Eldre islendske hirdskaldar

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Eldre islendske hirdskaldar


So kort tid som de var etter at Island fyrst vart bygt, at skaldskap der tok til aa verte ein »national liveveg«, som Ernst Sars hev kalla de, er de sjølvsagt at dei hadde ikkje lang ætt-rekkja attende til Noreg, dei fyrste islendingar som kom hit og tok paa seg hirdskald-yrke. Den aller fyrste av deim, Glum Geireson, er visst nok endaatil fødd i Noreg, og var vel ikkje so reint ung heller, daa far hans drog ut til Island og busette seg ved Myvatn paa nordlande. Her kom Geire og dei tvo sønine hans (den andre heitte Torkjel) i ein strid med grannane sine og drap sonen aat ein av deim. For dette vart dei viste ut or bygdi, og drog daa til Breidafjorden paa vestlande. Her vart Glum gift og fekk ein son, Tord, som vart gift med Gudrun Usvivsdotter og er vel kjend fraa Laksdøla-saga.

Kva tid Glum kom til Noreg att, eller um han jamvel hadde vori hirdskald fyri si utferd til Island, er vandt aa segja noko visst um. De er sagt at han fyrst var skald hjaa Eirik Blodøks, og de er leivt eit par linur som ser ut til aa vera av eit kvad um denne kongen; men greid visend hev me berre um at han var med sønine hans, soleis i slage paa Stord, som Heimskringla hev eit vers um etter honom (s. 129). Men de einaste kvade me no hev noko større att av er Graafeldardraapa, ei 12 vers i alt (av deim 8 i Heimskringla, s. 97-149). Etter deim kann ein sanne den domen som Harald Hardraade gav um honom til hans sonarsons son, Stuv skald: «God skald er du, diktar du ikkje verre enn Glum.» Dei syner ein skald med eit godt grip til aa laga dei kunstfulle versi soleis at dei synest fljote lett og at de attaat er tak i deim og. Han var soleis ikkje ufallin til aa vera fyrigangsmann i den lange rekkja av islendske hirdskaldar.


Hans næstemann, Kormak, er ein av dei skaldar som de er etterleivt mest etter, men likevel ikkje so mykje som hev med Noreg aa gjera. Namne er irsk, endaa han hadde de etter ein norsk bestefar, som var ein megtig mann i Viki, og var mykje med Harald Haarfagre, baade han og hans son Ogmund, far til skalden, er de fortalt. Men noko irsk blod maa de visst ha vori i ætti, skal ein døme etter de som er kjent um skalden Kormak. De er ei serskild sogu um honom, med mange kvad, som heile sogo synest vera bygd upp paa. Dei er mest kjærleiks-kvad, og de so gloheite som dei gamle norrøne skaldane ikkje elles brukte aa laga deim, etter de me no kjenner til. Stor og sterk var han, hugbraa og ofsin, med svarte augo, svart, krulla haar, men kvit i hudi. De var ei Steingerd som han vart so hugtekin i, og hennar vænleik er de som seint og tidleg er emne for hans kvad, forutan stridsvers og spottevers, serleg mot deim som Steingerd vart gift med, fyrst med skalden Holmgongu-Berse, systerson til Hoskuld Dalakollsson (Njaala), og sidan med Torvald Tintein, som og var skald. Elles var de fyrst komi so langt at de var avtala brudlaup med Steingerd og Kormak; men de vart ikkje til noko, av den grunn, at daa de kom til stykke, so kom de ingin Kormak til brudlaupe. Derimot daa so Steingerd vart burt-gift til andre, daa vakna han, og var no etter henne og mennane hennar, men kom ingin veg med de. I denne tid var Kormak fleire gongir utanlands, og var mykje i Noreg, fyrst hjaa Sigurd Ladejarl, og gjorde eit kvæde til honom, som de er leivt 1 heilt vers av og nokre halve (Heimskr. 103), og eit fint, høvelegt kvad ser de ut til dette hev vori. Er de daa soleis som de er fortalt, at han sidan, etter at Sigurd jarl var innebrend, var med Harald Graafeld og dikta eit kvad um honom med, so hev han ikkje vori av same huglag som Øyvind Skaldespillar, som ikkje vilde «bera tvo skjoldar».

Men ein rik skalde-givnad ser de ut til han hev havt, denne Kormak, og sereigin med, — heller av ei aand som synest framand i dette lage, millom dei gamle norrøne kvadi, med dette reinstælte, manndoms- friske, som jamleg sermerkjer deim.


I hirdskaldskapen, som de i de heile hadde vori noko smaatt med no ei tid etter Harald Haarfagrer kom de nytt liv med Haakon jarl, — som ventande var, at skaldane maatte kjenne seg hugvarme for ein hovding som var so heilt av deira livssyn og gjorde so mykje for deira kjære gamle gudar. Av skaldar som song til hans pris er de daa og nemnt fleire enn hjaa sjølve Harald Haarfagre, 9 i alt. Tvo av deim er her nemnde fyrr, Øyvind Skaldespillar med sitt Haaløygjatal, og Eiliv Gudrunarson. Den mest namnkjende elles er islendingen Einar Skaaleglam. Han var son til ei dotterdotter aat Gange-Rolv, og var bror til Usviv den spake, kjend fraa Laksdøla. Sitt tilnamn skal han hava av ei gaave han fekk av Haakon jarl, ei forgyllt skaalvegt, med lodd som klang (glumde) i de dei vart lagde paa skaaline. Kvade som denne gaava galdt var Vellekla, eit av dei kvad som me no hev mest att av fraa desse tidir, meir enn 20 heile og mange halve vers. De meste av dette, ei 20 vers, hev me i Heimskr. (s. 126-179). Namne paa kvade kjem av vell, som i skaldemaale tyder gull, og ekla (vant, naud), og heng vel saman med de at Einar jamleg var arm paa gods.

Denne skalden merkjer seg ut med eit huglag og ein tenkjemaate som ikkje var vanleg millom skaldar i den tid. Endaa han visst var so hugdjerv hermann som nokon annan — han var t. d. med i jomsvikingeslage — og han veit aa skildre mod og manndom so godt som nokon, ser ein likevel at han helst hev havt auga for dei meir fredsame dygdir. De han helst rosar jarlen for, er den gode fred han hev gjevi land og folk, «slik som elles ingin annan hovding enn Frode», og han held de gjerne soleis fram som at jarlen vil herstrid berre for aa fremja og styrkje freden, «stagge stridshug», «gagne lande», og sovori. For dette og for Haakons ihuge for den gamle gudsdyrkingi ser han daa ei løn i dei gode aaringar og den sæla som folke i lande naut no i hans tid. I skaldeverd elles og høyrer hans kvad til dei beste me hev fraa desse tidir.

Ei onnor draape han hev dikta um Haakon jarl, fyri Vellekla, er de att berre 1 vers av. For den var de vel han fekk den staselege skjolden som de er nemnt um fyrr at Einar gav til Egil Skallagrimsson. Av anna hev me berre ei 2-3 vers lausavisur etter honom.


Av dei andre skaldane hjaa Haakon jarl er de elles berre tvo eller tri som me no hev litegrand att etter av deira kvad um honom. Den eine er Tind Hallkjelsson, ein ætting av Brage den gamle, og farbror til Gunnlaug Ormstunge, som fyrr nemnt. De me hev av hans kvad handlar mest um jomsvikinge- slage, som han var med i, og eit par av versi hev me i Heimskr. s. 172-76. Dei andre 9 versi er for de meste so ille medfarne, so de er vandt aa finne rett greide i deim. Men de ein kann faa ut av deim fær god ros for aa vera kjernerikt og friskt, og attaat klaart og livfullt i teikningi.


Den andre er Torleiv Raudfeldarson. Han var dotterson aat ein frende til brørane Geirmund og Haamund Heljarskinn fraa Hordaland (s. 44-45). For draape paa ein berserk laut han fara ut av lande, til Noreg, og gjorde daa eit lovkvad til Haakon jarl, som de no er att halvt-anna vers av (1 i Heimskr. s. 186). Um hans liv elles er de fortalt mykje i Svarvdølasaga og i ein Torleivs-taatt; men de er so eventyrlegt, so de er vandt aa vita kva sant de er i de, endaa sumt som er nemnt andre stadir synest tyde paa at de hev nokon grunn for seg. I dei nemnde sogune er de fortalt at han sidan kom i uvenskap med Haakon jarl, og at jarlen lét brenne upp skipe hans. So drog Torleiv til Danmark, til Svein Tjugeskjegg, og kvad ei draape paa 40 vers for honom. Vinteren etter kom han, utklædd i staatar-bunad, attende til Noreg, og kom ukjend inn til jarlen og fekk lov til aa segja fram eit kvæde for honom. Dette var eit nidkvad, men soleit gjort at i fyrstningi merka ikkje jarlen anna enn de som vel var, og han rosa kvade. Men etter kvart vart de annarleis, og midt i kvade tok han paa med Toku-visune, som dei er kalla, og som de er sagt byrja soleis:


Upp dreg toku austan,
eling vest-i fastnar;
fødd av skadverk, skodde
skum no hit mun koma.
[Skùm myrk, «dunkel».]


Og dei hadde den verknaden at de vart myrkt i halli, og vaapni paa veggine tok til aa røre seg av seg sjølve, — dette gjorde daa og at Torleiv kom seg usnikka undan. Haakon jarl var likevel ikkje den mann som vilde lata slikt gaa strafflaust av. Ikkje lengi etter vart Torleiv drepin paa altinge paa Island, truleg av ein mann som var utsend fraa jarlen.


I den korte tidi Olav Trygveson var ved styre, var de ikkje mange skaldar som kom til aa slaa seg til honom. Heller ikkje var de ventande at skaldane skulde vera so braahuga paa aa søkje til hans hird, soleis som han tok i veg mot deira kjære gudar. Likevel fekk han no ein skald som i ymse maatar var god for fleire. De var den velkjende Hallfred Vandrædaskald. Hans far Ottar var son aat Torvald Skiljande paa øyi Ylve (Ulvøy) i Lofoten, og vart fostra hjaa sin morbror Galte, ein megtig mann i Sogn. Mor til Hallfred, Aldis, var ætta fraa Harald Gullskjegg, konge i Sogn. Hallfred er ein av dei skaldar som de er skrivi serskild sogu um, ei med dei største og beste av dei skalde-sogur me hev. Hans liv og ferd minner elles i mykje um Kormaks. «Han var tidleg stor og sterk og manneleg, noko myrkbrynt, heller ljot-nasa, med brunt haar og vel fellelegt; god skald var han, men heller bitande og mangbrøytt; han var ikkje vensæl.» Liksom Kormak fekk han seg ei flamme heime paa Island, ei som heitte Kolfinna: men de vart ikkje til anna enn flikring og kjærleiks-kvad, og elles stridsmaal og nidvers mot den mannen som ho vart gift med, ein mann som sjølv var skald og heitte Gris, eit namn so tiltøkjelegt som noko kunde vera for ein spottegauk. Hallfred vart no likevel gift, han, med ei gjente burte i Sverike. — Av slikt som elles kann koma oss ved i Hallfreds liv, er de meste vel kjent fraa sogo um Olav Trygveson i Heimskringla.

Av kvæde som Hallfred hev dikta er de nemnt mange, og mange som de er meir eller mindre att av. Av deim som kjem vaart land ved, er de 3 som de er att noko større av. De eine er til Haakon jarl, Haakonardraapa, og synest vera mest um jomsvikinge-slage og verknaden av de, dei 7 halv-versi me no hev av de. Dei 2 andre kvadi er um Olav Trygveson, fyrst Olavsdraapa, som me no hev 5 heile og 4 halve vers av, av deim 4 og 2 i Heimskr. (s. 155-61). Dei er um vikingferdine hans Olav, fyrr han kom til Noreg. Naar dei synest vera drjugt blodgjerske, desse versi, so er dei kanskje ikkje aa taka so heilt aalvorleg. Hallfred var den mannen at han kunde gjøne noko med slikt og, og nettupp difor smurde so tjukt paa. So mykje aalvorlegare er de siste av desse kvadi, Ervedraapa um Olav Trygveson, etter han var fallin ved Svolder. Her er de lite tale um manndraap og blod, endaa de vantar ikkje paa sterke lovord um kongen og hans mod og raustleik, og derimillom hjartesaare klageljod av sorg og saknad. I eit av stevi kjem denne djupe saknaden vedkjømeleg og livande fram:


Nordlandi er som aude
alle, no kongen er fallin.


Ein fær her ei vitring um kva liv de hev fylgt med ein mann som Olav Trygveson. Dette kvade er rekna til dei beste fraa denne tid. Og at de i gam all tid hev vori høgt sett, kann ein skyna av de at de er so mykje her ein finn att hjaa skaldar seinare. For sogo elles, t. d. med si skildring av Svolder-slage, hev de likevel mindre verd. Ein merkar her at skalden sjølv ikkje var med i slage, de som han sjølv og klagar seg hardt for i kvade. I alle dei 25 versi me hev av dette kvad er de langt fraa so mykje eller godt i so maate som i dei 5-6 versi hans Hornklove um Hafsfjord-slage. Sameleis merkar ein stundom at skalden hev spunni for langt ut de emne han hadde. Soleis i slutten av kvade er de i 5-6 vers de ikkje er tale um stort anna enn uppatt og uppatt de same, um Olav skulde vera komin undan fraa slage eller var fallin der. Av de som no er att av dette kvæde hev me 8 vers i Heimskr.[1] De verse som de ser ut til hev vori de siste, skal me taka med her, med di ein paa ein maate finn alt samla der:


Fyrr skal heim og himlar
høge i lutir brotne,
fyrr so govug gjæving
som gladvære Olav fødest.
Han veit eg mest av mennar
manngod var med sanno.
Krist fagne den rauste
konungs aand ovan laandi.
[Ovan(for) landi (jordi), d. e. i himilen.]


Etter dette kunde ikkje Hallfred una ved live lenger. De er fortalt at han tok den raadi aa drepa Eirik jarl, til hemn for sin høge ven og gudfar, men vart tekin og skulde avlivast. Men so var de ein Torleiv Spake; fosterfar til jarlen, som Hallfred fyrr hadde vist seg manndomsam mot; paa hans fyribøn skulde han sleppe med live, mot aa dikte ei draape um jarlen. De gjorde han daa; men av kvade er de int berre dei tvo fyrste linune. Sidan vilde han fara heim til Island; men paa vegen fekk dei eit fælt hardvêr, og Hallfred vart sjuk og døydde. Ei stund fyrr kvad han dette verse:


Eg munde no andast
(ung var eg hard i tunga)
sorglaust, um eg visste
velberga dermed sjæli.
Otte eg ingin vaattar,
alt um for helvite eg fæltast;
døy skal kvar, — lat drygjast
dagen som Gud de lagar.
[Otte, uro, rædsel. — Vaatte, agte, bry seg um. — Fæltast, fælast, gruve seg.]


Av skaldar som dikta um Olav Trygveson er de elles ikkje nemnt andre enn ein Bjarne skald; men de er ikkje etterleivt noko som ein med vissa veit er etter honom, og ikkje kjent noko um honom elles heller.


Derimot hjaa ettermannen, Eirik jarl, tok skaldane til aa samle seg att, mest likso mange som hjaa hans far, og de ser ut til dei likte seg vel der, — som ventande skulde vera. For alt tyder paa at Eirik hev vori ein utifraa greid og gjæv mann aa hava med aa gjera. Hermann var han daa og av dei fremste, um ikkje den fremste i si tid; i minsto hadde han med si framferdige herførar-kløkt gjort utslage i dei tvo største her-stridane som folk visste av aa segja i nordlandi, jomsvikinge-slage og Svolder-slage. At han tok de som han gjorde mot Olav Trygveson, fær ein ikkje undrast so mykje paa, etter de som hadde hendt med honom og Eiriks far. Eit vers hjaa Tord Kolbeinsson (Heimskr. s. 187) tyder paa at de var ikkje nettupp med sin gode vilje han gjorde de.

Dei 3 skaldane som me hev noko større att etter av deira kvad um Eirik jarl, er ikkje alle av dei fremste, men likevel jamt gode skaldar. Øyolv Daadaskald sermerkjer seg mest med den kunstfulle formi. Draapa hans um Eirik jarl, Bandadraapa, er med «klòvastev» som de er kalla, ei line av steve innlagd i slutten av kvart halv-vers. Namne hev kvade etter eit ord i fyrste stev-lina, band, som i skaldemaale tyder d. s. s. gudar. Av dei 8 versi me no hev av dette kvade stend 7 i Heimskr. (s. 153, 216-17). Um hans ætt og liv er elles ikkje noko kjent.

Sameleis er de med skalden Halldor Ukristne. Tilnamne tyder paa at han hev havt litin tilhug til kristindomen. Av hans Eiriksflokk [2] hev me 5 vers i Heimskringla (s. 223-34). Dei handlar alle um Svolder-slage og de som Eirik gjorde der. So vidt ein kann døme etter dei faa leivnine, ser de ut som Halldor hev vori vel so god skald som Øyolv.

Andreas Bloch:
Eirik jarl og Gunnlaug Ormstunge
Tri andre av skaldane her fær me og nemne, endaa um me no lite eller inkje hev av deira skaldskap, i minsto av de som skulde koma Eirik jarl ved. Men dei er so namngjetne elles, i minsto tvo av deim, fraa den velkjende islendinga-sogu som dei hev so mykje aa gjera med, sogo um Gunnlaug Ormstunge. Den eine er daa Gunnlaug Ormstunge sjølv. Av denne sogo veit me at han kom til Eirik jarl; men «ormstunga» hans gjorde at han vart ikkje lengi verande der. Sidan var han daa i Sverike, England og Irland. Burte i Sverike fekk han likevel tilhøve, i ei mannjamning med ein jarl der, aa syne sin rettvilje mot Eirik jarl, og vart sidan godven med honom. Etter de som er sagt i Skaldatal, maa han og ha gjort kvæde um jarlen; men av dette er ikkje noko kjent. Heller ikkje, eller berre lite av hans kvad til kongar og hovdingar i andre land, mest berre 1 vers og steve av eit kvæde til den norske kongen Sigtrygg Silkeskjegg i Dublin. Tilnamne hev han vel helst fengi for sine bitande svar, knapt nok for sine kvad, som ikkje er vidare «kvasse» eller sermerkte, de me no hev, — elles berre nokre lause vers, mest um hans festarmøy, Helga den fagre. Hans motmann, skalden Ravn, hadde visst god rett i den dom han gav, um hans kvad til svenskekongen: «De er rikt paa store ord, men ufagert, og noko stivt, liksom Gunnlaug sjølv er av huglag.» — Den andre skalden er den nemnde motmannen til Gunnlaug, Ravn Omundarson eller Skald-Ravn, han som i tevlingi um Helga den fagre vart vinnaren paa ein maate, men ikkje so at han fekk større gleda av vinningi. Han skal og ha gjort kvæde um Eirik jarl; men elles heldt han seg no mest i Svitjod, som me veit, hjaa kong Olav Svenske. Etter honom er de i den same sogo 3 lause vers, og de er alt me no hev av hans kvad. — Den tridje endeleg er Skule Torsteinsson, sonarson til Egil Skallagrimsson og bror til Helga den fagre. Han var lengi med Eirik jarl, alt fraa fyri Olav Trygvesons tid, og i Svolder-slage, daa han var stamnbu paa Jarnbarden. Av hans kvæde um Eirik jarl hev me ikkje noko att, men derimot nokre vers (1 i Heimskr. s. 229) av ein flokk um Svolder-slage, som han hev dikta i sin alderdom. Etter dette og noko anna smaatt ser de ut til han heller ikkje i skaldskap hev vori so ufallin til aa taka arv etter sin store bestefar.


Den skalden som me no hev mest etter av alle desse jarle-skaldane, og de beste med, er Tord Kolbeinsson. Han hadde og sin skald til motmann og medtevlar, Bjørn Hitdølakappe, som de er fortalt umn i sogo um denne skalden, ein systerdotterson til Egil Skallagrimsson. Strids-eple her var Odny Øykyndil (øy-«fakkel»). Her var de Tord som vart vinnaren, men ikkje paa nokon god maate. Etter skildringi i Bjarnarsaga hev han ikkje vori nokon tokkeleg mann, svikfull og illtenkt, men ein stor skald, er de sagt der og, og høgt vyrd hjaa hovdingar for sin skaldskap. De same syner sogo paa ein annan maate og, endaa um samhugen der er med Bjørn, og de er teki med mykje meir av hans kvad enn av Tords; men versi hans Tord er jamt mykje betre. Etter ein hard strid og mykje nidkvad paa baae sid ur, vart de til de at Tord drap Bjørn; men i eit kvad seinare talar han um at kona hans var vorti so hugtung og aumleg etter dette hende, og de ser ut som han angrar paa verke. Tord og Odny hadde 8 born saman, millom deim Arnor Jarlaskald, som me skal faa meir aa gjera med sidan, ein endaa betre skald enn faren, og betre mann med. De kvade hans Tord som de no er mest att av, er hans Eiriksdraapa, minst 15 vers i alt, 11 i Heimskr. (s. 169-232; 4 vers høyrer til paa s. 235 og 250). Av desse er de likevel 1 eller 2 vers (Heimskr. s. 187) som truleg høyrer til eit anna av hans kvad um same mannen, og som er kalla Belgskakadraapa. Um Olav den heilage skal han og ha gjort eit kvadr og i Heimskr. (s. 394) er de i minsto fortalt at han var ei tid hjaa denne kongen. Elles er denne Tord umtala i fleire sogur, i Grettissaga og i Gunnlaugssagar og der med eit vers um Gunnlaug Ormstunge.


Christian Krohg: Berse Skaldtorveson
Skalden Tord Sjaareksson, ein «maag» til Hjalte Skjeggjeson, høyrer vel og nærast hit, endaa de no ikkje er noko att av hans kvad um Eirik jarl. Derimot hev me nokre faa vers av hans Toralvsdraapa, um islendingen Toralv Skolmsson, som var med i slage paa Stord (Heimskr. s. 115-17), eit halv-vers av ein flokk um Kløng Bruseson, truleg ein nordmann (Heimskr. s. 269), og so eit vers av ei ervedraape um Olav den heilage, kalla Rodudraapa (høyrer til Heimskr. s. 450). Um denne skalden soleis i tid er noko yngre enn dei fyrr nemnde, so minner han med sin stil og slikt mest um skaldane i de 10de hundradaare, slike som Einar Skaalaglam.


Ein annan likso ung eller yngre skald, Berse Skaldtorveson, fær me og taka med her, etter di han heldt seg mest hjaa Eirik og hans bror Svein jarl. Alt me veit um denne skalden, baade fraa Grettissaga og kongesogune (Heimskr. s. 272-73), tyder paa at han hev vori ein heilborin riddarsmann, godlidande og vensæl som faa. De som er fortalt i Heimskr. um at han sat fanga hjaa kong Olav og daa dikta ein flokk, maa vera hendt ei tid etter Nesja-slage, truleg etter at Berse hadde vori hjaa kong Knut (Heimskr. s 402); for andre stadir er de fortalt at han etter den tid var ein av Olavs skaldar og svært tru-gjevin til honom. Rettast er de visst og, som de er sagt andre stadir, at de er hendt med Berse, dette som i Heimskr. (s. 458) er fortalt um Sigvat skald og sverdi, — at kongen vilde prøve Berse, um han kunde dikte paa staaande fot, som andre hadde meint han ikkje kunde, og han so gjorde de verse som Snorre hev der. Men dette, saman med dei 3 versi av den nemnde flokken, er daa alt me no hev av hans kvad. At Snorre hev kunna taka dette verse for aa vera Sigvats, de segjer daa so godt som noko at Berse med sin skaldskap høyrer til ei nyare tid.




Notar:

  1. Av deim er de berre 4 vers som er komne med i landsmaals-utgaava av Heimskringla, s. 227-34.
  2. Flokk var eit mindre dikt enn ei draape, og utan stev.