Fortale ved umsetjaren

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Fortale


I 1872 gav samlage «Fram» ut 12 ark av denne umskrifti. Sidan fekk de norske samlage umskrifti og gav ut «fyrste boki» (dei fyrste sogune til og med Olav Trygveson) i 1874, «andre boki» (Olav den heilage) i 1877, «tridje boki» (Magnus den gode til og med Magnus Berrføtt) i 1878, og «fjorde boki» (resten) i 1879.

Denne umskrifti var ikkje paa vanlegt landsmaal, men paa eit maalføre, som eg tenkte skulde høva betre for Austlande. I 1880 kom der ei ny utgaave av fyrste boki; de var mykje daa, som eg ikkje lika i skrivemaaten, og som eg gjerne vilde retta paa, men eg kunde ikkje gjera større rettingar, daa den nye utgaava skulde brukast jamsides den gamle. I 1887 kom andre boki ut i ny utgaave paa Cammermeyers forlag og er no utseld, aa kalla.

Denne utgaava, som no kjem ut paa Stenersens forlag med statshjelp, er soleis 3dje utgaava (for dei siste sogune 2dre utgaava).Skrivemaaten er no lempa mykje paa, og er truleg no mykje finare.[1] De er styringi i de norske samlage, som hev godkjent den nye skrivemaaten. Sumt vilde eg heller havt paa mi gamle vis (soleis a og e i infinitiv i samhøve med midlands-maale), men de var ingi raad med de.

Namn paa gardar og bygdir hev eg mykje skrivi som dei heitte i gamle dagar, men ikkje i alle tilfelle, daa eg totte sume namn daa vart for tungvinte (som Stiklastadir, Konungahella). Jamnast hev eg gjort som professor G. Storm, men ikkje i alle tilfelle, som rimelegt kan vera, daa sumt kan høva betre i landsmaal, og sumt betre i riksmaal. Sume namn hev eg skrivi etter vaar uttale, naar eg totte dei høvde betre (Telemarki, gamalnorsk: Þelamörk, Verdalen, gmln. Veradalr; «Hedemarken», som paa landsmaal er reint umogelegt, hev eg skrivi: Heidmarki, gmln : Heiðmörk). Raumarike skriv eg i teksti, men i notane etter uttala no: Romerike.

— o —

Der er brukt 3 akcentar til aa gjera uttala tydeleg. Eg hev i sume ord merkt den lange, reine vokalen med ´. Soleis fór (av fara). Den opne vokalen med `. Soleis bròt (uttala mest som: braat), lìt (uttala mest som let). Til aa merkja ein lang ihopdregen vokal med burtfallen konsonant er brukt ^. Soleis vêr (ɔ: veder, dansk: veir).


Um versemaale i visune.

I dei gamle visune var de for de meste ikkje enderim, men alltid bokstavrim (alliteration), at fleire ord byrja med same konsonanten. Soleis:

Vekka ek yðr at vini
né at vifs rúnum
(Eg vekkjer dykk ikkje til vin
eller til vivs kviskring)

I den fyrste radi kan de vera ein eller tvo rimbokstavar; i andre radi skal de vera berre ein, og den skal vera i de fyrste orde, som hev tonen. Ikkje andre ord enn slike, som er vigtuge for meiningi, lyt hava rimbokstaven.

Rimbokstaven kan vera ein vokal og, men daa skal de helst ikkje vera same vokalen. (De som rimar er ikkje vokalane, men ein linn h, som lite høyrest i uttala, og som ein ikkje skriv). Soleis:

Þu átt inni hér
átta brœðr, kvað Bragi
(Her inne du eig
aatte brøder, kvad Brage)

De greidaste og lettaste versemaale, og som dei eldste visune er dikta i, er Fornyrdeslag med 8 eller 6 radir i kvart vers og 2 verse-føtar i kvar rad. Fornyrdeslag med 6 radir hev 2 halv-vers paa 3 radir i kvart. Den tridje radi er for seg sjølv og hev 2 eller 3 rimbokstavar og tidt 3 verse-føtar. Soleis dette halv-verse:

I ei god stund
vert den gjævingen fødd,
som slik er i lynde laga.

Ein versefot er jamnast paa 2 stavingar; den fyrste hev for de meste tonen. Sume tidir kan eit einstavings-ord vera ein fot. I de halv-verse, som stend her framanfor, er i fyrste radi 2 verse-føtar: god og stund, i andre radi er og 2: gjævingen og fødd. I tridje radi er 3 verse-føtar. De kan finnast fleire smaa-ord, som ikkje reknast med i verse-foten, som i fyrste radi: i og ei; i staden for ei lang staving kan ein setja ei stutt og ei lang, eller tvo stutte. Soleis kan rythmen skifta paa mange maatar.

I Fornyrdeslag er visune i Ynglinga-soga (so nær som den i kap. 5), Haakonarmaal i soga um Haakon den gode og Glælognskvida i soga um Olav den heilage og mange mindre visur. Alle visur paa Fornyrdeslag er umsette paa same versemaale som i grunnteksti.

Enderim finst i nokre faa visur, som elles er dikta i Fornyrdeslag, soleis den 2dre visa i soga um Harald Hardraade kap. 2. Denne visa er og umskrivi paa same versemaale som i grunnteksti.

I nokre visur, som elles er i Fornyrdeslag, er der stavings-rim, de vil segja, at tvo stavingar i same radi rimar ihop. Dette rime kan anten vera heil-rim, naar de er same vokal og same konsonant, eller halv-rim, naar vokalane er ulike. I onnorkvar rad er de halv-rim, og i onnorkvar heil-rim. Paa dette versemaale som dei kalla Toglag, er Tøgdraapa i soga um Olav den heilage. Eit vers paa dette versemaale ser soleis ut:

Knútr er und sólar.[2]
Siðnæmr með lið
fór mjök mikit
minn vinr þinnig.

Dette flokute versemaale laut eg brigda noko i umskrifti. Eg hev berre bokstavrim, og i 3dje og 4de radi i kvart halv-vers hev eg enderim.

Dei fleste skalde-kvæde er paa eit versemaal, som dei kalla Drottkvæde. De likjest Toglag, men hev 3 verse-føtar i kvar rad. Dette versemaale var so vanskelegt, at dei fekk de til paa den maaten, at dei kasta ordi um kvarandre[3] og bruka fulltupp med umskrivningar[4], so dei er ikkje gode aa skyna og tidt reint umogelege aa faa til paa vaart maal, naar de skal vera lesande. Her er ei prøve (soga um Harald Hardraade k. 91):

Hild bad meg allstødt halda
rakt hovud i pile-gove,
inkje evast, naar syngja
um øyro eg sverd fekk høyra.

Dette versemaale hev eg bruka, so godt eg kunde faa de til, i fleire vers, mest i smaavers. Sume av visune paa Drottkvæde vilde eg gjerne hava umsett paa de gamle versemaale, men eg kunde ikkje faa de til. Soleis dei visune, som Tormod Kolbrunarskald kved, fyrr han døyr. Ein kom til aa faa eit sannare bilæte av denne hardbalne kjempa, naar han i siste avfar-stundi kvad um kongen han hadde mist og um saari sine i dei gamle mangslungne og kunstfulle vers med all den fine klangen; men som sagt, eg kunde ikkje faa de til.

Eit utifraa vakkert versemaal, som vart bruka ender og daa, kalla dei Hrynhenda. De likjest Drottkvæde, men hev 4 verseføtar i kvar rad. Dette versemaale hev eg bruka i staden for Drottkvæde i nokre visur i soga um Olav den heilage (s. 443 og 455), endaa eg ikkje heiltupp kunde fylgja dei gamle reglar. Paa dette versemaale, men utan stavingsrim, hev eg umskrivi i soga um Magnus den gode visa i kap. 16 (Bersöglisvisur) og i kap. 32, som baae tvo er paa Drottkvæde i grunnteksti. Visa i soga um Harald Hardraade kap. 43 er umskrivi med enderim. Alle andre visur paa Drottkvæde, som eg hev umsett, hev eg umsett paa simple vers med 3 verseføtar i kvar rad utan stavingsrim, berre bokstavrim.

— o —

Etter kontrakten med forleggjaren, hr. J. M. Stenersen, skulde eg hava lov til aa bruka hr. Storms umskrift til aa retta mi etter, og eg skulde hava tekst, vers og notar etter hans umskrift, so vidt de lét seg gjera.

Gustav Storm.
F. 1845. (L. Forbech, fot.).

Dette hev eg gjort og, so godt eg kunde; men tidi var for knapp. 21de juni gjorde eg kontrakt med Stenersen, og daa fyrste kunde eg taka paa aa arbeida; til 1ste september skulde alt manuskripte vera innsendt. Daa eg sjølv hadde mykje anna arbeid paa meg, fekk eg cand. mag. Rasmus Flo til saman med meg aa gaa igjenom mi umskrift og faa ho i høveleg stand; han umskreiv notane aat prof. Storm og m. Naar umskrifti no er mykje betre enn fyrr, hev Flo gjort ikkje lite til de. Han tok paa seg og umsette skalde-kvædi og. Dei visune, Flo hev umsett, er nemnde paa siste sida.

Er de nokon, som finn, at sume av visune aat Flo er noko tunge, fær han tenkja paa, at eg tok dei lettaste, og han hev fengi for sin part dei tyngste. Knuts-draapa (s. 444—448) og den visa, Jøkul kved s. 482, er smaa meister-verk. Desse tvo er paa same versemaale som i grunnteksti. Hine er for de meste i grunnteksti paa Drottkvæde, og Flo hev umsett deim paa simple vers med bokstavrim.

De synte seg, daa dei tok paa og sette boki, at ho vart drjugare enn riksmaals-umskrifti. De kom seg av notane, som var noko drjugare i landsmaals-umskrifti. Daa baae utgaavune skulde vera like store, kunde me ikkje taka visune aat Flo med lenger enn ut Olav den heilage. Sidan synte de seg, at me kunde fengi rom til mange av deim likevel, men daa var de for seint; for siste helvti av boki vart sett og «ombrukket» paa nokre faa dagar, so de lét seg ikkje gjera. Daa de gjekk seinare med prentingi, enn venta, hev eg under korrekturen fengi retta mangt og mykje, som eg saag var rettare hjaa Storm enn i dei gamle umskriftine. Naar eg totte de kunde vera tvilsamt, kva som var rettast, lét eg stundom de gamle staa.

Professor Storm hev set igjenom de meste av landsmaals-umskrifti og sagt fraa, naar han hev set noko, som ikkje var rett. Sume gongir hev eg ikkje kunna retta for «ombrækningi» si skuld; men naar eg kunde, hev eg gjort de. Er de noko no i landsmaals-umskrifti som ikkje er rett, kan ein leggja skuldi paa meg.

Storm skal hava stor takk for de han hev gjort. Nokre gongir hev han gjevi raad um ordleggjingi i landsmaals-umskrifti og; de kom svært godt med.

Flo og nokre andre hev laga registre. Ivar Mortenson hev umsett etter Storm: Snorre Sturlason, liv og skriftir.




Notar:

  1. De er same skrivemaaten paa lag, som Vinje bruka bl. a. i Ferdaminni, men noko lettare.
  2. Fyrste halv-verse av Tøgdraapa. I fyrste radi i dette halv-verse er ikkje halv-rim. Halv-rime er utpeika med stor skrift, og heil-rime med endaa større.
  3. Soleis i soga um Haakon den gode kap. 28 i andre helvti av fyrste verse kjem ordi i grunnteksti etter kvarandre so:
    De er heller vandt (ɔ: vanskelegt), men eg vilde
    di ære, konge, aa segja,
    lat oss vaapni dei gamle taka
    fort, hersegn til hovdingen.
  4. Soleis: Odins uvêrs tre kan brukast for stridsmann. Aalens himils land for Island [Isen er liksom himil yvi aalen (djuprenna)]. Bruni aat kona til venen hans Mime for: strandi (venen hans Mime er Odin, hans kone jordi, og jord-bruni er strandi).