Hamdesmål

Fra heimskringla.no
Revisjon per 8. nov. 2013 kl. 10:01 av Jesper (diskusjon | bidrag) (Hamðismál v. Ivar Mortensson-Egnund)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Hamdesmaal


Gudrun eggjar Hamde og Sorle
1.
Inkje var det no,
inkje i gaar,
lange tider
hev lidi sidan,
daa Gjukes dotter,
Gudrun, eggja
søner unge
til Svanhild aa hemne.


2.
Ei syster de hadde
som Svanhild heitte.
Jormunrek henne
hivde paa voll,
kasta ho for hestom
kvite og svarte,
graae gangtame
gote-hestar.


3.
Burt fraa tjodkongar
trengde de vert,
einaste renning
av ætt-greini mi.


4.
Einsam eg stend
som ei osp i skogen
fatig paa frendar
som fura paa kvister,
vantande voner
som ei vidje um haust
av lauv-jarnet skadd
ein solvarm dag.


5.
Hugdjerve guten,
Hamde, daa kvad:
«Liti ære
du leivde Hogne,
daa dei Sigurd
or svevnen vekte,
paa lægjet du laag,
men dei lo dei hine.


6.
Og dei blaa-kvite
blæjune dine
raude vart farga
av blodet som rann.
Sigurd slokna,
du sat yver liket,
gleda var gjengi,
Gunnar so vilde.


7.
Deg sjølv vart det verst
det slaget mot Atle,
daa Erp du myrde
og Eitil du drap.
Saarbeitte sverd
svinge ingen
andre til tjon,
so det tyner ein sjølv.»


8.
Sorle sae,
han var stødug og klok:
«Inkje antrast
eg med ho mor,
men det vantar eit ord
oss i millom,
den bøni du bed oss
ho berre veld graat.


9.
No græt du for brødrar
og born so kjære,
for nærskylde frendar,
fallne i strid.
Graate skal Gudrun,
graate for oss tvo,
som feigdi fylgjer
til framand-landi. »


10.
Fræge Gudrun
ved grindi stod,
mjo-fingra møy
mælte til sonen:
«Tegjande trygt
karm de takast med alle.
Daa tvo mann eine
kann ti hundrad gotar
baste og binde
i borgi den høge.»


[Det er no aa segja um sønene til Gudrun at ho hadde fari so med herklædi deira at jarn ikkje beit paa dei. Og ho bad at dei ikkje maatte skade seg med stein eller andre store ting, og sae at det vart dei til mein, um dei ikkje gjorde som ho hadde sagt].


11.
Gutane grutte,
daa or garden dei reid.
Storvyrdig svein
paa stræte dei fann :
«Tru no brun-hott
karm bjode oss hjelp?»


12.
Svara halvbror
han hjelpe skulde;
«som ettre foten
skal frende stydja,
som andre handi di
heng ved sida.»
«Kva mun i foten
som fylgjer etter?
kva hjelp gjev handi
som heng ved sida?»


13.
Erp daa sae,
snøgg i maalet,
paa fljote folen
fór han sin veg:
«Blautingar sjølv
si braut lyt finne».
«Lat ’kje laus-ungen
laupe», vart svara.


14.
Sverdi snøgge
av slira dei drog;
Hel til hugnad
hoggi svirra.
Si makt med ein tridjung
minka dei daa,
naar unge sveinen
dei slo aat marki.


15.
Kappune slong,
sverdi klirra,
fram so fór dei
i fager-klædi.
Drog daa drengjer
yver dogg-vaate fjell
paa hunlendske hestar
til hemn yver draapsmenn


16.
Gota-land der laag
med lidskjalvar store.
Høgt uppaa borgi
stod Bikkes lydar.
Der var salen til sudtjoder
skipa med sessar
og straalande bunad,
med skinande skjoldar
var skjeld-tilet klædt.


17.
Fram fór dei vegjer
som varsla so ilt,
syster-sonen
saag dei dingle
i vindsvalt vargtre
vestan bøen.
Tranune taut,
trygt var der ikkje.


18.
I salen stuka
sellar kaate;
og gote-gutane
gaadde ingen,
fyrr ljomande lur
lyden varsla.


19.
Inn vart det meldt
til Jormunrek
at hjelmbudde sveinar
var sedde paa vegen.
«No rid dei til gards,
raad lyt leggjast;
drosi du drap
hev druste frendar.»


20.
Snudde han skjegg
og skratta, kongen,
briska seg upp,
byrg og øren.
Mot spegl-blanke skjold
han skok brune lugg,
gullstaupet let han
seg leike i hand:


21.
«Sælaste syn,
um sjaa eg kunde
Hamde og Sorle
i salane her
basta og bende
med boge-strengjer,
gjukungar gjæve
i galgen dingle.»


22.
Skaalene skrall,
det stuka i hall,
blodfossen gaus
or gote-hausom.
[Tvo mann eine
tusund ei orka
aa baste og bende
i borgi den høge.]


[Hamde hogg av Jormunrek baae hendene og Sorle baae føtene.]


23.
HAMDE kvad:
«Kong Jormunrek
hev ynskt seg dette
at me brødrane baae
i borgi di var.
Her ser du hender,
her ser du føtene,
Jormunrek, hivde
i heite elden.»


24.
Som bjørnen bura
daa brynje-kulten;
troll-kunnige
kongen bura:
«Steine daa sveinar,
som skotfrie gjeng
for eggjar og geirar,
og jarn ikkje bit paa!»


25.
SORLE kvad:
«Aa, ille deg, bror,
at du belgen opna;
jamt or belgen din
illraad det renn.
Kva duger djervleik,
naar daarskap styrer?
Mykje vantar
ein vitlaus mann.»


26.
HAMDE kvad:
«Av vøre hovud,
um Erp no levde,
frøkne frenden
me feilte paa vegen,
dyre drengen!
Men diser meg eggja
te drepa trugne
trauste bror vaar.


27.
Ilt aa øve
ulve-verk
og beste vener veide
lik norne-hundar,
som hungeren driv,
alne i øyde-marki.


28.
Sterkt me stridde,
her stupte gotar;
lik ørnar paa grein
stend me uppaa ein lik-haug.
Frægd hev me fengi,
fèr so hel-veg;
den mann ser ’kje natt,
som norner hev merkt.»


[Daa flaug det steinar imot dei fraa alle leider. Og det vart dau den deira].


29.
Sorle stupte
ved sals-gavlen,
og bakum huset
Hamde slokna.


Dette kvædet er kalla Hamdes-maal det forne.