Til Valundskalden Ivar Mortensson Egnund (Olav Aukrust)

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Naturlyrikk og romantikk


Olav Aukrust

Til Valundskalden
Ivar Mortensson Egnund


Ein utgamal runestein
med flintøks rudd,
uppreist og heil og rein:
imot soli snudd
av honom som innehavar
er vorten av runer nye
og som her med so sterke stavar
dei gamle so vel kann tyde.
Av ein mann som veit kva han vil
og som dertil gjer det, -
berre det at han er til,
domen er det:
sjå gamle jøtun-magter fell
for det nye ljos,
Odrere atter vell
utor solblank kjos.
Gamalt og nytt møtest,
i hop mun horve,
og nysådde frø røtest
i gomol torve.
Og no heve Valund vunne
so langt som aldri fyrr:
ringen og sverdet er funne,
og vind, vatn og hyrr
gjev seg og tener sin herre,
og trui styrkest, -
løynt lyt seg openberre -
fjørhamen yrkest,
som høgt over berg og dalar
um fridomsrangen
med tonande tunge talar
i Thomasklokkeklangen.
Og magterne Gir og Gram
går i hundane;
men Valundsgullet skin fram
uti lundane.
Ja no stig Valund den rette
i «Valund» fram,
all utbordsmagti lyt skvette
for susande svaneham. -
Og vike lyt her Herjan
for Hropta-ty,
som upplyst av El Eljon,
av Fimbul-ty,
viser seg Vegtam og vis
for venen den unge:
Valund lid 'kje forlis
i striden hin tunge.
Sjølv no ein livande stein
for sanningi tolk,
sender han strålande rein
åndeleg kraft til sit folk.
So her er det stein som er sterk.
På det kann du lite.
Endeleg eingong eit verk
som kann tidstonni slite.

*
Til meistersmidja den heite,
der jarni gløddest,
no skal mine ord seg leite.
Der «Valund» føddest
leggje dei takkande ned
min friskaste krans
for honom som mytur kved
på nytt og med skira sans.
Ja i glansen av Norigs nye
morgonstjerna
skal takk frå mit hjarta lyde
- vér heilsum gerna!


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.