Arnor Jarlaskald

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Hrynhenda Norsk.gif Dansk.gif Hrynhenda
Original.gif Magnúsdr. Dansk.gif Magnúsdr.
Original.gif Erfidrápa-- Dansk.gif Erfidrápa--


Gamle skaldar og kvad

Med kvadi umsette paa nynorsk


ved Rasmus J. Flo

Oslo 1902


Arnor Jarlaskald


Skal ein tala um ein «gull-alder» og ein «sylv-alder» i hirdskaldskapen, so maa daa tidi under Magnus den gode og Harald Hardraade minst faa rang som ein sylv-alder. I visse maatar stod no denne kunsti daa avgjort paa sitt høgste. Rikt og gjævt som de norrøne maale var i seg sjølv, og framifraa upptamt som de var fraa gamalt, baade med skaldskap og anna, so trengdest de likevel ei sers upptemjing til aa gjera de fellelegt og skifterikt nok til eit slikt utifraa vandt versemaal som drottkvætt. Denne tamen hadde skaldemaale no vunni fram til ved denne tid, soleis at skaldane trengde ikkje um aa leite so hardt etter sjeldsynte eller mangslungne ordvik og ordsetningar. Naar dei endaa her og der brukte kenningar og sovori, so var de meir til prydnad enn av naudsyn. Og samstundes som skaldskapen endaa var fyllt med den gamle aand og kraft, bryt de inn tonar fraa ei ny tid som er i gjerdom, riddar-tidi med sine «hirdmenn prude», «brogdute segl» paa «barmfagre snekkjur» o. a. m., soleis at ein høyrer omen av den mjukare folkevise-tonen mengje seg med staal-klangen.

Ei vinning hev denne tidi med de og, at ho fell so til, at skaldskapen er vortin rikare og betre etterleivd enn fraa andre tidir anten fyrr eller sidan. So mange kvad er de nok ikkje me hev vidare heile fraa denne tid heller; men de kann ein likevel gaa ut ifraa, at me hev de meste som var verdt aa gøyme paa, og slikt at ingin kann tvila um at de i de heile er rett nok.

Tidi var rik paa skaldar, og gode skaldar maa ein segja de jamt var, dei som me no hev noko att etter. Men langt framum dei andre, baade etter mengd og verd, stend tvo av desse skaldane, Arnor Jarlaskald og Tjodolv Arnorsson. Dei kvad baae baade aat kong Magnus og aat kong Harald, men likevel so at Amor er aa rekne for hovudskald aat Magnus, og Tjodolv aat Harald.

Arnor Jarlaskald var, som fyrr nemnt (s. 105), son til skalden Tord Kolbeinsson og Odny ØykyndiL Sitt tilnamn hev han fraa de at han heldt seg mykje hjaa Orknøy-jarlane Rognvald Bruseson og Torfinn Sigurdsson, var gift inn i ætti deira, og hev dikta kvæde um deim baae. De eine, Torfinnsdraapa (eit ervekvad), er av deim som de er etterleivt mykje av, ei 20 heile og halve vers (av deim eit i Heimskr. s. 346). Men hans mest namngjetne kvad, og best gøymt, er hans lovkvad til Magnus den gode, som etter sitt versemaal er kalla Rynhenda. Um korleis de gjekk til, daa han førde fram dette kvad, lyder sogo soleis:

«De var ein gong at kongane sat i halli ved matbordi nord i Kaupangen (Nidaros); daa var Arnor Jarlaskald komin der til byen. Han hadde gjort eit kvad um kvar av kongane. Og ein dag, daa Arnor brædde skipe sitt, kom de sendemennar fraa kongane og bad honom koma og føre fram kvadi. Han gjekk med de same, og vaska ikkje av seg tjøro, og daa han kom til halli, sa han til dørvakti: «Gjev rom for kongeskalden!» Han gjekk fram for deim og helsa: «heil, landsherrar baae!» Kong Harald mælte: «Kven skal du fyrst kveda for?» «For den yngste,» svarar han. «Kvifor fyrst for honom?» spurde kongen. «Herre!» sagde Arnor, «so er sagt, at ungdomen er braalynd.» Der-etter sagde han fram kvæde, og nemnde fyrst um jarlane vestan-havs, og sidan kvad han um sine ferdir, og daa sagde Harald til kong Magnus: «Kvifor sitja her og høyre paa dette kvade um jarlane vest i øyane?» «Lat oss vente, frende,» sagde Magnus, «so tenkjer eg du skal ikkje segja eg er for lite rosa, naar kvade er slutt.» — — Etter han var komin til enden med denne draapa, tok Arnor straks paa med kvade til Harald; de heiter Blaagagladraapa, og er eit godt kvad. Og daa denne draapa var fram-førd, vart Harald spurd, kva kvad han tykte var best. Han svarar: «Stor skilnad er de aa sjaa paa desse kvadi: kvade til meg vil snart vera gløymt; men draapa til Magnus kjem til aa lyde so lengi nordlandi er bygde.» Kong Harald gav Arnor eit gull-lagt spjot, og Magnus for de fyrste ein gullring. Arnor drog ringen paa spjot-falen, og mælte, i di han gjekk ut aat døri: «Høgt skal ein bera dei tvo konge- gaavune.» Daa sagde kong Harald: «Kom soleis til Noreg næste gongen, at du hev kvæde aa føre meg.» Arnor lova at han skulde yrkje ervedraape um honom, um han livde lenger enn kong Harald. Kong Magnus gav sidan Arnor ein knarr, med farm, og vart hans hjartans ven.»

Harald fekk rett i sin spaadom um Blaagagladraapa, men dess-verre ikkje heilt rett i spaadomen um kvæde til kong Magnus. Soleis av de upptake som de her er sagt at kvade byrja med, er de no att berre 2 linepar. Heller ikkje hovudluten av kvade hev me heil, kanskje ikkje stort meir enn halv, eller visst nok ikkje meir enn helvti av heile kvade, endaa de er leivt so mykje som 16-17 vers. Kor som er, fær me trøste oss med at me hev vel de beste av kvade gøymt.

Versemaale her, rynhendt, skil seg fraa drottkvætt mest berre med di at linune er lenger, paa 8 i staden for 6 stavingar, eller 4 versføtar i staden for 3, soleis at lina her fær eit skifte midt i. Paa den maaten vert de her lettare aa faa rom for alle hendingar og framrim, og soleis lettare etter maaten aa faa alt som de skal vera i umsetjingi og. Med alt de at de attaat synest vera eit drustelegt versemaal, ser de ut til de likevel ikkje hev falli rett i smaken den tid, um ein skal døme etter de at de er so faa me ser hev teki etter. Saki er den, at de var vel for breidt av seg for dei gamle nordmennar, so sterkt som dei heldt paa kort og knapt versemaal. Og eit endaa verre lyte ved dette versemaale var vel de, at de ikkje gav rom for umskifte i vers-takti, slikt som nordmennane elles brukte i alle sine versemaal, um endaa etter strenge reglar. Soleis i drottkvætt med, so trongt de var, var de endaa rom for ymist umskifte i vers-takti. Som fyrr nemnt, var de nok fast regel, at siste versfoten var eit tvostavings-ord med fyrste stavingi tung, og mest likso fast regel at fyrste stavingi i lina skulde vera tung. Den tunge stavingi millom desse tvo var daa jamnast den 3dje i lina; men i staden kunde de og vera anten 2dre eller 4de stavingi. Naar so vers-lina, i staden for 6, paa visse vilkaar kunde hava 7 eller kanskje 8 stavingar (4 eller 5 lette), so hev ein nokolunde alle dei utvegar de var til umskifte her; men for ein drivin skald var dette nok til aa faa eit høvelegt umskifte, og de slikt som de var sving med og. Til framsyning skal me her taka inn eit drottkvætt vers i sin rette skapnad, v. 12 av andre kvade her (Magnusdraapa hans Arnor), med di de gjev gode prøvur paa dei vigtugaste av desse umskifti. Med dei tydingar som her er sette til — forutan umsetjingi seinare — er ikkje dette vandare enn at nokon kvar skulde greide de. Heller ikkje aa lesa nokolunde rett skulde de falle vandt for norske tungur, berre ein hugsar paa at ö lyder som opin o, og þ og ð «andande» t og d, — eller um ein ikkje de kann, daa som vanleg t og d.


Dörr lét drengja harri
drjúgspakr af þrek fljúga
(glœddi eldr af oddum)
álmi skept á hjalmi.
Lét-at hilmir Hneiti
Högna veðr i gögnum
(járn flugu þjukt sem þyrnir)
þél harðara sparðan.
[Dörr, spjot. — Harri, herre. — Drjugspakr, dugleg klok, «haatt-ram». — Af þrekt med kraft, «drjughendt». — Lét-at, lét ikkje. — Hilmir, styrar. — Hneiti(r), namn paa de sverde som Olav, far aat Magnus, hadde aatt. — Högna veðr i gögnum, igjenom (i heile) Hogne-vêre (vaapn-ridi, «beita»). — Þyrnir, tyrner, klunger. — Þél harðara, hardare enn fil.]


Legg ein merke til 2dre, 7de og siste lina her, so ser ein at dei, kvar paa sin maate, skil seg fraa hine med ei onnor vers-takt.

Forutan Rynhenda hev Arnor dikta um Magnus den alt nemnde Magnusdraapa, eit ervekvad, truleg dikta kort etter Magnus var daain (1047). Kaae kvadi gjeng daa mykje um de same, um korleis Magnus kom heim fraa Gardarike og jaga Svein Alfivason ut av lande, hans ferd til Danmark, der han vart tekin til konge, korleis han herja Jomsborg og heldt slag med vindane ved Ré (Rügen), og paa Lyrskogsheidi (eller ved Skotborg-aai), og sidan med Svein Ulvsson ved Helganes, med herferd til Falster og Fyn (um slage ved Aaros, «Aarhus», hev me ikkje noko vers av Arnor, men mange av Tjodolv).

Arnor heldt sin lovnad til Harald Haardraade, aa dikte ei ervedraape um honom. De me no hev att av kvade byrjar med den herferdi daa Harald gjorde landgang paa Fyn (der Kalv Arneson fall) — eit halvt vers; der-etter um slage ved Nissaa, um Haralds strid med upplendingane, og elles (de meste) um Englandsferdi og Haralds fall. — Endaa er de nemnt ymse kvæde etter Arnor, um Knut den megtuge, Olav Kyrre, Hermund Illugeson, o. fl.; men det er alle heilt eller so godt som tapte.

Arnor er aa setja millom dei aller fremste av hirdskaldane. I de aa faa flaum i skaldeversi er ingin hans make, — ein flaum som heller ikkje vantar den rette kraft og fynd, endaa um skalden gjerne vil bruke sterke ord; likevel ikkje meir eller annarleis enn de synest høve vel med de heile. De er berre skade at me no ikkje hev stort anna enn herstrids-vers etter Arnor, so ein mindre fær sjaa korleis han var til aa handsama andre emne. Men elles ser de ut som skaldehaatten hans hev legi mest i den leid, og at han ikkje hev raadt yvi so rikt emne-skifte som t. d. Tjodolv Arnorsson. Hans kvad og er nok mest herstrids-kvad; men samstundes er de so mangt og mykje han hev auga for og kann halde livande fram, so at sjølve drepingi berre vert som eit «medkvæde» der.

Her skal me daa gjeva i umsetjing de me no hev att av dei kvadi hans Arnor som kjem serleg vaart land ved.


1. Rynhenda


1.
Magnus, agt paa kvæde megtugt!
mann eg veit kje fremre annan;
gjev meg ljod, naar no eg gjæve
Jutlands konge etlar songen.
Rett ein hauk er horde-drottnen,
hovding kvar for deg vik snarleg;
so di ære faa mot deira
drygnad mest, til himlen brester!
[Jutlands konge, Magnus (paa same maaten kalla Skaanw-gramen o. a.); dei vanlege nemningane elles for Noregs konge er slike som horde-drottnen, trønde-gramen, egde-kongen o. m. fl.]


2.
Storskip rann. fraa lunnar stinne
støytt, med gøystr i hav de øystre;
skjoldung steig um bord paa bjuge
breide sud i gerdske skrude.
Bæv du tok kje, um mastir bivra,
baara heiv, og stamnen dreivde;
gyllte hovud djupt seg duva,
dreglar krava undan gav seg.
[Gøystr, fossing, sprut. — Sud, sying, skipsbord, skip (jf. Mariesudi o. fl.); bjug, utbøygd (um skipssida). — Gerdsk skrud, herbunad fraa Gardarike. — Dreive, spreide, sprøyte. — Dregil, varbord (til aa taka av for sjøane); krava, is-lagd.]


3.
Sidan bar du skjoldar raude
sigers-trygg i svenske bygdir;
lett var her-magt deg aa leite, —
landsfolk søkte deg til hande.
Idug ulvetunge-rjodar!
austantil deg fylgde raustleg
sveit, med drivne spjot og kvite
skjoldar budd, til heiders odd-ting.
[Raud skjold skulde teikne her-skjold, og kvit fredsskjold; men her ser de ut til at mennane hans Magnus hev brukt baae slagi, utan nokor sers meining soleis. — Raustleg, dugande, manneleg.]


4.
Ylmin bar du øgishjelmen
agaleg i Trøndelagen;
dine motmenn daa, de heiter,
daattleg kvekk i barmen gjekk de.
Vesall fienden seg visste,
veik til mots med deg i leiken;
live sitt han tryggast totte
trygda der han rømde bygdi.
[Ylmin, morsk, «bister». — Øgishjelm, av øgje, skræme, ottast. — Daattleg, braatt, «pludselig»]


5.
Deira flokk du unge førar,
frett eg hev, i vanraad sette;
hovdingen braatt paa skjoldklædt havskip
handfallin stokk for deg or lande.
Aat deg du eigna til landebyte,
odels-borin, heile Noreg;
yngre rudde hovding ingin
enn seg veg til rike frægre.
[Havskip, stort skip. — Støkke, kvekke. — Lande-byte, landemerke, landsgrensa.]


6.
Sidan fram-med land du stemnde
sør med floten stor du førde;
svint var lagleg bør til sigling
send, daa Visunden nordan rende.
Peitu-hjelmar, bunad felmleg
baud du samle til kverjo hamla;
herskip dette drengjom tottest
dyrt, med gerdske malmen hyra.
[Visund (bison), namn paa eit skip som Olav, far aat Magnus, hadde bygt. — Peitu-hjelmar, hjelmar fraa Poitou i Frankrike. — Felmleg, øgjeleg, skræmeleg. — Til kverjo hamla, til kvart halv-rom i skipe, svarande til kvar aar eller hamle (keip). — Hyra, utbudd, «udrustet».]


7.
Lysteleg mot lyfting vestan
laugi driv, og styre bivrar;
vinden bender høge vonden,
vegleg prydd, med gulle slegin.
Stive stamnar lét du kløyve
Stavang-fjorden radt frau nordan;
uppe syntest glo i toppom
eld, — du fór mot Danavelde.
[Laug, væte, vask (sjødriv). — Vònd, kjepp, stong (um masti). — Glo, glime, lòga, straale (av den gyllte kula i toppen paa masti).]


8.
Mæle skal eg i stevjamaale
meir um korleis gramen køyrde
héla bord fraa lunnar haale
hestelaust og Vindland gjesta.
Aldri høyrde eg konge førde
fleire skip til odelen deira;
skavlar kjølir harde hyvla, —
hard du vindar ikkje sparde.
[Stevjamaal, bolk av eit kvad (millora tvo stev); stevi i dette kvade hev me ikkje noko att av, utan de skulde vera linune i vers nr. 15 her. — Héla bord, is-lagde eller rimlagde skip. — Odelen, Danmark (og Vindland), som høyrde Magnus til. — Skavl, høg sjø, brot-sjø.]


9.
Skjoldung! utjo du med elden
avaudn gav og mennom dauden;
tjuve-agar! du lét lògen
ljome høgt der sør ved Jomsborg.
Varde halline ikkje herdest
heidne folk i virke breide;
byrge menn i trauste borgi
bjarte eld gav laage hjarto.
[Utjo eller ut jod, skarvefolk, pakk. — Avaudn, avøyding, ulukke. — Ljome (um elden), lòga.]


10.
Vindar skulde sorgir endaa
saare faa ved Skotborg-aai;
unge gramen frægast frumen
fekk seg der med mindre hermagt.
Drepne laag i dungar hopa
(digre gramen, han gav sigren),
høgre voll enn varge-fylgje,
vidt-fraa drivi, upp vann klive.
[Varde halline o. s. fr., heidningane i den store festningi vaaga ikkje aa verja husi sine. — Frume, gagn, vinning; fræg, vidgjetin, framifraa gjæv.]


11.
Susande ved Helganese
sør skok ørnen blodut fjørham,
der du ovbragd vann som liva
uryggt skal medan heimen byggjest.
Kvar ei flis av floten deira
fekk du kverrsett med di hermagt;
jarlen saag seg — du tok sigren —
skild ved lande han eige vilde.
[Heimen, verdi. — Kverrsetja, setja fast («beslaglægge»).]


12.
At til diktverk du gjev yrke,
Olavs hemnar! lydt eg nemner;
blod du rikleg Herjans hækne
haukar byd, — no kvæde aukast.
Fire odd-el kann du, førar
frøkne! paa ein vetter rekne;
vita kvar skai visst at heite
vel du maa den siger-sæle.
[Olavs hemnar, Olavs son (soleis ofte, um ikkje de nettupp er tenkt paa nokon hemn). — Herjans (Odins) haukar, ramnar. — No kvæde aukast v. s. at skalden no kjem til siste bolken, «aukingi» eller slutten paa kvade.]


13.
Illvêrs-elgar hev du, ylving,
ógn for gulle! lært aa vaage
langt til havs og elles liva
live helst under slagne tjelde.
Fram deg ber. som kvasse geirfalk
flyg. din Visund i lyfting høge;
aldri skip under røsleg skjoldung
skreid lik deg, min holl-ven frægast!
[Illvêrs-elgar, skip. — Geirfalk, jagtfalk.— Ogn (skræmsl) for gulle, ein som er hard med gulle. — Slagin, vaat, «fugtig».]


14.
Folk du lét kje i fremste fylking
frega um kvar du tok vegen;
ei du øgjer, hovding-bøygjar!
eld hell malm i vaapen-jalmen.
Naar i flokk du herskip fører
fram paa hav med gyllte stamnar,
rikt de skin som soli reine
renn i heid, eller vitar brenner.
[Vite, «varde».]


15.
Druste hirdi di er ordkjend;
deg, eg høyrer alle vegnir,
folki unner millom mennar
mest og attved Gud den næste.
[Drúst, gild, staseleg.]


16.
Skjoldung, yppare gram de aldri
etter deg under sol skal frettast!


Halvdan Egedius: Slage ved Lyrskogsheidi


2. Magnusdraapa


1.
Fram eg etlar aa føre
fraasegn ura gram som bada
vaapn, — meg alt er velkjent;
vil so mennane tegja.
Ikkje var ormbeds øydar
elleve vetrar gamall,
den gong herren aat hordar
her-skip førde fraa Gardar.
[Ormbed («orm-seng»), gull.]


2.
Ut til ting den unge
egg-røynar baud seggjar;
herferds-bunad hirdmenn
hæve bar aat keipom.
Sjøen med héla huven
hovdingen skar austan;
brimlòge-tynaren beinast
bør til Sigtun førde.
[Huv, botn-bordi i baat eller skip. — Brìm-lòge («sjø-eld»), gull.]


3.
Sveins motmann i Svitjod
søkte land, den frøkne;
aakavt i son aat Olav
austan hjarta fystest.
Natt og dag etter drottnen
drengir trugne lengta;
gramen meinte at mønugt
mod i hug skulde duga.
[Aakavt, ofseleg, «heftigt». — Fysast, lyste, traa. — Trugin, trufast. — Mønug, orrug, frisk, hugheil.]


4.
Høge hovding flydde
her-kongens rame vreide;
gull-hatar stokk for gode
gramen vaar or lande.
Noreg lét honom njote
nyte konge ei lengi;
Svein han fraa sin fars-arv,
framkjøm, udan rømde.
[Gull-hatar og slikt var vanlege nemningar for kongar, like godt um dei, soleis som Svein, ikkje nettupp var kjende for aa vera romhendte. — Røme, drive (rydja) or rome.]


5.
Ordmagt som sterk seg ovra
aatte jarle-drottnen;
verk vanka paa ordi
varge-fagnaren mælte:
at i Gonduls grimme
gny han vilde under
korpe-klo falle, eller
kongsstol i Danmark eige.


6.
Segja eg skal kor sør-paa
med Sogne-drottnen stemnde
Visunden, lut til le-bords,
lagd med svellande is-krav.
Strids-emnaren stamnar
styrde mot de breide
Jutland; folki fegne
fagna der sin konge.
[Lút, lutande, hallande.]


7.
Nyte hovding naadde
Noreg og heile Danmark
daa aa styre; for drottnen
drjugt de auka magti.
Ingin annan konge
under seg vann, barn-ung,
land so vidt; hans velde
veikna gjorde ikkje.


8.
Vindar minnest at vaapn-rid
vann ved Jomsborg kongen
sidan, daa han svarte
svidde illverksmennar.
Bukar braa-snøgt steikte
blodig varg drog av glodom;
uskirde enne røynde,
all-frèk, banen aat hallir.
[Uskirde enne, udøypte pannur. — Banen aat hallir, elden.]


9.
Ved Ré lét rauste konge
ramlegt flote-ting halde;
valske sverd utfor vide
Vestland gramen ròda.
[Valsk, fraa Valland (Frankrike). — Med Vestland er truleg meint Vestpommern.]


10.
Herdig folke-førar
fram skreid med øksi breide,
slengde brynjo; sverd-gny
sjoga kring horde-drottnen.
Hel kløyvde bleike hausar, —
hendar baae han spende
um skaft; men landi skifte
skaparen sjølv i himlom.
[Hel, namn paa øksi som Magnus hadde etter sin far.]


11.
Spurt eg hev de heiter
Helganes, der gramen,
vidgjetin varge-fødar,
vaag-øykir mange snøydde.
I kveldingi rygje-kongen
klemme bad skjoldar saman;
heile haustnatti gjenom
heldt han gangande skjold-regn.
[Vaag-øykir, skip.]


12.
Haatt-ram drengje-drottnen
drjughendt spjot lét fljuge;
eld glødde der oddar
alm-skjefte fór mot hjelmar.
Jarn flaug tjukt som paa tyrner
tindar; beita til endes
flote-føraren Neite,
fil-hard. ikkje sparde.
[Um v. 12 sjaa s. 123.]


13.
Snarpe Skaane-gramen
skipi med all sin reide
fraa bror aat Bjørn lét taka;
betre ingin rodde.
[Bjørn, bror til Svein Ulvsson, var ein namnkjend viking.]


14.
Tjodkongen heller hardhendt
hemnde sviki paa danom;
hugfast fylking-førar
Falster-buar lét stupe.
Unge hovding aat ørnom
upp lødde lik i drjuge
haugar; men hirdmenn hjelpte
holligt ørne-venen.
[Holligt, fagnaleg, munaleg.]


15.
Paa Fyn fagre merke
farga her-kongen blodut,
tok att med rett sitt rike;
ransverke folk bøtte.
Mange minnest kva konge,
manndoms-frisk i barmen,
frèke ramn til fagnad,
fyllte de andre ti-aar.
[Ransverke, at dei vilde taka rike fraa kong Magnus. — Frèk, storturftig, hækin, graadig.]


16.
Aldri under gamle
Ymes haus paa tilju
skjold-umspent so gòvug
skjoldung ung skal treda.
[Ymes haus, himilen. — Paa skjold-umspent tilju, d.v.s. paa her-skip. — Gòvug, stortøk, gjæv.]


Wilhelm Wetlesen: Kong Haralds fall i England


3. Ervedraapa um Harald Sigurdsson


1.
Paa Fyn eggjar fraane
farga rikjaren, elden
fór yvi husi; færre
Fyn-byggir vart de synbert.
[Fraan, skinande, bjart. — Rikjar, raadar, «hersker».]


2.
Kongen lét her-sveinar høyre
(han som ved Nissaa baae
Tyrvings eggjar tvætta)
tidend framanfor mannfall:
No skreid drake nordan,
ny, som drottnen styrde;
radt lét til Halland renne
ramne-venen stamnen.
[Tyrving, namn paa Angantyrs sverd.]


3.
Glad under gull-hjelm raude
gramen dana-skip rudde,
ærerik, han som aldri
undan fór for geir-jalm.
Gull-øydar skaut oddar
alt gjenom brynjur paa mennar,
skjoldborg sprengdest, song-kor
slagfuglar heldt ved liki.


4.
Ikkje saklaust fraa snekkja
Svein flydde, eg meiner,
mann med mod so grunnfast;
malm var hard med hjelmar.
Folke-tom laut fljote
fljot-mælte jute-venens
farkost, fyrr han rømde
fraa sine drepne hirdmenn.


5.
De gjeng i ætti, at Yngve
paa Upplandi husi brende;
folk fekk finne dei harma
fremsten millom mennar.
Siger-vinnaren vilde
vandt kaksane lyde,
fyrr de forde til vaade, —
fekk daa reist seg ein galge.
[Gjeng i ætti er sagt med tanken paa at Olav Haraldsson gjorde de same (Heimskr. 387-89).]


6.
Vreide øydana-øydar
aumleg var kje mot raumar;
heinir med trugsmaal hegda, —
hogvare gjorde deim lògen.
[Aumleg, veik, «øm». — Raumar, raumarikingar. — Heinir, heidmarkingar. — Hegde, halde att-i, halde maate. — Hogvar, atterhaldin, bljug, stillferdig.]


7.
Tunge jarn paa anglar
ved Usa kongen freista
ulint; verre val-fall
vaapn-djerv her ikkje røyner.
[Usa, elvi Ouse, som fell ut i elvemynne Humber i Nordengland.]


8.
Grust ved møte med gramen
gòv-heit fløymde sveiten;
fram vod merke, paa mode
mennar grjot de regnde.
Vaapn-tøkt folk, eg tenkjer,
tusund-tals der fekk live
lata; lukt flaug spjoti
lause i manne-hausar.
[Grúst, storvegjes, ofseleg.]


9.
Siger fekk ven aat sygnir,
skjold-prud, han som aldri
hòpa paa hæl for mennar;
her gjekk fiknaleg leiken.
Æk fekk ingin taka;
undan jarlar dunde —
mennar hev i minne
morgon denne — til borgi.
[Sygnir, sogningar. — Hòpa, attre seg, vike attlengjes. — Fiknaleg, lysteleg, etter ynskje. — Æk, upphald, kvild.]


9.
Uppgonge baud Yngve,
ærerik, med her-flokk
faament, han som i heimen
her aldri seg ira.
Men til mots ei stridsmagt
mangment sunnantil England
fór mot herførar dyre, —
funnost so dei paa stundi.
[Ire seg, ottast, kvide seg.]


10.
Kongens stupmod i strenge
staal-el gjorde at aal-beds
øydar ikkje bide
alderdomen skulde, —
han som, naar uspart paa øyken
arge aat gygri han farga
mulen, seg i malm-rid
meinhard ikkje sparde.
[Stupmod, forvaagalt, vyrdlaust mod.— Aal-bed sjaa «ormbed» s. 127). — Øyken aat gygri, ulven.]


11.
Høg-reist brjoste hugstor
hovding bar i ovsterk
hjelm-storm (kongens hjarta
gjæve ikkje bivra) —
der hættne herse-drottnen,
han som rikjarar vikte,
heren saag med sverde
snøgt stridsmennar hogge.
[Hættin, vaagall, modig.]


12.
Ikkje vart øydin daude
agande konge lagi
(røvar-grusten gauve
gull-prydd odd ikkje skydde);
heller alle mæte
mildings hermenn vilde
falle no med sin førar
frøkne, enn grid dei søkte.
[Øydin, audsleg, einsleg (med tanken paa de som er sagt etterpaa, at so mange fall med Harald). — Grust eller gruste, tugtemeister; gauv, røsleg, staut, gild. (Segni veit og aa fortelja de, at Heming, han som de er sagt skaut Harald, hadde gull-vavde pilir).]


13.
Vidt fór um ylving orde,
ovleg vart han lova,
han som or Nid nordan
nøytug herskip støytte.
[Nøytug, driftig, hæv, dugande.]


14.
Meg er myrkt aa øygne
mann so daadstor annan;
i vide heim ikkje skodar
skalden ramn-fødar jamnhæv.
Orrugt hjarta ervde
ovraust milding; i gildskap
ingin yvigangs hovding
evlde med honom tevle.
[Med skalden meiner Arnor her seg sjølv. — Yvigangs, framifraa, som gjeng yvi andre. — Evle, orke.]


15.
Hugfaste Harald seg visste
hævast mot kvar den gjæving
under Midgard; til enden
ære slik han naut bera.
[Midgard, borg-garden utan-kring mannaheimen (laga av augnebrunine paa Yme).]