Vetta på Eikeland

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif Dansk.gif


Folketro i sagn og eventyr


Vetta på Eikeland

NFS. Knut Nauthella 2 s. 29-31.
Oppskrift udatert.


I utmarka på garden Eikeland i Moster er ein haug som heiter Kjelshaugen. I denne haugen budde det vetter. Attmed Kjelshaugen budde det folk i eldre tid. Ein mann so heitte Bertil budde der. Kvar torsdagsnatt var dei plåga av at vettene kom og løyste ut kyrne for dei, men berre dersom folk sat uppe og arbeidde då. Den nemnde mannen Bertil, då han sette seg til der, brydde seg ikkje um dette, men vilde arbeida då som elles og sette seg til å laga bytter. Men ei stund høyrde han bjøllekua utfor glaset.
   Då han kom ut, var alle kyrne ute - dei hadde vore innhavde før um kvelden sjølvsagt. Han gjekk og hadde kyrne inn att, men starks etter då han vel var innatt i stova og hadde teke til att med byttearbeidet, var dei komne ut igjen.
   Han hadde dei innatt på nytt. Dette tok seg uppatt tri gonger. Tridje gongen sette han ein kross og ein kniv i florsdøra. So vart det stilt for den kvelden. Men same sjauen tok seg uppatt tri torsdagskveldar etter kvarandre. Då rømde vettene. Han høyrde berre kor dei gret og braka med kjerald og køyregreier med same dei reiste av stad.