Norske trollvisor og norrøne sogor - Innleiding

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Norske trollvisor og norrøne sogor

Innleiding


av Knut Liestøl



Saaledes kommer folkedigtningen
til at repræsentere, og til at klarlægge,
kontinuiteten i folkets aand og i dets
utviklingsgang. Efter syn og opfatning,
efter bygning og indre form, ofte ogsaa
efter ytre fremstilling, knytter folkepoesien
led til led i den lange lænke
fra fædrene til vore dage.
Moltke Moe.



Norske trollvisor og norrøne sogor. Utg. 1915 .

Dei fyrste som kom til Telemarki og samla folkevisor, vart upp i under yver den forne daamen som livet hadde i bygdene der. Landstad segjer i 1848: "Øvre Thelemarken er ved sin afsondrede beliggenhed, saavelsom paa grund af folkets karakteer, et af de distrikter i vort fædreland, hvor oldtidens sprog og leveskik længst har vedligeholdt sig. Naar man kommer over Midheien til Hitterdal eller Gransherred, bliver enhver fremmed overrasket ved det antike, som pludselig fremstiller sig for ham i huse, dragter, sprog og levemaade, og han maa tro sig hensat mange aarhundreder tilbage lige ind i sagatiden" (Langes Norsk Tidsskrift 3, s. 329).

I sovorne umstødor var det at so mykje av den gamle folkevise-skatten vaar hadde halde seg — og halde seg best der livet var mest gamaldags og hjaa dei som minst hadde kome med i det nye. Storfellte kvæde fann dei att i husmanns-stova hjaa gamle menn og kvinnor, som var dei siste av dei mange ættledene som med uvanleg truskap hadde halde den gamle diktingi uppe.

Alt i den ytre maalbunaden peika desse kvædi attende til gamall tid. Dei var ikkje berre so gamalvorne som det eldste telemaalet, men det stod att i dei leivor av eldre maalstig — i ord, i former, i ordlag; ja sume vers hadde ein so forn svip, at dei utan vande, mest ord for ord, let seg føra attende til gamalnorsk. Og stundom vart vers og rim rettare og betre, naar ein sette inn dei gamalnorske formene. Endaa telemaalet hadde mist den gamle kasusbøygningi, so stod det att i visone leivningar av gamle genitiv-, dativ- og akkusativ-former, baade av substantiv, adjektiv og pronomen (t. d. jallsens son, oto dinom gare, han sinom svære braa, du gjet inkji huga halli, løype paa fimom fote, fyk av fonno skari, raae no Gud fy minne færen', han tok hatt av hovdi sé, eg deg svora mæ go'o, bjartan ellen osb. osb.) Der var gamle fleirtalsformer av verb, der var konjunktivformer som ikkje lenger livde i noko bygdemaal i landet ("dei støje so haagt paa glo", < gn. stœði). Jamvel ei so gamaldags form som tyttuge = gn. tuttugi finst. Ei mengd med ord og ordfellingar som fanst i visone, var kvorvne or det livande talemaalet, eller vart no nytta i andre og nyare tydingar; der er t. d. tale um feggar, far og son (= gn. feðgar), meggur, mor og dotter (= gn. mœðgur), systrungar, born av tvo eller fleire syster (=gn. systrungar); kind tyder barn som i gn.; der er tale um festarsvein og festarmøy, festarmann og festarviv; det rette namnet paa mannen er skiringsnavni (til gn. skira, døypa); presten er kalla vigslekadd, den gudelege boki heiter skraa (= gn. skrå), og dei skvetter vigslevatn; ei kjempe heiter kappe (= gn. kappi), og avringskjempe (= gn. afrekskappi); banemannen til faren aat einkvar heiter fa´isbani (= gn. fǫðurbani); det sverdet kjempa hev er den "brune brand" eller den "bitre brand" (= gn. bitr brandr), og han kann "branden beite". Minne um gamalnorske umskrivingar for vaapn finst det og; soleis skal kjempone til Magnus kungjen "paa hei’ings-londo aa røyne dei jønni kalle" (gn. kalt jarn, kaldr malmr); sverdet til Roland heiter Dvelgedolg, visseleg av Dvergedolg "fienden aa dvergane". Til lækjing mot saar og sjukdom talar visone um heilevaag (= gn. heilivágr), og den sjuke vart heilbrigda (= gn. heilbrigða); paa leikvollen spela dei med sopp (= gn. soppr); skipet kann heita knurr (= gn. knyrr), og dei stryk jamleg segl paa bunkjen (= gn. bunki); gjesten vert kalla komumanne (= gn. komumaðr), den øvste hjaa kongen en raaehæst; den vonde styvmori i visa um Lavrans unge er kalla pute (== gn. púta, skjøkje) og det er spurt kvi ho hev slikt "paa rógjiu" (av gn. róg, baktale, ilt ord). Det var i visone ord som hadde gamall klang, men som ein ikkje kunde finna att i gamalnorsk, og som kvedarane ikkje skyna lenger, slike som heljelindi og heljelauk, obboren, aabruklaug, kunni o. fl. — Det sterke bruket som visone ofte gjorde av bokstavrimet til prydnad i verset, viste ogso attende til den gamle diktingi.

Det var etter dette ikkje aa undrast paa at Landstad fann "at der i det her behandlede sprogstof laa en stærk opfordring til ogsaa i formen saa meget som mulig at nærme sig det gamle konsekvente system," dvs. den gamalnorske skrivemaaten (Norske folkeviser, s. X). Daa Sophus Bugge skulde gjeva ut nokre visor fraa Telemarki i normalisera maalform, kom han og, liksom av seg sjølv, til aa gjeva dei ein gamaldags bunad, og telemaalet tok han so sterkt, at han lærde seg aa tala det, og prøvde, liksom Landstad, aa dikta paa det. Telemaalet hadde ei magt og eit vengjefang som berre eit kulturmaal kann hava, eit maal som ogso hev vore nytta til aa bera fram tankar og kjenslor som ikkje høyrer det jamne kvardagslivet til, men lyfter oss ut yver den daglege tronge synsringen. Det var audsynt at folkevisa, og i det heile den rike folkediktingi som hadde livt i Telemarki, hadde sett sine merke paa sjølve maalføret; innverknaden fraa folkediktingi hadde vore so lang og so sterk, at maalføret hadde fenge noko av hennar eigne fornæme svip. Daa Ivar Aasen i 1840-aari var i Telemarki, sende han eit brev til vitskapslaget i Trondheim og fortalde kor gjævt eit maal telemaalet var, og i ferdaminni sine talar han um kor ofte ein her finn "smagfuldt dannede nationale udtryk, hvor de anden steds mangle". Hans Ross fann sidan at "maali i Vest-Telemark merkjer seg ut me sin rikdom paa ord, baade gamle og ny runne" (Vest-Telemaal, s. 42). Den same domen hev dei fellt, Werner Werenskiold, Ivar Mortensson, Arne Garborg, Rasmus Flo o. fl.

Fram or desse kvædi steig ikkje berre det gamle maalet, men heile den gamle kulturen: liv og tru, sed og skikk, kjærleik og von, hat og hemn. Kor like dei gamle islendske ættesogone er ikkje t. d. slike visor som Ivar Elison. Det er i alle maatar det gamle kjempelivet som stig fram. Ivar gjeng i prestskulen og mor hans sit heime og grunar paa hemn for mannen sin. Ho dyl sin harm og tegjer, men gløymer inkje; og daa ho hev røynt at sonen er av det rette to, so sender ho han hugheilt i striden. Ho misser aldri jamvegti, ho er samstundes fyllt av brennhug og ettertanke; ho vil ikkje vita av braaferd, men hemntanken brenn i henne som ein still og heilag loge. Ogso for Ivar er det den største stundi, daa han hev fenge lokka fa’isbanen etter seg og fær fellt honom. Hemnstundi er den største baade for mor og son, og i steinstova skjenkjer Eli mjød og vin, og Ivar og systrungane hans drikk og held fest attpaa storverket.

Men midt i alt det ville og harde og sterke i kjempelivet dirrar det i folkevisa som paa understrengjer av noko mjukt og mildt og kløkkjande fagert. Eldbjørg i "Tiarmann i Stokkholmen" vil gjeva gjesten mat for far hennar skuld; han laut vandra burt utan aa faa det heilage sakramentet, og no vigjer ho sitt liv til aa gjera gode gjerningar for hans skuld; ho gjev sjælegaavor for han. Og Aarolilja "ber ljos paa altarbor", daa Bendik skal døy, so dei kann taka til aa lesa sjælemessor for han med det same han hev teke paa siste ferdi. Her møter me katolicismen med sine gode gjerningar og sine sjælemessor. Og katolicismen, det er rette trudomen for menneski i folkevisone. Dei bed til "Gud aa Maria møy", og Maria er himmeldronning og byd den sæle velkomen til Himmerik (Olav aa Kari). Draumkvædet syng som med djupe orgetonar um livet etter dauden, um samsvar millom synd og straff, og millom god gjerning og løn, um helheim og himmel — alt i katolsk aand og med samanheng med andre katolske visionar. I visone "syng" dei sine messor og les sine "tider" paa katolsk vis. Rundt ikring i visone finn ein minne paa minne um katolicismen, denne aandelege stormagti i det millomalderlege livet. — Men det er ikkje berre det aalvorsame ved livet som visone skildrar. Gleda og sjølvkjensla millom kjempone i halli naar drikkelaget er i gang, er og skildra. Like eins gleda og den vonfulle lengt og drøyming ute paa leikvollen, der ungdomen samlast i den ljose sumarnatti, og dansen gjeng lett gjenom lunden, og dei spør um ikkje dagen munar uppunder lide. — Me møter dei ulike stand, helst storfolket, riddaren og hovmannen, jallssonen og kongssonen, og sjølve kongen; men ogso bonden, og bondedotteri som det er "vandelaust" aa faa for stormannen, og som han ikkje skal taka, naar han seg "ei onno kann faa".

Folketrui stig fram i visone, soleis som me kjenner henne fraa den norrøne bokheimen, og soleis som ho hev livt til vaar tid. Der er haugebonde og tun-tre, "hegnings-lindi undi borgeveggji", som ein ikkje maa røra; der er alvefolket med ringdansen sin, der er nykk og havfru, trollkjerring og draug, oskoreid, risar, gygr, jutul, bergekonge, lindorm, der er umskaping til hest, bjørn, lind osb.; der er ferder til Trollebotn og Skomehei’i eller Juskehei’i.

Naar det livet folkevisone skildra, hadde so forn ein svip og minte so forunderleg um det livet me møter i dei gamle norrøne sogone, var det greidt at dei bygde paa gamall grunn, og at kulturvoksteren aldri hadde vore broten. Men daa laag det nær aa spyrja: Er det ikkje ein litterær samanheng millom den gamle norrøne bokheimen og folkevisone? Ein samanheng ikkje berre i aand og tone og einskilde drag, men i heile soge-emne? Ein samanheng millom einskilde diktverk i norrøn bokheim og norsk folkedikting? Skulde ikkje sume av dei herlege dikt-skapnadene fraa norrøn tid ha havt evna til aa ganga inn i folkevisa og liva der til vaar tid? Skulde ikkje den storfellte livslagnaden aat sume av personane i vaar gamle historie ha teke folket so sterkt, at ogso dei hadde fenge sin folkevise-skald? Skulde ikkje det eventyrlege i mange av dei gamle fornaldarsogone nettupp ha vekt hugen hjaa skalden, som sat i den avstengde dalen, og i den myrke vettertidi drøymde um storverk og livde i strid med dei fælslege naturmagter?

Fra det gamle Telemark. Kleivi i Flatdal. Foto: John Meyer (1860-1940.)

Alt tidleg vart det peika paa eit og anna tilfellet, der det i folkevisone var samanheng med emne fraa den gamle bokheimen. Det er so at Telemarki er den einaste staden der det er funne folkevisor i nokor større mengd; men fraa andre landsluter høyrer me gjete, eller er det uppskrive einskilde visor, og det er nettupp i fleire av desse visone at granskarane fann emne fraa den gamle bokheimen. Eg reknar ikkje med sogevisor med emne fraa norsk millomalder; dei høyrer me gjete i 16de hdr. alt. Men ikring 1700 veit Torfæus aa fortelja um Hemings-visone, og at dei heng saman med den islendske Hemings-þáttr. Nokre aar etter fortel presten Jonas Ramus at dei i Norig syng ei vise um Aslaug kraaka. Det var likevel fyrst i tidi etter 1840, daa dei for aalvor tok til aa samla og granska den norske folkediktingi, at samanhengen millom norske folkevisor og norrøn litteratur, vart noko vidare aatgaadd. Daa i "vaar aandelege landnaamstid" som Moltke Moe hev kalla henne, var det som me vann atter det gamle maalet og den gamle soga. Den gamle tidi og det eldste i bondelivet stod i romantisk glans, og det laag ingen ting nærare enn aa prøva aa knyta nynorsk og gamalnorsk dikting saman. Og det prøvde dei daa og dei fyrste folkevise-utgjevarane: P. A. Munch, Jørgen Moe, M. B. Landstad. Det var med byrgskap desse mennene peika paa den litterære samanhengen med det gamle som visone bar vitnemaal um. Det hadde i lange tider set ut som den litterære traaden som batt den gamle tidi til den nye, hadde vore avbroten i fleire hundrad aar. Her viste det seg at det hadde vore ein samanheng i det dulde og stille, ein samanheng som ein kunde nytta til atterreising av ein norsk kultur. I 1846 viste Munch samanhengen millom visa um Asgárásreiðin (dvs. Sigurd Svein) og eddakvædi. I 1849 peika Landstad i "Norsk Tidsskrift" paa fleire tilfelle der visone synte samanheng med det gamle, og endaa sterkare gjorde han det i sine "Norske folkeviser" 1853. Jørgen Moe greidde ut um Hemings-visone i Folkekalender 1850. Seinare hev Sophus Bugge og Moltke Moe skrive um "Torsvisa" og ymse andre vise-emne, men nokor heilsleg og grundig utgreiding av heile spursmaalet: folkevisor og norrøne sogor er aldri gjevi. Mange av Landstads jamføringar er dessutan galne eller svært tvilsame — endaa det hender at han med forunderlegt diktar-klaarsyn hev set det rette, der andre ingen ting hadde funne. Daa Svend Grundtvig i 1853 tok til aa gjeva ut "Danmarks gamle folkeviser", kom spursmaalet ofte fram i verket hans, og sidan so mange visor er sams for Norig og Danmark, vart ogso mange norske visor dregne inn i etterrøkjingi. Men fleire av Grundtvigs utgreidingar leid under det skeivsynet at naar ei vise og ei soge hadde same emnet, so skulde det koma seg av at dei baae bygde paa "oldkvad" — samstundes med at han mest jamt sette visone for langt attende i tidi. Ein freistnad paa aa draga saman resultati av dei einskilde etterrøkjingane gjorde Carl Rosenberg i sin "Nordboernes aandsliv" II s. 452 ff., og han tek ogso upp spursmaalet um korleis samanhengen er, um det attum visone ligg kvæde eller sogor, um det er beinvegs eller umvegs samanheng. Imot Grundtvig kjem han til den endskapen at det oftast ligg prosaforteljingar attum visone, og han finn at fleire visor maa vera avleidde, "fordi de øjensynlig ere omdigtninger af ældre viser eller dog opstaaede ved fri benyttelse af personer og motiver hørende til saadanne" (s. 459). "I de fleste viser er sagnene saa forvanskede, at de endog maa være gaaede en god stund gennem mundtlig prosafortælling, før viserne gjordes" (s. 466). Ut ifraa ei gransking av det typiske ved norrøne fornaldarsogor kom Axel Olrik til det, at viking- og eventyr-sogone "danner grundstammen i Færøernes og Telemarkens folkeviser" (Nordisk aandsliv, s. 80). Han hev i Arkiv f. nord. fil. XIV, s. 84, rekna upp dei danske visone som gjenom norske visor gjeng attende til fornaldarsogone. I det siste hev ogso andre utlendingar t. d. Le Roy Andrews og Jan de Vries havt fyre seg einskilde visor.

Men endaa det soleis hev vore gjort mykje og godt arbeid, er me ikkje komne so langt paa veg som ein kunde venta. Granskingi hev vore for spreidd og slumpesam. Det vantar i stor mun fullnøgjande detalj-utgreidingar um dei einskilde visone, og berre gjenom ei sovori gransking av alle dei visone det her er tale um, vil ein kunna naa fram til ei trygg yversyn. Men det møter ei mengd med vanskar. Ein maa, som Olrik hev sagt, ved soga ikkje berre tenkja paa den skriftlege formi me no hev, men ogso paa den munnlege forteljingi som gjekk fyre; og det kann vera spursmaal um visediktaren kjenner sjølve den skrivne soga eller berre ei munnleg attforteljing av henne. Det kann ogso vera spursmaal um visediktaren røynleg hev kjent heile soga eller berre ein bolk av henne. Ein maa rekna med fleire versionar av soga enn den me no hev, med fleire stig i framvoksteren av forteljingi. Ein maa hugsa paa at det er likso mogelegt at soga byggjer paa visa som umvendt, og at baade soga og visa kvar for seg kann ganga attende til ei sams kjelde. Det vert spursmaal um visediktaren hev nytta andre kjeldor jamsides med soga. Og jamt maa ein hugsa paa at vise-teknikken er ein heilt annan enn soge-teknikken. Diktaren kann ha vore sjølvstendig og med vilje gjort avvik fraa soge-grunnlaget. Folkevise-diktarane hev i so maate kjent seg mykje friare enn rimur-diktarane. Likskap i hendingar kann alt fraa fyrste stund ha ført til jamlaging med andre visor. Denne jamlagingi vert større etter kvart, og her maa me hugsa paa at dei visone det serleg vert spursmaal um: dei norske og dei færøyske, hev livt uvanleg lenge paa folketunga fyrr dei vart uppskrivne. Dei var kjende innum so smaa landvidder (Telemarki, Færøyane), at det er endaa større grunn enn det plar vera til aa rekna med paaverknad av ei vise paa ei onnor. Spursmaalet: norsk eller islendsk? naar det gjeld sogone, og norsk eller færøysk? naar det gjeld visone, kjem til og gjer uppgaava endaa vandare[1].

So lenge fleire sidor av spursmaalet um samhøvet millom dei norske visone og den norrøne bokheimen slett ikkje er utgreidde, og framum alt: so lenge det ikkje finst nokor vitskapleg utgaave av dei norske folkevisone, vil det vera mest uraad aa taka fyre seg heile spursmaalet med ein gong. Her skal me taka upp ein av dei vigtugaste tættene: samanhengen millom trollvisor og fornaldarsogor (eller forteljingar som stend fornaldarsogone nær). Dei kvædi det daa serleg vert spursmaal um, er dei reine eventyrvisone, dei som fortel um blodblanding og samkvæme med jøtunverdi. Men so at etterrøkjingane um desse visone kunde koma i sin rette samanheng og ein kunde sjaa dei i sitt rette perspektiv, hev eg etterpaa gjeve ei yversyn yver dei andre visone som hev samanheng med norrøn litteratur, daa helst dei visone som byggjer paa romantiske sogor. Dei romantiske sogone gjev oss fastare utgangspunkt baade for tid og stad enn dei norrøne sogone. Visone um Torekall og Sigurd Svein hev eg halde utanfor, av di desse visone oftare hev vore utgreidde av andre, og dessutan av di dei vilde draga inn spursmaalet um samanheng med eddakvædi, eit spursmaal som, sovidt eg kann sjaa, ikkje er moge til løysing enno. Spursmaalet um samanhengen med fornaldarsogone berre, er likevel eit av dei vandaste som knyter seg til granskingi av dei norske folkevisone.

Fotnoter

  1. Eg skal med det same segja fraa at i denne boki er ordet litterær fleire gonger nytta um den fast utforma munnlege traditionen og Aasmund Frægdegjæva.