snorre. Endaa freista Snorre, vand som han var til aa bjoda, aa aga draapsmannen: «Ikkje skal du hogga», sagde han. Men Simon tok upp att bode, og banehogge fall. Snorre var 63 aar, daa han stupte.

De er likt til at de ikkje var noko anna som dreiv Gissur til slikt øgje verk, enn at han vilde hava herredøme yvi Island, og han skyna at vegen til dette gjekk yvi Sturlungane og serleg Snorre sitt lik. Snorre miste soleis live nærmast, av di han hadde slik ein samvitslaus medtevlar um magti som Gissur, ein som ikkje ira paa aa misbruka konge-bode til sin eigin bate. Kongen lét daa ogso seinare um at de ikkje hadde vori meiningi hans aa straffa Snorre med dauden, dersom han hadde gjevi seg under han.

Facsimile av 1ste sida (full storleik) av Johan Peringskiöld si utgaave (den nedre delen, den latinske teksti).
Me hev ikkje noko fyrisviv um korleis Snorre var hama og laga utvertes, for Sturlunga-soga gjev ingi upplysning um de. Um huglynde hans vil livsgangen hans gjeva ein fullgod vitnesburd. I nyare tid hev de vori vanlegt aa skildra han som ein løynsk og sjølvnyttug, havekjær og magtsjuk mann, ein som ikkje vanda nokor raad til aa koma dit han traadde, so at dauden difor var vel fortent; men dei hev daa gjort synd imot den historiske fyriskrifti, at ein skal døma ein mann etter tidi hans, og med di hev dei komi til aa rekna mangt slikt til serleg manna-mink for Snorre, som til jamnads var sermerkjelegt hovding-lyte i tidi hans. P. A. Munch hev med full rett gjevi gaum paa dette, og me kan heilt slutta oss til han, naar han segjer: «Han var vel vindesyg, herskesyg og ærgjerrig, men der tales ingensteds om, at han var grusom og blodgjerrig som de fleste andre Høvdinger paa hans Tid; hans Sejrvindinger betegnedes ikke, som ellers af Lemlæstelser og Nedsablinger af de Overvundne, og saa egennyttig, som han efter sigende skal have været, ser man dog, at han nød stor Tillid. Sæmund Jonssøns Sønner valgte ham til at skifte Arven mellem dem; og det taler særdeles meget til hans Fordel, at han altid stod paa en venskabelig Fod med en Mand som Ravn Sveinbjørnsøn. Ja endog hans urokkelige Hengivenhed for den ufornuftige, men velmenende Biskop Gudmund viser, at hans Pietet kunde være stærkere end hans Statsklogskab. Og endelig ytrer hans Patriotisme sig renere og sterkere, end hos de fleste af hans Landsmænd. Det var dog ham, som fornemmelig bidrog til at afværge den Fare, der i 1220 truede Island; og uagtet han, som vi have seet, da paatog sig det Hverv at bringe Island under Norges Høihed, var det dog saa langtfra, at han udførte det, at man meget mere skulde antage at han paatog sig det alene for i Virkeligheden at modarbeide enhver saadan Plan, frygtende for at ellers en anden skulde ville lade sig bruge dertil og arbeide derpaa for Alvor, saaledes som det virkelig var Tilfældet med Sturla Sigvatssøn og siden med Gissur Thorvaldssøn.»

2 De er fyrr nemnt at Snorre Sturlason ifraa han var ung sysla med skaldskap og yrkte kvad hjaa dei norske hovdingane i tidi si. Men skaldskap de var helst sogu-diktning, ære-kvad og minnesongar for hovdingar, og skaldane var fraa gomol tid sogu-menn; soleis laut ogso soga verta emne for skaldegranskning, og ei slik sambinding finn me paa ein sers maate hjaa Snorre. Me hev set at bøkar var ein adels-lut av eigune hans, so at boksanken hans vert nemnd i skifte med styksønine hans. Han hev vel byrja tidleg aa sanka bøkar, og de er vel ei viss von, at han hev ervt bøkar alt etter fosterfar sin, Jon Loftsson, og at han likeins fekk fleire ved sambande med Hallveig, sonedotteri av Jon. Men han hev vel sanka seg bøkar paa annan maate ogso, d. v. s. fengi gjort seg nye avskriftir, som han kunde nytta til si granskning; for de tykkjest vera greidt, at han maa hava havt hjaa seg paalag alt som den islandske bokavlen hadde bori fram heilt til tidi hans; av dette kan ein forklaara, at han kunde herma so mange vers av eldre og yngre skaldar, og at han kunde bledja so godt i de han hev lesi. Han maa visstnok ogso hava vori i alle fall noko kunnug i den lærde bokheimen, anten de no var paa islandsk eller latin han kjende denne; ein tykkjest sjaa de av fyrimælings-stykki hans, som syner baade teologisk og geografisk lesnad. Med bokskriving hev han fyrst ovra seg noko seint, for de eine hovudverke hans, Edda, vart ferdigt i 1222—23, og de andre, Kongesogune, skreiv han i siste delen av live sitt.

Edda (orde tyder «diktekunst», og ikkje som dei trudde fyrr «langgodmor») er ei lærebok for unge skaldar og fortèl korleis ein skal bruka skaldemaale og diktformine. Boki hev tri lutir, som kanskje er laga paa kvar si tid, men alt er daa tilsaman noko heilt. Den fyrste luten heiter Gylvaginning (d. e. synkvervingi hans Gylve). I fyrimælingi fortèl Snorre um, korleis folki «etter Noas flod» spreidde seg i dei tri heimsbolkane, miste trui paa den sanne Gud og sjølve fann upp gudar og religionar. Sidan fær me høyra um Troja i Asia og um folke som var ætta fraa Troja, Æsine («asia-mennane»); hovude deira, Odin vandra til nordlandi og busette seg der; han sette sønine sine til kongar og gjorde tungemaale sit aalkjent. Ein svensk konge, Gylve, vilde vita um Æsine grunna velde sitt paa si eigi kraft eller paa dei gudane som dei trudde paa, og han drog til deim og vilde røyna deim ut. Æsine er fyribudde og fagnar han med trolldom i ei gild hall, og de lagar seg daa til ei samrøde med spursmaal og svar millom Gylve og dei tri frægdaste Æsine, som vert kalla «den høge», «den jamhøge» og «den tridje» (Hár, Jafnhar, Þriði), her vert de bori fram dei vigtugaste segnir um dei heidne gudane, som soleis skil seg ut fraa «asia-mennane» paa jordi. Dei tri hovdingane fortèl um heimsens upphav og styring, um dei megtugaste gudar og lagnaden deira, og endar med aa segja korleis verdi tryt i Ragnarok (gude-dauden). So kverv alt burt, og Gylve stend ute paa slette vollen, han reiser daa heim og fortèl kva han hev høyrt, «og sidan sagde folk desse sogune til kvarandre». Fyrimælingi hev Snorre heilt skapa sjølv, han hev likeins funni paa aa bruka rødeformi, som var aalgjengd i lærebøkane i eldre dagar; men til prosa-forteljingi um gudesegnine hev han laant de meste av dei gamle heidne kvadi, allvisst Voluspaa, som me no kjenner fraa «den eldre Edda», dei kallar, og som Snorre vel hadde avskriftir av.

Den andre luten heiter Skaldskaparmál (d. e. diktarmaale) og er likeins stelt til som ei samrøde, millom havjotunen Ægir og Odinssonen Brage. Brage byrjar med aa fortelja segni um diktardrykken («Suttungs mjød») og um upphave til skaldskapen, og daa so Ægir spør um bolkane i skaldskapen, forklaarar Brage at de er skaldemaale og verse-slagi.

I skaldemaale er de 1) «kjenningar» eller umskrivningar, 2) namn d. v. s. uvanlege, ja ofte avlagde ord, 3) fornamn, d. e. umbytte ord fraa kvardags-talen, «synonymar». Til døme paa 1ste rekkja kan me nemna for Odin «famn-byggjaren til Frigg», eller «venen av Mime», for gull «sæde paa Fyris-vollane», eller «hovudbande til Fulla», for skipe «havdyr, bylgje-hest» o. l.; døme paa 2dre rekkja at kongen vert kalla «gram», «tengil», «bragning», «lovdung» o. s. fr. Døme paa 3dje rekkja er at i staden for «Magnus den gode» stend de «sonen til Olav», «brorsonen hans Harald» o. l. I desse bolkane nemner han ei stor mengd med skaldevendingar, som han stadfester bruken av, med di han skriv av vers etter dei frægdaste skaldar fraa de 9de til 12te hundradaare, og elles peikar han paa korleis ein kan ymsa sovorne vendingar ved nylagingar. Drjugast er han i stykke um «kjenningar», av di desse som oftast er tekne or gude- og kjempe-segnir, og han fær med dette høve til aa taka med ei mengd av slike og bera fram forteljingi um kvar vendingane hev komi ifraa, i fall han ikkje hev nemnt de i Gylvaginning; soleis fortèl han her um Tor sin kamp med Rungnir og med Geirrod, um Volsungar og Nivlungar, um Rolv Krake og Adils, um Hedin og Hild o. s. fr.

Den 3dje bolken heiter Háttatal (d. e. liste paa verse-slag) og inneheld eit kvad paa 120 vers, som Snorre dikta aat Skule jarl og kong Haakon. De er rettast 3 kvad, de fyrste (vers 1—30) um kongen, de andre (v. 31—67) um jarlen, de tridje (v. 68—102) um kongen og jarlen, men daa mest um kongen. Innhalde er, noko, vanlege lovprisingar um kongen og jarlen si magt og djervleik og vyrdnad, noko nemner han hendingar som fyrstane hev vori frami, som bardagane mot slitungar og ribbungar i aari 1218—21, noko skildrar han de fjaage live i kongshalli og korleis skalden hadde de hjaa baae fyrstane; de er takken hans for den heideren han hev noti paa Norigs-ferdi. Kvade hev han vonleg yrkt vetteren 1222—23, og vaaren 1223 vart de sendt til Norig, der sonen Jon vel hev bori de fram for kongen og jarlen paa møte i Bergen. Men meir merkjelegt enn innhalde er formi, som han hev valt til aa leggja fram ei praktisk lære um verse-slagi i skaldskapen (metrik), for kvart verse hev sitt eige versemaal. I dei tvo fyrste kvadi gjeng alle versi paa den hovud-haatten, som dei kallar drottkvæde-haatten (drottkvæde, beinfr. kvad for «drott» eller hirdi). Eit drottkvæde-vers hev jamnast 8 linjur, kvar verslinje hev 3 tak med 1 lang (tonetung) og 1 stutt (tonelaus) staving, soleis etter denne uppskrifti —‿—‿—‿; tvo linjur gjer tilsaman eit rimpar, snart med stavrim, snart med innrim. Men ordelagi i dette versemaale kan ein venda paa ymse maatar, ved mengdi og slage av umskrivingane, ved innskotsetningar, ved ei viss stilling av rimi, ved slage og tale av setningane o. s. fr. I de tridje kvade (v. 68—102) høyrer alle versi til dei stuttare verse-slag, som hev roti si i dei gamle fornkvadi. Den eldste form av desse (Fornyrdes-lag) er likeins 8-linja vers, der kvar verslinje hev tvo tak paa 1 lang (tonetung) og 1 stutt (tonelaus) staving etter rite —‿—‿. Her ogso gjer tvo linjur rimpar; men dette rime er berre stavrim, med di ein eller tvo tonetunge stavingar i 1ste linja byrjar med same medljoden som den fyrste tonetunge stavingi i 2dre linja, eller ogso byrjar dei same stavingane med sjølvljod. Men ogso denne eldste formi brigdar ein paa ymse vis, so at Snorre her kan setja upp eit verse-slag for kvart av dei 35 versi. Til Háttatal sèt Edda attaat ei lærd forklaaring paa prosa, som gjev reglane for korleis ein skal forma versi og brigda deim paa alle maatar.

Snorre si Edda er eit einka verk, de hev korkje fyrigjenge eller fyrifar. Snorre kan hava nytta uppskriftir, t. d. ei samling av gude- og kjempekvad, og de fanst kanskje ogso mange skaldekvad paa skrift eller i alle fall gøymt i folkeminne, og so var de tilmed fyrr Snorre si tid gjort ein freistnad paa aa samla dei ymse verse-maal i eit kvad (Háttalykill av Rognvald jarl). Men Snorre hev forstadi aa faa eit samsyn paa desse spreidde tiltaki og aa arbeida alt ut til ei systematisk lærebok um grunnlage for skaldskapen (mythologien), um maalføringi (skaldskaparmál) og verse-slagi (háttatal).

Facsimile av 1ste sida (full storleik) av utgaava hans Gerhard Schøning (den øvre luten, islandsk tekst).
Facsimile av 1ste sida (full storleik) av utgaava hans Gerhard Schøning (ned øvre luten, dansk tekst).
I arbeide med Kongesogune hev Snorre havt mange fyrigangarar, han naar likevel upp yvi dei alle, og verke hans er de mest heilslege i sitt slag. Den islandske sogu-bokavlen paa morsmaale byrjar med presten Are Frode Torgilsson (f. 1067 † 1148); i si Islendingabók skreiv han litt seinare enn 1120 Island si fornsoge, og der tok han ogso med eit stuttmaal av soga til morlande, Norig. Denne boki hev longe komi burt, men noko kjenner me av ho i ordrag (sjaa t. d. Snorre si fyrimæling), og so hev me hovudstykke um Island att i den 2dre utgaava (fraa ikr. 1135), og elles er stubbar av «Norigs saga» hans tekne med i seinare skriftir t. d. i den latinske Historia Norvegiæ. Are var ein samvitsfull og sanningskjær granskar, han lagde vinn paa aa finna ut sanningi og skilja ut de som var falskt, med di han spurde ut gamle trurøkne menn; han strævar etter aa faa greide paa tidrekningi, allvisst med hjelp av den eldre venen sin, presten Sæmund Frode († 1133), og han vil faa fram dei vigtugaste hendingar i stutte drag. Verke hans Are var stuttfengt, men paa Island livde de so mange segnir og skaldekvad um kongane i Norig, at de varde ikkje lengi, fyrr dei tok aat med aa teikna upp desse ogso, serleg um dei tvo misjonskongane Olav den heilage og Olav Trygveson. Um Olav den heilage skreiv ikr. 1170 ein islandsk prest ei vidsveimd soge, som ein berre hev att nokre brotstykke av; denne «eldste soga» fortel mykje um dei islandske menn som heldt seg hjaa Olav, og endaa meir um underverki hans i livande live og etter dauden; men ho hev ogso gøymt mangt av den røynlege soga hans. Og umkring 1190 skreiv Odd Snorreson, som var munk i klostere paa Tingøyre, ein lang krønike paa latin um Olav Trygveson; der var de fullt av æventyr og hildre-segnir, og denne krøniken vart snart etter umsett paa islandsk og vart med di skilleg aalkjend. Ogso i Norig skreiv dei stutte krønikar paa latin um kongane i Norig, noko etter islandske kjeldur; ein er av munken Tjodrik i Nidarholm og gjeng fraa Harald Haarfagre til daa Sigurd Jorsalafar døydde, den andre er av ein prest i Bergen (Historia Norvegiæ) og hev kanskje naatt lenger fram, men de som er leivt gjeng berre fram til Olav den heilage si tid. De ser ut til at baae desse verki vart umsette til norsk eller islandsk og dermed kjende paa Island, so dei ogso her fekk den norske kongesoga fortald i samanheng. Snart tok ogso islendingane til aa teikna upp de dei saag eller kom frami i si eigi samtid. Den fyrste av desse var Eirik Oddsson, som ikring 1150—60 skreiv ei bok um «Harald Gille og dei tvo sønine hans, Inge og Sigurd, og um Magnus Blinde og Sigurd Slembe og heilt til dei døydde.» Det er uvisst um desse ordi skal tyda til aar 1139 eller aar 1161, men or boki hans, som er mist, vert de berre hermt slikt som hev hendt millom aari 1136 og 1139. Sameleis som Are lagde Eirik vinn paa aa spyrja ut deim som kjende hendingane best, og han vart med dette den fyrste soguskrivaren um samtids-hendingar. Paa kong Sverre si tid livde Karl Jonsson, som var abbed i Tingøyre; han reiste til Norig i 1185 og heldt seg der fleire aar, han skreiv der etter uppmaning av kong Sverre soga hans, allvisst den fyrste luten (til 1179 eller 1184?); ho vart sidan framhaldi og fullenda anten av Karl abbed eller av andre, og ho var ferdig, so ho kom ut nokre aar etter Sverre døydde, altso i den tidi daa Snorre tok aat aa koma paa hovding-sessen. Denne boki, Sverres soga, vekte ovmykje gaum baade ved si klaare og gode frambering og ved skildringi av kulten sin. Ho vart adels-verke um kong Sverre, og ho gav tilleiding til at Norigs soga no vart granska i samanheng, so at ei rekkje av historiske verk um kongane i Norig kom til aa slutta seg til Sverres soga, med di dei anten umhandla og utfyllte tidi fyrr Sverre eller tidi etter Sverre. Daa de alt finst større sogur um dei tvo 01av'ar, var de naturlegt at dei fyrst freista aa fylla ut tidi millom Olav den heilage og Sverre. Dette var de ein bok-skrivar gjorde ved aari 1217—20, han skreiv Kongesogune fraa Magnus den gode (leivt i handskrifti Morkinskinna fraa ikr. 1300 og noko i tillegg
Facsimile av 1ste sida (full storleik) nedre luten av umsetningi hans Grundtvig.
til Flatøyarboki); dette verke hev nøgdi av skaldevers, men de er ikkje arbeidt ut med nokon større umhug, og de er fullt av gaaløysur og segnir som stykkjom til er uhistoriske. So var de ein annan islending som ikr. 1220 eller strakst etter nytta dette verke saman med dei tvo Olavs-sogune og nokre andre halvhistoriske sogur (som Jomsvikinga-soga) og dei stutte sogune um dei eldre kongane til eit samanhengjande soguverk um kongane i Norig; de vart til «Kongesogune fraa Halvdan Svarte fram til Sverre» og er kanskje skrivi i Norig og for den norske kongen (etter ei handskrift kallar dei denne skrifti Fagrskinna). Meistaren for denne skrifti vilde berre gjera ordrag av de vigtugaste og sannaste um Norigs kongar, han vilde ikkje taka med uhistoriske segnir eller æventyr og heller ikkje tilburdar som lite kom kongane ved; derimot lagde han fram mange skaldevers, som han rekna for gode vitne um sanningi.

Alle desse verki og kanskje fleire til hev Snorre kjent og granska, fyrr han skreiv kongesogune sine, og han hev lært av dei alle; men han valde sin eigin veg til aa fullgjera verke sitt. I fyrimælingi si hev han gjevi ei utgreiding um korleis han arbeidde. Han held de for fyrilogo si aa skriva um kongane i Norig «fraa upphave» og aa føra verke fram til den tidi daa Sverres saga byrjar (1177). Men «upphave» kunde ikkje vera «Halvdan Svarte», for Snorre kjende og vyrde ein skald og sogumann som livde samstundes med Halvdan, Tjodolv den kvinverske, som nemnde ei heil rekkje av forfedrane til Halvdan heilt upp til dei gamle gudane, og Snorre visste at paa grunnlag av dette kvade var de skrivi ei stuttfengd soge um Ynglinga-kongane. No laut vel Snorre sanna at denne konge-rekkja ikkje var fullviss sannsegn, men han trøysta seg med di, at han visste «prøvur paa de, at gamle vismenn hev trutt de var sant»; med dette fekk han i alle fall ført soga aat kongeætti mange hundrad aar attende i tidi heilt til Æsine, og han kunde binda Ynglinga-ætti ihop med den læra si som han hadde i Edda, um at Æsine eller asia-mennane hadde vandra inn fraa «Asia».

Reint annarleis trygg kjenner Snorre seg, naar han kjem til Harald Haarfagre si tid, for heretter hev han tvo utsyn-stadir til aa prøva den historiske sanningi: samtids-skaldane og Are Frode sine skriftir. Snorre vandar heretter alle «sogu-kvad», som ikkje er fraa samtidi. Ein finn, at i verke hans er de ikkje nytta eller hermt kvad, som skaldar i seinare tid hev sett ihop um gamle ævur, slike som Jomsvikinga-draapa hans Bjarne bisp eller draapa hans Hallarstein um Olav Trygveson; naar han ein einskild gong nemner Einar Skuleson sitt kvad um Olav den heilage fraa aar 1153 (s. 689), vil ein sjaa at der vert de nettupp nemnt eit underverk fraa samtidi. Um sovorne skaldevers fraa samtidi sèt Snorre upp eit slikt krav som ein skulde venta av lovgjevaren for skaldelæra: at «ein kved deim rett og tyder deim paa rette maaten»; og naar ein held ihop eitt og anna, syner de seg ofte at han hev retta mange mistak hjaa fyrigangarane sine, ved di at han er so vandsam. Fraa Are den frode hev Snorre serleg laant tid-rekningi, men ofte vel ogso historiske hendingar; daa verke hans Are ikkje finst heilskapa lenger, kan ein ikkje alltid peika paa de, for Snorre nemner han, etter som skikken daa var, berre der som han serleg vil stø seg til han imot andre bokmenn.

Med hjelp i denne dubbelte rettleidingi hev no Snorre prøvt skriftine av fyrigangarane sine og valt seg ut de som tottest høvelegt; han hev reinska innhalde so godt han kunde for segn og æventyr og bori sanningi fram soleis som han saag ho. Ein vil difor ofte finna
Facsimile av helvti av 1ste sida (full storleik) av umsetningi hans Aall.
att store bolkar av forteljingi i dei eldre sogune, men de er sett til mangfelde rettingar og bøtingar, ofte er de einskilde ord og vendingar, ofte lenger tillegg. Og elles hev Snorre sanka meir emne enn fyrigangarane sine, ikkje minst paa reisune sine i Norig og Sverige 1218—20. De hev lengi vori ansa paa de, at Snorre er den islendingen som er best kjend i Norig; han kjem ofte med stutte innskot um korleis de ser ut paa ymse stelle t. d. paa Kormt (Karmøyi) (s. 379), og allvisst er de berrsynt at dei norske byane hev han lagt vinn paa aa granska, baade i de som vedkom tillægje og soga deira; um Sverige gjer han jamvel ei geografisk utgreiding (s. 306—08) som likevel ikkje er fri for mistak. Snorre hev her fylgt so tett som mogeleg i fotefare hans Eirik Oddsson; um honom segjer han sjølv at «han var ein vitug mann», som var «lange stundir i Norig», og at han nemner «menn, som var nære ved, so at dei høyrde eller saag de som hende, men noko skreiv han etter de som han sjølv hadde set eller høyrt». De er difor fullvisst at mange historiske drag fraa Norig som me ikkje finn hjaa deim som skreiv fyri han, dei hev Snorre sjølv teikna upp og arbeidt inn i verke sitt, t. d. forteljingi um at vindane tok Konghelle (s. 703—10); dette hev Snorre fengi fraa fosterfar sin, Jon Loftsson. Ei sereign ved sogu-skrivingi til Snorre er den historiske sviphegdi hans. Den historiske soga var livs-skildring, og mest magtar ho i livande karaktermaaling. Verke hans Snorre er ei samling av livs-sogur med meisterleg karakterskildring. De serskilde ved verke hans er den gode samskipingi, der kvart eit vek høyrer med til slaatten, og han fer ikkje med sideslengar. Snorre si samling av livs-skildringar um norske kongar hev med dette vorti ei ætte-soge, der kvart einskild-menne syner seg med sersvipen sin. Motsett fyrigangarane sine plar han ringa mange smaakultar kringum soga um storkulten (kongen), men berre daa, naar storkulten ikkje vert avheidra med dette anna tvertimot kjem meir i berrsyni. Hovudvegti hev Snorre lagt paa aa skildra huglynde av kongane slik som de sveiv for han, og so lata lagnaden deira veksa fram or denne roti. Beste take hans er de daa at han lét deim ovra seg i samrødur og tale. De er von at Snorre hev laant denne makselen av folk fyri seg som Karl abbed og Odd munk. Men Snorre brukar med vilje og vitende denne gjerdi, noko til aa skildra hugdrage hjaa kulten sin, og noko til aa syna kva som driv folk til verki deira. Han finn høve til aa lata kultane sine gjera talur
Facsimile av 1ste sida (full storleik) av umsetningi hans Munch.
eller halda ordskifte, naar han vil faa fram tildrivingi og etterfylgdi, og dette take hans er soleis ikkje berre ei kunstform for han, men han brukar de ogso til ei brøyting fyri hendingane. I desse talune er kvart orde skrivi ut or kvarmanns huglynde, endaa de er greidt at Snorre hev laga deim heilt ut; ein kan difor her ofte taka Snorre i historiske mistak, men derimot høver talune allstødt med kvarmanns hugsvip og naturlege livs-syn. I den delen av kongesogune som er mest heilsleg, soga um Olav den heilage, kjem desse talune mykje fram, og de er vel ikkje tvil um anna, enn at Snorre her hev dikta inn ei rekkje med talur, der han umvegjes tverkar imot de som den norske kongen hadde fyri seg med Island.

Ingin del av «Kongesogune» kan vera skrivin fyrr Snorre kom heim att i 1220, og dersom ein kan tru handskriftine, som paa tvo stadir kallar Skule for hertug (s. 642 og s. 711), so er verke snaudt ferdig-gjort fyrr i dei seinare aari hans Snorre (1237—41). Derimot er de rimelegt at dei einskilde kongesogune hev komi ut kvar for seg, etter hand som dei vart ferdige; de vert nemleg sagt i Sturlunga-soga, at um hausten 1230 var Sturla Sigvatsson lange leite i Røykjaholt hjaa farbror sin Snorre, og at han daa lagde vinn paa «aa lata skriva sogu-bøkar etter dei bøkane som Snorre sette ihop.» Ei av desse sogu-bøkane kan hava vori soga um Olav den heilage, ho finst i serskild utgaave med fyrimæling og sluttning for seg sjølv, og soleis laga vart ho mykje kjend og kom ut i mange avskriftir.

3. Handskriftir (skinnbøkar) av kongesogune hans Snorre kom ut baade paa Island og i Norig. Den eldste skinnboki som me kjenner, er den dei no kallar Kringla; paa lag 20 aar etter Snorre døydde vart ho skrivi paa Island, og der fekk ho eit tillegg, «Skaldatal», som reknar upp alle hirdskaldar som me kjenner fraa historisk tid, med upplysning um kva for nokre nordiske kongar eller fyrstar dei hev dikta for; uppteljingi av skaldane stansar med brorsønine hans Snorre, Olav Hvitaskald († 1259) og Sturla Tordsson († 1284), og ein av desse er de visst som hev fengi skinnboki skrivi. De er nok tenkjelegt at Sturla Tordsson hev havt skinnboki med seg til Norig, daa han strauk dit 1263; i alle fall er de visst, at Kringla kom tidleg til Norig og vart verande i Bergen eller der i nærleiken til sist i de 16de hundradaare. Sidan vart boki send fraa Bergen til universitets-bokhuse i Kjøbenhavn; men daa hadde boki mist 1ste blade, der fyrimælingi hans Snorre var skrivi, og øvst paa de 2dre blade (som no var de 1ste) byrja de med ordi «Kringla heimsins» (jordskiva); difor vart skinnboki her i Kiøbenhavn heitande Kringla heimsins eller (avstytt) Kringla. I slutten av de 17de hundradaare vart de teki tvo gode avskriftir av Kringla, den eine (1682) ved Jon Eggertsson, ein islending i svensk tenest, som tok avskrifti med seg til Stockholm; den andre gjorde handskrivaren hans Torfæus, Asgeir Jonsson. De var paa tid at de vart gjort, for i 1728 brann heile boki med de meste av dei eignalutine som fanst i bokhuse ved branden i Kiøbenhavn. Eit blad vart daa berga, for de hadde Jon Eggertsson teki med seg til Stockholm, der de vart lagt inn i de kgl. bokhuse. Eit facsimile av dette blade er sett attaat umsetningi her.

I den 2dre helvti av de 13de hundradaare vart de skikk at kongesogune hans Snorre og sogur um seinare kongar vart lagde ihop i same skinnbøkane; allvisst var de daa soga um Sverre og um Haakon Haakonsson som kom med; desse avskriftine var stelte til for norske stormenn anten av islendingar eller nordmenn. I dei fleste av desse skinnbøkane tok dei ogso med fleire mindre stykke, som Snorre ikkje hadde godkjent, og skrivarane gjorde ogso andre sjølvvils-brigde, so at desse avskriftine ikkje alltid hev rette teksti hans Snorre. Dei vigtugaste av desse skinnbøkane kallast Codex Frisianus, Jofraskinna og Eirspennill.
Facsimile av 1ste sida (full storleik) av utgaava hans C. R. Unger.
Codex Frisianus er skrivin umkr. 1300 av ein islending i Norig; boki inneheld kongesogune hans Snorre — so nær som soga um Olav den heilage — og soga um Haakon Haakonsson; ho fanst i Bergen ikr. 1550, men fyrr 1600 hadde ho komi til Danmark; sidan var ho i boksamlaren Otto Friis si eige, Arne Magnusson kaupte ho, og ho finst endaa i samlingi hans i Kjøbenhavn. Jofraskinna (d. er skinnboki til kongane, for di ho hadde bilæte av tvo norske kongar) er skrivi i Norig av ein nordmann fraa austlande ikr. 1320, men etter eit islandsk fyrilag; ho inneheldt ogso sogune um Sverre og Haakon Haakonsson. Den sidste soga vart likevel i Norig skild ifraa hovuddeildi, som i 1655 kom til Danmark og vart teki inn i universitetsbokhuse i Kjøbenhavn. Boki vart i 1698 avskrivi av Asgeir Jonsson, i alt som høyrde til kongesogune hans Snorre. Ogso denne skinnboki brann upp i 1728, men 7 blad av ho hev dei funni att for nokre aar sidan, noko i Kjøbenhavn, noko i Stockholm og noko i Kristiania, Eirspennill (d. e. boki med koparspenne) er skrivi ikr. 1300 av ein islending og var meint paa folk i Norig; ho byrjar etter dauden hans Olav den heilage og inneheld ogso sogune fraa Sverre til Haakon Haakonsson døydde; ho kom til Danmark fyrr 1570, Arne Magnusson kaupte ho, og i den store boksamlingi hans finst ho endaa.

4. Umsetjingar og utgaavur. Daa de danske maale vart kjent i Norig i det 15de og 16de hundradaare, allvisst i byane og i dei høgre lag, gløymde folk aa lesa og skyna dei gamle bøkane som var sette saman paa gamalnorsk og islandsk og skrivne med gomol skrift. Daa so reformasjonen og uppattnyingi i bokheimen kveikte nytt liv hjaa lærde folk og embættsmenn, vart dei huga til aa læra aa kjenna lands-soga si og freista aa skriva av dei gamle skinnbøkane og setja deim um paa skriftmaale, som no var danskt, men med mange norske ord og vendingar. Allvisst dei fyrste tri skinnbøkane vart daa funne fram og lagde til grunn for umsetjingane. Den fyrste som fekk istand ei heil samling av umsette kongesogur var lagmannen Mattis Størssøn. I ungdomen hadde han studera utanlands, i 1533 vart han lagmann paa Agde-sida, der han var ifraa, i 1540 flutte han til Bergen og vart «Bergens og Gulatings lagmand»; han vart ein gamal mann og døydde 28. mai 1569 i Bergen. Daa han var lagmann laut han skyna gamalnorsk, for landslovi var skrivi paa dette maale, og denne maalkunnskapen hev gjort de lett for han aa granska kongesogune. Han hadde fengi tak paa skinnbøkane Kringla og Codex Frisianus og nytta deim til aa gjera eit heilfengt utdrag av kongesogune alt til dess Haakon Haakonsson døydde; han kalla boki si: „Den norske Krønike om de fremfarne Konger, Herrer og Fyrster som haffue veldeligen regieret oc styret Norriges Rige, uddragen af den gamle Norske paa Danske". Boki er skrivi etter 1552, men fyrr 1567; ho vart kjend i avskriftir baade i Norig og Danmark, og ho vart i meir enn halvhundrad aar hovudkjelda til Norigs soga, allvisst etter at ei avskrift vart sett paa prent ved den danske kantslaren og sogu-mannen Arild Huitfeldt; den som stelte med utgjevingi var presten Jens Mortensen i Slangerup, som fyrr hadde vori skrivar hjaa Huitfeldt. Paa prent vart ho heitande:

Norske Kongers Krønike og bedrifft, indtil unge Kong Haagens tid, som døde Anno Domini 1263, udset aff gammel Norske paa Danske. Prentet i Kiøbenhaffn, aff Hans Stockelman 1594 (8 vo).

Facsimile av 1ste tekstsida (full storleik) av Finnur Jónsson si utgaave.
Peder Claussøn. (Originalfotografi etter portræt i kyrkja i Syndre Undal, Maala i 1614).
De vart lengi trutt at Jens Mortensen sjølv hadde sett um boki fraa de gamle maale, og difor hev de ofte uretteleg vorti tala um «Jens Mortensens oversættelse». Av dette utdrage hev ein lærd nordmann i Oslo, meister Halvard Gunnarsen gjort ei emning av Norigs soga paa latinske vers som 1606 vart prenta i Rostock og fekk heita: Chronicon Regum Norvegiæ, olim idiomate Norvegico conscriptum: Nunc autem primo Elegiacis Versibus latine expositum, a M. Halvardo Gunario Norvegio, in Collegio Aslojensi S. S. Theol. Lectore ac Archipresbytero.

Den fyrste rettelege umsetjaren av kongesogune er likevel presten Peder Claussøn (Friis), fødd i Eikersund 1545, daain 15 okt. 1614. Han hadde gjengi paa lærd skule i Stavanger, og han vart 1566 ettermannen til far sin i prestekalle i Undal (Audndal) i Liste-len, strakst etter prost i Liste-len, sidan ogso kannik og archidiakon i Stavangr. Han lærde gamalnorsk av lagmannen paa Agdesida, Jon Simonsen († 1575), som ogso fortalde han mykje fraa soga i gomol og ny tid; av han fekk han ei gomol lovbok og fleire handskriftir av kongesogur, allvisst um Olav Trygveson og Olav den heilage. I ei av desse skinnbøkane (Bergsboki dei kallar) fann han ofte nemnt kongesogune hans Snorre Sturlason, men verke hans hadde han lengi ingin kjennskap til. Men so fekk han i 1590-aari fat paa Jofraskinna og gaadde daa at der var de ei avskrift av kongesogune hans Snorre Sturlason. Etter uppmaning av stathaldaren i Norig, Axel Gyldenstjerne, tok han i 1599 til aa emna paa ei heil umsetjing av alle kongesogune hans Snorre (til aar 1177), og daa han elles kom yvi ei skinnbok av kongesogune etter dauden hans Sverre (1202—1263), tok han ogso desse sogune med i umsetjingi, endaa han vel skyna, at de ikkje var Snorre som hadde sett deim ihop; daa han ikkje kjende nokor handskrift av Sverres soga (tidi 1177—1202), fyllte han ut dette opne hole, med di han skreiv av utdrage hans Mattis Størssøn um denne tidi. Soleis fekk han stelt til ei heilfengd rekkje av kongesogur til aar 1263. Daa hr. Peder hev umsett etter Jofraskinna, finst de ikkje faae stykkje i umsetjingi hans som ikkje høyrer til Snorre, og elles hev hr. Peder ogso teki med store stykke av andre kongesogur som han kjende, daa han vilde fortelja Norigs soga so heilskapa som mogelegt. Men dette hev sidan sett bokverkingi hans Snorre i meinsyn, daa folk lengi trudde, at de som stod i umsetjingi hans Peder Claussøn ogso hadde komi fraa den handskrifti av Snorre som han nytta. Elles er umsetjingi til hr. Peder skilleg grannsam og paalitande, og ein hev med retto undra seg yvi at han hev kunna tyda fornmaale so godt med dei faae hjelperaadir han hadde aa valda med. Maale hans er de malm og vyrdnad i, og han hev vori heppin med aa bruka mange gode gamle ord, som den tidi heldt paa vart trengde undan av framandord. Umsetjingi hans Peder Claussøn kom ut i avskriftir, og ei av desse kom til Kjøbenhavn, der den lærde professoren Ole Worm lærde aa kjenna ho ikr. 1630; han gav ho ut paa prent med namne:

Snorre Sturlesøns Norske Kongers CHRONICA. Udsat paa Danske, aff Hr. Peder Claussøn, fordum Sogneprest i Undal. Nu nyligen menige Mand til Gaffn, igjennemseet, continuerit oc til Trycken forferdiget. Cum Priv. R. M. Prentet i Kjøbenhafn, ved Melchior Martzan, paa Joachim Moltken Bogførers Bekostning. M. DC. XXXIII.

Umsetjingi hans Peder Claussøn i Worm si utgaave vart strakst mykje kjend og trengde snart reint undan ordrage hans Mattis Størssøn. De var ho som skapa sogu-skrivar-namn til Snorre Sturlason, for jamvel paa Island visste dei berre um at Snorre hadde skrivi Edda, so at den lærde mannen Arngrim Jonsson no i eit brev til Ole Worm kan kalla Snorre «udgravet af glemselens sorte nat», og boki gav med ein gong Norig de som Danmark lengi hadde sakna og endaa skulde sakna heilt til Holberg, ei framstilling i samanheng av soga deira fraa forntid og millomalder, som kunde vera verd aa lesa. For de 17de hundradaare vart ho den rettelege kjeldeskrifti til Norigs soga, og sjølv etter at Peringskiöld hadde kunngjort den islandske teksti (1697) fekk ho hava ein gjæv rang. Ho vart prenta uppatt (Kjøbenhavn 1757), og i denne nye utgaava hev ho kanskje komi endaa meir ut i Norig, der etter Jac. Aall sine ord «mod den sidste Slutning af forrige Aarhundrede og Begyndelsen af dette Claussøns Oversættelse af Snorre var i de anseligste Bønders Hænder og udgjorde deres mest yndede Læsning», eller som han ogso segjer: «denne Oversættelse var længe vore Landsmænds Yndlingsbog, indtil den efterhaanden ved Slid og Brug er saa godt som forsvunden».

Johan Peringskiöld. (Originalfotografi etter teikning fraa 1706, no i de kgl. bokhuse i Stockholm.
Den eldste utgaava paa fornmaale av kongesogune hans Snorre Sturlason vart tilskipa i Sverige. Teksti vart teki fraa avskrifti hans Jon Eggertsson av Kringla, men ein annan Islending i svensk tenest, Gudmundr Olafsson, umsette teksti paa svensk; daa han var lite kunnug i svensk og elles døydde fraa arbeide (1695), vart umsetjingi hans umvølt paa betre svensk av kgl. antikvar Johan Peringskiöld (f. 1654 † 1720); han gav ogso etter tilsetjing av kongen ei umsetjing paa latin «til the utlänskas tienst». Den latinske umsetjingi er skilleg laak, og den islandske teksti er full av lyte, og utgjevaren hev auka han med mange falske innskot, med di tilleggi hans Peder Claussøn vart umsette paa nyare islandsk; de var ogso Peringskiöld som fann paa, at dei skulde bruka namne til skinnboki, «Kringla heimsins», paa kongesogune sjølve, og soleis gav verke hans Snorre de ulaglege namne «Heimskringla», som de lengi hev haldi paa. Utgaava heiter:

Heimskringla, Eller Snorre Sturlusons Nordländske Konunga Sagor. Sive Historiæ Regum Septentrionalium â Snorrone Sturlonide, Ante secula quinque, patrio sermone antiquo Conscriptæ quas Ex Manuscriptis Codicibus edidit, Versione gemina, notisque brevioribus, indici Poëtico vel Rerum, sparsim insertis, Illustravit JOHANN PERINGSKIÖLD. STOCKHOLMIÆ Literis Wankiwianis, Anno Christiano M. DCXCVII.

Gerhard Schöning. (Etter koparstikk fraa 1752).
De gjekk fleire mannsaldrar, fyrr Danmark, som daa hadde dei beste avskriftir, naadde til aa faa ei utgaave av grunnteksti hans Snorre med umsetjingar paa dansk og latin. Utgaava, som etter si tid var reint eit glimeverk, vart kosta av arveprins Fredrik og tilskipa av nordmannen, geheime-arkivar Gerh. Schøning, og, etter han døydde (1780), av islendingen, rektor Skule Thorlacius. Teksti var avskrivi og tilskipa av islendingen Oddr Jonsson, den latinske umsetjingi og merknadine er laga av Schøning, og den danske umsetjingi av islendingen Jon Olavsson fraa Svefney († 1811). Den islandske teksti er mindre god enn ho burde vera, daa ho skulde vera grunnlagd paa Asgeir Jonsson si avskrift av Kringla, men for den seinare deildi (fraa Magnus den gode) hev dei ved eit mistak lagt til grunn den seinare handskrifti Eirspennill, som hadde mange uægte tillegg, og elles hev dei teki med alle dei uægte innskoti som Peringskiöld hadde laant fraa Peder Claussøn. Den danske umsetjingi er ogso mishøv i maalvegen, daa dei etter paalegg av arveprinsen lagde umsetjingi hans Peder Claussøn til grunn og jamna tillegg og slikt der etter, so at maale fekk ein forn svip jamvel i skrivemaaten. Dette verke heiter:

Heimskringla edr Noregs Konunga-sögor, af Snorra Sturlusyni. Snorre Sturlesons Norske Kongers Historie. Historia Regum Norvegicorum conscripta a Snorrio Sturlæ filio. Quæ sumtibus serenissimi et clementissimi principis, Daniæ Norvegiæque hæredis FREDERICI, magni regis Frederici filii. Nova, emendata et aucta editione in lucem prodit, opera Gerhardi Schøning, regi a cons. just. et archivis secretioribus. HAVNIÆ typis Augusti Friderici Steinii MDCCL XXVII. — Tom. II MDCCLXXVIII. — Tom. III MDCCLXXXIII.

Denne 2dre utgaava av teksti til Snorre hev legi til grunn for dei umsetjingar som er gjorde fyrr 1868, i Danmark av Grundtvig, i Norig av Jacob Aall og P. A. Munch, i Sverige af G. Richert (1816—29), i Tyskland av F. Wachter (1835—36) og G. Mohnike (1837), i England av S. Laing (1844). Her skal me tala meir um dei tri fyrste.

Nic. Fr. Sev. Grundtvig. (Etter teikning av Olrik fraa 1831).
Den danske skalden og presten Nic. Fr. Sev. Grundtvig, (f. 1783 † med bispenamn 1872) skreiv i 1815, aare etter Norig og Danmark skildest, ein ljomande «Mindesang paa Fædres Gravhøi», der han naudbad «Tvillingfolkene i Nord», at dei ikkje skulde gløyma «Fædres Skrifter, Bind om Fædrenes Bedrifter, jordede i Mulm og Støv»; han sende dermed ut „Prøver af Snorros og Saxos Krøniker i en ny Oversættelse samt et Orb til Danske og Norske" med ei bøn um aa hjelpa han til aa faa gjevi ut ei umsetjing «for Menigmand» av dei tvo folki sine store fornheimsmeistrar, Snorre og Saxo. Sidan fekk Grundtvig tilskot av det Norske Selskab i Kjøbenhavn til aa fullføra verke sitt, og han fekk verkeleg baae umsetjingane i stand, og Snorre kom ut med sovori heite: Norges Konge-Krønike af Snorre Sturlesøn fordansket ved N. F. S. G. — 3 Dele, Kjøbenhavn 1818—22.

Umsetjingi hans Grundtvig kom vidt ut i Danmark og fekk i seinare tid tvo nye upplag (1865 og 1878), men ho naadde ikkje fram i Norig De var som P. A. Munch sagde, «mere en Omklædning i dansk Folkesprog end en virkelig Oversættelse, meget er derved blevet aldeles uforstaaeligt for Meningmand i Norge, og det hele har faaet et vist Anstrøg af Spøg og Løier, der ikke ret synes at passe til Grundtekstens ædle Simpelhed»; dette kom attaat, at versi er «ikke oversatte, men helt igjennem omdigtede» med ein skilleg sjølvsvipleg grundtvigsk daam.

Jacob Aall. (Originalfotografi etter bilæte fraa 1836 av Ad. Møller).
Eidsvollsmannen, jarnverkseigar Jacob Aall (f. 1773 † 1844) hadde alt daa han var ungmenne fengi hug til norrøn forngranskning og lært islandsk, med han studera i Danmark; ved ymse høve gjorde han ogso sjølv umsetjingar av sogu-stubbar; soleis sette han i J. Storm Munch si tidsskrift Saga (1816) ein bolk av kongesogune «Olav Trygvesons Reise til Venden og Slaget ved Svolder», og han kosta paa prent den fyrste islandske ordboki (Bjørn Haldorsen, utg. av Rask 1814). Men de var likevel fyrst etter at han hadde komi seg utor offentlegt stell (sidan 1830) og lati sonen faa styringi med jarnverke, at den onnuge mannen for aalvor tok til med skriving og samla seg til større bokverk. Eit av desse var den sogu-umskrifti som kom ut med dette heite:

Snorre Sturlesons norske Kongers Sagaer. Oversatte av Jacob Aall, Eier af Næs Jernværk. Første Bind. Christiania 1838. Andet Bind 1839.

Tridje bande, 1839, inneheld sogune fraa Sverre til soga um Magnus Haakonsson.

P. A. Munch. Etter fotografi fraa 1862 (Olsen & Thomsen).
Aall segjer i fyrimælingi si um Grundtvig si umskrift, at «hvor store Fortjenester denne talentfulde Forfatters Arbeide har og hvor megen Digteraand Versenes Oversættelse lægger for Dagen, saa kan denne Oversættelse neppe være passende for menig Mand i Norge»; men daa den eldre umsetjingi (hans Peder Claussøn) no var utorkomi, vilde han fremja historisk lesnad «ved at levere en til vort Sprogs nuværende Standpunkt svarende Oversættelse». Jac. Aall hev i umskrifti si fagert freista aa taka etter Snorre sitt «værdige og simple Sprog», og med hov og varsemd hev han teki upp gamle ord, som endaa livde i Norig, utan at dei høyrde til de maale som vart skrivi; men so var han ikkje heppin med umskrifti av skaldekvadi, som han sette um ordrett med alle kunstige umskrivingar og med lange rettleidingar. Med umsetjingi hans Aall fylgde de geografiske og topografiske forklaaringar av kaptein Gerh. Munthe (han var daa den kunnugaste mannen i Norigs eldre geografi) og fagre staalstikk etter teikning av Flintoe. Ja c. Aall hadde sjølv reidt ut ein stor del av kostnaden med utgaava, so dei kunde selja ho billeg etter maaten; men ho kunde likevel ikkje verta ei folkebok, som umsetjaren hadde vilja.

Fleire aar fyrr umskrifti hans Jac. Aall hadde komi ut var de ein ung student, P. A. Munch, den frægde historikaren sidan vart (f. 1810 † 1863), som hadde teki paa med ei umsetjing. Alt i 3dje nummer (19. aug. 1832) av tidsskrifti «Vidar», der han var med i bladstyre, gav han «Prøver paa en Oversættelse af Heimskringla» og heldt ved med dette i de fylgjande nummere; aare etter tok han til aa gjeva ut «Snorre Sturlesøns Kongehistorie», men denne sogu-umskrifti stansa med 1ste hefte av 1ste bande og kom ikkje til aa umhandla meir enn dei tri fyrste sogune (um Ynglingane, Halvdan Svarte og Harald Haarfagre). Anten hev ikkje umsetjingi fengi avsetning, eller ogso hev dei stansa med utgjevingi i venting paa de store verke hans Aall. Orsaki var ikkje at Munch heldt upp med aa umsetja, for handskrifti hans til framhalde finst endaa heilt til kap. 415 («Magnus den gode fødes»), og ved sereignir i skrifti ser ein at ho er gjord i 1833 eller snart etterpaa. Mange aar seinare, etter at P. A. Munch hadde skrivi dei fire fyrste delane av si «Norske Folks Historie» og der øvt historisk kritikk paa kongesogune, tok han handskrifti si fram og vart raadd paa aa gjeva ut kongesogune til folkelesning. Han saag igjenom og retta den eldre handskrifti, men strauk kapitel-yviskriftine (som ogso er nyare) og fortalde paa prosa innhalde av dei versi som ikkje trongst for samanhenge, og so lét han boki koma heftevis (1ste hefte sumaren 1857). Fraa midt i soga um Olav den heilage er umsetjingi arbeidd ut noko i Kjøbenhavn, noko paa reisa søretter, so at dei siste arki vart sende heim fraa Rom (21. febr. 1859). I Kjøbenhavn hadde han høve til aa sjaa igjenom dei gamle handskriftine, og han kunde med dette skilja ut alle uægte laan fraa Peringskiöld si utgaave (t. d. kap. 26 av soga um Magnus den gode); likevel hev han fylgt utgaava fraa Kjøbenhavn, der denne tok med de som i røyndi stod i dei gamle handskriftine (Cod. Frisianus og Eirspennill). Umskrifti hans Munch kom ut i eit band med dette heite:

Norges Kongesagaer fra de ældste Tider indtil Aar efter Christi Fødsel 1177, forfattede af Snorre Sturlassön og oversatte af P. A. Munch. Christiania 1859.

C. R. Unger. Etter fotografi fra 1881. (L. Szacinski).
Boki hadde ei gild fyrimæling som skildra livsgangen hans Snorre og stillingi hans i norrøn bokheim. [Andre «Oplag»e (1881) er berre restupplage av de fyrste upplage med nytrykt titelblad. Eit nytt upptrykk kom ut i aari 1896—98 i «Skandinaven» i Chicago].

Granskingi av handskriftine i Kjøbenhavn (1857—58) gav P. A. Munch hug til aa skipa ei kritisk utgaave av originalteksti hans Snorre, og etter at han kom att fraa Rom (1861) fekk han ei slik aalogu av de nyskipa «Norske Oldskriftselskab», og han tok de paa seg. Daa han andre gongen reiste til Rom (vaaren 1863), tok han ogsaa med seg fyriarbeidi; men desse kom burt, etter han var daain, daa de skipe gjekk under i «Middelhave», som førde med seg de han sjølv og huslyden hans aatte. Etter at Munch vaar fallin fraa, var de prof. C. R. Unger, som hadde vori medarbeidaren hans i mange aar, som yvitok verke (f. 1817 † 1897), og tekstutgaava hans av kongesogune hans Snorre vart no utgjevne av fornskriftselskape og vart heitande:

Heimskringla eller Norges Kongesagaer af Snorre Sturlassøn, udgivne ved C. R. Unger. Christiania 1868.

Finnur Jónsson. Etter fot. f. 1898 (Juncker & Jensen, Kjøbenhavn).
Unger hev gjengi i fotefari hans Munch og reinska teksti for alle tilsetningar fraa Peringskiöld (og Peder Claussøn), og til grunn for utgaava si lagde han avskriftine hans Asgeir Jonsson av Kringla; Unger hev soleis i røyndi gjevi den fyrste heilskapa teksti etter den eldste handskrifti. Men daa Unger trudde, at dei kapitlane, som var tekne upp dei seinare handskriftine (Jofraskinna, Cod. Frisianus og Eirspennill) hadde skrivaren av Kringla sett att i sjølv, vildi si, so hev han sameleis som fyrigangarane sine teki desse kapitlane med i teksti. At dette er gali hev eg synt i boki mi um «Snorre Sturlassøns Historieskrivning» (1873).

Tekstutgaava hans Unger ligg til grunn for den svenske umskrifti av Hans Hildebrand: Konunga-boken eller sagor om Ynglingarne och Norges konungar intill år 1177. Af Snorre Sturleson (Örebro 1869—70, 2dre utgaava Stockholm 1889) og for S. Schjøtts umskrift paa norsk landsmaal.[2] «Konungaboken» er ikkje berre ei framifraa umsetjing (ogso av versi som er yvisette alle saman), men umsetjaren skildrar dertil live og skriftine hans Snorre Sturlason, han gjev eit utsyn yvi kongesogune sin geografi, yvi hus, skip, bunad og vaapn i eldre tid, og verke er ogso tilbutt med eit historisk kort, eit kronologisk yvisyn og eit historisk register.


— o —


Alle dei eldre tekst-utgaavune av kongesogune hans Snorre hev soleis sine veilur, difor hev de vori naudsynlegt aa faa ei ny heilsleg og paalitande utgaave, og ei slik er de no (1893—1900) islendingen prof. dr. Finnur Jonsson steller til i Kjøbenhavn etter alle handskriftir som finst, med di han legg teksti i Kringla til grunn. Utgaava er ikkje fullferdig endaa, men ved velvilje av utgjevaren hev me kunna nytta ho ved denne umskrifti, som soleis er den fyrste heilskapa umsetjingi av rette teksti hans Snorre.




Notar

  1. Umsett etter prof. Gustav Storm.
  2. Storms umtale, som nedanfor kjem, av Schjøtts umskrift, er med Storms samtykkje ikkje medteki.