Forskjell mellom versjoner av «Oddrungråten»
Hopp til navigering
Hopp til søk
Edda-Kvæde
(Ny side: {| class="toccolours" border="1" width="100%" cellpadding="4" style="border-collapse:collapse" |- style="background-color:#e9e9e9" !align="center" valign="top" width="40%" | '''Velg sp...) |
m |
||
| Linje 29: | Linje 29: | ||
| − | Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje faa født barnet sitt, fyrr Oddrun kom der, syster til Atle. Gunnar Gjukeson hadde vori elskaren hennar. Um denne soga er det kvedi her. | + | [[Fil:Gunnar i ormegården.jpg|thumb|right|350px|<center>'''Gunnars død'''</center>]] Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje faa født barnet sitt, fyrr Oddrun kom der, syster til Atle. Gunnar Gjukeson hadde vori elskaren hennar. Um denne soga er det kvedi her. |
Revisjonen fra 25. jun. 2013 kl. 07:58
| Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
|---|---|---|---|---|---|---|
| Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► | ||||||
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)
På nynorsk ved
Heidrek het ein konge. Dotter hans het Borgny. Vilmund var ein, som var elskaren hennar. Ho kunde ikkje faa født barnet sitt, fyrr Oddrun kom der, syster til Atle. Gunnar Gjukeson hadde vori elskaren hennar. Um denne soga er det kvedi her.
- 1.
- Høyrde eg sagt
- i sogur forne
- ei møy det kom
- fraa Mornaland.
- Ingen paa jord
- evlde dette:
- Heidreks dotter
- hjelp aa gjeva.
- 2.
- Oddrun det frette,
- Atles syster,
- at saare sotti
- sette ho hardt.
- I stallen treiv ho
- skjote gangaren,
- og ho sâlen
- paa svarten lagde.
- 3.
- Paa hesten ho fór
- yver flate moar,
- ved høge halli
- heiv ho seg av,
- strauk der sâlen
- av svangan hest,
- gjekk so heile
- halli til endes,
- og ho dei ordi
- aller fyrst kvad:
- 4.
- «Kva er paa ferd?
- kva frettest av nytt
- um hendingar her
- i Huna-landom?»
- TERNA kvad:
- «Her ligg Borgny
- broti av verk,
- vena di, Oddrun,
- som ventar di hjelp.»
- 5.
- ODDRUN kvad:
- «Kven hev valda
- vondt aat møy i?
- Korleis kom Borghild
- so braatt fram i dette?»
- 6.
- TERNA kvad:
- «Vilmund heiter
- venen hennar,
- som varme blæja
- breidde for møyi
- dult for faren
- i fem heile vetrar.»
- 7.
- Det vart ikkje meir
- mælt um dette.
- Ved knei til møyi
- ho mild seg stelte.
- Rikt gol Oddrun,
- ramt gol Oddrun,
- beiske galdrar
- for Borgny kvad ho.
- 8.
- Vaak og vækje
- vart daa fødde;
- tvo blide born fekk
- banen til Hogne.
- Sjuke moder
- mæle fekk att
- og aller fyrst desse
- ordi ho kvad:
- 9.
- «So deg hjelpe
- holle vette,
- Frigg og Frøya
- og fleire gudar,
- du som Borgny berga
- fraa braa-dauden.»
- 10.
- ODDRUN kvad:
- «Det var ikkje dette
- som dreiv meg til hjelp
- at verd du vøre
- vaarkunn av meg.
- Eg hev det lova
- og laut det halde
- allstad hjelpe
- naar um det trongst.»
- 11.
- BORGNY kvad:
- «Ør er du, Oddrun,
- og utan vit,
- kor kann du koma
- med so kaldlege ord?
- Fots-føte eg
- fylgt deg hev,
- som um born til brødrar
- me baae vøre.»
- 12.
- ODDRUN kvad:
- «Vel eg minnest
- det du mælte um kveld,
- daa eg med Gunnar
- gav meg i lag.
- Slikt, du sae,
- skulde ’kje hende
- andre møyar
- enn meg einast.»
- 13.
- Sette ho seg
- sorgtunge kvende,
- tok til aa tala
- um tregefullt liv:
- 14.
- «Fostra vart eg
- i fyrste-salar;
- fagnad eg fekk
- av dei fremste menn;
- i glede og gaman
- godt eg unte,
- i fem sæle aar,
- fyrr far min døydde.
- 15.
- Siste ordet
- han sa var dette,
- daa kongen fór burt
- til kvila den siste:
- dei skulde gull
- gjeva aat meg
- og gifte meg sudpaa
- med Grimhild-sonen.
- 16.
- Brynhild fekk bera
- brynje og hjelm,
- han sa at skjoldmøy
- skulde ho vera,
- ypparste dros
- i allom heimen,
- drustaste møy,
- um so meisteren vilde.
- 17.
- Med Brynhild i buret
- breidde veven,
- ho hadde lydar
- og land under seg.
- Det duna i hei
- og heilt upp i sky,
- daa Faavnes bane
- til borgi kom fram.
- 18.
- Slag vart slegi
- med sverd det velske,
- so borgi brotna
- som Brynhild aatte.
- Men ikkje lenge
- det leid etter dette,
- fyrr alle velur
- ho visste fullvel.
- 19.
- Ho var hardsett
- til hemn aa taka,
- det fekk me riklegt
- røyne alle.
- Gjetord um dette
- gjeng rundt verdi,
- at saman med Sigurd
- ho søkte dauden.
- 20.
- Men Gunnar han fekk
- godviljen min,
- eg gav meg burt
- i Biynhild sin stad.
- 21.
- Atle dei baud
- baugar raude
- store bøter
- skulde bror min faa.
- Femtan bøar
- baud dei for meg,
- ei kløv av Granes
- gull dei han baud.
- 22.
- Men Atle sae
- at aldri tok han
- gaavur for meg
- av Gjuke-sonen.
- Men ikkje me makta
- mot elsken stande,
- mitt hovud halla
- honom imot.
- 23.
- Det mælte mange
- av mine frendar
- dei hadde til saman
- set oss baae.
- Men Atle meinte
- eg munde vera
- fri for lyte
- og last i dette.
- 24.
- Men trygg seg segja
- i slikt kann ingen,
- naar elsken øser
- og ører hugen.
- 25.
- Sine sveinar
- sende Atle
- ut paa spæjing
- i skogen myrke.
- Aa, aldri skulde
- dei set oss dera,
- naar arm i arm
- me uneleg laag.
- 26.
- Raude baugar
- baud me dei,
- at dei ikkje um det
- til Atle tala;
- men dei hasta
- og heim seg skunda,
- og alt dei ubljugt
- Atle fortalde.
- 27.
- Men for Gudrun
- gøymde dei alt,
- det som helst hadde høvt
- for henne a a vita.
- 28.
- Det glumde og glamra
- av gullskodde hestar,
- daa Gjukes søner
- til garden reid fram.
- Hjarta dei ut
- or Hogne daa skar,
- men i ormegarden
- den andre vart hivd.
- 29.
- Endaa ein gong til Geirmund
- gjengi var eg,
- bjor for buggen
- aa bryggje eg skulde.
- Daa byrja han høgt
- paa harpa laate,
- hjelp han vona
- av vena si.
- 30.
- Det lyddest so vel
- fraa Lesøyi inn,
- kor saare suter
- fraa strengom let,
- daa bad eg ternune
- bu seg til,
- eg vilde freiste
- fyrsten aa berge.
- 31.
- Skjott me siglde
- sundet yver,
- til me øygde
- Atle-garden.
- 32.
- Kom der kona
- krekande fram,
- mor til Atle,
- gjev morkna ho var!
- Tonni ho grov
- inn i Gunnars hjarta.
- No ingen kunde
- kulten berge.
- 33.
- Eg maa deg segja,
- straalande viv,
- det underlegt er
- at eg etter kann leva.
- Som mitt eige liv
- elska eg han,
- sverd-svingaren,
- sterke kjempa.
- 34.
- Du sat og lydde,
- med eg sae ifraa
- um all lagnad ill
- som oss hev raaka.
- I lengt og kjærleik
- me livet vaart hev.»
Hermed endar Oddrun-graaten.