Fyreord til Soga um Øyrbyggjerne

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif


Soga um Øyrbyggjerne


FYREORD
av Jakob Sverdrup


Det Norske Samlaget (Landsmaalslaget)

Oslo 1912


Soga um Øyrbyggjerne er uppskrivi meir eller mindre heilsleg i 8 handskrifter, som alle høyrer den store Arnamagnæanske handskriftsamlingi i Kjøpenhamn til. Av desse handskrifterne er dei tvo beste beintfram avskrifter av soga um Øyrbyggjerne i den namngjetne Vatnshornsboki fraa Vatnshorn i Haukadal paa Island. Ho strauk med i den store branden i Kjøpenhamn 1728. Men fyre branden tok dei tvo avskrifter av soga, den eine av Ásgeirr Jónsson og Árni Magnusson, den andre av den islendske presten Ketill Jörundarson. Desse tvo avskrifterne er det som ligg til grunn for alle seinare utgaavor av soga. Dei andre handskrifterne er mindre verdfulle. I Vatnshornsboki var òg andre sogor, som soga um Laksdølerne, soga um Vatsdølerne og fleire andre, som det òg finst avskrifter av.

Det finst mange utgaavor av soga um Øyrbyggjerne. Den eldste er ei utgaava fraa 1787, som Suhm fekk islendingen Grímr Jónsson Thorkelin til aa greida med. So gav Guðbrandr Vigfússon soga ut i 1864. Sidan kom det òg ut tvo utgaavor av soga paa Island, ei av Þorleifr Jónsson (1882), og ei av Valdimar Ásmundarson (1895). Sist hev professor Hugo Gering gjeve ut soga i „Altnordische Saga-Bibliothek“ (1897). Elles finst det òg fleire utgaavor av sume stykke av soga. Og den namngjetne engelske diktaren Walter Scott hev fortalt att innhaldet av soga i „Illustrations of northern antiquities“.

Ved denne umsetjingi hev eg mest nytta utgaava hans Gering. Det finst ei mengd med visor i soga um Øyrbyggjerne. Det er kvad og visor av dugande skaldar som Torarin svarte og andre. Difor hev eg freista uinsetja visorne paa vers, med det gamle versemaalet, stavrimet, hendingarne (innrim), og kjenningarne. Med det var det mi von aa gjeva lesarane ei betre framsyning av den gamle skaldekunsti enn ei turr prosa-umsetjing kunde gjera, endaa um ei slik innsetjing paa vers maatte verta berre ein ufullkomen freistnad. For det var uraad aa faa med alle kjenningarne, og ofte maatte eg òg gjeva avkall paa hendingarne, liksom det nok òg finst mykje anna som ikkje høver med den gamle strenge versekunsti. Men likevel vonar eg at denne freistnaden ikkje er heilt mislukka. Ved tolkingi av visorne hev eg nytta ikkje berre utgaava hans Gering, men òg „Den norsk-islandske skaldedigtning“ av professor Finnur Jónsson, og tolkingarne hans J. Jónsson i „Arkiv for nordisk filologi“, B. XIV.

Soga um Øyrbyggjerne — eller som sogemannen sjølv betre kallar henne: Soga um Torsnesingarne, Øyrbyggjerne og Alptefjordingarne, — høyrer til dei beste av dei gamle islendske ættesogorne. Det er fulla so at den logiske samanhengen er mindre god. Soga er liksom so innskoti og ihoplappa. Men karakterskildringi er meisterleg klaar og livande. Og endaa det er slik ei mengd med personar som stig fram i soga, hev sogemannen likevel evlt aa teikna huglyndet aat kvar einskild baade greidt og rikt. Og det hev han helst gjort ved aa lata deim tala for seg sjølv, i ord og i aatferd. Her er sogemannen ein kunstnar. Hovudmannen i soga er Snorre gòde, ein av dei megtugaste hovdingarne paa Island umkring aar 1000. Han vert skildra som ein framifraa vitug og sløg mann, æregirug og magtsjuk, vyrdlaus og hardhendt mot motmennerne sine, men trufast og hjelpsam mot sine vener. Ein jamgod motmann hadde han i den djerve og gjævlynde og rettviljuge Arnkjel gòde, heilt ulik den meinsløge og trættekjære faren sin, Torolv bægjefot. Nemnande er òg den gilde skalden Torarin svarte, ein spakvoren og stillferdig mann, men djerv og vyrdlaus nok naar han vert terga; den lauslynde og drambfuse Turid paa Frodaa og hennar svikne, veiklynde mann, Torodd skattkjøpar; dei tvo sinnataggarne Tord blig og Torleiv kimbe, og mange andre.

Sers forvitneleg er soga ved dei mange upplysningar ho gjev um det daglege liv og um kulturtilstandet paa Island i den gamle tidi. Me fær høyra um hus-innreiding og husstell, um klædebunad, um leikar, um gardsbruk, um rettstellet og tingsskipnaden, um seder, skikkar (t. d. ved likferd), og mykje anna. I det heile fortel sogemannen svært umstendeleg og gruudigt; men det gjer skildringi òg meir livande og intim. Og soga er i det heile fullt paalitande; det er lett aa skilja ut alt det som hev sin grunn i segner og ovtru, som denne tidi var so full av.

Den kjelda sogemannen serleg hev nytta umframt visorne er den munnlege tradition. Det nemner sogemannen sjølv fleire gonger; og han hev gjort det vel og med kritik. Men attaat hev han òg nytta seg av skriftlege kjeldor. Sjølv nemner han frampaa um soga um Laksdølerne og soga hans Viga-Styr, liksom han òg viser til Are frode. Kann henda hev han òg nytta soga hans Gisle Sursson og Kristni-soga (d. e. soga um kristningi av Island). Men soga um Øyrbyggjerne er visst eldre enn Landnaamaboki. Det er difor likt til at soga um Øyrbyggjerne er tilvorti i fyrstningi av det 13. hundradaaret.

Namnet paa sogemannen veit me ikkje, liksom mesta alle dei gamle islendske sogemennerne er ukjende. Men sogemannen syner seg so vel kjend i alle dei grender der soga er fest, at det er tvillaust at han sjølv hev livt der. Og Finnur Jónsson hev visst rett, naar han meiner at sogemannen var ein geistleg mann, som kann henda høyrde klostret paa Helgefjell til.


Jakob Sverdrup