Synd i Gamal Norsk Homiliebok

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Synd i Gamal Norsk Homiliebok
Foredrag av Aud-Jorunn Sandal

Religion og mentalitet i mellomalderen.
Innlegg ved Norske historiedagar 1996.
Historisk institutt Universitetet i Bergen
Skrifter 3, 1998, s.121-130.


Våren 1996 vart eg ferdig med mitt hovudfag i historie ved universitetet i Bergen. Hovudoppgåva mi omhandla synd i Gamal Norsk Homiliebok og Islandsk Homiliebok. Vidare tok eg føre meg to samtidssagaer, Sverres saga og Islendinga saga, for å sjå korleis tanken om synd hadde slått igjennom i samfunnet. Foredraget som eg held ved Norske Historiedagar 96, baserer seg på hovudoppgåva.


Innleiing

Olav Haraldsson er den konge som er gjeven æra for å ha kristna Noreg. I 1024(?) vart det halde ting på Moster under leiing av kong Olav og biskop Grimkell, og kristendomen vart offisielt proklamert som einaste religion i landet. Kristendomen fekk monopol på kultverksemd og einerett på gudsdyrking. Det vart forbod mot gamal kultus, blot og dyrking i haug og horg. Med dette fekk Noreg ein riksreligion.
   Kristendomen sitt inntog og utbreiing i det norrøne samfunnet var også ein sosial og åndeleg prosess over fleire hundre år. Dei ytre trekk ved kristninga er relativt lett å dokumentera. Å erstatta gamle tankar og haldningar med ein ny religiøs mentalitet er ein langvarig prosess. Den religiøse mentaliteten er ei dynamisk eining som alltid vil vera i endring etter som samfunnet endrar seg. Det spesielle ved innføringa av kristendomen er at ein får eit nytt religiøst system, med eit nytt verdsbilete og nye skikkar. Dei som kristna landa gjennom misjonsverksemd har nok prøvd å setja det nye inn i ein kjend kontekst. Det ville ikkje gjeva meining for folk dersom dei ikkje hadde vorte fortalt om kristendomen innanfor ei førestillingsverd og med omgrep som dei allereie var fortrulege med.
   Likevel hadde kristendomen trekk ved seg som braut radikalt med heidendomen. Det religiøse liv i heidendomen hadde som mål å sikra slekta og kosmos vidare eksistens. Kristendomen innførde eit nytt individorientert mål med frelse og evig liv for enkeltmennesket. Mennesket var underkasta Gud si lov, og godtok ein dette, skulle ein få evig liv i himmelen. Braut ein lova, dvs. synda, kunne Gud vera nådig og tilgje syndene. Men for å verta tilgjeven, laut ein angra sine synder, og dei som ikkje vende om vart dømde til evige pinsler i helvete. Kristendomen innfører med dette ei rekkje nye omgrep som han laut forklara for det norrøne folk.
   For å oppnå det endelege mål med frelse, laut ein streva etter å leva eit syndelaust liv. Tanken om synd er ny for det heidenske folk. Deira moralkodeks var knytta opp mot ære og skam. For kyrkja vart det difor heilt grunnleggjande å forklara menneska; kva er synd, ulike typar synd, korleis ein kan unngå og korleis ein kan verna seg mot å verta syndar, kva ein skal gjera når ein har synda, kva skjer med syndarar osv.


Gamal Norsk Homiliebok

Det er bevart ei rekkje preiker på norrønt målføre frå 1100-talet som er spreidde i ulike handskrifter, men det finst berre to større preikesamlingar, Gamal Norsk Homiliebok (GNH) og den Islandske Homilieboka (ISH). Tekstane i homiliebøkene har sin bakgrunn i ein preikenlitteratur som strekkjer seg attende til oldkyrkja, og dei store kyrkjefedrene. Omgrepet homilie tyder ei eksegetisk preiken som tolkar ein lengre evangelietekst ledd for ledd. Omgrepet har rot i det greske ordet homilia som tyder ein enkel, fortruleg tale til kyrkjelyden.
   Perioden frå ca. 600-talet og fram til 1100-talet vert rekna som den fyrste av to epokar når det gjeld mellomalderen sin preikelitteraur. Det vart i denne perioden ikkje produsert nye preiker, og ein var avhengig av tidlegare produksjonar. Frå 700-talet vart det krav om at kvar prest skulle eiga ei homiliesamling, av godkjende forfattarar (kyrkjefedre) og som skulle dekkja alle dei viktigaste høgtidsdagane i kyrkjeåret. Desse tidlegaste samlingane var skrivne på latin, frå 900-talet får ein homiliesamlingar på morsmål, og på 1100-talet kjem dei norrøne preikene. Om alle prestar i Noreg har eigt kvar si homiliesamling er vanskeleg å svare på, men ein kan tenkja seg at kvar kyrkje eigde ei slik bok, og at prestane skulle nytta desse når dei heldt messe.
   For dei aller fleste preikene i GNH kan ein peika på ei eller fleire kjelder til. Sjølv om det grunnleggjande tankegodset byggjer på kyrkjefedrane og dei heilage bøkene, er det i liten grad desse primærkjeldene forfattarane av homilieboka har nytta seg av. Dei norrøne geistlege har lært dei klassiske verka å kjenna gjennom seinare forfattarar, ofte i bearbeida form. Med dette tenkjer ein seg at homiliesamlingane som kom frå 700-talet og utover, lyt ha vore kjelder til GNH. Faktisk er heile materiale i boka henta frå utanlandske homiliesamlingar, og ein finn få spor av norrøne tilføyingar. Det er berre nokre få stader at kjeldematerialet er omskrive for å gje det eit meir heimleg preg for den norrøne lesar.
   Med denne bakgrunnen kva kan så GNH fortelja oss om den religiøse mentaliteten i Noreg i mellomalderen? Homilieboka er ein del av ein større vestleg kristen tradisjon, men samlinga gjev likevel uttrykk for noko som dei norrøne omsetjarane trudde på. Kjelda kan ikkje gje oss heile den religiøse forståingsramma som var i samtida. Den gjev uttrykk for teologiske vurderingar på makronivå, uttrykkt av ein intellektuell elite, og er ikkje direkte kjelde til korleis det vanlege mennesket tenkte og handla. Den folkelege religiøse mentaliteten treng ikkje vera ei homogen eining innad, like lite som han treng å vera identisk med den offisielle religiøsiteten som kyrkja forfektar. Sjølvsagt lyt det vera eit minste felles multiplum for at eit samfunn skal fungera, men det er uråd å gje noko eintydig svar på korleis den religiøse mentaliteten i mellomalderen var. Homilieboka kan fortelja oss noko om korleis kyrkja ynskte å formidla ein bodskap, men i mindre grad om korleis denne bodskapen vart forstått av kyrkjelyden.
   Det finst berre ei handskrift av GNH, og dennereknar ein med er nedskriven 1200,- seinast 1220, men språkforma i tekstane er eldre enn den bevarte handskrifta. Ein har tidfesta GNH til 1100-talet, med hovudtyngda frå fyrste halvdel til midten av hundreåret. At det bevarte handskriftet er frå 1200-talet, skulle tyda på at preikene i GNH i alle fall er vortne nytta til kyrkjeleg bruk i ein tidbolk på nærare 100 år. Vidare reknar ein GNH for å ha vorte skriven på Selje eller i Bergen.


Synd

Alle tekstane i homilieboka inneheld ein bodskap om den kristne moralkodeks som tilhøyrarskaren skal ta lærdom av. Sentralt i dette står tanken om synd. Synd og dermed straffeskuld som gjer det naudsynt med bot, er eit karakteristisk trekk ved mellomalderen sin kristne fromleik, som må ha gjeve eit framandt og utiltalande inntrykk på det norrøne folket. I deira religion og moral var ein nok kjend med skuld i forhold mellom ulike menneske som det skulle bøtast og hemnast for. Skuld overfor ein gud grunna handling som var utført overfor andre menneske og som dermed skulle føra til anger, det kjende dei ikkje til.
   Mellomalderen kan delast inn i to bolkar når det gjeld måten å sjå på synd på. Igjen kan ein føra røtene attende til oldkyrkja. I den tidlegaste fasen av oldkyrkja si historie tala ein om dødssynd, dvs. alvorlege synder som til dømes mord og ekteskapsbrot. Dødssyndene var baserte på dei ti bodorda, men vart aldri standardiserte. Som omgrepet klårt gjev uttrykk for, er dette synder som fører til bannlysing, sjela døyr og syndene er det uråd å bøta for.
   I tillegg hadde ein lettare synder som ein kunne få tilgjeving for gjennom bøn, faste og bot. Mot slutten av 300-talet fekk ein endå ein kategori synder, dei såkalla hovudsyndene (kardinalsynder). Hovudsyndene var dei viktigaste syndene. Desse var ikkje i like stor grad konkrete synder slik dødssyndene var. Negative tankar var det vonde sitt opphav og røtene til vonde handlingar. Hovudsyndene var desse negative tankane, og dei førte til konkrete syndige handlingar. Til dømes vil ikkje handlinga å drepa eit menneske reknast som ei hovudsynd, men årsaka til at ein mordar vil vera det. Handlinga vert dermed ei manifistering på at ein har synda. I kampen for det gode gjaldt det difor å overvinna og utrydda kjelda til synd.
   Johannes Cassianus († 435), utforma læra om dei åtte hovudsyndene, medan Gregor den Store († 604) innførde sjutalet. Både den Cassianske og den Gregorianske lista hadde stor innflytelse i den tidlegaste bolken av mellomalderen (600-1100-talet), eller ein rekna eit ubestemt tal hovudsynder. Den Cassianske lista hadde stor innflytelse spesielt i England. Delar av homiliebøkene er baserte på angelsaksisk kjeldemateriale, og difor er det naturleg at det er dei åtte hovudsyndene ein finn i GNH, i tillegg til dei ustrukturerte listene. Ved det fjerde Laterankonsilet i 1215 vart det vedteke at alle skulle gå til skrifte ein gong i året. Dette førde til at kyrkjelyden årleg vart konfrontert med syndene sine, og sjølve ideen om synd vart ein meir konkret tanke for den enkelte. Dei som innførte det årlege botssakramentet hadde behov for eit stabilt system, og for heile den vestlege kyrkja vart talet på hovudsynder sett til sju-talet etter mønster frå Gregor den Store. I tillegg fekk ein ei gradvis endring av meiningsinnhaldet. Frå å vera det vonde sitt opphav vert synd meir konkret oppfatta, og sjølve handlingane vert oppheva til hovudsynder. Dette medfører at ein byrjar å tenkja på hovudsyndene som om dei skulle ha vore dødssynder.


Den første synd

Dei fleste religionar har eit klårt skilje mellom kven som høyrer til og kven som står utanfor. Når eit menneske skal takast opp som medlem i ei religiøs gruppe, må det som oftast igjennom eit ritual. Det vert ei form for gjenføding, der ein vert gjenfødd inn i eit religiøst fellesskap. I kristendomen vert denne overgangsrita gjennomført med dåpen. GNH fortel om syndefallet og korleis menneskeslekta var gått fortapt, og djevelen fekk makt over menneska. Omgrepet arvesynd vert ikkje nemnt i homilieboka, men i staden er "den første synd" nytta. Alle menneska som er fødde etter syndefallet er underlagde Djevelen. Med dette som utgangspunkt lyt kristendomen ha ei rite som kan transformera menneska frå å vera "syndens trell" til "Guds barn".
   I homilieboka er det difor eit viktig tema at alle lyt reinsast for den medfødde synda. Ordet dåp på norrønt er skírn eller skírsl som tyder rensing. Ein kan ikkje verta frelst utan å fyrst vera døypt, og det var difor ei synd å ikkje døypa ungane sine. Både under og etter kristninga, var difor ei av hovudoppgåvene til dei geistlege å få folk døypte. Med dette som utgangspunkt er det ikkje så rart at dåpen er eit tema i svært mange preiker i homilieboka.
   I tillegg til den dåpen som reinsar menneska for syndene og fører dei inn i den kristne kyrkja, nyttar homilieboka nemninga dåp som ein allegori over gråten. Ein skal døypast ein gong, og sidan "døypa" tankane i tårer. Tårene kan vaska vekk syndene våre, på same vis som dåpen vaska vekk arvesynda. Å gråta vert ei fysisk manifistering over at ein angra sine synder. Ein skulle tru at dette braut kraftig med ideala i samtida. Eit grinande menneske må ha gjeve uttrykk for svakheit, og har neppe fått auka respekt hjå andre. Adam av Bremen sa at: "danene avskyr i den grad tårer og gråt og andre uttrykk for sønderknuselse at de hverken tillater noen å gråte over sine synder eller over sine avdøde kjære". Truleg har nordmenn i heidensk tid hatt same haldning til gråting som danane.


Syndelister - kvardagssynder - hovudsynder

Gjennom heile GNH er det oppmodingar til kristen åtferd og åtvaringar mot syndige handlingar. Dette er ramma inn av historiar om Jesus, Maria, og andre heilage personar, som skal tena som døme til etterfølging. Gode dyder og syndige handlingar vert i fleire preiker ramsa opp med etterfølgjande skildringar av himmel og helvete. Til slutt munnar preikene ut i at menneska står overfor eit val i sine gjerningar, der himmelen vert eit lokkemiddel og helvete ein trussel.
   GNH ber preg av det mangfaldet av tekstar som har lege til grunn for boka. Ein skulle tru at det var klåre reglar for kva som var ei synd, og at ein konsekvent heldt seg til ei lære. Men dette varierer frå preike til preike, etter kva kjeldemateriale den norrøne forfattaren har nytta. Boka har syndelister med lange oppramsingar av syndige handlingar. Her ser ein at ein ikkje alltid tok utgangspunkt i dei åtte hovudsyndene som negative mentale konstruksjonar for så å avleia syndige handlingar ut frå desse. Det som teologisk kan definerast som hovudsynder, og konkrete syndige handlingar, er ramsa opp utan at forfattaren har reflektert over nokon skilnad mellom desse. "Moralpreiken IV" i GNH listar opp nærare 50 ulike synder utan nokon spesiell struktur. Som døme kan ein nemne ekteskapsbrot, drukkenskap, misunning, løgn, mord, skjellsord, overmot, kåtskap osv. Etter denne lista finn ein ei vidare oppramsing av kristlege handlingar og dyder, som eit alternativ ein heller bør velja for å sikra seg evig liv i himmelen.
   Syndelister var vanlege i den katolske litteraturen, der Honorius († 1137) står for den lengste opprekninga med 150 laster som er sette i opposisjon til 150 dyder. Men desse ustrukturerte syndelistene er ikkje eit uttrykk for at dei geistlege ikkje klarte å sjå skilnaden mellom hovudsynder og andre synder. Andre preiker syner full forståing for skilnaden, så ein kan vel heller seia at dei hadde eit oversyn over breidda i den kristne litteraturen.
   Når GNH talar om hovudsynder, så er dette ein motsetnad til kvardagssynder, men likevel utan å spesifisera nærare kva dette inneber. Det finst inga liste over kvardagssyndene i homilieboka, men dei vert i staden omtala som "alle andre synder som frister oss til daglig". Det som skil desse to syndegruppene frå kvarandre er at kvardagssyndene kan synast lettare å bøta for enn dei andre. Det er difor nærliggjande å føra desse syndene attende til dei "lettare syndene" i oldkyrkja. I preika «Askeonsdag» står det skreve at kvardagssyndene skulle skriftast for i det allmenne skriftemålet, og hovudsyndene i det særskilde skriftemålet. Preika har ikkje noka vidare utgreiing om kva denne skilnaden inneber, men det er tydeleg at kyrkja opererte med to slag skriftemål. Etter vanleg definisjon inneheldt skriftemålet tre delar. Djup og ærleg anger, munnleg syndsvedkjenning og dei botshandlingane som vart kravde. Alvorlege synder laut ein vedkjenna offentleg i det særskilde skriftemålet, og presten skulle så påleggja syndaren ei bot. Men, for dei daglege syndene som menneska gjorde, laut det finnast ein enklare måte å bøta for enn å måtta gå til presten å skrifta. Ein tenkte seg at å vera medviten dei vonde tankane og handlingane, for så å angra for desse, var det allmenne skriftemålet. Ein skulle så påleggja seg sjølv å bøta for dette ved å gjera gode gjerningar, fasta og be.
   Både i det allmenne og i det særskilde skriftemålet var den teologiske grunngjevinga at syndaren skulle angra for syndene sine, for attrå etter å koma til himmelen gjer at syndaren ynskjer å skrifta overfor Gud. Anger er umogeleg å måla, og bryt med det gamle ære idealet. I tillegg var tanken om at handlingar som vart gjorde i denne verda skulle angrast overfor ein transcendent storleik, ukjent før kristninga. Det er difor ikkje utenkjeleg at dei botshandlingane som skulle vere ei manifistering av at ein angra synderne sine, for mange i staden vart eit uttrykk for redsel for helvete.
   Ein kan ikkje seia noko bastant om kor mange hovudsynder dei rekna med, eller kva synder dette var. Eit fellesteikn var at desse syndene var abstrakte, mentale konstruksjonar. Det er vonde tankar som fører til konkrete syndige handlingar. Synda vert fullbyrda gjennom tre stadium; tanke - begjær - handling. Dette tyder også at dersom eit menneske skal unngå å synda må det ikkje ha syndige tankar. At hovudsyndene ikkje nødvendigvis var knytte til talet åtte, ser ein i «Moralpreiken I» som ramsar opp ei rekkje ugjerningar som hovudsynder:

Og disse er hovedsyndene; tyveri og ran fra kirker, manndrap, langsinne, misunnelse, hovmod, selvgodhet, hor, drikk, tyveri og all slags urettferdighet, sedløshet, mened, bestikkelse og tro på trollkjerringer og all deres gjerninger, legeråd eller spådommer.

Den teologiske definisjonen av hovudsynder var, som nemnt, syndige tankar som kan manifistera seg i handlingar. Men i denne preika er det også kome med konkrete handlingar. Finn Hodnebø meiner at denne lista i tillegg til dei åtte hovudsyndene også baserer seg på dei eldre, konkrete dødssyndene (KLNM VII:158). I så fall kan det tyde på at dei to tradisjonane frå oldyrkja med hovudsynder og dødssynder har levd parallelt vidare, men truleg med hovudvekt på den abstrakte varianten.
   Fleire stader i homiliebøkene er nemninga hovudsynder nemnt, utan at det er gått nærare inn på kva synder dette gjeld. Det einaste desse preikene skriv om desse syndene, er at dei er så alvorlege at ein lyt gå til presten og skrifta for dei.


Åtte hovudlaster ligg til grunn for all synd

Alcuin-teksten i GNH er den som reknar åtte hovudsynder:

1) hovmot
2) grådigheit
3) hor
4) pengeattrå

5) sinne
6) dovenskap
7) mismot
8) æresjuke

Johannes Cassianusutarbeidde som nemnt læra om dei åtte hovudsyndene, men ingen stader i dei norrøne kjeldene der dei åtte hovudsyndene vert nemnde, kan ein finna den defineringa og rekkjefylgja som han sette opp. Samanliknar ein dei norrøne kjeldene vil ein også sjå at desse differerer seg imellom. ISH har ei annar liste over kva som er hovudsynder enn den Alcuin reknar opp.
   Alcuin-teksten er den beste til å gje oss eit innsyn i kva tankar som var knytte til hovudsyndene.
   1) Den fyrste hovudsynda, og den verste, er hovmot. Hovmot vert også i «Moralpreiken I» framheva som noko ein skal vakta seg særskilt for. Med hint til Bibelen vert det fortalt at det var hovmot som gjorde at "Guds engler styrtet fra himmelen og ble til svarte djevler," og at Adam åt eplet og menneska vart kasta ut av Paradis. Hovmotet vert kalla dronninga over syndene og er "alle syndenes opphav." Alkuin skriv at denne lasta er rota til "all ulydighet, freidighet og trass, uvennskap, kjetteri og selvskryt."
   Hovmot, som den verste eigenskapen åt menneska, må for kyrkja ha vore eit godt argument når menneske ikkje ville underkasta seg kyrkja sine normer. Audmjukskap var den dyden som skulle vinna i kampen mot hovmotet. Guds vilje, slik ein fann han i dei heilage bøkene, var lov, og godtok ein ikkje dette, var ein hovmodig med denkatastrofale fylgja at ein vert dømd til evig fortaping i helvete.
   2) Grådigheit i form av ustyrleg lyst etter mat og drikke er den andre hovudlasta. Denne fører menneske ut i synder som "tøylesløs glede, tåpelighet, tomt snakk, legemlig urenhet, et ustabilt sinnelag, drikk og usedelighet." Fleire stader i GNH vert grådigheit framheva som ei stor synd. I «Jul I» vert det vist til utsegner frå dei heilage skriftene for å poengtera dette: "Der hvor drikken hersker over mennesket, der hersker djevelen" og "De som i denne verden lovpriser drukkenskap og fråtseri og ikke vil gjøre bot, de har ingen del i himmelen med Gud." Dei geistlege har truleg funne ut at forbruk stundom kan ha utarta seg til misbruk i forhold til kristen åtferd. Fyll var ei viktig årsak til at alvorlege syndige handlingar har skjedd, men homilieboka forbyr ikkje alkohol i seg sjølv. I heidensk tid var mjødet den heilage drikken som vart innvigd ved blotet. I kristen tid hell mjødet fram å vera ein heilag drikk, men no vert det signa til Jomfru Maria. I Gulatingslovi stå det at dersom ein ikkje bryggjar øl til jol, kan dette straffast med landsforvising. Mat skulle heller ikkje nytast i overdrevne former, og det ein ikkje trong sjølv skulle ein dela ut som almisse. Måtehald i matvegen vart halde som ein dyd.
   3) Når sjela viser svak vilje, vil dette føra til hor som er den tredje hovudlasta. Hor fører til:

sinnets blindhet, øynenes, ja hele legemets ustadighet, tøylesløs kjærlighet, ofte livsfare, skamløshet, kåthet og frekk spøk, begjær og all slags tøylesløshet, uvilje mot Guds bud, en avmektig vilje og begjær etter alt som er oss forbudt, likegladhet overfor det fremtidige liv og fristelsene i det jordiske.

Kristendomen innførte eit verdiskilje mellom kropp og sjel, der sjela var den mest verdifulle. Kroppen har lyster i seg som krev syndige handlingar. Sjela har evner til å syna styrke, og ho skal vera "vår legemes dronning og herske over legemet." Også teksten «Striden mellom legemet og sjelen» framhevar maktforholdet mellom desse to. Hor er den norrøne termen for ekteskapsbrot. Dette tyder at ein gift person har eit seksuelt forhold utanom ekteskapet. For kyrkja var ekteskapet eit sakrament innsett av Gud.
   GNH søkjer å formidla ein bodskap der sølibat for menn er eit ideal, og for prestar eit krav. «Påskedag» hevdar at dersom ein prest ligg under for lekamleg attrå, kan han heller ikkje rettleia andre. No veit ein at krav om sølibat ikkje vart teke så alvorleg blant alle geistlege. Dei norske kongane i samtida ser heller ikkje ut til å ha teke dei geistlege sine åtvaringar om helvetes pinsler så alvorleg. Heile 1100-talet er prega av at uekte kongssøner dukka opp og gjorde krav på kongetittelen. Fleire norske kongar var frillesøner, til dømes Harald Gille († 1136) og Håkon Håkonsson († 1263).
   Menn kunne verta freista til synd, men det var kvinna som var freistarinna, og som i sin natur var syndig. Ho er opphavet til hor, så utan kvinna ville ikkje mannen vorte freista. Dette er ein faktor som er med på å underordna kvinna i forhold til mannen. I tillegg til at seksualitet vart sett på som ureint, vart også barnefødslar knytte til det ureine. Dette hang saman med at "Barn er avlet i synd" og fødselen vert dermed materialiseringa av eit samleie. Det å føda born var ikkje synd, men kvinneidealet var Jomfru Maria, og ho var både mor og jomfru. Kyskheit for kvinner var noko ein kunne nå sjølv om ein aldri kunne leva opp til Maria. I Noreg hadde ein St.Sunniva som døme på ei kvinne som ofra livet for å verna om kyskheita si, men dei uektefødde kongesønene tyder på at ikkje alle kvinnene verna møydomen sin i like stor grad som Sunniva.
   4) Pengeattrå er den fjerde hovudlasta, og "roten til misunnelse, tyveri, røveri, mord, løgn, mened, ran, vold, ufred, urettferdige dommer, ringakt for det som er sant, likegladhet når det gjelder den fremtidige salighet og hjertets hårdhet". I staden for å søkja etter materiell velstand i dette livet prøver homiliebøkene å formidla tanken om at det er rikdomen i livet etter døden ein bør akkumulera. Denne rikdomen vil ein berre få ved å gje bort i form av almisser i dette livet. "Du havesyke, gi til de fattige mens du er i denne verden, så du kan finne igjen i himmelen det du gav bort på jorden." Gjevaren skal ikkje rosa seg sjølv for dei gode handlingane. Alt ein eig i dette livet har ein berre til låns og ein skal vera audmjuk overfor både andre menneske og Gud. Dei fattige skulle heller ikkje krevja meir, men med tolmod vera eit døme for andre. Dei vil verta løna når dei kjem til paradis. Om det så var ekte hjartelag som var motiv for å gje almisse, eller om folk såg på det som ei plikt med trussel om straff i neste liv, er vanskeleg å svara på. Det er heller ikkje sikkert at dei fattige var samde i at dei skulle godta livssituasjonen sin i dette liv.
   5) "Kjekl og munnhuggeri og tretter, fiendskap og gudsbespottelse, drap, hevntvang, nag og krenkelser", er synder som er avleia frå Sinne. I det norrøne samfunnet var stoltheit ein dyd for den frie mann, og han laut hevda seg sjølv for å vinna ære. Vart ein person krenkja, vart heile ætta krenkja, og kollektivt ville dei søkja hemn. Dei geistlege meinte at årsaka til splid og strid låg i at menneska vart sinte når æra deira vart krenkja. Det er difor i homilieboka eit gjennomgåande tema at ein skal tilgje dei som syndar mot oss. Kristendomen forkynte audmjukskap og mildskap som etiske ideal etter førebilete frå Jesus. Ære var ikkje noko ein skulle trakta etter i denne verda, men ved å tilgje dei som hadde skada ein, ville ein auka æra si overfor Gud. Kyrkja prøvde med andre ord å endra dei førestellingane som var knytte til æresomgrepet. I staden for å verna æra si utetter mot samfunnet, vart det nye målet å auka æra si oppover mot Gud.
   6) Dovenskap er den sjette hovudlasta og er grunnen til at ein "blir dorsk, sen til å gjøre gode gjerninger, rotløs og arbeidssky, likeglad, misfornøyd og full av tomt snakk". I dag har ein eit ordtak som seier at "lediggang er rota til alt vondt". Dette er også den kristne tanken, og dersom ein ikkje er oppteken med gode gjerningar, vil djevelen lett få innpass. Fysisk arbeid, bøn eller vaking kan vera med på å halda vondskapen ute. Men, når ein til dømes søv, vil ein ikkje aktivt kunna gjera noko for å stansa djevelen, og ein vert potensiell syndar.
   7) Alkuin rekna to typar mismot. Det finst ein positiv type, og det er når ein syndar angrarog søkjer skriftemål og bot for gjerningane sine. Den negative typen mismot, som også er den sjuande hovudlasta, er når ein sørgjer over den motgangen ein møter i denne verda. "Den slags mismot føder ondskap, uvilje, feighet og fortvilelse, og fører ofte til lede ved livet." Den forklaringa homilieboka gjev på motgang, er at Gud heile tida set ein på prøve for å "testa" om ein er verdig ein plass i himmelen. Freistinga er positiv i den forstand at menneska aukar i verdi overfor Gud ved å stå imot. Å syna styrke mot freistingar og å gjera gode handlingar, er einaste viset å oppnå frelse på. Dette har nok vore ein av faktorane til at kyrkja forbaud dei som hadde teke sjølvmord å verta gravlagde i vigsla jord. Ved å verta utestengd markerte kyrkja at dei døde ikkje hadde fått plass blant dei salige i himmelen.
   8) Når ein gjev seg sjølv æra for det ein har oppnådd i dette livet av makt, rikdom, kunnskap, venleik osv. vert dette sett på som tom ære. Å søkja etter noko for å gje seg sjølv æra for det, vert kalla for æresjuke og er den åttande hovudlasta. Æresjuke er årsak til "skryt, stolthet, heftighet, uenighet, ønske om tom ære og hykleri, det er skinn av gode gjerninger, slik som når mennesketvil ha ros for noe han ikke selv kan gjøre." Når noko gjekk bra for eit menneske, var det Gud som skulle ha æra, for det var han som hadde gjeve ein godene. Dei geistlege prøver med dette å knyta positive hendingar til kyrkja og til Gud. Men, samstundes vart gode resultat knytte til løn som ein fekk gjennom syndelaus åtferd, og på dette viset manifisterte æra til Gud seg gjennom menneska. Ein fekk kontinuitet i æresomgrepet trass i kristninga, men med ei omforming til ein kristen kledebon.


Verkemiddel til å halda syndene vekke

Homilieboka fortel om middel som kan hjelpa ein med å halda djevelen og syndene vekke. I «Moralpreiken IV» påbyr dei alle til å ha ein kross i huset sitt. "For Guds kors flykter djevlene, skjelver helvete, viker døden, forsvinner syndene, skammer uvennene seg, brer freden seg, trives kjærligheten og alle andre goder". Krossen var primært eit materielt middel som dei trudde verna mot vonde makter, men i tillegg hadde det enkelte individ ein immateriell verneengel. Ved dåpen fekk alle ein verneengel som skulle styrkja ein i det gode og verna ein frå det vonde.
   Faste vart rekna som eit godt middel mot alle typar synd. Fastetida hadde som mål at ein skulle angra syndene sine, og ein meinte at anger i denne perioden hadde særs god verknad. Lik eins meinte ein at dei syndene ein gjorde i fastetida, var dei alvorlegaste og vanskelegaste å få gjort bot med. Fasten var tenkt todelt med ein lekamleg del som var å nekta seg mat, og ein åndeleg del som var å vakta seg frå synd. Men, tanken bak ei syndig handling er også tofaldig. Det vert gjort skilnad på syndige handlingar som er gjorde i fåkunne og dei som er gjorde grunna vondskap. Dersom ein ikkje veit at ein har synda, vert ein tilgjeven, men får ein kjennskap til synd gjort i fåkunne skal ein straks angra for dette. Synd gjort av vondskap er langt meir alvorleg, og her får ein ikkje tilgjeving dersom ein ikkje angrar for ugjerningane sine.
   I det heile er det ei rekkje ting som verna ein mot synd og djevelen. Ein kan nemne helgenar, krusifiks, relikviar, heilage byggningar, osv. Det ei kan lesa ut fråhomilieboka, og som også kjem tydeleg fram i samtidssagaene, er ei sterk tru på at dei ulike vernetiltaka hadde god effekt.


Himmel og helvete

Himmel og helvete var viktige faktorar i den kristne bodskapen. Dei gode kristne dydane og gjerningane skulle verta løna med ein plass blant dei salige i himmelen. Himmelen vart dermed det lokkemiddelet kyrkja nytta når dei reklamerte for eit kristent levesett. Slik vert himmelen skildra i "Moralpreike IV":

Der er evig liv og uutslukkelig lys, der er munterhet og glede og allslags pryd, prakt og uendelig herlighet uten ende, der blir en hverken syk eller gammel, der er hverken sult eller tørst, sut eller sorg, der elsker enhver sin neste som seg selv. Der skal alle de dode i all evighet se Gud, og for alltid leve med ham og hans engler.

Men, preikene har også ei eiga skildring av pinslene i helvete, som vert sette i opposisjon til gledene i himmelen. Gud straffar dei som syndar utan å angra for ugjerningane sine, og helvete skulle med det fungera som eit prevantiv mot synd. "Jul I" har ei skildring av himmelen, nesten lik den ein finn i "Moralpreike IV", som er langt meir attraktiv enn den skildringa preika gjev av helvete:

For slik er helvete med alle dets djevler til, der er skrik og gråt, sult og tørst og fortærende ild, syv ganger varmere enn den heteste ild en kan tenne i dennne verden. Der er evig mørkre uten lys, alderdom uten ungdom. Og selv om det på hvert menneske satt hundre hoder, og hvert hode hadde hundre tunger, som alle var av jern, og som alle talte fra jordens opphav inntil verdens ende, så kunne de likevel ikke skildre alt det vonde som helvete rommer.

Det er ein vanleg struktur i dei preikene som særskild omhandlar synd å fyrst rekna opp dyder og laster, for så å skildra himmel og helvete, for til slutt å be menneska sjølve om å velja side. Dei andre preikene i homilieboka, som også har denne moraliseringa, nøyer seg med å minna på om himmelen og helvete utan å definera nærare korleis det utarta seg å vera på den eine eller den andre staden.


Avslutning

Kristendomen kom til det norrøne området med eit breit spekter av nye moralske og etiske normer som vart forklarte ut frå denne nye religionen. Hovudmålet til kristendomen er frelse, og sentrale omgrep som dei kristne lyt ha forståing for er synd og anger. Gamal Norsk Homiliebok er ei samling av preiker som skulle lesast høgt for kyrkjelyden ved spesielle høgtidsdagar. På dette viset fekk kyrkja undervisa folket i den kristne læra. Då GNH vart skreve hadde Noreg vore kristna i 100-200 år. I det tradisjonsbundne bondesamfunnet tek det lang tid å erstatta gamle tankar og haldningar med nye. Homilieboka fortel om kva som kjenneteikna kristen åtferd og tankegang. Det høgste målet for eit menneske var å oppnå frelse og evig liv i himmelen. For å nå dette laut ein halda seg vekke frå syndige handlingar. Dersom ein synda, var det viktig å angra desse slik at ein ikkje vart dømt til helvete.
   Det generelle inntrykket ein får når ein samanlignar synet på synd i GNH og det ein finn i samtidssagaene, er at menneska har eit pragmatisk haldning til fenomenet. Dei kombinerer tradisjonelle kollektive verdiar kring ære og skam, der sistnemnte lyt hemnast for å gjenoppretta maktbalansen, og det individorienterte målet å oppnå eiga frelse. Fyrst lyt ein kjempa for ære etter gamal moralkodeks, gjerne innkleda i ein kristen kledebon. Deretter lyt individet ta ansvar for sine eigne gjerningar og angra oppover mot Gud, for å sikra eige frelse. Overfor Gud er ein audmjuk og ber om tilgjeving. I ein maktpolitisk kamp mellom fleire partar vert skriftemålet ein viktig institusjon. Den gjer det mogeleg, i fase ein, å kjempa om makt og ære, samstundes som ein kan sikra si eiga frelse ved å, i fase to, angra for dei syndene ein gjorde i fase ein. Dette var viktig for eit folk som fast trudde på Gud og hans allmakt, og dermed var avhengige av tilgjeving for å oppnå evig sæle.
   Det viktigaste er å hugsa på at GNH er ein religiøs tekst om korleis ein skal leva eit kristent liv, og skildringar og forklaringar av den kristne bodskapen. Dette må ikkje forvekslast med korleis geistlege og verdslege faktisk levde og tenkte i norrøn mellomalder.


Sentral litteratur

Bloomfield, M.W. 1967. The Seven Deadly Sins. Michigan.
Gamal Norsk Homiliebok. 1971. utg. Gunnes, E., oms. Salvesen, A. Oslo - Bergen - Tromsø.
Gamal Norsk Homiliebok. 1966. utg. Indrebø, G. Oslo.
Hjelde, O. 1990. Norsk preken i det 12. århundre. Oslo.
Hjelde, O. 1995. Kirkens budskap i sagatiden. Oslo.
KLNM = Kulturhistorisk leksikon for norrøn middelalder I-XXII. 1956-1978. Oslo.