Soga um Øyrbyggjerne

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif
Dansk.gif
Sjå òg: Fyreord til Soga um Øyrbyggjerne
Sjå òg: Nokre aarstal til Soga um Øyrbyggjerne


Islandske ættesagaer


Soga um Øyrbyggjerne


Umsett fraa gamalnorsk ved
Jakob Sverdrup


Det Norske Samlaget (Landsmaalslaget)
Oslo 1912


1.

Kjetil flatnev (flatnasa) heitte ein namngjeten herse i Norig. Han var son hans Bjørn buna (bjørnfot), og Bjørn var son hans Grim herse fraa Sogn. Kjetil var gift med Yngvild, dotter hans Kjetil vêr, ein herse paa Romerike. Bjørn og Helge heitte sønerne deira, og døtterne deira var Aud den djuptenkte, Torun hyrna (den hornute) og Jorun mannsvitbrekka (den skynsame). Bjørn, son hans Kjetil, vart fostra aust i Jamtland hjaa ein jarl som heitte Kjallak, ein vitug og namngjeten mann. Jarlen hadde ein son som heitte Bjørn, og Gjavlaug heitte dotter hans.

I den tidi daa dette hende, hadde kong Harald haarfagre teke ved styringi i Norig. For ufreden hans flydde mange gjæve menner fraa eigedomarne sine i Norig, nokre aust yver Kjølen, andre vest yver havet. Nokre heldt seg um vetteren paa Sudrøyarne eller Orknøyarne, men um sumaren herja dei i Norig og gjorde stor skade i riket aat kong Harald. Bønderne klaga yver dette for kongen, og bad honom berga deim for denne ufreden. Kong Harald fann daa paa den utvegen aa bu ein her for aa senda til Vesterlandi, og han sa Kjetil flatnev skulde vera hovding yver denne heren. Kjetil drog seg undan, men kongen sa han skulde fara. Og daa Kjetil saag at kongen vilde hava sin vilje, gav han seg paa ferdi, og tok med seg kona si og dei borni som var heime. Daa Kjetil kom til Vesterlandi, hadde han fleire slag, og stødt fekk han siger. Han la under seg Sudrøyarne og vart hovding yver deim. Han forliktest daa med dei største hovdingarne og maagast med deim, og sende heren heim att. Og daa dei kom til kong Harald, fortalde dei at Kjetil flatnev var hovding yver Sudrøyarne; men dei kjende ikkje noko til det, sa dei, at han hadde fenge noko herredøme til kong Harald paa Sudrøyarne. Men daa kongen høyrde dette, la han under seg alle eigedomarne som Kjetil hadde i Norig.

Kjetil flatnev gifte Aud, dotter si, med Olav kvite, som daa var den største herkongen i Vesterlandi. Han var son hans Ingjald Helgeson, og mor hans Ingjald var Tora, dotter hans Sigurd orm i auga, som var son hans Ragnar lodbrok. Torun hyrna gifte han med Helge den magre, son hans Eyvind austmann og hennar Rafurta, som var dotter hans Kjarval Irekonge.


2.

Bjørn, son hans Kjetil flatnev, var i Jamtland til dess Kjallak jarl døydde. Han fekk Gjavlaug, dotter aat jarlen, og fór deretter vest yver Kjølen, fyrst til Trondheim og sidan sudetter landet, og la under seg dei eigedomarne som far hans hadde havt; og han dreiv burt dei gardsstyrarane som kong Harald hadde sett fyre deim.

Kong Harald var i Viki daa han spurde dette, og han fór daa landveges nord til Trondheim. Og daa han kom til Trondheim, stemnde han dei 8 fylki (1) til tings, og paa det tinget gjorde han Bjørn Kjetilsson fredlaus, so dei kunde taka honom og drepa honom kvar helst dei fann honom. Etter det sende han Hauk haabrok (2) og andre av mennerne sine av stad, at dei skulde drepa honom, um dei kunde finna honom. Men daa dei kom sunnanfor Stad, vart venerne hans Bjørn vare ferdi deira og varsla honom. Bjørn strauk daa ut paa eit lite skip; han hadde med heile huslyden sin og all lausøyren, og kom seg undan sudetter langs med landet; for det var hardaste vetteren daa, so han trøyste seg ikkje til aa halda ut til havs. So fór Bjørn til dess han kom til den øyi som heiter Moster, og der vart han motteken hjaa ein mann som heitte Rolv, son hans Ørnulv fiskreke (3). Der var Bjørn i løynd um vetteren. Kongsmennerne drog heim att; men fyrst greidde dei med eigedomarne hans Bjørn, og sette folk yver deim.


3.

Rolv var ein stor hovding og ein framifraa gjæv mann. Han stod for eit torshòv og var ein god ven aat Tor, og difor fekk han namnet Torolv. Han var ein stor og sterk mann, væn aa sjaa til, og hadde eit stort skjegg; difor fekk han òg tilnamnet mosterskjegg. Han var i det heile gjævaste mannen paa øyi.

Um vaaren gav Torolv Bjørn eit godt langskip, manna med gode karar, og gav honom Hallstein, sonen sin, til fylgd. Og so heldt dei vestpaa yver havet og skulde finna frendarne hans Bjørn. Men daa kong Harald spurde at Torolv mosterskjegg hadde halde og hjelpt Bjørn Kjetilsson, den fredlause mannen, daa sende han folk til honom og sa han kunde gaa fraa landeignerne sine og vera utlæg liksom Bjørn, venen sin, minder han kom til kongen og gav saki si heilt i valdet aat kongen. Dette hende 10 aar etter Ingolv Arnarson hadde fare til Island og bygt landet; og denne ferdi hans vart vidkjend, med di dei mennerne som kom fraa Island, sa det var raad aa faa god jord der.


4.

Torolv mosterskjegg laga til eit stort blot og gjekk og spurde guden Tor, hjartevenen sin, um han skulde forlikast med kongen eller fara av landet, og vaaga voni ein annan stad. Gudesvaret viste Torolv til Island. Og etter det fekk han seg eit stort havskip og budde det til Islandsferd, og han hadde med seg folket sitt og husbunaden. Mange av venerne hans slo lag med honom. Han reiv ned hòvet, og tok med seg det meste av timbret i det og like eins moldi under altaret, der Tor hadde sete. Etter det heldt Torolv til havs; han fekk god bør og fann landet, og siglde langs med sud-strandi vestetter um Røykjanes. Daa la vinden seg, og dei saag at store fjordar skar seg inn i landet. Torolv kasta daa yver bord dei høgsætesstolparne som hadde stade i hòvet; paa den eine var det skore ut eit bilæte av Tor. Han sa fyre, at han skulde taka bustad paa Island paa den staden der Tor lét stolparne reka i land. Og straks dei rak burt fraa skipet, sveiv dei inn i den vestre fjorden, og dei saag ut til aa fara av stad snøggare enn ein skulde venta. Etter det kom havgula. Dei siglde daa vestetter framum Snøfjellsneset og inn i fjorden. Dei saag at fjorden var uhorveleg breid og lang, og at det var store fjell paa baae sidorne. Torolv gav fjorden namn og kalla honom Breidefjord. Han tok land paa søre sida av fjorden, nær midten, og la skipet sitt i ein vaag, som dei sidan kalla Hòvsvaag. Etterpaa ransaka dei landet, og dei fann at Tor var komen i land med stolparne paa eit nes lenger ute nordanfor vaagen. Det fekk sidan namnet Torsnes. Etter det fór Torolv med eld kring landnaamet sitt, utanfraa Stavaai og inn til den aai som han kalla Torsaa, og der gav han skipsfolket sitt bustad.

Ved Hòvsvaag bygde Torolv seg ein stor gard, som han kalla Hòvstad. Der lét han reisa eit hòv, og det var eit stort hus. Det hadde ei dør paa langveggen nær ved den eine tverveggen, og innanfor stod høgsætesstolparne, og i deim var det nokre naglar dei kalla «dei heilage naglarne». Der inne var det ein fredhelga stad. Innar i hòvet var det eit avrom paa vis som koret i kyrkjorne no, og der stod det ein stall (4) midt paa golvet, liksom eit altar, og paa denne stallen laag det ein heilsmidd ring, som vog tjuge øyre (5). Til denne ringen skulde dei sverja alle eidarne sine, og hovguden skulde hava honom paa armen sin ved alle folkesamlingar. Paa stallen skulde det òg staa ein blotbolle, og i honom ein skvettekost til aa skvetta offerblodet or bollen med; og det blodet tok dei, naar dei slagta dei dyri som var gjevne aat gudarne. I kring um stallen var gudarne skipa i avromet. Til hòvet skulde alle menner leggja avgift, og dei skulde vera hòvgòden skyldige aa gjera alle dei ferder han la paa deim, so som tingmennerne no er hovdingarne skyldige (6). Men gòden skulde halda hòvet ved lag paa eigen kostnad, so det ikkje forfórst, og han skulde halda blotveitslorne.

Landet millom Vigrefjord og Hòvsvaag kalla Torolv Torsnes. Paa det neset stend det eit fjell, og paa det fjellet hadde Torolv slik tru, at ingen maatte sjaa paa det uvaska, og inkje livende maatte dei drepa paa fjellet, korkje menneskje eller fe, minder det gjekk burt av seg sjølv. Det fjellet kalla han Helgefjell, og han trudde at dit skulde han fara, naar han døydde, og like eins alle frendarne hans paa neset. Paa den tangen der Tor rak i land, lét han segja alle domarne, og der sette han heradstinget. Der var det òg slik ein fredhelga stad, at han paa ingen maate vilde dei skulde saura vollen, anten ved aa taka fiendeblod eller ved aa gjera sitt naudtrengde der; til det hadde dei eit skjer dei kalla Dritskjer.

Torolv heldt stort hus og hadde mange folk hjaa seg, med di det daa var godt med aa raada seg til mat baade fraa øyarne og fraa onnor sjøveiding.


5.

No er det aa fortelja um Bjørn, son hans Kjetil flatnev, at han siglde vest yver havet, daa han skildest fraa Torolv mosterskjegg, som fyrr er fortalt. Han heldt til Sudrøyarne. Og daa han kom dit, daa var Kjetil, far hans, avliden; men han fann Helge, bror sin, og systerne sine, og dei baud honom gode kaar hjaa seg. Bjørn vart vis med at dei hadde ei onnor tru, og han tykte det var stakarslegt at dei hadde vanda den gamle trudomen som frendarne deira hadde havt. Han treivst ikkje der, og ikkje vilde han taka fast bustad der. Um vetteren var han likevel hjaa Aud, syster si, og Torstein, son hennar. Men daa dei merka at han ikkje vilde lyda paa frendarne sine, so kalla dei honom Bjørn den austrøne (7), og dei tykte det var ille at han ikkje vilde taka fast bustad der.


6.

Bjørn var tvo vetrar paa Sudrøyarne, fyrr han budde seg til aa fara til Island. Hallstein Torolvsson slo lag med honom. Dei lende i Breidefjorden, og med samtykket hans Torolv eigna Bjørn til seg landet millom Stavaai og Raunsfjorden. Bjørn vart buande i Borgarholt i Bjarnarhamn. Han var ein framifraa gjæv mann. Hallstein Torolvsson tykte det var smaamannslegt aa taka imot land av far sin; difor fór han yver Breidefjorden og tok land der, og sette bu paa Hallsteinsnes. Nokre vetrar seinare kom Aud den djuptenkte ut. Den fyrste vetteren var ho hjaa Bjørn; sidan tok ho alle Dalelandi kring Breidefjorden, millom Skraumulaupsaai og Dogurdaraai. Ho vart buande i Kvam. I denne tidi vart landet kring heile Breidefjorden folk sett, men det trengst ikkje aa fortelja um landnaamet aat alle dei mennerne som ikkje kjem denne soga ved.


7.

Geirrød heitte ein mann, som tok land fraa Torsaai til Langedalen og budde paa Øyr. Med honom kom òg Ulvar kappe ut, og han fekk land kring Ulvarsfjell, og like eins Finngeir (8), son hans Torstein onder. Finngeir budde i Alptefjorden. Sonen hans heitte Torfinn, far hans Torbrand i Alptefjorden. Vestar heitte ein mann, son hans Torolv blæreskalle. Han kom til Island i lag med den gamle far sin, og han tok land paa utsida av Urtkvalefjorden, og budde paa Ondurd Øyr. Son hans var Aasgeir, som var buande der sidan.

Bjørn den austrøne døydde fyrst av desse landnaamsmennerne, og han vart hauglagd ved Borgarløk. Han lét etter seg tvo søner. Den eine var Kjallak den gamle som var buande i Bjarnarhamn etter far sin. Kjallak var gift med Astrid, dotter hans Rolv herse og syster hans Steinulv den laage (9). Dei hadde tri born. Torgrim gòde var sonen deira, og Gjerd heitte dotteri, som vart gift med Tormod gòde, son hans Odd rakke. Det tridje barnet deira var Helga, som vart gift med Aasgeir paa Øyr. Fraa borni hans Kjallak er ei stor ætt komi, og dei vart kalla Kjalleklingarne. Den andre sonen hans Bjørn heitte Ottar. Han gifte seg med Gro Geirleivsdotter, syster hans Oddleiv fraa Bardastrand. Sønerne deira var Helge, far hans Usviv den spake, og Bjørn, far hans Vigfus i Draapulid. Vilgeir heitte den tridje sonen hans Ottar Bjarnarson.

Torolv mosterskjegg gifte seg att, daa han var ein gamall mann, og fekk ei kona som heitte Unn. Sume segjer ho var dotter hans Torstein raude, men Are Torgilsson den frode reknar henne ikkje med millom borni hans. Torolv og Unn hadde ein son som heitte Stein. Denne guten gav Torolv til Tor, venen sin, og kalla honom Torstein; han var ovleg snarvaksen. Hallstein Torolvsson fekk Osk, dotter hans Torstein raude. Sonen deira heitte Torstein. Torolv fostra honom og kalla honom Torstein surt, men sonen sin kalla han Torstein torskebit.


8.

I denne tidi kom Geirrid ut, syster hans Geirrød paa Øyr. Han gav henne bustad i Borgardal innanfor Alptefjorden. Ho bygde skaalen sin tvert yver aalmannvegen, so alle maatte rida der igjenom. Der stod det stødt eit bord med mat til kven som helst som vilde hava. Difor tykte òg alle ho var ei gjæv kvinna. Geirrid hadde vore gift med Bjørn, son hans Bolverk blindingstryne (eller blindkleggstryne); og sonen deira heitte Torolv; han var ein stor viking. Han kom ut lite etter mor si, og han var hjaa henne den fyrste vetteren. Torolv tykte heimegjordi var smaa, og kravde land av Ulvar kappe, og baud honom holmgang, med di han var gamall og barnlaus. Ulvar vilde heller døy enn verta kua av Torolv. Dei gjekk til holmgang paa ei øy i Alptefjorden, og Ulvar fall, men Torolv vart saara i foten, og sidan gjekk han stødt og halta. Av det fekk han tilnamnet bægjefot (10). Han rudde seg ein gard i Kvam i Torsaadalen. Han tok alt land etter Ulvar, og han var ein ovleg raadriken mann. Han gav løysingarne (11) hans Torbrand land i Alptefjorden, Ulvar fekk Ulvarsfjell og Ørlyg Ørlygsstad, og der vart dei buande lenge etter. Torolv bægjefot hadde tri born. Arnkjel heitte sonen hans, og Gunnfrid dotteri, som vart gift med Torbeine paa Torbeinestad inne paa Vatshalsen innanfor Draapulid; sønerne deira heitte Sigmund og Torgils, og dotter hans Torbeine var Torgerd, som vart gift med Vigfus i Draapulid. Den andre dotteri hans Torolv bægjefot heitte Geirrid, som vart gift med Torolv, son hans Herjtilv hokenrasse (12), og dei var buande i Maavalid. Borni deira var Torarin svarte og Gudny.


9.

Torolv mosterskjegg døydde paa Hòvstad, og Torstein torskebit tok daa farsarven sin. Han fekk Tora, dotter hans Olav feilan (13) og syster hans Tord gjelle, som daa budde i Kvam. Torolv vart hauglagd paa Haugsneset utanfor Hòvstad. I denne tidi var det slikt eit ovlæte med Kjalleklingarne, at dei tyktest vera meir enn andre menner i bygdi. Dei var so mange ættingarne hans Bjørn, at det beid ikkje nokon jamstor ættarbolk i Breidefjorden den gongen. Daa budde Barne-Kjallak (14), frenden deira, paa Medalfjellsstrand paa den staden som no heiter Kjallaksstad. Han hadde mange og duglege søner; og alle studde dei frendarne sine sunnanfor fjorden paa tingi og paa folkemøti. So hende det ein vaar paa Torsnestinget, at verbrøderne Torgrim Kjallaksson og Aasgeir paa Øyr ymta um at dei ikkje vilde lita seg med ovmodet aat Torsnesingarne, og dei let òg um det at dei vilde gjera sitt naudtrengde i graset der likso vel som paa andre stader ved folkemøti, endaa um Torsnesingarne var so krye dei heldt jordi si for heilagare enn andre marker i Breidefjorden; og dei sa fraa at dei vilde ikkje slita skor ved aa gaa for seg sjølv burt paa det utskjeret. Men daa Torstein torskebit vart vis med dette, vilde han ikkje tola at dei saura den vollen som far hans hadde heidra framum andre stader paa landeigni si. Han henta daa til seg venerne sine, og etla aa halda Kjalleklingarne burte fraa vollen med odd og egg, um dei tenkte paa aa saura den.

Til dette tiltaket fylgde dei med honom Torgeir kjeng, son hans Geirrød paa Øyr, og Alptefjordingarne Torfinn med sonen Torbrand, Torolv bægjefot og mange andre av tingmennerne og venerne hans Torstein. Og um kvelden, daa Kjalleklingarne var mette, tok dei vaapni sine og gjekk ut paa neset. Men daa Torstein og mennerne hans saag at dei snudde av fraa den vegen som førde til skjeret, flaug dei stad og treiv vaapni sine og sprang etter deim med yl og eggjing. Og daa Kjalleklingarne saag det, samla dei seg og varde seg; men Torsnesingarne gjekk so hardt fram, at Kjalleklingarne veik undan fraa vollen og ned i fjøra; og der snudde dei seg mot deim, og det vart ein hard strid millom deim. Kjalleklingarne var færre, men hadde utvalde folk. No vart Skogstrendingarne, Torgjest den gamle og Aslak or Langedalen, vare dette. Dei sprang til og gjekk imillom deim; men baae flokkarne var so uppøste, so dei fekk ikkje skilt deim aat, fyrr dei lova aa hjelpa deim som vilde lyda paa deim og skiljast aat, og med det vart dei aatskilde, men likevel paa den maaten at Kjalleklingarne vann ikkje koma upp paa vollen; og dei gjekk um bord paa skipi sine og fór burt fraa tinget. Det fall mange menner paa baae sidorne, men flest av Kjalleklingarne, og ei mengd vart saara. Grid vart det ikkje noko av, for det vilde ingen gjeva, og dei lova kvarandre aatsøknad, straks dei berre kunde koma til att. Vollen hadde vorte heilt blodut der som dei hadde slegest, ogso der som Torsnesingarne stod i striden.


10.

Etter tinget hadde baae partar ei fjølment hersamling hjaa seg, og det var stor fiendskap millom deim. Venerne deira tok daa den raadi aa senda bod etter Tord gjelle, som daa var den største hovdingen i Breidefjorden. Han var ein frende aat Kjalleklingarne, men han var òg giftarskyld med Torstein; difor tykte dei han var likaste mannen til aa faa deim forlikte. Og daa Tord fekk dette bodet, gav han seg i veg med mange menner, og freista faa til eit forlik. Han fann dei var ovleg traae til aa koma til liks, men likevel fekk han gjort grid millom deim og fastsett eit møte. Der vart daa endelykti paa saki, at Tord skulde døma som skilsmann, men likevel med det skilordet, at Kjalleklingarne sette det vilkaaret at dei aldri skulde gaa for seg sjølv paa Dritskjer, og Torstein sette det vilkaaret at Kjalleklingarne ikkje skulde faa saura vollen no meir enn fyrr. Kjallekklingarne gjorde krav paa at alle dei som var fallne av mennerne hans Torstein, skulde ha falle rettlause, med di dei hadde fare mot deim med den tanken aa slaast. Og Torsnesingarne kravde at alle Kjalleklingarne skulde vera rettlause for det logbrotet dei hadde gjort paa det fredhelga tinget. Endaa det soleis var ein vand skilsdom dei hadde lagt under honom, so vilde Tord likevel taka paa seg avgjerdi heller enn dei skulde skiljast uforlikte. Tord byrja daa skilsdomen sin med aa segja at kvar skulde nøgjast med den lagnaden han hadde fenge. Han sa dei skulde ikkje bøta for dei draapi som hadde bore til paa Torsnes, og heller ikkje for saari; men vollen sa han var utskjemd av det blodet som hadde kome paa honom av fiendsverket, og difor var den jordi no ikkje lenger heilagare enn onnor jord, og det hadde dei valda som fyrst hadde teke paa med valdsverket mot dei andre; det hadde vore det einaste fredbrotet, og difor skulde det ikkje vera ting der lenger. Men til dess dei no heretter skulde verta vel forlikte og gode vener, so fastsette han at Torgrim Kjallaksson skulde gaa halvt med Torstein um aa halda hòvet ved lag, og han skulde ha halve hòvtollen og like eins helvti av tingmennerne. Fraa no skulde han stydja Torstein i alle saker, og hjelpa honom med aa halda uppe kva heilagskap han so vilde gjeva den staden der det nye tinget vart sett. Dessutan gifte Tord Torgrim Kjallaksson med Torhild frenka si, dotter hans Torkjel meinaaker, grannen sin.

Dei flutte no tinget lenger inn paa neset, der som det no er. Og daa Tord gjelle skipa fjordungstingi, lét han Vestfjordingarne ha fjordungstinget sitt der paa neset. Dit skulde alle menner fraa heile Vestfjorden søkja. Der kann ein enno sjaa den domsringen, der folk vart dømde til aa verta blota. I den ringen stend steinen hans Tor, der ryggen vart sundbroten paa deim som dei skulde blota, og enno kann ein sjaa blodlìten paa steinen. Dette tinget var ein utifraa fredhelga stad; men dei meinka ikkje folk aa gjera sitt naudtrengde der.


11.

Torstein torskebit vart ein retteleg storkar, han hadde stødt 60 frie menner hjaa seg. Han var ein drivande, avlesam mann, og stødt rodde han paa fiske. Han rudde seg fyrst garden Helgefjell og busette seg der; og der var det ein stor hovgard paa den tid. Han bygde òg ein gard paa neset nær den staden som dei hadde flutt tinget til. Han gjorde seg svært fyre med denne garden, og sidan gav han honom til frenden sin, Torstein surt. Torstein surt var buande der seinare, og han var ein framifraa vis mann. Torstein torskebit hadde ein son dei kalla Bork digre. Og den sumaren daa Torstein var 25 aar gamall, fødde Tora eit gutebarn, som fekk namnet Grim, daa dei auste vatn paa honom. Denne guten gav Torstein til Tor og sa han skulde vera hòvgòde, og han kalla honom Torgrim. Same hausten fór Torstein ut til Hoskuldsøy paa veiding. So var det ein kveld um hausten, at sauegjætaren hans Torstein fór etter nokre krøter nordanfor Helgefjell. Han saag at fjellet opna seg paa nordsida; inne i fjellet saag han store eldar og høyrde mykje gny og hornlaat; og daa han lydde aat um han kunde skyna nokre ord, daa høyrde han at dei helsa paa Torstein torskebit og fylgjesmennerne hans, og dei sa at Torstein skulde sitja i høgsætet midt fyre far sin. Dette varslet fortalde sauegjætaren um kvelden til Tora, kona hans Torstein. Ho vart ille ved, og sa det kunde henda dette var eit varsel um større tidender. Morgonen etter kom folk fraa Hoskuldsøy og fortalde at Torstein torskebit hadde drukna paa fiskeferdi. Det tykte folk var stor skade. Tora vart buande der paa garden, og ein mann som heitte Hallvard gav seg i lag med henne; dei hadde ein son som heitte Maa.


12.

Sønerne hans Torstein torskebit voks upp heime hjaa mor si, og dei var framifraa emnelege menner; men Torgrim gjekk framum deim i alt og vart hovding straks han hadde alderen. Torgrim gifte seg vest i Dyrefjorden med Tordis Sursdotter, og han flutte vestetter dit til verbrøderne sine, Gisle og Torkjel. Torgrim drap Vestein Vesteinsson i haustgjestebodet i Haukedal. Men hausten etter daa Torgrim var 25 aar gamall liksom far hans, daa drap Gisle, verbroren hans, honom i haustgjestebodet paa Sjøbol. Nokre næter etter fødde Tordis, kona hans Torgrim, eit gutebarn; og den guten fekk namnet Torgrim etter far sin. Lite seinare gifte Tordis seg med Bork digre, bror hans Torgrim, og busette seg med honom paa Helgefjell. Torgrim, sonen hennar, kom daa til Alptefjorden, og vart uppfostra hjaa Torbrand. Han var heller uvyrden i ungdomen, og difor vart han kalla Snerre (15), og etter det Snorre.

Torbrand i Alptefjorden var gift med Turid, dotter hans Torfinn Seltoresson fraa Raudemel. Borni deira var: Torleiv kimbe (16) heitte den eldste, den andre Snorre, den tridje Torodd, den fjorde Torfinn, den femte Tormod. Torgjerd heitte dotter deira. Alle desse brøderne var fosterbroder aat Snorre Torgrimsson.

Paa denne tidi budde Arnkjel, son hans Torolv bægjefot, paa Bolstad attmed Vadilshovde. Han var ein ovleg stor og sterk mann, framifraa logkunnig og vitug, og ein rettviljug mann. Ingen i heile bygdi gjekk framum honom i vensæla og i djervskap. Han var hòvgòde og hadde mange tingmenner.

Torgrim Kjallaksson var buande i Bjarnarhamn, som fyrr er fortalt, og han og Torhild hadde tri søner. Brand heitte den eldste; han var buande paa Krossnes ved Brimlaarhovde. Den andre var Arngrim; han var ein stor, sterk mann, stornasa, og hadde store kinnbein, bleikraudt haar, og vart tidleg skollut yver tinningarne; han var brunleitt og hadde store væne augo; han var ein stormodig og ofsen mann og ovleg raadriken, og difor kalla dei honom Styr. Vermund heitte den yngste sonen hans Torgrim Kjallaksson; han var høg og mjaa og væn aa sjaa til, og dei kalla honom Vermund den mjaae. Son hans Aasgeir paa Øyr heitte Torlak. Han var gift med Turid, dotter hans Audun stote (17) fraa Raunsfjorden. Borni deira var: Steintor, Bergtor, Tormod, Tord blig (18) og Helga. Steintor var den duglegaste av borni hans Torlak; han var ein stor og sterk mann, sers vaapntamd, rett ein gasta kar, og jamnaste var han spakvoren. Steintor vart halden for den tridje vaapnføraste mannen paa Island umfram Helge Droplaugson og Vemund kogur (tjeld). Tormod var ein vitug og roleg mann. Men Tord blig var ein svært strid kar. Bergtor var den yngste, men likevel ein emneleg mann.


13.

Snorre Torgrimsson var 14 aar gamall, daa han fór utanlands i lag med fosterbrøderne sine, Torleiv kimbe og Torodd. Bork den digre, farbroren hans, reidde honom ut med 50 øyre sylv til utanlandsferdi. Dei fekk ei god reis og kom til Norig um hausten. Um vetteren var dei paa Rogaland. Snorre var hjaa Erling Skjalgsson paa Sole, og Erling var godvilja imot honom, med di det hadde vore gamall venskap millom forfederne deira, Horda-Kaare og Torolv mosterskjegg. Sumaren etter fór dei til Island att, men vart seint reiseferdige. Dei hadde ei hard sjøferd, og kom like fyre vetteren til Hornefjorden. Og daa dei budde seg til aa gaa fraa borde, var det stor skilnad millom bunaden hans Snorre og hans Torleiv kimbe. Torleiv kjøpte seg den beste hesten han kunde faa, og han hadde ein storgild maala sâl; han hadde eit prydelegt sverd og eit gullslege spjot, myrkblaa skjold med mykje forgylling paa, og alle klædi hans var utvalde; og til dette hadde han bruka mesta alle ferdapengarne sine. Snorre derimot var i ei svart kappa og reid paa ei svart merr; han hadde ein gamall trògsâl, og vaapni hans var lite sjaalege. Bunaden hans Torodd var imillom deim baae. Dei reid gjenom Sida og tok vegen vestetter til Borgarfjord og dinæst etter vegen Flotur til Alptefjorden, som dei vitja. Etterpaa reid Snorre til Helgefjell, og etla vera der um vetteren. Bork lika ikkje dette noko vidare, og folk hadde mykje moro av bunaden hans Snorre. Bork tala òg um at han hadde fare ille med pengarne sine, som han hadde sett til alle ihop.

So var det ein dag i fyrstningi av vetteren at det kom 12 fullvæpna menner inn paa Helgefjell. Det var Øyjolv den graae, frenden hans Bork og son hans Tord gjelle; han var buande i Otradalen vest i Arnarfjorden. Og daa dei spurde deim etter tidender, fortalde dei draapet paa Gisle Sursson (19) og paa dei mennerne som hadde late livet for Gisle fyrr han fall. Bork vart storglad for dette, og bad Tordis og Snorre at dei skulde fagna Øyjolv paa beste maaten, denne mannen som hadde skilt frendarne sine ved slik ei stor skam. Snorre brydde seg lite um denne tidendi; men Tordis sa det var ei god fagning, naar dei sette graut for banemannen hans Gisle. Bork svarar: «Eg legg meg ikkje upp i matmaalet.» Bork set Øyjolv i høgsætet og lagsmennerne hans utar fraa honom; vaapni sine la dei ned paa golvet. Bork sjølv sat innanfor Øyjolv og so Snorre. Tordis bar inn nokre grauttryglar paa bordet og hadde skeier i handi. Og daa ho sette ein trygel fyre Øyjolv, fall det ned ei skei for henne. Ho bøygde seg ned etter skeii og tok sverdet hans Øyjolv, drog det i hast og stakk det so upp under bordet, so det kom i laaret paa Øyjolv; det tok burti bordet, men likevel vart det eit stort saar. Bork skauv bordet fram og slo til Tordis. Men Snorre skubba til Bork, so han datt, tok mor si og sette henne ned hjaa seg, og sa at harmen hennar var stor nok, um ho ikkje skulde faa slag attpaa. Øyjolv og mennerne hans spratt upp, men mennerne hans Bork heldt fast paa deim. Endelykti vart daa at Bork gav Øyjolv sjølvdom. og han tildømde seg sjølv ein stor pengesum for valdsverket. Av dette auka uvenskapen mykje millom Bork og Snorre.


14.

Sumaren etter paa vaartinget kom Snorre og kravde farsarven sin av Bork. Bork svarar at han skulde betala honom farsarven, — «men eg nenner ikkje,» segjer han, «aa skifta sund Helgefjell, og eg ser at det høver ikkje for oss aa bu paa same garden med tvo hushald, og difor vil eg no løysa inn garden for meg.» Snorre svarar: «Det tykkjer eg er det rettvisaste, at du verdset jordi so dyrt som du sjølv tykkjer høvelegt, men eg skal velja kven av oss som skal løysa ut den andre.» Bork grunar paa dette og tenkte med seg sjølv at Snorre kunde ikkje ha reide pengar aa gjeva for jordi, naar han skulde betala paa flekken. Han verdsette daa helvti av jordi til 60 øyre sylv; men han tok fraa øyarne, med di han tenkte at han kunde faa deim for ein ring pris, naar Snorre hadde fenge seg ein annan bustad. Han sette òg det vilkaaret at pengarne skulde verta utreidde straks, og det skulde ikkje vera høve til aa taka desse pengarne til laans av andre, — «og vel du no, Snorre,» sa Bork, «straks kva du ynskjer». Snorre svarar: «Det syner seg no, Bork frende, at du trur eg er uppraadd for pengar, sidan du verdset Helgefjellsjordi so billegt; men eg vel aa taka farsarven min for denne prisen, og rett fram handi di og gjev meg handslag paa at jordi er mi.» «Nei det gjer eg ikkje,» segjer Bork, «fyrr alle pengarne er utreidde.» Snorre sa daa til Torbrand, fosterfar sin: «Gav eg deg ikkje ein pengepung i haust?» «Jau,» segjer Torbrand og drog fram pungen under kappa si. Sylvet vart daa upptalt, og alle pengarne utreidde for jordi, og endaa var det att 60 øyre sylv i pungen. Bork tok mot pengarne og gav Snorre handslag paa jordkjøpet. Etterpaa sa Bork : «Du hev nok vorte rikare paa sylv, frende, enn me tenkte. No ynskjer eg me skal halda upp med denne uvenskapen som hev vore millom oss, og til bate for deg legg eg til, at me skal bu baae tvo saman paa Helgefjell dette aaret, etter di du hev lite fe.» Snorre svarar: «Du skal sjølv faa njota feet ditt, men drag burt fraa Helgefjell.»

Det vart daa som Snorre vilde. Men daa Bork var buen til aa reisa fraa Helgefjell, gjekk Tordis fram og skaut til vitnes, at ho sa seg skild fraa Bork, og til grunn nemnde ho at han hadde slege henne, og ho vilde ikkje tola hogg av honom. Godset deira vart daa skift, og Snorre gjekk daa fram paa hennar hand, etter di han var ervingen hennar. Og det som Bork hadde etla andre, det timdest no honom sjølv, at han fekk lite for øyarne. Etter det fór Bork burt fraa Helgefjell og vestetter til Medalfjellsstrand, og var fyrst buande paa Barkarstad millorn Orrekvaal og Tunga. Sidan fór han til Gleraaskogar, og der var han buande til sin alderdom.


15.

Snorre Torgrimsson busette seg no paa Helgefjell, og mor hans stod fyre hushaldet innanstokks. Maa Hallvardson, farbror hans Snorre, gav seg til Helgefjell med mykje bufe, og han tok raaddom yver buet hans Snorre. Han heldt daa stort hus og hadde mykje med husfolk. Snorre var medels høg og heller grannleg, væn aa sjaa til, rettleitt og ljosleitt, bleikhærd og raudskjegga. Jamnaste var han stødlyndt, so det var lite merkande paa honom um han tykte vel eller ille um noko. Han var ein vitug mann og framsynt i mange ting, men langsint og hemngirug. Til venerne sine hadde han gode raad, men uvenerne hans tykte heller dei var uheppelege raaderne hans. Snorre stod fyre hòvet, og difor kalla dei honom Snorre gòde. Han vart ein stor hovding; men magti hans vekte mykje ovund, med di det var mange som tykte dei ikkje var ringare menner av ætt, og at dei gjekk framum honom, naar det galdt styrke og røynd djervskap.

Bork digre og Tordis Sursdotter hadde ei dotter som heitte Turid, og ho var daa gift med Torbjørn digre, som var buande paa Frodaa. Han var son hans Orm den mjaae, som hadde butt der og teke Frodaaland. Fyrr hadde han vore gift med Turid, dotter hans Aasbrand fraa Kamb i Breidevik. Ho var syster hans Bjørn Breidvikingekappe (kappen fraa Breidevik), som endaa ein gong kjem paa tale seinare i denne soga, og hans Arnbjørn den sterke. Sønerne deira var Kjetil kappe og Gunnlaug og Hallstein. Torbjørn var ein dugande mann, men uvyrden imot ringare menner.

Paa denne tidi budde Geirrid, dotter hans Torolv bægjefot, og Torarin svarte, son hennar, i Maavalid. Han var ein stor og sterk, men stygg mann, og jamnaste so stillferdig og roleg, at dei gav honom tilnamnet mannesemjar. Han var ikkje rik, men heldt likevel eit gjestmildt hus. Og so lite framlaupen var han, at uvenerne hans sa han hadde meir kvendelynde enn karmannshug i seg. Han var gift mann, og kona hans heitte Aud. Gudny heitte syster hans, som var gift med Vermund den mjaae.

I Holt utanfor (vestanfor) Maavalid budde ei enkja som heitte Katla. Ho var ei væn kvinna aa sjaa til, men ho var lite vellika. Odd heitte son hennar. Han var ein stor og dugleg mann, men storlaaten og trættekjær, vyrdlaus og baktalande. Gunnlaug, son hans Torbjørn digre, var lærehuga, og han var ofte i Maavalid og lærde trollskap av Geirrid Torolvsdotter, med di ho var trollkunnig.

So var det ein dag daa Gunnlaug fór til Maavalid, at han kom til Holt og tala mykje med Katla. Ho spurde honom daa um han no skulde til Maavalid att og klappa den gamle kjerringi paa røyrarne. Gunnlaug sa at det var ikkje ærendi hans — «men du er no ikkje nett so ung, du Katla, at du tarv lasta Geirrid for elda.» Katla svarar: «Eg trudde ikkje ein kunde likna oss i hop, men det hev inkje aa segja; du tykkjer no det er ikkje noko ved andre kvinnor enn berre Geirrid, men det bid no fleire kvinnor som skynar seg paa eit og anna.» Odd Katlason fór ofte med Gunnlaug til Maavalid; og kom dei so seint att, bad Katla ofte Gunnlaug vera der, men han fór alltid heim.


16.

Ein dag i fyrstningi av den vetteren daa Snorre busette seg paa Helgefjell, fór Gunnlaug Torbjørnsson til Maavalid og Odd Katlason med honom. Geirrid og Gunnlaug talast lenge ved den dagen. Og daa det leid langt ut paa kvelden, sa Geirrid til Gunnlaug: «Eg vilde helst du ikkje fór heim i kveld, med di det er mange vonde vette, og ofte er det troll i fagert skinn, og du synest meg ikkje ha lukka med deg i natt.» Gunnlaug svarar: «Det stend ikkje paa med det, etter di me er tvo saman.» Ho svarar: «Du vil ikkje ha noko gagn av Odd, og du vil likevel sjølv faa svida for sjølvræda di.» Sidan gjekk Gunnlaug og Odd ut og fór av stad til dei kom til Holt. Katla var daa alt komi i seng, og ho bad Odd bjoda Gunnlaug aa vera der. Han sa at det hadde han alt gjort — «men han vil fara heim,» segjer Odd. «Lat honom daa fara som han hev etla seg til,» segjer ho. Gunnlaug kom ikkje heim um kvelden, og dei tala um at dei skulde gaa og leita etter honom, men det vart ikkje noko av. Um natti, daa Torbjørn saag ut, fann han Gunnlaug, sonen sin, utanfor døri; han laag der i uvit. Dei bar honom daa inn og drog av honom klædi. Han var heilt blodsprengd paa herdarne, og kjøtet var rive av beini. Heile vetteren laag han i saari sine, og folk tala mykje um vanhelsa hans. Odd Katlason meinte at Geirrid maatte ha ride honom, for dei hadde skilst med ublidskap um kvelden. Dei fleste meinte daa òg det hadde seg so.

Um vaaren i stemnedagarne (20) reid Torbjørn til Maavalid og stemnde Geirrid for at ho var ei kveldrida (d. e. eit trollkvende som rid umkring um kveldarne og gjer folk vondt) og hadde valda vanhelsa hans Gunnlaug. Saki kom fyre paa Torsnestinget, og Snorre gòde hjelpte Torbjørn, verbroren sin, men Arnkjel førde forsvaret for Geirrid, syster si. Tolvmannsnemndi skulde døma i saki. Men det vart vedteke, at korkje Snorre eller Arnkjel kunde faa segja orskurden, med di dei var i maagskap med saksøkjaren og med forsvararen. Til aa segja orskurden kalla dei daa Helge Hòvgardegòde, far hans Bjørn, som var far hans Gjest, og Gjest var far hans Skald-Rev. Arnkjel gòde gjekk fram for retten og gjorde eiden paa stallringen paa at Geirrid ikkje hadde valda vanhelsa hans Gunnlaug. Torarin gjorde eiden med honom og 10 andre menner. Og etter det sa Helge fram orskurden til beste for Geirrid. Soleis vart saki spilt for Snorre og Torbjørn, og dei fekk berre vanæra av dette.

Paa dette tinget trætte Torgrim Kjallaksson og sønerne hans med Illuge svarte um festargaava aat Ingebjørg Aasbjørnsdotter, kona hans Illuge, og heimanfylgja hennar, som Tinforne hadde havt i si verja. Medan tinget stod paa, var det store stormar, so ingen kunde koma til tings fraa Medalfjellsstrand; og det skjerde mykje styrken hans Torgrim at frendarne hans ikkje kom. Illuge hadde 100 mann og utvalde folk, og han heldt fram med saki; men Kjalleklingarne gjekk mot retten og vilde sprengja honom. Det vart daa stor trong; men folk la seg imillom og skilde deim aat. Endelykti vart daa at Tinforne greidde ut pengarne etter Illuge sitt krav. So kvad Odd (21) i Illugedraapa:

Vest var trong paa tinget
paa Torsnes; med stor djervskap
kravde stridens stav (22) der
stolt av heppa gullet.
Ramne-venen (23) vann daa,
velfaren og snarraadd
pung-farmen (24) hans Forne (25).
Fred var kje gjord med gleda.

Etterpaa stilna stormen, og Kjalleklingarne (26) kom vestanfraa strandi. Torgrim Kjallaksson vilde daa ikkje halda forliket og tok paa Illuge og mennerne hans, so det vart dragsmaal. Snorre gòde bad daa folk leggja seg imillom deim, og dei fekk deim forlikte att. Det fall 3 mann av Kjalleklingarne og 4 av mennerne hans Illuge. Styr Torgrimsson drap 2 mann So segjer Odd i Illugedraapa:

Mennerne synt braut semja;
snart daa tri vart drepne;
daa dei til dragsmaal eggja,
drap deim djerve sverd-tre (27),
fyrr Snorre, varge-venen (28),
vende deim til venskap.
Fræg og hæv ein hovding
han vart no i landet.

Illuge takka Snorre gòde for hjelpi hans og baud honom pengar for dette; men Snorre sa han vilde ikkje taka løn for den fyrste hjelpi. Daa baud Illuge honom heim med seg, og det tok Snorre imot, og han fekk gode gaavor. Snorre og Illuge var daa gode vener eit bil.


18.

Denne sumaren døydde Torgrim Kjallaksson, og Vermund den mjaae, son hans, tok daa garden i Bjarnarhamn. Han var en vitug mann, og mykje raadgod. Styr hadde daa òg butt ei tid paa Raun austanfor Bjarnarhamn. Han var ein vitug og djerv mann. Han var gift med Torbjørg, dotter hans Torstein reggnase (29), og sønerne deira, var Torstein og Hall. Aasdis heitte dotter deira, ei karlsleg og heller storlynd kvinna. Styr var megtug og vyrd i heradet, og han hadde mykje med husfolk. Han laag i strid med mange, etter di han gjorde mange draap, men aldri gav bøter.

Same sumaren kom det ut eit skip til Saltøyrarosen, og helvti av det aatte norske menner. Hovudsmannen deira heitte Bjørn, og han slo seg til hjaa Steintor paa Øyr. Den andre helvti av skipet aatte sudrøyske menner, og hovudsmannen deira heitte Alvgeir. Han slo seg til i Maavalid hjaa Torarin svarte, og like eins ein av lagsmennerne hans som heitte Nagle, ein stor og snarføtt mann; han var av skotsk ætt.

Torarin svarte hadde ein god stridshest i fjellet. Torbjørn digre hadde òg mange stodhestar, som han lét gaa paa fjellbeite, og um hausten tok han ut nokre hestar til slagt. Denne hausten hende det, at dei kunde ikkje finna hestarne hans Torbjørn, og dei leita vidt og breidt, men hausten var heller vêrhard. I fyrstningi av vetteren sende Torbjørn Odd Katlason sudetter yver viddi ved Raun. Der budde det ein mann som heite Spaa-Gils. Han var framsynt og glup til aa uppedaga tjuvskap eller andre ting som han vilde røkja etter. Odd spør um det var utlendingar, som hadde stole hestarne hans Torbjørn, eller folk som ikkje aatte heime i heradet, eller grannarne hans. Spaa-Gils svarar: «Fortel du Torbjørn det som eg no segjer, at eg trur hestarne hans ikkje hev gjenge langt fraa beiti sine; men det er vandt aa peika ut nokon visst, og det er betre aa missa sitt enn aa vaaga seg ut for store vanskar.» Men daa Odd kom til Frodaa, tykte Torbjørn og han at det maatte vera folket i Maavalid Spaa-Gils hadde gjeve sneidord med denne talen sin. Odd sa òg at han hadde sagt det var likast til at hestarne var stolne av folk som sjølv var uppraadde for pengar, men likevel hadde auka huslyden sin meir enn vanlegt. Med desse ordi meinte Torbjørn han peika paa folket i Maavalid. Etter dette reid Torbjørn heiman sjølv tolvte. Hallstein, sonen hans, var i lag med honom, men Kjetil kappe, den andre sonen hans, var daa utanlands. I lag med deim var òg Tore, son hans Ørn fraa Arnarkvaal og grannen hans Torbjørn, ein ovleg spræk kar. Odd Katlason var òg med paa denne ferdi. Og daa dei kom til Katla i Holt, gav ho Odd, sonen sin, ein graabrun kyrtel, som ho nett daa hadde gjort ferdig. Etterpaa fór dei til Maavalid; og Torarin og heimemennerne hans stod uti døri, daa dei saag det kom framandfolk. Dei helsa paa Torbjørn og spurde nytt. So sa Torbjørn: «Det er ærendi vaar hit, Torarin, at me leitar etter dei hestarne som vart stolne fraa meg i haust, og me vil beda um ransaking her hjaa dykk.» Torarin svarar: «Hev de teke paa med denne ransakingi etter logi? hev de tilkalla loglege augnevitne til aa sjaa etter denne saki? vit de gjeva nokor trygd for ransakingi, og hev de alt halde ransaking andre stader?» Torbjørn svarar: «Me tenkjer me tarv ikkje gjera ransaking andre stader.» Torarin svarar: «Daa vil me beint fram neitta ransakingi, naar de ikkje vil fara aat og taka paa med dette paa logleg vis.» Torbjørn svarar: «Daa kann me halda det for visst at du er skyldig, etter di du ikkje vil finna deg i ransaking». «Gjer som du vil,» segjer Torarin. Etter det sette Torbjørn dørerett (30), og nemnde upp 6 menner til retten; og so sa Torbjørn fram klagemaalet sitt mot Torarin for hestetjuvingi. Daa gjekk Geirrid ut i døri og saag kva som var paa ferd, og sa: «Ovsant er det som dei hev sagt at du hev meir kvendelynde enn karmannshug, naar du kann tola allslags vanæra av Torbjørn digre, og eg veit ikkje kvifor eg hev slik ein son.» Daa sa Alvgeir hovudsmann: «Me skal hjelpa deg alt det me kann, kva du so vil taka paa med.» Torarin svarar: «Eg bryr meg ikkje um aa staa her lenger.» Dermed sprang Torarin og mennerne hans ut og vilde sprengja retten. Dei var 7 mann, og det bar straks ihop med deim. Torarin drap ein av huskararne hans Torbjørn, og Alvgeir ein annan. Det fall òg ein huskar for Torarin. Men vaapni beit ikkje paa Odd Katlason. Aud husmor kalla paa kvinnorne at dei skulde skilja deim, og dei kasta klæde yver vaapni deira. Etter det gjekk Torarin og mennerne hans inn, men Torbjørn reid burt med sine folk; men stemnde fyrst saki til Torsnestinget. Dei reid upp langs med vaagen og batt um saari sine under ein høystakkgard, som heitte Kambgarden. Paa tunet i Maavalid fann dei ei hand, der som dei hadde slegest, og dei synte Torarin henne. Han saag at dette var ei kvendehand, og spurde kor Aud var. Dei svara honom at ho laag i sengi si.

Han gjekk daa inn til henne og spurde um ho var saara. Ho bad honom ikkje bry seg um det, men han vart likevel vis med at ho hadde fenge handi avhoggi. Han kalla daa paa mor si og bad henne binda um saaret hennar. Etterpaa gjekk Torarin og lagsmennerne hans ut og sprang etter Torbjørn og mennerne hans; og daa dei ikkje hadde langt att til garden, høyrde dei Torbjørn og mennerne hans svalla, og Hallstein tok til orde og sa: «I dag gjorde Torarin seg rein for skamordet for aa vera kjerringsleg.» «Djervt stridde han i dag,» segjer Torbjørn, «og mange vert modige, naar det kjem til eit knipetak, endaa dei til andre tider er lite modige.» Odd svarar: «Torarin er vel ein rask mann; men det var vel ei uheppa som hende honom, daa han hogg handi av kona si.» «Var det sant,» segjer Torbjørn. «Sant som dagen,» svarar Odd. Daa spratt dei upp og sette i og log og skratla yver dette. Med det same kom Torarin og mennerne hans til. Nagle var snøggast, men daa han saag at dei lyfte upp vaapni, miste han modet, og flaug framum og upp i fjellet, og gjekk reint fraa sans og samling. Torarin sette paa Torbjørn, hogg med sverdet i hovudet paa honom og kløyvde det ned til jakslarne. Etter det tok Tore Arnarson sjølv tridje paa Torarin. Hallstein og ein mann til tok paa Alvgeir, og Odd Katlason og ein til paa lagsmannen hans Alvgeir. Tri av mennerne hans Torbjørn tok paa tvo av Torarin sine. Det vart ein hard og kvass strid. Endelykti vart at Torarin hogg foten av Tore midt paa tjukkleggen, og drap baae lagsmennerne hans. Hallstein fall for Alvgeir, saara til ulivs. Men daa no Torarin hadde gjort av med motstandarane sine og vart fri, flydde Odd Katlason sjølv tridje; han var ikkje saara, med di vaapni beit ikkje paa kyrtelen hans. Alle dei andre lagsmennerne deira laag att; og baae huskararne hans Torarin var òg fallne. Dei tok no hestarne aat Torbjørn og mennerne hans og reid heim paa deim. Og dei saag daa kor Nagle flaug høgt uppe i lidi; og daa dei kom inn paa tunet, saag dei at Nagle var komen framum gjerdet og fór ind paa Bulandshovden; der fann han tvo av trælarne hans Torarin, som dreiv sauer ned fraa hovden. Han fortalde deim striden og kor misjamn han var, og sa at til vissa var no Torarin og mennerne hans fallne. Og med det same saag dei at menner reid heiman yver marki. Daa tok Torarin og mennerne hans til aa rida paa, for dei vilde hjelpa Nagle, at han ikkje skulde fara paa sjøen eller utfor hovden. Og daa Nagle og trælarne saag at mennerne reid so hardt paa, tenkte dei det var Torbjørn; dei la no alle paa sprang att og inn paa hovden til dei kom der som det no heiter Træleskrida; der fekk dei fat i Nagle, for han var mesta sprengd av møda; men trælarne fór lenger og utfor hovden, og sette til som ventande var, for hovden er so høg, at kvart eit liv som fer utfor der, set til. Etterpaa fór Torarin og mennerne hans heim. Geirrid stod i døri og spurde kor det hadde gjenge. Torarin kvad daa ei visa:

Hermannen raskt seg reinska
for ramme kvende-skamord,
daa han vaaga vega (31).
Varme lik fekk aren.
Ingi skonsl eg synte
slag-guddomens fagnar (32)
i daude-ormens ovstyr (33).
Eg er jamnast dramblaus.

Geirrid svarar: «Fortel de meg at Torbjørn er drepen?» Torarin kvad:

Brage-sonen (34) sende
sverdet radt i hatten,
ræ-flodi (35) fram ho fløymde
fraa hermannen (36) djerve;
stridstjeld-skaden (37) skalden
skjott han svinga; rann daa
blodet yver øyro,
alt ned i døme-halli (38).

«Daa hev eggjingi muna godt», sa Geirrid, «og gakk no inn og bitt saari dykkar». Og det gjorde dei.

No er det aa fortelja um Odd Katlason, at han fór til han kom til Frodaa, og fortalde der det som hadde hendt. Turid husmor samla daa folk til aa henta liki og føra heim dei saara mennerne. Torbjørn vart lagd i haug, men Hallstein, sonen hans, vart lækt. Tore fraa Arnarkvaal vart òg lækt, og han gjekk med trefot sidan; av det fekk han namnet Tore trefot. Han var gift med Torgrima galdrakinn (trolldoms-kinn); sønerne deira var Ørn og Val; dei var karslege menner.


19.

Ei natt var Torarin heime i Maavalid; men morgonen etter spør Aud Torarin, kva han no etlar aa gjera. «Me vil ikkje neitta deg hus, men eg er rædd dei vil setja fleire dørerettar her i vetter, for eg veit at Snorre gòde etlar reisa sak etter Torbjørn, verbroren sin.» Daa kvad Torarin:

Visst han rakk kje den raske
retts-ranar (39) i vetter
faa meg fredlaus, — eg skal
fule voni hans løna, —
vann eg ræfugl-venen (40)
Vermunds sterke studnad.
Hugins ætt (41) fekk eta
Odins gode naae (42).

Daa sa Geirrid: «Det er no raadlegast at du ser deg um etter skyldfolk, slike som Vermund eller Arnkjel, bror min.» Torarin svarar: «Det er likt til at eg kann trenga hjelp av deim baae tvo, men me vil likevel fyrst lita paa Vermund.»

Same dagen reid alle dei som hadde vore med i striden, inn um fjordarne, og kom um kvelden til Bjarnarhamn; dei gjekk inn daa folk var komne til sætes. Vermund helsa paa deim og rømde straks høgsætet for Torarin. Men daa dei hadde sessa seg, spurde Vermund tidender. Torarin kvad:

Sannsøglegt skal eg segja
sverdglam-trei (43) djerve
— medan tegje menner!
med, eg pileleik (44) segjer —,
kor stridseld-førarane (45) fór aat
falsleg og uloglegt;
blodflaum saag eg fløyma,
farga bjarte sverdi.

«Kva hev du aa fortelja um det,» segjer Vermund. Torarin kvad:

Njord si sverd-ætt (46) svikall
sette paa meg; hættlegt (47)
verk dei vaaga; sverdi
visst fekk mennerne kjenna.
Tridjes òte-ætt (48) me
ingi miskunn viste;
traudt og seinfør sleit eg
slik ein herleg sverdleik.

Gudny, syster hans, gjekk fram paa golvet og sa: «Hev du no vart deg noko mot lastordi aat deim der ute?» Torarin kvad:

Hemna skjoldmøy-skamord (49)
skulde djerve hermann
— hakka ræ fekk ramnen,
rann daa blod av branden, —
daa hjelm-knusaren (50) kvall og
kvein mot svein aat far min;
ben-fossarne (51) brusa,
baaror (52) taut av saari.

Vermund sa: «Det ser ut til at det hev vore ein strid paa harde livet.» Torarin kvad:

Paa strids-Truds (53) lagnadstunge
tingvoll syngja kunde
spaakvendi kvelle mot skjolden
— kvell dei vaalegt mot hjelmen; —
Frodes bjuge bog-sol (54)
baugens djerve erving (55)
vætte med varme blodet;
vaapn-Gjoll (56) voks paa vollen.

Vermund sa: «No fekk dei vel vita um du var ein kar eller eit kvende?« Torarin kvad:

Hædings-ordi harde
hardt eg trur vart hemnde
paa skjold-meidar-Mode; (57)
mannen fann sin bane;
hæve hovding (58) kann segja
hot han vil si frilla,
av lik aat Hild-sik-sveinar (59)
sleit no ramnen beita.

Etter dette fortel Torarin tidender. Daa spurde Vermund: «Kvifor fór du daa etter deim? Tykte du ikkje det var nok med den eine gongen?» Torarin kvad:

Hermann! deira harde
haad-ord harm meg gjorde
— endaa ved Enne kunde
eg no ulva fegna; —
log og rett dei rengde,
ramparne, og dei sa eg
sjølv mitt viv hadde saara;
til sømeleg hemn dei dreiv meg.

«Rimelegt var det,» segjer Vermund, «at du ikkje tolde det; men korleis tedde dei seg, dei utlendske mennerne?» Torarin kvad:

Naaefuglarne (60) Nagle
narra for skjessi nista;
graatferdig upp i fjellet
flydde havsol-venen (61);
uræddare Alvgeir
under hjelmen søkte
stormande fram i striden;
strids-eld (62) flaug mot menner.

«Nagle bar seg ikkje vel aat,» sa Vermund. Torarin kvad:

Hylande hermannen
heim fraa striden flydde;
— hjelmverjaren hadde
hardla liti freds-von; —
endaa trælen gav ans paa
at det var faare, vilde
reint paa sjøen han renna;
ræddhug synte trælen.

Og daa Torarin hadde vore um natti i Bjarnarhamn, sa Vermund: «Du vil visst tykkja at eg ikkje fer aat som eit stormenne med aa hjelpa deg, verbror. Eg trøyster meg ikkje til aa taka mot dykk, utan me stend fleire menner saman i denne vansken, og difor skal me i dag rida inn til Bolstad og raaka Arnkjel, frenden din, og faa vita um han vil hjelpa oss; for eg trur Snorre gòde vert ein faarleg mann i søksmaalet.» «Du fær raada for det,» segjer Torarin. Og daa dei var paa vegen, kvad Torarin:

Vermund, me vil minnast
mang ei gleda me hadde,
fyrr me til dauden dømde
denne rauste mannen;
horr-Gerd (63), eg no ottast
yvermaken vert den
stolte stormann; blod og
strid eg leidest utav.

Med dette peika han paa Snorre gòde. Vermund og Torarin reid inn paa Bolstad, og Arnkjel tok vel mot deim og spurde tidender. Torarin kvad:

Fælslegt var det aa venta
vaapn-leik paa garden,
— sverdi saag eg fljuga
singlande mot menner —
dengong det skinande spjotet
skjoldarne beit i striden;
sverdi gaadde eg ganga
gjenom Hognes merke (64).

Arnkjel spurde korleis dei hendingar Torarin tala um, hadde bore til. Og daa Torarin hadde fortalt alt, sa Arnkjel: «Reita hev du no vore, frende, so spakvoren ein mann som du er.» Torarin kvad:

Folk til no hev funne
at fredkjær mann hev eg vore;
stødt eg freista stogga
strid imillom menner;
ofte etter logn det
ofseleg regn kann koma;
livsfuse viv (65) no vil faa
vita ordi mine.

«Det kann gjerne vera,« segjer Arnkjel; «men no vil eg segja deg det, Torarin frende, at du skal vera her hjaa meg, til denne saki er avgjord paa einkvar maaten. Men endaa eg er ein greidfør kar med dette tilbodet mitt, so vil eg likevel segja det, Vermund, at du vert ikkje fri denne saki, alt um eg tek imot Torarin. «Eg skyldar», segjer Vermund, «like fullt aa hjelpa Torarin alt det eg kann, endaa um du er hovudmannen i hjelpingi.» Daa sa Arnkjel: «Det er mi raad, at me held til her i vetter i same grend som Snorre».

Dei stelte seg no soleis, at Arnkjel hadde mykje folk hjaa seg um vetteren. Vermund var noko i Bjarnarhamn, noko hjaa Arnkjel. Torarin var med det same i huglynde, og var lenge faamælt. Arnkjel heldt eit gjævt hus og var ein framifraa gladlynd mann; han tykte det var ille, naar ikkje andre var likso glade som han sjølv, og han sa ofte til Torarin at han skulde vera lystig og ottelaus; han sa han hadde høyrt at ekkja paa Frodaa lett hadde kome yver harmen sin, — «og ho vil tykkja det er løglegt, um du ikkje er i god-lag,» sa han. Torarin kvad :

Ikkje skal fjasut ekkja
i ølrus flira yver
at eg modet misser;
mang ein godbit veit eg
ramnen fekk av ræi;
ræ-dogg-hauken (66) likar
den harde, heite sverdleik;
hat millom folk er kome.

Daa svarar ein av drengjerne hans Arnkjel: «Du veit no ikkje fyrr til vaaren, naar Torsnestinget er slutt, kor einhjelpen du vert i saki di.» Torarin kvad:

Hjaa den megtuge mannen
maa med raad vel søkja;
skjold-berarar segjer
sut eg fær av domen,
minder den ordmilde Arnkjel
umsut hev for saki
under lov fraa lyden;
lita eg kann paa mannen.


20.

Geirrid husmor i Maavalid sende bod til Bolstad, at ho hadde fenge vita at det var Odd Katlason som hadde hogge handi av Aud. Ho sa at ho hadde hennar eigne ord paa det, og so hadde no òg Odd kytt av det for venerne sine. Og daa Torarin og Arnkjel høyrde dette, reid dei sjølv tolvte heiman ut til Maavalid og var der um natti. Men um morgonen reid dei ut til Holt, og dei saag ferdi deira fraa Holt. Det var ikkje andre karar heime enn Odd. Katla sat paa pallen og spann garn. Ho bad Odd sessa seg hjaa henne «og haldt deg heilt still,» sa ho. Ho sa kvinnfolki skulde verta sitjande paa plassarne sine — «og ver tagalle,» sa ho, «eg skal vera fyretalsmann.» Og daa Arnkjel og mennerne hans kom, gjekk dei straks inn, og daa dei kom inn i stova, helsa Katla paa Arnkjel og spurde tidender. Arnkjel sa han ingi hadde, og spurde kor Odd var. Katla svara at han var faren sudpaa til Breidevik — «men hadde han vore heime, hadde han ikkje vore rædd for aa møta deg, for me lit paa, at du er ein ærleg mann,» sa ho. «Det kann gjerne vera,» segjer Arnkjel, «men no vil me rannsaka her». «De fær gjera som de likar,» svarar Katla, og bad raadskona lysa deim og lata upp matbudi — «det er det einaste huset som er læst paa garden.» Dei saag at Katla spann garn paa rokken. Dei leita no i husi, men fann ikkje Odd, og fór so burt

Og daa dei var komne ikkje langt fraa garden, stansa Arnkjel og sa: «Skal tru ikkje Katla hev synkvorve oss, og det hev vore Odd, sonen hennar, det som me tykte var rokken?» «Det er ikkje urimelegt,» segjer Torarin, «og lat oss fara att.» Dei gjorde so. Og daa dei fraa Holt saag at dei vende att, sa Katla til kvinnfolki: «De skal endaa verta sitjande paa plassarne dykkar, men Odd og eg skal gaa ut». Og daa dei andre kom fram um døri, gjekk ho inn i forstova beint imot utdøri, og der tok ho til aa kjemba Odd, sonen sin, og skjera haaret hans. Arnkjel og mennerne hans sprang inn gjenom døri, og saag kor Katla var, og at ho leika seg med bukken sin, og jamna toppen og skjegget, og greidde ragget hans. Arnkjel og mennerne hans gjekk inn i stova, men ingen stad saag dei Odd. Og rokken hennar Katla laag paa benken, so dei kunde daa vita at det hadde ikkje vore Odd. So gjekk dei ut og fór burt.

Men daa dei kom paa lag der som dei fyrr vende att, sa Arnkjel: «Trur de ikkje det var Odd som var i bukkeskapnaden?» «Det er ikkje godt aa vita,» segjer Tororin; «men um me no vender att, so skal me gripa Katla.» «Lat oss freista endaa ein gong«, segjer Arnkjel, «og sjaa korleis det gjeng.» Og endaa ein gong snudde dei att. Men daa dei paa Holt saag at dei kom att, bad Katla Odd gaa ut med seg; og daa dei kom ut, gjekk ho burt til ein oskehaug og bad Odd leggja seg ned under haugen — «og haldt deg der, korleis det so gjeng,» sa ho. Og daa Arnkjel og mennerne hans kom inn paa garden, sprang dei inn i stova, og der sat Katla paa pallen og spann. Ho helsa paa deim, og sa det var ofte dei kom. Arnkjel sa at det var sant. Mennerne hans tok rokken og hogg honom i sund. Daa sa Katla: «No slepp de fortelja, naar de kjem heim ikveld, at de hev fare hit til inkjes, sidan de hogg rokken sund.» Etter det gjekk Arnkjel og mennerne hans og leita etter Odd baade ute og inne, men saag ikkje eit liv utan ein heimegalt, som Katla aatte, og som laag under haugen. Og etter det fór dei burt.

Og daa dei kom midveges til Maavalid, kom Geirrid imot dei og verkmannen henner med henne, og ho spurde kor det hadde gjenge med deim. Torarin fortalde henne det. Ho sa at daa hadde dei leita for lite etter Odd, — «og no vil eg,» sa ho, «at de endaa ein gong skal venda att, og eg skal fara med dykk, og det duger ikkje aa sigla med lauvsegl, naar ein hev med Katla aa gjera (67). So snudde dei att. Geirrid hadde ei blaa kappa yver seg. Og daa dei saag ferdi deira fraa Holt fortalde dei Katla at no var dei 14 mann ihop, og ein i lita klæde. Daa sa Katla: «Skal tru det ikkje er det trollet Geirrid som kjem? og daa hjelper ikkje berre synkvervingarne.» Ho stod upp fraa pallen og tok burt puta, og der var det ein lem under og hol i pallen. Ho let Odd gøyma seg der, laga so alt til som fyrr og sette seg ovanpaa, og sa ho var so underleg til mode. Daa no dei andre kom inn i stova, helsa dei ikkje paa kvarandre. Geirrid kasta av seg kappa, gjekk burt til Katla og tok ein kobbebelg ho hadde teke med seg, og drog honom yver hovudet paa Katla, og dei andre batt att nedantil. So sa Geirrid dei skulde brjota upp pallen, og der fann dei Odd og batt honom. Etter det førde dei Odd og Katla inn paa Bulandshovden, og der hengde dei Odd. Og daa han reid galgen, sa Arnkjel til honom : «Ilt hev mori di laga det for deg, og det kann vel vera at du hev ei ill mor.» Katla sa: «Det kann gjerne vera at han ikkje hev ei god mor; men det er meg uviljande at han no hev det ilt; men yver dykk alle ynskjer eg berre ilt, og det trur eg òg at de vil faa. Og no skal eg ikkje dylja for dykk, at det var eg som gjorde Gunnlaug Torbjørnson det meinet som hev avla alle desse ulukkorne. Og du, Arnkjel!» sa ho, «kann ikkje faa det ilt av mor di, for du hev ingi mor i live; men det spaadomsordet mitt ynskjer eg skal verta sanning, at du fær tola meir ilt av far din enn Odd hev fenge av meg, og det so mykje meir som du hev eit større vaagand enn han; og eg spaar det skal verta sagt at du hev ein ill far.» Etter det steina dei Katla i hel under hovden. So fór dei til Maavalid og var der um natti, og dagen etter reid dei heim. No spurdest alle desse hendingarne, men ingen tykte det var syrgjelege tidender. So leid no vetteren.


21.

Daa vaaren kom, var det ein dag at Arnkjel kom seg i røda med Torarin, frenden sin, Vermund og Alvgeir. Han spurde kva hjelp dei tykte best for seg; det eine var at dei fór til tings — «og daa maa me taka alle venerne vaare til hjelp,» sa han; «det kann daa henda at folk vert forlikte; men det vil verta kostalt for dykk aa bøta for alle dei mennerne som der lét livet eller vart saara; det kann òg henda, um ein set si lit til tinget, at ein berre kjem i større vanskar, um dei fører saki med stridskap. Den andre utvegen er aa leggja all vinn paa at de kann koma dykk ut or landet med alt lausøyren dykkar, og det fær daa gaa som det kann med den jordi som ikkje vert seld». Alvgeir var mest huga paa den siste utvegen.

Torarin sa at han hadde ikkje raad til aa bøta med pengar for alle dei brot dei hadde gjort i desse saker. Vermund sa at han vilde ikkje slita lag med Torarin, anten so Torarin vilde han skulde fara ut med honom eller skulde gjera honom hjelp i strid her i landet. Torarin valde daa at Arnkjel skulde hjelpa deim til utferd. So sende dei ein mann ut til Øyr til Bjørn styremann med bod um, at han skulde leggja all vinn paa aa gjera skipet deira ferdigt so snøgt han var god til.


22.

No er det aa fortelja um Snorre gòde, at han tok upp søksmaalet for draapet paa Torbjørn, verbroren sin. Han lét òg Turid, syster si, fara heim til Helgefjell, for det ordet gjekk, at Bjørn, son hans Aasbrand fraa Kamb, hadde stemnor med henne for aa daara henne. Snorre skyna òg kva raad Arnkjel og venerne hans hadde teke, straks han spurde at dei gjorde skipet ferdigt; at dei ikkje etla seg til aa betala pengebøter for draapi, sidan dei ikkje baud noko forlik; men alt var likevel rolegt, til det leid mot stemnedagarne. Men daa den tidi kom, samla Snorre folk og reid inn til Alptefjord med 80 mann; for den gongen var det log at dei skulde stemna draapssak soleis at draapsmennerne høyrde det, eller paa bustaden deira, og ikkje kalla til grannarne fyrr paa tinget. Og daa dei no fraa Bolstad saag Snorre og fylgjet hans koma, tala folk um at dei straks skulde taka paa deim, for dei var mannsterke nok til det. Men Arnkjel sa at det skulde dei ikkje gjera, og at dei skulde tola at Snorre fór fram etter logi; for han gjorde berre det som han var nøydd aa gjera. Og daa Snorre kom til Bolstad, vart det ikkje til nokon strid millom mennerne. So stemnde Snorre Torarin til Torsnestinget og alle deim som hadde vore med paa draapi. Arnkjel lydde paa stemningi. Etter det reid Snorre og mennerne hans burt og upp til Ulvarsfjell. Og daa dei var farne burt, kvad Torarin ei visa:

Væne gullkransa viv det
vert kje for brotsleg aatferd
at dei log og livd kann
lata mennerne (68) sakna,
um dei ihuga hermenn
evler faa meg fredlaus;
mannsterke stend dei;
studnad gjev oss gudar!

Snorre gòde reid framum halsen (69) upp til Hrisar, og so til Draapulid, og morgonen etter til Svinavatnet og so til Raunsfjorden; og dinæst tok han vegen ut til Trollahalsen, og han stogga ikkje fyrr han kom til Saltøyrarosen. Og daa dei kom dit tok sume vare paa austmennerne, og dei andre brende upp skipet. Og daa dette var gjort, reid Snorre og mennerne hans heim. Arnkjel fekk vita dette at Snorre hadde brent skipet. Vermund og Torarin med nokre menner tok daa ein baat og rodde vestetter yver fjorden til Dogurdarneset. Der stod det eit skip paa land, som austmennerne aatte. Arnkjel og Vermund kjøpte det skipet, og Arnkjel gav Torarin halve skipet, men Vermund budde sin lut. Dei flutte skipet ut paa Dimun, og Arnkjel vart verande der, til dess dei var ferdige. Og sidan fór han med deim ut um Ellidaøy, og der skildest dei med venskap. Torarin og mennerne hans siglde til havs, men Arnkjel fór heim til garden sin. Og sidan gjekk det gitordet av honom for denne gjæve hjelpi hans. Snorre gòde fór til Torsnestinget og heldt fram med søksmaalet sitt. Der vart Torarin og alle dei som hadde vore med paa draapi, dømde fredlause. Og etter tinget tok Snorre inn alt det han kunde faa av det forbrotne godset. Og soleis enda denne saki.


23.

Vigfus, son hans Bjørn Ottarsson, var buande i Draapulid, som fyrr er fortalt; han var gift med Torgerd Torbeinesdotter. Han var ein dugande bonde, men ein vandlyndt mann. Hjaa honom budde systersonen hans, som heitte Bjørn, ein rang og lausmynt mann. — Um hausten etter Maavalidsaki fann dei stodøykjerne hans Torbjørn digre paa fjellet, og hesten hans Torbjørn hadde ikkje vunne aa halda hamnen mot hestarne hans Torarin, og so vart øykjerne nedgravne i snø, og dei fann alle daude. Same hausten var det mykje med folk paa fesanking paa tunga millom Laksaa og upp til Helgefjell. Dit fòr òg drengjerne hans Snorre gòde paa fesanking. Maa Hallvardsson, farbroren hans Snorre, hadde tilsyn med deim. Helge heitte sauegjætaren hans. Bjørn, frenden hans Vigfus, laag ved kvigarden og hadde ein fjellstav i handi. Helge dreiv sauerne. Bjørn spurde kva det var for ein sau han dreiv; og daa dei saag til, fann dei merket hans Vigfus paa sauen. Bjørn sa: «Du driv sauerne slapt (paa ein løynsk maate) i dag, Helge!» «Det er no meir aa ottast for av deg,» svarar Helge, «som held deg i folks sambeite.» «Kva veit du um det, din tjuv du er,» segjer Bjørn, og spratt upp og slo til honom med staven, so han fall i uvit. Og daa Maa saag det, drog han sverdet og hogg til Bjørn; og hogget kom i armen uppe ved oksli, og det vart eit stort saar. Etter det sprang folk til og skipa seg i flokkar, men sume gjekk imillom deim og skilde deim aat, so det vart ikkje til noko meir den gongen. Morgonen etter reid Vigfus ned til Helgefjell og kravde bøter for denne skaden; men Snorre sa, at han kunde ikkje sjaa det var noko skil paa dei tvo hendingarne som der hadde bore til. Dette lika Vigfus ille, og dei skildest med stor uvenskap. Um vaaren skaut Vigfus saki um likamsskaden til Tornestinget, og Snorre slaget for aa faa Bjørn dømd rettlaus; og endelykti vart at Bjørn vart dømd rettlaus for aataket paa Helge, og han fekk ingi bøter for likamsskaden; og sidan bar han stødt armen i band.


24.

Paa same tinget la Torgjest den gamle og sønerne hans Tord gjelle sak mot Eirik raude for draapet paa sønerne hans Torgjest. Dei hadde late livet um hausten, den gong Eirik henta sengstokkarne sine paa Breidebolstad. Dette tinget var sers mannsterkt. Dei hadde òg fyrr havt mannsterke hersamlingar. Medan tinget stod paa, gjorde Eirik skipet sitt seglbutt i Eiriksvaag i Øksnaøy. Med Eirik stod Torbjørn Vivilsson, og Viga-Styr, og sønerne hans Torbrand fraa Alptefjord, og Øyjolv Æsuson fraa Svinøy; men det var berre Styr som paa tinget studde uppunder Eirik, og han freista draga alle dei menner han kunde fraa Torgjest. Styr fekk daa Snorre gòde til at han ikkje skulde taka paa Eirik etter tinget med Torgjestlingarne, og til vederlag lova han aa hjelpa Snorre, naar han. kom i vanskar. Og for denne lovnaden hans Styr vart Snorre leid av denne rettssaki. Etter tinget fór Torgjest og mennerne hans med mange skip inn millom øyarne; men Øyjolv Æsuson gøymde skipet hans Eirik i Dimunarvaag. Der kom Styr og Torbjørn til møtes med Eirik. Øyjolv og Styr gjorde daa som Arnkjel hadde gjort, og fylgde Eirik, kvar paa si ferja, ut framum Ellidaøy. Paa denne ferdi fann Eirik raude Grønland og var der tri vetrar. Sidan fór han att til Island, og var der ein vetter fyrr han fór ut for aa byggja Grønland. Og det var 14 vetrar fyrr kristendomen var logteken paa Island.


25.

No er det aa fortelja um Vermund og Torarin svarte, at dei tok land ved innsiglingi til Trondheimsfjorden og stemnde inn til Trondheim. Den gongen raadde Haakon jarl Sigurdsson for Norig, og Vermund fór til jarlen og vart hans handgjengne mann. Torarin og Alvgeir fór straks um hausten vest yver havet, og Vermund gav deim sin lut i skipet. Og fraa no kjem ikkje Torarin lenger denne soga ved.

Haakon jarl sat paa Lade um vetteren. Vermund var hjaa honom i kjær venskap. Jarlen var velviljug mot honom, for han visste at Vermund var ein høgætta mann her ute. Hjaa jarlen var det tvo brøder, svenske av ætt; den eine heitte Halle og den andre Leikne. Dei var mykje større og sterkare enn andre menner, og i den tidi fanst ikkje deira jamningar korkje i Norig eller vida andre stader. Dei gjekk berserksgang, og dei hadde ikkje lenger menneskjeleg natur, naar dei var sinte, og daa vart dei som galne hundar og ottast korkje for eld eller jarn; men jamnaste var dei ikkje ille aa faast med, naar ein ikkje gjorde deim imot; men dei var ikkje som vanlege folk, naar dei tok til aa staa ein imot. Eirik den sigersæle, svenskekongen, hadde sendt jarlen berserkarne, og hadde vara honom um at han skulde vera god mot deim; men han sa òg, som sant var, at dei kunde vera til god hjelp aat ein, naar ein berre agta paa huglyndet deira. Um vaaren daa Vermund hadde vore ein vetter hjaa jarlen, fekk han hug til aa fara til Island, og bad jarlen gjeva honom ferdaløyve. Jarlen sa han fekk fara som han vilde, og han bad honom fyrst tenkja etter — «um eg hev nokre ting i mitt eige som du gjerne vil hava framum andre ting til bate for deg og til heider og vyrdnad for oss baae.» Og daa no Vermund tenkte etter kva han skulde beda jarlen um, so kom han i hug at han vilde faa stor framgang paa Island, naar han hadde slike fylgjesmenner som berserkarne. Og han sette seg fyre aa beda jarlen gjeva honom berserkarne til fylgje. Og det gjorde òg sitt til at han bad um dette, at han tykte Styr, bror hans, raadde heller mykje yver hans arvelut, og gjorde urett mot honom som mot andre, naar han saag seg syn til det; men naar han hadde slike fylgjesmenner som desse brøderne, tenkte han, so vilde nok Styr tykkja det var vanskelegt aa stridast med honom.

So sa daa Vermund til jarlen, at han ynskte jarlen vilde gjera honom den æra aa gjeva honom berserkarne til hjelp og fylgje. Jarlen svara: «Der bad du um noko som eg trur du ikkje vil faa noko gagn av, um eg gjev deg det. Eg trur dei vil verta deg stridlynde og stormodige, straks det kjem eitkvart imillom dykk; og eg tenkjer det for dei fleste bondesøner vert eit ovevle aa raada med deim, endaa dei hev vore lyduge mot meg i si tenesta.» Vermund sa han vilde vaaga seg til aa taka imot deim, um jarlen vilde gjeva deim i hans vald. Jarlen bad honom fyrst spyrja berserkarne um dei vilde fara med honom. Han gjorde so, og spurde um dei vilde fara med honom til Island og gjera honom hjelp og fylgje; og han lova deim imot aa vera god mot deim, og var det nokon ting dei tykte det var um aa gjera aa faa, so kunde dei berre segja fraa. Berserkarne svara at dei ikkje hadde sett sin hug til aa fara til Island, og dei sa òg at dei visste ikkje at det var hovdingar der som det var høvelegt for deim aa tena, — «men er det deg so mykje um aa gjera, Vermund, at me skal fara med deg til Island, daa maa du koma i hug at me vil lika det ille, um du ikkje gjev oss det me bed um, naar det stend i di magt.» Vermund sa at det skulde ikkje henda. Dei gav honom daa sitt minne til aa fara med honom til Island, um jarlen gav sitt løyve og samtykke. So fortalde daa Vermund jarlen korleis det var stelt. Jarlen gjorde daa den orskurden at berserkarne skulde fara med Vermund til Island, sidan han tykte mest gjævt i det; men han bad honom òg hugsa paa at han vilde taka det for ei krenkjing mot seg, um det fekk ein laak ende millom deim, no dei var komne i hans vald. Vermund svara det stod ikkje paa med det. Etter det fór Vermund til Island med berserkarne. Han fekk ei god reis, og kom heim til Bjarnarhamn til garden sin same sumaren som Eirik raude fór til Grønland, so som fyrr er fortalt.

So snart Vermund kom heim, tala Halle berserk med Vermund um eit høvelegt giftarmaal; men Vermund visste ikkje av nokor kvinna av god ætt, som kunde vera viljug aa binda seg og lagnaden sin til ein berserk, og difor freista han finna eitkvart aa bera seg undan med. Men daa Halle skyna det, slo han seg vond og rang, so det kom til reint uvenskap millom deim. Berserkarne vart stormodige og uviljuge mot Vermund. Vermund tok daa til aa trega paa at han hadde teke mot berserkarne.

Um hausten hadde Vermund stort gjestebod, og bad til seg Arnkjel og øyrbyggjerne (70) og Styr, bror sin. Og daa gjestebodet var slutt, baud han Arnkjel til at han kunde faa berserkarne, og sa det var det høvelegaste; men Arnkjel vilde ikkje taka mot deim. Daa spurde Vermund Arnkjel til raads, korleis han skulde koma seg ut or denne vansken, og Arnkjel sa han skulde gjeva Styr deim. Han meinte Styr vilde vera mest velhalden med aa hava slike menner til aa verja seg mot vald og urettferd. Og daa Styr var buen aa fara, gjekk Vermund til honom og sa: «No skulde eg ynskja, bror, at me slutta med den uvenskapen som var millom oss, fyrr eg fór ut, og at me tok paa med aa vera trufaste frendar og gode vener; og difor vil eg gjeva deg desse mennerne som eg hev teke med meg ut hit, til hjelp og fylgje, og eg veit ikkje av dei menner som vil trøysta seg til aa faast med deg, naar du hev slike fylgjesmenner som dei er.» Styr svara: «Eg tek gjerne mot det tilbodet, frende, aa betra frendskapen vaar; men um dei mennerne som du hev teke med deg ut, hev eg berre frett sovorne ting, at eg trur ein heller vil faa vanskar av aa taka mot deim enn framgang eller lukka; og eg vil aldri hava deim i huset mitt, for eg hev uvener nok, um ikkje dei òg skal føra leidt paa meg.» «Kva raad gjev du meg daa,» sa Vermund, «so eg kann koma meg ut or denne knipa.» «Det er noko anna,» sa Styr, «aa løysa deg ut or vansken din enn aa taka mot desse mennerne i venegaava, for det vil eg ikkje; men vansken din er ingen nærare til aa løysa enn eg, um me elles kann semjast.» Endaa Styr tala soleis um dette, so valde Vermund likevel at Styr skulde taka mot berserkarne, og brøderne skildest no med venskap. Styr fór daa heim og berserkarne med honom, endaa dei i fyrstningi ikkje var huga paa det, og meinte at Vermund ikkje hadde rett til aa selja deim eller gjeva deim burt, som andre trælar; men dei sa no òg at dei tykte betre um aa fylgja Styr enn Vermund, og i fyrstningi kom dei òg godt utav det med kvarandre.

Berserkarne var med Styr, dengong han for vest yver fjorden for aa drepa Torbjørn kjalke (kjake), som budde i Kjalkefjord. Han hadde ein sterk sengkove, gjord av timberstokkar; og berserkarne braut honom straks upp, so bjelkehovudi paa utsida gjekk av. Men Styr vart sjølv banemannen hans Torbjørn kjalke.


26.

Same hausten som berserkarne kom til Styr, hende det at Vigfus i Draapulid fór paa kolbrenning der som det no heiter Seljabrekkor, og med honom tri av trælarne hans. Den eine heitte Svart den sterke. Og daa dei var komne inn i skogen, sa Vigfus: «Harmelegt er det, — og det tykkjer du vel òg sjølv, Svart — at du skal vera træl, so sterk og dugande ein kar som du er.» «Visst tykkjer eg det er stor skade,» svara han, «men det raader eg ikkje for sjølv.» Vigfus sa: «Kva vil du gjera til at eg skal gjeva deg fridomen.» Svart svara: «Ikkje kann eg kjøpa honom med pengar, for det hev eg ikkje; men er det noko eg er god for aa gjera, so skal eg ikkje bera meg undan.» Vigfus sa: «Du skal fara til Helgefjell og drepa Snorre gòde, og naar du hev gjort det, skal du for visst faa fridomen din, og attaat gode kaar, som eg skal syta for.» «Det er eg ikkje god for aa vinna fram med,» svara Svart. «Eg skal gjeva deg ei raad,» sa Vigfus, «so du kann faa framgang med det utan livsfaare.» «Lat meg høyra,» sa Svart. «Du skal fara til Helgefjell, og der skal du gaa upp paa det loftet som er yver utdøri, og flytja nokre fjøler i golvet, so mykje du kann stinga atgeiren (71) igjenom; og naar so Snorre gjeng til kamaren, daa skal du setja atgeiren gjennom loftsgolvet og i ryggen paa Snorre so hardt, at han kjem ut gjenom buken. Spring so ut paa taket og nedetter veggen og lat nattmyrkret liva deg.» Med denne raadi fór daa Svart til Helgefjell, og reiv hol paa taket yver utdøri, og gjekk so inn paa loftet. Det var paa den tidi daa Snorre og huslyden hans sat ved kveldsverden. I den tidi laag kamrarne ut ifraa husi. Og daa Snorre og mennerne hans gjekk fraa bordet, vilde dei til kamaren, og Snorre gjekk fyrst og kom seg ut gjenom døri, fyrr Svart vart buen til aataket sitt. Men Maa Hallvardsson gjekk næst etter Snorre, og Svart stakk etter honom med atgeiren, og styngen raaka honom i herdebladet, so atgeiren skar seg ut under armen; men det vart ikkje noko stort saar. Svart sprang ut og nedetter veggen; men steinarne var haale, so han stupte, og Snorre fekk fat i honom, fyrr han kom paa føterne att. So fekk dei høyra sanningi av honom, og han fortalde deim alt, korleis han hadde gjort avtala med Vigfus um dette, og like eins at Vigfus var paa kolbrenning under Seljabrekkorne. Siden batt dei saaret hans Maa.

Etter det fór Snorre sjølv sjuande ut til Draapulid. Og daa dei kom upp i lidi, saag dei elden der Vigfus brende koli. Dei kom uvarande yver deim og drap Vigfus; men huskararne hans Vigfus fór heim til Draapulid og fortalde desse tidender. Vigfus vart hauglagd dagen etter. Same dagen fór Torgerd, kona hans Vigfus, inn til Bolstad for aa segja Arnkjel, frenden sin, denne hendingi. Ho bad honom taka paa seg søksmaalet for draapet paa Vigfus; men Arnkjel bar seg undan, og sa det fall paa Kjalleklingarne, serleg viste han henne til Styr; for han, meinte han, varden beste til aa taka paa seg søksmaalet etter Vigfus, med di han so gjerne vilde hava umsut for so mykje. Tormod Trevilsson kvad denne visa um draapet paa Vigfus:

Folkstyraren felde
fyrst den gullbyrsta
valgalte-veltar (72);
Vigfus han heitte;
sidan i saari
sleit ramnarne,
godbìte baud deim
Bjørn (73) sin arvtakar.


27.

Etter dette fór Torgerd ut til Raun, og bad Styr reisa søksmaalet etter Vigfus, frenden hans. Han svara: «Det lova eg Snorre gòde i vaar, den gongen han heldt seg utanfor under saki millom oss og Torgjestlingarne, at eg skulde ikkje gaa mot honom i nokor sak, naar det fanst mange andre som var likso nære til det. No fær du venda deg til Vermund, bror min, um denne saki.» So fór ho ut til Bjarnarhamn og bad Vermund um hjelp, og ho sa ho endeleg maatte faa hjelp av honom, for honom hadde Vigfus mest tru paa av alle frendarne sine. Vermund svarar: «Eg er skyldig aa hjelpa her; men eg hev ikkje hug til aa taka paa meg denne vande saki meir enn andre av frendarne vaare; men med raad og daad skal eg gjerne hjelpa alt det eg er god for. Eg meiner det er best du fyrst fer ut til Øyr for aa raaka Steintor, frenden hans Vigfus; no er det paa tid at han røyner seg i eikor rettssak. Torgerd svarar: «Mykje mein legg de i vegen for meg i denne saki; men inkje stræv skal eg spara, kann eg berre faa framgang i denne saki.»

Sidan fór ho ut til Øyr og fann Steintor, og bad honom taka paa seg søksmaalet. Steintor svarar: «Kvifor bed du meg um dette? Eg er ein ung mann, og eg hev aldri lagt meg fram i rettssaker; og Vigfus hev nærare frendar som er ovmodigare menner enn eg. Det er heller ikkje ventande at eg skai taka paa meg denne saki utanum deim; men eg skal ikkje slita lag med dei frendarne mine som syter for denne saki.»

Torgerd fekk ikkje anna svar av honom. Ho fór daa inn yver fjorden att til Vermund, og fortalde honom kor alt hadde gjenge, og ho sa at saki hennar berre vilde verta upp i inkje, um ikkje han vart fyremannen for saki. Vermund svara: «Meir ventande er det at du vil faa full trøyst i denne saki; og eg skal no gjeva deg ei raad til, um du vil fylgja henne. Ho svara: «Eg skal gjera meg so mykje fyre som eg kann.» «No skal du fara heim,» sa Vermund, «og lata Vigfus, husbonden din grava upp att; og so skal du taka hovudet hans og bera det til Arnkjel, og seg honom at dette hovudet ikkje vilde skjota det til andre aa reisa søksmaalet etter honom, um det trongst.» Torgerd sa at ho visste ikkje korleis det vilde gaa med denne saki; men det saag ho, at dei sparde henne ikkje for stræv og harm. — «Men eg skal no gjera dette, kann eg berre faa gjort uvenerne mine meir mein.»

Etter det fór ho heim og fór aat som Vermund hadde sagt. Og daa ho kom til Bolstad, sa ho til Arnkjel at frendarne hans Vigfus vilde at han skulde vera fyremannen i søksmaalet for draapet paa Vigfus; men alle lova dei si hjelp.

Arnkjel svara at han alt fyrr hadde sagt si meining um denne saki. Daa drog Torgerd fram hovudet under kappa si og sa: «Her er no det hovudet som ikkje vilde bera seg undan aa reisa søksmaal etter deg, um det trongst.» Arnkjel for upp ved dette, skauv henne fraa seg, og sa: «Hav deg undan, og seg so frendarne hans Vigfus, at dei skal ikkje svika meir i hjelpingi mot Snorre enn eg som fyremann for saki; men det ber meg fyre, korleis det so gjeng med denne saki, at dei kjem til aa gjeva seg fyrr enn eg. Og eg skynar at det er raadi hans Vermund du no fer med; men ikkje treng han aa eggja meg fram, der som me tvo verbrøder er til stades.»

Sidan fór Torgerd heim. Vetteren leid; men um vaaren reiste Arnkjel søksmaal for draapet paa Vigfus mot alle dei menner som hadde vore med paa draapet, so nær som Snorre gòde; men Snorre la upp sak, at Vigfus skulde vera rettlaus, for det han hadde stade honom etter livet og for valdsverket mot Maa. Baae partar samla mykje folk til Torsnestinget, og alle Kjalleklingarne hjelpte Arnkjel, so dei vart dei mannsterkaste. Arnkjel heldt fram med saki med stor hardleik. Og daa saki kom til doms, gjekk folk imillom, og etter godviljuge menners raad og tilbod skaut dei daa saki til ein skilsdom, og endelykti vart at Snorre ved handtak gjekk med paa aa gjera av draapet paa Vigfus ved skilsdom. Dei fastsette mange pengebøter, og Maa skulde vera utanlands tri vetrar; men Snorre betala pengarne. Og tinget slutta daa soleis at dei jamna ut alle sakerne ved forlik.


28.

No er det aa fortelja, som me fyrr hev høyrt, at berserkarne var hjaa Styr. Og daa dei hadde vore der eit bil, kom Halle seg i svall med Aasdis, dotter hans Styr; ho var ei ung og gjæv kvinna, ei storfelt og storlynd møy. Men daa Styr vart vis med røda deira, bad han Halle, at han ikkje skulde gjera honom skam og harm ved aa daara dotter hans. Halle svara: «Det vil eg segja deg. Styr, at det er ingi skam for deg at eg røder med dotter di, og ikkje vil eg gjera deg nokor vanæra med det. Det er snøggast aa segja at eg hev lagt so stor ein elsk paa henne, at eg kann ikkje slaa honom av hugen min. No vilde eg gjerne venskapen millom oss skulde verta meir uruggeleg, og eg vil beda deg at du gifter meg med dotter di, ho Aasdis, og til vederlag vil eg gjeva deg venskapen min og mitt trufaste fylgje, og eg og Leikne skal vera til so munaleg hjelp aat deg, at det ikkje skal finnast frægare fylgje paa Island enn det du skal faa av oss tvo; og studnaden vaar vil styrkja hovdingskapen din mykje meir, enn um du gjev dotter di aat den gjævaste bonden i Breidefjord; det fær du til vederlag for at me ikkje er pengesterke. Men vil du ikkje gjeva ditt minne til dette, daa er det ende paa venskapen vaar, og kvar fær daa syta for si sak som han sjølv tykkjer best; og daa vil det lite nytta aa klaga paa at eg røder med dotter di.» Men daa Halle hadde sagt dette, daa vart Styr tagall, og tykte det var vandt aa svara paa dette, og ei stund etter sa han: «Er det for aalvora du bed meg um dette, eller er det berre noko laust snakk og svall?» «Du skal ikkje svara meg,» sa Halle, «som um eg fer med laus tale; og venskapen vaar stend paa det svaret du gjev meg i denne saki.» Styr sa: «Daa vil eg tala med venerne mine um dette, og raadføra meg med deim um kva svar eg skal gjeva deg.» Halle sa: «Du kann tala med kven du vil um dette innan tri dagar; men lenger fær du ikkje drygja med svaret ditt, for eg vil ikkje gaa her som friar og venta paa svar.» Og etter dette skildest dei.

Morgonen etter reid Styr inn til Helgefjell. Og daa han kom dit, bad Snorre honom gjeva seg til der; men Styr sa han vilde tala med honom, og sidan rida heim att. Snorre spurde um det var ei vand sak han hadde aa tala med honom um. «Ja, eg tykkjer det,» sa Styr. Snorre svara: «Daa skal me gaa upp paa Helgefjell; for dei raader ein der hev lagt, hev sjeldan glikka.» «Du skal raada for det,» sa Styr. So gjekk dei upp paa fjellet og sat der i samrøda heilt til kvelds. Ikkje eit menneskje visste kva dei tala um. Sidan reid Styr heim.

Morgonen etter kom Halle og Styr i tal med kvarandre. Halle spør daa Styr korleis det so skal verta med saki hans. Styr svarar: «Folk segjer du er heller fatig; men kva arbeid kann du gjera til vederlag for at du ikkje hev pengar aa leggja fram.» Halle svarar: «Eg skal gjera det arbeid eg er god til; men ikkje kann eg taka pengar der som det ikkje finst noko.» Styr segjer: «Eg ser du vil lika det ille, um eg ikkje gjev deg dotter mi. No vil eg gjera som folk gjorde i gamle dagar, at eg vil lata deg freista eit hard-tak for dette giftarmaalet.» «Kva er det,» segjer Halle. «Du skal rydja ein veg yver steingrunnen ut til Bjarnarhamn», segjer Styr, «og leggja ein hagegard yver steingrunnen millom landeignerne vaare, og innan paa steingrunnen skal du gjera ei kvi; og naar du hev fullført desse arbeid, daa skal eg gjeva deg dotter mi, ho Aasdis.» Halle svarar: «Eg er ikkje van med arbeid; men likevel skal eg taka paa meg dette, naar det daa ikkje er noko i vegen for giftarmaalet.» Styr sa daa dei skulde gjera avtala um dette.

So tok daa berserkarne til aa rydja vegen, og det er eit veldugt manneverk. Dei reiste òg garden, som ein enno kann sjaa merke etter. Og etter det bygde dei kvii. Og med dei heldt paa med dette verket, lét Styr byggja ei badstova heime paa Raun, og ho var gravi ned i jordi, og det var ein glugg yver omnen, so dei kunde slaa vatnet paa utanfraa; og det huset var ovlegt heitt. Og daa baae verki var nære paa ferdige, og dei heldt paa med kvii den siste dagen, gjekk Aasdis Styrsdotter ut til deim; det var nære ved garden. Ho hadde teke paa seg dei beste klædi sine, og daa Halle og Leikne tala til henne, svara ho inkje.

Daa kvad Halle denne visa:

Linprydde gullring-Gjerd! (75) ditt
ganglag er so fagert;
kvar agtast du etter?
inkje skal du dylja;
vituge vaktar-dis! (76) i
vetter eg saag deg aldri
fjelg og i fager bunad
fara i fraa huse.

Daa kvad Leikne:

Havsol-disi (77) hev kje
høgare skaut bore,
falksæte-eldens fura (78)
fager stas er klædd i;
dis for drykkjehornet,
drusteleg og blidmælt,
under ditt ovmod bur det
eitkvart me kje skynar.

Etter dette gjekk ho fraa deim. Berserkarne gjekk heim um kvelden, og dei var svært trøytte; for dei er no soleis haatta dei folk som plar gaa berserksgang, at dei vert svært magtlause, naar berserksgangen gjeng av deim. Styr gjekk imot deim og takka deim for arbeidet, og bad deim gaa i bad og kvila seg etterpaa. Dei gjorde so; og daa dei kom i badet, lét Styr stengja badstova og bera stein paa lemen som var yver forstova, og ved uppgangen lét han breida ut ei raablaut nautehud. So lét han slaa paa vatn utanfraa gjenom den gluggen som var yver omnen. Badet vart daa so heitt, at berserkarne kunde ikkje halda ut i badet, og sprang til døri. Halle fekk brote upp lemen og kom seg upp, men fall paa hudi, og daa gav Styr honom banesaar. Og daa Leikne vilde springa ut or døri, stakk Styr honom med sverdet, og han fall inn i badstova, og der let han livet. Sidan lét Styr stella um liki deira; dei førde deim ut paa steingrunnen, og grov deim i kòs i den dalen som var der ved steingrunnen, og han er so djup, at ein kann ikkje sjaa anna fraa honom enn himmelen yver seg; han ligg ved sjølve vegen dei hadde brote. Yver gravi aat berserkarne kvad Styr denne visa:

Sverd-møte-sveinen (79)
syntest berserkarne
vilde verta honom
vrange folk aa faast med;
ikkje skal eg ottast
ofsen deira lenger;
snarraadd hev eg med sverdet
synt deim ævig bustad.

Men daa Snorre gòde spurde dette, reid han ut til Raun, og Snorre og Styr sat i røda heile dagen. Og det vart utfallet av røda deira, at Styr feste Aasdis, dotter si, til Snorre gòde, og dei gifte seg hausten etter; og det sa folk, at baae tvo tyktest verta sterkare av denne maagskapen. Snorre gòde var den vitugaste til aa finna gode raader, men Styr var meir tiltaksam; baae tvo var dei ættrike og hadde stort fylgje i heradet.


29.

Torodd heitte ein mann; han var ætta fraa Medalfjellsstrand og var ein ærleg mann. Han var ein dugande ferdamann og hadde eit skip paa ferd. Torodd hadde siglt paa kaupferd vestetter til Dublin i Irland. I denne tidi hadde Sigurd jarl Lodvesson paa Orknøyarne herja paa Sudrøyarne og vestetter heilt til Man. Han la skatt paa Manbygderne. Og daa dei hadde gjort forlik, lét jarlen nokre menner vera att og venta paa skatten, og dei betala honom skatten mest i brent sylv (80); men jarlen siglde burt og nordetter til Orknøyarne. Og daa dei som venta paa skatten, var seglbudde, fekk dei sudvestvind; og daa dei hadde siglt ei stund, gjekk vinden yver paa sudaust og aust, og det vart ein svær storm; og dei dreiv nord um Irland, og braut sund skipet ved ei ubygd øy. Med dei no var so stelte, raaka dei Torodd islending, som siglde fraa Dublin. Jarlsmennerne ropa til kaupmennerne um hjelp. Torodd let setja ut baaten og gjekk sjølv i honom. Og daa dei møttest, bad jarlsmennerne Torodd hjelpa deim, og dei baud honom pengar, um han vilde føra deim til Orknøyarne til Sigurd jarl. Men Torodd tykte han ikkje kunde, med di han alt hadde butt seg til Islandsferd. Men dei bad so naudaleg, for dei tykte det galdt baade livet og godset at dei ikkje vart førde til Irland eller Sudrøyarne, der som dei fyrr hadde herja. Det vart daa til det at han gav deim skipsbaaten, og til vederlag fekk han ein stor lut av skatten. Sidan stemnde dei som var i baaten til Orknøyarne; men Torodd siglde utan baat til Island, og kom paa sudsida av landet. So heldt han vestetter og siglde inn i Breidefjorden, og kom velberga til Dogurdarnes; og um hausten slo han seg til hjaa Snorre gòde paa Helgefjell. Sidan kalla dei honom Torodd skattkjøpar.

Dette hende snart etter draapet paa Torbjørn digre. Den vetteren var òg Turid, som Torbjørn digre hadde vore gift med, syster hans Snorre gòde, paa Helgefjell. Torodd bad Snorre gòde um aa faa Turid, syster hans; og med di han var rik paa gods, og Snorre hadde god greida paa ætti hans, og han saag at Turid trengde tilsyn: for alt dette ihop tykte Snorre det var best aa gjeva honom kona, og han heldt brudlaupet deira um vetteren der paa Helgefjell. Og vaaren etter tok Torodd garden paa Frodaa, og han vart ein god og rettvis bonde.

Men straks Turid kom til Frodaa, kom Bjørn Aasbrandsson ofte dit, og det ordet gjekk millom folk at han hadde meir enn høvelegt med henne. Torodd tok daa til aa klaga paa at han kom dit so ofte; men det var til inkjes. Faa den tid budde Tore trefot paa Arnarkvaal; sønerne hans, Ørn og Val, var daa vaksne; og dei var mykje emnelege menner. Dei lasta Torodd for det han tolde slik ei skam som Bjørn gjorde honom, og dei baud seg til aa hjelpa Torodd, um han vilde gjera ende paa vitjingarne hans Bjørn.

So var det ein gong Bjørn var komen til Frodaa, at han sat i tal med Turid. Torodd bruka jamnan aa sitja inne, med Bjørn var der; men denne gongen var han ingen stad aa sjaa. Turid sa: «Sjaa deg vel for naar du fer ute, Bjørn,» sa ho; «for eg trur Torodd no etlar seg til aa gjera ende paa vitjingarne dine hit, og eg tenkjer meg at dei hev lagt seg i baklur for deg, og han vil nok laga det so at de ikkje raakast like mannsterke.» Daa kvad Bjørn denne visa:

Denne dag me so gjerne
drygde ut det lengste
under haustlita himmel
— harm du stundom gjer meg; —
for eg i aftan etlar,
armband-prydde kvinna!
sjølv ei sjaund etter mi
sløkte gleda halda.

Etter det tok Bjørn vaapni sine og gjekk burt, og etla seg heim. Men daa han kom upp um Digermulen, spratt det upp 5 menner fyre honom. Der var Torodd og tvo av huskararne hans og sønerne hans Tore trefot. Dei tok paa Bjørn; men han varde seg vel og som ein kar. Toresønerne gjekk hardt fram, men Bjørn vart banemannen deira baae. Etter det rømde Torodd undan med huskararne sine. Han var lite saara, og huskararne ikkje. Bjørn gjekk sin veg til han kom heim, og gjekk inn i stova. Husmori bad tenestgjenta gjera honom beine; og daa ho komi inn i stova med ljos, saag ho at han var svært blodut. Ho gjekk daa og sa til Aasbrand, far hans, at Bjørn var komen blodut heim. Aasbrand gjekk inn i stova og spurde Bjørn kvifor han var so blodut: «Hev du raaka Torodd?» spurde han. Bjørn svara og sa det var so. Aasbrand spurde kor det hadde gjenge i striden millom deim. Bjørn kvad:

Standa meg i striden
stridsmannen vann kje;
Trefots gjæve gutar
gav eg banehogget;
Hermannen (81) vilde heller
halda leik med kvinna,
den blaude bogespennar
berga Draupnes skattar (82).

Siden batt Aasbrand um saari hans, og han vart heilt lækt. Torodd vende seg til Snorre gòde um søksmaalet for draapet paa Toresønerne, og Snorre lét saki fyrebu til Torsnestinget, men sønerne hans Torlak paa Øyr hjelpte Breidvikingarne i denne saki, og endelykti vart at Aasbrand gjekk i borg for Bjørn, sonen sin, og greidde ut pengebøterne for draapi; men Bjørn vart utlæg i tri aar, og han fór burt same sumaren.

Same sumaren fødde Turid paa Frodaa eit gutebarn, og han fekk namnet Kjartan. Han voks upp heime paa Frodaa, og vart snart ein stor og emneleg kar.

Men daa Bjørn kom yver havet, fór han sudetter til Danmark, og derfraa sudpaa til Jomsborg. Daa var Palnatoke hovding for jomsvikingarne. Bjørn gjekk inn i laget deira og fekk tilnamnet kappe. Han var i Jomsborg den gongen Styrbjørn den sterke vann borgi. Bjørn fór òg med til Svitjod, daa jomsvikingarne hjelpte Styrbjørn; han var òg med i slaget paa Fyresvollarne, daa Styrbjørn fall, og han kom seg undan til skogs med dei andre jomsvikingarne. Og medan Palnatoke livde, var Bjørn hjaa honom, og han hadde ord for aa vera ein framifraa raust og modig kar i alle mannrøyne.


30.

Etter dette skal me no fortelja um Torolv bægjefot. Han tok no til aa eldast mykje; og han vart vond og vill paa sine gamle dagar og svært raadriken. Det olst òg mykje vondt millom faren Torolv og sonen Arnkjel. So var det ein dag at Torolv reid inn til Ulvarsfjell for aa raaka Ulvar bonde. Ulvar var ein dugande arbeidskar, og han hadde ord for aa berga høy snøggare enn andre folk; han var so heppen med feet sitt, at det døydde aldri av magerskap eller i uvêr. Og daa han og Torolv raakast, spurde Torolv kva raad Ulvar vilde gjeva honom, um korleis han skulde haga arbeidsmaaten sin, eller um han hadde gjort seg ein tanke um korleis sumaren vilde verta, um dei skulde faa god turk. Ulvar svarar: «Eg kann ikkje gjeva deg betre raad enn den eg hev gjeve meg sjølv; eg vil lata bera ut ljaarne i dag, og slaa ned so mykje eg vinn heile denne vika; for eg meiner det vert regnsamt vêr; men etterpaa, trur eg me vil faa godt vêr til høyturk heile den næste halve maanaden.»

Det gjekk som han sa; for det synte seg ofte at han var betre til aa spaa vêret enn andre folk. Sidan fór Torolv heim. Han hadde mykje arbeidsfolk med seg, og han let deim straks taka i veg med engslaatten. Det gjekk med vêret som Ulvar hadde sagt. Torolv og Ulvar aatte eit enge ihop uppaa halsen. Dei slo fyrst mykje høy baae tvo; sidan turka dei det, og førde det ihop i store saator. So var det ein morgon tidleg at Torolv stod upp. Han saag daa ut. Vêret var tjukt, og han tenkte høyturken kunde gleppa Han bad trælarne sine staa upp og aka ihop høyet, og han bad deim arbeida alt det dei vann — «for eg tykkjer ikkje vêret er paalitande,» sa han. Trælarne klædde paa seg og fór til høyonni, men Torolv leste høyet paa, og han dreiv hardt paa deim, at dei skulde gjera arbeidet fraa seg som snarast.

Tidleg denne morgonen saag Ulvar ut, og daa han kom inn att, spurde onnefolket etter vêret. Han sa dei kunde sova i ro og fred. «Vêret er godt,» sa han, «og vil klaarna i dag; me skal slaa paa tødemarki idag, men ein annan dag skal me berga det høyet me hev uppaa halsen.» Det gjekk med vêret som han sa. Og daa det leid paa kvelden, sende Ulvar ein mann upp til halsen for aa sjaa til det høyet som stod der.

Torolv lét aka med tri uksar den dagen, og dei hadde berga alt det høyet han aatte ved nonstid. Han bad deim daa aka høyet hans Ulvar inn paa garden sin. Dei gjorde som han sa. Men daa sendemannen hans Ulvar saag det, sprang han stad og sa det til Ulvar. Ulvar fór upp paa halsen og var reint rasande, og spurde kvifor Torolv rana honom.

Torolv svara han brydde seg ikkje um kva Ulvar sa, og han var kjeftriven og ill aa faast med, so det hadde so nær bore ihop med deim; Ulvar saag seg daa ikkje onnor raad enn aa fara burt. Ulvar fór daa til Arnkjel og sa honom skaden sin, og bad honom um hjelp, elles vilde han vera ille stelt. Arnkjel sa han skulde krevja bøter av far sin for høyet, men han sa òg at han ottast han inkje vilde faa att for umaken. Og daa far og son raakast, bad Arnkjel far sin gjeva Ulvar bøter for høystulden, men Torolv sa at den trælen var hoste rik fyrr. Arnkjel bad honom gjera det for hans ord skuld, og gjeva Ulvar bøter for høyet. Men Torolv svara han inkje vilde gjera paa hans ord, det skulde daa vera at Ulvar vart endaa verre stelt, og med det skildest dei. Og daa Arnkjel fann Ulvar, fortalde han honom korleis Torolv hadde svara. Det var merkande paa Ulvar at han tykte Arnkjel hadde drive smaatt paa med saki; og han meinte at Arnkjel kunde vel raada med far sin i dette, um han vilde. Arnkjel betala daa Ulvar so mykje for høyet som han vilde ha. Og daa far og son raakast ein gong til, kravde Arnkjel endaa ein gong høyverdet av far sin, men Torolv gav ikkje betre svar no heller, og dei skildest uvener. Hausten etter lét Arnkjel reka 7 uksar som Torolv, far hans, aatte, fraa fjellet, og lét deim alle slagta paa garden sin. Dette lika Torolv svært ille, og kravde betaling av Arnkjel; men Arnkjel sa at uksarne skulde vera vederlag for høyet hans Ulvar. Daa vart Torolv endaa argare enn fyrr, og sa at dette hadde han Ulvar aa takka for, og han skulde nok faa svida for det.


31.

Denne vetteren hadde Torolv eit stort drykkjelag i joli, og skjenkte trælarne sine paa ein storfelt maate. Men daa dei var drukne, eggja han deim at dei skulde fara inn til Ulvarsfjell og brenna Ulvar inne; og han lova aa gjeva deim fridomen i vederlag. Trælarne sa dei skulde gjera dette for aa faa fridomen sin, naar han berre vilde staa ved ordet sitt. Sidan fór dei 6 mann ihop inn til Ulvarsfjell. Dei tok ein veddunge og drog fram til garden, og sette eld paa. Paa same tid sat Arnkjel og mennerne hans i drykkjelag paa Bolstad ; og daa dei vilde gaa i seng, saag dei elden paa Ulvarsfjell; dei fór daa straks avstad, tok trælarne og sløkte elden; husi var daa berre lite brende. Morgonen etter lét Arnkjel trælarne føra ut paa Vadilshovden, og der vart dei hengde alle saman. Etter det avhende Ulvar med handtak all eigedomen sin til Arnkjel, og han vart daa verja aat Ulvar. Denne avhendingi lika Torbrandssønerne ille, av di dei tyktest vera rettkomne til alt godset etter Ulvar, løysingen deira, og det vart av dette stor uvenskap millom Arnkjel og Torbrandssønerne, og fraa den tid kunde dei ikkje hava leik ihop. Men fyrr hadde dei havt leik ihop; men Arnkjel var likevel den sterkaste i leikarne; og den mannen som var best til aa taka att med honom og var den næst sterkaste, heitte Frøystein bove (83); og han var fosterson aat Torbrand og hans son i namnet; for det sa dei fleste folk at han var sonen hans, og eit trælkvende var mor hans; han var ein karsleg mann og mykje for seg.

Torolf bægjefot var svært vond paa Arnkjel, av di trælarne vart drepne, og han kravde bøter; men Arnkjel neitta beint fram aa betala ein skilling for deim; og Torolv vart endaa argare enn fyrr.

So var det ein dag at Torolv reid ut til Helgefjell og vilde finna Snorre gòde; og Snorre bad honom vera der, men Torolv sa han trong ikkje eta maten hans. «Eg er komen,» sa han, «av di eg vil du skal hjelpa meg til retten min; for eg kallar deg bygdehovding, og du er skyldig aa hjelpa deim som lid skade til retten deira.» «Kven er det du ligg under for, bonde?» sa Snorre. «For Arnkjel, sonen min,» sa Torolv. Snorre sa: «Det skal du ikkje klaga yver; for du hev aa retta deg etter hans meining, av di han er ein betre mann enn du.» «Det er ikkje soleis det hev seg,» sa Torolv; «for no gjer han meg mykje leidt. Eg vil no verta din fulltrue ven, Snorre, og tak du paa deg søksmaalet etter trælarne mine, som Arnkjel hev late drepa, og eg skal ikkje krevja alle bøterne for meg.» Snorre svara: «Eg vil ikkje leggja meg upp i trætta millom deg og sonen din » Torolv svara: «Du er ikkje nokon ven med Arnkjel; men kann henda tykkjer du eg er knipen, men det skal eg ikkje vera no. Eg veit,» sa han, «at du gjerne vil eiga Kraakunes med skogen der, som er den dyrverdigaste eignalut her i bygdi. No vil eg avhenda deg alt dette, men reis du daa søksmaalet etter trælarne mine, og driv paa med saki med fynd og klemb, so du veks i gjævleik, og dei som svivyrde meg, tregar paa si gjerd; og eg vil at du ikkje skal spara nokon av deim som hev vore med paa dette, anten han so er meir eller mindre skyld til meg.» Snorre tykte han trong svært um skogen; og so er sagt at han tok handslag paa landet, og tok paa seg søksmaalet etter trælarne. Sidan reid Torolv heim og var vel nøgd; men dette vart ille umtykt av andre folk.

Um vaaren lét Snorre saki mot Arnkjel um træledraapet skjota til Torsnestinget. Dei samla baae partar mykje folk til tinget, og Snorre heldt fram med saki. Og daa saki kom til doms, kravde Arnkjel «verne-domsnemnd,» (84) og han forsvara seg med det at dei hadde teke trælarne, med dei kveikte eld paa for aa brenna av garden. Daa mælte Snorre imot, at trælarne nok var rettlause paa aastaden, — «men det meiner eg,» sa han, «at med di de førde deim ut paa Vadilshovde og drap deim der, so var dei ikkje rettlause der.» Og Snorre heldt daa fram med saki, so orskurden aat verne-domsnemndi hans Arnkjel vart til unyttes. Etter det la folk seg fram i og vilde faa deim forlikte, og dei gjorde daa det forliket, at brøderne Styr og Vermund skulde døma som skilsmenner i saki. Dei dømde 12 øyre for kvar træl, og pengarne skulde Arnkjel betala straks paa tinget. Og daa pengarne var betala, gav Snorre Torolv pungen. Han tok imot og sa: «lkkje tenkte eg, daa eg gav deg landet mitt, at du skulde driva denne saki paa ein slik stakarsleg maate, og det veit eg at Arnkjel sjølv vilde ikkje ha neitta meg so ringe bøter, um eg hadde lagt saki under hans dom.» Snorre svara: «Det segjer eg at du hev ingi skam av dette; men eg vil ikkje setja mi æra paa spel mot di illska og rettløysa.» Torolv svara: «Det er òg største voni til det at eg ikkje oftare vil søkja hjelp hjaa deg; men ulukkor vaker paa dykk heradsmenner.»

Etter dette fór folk fraa tinget, og baade Snorre og Arnkjel var ille nøgde med utfallet av saki, men Torolv likevel verst, som fortent var.


32.

So er det fortalt at no hende det at Ørlyg paa Ørlygsstad vart sjuk; og daa det tok til aa lida aat med honom, sat Ulvar, bror hans, hjaa honom; Ørlyg døydde av denne sotti. Og daa han var daud, fór Arnkjel straks til Ørlygsstad, og han og Ulvar la alt det godset som der var under seg. Men daa Torbrandssønerne spurde at Ørlyg var avliden, fór dei til Ørlygsstad og gjorde krav paa det godset som var der; og dei meinte at det var deira eigedom alt det som løysingen deira hadde aatt; men Ulvar sa han hadde rett til aa taka arven etter bror sin. Dei spurde Arnkjel kven han heldt med. Han sa at ingen skulde rana noko fraa Ulvar medan deira hopelag varde, um han fekk raada. Torbrandssønerne fór daa burt, og fyrst ut til Helgefjell, og fortalde Snorre gòde alt og kravde hans hjelp; men Snorre svara at han for denne saki deira ikkje vilde leggja seg i trætta med Arnkjel, med di dei i fyrstningi hadde fare aat so slapt at Arnkjel og Ulvar hadde fyrst fenge tak i godset. Torbrandssønerne svara, at naar han ikkje brydde seg um slikt, so vilde han heller ikkje vera kar til aa ha umsut for større ting.

Um hausten etter dette hadde Arnkjel stort haustgilde, og han bruka aa beda Ulvar, venen sin, til alle gjestebodi sine, og gjeva honom gode gaavor, naar han fylgde honom ut. Den dagen daa folk skulde fara fraa gjestebodet paa Bolstad, reid Torolv bægjefot heiman. Han fór aa raaka Spaa-Gils, venen sin — han var buande paa Spaagilsstad i Torsaadalen — og bad honom rida med seg inn paa Ulvarsfjellshalsen. Trælen hans Torolv fór med honom. Og daa dei kom inn paa halsen, sa Torolv: «Der fer vist Ulvar fraa gjestebodet, og det er likt til at han fer med gilde gaavor. No vilde eg gjerne, Spaa-Gils,» sa han, «at du skulde fara mot honom og setja etter honom, og for det vil eg gjeva deg 3 merker sylv, og eg skal betala bøterne for draapet. Og naar du hev drepe Ulvar, skal du taka fraa honom dei eignaluterne han hev fenge av Arnkjel; du skal springa langsmed Ulvarsfjellet ut til Kraakunes; og um nokon fer etter deg, lat daa skogen liva deg; sidan skal du fara og finna meg, og eg skal sjaa til at ingen skal gjera deg noko vondt »

Og med di Spaa-Gils var ein armods-mann og var svært trengd um pengar, lét han seg lokka, og han fór utan til tungarden ved Ulvarsfjell. Han saag daa at Ulvar gjekk nedan fraa Bolstad, og han hadde ein god skjold, som Arnkjel hadde gjeve honom, og eit prydelegt sverd. Og daa dei raakast, bad Spaa-Gils um aa faa sjaa sverdet. Han roste honom svært, og sa han var ein gjæv mann, sidan hovdingar tykte han var verd so gilde gaavor. Ulvar vatt skjegget sitt, og flidde honom skjolden og sverdet. Gils drog straks sverdet og stakk det igjenom Ulvar. Etter det sprang han langsmed Ulvarsfjellet ut til Kraakunes.

Arnkjel stod ute og saag ein mann fór springande med ein skjold i handi, og han tykte han skulde kjenna skjolden. Det sveiv honom i hugen at Ulvar kunde ikkje ha gjeve fraa seg skjolden godviljug, og han kalla folk til, at dei skulde fara etter mannen, og sa: «I fall det er min far sine uraader som her er komne fram, og denne mannen hev drepe Ulvar, daa skal de straks drepa honom, kven det so er, og lat honom ikkje koma for augo mine.» So gjekk Arnkjel upp til Ulvarsfjell; der fann dei Ulvar daud.

Torolv bægjefot saag at Spaa Gils sprang ut langsmed Ulvarsfjellet og hadde skjold i handi. Han kunde daa skyna korleis det hadde gjenge for seg millom honom og Ulvar, Han sa daa til trælen som var med honom: «No skal du fara inn til Kaarsstad og segja til Torbrandssønerne at dei skal fara til Ulvarsfjell, og no ikkje lata arven etter ein løysing rana fraa seg, so som fyrr, for no er Ulvar drepen.» Etter det reid Torolv heim, og tykte han hadde gjort det godt. Men dei som sprang etter Spaa-Gils, fekk tak i honom ut ved ei kleiv som stig tipp fraa fjøra. Han maatte daa segja sanningi; og daa han hadde sagt alt det som sant var, tok dei livet av honom, og grov honom i kòs der ved kleivi; men eignaluterne tok dei og førde til Arnkjel.

Trælen hans Torolv kom til Kaarsstad, og sa Torbrandssønerne ordsendingi hans Torolv. Dei fór daa ut til Ulvarsfjell, og daa dei kom dit, var Arnkjel der i fyrevegen og mykje folk med honom. Torbrandssønerne gjorde krav paa det godset som Ulvar hadde aatt; men Arnkjel førde fram dei vitne som hadde vore til stades ved handslaget millom honom og Ulvar, og sa han vilde halda fast ved den avgjerdi, for han meinte dei hadde ikkje gjort noko brot paa logerne med det; og han bad deim gjeva upp kravet paa dette godset, for han vilde halda fast paa det som paa farsarven sin. Torbrandssønerne saag seg daa ikkje onnor raad enn aa venda att; dei fór ut til Helgefjell og fortalde Snorre gòde det som hadde gjenge for seg, og bad honom um hjelp. Snorre svara at det hadde gjenge endaa ein gong som fyrr, at Arnkjel hadde vore for snar for deim, — «og no kann de,» sa han, «ikkje taka desse pengarne fraa Arnkjel, med di han alt hev eigna til seg lausøyren, men til jordi er de alle like nære, og henne vil dei faa som er dei sterkaste; men det er vel likt til at Arnkjel vil vinna her og som i dei andre millomværi dykkar; det er òg sant aa segja at det same vil verta dykk som hev kome yver so mang ein, for Arnkjel raar no for kvar manns lagnad her i heradet, og soleis vil det vera so lenge han liver, anten det so vert lenge eller kort.» Torleiv kimbe svara: «Sant segjer du der, Snorre; ein maa òg segja at det ikkje er ventande at du vil hjelpa oss til vaar rett imot Arnkjel, for du hev ikkje greidt honom i nokor sak som de hev havt aa avgjera med kvarandre.» Etter det fór Torbrandssønerne heim, og dei var svært misnøgde.


33.

Snorre gòde lét no hogga i Kraakunesskogen, og det var svært til timberhogster han dreiv med. Torolv bægjefot tykte skogen vart øydelagd; han reid daa ut til Helgefjell, og bad Snorre gjeva honom att skogen, og han sa at han berre hadde laant og ikkje gjeve honom skogen. Snorre sa at det skulde dei faa betre greida paa, naar dei vitna som hadde vore til stades ved avhendingi; han sa òg at han vilde ikkje gjeva fraa seg skogen, minder dei vann paa honom i rettssak.

Torolv reid daa burt, og var svært ille i lag; han reid inn til Bolstad for aa finna Arnkjel, sonen sin. Arnkjel tok vel imot far sin, og spurde etter ærendi hans. Torolv svara: «Det er ærendi mi hit, at eg er leid for det skal vera so graatt med oss; eg vilde gjerne me skulde slutta med dette og taka paa med aa liva som gode frendar; for det er uhøvelegt at me tvo skal vera usamde, av di eg trur, at naar me tvo slær oss i lag, vil me faa mykje aa segja her i heradet ved din djervskap og min gløggskap i raad.» «Eg vilde òg lika betre um det kunde verta hævare millom oss,» sa Arnkjel. «Daa vil eg,» sa Torolv, «at me skal gjera det fyrste stiget til forlik og venskap millom oss med aa krevja att Kraakunesskogen av Snorre gòde; for det tykkjer eg er verst at han skal raada yver vaar eign, og han vil no ikkje gjeva fraa seg skogen, og segjer at eg hev gjeve honom skogen, men det er lygn.» Arnkjel svara: «Det var ikkje av venskap mot meg at du gav Snorre skogen, og ikkje vil eg for din baktale si skuld leggja meg i trætta med Snorre um skogen; eg veit nok at han hev ikkje logleg rett til skogen, men eg vil ikkje du skal hava det til vederlag for illska di aa gledast ved trætta millom oss.» «Eg tenkjer,» sa Torolv, «at det er heller stakarsdomen din som driv deg, enn det at du vil hindra at eg skal ha moro av trætta dykkar.» «Du kann tenkja um det som du vil,» sa Arnkjel; »men som det no er laga, vil eg ikkje trætta med Snorre um skogen.» Dermed skildest far og son. Torolv fór heim og var svært ille nøgd som han no var stelt, og han tykte at no kunde han ikkje faa fram viljen sin.

Torolv bægjefot kom heim um kvelden, og tala ikkje til nokon. Han sette seg i høgsætet sitt, og aat ikkje kveldsmat. Der sat han att, daa folk gjekk til sengs. Og um morgonen, daa folk stod upp, sat Torolv der enno og var daud. Daa sende husmori ein mann til Arnkjel, og bad segja honom at Torolv var daud. Arnkjel reid daa upp til Kvam med nokre av heimemennerne (85) sine. Og daa dei kom til Kvam, fek Arnkjel vissa um at Torolv var daud og sat i høgsætet, men alle folki var rædde, for alle tykte dei dauden hans var uhyggjeleg. Arnkjel gjekk no inn i eldhuset, og deretter fram med pallen (86) i ryggen paa Torolv. Han bad alle vara seg for aa koma honom nær framantil, so lenge dei ikkje hadde stelt um liket (87). Arnkjel tok Torolv i herdarne, og han maatte taka i med all si magt, fyrr han fekk honom ned fraa sætet. Sidan sveipte han eit klæde um hovudet paa Torolv, og stelte um honom etter sed og skikk. Deretter lét han brjota hol i veggen attanfor honom, og draga honom ut derigjenom. Etter det sette dei uksar for ein slede og la Torolv paa honom og ok med honom upp til Torsaadalen; og det var ikkje utan stræv dei fekk honom fram til den staden der han skulde vera. Der grov dei honom ned i ei stor og sterk dys. So reid Arnkjel heim til Kvam, og kasta eign paa alt godset som var der, og som far hans hadde aatt. Arnkjel vart verande der i tri næter, og det hende ikkje noko merkelegt i den tidi. Sidan reid Arnkjel heim.


34.

Etter Torolv bægjefot var daaen, tykte mange folk det var faarlegare aa vera ute straks soli gjekk ned. Og daa det leid paa sumaren, vart folk vare at Torolv ikkje laag still. Folk kunde daa aldri faa vera i fred ute etter soleglad. So kom det òg til, at dei uksarne dei hadde køyrt Torolv med, vart trollridne, og like eins vart alt det fe som kom nær dysi hans Torolv, gale, og gaula seg ihel. Og smalegjætaren paa Kvam kom ofte heim, av di Torolv hadde elt honom. So hende det um hausten paa Kvam at korkje smalegjætaren eller feet kom heim, og daa dei um morgonen for paa leiting, fann dei smalegjætaren daud ikkje langt fraa dysi hans Torolv. Han var kolsvart yver heile kroppen, og kvart bein i honom var knasa. Dei grov honom ned i dysi hjaa Torolv. Og av heile den buskapen som hadde vore der i dalen, fann dei sume daude, og sume rende til fjells, og dei fann deim aldri att. Og naar fuglarne sette seg paa dysi hans Torolv, fall dei ned daude. Det gjekk so langt med dette ulætet, at ingen torde beita upp i dalen. Ofte høyrde folket paa Kvam store dun ute um næterne; folk vart òg vare at ofte var det ein som reid paa hustaket Og daa vetteren kom, synte Torolv seg ofte heime paa garden, og han tok mest paa husmori. Det var òg mange folk som fekk mein av dette, og sjølv heldt ho paa og skulde gaa fraa vitet. Det enda med at ho døydde av dette; og dei førde henne upp i Torsaadalen, og grov henne ned i dysi hjaa Torolv. Etter dette stakk alle folk av fraa garden. Torolv tok no til aa gaa so vida um dalen, at han øydde alle gardarne i dalen. Det kom òg so langt med dette skrymtet hans, at han drap sume, men sume flydde undan. Men alle dei som lét livet, saag dei sidan i ferd med Torolv. Folk klaga no mykje yver denne vanden, og dei meinte Arnkjel var skyldig til aa raada bot paa dette. Arnkjel bad heim til seg alle dei som heller vilde vera der enn andre stader; og der som Arnkjel heldt seg, gjorde Torolv og fylgjet hans inkje mein. So rædde var alle folk for skrymtet hans Torolv, at ingen torde fara gjenom bygdi um vetteren, endaa um dei hadde ei vigtug ærend.

Daa vetteren leid av, vart det ein fin vaar. Og daa telen var gjengen or jordi, sende Arnkjel ein mann til Kaarsstad etter Torbrandssønerne og bad deim fara med honom for aa føra Torolv burt fraa Torsaadalen, og sjaa etter ein annan gravstad aat honom. Alle menner var, som òg no, like skyldige etter logi til aa føra daaen mann til gravi, naar dei vart tilstemnde. Men daa Torbrandssønerne høyrde dette, sa dei at dei var ikkje nøydde til aa løysa Arnkjel eller mennerne hans or vanden. Daa svara Torbrand karl: «De er nøydde aa gjera alle dei ferder som folk er skyldige til etter logi, og no hev han bede dykk um dette, som de ikkje hev rett til aa neitta.» Daa sa Torodd til sendemannen: «Far att du, og seg Arnkjel at eg skal gjera denne ferdi for oss brøder; eg skal koma til Ulvarsfjell, og der kann me raakast.» No fór sendemannen att og sa Arnkjel dette. Han budde seg daa til aa fara, og dei var 12 mann ihop. De hadde med seg køyruksar og reidskap til aa grava med. Fyrst fór dei til Ulvarsfjell, og der raaka dei Torodd Torbrandsson med tvo andre menner. So fór dei upp yver halsen (88), og kom upp i Torsaadalen og fram til dysi hans Torolv. Dei braut upp dysi, og fann der Torolv uroten, og han var no fælsleg aa sjaa. Dei tok honom upp or gravi, og la honom paa ein slede, og sette for tvo sterke uksar; og so drog dei honom upp til Ulvarsfjellshalsen, og daa var uksarne so utkøyrde, at dei maatte taka tvo andre uksar for aa faa honom upp paa halsen. Arnkjel var meint paa aa føra honom inn paa Vadilshovden og jorda honom der. Men daa dei kom inn paa halsbruni, vart uksarne galne, sleit seg lause, og rende straks ned fraa halsen, stemnde so ut gjenom ledet ovanfyre garden paa Ulvarsfjell, og deretter ut mot sjøen; daa var dei sprengde baae tvo. Men Torolv var so tung at dei greidde berre aa flytja honom eit ørlite stykke. Dei førde honom ut paa ein liten hovde som var tett attmed, og jorda honom der; og der heiter det sidan Bægjefothovden. Sidan lét Arnkjel reisa ein gard tvert yver hovden ovanfyre dysi, so høg at ingen kunde koma yver utan fljugande fugl; og enno kann ein sjaa merke etter den garden. Der laag Torolv still heile tidi medan Arnkjel livde.


35.

Snorre gòde lét likevel hogga timber i Kraakunesskogen, endaa Torolv bægjefot hadde klaga paa det. Og det var merkande paa Arnkjel gòde at han tykte Snorre gòde ikkje hadde fenge heimel paa skogen paa logleg vis, og at han meinte Torolv hadde gjort arvsvik, daa han gav Snorre gòde skogen. So var det ein sumar at Snorre gòde sende trælarne sine til aa hogga i skogen, og dei hogg mykje ved, la honom i lag, og fór so heim att. Og daa veden torna, let Arnkjel um det at han vilde bera heim veden, men det vart likevel ikkje noko av. Men han bad smalegjætaren sin sjaa etter naar Snorre lét henta veden, segja fraa. Og daa veden var turr, sende Snorre tri av trælarne sine til aa henta veden. Han lét Hauk, fylgjesmannen (89) sin, fara med deim til hjelp og forsvar. Dei fór stad og batt veden paa tolv hestar, og so gav dei seg paa heimvegen. Smalegjætaren hans Arnkjel vart var ferdi deira, og sa fraa til Arnkjel. Han tok vaapni sine og reid etter deim, og han raaka deim ut fraa Svelgsaa (90), millom aai og Holar. Straks han kom etter deim, sprang Hauk av hesteryggen, og la til Arnkjel med spjotet; det kom i skjolden, og Arnkjel vart ikkje saara. Arnkjel sprang daa av hesteryggen, og la til Hauk med spjotet, og det raama honom midt paa livet, og han fall der som det no heiter Hauksaa. Og daa trælarne saag at Hauk fall, la dei paa sprang, og flaug heimetter, og Arnkjel elte deim heilt framum Øksnabrekkorne. Etter det vende Arnkjel att, og rak hestarne med veden heim med seg. Han tok av deim veden, men slapp hestarne lause, gjorde reipi fast paa ryggen aat deim, og dreiv deim so ut langs med fjellet. Hestarne gjekk daa i veg til dei kom heim til Helgefjell. Denne tidend spurdest no; og det var stilt dette halvaaret. Men um vaaren etter reiste Snorre gòde søksmaal for draapet paa Hauk til Torsnestinget, men Arnkjel stod paa at Hauk skulde vera rettlaus for det han hadde gjort fyrste aataket. Baae tvo samla dei mykje folk til tinget, og gjekk fram med stor ihuge i denne saki. Men endelykti vart at Hauk vart rettlaus for yverfallet, og saki vart spilt for Snorre gòde. Etter det reid dei heim fraa tinget. Det var daa mykje fiendskap millom mennerne um sumaren.


36.

Torleiv heitte ein mann; han var fraa austfjordarne, og hadde vorte fredlaus for valdtekt. Han kom til Helgefjell um hausten, og bad Snorre gòde um tilhald i huset hans, men Snorre viste honom fraa seg, og dei talast lenge ved, fyrr han fór burt. Etter det fór Torleiv inn til Bolstad, og kom dit um kvelden, og der var han um natti. Tidleg um morgonen stod Arnkjel upp, og spikra ihop utdøri si. Torleiv stod daa upp, gjekk burt til Arnkjel og bad um tilhald hjaa honom. Arnkjel drog seg undan, og spurde um han hadde raaka Snorre gòde. «Ja, eg raaka honom,» segjer Torleiv, «men han vilde ikkje gaa med paa aa taka mot meg; men eg skøyter ikkje mykje um aa vera i fylgje med den mannen som stødt gjer seg nøgd med aa liggja under for kvar mann som han hev aa gjera med.» «Eg trur no ikkje,» sa Arnkjel, «at Snorre vil gjera eit betre kjøp, um han gjev deg mat for fylgjet ditt.» «Eg vil halda ved aa beda deg so inderleg at du tek imot meg, Arnkjel, slik ein mann som du er,» segjer Torleiv. «Eg er ikkje van med,» segjer Arnkjel, «aa taka mot folk som ikkje eig heime i heradet.» Um dette hadde dei no eit ordskifte ei stund; Torleiv trengde seg inn paa honom, men Arnkjel bar seg undan. Arnkjel bora nett daa hol i tvertreet, og imedan la han ned telgjeøksi. Torleiv tok henne upp, svinga henne snøgt yver hovudet sitt, og tenkte aa setja henne i hovudet paa Arnkjel. Men daa Arnkjel høyrde kvinet, sprang han under hogget, og lyfte Torleiv upp paa bringa si, og det synte seg snart at Arnkjel hadde yvertaket paa honom, for Arnkjel var ein sterk mann; han la Torleiv i bakken so hardt, at han heldt paa og skulde uvita, og øksi rauk or handi hans, og Arnkjel naadde i henne og sette hende i hovudet paa Torleiv, og gav honom banesaar.

Det ordet gjekk at Snorre hadde sendt denne mannen til aa drepa Arnkjel. Men Snorre lest som dette ikkje korn honom ved, og lét folk røda som dei vilde. Soleis gjekk no dette aaret, og det spurdest ikkje fleire tidender.


37.

Hausten etter um vetternæterne hadde Snorre gòde eit stort haustgjestebod og bad til seg venerne sine. Der var ølgilde, og dei drakk dugelegt. Dei hadde mangt slag moro i drykkjelaget. So vart det òg tale um mannjamning, kven som var den gjævaste mannen i bygdi eller den største hovdingen; og som det gjeng so ofte naar mannjamning kjem paa tale, kunde dei ikkje verta samde. Dei fleste meinte Snorre gòde var den gjævaste mann, men sume heldt paa Arnkjel; det var òg nokre som nemnde Styr. Og med dei no rødde um dette, sa Torleiv kimbe: «Kvifor vil folk trætta um slike ting som er so klaare at alle kann sjaa korleis det hev seg?» «Kva vil du segja med det, Torleiv,» sa de andre, «at du held denne saki for so fullgreid aa avgjera?» «Eg meiner Arnkjel er den aller fremste,» svara han. «Kva gjev du til grunn for det,» sa dei. «Det som sant er,» svara han; «eg meiner at Snorre gòde og Styr for deira maagskap skuld er aa rekna for ein mann; men ingen av dei heimemennerne hans Arnkjel som Snorre hev drepe, ligg ubøtte ved garden hans, so som Hauk, fylgjesmannen hans Snorre, som ligg her ved garden, og som Arnkjel hev drepe.» Dette tykte folk var djervt sagt, men likevel sant, som det no var stelt, og med det vart det slutt paa røda deira.

Daa no folk fór burt fraa gjestebodet, gav Snorre venerne sine gaavor. Han fylgde Torbrandssønerne til skips inn til Raudevikhovden (91). Og daa dei skildest, gjekk Snorre burt til Torleiv kimbe og sa: «Her er ei øks, Torleiv, som eg vil gjeva deg: ho er den mest langskafta eg eig, men ho vil likevel ikkje naa til hovudet hans Arnkjel, naar han bergar høyet sitt paa Ørlygsstad, um du skal svinga henne heimanfraa Alptefjord.» Torleiv tok mot øksi og sa: «Ver du fullviss paa at eg skal ikkje drygja med aa svinga øksi mot Arnkjel, naar du er ferdig til aa hemna Hauk, fylgjesmannen din.» Snorre svara: «Det trur eg aa hava til gode hjaa dykk Torbrandssøner, at de spæjar etter naar høvet bydst aa taka paa Arnkjel; og daa kann de lasta meg, um eg ikkje kjem til møtes med dykk, naar det raakar so høvelegt, og de gjev meg tidend um det.» Dermed skildest dei, baae partar like ferdige til aa taka livet av Arnkjel; men Torbrandssønerne skulde spæja etter hans ferd.

Tidleg paa vetteren vart det slik ei islega, og heile fjorden laag med is. Frøystein bove gjætte sauer i Alptefjorden; han vart sett til aa spæja etter um dei kunde faa høve til aa taka paa Arnkjel. Arnkjel var ein ihuga arbeidsmann, og lét trælarne sine arbeid fraa morgon til kveld. Arnkjel hadde under seg baae gardarne Ulvarsfjell og Ørlygsstad; for ingen vilde taka paa seg aa bu der for Torbrandssønerne sine valdsverk. Men um vetteren bruka Arnkjel aa flytja høyet fraa Ørlygsstad um næterne, naar det var maaneljost, for um dagen hadde trælarne anna arbeid aa gjera; og han saag helst at Torbrandssønerne ikkje fekk vita naar dei førde burt høyet.

So var det ei natt um vetteren fyre jol, at Arnkjel stod upp um natti og vekte tri av trælarne sine, og den eine heite Ufeig. Arnkjel bonde fór med deim inn til Ørlygsstad; dei hadde med seg fire uksar og tvo sledar. Torbrandssønerne vart vare ferdi deira, og Frøystein bove fór straks um natti yver isen til Helgefjell, og kom dit ei stund etter at folk hadde lagt seg. Han vekte Snorre gòde. Snorre spurde kva han vilde. Han svara: «No er den gamle ørnen flogen til aata paa Ørlygsstad.»

Snorre stod upp og bad mennerne sine klæda paa seg; og daa dei var paaklædde, tok dei vaapni sine og fór 9 mann ihop inn yver isen til Alptefjord. Og daa dei kom inn i fjordbotnen, kom Torbrandssønerne imot deim 6 mann ihop. Sidan fór dei upp til Ørlygsstad. Og daa dei kom dit, var den eine trælen faren heim med høylasset, men Arnkjel og dei tvo andre trælarne heldt paa med noko anna. Daa saag dei at væpna menner kom nedanifraa sjøen. Ufeig meinte at ufred var i vente, — «og det er vel best at me fer heim,» sa han. Arnkjel svara: «Her veit eg god raad, for her skal kvar gjera som han tykkjer best. De skal springa heim og vekkja fylgjesmennerne mine, og dei vil snart koma meg til hjelp; men her er det ein god verjestad i høystakk-garden, og herifraa vil eg verja meg, um dette er ufredsmenner, for det likar eg betre enn aa fly. Dei vil ikkje so snart vinna paa meg, og mennerne mine vil snart koma meg til hjelp um de gjer dykkar ærend vel.»

Daa Arnkjel hadde sagt dette, la trælarne til sprangs, og Ufeig vart snøggast. Han vart so rædd at han gjekk mesta fraa vitet, og flaug upp i fjellet, og so ut i ein foss og sette til, og den fossen heiter no Ufeigsfoss. Den andre trælen sprang til garden, og daa han kom til løda, var kammeraten hans der fyre, og bar inn høyet. Han kalla paa den trælen som sprang, at han skulde leggja inn høyet med honom, og det var merkande paa trælen at det arbeidet kunde han nok lika, og han tok aat med den andre.

No er det aa fortelja um Arnkjel at han saag det var Snorre gòde og mennerne hans som fór der. Han reiv daa meien av sleden, og hadde honom med seg upp i garden. Garden var høg paa utsida, men svært tilgrodd innanfor, og det var ein god verjestad der. Høy var det òg i garden, og endarne av hesjorne rakk burt aat garden. Daa Snorre og mennerne hans kom til garden, gjorde dei straks aatak paa honom, og mest med spjotstyng; og det er ikkje fortalt at det vart tala noko millom deim. Men Arnkjel slo fraa seg med meien, so mange av spjotskafti deira gjekk sund, og Arnkjel vart ikkje saara. Daa dei no hadde late fraa seg kastevaapni sine, sprang Torleiv kimbe fram til garden, og hoppa upp paa garden med drege sverd. Arnkjel slo til honom med sledemeien, men Torleiv gjekk undan hogget ved aa lata seg falla ned fraa garden, og meien tok frami garden og raaka ei frosi jordtorva som stod upp or garden, og sledemeien stokk av i nagleholet, og det eine stykket spratt ut av garden. Arnkjel hadde sett sverdet sitt og skjolden ved høyet. Han tok no vaapni sine og varde seg med deim, men no kom han òg meir i berrhogget. Dei kom seg upp i garden til honom, men Arnkjel sprang upp paa høyet, og varde seg derifraa ei stund. Endelykti vart likevel at Arnkjel fall, og dei gøymde liket i høyet der i garden. Etter dette fór Snorre heim til Helgefjell.

Um draapet paa Arnkjel kvad Tormod Frevilsson denne visa:

Saar-orren (92) sende
Snorre den djerve
ovgild aata;
ung vart han sigrsæl;
sigraren sette
saar-hav-elden (93)
djupt i livs-dungen (94)
daa han drap Arnkjel.

No er det aa fortelja um trælarne hans Arnkjel at dei gjekk inn, daa dei hadde bore inn høyet, og drog av seg skinnklædi sine. Daa vakna fylgjesmennerne hans Arnkjel, og dei spurde kor Arnkjel var. Daa var det liksom trælen vakna utor ein svevn, og han svara: «Det er sant,» sa han, «han slæst nok inne paa Ørlygstad med Snorre gòde.» Daa spang mennerne upp og klædde paa seg, og skunda seg det meste dei vann inn til Ørlygsstad; og der fann dei Arnkjel, husbonden sin, daud.

Hans daude var til stor sorg for alle, for i alle ting gjekk han framum alle andre menner i den gamle heidne tidi, i vit, i gjævlynde, i mod og i djervskap; og han var ein stød og framifraa roleg og omtenkt mann. Difor vann han òg jamleg i alle rettssaker, kven han so hadde aa gjera med. Dette vekte ovund mot honom, som det no synte seg.

Dei tok no liket hans Arnkjel og stelte um det, og førde det til gravi. Arnkjel vart hauglagd attmed sjøen ut ved Vadilshovde, og den haugen er so vid som ein stor høystakk-gard.


38.

Etter draapet paa Arnkjel var det berre kvinnfolk til arven og søksmaalet; og difor vart ikkje søksmaalet for draapet drive med so stor kraft som ein kunde tykkja var ventande etter so gjæv ein mann. Det vart likevel forlik paa tinget, og dei vedtok berre den eine utlægdi, at Torleiv kimbe skulde vera utanlands tri vetrar, for han fekk skuldi for banesaaret paa Arnkjel. Men etter di søksmaalet ikkje vart so sømelegt og gjævt som ein skulde venta etter so stor ein hovding som Arnkjel var, so fastsette landsstyrarane ved log, at aldri sidan skulde ei kvinna hava søksmaalet i ei draapsak, og heller ikkje nokon mann som var yngre enn 16 aar; og det hev stade ved lag stødt sidan.


39.

Torleiv kimbe tok seg far um sumaren med dei kaupmennerne som budde i Straumfjorden, og han var i lag med skiperarne. Den gongen hadde kaupmennerne for skikk aa ikkje ha nokon kokk, men matlagsmennerne kasta lut seg imillom, kven som skulde staa for matlagingi for kvar dag. Alt skipsfolket skulde og hava drykk ihop, og ved mastri skulde det staa eit kar med lok yver, som drykken var i; men noko av drykken hadde dei i dunkar, og fraa deim fyllte dei i karet, naar dei hadde tømt det.

Daa dei no var mesta seglbudd, kom det ein mann burt paa berghamaren der budi stod. Denne mannen var storvaksen, og hadde byrd paa ryggen. Dei tykte han saag noko underleg ut. Han spurde etter skiperen, og dei viste honom til budi hans Der la han fraa seg baggen sin ved buddøri, og gjekk so inn i budi. Han spurde um skiperen vilde gjeva honom far yver havet. Dei spurde honom etter namnet hans, og han sa han heite Arnbjørn, son hans Aasbrand fraa Kamb, og han sa han vilde fara utanlands og leita upp Bjørn, bror sin, som hadde fare utanlands for nokre aar sidan, og han hadde ikkje spurt noko til honom, sidan han fór til Danmark. Austmennerne sa at farmen alt var bunden, og dei hadde ikkje hug paa aa løysa honom att. Han svara at han hadde ikkje meir ferdagods med seg, og han kunde liggja paa lasten. Og av di dei no saag at det var honom mykje um aa gjera aa faa reisa, so tok dei honom med; han aat for seg sjølv, og heldt til fram ved stamnen. I baggen sin hadde han 360 alner vadmaal, 12 feldar og nista si. Arnbjørn var hjelpsam og kvik, og kaupmennerne tykte vel um honom. Dei fekk ei god sjøferd og kom til Hordaland, og la aat ved eit utskjer. Dei laga der maten sin paa land. Det fall paa Torleiv kimbe aa laga mat den dagen, og han skulde koka graut. Arnbjørn var i land og koka seg graut, og han hadde den gryta som Torleiv skulde bruka etterpaa. Torleiv gjekk daa upp paa land, og bad Arnbjørn gjeva honom gryta; men Arnbjørn var daa endaa ikkje ferdig med aa laga grauten sin, og med han rørde i gryta, stod Torleiv yver honom. Daa ropa austmennerne fraa skipet at Torleiv skulde laga mat, og dei sa at han var ein retteleg islending, so seinvoren som han var. Daa vart Torleiv vond og tok gryta og slo ut grauten hans Arnbjørn, og vende seg so og vilde gaa burt. Arnbjørn heldt paa tvora, og slo med henne til Torleiv og raama honom paa halsen; det var eit lite hogg, men grauten var heit, so Torleiv brende seg paa halsen. Han sa: «Nordmennerne skal ikkje faa det aa læ aat, med di me no er her tvo samlendingar, at dei maa skilja oss aat som hundar; men eg skal hugsa deg dette, naar me er paa Island.» Arnbjørn svara inkje. Dei laag der nokre faa næter, fyrr dei fekk bør inn til landet, og der lossa dei skipet. Torleiv vart verande der; men Arnbjørn tok seg far med nokre handelsmenner aust til Viki og derifraa til Danmark for aa leita upp Bjørn, bror sin.


40.

Torleiv kimbe var tvo vetrar i Norig, og fór so til Island att med dei same kaupmennerne som han fór ut med. Dei kom inn i Breidefjorden, og lende ved Dogurdarnes. Torleiv fór heim til Alptefjord um hausten, og var som vanlegt svært nøgd med seg sjølv.

Same sumaren kom brøderne Bjørn og Arnbjørn ut til Raunhamnosen (95). Bjørn fekk sidan namnet Breidvikingkappe. Arnbjørn hadde mange pengar heim med seg, og straks same sumaren han kom heim, kjøpte han seg land paa Bakke i Raunhamn. Um vetteren var han paa Knorr (96) hjaa Tord blig, verbroren sin. Arnbjørn var ikkje nokon drusteleg mann, og var i det heile svært faamælt, men han var likevel ein framifraa gild mann i alle ting. Bjørn, broren hans, derimot var ein framifraa drusteleg mann daa han kom heim, og han tedde seg vyrdeleg, for han hadde skapa seg etter sed og skikk millom utlendske hovdingar; han var òg ein mykje vænare mann enn Arnbjørn, og ikkje paa nokon maate ein mindre gild mann; han var velrøynd i djervskap, for han hadde teke seg vel fram utanlands.

Um sumaren, straks etter dei var komne heim, var det eit fjølment folkemøte nordanfor heidi under Haugabrekkorne ved Frodaaosen, og dit reid alle kaupmennerne i lita klæde. Og daa dei kom til folkemøtet, var det alt mykje folk der. Der var Turid, husmori fraa Frodaa, og Bjørn kom til tals med henne, og ingen hadde noko aa segja paa det; folk tykte det var rimelegt dei hadde mykje aa svalla um, med di dei hadde ikkje raakast paa so lenge. Det kom til blodug strid millom folk den dagen. Ein mann av nordlendingarne vart saara til ulivs, og dei bar honom burt under ein ris-runn som stod paa øyri, og det rann mykje blod or saaret so det vart ei heil blodtjørn i runnen. Der var òg guten Kjartan, son henner Turid fraa Frodaa; han hadde ei liti øks i handi, og han sprang burt til runnen og duppa øksi i blodet.

Daa no Heidsynningarne (97) reid sudpaa fraa folkemøtet, spurde Tord blig Bjørn korleis det hadde gjenge med røda millom honom og Turid. Bjørn let vel yver henne. Daa spurde Tord um han hadde sét guten Kjartan den dagen, han som var son aat baade honom og Torodd og alle dei andre ihop. «Ja, eg saag honom,» sa Bjørn. «Kor tykkjer du um honom?» sa Tord. Daa kvad Bjørn denne visa:

Øgjeleg i augo
og so naudlik kvinna,
fort eg saag han flaug til
Fenres brunn (98) i runnen.
Marn-brand-rauste (99) menner
meinkar sveinen, so han
fær kje finna far sin,
ferdamannen djerve.

Tord sa: «Kven av dykk tvo trur du Torodd vil segja er far til guten?» Daa kvad Bjørn denne visa:

Torodds grune, trur eg,
torde sanna den granne,
tannkvite hulder, — hennar
heile hug eg aatte, —
um den ættgjæve kvinna
aatte søner som meg
liktest; enno lenge
leikar ho meg i hugen.

Tord sa: «Daa er det raadlegast for dykk at de hev lite med kvarandre aa gjera, og at du slær Turid av tankarne dine.» «Det er nok ei god raad,» sa Bjørn; «men det er slett ikkje etter min hug, endaa um Snorre gòde, bror hennar, er aa rekna for min yvermake.» «Ja, du fær no raada deg sjølv,» sa Tord, og med det enda røda deira.

Bjørn fór no heim til Kamb og tok der gardsstyringi, for far hans var daa daaen. Um vetteren tok han atter paa med si ferd nordpaa yver heidi for aa raaka Turid. Og endaa Torodd lika dette ille, so tykte han likevel det var vandt aa raada bot paa det. For han kom i hug kor hardt han vart medfaren, den gongen han hadde klaga paa samkvæmet deira, og han saag at Bjørn no var mykje sterkare enn fyrr. Torodd kjøpte um vetteren Torgrima galdrakinn til at ho skulde gjera uvêr paa Bjørn, naar han fór yver heidi. — So var det ein dag at Bjørn fór til Frodaa; og um kvelden, daa han budde seg til aa fara heim, var det tjukt vêr og noko regn, og han vart seint ferdig. Men daa han kom upp paa heidi, vart det kaldt og snødriv; det var daa so myrkt at han saag ikkje vegen fyre seg. Og so rauk det upp ei uvêrsrid med slik ein storm, at han snaudt kunde halda seg uppe, og klædi tok til aa frjosa paa honom, for han var alt gjenomvaat. Han fór òg so villt at han visste ikkje kor han var. Um natti hitta han ein heller, og der fór han inn og var der um natti, men han hadde det svært kaldt. Daa kvad Bjørn :

Drosi budd i bøysen
bunad vil kje unast,
veit ho at i vaaleg
vande eg mun standa;
dis aat alde-elden (100)
ottug vart ho, otta
ho at hermannen her i
helleren kuls maa bella.

Og endaa ein gong kvad han:

Siglde eg austan snøgt
sette yver svane-slett (101),
for hyggne dros sin hug
hermannen gav paa ferd;
vid men vesall bud
vanraa hovding fann;
med helleren lita han lyt
lenge for kvinnas seng.

Bjørn var tri døger i helleren, fyrr uvêret gav seg, og den fjorde dagen fór han fraa heidi og kom seg heim til Kamb. Han var svært forkomen. Og daa heimemennerne spurde honom kor han hadde vore medan uvêret stod paa, kvad Bjørn :

Vida spurdest vaare
verk under Styrbjørns merke;
manne-ætti øydde
Eirik i dyn av geirar (102);
villfaren nyst fór eg,
fann kje paa breide heidi
vegen, for vaalegt trollvêr
valda ei galdre-kjerring.

Bjørn var no heime um vetteren. Um vaaren sette Arnbjørn, bror hans, bu paa Bakke i Raunhamn; men Bjørn budde paa Kamb og heldt ovstort hus.


41.

Same vaar fridde Torleiv kimbe paa Torsnestinget til Helga Torlaksdotter paa Øyr, syster hans Steintor paa Øyr, og Tormod, bror hennar, tok seg trottugt av saki: han var gift med Torgjerd Torbrandsdotter, syster hans Torleiv kimbe. Men daa dei kom med denne saki til Steintor, var han sein paa det, og slo paa at brøderne hans kunde avgjera saki. Dei gjekk daa til Tord blig. Og daa saki kom fyre honom, svara han: «Denne saki vil eg ikkje skjota til andre menner; her kann eg vera fyremann, og det vil eg segja deg Torleiv, at fyrst fær du sjaa til aa faa dei attgrodde dei grautflekkjerne som du brende paa halsen din, den gongen du for 3 vetrar sidan fekk hogg i Norig, fyrr eg vil gifta syster mi med deg.» Torleiv svara: «Eg veit ikke um det er so laga at det skal verta hemnt eller ikkje; men det skulde eg ynskja at du fekk hogg fyrr 3 vetrar var lidne.» Tord svara: «Urædd er eg for trugsmaali dine.»

Morgonen etter hadde dei torvleik (103) ved budi aat Torbrandssønerne: Og daa Torlakssønerne kom gangande og fór framum, kom det ei stor sandtorva fij ugande, og raama Tord blig i nakken. Slaget var so hardt at han datt i koll. Og daa han stod upp, saag han at Tordbrandssønerne storlog aat honom. Torlakssønerne snudde daa straks att, og tok til vaapni sine; dei andre sprang imot deim, og det kom straks til dragsmaal millom deim. Nokre menner vart saara, men ingen fall. Steintor hadde ikkje vore til stades; han hadde tala med Snorre gòde. Daa dei no var aatskilde, freista folk faa til eit forlik; og dei vart forlikte um at Snorre og Steintor skulde døma som skilsmenner. Nokre av saari skulde vega upp aataki, og resten av saari vart bøtte. Og alle var aa rekna for forlikte, daa dei reid heim.


42.

Denne sumaren kom det eit skip til Raunhamnosen, og eit anna til Dogurdarnes. Snorre hadde ei ærend til skipet i Raunhamn, og han reid heiman med 15 mann. Og daa dei kom sudpaa yver heidi i Dufgusdalen (104), reid der etter deim 6 fullvæpna menner; det var Torbrandssønerne. Snorre spurde kvart dei etla seg. Dei svara at dei skulde til skipet i Raunhamnosen. Snorre sa at han skulde greida med ærendi deira, og han bad deim fara heim, og ikkje egla seg inn paa andre folk; det skulde ofte ikkje stort til at det bar ihop med sovorne folk som det alt fyrr var graatt med, naar dei raakast. Torleiv kimbe svara: «Ikkje skal det spyrjast at me ikkje torer rida gjenom bygdi for Breidvikingarne, men du kann gjerne fara heim att, um du ikkje torer rida lenger, endaa du hev ærend.» Snorre svara inkje. Sidan reid dei yver aasen ut til Hovgard, og derfraa ut um sandstrandi med sjøen. Og daa dei var komne mesta ut til osen, reid Torbrandssønerne fraa deim og upp til Bakke; og daa dei kom til garden, sprang dei av hestarne sine og etla seg til aa gaa inn, men fekk ikkje brote upp døri. Dei sprang daa upp paa hustaki, og tok til aa riva hol. Arnbjørn tok vaapni sine og varde seg innanfraa; han stakk og hogg ut gjenom taket, so dei fekk mange saar og skeinor. Dette var tidleg um morgonen, og vêret var klaart. Denne morgonen stod Breidvikingarne tidleg upp og etla seg til aa rida til skipet. Daa dei no kom inn franium Oksli (105), saag dei ein mann i stasklæde paa hustaket uppe paa Bakke; og dei visste at det var ikkje bunaden hans Arnbjørn. Bjørn og mennerne hans vende daa si ferd dit. Daa no Snorre gòde gaadde at Torbrandssønerne hadde ride fraa fylgjet hans, reid han etter deim. Og daa dei kom fram til Bakke, heldt Torbrandssønerne som mest rasande paa med aa riva sund husi; Snorre bad deim daa stogga med dette, og ikkje gjera ufred so lenge dei var i hans fylgje. Og av di det ikkje hadde lukkast for deim aa brjota seg inn, so gav dei upp aatsøknaden, som Snorre bad deim um, og reid sidan til skipet med Snorre. Breidvikingarne kom til skipet utpaa dagen, og baae partar gjekk heile tidi i flokk og fylgje. Dei var svært fiendslege og vare mot kvarandre, og korgje freista taka paa den andre. Men Breidvikingarne var dei mannsterkaste paa kaupstemna.

Um kvelden reid Snorre gòde sudpaa til Hovgard; der budde daa Bjørn og Gjest, sonen hans og far hans Hovgard-Rev (106). Bjørn Breidvikingkappe og mennerne hans baud Arnbjørn til, at dei skulde rida etter Snorre og fylgjet hans, men Arnbjørn vilde ikkje det, og han sa at baae partar skulde lata det vera som det var med det som no var hendt. Snorre gòde reid heim dagen etter, og Torbrandssønerne var no endaa meir misnøgde enn fyrr. Det tok no til aa lida paa hausten.


43.

Torbrand bonde i Alptefjord hadde ein træl som heitte Egil sterke. Han var ein ovleg stor og sterk mann, og han var ille nøgd med sitt træleliv, og bad ofte Torbrand og sønerne hans at dei skulde gjeva honom fridomen, og han baud seg til aa gjera alt det han var god til for aa faa fridomen. So var det ein kveld at Egil gjekk etter sauer i Alptefjord ut til Borgardal. Og daa det leid ut paa kvelden, saag han at ein ørn flaug fraa vest yver fjorden. Ein stor veidehund var i lag med Egil. Ørnen sette paa hunden og tok honom i klørne sine og flaug so attende vest yver fjorden til dysi hans Torolv bægjefot, og der vart han burte under fjellet. Dette meinte Torbrand var eit fyrebod um store tidender.

Kvar haust hadde Breidvikingarne for skikk aa halda ball-leik um vetternatts tider under Oksli sunnanfor Knorr, — der som det sidan heiter Leikskaalevollarne —, og dit søkte folk fraa heile bygdi. Der hadde dei bygt store leikstovor, som folk heldt til i, og dei budde der ein halv maanad eller endaa lenger. Det var utvalde folk der fraa heile den store bygdi, og dei fleste yngre menner var med i leikarne, so nær som Tord blig; han fekk ikkje vera med, av di han var so braadlyndt; men han var ikkje so sterk, at han ikkje for den sak skuld kunde vera med. Han sat paa ein stol og saag paa leiken. Brøderne Bjørn og Arnbjørn tykte det høvde ikkje deim aa vera med i leikarne, minder dei leika med kvarandre.

Same hausten rødde Torbrandssønerne med Egil, trælen sin, um at han skulde fara ut til ballleikarne og drepa ein av Breidvikingarne, Bjørn eller Tord eller Arnbjørn, paa einkvar maaten, og sidan skulde han faa fridomen sin. Sume hev sagt at dette vart gjort etter samraad med Snorre gòde, og han hadde gjeve trælen den fyresegni, at han skulde sjaa til um han kunde faa lurt seg inn i skaalen, og derfraa freista faa gjort mennerne mein; og han bad honom gaa ned det fjeldskardet som ligg upp fraa Leikskaalarne; men han skulde ikkje gaa ned fyrr dei hadde gjort upp mateldarne, for vêret, sa han, hadde mykje det laget, at det tok til aa blaasa fraa steingrunnen (107) um kveldarne, og daa vilde røyken driva upp i skardet, og difor skulde han bia med aa gaa ned til skardet var fyllt med røyk. Egil gav seg daa paa denne ferdi, og fór fyrst ut langsmed fjorden og spurde etter sauerne aat Alptefjordingarne, og lest vera paa leiting etter deim; men medan han var paa denne ferdi, skulde Frøystein bove gjæta sauerne i Alptefjord. Um kvelden daa Egil var faren heiman, gjekk Frøystein aat sauerne vestyver aai, og daa han kom til den skridemarki som heiter Geirvor, og som gjeng ned vestanfor aai, saag han eit avhogge mannshovud liggja der bert. Hovudet kvad denne visestubben:

Raud er Geirvor
av gossars blod
ho skal hylja
hausar aat menner.

Han fortalde Torbrand dette varslet, og han meinte det spaadde um store tidender.

Men um ferdi hans Egil er det aa fortelja, at han fór ut med fjorden og upp i fjellet innanfor Bulandshovden, og dinæst sudpaa yver fjellet, og han stemnde soleis at han kom ned i skardet ovanfor Leikskaalarne. Han løynde seg der um dagen, og saag paa leiken. Tord blig sat og saag paa leiken. Daa sa han: «Eg veit ikkje kva det er eg ser upp i skardet, anten det er ein fugl eller det er ein mann som løyner seg; og det kjem upp stundom; noko livande er det; eg trur det er best aa røkja etter.» Men det vart ikkje noko utav det. Denne dagen fall det ved lutkasting til Bjørn Breidvikingkappe og Tord blig aa staa for matlagingi; Bjørn skulde gjera upp eld, og Tord skulde gaa etter vatn. Og daa Bjørn hadde gjort upp elden, dreiv røyken upp i skardet, so som Snorre hadde tenkt seg. Egil gjekk daa ned i røyken og stemnde til skaalen. Det var daa endaa ikkje slutt med leiken, men det leid alt langt ut paa dagen; og no tok eldarne til aa brenna godt, og skaalen var full av røyk. Egil stemnde daa dit; han hadde vorte svært styrd, baade av aa fara yver fjellet, og daa han laag og bia i skardet. Egil hadde duskute skoreimar, som det den gongen var skikk, og den eine reimi hadde losna, so han drog dusken etter seg. Trælen gjekk daa inn i forstova; men daa han skulde gaa inn i hovudstova, vilde han gaa stilt, for han saag att Bjørn og Tord sat ved elden; og no tenkte Egil at han um ei liti stund skulde faa seg fridomen for ollo. Men daa han vilde stiga yver dørstokken, trødde han paa reimdusken som han drog etter seg, og daa han so vilde stiga fram med den andre foten, var dusken fast, og difor bikka han yver og fall inn paa golvet; det vart ein dunk so svær som um ein flaadd nautekropp vart kasta ned paa golvet. Tord spratt upp og spurde kva troll til kar dette var. Bjørn sprang og upp og aat honom, og fekk tak i honom, fyrr han kom seg paa føterne att, og spurde kven han var. Han svara: «Det er Egil, gode Bjørn.» «Kva for ein Egil,» spurde Bjørn. «Det er Egil fraa Alptefjord,» sa han. Tord tok eit sverd og vilde hogga honom; men Bjørn tok fat i Tord og bad honom ikkje vera so snøgg til aa hogga mannen — «me vil fyrst faa vita reine sanningi av honom,» sa han. Dei sette daa fotjarn paa Egil. Men um kvelden, daa folk kom heim til skaalen, fortalde Egil so alle folk høyrde det, kva han hadde etla seg til med si ferd. Der sat han um natti; men um morgonen førde dei honom upp i skardet — det heiter no Egilsskardet — og der drap dei honom.

Det var log i den tidi, at naar ein mann drap ein træl aat ein annan mann, so skulde han gaa med bøterne for trælen heim til husbonden sjølv, og han skulde taka paa med si ferd innan tri dagar etter draapet paa trælen; bøterne skulde vera 12 øyre sylv. Og dersom trælsbøterne soleis vart betala paa logleg vis, daa var det ikkje høve til aa reisa søksmaal for draapet paa trælen. Etter draapet paa Egil raadde Breidvikingarne seg til aa gaa med trælsbøterne etter logi, og dei valde ut 30 mann der fraa Leikskaalarne, og det var utvalde folk. Dei reid nord yver heidi, og tok um natti inn paa Øyr hjaa Steintor. Han gav seg paa ferd med deim, og dei var daa derifraa 50 mann i lag. So reid dei inn med fjorden, og var den andre natti paa Bakke hjaa Tormod, bror hans Steintor. Dei bad daa Styr og Vermund, frendarne sine, fara med deim, og no var dei 80 mann ihop. Daa sende Steintor ein mann til Helgefjell for aa faa vita kva Snorre raadde seg til aa gjera, naar han spurde hersamlingi. Men daa sendemannen kom til Helgefjell, sat Snorre gòde i høgsætet sitt, og det var ikkje merkande noko avbrøyte i huset; sendemannen hans Steintor fekk ingi greida paa kva Snorre etla seg til. Og daa han kom att til Bakke, fortalde han Steintor dette, korleis det stod til paa Helgefjell. Steintor svara: «Det var ventande at Snorre vilde tola at folk fór i logleg ærend; og dersom han ikkje fær inn til Alptefjord, daa kann eg inkje sjaa kva me treng denne manntjølden til; for eg vil at me skal fara spakleg fram, endaa um me vil halda fram med vaar sak etter logi. Difor er det mi raad, Tord frende,» sa han, «at de Breidvikingar skal vera att her, for det er tarvlaust at det skal verta usemja millom dykk og Torbrandssønerne.» Tord svara: «Visst er det at eg skal fara, og Torleiv kimbe skal ikkje hava det aa spotta yver, at eg ikkje torer koma sjølv med trælsbøterne.» Daa sa Steintor til brøderne Bjørn og Arnbjørn: «Daa vil eg at de skal vera att med 20 mann.» Bjørn svara: «Eg skal ikkje trengja meg inn paa deg med mitt fylgje meir enn du sjølv tykkjer høvelegt; men ikkje hev det hendt meg fyrr at eg vart utskoten; og det trur eg,» sa han, «at Snorre gòde er dykk for gløggsynt og vil lura dykk; eg er ikkje framsynt; men eg hev eit hugbod ura at det vil gaa so paa denne ferdi, at du vil tykkja du ikkje hev for mange folk, fyrr me raakast att.» Steintor svara: «Eg skal raada, so lenge eg er med, endaa um eg ikkje er so gløggsynt som Snorre gòde.» «Det maa du gjerne for meg, frende,» sa Bjørn. Etter dette reid Steintor fraa Bakke, med umlag 60 mann inn frametter Skeid til Draapulid, og so inn yver Vatshalshovden og tvert yver Svelgsaadalen, og stemnde derfraa inn paa Ulvarsfjellshalsen.


44.

Snorre gòde hadde sendt grannarne sine bod um at dei skulde flytja skipi sine ut under Raudevikhovden. Dit fór han daa med heimemennerne sine, straks sendemannen hans Steintor var faren burt; men so lenge bia han med aa fara, av di han hadde ein mistanke um at mannen var send for aa spæja ut aatferdi hans. Snorre fór inn etter Alptefjorden med tri skip og hadde nærpaa 50 mann, og han kom til Kaarsstad fyrr Steintor og mennerne hans. Men daa dei no fraa Kaarsstad saag Steintor og mennerne hans koma, sa Torbrandssønerne at dei skulde fara imot deim, og ikkje lata deim faa koma inn paa tunet, — «for me hev stort og gildt herfylgje,» sa dei. Dei var 80 mann ihop. Daa svara Snorre gòde: «Me skal ikkje meinka deim aa koma inn paa garden, og Steintor skal faa sin loglege rett; for han vil fara aat med si sak paa ein skynsam og spakleg maate. Eg vil at alle skal vera inne, og ingen skal tala til deim, for det er berre til aa auka vansken.»

So gjekk alle inn i stova og sette seg paa benkjerne; men Torbrandssønerne gjekk att og fram paa golvet. Steintor og mennerne hans reid til døri. Det er fortalt at han var i ein raud kyrtel, og han hadde stukke framsnipparne upp under beltet; han hadde ein fager skjold og hjelm, og sverdet hans var prydelegt, hjalti var kvite av sylvsmide, og handtaket var sveipt med sylvband og sett med forgylte lister. Steintor og mennerne hans steig av hestarne, og han gjekk upp til døri og feste paa dørkarmen ein pung som det var 12 øyre sylv i, og nemnde so vitne paa at trælsbøterne no var lagde etter logi; og ei tenestegjenta stod i døri og høyrde vitne-nemningi. Ho gjekk daa inn i stova og sa: «Han er ein karsleg mann, han Steintor paa Øyr, og han tala òg vel for seg, daa han bar fram trælsbøterne.» Men daa Torleiv kimbe høyrde dette, sprang han fram, og dei andre Torbrandssønerne med honom, og so gjekk dei fram alle som var i stova. Torleiv kimbe kom fyrst i døri, og han saag at Tord blig stod fyre døri med skjolden sin, men Steintor gjekk daa burte paa tunet. Torleiv tok eit spjot som stod i døri og stakk etter Tord blig, og spjotet raaka skjolden, men gleid av skjolden og inn i oksli, so han fekk eit stort saar. Etter det sprang mennerne ut, og det vart strid paa tunet. Steintor var svært vill og hogg til baae sidor. Men daa Snorre kom ut, bad han deim stogga med striden, og han bad Steintor og mennerne hans rida burt fraa tunet; so skulde dei ikkje setja etter deim. Steintor og mennerne hans reid daa ned etter vollen, og med det enda striden deira.

Men daa Snorre gjekk att til døri, stod Torodd, sonen hans, der, og han hadde eit stort saar i oksli. Snorre spurde kven som hadde saara honom. «Steintor paa Øyr,» svara han. Daa sa Torleiv kimbe: «Der fekk du løn som fortent, for det du ikkje vilde setja etter honom; det er no mi raad at me ikkje lét det enda med dette.» «Nei no hev me noko ubytt med honom,» sa Snorre gòde. Han bad Torleiv kimbe segja til mennerne at dei skulde setja etter deim.

Steintor og mennerne hans var komne ned av vollen, daa dei saag at dei andre kom etter. Dei fór daa yver aai, og snudde so upp i skrida Geirvor, og budde seg til der, for det var ein god verjestad, av di det var so mykje stein der. Men daa flokken hans Sorre fór uppetter skrida, skaut Steintor etter gamall sed til lukka for seg eit spjot yver flokken hans Snorre, og spjotet leita seg ut eit maal, og det raaka Maa Hallvardsson, frenden hans Snorre, og han vart straks ufør til strid. Daa Snorre fekk vita dette, sa han: «Godt er det at det sannast at det ikkje alltid er best aa gaa sist.»

Det vart no ein hard strid. Steintor var i framenden av flokken sin, og hogg til baae sidor, men det sylvslegne sverdet hans bøygde seg, naar det kom i skjoldarne, og difor maatte han ofte retta det ut under foten. Han søkte mest dit som Snorre gòde stod. Styr Torgrimsson søkte hardt fram i lag med Steintor, frenden sin, og det stod ikkje lenge paa fyrr han drap ein mann av flokken hans Snorre, maagen sin. Daa Snorre gòde saag det, sa han til Styr: «Er det soleis du hemner Torodd, dottersonen din, som Steintor hev saara til ulivs? Du er den største nidding!» Styr svara: «Dette skal eg snøgt bøta deg.» Han snudde daa skjolden sin andveges, og gjekk yver til flokken hans Snorre, og snart etter drap han ein mann av flokken hans Steintor.

Men no kom Aslak fraa Langedal og Illuge den ramme, sonen hans, og freista gaa imillom; dei hadde 30 mann. Daa slo Vermund den mjaae seg i lag med deim. Dei bad Snorre gòde at han skulde faa deim til aa stogga med manndraapi. Snorre bad daa Øyrbyggjerne gaa fram for aa gjera grid (108). Dei bad daa Steintor taka grid for mennerne sine. Steintor sa Snorre skulde retta fram handi si, og det gjorde han. Daa svinga Steintor sverdet og hogg til handi hans Snorre gòde, og det høyrdest ein sterk smell; for hogget raama stall-ringen (109) og kløyvde honom mesta i tvo, men Snorre vart ikkje saara. Daa ropa Torodd Torbrandsson: «Inkje grid vil dei halda, og lat oss no ikkje stogga fyrr alle Torlakssønerne er drepne.» Men Snorre gòde svara: «Stendig ufred vil det verta her i heradet, um alle Torlakssønerne vert drepne; og me skal halda gridet, um Steintor vil, soleis som det fyrr var fastsett.» Dei bad daa alle at Steintor skulde taka mot gridet. Endelykti vart at det vart gjort grid millom mennerne, til dess kvar mann kom heim til sin bustad.

Um Breidvikingarne er det aa fortelja, at dei spurde at Snorre gòde hadde fare med mykje folk til Alptefjorden. Dei tok daa hestarne sine og reid etter Steintor so hardt dei kunde, og dei var paa Ulvarsfjellshalsen, daa striden stod paa i skridebakken. Og det hev sume sagt at Snorre gòde fekk auga paa Bjørn, daa han og mennerne hans var uppe paa halsbruni, og han vende andlitet sitt beint imot deim; og difor var det han var so viljug til aa gjera grid med Steintor. Steintor og Bjørn raakast paa Ørlyggstad. Bjørn sa daa at no hadde dette gjenge som han hadde tenkt seg; — «og no er det mi raad,» sa han, «at me vender att, og lat oss no søkja hardt inn paa deim.» Steintor svara: «Nei no vil eg halda gridet med Snorre gòde, korleis det so lagar seg millom Snorre og meg sidan.» No reid dei alle heim, kvar til sitt. Tord blig laag i saari sine paa Øyr.

I striden i Alptetjord fall det 5 av mennerne hans Steintor og 2 av mennerne hans Snorre gòde; men mange vart saara paa baae sidor, for striden var ovleg hard. So segjer Tormod Trevilsson i Ramnsmaal:

Saar-gaus-svanarnes
stettar (110) metta med
ulvemat (111) ørnen
i Alptefjorden;
Snorre i sverd-ridi (112)
snøggtøk let hogga
fem av fumarne;
fienden han refste.

Torbrand hadde vore i lag med Aslak og Illuge for aa mækla i striden, og han hadde bede deim freista faa til eit forlik. Han takka deim for hjelpi deira, og like eins Snorre gòde for den gode studnaden hans. Etter striden fór Snorre gòde heim til Helgefjell. Dei tok daa den raadi at Torbrandssønerne skulde vera snart paa Helgefjell og snart heime i Alptefjorden, til dess dei hadde gjort upp dette millomværet for ollo; for det var no mykje fiendskap millom folk, som ventande var, av di gridet galdt ikkje lenger, straks mennerne var komne heim fraa striden.


45.

Sumaren fyre striden i Alptefjord var det kome eit skip til Dogurdarnes, so som fyrr er fortalt. Steintor paa Øyr hadde kjøpt seg ein god tiæring der ved skipet. Og daa han skulde føra baaten heim, fekk han hardt vestanvêr, og dei dreiv inn um Torsnes og lende paa Tingskaaleneset, og der sette dei baaten upp i Gruvlunaustet; so gjekk dei yver aasen ut til Bakke, og derfraa fór dei heim paa baat. Men tiæringen henta dei ikkje hen hausten, og han vart standande der i Gruvlunaustet. So var det ein morgon lite fyre jol, at Steintor stod tidleg upp; han sa han vilde henta baaten sin paa Tingskaaleneset. Brøderne hans, Bergtor og Tord blig, gav seg daa paa ferd med honom; daa var saaret hans Tord blig mesta attgrott, so han var vel vaapnfør. I lag med Steintor var det og tvo austmenner (113), og dei var alt i alt 8 mann ihop. Dei rodde inn yver fjorden til Seljahovden, og gjekk so inn paa Bakke, og derfraa slo Tormod, bror deira, lag med deim; han var den niande. Det laag is paa Hovstadvaagen mesta heilt til Stor-Bakke, og dei fór inn etter isen og dinæst yver eidet til Vigrefjorden, og han var heilt islagd. Den fjorden hev det laget, at han fjørar so han ligg heilt turr, og isen legg seg daa ned paa leirbotnen naar det er fjøra. I fjorden er det nokre skjer, og dei stod no upp or isen, og isen um skjeret (114) var svært sundbroten, so isflaki laag hallbratte i kring um skjeret. Det hadde falle laussnø paa isen, og det var svært haalt paa isen. Steintor og mennerne hans gjekk no inn til Tingskaaleneset og drog baaten ut or naustet. Dei tok baade aararne og tiljorne og la deim etter seg paa isen, og like eins yverklædi sine og dei tyngste vaapni. Og so drog dei baaten inn etter fjorden, og dinæst yver eidet til Hovstadvaagen, ogso heilt ut til is-trømen. Sidan gjekk dei inn att etter klædi sine og dei andre tingi.

Med dei no gjekk attende til Vigrefjorden, saag dei at 6 menner kom gangande innan fraa Tingskaaleneset og skunda seg ut etter isen, og stemnde til Helgefjell Steintor hadde ein mistanke um at det var Torbrandssønerne som fór der, og etla seg til joleveitsla paa Helgefjell. Dei sette daa alle paa sprang ut etter fjorden til klædi og vaapni sine, som laag att der. Det synte seg snart at det var Torbrandssønerne, som Steintor meinte. Og daa Torbrandssønerne saag at det sprang nokre menner innan etter fjorden, skyna dei snart kven det maatte vera, og dei tenkte at Øyrbyggjerne var meinte paa at taka paa deim. Dei la daa òg paa sprang, og stemnde til skjeret, og etla seg til aa taka imot deim; og no fór dei soleis mesta beint imot kvarandre, og Torbrandssønerne kom fyrst til skjeret. Men daa Steintor og mennerne hans sprang fram mot skjeret, skaut Torleiv kimbe eit spjot inn i flokken deira; det raama Bergtor Torlaksson midt paa livet, og han vart straks ufør til strid; han gjekk daa inn paa isen, og la seg ned der. Men Steintor og nokre av mennerne hans søkte aat skjeret, medan nokre fór etter vaapni deira. Torbrandssønerne varde seg vel og mannleg; dei hadde òg ein god verjestad, for isflaki laag hallbratte kring skjeret og var overlag haale; og difor fekk dei ikkje gjort kvarandre nokon skade, fyrr dei kom att som hadde gjenge etter vaapni. Steintor med 5 mann søkte daa aat skjeret, men austmennerne gjekk inn paa isen til dei kom i skotmaal fraa skjeret. Dei hadde bogar og skaut med pilar mot deim som var paa skjeret, og dei gjorde deim mykje mein med det. Daa Torleiv kimbe saag at Steintor drog sverdet, sa han: «Du hev eit kvitt sverdhald endaa Steintor, og kann henda hev du det same blaute sverdbladet som du hadde i haust i Alptefjorden.» Steintor svara: «Eg vonar du skal faa røyna, fyrr me skilst, um eg hev eit blautt sverdblad eller ikkje.» Dei naadde ikkje aa koma upp paa skjeret. Og daa dei hadde slegest ei lang stund, tok Tord blig tilsprang mot skjeret, og vilde leggja til Torleiv kimbe med spjotet sitt, for han var jamnan fremst av mennerne sine. Spjotet kom i skjolden hans Torleiv; men med di Tord kasta spjotet med all si magt, rapa han med føterne paa dei hallbratte isflaki, og han datt att aa bak, og skreid bakvend ned fraa skjeret. Torleiv kimbe sprang etter honom og vilde drepa honom, fyrr han kom seg paa føterne att. Frøystein bove sprang etter Torleiv, han hadde skobroddar paa seg. Steintor sprang daa til og heldt skjolden yver Tord, daa Torleiv vilde hogga honom, og med den andre handi hogg han til Torleiv og undan honom foten nedanfor kneet. Men medan dette hende, la Frøystein bove til Steintor, og sende spjotet midt imot honom. Men daa Steintor saag det, gjorde han eit svært byks, so spjotet kom millom føterne hans. Og alle desse tri ting som no er nemnde, gjorde han samstundes. Etter det hogg han til Frøystein med sverdet, og raama honom i halsen, og det small høgt. Steintor sa: « Raaka eg deg no, Bove?» «Du raaka meg nok,» varta Frøystein, «men du raaka ikkje so vel som du tenkte, for eg er ikkje saara.» Han hadde ei filthetta paa seg, og det var sauma i horn um halsen, og i det kom hogget. Frøystein vende no att og upp paa skjeret. Steintor bad honom daa ikkje renna, naar han ikkje var saara. Frøystein snudde seg daa imot honom, og dei tok ovleg hardt paa kvarandre. For Steintor var det snart gjort aa falla, for isflaki var baade haale og halle; men Frøystein stod fast paa skobroddarne, og hogg baade hardt og tidt. Men soleis enda striden deira, at Steintor gav Frøystein eit hogg ovanfor mjødmarne, og kløyvde mannen i tvo paa midten. Etter det gjekk dei upp paa skjeret, og stogga ikkje fyrr alle Torbrandssønerne var fallne. Daa sa Tord blig at dei skulde ganga millom bul og hovud (115) paa alle Torbrandssønerne; men Steintor sa at han vilde ikkje taka paa liggjande menner med vaapn. Dei gjekk daa ned paa skjeret og dit som Bergtor laag, og daa var han endaa maalfør; og dei bar honom med seg inn etter isen, og dinæst ut yver eidet til baaten; og so rodde dei baaten ut til Bakke um kvelden.

Sauemannen hans Snorre gòde hadde vore paa Øksnabrekkorne den dagen, og derfraa hadde han sét møtet paa Vigrefjorden. Han fór straks heim, og fortalde Snorre gòde at det hadde bore ihop til blodug strid paa Vigrefjorden. Snorre og mennerne hans tok daa vaapni sine og fór inn til fjorden, 9 mann ihop. Og daa dei kom dit, var Steintor og mennerne hans burte og komne inn paa land. Snorre gòde og mennerne hans saag etter saari aat dei fallne, og ingen av deim var daude utan Frøystein bove, men alle var saara mesta til ulivs. Torleiv kimbe kalla paa Snorre gòde, og bad deim fara etter Steintor og mennerne hans, og ikkje lata nokon av deim koma seg undan. Snorre gòde gjekk daa dit som Bergtor hadde lege, og der saag han ein stor blodflekk. Han tok upp alt saman, blodet og snøen, i handi si, kreista det og stakk det i munnen, og spurde kven som hadde blødt der. Torleiv kimbe sa at det var Bergtor som hadde blødt. Snorre sa at det var blod fraa hòlorne. «Det kann vera,» sa Torleiv, «for det kjem seg fraa eit spjot.» «Det meiner eg,» sa Snorre, «at dette er blod aat feig mann, og difor vil me ikkje fara etter deim.»

Siden førde dei Torbrandssønerne heim til Helgefjell, og batt saari deira. Torodd Torbrandsson hadde eit stort saar attantil paa halsen, so han ikkje kunde halda hovudet rett. Han hadde ei leistebrok (116) paa seg, og var aalvaat av blod. Ein av heimemennerne hans Snorre gòde skulde draga broki av; men daa han kipte i broki, fekk han henne ikkje av flekken. Daa sa han: «Det er ikkje loge paa dykk Torbrandssøner, at de skil dykk mykje ut fraa andre menner i klædnad, sidan de hev so tronge klæde, at ein ikkje kann faa deim av dykk.» Torodd svara: «Du tek for lite i.» Daa sette mannen foten mot sengstokken og drog i paa harde taket, men broki gjekk ikkje av. Snorre gòde gjekk daa til og kjende paa foten, og fann at det stod ein spjotodd igjenom foten millom hasarne og leggen, og hadde nest ihop alt, baade foten og broki. Snorre sa daa til heimemannen at han var ein retteleg styving som ikkje hadde gaatt slikt. Snorre Torbrandsson var den friskaste av deim broderne, og han sat ved bordet hjaa namnen sin um kvelden, og dei hadde skyr og ost. Snorre gòde merka at namnen hans tok lite for seg av osten, og spurde kvifor han aat so seint. Snorre Torbrandsson svara og sa at lambi var tregast til aa eta, naar dei var nykjevla (117). Snorre gòde kjende daa paa kverken hans, og fann at det stod ei pil tvert igjenom kverken og inn i tungerøterne. So tok han ei knipetong og kipte ut pili; og etter det aat Snorre Torbrandsson. Snorre gòde grødde sidan alle Torbrandssønerne Og daa halsen hans Torodd tok til aa gro, stod hovudet hans noko lute paa kroppen. Daa sa Torodd at Snorre vilde grøda honom so han vart ein mann med mein. Men Snorre meinte at hovudet vilde retna, naar senarne knytte seg ihop att. Men Torodd vilde berre dei skulde riva saaret upp att og setja hovudet rettare. Men det gjekk som Snorre tenkte, at daa senarne knytte seg, reiste hovudet seg, og han lutte berre lite med hovudet sidan. Torleiv kimbe gjekk stødt sidan med trefot.


46.

Daa Steintor paa Øyr og brøderne hans kom til nausti paa Bakke, sette dei baaten upp der, og so gjekk brøderne heim til garden; men nede ved nausti sette dei telt yver Bergtor um natti. Det er sagt at Torgerd (118) husmor ikkje vilde gaa i seng hjaa Tormod, mannen sin, den kvelden; men i det same kom det ein mann nedan fraa naustet, og fortalde at no var Bergtor daaen. Og daa husmori fekk vita det, gjekk ho i sengi si; og det er ikkje fortalt at denne hendingi sidan valda usemja millom egtefolki. Steintor fór heim til Øyr um morgonen, og det var fritt for yverfall millom folk den vetteren.

Men um vaaren, daa det leid mot stemnedagarne, tykte rettviljuge folk det var ille at dei gjævaste menner i bygdi skulde vera usamde og liggja i strid med kvarandre. Dei beste mennerne, vener aat baae partar, tok seg til aa faa deim forlikte. Det vart daa til det at dei freista faa til eit forlik millom deim, og Vermund den mjaae var fyremannen i dette, og med honom gjekk mange godviljuge menner, som var skylde til baae partar. Umsider vart det gjort grid, og dei forliktest, og dei fleste folk segjer at dei la til Vermund aa segja dom i saki; og han sa fram skilsdomen paa Torsnestinget, og han fekk med seg dei vitugaste menner som var der. Um forliket er det fortalt at dei lét manndraapi og yverfalli vega upp kvarandre. Soleis skulde det saaret Tord blig fekk i Alptefjorden, vega upp saaret hans Torodd, son hans Snorre gòde. Men saaret hans Maa Halvardsson og det hogget Steintor gav Snorre gòde, vart jamstelte med draapi paa dei tri mennerne som fall i Alptefjorden av flokken hans Steintor. Og dei draapi som Styr gjorde i kvar flokk, skulde gaa upp i upp. Fraa striden paa Vigrefjorden rekna dei draapet hans Bergtor for jamgodt med saari aat tri av Torbrandssønerne. Men draapet hans Frøystein bove vart jamstelt med draapet paa den mannen av flokken hans Steintor som fyrr ikkje var rekna med, og som lét livet i Alptefjorden. Det hogget som tok foten av Torleiv kimbe, vart bøtt. Og den andre mannen hans Snorre gòde som lét livet i Alptefjorden, skulde vega upp det at Torleiv kimbe hadde gjort fyrste aataket der og vekt striden. Deretter jamstelte dei saari aat dei andre mennerne, og dei saari som so vart att, skulde dei bøta. Folk skildest daa forlikte paa tinget, og dette forliket varde so lenge Steintor og Snorre gòde livde.


47.

Denne same sumaren etter forliket baud Torodd skattkjøpar Snorre gòde, verbroren sin, til gjestebod paa Frodaa, og Snorre fór dit sjølv niande. Og daa Snorre var i gjestebodet, klaga Torodd til honom paa Bjørn Aasbrandsson; han tykte han hadde baade skam og harm av ferdarne hans Bjørn, naar Bjørn kom for aa raaka Turid, kona hans og syster hans Snorre gòde. Og Torodd sa han tykte Snorre hadde aa raada bot paa denne vanden. Snorre var nokre næter i gjestebod paa Frodaa; og Torodd gav honom gilde gaavor, daa han fylgde honom ut. Snorre gòde reid derfraa yver heidi, og let um det at han vilde rida til skipet i Raunhamnosen. Dette var um sumaren i høyonni paa heimemarki.

Daa no Snorre gòde og mennerne hans kom sud paa Kambsheidi, sa Snorre: «Her vil me no rida ned fraa heidi til Kamb. Eg vil gjera dykk kjende med at eg vil falla yver Bjørn og taka livet av honom, um eg fær høve til det. Men eg vil ikkje taka paa honom inn i hus; for husi er sterke her, og Bjørn er djerv og hardfengen, og me hev ein liten styrke. Det hev ikkje gjenge lett for andre heller aa vinna paa slikt eit sterkt og storlaate menne inn i hus, endaa dei hev fare med større styrke; det var Geir gòde og Gissur kvite (119) eit godt døme paa, den gongen dei tok paa Gunnar paa Lidarende (120) inn i hus med 80 mann, og han var aaleine imot deim; daa vart sume saara og sume drepne, og dei drog seg ifraa aatsøknaden, til dess at Geir gòde fekk greida paa at det tok til aa minka paa skotvaapni hans Gunnar. Ifall no Bjørn er ute, som det no er von til, av di det er slikt eit godt turkevêr i dag, daa etlar eg deg, Maa frende, aa gjera valdsverket mot Bjørn; men du fær taka raaderne dine, for du veit han er ikkje aa spøkja med og «veiding eg vonar den vargen skal faa» gjev du honom ikkje slik ein styng med ein gong, at det er nok til aa gjeva honom ein snøgg bane.

Daa dei no reid ned fraa heidi til garden, saag dei at Bjørn var ute paa tunvollen og snikra paa ein høyslede; han hadde ingen med seg og inkje vaapn, berre ei liti øks og ein stor tolkniv, som han hadde bruka til aa taka veden ut or sledeholi med; kniven var eispann lang fraa skaftet. Bjørn saag at Snorre gòde og mennerne hans reid ned fraa heidi og mot vollen, og han kjende deim straks. Snorre gòde var i ei blaa kaapa og reid fyrst. I denne knipa tok Bjørn den raadi at han tok kniven sin og gjekk snøgt mot deim. Daa dei raakast, tok han med den eine handi tak i kaape-ermi hans Snorre, og med den andre neveni fata han kniven og heldt honom soleis, at han lettvint kunde leggja honom i brjostet paa Snorre, naar han tykte det var raadlegt. Bjørn helsa paa deim, straks dei raakast, og Snorre tok imot helsingi hans; men armarne hans Maa seig ned, for han skyna at Bjørn snøgt vilde gjera Snorre mein, um han paa nokon maate fór ufredleg aat mot honom. Bjørn fylgde no med deim eit stykke og spurde nytt, slikt som alle røder um; men han slepte ikkje det taket han hadde fenge fraa fyrsten. Sidan tok Bjørn til orde: «Det hev seg nok so, Snorre bonde, at eg skal ikkje neitta for at eg hev gjort slike ting mot dykk som de hev grunn til aa lasta meg for, og det er meg fortalt at de var hatige paa meg for det. No skulde eg lika best at de bar upp maalemnet dykkar, um de hev nokor onnor ærend her hjaa meg enn aa koma her framum paa vegen; men er det ikkje so, daa vil eg de skal lova meg grid, og eg vil venda att, for eg vil ikkje gaa her som ein godfjaatt.» Snorre svara: «Du hev vore so heppen at du hev fenge yvertaket paa meg paa dette møtet vaart; difor skal du faa grid for denne gongen; men det vil eg beda deg um, at du heretter stoggar med aa lokka Turid, syster mi, for det vil ikkje verta vel millom oss, um du endaa held ved med denne di framferd.» Bjørn svara: «Eg vil berre lova deg det eg er god til aa halda; og eg veit ikkje korleis eg skal greida dette, so lenge Turid og eg held til i same heradet.» Snorre svara: «Det er ikkje so mykje som held deg att her, at du ikkje godt kann fara ut or heradet.» Bjørn svara: «Sant er det som du no segjer; og sidan du no sjølv er komen for aa raaka meg, og møtet vaart hev gjenge soleis av, so vil eg lova deg at du og Torodd ikkje skal hava nokon harm av stemnor millom Turid og meg den næste vetteren.» «Daa gjer du vel,» sa Snorre.

Etter dette skildest dei. Snorre gòde reid til skipet og sidan heim til Helgefjell. Dagen etter reid Bjørn sudpaa til Raunhamn til skipet, og paa det tok han seg straks far um sumaren; men dei vart noko seint seglbudde. Dei fór ut med nordaustvind, og det vêret heldt seg lenge um sumaren; men til det skipet spurde folk ikkje noko paa lang tid.


48.

Etter forliket millom Øyrbyggjerne og Alptefjordingarne fór Torbrandssønerne, Snorre og Torleiv kimbe, til Grønland. Kimbevaag paa Grønland millom jøklarne hev fenge namn etter honom. Torleiv vart buande paa Grønland til sin alderdom. Men Snorre fór til Vinland det gode med Karlsemne (121). I striden med Skrælingarne der i Vinland fall Snorre Torbrandsson, ein framifraa rask mann. Torodd Torbrandsson vart buande etter i Alptefjorden; han fekk Ragnhild Tordardotter, og Tord var son hans Torgils ørn, som var son hans Hallstein gòde paa Hallsteinsneset, han som aatte trælarne (122).


49.

Dinæst kom Gissur kvite og Hjalte, maagen hans, ut til Island og forkynte kristendomen; alle folk paa Island vart døypte, og kristendomen vart logteken paa altinget. Snorre gòde talde serleg Vestfjordingarne til aa taka imot kristendomen. Og straks tinget var slutt, lét Snorre gòde byggja ei kyrkja paa Helgefjell, og Styr, verfaren hans, bygde òg ei paa Raun. Og det dreiv mange folk til aa byggja kyrkjor, at prestarne lova at ein i himmerike skulde faa rom til likso mange folk som kunde standa i den kyrkja ein lét byggja. Torodd skattkjøpar lét òg byggja ei kyrkja paa garden sin paa Frodaa; men det var ikkje prestar aa faa til aa halda gudstenesta i dei kyrkjorne dei sette upp, for det var so faa av deim paa Island i den tidi.


50.

Den sumaren som kristendomen vart logteken paa Island, kom det eit skip til Snøfjellsneset. Det skipet var fraa Dublin, og der var irske og sudrøyske menner om bord, men faa nordmenner. Ei lang tid um sumaren laag dei ved Riv (123) og venta paa bør, dei vilde sigla inn etter fjorden til Dogurdarnes, og mange folk fór til Snøfjellsnes og vilde handla med deim. Paa skipet var det ei sudrøysk kona som heitte Torgunna, og skipsfolket sa at ho hadde so gilde eignaluter med seg, at ein vandt skulde finna maken paa Island. Daa Turid husmor paa Frodaa spurde dette, vart ho svært forviti etter aa faa sjaa eignaluterne; for ho var svært glad i glim og stas. Ho fór daa til skipet og raaka Torgunna, og spurde um ho hadde nokon kvendebunad som var utifraa gild. Torgunna svara at ho ingen ting hadde til sals, men ho hadde gilde eignaluter, sa ho, so ho slapp aa skjemmast i gjestebod eller paa andre folkestemnor. Turid bad um aa faa sjaa eignaluterne. Det fekk ho lov, og ho lika deim godt og meinte dei vilde høva vel, men ho trudde ikkje dei var so verdfulle. Turid fala eignaluterne, men Torgunna vilde ikkje selja. Daa bad Turid henne heim til seg, for ho visste at Torgunna hadde mange væne ting, og tenkte ho nok skulde faa eignaluterne av henne med tidi. Torgunna svara: «Eg skulde lika godt aa slaa meg til hjaa deg; men det skal du vita at eg hev ikkje hug til aa betala stort for meg; for eg er vel arbeidsfør, og eg hev ikkje imot aa arbeida, men noko slitsamt arbeid vil eg ikkje gjera; og eg vil sjølv raada av kor mykkje eg skal betala for meg av det godset eg hev.» Torgunna var noko morsk, daa ho tala um dette, men Turid vilde likevel at ho skulde fara heim med henne. Godset hennar Torgunna vart daa bore fraa skipet; det var ei stor attlæst kista ho aatte, og ei lettare handkista. Dette førde dei daa heim til Frodaa. Og daa Torgunna kom til sin nye bustad, bad ho um aa faa ei seng, og dei gav henne sengrom innar i skaalen. Daa lét ho upp kista og tok upp sengklæde, og dei var alle mykje for-seg-gjorde. Ho breidde engelske aaklæde og eit silketæpe yver sengi; utor kista tok ho òg ei aabreidsla og heile umhenget med. Dette var so gild ein sengreidnad, at folk tykte dei aldri hadde set maken. Daa sa Turid husmor: «Verdset no sengbunaden for meg.» Torgunna svara: «Ikkje vil eg liggja i halmen for aa gjera deg til lags, endaa um du er fin og ber deg paa storvis.» Dette lika Turid ille, og ho fala ikkje tingi oftare.

Torgunna dreiv med veving kvar dag naar dei ikkje hadde høyonn. Men naar det var turkevêr, var ho med i høyonni paa tødemarki, og ho lét gjera seg ei riva, som ho vilde berre ho skulde nytta. Torgunna var ei storvaksi kvinna, baade før og høg og svært kjøtfull, svartbrynt og smal millom augo, og hadde brunt og stort haar. Jamnaste var ho velseda, og ho var til kyrkje kvar dag, fyrr ho gjekk til arbeidet sitt; men ho var jamnaste ikkje spaklyndt eller snakksam. Dei fleste folk meinte ho var yver 50 aar, men ho var likevel ei framifraa staut kvinna.

I denne tidi var Tore trefot og Torgrima galdrakinn, kona hans, komne og vilde faa forsyting paa Frodaa som fletføringsfolk, og det vart noko graatt millom deim og Torgunna. Kjartan, sonen hans Torodd, var den som Torgunna vilde ha mest aa gjera med, og ho lika honom svært godt; men han var noko kald mot henne, og av det vart ho ofte vond i hugen. Kjartan var daa 13 eller 14 aar gamall, og han var baade storvaksen og røseleg.


51.

Det var ein vaat sumar, men um hausten fekk dei godt turkevêr. Dei var komne so langt med høyonni paa Frodaa, at dei hadde slege alt graset paa tødemarki, og mesta helvti var fullturt. So kom det ein dag med godt turkevêr, det var stilt og klaart, so ikkje ei sky var aa sjaa paa himmelen. Torodd bonde stod upp tidleg um morgonen, og sette folk i arbeid. Sume tok daa til aa køyra høyet inn, og sume la det inn i løda; og husbonden sette kvendi til aa venda høy, og arbeidet vart bytt imillom deim, og Torgunna skulde hava arbeidet med so mykje høy som fôret aat eit naut. Dei gjorde munalegt arbeid den dagen. Og daa det leid langt til nons, kom det ein svart skydott paa himmelen i nord yver Skor (124), og han drog seg snøgt yver himmelen og beint yver garden. Folk tykte dei saag det var regn i skyi. Torodd bad deim daa raka ihop høyet; men Torgunna heldt nett daa paa med aa venda høyet, og ho tok ikkje til aa raka det ihop, som det var sagt. Skydotten drog seg snøgt utyver; og daa han kom yver garden paa Frodaa, vart det so myrkt, at dei kunde ikkje sjaa tvert yver tunet, og snaudt saag det neven for nosi. Utor skyi kom det so mykje regn, at alt det høyet som laag flatt, vart gjenomvaatt. Skyi drog seg snøgt burt og det ljosna; daa saag folk at det hadde regnt blod i skuri. Um kvelden vart det god terre, og blodet torna snøgt paa alt høyet, so nær som paa det som Torgunna hadde vendt; det torna ikkje, og heller ikkje blodet paa den riva ho hadde halde i handi. Turid spurde Torgunna kva ho meinte dette undret kunde varsla. Ho svara at det visste ho ikkje; — «men eg trur det er likast til det,» sa ho, «at dette er eit feigdevarsl for einkvar her paa garden.»

Torgunna gjekk heim um kvelden og til sengromet sitt, og la av seg dei blodutte klædi. Sidan la ho seg ned i sengi og pusta tungt; folk skyna daa at ho var sjuk vorti. Denne skuri hadde ingenstad kome lenger enn til Frodaa. Torgunna vilde ikkje smaka mat um kvelden. Men um morgonen kom Torodd bonde til henne, og spurde korleis det stod til med henne, og kva ende ho trudde dette skulde faa. Ho svara at ho tenkte dette var hennar siste sott. Sidan sa ho: «Eg trur du er den vitugaste mannen her paa garden; og difor vil eg no segja deg mi tilskiping, korleis eg vil ha greidt med det godset eg hev etter meg, og med meg sjølv; og endaa um de tykkjer det er lite merkelegt ved meg, so vil det no gaa som eg segjer, at de kjem til aa fara ille, um de brigder paa det som eg segjer fyre. Dette hev no bore soleis til, at det vil koma fleire ulukkor, dersom me ikkje tek dugande fyregjerder.» Torodd svara: «Eg trur det er største voni til at du vert sannspaadd um dette, og eg skal lova deg at raaderne dine skal me ikkje brigda av.» Torgunna sa: «Det er mi fyresegn, at eg vil lata føra meg til Skaalaholt, um eg døyr av denne sotti; for det ber meg fyre at den staden ei tid vil vera ein av dei gjævaste stader i landet (125); og eg veit at det alt no er prestar der, som kann syngja messor yver meg. Difor vil eg beda deg um at du lét føra meg dit, og til vederlag skal du faa so mykje av det eg eig, at det skal halda deg skadelaus. Og av det uskifte godset mitt skal Turid hava skarlakskaapa mi; det gjer eg, so ho lét seg lita med at eg greider med det andre godset mitt som eg vil. Og til vederlag for den kostnaden du gjer deg for mi skuld, vil eg du skal taka det du vil eller det som ho helst vil hava av det som eg etlar til det. Eg hev ein gullring, og han vil eg hava med meg til kyrkja; men sengi mi og sengklædi vil eg lata brenna i eld, for deim vil ikkje nokon ha gagn av. Dette segjer eg ikkje, av di eg ikkje unner nokon aa njota godt av eignaluterne, um eg visste dei kunde verta til nokor nytta; men naar eg no talar so mykje um dette, so er det av di eg tykkjer det vilde vera ille, um nokon skulde lida so stor ei plaaga av meg, som eg veit vil koma, dersom de brigder av det som eg her segjer fyre.» Torodd lova aa gjera soleis som ho bad um.

Etter dette versna sotti aat Torgunna. Ho laag ikkje mange dagar, fyrr ho døydde. Liket vart fyrst bore i kyrkja, og Torodd lét gjera ei kista aat liket. Dagen etter lét Torodd bera ut sengklædi under berr himmel, førde ved til, og lét reisa eit baal der attmed. Daa gjekk Turid husmor ut og spurde kva han tenkte aa gjera med sengklædi. Han sa at han etla aa brenna deim i eld, so som Torgunna hadde sagt fyre. «Det vil eg ikkje,» sa ho, «at du skal brenna slike gilde ting.» Torodd svara: «Ho la meg paa hjarta at det vilde vera faarlegt aa brigda av det som ho hev sagt fyre.» «Slikt er berre ovundsjuk tale,» sa Turid; «ho unner ikkje nokon aa njota godt av deim, difor er det ho hev fastsett dette; det vil ikkje koma nokor ulukka, kor mykje du so brøyter slikt.» «Eg ser ikkje,» svara Torodd, «at dette kann verta annleis enn ho hev sagt fyre.» Daa la Turid armarne um halsen paa honom, og bad at han ikkje skulde brenna sengbunaden. Ho bad so saart at han skifte hug. Til slutt vart det daa til det, at Torodd brende dynorne og putorne, og ho tok til seg silketæpet og aaklædi og heile umhenget. Men likevel var dei misnøgde baae tvo.

Etter dette gjorde dei alt reidugt til likferdi. Nokre trauste menner skulde fara med liket, og dei fekk med seg gode hestar, som Torodd aatte. Dei sveipte liket i lindukar, men sauma deim ikkje saman, og deretter la dei liket i kista. Sidan fór dei med det etter vegen sudpaa yver heidi. Det er ikkje fortalt noko um ferdi deira, fyrr dei kom sudpaa yver Valbjarnarvollarne; der kom dei yver nokre blaute myrar, so dei ofte sokk djupt nedi. Deretter fór dei sudpaa til Nordaa (126) og yver aai til Øyjarvad, og aai var djup. Dei fekk baade storm og hyljande regn. Til slutt kom dei til garden Nedre Nes paa Stavholtstungorne. Der bad dei um aa faa hus til natti, men bonden vilde ikkje gjera deim nokon beine. Med di det no alt leid mot natti, tykte dei ikkje dei kunde fara lenger; for dei meinte det var ikkje faarelaust aa fara yver Kvitaai um natti. Dei tok daa av hestarne sine, og bar liket inn i eit uthus. Deretter gjekk dei inn i stova og tok av seg ferdaklædi sine, og etla seg til aa vera der um natti matlause. Men gardsfolket fór i seng med dagsljoset. Daa no folk var komne i seng, høyrde dei slikt eit staak ut i matbudi, og sume gjekk og vilde sjaa etter um det var komne tjuvar inn. Daa dei kom til budi, saag dei det var ei stor kona der; ho var naki og hadde ikkje ein traad paa kroppen, og ho heldt paa med aa laga mat. Dei mennerne som saag henne, vart so rædde at dei torde ikkje koma nær henne. Men daa likmennerne fekk vita dette, fór dei til og saag straks korleis det hadde seg; det var Torgunna som var der; og dei meinte alle det var best dei ikkje uroa henne. Daa ho der hadde laga til det ho vilde, bar ho maten inn i stova. So sette ho bord fram og bar maten paa bordi. Daa sa likmennerne til bonden: «Kann henda vil det no enda med at du tykkjer det vart deg ein dyr leik, at du ingen beine vilde gjera oss.» Daa sa baade bonden og husmori: «Visst vil me gjeva dykk mat og gjera dykk all annan beine de kann turva.» Og straks bonden hadde bode seg til aa beinka deim, gjekk Torgunna burt aat døri og ut, og dei saag ikkje meir til henne sidan. So tendra dei ljos i stova, og dei drog dei vaate klædi av gjesterne og gav deim turre i staden. Sidan gjekk dei til bords, og signa maten sin; men bonden lét skvetta vigslevatn paa alle husi. Gjesterne aat maten sin, og ingen fekk mein av at Torgunna hadde laga maten. Dei sov godt heile natti, og dei hadde det framifraa gjestmildt paa garden.

Um morgonen budde dei seg til aa fara lenger, og det gjekk alt vel av paa ferdi. Allstad der denne hendingi spurdest, tykte folk det var best aa gjera deim all beine dei tarv, og sidan var ferdi deira utan fleire merkelege tidender. Daa dei kom til Skaalaholt, flidde dei prestarne alle dei eignaluterne som Torgunna hadde gjeve til det; og prestarne tok glade imot det alt saman. Der vart daa Torgunna jorda; likmennerne fór heim att, og ferdi deira gjekk vel av seg, og dei kom velberga heim.


52.

Paa Frodaa var det eit stort eldhus med ein sengkove innar i eldhuset, som det daa var skikk. Utar i eldskaalen var det tvo kot, eit paa kvar sida av døri, og i det eine hadde dei turrfisk, i det andre mjøl. Kvar kveld gjorde dei upp eld til aa koka maten i eldhuset, som skikk og bruk var, og folk bruka daa aa sitja lenge ved elden, fyrr dei gjekk aa aat. Den kvelden daa likmennerne kom heim, og medan folk sat ved matelden paa Frodaa, saag dei at det tedde seg ein halvmaane paa fjøleveggen i stova; alle i stova kunde sjaa honom. Han gjekk bakvendt um stova og andsøles, og han kvarv ikkje burt, so lenge folk sat ved elden. Torodd spurde Tore trefot kva dette kunde varsla. Tore sa det var ein «urdarmaane» (127), «og det vil koma ein manndaude etter dette.» Det hende seg heile denne vika at «urdarmaanen» kom inn kvar kveld.


53.

Ikkje lenge etter hende det at sauemannen kom heim og var svært tagall av seg. Han tala lite, og det var berre vondord aa faa av honom. Folk trudde mest han var reint forgjord, for han heldt seg stødt aaleine, og gjekk og tala med seg sjølv, og soleis heldt dette ved ei tid. Daa det leid lite ut paa vetteren, kom sauemannen heim ein kveld, gjekk til sengi si og la seg ned. Men um morgonen var han daud, daa folk kom til honom, og dei jorda honom der ved kyrkja. Lite etter vart det slikt eit fælslegt skrymt paa garden. So var det ei natt at Tore trefot gjekk ut og skulde gjera sitt naudtrengde utandørs; og daa han vilde gaa inn att, saag han at sauemannen stod fyre døri. Tore vilde gaa inn, men det vilde nok ikkje sauemannen; og daa Tore freista koma seg undan, sette sauemannen etter honom, fekk tak paa honom, og kasta honom attende mot døri. Tore fekk ilt etter dette, men kom seg likevel til romet sitt, og daa var han vorten kolsvart yver heile kroppen. Av dette vart han sjuk og døydde. Dei jorda honom ved kyrkja. Sidan synte dei seg baae tvo i fylgje, sauemannen og han Tore trefot; og av dette vart alt folket svært rædd, som ventande var. Etter Tore var daaen, vart ein av huskararne hans Torodd sjuk, og han laag tri dagar, fyrr han døydde. Og sidan døydde den eine etter den andre, til dess heile seks var avlidne. No var det lide fram aat fastetidi fyre jol, men dei fasta likevel ikkje paa Island den gongen.

I koven ved døri hadde dei stopla so mykje turrfisk, at dei kunde ikkje lata upp døri; og ladet tok upp under tverbjelken, so dei bruka ein stige for aa taka fisken ned ovantil. Ein kveld daa folk sat ved matelden, høyrde dei at det var einkvar burt aat koven og reiv ned ladet; men daa dei skulde sjaa etter, var det inkje livende aa sjaa.

Lite fyre jol fór Torodd bonde ut til Nes etter turrfisken sin; dei var seks mann i lag paa ein tiæring og var ute um natti. Same kvelden som Torodd og mennerne hans fór heiman, gjorde dei upp mateld paa Frodaa; og daa folk kom inn, saag dei det kom eit selhovud upp or eldhusgolvet. Det var ei tenestgjenta som fyrst kom inn og saag dette; ho tok ein lurk som laag ved døri og slo til selen i hovudet. Men selen kom berre lenger upp ved slaget, og tøygde seg etter sengumhenget hennar Torgunna. Daa gjekk ein huskar til og slo til selen. Men for kvart hogg kom han lenger upp, til dess han var komen upp yver sveivarne. Daa fall huskaren i uvit, og dei vart rædde alle som var til stades. Men guten Kjartan sprang no til, og tok ei stor jarnsleggja og slo til selen i hovudet. Det var eit hardt slag, og selen riste paa hovudet og saag kringum seg. Kjartan gav so selen det eine slaget etter det andre, og for kvart slag gjekk selen eit stykke lenger ned, liksom han dreiv ned ein paale. Han slo so lenge, til selen gjekk so langt ned, at han slo ihop golvet yver hovudet paa selen. I det heile synte det seg stødt denne vetteren at alle skrymti var mest rædde for Kjartan.


54.

Um morgonen daa Torodd fór heim fraa Nes med turrfisken, sette dei alle til utfor Enne (128). Skipet og turrfisken rak upp under Enne, men liki fann dei ikkje. Daa denne tidendi spurdest til Frodaa, bad Kjartan og Turid grannarne sine til erve, og dei tok joleølet sitt og nytta det ved ervet. Men den fyrste kvelden i ervet, daa folk hadde teke sessarne sine, gjekk Torodd og lagsmennerne hans inn i stova, alle aalvaate. Folk fagna Torodd vel, av di dei tykte dette var eit godt varsl; for den gongen tyktest folk vita at dei som hadde drukna, var vel fagna hjaa Raan (129), naar dei vitja ervet sitt. Det sat den gongen mykje att av heidenskapen, endaa folk var døypte og kristne aa kalla. Torodd og lagsmennerne hans gjekk endelangs seteskaalen (130), som hadde tvo dører. Dei gjekk inn i eldhuset og helsa ikkje paa nokon; so sette dei seg ved elden; men heimemennerne tokka seg undan og gjekk ut or eldhuset, og Torodd og lagsmennerne vart sitjande att, til dess elden var lagd i oska. Soleis gjekk det kvar kveld, medan ervet stod paa, at dei kom inn og sette seg ved elden. Dei rodde mykje um dette i ervet, og sume meinte det vilde lata av, naar ervet var slutt. Gjesterne fór heim etter veitsla, men huslyden sat att i tungt møle. Den kvelden daa gjesterne var farne burt, gjorde dei upp mateld som vanlegt. Men daa elden brann godt, kom Torodd inn med fylgjet sitt, og dei var alle vaate. Dei sette seg ned ved elden og tok til aa vrida klædi sine. Og daa dei hadde sessa seg, kom Tore trefot og dei seks lagsmennerne hans inn; dei var alle moldutte. Dei riste klædi sine, og skvette moldi paa Torodd og mennerne hans. Heimemennerne drog seg undan or eldhuset, som dei var vane aa gjera; og den kvelden hadde dei korkje ljos eller vermesteinar og ingen ting, so dei kunde ha nokon hugnad av elden. Kvelden etter gjorde dei upp mateld i eit anna hus; for dei tenkte at dit skulde dei ikkje koma. Men soleis gjekk det ikkje, alt gjekk av seg som kvelden fyrr; baae flokkar kom til elden. Den tridje kvelden gav Kjartan den raadi at dei skulde gjera upp ein stor langeld i eldhuset, men matelden skulde dei gjera i eit anna hus; og so vart gjort. Det vart no til det at Torodd og dei andre attgangarane sat ved langelden, men heimemennerne ved den vesle elden; og soleis heldt det ved heile joli igjenom.

No tok det òg til aa staaka meir og meir i turrfiskladet; og baade dag og natt kunde dei høyra kor det ruska og reiv i fisken. So var det ein gong dei skulde bruka noko av fisken. Ein mann gjekk daa upp til ladet, og daa han kom upp, saag han det stod fram ein rovetange, som saag ut som ei svidd nauterova, og han var stutthærd og yvervaksen med selhaar. Den mannen som fór upp til ladet, treiv i rova og toga i, og bad dei andre taka i med seg. Dei fór daa upp paa ladet baade karar og kvende og toga i rova, men dei kom ingen veg med det. Dei skyna daa ikkje anna enn at rova maatte vera daud. Men med dei toga som mest, strauk rova ut or henderne paa deim, og skinnet fylgde med or loven paa deim som hadde teke mest i; men rova saag dei ikkje meir til sidan. Dei tok no til aa bera turrfisken ut; men daa dei kom ned i ladet, var kjøtet rive or skinnet paa kvar einaste fisk, so det var ingen fisk att; men inkje livende fann dei i ladet. Lite etter vart ho sjuk ho Torgrima galdrakinn, kona hans Tore trefot. Ho laag ikkje lenge fyrr ho døydde; og same kvelden som ho vart jorda, saag dei henne i lag med Tore, mannen hennar. Etter denne rova hadde synt seg, tok no sotti til paa nytt lag, og det døydde fleire kvende enn menner. Det var seks som lét livet denne gongen, den eine etter den andre, men sume flydde for skrymtet og attgangarane. Um hausten hadde det vore 30 husfolk paa Frodaa, men 18 døydde, og 5 stakk av, og i gjø (131) var det berre 7 att.


55.

Daa det no var kome so langt med desse skrymti, fór Kjartan ein dag inn til Helgefjell til Snorre gòde, morbroren sin, og vilde søkja raad hjaa honom um kva han skulde gjera med alle desse skrymti som var komne yver deim. Daa var det til Helgefjell komen ein prest, som Gissur kvite hadde sendt Snorre gòde. Snorre sende presten ut til Frodaa med Kjartan og Tord kause, sonen sin, og seks andre menner. Han gav deim den raadi at dei skulde brenna sengumhenget hennar Torgunna, og deretter saksøkja alle attgangarane for ein dørerett; og presten skulde halda gudstenesta der, vigsla vatn, og skrifta folki. Paa vegen stemnde dei folk til seg fraa dei næmaste gardarne, og kom um kvelden til Frodaa, fyre kyndelsmessa, paa den tidi daa dei hadde gjort upp mateld. Daa var òg Turid husmor vorti sjuk med dei same sjukdoms-merke som dei avlidne hadde havt.

Kjartan gjekk straks inn og saag at Torodd og dei andre attgangarane sat ved elden, som dei var vane med. Kjartan tok ned sengumhenget hennar Torgunna, gjekk so inn i eldhuset og tok ei glod or elden og gjekk ut. So brende dei all sengbunaden som Torgunna hadde aatt. Etter det stemnde Kjartan Tore trefot, og Tord kause stemnde Torodd bonde for det at dei gjekk der i huset uløyves og tok baade liv og helsa av folk. Dei stemnde alle dei som sat ved elden. Sidan sette dei døreretten og sa fram klagemaali, og dei hadde alle sakerne fyre seg nett som i tingrettarne; dei bar fram vitneprov, gav til slutt ei yversyn yver alle sakerne, og sa so domarne. Og daa Tore trefot hadde fenge domen sin, stod han upp og sa: «Sete eg hev, med det sitjande var.» So gjekk han ut gjenom den døri der retten ikkje sat. Dinæst sa dei domen yver sauemannen, og daa han høyrde det, stod han upp og sa: «Fara skal eg no, endaa det høvde betre fyrr.» Og daa Torgrima galdrakinn høyrde at domen vart sagd yver henne, stod ho upp og sa: «Var eg her, med det verande var.» Og so bar daa den eine etter den andre fram klagemaalet sitt, og alle som vart domfelte, stod upp og sa nokre ord fyrr dei gjekk ut, og det var merkande paa ordi deira at dei var traude til aa fara burt. Til slutt reiste dei søksmaal og sa dom yver Torodd bonde; og daa han høyrde det, stod han upp og sa: «Fred me fær kje lenger, flya lat oss alle.» Og so gjekk han ut. Deretter gjekk Kjartan og alle dei andre inn. Presten bar vigslevatn og heilage ting um alle husi. Dagen etter heldt presten full gudstenesta og høgtidleg messa, og sidan vart det slutt med skrymtet paa Frodaa, og alle attgangarane vart burte. Turid batna av sotti si og vart frisk. Vaaren etter dette skrymtet tok Kjartan seg nye husfolk; han vart buande paa Frodaa, og vart ein framifraa djerv kar.


56.

Snorre gòde var buande paa Helgefjell aatte aar etter kristendomen var logteken paa Island. Det siste aaret han budde der, vart Styr, verfaren hans, drepen paa Jorve i Flisukverve Snorre gòde fór daa sudpaa etter liket hans Styr, og han gjekk inn i vevstova paa Rossholt til Styr, som hadde reist seg upp, og han tok dotteri aat bonden um livet og heldt henne (132). Vaaren etter kjøpte Snorre gòde seg land av Gudrun Usvivsdotter, og Snorre buflutte til Tunga i Sælingsdalen; det var tvo aar etter draapet paa Bolle Torleiksson, husbonden hennar Gudrun Usvivsdotter (133).

Same vaaren fór Snorre gòde sudpaa til Borgarfjorden med 480 mann til aa fyrebu søksmaalet for draapet paa Styr. I ferd med honom var daa Vermund den mjaae, bror hans Styr. Han budde daa i Vatsfjord. Der var òg Steintor paa Øyr og Torodd Torbrandsson, Torleik Brandsson fraa Krossnes, brorsonen hans Styr, og mange andre gjæve menner. Dei kom sistpaa til Kvitaa til Haugsvadet, beint fyre Bø. Der paa den andre sida av aai var Illuge svarte, Kleppjarn den gamle, Torstein Gisleson, Gunnlaug ormstunga, Torstein Torgilsson fraa Havsfjordsøy, som var gift med Vigdis, dotter hans Illuge svarte; der var òg mange andre gjæve menner, og dei hadde meir enn 600 mann. Snorre gòde og mennerne hans vann ikkje rida sudpaa yver aai; difor reid dei fram so langt dei kunde koma faarelaust, og bar so fram klagemaalet, og Snorre stemnde Gjest for draapet paa Styr. Men um sumaren paa altinget fekk Torstein Gisleson spilt saki for Snorre gòde. Um hausten reid Snorre gòde sudpaa til Borgarfjorden og tok livet av Torstein Gisleson og Gunnar, sonen hans. Daa var òg Steintor paa Øyr i lag med honom, og like eins Torodd Torbrandsson, Baard Hoskuldsson og Torleik Brandsson, og alt i alt var dei 15 mann (134).

Vaaren etter raakast dei paa Torsnestinget han Snorre gòde og Torstein fraa Havsfjordsøy, maagen hans Illuge svarte. Torstein var son hans Torgils Torfinnsson, og Torfin var son hans Seltore fraa Raudemel; og mor hans heitte Aud, dotter hans Alv fraa Dalarne. Og Torstein var systrung aat Torgils Areson paa Røykjaholar og aat Torgeir Haavarsson, Torgils Holluson, Bitru-Odde og Alptefjordingarne Torleiv kimbe og dei andre Torbrandssønerne. Torstein hadde mange saker han skulde ha fyre paa Torsnestinget. So var det ein dag paa tingbakken at Snorre gòde spurde Torstein um han hadde mange saker han skulde ha fyre paa tinget. Torstein svara at han hadde fyrebutt nokre saker. Snorre sa: «No vilde du vel at me skulde hjelpa deg i dine saker paa same maaten som de Borgfjordingar hjelpte oss i vaar sak ifjor vaar.» «Nei, det hev eg ikkje hug til,» sa Torstein. Men daa Snorre gòde hadde sagt dette, vart sønerne hans Snorre gòde og mange av dei andre frendarne hans Styr svært arge for dette. Dei sa det fór vel aat Torstein, um han tapte kvar einaste av sakerne sine; og dei meinte det høvde best at han fekk bøta med livet for den svivyrdingi som han og Illuge, verfaren hans, hadde gjort deim ifjor sumar. Torstein svara ikkje stort til dette, og med det gjekk folk fraa tingbakken. Torstein og frendarne hans, Raudmelingarne, hadde alle saman stort fylgje paa tinget: Daa no folk skulde gaa til retten, budde Torstein seg til aa bera fram alle dei saker som han hadde stemnt inn for tinget. Men daa frendarne og skyldfolket hans Styr fekk vita dette, væpna dei seg, og freista stengja vegen for Raudmelingarne, daa dei vilde gaa til retten. Det kom straks til strid millom deim. Torstein la all sin hug paa aa søkja dit som Snorre gòde stod. Torstein var ein baade stor og sterk mann og vaapndjerv. Daa no Torstein søkte so hardt inn paa Snorre, sprang Kjartan fraa Frodaa, systersonen hans Snorre, fram fyre honom; Kjartan og Torstein slost lenge, og det var mykje hard skjoting i vaapenskiftet deira. Etter det kom vener aat baae partar til, og gjekk imillom og fekk gjort grid millom deim. Etter striden sa Snorre gòde til Kjartan, frenden sin: «Du søkte hardt fram idag, Breidviking.» Kjartan svara sint: «Du tarv ikkje brigsla meg med ætti mi.» — I denne striden fall det sju av mennerne hans Torstein, og mange vart saara paa baae sidor.

Denne striden jamna dei ut ved forlik straks paa tinget; og Snorre gòde var uvand i alle tingingarne um forlik, for han vilde ikkje at denne saki skulde koma til altinget, av di det daa endaa ikkje hadde vorte noko forlik um draapet paa Torstein Gisleson; og han tykte han hadde nok aa svara for paa altinget, endaa um ikkje denne saki og kom fyre. Um alle desse hendingar, draapet paa Torstein Gisleson og Gunnar, sonen hans, og um striden sidan paa Torsnestinget, gjorde Tormod Trevilsson denne visa i Ramnsmaal:

Sidan i sverdleik
sunnanfor aai
hugsterke hovding
hev tvo mann drepe.
Dinæst sju drengjer
drepne laag att paa
tinget paa Torsnes;
trygt kann de tru meg.

I forliket deira vart det fastsett, at Torstein skulde faa hava fyre paa Torsnestinget alle dei saker som han hadde stemnt inn til tinget. Men um sumaren paa altinget vart det forlik um draapet paa Torstein Gisleson og Gunnar, sonen hans. Alle dei mennerne som hadde vore med paa draapet i lag med Snorre gòde, gav seg paa utanlandsferd.

Same sumaren løyste Torstein fraa Havsfjordsøy gòdordet aat Raudmelingarne ut or tinglaget paa Torsnes; for han tykte han var magtlaus der for Snorrungarne. Han og frendarne hans skipa difor eit ting i Straumfjorden, og det tinget hadde dei lenge sidan.


57.

Faa aar etter Snorre gòde hadde busett seg i Sælingsdalstunga, budde det ein mann som heitte Uspak nord i Bitra. Han var son hans Kjallak fraa Kjallaksaa ved Skridinsenne. Uspak var gift mann og hadde ein son som heite Glum, og han var den gongen ung. Uspak var ein framifraa stor og sterk mann; han var ille umtykt, og var ein svært raadriken mann. Han hadde sju eller aatte karar i lag med seg, og dei laag alle i krangl med folk der nordpaa. Dei hadde stødt eit skip ute, og tok det dei vilde av kvar manns eign eller rak. Alv den vesle heitte ein mann; han var buande i Tambaadalen i Bitra. Han aatte mykje gods, og var ein framifraa dugande raadsmann; han var tingmannen hans Snorre gòde, og tok vare paa raket hans ut under Gudlaugshovden. Alv tykte òg at Uspak og lagsmennerne hans var illvilja mot honom, og han klaga stødt for dette til Snorre gòde, naar dei raakast. Tore Gullhardarson budde den gongen paa Tunga i Bitra. Han var ven med Sturla Tjodreksson, som dei kalla Viga-Sturla, og som budde paa Stadarhol i Saurbø. Tore var ein gild bonde, og han hadde øvste tilsynet med tingmennerne hans Sturla i Bitra, og han hadde det umbodet aa taka vare paa raket hans Sturla der nordpaa. Uspak og Tore var ofte uvener, og ymist var det betre millom deim. Uspak var den fremste mannen i Krossaadalen og paa Enne. Eit aar kom det tidleg slik ein hardvetter, og det vart snart snø og tele i heile Bitra. Mange folk leid naud, av di dei miste so mykje fe; men sume dreiv feet sitt yver heidi. Sumaren fyrr hadde Uspak late gjera ein skans paa garden sin paa Øyr; det var ein trygg verjestad, naar det var djerve menner til vern.

Um vetteren i gjø fekk dei ein svær storm, som stod paa ei heil vika; det var hardt nordanvêr. Men daa stormen la seg, saag folk at havisen var komen heilt til den ytre havstrandi, men isen var endaa ikkje komen inn til Bitra. Folk for daa for aa ransaka fjørorne sine. Og so er det fortalt at millom Stika og Gudlaugshovden hadde det reke upp ein stor røyrkval. Største luten i kvalen hadde Snorre gòde og Sturla Tjodreksson; Alv den vesle og fleire andre bønder aatte òg i kvalen. Folk fór no til fraa heile Bitra, og tok til aa skjera kvalen soleis som Tore og Alv skipa deim til. Og med dei heldt paa med uppskjeringi av kvalen, saag dei at det rodde ein baat paa hi sida yver fjorden fraa Øyr, og dei saag at det var ein stor tolv-æring som Uspak aatte. Dei lende der ved kvalen, og dei gjekk i land, tolv fullvæpna menner. Daa Uspak kom i land, gjekk han burt aat kvalen, og spurde kven det var som raadde for kvalen. Tore sa at han raadde for den luten som Sturla aatte, og Alv for den som han sjølv og den som Snorre gòde aatte, og dei andre bønderne raadde kvar for sin lut. Uspak spurde kor mykje dei vilde gjeva honom av kvalen. Tore svara: «Eg vil ikkje gjeva deg noko av den luten som eg skal syta for, og eg veit ikkje um bønderne vil selja det som dei eig; men kor mykje vil du gjeva?» «Veit du ikkje Tore,» sa Uspak, «at eg er ikkje van med aa kjøpa kval av dykk Bitrumenner.» «Eg tenkjer no likevel,» sa Tore, «at du fær ikkje noko for inkje.« Den kvalen som var skoren, laag i ein dunge og var ikkje skift. Uspak bad mennerne sine koma og bera kvalen ut i baaten. Dei som stod der ved kvalen, hadde ikkje andre vaapn enn dei øksarne som dei skar kvalen med. Men daa Tore saag at Uspak og mennerne hans gjekk burt aat kvalen, kalla han paa mennerne sine, og sa dei skulde ikkje lata seg rana. Dei sprang daa til paa den andre sida, og gjekk fraa den uskorne kvalen, og Tore vart snøggast. Uspak vende seg straks imot honom, og slo til honom med økshamaren og raaka honom ved øyra, so han straks fall i uvit. Men dei som var næst etter honom, tok og kipte honom til seg, og dei stod yver honom med han laag der i uvit; og dei kom daa ikkje i hug aa verja kvalen. Daa kom Alv den vesle til og sa dei skulde ikkje taka kvalen. Uspak sa: «Kom ikkje her du Alv; du hev ein tunn haus, og eg hev ei tung øks; du kann koma til aa fara endaa verre enn Tore, vaagar du deg eit stig nærare.» Og Alv torde ikkje anna enn halda seg undan. Uspak og mennerne hans bar kvalen ut i baaten, og dei var ferdige med det, fyrr Tore vart med seg sjølv att. Men daa han fekk vita kva som var paa ferd, skjente han paa mennerne sine, og sa det var skamlegt at dei kunde staa der og sjaa paa at sume vart rana og sume slegne. Tore sprang daa upp, men Uspak hadde alt fenge baaten sin paa flot, og sette no fraa land. Deretter rodde dei vest yver fjorden til Øyr; og Uspak lét ingen av deim som hadde vore med paa denne ferdi, fara fraa seg; dei hadde tilhald der paa Øyr, og heldt hus attmed skansen. Tore og dei andre skifte den kvalen som var att; og det tapet dei hadde fenge ved ransverket hans Uspak, bytte dei og imillom seg etter kvar manns lut i kvalen. So fór dei alle heim. Det var no stor fiendskap millom Tore og Uspak. Og av di Uspak hadde so mykje folk hjaa seg, vart dei snart kostlause.


58.

Ei natt fór Uspak og mennerne hans til Tambaadalen, 15 mann i lag. Der gjekk dei inn til Alv, og dei jaga honom og heile huslyden hans inn i stova og stengde deim inne der, medan dei rana, og so førde dei rovet burt paa fire hestar. Men paa Fjardarhorn hadde folk vorte vare med ferdi deira, og dei sende ein mann til Tunga for aa gjeva Tore tidend um dette. Tore samla straks folk, og dei vart 18 mann i lag, og fór ned til fjordbotnen. Tore saag daa Uspak og mennerne hans fara framum, og so sette dei etter deim utetter fraa Fjardarhorn.

Men daa Uspak saag at folk søkte etter deim, sa han: «Der fer det folk etter oss, og det er vel han Tore som no etlar aa hemna det hogget han fekk av meg i vetter. Dei er 18 mann, og me er 15, men betre budde; og difor er det ikkje godt aa vita kven det er som skal hava største hugnaden av hoggi. Men dei hestarne som me hev teke med oss fraa Tambaadalen, er kann henda heimfuse, og eg vil ikkje missa det me alt hev fenge tak i. Difor skal dei tvo av oss som er minst stridsbudde, reka klyvhestarne i fyrevegen ut til Øyr, og senda dei mennerne som er heime hit til oss; men me trettan skal taka imot Tore og mennerne hans, so godt me kann.» Dei gjorde som Uspak sa. Og daa Tore og mennerne hans kom etter, helsa Uspak paa deim og spurde tidender. Uspak godrødde med deim, og vilde soleis hefta deim. Tore spurde kvar dei hadde teke all denne forraadi ifraa. Uspak svara at dei hadde henne fraa Tambaadal. «Korleis er er du komen til alt dette?» sa Tore. Uspak svara: «Korkje vart det gjeve eller golde eller selt ved sal» (135). «Vil du daa gjeva det fraa deg,» spurde Tore, «og avhenda det til oss.» Uspak svara at det hadde han ikkje hug til. Etter det rauk dei paa kvarandre; og striden tok til. Tore og mennerne hans gjekk hardt fram, men Uspak og hans flokk varde seg mannleg. Dei fekk likevel mange saar, og sume fall. Tore hadde i handi eit spjot til aa veida bjørn; han sprang mot Uspak, og stakk til honom med spjotet, men Uspak bægde styngen. Men med di Tore tok so hardt i og spjotet gjekk til glepps, fall han paa kne og lutte seg frametter. Uspak hogg daa til Tore i ryggen med øksi, og det brast høgt under hogget. Uspak sa: «No tenkjer eg du vil leidast utav langferd, Tore!» Tore svara: «Det kann gjerne vera, men eg tenkjer no eg skal fara fulle dagsleider trass i i deg og hogget ditt!» Tore hadde havt ein kniv i ei reim um halsen, som det daa var vanlegt, og han hadde slengt honom bak paa ryggen aat seg, og den var det hogget hadde raama; men sverdet hans Uspak hadde berre skeint ryggkjøtet paa baae sidorne, so det vart eit lite saar. Etter dette sprang ein av lagsmennerne hans Tore fram og hogg til Uspak; men Uspak sette øksi imot, og hogget kom i skaftet og tok det i sund, so øksi datt ned. Daa ropa Uspak til mennerne sine og bad deim berga seg undan, og sjølv tok han og til aa renna. Men straks Tore var komen paa føterne att, kasta han spjotet etter Uspak, og det raaka honom i laaret og skar seg fram paa den andre sida. Uspak kipte spjotet ut or saaret, snudde seg og sende det attende, og det kom midt paa livet aat den mannen som hadde hogge til honom, og han fall daud til jordi. Etter det flydde Uspak og fylgjesmennerne hans, men Tore og mennerne hans elte deim ut med fjøra mesta heilt til Øyr. Daa fór folk heiman fraa garden, baade menner og kvende; Tore og mennerne hans vende daa att. Sidan bar det ikkje ihop med deim fleire gonger den vetteren. I denne striden fall det tri av mennerne hans Uspak og ein av Tore sine, men mange vart saara paa baae sidor.


59.

Snorre gòde tok paa seg søksmaalet for Alv den vesle mot Uspak, og han fekk gjort Uspak og alle lagsmennerne hans fredlause paa Torsnestinget. Etter tinget fór Snorre gòde heim til Tunga, og sat heime til dess retten dømde all eigni fraa dei fredlause (136). Sidan fór han nordpaa til Bitra med mange menner. Men daa han kom dit, var Uspak burte med alt sitt. Dei var farne nordpaa til Strandir 15 mann ihop, og hadde fem skip. Dei var paa Strandir um sumaren, og gjorde der mange valdsverk. Dei busette seg nord i Taralaatrsfjorden, og samla mykje folk til seg. Der kom det òg til deim en mann som heitte Ramn med tilnamnet viking; han var ein illgjerningsmann, og hadde lege ute paa nordstrenderne. Dei gjorde no mange herverk med ran og mannsdraap, og dei heldt seg der paa staden alle saman til det leid mot vetternæterne. Daa samla dei seg Strandamennerne Olav Øyvindsson fraa Drangar og andre bønder med honom, og so fór dei mot deim. Dei hadde òg der i Taralaatrsfjorden ein skans um garden sin, og dei var innpaa 30 mann i lag. Olav og mennerne hans kringsette skansen, men tykte han var vand aa taka. Dei talast daa ved, og illgjerningsmennerne baud seg til aa fara burt fraa Strandir, og ikkje gjera fleire valdsverk der, men so skulde bønderne fara att fraa skansen. Og med di no bønderne tykte at illgjerningsmennerne ikkje var gode aa eigast med, so tok dei imot dette vilkaaret, og dei batt denne avtala med eid; og med so gjort fór bønderne heim.


60.

No er det aa fortelja um Snorre gòde at han fór til «ferans-retten», nordpaa i Bitra, so som fyrr er fortalt; men daa han kom til Øyr, var Uspak burte, og Snorre gòde heldt daa «ferans-rett» som logi sa fyre, og la under seg alt det forbrote godset, og skifte det med dei mennerne som hadde slite største skaden, Alv den vesle og dei andre mennerne som var komne ut for ransverk. Sidan reid Snorre gòde heim til Tunga, og so leid sumaren av. Uspak og lagsmennerne hans fór fraa Strandir ved vetternatts tider, og hadde tvo store skip. Dei fór inn langsmed Strandir, og deretter nordpaa yver Floe (137) til Vatsnes; der gjekk dei upp og rana, og ladde baae skipi so mykje dei kunde bera. So heldt dei nordpaa yver floen til Bitra, og lende ved Øyr, og bar alt rovet sitt upp i skansen. Der hadde kona hans Uspak og Glum, sonen deira, vore um sumaren med tvo kyr. Natti etter dei kom heim, rodde dei med baae skipi yver til fjordbotnen, og gjekk upp til garden der paa Tunga, og braut inn i husi. Dei tok Tore bonde ut or sengi hans, førde honom ut og drap honom. Sidan rana dei alt godset innanstokks og førde det ut paa skipi. So rodde dei til Tambaadalen, sprang upp der, og braut upp dørerne som paa Tunga. Alv den vesle hadde lege i klædi sine; og daa han høyrde at dei braut upp døri, sprang han upp og til ei løyndør attanpaa huset; der kom han seg ut, og rende so upp etter dalen. Uspak og lagsmennerne hans rana no alt dei kunde faa tak i, førde det ut paa skipi sine og fór so heim til Øyr med baae skip full-lasta; og dette rovet førde dei òg inn i skansen. Dei drog òg skipi upp i skansen, og fyllte deim med ferskt vatn baae tvo. Sidan stengde dei att for skansen — det var ein framifraa god verjestad, — og heldt seg der um vetteren.


61.

Alv den vesle sprang stad til han kom til Snorre gòde paa Tunga, og fortalde honom skaden sin, og han eggja honom mykje at han straks skulde fara nordpaa mot Uspak og flokken hans. Men Snorre gòde vilde fyrst høyra nordanfraa kva meir dei hadde gjort enn aa jaga Alv sudpaa, eller um dei kann henda hadde teke fast bustad i Bitra. Men noko seinare spurdest det sudpaa fraa Bitra at Uspak hadde drepe Tore, og korleis han i det heile hadde fare aat; og dei fekk slike tidender fraa deim, at Snorre skyna at dei ikkje vilde vera gode aa raada med. Daa lét Snorre gòde henta husfolket hans Alv, og like eins alt det godset som var att; dei kom alle til Tunga og var der um vetteren. Uvenerne hans Snorre gòde gav honom lastord for det han var so traa til aa hjelpa Alv til retten hans. Snorre gòde lét kvar tala som han vilde; men han gjorde ikkje noko med saki. Sturla Tjodreksson gav Snorre gòde tidend um at han var ferdig til aa fara mot Uspak og mennerne hans, straks Snorre vilde, og han sa han var ikkje mindre skyldig til aa gjera denne ferdi enn Snorre. So leid no vetteren av fram yver jol, og stødt spurde dei sudpaa til valdsverk fraa Uspak og lagsmennerne hans. Det var ein svært hard vetter, og alle fjordarne laag med is.

Lite fyre fasta sende Snorre gòde bod ut til Ingjaldskvaal paa Nes. Der budde det ein mann som heitte Traand stigande; han var son aat den Ingjald som garden Ingjaldskvaal heiter etter. Traand var ein framifraa stor og sterk mann og snøggare paa foten enn andre folk. Folk sa han bruka gaa berserksgang med han var heiden, men trollskapen gjekk av dei fleste, naar dei vart døypte. Snorre sende bod til Traand at han skulde koma til Tunga, og han bad honom bu seg so til ferdi, som det var eitkvart mannrøyne han hadde i verkom. Daa Traand fekk bodet hans Snorre, sa han til sendemannen: «No skal du faa kvila deg her so lenge du vil; men eg skal fara etter ordsendingi hans Snorre, og me skal ikkje fylgjast aat paa ferdi.» Sendemannen svara at det vilde han fyrst tru, naar det var røynt. Men um morgonen, daa sendemannen vakna, var Traand burte. Han hadde teke vaapni sine, og gjenge inn under Enne, og so etter vegen inn til Bulandshovden. Derifraa fór han inn langs med fjordarne til den garden som heiter Eid; so gjekk han paa isen yver Kolgravafjord og Seljafjord, og derifraa inn til Vigrefjord, og so fór han etter isen heilt inn til fjordbotnen (138), og kom um kvelden til Tunga medan Snorre sat til bords. Snorre fagna honom blidleg, og Traand tok vel imot helsingi hans; han sa han var buen til aa fara kvar det skulde vera, um Snorre vilde senda honom i noko slag ærend. Men Snorre bad honom fyrst vera i ro der um natti. So tok dei klædi av Traand og turka deim.


62.

Same natti sende Snorre gòde ein mann vestpaa til Stadarhol og bad Sturla Tjodreksson koma til møtes med honom dagen etter paa Tunga nord i Bitra. Snorre sende òg bod til dei næmaste gardarne og stemnde folk til seg. Dagen etter fór dei so nordpaa yver Gavlfjellsheidi med 50 mann. Dei kom til Tunga i Bitra um kvelden; daa var Sturla der alt i fyrevegen med 30 mann. Derifraa fór dei daa ut til Øyr um natti. Og daa dei kom dit, gjekk Uspak og lagsmennerne hans ut paa skansen og spurde kven det var som raadde for flokken. Dei sa kven dei var, og bad deim gjeva upp skansen. Men Uspak svara at dei vilde ikkje gjeva seg; — «men me vil bjoda dykk det same vilkaaret, som me baud Strandamennerne,» sa han, «aa fara ut or bygdi, so framt de vil fara att fraa skansen.» Men Snorre svara at han lét seg ikkje lita med noko vilkaar.

Morgonen etter, straks det var ljost vorte, skifte dei skansen imillom seg til aataket. Det fall til Snorre aa gjera aatak paa den luten av skansen som Ramn viking varde, og Sturla fekk det stykket som Uspak varde. Sønerne hans Bork den digre, Saam og Tormod, søkte aat paa ei sida, og aat ein av veggjerne i skansen søkte sønerne hans Snorre, Torodd og Torstein torskebit. Uspak og mennerne hans varde seg mest med steinkast, so lenge dei kunde koma til med det. Og dei sparde ikkje paa steinen, for dei var framifraa raske menner. Snorre og Sturla bruka mest skotvaapn til aataket, og dei baade skaut med piler og kasta med spjot. Ei mengd med skotvaapn hadde dei ført med seg, for dei hadde lenge butt seg til aa taka skansen. Det vart eit ovleg hardt aatak; mange vart saara av baae flokkar, men ingen fall. Snorre og mennerne hans skaut so tidt at Ramn og mennerne hans drog seg attende fraa veggen. Daa tok Traand stigande til sprangs imot veggen, og kom seg so langt upp, at han fekk krøkt øksi si fast i skansen, og so hala han seg upp etter økseskaftet, til han kom upp paa skansen. Men straks Ramn saag det var komen ein mann inn i skansen, sprang han mot Traand og la til honom med spjotet; men Traand bægde styngen, og hogg til Ramn i armen uppe ved oksli, og tok armen av. Etter det søkte dei mange aat honom. Han lét seg daa falla nedetter skanseveggen, og kom seg soleis attende til mennerne sine. Uspak eggja mennerne sine mykje, at dei skulde verja seg vel, og sjølv stridde han ovleg djervt. Han gjekk langt fram paa skansen, naar han kasta steinarne. So var det ein gong han tok svært hardt i, og kasta ein stor stein inn i flokken hans Sturla; men med det same skaut Sturla eit snørespjot imot honom; det raaka Uspak midt paa livet, so han fall ned fraa skansen. Sturla sprang straks burt aat honom og treiv i honom, og vilde ikkje at fleire skulde taka paa honom med vaapn; for han vilde at berre han skulde hava ord for at han vart banemannen hans Uspak. Det fall òg ein mann paa den sida der sønerne hans Bork søkte aat. Etter dette baud røvarane aa gjeva upp skansen, men daa skulde dei hava grid for liv og lemer; og dei gav heile si sak til Snorre gòde og Sturla, at dei skulde døma deim. Og med di Snorre og mennerne hans no var mesta snaude for skotvaapn, so samtykte dei i dette. So gav dei upp skansen, og skansemennerne gav seg Snorre gòde i vald, og Snorre lét deim alle hava grid for liv og lemer etter ord og avtale. Baade Uspak og Ramn døydde snart, og like eins den tridje mannen av flokken deira, og mange vart saara av baae flokkar. So kvad Tormod i Ramnsmaal:

Hermenner hadde
hard strid i Bitra
ræ fekk ramnar av
rauste hovdingen;
laut tri der lata
livet for kappen;
drap deim den djerve;
der fekk Ramn vera.

Snorre lét kona hans Uspak og Glum, sonen deira, faa bu att paa Øyr. Glum gifte seg sidan med Tordis, dotter hans Aasmund hærukoll (139) og syster hans Grette den sterke. Dei fekk ein son som heitte Uspak, som laag i strid med Odd Ufeigsson i Midfjorden (140). Snorre gòde og Sturla jaga burt alle røvarane, kvar til sin kant, og soleis sprengde dei daa denne røvarflokken, og etter det fór dei heim. Traand stigande var ei liti stund hjaa Snorre gòde fyrr han fór heim til Ingjaldskvaal, og Snorre takka honom vel for den gode hjelpi hans. Traand stigande var buande lenge paa Ingjaldskvaal, men sidan busette han seg paa Traandarstad, og mykje til kar var han.


63.

I denne tidi budde Torodd Torbrandsson i Alptefjorden. Han aatte baae gardarne Ulvarsfjell og Ørlygsstad. Men no tok det til aa verta slikt eit skrymt att med Torolv bægjefot, at folk tykte dei kunde ikkje vera lenger paa dei gardarne. Og paa Bolstad var det alt audt og daudt, for der tok Torolv til aa ganga att, straks Arnkjel var daud, og han drap baade folk og fe der paa Bolstad; og difor var det ingen som trøyste seg til aa bu der. Men daa den garden var lagd heilt i øyde, søkte Bægjefot upp til Ulvarsfjell, og gjorde stor skade der; og alle folk vart ottefulle, straks dei vart vare Bægjefot. Ein bonde fór daa inn til Kaarsstad, og klaga for denne vanden til Torodd. For han var leiglendingen hans Torodd. Han sa at folk meinte at Bægjefot vilde ikkje stogga, fyrr han hadde øydt heile fjorden baade for folk og fe, minder dei kunde finna paa nokre raader for dette skrymtet hans; — «eg kann ikkje halda meg lenger mot dette um det ikkje no vert gjort noko med det,» sa han. Men daa Torodd høyrde dette, tykte han det var ikkje godt aa finna ein utveg ut or denne vanden. Morgonen etter lét Torodd taka hesten sin, og han bad huskararne sine vera med; ogso fraa dei næmaste gardarne bad han folk fara med honom. Dei fór ut til Bægjefothovden og til dysi hans Torolv. So braut dei upp dysi og fann der Torolv. Daa var han endaa uroten og fælt trollsleg aa sjaa. Han var blaa som Hel og diger som eit naut; og daa dei vilde flytja honom, kunde dei ikkje rikka honom av flekken. Torodd lét daa setja vaager under honom, og paa den maaten fekk dei honom upp or dysi. So velte dei honom ned i fjøra, og der gjorde dei eit stort baal av kvister, sette eld paa, og velte so Torolv upp i baalet, og brende alt ihop til oska; men det var likevel lenge at det ikkje vilde fata eld i Torolv. Det bles ein kvass vind, og oska fauk vida, straks det tok til aa brenna; men all den oska dei kunde faa med seg, sopa dei ut paa sjøen. Daa dei var ferdige med dette arbeidet, fór dei heim, og det var seint paa kvelden daa Torodd kom heim til Kaarsstad.

Daa Torodd kom heim, heldt kvendi paa aa mjølka, og daa Torodd reid inn paa heimstølen, rende ei ku undan honom og braut foten. Dei tok daa kui, og ho var so mager at dei tykte ikkje ho var drepande. Torodd lét daa binda um foten, men kui lét heilt av aa mjølka. Og daa foten paa kui var attgrodd, førde dei henne ut til Ulvarsfjell, for det var god hamnegang der paa eit laaglende ved sjøen. Kui gjekk ofte ned i fjøra der som baalet hadde vore, og sleikte steinarne der som oska hadde foke. Og det segjer sume folk, at daa nokre øybuar fór ut etter fjorden med turrfiskfarm, saag dei kui upp i lidi og eit anna naut, apallgraatt paa lit, som ingen kjende til. Um hausten etla Torodd aa drepa kui, men daa dei skulde henta henne, fann dei henne ikkje. Torodd lét ofte leita etter henne um hausten, men aldri fann dei henne. Folk trudde daa kui maatte vera daud eller stoli. Daa det no ikkje var langt att til jol, so var det ein morgon tidleg der paa Kaarsstad, at daa gjætaren gjekk til fjøset som vanlegt, saag han det stod eit naut fyre fjøsdøri, og han kjende att den kui som hadde brote foten, og som dei hadde sakna. Han leidde kui i baas, batt henne, og gjekk so og fortalde dette til Torodd. Torodd gjekk daa til fjøset, saag kui, handfór henne, og kjende det var kalv i kui, og difor vilde dei ikkje drepa henne. Torodd hadde daa òg slagta so mykje han trong av buskapen sin. Men seint paa vaaren fekk kui ein kalv, og det var ei kviga. Lite etter fekk ho ein kalv til, og det var ein tjor, og det var med harde naudi kui kom seg fraa det, for kalven var so stor; og lite etter døydde ho. Denne store kalven bar dei inn i stova; han var apallgraa paa lit, og var eit framifraa gildt dyr. Den fyrste kalven bar dei òg inn i stova.

Det sat ei gamall kjerring i stova; ho var fostermor hans Torodd, og no var ho blind. Ho hadde vore framsynt i sine yngre dagar, men daa ho vart gamall, heldt dei det berre for gamalørska, alt det ho sa; men det gjekk likevel ofte so som ho hadde sagt fyreaat. Daa no den store kalven var bunden paa golvet, sette han i aa bura. Og daa kjerringi høyrde dette, vart ho ille ved og sa: «Dette er trolls læte og ikkje som aat eit vanlegt kvikjende; gjer so vel og drep slik ein ulukke-ting.» Torodd sa det var uturvande aa drepa kalven; han tykte kalven var vel verd aa ala upp, og meinte han vilde verta eit framifraa naut, naar han vart uppalen. Daa sette kalven i aa bura andre gongen. Daa sa kjerringi og skalv i heile sin kropp: «Fosterson min,» sa ho, «du maa drepa denne kalven, for me vil berre faa ilt av honom, um han vert uppalen.» Torodd svara: «Me skal drepa kalven daa, fostermor, sidan du vil det.»

So bar dei baae kalvarne ut. Torodd lét daa drepa kvigekalven, men hin lét han bera ut i løda. Og han gav alle ei streng aatvaring um ikkje aa fortelja kjerringi at kalven livde. Denne kalven voks so ein saag dags mun, og um vaaren daa dei slepte kalvarne ut, var han ikkje mindre enn dei kalvarne dei hadde sett paa i fyrstningi av vetteren. Han sprang ofte um paa tødemarki, daa han var komen ut, og bura so sterkt som ein vaksen tjor, so dei høyrde det heilt inn i husi. Daa sa kjerringi: «No hev dei likevel ikkje drepe det trollet, og no vil me faa meir ilt av honom enn ord kann segja.»

Kalven voks snøgt, og gjekk ute paa tunet um sumaren. Og um hausten var han so stor at faa aarsgamle naut var større. Han hadde fine horn, og var eit framifraa vænt naut aa sjaa. Denne tjoren kalla dei Glæse. Daa han var tvo aar, var han so stor som fem aar gamle uksar. Han var stødt heime med mjølkekyrne; og kvar gong Torodd kom ut til heimstølen, gjekk Glæse burt aat honom og lukta paa honom og sleikte klædi hans, og Torodd klappa honom. Spakvoren var han baade mot folk og fe som ein sau; men det var stødt reint fælslegt som han let, naar han sette i aa bura. Og naar kjerringi høyrde honom, vart ho stødt ille ved.

Daa Glæse var fire aar gamall, gjekk han ikkje undan kvende og born og ungmenne, og naar vaksne karar gjekk burt aat honom, kasta han paa nakken, og bar seg aat som han tenkte paa vondt, og gjekk berre undan deim naar han vart tvinga.

So var det ein dag daa Glæse kom heim til stølen, at han bura so fælt at dei høyrde det heilt inn i husi. Torodd var i stova og kjerringi òg. Ho sukka tungt og sa: «Du vyrder nok ikkje mykje det eg bad deg um, aa lata tjoren drepa, fosterson!» Torodd svara: «Gjer deg no nøgd, fostermor mi; no skal Glæse faa liva til hausten, og naar han hev fenge sumarholdet sitt, skal me slagta honom.» «Daa kann det verta for seint,» sa ho. «Det kann eg ikkje sjaa,» sa Torodd. Og med dei tala um dette, sette tjoren i aa bura endaa verre enn fyrr. Daa kvad kjerringi denne visa:

Rauste hermann! hausen
hov buskapens hovding,
feigd hans bur er fyre,
folk vert han til bane;
under torva trur eg
tjoren vil deg føra;
sannspaadd er eg enno,
uksen kann deg bana.

Torodd svara: «Du vert ør av alderdom no, fostermor, og hev ikkje vit paa dette.» Ho kvad:

Ofte du segjer eg er
ør naar eg tunga rører;
blodut bul eg skodar,
bengraat (141) er han vaat av,
vonde augo vender
vaaleg stut imot oss;
Gerd aat kvelle gullet (142)
gaar han vert din bane.

«Nei soleis skal det ikkje gaa,» sa Torodd. «Det er nok so, at soleis vil dette enda,» sa ho.

Um sumaren daa Torodd nett hadde late raka alt høyet paa tødemarki ihop i store saator, kom det ein dag ei svær regnskur. Og um morgonen daa folk kom ut, saag dei Glæse var komen inn paa tunet, og stokken som dei hadde sett paa horni hans daa han tok til aa verta olm, hadde han slite av seg. Fyrr hadde han aldri bruka aa gjera skade paa høyet, endaa um han gjekk i tødemarki. Men no var han vorten reint olm, og sprang aat ei saata, stakk horni heilt ned i botnen av saata, lyfte høyet upp, og spreidde det ut yver heile vollen. Daa han soleis hadde rive sund denne saata, tok han straks paa den næste, og slik fór han beljande um heile vollen og bar seg aat som rasande. Folk vart so rædde for honom, at ingen torde gaa burt aat honom og jaga honom ut or tødemarki. Dei fortalde daa Torodd korleis Glæse bar seg aat. Han sprang straks ut, tok ein stor bjørkeraft og la paa oksli, soleis at han heldt um skolmi, og sprang so ned paa vollen aat tjoren. Men daa Glæse fekk sjaa honom, stansa han og vende seg mot honom. Torodd gjekk daa nyven laus paa honom, men tjoren gjekk likevel ikkje or vegen. Daa lyfte Torodd raften, og gav honom slikt eit hogg millom horni at raften gjekk sund i skolmi. Glæse vart so rasande daa han fekk hogget, at han sette paa Torodd. Men Torodd fekk trive horni og skauv honom fraa seg; og no heldt dei paa soleis ei stund, at Glæse søkte aat, og Torodd fór undan og skauv honom fraa seg snart til den eine sida og snart til den andre, til dess at han tok til aa trøytna; daa sprang han upp paa halsen aat tjoren, tok godt tak med henderne under kverken paa tjoren, la seg fram paa hovudet hans millom horni, og tenkte han soleis skulde møda honom. Men tjoren sprang att og fram paa vollen med honom.

Heimemennerne hans Torodd saag no at han var ille faren; men dei torde ikkje gaa burt aat tjoren vaapnlause, og difor gjekk dei fyrst inn etter vaapni sine; og daa dei kom ut att, sprang dei ned paa vollen med spjot og andre vaapn. Men daa tjoren saag det, sette han hovudet ned millom føterne og snudde paa hovudet, so han fekk det eine hornet under han Torodd; so kasta han hovudet upp so snøgt at underkroppen hans Torodd vart slengd i veret, so han mest stod paa hovudet paa halsen aat tjoren. Og daa Torodd sveiv ned att, svinga Glæse hovudet sitt under honom, og køyrde det eine hornet i buken hans, so det straks stod djupt inn i livet. Torodd slepte daa taket med henderne; men tjoren sette i eit fælslegt gaul, og rende ned til aai langs etter vollen. Heimemennerne hans Torodd sprang etter Glæse, og elte honom tvert yver skrida Geirvor, til dess dei kom til ei myr nedanfor garden Hellor; der rende tjoren ut i myri og sokk so han aldri kom upp att meir, og sidan heiter det Glæseskjelda der. Men daa heimemennerne kom att til vollen, var Torodd burte. Han hadde gjenge heim til garden, og daa dei kom heim, laag Torodd i sengi si, og daa var han daud. Sidan forde dei honom til kyrkja.

Kaar, son hans Torodd, tok garden i Alptefjorden etter far sin. Han vart buande der lenge sidan, og etter honom fekk garden namnet Kaarsstad.


64.

Gudleiv heitte ein mann; han var son hans Gudlaug den rike fraa Straumfjorden, og bror hans Torfinn, som Sturlungarne (143) er komne fraa. Gudleiv var ein vidfaren sjømann. Han aatte eit stort handelsskip, og Torolv, son hans Øyra-Lopt, aatte òg eit skip den gongen dei stridde med Gyrd, son hans Sigvalde jarl. I den striden miste Gyrd auga sitt.

I dei siste aari Olav den heilage livde, hadde Gudleiv ei kaupferd vestpaa til Dublin. Og daa han siglde vestanfraa att, etla han seg til Island. Han siglde vestanfor Irland og fekk austanvêr og nordaustvind, og dei dreiv so langt vest og sudvest til havs, at dei visste ikkje lenger kor land var aa finna. Det leid alt langt utpaa sumaren, og dei gjorde mange lovnader, at dei skulde faa koma velberga att fraa havet. Daa fekk dei sjaa land; men kva land det var visste dei ikkje. Gudleiv og mennerne hans raadde seg daa til aa sigla til lands, for dei tykte det var ilt aa eigast med storhavet lenger. Dei fann god hamn; og daa dei hadde vore ei liti stund der ved land, kom det folk til deim. Dei kjende ingen av deim, og dei tykte helst det var irsk dei tala (144). Snart kom det so mykje folk til deim, at det vart upp i mange hundrad. Dei tok deim til fange, batt deim og dreiv deim so upp i landet. Sidan førde dei deim til eit møte, og der gjekk dei paa raad um kva dei skulde gjera med deim. Dei skyna so mykje, at sume vilde dei skulde drepa deim, men andre vilde dei skulde byta deim utyver til ymse stader og trælka deim. Med dei no tala um dette, saag dei att det reid ein flokk menner aat deim, og det vart bore eit merke i flokken. Dei tyktest daa vita det maatte vera ein hovding i flokken. Daa denne flokken kom burt aat deim, saag dei at under merket reid det ein stor og djerv mann, men han var alt langt til aars og kvithærd. Alle som var der bøygde seg for honom og fagna honom som husbonden deira. Dei skyna daa snart at til honom vart det skote aa taka alle avgjerder og gjera alle vedtak. Sidan sende denne mannen bod etter Gudleiv og mennerne hans; og daa dei kom fyre denne mannen, tala han til deim paa norrønt maal, og spurde kva land dei var ifraa. Dei svara at dei fleste av deim var islendingar. Mannen spurde daa kven dei var, desse islendingarne. Gudleiv gjekk daa fram fyre honom og helsa paa honom, og han tok vel imot helsingi hans Gudleiv, og spurde kvar paa Island dei var ifraa. Gudleiv svara at han var fraa Borgarfjorden. Daa spurde mannen kvar i Borgarfjorden han var ifraa; og Gudleiv fortalde honom det. Daa spurde denne mannen grannleg etter kvar einskild av dei større mennerne i Borgarfjorden og Breidefjorden. Og med dei talast ved, spurde han òg etter Snorre gòde og Turid fraa Frodaa, syster hans; og han spurde grannleg etter alt fraa Frodaa, men mest etter guten Kjartan, som daa var husbonde paa Frodaa. Men landsfolket ropa no paa si sida at dei skulde taka ei avgjerd med skipsmannskapet. Daa gjekk den digre mannen burt fraa deim, og nemnde upp med seg 12 av mennerne sine, og dei sat ei lang stund i tal. Sidan gjekk dei att til folkemøtet.

Daa sa den store mannen til Gudleiv og mennerne hans: «Me landsmenner hev tala noko um dykkar sak, og landsfolket hev no gjeve saki dykkar i mitt vald; men eg vil no gjeva dykk reiselov, kvart de so vil fara; og endaa um de tykkjer at det alt lid langt paa sumaren, so vil eg likevel raada dykk til aa fara burt herifraa, for folket her er upaalitande og ilt aa eigast med, og dei vil òg tykkja at dykkar frigjeving er eit brot imot deira log og rett.» Gudleiv sa: «Dersom me vert so hepne aa koma att til fedreheimen vaar, kven skal me daa segja hev gjeve oss fridomen?» Han svara: «Det vil eg ikkje segja dykk; for eg ynskjer ikkje at frendarne og fosterbrøderne mine skal gjera ei slik ferd hit, som de vilde ha gjort, um de ikkje hadde fenge hjelp av meg. Og no er eg so gamall vorten,» sa han, »at det er største voni til at alderdomen raader med meg fyrr langt lid. Og endaa um eg fær liva ei tid til, so finst det her i landet menner som er megtugare enn eg, og dei vil gjeva utlenske menner liten fred, endaa dei ikkje held til her nære ved som de er komne til lands.»

Sidan lét denne mannen gjera skipet ferdigt for deim, og han var med deim til dess dei fekk lagleg bør til aa taka ut. Men fyrr han og Gudleiv skildest, tok denne mannen ein gullring av handi si og gav honom til Gudleiv, og like eins eit godt sverd; og so sa han til Gudleiv: «Dersom det er so laga at du skal koma att til fedrelandet ditt, daa skal du gjeva dette sverdet til Kjartan, bonden paa Frodaa, og ringen til Turid, mor hans.» Gudleiv sa: «Kven skal eg segja det er som sender desse eignaluterne?» Han svara: «Seg at desse ting sender han som var ein betre ven aat husmori paa Frodaa enn aat goden paa Helgefjell, bror hennar. Men um nokon av dette tykkjest vita kven det er som hev aatt desse eignaluterne, daa skal du segja deim dei ordi mine, at eg forbyd kvar mann aa fara og finna meg; for det er ein faarleg vaagnad aa koma hit, minder ein vert so heppen med lendingi som de hev vore; for landet her er vidt, og det er smaatt med hamnar, og allstad er det berre ufred aa venta for utlenske menner, minder det ber so til som no med dykk.»

Etter det siglde Gudleiv og mennerne hans til havs, og dei kom til Irland seint paa hausten og var i Dublin um vetteren. Men uni sumaren siglde dei til Island, og Gudleiv flidde fraa seg eignaluterne. Folk heldt det for visst at denne mannen maatte ha vore Bjørn breidvikingkappe; men nokor onnor sanning paa dette, enn det som no er fortalt, hev folk ikkje fenge.


65.

Snorre gòde vart buande paa Tunga i 20 aar; og i fyrstningi var det mange som ovunda honom, medan dei livde storkaksarne Torstein Kuggeson (145) og Torgils Holluson og endaa fleire av dei stormennerne som var uvenerne hans. Han vert òg ofte nemnd i mange sogor. Soleis kjem han, som aalkjent er, paa tale i soga um Laksdølerne; for han var ein sers god ven aat Gudrun Usvivsdotter og sønerne hennar. Han vert òg nemnd i Heidarvigasoga (146), og etter Heidestriden var det han og Gudmund den megtuge (147) som var til best hjelp aat Barde (148).

Men daa Snorre gòde tok til aa eldast, daa tok òg hans vyrdnad og vensæla til aa veksa, og det gjorde òg sitt, at daa vart ovundsmennerne hans færre. Det auka òg vensæla hans, at han maagast med dei gjævaste stormennerne i Breidefjord og mange andre stader. Han gifte Sigrid, dotter si, med Brand den raske Vermundsson; seinare vart ho gift med Kolle, son hans Tormod, son hans Torlak paa Øyr, og dei budde i Bjarnarhamn. Dotteri Unn gifte han med Viga-Barde; henne fekk seinare Sigurd, son hans Tore hund, fraa Bjarkøy paa Haalogaland; dotter deira var Rannveig, som vart gift med Jon, son hans Arne, son hans Arne Arnmodsson; son aat Jon og Rannveig var Vidkunn fraa Bjarkøy, som hev vore ein av dei gjævaste lendmenner i Norig. Snorre gòde gifte Tordis, dotter si, med Bolle Bolleson (149), og fraa deim er Gilsbekkingarne komne. Dotteri Hallbera gifte Snorre med Tord, son hans Sturla Tjodreksson; dotter deira var Turid, som vart gift med Havlide Maasson (150), og fraa deim er ei stor ætt komi. Dotteri Tora gifte Snorre med Keru-Berse, son hans Halldor Olavsson (151) fraa Hjardarholt; henne fekk sidan Torgrim svide, og fraa deim er ei stor og gjæv ætt komi.

Dei andre døtterne hans Snorre gòde vart gifte etter han var daaen. Turid den spake Snorredotter vart gift med Gunnlaug, son hans Steintor paa Øyr. Gudrun, dotter hans Snorre gòde, fekk Kalv paa Solheimar. Halldora Snorredotter vart gift med Torgeir fraa Aasgardsholar. Aalov Snorredotter vart gift med Jørund Torfinsson, bror hans Gudlaug fraa Straumfjorden.

Halldor (152) var den gjævaste av sønerne hans Snorre gòde; han budde i Hjardarholt i Laksaadalen, og fraa honom er Sturlungarne og Vatsfjordingarne (153) komne. Torodd var den næst gjævaste sonen hans Snorre gòde; han budde paa Spaakonefjell paa Skagastrand. Maane Snorreson budde paa Saudafjell; hans son var Ljot, som dei kalla Maana-Ljot, og han vart halden for den gjævaste av sonesønerne hans Snorre gòde. Torstein, son hans Snorre gòde, budde paa Laugarbrekka, og fraa honom er Aasbjørningarne i Skagafjorden komne, og det er ei stor ætt. Tord kause, son hans Snorre gòde, budde i Dufgusdal. Øyjolv, son hans Snorre gòde, budde paa Lambestad paa Myrarne. Torleiv, son hans Snorre gòde, budde paa Medalfjellsstrand; fraa honom er Ballæringarne komne. Snorre, son hans Snorre gòde, budde i Sælingsdalstunga etter far sin. Klepp heitte òg ein son aat Snorre gòde; men folk veit ikkje bustaden hans, og heller ikkje veit me noko um at det fraa honom er komne folk som vert nemnde i sogor.

Snorre gòde døydde i Sælingsdalstunga eit aar etter fallet hans kong Olav den heilage. Han vart jorda der i den kyrkja som han sjølv hadde late byggja. Men daa kyrkjegarden vart graven, tok dei beini hans upp og førde deim til den kyrkja som no er der. Til stades der var daa Gudny Bodvarsdotter (155), mor aat Sturlusønerne Snorre, Tord og Sigvat, og ho fortalde at beini hans Snorre gòde var ikkje store, det var bein aat ein medels stor mann. Daa tok dei der og upp beini hans Bork den digre, farbror hans Snorre gòde, og dei, sa ho, var ovleg store. Like eins tok dei upp beini aat kjerringi Tordis dotter hans Torbjørn sur og mor aat Snorre gòde, og dei beini, fortalde Gudny, var smaa kvendebein, og so svarte som dei var brende. Og alle desse beini grov dei ned der som kyrkja no stend. Dermed endar soga um Torsnesingarne, Øyrbyggjerne og Alptefjordingarne (156).


Notar:

1. Dei 8 fylki i Trøndelag som høyrde til Frostatinget.

2. haabrok = eit slag hauk.

3. fiskreke = sildekval.

4. stall = heidnesk altar, eigenleg upphøgil flate, pall, tram.

5. Ein «øyre» var ⅛ mark, og ei mark var i vegt 215,8 gram; ringen vog soleis 538 gram sylv. I pengar var ein øyre 30 «sylvpeningar».

6. Etter kristendomen vart logteken paa Island (aar 1000), heldt dei gamle gòde-ætterne fast paa sin politiske rett. Heradshovdingarne hadde soleis framleis «godord», d. v. s. det raadvelde og embætte som dei gamle gòdarne hadde.

7. Med dette tilnamnet hev dei vel meint aa segja at han var komen austan fraa eit heide land, og var sjølv ein heidning.

8. Baade Geirrød, Ulvar kappe og Finngeir kom fraa Haalogaland, fortel Landnaamabok.

9. Etter Landn. var Rolv ein herse paa Agder, og Steinnlv, sonen hans, kom ut til Island etter slaget ved Havrsfjord. onder — ski; Alptefjord — Svanefjord; Ondurd Øyr — øyri midt imot den motvende staden Øyr; rakke — den djerve.

10. bægjefot — som hev ein baag, leid fot.

11. løysing — frigjeven træl.

12. hokenrasse — som huker seg so rassen skyt fram.

13. Delte tilnamnet er eit keltiskt ord faelán.

14. Bjarne-Kjallak var son hans Bjørn Kjallaksson, son hans Kjallak jarl. Dotter hans Kjallak jarl, Gjavlaug, var gift med Bjørn den austrøne Kjetilsson (sjaa s. 6 [Kap. 2]), og deira son var Kjallak den gamle (sjaa s. 12 [Kap. 7]).

15. snerre — ein stridsam kar.

16. kimbe — tunnestav?

17. stote — stame,

18. blig; — som nidstirer, jfr. nyn. bligren.

19. Gisle Sursson, sjaa soga um honom, Bergen 1905.

20. Stemnedagarne var 2 vikor fyre vaartinget og 4 vikor fyre altinget.

21. Odd skald Breidfjording veit me lite um; me hev berre desse tvo stroforne (sjaa næste vers) av honom; men i «Landnámabók« vert det fortalt at han òg hadda dikta ei draapa ved gravølet etter Hjalte Tordarson.

22. Stridens stav d. e. hermannen, nemleg Illuge.

23. Ramne-venen, d. e. han som føder ramnarne, d. v. s. hermannen, nemleg Illuge.

24. Pung-farmen, d. e. pengarne som Illuge skulde ha.

25. Forne, ei avstytting for Tinforne.

26. Desse Kjalleklingarne er ættingarne hans Barne-Kjallak.

27. Sverd-treet, d. e. treet, d. v. s. mannen som held sverdet, hermannen, her Illuge.

28. Varge-venen, d. e. han som matar vargarne, hermannen.

29. Reggnase — stormnase.

30. Døreretten vart sett fyre døri aat ilen saksøkte og kunde straks segja dom i saki.

31. Vega tyder her «drepa» som ofte i folkevisorne.

32. Slag-guddomen, d. e. Odin, slag-guddomens fagnar er daa hermannen, nemlig Torbjørn.

33. Daude-ormen er ei kjenning for sverdet, og daude-ormens ovstyr er striden.

34. Brage-sonen, d. e. skalden; Brage er guden for skaldskap; retteleg stend det bragar Moði d. e. «skaldskap-Mode» (av bragr, skaldskap) ei kjenning for skalden; Mode var sonen hans Tor.

35. Ræ-flodi, d. e. blodet.

36. Hermannen, d. e. Torbjørn.

37. Stridstjeld d. e. skjolden, og stridstjeld-skaden er daa det som gjer skjolden skade, d. v. s. sverdet.

38. Døme-halli, der som domarne vert saade, d. e. munnen hans Torbjørn.

39. Retts-ranar, han som ranar retten fraa meg, d. e. Snorre.

40. Ræfugl-venen, d e. han som matar ræfuglarne.

41. Hugins ætt, d. e. ramnarne; Hugin er ein av ramnarne aat Odin.

42. Odins naae, d. e. den fallne hermannen Torbjørn; alle dei falne aatte Odin.

43. Sverdglam-trei, d. e trei som stend i sverdglamet, i striden, d. v. s. hermennerne.

44. Pileleik, d. e. strid.

45. Stridseld d. e. sverd, stridseldførarane er daa hermenneme, nemleg Torbjørn og mennerne hans.

46. Njord si sverd-ætt er ei kjenning for hermenneme, nemleg Torbjørn og mennerne hans.

47. Hættlegt, vaagalt, spelegt

48.Tridjes òte-ætt er ei kjenning for hermenneme, nemlig Torbjørn og mennerne hans; Tridje er eit namn paa Odin.

49. Skjoldmøy-skamord, d. v. s. skamordi hennar Geirrid.

50. Hjelm-knusaren, d. e. sverdet.

51. Ben-fossarne, d. e. blodet.

52. Baaror, d. v. s blodbaaror.

53. Strids-Trud, Trud var ei valkyrja; strids-Truds tingvoll er daa slagmarki; og spaakvendi paa strids-Truds tingvoll er pilarne, som syng kvelle mot skjolden.

54. Frodes bog-sol er ei kjenning for skjolden; Frode var ein sjøkonge, bog-soli hans er soli som heng paa bogen aat skipet hans; del heile tyder daa skjolden; skjoldarne hekk gjerne langs med skipssida.

55. Baugens (ringens) erving er hovdingen, d. v. s. Torarin sjølv.

56. Vaapn-Gjoll er ei kjenning for striden; Gjoll er namnet paa ei elv.

57. Skjold-meidar, han som meider skjolden, ei kjenning for sverdet; skjold-meidar-Mode tyder daa »sverd-Mode,« d. v. s. hermannen, nemleg Torbjørn

58. Med den hæve hovdingen meiner Torarin her Snorre gòde; at Snorre hadde ei frilla ser me òg av det at det vert fortalt at han hadde tri lausborn.

59. Hild-sik-sveinar, Hild er ei valkyrja ; Hild-sik er ei kjenning for spjotet; og Hild-sik-sveinar tyder daa »spjot-sveinar,« d. e. Torbjørn, og mennerne hans.

60. Naaefuglarne, d. e. ramnarne.

61. Havsoli, er ei kjenning for gullet, og havsol-venen er mannen.

62. Stridseld, ei kjenning for pilar.

63. Horr-Gerd, poetisk nemning for kvende; det er vel Aud han talar til.

64. Hognes merke, ei kjenning for skjoldar; Hogne var ein namngjeten sjøkonge.

65. Skalden peikar her paa Turid, kona hans Torbjørn.

66. Ræ-dogg-hauken, ein kjenning for ramnen.

67. d. e. det vil harde kilar til harde kubbar.

68. D. v. s. Torarin og mennerne hans.

69. D. v. s. Ulvarsfjellshalsen.

70. Øyrbyggjerne er Steintor paa Øyr og broderne hans, sønerne hans Torlak Aasgeirsson; sjaa s. 20. [Kap. 12].

71. Ein atgeir var eit slag spjot.

72. Den gullbyrsta valgalten meiner granskarane er hjelmen; den gullbyrsta valgalte-veltar er daa ei kjenning for hermannen.

74. Vigfus var son hans Bjørn Ottarsson, og Ottar var son hans Bjørn den austrøne. — Dette verset høyrer til diktet Ramnsmaal som Tormod dikta til æra for Snorre gòde.

75. Linprydde gullring-Gjerd, ei kjenning for Aasdis.

76. Vaktar-dis, det er òg Aasdis.

77. Havsol-disi er ei kjenning for Aasdis.

78. Falksæte-eldens fura er òg ei kjenning for Aasdis; falksætet er handi, elden paa falksætet (handi) er daa gullringen, og den fura som ber gullringen er kvinna, d. v. s. Aasdis. Ho er òg dis for drykkjehornet.

79. Sverd-møte-sveinen er Styr sjølv.

80. Brent sylv, d. e. reint sylv, sylv reinsa i eld.

81. Hermannen er Torodd.

82. Draupnes skattar er ei kjenning for gullet. Draupne var ein gullring Odin aatte; og kvar niande natt draup det aatte likso tunge gullringar av honom. Bjørn talar her hædande um den gongen Torodd tok so mykje for aa berga jarlsmenneren.

83. Bove. Dette ordet finst enno i islendsk og tyder «ein skarv, fark» (bofi) ; det heng ihop med norsk boven, «fordringsfuld i optræden» (Ross).

84. Verne-domsnemndi (gn. bjargkviðr eller varnarkviðr) var ei domsnemnd eller ein jury som skulde berga eller verna ein i ei rettssak. I denne nemndi sat det 5 grannar, og ho var eit utskòt av búakviðr som var ei domsnemnd paa 9 eller bønder fraa det næmaste grannelaget. Rimelegvis kravde daa Arnkjel aa faa skjota ut dei 4 bønder i búakviðr som han hadde minst tiltru til.

85. »Heimemann« er fri mann som hev heimvist og tenesta hjaa ein, dreng (H.-T.)

86. Ein breid pall eller upphøgt golv langs veggjerne paa baae sidor av eit rom (H.-T.)

87. Det var skikk at dei skulde lata att naseboror, augo og munn paa daaen mann.

88. D. v. s. Ullvarsfjellshalsen.

89. »Fylgjesmennerne« var serleg dei handgjengne menner aat ein konge eller hovding.

90. Svelgsaa er ei liti elv som fraa Ulvarsfjellshalsen gjeng ut i Alptefjorden. Garden Holar ligg nord-vest for Svelgsaa.

91. Ein hovde i Vigrefjorden.

92. Saar orren, ei kjenning for ramnen.

93. Saar-havet er blodet; og saar-hav-elden vert daa sverdet.

94. Livs-dungen, ei kjenning for brjostet.

95. Ein liten os paa sudstrandi av Snøfjellsneset.

96. Ein stor gard ved Straumfjorden paa sudstrandi aat halvøyi Snøfjellsnes.

97. Heidsynningarne er dei som budde sunnanfor »heidi,« d. v. s. paa sudstrandi av halvøyi Snøfjellsnes.

98. Fenres brunn, ei kjenning for blodet

99. Marn er namn paa ei elv; Marn-branden er ei kjenning for gullet, og Marn-brand-rauste menner vil segja menner rauste med gull, gjevmilde menner.

100. Alde-elden, d. v. s. elden me kann sjaa paa bylgjorne i solskinet, er gullet, og dis for alde-elden er daa ei kjenning for kvinna, her Turid.

101. Svane-sletti er havet. Dette verset er dikta i ei avart av drottkvætt, og ho sermerkjer seg mest med at vers-linorne endar paa vegttunge stavingar.

102. Geirar tyder her spjot. Skalden peikar her paa den store striden paa Fyresvollarne millom Eirik den sigersæle og Styrbjørn den sterke, sjaa s. 68 [Slut. av kap. 29].

103. Denne «torvleiken» kjenner me elles inkje til fraa andre sogor heller. Truleg hev dei kasta med torvor mot eit uppselt maal.

104. Ein no ubygd dal vest for fjellryggen Seljafjell.

105. Ein berghamar vestanfor Bakke.

106. Sjaa s. 27 [Kap. 16].

107. Det er vel den store lava-grunnen Budaraun sunnanfor fjellet Knorr.

108. Grid var eller islendsk rett ei avtala millom dei stridande partar um aa halda fred og ikkje freista taka hemn till dess striden var logleg avgjord ved forlik eller dom. Grid var soleis eit slag vaapn kvild.

109. Sjaa s. 9 [Kap. 4].

110. Saar-gaus er ei kjenning for blodet; saar-gaus-svanarne tyder daa «blod-svanarne», d. v. s. ræ-fuglarne; aa stetta tyder stagga, roa, fullnøgja; «saar-gaus-svanarnes stettar» vil daa segja «han som fullnøgjer ræ-fuglarne», ei kjenning for hovdingen, her Snorre.

111. Ulvemat, d. e. lik.

112. Sverd-ridi, ei kjenning for striden.

113. Med «austmenner» meinte islendingarne mest nordmenner; dette var daa tvo nordmenner fraa skipet ved Dogurdarnes.

114. Naar sogemannen her segjer «skjeret» (for skjeri), er det vel av di han all tenkjer paa det serskilde skjeret der striden stod.

115. D. v. s. hogga hovudet av deim.

116. Buksa som gjeng nedum føterne, med brok og sokkar eitt (H.-T.).

117. Dei bind eit kjevle eller ein pinne i munnen paa lamb som skal verta avvande.

118. Torgerd var syster aat Torbrandssønerne, og Frøystein var fosterbror hennar.

119. Geir gòde er lite kjend og vert berre nemnd i soga um Njaal og sonerne hans. Men Gissur kvite var ein namngjeten hovding og var ætta fraa ei stor og gild hovdingætt paa Voss. Til denne ætti høyrde paa morsida òg den norske kongen Olav Tryggveson. Som me her høyrer var Gissur ein motstandar aat Gunnar paa Lidarende. Seinare lét han seg døypa med maagen sin, han Hjalte Skjeggjeson, av presten Tangbrand. Og daa Hjalte eingong hadde hædt dei heidne gudarne, flydde dei baae tvo til Norig til kong Olav Tryggveson. Men i aaret 1000 kom dei att til Island, og var daa med paa aa faa kristendomen logteken paa altinget. Gissur hadde ein son som heitte Isleiv, og han vart den fyrste bispen i Skaalholt.

120. Ein av dei vaapnføraste og mest gjævlyndte menner i den gamle tidi paa Island. Um honom fortel soga um Njaal og sønerne hans. Gunnar varde seg vel og lenge mot Gissur og mennerne hans, men fall til slutt for yvermagti, aar 990.

121. Um honom fortel soga um Torfinn karlsemne Tordarson. Han høyrde til ei gjæv islendsk ætt, og fór til Grønland i lag med Snorre. Seinare fór dei baae til Vinland, som Leiv Eiriksson kort fyrr hadde funne, og vilde byggja landet; dei fann det òg, og var der i tri aar; men so maatte dei venda att for yvermagti aat dei innfødde. Tvo aar etter fór Torfinn alt til Island, og der vart han buande sidan. Soga um Torfinn er visst elles lite paalitande. Vinland meiner professor G. Storm var det som no heiter Ny-Skottland (Nova Scotia) med øyi Cap-Breton.

122. Um denne træleflokken heiter det i Landnaamabok II, 23: «Hallstein hadde herja i Skottland, og der tok han dei trælarne som han hadde med seg ut. Han sende deim til Svinøy i Breidefjorden paa saltbrenning.»

123. Ein liten fiskarplass paa nordstrandi aat Snøfjellsneset.

124. Ein odde paa nordsida aat Breidefjorden.

125. Skaalaholt (no Skaalholt) var det fyrste bispesætet paa Island.

126. Ei tveraa til Kvitaai; som gjeng ut i Borgarfjorden.

127. D. v. s. ein ulukke-maane. Urd var ei utav nornorne.

128. Ein holme nordaust for Frodaa.

129. Raan var gudinna for havdjupet.

130. Den skaalen der ein sit i lag med gjesterne sine.

131. Maanaden fraa midt i februar til midt i mars.

132. Um alt dette fortel soga hans Viga-Styr, som det er likt til at sogemannen hev nytta: Daa Styr hadde drepe berserkarne og gift dotteri si med Snorre gòde, vart han so ofsen og stridlyndt, at det stod kvekk av honom i heile heradet. Han drap mange, men aldri gav han bøter. Ein gong drap han bonden Torhalle paa Jorve. Lite seinare kom Styr til Jorve att, og med han sat der ved elden, kom Gjest, sonen hans Torhalle, inn og sette ei øks i hovudet paa Styr og drap honom. Snorre gode kom til og førde liket til Rossholt, og der la dei det i vevstova, med dei var der um natti. Bonden paa Rossholt hadde ei dotter som var svært forviti etter aa faa sjaa Styr. Um kvelden daa alle hadde lagt seg, gjekk ho inn i vevstova, og med det same reiste liket seg upp og kvad ei visa. Gjenta vart so skræmd at ho gjekk fraa vitet, og skreik ende yver seg. Snorre kom til og tok henne, og det maatte 4 mann til for aa halda henne. Heile natti laag ho og illskreik, og ut paa morgonen døydde ho.

133. Um Gudrun og Bolle sjaa Soga um Laksdølerne, fraa gamalnorsk ved Stefan Frich, og utgjevi av Det norske samlaget, Gamalnorske bokverk nr. 3.

134. Alt dette um draapet paa Styr og ferdi hans Snorre til Borgarfjorden er det vel likt til at sogemannen hev teke fraa soga hans Viga-Styr, endaa dei tvo sogor ikkje samstavast heilt.

135. Dette er ei fast bokstavrimande vending, teke fraa logmaalet. Soleis heiter det i Gulatingslogi: «Han gaf eigi né galt, og eigi sǫlum seldi.»

136. «Han sat heime til féránsdóms,« stend det; féránsdómr var ein eksekutions-rett aa kalla yver ein fredlaus, som hadde forbrote all si eign. Denne retten skulde dei halda 14 dagar etter det tinget der domen vart sagd.

137. Floe, d. e. Hunafloe, er ein vid vaag nord paa Island; ein floe = ei vid, grunn vatssamling.

138. D. v. s. botnen av Kvammsfjorden.

139. Aasmund hærukoll (d. v. s. mann som er graa i kollen) var ein høgætta og velvyrd mann, som budde paa Bjarg i Midtfjorden. Han rekna ætti si fraa Ragnar Lodbrok. Sonen hans var den vidgjetne kappen, Grette den sterke, den sterkaste mannen paa Island. Um honom finst det ei stor soga, trøysam og lentug, men lite historisk. I 19 aar livde han fredlaus paa Island, og var ute for mangt eit eventyr og mangt eit basketak; mest dreiv han det med aa slaast med troll og skrymt. I seinare segner og eventyr er Grette vorten reint til ei islendsk folkekjempa. Soga um Grette er umsett av Ola Røkke, utgjevi av Det norske samlaget, Gamalnorske bokverk nr. 11.

140. Um striden millom Uspak og Odd fortel soga um dei samansvorne («Bandamanna saga»). Straks etter fekk Odd ei sak med aatte gjæve hovdingar paa Island; men han hadde ein sløg far, som hjelpte honom til aa vinna og soga fortel trøysamt um korleis alle dei aatte hovdingarne vart narra.

141. Bengraat, d. v. s. blod.

142. Gerd aat kvelle gullet er ei kjenning for kvinna; Gerd var kona aat guden Frøy, men er daa her eit poetisk ord for dis, og «disi aat det kvelle gullet» er daa ei poetisk umskrivning for fostermori hans Torodd.

143. Ei stor og namngjeti islendsk ætt, som heiter etter Sturla Tordarson i Kvamm (1155-83), far aat historieskrivaren Snorre Sturluson (1178-1241).

144. Sogemannen hev soleis meint at det var «Hvítramannaland» som Gudleiv kom til. Dette landet var eit fabel-land — dei kalla det òg for Stor-Irland — som det gjekk mange segner um paa Island. Landnaamabok (II, kap. 22) fortel at det laag vest i havet nær Vinland, seks dagsferder fraa Irland; òg soga hans Torfinn karlsemne (kap 13) fortel um dette landet.

145. D. e Torstein, son hans Torkjel kugge, som var son hans Tord gjelle, sjaa s 14 [Kap. 9].

146. D. e. soga um striden paa heidi, same soga som soga um Viga-Styr, sjaa s. 137 [Kap. 56].

147. Ein namngjeten islendsk hovding, som kjem paa tale i ei mengd med sogor.

148. D. e. Viga-Barde. ein av hovudmennerne i soga hans Viga-Styr.

149. Sjaa soga um Laksdølerne.

150. Ein av dei gjævaste hovdingarne nord paa Island. Han var hovudmannen i den nemndi som i 1118 skreiv upp den islendske landslogi, og denne uppskrifti fekk etter honom namnet «Havlidaskraa».

151. Halldor Olavsson er serleg kjend fraa soga um Laksdølerne, men vert òg nemnd i andre sogor.

152. Halldor kjem paa tale i fleire av dei gamle skrifterne, serleg i Flatøyboki. Han var med Harald hardraade baade i Miklegard og i Norig. Torkatla, dotter hans Halldor, vart gift med Gudlaug Torfinnsson i Straumfjorden (sjaa s. 161 – Kap. 64); dei hadde ei dotter Tordis, som vart farmor aat Sturla Tordarson — Kvamm-Sturla dei kalla — ættefaren aat den namngjetne Sturlunge-ætti.

153. Vatsfjordingarne var ættingarne hans Kjartan Aasgeirsson fraa Vatsfjorden, og han var gift med Gudrun, dotter hans Halldor Snorreson.

154. Torodd var ei tid hjaa Olav den heilage i Norig, og daa gjorde han ei ferd til Jamteland og kravde inn skatten for kong Olav. Dei andre Snorresonerne kjenner me lite til.

155. Kona hans Sturla i Kvamm; ho var ætta fraa den store skalden Egil Skallagrimsson. Son hans Tord Sturluson var historieskrivaren Sturla Tordarson (1214-1284).

156. Torsnesingarne er ætti hans Snorre gòde heilt fraa landnamsmannen Torolv Mosterskjegg. — Øyrbyggjerne er Steintor paa Øyr og brøderne hans, søner aat Torlak paa Øyr, sjaa s. 20 [Kap. 12] og 12 [Kap. 7]. — Alptefjordingarne er Torbrandssønerne, Torleiv kimbe og brøderne hans, sjaa s. 12 [Kap. 7] og 19 [Kap. 12].