Soga um Inge

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Inge

[1136—1157]

1. Dronning Ingerid og lendmennane og den hirdi som kong Harald hadde havt, raadde seg til aa senda ein lett farkost nord til Trondheim til aa segja tidend um at kong Harald var fallin, og at trøndine skulde taka til konge Sigurd, son til kong Harald, som daa var der nord og vart uppfostra hjaa Saada-Gyrd Baardsson. Dronning Ingerid fór strakst aust til Viki; ho hadde med kong Harald ein son, Inge, som var til uppfostring der i Viki hjaa Aamunde, son hans Gyrd Lag-Berseson. Daa dei kom til Viki, stemnde dei Borgarting[1], og der vart Inge tekin til konge; han var daa paa de andre aare. Aamunde og Tjostolv Aaleson og mange andre store hovdingar var med i raadi. Daa de kom tidend nord til Trondheim um at dei hadde teki live av kong Harald, tok dei Sigurd, son til kong Harald, til konge der, og Ottar Birting, Peter Sauda-Ulvsson[2] og brørane Gutorm Aasolvsson fraa Rein og Ottar Balle og mange andre hovdingar var med i raadi. Mest heile folke gav seg under desse brørane, og mest for di at far deira gjekk for aa vera heilag; og lande vart tilsvori deim, soleis at de ikkje skulde gjeva seg under nokon annan mann, so lengi nokon av sønine til kong Harald var i live.


2. Sigurd Slembedekn fór nord um Stad; men daa han kom til Nordmøre, var de alt komi fyri honom brev og jartegnir fraa dei hovdingane som hadde gjengi under sønine til kong Harald, so der fekk han korkje fagning eller hjelp. Daa han sjøv hadde lite folk, raadde han seg til aa stemna inn til Trondheim, av di han alt fyriaat hadde sendt bod inn der til venine sine og til venine hans Magnus, som dei hadde blinda. Daa han kom til kaupangen, rodde han upp i Nid, og fekk landtoge i land ved kongsgarden; men dei laut strakst røma undan, daa heile folke var imot deim. Sidan lagde dei aat ved Holmen, og der tok dei Magnus Sigurdsson ut or klostere fraa munkane, mot deira vilje; han var alt vigd til munk. De er fleire som segjer at Magnus var med godviljug, og at dei sagde noko anna til aa bøta paa saki hans. Sigurd vona at han no skulde faa meir mannskap, og so gjekk de og. Dette var strakst etter [1137] jol, og Sigurd og fylgje hans fór ut etter fjorden. Sidan kom de fleire etter, Bjørn Egilsson, Gunnar fraa Gimsar[3], Halldor Sigurdsson, Aaslak Haakonsson og brørane Benedikt og Eirik og den hirdi som fyrr hadde vori med kong Magnus, og mange andre. Dei fór sør framum Møre med denne flokken og alt ned til Raumsdals-mynne[4]. Der skifte dei mannskape millom seg, og Sigurd Slembedekn fór vest yvi have strakst um vetteren, men Magnus fór til Upplandi, daa han venta seg mykje hjelp der, og de fekk han og. Han var der um vetteren og heile sumaren etter og hadde mykje folk. Men kong Inge fór imot han med mannskape sitt, og dei møttest ein stad som heiter Mynne[5]. De vart eit stort slag der, og kong Magnus hadde meir mannskap. Dei segjer at Tjostolv Aaleson bar kong Inge i kappa, medan slage stod paa, og at han gjekk under merke, og Tjostolv kom i stor naud av arbeide og striden, og folk segjer at daa fekk kong Inge den vanhelsa som han hadde all si tid sidan, at ryggen knytte seg ihop, og at den eine foten var stuttare enn hin, og so veik, at han var ikkje vidare gangfør, so lengi han livde. Daa snudde mannfalle seg mot mennane til kong Magnus, og fremst i fylkingi hans fall Halldor Sigurdsson og Bjørn Egilsson og Gunnar fraa Gimsar og ei heil mengd av mannskape hans Magnus, fyrr han vilde fly eller rida undan. Dette fortèl Kolle. Magnus flydde derfraa aust til Gautland, og so til Danmark. Paa den tid var jarlen Karl Soneson i Gautland; de var ein megtug og grisk mann. Magnus Blinde og mennane hans sagde, kor dei raaka paa hovdingar, at Norig vilde liggja til reide, um nokre store hovdingar vilde prøva paa og taka de, daa de ingin konge var yvi lande, og at lendmennane hadde styringi yvi rike der, og at av dei lendmennane som var dei fremste i styringi var den eine uforlikt med den andre av ovundsykje. Daa no Karl jarl var grisk etter magt og gjerne lydde paa fyriteljingar, samla han folk og reid vest til Viki, og mange folk vart so skræmde at dei gjekk under han. Men daa Tjostolv Aaleson og Aamunde spurde dette, fór dei imot han med de mannskape dei kunde faa, og hadde med seg kong Inge. Dei raaka Karl jarl og gauteheren aust paa Krokaskogen[6], og der heldt dei slag att, og kong Inge vann. Der fall Munaan Ogmundsson, morbror hans Karl jarl. Ogmund, far hans Munaan, var son til jarlen Orm Eilivsson[7] og Sigrid, dotter til jarlen Finn Arneson. Aastrid Ogmundsdotter var mor hans Karl jarl. De fall mange paa Krokaskogen, men jarlen flydde austetter ut or skogen. Kong Inge forfylgde deim austetter alt ut or rike sitt, og dei hadde stor skam av denne ferdi. Dette fortèl Kolle.


Wilhelm Wetlesen: Slage ved Mynne.


3. Dermed fór Magnus Blinde til Danmark til kong Eirik Eimune, og vart godt mot-tekin der. Han baud seg til aa fylgja Eirik til Norig, um han vilde fara med danaheren til Norig og leggja under seg lande, og sagde at naar han kom med ein herstyrke, var de ingin mann i Norig som torde skjota eit spjot imot han. Kongen lét seg telja til og baud ut leiding og fór med 600 skip nord til Norig, og Magnus Blinde og mennane hans var med danakongen paa denne ferdi. Daa dei kom til Viki, fór dei tolleg fredsamt og rolegt aat paa austsida av fjorden, men daa dei kom med floten til Tunsberg, var de ei stor samling av lendmennane til kong Inge der. Vatnorm Dagsson, bror hans Gregorius, førde deim. Der kunde ikkje danine koma i land og ikkje henta vatn, og mange av deim vart drepne. Daa heldt dei inn etter fjorden til Oslo, og der var Tjostolv Aaleson. De er fortalt, at dei vilde bera skrine til den heilage Hallvard[8] ut or byen um kvelden, og de gjekk so mange mann under skrine som kunde koma til, men dei fekk ikkje bori de lenger enn ut paa kyrkjegolve. Men um morgonen, daa dei saag at heren kom innetter til Hovudøyi[9], bar fire mann skrine upp fraa byen, og Tjostolv og alt byfolke fylgde med skrine.


4. Kong Eirik og mennane hans gjekk upp i byen, og nokre sette etter Tjostolv og mennane hans. Tjostolv skaut ei pil paa ein mann som heitte Aaslak og var ein av stamnbuane til kong Eirik, og raaka han under strupen, so odden stod ut igjenom nakken, og dette totte dei var de beste skote som Tjostulv hadde gjort; for dette var den einaste staden som var berr paa han. Skrine til den heilage Hallvard førde dei upp paa Raumarike, og der var de i 3 maanar. Tjostolv fór umkring paa Raumarike og samla folk um natti, og kom ned til byen um morgonen. Kong Eirik lét setja eld paa Hallvardskyrkja og mange stadir i byen og brende upp alt ihop. Strakst etter kom Tjostolv ned med stort mannskap, men daa siglde kong Eirik burt med floten sin, og dei kunde ikkje koma i land nokon stad paa nordsida av fjorden for de mannskape som lendmennane hadde samla, og kor dei prøvde paa aa gjera landgang, vart de liggjande etter 5 eller 6 eller fleire. Kong Inge laag i Hornborusundi[10] med ein stor her; men daa kong Eirik spurde dette, snudde han sør til Danmark. Kong Inge fór etter deim og tok fraa deim alt de han kunde, og de var aalment fortalt, at verre ferd hev ingin gjort i ein annan konges rike med so stor her, og kong Eirik var misnøgd med Magnus og mennane hans, og han totte at dei hadde drivi spott med han, daa dei fekk han til denne ferdi, og han lét so, at han aldri meir skulde vera so god ven til deim som fyrr.


5. Denne sumaren kom Sigurd Slembedekn fraa vesterlandi til Norig, men daa han høyrde kor ille de hadde gjengi Magnus, frenden hans, kunde han skyna at de var lite hjelp aa venta i Norig, og dermed siglde han utanskjers heile vegen søretter langs med lande og kom til Danmark og styrde inn i Øresund. Sør ved Erre[11] raaka han paa nokre vindesnekkjur og gav seg i strid med deim og vann og rudde 8 snekkjur og drap mykje folk og hengde nokre. Han heldt eit slag med vindane ved Møn og, og vann, og derfraa siglde han nordetter og lagde upp i Elvi[12] i de øystre elvelaupe, og der tok han tri skip fraa Tore Kvinantorde og Olav, son hans Harald Kjesja, systerson sin. Mor hans Olav var Ragnhild, dotter til kong Magnus Berrføtt. Han jaga Olav upp paa land. Tjostolv var i Konghelle med ein her. Sigurd styrde dit, og dei skaut paa kvarandre, og de fall folk paa baae sidur, og mange vart saara, men Sigurd fekk ikkje gjort landgang. Der fall Ulvhedin Soksolvsson fraa nordlande paa Island, stamnbuen hans Sigurd. Sigurd lagde fraa og siglde nord i Viki og røva vidt og breidt. Han laag i Portyrja[13] paa Lungards-sida[14] og laag paa lur etter dei skipi som fór til eller fraa Viki, og røva deim. Tunsbergmennane sende folk imot han, og dei kom uventande paa Sigurd og mannskape hans, medan dei var paa land og skifte herfange sitt. Nokre kom ned fraa lande imot deim, og sume lagde seg med skipi tvert yvi hamni utanfor deim. Sigurd sprang um bord paa skipe sitt og rodde ut imot deim; skipe hans Vatnorm laag næmast, og han lét skota[15], og daa rodde Sigurd ut like ved sida av deim og kom undan med eit skip, men de var mange av mennane hans fallne. Difor dikta dei dette:

Kleint var de dei fekk spyrja
um Vatnorm i Portyrja.


6. Sidan siglde Sigurd Slembedekn sør til Danmark, og daa var de ein mann som kom burt av mannskape hans, som heitte Kolbein Torljotsson fraa Batalder[16]; han var i ein baat som dei hadde bundi fast til skipe medan de var i sterk fart. Sigurd forliste, daa dei kom sør, og var um vetteren i Aalborg. Sumaren etter fór han og Magnus nordetter med 7 skip [1138] og kom uventande um natti til Lista og lagde til lands med skipi sine. Der paa Lista var Bentein Kolbeinsson, hirdmannen til kong Inge og ein modig mann. Sigurd og mennane hans gjekk upp der i graalysingi og braa-tok han og kringsette huse og vilde setja eld paa garden, men Bentein smatt ut i eit bur med her-klæde og godt væpna, og stod innanfor døri med dregi sverd og hadde skjold fyri seg og hjelm paa hovude og var reidug til aa verja seg. Døri var heller laag. Sigurd spurde kvi dei ikkje gjekk inn. Dei svara at ingin var huga paa de. Men daa dei rødde paa de beste um dette, sprang Sigurd inn i huse framum han. Bentein hogg etter han, men raaka ikkje; daa snudde Sigurd seg mot han, og dei skifte ikkje mange hoggi, fyrr Sigurd drap han, og bar hovude hans ut i handi. Dei tok alt de gods som paa garden var, og dermed fór dei um bord. Men daa kong Inge og venine hans og Sigurd og Gyrd Kolbeinsson, brørane hans Bentein, spurde at Bentein var drepin, sende kongen folk imot Sigurd og var med sjølv og tok eit skip fraa Haakon Paalsson Pungelta, som var dotterson hans Aaslak Erlingsson paa Sole[17] og systkinbarne hans Haakon Mage. Inge jaga Haakon upp paa land og tok alt tye deira, men Sigurd Stork, son hans Eindride i Gautdal[18] og Eirik Høl, bror hans, og Andres Kjeldeskit, son hans Grim fraa Vist[19], flydde undan inn i fjorden. Sigurd og Magnus og Torleiv Skjappa siglde utanskjers med 5 skip nord til Haalogaland. Magnus var um vetteren paa Bjarkøy hjaa Vidkunn Jonsson, men Sigurd hogg stamnane av sitt skip og hogg hol i de og søkkte de ned inst i Øgisfjorden[20], og sat um vetteren i Tjaldasund[21] paa Hinn, ein stad som heiter Gljuvrafjord[22]. Inst i fjorden er de ein heller i berge; der sat Sigurd um vetteren med mennane sine, yvi 20 mann, og sette attfor inngangen, so dei ikkje kunde sjaa inngangen fraa fjøro. Torleiv Skjappa og Einar, son hans Ogmund fraa Sand[23] og hennar Gudrun, dotter hans Einar Areson fraa Røykholar[24], sende mat um vetteren til Sigurd. Den vetteren, fortèl dei, lét Sigurd finnane gjera tvo skutur aat seg inn-i fjordane, som var ihopbundne med senar forutan saum, og vidjur i staden for kne, og de rodde 12 mann paa kvar side. Sigurd var med finnane, daa dei gjorde skutune; finnane hadde øl der, og gjorde gjestebod for han. Daa kvad Sigurd dette:

Godt var de i gamma,
daa me glade drakk,
og kongssonen glad
gjekk millom benkir.
Der vanta 'kje gaman
i gamans-drykkja;
dreng gledde dreng,
der daa eg var.

Desse skutune var so snare, at inkje skip tok deim paa vatne, som de stend i visa:

Faa kan fylgja
furo fraa Nordland;
sen-bundi skip
svipar under segle.

Um vaaren fór Sigurd og Magnus søretter med dei [1139] tvo skutune som finnane hadde gjort; daa dei kom til Vaagar[25], drap dei Svein prest og dei tvo sønine hans.


7. Derfraa siglde Sigurd sør til Vikar[26], og der tok dei Vilhjalm Skinnare, som var lendmannen til kong Sigurd, og Toralde Kjeft, og drap deim baae tvo. No fór Sigurd søretter langs med lande og raaka paa Styrkaar Glæserove sør ved Byrda[27], nett som han kom sunnantil fraa kaupangen, og drap han. Daa Sigurd kom sør til Valsnes[28], raaka han der paa Svina-Grim og lét hogga den høgri handi av han. Derifraa fór han sør til Møre utanfor Trondheims-mynne[29], og der tok han Hedin Hardmage og Kalv Kringleauga, og lét Hedin sleppa, men dei drap Kalv. Daa kong Sigurd og Saada-Gyrd, fosterfar hans, spurde korleis Sigurd fór fram og kva han tok seg til, sende dei folk ut, som skulde leita etter han, og sette til styremenn Jon Kada, som var son til Kalv den range og bror til Ivar bisp[30], og presten Jon Smyril. Dei gjekk um bord paa skipe Reinen, som hadde 22 mann og var overlag snar-siglande. Desse fór no og leita etter Sigurd, men fann han ikkje, og kom nord att med liti ære, for di folk sagde at dei hadde set han, men at dei torde ikkje leggja til. Daa fór Sigurd sør til Hordaland og kom til Herdla[31]; der hadde Einar, son hans Lakse-Paal, ein gard, og var nett farin inn i Hamarsfjorden[32] til gangdage-ting[33]. Dei tok alt de gods som paa garden var, og eit langskip paa 25 rom, som Einar aatte, og son hans, som var 4 aar gamal og laag hjaa ein av arbeidsmennane hans; sume vilde drepa guten, og sume vilde taka han med seg. Men arbeidsmannen sagde til deim: «De vert ikkje til bate for dykk aa drepa denne guten, og de er ikkje nokon mun i aa føra han burt heller; for dette er min son, og ikkje Einars.» Paa hans ord lét dei guten vera etter, og fór sin veg. Daa Einar kom heim, gav han arbeidsmannen so mykje som 2 øyrar gulls verd[34] og takka han for tiltake sitt og lova at han allstødt skulde vera venen hans. So segjer Eirik Oddsson, som fyrst skreiv upp denne segni, at han i Bjørgvin høyrde Einar Paalsson fortelja um denne hendingi. No fór Sigurd søretter langs med lande og alt aust til Viki, og raaka Finn Sauda-Ulvsson aust paa Kvildir[35], medan han fór um og kravde landskyld aat kong Inge, og hengde han. Sidan fór dei sør til Danmark.


8. Vikverjane og Bjørgvins-mennane sagde at de var skam, at kong Sigurd og venine hans sat i ro nord i kaupangen, medan banemennane til far hans fór skipsleidi utanfor Trondheimsmynne, og kong Inge og hans mannskap sat aust i Viki midt i faaren og varde lande og hadde haldi mange slag. Daa sende kong Inge brev nord til kaupangen, og der stod desse ord: «Kong Inge, son til kong Harald, sender Guds og si helsning til kong Sigurd, bror sin, og Saada-Gyrd, Ogmund Svifte, Ottar Birting og alle lendmenn, hirdmenn, og huskarlar og heile aalmugen, rike og fatige, unge og gamle. Alle folk er de kunnugt, kor meinsteite me er, og kor unge me er, daa du er 5 vetrar gamal og eg 3 vetrar. Me kan inginting taka oss til, naar me ikkje fær hjelp av venine vaare og gode menn. No tykkjer eg og mine venir, at me hev den knipa og naudi, som gjeld oss baae tvo, næmare inn paa live av oss enn du og dine venir. Gjer no so vel og kom til meg, so snart og so mannsterk som du kan, og lat oss vera baae tvo ihop, kva de so hender. Den er no beste venen vaar, som hjelper til at me allstødt er godt forlikte og samheldige i alle maatar. Men dreg du deg undan og vil ikkje koma etter denne naudturvelege ordsendingi mi, soleis som du hev gjort fyrr, daa kan du vera stød paa at eg skal fara imot deg med ein her, og daa lyt Gud skifta millom oss; for de kan ikkje ganga lenger som de no gjeng, at me sit med so stor kostnad og her, som her trengst for ufreden, medan du tek helvti av all landskyld og andre innkomur i Norig. Liv i Guds fred.» Daa svara Ottar Birting; han stod upp paa tinge og tala:


9. «Her er svare fraa kong Sigurd til kong Inge, bror sin, at han skal hava Guds takk for si gode helsning og for de stræve og den møda som han og venine hans hev i dette rike til bate for baae tvo. Men endaa sumt synest vera noko kvast i ordi fraa kong Inge til bror sin, kong Sigurd, daa kan han hava god grunn til de i mange maatar. No vil eg segja reint ut mi meining, og høyra um kong Sigurd og hine stormennane vil samtykkja i de, at du, kong Sigurd, lagar deg til med de mannskape som vil fylgja deg, til aa verja lande ditt, og far so mannsterk som du kan til kong Inge, bror din, de fyrste du kan, og daa lyt De styrkja kvarandre i alt som er gagn i, men den allmegtuge Gud styrkje dykk baae tvo. No vil me høyra dine ord, konge.» Peter Sauda-Ulvsson bar kong Sigurd paa tinge, han som dei sidan kalla for Peter Byrdarsvein. Daa sagde kongen: «De skal alle menn vita, at um eg skal raada, vil eg fara til kong Inge, bror min, de fyrste eg kan.» Daa tala den eine etter den andre, og kvar tok til paa si vis, men alle slutta tala si sameleis som Ottar Birting hadde svara, og de vart avgjort, at dei skulde stemna ihop mannskap og fara aust i lande. Sidan fór kong Sigurd aust i Viki og raaka der kong Inge, bror sin.


10. Same hausten kom Sigurd Slembedekn og Magnus Blinde sunnantil Danmark med 30 skip, baade danir og nordmenn, og dette var mot vetternætane. Daa kongane og heren deira spurde dette, fór dei austpaa mot deim. Dei møttest ved Hvalir[36] ved Holmengraa[37] dagen etter Martins-messe paa ein sundag[38]. Kong Inge og kong Sigurd hadde 20 skip, som alle var store. De vart eit stort slag der, men etter de fyrste take flydde danine heim til Danmark med 18 skip. Daa rudde dei skipi for Magnus og Sigurd. Daa dei var mest ferdige med aa rydja skipe hans Magnus, tok Reidar Grjotgardsson, som lengi hadde fylgt han og vori hirdmannen hans, kong Magnus, som kvilde i sengi si, i fange sitt og vilde springa um bord paa eit anna skip; men daa vart Reidar skotin med eit spjot millom herdane, tvert igjenom, og folk sagde at der fekk kong Magnus banesaare sitt av de same spjote, og Reidar fall attlengjes paa tiljune, og Magnus ovanpaa han. Men de sagde kvar mann, at dei totte at han hadde fylgt gjævt og manneleg sin konge og herre: godt er de for kvar den som fær slik ros. Der fall Lodin Saupprud fraa Linustad[39] paa skipe til kong Magnus, og Berse Tormodsson, stamnbuen hans Sigurd Slembe, og Ivar Kolbeinsson og Hallvard Fæge, som var i fyrirome hjaa Sigurd Slembe; denne Ivar var den fyrste som gjekk inn til kong Harald og hogg til han[40]. Daa fall de mange av mannskape til kong Magnus og Sigurd; for mennane hans Inge lét ikkje eit liv koma undan, som dei kunde naa, endaa eg berre nemner nokre av deim. Paa ein holme drap dei meir enn 60 mann; der drap dei tvo islendingar og, Sigurd prest, son hans Bergtor Maasson[41], og Klemet, son hans Are Einarsson[42]. Ivar Skrauthanke, son hans Kalv den range, han som sidan vart bisp nord i Trondheim[43] og var far til erkebispen Eirik[44], hadde allstødt fylgt kong Magnus; han kom no um bord paa skipe til bror sin, Jon Kada. Jon var gift med Cecilia, dotter hans Gyrd Baardsson, og var med heren til kongane Inge og Sigurd. Ivar kom med tvo andre um bord paa skipe hans Jon; den eine var Arnbjørn Ambe, som sidan vart gift med dotter hans Torstein paa Audsholt[45], og den andre var Ivar Stareson Dynta, som var bror til Helge Stareson, men han var trøndsk av ætt paa morsida og var ein vakker mann. Men daa hermennane fekk vita dette, at dei var der, tok dei vaapni sine og sette inn paa Jon og mannskape hans; men dei laga seg til motstand, og de var nære paa at heile heren hadde teki til aa slaast. Men dei vart forlikte soleis, at Jon løyste ut Ivar, bror sin, og Arnbjørn, og tok ved aa betala løysepengar for deim, men sidan gav dei han etter desse pengane. Ivar Dynta leidde dei upp paa land og hogg hovude av han, daa Kolbeinssønine Sigurd og Gyrd ikkje vilde taka bot for han, av di at dei skulda han for at han hadde vori med, daa Bentein, bror deira, vart drepin. Ivar bisp sagde de, at av alt de han hadde vore ute for, totte han de var de verste, daa dei leidde Ivar upp paa land under øksi, og han helsa til deim, fyrr han vart retta, og bad dei maatte heile hittast. Gudrid Birgesdotter, syster hans Jon erkebisp[46], fortalde dette til Eirik Oddsson, og ho sagde at ho hadde høyrt Ivar bisp segja dette.


11. Der var ein mann som heitte Trond gjaldkere[47], som styrde eit skip i floten til kong Inge. No var de komi til de, at mennane hans Inge rodde paa smaabaatar etter deim som laag og sumde, og drap kvar mann dei fekk tak i. Sigurd Slembedekn sprang yvi bord, daa dei hadde rudt skipe hans, og kasta brynjo av seg under vatne, og so sumde han og hadde skjolden yvi seg. Nokre menn fraa skipe hans Trond tok ein mann som laag og sumde, og vilde drepa han, men han bad for seg og lét so, at han skulde segja deim kor Sigurd Slembe[48] var, og dette vilde dei. Men skjoldar og spjot og daude menn og klæde flaut alle stadir attmed skipi. «Der kan De sjaa at de flyt ein raud skjold,» sagde han; «under der er han.» Daa rodde dei dit og tok han og førde han upp paa skipe hans Trond. Trond sende bod til Tjostolv og Ottar og Aamunde. Sigurd Slembe hadde havt eldføre[49] paa seg, og han hadde lagt knjosken inn i eit valnotskal og støypt voks utankring. Dette er nemnt for di dei totte de var umtenkt aa gjera so med de, so de aldri kunde koma vaatt til de. Daa han sumde, hadde han skjolden yvi seg, for di at daa visste ingin um de var hans skjold eller ein annan, daa de flaut mange skjoldar paa sjøen, og dei sagde at dei aldri hadde funni han, hadde ikkje nokon sagt deim kor han var. Daa Trond kom i land med han, og de vart fortalt til herfolke, at han var fanga, so sette heren i eit glede-rop. Men daa Sigurd høyrde dette, sagde han: «Mang ein vond mann vil gledast her ved mitt hovud i dag.» Daa gjekk Tjostolv Aaleson der burt som han sat, og strauk av hovude hans ei silkehuve, som var prydd med gullband, og so sagde Tjostolv: «Kvi var du so djerv, du trælesonen, at du torde kalla deg son til kong Magnus?» «Du tarv ikkje likna far min med ein træl,» svara Sigurd, «for far din var lite agtande mot min.» Hall, som var son til lækjaren Torgeir Steinsson, og var hirdmannen til kong Inge, var med daa dette hende. Han fortalde dette til Eirik Oddsson, og Eirik skreiv upp denne segni. Han skreiv ei bok som dei kallar Ryggjarstykke. I denne boki er de fortalt um Harald Gille og tvo av sønine hans, og um Magnus Blinde og um Sigurd Slembe alt til dei døydde. Eirik var ein klok mann og var lange stundir i Norig paa den tid. Noko av forteljingi skreiv han upp etter de som han hadde høyrt av Haakon Mage, som var lendmann til Haraldssønine. Haakon og sønine hans var med i all denne striden og raadleggjingi. Eirik nemner fleire menn og, som fortalde han um desse tidendine, kloke og sanntalande menn, som var til staes, so dei høyrde og saag kva som gjekk fyri seg; noko skreiv han etter de som han sjølv hadde set eller høyrt.


Wilhelm Wetlesen: Dei hudflengjer Sigurd Slembe.
12. Hall segjer at hovdingane vilde lata han drepa strakst; men dei som var mest hardfengne og totte at dei hadde harmelege ting aa hemna paa han, raadde for at han vart pint, og av deim nemner dei brørane hans Bentein Kolbeinsson, Sigurd og Gyrd, og Peter Byrdarsvein, som vilde hemna Finn, bror sin[50]. Men hovdingane og dei fleste andre folk gjekk fraa. Dei braut sund armane og leggine paa han med øksehamrar. So drog dei klædi av han og vilde flaa han livande og kløyvde hudi paa hovude hans, men han blødde so, at dei kunde ikkje koma til. Daa tok dei skinn-svipur og slo han lengi, so all hudi var reint av, liksom dei hadde flegi han. Sidan tok dei ein stokk og støytte han i ryggen med, so han gjekk sund. Dermed drog dei han til eit tre og hengde han, og so hogg dei hovude av han og drog kroppen stad og grov han ned i ei steinrøys. Alle folk segjer de, baade venine og uvenine hans, at ingin mann i Norig var hævare i alle maatar enn Sigurd, so vidt dei kunde minnast som daa livde, men han var ein ulukkeleg mann i sume ting. Hall sagde at han tala lite, daa dei pinte han, og svara faa ord, endaa um dei tala til han, og de segjer Hall, at han aldri gav seg meir enn um de var stokk eller stein dei slo paa. Og de lagde han til, at de maatte vera ein gasta kar og hardbalin, som tolde pinslur so godt, at han ikkje lét upp munnen eller berre gav seg lite; men de sagde han, at Sigurd aldri skifte mæle, og at han var likso lettmælt som naar han sat paa ølbenken; han tala korkje høgre eller laagare eller var meir skjelvmælt enn de var hans vis. Han tala alt til dess han andast av, og song tridjeparten av psalterium[51], og dette, totte Hall, skulde de meir styrke og kraft til enn andre menn hadde. Ein prest, som hadde kyrkja si ikkje langt ifraa, lét like hans Sigurd føra til kyrkja. Denne presten var ven med Haraldssønine, men daa dette spurdest, vart dei harme paa han, og flutte like tilbake der som de hadde legi fyrr, og presten laut bøta attpaa. Men sidan fór venine hans Sigurd sør fraa Danmark med eit skip etter like og førde de til Aalborg og jorda de i Mariakyrkja[52] der i byen. Prosten Kjetil, som hadde Mariakyrkja til sokne-kyrkje, hev fortalt de til Eirik Oddsson, at Sigurd vart jorda der. Tjostolv Aaleson lét føra like til kong Magnus til Oslo, og jorda de i Hallvardskyrkja attmed kong Sigurd, far hans. Dei førde Lodin Saupprud til Tunsberg, men alle hine jorda dei der paa stelle.


13. Daa Sigurd og Inge hadde styrt Norig i 6 aar, kom Øystein, son hans Harald Gille, um vaaren vestantil Skotland. Arne Sturla og Torleiv Brynjolvsson og Kolbein [1142] Ruga hadde reist vest yvi have etter Øystein og fylgde han til lande, og siglde strakst nord til Trondheim, og trøndine tok imot han, og han vart tekin til konge paa Øyreting i gangdagane[53], soleis at han skulde hava tridjeparten av Norig med brørane sine. Daa var Sigurd og Inge aust i lande, og no fór de menn millom kongane og forlikte deim soleis, at Øystein skulde hava tridjeparten av rike. Han gjorde ingi skirsl til aa faa fars-ætti si godkjend, men dei trudde kong Harald paa orde. Mor til kong Øystein heitte Bjadok, og ho fylgde med han til Norig.


14. Den fjorde sonen til kong Harald heitte Magnus, som vart uppfostra hjaa Kyrpinga-Orm. Han vart og tekin til konge og hadde sin lut av lande. Magnus var veil[54] i føtane og livde ikkje lengi og døydde av sjukdom. Einar Skuleson nemner han i ei vise um alle fire kongane. Daa kong Harald Gille var fallin, vart dronning Ingerid gift med Ottar Birting. Han var lendmann og ein stor hovding og trøndsk av ætt. Han var ei god hjelp for kong Inge, daa denne var i barndomen. Kong Sigurd var ikkje vidare glad i han, og han totte at han stødt heldt seg meir til kong Inge, stykson sin. Ottar Birting vart yvifallin og drepin nord i kaupangen ein kveld, daa han skulde ganga til aftansong. Daa han høyrde kvinen av hogge, heldt han handi og kappa upp imot, og trudde at de var ein som kasta ein snøball etter han, som gutane plar gjera. Han fall for hogge. Men i de same kom Alv Rode, son hans, gangande inn paa kyrkjegarden; han saag at far hans fall, og at den mannen som hadde drepi han sprang aust um kyrkja. Alv sprang etter han og drap han paa hyrna av songhuse[55], og folk sagde at han hadde vori hæv til aa hemna far sin, og han gjekk for aa vera mykje meir til mann enn fyrr.


15. Kong Øystein Haraldsson var inne i Trondheim, daa han spurde at Ottar var fallin, og stemnde bondeheren til seg og fór ut til byen og hadde mykje folk. Men frendane hans Ottar og hine venine hans skulda kong Sigurd for at dette var gjort mest etter hans raad; han var paa den tid i kaupangen, og bøndane var fælt uppstelte imot han. Men kongen baud skirsl for seg og tok ved jarnburd, og vilde paa den maaten sanna at hans sak var rett, og dette vart dei forlikte um. Dermed fór kong Sigurd sør i lande, men de vart aldri noko av med denne skirsli.


16. Dronning Ingerid fekk ein son med Ivar Sneis, som fekk namne Orm og sidan vart kalla Kongsbror. Han var ein væn mann og vart ein stor hovding, som me skal fortelja um sidan. Dronning Ingerid vart gift med Arne paa Stodreim,[56] som dei sidan kalla for Kongsmaag, og borni deira var Inge, Nikolas[57], Filippus i Herdla[58] og Margret, som vart gift med Bjørn Bukk og sidan med Simon Kaareson.


17. Kyrpinga-Orm og Ragnhild, dotter hans Sveinke Steinarsson, hadde ein son som heitte Erling. Far hans KyrpingaOrm heitte Svein, og han var son til Svein Erlendsson fraa Gjerde[59]. Mor hans Orm var Ragna, som var dotter til jarlen Orm Eilivsson[60] og Sigrid[61], som var dotter til jarlen Finn Arneson. Mor til jarlen Orm Eilivsson var Ragnhild, dotter til Haakon jarl den megtuge. Erling var ein klok mann og ein god ven til kong Inge, og med hans samtykkje fekk Erling Kristin, dotter til kong Sigurd Jorsalafar og dronning Malmfrid. Erling hadde gard paa Studla[62] paa Sunnhordaland. Erling fór [1150] ut or lande, og med honom fylgde Eindride Unge og endaa fleire lendmenn, og hadde ein vakker her. Dei etla seg paa Jorsala-ferd og fór vest yvi have til Orknøyane. Derfraa vart Rognvald jarl med deim, som dei kalla for Kale, og bispen Vilhjalm, og dei hadde i alt 15 langskip, daa dei siglde fraa Orknøyane, og so siglde dei til Sudrøyane og derfraa [1151] vest til Valland og sidan den same vegen som kong Sigurd Jorsalafar hadde fari ut til Norvasund, og herja vidt og breidt i de heidne Spania. Strakst etter dei hadde siglt gjenom sunde, skildest Eindride Unge, og dei som honom fylgde, med 6 skip fraa deim, og sidan fór dei kvar for seg. Rognvald jarl og Erling Skakke raaka i sjøen paa ein dromund[63] og lagde til med 9 skip og slost med han. Sistpaa lagde dei snekkjune sine radt under dromunden, og daa kasta heidningane ned paa deim baade vaapn og stein og grytur fulle med kokande bik og olje. Erling laag næmast deim med sitt skip, so vaapni til heidningane kom utanfor hans skip. Daa hogg Erling og mennane hans hol paa dromunden, sume i vatsgangen og sume uppe paa skipsbordi, so dei slapp inn der. Dette fortèl Torbjørn Skakke-skald i Erlingsdraapa. Den mannen som fyrst gjekk upp paa dromunden, heitte Audun Raude og var stamnbuen hans Erling. Dei tok dromunden og drap mykje folk og fekk ovende mykje herfang og vann ein herleg siger. Paa denne ferdi kom Rognvald jarl og Erling Skakke til Jorsalaland og ut til Jordan-aai. Der snudde dei og fór fyrst til Miklegard, og der lét dei skipi att og fór landvegen heimetter, og alt gjekk [1153] godt, radt til dei kom til Norig, og de gjekk stort ord av denne ferdi. Erling gjekk no for aa vera mykje større mann enn fyrr, baade av denne ferdi og av giftarmaale sitt; han var attaat ein klok mann, rik og storætta og ordhittin, og han heldt seg i alle ting mest til vens med kong Inge av dei tri brørane.


18. Kong Sigurd reid ein gong umkring paa gjestebod aust i Viki med hirdi si, og reid framum ein gard som høyrde til ein megtug mann som heitte Simon. Daa kongen reid gjenom garden, høyrde han inne i eit hus slik fager song, at han vart reint hugtekin, og reid burt til huse og saag inn, og der stod de ei gjente ved ei kvern og song so utifraa vænt, medan ho mol. Kongen steig av hesten og gjekk inn til gjenta og lagde seg utmed ho. Daa kongen reiste burt, fekk Simon bonde vita kva ærend kongen hadde vori der i. Gjenta heitte Tora og var tenestgjenta hans Simon bonde. Sidan vakta bonden paa tilstande hennar, og so fødde denne gjenta eit gutebarn, som dei kalla Haakon og sagde var son til kong Sigurd. Haakon vart uppfødd der hjaa Simon Torbergsson og Gunnhild, kona hans. Der føddest upp sønine hans Simon og, Onund og Andres, og dei og Haakon heldt so mykje av kvarandre, at berre dauden kunde skilja deim aat.


19. Ein gong, som kong Øystein Haraldsson var aust i Viki nær landsenden, vart han uforlikt med bøndane i Raanrike og paa Hising; dei samla seg imot han, men han heldt slag med deim og vann. Dei slost ein stad som heiter Leikberg[64]. No brende han vidt og breidt paa Hising og, og sidan gjekk bøndane under han og lagde store bøtar, og kongen tok gislar av deim. Dette fortèl Einar Skuleson.


20. Strakst etter gav kong Øystein seg paa vegen ut or lande vest yvi have og siglde til Katanes; der spurde han at jarlen, Harald Maddadsson, laag i Torsaa[65]. Han lagde til med tri smaaskutur og braa-tok jarlen, som hadde eit skip paa 30 rom og 80 mann; men daa dei ikkje var tenkte paa ufred, kom kong Øystein og mennane hans strakst upp paa skipe og fanga jarlen og hadde han med seg um bord. Han løyste seg ut med 3 merkar gull, og dermed skildest dei. Dette fortèl Einar Skuleson. Derfraa siglde kong Øystein søretter paa austsida av Skotland og lagde inn til ein kaupstad der som heiter Apardjon[66], og drap mykje folk der og herja byen. Dette fortèl Einar Skuleson. Eit anna slag heldt han sør ved Hjartapoll[67] med ein riddarflokk, som han slo, og der rudde han nokre skip. Dette fortèl Einar. Dermed siglde han sør i England og heldt de tridje slage ved Kvitabø[68] og vann og brende byen. Dette fortèl Einar. Etter dette herja han vidt og breidt i England; der var Stefne[69] konge paa den tid. Sidan heldt kong Øystein eit slag ved Skarpaskjer[70] med nokre riddarar. Dette fortèl Einar. Deretter slost han ved Pilavik[71] og vann. Dette fortèl Einar. Der brende dei Langatun,[72] som var ein stor by, og folk segjer at denne byen ikkje hev komi seg vidare upp sidan. Etter dette fór kong Øystein burt fraa England og um hausten attende til Norig, og folk sagde baae slagi um denne ferdi.


21. De var god fred i Norig den fyrste tidi daa Haraldssønine styrde, og samhelde deira var paa ei vis, so lengi dei gamle raadgjevarane deira livde. Inge og Sigurd var berre borni, og daa hadde dei ei hird ihop, men Øystein hadde hird for seg sjølv og var fullvaksin. Men daa dei hadde døytt, som hadde fostra upp Inge og Sigurd, Saada-Gyrd Baardsson, Aamunde Gyrdsson, Tjostolv Aaleson, Ottar Birting, Ogmund Svitte og Ogmund Denge, bror hans Erling Skakke — og Erling var lite vyrd so lengi Ogmund livde — daa skilde Inge og Sigurd hirdi, og daa fekk kong Inge hjelp av Gregorius, son til Dag Eilivsson og Ragnhild, som var dotter hans Skofte Ogmundsson. Gregorius aatte stor rikdom og var sjølv ein utifraa dugande mann. Han vart formann for landsstyringi med kong Inge, og kongen gav han lov til aa taka av hans eigedom so mykje han vilde. Kong Sigurd vart ein villstyring og uvyrding i alle maatar strakst han voks upp, og soleis var Øystein og, men han var daa noko meir folkeleg, men fælt pengekjær og sjølvkjær. Kong Sigurd vart ein stor og sterk mann, og saag karsleg ut; han hadde brunt haar og stygg munn, men elles vænt andlit; han tala betre for seg enn nokon annan, og var framifraa dugande. Dette fortèl Einar Skuleson.


22. Kong Øystein var svarthærd og myrkleitt, yvi medels høgd, gløgg og klok. Men de som mest drog magti fraa han, var de at han var sjølvkjær og pengekjær. Han var gift med Ragna, dotter hans Nikolas Maase. Kong Inge var ovende væn i andlite; han hadde gult og noko tunt haar, men de var svært krullut. Han vart ikkje stor, og han kunde snaudt ganga aaleine, so visin var den eine foten hans, og han hadde ein knut millom herdane og paa bringa. Han var blidlaatin og godsleg med venine sine og raust paa handi, og lét hovdingane mykje raada med i landsstyringi, og han var godt lika av aalmugen, og alt dette drog magti og mykje folk yvi til honom. Kong Harald Gille hadde ei dotter, som heitte Brigida; ho var fyrst gift med sviakongen Inge Hallsteinsson, og sidan med jarlen Karl Soneson,[73] og so med sviakongen Magnus[74]. Han og kong Inge Haraldsson hadde same mor. Sist var ho gift med jarlen Birge Brosa[75]. Dei hadde 4 sønir, Filippus jarl[76], Knut jarl, og Folke og Magnus. Døtrane deira var Ingegjerd, som var gift med sviakongen Sørkve[77] (deira son var kong Jon[78]), og Kristin og Margret. Andre dotteri til Harald Gille heitte Maria, som var gift med Simon Skaalp, son hans Hallkjel Huk, og dei hadde ein son Nikolas. Tridje dotteri hans Harald Gille heitte Margret; ho var gift med Jon Hallkjelsson, bror hans Simon. No hende de mangt og mykje brørane imillom, som de kom usamtykkje av, men eg vil berre nemna de som eg tykkjer kom aa stad dei største hendingane.


23. Kardinalen Nikolas fraa Rom kom til Norig [1152] medan Haraldssønine livde, og paven var de som hadde sendt han til Norig. Kardinalen var harm paa Sigurd og Øystein, og dei laut ganga inn paa forlik med han; men han var vel forlikt med Inge og kalla han son sin. Daa dei no alle var forlikte med han, gav han deim lov til aa vigja Jon Birgesson til erkebisp i Trondheim og gav han de klæde som heiter pallium[79], og sagde fyri, at de skulde vera ein erkebispestol i Nidaros i Kristkyrkja, der som kong Olav den heilage kviler; men fyrr hadde de berre vori lyd-bispar[80] i Norig. Kardinalen skipa de so, at ingin mann skulde strafflaus ganga med vaapn i kaupstadine, so nær som dei tolv som skulde fylgja kongen. Han retta i mange maatar paa folkeskikken i Norig, medan han var der i lande. Aldri hev de komi nokon utlending til Norig som alt folke vyrde so mykje, og som hadde so stor magt yvi aalmugen som han. Sidan fór han søretter[81] med store venegaavur, og lét so, at han jamleg skulde vera nordmennane ein hjartans ven. Daa han kom sør til Rom, braa-døydde den paven som hadde vori fyrr, og alt folke i Romaborg vilde taka Nikolas til pave, og daa vart han vigd til pave og fekk namne Adrianus[82]. So segjer dei som i hans tid kom til Rom, at aldri hadde han so vigtuge sakir aa tala med andre menn um, at han ikkje alle tidir tala fyrst med nordmennane, naar dei vilde finna han. Han var ikkje lengi pave, og no kallar dei han for heilag.


24. Medan sønine hans Harald Gille livde, hende de seg, at ein mann som heitte Halldor kom ut for folk fraa Vindland, og dei tok han og skamfór han; dei skar hol paa strupen og drog tunga ut der og skar ho av i roti. Sidan drog han til den heilage kong Olav og vende no heitt all sin hug til den heilage mannen og grét mykje og bad kong Olav gjeva seg mæle og helsa. Daa fekk han mæle og miskunn av denne gode kongen og gav seg strakst i tenesta hans alle sine livedagar og vart ein ypparleg mann og fast i trui. Denne jartegni hende ein halv maanad fyri vesle Olavs-messa, same dagen som kardinalen Nikolas kom til lande.


25. De var tvo brørar paa Upplandi, storætta og rike menn, Einar og Andres, sønir av Gutorm Graabard, og morbrørar til kong Sigurd Haraldsson; der aatte dei odel og all sin eigedom. Dei hadde ei syster, som var væn av andlit, men ho agta seg ikkje for vondt folks snakk, som de synte seg sidan. Ho var ovende blidsleg imot ein engelsk prest, som heitte Rikard, som hadde bustaden sin der hjaa brørane hennar, og ho var mykje beinsam imot han og gjorde tidt godt imot han, for di ho hadde godvilje for han. No gjekk de ikkje betre enn so, at de kom ut eit stygt ord um denne møyi, og daa no dette kom i høgmæle, so mistenkte alle presten, og likeins gjorde brørane hennar, strakst dei merka dette, og dei lét so for aalmugen, at dei helst trudde presten til dette, for den venskapen som hadde vori deim imillom. Sidan kom dei i stor ulukke, som ikkje var anna enn ein kunde venta, daa brørane hennar tagde med den løynlege pretta dei hadde ut-tenkt, og lét seg ikkje merka med noko. Men ein dag kalla dei presten til seg, og han venta ikkje anna av deim enn berre godt, og so lokka dei han ut med seg og sagde at dei skulde til ei onnor bygd, daa dei hadde noko dei endeleg skulde gjera der, og bad han vera med. Dei hadde med seg ein mann heimantil, som visste um dette. Dei drog med eit skip langs etter strandi av eit vatn som heiter Kond[83], og landa ved eit nes som heiter Skiftesand[84]; der gjekk dei upp paa land og leika seg ei stund. So gjekk dei avleides og bad drengen slaa til presten med øksehamaren. Han slo til presten, so han laag i svime. Men daa han raadde med seg att, sagde han: «Kvi skal De fara so hardt med meg?» Dei svara: «Um so ingin segjer deg de, skal du no faa finna kva du hev gjort.» Og so kom dei med klagemaal imot han, men han negta og bad Gud og den heilage kong Olav døma deim imillom. Sidan braut dei sund leggine hans, og so drog dei han millom seg til skogs og batt hendane hans bak paa ryggen. Sidan lagde dei eit reip yvi hovude hans og eit bord under herdane og hovude og sette i ein vindepinne og vatt reipe fast til. Daa tok Einar ein bløyg og sette paa auga til presten, og tenaren hans stod yvi og slo til med ei øks og slo ut auga, so de skvatt ned paa munnskjegge. Daa sette han bløygen paa de andre auga og sagde til tenaren: «Slaa ikkje fullt so hardt.» Han so gjorde, og daa sprang bløygen fraa augnesteinen og sleit augneloke ifraa. Daa tok Einar augneloke med handi og heldt de upp, og saag at augnesteinen sat endaa. Daa sette han bløygen ut ved kinne, og tenaren slo, og daa sprang augnesteinen ned paa kinnbeine, der de var høgst. Sidan opna dei munnen hans og tok tunga og drog ut og skar av, og so løyste dei hendane hans og hovude. Strakst han raadde med seg, so sveiv de han, at han skulde leggja augnesteinane upp ved augnebrunine paa plassen sin, og heldt paa deim med baae hendane so godt han kunde. No bar dei han ned til skipe og fór til ein gard som heiter Sæheimrud[85] og landa der. Dei sende ein mann til garden, som skulde segja at de laag ein prest der paa skipe ned-ved strandi. Medan mannen, som dei hadde sendt, var paa vegen, spurde dei um presten kunde tala, og han daldra med tunga og vilde freista paa aa tala. Daa sagde Einar ved bror sin: «Um han kjem seg, og tungestubben gror til, so tvilar eg for at han kjem til aa tala.» Daa klipte dei tungestubben med ei tong og tøygde i han og skar han tvo gongir til, og tridje gongen skar dei i tungeroti, og lét han liggja der halvdaud. Kona der paa garden var fatig, men ho gjekk strakst, og dotter hennar var med ho, og dei bar han heim til huse i kaapune sine. Sidan gjekk dei etter ein prest, og daa han kom dit, batt han um alle saari hans, og dei prøvde paa aa laga de paa beste maaten for han. Soleis laag no den saara presten i eit jammerlegt tilstand og leit jamleg paa Guds miskunn og mistvila aldri, og endaa han var maallaus, bad han til Gud i tankane og med sorgfullt hjarta, og di trøystugare bad han, di sjukare han var, og feste all sin hug til den milde kongen Olav den heilage, den Guds elskelege, og han hadde fyrr høyrt mykje fortelja um hans herlege gjerningar, og no trudde han so mykje heitare paa han av alt sitt hjarta til hjelp i naudi si. Daa han no laag der naamin og reint magtlaus, so grét han saart og stunde og bad med saart brjost den dyrlege kong Olav um aa hjelpa seg. Men etter midnatt sovna den saara presten, og daa totte han at han saag ein drusteleg mann kom til seg og tala til han: «Ille hev dei no fari med deg, Rikard lagsmannen min, og ikkje er no magti stor, ser eg.» Han totte at han sanna de, og daa sagde hin til han: «Du treng til miskunn.» Presten svara: «Eg kunde trenga miskunn av Gud den allmegtuge og den heilage kong Olav.» «Den skal du hava og,» svara hin. Dermed tok han tungestumpen og drog so hardt at de gjorde vondt for presten. So strauk han med handi si yvi augo hans og yvi beini og hine lemine som var saara. Daa spurde presten kven han var. Hin saag paa han og sagde: «Eg er Olav, som er komin nordantil Trondheim,» og so kvarv han burt. Men presten vakna reint frisk og tok strakst til aa tala: «Sæl er eg no,» sagde han. «Takk vere Gud og den heilage kong Olav, han hev gjort meg heil.» So harmeleg som dei hadde fari med honom fyrr, so braatt vart han no god att av all ulukka si, og han totte no som han korkje hadde vori saar eller sjuk; tunga var heil, baae augo var komne i lag, og beinbroti var att-grodde, og alle dei andre saan var att-grodde og verklause, og han hadde fengi den beste helsa. Men til jartegn paa at augo hadde vori utstungne, grodde de eit kvitt ær paa kvart augnelok, so ein kunde sjaa den gjæve kongens herlegdom paa denne mannen, som dei hadde fari so jammerleg med.


26. Øystein og Sigurd hadde vorti uforlikte, for [1154] di at kong Sigurd hadde drepi ein hirdmann for kong Øystein, Harald den vikverske, som aatte hus i Bjørgvin, og ein til, presten Jon Tapard, son hans Bjarne Sigurdsson. Difor avtala dei forliks-stemne med kvarandre um vetteren paa Upplandi. Dei tvo hadde ei lang raadleggjing, og de kom upp av samtala, at dei skulde møtast i Bjørgvin alle brørane [1155] sumaren etter. Attaat dette vilde dei at kong Inge skulde hava tvo eller tri gardar, og so mykje midel attaat at han kunde halda 30 mann um seg, og dei lét so, at dei totte ikkje han hadde helse til aa vera konge. Inge og Gregorius høyrde tidend um dette og fór til Bjørgvin og samla mykje folk. Kong Sigurd kom dit lite seinare og hadde mykje mindre folk. Daa hadde Inge og Sigurd vori kongar yvi Norig i 19 aar. Øystein kom seinare austantil Viki enn hine kom nordantil. Daa lét kong Inge blaasa til tings paa Holmen[86], og der kom Sigurd og Inge med mykje folk. Gregorius hadde tvo langskip og vel 90 mann, som han hadde i kost. Han heldt drengine sine betre enn andre lendmenn; for han drakk aldri i fønningslag, utan alle drengine hans drakk med. Han gjekk med ein gullslegin hjelm paa tinge, og alt mannskape hans hadde hjelm paa. Kong Inge stod upp og sagde til folke kva han hadde høyrt, og korleis brørane hans vilde gjera med han, og bad um hjelp. Aalmugen ropte og lét vel til tala hans og sagde at dei vilde fylgja han.


Erik Werenskiold: Dronning Ingerid og Gregorius eggjar kong Inge.
27. Daa stod kong Sigurd upp og tala og sagde de var lygn, de som kong Inge skulda deim for, og sagde at de var Gregorius som var meister for de, og meinte paa de, at de skulde ikkje vera lengi til dei skulde møtast soleis, um han fekk raada, at han skulde faa ned denne gullslegne hjelmen, og enda tala si soleis, at han sagde at dei skulde ikkje lengi ganga baae tvo. Gregorius svara og meinte paa de, at han turvte ikkje lengta so etter de, og at han var reidug. Faa dagar etter vart ein av drengine hans Gregorius drepin ute paa gata[87], og de var ein av drengine til kong Sigurd som drap han. Daa vilde Gregorius ganga paa kong Sigurd og hans folk, men kong Inge og mange andre talde fraa. Men ein gong, daa Ingerid, mor til kong Inge, gjekk fraa aftansong, kom ho til, nett som Sigurd Skrudhyrna var drepin; han var hirdmann hjaa kong Inge og ein gamal mann, og hadde tent mange kongar. Dei som hadde drepi han var hirdmennane til kong Sigurd, Hallvard Gunnarsson og Sigurd, son hans Øystein Travale, og folk trudde de var etter kong Sigurds raad. Daa gjekk ho radt til kong Inge og sagde at han kom lengi til aa vera ein litin konge, naar han ikkje vilde gjera noko ved de, at hirdmennane hans vart drepne, den eine etter den andre, som svin. Kongen vart harm for sneid-ordi hennar; men daa dei trætta um de, kom Gregorius gangande inn med hjelm og brynju og bad kongen ikkje harmast, og sagde at de var sant som ho sagde. «Her er eg komin og vil hjelpa deg,» sagde han, «um du vil taka paa kong Sigurd, og her er meir enn 100 mann ute i garden, mine eigne drengir, med hjelm og brynju, og me skal søkja inn paa deim fraa den kanten som andre tykkjer de er verst.» Men dei fleste talde fraa og sagde at Sigurd vilde nok gjeva bot for misgjerningi si. Men daa Gregorius saag at Inge lét seg avtelja, sagde han til kong Inge: «Soleis tek dei mann for mann fraa deg; for ei liti stund sidan drap dei drengen min, og no hirdmannen din, og so vil dei vel veida meg eller ein annan lendmann som dei trur du vil sakna mest, naar dei ser at du ikkje gjer noko ved de, og so, naar venine dine er drepne, vil dei taka kongedøme fraa deg. Korleis so dei andre lendmennane dine vil gjera, so vil ikkje eg bida som kui paa hogge, og eg og Sigurd skal gjera upp ei rekning i natt, soleis som de daa kan falla seg. Men slik er de med deg, at baade er du ille komin for vanhelsa di, og attaat trur eg du hev lite vilje til aa berga venine dine. Eg er no heilt-upp reidug til aa ganga herfraa mot kong Sigurd, for her ute er merke mitt.» Daa stod kong Inge upp og bad um herklædi sine og bad kvar mann som vilde fylgja han um aa bu seg til, og sagde at no nytta de ikkje aa telja han fraa, og lét so, at han lengi hadde undan viki, og no laut sverde skilja trætta.


28. Kong Sigurd sat og drakk i garden hennar Sigrid Sæta og budde seg til, men han trudde ikkje at de vart noko av med aatlaupe. Daa kom dei mot garden, kong Inge ovantil Smedbudine[88], Arne Kongsmaag utantil Sandbru[89], Aaslak Erlendsson fraa garden sin, og Gregorius fraa stræte[90], og derfraa totte dei de var verst. Sigurd og mennane hans skaut mykje fraa loftgluggane og reiv ned omnane og kasta steinane ned paa deim. Gregorius og mennane hans braut upp gardsporten, og der i porten fall Einar, son hans Laksepaal, som var av mannskape til kong Sigurd, og Hallvard Gunnarsson, som vart skotin inne paa lofte, og ingin mann syrgde paa honom. Dei hogg ned husi, og mannskape til kong Sigurd gjekk fraa han og bad um liv og fred. Daa gjekk Sigurd upp paa eit loft og vilde beda um aa faa ljod; men han hadde gullslegin skjold, so folk kjende han, og vilde ikkje lyda paa han, og de flaug so tett med pilir imot han, at de var som aa sjaa i ei snødrivu, og der kunde han ikkje vera. Men daa mannskape var gjengi fraa han og dei mest hadde hoggi ned huse, so gjekk han ut med hirdmannen sin, Tord Husfrøya fraa Viki, og vilde dit som kong Inge var, og Sigurd ropte til Inge, bror sin, at han skulde gjeva han liv og fred; men dei vart strakst nedhogne baae tvo, og Tord Husfrøya fall med stor ære. Der fall mange, endaa eg nemner faa, av mannskape hans Sigurd, og sameleis av mannskape hans Inge; de fall 4 av mennane hans Gregorius, og sameleis nokre som ikkje heldt med nokon, og som vart ute for skot nede paa bryggjune eller ute paa skipi. Dei slost 14 dagar fyri jonsok, paa ein fredag[91]. Kong Sigurd vart jorda i den gamle Kristkyrkja utpaa Holmen. Kong Inge gav Gregorius de skipe som kong Sigurd hadde aatt. Tvo eller tri dagar etter kom kong Øystein austantil med 30 skip og hadde med seg Haakon, brorson sin; han fór ikkje til Bjørgvin, men vart liggjande i Floruvaagar[92]. De fór menn imillom deim og vilde forlika deim; men Gregorius vilde at dei skulde leggja ut imot deim, og sagde at dei aldri fekk betre tilføre enn no, og at han sjølv skulde vera hovding paa ferdi: «Men ikkje ver med du, konge,» sagde han; «no vantar me ikkje folk.» Men mange talde fraa, og difor vart de ikkje noko av med ferdi. Kong Øystein fór aust til Viki, og kong Inge nord til Trondheim, og daa var dei forlikte aa kalla, endaa dei ikkje møttest sjølve.


29. Gregorius fór austetter strakst etter kong Øystein og var uppe paa garden sin Brattsberg[93] paa Hovund[94]. Kong Øystein var inne i Oslo og lét draga skipi sine meir enn 2 sjø-mil paa isen, for de hadde lagt seg mykje is inne i Viki. Han fór upp til Hovund og vilde fanga Gregorius; men han vart var de og fór undan upp i Telemarki med 90 mann, og derfraa nord yvi fjelle, og kom ned i Hardanger og derfraa til Studla[95] i Etne; der hadde Erling Skakke bustaden sin. Han sjølv var farin nord til Bjørgvin, men Kristin, kona hans, dotter til kong Sigurd Jorsalafar, var heime, og baud Gregorius all den hjelp han vilde hava der, og der vart Gregorius godt mot-tekin. Han fekk eit langskip med derfraa, som Erling aatte, og alt de han trengde til. Gregorius takka ho fint og sagde at ho hadde bori seg aat paa stormanns-vis, som ventande var. Dermed fór han til Bjørgvin og fann Erling, og han totte de var rett gjort av Kristin.


30. Sidan fór Gregorius Dagsson nord til kaupangen og kom der fyri jol. Kong Inge vart ovende glad, daa han kom, og bad han taka so mykje av hans eigedom som han vilde. Kong Øystein brende garden hans Gregorius og hogg ned buskapen; og dei nausti som kong Øystein den eldre hadde lati gjera nord i kaupangen[96], og som var reint framifraa, dei vart og uppbrende um vetteren, og nokre gode skip med, som kong Inge aatte. Folk var fælt harme for denne ugjerningi, og dei [1156] gav kong Øystein skuldi, og Filippus Gyrdsson, fosterbror til kong Sigurd. Sumaren etter fór kong Inge nordantil og samla mykje folk, og kong Øystein fór austantil, og han samla og folk. Dei møttest ved Seløyane[97] nordanfor Lidandesnes, og kong Inge hadde mykje meir folk. Daa var de nære paa at dei hadde slegist, men dei vart forlikte paa dei vilkaar, at Øystein skulde taka ved aa bøta 45 merkar gull. Kong Inge skulde hava 30 merkar, for di Øystein var upphavsmannen til at skipi og nausti brann. Filippus og alle dei som hadde vori med ved branden, daa skipi vart uppbrende, skulde vera fredlause. Dei skulde og vera fredlause, som dei fekk paa hadde vori med og saara kong Sigurd, av di kong Øystein skulda kong Inge for at han heldt desse mennane uppe. Men Gregorius skulde hava 15 merkar for di kong Øystein brende for han. Kong Øystein var ille nøgd med dette og totte de var tvangs-forlik. Kong Inge fór aust til Viki fraa stemna, men Øystein nord til Trondheim. Sidan var kong Inge i Viki, men kong Øystein nordpaa, og dei raakast ikkje, og kom de ordsendingar fraa den eine til den andre, var de ikkje forliksord, og dei lét drepa venine for kvarandre, og de vart ikkje nokor betaling av med Øystein, og den eine skulda den andre for at han ikkje heldt avtala. Kong Inge og Gregorius lokka mange menn fraa kong Øystein, Baard Standale Brynjolvsson og Simon Skaalp, son hans Hallkjel Huk, Halldor Brynjolvsson og Jon Hallkjelsson, og mange andre lendmenn.


31. Daa tvo aar var gjengne fraa di kong Sigurd fall, samla kongane folk, Inge aust i lande og fekk 80 [1157] skip, og kong Øystein nord i lande og fekk 45 skip. Daa hadde han den store draken som kong Øystein Magnusson hadde bygt;[98] dei hadde mykje og vakkert mannskap. Kong Inge laag med skipi sine sør ved Mostr[99], og kong Øystein lite nordanfor i Grøningasund[100]. Kong Øystein sende Aaslak Jonsson den unge og Arne Sturla, son hans Sæbjørn, med eit skip sør til kong Inge. Men daa mennane hans Inge kjende deim, lagde dei imot deim og drap mange av deim og tok skipe og alt som var um bord og alt tye deira. Men Aaslak og Arne og nokre andre menn kom seg undan upp paa land og fór til kong Øystein og fortalde han korleis kong Inge hadde fagna deim. Daa heldt kong Øystein hus-ting og fortalde kor ufredsamt Inge og mennane hans fór aat, og bad mannskape at de skulde fylgja han; «me hev so mykje og godt mannskap,» sagde han, «at eg ikkje vil undan røma, um De vil fylgja meg.» Men de vart ingi godlæte til tala hans. Hallkjel Huk var der, men dei tvo sønine hans, Simon og Jon, var med kong Inge. Hallkjel svara, so høgt at mange høyrde de: «No kan gullkistune fylgja deg og verja lande ditt.»


Wilhelm Wetlesen: Simon Skaalp og mennane hans finn kong Øystein.


32. Natti etter rodde dei løynleg burt med mange skip, sume som vilde gjeva seg i lag med kong Inge, og sume til Bjørgvin, og sume inn i fjordane. Um morgonen, daa de vart ljost, laag kongen etter med berre 10 skip. Daa lét han den store draken, som var tung-rodd, vera etter, og likeins fleire skip, og skamhogg draken ille og hogg hol paa øltunnune, og øydelagde alt de som dei ikkje kunde hava med seg. Kong Øystein gjekk um bord paa skipe hans Eindride, son hans Jon Mornev, og fór nordetter inn i Sogn, og derfraa landvegen aust til Viki. Kong Inge tok skipi og fór sjøvegen aust til Viki. Daa var kong Øystein austanfor Foldi[101] og hadde innpaa 1200 mann. Men daa dei saag floten til kong Inge totte dei ikkje dei hadde mannskap nok, og rømde undan til skogs. Kvar flaug paa sin kant, so kongen berre hadde ein mann med seg. Kong Inge og mennane hans merka kor kong Øystein var, og at han hadde lite folk, og dei fór og leita etter han. Simon Skaalp fann han, just som han kom ut imot deim or ei ris-kjørr. Simon helsa paa han og sagde: «God dag, herre!» Daa sagde kongen: «Eg veit ikkje rettare, enn at du no tykkjest vera min herre,» sagde han. «De er som de kan falla seg med de,» sagde Simon. Kongen bad at han skulde lata han sleppa burt, og sagde at de sømde seg for han; «de hev lengi vori vel med oss tvo,» sagde han, «endaa de no er annarleis.» Simon sagde at de skulde ikkje verta noko av med de. Kongen bad daa at han fyrst maatte lyda messe, og de fekk han. Sidan lagde han seg ned aa gruve og rette hendane ut fraa seg og bad at dei skulde hogga han i kross millom herdane, og sagde at daa skulde dei prøva um han kunde tola jarn eller ikkje, som lagsmennane til kong Inge hadde sagt. Simon sagde til honom som skulde hogga, at han skulde hogga til, og sagde at kongen hadde kropi hoste lengi umkring der i lynge. Daa vart han hoggin, og dei totte han bar seg modig. Dei førde like hans til Fors[102], og de stod den natti under brekka sunnanfor kyrkja. Kong Øystein vart jorda i Fors kyrkje, og gravi hans er midt paa kyrkjegolve, og eit klæde er breidt yvi, og dei kallar han for heilag. Der som han vart hoggin og blode hans kom paa jordi, spratt de upp ei kjelde, og ei der under brekka som like hans hadde vori um natti. Av vatne i baae desse kjeldune tykkjer mange dei hev fengi helsebot. De er ei segn hjaa vikverjane, at de hende mange jartegnir ved gravi til kong Øystein, til dess uvenine hans slo hunde-sod[103] paa gravi. Dei lagde mykje hat til Simon Skaalp for dette, og folk gav honom skuldi; men sume sagde, at daa kong Øystein var fanga, sende Simon ein mann til kong Inge, men kongen bad at Øystein ikkje maatte koma for augo hans. Soleis hev kong Sverre lati skriva upp, men soleis segjer Einar Skuleson:

Den mannen til mord seg vande,
mang-ful sveik han sin konge.
Seint fraa syndfulle vegen
Simon Skaalp kan hjelpast.


Slutvignet Inges saga.jpg


Notar:

  1. D. e. tinge ved Borg, Sarpsborg.
  2. Um hans ætt sjaa s. 594.
  3. Sjaa s. 172, merknad 1.
  4. Fjordgape til Romsdalsfjorden.
  5. Minne, ved sudenden av Mjøsi.
  6. I Saurbø herad, no Sørbygdi, i Baahuslen.
  7. Sjaa s. 595.
  8. Hallvard den heilage († 15de mai 1044) var lagd i skrin i domkyrkja i Oslo (Hallvardskyrkja).
  9. «Hovedøen», tett ved Kristiania.
  10. Sundi millom Homborøy og lande i Kville herad i Baahuslen.
  11. No Ærø, sunnanfor Fyn.
  12. Gøtaelvi.
  13. No Portør eller Porter i sudvestre hyrna av Bratsberg amt, i Sannikedal.
  14. Namn paa strandsida ikring Lyngør.
  15. Hamla, ro tilbake.
  16. Øyi Batalden i Kinn herad i Sunnfjord.
  17. Sjaa s. 254.
  18. No Guddal i Kvinnherad i Sunnhordland.
  19. No Viste i Randeberg sokn, Hetlands herad, nørdst paa Jaren.
  20. Œgisfjörðr er Øgsfjorden paa Hinnøyi (Hinn),
  21. Tjaldasund er Tjellesund millom Hinnøyi og Tjeldøyi.
  22. Kanskje Fiskefjorden, som gjeng inn mot vest fraa Tjellesund.
  23. Gard paa Tjeldøyi.
  24. Sjaa s. 323, merknad 2.
  25. Vaagan i Lofoten.
  26. Vik i Brønøy herad i Helgeland.
  27. Sjaa s. 150.
  28. Valsnes i Jøsund herad paa Fosni (den tid rekna til Nordmøre).
  29. Fjord-gape i Trondheimsfjorden (sjaa s. 423).
  30. Denne Ivar bisp er den som vert nemnd seinare paa s. 727; han vart bisp i Nidaros ikring 1140 og døydde ikring 1150.
  31. No Herla (Herlaa) utanfor Askøyi og Holsni (Nordhordland).
  32. Namn paa Osterfjorden utanfor Hamre paa øyi Oster i Nordhordland.
  33. Ting som dei heldt i «gangdagane», dei 3 dagane fyri helgetorsdag, daa prestane gjekk ikring med ein kross paa aaker og eng. I 1139 var dette dei 3 siste dagane av mai.
  34. 2 øyrar gull er de same som 2 merkar sylv.
  35. Kville sokn og herad i nørdre Baahuslen.
  36. No Hvaler («Hvaløerne») utanfor Smaaleni.
  37. Den synste av øyane; høyrer no til Baahuslen.
  38. 12te november 1139.
  39. No Linnestad i Ramnes sokn og herad i Jarlsberg og Larviks amt.
  40. Sjaa s. 714.
  41. Bror til den namnkjende hovding Havlide Maasson paa Breidabolstad i Vesterhop (nordlande).
  42. Paa Røykholar (sjaa s. 323, merkn. 2).
  43. Sjaa s. 723.
  44. Erkebisp 1188—1205, † 1213.
  45. Gard sunnanfor bispegarden Skaalholt i Aarnessysla sud paa Island.
  46. Erkebisp 11 52—57, hadde fyrr vori bisp i Stavanger (etter Reinald).
  47. D. e. byfut, truleg i Oslo.
  48. Her, og i de som etter kjem, laaner Snorre traa Eirik Oddsson og hans skrift de eldre tilnamne Slembe, medan han elles hev retta de til Slembedekn.
  49. «Fyrtøi.»
  50. Sjaa s. 724.
  51. Davids salmar paa latin.
  52. Dette var kyrkja for eit nonnekloster i Aalborg, paa same tufti som «Frue kirke» der no.
  53. 25de—27de mai (1142); sjaa s. 724.
  54. Laak, vanfør.
  55. D. e. koren i kyrkja.
  56. No Staareim i Eid herad i Nordfjord.
  57. Den namnkjende bispen i Oslo (1100—1225)-
  58. Sjaa s. 724. Filippus fall 1180 i slag med Sverre.
  59. Sjaa s. 492.
  60. Sjaa s. S95 og 600.
  61. Sjaa s. 600 og 719.
  62. Sjaa s. 221.
  63. Eit slag store skip som dei bruka i «Middelhave».
  64. Ukjent stelle.
  65. Paa Katanes (sjaa korte s. 355).
  66. No Aberdeen.
  67. No Hartlepool i Northumberland.
  68. No Whitby i Yorkshire (sjaa korte s. 635).
  69. D. e. Stefan, konge 1135—54.
  70. Ukjend stelle.
  71. Ukjend stelle.
  72. Kanskje Langton, namn paa fleire byar i England.
  73. De kan ikkje vera rett, de som her er sagt um desse tvo giftarmaali; kong Inge døydde ikring 1124, og Karl jarl er ikkje nemnd etter 1137, medan Brigida er fødd kort fyri 1136.
  74. Konge i Sverige 1160—61.
  75. Jarl i Sverige ikr. 1170, f 1202.
  76. Var jarl i Norig under kong Sverre og fall aar 1200.
  77. Sverke Karlsson, konge i Sverige 1195—1210.
  78. Konge i Sverige 1216—22.
  79. Pallium er eit breidt krossband som er bori kring halsen og heng ned yvi bringa; de er merke paa erkebispe-rang.
  80. Lyd-bisp (av lyd, folk), ein bisp som stend under ein erkebisp.
  81. Snorre nemner ikkje at kardinalen drog til Sverige fraa Norig, og derifraa søretter.
  82. Anastasius IV, daain 3dje desember 1154.
  83. Adrianus IV var pave 1154—1159.
  84. Rònd er Randsfjorden.
  85. Namne er ukjent no.
  86. I den eldre soga rettare Askeimsherad, no garden Askim i Gran herad, Hadeland.
  87. Sjaa s. 700.
  88. Sjaa s. 700.
  89. Hev stadi ovanfor stræte, burt-imot der Sverresborg sidan laag.
  90. Sandbru førde fraa «kongens grasgard» yvi dike Veisan til Øvregata (sjaa korte s. 742.)
  91. Sjaa s. 700.
  92. 10de juni (1155).
  93. Sjaa s. 700.
  94. Austanfor byen Skien.
  95. No Gjerpen herad i Bratsberg amt.
  96. Sjaa s. 221.
  97. Sjaa s. 682.
  98. Sjaa s. 469.
  99. Sjaa s. 682.
  100. Sjaa s. 87.
  101. Sunde i Bergens-leidi millom store og vesle Sotra («Sartorø») paa vestsida og Bergens-halvøyi paa austsida; sjaa korte s. 701.
  102. Sjaa s. 47.
  103. Sjaa s. 696.