Norske trollvisor og norrøne sogor - Iven Erningsson

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Norske trollvisor og norrøne sogor

Iven Erningsson


av Knut Liestøl




Hovudemnet i denne visa er ikkje, som ved dei fyrre visone, ei ferd til trollheimane og strid med jøtnar; men forteljingi um ei sovori ferd er feilt inn i eit emne av eit anna slag, eit romantisk emne, der dei fleste dragi er av framandt upphav. Ho er eit døme paa den samanblandingi av framandt og heimlegt tilfang, som ein kjenner so vel fraa dei yngre islendske eventyr-sogone. Ein finn att laan baade her og der ifraa, norderlendsk og sudlendsk um einannan. Men denne visa er forvitneleg paa ein annan maate. I det skap me no hev henne, viser ho seg aa vera uheil, og det maa vanta mykje i henne; men likevel er ho reint uvanleg lang. Forteljingsraama er vidare enn ho plar, innhaldet fargerikt og skiftande med mange bolkar. Av alle norske visor stend ho nærast saman med dei lange færøyske kvædi, som byggjer paa romantiske sogor og eventyr-sogor. Dette renn endaa meir i augo, naar me jamfører med den færøyske formi av visa og ser at visa um Kvikjesprakk Hermodsson hev høyrt saman med Iven Erningsson, og at det her hev vore tilemning til ein visecyklus paa norsk grunn. Ho er i so maate ei sersyn og fortener ein nærare umtale.


I.


Landstads tekst av "Ivar Erlingen og Riddarsonen" i "Norske folkeviser" nr. 13 er paa 62 vers; men der vantar heile forteljingi um ferdi til Trollebotn. Landstad segjer ho "er meddelt af en gammel kvinde, Gunnild Lid i Hvideseid, og suppleret ved tillæg af kirkesanger Harald Smeddal i Aamotsdal o. fl. Som stev træffer man enkelte vers benyttede, men visen i sin heelhed er ikke mange bekjendt" (s. 157, anm.). — Bugge gav ei restituera tekst paa 76 vers i Barfods "Folke" 1859. Uprenta er ei rekkje uppskrifter ved Bugge, Hans Ross o. fl.; ved hjelp av dei kann ein fylla ut Bugges restitution med fleire vers. Sidan baae dei tekstene som er prenta fyrr, er restitutions, skal eg her prenta den fyrste av Hans Ross’s uppskrifter: Iven Erningjen eller Erningssonen, kvede av Ambjør Vistadhaugen i Mo.


1.
"Aa dé va einom ekkja den,
aa bur sò langt nor i heiann,
ho va før te gjeva dei øl aa mat,
um dei va mange fleiri.
Iven sterke rie sò glatt i borgjinne.


2.
Ho va før te gjeva dei øl aa mat,
um dei va mange fleiri.
"Høyr du, Iven Erningjen,
begjer sjav ekkja meiri."


3.
Aa lysteleg skjenkjer Jertru fruva,
ivi sitt breie bór:
te´o Iven Erningjen
mæ elskovsoré fær.


4.
"Aa detti so lova eg mol minne,
daa eg hélt i hennes haand,
eg silli ingjo ekkja feste,
sò vie eg fór ikring laand.""


5.
"Aa detti so lova eg mol minne,
daa eg heimati fór,
at eg sill ingjo ekkja feste,
so vie eg kring laandé drog."


6.
"Men sò skò du, Iven, faa minnast de,
at du tok meg mæ valli:
no sko du liggje femten aar
sjuk i sterke halli."


7.
Aa nò skò du liggje femten aar
sjuk i sterke sótt:
der sko ingjen lækjare koma,
som deg kan vinne bóté."


8.
"Du ber eitt unde belti ditt,
um dé æ guten snjadde,
han sò gjeve eg sværi dé,
som eg tok av risen i fjeddi."


9.
Dé va daa ho Jertru fruva,
tok mot mæ baae haando,
sò støyrde ho dé inn i hovdegjoré,
der eige de tungt aa stande.


10.
Men dé kjende Iven paa sjave seg,
at sótté mun paa en skrie,
Iven tala ti sine menn:
"Nò vi mé av garé rie!“


11.
Aa kóngjen han stende i højelofts-svalir,
han sér seg ut sò vie:
"Eg sér Iven Erningjen
i mine hoddo rie.


12.
"Aa eg sér Iven Erningjen,
de mund’ en einkvor fange:
ein sò leier i tygjil aa beisl,
aa tvo i søjlen halle."


13.
Aa du legge meg, kóngjen, paa løynde lofti,
sò ingjen mannen meg sér;
spyre de nokon etti meg,
seg, eg fer ikring laandé vie."


14.
"Aa du legge meg, kóngjen, paa løynde lofti,
so ingjen mann meg kjenner,
spyre der nokon etti meg,
seg, eg œ av landé gjengjen."


15.
Aa de va inkji etti der,
ott i dei maanann tvo,
daa fødde ho Jertru fruva
seg so liten ein son.


16.
Aa sò leet ho ti kyrkje bera
sæle sonen sin,
aa kadda han Junkar Riddarson
etti sæle fairen sin.


17.
Aa mei voks Junkar Riddarson
uti maananne tvo,
hell dei voks dei hine smaadrengjinne
uti aatte aar.


18.
Aa mei voks Junkar Riddarson
uti maananne tri,
hell dei voks dei hine smaadrengjinne
i aaré ni.


19.
Aa dé va daa Junkar Riddarson,
han leika mæ hine smaadrengjinn :
dé blaanar etti, der liti kjeme,
der styrmar alli kven di.


20.
Aa né so sette smaadrengjinne seg,
daa va dei paa en vréie:
"Dé va bete vita sitt fairsnavni,
hell gjeva ´kon hoggjé fleiri.


21.
Men dé va daa Junkar Riddarson,
han sette haand unde kinn,
so gjekk han seg i steistoga
te Jertru fruva inn.


22.
Aa dé va ho Jertru fruva,
ho maatte unde hoggji lute:
"Du sko segje meg fairsnavni,
di arge, leie tute!"


23.
"Aa du sko segje meg fairsnavni,
eg vi 'kji i blyg slo stande,
ant en dé æ tjov hell mann
hell trodd hell træl i landi!“


24.
"Ja, eg sko segje deg fairsnavni,
dé æ meg ingjen vaandi:
dé æ Iven Erningjen,
den beste herr riddar i laandé."


25.
"Men no hev en fengji funni dé,
at han tok meg mæ valli:
nò hev´en legji femten aar
sjuk i sterke halli."


26.
"Men nò hev’en Iegji femten aar
sjuk i sterke sótt:
der hev ingjen lækjare komi,
som hann hev vunni bót."


27.
Men dé va no Junkar Riddarson
han riste paa sylvbugde kniv:
"Vi du ’kji lækje fairen min,
so sko dé koste ditt liv!"


28.
Aa dé va daa ho Jertru fruva,
be’e ho fyr seg:
"Galen guten kaddar eg den,
som drepa vi moi sia."


29.
Aa dé va Junkar Riddarson,
daa tok´en te aa evne:
"Men no kan ad de glipe-garpann
meg fyr Galita nevne “


30.
Aa dé va Galita Riddarson,
sò tok"en te mæ vreie:
femten kistur o laasar braut,
han vill ’kji etti lyklanne leite.


31.
Sò tok’en upp dé divrehonni,
som en lika best;
dé æ sò seint te sveino taka:
han salar seg sjave hest.


32.
Aa kóngjen han stende i høilofts-svalir
aa sér seg ut sò vie:
"Eg sér einom avringskjempa
i mine hoddo rie."


33.
"Aa eg se'r einom avringskjempa
i mine hoddo rie;
Rauen renne hann imot,
aa prøv innen tore bie!"


34.
Aa Rauen han renner leikarvollen,
i jønni sò va han klædde;
men Galita vender folen sin,
daa læst han vera rædde.


35.
Aa Rauen han renner leikarvollen,
den avringskjempa best;
daa vender Galita folen sin
aa stakk sò Rauen av hesten.


36.
Her hev alli komi den avringskjempa,
som mæ Rauen hev broti staang,
sea han Iven Erningssonen,
som fere sò vidt ikring laand.


37.
Her hev’ alli komi den avringskjempa,
som heve min Rauen stai,
sea han Iven Erningssonen,
han va i sin beste bragji!


38.
Men dit tar inkji konungjen,
dett i fyre meg dylja:
Iven ligge paa løyndedofti,
han fere ’kji sò vie.


39.
"Aa høyre du de du danske kóngjen,
hot eg segja deg maa:
fyg meg nò paa løyndedofti,
Iven vil eg sjaa !“


40.
Aa dé va Galita Riddarsonen,
han stende mæ honn i hendi:
"Eg reiknar dé liten mandomsskap
aa røyne sin styrkji paa kvendi."


41.
"Eg here eitt honn unde belli mitt,
deri ein danske drykk;
drikk der Iven Erningsson,
de vekse deg te styrk´e.“


42.
Den fysste drykkjen han derav drakk,
dé va i lytir braa;
Iven snuddest paa si seng,
han ha´ legji i femten aar.


43.
Den are drykkjen han derav drakk
dé va i lytir bœri;
Iven reis upp aa klædde seg
aa studde seg paa sværi.


44.
Den tre´e drykkjen han derav drakk,
dé va i lytir roddi;
Iven reis upp aa klædde seg
aa gjekk fyr kóngjen i hoddé.


45.
"Aa høyre du dé, du unge dreng,
hot eg vi seg ja dé:
Du sko faa baa gull aa jor,
fyr du lækte frende min!"


46.
"Aa hav du sjave ditt røde gull
aa sò di grøne jor:
Maa eg styre den fysste rette,
som idag kjem fyr kóngjens bor?“


47.
Aa inn kom adde smaadr eng jinn ,
dei tala eit or so bratt:
"Nú kjem her trodd o troddebotn,
som krevja vi kóngjen skatte."


48.
Aa de va Galita Riddarson,
han gjekk fyr kóngjen i hoddé:
"Eg vi meg at troddebotten
aa drepa né adde troddé."


49.
Aa dé va Galita Riddarson,
daa fedde de honom tungt:
Bírtingsbranden i kvaare haandé,
han skar upp baa livr aa lungur.


50.
Aa dé va Galita Riddarson
han ropa heim i hoddé:
"Nò hev eg vor i at troddebotten
aa drepa né adde troddé!"


51.
Aa dé va Iven Erningssonen,
daa voks hass moti meiri:
"Eg vi meg paa leikarvollen
den avringskjempa røyne."


52.
Sò slogest dei i nættar
aa uti dagar tvo:
alti slo Galita mæ flate svær
paa Ivens brynje blaa.


53.
"Men hot sko me kadde guten den
som kan ’kji beite brandé?
me vi taka av en skiringsnavni
aa kadde’n ´slott i landé´."


54.
Aa dé va no Galita Riddarson
han blika mæ eggjé kvite:
"Ha du ’kji vori min sæle fai,
sò ha* vel eggjé sill’ biti. “


55.
Aa dé va daa Iven Erningssonen
han tok sin son i fang:
"Signe deg Gud i himmerig,
at eg deg hera fann!“


56.
Aa dé va daa Galita Riddarson
han riste paa sylvbugde kniv:
"Vi du ’kji ækte moiri mi,
sò sko dé koste ditt liv."


57
Aa dé va tileg um morgonen,
daa sole' spratt i lundé,
daa feste Iven Jertru fruva
i sama morgostundé.
Iven sterke rie sò glatt i borgjinne.


Hjaa Bugge i "Bolke" er forteljingi um ferdi til Trollebotn so:


64.
Inn kjem liten smaadrengjen,
talar han um so braadt:
"Her koma troll ur trollebotne
og dei vil krevja skatt.“


65.
Alle lutte under hottom
og ingjen torde svara,
fyruttan Galiter riddarsonen,
han kods inkje egg i spara.


66.
Da var Galiter riddarsonen,
han gjekk fyr kungjen i holl:
"Eg vil meg aat trollebotne
og drep a trolli oll."


67.
"Høyr du da, du unge drenger,
sit du helder heima!
du er unger og urøynder
med sterke kjempur freista."


68.
Galiter gjekk han vegen fram,
daa fall da paa han tungje;
bitrebranden i kvaare hende
han skar ut livr og lungur.


69.
Da var Galiter riddarsonen,
daa ropad han heim i holl:
"No hev eg vor et i trollebotne
og drepet nid trolli oll."


Til v. 68 segjer Bugge at "teledølens minde har kun gjæmt et forvansket brudstykke af fortællingen om Galits kamp med troldene".

Emnet for den norske visa finn ein att i det store færøyske kvædet "Ívint Herintsson" (CCF. 108). Det finst i tri variantar:


A. Sandøyuppskrift (a. Joh. Klemmentssen 1854; b. Sandoyjarbók 1822; c. Nolsø.
B. Svabos uppskrifter.
C. Fugløyboki.


A er bytt i fem tætter:

I. Jákimann kongur.
II. Kvikils bragð.
III. Ívint sterki.
IV. Galians táttur fyrri.
V. Galians táttur seinni.


B og C i tri:

1. Jákimann kongur.
2. Kvikils bragð.
3. Galians táttur (kvæði).


Innhaldet er so (skipa etter A):


I. Jákimann kongur á Húnalandi lovar at han vil festa Hartans syster (A; Artans s. BC). Han kjem til halli, der kong Hartan bur, og belar til syster hans. Hartan tegjer lenge, men so segjer han at systeri skal svara sjølv. Daa ho kjem og ser korleis Jákimann er laga (han er skildra som eit troll), so vil ho ikkje hava han. Dette spør Herint sud i sitt land (A B; syster til kongen fær sendt bod etter han, C). Herint dreg til kong Hartan og byd Jákimann tri gonger til strid. Jákimann er fyrst ovmodig og meiner at han lett kann gjera det av med Herint. Endeleg kjem dei i strid og slæst tri dagar til ende. Daa finn Hartans syster paa den raadi, at ho ringjer med kyrkjeklokkone, og snart kløyver Herint kong Jákimann. So drikk Herint og Hartans syster brudlaup (A B; C hev ingen ting um klokkeringjingi, men det er sagt at Herint drep Jákimann, med same dei møtest til strid; so er det fortalt um brudlaupet, og at dei hev tri søner: Fótur, Ívint og Kvikilspra).


II. Herint og syster til kong Hartan hev tri søner: Ívint, Víðfer og Kvikilspraki eller Kvikilsprang. Kvikilspraki rid til Girtland og set seg hjaa jomfru Rósinreyð (Rósin moy, Rósumund), men han vart snøgt kipt or sessen. Det vart daa strid, og Kvikilspraki drap mange mann; men til slutt vart han yvermanna, bunden og førd til myrkestova. Han sat nie næter i myrkestova fyrr det vart spurt, og hadde "einum manni at gæta". Fru Rósinreyð gjeng til far sin og bed han gjeva henne riddaren. Han vil ikkje det, men jagar henne fraa seg. Ho trugar med aa senda bod til Ívint sterki, og gjer det og. Ho fær ein "brevarsvein" til aa bera bodi. Han fær hardt vér paa sjøen, men kjem fram. ("Han er fim paa foten, som skal bera bod" til Ívint, C). Daa Ívint fær bodi, vert han so sinna, at han velter bordi, so mjøden flyt. Ívint og mennene hans sigler (rid, C) til Girtland. Dei fer rundt borgi, men slepp ikkje inn. Til slutt sprengjer dei den sterke porten av seigt jarn. Ívint løyser ut bror sin or myrkestova. Girtlands konge brynjar ut 1200 mann, Ívint og Kvikilspraki rid imot kongsmennene og drep ned, so at til slutt stend kongen att med tolv (C: tri) mann. Girtlands konge bed for livet, men Kvikilspraki kløyver han, fester jomfru Rósinreyð, og raader sidan for Girtland. (B endar med at Girtlands konge byd Kvikilspraki Rósin moy og halve riket).


III. (Berre i A). Brandur hin víðförli salar ut hesten sin og dreg paa "heiðin skógv". Han ser mange eiterpoddor og tvo risar. Ein rise kjem ut or skogen og byd han til strid; Brandur drep risen. Den andre risen kjem fram og segjer at Brandur hev drepe far hans. Brandur drep den risen og, men misser sjølv livet i ei eiterkjelde. Ívint spør dette, og dreg ut og vil hemna bror sin. Han kjem til kong Hartan, som fylgjer honom eit stykke paa leidi. ívints hest vert sundslegen av trollfolen, men Ívint tek trollfolen og rid paa. I riseborgi ser dei ein mann koma ridande. Risen Regin gjeng ut mot honom, men Ívint drep han. Sidan fer Ívint til borgi og drep den gamle gygri; berre "væna risans fljóð" er etter. Ívint snur attende, raakar Hartan og fortel det som hev hendt. Hartan byd han heim til seg.


IV. Det var sed hjaa kong Hartan at dei ikkje skulde setja seg til bords, utan dei hadde spurt ei ny tidend. Ein dag kom det ein mann og fortalde um ei hind, som spela utanfor borgi. Dei sette etter hindi, men faafengt. Ívint forviller seg i skogen. Ein av sveinane hans kjem fram og spør kvar dei skal søkja hus for natti. Ívint segjer at dei skal gjesta den rike enkja; skosveinen segjer daa at han maa ikkje beda henne um for mykje. Ívint søv hjaa enkja, men vil um morgonen ikkje lova aa koma attende til henne. Daa gjev ho han ein drykk med "óminni" i, og han vert liggjande sjuk i høgeloft hjaa kong Hartan. Enkja føder ein son og "kallaði hann riddaran snjalla". Han voks upp hjaa mor si. Ein gong spottar sveinane han paa leikvollen: "Likari var þin faðir at grøda enn berja oss so sára“. Han gjeng so til mor si og fær greide paa alt. Han trugar henne med sverdet, for di ho hev fare so med faren. Ho kallar han ein galen mann, som vil drepa mor si. Daa segjer han:


"Kallar tú meg ein galin mann,
mítt skal navnið falla;
prestar og so lærdir menn
teir skulu meg Galian kalla.“


Ho gjev han daa tvo "reglur", som faren skal drikka or og verta lækt. Ho fylgjer han langt paa leid, og segjer at han skal minnast mor si, naar han kjem i nokon vaade, Han kjem til Hartans borg. Reyður rid mot honom, men fell. Galian kjem i høgeloft og gjev faren aa drikka av dei tvo "reglur"; Ívint vert daa heilt frisk, og det vart stor glede i Hartans hall.


V. Hartan konge hadde den underlege seden, at han eggja ein mann "í botnar norður" kvar jol. Galian vil no gjera denne ferdi, endaa kongen raader han ifraa, av di han er for ung. Men Galian dreg av stad. Han batt femtan troll den fyrste dagen, og femtan den andre. Tridje dagen ser han ein grim rise, men fær drepe den og. Daa kjem "vánda móðir Dun" ("fagra risans móðir", B) ut og segjer "Galian er komin i botnar norður, vil tygur allar drepa." Galian gjekk no inn i (rise)halli, "sum fyrir sat sprundið Ijósa" (C: han vil ganga inn i halli anten der er folk eller troll; daa han kjem inn, finn han "lindin ljosa"). Han tek henne med seg. Det kjem ein drake fljugande. Galian fær Toraldur (Haraldur) til aa gøyma jomfrua, medan han slæst med draken. Draken gløyper baade Galian og hesten, men Galian skjer seg utatt. Han held paa aa drukna i eiteret, men mor hans kjem han til hjelp med ein lækjedrykk. Galian dreg so or Botnar med den fagre møyi. Far hans rid ut mot honom, daa han kjem attende. Galian slæst eit bil paa liksom med faren, men segjer endeleg kven han er, og trugar Ívint til aa gifta seg med mori. Galian sjølv fester den vene møyi[1].


II.


Sankta Gertrud, kalkmaleri Östra Sönnarslövs kyrka. Gerdrud og Gertrudt var vanlige kvinnenavn i Tyskland i senmiddelalderen. Gjertrud er kjent brukt i norske middelalderballader, blant annet i "Iven Erningsson". Foto: Väsk, 2005. Commons.

Den fyrste taatten i det færøyske kvædet "Jákimann kongur" hev same emnet, som ein so ofte finn i fornaldarsogor og folkevisor: ein berserk eller eit troll kjem til ein konge og krev ei jomfru. Ein av kongsmennene eller ein annan kongen fær til, gjeng mot berserken (eller trollet) og feller han. Størst likskap med "Jákimann kongur" hev Hervarar saga (bolken um Angantyr og Hjalmar) og den færøyske visa Arngrims synir (som byggjer paa Hervarar saga). Innhaldet av desse diktingane er fyrr umtala, og eg viser berre til det. Det rimelegaste er at Jákimann kongur er ei nydikting med ei forteljing, som den i Hervarar saga i friskt minne, og med laan av vers fraa utformingi i Arngrims synir.

Tridje taatten i A: "Ívint sterki" fortel um koss Brandur hin víðförli kom av dage og korleis Ívint hemner han. Heile denne bolken av kvædet finst berre i A. Men no viser A fleire stader utvidingar og tildiktingar, og det skulde ikkje undra meg um heile denne episoden var tildikta, so ein kunde faa greide paa lagnaden aat den tridje broren og. Det er mykje det same som forteljingi um ferdi til Botnar norður i Galians táttur. Der er teke inn motiv som ikkje vert nytta sidan, t. d. "væna risans fljóð", som ein ikkje høyrer meir til, og heile skildringi av hemnferdi hev ein yngre svip. Dessutan hev denne taatten stor likskap med ei onnor færøysk vise, "Asmundur skeinkjari" (CCF. 37). Der er det fortalt at Harald, son av Irekongen, skal hemna bror sin, som risen paa Dovrefjell hev teke av dage. Han dreg til Dovrefjell og feller risen, kjem att og forte! kva han hev gjort. At Ívint misser hesten sin paa hemnferdi, minner um at risen slær i hel hesten til Asmundur tröllabani (CCF. 39).

Andre taatten (i alle tri formingane): Kvikils bragd hev same innhaldet som den norske visa Kvikjesprakk Hermodsson. Denne visa finst i mange uprenta uppskrifter (etter Jørgen Moe, Hans Ross, Sophus Bugge, o. fl. Innhaldet er so: Det er tri Hermods søner[2], "alle vilde hjelmen vinna". Kongens smaadreng kjem og spør um ingen av Hermods-sønene "lyster ungan gilja". Kvikjesprakk segjer at han vil til Jutland aa vinna den rike jomfrua, men syster hans raader honom ifraa, og segjer at det er so vondt aa draga til Jutland og lata seg fanga og binda. Men Kvikjesprakk ræddest ikkje for kvendeord. Han let smaadrengen sin herklæda seg og fara med honom. Dei rid til Jutland. Jomfru Rosenlund ser ut gjenom vindauga og ser ein av Hermodssønene koma. Kvikjesprakk gjeng inn i kongshalli og belar til jomfru Rosenlund, men Jutlands konge svarar med spott og haad. Kvikjesprakk set seg likevel innmed jomfrua, men vert kipt or sessen. Daa vert det strid. Kvikjesprakk gjer sume blinde og sume bryt han ryggen av. Kongens smaadreng segjer at dei vil ikkje kunna taka Kvikjesprakk og føra han til myrkestova, um dei var 7000 mann. Men han raader dei til aa sleppa ut den grumme løva dei hev. Kvikjesprakk vert fyrst rædd, daa han ser løva, men tek so i løvekjeften med baae hendene, og i det same høgg Kvikjesprakks smaadreng løva sund. Kongens smaadreng fær daa lokka Kvikjesprakk inn i halli, og der vert han skjenkt full, sovnar, vert bunden og førd til myrkestova. Kvikjesprakk fær smaadrengen sin til aa rida til Eivind og segja at Kvikjesprakk sit i myrkestova, og at han maa koma og hjelpa honom. Daa Eivind høyrer det, spør han kven det var som kunde binda Kvikjesprakk, og svaret er at det var kongens smaasvein. Eivind stig paa gangaren og rid som fuglen flyg. Jomfru Rosenlund ser ut gjenom glaset og ser han koma. Jutlandskongen stend ute for han og byd han velkomen, men Eivind bryr seg ikkje um det, berre spør etter broren. Kongen fortel daa at Kvikjesprakk sit i myrkestova, og at hesten hans spring laus i Jutland og ingen torer taka han. Eivind gjeng i tvikamp med Jutlands konge og feller han. Kongens smaadreng bed for livet, men Eivind slær til han med tneven, so heilen skvett. So løyser han bror sin or myrkestova. Kvikjesprakk segjer daa Eivind kjem til myrkestove-døri og spør etter han:


"Ja hardt so sit’e eg fanga
aa mykje harare bunden,
men takk have jomfru Rosenlund,
som hev bori maten ti munne.“


Daa Kvikjesprakk slapp ut, kom hesten hans til honom att, og brørne slær no ned baade gamle og unge, so nær som jomfru Rosenlund. So bed Eivind farvel til bror sin:


"Ja høyr no de, unge Kvikjesprakk,
du visseleg takke meg maa,
for no maa du styre Jutland,
aa eg sko draga ifraa."


Landstad hev prenta ei tekst av Kvikjesprakk (Norske folkev. nr. 12), og Kölbing hev i Germania XX, s. 401, jamført denne teksti med færøysk B.

I den færøyske visa (F) vantar "die Werbung (A, v. 1 ff., die Tödtung des Löwen (v. 25), die Weinbetaubung, in Folge deren es gilt ihn zu überwaltigen (v. 26 if.). Dag. hat F den Zug selbständig, dass die Jungfrau, trotzdem dass sie selbst Kvikil so tibel mitgespielt hat, vor ihren Vater geht und ihn bittet, ihr den Ritter zur Bewahrung zu geben. Sie wird schnöde abgewiesen, droht a her, nach Ívint sterki Herintsson zu schicken, der Kvikils Bruder ist, und führt diese Drohung auch aus. Nach A schickt Kvikil selbst, der hier Hermoðson genannt wird, seinen Knappen, um seinen Bruder Eivind zur Hilfe herbei zu holen. In der einen Fassung scheint also eine Anknupfung an Hermod illi, in der anderen an Gahans kvæði beabsichtigt .... Schon aus den Namensformen erhellt, dass trotz einzelner Abweichungen in der Behandlung des ubrigens sehr einfachen und abgebrauchten Stoffes, dieser selbst in beiden Dichtungen identisch ist."

Til denne jamføringi maa ein leggja, at i den færøyske visa vantar draget um kor god jomfru Rosenlund er mot Kvikjesprakk, medan han er i fengslet, med di ho gjev fangen mat (dette finst ikkje i Landstads tekst, men i fleire uppskrifter).

Grunnlaget for Kvikilsbragð og Kvikjesprakk nemner Kölbing ingenting um, og ikkje kjenner eg til at nokon annan hev skrive um det heller. Men det er tvillaust forteljingi um den tridje beleferdi i Hrólfs saga Gautrekssonar (Fas. Ill, s. 141 if., kap. 21—23 og kap. 29—36; Detter, Zwei fornaldar- sögur, s. 47 if, kap. 29—31 og 35—45. Sogeforteljingi er mykje avstytt og samandregi, namni er umbytte og det hev kome inn sumt, som er typisk for folkevise-stilen, men grunnlaget er likevel lett attkjennande, helst i den norske visa.

Hrólfs saga Gautrekssonar fortel um ikkje mindre enn tri vande beleferder. Forteljingi um den tridje og vandaste er det som ligg til grunn for visone, og ho luar i stuttmaal so:


Aasmund, fosterbror til Rolv Gautreksson og son til skottekongen Olav, nemner for Rolv at han agtar aa bela til Ingebjørg, dotter av irekongen Rolv. Baade Rolv Gautreksson og dronningi hans tel han fyrst ifraa, men endskapen vert at Aasmund fær Rolv med seg, og dei sigler vest yver havet. Dei fekk hardt vér, men kom til slutt til England. Kong Ella baud dei til seg. Tvo av Ellas menn vilde svika Rolv Gautreksson og fylgjet hans. Dei slepte laus ei faarleg løve, som kong Ella hadde. Rolvs menn vart fælne, daa dei saag det grimme dyret. Men Rolv og Aasmund stelte seg upp ved tvo eiker, som stod tett ved einannan. Aasmund stod paa ein stuv midt framfyre eikene. Løva rende til, men vart hangande millom treleggjene. Ho tøygde ut tunga etter Aasmund, men han hogg sund tunga, og i det same kom Rolv Gautreksson til og hogg dyret i hel. Ella jaga dei tvo mennene fraa seg, og Rolv og fylgjet hans var hjaa Ella um vetren. — Um vaaren drog dei til Irland. Men daa dei kom til kongsgården, gjekk irekongen dei imøte med spottord. Han sagde at han visste kva dei fór etter, og at dei turvte ikkje bera upp ærendet sitt. Men sidan Rolv var fagrare og gjævare enn andre kongar, skulde dei koma uskadde derifraa og aldri koma attende i eit sovore ærende; vilde dei ikkje fylgja den raadi, skulde det ganga dei verre. Men Rolv Gautreksson vilde ikkje snu, og det kom daa til strid. Det vart stort mannefall paa baae sidor, men sistpaa fekk irane yvertaket. Rolv Gautreksson, Aasmund og ein mann til vart kasta i ei djup hole. Dotter til irekongen, Ingebjørg, hadde sét paa bardagen, og tykte det var tregelegt at so gjæv ein konge skulde missa livet. Ho fekk gjeve Rolv sverdet hans, og mat og drykk og smyrje til alle tri. — Imedan hadde dronningi til Rolv Gautreksson drøymt at mannen hennar trong hjelp. Tore Jarnskjold, som styrde landet medan Rolv Gautreksson var burte, drog fyre til Irland, laga seg som eit troll og fekk berga Rolv Gautreksson og dei tvo fylgjesveinane hans. Sidan kom dronningi og Ketill, bror aat Rolv Gautreksson, med ein stor her og vilde hjelpa Rolv. Irekongen vart fanga. Han laut festa dotter si til Aasmund, og Rolv Gautreksson gav honom livet. Dette siste tykte Ketill var for gale, men Rolv Gautreksson sa at han gjorde det mest for kongsdotteri si skuld, av di ho hadde hjelpt dei so godt. Sidan siglde dei burt med Ingebjørg.


Ein vil sjaa at det er ei lang rek kje likskapar millom visone um Kvikjesprakk og Hrólfs saga Gautrekssonar. Ikkje berre spreidde og aalmenne likskapar, men dei same dragi kjem etter einannan i same rekkjefylgja, og fleire av desse dragi høyrer ikkje til dei aalmenne i folkediktingi. I soga er det samrødor um beleferdi, fyrst millom Rolv og Aasmund og sidan millom Aasmund og dronningi. I visa finn me fyrst ein samtale um beleferdi millom Kvikjesprakk og smaadrengen; Kvikjesprakks syster, som so tel ifraa ferdi, svarar til dronningi i soga.

Den lange forteljingi i soga um upphaldet i England og i Irland er sjølvsagt dregi i hop i visa. Der er det berre tale um Jutland, men der er gøymt minne um upphaldet paa baae stadene. Forteljingi um striden med løva er tydeleg den same i soga og i den norske visa. Dei svikfulle kongsmennene, som slepper løva, svarar til den svikfulle smaadrengen, som raader til aa sleppa løva. Rædsla daa dyret viser seg, finn ein skildra baade i soga og visa. Ein kjenner att dei tvo, som i lag drep løva. Aasmund stend paa stuven og høgg sund tunga paa dyret, medan Rolv nyttår høvet og høgg det i hel. Like eins grip Kvikjesprakk løva i kjeften med baae hendene, medan smaadrengen høgg henne i hel[3].

I soga vert Rolv og fylgjet hans tekne med magt. Like eins vert Kvikilsbragð teken med magt i færøyvisa. I den norske visa vert han fanga med list; kann henda dette er eit minne um at Rolv Gautreksson og fylgjet hans vert lokka inn i borgi i Irland, men det er vel tiljamna etter slike visor som "Venill fruva" og "Vilgaar Hertugson", der me finn att den svikfulle skjenkjingi, som gjer at drikkaren sovnar. Rolv Gautreksson og dei tvo fylgjesveinane hans vert kasta "í grǫf eina", liksom Kvikjesprakk vert kasta i "myrkestova".

Den dagen daa Rolv kom til kongeborgi i Irland "hafði konungsdóttir gengit i turn borgarinnar ok sett á þenna bardaga. Hon sá Hrólf konung ok þekti hann gerla at frásǫgn manna" (C, Detter, s. XIII). I den norske visa ser jomfru Rosenlund ut gjenom vindauga og ser ein av Hermodssønene koma ridande.

Liksom kongsdotteri i soga hjelper Rolv og felagane hans med mat og drykk, soleis hjelper kongsdotteri i visa Kvikjesprakk med mat. I færøyvisa bed kongsdotteri for Kvikilsbragð, men daa kongen neittar aa gjeva henne riddaren og trugar henne sjølv, sender ho bod til Ívint og han kjem. I den norske visa sender Kvikjesprakk sjølv smaadrengen sin av stad. I soga derimot drøymer dronningi til Rolv at han treng hjelp. Dette siste motivet høvde ikkje i visa, av di at forteljingi um den kloke og framsynte dronningi høyrer den andre beleferdi til. I den norske visa hev daa smaadrengen, som jamt er hendig aa taka til i visone, kome i staden. Skildringi i færøyvisa av korleis kongsdotteri bed for fangen, finn me att i Haraldsskjöldur á Miklagaröi (CCF. 62 A, v. 80—82); der er det same situationen: belen til kongsdotteri er kasta i myrkestova; like eins i Ismar og Benedikt (sjaa DgF. VIII, s. 114 f.).

I færøyvisa løyser Ívint bror sin or myrkestova, Girtlands konge brynjar ut 1200 mann, men Ívint og Kvikilsbragð gjeng kvast fram, og enden paa striden vert at kongen stend att med 12 (3) mann, og lyt beda for livet; men Kvikilsbragð høgg han ned og tek Girtland og kongsdotteri. — I den norske visa bed kongen fyrst um fred og forlik, men Eivind gjeng i tvikamp med han og feller han; sidan bergar han broren or myrkestova. Kvikjesprakk fortel kor hæv kongsdotteri hev vore mot han. Eivind dreg so burt. — Her og kjenner ein lett soga att: fangen som vert løyst, striden med det store mannefallet, kongen som bed for livet, den utfridde kjempa, som gjev kongsdotteri lovord. Skilnaden er den, at i soga friar Tore jarnskjold fangen; bror til Rolv kjem fyrst etterpaa. Her hev me atter ei samandraging i visa, av same slag som naar Rolv og Aasmund hev falle saman. Dinæst skil soga seg fraa visone ved det, at i soga slepp kongen sovidt med livet for dotteri si skuld, i visone vert han drepen. Dette avviket fraa soga kunde visediktaren ha fenge tanken til sjølv, men ein kann og tenkja paa innverknad fraa visor som Bræðra kvæði[4] Isl. fkv. nr. 29 og "Ungan Herredag".

Heinzel (Ostgotische Heldensage, s. 74; cfr. Detter, Zwei fas., s. XXXIX ff.) hev synt at bolken um den tridje beleferdi i Rolv Gautrekssons saga heng saman med Virginal. Ein kunde daa koma paa den tanken, at baade Rolv Gautrekssons saga og Kvikjesprakk kvar for seg gjekk attende til ei eller onnor form av Virginal. Men det kann ikkje vera tilfellet; for Kvikjesprakk syner samanheng med soga ogso i drag, som ikkje hev noko tilsvarande i Virginal, t. d. i skildringi av striden med løva. Visa ligg so nær ved soga at ein kann ikkje kalla det ei nydikting, som berre hev nytta drag fraa soga. Det er sjølve soga, som er sett i viseform, men soge-emnet er drege inn i ei raame fraa Artus-segnene, hev fenge nye namn, og er knytt til diktingi um Galian.

Um det er att nokon tvil um samanhengen millom Hrólfs saga Gautrekssonar og Kvikjesprakk, so vil han kverva heilt, naar me dreg den færøyske visa "Finnur hin fríði" inn i etterrøkjingi. Denne visa er i den fyrste og største bolken ingen ting anna enn ein variant av visone um Kvikjesprakk, og ho ligg nærast soge-grunnlaget av alle variantane. Innhaldet er so:


Jarlen Olav i Norig hev tvo søner, Halvdan den sterke og Finn den fride. Ein gong paa leikvollen daa Finn hev fare hardt fram mot sveinane sine, vert dei sinna og segjer: "Líkari var tær konu at biðja enn berja okkur so sára." Finn spør dei daa um dei veit jamliken hans, og dei viser han til den fagre og kloke Ingebjørg, einaste dotter av kongen i Irland. Finn gjeng no inn til far sin og segjer at han vil til Irland og faa kongsdotteri. Faren segjer at Irlands konge hev drepe so mange rauste drengjer. Men Finn vil til Irland likevel, og bed broren Halvdan hemna honom, um han fell i Irland. Mor til Finn segjer daa at ho kjem til aa syrgja seg i hel, um Finn fell i Irland. — Finn sigler til Irland, gjeng inn i kongshalli og bed med ein gong irekongen um dotter hans. Daa irekongen høyrer kven han er, segjer han at det høver ikkje aa gifta ei utvald kongsdotter med ein jarleson. Finn segjer at han tykkjer jarlesonen er jamliken av kongen, og han vil hava ja eller nei til svar. Han vil ikkje beda ein gong til. Kongen segjer daa at han kann fara heimatt til Norig og leggja seg i aaren. Finn høgg daa etter kongen og vil gjeva honom banesaar, men odden tok i bordet og sverdet gjekk i tvo stykke. Finn vart no teken og førd til myrkestova. Daa Ingebjørg høyrer det, bed ho faafengt for fangen. Ho fær daa ein smaasvein til aa draga aat Norig og fortelja Halvdan at bror hans sit i fengsel og er stadd i stor naud "stendur í veði Irland alt um Ingibjörg at fáa." Halvdan spør kvi bror hans sit i myrkestova, og daa han høyrer at han ikkje hev gjort anna gale enn aa bela til kongsdotteri, vert han fælande harm og sigler til Irland det skjotaste han kann. Han set eld paa kongshalli, og etter eit stutt ordskifte millom kongen og Halvdan, kløyver Halvdan kongen i tvo luter. So gjeng han til myrkestova, sprengjer dørene, friar fangen, og fortel at no hev han alt hemnt han. Baae brørne gjeng so til Ingebjørg og ho lovar aa festa Finn, dersom han fyrst vil lova aa leggja Vinland under seg. So kjem den velkjende bolken um Vinlandsferdi, som eg ikkje skal gaa nærare inn paa[5].


Det trengst her ingi ny jamføring med Hrólfs saga Gautrekssonar. Samanhengen er audsynt. Eg skal berre taka fram nokre drag, der denne varianten stend nærare soga enn dei andre gjer. For det fyrste hev me her dei gamle namni paa kongsdotteri og heimstaden hennar: Ingebjørg og Irland. Og ikkje berre det, men skildringi av henne og far hennar samstavar med soga. Ho er einberning og overlag ven og vitug. Faren hev drepe mange gjæve menn, som hev kome paa beleferd til henne. Baade i soga og visa bed kongen belen aa snu heimatt. Baade i soga og visa heiter far til belen Olav. Baade i soga og visa kjem dei siglande med ein stor her og skal fria den fanga belen; baae stadene er bror til fangen med (liksom i soga er det berre tvo brør). Baade i soga og visa kjem dei uventa yver irekongen og brenner borgi hans.

Her og kann ein reisa spursmaalet um det ikkje kann vera tvo visor, som kvar for seg gjeng attende til soga. Men alle tri viseformingane hev so mange sams avvik fraa soga, at det er utenkjande at dei skulde kunna vera sjølvstendige visor, jamvel um ein gjeng ut fraa at dei i det seinare kann ha verka paa einannan. Av desse avviki skal me her nemna:


1. At det er sveinane som eggjar Finn til aa gjera friarferdi. Smaadrengen i Kvikjesprakk maa vera eit minne um tilburden paa leikvollen i Finnur hin fríði[6]. Naar no Kvikilsbragð og Galians táttur vart knytte saman i eitt kvæde, maatte den eine av leikvoll-tilburdane ut. Dette er vel grunnen til at baade den norske og den færøyske formingi av Kvikjesprakk er so uheile i fyrstningi. Grunnformi av Kvikjesprakk hev havt andre namn og vore eit sjølvstendigt kvæde. Fyrst seinare er det knytt til Ivenskvædet, hev fenge nye namn, og hev elles vorte brigda, so det høvde i den nye samanhengen. At eit so vanlegt drag som leikvollmotivet hev kvorve i den norske visa, talar daa og for at Kvikjesprakk og Iven Erningsson hev vore knytte saman i Norig med.


2. I alle visone gjeng belen inn i kongshalli og ber upp ærendet sitt og striden stend so i halli.


3. I "Finnur hin fríði" og "Kvikilsbragð" bed kongsdotteri for fangen, og daa det ikkje hjelper, sender ho bod til bror hans.


4. Samtalen millom ærendsveinen og bror til fangen.


5. At Irlands konge vert drepen. — Som ein ser, er alle større avvik fraa soga sams for alle visone. Dessutan er det ei rekkje vers, som er sams for dei tvo færøyske versionane:


Finnur hin friði
v. 70
v. 72
v. 73
v 102
v. 110
v. 111
Kvikilsbragð
v. 21
v. 22
v. 24
v. 49
v. 52
v.53


Med "Kvikilsbragð" hev "Finnur hin fríði" sams fleire drag, som ein ikkje finn att i den norske "Kvikjesprakk":


1. At ferdi gjeng til sjøs.
2. At Finnur og Kvikilsbragð vert tekne med magt og ikkje med list.
3. At jomfrua bed for fangen.
4. At jomfrua, ikkje Kvikjesprakk, sender bod til bror aat fangen.


Men paa hi sida svarar "Finnur hin fríði" betre med den norske visa i 1) at det er sveinane, som eggjar til beleferdi. 2) at bror til fangen fyrst drep kongen og sidan friar fangen.

No hev me fyrr sét at den norske "Kvikjesprakk" og den færøyske "Kvikilsbragð" hev samsvar i namnebruk, medan "Finnur hin fríði" hev heilt andre namn. Dei tvo fyrste versionane kann difor ikkje beinvegs vera utstokne fraa same grunnformi som "Finnur hin fríði", som baade i namn og anna stend soga nærare. Samanhengen maa daa vera denne (naar y er den formi av visa, som "Kvikjesprakk" og "Kvikilsbragð" beinvegs er komne av):


Hrólfs saga Gautrekssonar
Grunnform av visa
y
Kvikjesprakk
+
Kvikilsbragð
Finnur hin fríði


Den siste taatten i færøykvædet (i A dei tvo siste) er det daa, som hev same emnet som Iven Erningsson. Denne taatten, Galians táttur (i A: Galians táttur fyrri og Galians táttur seinni) er knytt saman med Kvikilsbragð paa den maaten, at Ívint, far til Galian, er bror til Kvikilsbragð. Denne samanhengen hev det vore i norsk og[7]. Eivind Hermodsson er ingen annan enn Ívint Herintsson. I nokre uppskrifter av den norske Iven Erningsson er Iven kalla Eivind; ein so voren yvergang fraa eit framandt til eit heimlegt namn er lett aa tyda; paa same maaten hev Hermods-namnet trengt seg inn, so ein fekk Eivind Hermodsson i staden for det framandslege Iven (eller Iving) Erningsson (eller Eringsson, Eringjen, Erningjen, Erlingjen). Ein ser daa og av variantane, at dei hev gjort namnet norsk paa ein maate til, og kalla han Ivar (Erlingsson). — Namnet Iven sterke finn ein i færøysk og. Det namnet ber den fyrrnemnde taatten um ívints strid med trolli. I den norske visa er det tvo gonger nemnt eit sverd, som Iven hev teke av "risen i fjølle" (Bugges tekst, v. 13 og 45). Dette syner at diktaren maa ha kjent noko til at Iven hev vore i kast med trolli. Men det kann ikkje vera det som er fortalt i det færøyske kvædet, for der stend ingen ting um at Ívint tek eit sverd av risen[8].

Medan Kvikjesprakk heilt ut byggjer paa ei einskild soge, so synest Iven Erningsson aa vera sett i hop av drag fraa ymse kantar. P. A. Munch peika i si melding av Landstads visebok (sjaa Sami. afh. III, s. 392) paa at Iven Erningsson maatte vera den vidgjetne Artus-kjempa Ivan eller Ivent, son av Yrian, prins av Reged. Som innleiding til si tekst sette Bugge: "I kvædets helte gjenkjende vi Artursridderne Ivan (Owain) Yrianssøn og Gavian“ Gustav Storm trudde (Sagnkredsene, s. 217), at visa gjekk attende paa "en nu vistnok tabt saga, hørende til Artuskredsen." Til denne meiningi slutta Kölbing seg, og fann henne "schlagend bestätigt durch die færöische Gestaltung des Liedes" (Germania XX, s. 396). Kölbing gjev so ei jamføring millom den norske og den færøyske formi, og viser at fleire drag i visone finn ein att i dei romantiske sogone, helst i dei som knyter seg til kong Artus og hans menn. Eg skal ikkje her taka med noko av jamføringi med den norske visa; for etter den teksti av den norske visa, som er prenta ovanfor og etter referatet av den færøyske formi, vil kvar og ein kunna sjaa, at det er same visa. Um ordrett likskap og vers som er sams, viser eg til Kölbing, sm.st. s. 398—99. Derimot skal eg nemna dei stadene der Kölbing finn høve til jamføring med romantiske sogor.

Færøysk A IV v. 3 segjer:


Tað var siður í rikinum,
tá Hartans dagar vóru:
eingin skuldi at borði ganga
uttan ný tíðindi bóru.


Kölbing minner her um at "das ist bekanntlich an Artus Hofe die stehende Sitte, vgl. Parcevals saga, Ridd. p. 26 if.: Hann (sc. Kæi) gékk fyrir konung ok mælti: Ef vili yðvarr væri, er timi til borðs. Kæi, sagði konungr, þat skal at eingum kosti fyrr vera, enn nökkur ný tíðindi koma til vár.“

I færøyvisa er det fortalt um korleis ei hind kom til kongsborgi. Dei prøver aa veida henne, men det lukkast ikkje. Dette "erinnert sehr an den Anfang von Crestiens Erec, wo ebenfalls ein weisser Hirsch gejagt werden soll; vgl. v. 36 ff. Dem entsprechend heisst es in der Erex-saga: Yðr er kunnigt, at hér á skóginum er einn hjörtr er vér fáum aldri veiddan" (s. 397).

Forteljingi um sjukdomsdrykken og lækjingi er i mangt lik forteljingi um Mírmann i "Mírmanns saga" og "Mírmants kvæði". — "Vor Artus Halle trifft Galian einen Ritter, Namens Rauöenn (A v. 413 = F v. 60), den er besiegt und tödtet. Diese Figur erinnert an den rothen Ritter in der Parcevals saga (Ridd. p. 610) und in der Blómst. (p. 169 etc.; vgl. Möb. das. p. XI)" (s. 399).

"Ob dagegen der abenteuerliche Nordlandszug integrierender Theil der Vise ist, oder erst spåter eingeflochten, ist ebenso schwer zu entscheiden, als die Heimat des Sagenstoffes festzustellen ist. Zu erwagen ist nur, dass in A der Kampf Galians mit seinem Vater, den er eben geheilt hat (v. 54 ff), ganz unmotiviert erscheint, wåhrend es in Fan einem Kampfobjecte nicht fehlt. — Vielleicht gelingt es einem Kundigeren, fur diesen Stoff aus dem Artus-kreise eine altfranzösiche Vorlage oder wenigstens Spuren ihres fruheren Vorhandenseins ausfindig zu machen. Auf nordischer Erfindung beruht er, mit Ausnahme vielleicht der oben gekennzeichneten Episode, gewiss nicht" (s. 400).

Axel Olrik tok upp spursmaalet um Iven Erningsson i innleidingi til DgF. 293: Ung Axelvold. Han kunde peika paa likskapen med det gamalfranske kjempekvædet Galien. Dette kvædet fortel: Daa Olivier hadde drege burt fraa keisardotteri, Jaqueline, vart ho jaga fraa keisargarden. Ein dag seig ho ned i ein hage og fødde ein son. Med det same kom det tvo alvekvinnor til henne. Den eine av dei, Galienne, gav barnet namnet Galien. Sidan vart mor hans teki til naade att, og den unge guten vart mykje vyrd. Men ein dag, daa han hadde vunne morbror sin i skakkspel, vart morbroren so harm, at han skjelte Galien for eit lausbarn. Galien gjekk so til mor si og spurde etter farsnamnet. Daa han hadde fenge vita at han var son av Olivier, drog han av stad til Frankrike. Han vilde leita upp far sin og føra han attende til mori. Han fann honom til slutt, som han laag og stridde med dauden paa slagmarki i Ronceval. Dette kvædet hev me no berre i ei prosa-uppløysing fraa 15de hdr., men sjølve kvædet kann knapt vera yngre enn fraa 13de hdr. Olrik refererar Storms og Kölbings meining og finn at "alt dette stiller sig noget anderledes, naar vi have det fuldstændige Ivintskvæde og det franske digt Galien for os. Vi se da, at Galian ikke hører hjemme ved det runde bord, men i den karolingiske sagnkreds, og at han kun er indkommen der, ved at man vilkaarlig har indsat Ívint som hans fader i stedet for Olivier. Det er samme vilkaarlighed, som naar Ívint faar til broder Brandur Víðferi (eller Vifferlin), der hører hjemme i Didrikskredsen. Det hele kvæde er altsaa digtet i Norden af alle haande stumper, der for Galiansvisen ere følgende: fra Artuskredsen er kun rammen med forskjellige (af Kölbing paapegede) smaatræk laant; første del tilhører rettelig Oliviers son Galien, sygdomsdrik og skjul i kongens stenhal er laant fra Mirmantssaga eller det færøske Mirmantskvæði; slutningen, hvor Galian truer først sin moder og saa sin fader, findes ikke i nogen sydlandsk behandling av legevoldsdigtningene, men stemmer med Hugaball- og Axelvold-viserne, hvorfra der maaske endog er gjort ordrette laan, nemlig i slutningen, hvor Galian truer faderen:


Hoyr hið, min hin sæli faðir,
nú er eftir tað vesta:
annað hvört al láta liv
ella mina móður at festa.
(C 117—18; A 50, B 111).


Galian stendnr á hallar völli (!)
heldur á búnum knívi:
"Ektar tú ikki móður mina,
skaltú láta livið.
(B 112).


Det tilsvarende sted i den norske vise lyder:


Deð var Galite riddarson,
riste på sylvbogað kniv:
"Gifter du inki móðir mi,
så skjótt skal du låte dit liv.


Det sidste norsk færøske vers svarer til Hugaball v. 24:


Saa va unge Hugaball,
han rister på syllbudde kniv:
"Kallar ’kje du meg sonen din
koste sko dæ ditt liv.“


Men ordret gjenfindes det i Axelvold A 24, B 24, C 27. — Hadde Galiansvisen blot været omarbejdelse af et sydlandsk Artursdigt, da maatte den være stamfader til alle andre legevoldsviser; nu har den vist sig at være en — i støbningen usedvanlig vellykket — sammensmeltning af højst forskjellige bestanddele" (DgF. V 2, s. 59—60).

Draget um kor fort Iven Erningsson veks, finn ein ogso att i Hugaball. Til v. 17 — 18 i teksti ovanfor svarar Hugaball v. 7—8:


Saa voks unge Hugaball
útí daganne tvaug,
som dei are smaabonni,
dei vekser aari sjau.
Saa voks unge Hugaball
úti daganne tri,
som dei are smaabonni,
dei vekse i aldri si.
( GnF., s. 23).


Endaa større likskap er det med færøysk Sveinur i Vallalíð (Fær. anth. 19). Til v. 15—18 i teksti ovanfor svarar:


39.
Frúgvin ræður við barni at ganga.
níggju mánaðir sinar,
inntil at teirri stundini leið
hon føðir ein svein so fríðan.


41.
Hon læt hann í kirkju bera
at geva honum navn,
Viljorm bað hon nevna hann
sítt rætta faðirsnavn.


44.
So var hennara unga soni
gávan lögð at eiga:
meira vóx hann á einum ári
enn onnur börn á sjey.


45.
So var hennara tinga soni
gávan lögð á gólv:
meira vóx hann á einum ári
enn onnur börn í tólv.


Sjaa ogso "Svarti Svein kallsson" CCF. 96 A 4—5.

Um slik uvanleg sterk vokster høyrer ein elles ofte i segner, mytar og eventyr, sjaa t. d. um Harald Hræreksson (Fas. I, s. 366), um Magne i Snorra edda, Lange-Jon og Mumle Gaasegg i eventyret, osb.

Merkeleg nok nemner korkje Kölbing eller Olrik forteljingi um ferdi til Trollebotn i den norske visa. Folding refererar innhaldet av denne bolken i den færøyske formi, men hev ikkje gauma etter at noko tilsvarande fanst i Bugges tekst. Olrik umtalar ingen av formingane.

Bolken um ferdi til Trollebotn er, som fyrr nemnt, berre eit brot i den norske visa; men det er lett aa sjaa at det er det same, som er fortalt der og i den færøyske formi. Galiter segjer at han vil raada for dei tidender, "som idag kjem fyrst fyr bord". So kjem smaadrengen og segjer at det kjem troll og vil krevja skatt. Galiter byd seg daa til aa fara til Trollebotn og drepa alle trolli. Færøysk C kjem nærast den norske formingi; for medan A og B segjer at kong Hartan hev den underlege seden aa senda ein mann til Trollebotn kvar jol, so fortel C:


82.
Artan kongur i Garðaríki
við sinum sveinum hátt:
eggir mann úr botni norður
hvörja jólanátt.


83.
Galian stendur á hallargólvi
tekur til orð:
"Harrar gevið mœr ansvar i dag,
og komið heim til hallar!"


84.
Nú eru boðini nordan komin
gestir nú at fanga:
bod eru komin úr botni norður
frå hinum risa langa.


85.
Galian stendur á hallargólvi,
tekur til orð og vreiði:
"Tó skal eg í botnar norður
eg komi ikki aftur á leið."


Her er daa noko av ei millomform millom færøysk AB og norsk. Versionane er soleis ikkje samde urn grunnen til ferdi, og ikkje i nokon version fell forteljingi urn denne ferdi saman med den vanlege typen um ferder til trollebotn. Her bed ikkje kongen kjempa um aa fara, men kjempa byd seg sjølv til, og dreg av stad, endaa kongen raader ifraa. Heller ikkje er det som vanlegt ei jomfru, som skal verta berga, men kjempa vil til trollebotn og drepa trolli. Formingi her i visa høyrer til forteljingar i dei romantiske sogone um riddarar, som dreg ut paa eventyrferd og slæst med risar og kjempor. Slike ferder gjer fleire av riddarane i dei gamalnorske Arturs-sogone. Iven (Ivens saga, kap. 8), Kalebrant (Iv. s., kap. 2) og Erec (Erex saga, kap. 7).

I riddarsogone finn ein forteljingar um korleis risar kjem og tek folk. Ívens saga slæst Íven med ein jøtun Fjallsharfer, som hev teke dei seks sønene aat ein hertug, drepe dei tvo og vil drepa dei fire andre og, um han ikkje fær dotter aat hertugen, Íven strider mot jøtunen, og løva hjelper til, so han vinn. Jøtunen hev ei jarnstong (kap. XI). Sidan ein gong saag Íven 300 møyar paa ei slette; dei var magre og ringt klædde. Det var tvo jøtnar, som hadde teke dei. Iven og løva strider mot jøtnane og drep dei baae. Dei hev jarnklubbor (kap. XIII). Strid med ein eller fleire risar er heiltupp vanlege i dei romantiske sogone. Oftast hev risen jarnstong (eller jarnklubbe) til vaapn, som i Galians táttur. Stundom kann skildringi av risane minna um den typiske jøtunskildringi i dei norske og færøyske trollvisone:


Nú sem þau hǫfðu lengi riðit, þá sá Bevers fram fyrir sik á stofn eins trés mikinn jytun. Hann var vel fimtån feta langr; í sinni hendi hafði hann stóra klumbu, svá þunga, at tiu akrkarlar gátu eigi meira borit. Við sik hafði hann einn mæki. Milli hans augna var þriggja feta langt; hans hold var svart sem koi; nasar hans váru leiðiligar ok framan á krókr. Hann hafði stór bein ok lǫng; ilia váru hans fœtr skapaðir. Hann mátti meira hlaupa enn fugl íljúga. Hans rǫdd var sem þá er tíu hundar geyja. Hárit var svá langt sem hests hali; augun váru stór ok svort sem ketilbotn; tenn hafði hann sem villigǫltr; munnrinn var mjǫk víðr ok at ǫIIu var hann leiðiligr skapaðr" (Bevers saga, kap. XVIII, Fornsǫgur Suðrlanda).


Men i norsk og færøysk C knyter vaar vise seg til eit norrønt eventyrdrag: det kjem jøtnar til kongshalli og tek med seg kongsmenn; sjaa Fas. III, s. 458 og 656. I dei islendske eventyri er dette so vanlegt at Arnason kann segja i innleidingi til styvmor-eventyri: "Eru þau orðatiltæki jafnaðarliga höfð um það að hirðmennirnir hverfi" (Isl. þj. II, s. 306). Den skatten, som er nemnd i den norske visa, kann daa nettupp vera menn, som risen vil hava, soleis som færøysk C segjer: "gestir nú at fanga" (v. 84).

Ei utforming i folkevise av same emnet, som her i Iven Erningsson, hev me i dei færøyske Einars tættir. Der er det i tridje taatten fortalt, at ein rise kjem fraa helleren sin sud til Trondheim "at spekja kongins dreingir". Daa han kjem i kongshalli og vil drikka med kongen, vert alle rædde:


Allir drýptu hövdi niður,
eingin tordi tala:
uttan Ylint kempan sterk
hann kvaðst ikki við at svara.


Det vert strid millom Ylint og risen, og Ylint vinn. Sjaa ogso Haki Hilmarsson (CCF. 59), der risen sender bod til kongsgården etter ein av kongens drengjer. Tvo av kongsmennene dreg til rise-helleren, men misser livet baae; den tridje, Haki Hilmarsson, feller risen.

Vers 65 hjaa Bugge, som svarar til det verset som er citera ovanfør, er berre eit episk flogvers; det skildrar motsetningi millom dei rædde hirdmennene og den djerve kjempa; men her maa ein leggja merke til likskapen i situation, og den formelle likskapen i 4de lina. — Vers 66 og 67 hjaa Bugge svarar til færøysk A V, v. 3 — 4:


Galian so til orða tók
af so góðum treysti:
"Eg skal fara í botnum norður
á hesum sama heysti!"
Tá svaraöi Hartan kongur,
leikar við vápnar skjaldri:
"Tú fer ikki í botnar norður,
tú ert for ungur á aldri."


Vers 68 hjaa Bugge synest vera eit minne um striden med draken, der Galian vert gløypt og maa skjera seg utatt og sidan vert liggjande. Cfr. færøysk B v. 99:


So var han tungur á sinum hesti,
drekin han ei bar:
hann brå sinum bitra brandi,
seg ígjögnum skar.


Skildringi av upphaldet i Trollebotn høver heller ikkje heilt med den vanlege typen. Me hev nok gygri og jomfrua, men det er, som me hev sét, kome med ein drake, og kvassaste striden stend med den. Strid med drakar er eit vanlegt emne i dei romantiske sogone, ogso i dei med emne fraa Artus-segnene. Mest minner skildringi i Galians táttur um Erex saga kap. X. Erec og Evida rid gjenom ein skog. "Ok einn dag heyra þau ógurlig læti; því næst sá þau hvar einn flugdreki flýgr ok hefir einn maim í sér alvápnaðan ok hefir sólgit hann meir enn í beltisstað." Erec høgg til draken, so han slepper mannen og vender seg mot Erec. Erec set spjotet i kjeften paa draken, so han fell daud yver hesten aat Erec og drep han.

Baade tilhøvi og form i ved v. 69 hjaa Bugge minner um den færøyske Asmundur skeinkjari A v. 51. Der hev Harald vore til Dovrefjell og feilt ein rise; han kjem daa att til kongshalli:


Haraldur gekk í hallina inn
og talar orðum so:
"Nú havi eg vigió risan tann,
íð min bróður vá!‘‘


Draget um ei mor, som bed son sin ropa paa henne, naar han er i naud, og som, daa sonen sidan er i kast med troll, kjem til han med ein lækjedrykk, finn ein ogso i den færøyske "Svarti svein kallsson" (CCF. 96).


__________


Bolken um ferdi til trollebotn er etter dette ei underleg blanding av heimlege og framande motiv. Ein maa segja at Iven Erningsson ikkje er nokor norrøn trollvise i vanleg meining. Ho byggjer i det store og heile paa framande motiv, og fær heile sin daam av dei, so granskarane liksom av seg sjølv kom til aa leita etter utanlandske fyrebilæte for henne. Men ho hev samstundes soge til seg drag fraa heimleg dikting og heimleg tru. Medan Kvikjesprakk heilt ut byggjer paa ei norrøn soge — rett nok ei med romantisk svip —, so ser Iven Erningsson ut til aa vera sett i hop etter fleire sogor. Men det er eit spursmaal um visediktaren hev feilt alle desse dragi i hop sjølv, eller um han hev gjenge etter ei soge, der samanstøypingi alt var gjord. Det siste er det liklegaste; for medan me hev mange yngre sogor, som er sette i hop av minningar fraa eldre sogor, kjenner eg ikkje noko døme paa at nokor norsk folkevise beinvegs byggjer paa fleire sogor. Eg trur diför at ein kann segja med Storm og Kölbing, at visa byggjer paa ei burtkomi soge, som hev høyrt til Arturs-krinsen; men denne soga hev ikkje beintfram havt noko framandt grunnlag; ho hev vore ei nydikting paa romantisk grunn, liksom sogone um Aasmund Frægdegjæva og Ormar var nydiktingar paa norrøn grunn. Um det er diktaren av Iven Erningsson, som hev feilt denne visa saman med Kvikjesprakk (grunnformi), eller um det er ein annan, som hev gjort det, er det vel raadlaust aa segja noko visst um.

Fotnoter

  1. Dette utdraget, som i det store og heile er gjort etter A, tek berre med hovuddragi, so ein fær sjaa samanhengen i forteljingi. A er paa ikr. 380 strofer, B paa ikr. 190, C ikr. 230. Eg kann samstundes visa til Kølbings referat av Galians kvæði (B) i Germania XX, s. 396 ff.
  2. Det er berre tvo, som er nemnde i visa: Eivind og Kvikjesprakk. Den tridje hev daa svara til Brandur hin víðförli (eit namn som er laant fraa Didriks-segnene).
  3. Um strid med løve sjaa Child, nr. 61 (II, s. 60). Det er fortalt um Rikard Løvehjarta, at han riv ut hjarta paa ei løve; like eins um Cuchulinn. Cfr. ogso Detter, Zwei fas., s. XXXVIII.
  4. Denne visa hev fleire likskapar med "Kvikjesprakk", men dei er altfor aalmenne til at det kann vera nokon nærare skyldskap millom dei tvo visone.
  5. Eg skal berre nemna at baade Ívint og Roland er umtala, sidan dei tvo er nemnde saman i eit norsk gamlestev:
    Der hev ingjen komi paa leikarvollo,
    som hev vori Rolands makje,
    ferutta han Ivar Erlingjen,
    nær han va i sin beste bragje.
    Desse tvo synest aa ha vore velkjende som døme paa storkjempor, og jamføringi millom dei gjeng langt attende. Cfr. den gamalsvenske Herr Ivan Lejon-Riddaren:
    Thet má ængin lifuandis tro
    huru mykith folk han nidher slo;
    huath man sigher aff Roland,
    han giordhe ey mera met sinne hand
    á Runzefal thå han var thær
    æn herra Iwan giordhe hær.“
    (Sjaa P. A. Munch: Sami. Afh. III, s. 392). Desse linone hev ikkje noko tilsvarande i den franske eller gamalnorske teksti. Sjaa ogso Mirmanns saga um Justinus: Pat er mål manna at eingi hafi he tri riddari verit á norðrlQndum en þessi riddari fyrir utan Rollant systurson Karla magnús (Riddarasǫgur, s. 184).
  6. Leikvollmotivet kjem att i ei meir typisk form i Galians táttur (norsk : Iven Erningsson)
  7. Dette maa ogso Axel Olrik ha sét, for han segjer beintfram (DgF. V 2, s. 59) at i Norig er "de to af kvædets taatter blevne til selvstændige viser". I variantane til Kvikjesprakk er det fleire ting, som viser samanhengen med Iven Erningsson; men sidan ein ikkje lenger hev tilgjenge til Bugges variantar, og mine notater i dette stykket ikkje er fullnogjande, skal eg ikkje her koma nærare inn paa spursmaalet.
  8. Cfr. elles sverdet Risanautr, som Rolv Gautreksson tek av risen paa den andre beleferdi (Hrólfs saga Gautrekssonar, Detter s. 33 ff.).