Norske trollvisor og norrøne sogor - Kappen Illugjen
| Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
|---|---|---|---|---|---|---|
| Denne teksten finnes på følgende språk ► |
Kappen Illugjen
av Knut Liestøl
Dette kapitlet er i det store og heile det same som mi utgreiding um "Kappen Illugjen" i "Syn og Segn" 1910, s. 269 ff., men fleire ting som ikkje høvde her er burttekne, og ein og annan staden er noko nytt sett til. Sidan tilfanget den gongen var sers vel gjenomarbeidt, og mine resultat i alle maatar samstavast med dei som Moltke Moe paa sin kant var komen til, hev eg ikkje funne grunn til aa taka heile emnet uppatt til ny gransking.
Den fyrste uppskrifti me hev av denne visa, er Jørgen Moes fraa 1847 etter tvo av dei beste visekvedarane i Telemarki: Bendik Sveigdalen i Skafsaa og Torbjørg Ripilen i Mo. I 1853 gav Landstad visa ut i "Norske folkeviser". Han hadde fenge henne av Bendik Sveigdalen, men hadde nytta nokre uppskrifter etter andre óg. I samlingane til Sophus Bugge er der fem oppskrifter etter gode visekvedarar i Vest-Telemarki. Moltke Moe skreiv opp etter Torbjørg Ripilen i 1889. Alle desse oppskriftene er fraa Mo og Skafsaa og alle samstavast godt, allvisst i dei fyrste tri fjordepartar av visa. Men paa slutten er det fleire avvik, so at um ein støyper alle oppskriftene saman, kjem ikkje siste luten til aa hanga godt i hop. Naar ein restituerar visa, er det difor best aa fylgja ei oppskrift og setja til det som høver inn og hev rett til aa vera med. Den formingi eg prentar her, held seg i det heile nær Bendik Sveigdalens version, men paa slutten hev eg i somt fylgt Bugges oppskrift etter Torbjørg Haugjen fraa Skafsaa:
- 1.
- Lite va ho Hillelite,
- kom burt ei jolenott;
- de va den gamle gyvremoire,
- ho stol henne burt so skjott.
- 2.
- Kungjen byggjer langskipi,
- aa mange hestar ringskor;
- same leitar paa langskipi,
- aa sume paa øyeskog.
- 3.
- Kungjen ligg i havi nor
- den lange jolenott;
- han fekk inkji varmen kveikje,
- fyr njoskji de va raatt.
- 4.
- Kungjen leitar mæ langskipi
- jolenotti den dyre,
- daa blei han var’e bjartan ellen
- nor unde hedderen lyse.
- 5.
- Aa de va danske konungjen,
- ropar han ut ivi sjaa:
- "Den som kann hente me bjartan ellen,
- han maa mi dottere faa."
- 6.
- Adde lutte hatto ne,
- aa ingjen tore svara,
- berre unge kappen Iddugjen
- han tottest inkji aa spara.
- 7.
- De va unge kappen Iddugjen,
- so tek’e han uppaa:
- "Eg sko hente de bjartan ellen,
- maa eg dotter di faa."
- 8.
- So for han oto skarlaksklæo,
- drog paa ein fillute flangji:
- "Denni tikjest meg go nok vera
- i troddehendar aa gange.“
- 9.
- De va unge kappen Iddugjen
- kliv e han bergje blaa,
- atte sto adde kungjens menn,
- dei undrast deruppaa.
- 10.
- Atte sto adde kungjens menn,
- dei undrast deruppaa:
- "Hossi kann du fotefesti
- i slette bergji faa?“
- 11.
- De va unge kappen Iddugjen
- kom so seint um kvelli;
- der sat den gamle gyvremoire,
- ho rota mæ nasann i elli.
- 12.
- Sat den gamle gyvremoire,
- daa ris ho upp fraa elli:
- "Hot æ de fyr eit kogabaan
- som kogar so seint um kvelli?"
- 13.
- "Den som kaddar meg kogabaan,
- den vi ette vóndom leite;
- men unge kappen Iddugjen,
- so vi denni guten heite."
- 14.
- "Eg æ send i bergji inn,
- eg lyt mitt maal framføre:
- eg sko hente bjartan ellen,
- fyr Herebjønn su paa Grøi."
- 15.
- "Du fær inkji bjartan ellen
- o min hedderen ut,
- førr du seie meg sanningje
- av addom dinom tru."
- 16.
- "Aar en din æ i hynno brei,
- du skipar utivi han elli;
- de sver eg eien av minom tru:
- han finst inkji slik i bergji."
- 17.
- "Nasann hev du som nautefjosi,
- enna heve du bratt;
- de sver eg eien av minom tru:
- kvort ori so seie eg satt.“
- 18.
- "De høyrer eg paa drengjen den
- at han æ huga paa møy;
- i nott maa du henne sova sjaa,
- i morgo sko du døy."
- 19.
- Ti so svor a ho Hillelite,
- uppi sengje ho laag:
- "De æ so Uti aa hugleggje
- berre ei einaste nott.“
- 20.
- De va kappen Iddugjen,
- han la seg mæ stokkjen ne;
- lite va ho Hillelite,
- ho tukka seg veggjen te.
- 21.
- De va aarli um morgonen,
- dagjen den ryr umkring,
- daa kom den gamle gyvremoire
- mæ kvossen soksen sin.
- 22.
- So tok ho kappen Iddugjen
- aa reiste’n upp aa endi,
- "Eg sko lære deg, unge dreng’e,
- ti sova so søtt mæ kvendi."
- 23.
- Ho treiv uti hass gule lokk,
- ho honom paa golvi slo;
- de va kappen Iddugjen
- han henne ’pi augo lo.
- 24.
- De va den gande gyvremoire,
- blei ho so fudd av græi;
- ho kastar honom i sengje upp:
- "Rekjist no der a bæi!"
- 25.
- [Ho sette luren fyr blogga munni,
- bles ho i mæ vreie;
- de høyrde Jorunn Joklekaapa
- nor linde Lyseheie.
- 26..
- De va kappen Iddugjen,
- han tok ti tutarhonn;
- søkkte han ne Jorunn Joklekaapa
- mæ adde hennes bonn.]
- 27.
- De va den gamle gyvremoire,
- ho va no so fudd av gje:
- "Eg sko meg av at attari hadde
- aa faa meg so stort eit le."
- 28
- Der blei brak i bergji daa
- mæ stuk aa mykji brestar;
- der kom hennes systanne sjau
- adde mæ ring skodde hest ar.
- 29.
- De va unge kappen Iddugjen,
- han va kji hot guten eine,
- han ynskjer seg Tor mæ tungum hamre,
- han gjore dei adde feige.
- 30.
- De va kappen Iddugjen,
- tek’e han ti sitt svær,
- han hoggje den gamle gyvremoire,
- ho falt i lytinne tvæ.
- 31.
- De va kappen Iddugjen,
- spring’e han bergji umkring,
- hoggje han hennes systanne sjau,
- 'at dei laag adde i ein ring.
- 32.
- [Han tok den gamle gyvremoire
- kastar œ haagt ’pi væ’i:
- "Sosso fer me kung jens karar,
- dei slite kungjens klæ".
- 33.
- Han tok den gamle gyvremoire,
- han gjore derav ein krakji,
- atte sto hennes yngste son
- han tore kji ori tala.
- 34.
- Heim kom kappen Iddugjen,
- aa kungjen fagnar ’n væl:
- "No maa du hava dotte mi
- aa land aa rikji ette meg."
- 35.
- De va kappen Iddugjen,
- han va slett inkji fælen,
- han tore hent’ atte Hillelite
- nor tinde troddeflæi.
- 36.
- De va kappen Iddugjen,
- va bæri hell are drengjir,
- no maa han sova mæ Hillelite
- baade væl aa lengji.
Daa Svend Grundtvig gav ut den danske visa "Hr. Hylleland henter sin Jomfru", DgF. 44, heldt han fram at ho hekk i hop med den norske visa um kappen Illugjen og med den færøyske um "Kappin Illhugi". Den danske visa finst i fem uppskrifter, alle fraa det 16de og 17de hundradaaret. Den eldste er i Karen Brahes vidgjetne foliohandskrift fraa ca. 1550. Av den færøyske visa er det tvo uppskrifter, baae fraa 1848. Desse visone fortel paalag det same som den norske, med nokre avvik, som me sidan skal koma inn paa. No kunde ein tenkja seg, at det var same segni, som dei paa ulike stader hadde teke og sett i viseform, og at ein paa den maaten kunde tyda baade likskap og avvik. Men um ein røkjer betre etter, finn ein at alle uppskriftene høyrer saman og gjeng attende til ei sams grunnform. Alle dei norske uppskriftene heng so godt i hop og er so like, at dei vert ein flokk for seg sjølve. Dei tvo færøyske uppskriftene er mest like eins. Av dei fem danske uppskriftene høyrer dei fire fyrste saman, men den femte stend i sumt for seg sjølv, so me fyrebils fær fire formingar av visa: den norske, den færøyske, dansk A—D og dansk E. Alle uppskriftene er i det same 4-lina verse-maalet; og um me samanliknar dei fire formingane, finn me at fleire vers er sams for dei alle saman, og mange er sams for tvo eller tri av dei fire flokkane. Mange rimord er eins, og i dei vigtugaste dragi ligg ordi og vendingane so nær einannan, at ein tarv ikkje vera i tvil um at alle variantane hev det same upphavet[1]
Um me set upp ei liste yver alle versi og samanliknar dei 4 flokkane med uppskrifter, syner det seg at det finst serlikskap millom sume av flokkane, men ikkje millom andre att. Den norske og den færøyske visa er like einannan i sume vers, som ikkje hev noko tilsvarande elles. Den norske hev:
- De høyrer eg paa drengjen den,
- at han æ huga paa møy ;
- i nott maa du henne sova sjaa,
- i morgo sko du døy.
Den færøyske hev:
- Tað sær eg á tær, lllugi
- tú hevur hug á moy ;
- í nótt skaltú hjá moynni sova,
- i margin skaltú doy.
Like eins er det med eit par andre vers. Den norske visa og den danske uppskrifti E hev fleire vers, som dei andre ikkje hev, t. d.:
- Kongen ligger paa havet ud
- den signed jule-dag;
- han kunde ikke ild paa skibet faa,
- for veden var altfor vaad.
Til dette verset svarar det norske:
- Kungjen ligg i havi nor
- den lange jolenott;
- han fekk inkji varmen kveikje,
- fyr njoskji de va raatt.
Elles stend den danske uppskrifti E so nær den norske formingi og ber so mange merke etter norsk upphav, at ho maa vera komi fraa Norig. Det saag Svend Grundtvig med ein gong; han segjer at ho "er aabenbart hentet fra norsk tradition". Ho hev det norske namnet "kappe" ("Lidel Kappe"), som svarar til kappe eller kappen Illugjen.
Paa fleire stader kann ein faa betre rim, naar ein set inn dei norske formene, f. eks. i det verset me nett hadde til døme paa serlikskap; der vert rimet rett, naar ein set inn dei norske formene natt og vått. — Men no heng den danske uppskrifti E nær saman med dei andre, og dei hev vers som ikkje hev noko tilsvarande i Norig og paa Færøyane t. d.:
- Det var da den lede viv
- tren over det døretræ:
- herr Hylleland kaste hende runer paa,
- saa stilled han hendes vrede.
Av dei fem danske uppskriftene likjest C og E mest paa einannan, med di dei hev nokre vers som er plent like, so C maa ogso hava norsk upphav. Det ser me greidt av at "diurren" (= gýgrin) er namn paa "den lede viv". Paa den maaten fløkjer alle dei danske uppskriftene seg so i hop, at ein i røyndi berre tarv tala um tri formingar av visa: ei norsk, ei færøysk og ei dansk.
I eitt av Norderlandi maa visa hava heime, og ei av dei tri formingane maa vera den upphavlege. Og no reiser det spursmaalet seg: kvar er visa komi fraa?
Men fyrr me kann granska det til fullnads, lyt me sjaa kvar visa hev fenge emnet fraa. Som alt Svend Grundtvig peika paa, heng visa saman med fornaldarsoga um Illugi Gríðarfóstri. Det av innhaldet som her kjem oss ved, er i hovuddragi so:
Kong Ring raadde i Danmark. Han hadde ei dronning, som heitte Sigrid, og med henne hadde han sonen Sigurd. Tett innmed kongsgården budde det ein bondegut, som heitte Illugi. Sigurd og Illugi var mykje saman og leika. Daa dei voks til, vart dei dugande menner baae tvo; men Illugi var likevel fremst i alt. So svor dei seg i fostbroderlag og for i viking. Dei kom til Vesterlandi og gjorde mange storverk; men daa dei skulde fara heimatt um hausten, kom dei ut i ein øgjeleg storm. Det var trauste karar, og dei greidde seg, men dei laut standa i austeren i aatte døger. Til slutt kom dei til Gandvik. Dei hadde ingen eld, det var kaldt, og dei var vaate, so dei fraus mest i hel. Daa sende dei Illugi i land; han skulde freista aa faa tak i varme.
I kveldingi kom han til ein heller og gjekk inn. So snart han hadde sett seg, kom det ei kaldleg trollkjerring. Ho hadde skjegg, men var skollut i hovudet; hendene var som ørneklør, augo grøne, panna bratt og øyro store, "enginn mátti hana kalla fríða". Illugi bad henne um eld, men ho svarar at den fær han ikkje, utan han vil segja henne tri sanningar, men um han det vil gjera, skal han faa sova hjaa dotter hennar. So kjem det fram ei gjente so ven, at Illugi hadde aldri set maken, og han vart hugteken med ein gong. Han lovar daa aa segja sanningane. "Helleren din er so høg og brei, at eg hev aldri set større og sterkare hus. Nosi di er so stor, at eg hev aldri set større bisn, og dotter di er venare enn du og det vil alle segja, som ser dykk." Med det svaret var gygri nøgd, og Illugi gjeng til sengs med dotteri. Men daa dei hev lege ei liti stund, kjem gygri og rykkjer Illugi fram paa sengestokken, svingar eit sverd og fer som ho vil hogga hovudet av honom. "Korleis kunde du tru, at eg vilde tola at du kjæler dotter mi; nei, du skal døy med ein gong!" Men Illugi fæler ikkje: "Eg hev aldri vore rædd, og eg kom til helleren din av di det var so lage, og ingen døyr meir enn ein gong." Daa slepper gygri honom attende i sengi. Dette hender tri gonger. Den tridje gongen lær gygri av glede, og segjer at no hev Illugi berga henne or ein stor trolldom; og ho fortel honom livssoga si. Ho heitte Signy og var kongsdotter, fortalde ho, og vart gift med ein konge, Eirik. Med honom hadde ho dotteri Hild.
Eirik fall i vesterviking og Signy vende attende til far sin med dotteri. Mor til Signy døydde, og kongen gifte seg att med Grimhild; "ho var fager aa sjaa til, men i røyndi var ho den største trollkjerring". Um ei stund drap ho kongen, og skapte Signy um til ei gygr, og sende henne og Hild nord til Gandvik. Der skulde Signy jamt slaast med dei 7 halvsysterne sine, som alle saman var stygge trollkjerringar. Ho skulde aldri verta frelst, fyrr ho raaka ein mann, som ikkje ræddest sverdet hennar. No hadde ho vore i helleren i 11 aar og drepe 16 mann. Daa ho hadde fortalt denne soga, kom dei 7 systerne og tok paa henne. Men Illugi hjelpte Signy og drap dei allesaman. So fór dei attende. Signy vart gift med Sigurd kongsson, og Hild med Illugi. So er soga ende.
Det er lett aa sjaa at det maa vera beinvegs samanheng millom soga og visa. Sidan me alt hev synt at alle viseformingane gjeng attende til ei sams grunnform, kann me taka døme fraa kva variant me vil. Namni er dei same i soga og visa. I soga heiter kjempa Illugi, i færøyvisa Illhugi eller Illhugur[2]. Den norske visa hev den bundne formi av namnet Illugjen, eller, som det heiter i vest-telemaalet, Iddugjen. I den danske visa er det forvendt til Hilleland eller Hylleland; men i oppskrift E er, som me alt hev nemnt, tilnamnet sett i staden for det rette namnet, so kjempa vert heitande "lidel Kappe". Hildr i soga heiter Hildur eller Hilda i færøyvisa og Hilleliti eller Hel(l)eliti (den vesle Hild) i den norske, Hillandsborg i den danske uppskrifti A og Euerllin i E. Oby eller Abo kongen i den danske visa er Ali kongr, far til Signy i soga. Herebjønn i den norske visa er kann henda Bjørn i soga. Han var raadgjevar for kongen, var med paa vikingferdi, og er den som fær Illugi til aa henta elden. — Likskapen syner seg ogso i forteljingsdragi og mest i dei vigtugaste: møtet med gygri i helleren, dei tri sanningane og den maaten Illugi bergar seg og kongsdotteri paa. Illugi segjer seg viljug til aa henta elden. Soga hev: "en gjarna skal ek at eldi leita, ef várum mynnum má gagn at verða". Visa segjer:
- Mælte det lidel kappe,
- han var i orden vel snild :
- "Jeg vil fare til jættens land
- og hente os troldens ild."
Soga fortel: "No ror han aaleine burt fraa mennene sine og gjeng i land." Visa hev:
- Det var lidel kappe
- satte sig i en lid en baad
og:
- Illugi læt at landi leggja
- gekk frå strondum eina.
Landskapet er det same i soga og i den norske visa. Det heile gjeng fyre seg paa ei bratt bergstrand ved sjøen, medan kongen ligg utpaa og ventar. Baade soga og visa segjer at Illugi kjem til helleren um kvelden: "... kemr í hellirinn; þá var komit kveld". Visa hev:
- De va kappen Iddugjen
- kjeme so seint um kvelli.
Gygri er skildra like eins i soga og i den norske visa. Soga segjer: "han totte det stod som eit uvér eller ein storm or nosi hennar", og det stend at "augu hennar våru græn en ennit brattu, I visa segjer Illugi:
- Nasann hev du som nautefjosi,
- enna heve du bratt.
Daa Illugi spør etter elden, svarar gygri i soga: "Ingen eld fær du av meg, utan du segjer tri sanningar" (sannyrði). Visa hev:
- "Du fær inkji bjartan ellen
- o min hedderen ut,
- førr du seie meg sanningje
- av addom dinom tru."
Den eine danske uppskrifti segjer:
- Svared da den lede trold,
- og saa tog hun oppaa:
- "Du skal først sige mig sandord tri,
- saa maa du ilden faa."
Dei tvo fyrste sanningane er dei same i soga og visa. Den fyrste sanningi i soga er so: "Hellir þinn er hár ok breiðr, at ek heli eigi séð hús meira né sterkara." I visa:
- Aaren din ae i hynno brei,
- du skipar utivi han elli;
- de sver eg eien av minom iru:
- han finst inkji slik i bergji.
I soga er den andre sanningi so: "nosi di er so stor at eg hev aldri set større." Visa segjer: "nasann hev du som nauteijosi" eller som den danske visa hev det (E 20):
- en slemmer næse jeg aldrig saa
- end du roder med i brande.
Den tridje sanningi um at kongsdotteri er venare enn gygri, vantar i visa; men at ho hev vore der, kann me skyna av det nLeste verset; for der segjer gygri:
- "De høyrer eg paa drengjen den
- at han æ huga paa møy."
- so Illugi maa ha nemnt kongsdotteri paa eikor vis. Hild, kongsdotteri, er stur og sutfull um kvelden, og soga segjer "hon gerir ongva gleði af sér“. Det same hev færøyvisa:
- Tað er Hilda, kongins dóttir
- tók so sárt at grata.
So fortel soga at gygri kjem: "ho triv Illuge i haaret og rykkjer honom fram paa sengestokken, men med hi handisvinga ho eit bjart og ovkvast sverd og vil hogga hovudet av honom. Men Illuge laag still og rørde seg ikkje eingong." Visa segjer:
- Daa kom den gamle gyvremoire
- mæ kvossen soksen sin.
- Ho treiv uti hass gule lokk,
- ho honom paa golvi slo;
- de va kappen Iddugjen,
- han henne ’pi augo lo.
Baade i soga og i visa trugar ho honom; men daa han slett ikkje vert rædd, segjer soga: "kastar Gríðr honum aptr" og visa fortel "ho kastar "en upp i sengje atte". Daa ho tridje gongen hev prøvt aa skræma honom, segjer ho i soga: "Du ræddest ikkje nokon ting. No skal eg gjeva deg livet og Hild, dotter mi, med; men’ likevel fær eg aldri lønt deg for di velgjerning." Visa hev (dansk E, v. 35):
- Jeg ser vel Kaape hin dyre
- at du er ikke ræd;
- ti giver jeg dig baade guld og fe,
- dertil stolten Euerllin.
I den danske og den færøyske visa finn gygri fram gode eigneluter og fylgjer Illugi og kongsdotteri til baaten. Soga segjer: "Etter dette fylgjer Grid deim til baaten hans Illuge, og ho gav deim gull og mange dyre eigneluter."
Som me her hev set, er det ikkje berre i dei store dragi at likskapen syner seg. Ordlagi i soga og visa er tidt dei same dessmeir. Ein kunde peika paa endaa meir som er likt; men det me her hev halde fram, er meir enn nok til aa syna at visa beinvegs heng i hop med soga.
Samanhengen er audsynt. Men det stend att aa finna kva er det upphavlege anten soga eller visa. Svend Grundtvig meinte at soga "utvivlsomt grunder sig paa en gammel vise, der vel i sagaen kan være bleven noget udsmykket, men som vi dog kjender igjen baade i denne vor danske vise, i en færøsk og en norsk."
Me hev alt synt at visa i grunnen er ei, og at alle uppskriftene maa gaa attende til ei sams grunnform. Det viser seg ogso av det, at alle uppskriftene hev sume drag, som ikkje finst i soga. Desse avviki fraa soga maa grunnformi ha havt. For det fyrste hev me det avviket, at gygri ikkje er mor til Hild, men hev stole henne or kongsgården ei jolenatt. Dinæst at kongen, far hennar, ligg paa leiting etter henne. I sume uppskrifter av visa gjeng Illuge til helleren, av di kongen lovar honom dotter si, um han vil henta elden. I andre uppskrifter høyrer me ingen ting um elden. Illuge skal berre leita etter dotteri, og um han finn henne, skal han faa henne og halve kongeriket.
Um ein granskar desse avviki, skynar ein at det soga hev, maa vera det upphavlege. Ein kann tyda all ulikskap, um soga er eldst, men ikkje, um visa skulde vera det. Heile den lange fyresoga med ei heil rekkje med personår og ei mengd med hendingar (umskapingar, vikingferder m. m.) høvde ikkje med folkevisa. Alle smaadrag og alle uvigtuge menne laut ut. I staden tok diktaren inn det aalmenne draget um den burtstolne kongsdotteri og kjempa, som fer paa leiting etter henne. At trolli er aa vange i joli og stel folk eller drep dei, er vanlegt baade i folkevisor, segner og eventyr[3].
Det kunde lett gaa fyre seg, at det vanlege motivet um den burtstolne kongsdotteri kom inn i visa. Soga hev at Illugi kjem til ei gygr i ein heller, og at han kjem att med ei kongsdotter. Kva kunde daa falla laglegare enn aa setja at gygri hadde stole kongsdotteri? At trolli tek kongsdøtter hadde diktaren so mangt eit døme paa. So slapp han aa fortelja den lange fyresoga. Kongen som er med Illuge vart halden for far til kongsdotteri i helleren, og daa var det mest sjølvsagt aa tenkja seg at naar han fyrst var nord i Trollheimen, so var det for di han laag paa leiting etter henne.
Men daa kom tvo motiv til aa støyta saman: alle leitar dei etter kongsdotteri, men Illuge faer dessutan ei serleg sendeferd: han skal leita etter eld. Kjempa som skal vinna att kongsdotteri og verta gift med henne, finn henne ikkje beintfram for di han leitar etter henne, men ved eit tilfelle, for di dei kjem til aa vanta eld. Dette dubbelte eller samansette i motivet for ferdi maatte ut atter. Endskapen maatte verta at det nye motivet, motivet for heile ferdi: aa Anna kongsdotteri, maatte trengja undan motivet for den serlege ferdi: aa henta eld. Kongen maatte beintfram senda kjempa paa leiting etter kongsdotteri. At framvoksteren røynleg hev vore soleis som her er skildra, fær ein i alle maatar fullgildt prov for, naar ein granskar variantane.
Draget um elden og draget um den burtstolne kongsdotteri møtest og gjer visa uklaar.
Den upphavleg norske uppskrifti i Vibeke Bilds visebok fraa 1630 (dansk E) stend soga nærast. Her skal lidel Kappe henta eld i "jættens land", og kongen lovar honom "slotte og len" um han greider det. Daa han kjem inn i helleren, finn han kongsdotteri som "trolden" hadde stole. I den færøyske visa lovar kongen kostesame ting til den som kann henta elden, men nemner samstundes dotteri og segjer at gygri hev teke henne. Medan Illugi er i land, ligg kongen og ventar paa dotteri; men me fær ikkje greide paa, korleis han kann vita at ho er i helleren. — I den norske visa lovar kongen dotter si til den som kann henta elden. I sume uppskrifter nemner han ikkje elden, men segjer berre at
- "den som kann hente att Hillelite,
- han sko visst henne faa."
Likevel er elden nemnd i fyrevegen, og daa Illugi kjem til helleren, er ærendet hans aa henta eld. Heller ikkje kann me skyna, korleis kongen so radt kann lova burt dotter si til den som vil henta elden, naar gygri hev teke henne, og han ikkje veit kvar ho er, men nett held paa og leitar etter henne. Slik ugreide hev det ført med seg, at det nye draget trengde seg inn. — I 4 av dei 5 danske uppskriftene hev det nye vunne heilt fram og trengt undan det gamle, so kjempa berre skal henta kongsdotteri, og me høyrer ingen ting um elden. Det nye hev sigra og skapt klaarleik ein gong til.
Me kann soleis fylgja, stig for stig, korleis det nye, det aalmenne hev trengt seg inn og skuva undan det gamle, det sermerkte. Vise-formingane sjølve syner oss korleis emnet hev brigda seg fram igjen om tidi. Heile framvoksteren peikar attende mot det soga hev. Alt det soga hev, kunde Ikkje høva i visa; men alle forteljingsdragi i visa kunde høva i soga, so det var ingen grunn til aa gjera brigde.
Etter dette maa soga vera det upphavlege, og me kann koma attende til spursmaalet um kvar visa er dikta.
Me hev alt nemnt at tvo av dei danske uppskriftene (C og E) tvillaust er norske. Men sidan desse tvo uppskriftene heng so vel saman med dei tri andre, at alle dei danske uppskriftene vert ein flokk for seg sjølv, kjem me til det, at den danske formingi av visa fraa fyrsten var norsk. Visa maa daa anten vera dikta i Norig, eller og maa Norig vera millomleden millom Færøyane og Danmark.
Um me samanliknar den norske og den færøyske visa, ser me at færøyvisa i sume ytre smaadrag hev halde uppe minne fraa soga, som me ikkje hev i den norske visa. Men sumt av det som den norske visa no hev gløymt, finn me att i dei danske uppskriftene, som er komne fraa Norig, so ho maa ein gong ha havt det. Elles er færøyvisa utvatna og avbleikt, og den som æstetisk hev minst verd av alle formingane. Sume av dei vigtugaste dragi er utmaadde, medan andre og uvigtuge er tøygde ut med uppatt-takingar, so dei vert urimeleg lange. Spursmaalet til kongen um kven vil henta elden, og Illuges svar tek berre tvo vers i den norske visa, men aatte i den færøyske. At Illugi søv hjaa Hild, fortel den norske visa i tvo vers, den færøyske i ni. Det um dei tri sanningane er heilt burte i færøyvisa.
Men den norske visa hev halde uppe den rette daamen, som ho hadde fraa soga. Me finn att det ville berglandet, den myrke kalde jolenatti, den typiske jøtunskildringi. Dei 3 sanningane er dei same og radar seg etter einannan like eins som i soga. Og so hev den norske visa merke etter eit vigtugt drag, som dei andre heilt hev gløymt. I soga stend det at styvmori til Signy hadde 7 døtrer, som alle var like mori og store trollkvende. Dei kom kvar dag til helleren og slost med Signy. Daa ho hadde fortalt soga si for Illugi, kom dei og tok paa henne. Men Illugi hjelper Signy og høgg til dei baade tidt og hardt og fær til slutt drepe dei allesaman. Visa hev det same, men umforma, so det kunde høva med det andre:
- Der blei brak i bergji daa
- mæ sluk aa mykjt breslar;
- der kom hennes systanne sjau
- adde mæ ringskodde hestar.
- Aa de va kappen Iddugjen,
- spring’e han bergji umkring;
- hoggje han ti hennes systanne sjau
- at dei laag adde i ein ring.
Det syner seg soleis at den norske visa hev halde best paa det gamle, allvisst i dei vigtugaste dragi. Heile visa hev ein norsk svip og høver sers godt inn i den norske krinsen av kjempevisor, so det er det trulegaste at ho er dikta i Norig, og at den færøyske formingi er ein renning paa den norske rot.
Paa slutten samstavast ikkje viseformingane med einannan. Dei brigdi som er gjorde til slutt, er anten ein konsekvens av dei brigdi som er gjorde i fyrstningi, eller og tildiktingar, som høver med folkevise-diktingi i det heile og med aandi i dei segnene, som det her er tale um.
Den norske visa fortel paa slutten um striden med "gyvremoire" og døtterne hennar. Det er greidt at so snart gygri ikkje lenger var eit forskapt menneskje og mor til gjenta, men eit vanlegt jøtunkvende, maatte det falla av seg sjølv at dei ikkje kunde faa kongsdotteri fraa henne godviljugt. Det er vanlegt i slike segner, at ein lyt stela kongsdotteri, medan gygri er burte; er ho til stades, lyt ein slaast med henne. Det siste hev dei valt her, truleg av di det alt i soga var tale um strid. Um basketak med jøtnar i hellerar er det fortalt mange stader baade i fornaldarsogor og folkeviser. Striden i visa endar paa vanleg vis, og fleire vers er dei same eller likjest paa vers i andre kjempevisor.
Det som stend i v. 25—26 um lurblaasteren og Jorunn Joklekaapa, hev kome inn fraa visa um "Gauklandskongjen og ungan Herredag". Me finn t. d. i ein version fraa Tuddal:
- Dæ va kongen av østlondo,
- han bles uti luen mæ vreie,
- dæ hørde Joronn Joklekaapa,
- nola fyri heie.
- Dœ va Joronn Joklekaapa,
- ho stullrar slakko ne,
- dæ va Sigul aa Herredag
- dem sekt’o paa havi ne.“
I Herredagsvisa høyrer desse versi heime, men ikkje i "Kappen Illugjen".
Heile forteljingi um striden vantar i den danske og den færøyske visa. Men dei fortel baae at gygri gav Illuge og Hild gode gaavor, daa dei for. Dette draget hev soga og, so det hev venteleg vore i grunn-formi av visa, allvisst sidan det er so vanlegt eit drag, at kjempa fer ut or berget med store skattar.
Den danske visa skil seg fraa dei andre i det, at Hylleland ikkje vinn paa gygri ved djervskapen sin, men ved runer, som han kastar paa henne. Dette er eit drag som hev kome til i Danmark, der dei hadde so mange runevisor. Draget um runene stend noko laust i visa, og ein kann sjaa korleis det trengjer seg inn. I ei uppskrift (E) stend det beintfram ved sida av det gamle. I tvo andre (A og B) høyrer me fyrst ingen ting um Illuges djervskap; men sidan gjev gygri honom "guld hin bjarte", "for I haver manddoms hjarte". Men i dei andre uppskriftene bergar Illuge seg berre med runene.
Fotnoter
- ↑ Døme paa likskapen skal me faa sidan, naar me gjeng igjenom samanhengen millom variantane.
- ↑ Den shetlendske visa um Hildina hev namnet (H)illuge. Men elles er det berre reint aalmenne likskapar millom Hildinakvadet og Kappen Illugjen. Sjaa Hægstad: Hildinakvadet, "Syn og Segn“ 1901 s. 1 ff. og Knut Rage: Hildinakvadet
- ↑ Sjaa mi utgreiding um "Jøtnarne og joli" i Maal og Minne 1911, s. 192 ff.