Brage den gamle

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Original.gif


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Brage den gamle


Ein skal ikkje anna segja, enn at de ser ut som eit merkelegt høve, at den eldste norske skalden de no liver kvæde etter, skulde hava eit slikt namn som Brage den gamle, eit namn som med ein gong minner ein um noko som ein oldefar for alle skaldar, — so mykje meir naar ein attaat veit at Brage var namne paa sjølve skaldeguden. Men dette same namne, som truleg hev gjort sitt til at skalden kom i høg vyrdnad i gamle dagar, og til aa berge noko av kvadi hans for ettertidi, de var nettupp de fyrste som gjorde honom mistenkt i ei tvilesjuk tid som vaar. I staden for diktar tok dei heile mannen for dikt, som høyrde heime i same verdi som guden Brage. Etter dei fekk tenkt seg betre um, er no likevel alle kunnuge og skynuge folk paa de reine med at mannen sjølv hev vori so jordfast som nokon annan skald. De er altfor mange gode vitnemaal som syner de, til at de kann vera nokon vitug grunn til aa tvila paa den ting, — vitnemaal fraa ulike leidir, men som alle peikar same vegen og til same tidi, til ei tid fraa 800 utetter, daa skalden med dette malmsterke namne hev livt og sungi.

Hans ætt fær me god grein paa og kann fylgje henne led for led i ymse greinir nedetter, um ikkje so langt uppetter, — til den sida fær me lite oss med aa vita at far hans heitte Bodde, og hans verfar Erp lutande, som sjølv var skald. Men til den andre sida ser me i sogo um Egil Skallagrimsson at Egils gode ven, Arinbjørn herse i Fjordane (d. 969), talar um sin «frende» Brage, at han paa ei natt gjorde ei draape paa 20 vers um sviakongen Bjørn, og i Landnaamabok fær me vita at dotter aat Brage var mormor aat Arinbjørn. Denne dotteri aat Brage, Aastrid, var like eins mormor til Rosskjel, bestefar aat Tind skald og hans bror Illuge Svarte, far aat skalden Gunnlaug Ormstunge (d. 1008) o. s. fr. Ymse fleire stadir med er de fortalt um at Brage var skald hjaa sviakongen Bjørn, «Bjørn paa Haugen» som han vanleg er kalla, og alt tyder paa at dette er den Bern, konge i Svitjod, som Rembertus (d. 888) nemner i si bok um Ansgar, i forteljingi um ei ferd Ansgar gjorde dit ved aar 827. I Landnaama og fleire andre bøkar er de og ei forteljing um at Brage var hjaa kong Hjör paa Hordaland ein gong daa tvo av sønine aat denne kongen var smaagutar. Dei kom sidan baae til Island og tok land der. Den eine av deim, Geirmund, kom dit ved aar 895, og var daa noko til aars komin. Endeleg hev me eit vitnemaal i de største eller einaste nokolunde heile kvade me hev etter Brage, der ein kann sjaa at de er dikta til takk for ein skjold han hev fengi av ein konge Ragnar, Sigurds son, — Ragnar Lodbrok, er de sagt sume stadir. Dette skal de koma meir um seinare, daa de her er ymist ugreidt; men kor som er, peikar no dette og til ei tid fyri Harald Haarfagre. So mange og slike vitnemaal fær ein taka for gode, um ein i de heile vil tru paa nokon ting.

Men dermed er de ikkje avgjort med dei kvadi som Brage er namngjevin for, um dei og ber namne med retto, endaa um ein maa segja, at de at vitnemaali syner seg so paalitande i ein veg, de talar for at dei og er aa lite paa i ein annan, soleis at de krevst klaare og tvingande grunnar til aa forkaste deim. Den som hev ført fram dei sterkaste grunnar i den vegen er professor Bugge. Um dei fleste av deim er likevel aa segja, at dei stend og fell med hans grunnar imot Ynglingatal. Daa me no kann gaa ut ifraa som fullt og fast avgjort, etter de som er paavist, at Ynglingatal stend uriggelegt i de rome de hev havt fraa gamalt, so er dermed ogso teki magti av dei fleste motgrunnar mot aa taka Brage-kvadi for so gamle som dei er gjevne ut for. Dei grunnar som Bugge hev meint aa finne i visse maalformir gjeld soleis ikkje meir Brage-kvadi enn Ynglingatal, um me legg Brage-kvadi og til de 9de hundradaare, og kanskje heller ikkje so reint mange aar eldre enn Ynglingatal, t. d. ei 30-40 aar, eller jamvel mindre. Og de me elles veit um den ting tyder paa at maale fraa paa lag 800 i hovudsaki hev vori de same som me kjenner fraa den gamle norrøne bokheim. Meir kunde daa versemaale i Brage-kvadi synast tyde paa ei yngre tid, med di at de er meir kunstigt enn i Ynglingatal. Men naar ein ser korleis dei brukar kunstigt og mindre kunstigt versemaal um kvartanna i lange tidir utetter, ofte same skalden, etter dei ulike emne eller dikt-slag, so kann ikkje de her vega noko til aa avgjera spursmaale um alderen. Heller er de so, naar ein ser grannare paa verselage i Brage-kvadi, at dette peikar mot ein høg alder, at de i minsto i sitt slag er de eldste me hev no. I de meste me hev av desse kvadi no, er versemaale drottkvætt, og soleis kunstigt nok for so-vidt, men likevel meir uvandt og ustødt eller regel-laust enn de meste eller alt me elles hev av de slage. Brage brukar nok hendingar, baade heilhending og halvhending, men oftast berre i den eine lina av linepare, den siste eller etter-lina — og ikkje alltid der heller — og i denne lina brukar han mest likso ofte halvhending som heilhending, ikkje aa tala um at de og kann hende han brukar heilhending i fyri-lina, noko som skaldane seinare med kunde taka seg løyve til. So kann ein nemne at han av og til hev ei lett staving framanfor hovudstaven, noko som ein mest aldri ser hjaa drottkvæde-skaldane seinare, og serleg de at han ikkje alltid hev siste hendings-stavingi i siste versfoten i lina, men stundom i versfoten framanfor den. Alt dette tyder paa eit versemaal som ikkje var ferdigt, men var i si byrjing, heldt paa og laga seg i Brage si tid.

«Kenningar» og slikt brukar han heller ikkje so lite av, men likevel ikkje meir, ikkje ein gong so mykje som i Ynglingatal, endaa ein heller skulde venta meir av de slage i Brage-kvadi, likevel um dei er eldre, med di at versemaale her er vandare. Heller ikkje er umskrivingane meir «søkte», men oftast uvande og vel høvelege baade med innhalde og tankegangen i den tid, synest de. Og jamvel um dei baade her og der stundom kann synast drjugt tilgjorde, i vissa i Ynglingatal, so merkar ein, daa med, at dei er «sjølvlaga» her endaa, ikkje tankelause etterhermingar, utan grunn eller samanheng med innhalde, soleis som ein ofte merkar i ymse kvad seinare. For deim som helst vil tru at vaare fedrar i den tid var villmennar eller bjørnar — beinfarne og truskyldige paa sin vis, stakar — skal me setja hit eit par prøvur av umskrivingane i Ynglingatal. Mjøden i eit mjødkjer heiter soleis ein stad «vindlaus stute-spjot-vaag». Med «stute-spjot», stutehorn, er sjølvsagt tenkt paa drikkehorn. Endaa er stut her nemnt med eit ord som retteleg tyder «bogehyrning» paa lag. Alt dette tek seg nok annarleis og betre ut hjaa Tjodolv enn her; men likevel kann ein vandt segja anna enn at de ikkje er fritt for aa vera noko «tilgjort». Endaa meir maa ein segja de um ei slik umskriving som han brukar til aa faa sagt at ein konge vart innebrend, at «lid-tangs bite-sott (elden) rann paa (tok paa) hovdingen i brand-skipe (huse)». «Lid-tang» skal daa segja d. s. s. gras, og elden «bite-sott», med di han stundom svid av grase; og med brand i «brand-skip» er vel helst tenkt paa dei tvo pryd-stolpane eller uppstandarar (brandar) ved døri paa framsida av huse.

I de heile syner Ynglingatal so godt som noko av dei seinare kvadi, at de er frukt av ein lang framvokster. Ein kann berre leggje merke til slikt, at skalden her, likso fast som nokon seinare, fylgjer den regelen, i staden for ord som han alltid aa bruke nemning eller umskriving, soleis som ein kann sjaa i de verse som fyrr er teki inn her, der kong Domar er nemnd tri gongir, den eine gongen med namn, og dei tvo andre gongine med nemning (Yngve) eller umskriving (frenden hans Fjølne). Slikt er ikkje av dei ting som veks fram paa ei svipstund. De er sant, at Edda-kvadi, og andre med, som skulde vera fraa same eller for de meste fraa ei yngre tid enn Ynglingatal, dei hev ikkje so mykje av dette kunstige, — endaa so reint lite er de ikkje, og gløgt nok med de som til høyrer, der og. Grunnen til denne skilnaden er ikkje so vandt aa skyna. I Edda-kvadi er emne so stort og rikt i seg sjølv, at den høgste kunst er aa føre de fram soleis at de kann faa verke med si eigi magt, utan større stas, som her berre vilde leide tanken burt fraa de som vigtigare er. Tjodolv derimot hadde berre aa laga ei ættetavle og fortelja paa kortaste maaten um kvar av desse 30 kongane, kvar og korleis dei livde, kvar dei no var av-komne og korleis, og like mykje — truleg 3 vers — um kvar, anten han visste mykje eller lite um deim. Paa den maaten vart emne so eingjengt og tunt, so han laut sjaa til aa stasa de noko til, um ikkje de skulde taka seg altfor tarvlegt ut. Men alt dette hadde han likevel visseleg ikkje funni paa med ein gong av seg sjølv; de er greidt, at han hev havt nok av fyridøme fyri seg, slike som Brage-kvadi og mange andre.

Alt tyder soleis paa at de hev vori ei baade lang og rik skaldetid framanfyri Tjodolv, og kanskje serleg rik tidi nærast framanfyri. Dette samsvarar ogso med dei vitnemaali me hev, som gjeng so langt attende. Millom dei mange bokverki paa Island er de og eit som er kalla Skaldatal, der de er nemnt namni paa alle skaldar i nordlandi som bokskrivaren veit av aa segja, saman med namni paa hovdingane som dei kvad for. Her er de nemnt ikkje mindre enn 12 skaldar som skulde vera paa lag jamaldra med Brage eller noko eldre. Verfar hans, Erp lutande, er nemnd fyrr, og av andre hev me Kalv trøndske, Rev ryske (ɔ: rygske) og Flein skald, som hadde heime paa øyi Jösurheid ved Borgund paa Sunnmøre; men etter ingin av deim hev me no etterleivt noko av kvadi deira, andre enn Brage. At dei derimot paa Snorre si tid truleg hadde kvæde etter fleire av deim, kann ein millom anna sjaa av de, at han gjev prøve paa eit versemaal som er uppkalla etter Flein.

De synest soleis ikkje vera noko i vegen for at slike som desse Brage-kvadi kunde vera komne til ved denne tid; og at de vesle me no hev av deim hev kunna gaa i arv til ettertidi, de synest heller ikkje vandare aa tenkje seg enn med Ynglingatal. Attaat er de mykje som talar sterkt for at de hev seg rett med fraasegni um desse kvadi. De meste me no hev att av deim ser ut til, som fyrr nemnt, aa vera stykke av eitt og same kvad, og som vanleg er kalla Ragnarsdraapa, Men dette namne høver ikkje rett, med di de ikkje er eit kvad um den nemnde kong Ragnar sjølv, men um ein skjold som Brage hadde fengi i gaave av honom, — eller rettare sagt: um ymse tilburdar etter gamle segnir som stod maala paa skjolden. Soleis er de og nemnt um beint fram fleire gongir i sjølve kvade. Men ikkje nok med dette, men de syner seg og, at kvade held seg heilt i stilen, — skildrar tilburdane soleis som ein helst maa tenkje seg at skalden saag deim teikna paa skjolden, kort og knapt, og ikkje soleis som ein diktar vanleg vilde skildre de elles, med mangt og mykje som vandt eller sleit ikkje kunde vera maala paa ein skjold. Eit og anna kunde skalden sjølvsagt koma til aa setja til av sitt eigi til ei slik skildring med, men ikkje mykje, um de var ein rett skald. Merke seg skal ein og, at skalden byrjar med aa tala til ein mann med namn Ravnkjetil, som ein kann skyna hev bori gaava fram, og som de truleg er meiningi skal lære kvade og segja de fram for kongen i staden for skalden sjølv. Skulde de daa vera soleis som Bugge meiner, at ein islending meir enn hundrad aar etter Brage si tid hev dikta dette kvade i hans namn, so lyt ein segja at dette hev vori ein framifraa drivin og ut-tenkt kar, — og de til lite nytte, utan so han skulde vori framtenkt nok til aa vilja narre jamvel dei gløgge og lærde bokmennar i vaare dagar. I si eigi tid hadde han visst vorti like godt trudd, um han ikkje hadde gjort seg so mykje fyri i den vegen. Er de so, at skalden hev tenkt paa Ragnar Lodbrok, som segni hev so mykje aa fortelja um, og truleg hadde ikkje so lite alt ved den tid de her skulde vera tale um (i siste helvti av 10de hundradaare), so hadde visst kvade vunni meir i den tid, um de t. d. i staden for dette med Ravnkjetil hadde byrja med nokre velvalde ord til aa syne kva for ein ovkar denne Ragnar var; men slikt ser ein ikkje noko til. Ei onnor sak er de, at seinare, daa dei var komne rett i gang med sogur paa Island, og vart vande med at de i deim ofte var kvæde etter gamle skaldar, so tok dei etter kvart til aa laga kvæde, oftast lause vers, til aa setja inn til pryd i flestalle sogune, og lagde deim i munnen paa folk som de der var fortalt um. Men de fyrste me veit um at de var teki til med slikt noko, er ikkje fyrr enn gode hundrad aar etter dette, ikring 1100. For de meste ber no ogso desse kvædi slike merke paa at dei er «uegte», so dei jamnast forraader seg lett nok sjølve. Naar t. d. ein diktar lèt Ragnar Lodbrok tala um odda messa (odd-messa ɔ: strid) i staden for odd-rid eller slikt, so er de ikkje vandt aa sjaa kva tid han høyrer heime i. Eit spursmaal er de og, um de i røyndi var meiningi aa narre folk med noko av dette, meir enn naar diktarar no for tidi legg songar i munnen paa sine folk. I minsto hev ein ingin grunn til aa tru de med slike kvæde som de sist nemnde um Ragnar Lodbrok, der diktaren lèt honom kveda i ormegarden um sitt liv og dei mange storverk han hadde gjort i sine dagar, — ikkje meir enn naar Edda-skalden lèt Odin kveda de lange Haavamaal, og sameleis med fleire andre Edda-kvad, ikkje aa tala um dei mange ein elles kunde nemne fraa snart sagt alle tidir og hjaa alle folk, men som alle jamnast hev visst aa skilja vel fraa fusk. Men skulde ein taka dette Brage-kvade for fusk og setja de til langt ut i 10de hundradaare, so kunde eller maatte ein med likso god grunn gjera de same med ei mengd andre kvad, truleg mest alle kvad i drottkvætt versemaal som hev gjengi for aa vera fraa tidi fyri 1000, og setja deim til ei endaa seinare tid enn Brage-kvade, med di dei fleste av deim ber merke av aa vera yngre enn dette. Skaldar som Hornklove, Gutorm Sindre, Egil Skallagrimsson, Øyvind Skaldespillar, Einar Skaalaglam o. fl,, endaa me hev kvad etter deim som ingin kann tvila paa er egte, dei kom paa denne maaten til aa misse mange, eller sume jamvel alle kvad som dei fyrr hev havt æra for, og eit bøle av heilt ukjende fuskarar kom til aa faa heile æra eller skammi i staden. Men til aa gjera ein slik umstøyt med greide vitnemaal fraa folk som i de heile hev synt seg so paalitande som vaare gamle sogumennar, krevst de sterkare grunnar enn de endaa er gjevi, — beint fram uimotsegjande grunnar.

De dei hev meint aa faa best tak paa de nemnde Brage-kvade med, er dette med Ragnar Lodbrok. Denne mannen er ein av dei kultane som serleg hev vorti tekne til emne for folkedikting, og hev vorti so umdikta i segni fraa tid til tid, so de no er vandt aa skilja ut kva de kann vera av sant i de heile. At de hev livt ein konge med de namn, og ved den tid som dei mest truande vitnemaali peikar til, ved 800 og utetter, er trulegt nok. Men millom alle dei kongar eller hovdingar som me hev vitnemaal um fraa hans eigi samtid skulde vera, er de vandt aa finne nokon som kann høve nokorleis til aa vera Ragnar Lodbrok, etter de som i segni er fortalt um honom. Mest peikar i den leidi, som de og er fortalt baade i den islendske segni og hjaa Sakse (Saxo), at han, liksom hans far Sigurd Ring, er ætta fraa Ringerike, kvar de so elles vart av honom. Millom anna er aa nemne, at tvo av sønine hans Harald Haarfagre med Alvhild Rings-dotter fraa Ringerike er kalla Ring og Ragnar (Ragnar Rykkil), og at baae namni, serleg Ring-namne, heldt seg i fleire ættled seinare millom upplendings-kongane. Men elles er aa merke, at um den mannen som Brage-kvade gjeld, er de ikkje der sagt anna enn at han heitte Ragnar og var konge og son aat Sigurd, — ikkje de grand meir. Og jamvel i teksti i Snorre-Edda, der kvade no er aa finne, er han i sume av handskriftine nemnd berre Ragnar, so de er ikkje ein gong sagt at Snorre sjølv hev meint de var Ragnar Lodbrok. De er soleis ikkje noko i vegen for at dette kann ha vori ein annan av dei mange kongar de var fyri Harald Haarfagre si tid, og som me no slett ikkje kjenner med namn alle saman.

Av serleg gamle ordformir kann ein ikkje vente aa finne noko meir her enn andre stadir, daa dei vanleg laut «fylgje med tidi», soleis at dei no for de meste svarar til den tid daa dei vart uppskrivne. Nokre serformir er de likevel her, som rime hev haldi ved lag. Soleis haufuð for höfuð (hovud). Andre hev i dette set svensk paaverknad. Men skulde de ikkje daa liggje nærare aa tenkje paa at dette orde no i Nordfjord og nordetter derifraa heiter haud (eller hau). De hev fyrr og vori meint, at dette heng saman med eit gamalt haufuð. I minsto finst de ikkje i Nordfjord elles nokon slik yvigang som fraa hovud til haud. De lyder t. d. der stove o. s. fr., og ikkje staue, sem i Romsdalen. Dette vart daa eit merke som peikar same vegen sum de me veit um at dotter hans Brage var gift med Arinbjørn herse i Fjordane og var mormor aat Arinbjørn herse den yngre der, at daa Brage og høyrde heime paa dei leidir, noko som like eins høver vel med de, at de ser ut til han til sine tidir hev haldi seg hjaa kong Hjör paa Hordaland.

At de hev vorti etterleivt so vidt mykje av kvadi hans Brage, og ikkje noko etter dei andre skaldane i hans dagar, kann synast heller rart, etter di ein ikkje kann segja de er noko framifraa ved desse kvadi. Dei er heller turre, ikkje nokon sterk eld eller sers sving ved deim i samanlikning med dei beste me elles hev av dei rette storskaldane. Dette og ymist anna tyder helst paa at de meste me no hev etter honom maa vera fraa hans gamle dagar. Han er streng i «moralen», kann ein sjaa. Han hev soleis mange vondord um Hild, for di ho eggja sin mann og sin eigin far til strid med kvarandre. Dette kann daa alt vera rett og vel nok soleis; men ein yngre stridshuga skald hadde likevel knapt teki de paa denne maaten i den tid. Derimot den gamle kongen Jormunrek, som fór so stygt med den unge fagre dronningi si, Svanhild, honom hev han ikkje eit vondt ord um, og heller ikkje eit ord av samhug med Svanhild eller med brørane hennar, som hemnde henne. De ser heller ut som hans samhug er med den gamle kongen. Men kanskje hev segni um dette vori fortald annarleis i Brage si tid enn seinare, som t. d. i Edda-kvade Hamdismaal. I den vegen er de og ymist elles som peikar, millom anna de, at i Brage-kvade tek Jonakers-sønine paa Jormunrek i hans seng um natti, men i Hamdismaal gjeng dei inn i halli til honom midt paa ljose dagen, der han sit millom sine hirdmennar, og fullfører soleis hemnen so manneleg som nokon kunde krevja de. Dette skulde daa og vera eit godt merke paa at Brage-kvade er eldre enn Hamdismaal, at Brage-kvade hev ei meir upphavleg, og Hamdismaal ei yngre, umdikta og «forbetra» form av segni.

Er daa ikkje i innhalde av kvadi slikt at de ser ut til de kunde gjeva Brage nokon fyrimun framum flestalle andre skaldar, so ligg de nær aa tru at de kann vera noko anna, og daa helst formi som i si tid hev gjort dette. Kanskje er han ein med dei fyrste, eller jamvel den fyrste som hev teki til med dette versemaale, som sidan kom so sterkt paa moden, — at de daa er dette som hev gjort honom so namngjetin, og gjort kvadi hans til mynster for andre skaldar lengi utetter, som de galdt for deim aa lære og hugse vel.

De nemnde større Brage-kvade skildrar, som sagt, tilburdar som var maala paa ein skjold. Sjølve ordi i kvade segjor de, at teikningane var maala, eller maala med stein-farge. De ser ut som skjolden hev vori avdeild i fire bolkar, og ei serskild segn med sine hendingar teikna i kvart rom. Etter dette fell daa kvade og i fire bolkar.

Fyrste bolken er um ei hending fraa Gjukung-segni. Gudrun, dotter aat kong Gjuke, hadde vori gift med Sigurd Faavnesbane og med honom fengi dotteri Svanhild. Etter ho sjølv hadde drepi andre mannen sin, Atle, til hemn for brørane sine, som han hadde sviki, kom ho til kong Jonakers land og vart gift med honom. Der var Svanhild mod mor si, til den gamle gote-kongen Jormunrek, som hadde høyrt um kor fager ho var, sende son sin, Randve, og med honom den vonde raadgjevaren Bikke, til aa fri til henne paa hans, Jormunreks vegnir. Svanhild vart med deim; men paa vegen heim sagde Bikke at Randve høvde betre til mann for henne enn Jormunrek, som var gamall, og dette tykte nok baae dei unge og. Daa dei so kom heim, fortalde Bikke dette paa sin vis til Jormunrek, og so lét han son sin taka og leide til galgen. Fyrr han vart hengd, tok Randve ein hauk og plukka fjørine av og sende far sin. Daa Jormunrek fekk sjaa dette, skyna han meiningi, at no var rike hans verjelaust, daa han var gamall og sonlaus, og no vende hans hat seg mot Svanhild. So ein dag han kom ridande heim fraa veideskog med hirdi si, fekk han sjaa Svanhild sitja ute og bleikje de fagre gule haare sitt. Daa baud han mennane sine ride paa henne og lata henne trakke i hel under hestefotom. Men ho hadde slik magt i dei bjarte augo sine, som ho hadde etter far sin, at daa ho saag paa dyri, vaaga dei ikkje aa koma nær henne. Bikke gav daa de raad at dei skulde kaste eit klæde yvi hovude paa henne, og so vart ho ihel-trodd. — Daa Gudrun, mor hennar, frette dette, eggja ho sønine sine, Sorle og Hamde, til aa hemne systeri og drepa Jormunrek. Paa vegen møtte dei ein tridje bror eller halvbror, Erp; men honom vilde dei ikkje hava med, og drap honom. Dei kom seg inn i halli til Jormunrek og hogg av honom baade hendane og føtane; men so kom kongsmennane og tok paa deim. Daa sagde Hamder «Av hadde no hovude vori og, um Erp hadde vori med.» Men dei hadde slik her-bunad som de ikkje beit vaapn paa, og kongsmennane fekk ikkje skadt deim. Daa Jormunrek saag dette, baud han aa steine deim i hel, og so vart gjort. Dermed var dei siste av Gjuke-ætti eller Gjukungane døydde.

Andre bolken handlar um Hjadninge-striden, som de er kalla. Ein konge Hedin hadde herja i rike til den norske kongen Hogne, medan han var burte, og teki dotter hans, Hild, med seg. Daa Hogne spurde dette, sette han etter deim, og naadde deim att ved Haaøy, ei av Orknøyane. No skulde Hild gange imillom og faa gjort forlik, og de lést ho som ho vilde gjera, men i staden eggja ho deim berre upp, til dei baae gjekk paa land og fylkte heren sin. De vart ein hard strid, og dei slost heile dagen, og gjekk so um kvelden til skipi sine att. Men um natti gjekk Hild til valen og vekte med trolldom alle dei drepne til liv att. Dagen etter tok striden til paa nytt lag, og soleis vart de gangande dag etter dag og natt etter natt, og de er sagt i dei gamle kvædi, at soleis skal denne striden vara ved til Ragnarok.

I tridje bolken er skildra den fiskeferdi Tor gjorde, ein gong han kom til jotunen Hyme, daa Tor fekk Midgardsormen paa ongulen. Fjorde bolken endeleg er um Gevjon og Gylve; men av den er de no att berre eitt vers, de same som Snorre hev i Heimskringla og, der de er umsett (s. 9), og difor er de ikkje teki med her. De er elles kanskje de beste av dei versi me no hev etter Brage.

Dei tvo fyrste bolkane av kvade er gjevne i samanheng i Snorre-Edda, og de ser ut som dei skulde vera nokolunde heile og, endaa um dei er korte, etter de ein kann sjaa av de som er, at skildringi hev vori gjevi i faa og stutte drag. Likevel er de knapt Snorre sjølv som hev sett deim inn soleis. Han brukte jamleg berre aa taka inn her og der eit vers eller tvo av eit kvæde, og ofte berre eit halv-vers, der han hadde bruk for de. Naar han so tala um sjølve kvade, sette han berre inn fyrste eller dei tvo fyrste versi, til aa syne kva de var for eit kvad som var meint. Men ofte hev daa seinare ein avskrivar, eller den som lèt skrive av boki, og som kjende meir av kvade eller de heile, teki dette med. Og vel er de, at de var folk som gjorde de soleis; for elles hadde me daa loti sakne de meste av ymse gode kvad som me no hev heile eller nokolunde heile. At de hev gjengi soleis til, kann me greidt sjaa i Heimskringla med t. d. Haakonarmaal[1] paa den eine sida, og paa den andre sida Bjarkemaal.

Tridje bolken av kvade derimot hev me ikkje annarleis enn i lause halv-vers, eit her og eit der, i Snorre-Edda. Dette er soleis sett saman seinare etter beste skyn, og de er ikkje av dei lettaste heller til aa setja i hop att. De ser helst ut til at de vantar vers eller halv-vers fleire stadir, og med sume av deim er de uvisst aa vita um dei hev høyrt til dette kvade eller andre av Brage. Eit par halv-vers ser helst ut som dei skulde høyre til ei serskild Torsdraape eller dilikt. Eitt av deim er endaatil i sume handskriftir Ulv Uggeson namngjevin for, og med di dette halv-verse hev eit meir regelbundi versemaal enn dei andre, er de trulegt nok, at de rettast høyrer til hans «Husdraapaa», der like eins Tors fiskeferd er skildra millom dei bilæti som stod teikna paa veggine i hallen hans Olav Paa paa Island.

Umsetjingi av dette Brage-kvade her er haldi so nær til sjølve teksti, baade i versbygnad og anna, som eg paa nokon rimeleg maate kunde faa de.


Skjoldkvad til kong Ragnar Sigurdsson


1.
Lyster deg, Ravnkjetil, lyde
lovkvad um kongeleg hovding
og tir-farga il-blad aat tursen
som Trudvangs møy tok fanga, —
um so er at høge Sigurds
son vil taka mot løni,
gjevi for ring-nava hjule
med jalmande ljom paa malmting.

[Lyde eller lyde paa, høyre, høyre paa. — Trudvangs møy er Trud, dotter aat Tor, som jotunen Rungne ein gong røva, er de fortalt; hans il-blad (fotblad) er skjolden, soleis kalla for di at Rungne, daa han skulde slaast med Tor, skaut skjolden under fotsolen paa seg. Um dette vert fortalt seinare her i eit kvad av Tjodolv fraa Kvine. — Hjule med jalm. l. p. m. er skjolden; med nav (blokki, midtstykke i eit vognhjul) er her tenkt paa den ringen eller randi som dei brukte aa maale paa skjolden; jalme, klinge, glymja.]


2.
Vakna fordom gjorde
Jormunrek med hermenn,
drøypt i blod, or dælsleg
draum, i sverde-flaumen.
Raml de vart i rome
Randves ætthall gandhard,
daa dei harmen hemnde,
haarsvarte Erps bror-par.

[Drøype, lata drjupe, skvette, «stænke». — Dælsleg, fæl, uhugleg. — Rom, romstor. — Randve, sjaa s. 37. — Gardhard, raml, nidleg hard, ofseleg raml.]


3.
Fraa sverd-alv sveiten i golve
or sengi fløymde, mengd med
hirdmenns blod, der hogne
hendar og føtar kjendest;
og med blode blanda
brunn, fraa ølskaalir runnin,
silla, — soleis paa lauve
paa sjøkongens eik er teikna.

[Sverd-alv, stridsmann; her Jormunrek. — Sveite, utrent blod. — Mengje, blande. — Sjøkongens eik er skipe, og lauve paa den er skjoldar.]


4.
Der i halli hirdmenn,
hegast fram-ved lègo,
vande til strid, dei sterke,
stend i ring um kongen.
Sorle med Hamde samraadd
skjotleg vart med klotom
aat Hergauts holle vinu,
dei harde, til ulivs barde.

[Hegast, hitast, nærast; skalden vil med ordlage her segja korleis han ser de fyri seg teikna paa skjolden. — Skjotleg, svint, snart. — Hergauts vinu (Odins «veninde» er jordi, som var kona aat Odin; hennar klotar (kulur, ballar er steinar. — Holl, trufast, «huld». — Barde, av berja, slaa, banke.]


5.
Full-hardt daa lét staal-flaums
fløytar Gjukungar støyte,
som sjølv faa Svanhilds hyggje
skild ved live vilde;
gjerske var alle aa gjeva
Jonakers sønir løn for
svoll-bjarte sverd-saar i skallar
og slod etter eggjar blodut.

[Staal-flaums fløytar, den som sét i gang og fremjar vaapnstrid: her um Jormunrek; fløyte, faa paa flòt, i fart, drive, skunde paa. — Svanhilds hyggje (kjæraste), um Jormunrek, skal vel berre segja de at han var mannen aat Svanhild. — Gjersk, lysta, forhuga. — Svoll-bjarte, svollne og raude av blod. — Slod, veg, drøgsle-veg, raak]


6.
Slikt eg ser paa fagre
skjoldbotn mannfall og anna:
rip-maanen gav meg rauste
Ragnar og mange segnir.

[Rip-maane, skjold, med di dei brukte aa feste skjoldane etter ripi (skipsborde) naar dei ikkje var brukte i strid. — Raust, dugande, manneleg, stortøk, «generøs». — Segnir fekk skalden med skjolden, teikna der. Dei sermerkte linune kjem att i slutten av andre bolken i kvade med, og hev soleis vori eit stev eller umkvæde, som truleg hev høyrt med til alle bolkane.]


7.
Aadrar turre aa tappe
trollvis lækjar-disi
ynskte, og far sin i faarskap
aa føre i boge-vere, —
den gong drosi som ringar
drys, paa vondskap fysi,
halsgjord bar med helsing
aat havhest-tøymaren avlug.

[Aadrar, blodaadrar. — Dis, gydju («gudinde»), dros; lækjar-dis er Hild kalla, for di de vanleg var kvende som vor lækjarar; kanskje er her ogso tenkt paa de at ho vekte uppatt med trolldom deim som var drepne. — Boge-ver, pileregn, vaapnstrid. — Dros, agtande, høgsett og gjæv kvinne, «dame». — Drysja («drysse»), straa ut, deile ut — Fysin, lysta, huga. — Halsgjord, halsring av gull, som Hild hadde med fraa Hedin til aa bjode i forlik. — Havhest-tøymaren (herskipsførar) er Hogne; avlug, sterk, driftig.]


8.
Brur som blodute saari
binde skulde og lindre,
ei til med hogg aa hegde
her-kongen baud ho ringar;
allstødt ho lést som einast
oddstrid fraa ho raadde,
endaa ho mennane eggja
til Ulvs syster aa gjeste.

[Hegde, halde maate, spara. — Ulvs syster (syster aat Fenresulven) er Hel.]


9.
Hemnhug svall i Hogne;
hovdingen, vand til landstrid,
ikkje ved daa vægdest
vargtonn paa sanden aa farge,
daa sverd-alvar snarpe
søkte Hedin frøkne,
heller enn ringar um halsen
av Hild taka dei vilde.

[Vægjast ved, vike undan, bjode av, «undslaa sig». — Frøkin, modig, stridsdjerv.]


10.
Sameleis ho paa holmen,
hand-raust galdre-kvende,
brynju-klædde bragning
bøygd fekk etter sin gjetnad:
heren aat havkjempa styrmde
harmkveikt fram under barm-tak
traust, av skinande skjoldar,
fraa snarfløygde baare-øyken.

[Galdre-kvende, trollkvende (galder, trollsong); hand-raust (romhendt) er ho vel her kalla for di ho skulde bjode gaavar i forlik. — Bragning, konge (upphavleg ein ætting av kong Brage, son aat den danske kongen Halvdan Gamle); her um Hedin. — Gjetnad, sinn, lyst, ynskje. — Barm-tak, tak av skjoldar framfor barmen. — Baare-øyk (bylgje-hest), skip.]


11.
Denne sokni paa Svolnes
sal-penning kann ein kjenne:
rip-maanen gav meg rauste
Ragnar og mange segnir.

[Sókn (av søkje), aatak, «anfald», strid. — Svolne or eit Odins-namn: hans sal-penning er skjolden, etter di Odins sal var takt med skjoldar.]


12.
Synt meg er, at snarleg
son aat Allfader vilde
eit røynetak med røytvaat
reist kringum jordi freiste, —
han som i lauvristars vide
laugfat hov upp augo
aat ættfar til Ondurdisi,
ovanum mange manns hovud.

[Synt, synlegt eller fram-vist, d. v. s. teikna paa skjolden. — Son aat Allfader, Tor. — Røytvaat aalvaat, gjenomvaat av aa liggje lengi i væte. — Reist, ring, vidju-ring kring ein sledemei til aa halde atti undan hakke; her um Midgardsormen som ligg ringa kring jordi. — Lauvristaren er vinden, og hans laugfat (vaskefat) er himilen. — Hov, av hevja, lyfte, kaste, slengje. — Ondurdisi (ski-gydjo, ski-møyi) er Skade, og hennar ættfar eller far var jotunen Tjasse. De var til bot aat Skade, for di æsine hadde drepi far hennar, at Tor kasta augo hans upp i himilen, der Odin gjorde deim til tvo stjernur. Elles uvisst um siste helvti her hev høyrt med til dette verse eller til dette kvade.]


13.
Vade Vidres ætting
visst ikkje slakt paa listi
drega lét, der digre
draken paa sanden raktest, —
daa aal-tvaren, full av eiter,
ekkjelaust Volsung-drikke,
paa ongulen hekta han hadde
som horg-gamle jotnar torgar.

[Vad, fiskesnøre. — Vidres ætting, Tor, son aat Odin. Baae namni, Odin og Vidre, tyder upphavleg de same: vindguden. — List, kant, bord. — Drega, draga seg (slakt og seint). — Rekkjast, rekkje seg, strekkje seg ut; draken og aal-tvaren, um Midgardsormen. — Ekkjelaust, meinlaust, uskadelegt. Um Sigmund Volsungsson er de sagt, at han drakk eiter, og at de ikkje skadde honom. — Horg-gamall, steingamall (horg, berg). — Torge, drepa.]


14.
Hamaren treiv han i handi
høgre, uven aat gygrom,
daa han alle lands ytste
endemerkjar kjende;
og den ruvlege rysen,
som ringlagd skipsbrauti kringar,
han paa haussprengjar ognug
hardglymin nedan starde.

[Ruvleg, fæl, skræmeleg. — Skipsbrauti «skipsvegen», have. — Kringe, ringe, umringe. — Haussprengjar er Tor kalla for di han med hamaren kløyvde hovude paa jotnane; ógnug, øgin, agaleg. — Glymin, olm-øygd.]


15.
Digre tjukken denne
draatten uvægne tottest
bøvleg faarskap, som bause
bukke-tøymaren nykkte;
med atall Æge han vilde
ikkje lenger brengjast,
og ongul-taumen i-grann
av for Tor han skora.

[Den digre tjukken er jotunen Hyme. — Draatt, her: fiskedraatt; uvægin, svær, uevleleg («uhaandterlig»). — Bovleg, fælsleg, skræmeleg. Fyrste helvti av v. 15 her er i sume handskriftir tillagt Ulv Uggeson. — Æge, havguden, have; atall, vrang. — Brengjast, dragast, beitast, stridast. — Igrann, noko grann. — Skòra, skjera, hogge.]


16.
Hardvord, som heile nie
hovud paa Trivalde kløyvde!
fagnaleg gjorde du ferdi
du fór aat ølbelgen storfræg.

[Hardvord (Hardveorr, «hard vaktar») er Tor kalla for di han verna gudar og menneskje mot uvette. — Trivalde er namn paa ein jotun. — Med ølbelgen (øldrikkaren) maa vera meint ein jotun, men kva for ein, er ikkje visst. Um Rungne er de fortalt at han var fæl til aa drikke øl, ein gong han var komin inn i Aasgard. Uvisst er de og, um dette halv-verse høyrer med til dette kvade.]


Skal ein segja som de er til, so er de nok dei lettaste og uvandaste Brage-versi som helst synest mistenkjelege. Rett ettertenkt, er no dette heller ikkje imot de ein skulde vente. Slike uvande vers hadde lettare for aa laga seg paa folkemunn, kann ein vita, medan dei meir kunstfulle kravde ein upplærd og drivin skald, ein som hadde gjort skaldskap til sitt yrke. Av desse versi er de eitt som Brage kvad til ei trollkjering, er de sagt, som han møtte i ein skog, og som spurde honom kven han var. Brage svara med eit vers i fornyrdes-lag, ei gaate fær ein kalle de, 6 umskrivingar som alle tyder de same: skald. So kloke er me daa no, at me veit dette kann ikkje vera sant alt saman. I høgdi kann verse sjølv vera fraa Brage, men tilhøve kann i minsto ikkje vera rett fortalt. I sume handskriftir av Snorre-Edda stend de og eit dilikt vers etter trollkjeringi, og de kann me daa vera endaa tryggare paa er «uegte», liksom de og er sett inn, og truleg laga med, etter Snorre si tid.

Som ein kunde vente, hev dette vori brukt til aa faa mistenkt alt som kjem Brage ved. No ja, vilde ein alltid bruke slike segnir paa den maaten, so finst de ikkje mykje i heile soguheimen, alt ned imot vaare dagar, som ein ikkje kunde faa gjort mistenkt. De kann vera nok aa segja, at um ein skulde vega paa denne vegti, so kom ein nok paa denne maaten og til same utslag som paa andre vegar, at dei eldste norrøne fraasegnir høyrer til dei mest paalitande me kjenner, av slike som hev gjengi uskrivne so-vidt lengi fraa mann til mann.

Eit anna slikt vers hev me um dei unge sønine til kong Hjör paa Hordaland. Dette er i Landnaama fortalt soleis, at ein gong Hjör var paa herferd, fekk kona hans, Ljuvina, som han hadde her-teki i Bjarmeland, tvo sønir, sum vart kalla Geirmund og Haamund. Men daa dei var myrke og svarthærde, tok ho og bytte deim med eit jamaldra gutebarn som var kvithærd, son aat trælen Lodhatt, og som heitte Leiv. So ein dag Brage var der, daa gutane var tri vetrar gamle, bad dronningi honom segja si meining um deim, og Brage kvad daa:

Dei tvo her er inne
trur eir baae vel,
Haamund og Geirmund,
fraa Hjör ættborne;
Men Leiv, den tridje,
Lodhatt-sonen,
ussleg som faa,
fødde kje du, kone!

Etter dette tok dronningi mod til seg, og daa kongen kom heim, leidde ho fram for honom dei tvo rette sønine sine og fortalde honom samanhengen. Men han bad henne taka deim burt. «Slike heljarskinn[2] hev eg aldri set,» sagde han.

Segni er fortald noko annarleis andre stadir, men med same verse, so de er vel de som er kjernen i de heilo. Derimot er de mindre aa vente, at me skulde hava forteljingi elles ubrøytt etter so-vidt lang tid. Dei tvo «Heljarskinn», som dei vart heitande, vart sidan namngjetne hermennar, og kom sistpaa til Island, som alt nemnt, og vart der, med di dei var kongssønir, rekna millom dei gjævaste landnaams-mennar.

Ei 2-3 andre halv-vers etter Brage, i same versemaal som skjoldkvade, ser ut til aa vera stubbar av kvæde som de no ikkje er att meir av.




Notar:

  1. Sjaa ordi hans Snorre framanfyri Haakonarmaal: «ok er þetta upphaf» (og fyrstningi lyder soleis); men i handskriftine stend no heile kvade her. De same kann ein sjaa med Sigvats Bersöglis-visur (Framtalande-visa).
  2. Myrke som Hel.