Gudrun eggjar

Fra heimskringla.no
Revisjon per 31. okt. 2013 kl. 10:36 av Jesper (diskusjon | bidrag) (Ivar Mortensson-Egnund)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Svensk.gif


Edda-Kvæde

Norrøne fornsongar

(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved

Ivar Mortensson-Egnund


Gudrun eggjar


Svanhild — dotter til Gudrun og Sigurd

Gudrun gjekk sidan til sjøen, daa ho hadde drepi Atle. Ho gjekk paa sjøen og vilde tyne seg, men ho kunde ikkje søkke. Ho rak yver fjorden og kom til landet aat Jonaker. Han vart gift med ho; sønene deira var Sorle og Erp og Hamde. — Der vart Svanhild uppfødd, dotter til Sigurd. Ho vart gift med Jormunrek den mektuge. Hjaa han var Bikke. Han gav den raadi at Randve, son til kongen, skulde taka ho . . . . Dette sa Bikke til kongen. Kongen let hengje upp Randve og trøde Svanhild under hesteføtene. Men daa Gudrun spurde dette, eggja ho sønene sine.


1.
Hardare ordkast
eg aldri høyrde
eller teljing so traa
or tregefullt sinn,
som daa Gudrun eggja
gutane sine
og hardhuga ho
deim hissa til strid:


2.
«Her sit de i stova
og søv burt livet;
i gant og garting
gaman de hev,
medan Jormunrek
unge systeri
under hestom hiver
paa hermanns-vollom.


3.
Lite i leiken
de likjest paa Gunnar,
heller ikkje hugen
til Hogne de fekk.
Henne de hadde
hemnt longo,
um mod de aatte
som mine brødrar.»


4.
HAMDE kvad:
«Liti ære
du leivde Hogne,
daa dei Sigurd
or svevnen vekte,
og dei blaa-kvite
blæjune dine
raude vart farga
av blodet som rann.


5.
For brødrom dine
baudst det hemn,
saar og beisk nok,
daa du sønene drap.
Um dei var ’kje daude,
daa me alle
samstelte kunde
syster hemne.


6.
Men hent berre bunad
til hunkongar fram,
naar du eggjar oss ut
til oddleiken hard.»


7.
Glad daa Gudrun
gjekk aat buret
og konge-hjelmar
av kista valde,
side brynjur
sonom gav ho.
Hugheilt sveinar
heiv seg i sâl.


8.
HAMDE kvad:
«Um me kjem att meir,
ho mor aa vitja,
fraa geir-leik denne
med gote-tjoder,
du gravøl fær halde
for heile flokken,
for Svanhild og sonom
i same stundi.»


9.
Graatande gjekk
Gudrun fruga,
sorgfull ho seg
sette paa tun.
Ho der fortalde
med taarer paa kinn
soga um sorg
og suter mange:


10.
«Eg veit eldane tri;
eg veit aarane tri,
til tri menn eg kom,
kone i huset.
Utifraa ein
av alle tri var,
han som brødrar
banen valda.


11.
Eg tyngste tregen
tottest hava,
men endaa meir
skulde maalet aukast,
daa gjæve frendar
meg gav aat Atle.


12.
I løynd eg smaae
søner lokka,
betre bot daa
baudst det ikkje,
anna eg hogg
hovud av gutom.


13.
Eg gjekk til strandi,
grim mot nornom,
vilde ende gjera
paa ovtung strid.
Men baara ikkje
byrdi søkkte,
bar ho til lands,
leva eg skulde.


14.
Til brure-sengi
han baud meg gange
for tridje gongen
tjodkongen der.
Born daa ól eg,
ervingar hæve,
ervingar hæve
eg Jonaker gav.


15.
Men um Svanhild
sat det ternur,
av alle borni
ho best meg tekktest.
So var Svanhild
i salom mine
som den skiraste
solar-geislen.


16.
Eg gav henne gull
og glime-klæde,
fyrr burt eg gav ho
til brur aat goten.
Hardaste harmen
heve eg røynt,
daa hennar ljose
lokkar dei sleit,
under heste-hovom
dei hivde ho ned.


17.
Saaraste sorg,
daa Sigurd min eigen
sviken for alt
i sengi vart vegen.
Grimaste kvide,
daa Gunnar dei tok,
og fraane-ormar
fram seg ringa.


18.
Hardaste sott,
daa til hjarta dei skar
paa den leikande
levande kongen.
Eg minnest mein nok,
eg minnest harmar.


19.
Beisla no, Sigurd,
svart-hesten din,
lat fljote folen
fram hit renne.
Her sit korkje dotter
eller sone-kone,
som gode gaavur
kann gjeva meg meir.


20.
Legg deg paa minne
kva me mælte ein gong,
daa saman me sat
paa sengi baae,
at meg du munde
møte hugheilt
fraa Hel sine haller,
fraa heimen kjem eg.


21.
Leggje no, jarlar,
ladet med ved,
lat logane høgt
til himmels leike,
lat bringa breste
i brennande eld,
Lat sorgene braane,
som bind mitt hjarta.


22.
Sorg skal stillast
og suter batne
for kar og kvende
paa kvar ein stad,
naar kvide-songen
dei kved til Gudrun.»