Ordtakskvadet

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Original.gif


Skaldekvad


Ordtakskvadet

omsett frå gamalnorsk
av Solfrid Vestli
© 2003


2.
Eg er inga sladrerotte,
om eg gode grunnar åtte,
(men eg kan å dikta spott)
det veit alle saman godt;
og eg liknar folket mitt,
jamvel om eg diktar blidt;
ein må kunna rada rett,
og det fell meg ganske lett.

3.
Tre manns løyndom lek til hopen,
det vert verst for lausmunnskopen,
ikkje berre ein fekk læra,
nei det måte mange gjera;
sladder kan du støta på,
det er lov å spotta då,
(frodaugd likna sjølve seg )
slik ho for med stakkars meg.

4.
Vreide menn bør bruka vitet,
bråket blussar lett av lite,
skapt vart hunden til å gøy,
eg vil tala lett på skøy;
verre tankar har eg ått,
mest som eg var veik av sott,
jamt den spreke fagnar fe,
ser at han er frisk på det.

5.
Småting gjev den unge gaman,
suten fer når folk kjem saman,
åst skal ingen stykborn få,
inderleg vil blinde sjå;
hardt og sterkt er høvdingord,
drakar hever seg på spord,
dug treng særleg den som styrer,
det er kvekk í froskemyrer.

6.
Frægd skal folkets førar gjeva,
fjernt frå farken bør ein leva,
sverd gjev jarlar vald i verda,
båra vaskar ytterskjæra;
ymse menn fer farleg fram,
(vårvisst flekkjer ormen ham)
Det går best for grublingsfrie,
bjørnens natt er lang i hiet.

7.
Bjarkis hjarte var som stein,
Störkuðr felde mang ein svein,
(greidde ei å kvila stille),
Hrómundr var guten gilde;
dei fann ingen overmann,
Eljarnir var tru og sann,
stakk i sveitens elefant,
slikt er manndomsrøyne sant.

8.
Banen venta alle vel,
Brandingi sov beint i hjel,
Mardölls gråt var gild og svær,
ein vert glad der glad mann er;
Ásmundr- Gnóð var ute titt,
sjølv mol Þjazi gullet sitt,
hjørnet skov ein son av haug,
her er mang ein emnedraug.

9.
Frigg bar sorg i andletsdraga,
av ei storslekt var han laga,
Hermóðr ville auka alder,
Éljúðnir fekk sluka Baldr,
alle gret dei over han,
og på låtten settest bann,
velkjent er den mannens saga,
eg treng ikkje emnet jaga.

10.
Styrst er alltid eige mein,
semja krevjer fleir enn ein,
mang ein odde er i verda,
men han tru mot to må vera;
ovstrengt dømer ingen seg,
(sånt kan saktens skje med meg),
hjelpa sjøl om det vert strid,
slikt vil ingen blandast i.

11.
Steva skal eg smi av stål,
eg har brukt eit stuttmælt mål,
ellers vert mitt kvad som ramsar,
mesta som eg kasta kamsar.
Slikt var ikkje skaldskap føre,
samen trolla tankar øre,
solbjart fann han Haraldr ho,
her vert døma mange no.

12.
Menn finn skipets rom for små,
mannens hug er stygg å sjå,
tungas tannsårssans er stor,
vårleg is har sjeldan spor,
veldig få har nok med "Eg",
ingen sein skal skunda seg,
mannens verk skal ryet rå,
eg veit vel koss somt vil gå.

13.
Den som sless mot sjø vert arm,
Sørle sprengdest ut av harm,
våger syng i stilla og,
fått vart verre, fekk eg rå;
mykje gods vil mange få,
stuttbeitt er ein mjukjarnsljå.
Kvadet mitt er svart og kvitt,
lang er kongens morgon titt.

14.
Litt for brått vert mykje gjort,
det bryr ingen berserk stort,
seint let somme sverda falla,
slett og godt vert rådet kalla.
Slikt var ikkje skaldskap føre,
samen trolla tankar øre,
solbjart fann han Haraldr ho,
her vert døma mange no.

15.
Grannelaus kan synast rik,
det spring mang ein sladresnik,
ørsmått leitast alltid mest,
fredblidt folk er oftast best;
alt for fort må livet gå,
verre ting enn troll er få,
klok manns ord kan stå mot alt,
bjørnen har det aldri kalt.

17.
Lite sjåast som det er,
slikt er kjent for folk med stær,
også vondt er godt å få,
det veit dei med manken grå.
Slikt var ikkje skaldskap føre,
samen trolla tankar øre,
solbjart fann han Haraldr ho,
her vert døma mange no.

18.
Etter evne bør ein leva,
slu er gamle reveteva,
full av knep ho mora seg,
mest slik Rannveig var mot meg;
sut får kvar ein svikar femna,
ingen veit før alt er hemna,
lett vert mannen gift med dame,
mennesket er støtt det same.

19.
Stutt vil støtt ein skamklipp vara,
solblank fryd er det å fara;
ei skal varslar skylda bæra,
somme menn står att i fjæra,
raskt er harmen klar til verk,
manga kallar hardver herk,
ingen seg for alt kan spara;
for sin slutt må alle svara.

20.
Elskhugsmenn er laga så,
at dei berre ei kan sjå,
(slikt sagt i kjærleiksdikt)
sjøl ein vis vert yr av slikt,
Slikt var ikkje skaldskap føre,
samen trolla tankar øre,
solbjart fann han Haraldr ho,
her vert døma mange no.

21.
Ingen ofrar gleda si,
folk frys støtt i stormen stri,
daud manns saker sørgjer mest,
ein skal kjøpa mager hest,
lett vil våer lyfta sverd,
syner dine veners verd,
stortaug vart om Fenris lagt,
det er styggsterkt, var meg sagt.

22.
Ordven er den gode mann,
Odin var var ein stridsmann sann,
egga kongane i saman,
ei har eg av ufred gaman;
han har hell som snarer ser,
godt går den som varleg fer,
best å sitja nøgd med sitt,
svartflekkut er kvadet er mitt.

23.
Jamt den sterke styrar mest,
spreke menn gjev ravnen fest,
Unge menn har nok av flaks,
ingen kar er vaksen straks;
alle veit at forntre fell,
ulvar fer i saufell,
andres feil er lett å sjå,
lagnadsett er dauden og.

24.
Ingen klagar annans mein
(eg er ikkje talesein)
verda skal visst endra seg,
berre få vil tru på meg;
tynt vert han som lite kan,
ingen treng å trøysta mann,
og eg vil nok tru for visst,
veret tek vårt land til sist.

25.
Dømd manns råk er sjeldan frosen,
etter år vert frua kjosen,
somt er veldig lett å sjå,
manges val er små og få;
vondt den naselause budde,
no kjem sånt som ingen trudde,
(var vel best om eg tei stille),
snill går godt og slem går ille.

26.
Rangsnudd mann held hardt på sitt,
hell og uhell skiftast titt,
ei er blind manns bitar like,
harmen gjer deg bleik som liket;
ein skal få det annan tapte,
sløg er Mikkel snuteskafte,
opp og ned vil floa flyta,
fort vert galten dømd i gryta.

27.
Gyllen orm eig brennheitt bol,
bjartast skin i heidet sol,
skire glaset er eit under,
bylgjer fell frå skjær med dunder;
kvar ei elv vil havet nå,
tyngst for mannen er hans trå,
føre var bør alle vera,
kvar ein ting vil ingen gjera.

28.
Ein kan skoda det som gjekk,
smil din nestes sinne vekk;
Ljost eg er ser koss noko går,
lettast lurast dumme får,
ikkje tru ein svikmælt mann,
gjer eit bedre val enn han,
trøst den mann som tregast fælt,
titt vert alt for mykje mælt.

29.
Mange kjem til meg og spør,
det vert mælt bak kvar ei dør,
ingen ser kven skalden er,
han kan vera alle her,
det å spyrja rundt er dumt,
sinnet mitt er vrangt og stumt,
ikkje er den slutten ill,
æra går til den som vil.

30.
Styrlaust har eg slunge saman,
så eg kunne få litt gaman.