Kvædet um Helge Hjordvardsson

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Kvædet um Helge Hjordvardsson


I.

Hjorvard het ein konge. Han hadde fire konur; ei het Alvhild, son deira het Hedin; den andre het Særeid, deira son het Humlung; den tridje het Sinrjod og deira son het Hymling. Kong Hjorvard hadde gjord ein lovnad, at han vilde vinne det kvendet han visste vera det venaste. Han spurde at kong Svåvne åtte ei ovleg ven dotter som het Sigrlinn. Idmund het jarlen til Hjorvard; han fór på beleferd for kongen til Sigrlinn. Hann var hjå kong Svåvne heile vetteren. Frånmar het jarlen der, fostre til Sigrlinn; dotter hans het Ålov. Jarlen gjorde at møyi vart nekta; og Atle fór heim. - Atle, son åt jarlen, stod ein dag ved ein lund; men ein fugl sat i greinom uppyver han og hadde høyrt, at mennene hans hadde kalla dei kvendi venast som kong Hjorvard åtte. Fuglen kvitra; Atle lydde etter kva han sagde; han kvad:

1.
"Såg du Sigrlinn
Svåvnes dotter,
møyi fagrast
i Munarheim?
Likevel hæve
tykkjest Hjorvards
kvende for gutom
ved Glases-lund."

2.
ATLE kvad:
"Vil du med Atle,
Idmundssonen,
meir mæle,
mangvise fugl?

FUGLEN kvad:
"Det vil eg, um blót
du ber meg, gjæving,
og fritt fær velja
det eg vil på garden."

3.
ATLE kvad:
"Tak ikkje kongen
eller kongs søner
og ikkje dei fagre
hovdings frugur;
tingast vil me,
som det vener høver."

4.
FUGLEN kvad:
"Hov vil eg hava
og horger mange,
gullhyrnde kyr
frå konge-gården,
um honom Sigrlinn
søv på armen
og u-nøydd den høge
herren fylgjer."

Dette var fyrr Atle fór; men då han kom heim att, og kongen spurde um tidend; kvad han:

5.
"Me hev ikkje heppa
havt med ærend,
hestane trøytna
paa høge fjelli,
Sæmorn laut me
sidan vada,
då vart oss nekta
dotter til Svåne,
den herleg prydde
me heim vilde føre."

Kongen baud at dei skulde fara ein gong til, og sjølv fór han med. Men då dei kom upp på fjellet og såg utyver Svåvaland, såg dei brand i landet og store dumbe-ròk etter hestar. Kongen reid ned av fjellet og fram i landet og tok natt-lege ved ei å. Atle heldt vakt og fór yver åi. Han fann eitt hus. Ein stor fugl sat på huset og skulde vakte det, men var sovna. Atle baneskaut fuglen med spjotet sitt; men i huset fann han kongsdotteri Sigrlinn og Ålov, dotter til jarlen, og førde dei båe burt med seg. Frånmar jarl hadde skapt seg i ørnehâm og vàrt dei for hèren med trolldom. Rodmar het ein konge, bele til Sigrlinn; hann hadde drepi kongen til svåvane og rant og brent landet. Hjorvard konge fikk Sigrlinn og Atle Ålov.


II.

Hjorvard og Sigrlinn fekk ein son, stor og vén; han var tagal; inkje namn feste seg ved han. Han sat på ein haug; han såg nie valkyrjur ride, og ei av dei var sjålegast: ho kvad:

6.
"Seint vil du råde
for ringar, Helge,
rike Rodulsvollar
- ørn gol årle -
um alltid du tegjer,
endå hardan hug
du, hovding, syner."

7.
HELGE kvad:
"Kva lét du meg njote
i namne-gåve,
du bjarte bruri
som byd meg namn?
Vel dine ord
vega må du,
inkje gåve tek eg
utan gjevaren fylgjer."

8.
VALKYRJA kvad:
"Sverd veit eg liggje
i Sigarsholmen,
fire færre
enn femti er der:
eitt er av desse
alle det beste,
skjolde-kløyvar,
slegi med gull.

9.
Ring er i handtak,
hug i midja,
otte i odden
for den som eig det,
frametter eggi
ligg orm blodut,
um sverdrygg sveiver
sleva si rove."

Øylime het ein konge, dotter hans var Svåva; ho var valkyrje og reid sky og sjoø. Det var ho som gav Helge dette namnet og berga han ofte sidan i slag.

10.
HELGE kvad:
"Du er ikkje, Hjorvard,
heppen i råder,
um førar elles
fræg du stend;
eld lét du herja
hovdings bygder,
endå dei ikkje
deg utferd gjorde.

11.
Men Rodmar råder
for ringane dei,
som ættingar våre
til eige hadde,
lite mun han
livredd vera,
trur alle er daude
som arv kann taka."

Hjorvard svarar at han vil gjeva Helge hèrfolk, um han vil hemne morfar sin. Då leita Helge upp sverdet som Svåva hadde vist han til. So fór han og Atle og felte Rodmar og gjorde mange storverk.


III.

Helge drap Hate jotun, der han sat på eit berg. Helge og Atle låg med skip i Hatafjord; Atle heldt vakt fyrste luten av natti.

12.
RIMGJERD, dotter til Hate, kvad:
"Kven er dei holdar
i Hatafjorden
som ligg med skjoldtekte skip?
Byrgt lèt de
og briskar dykk trygge,
kanne meg namnet til kongen!"

13.
ATLE kvad:
"Helge han heiter,
den hovdingen kann
ikkje du mein taka;
freke jarnborger
um floten hans ligg,
ikkje troll oss tyner."

14.
RIMGJERD kvad:
"Og kva heiter du,
ovstore kult,
korleis kallar deg karar?
Framifrå trudd
av fylkjer du er,
med du stamnbu stend."

15.
ATLE kvad:
"Atle eg heiter,
eg atal deg røynest,
gyrom er eg gram;
våt i stamni
stod eg ofte
og kjøvde kveldsridur.

16.
Kva heiter du tru,
lik-svoltne troll,
nemn far din, føle tøkja.
Gjev nede i jordi
ni raster du låg,
og bar voks deg på barmen!"

17.
RIMGJERD kvad:
"Rimgjerd eg heiter,
og Hate far min,
ovsterk jotun er han;
mange brurer
han frå bøndene tok,
fyrr banehogg Helge gav honom."

18.
ATLE kvad:
"Du heldt deg troll-ty
kring hovding-skipet
og låg i fjordmynnet fyre;
til Rån du rak
rauste drengjer,
um staken ikkje der stod."

19.
RIMGJERD kvad:
"Dåra er du,
i draume gjeng du,
svevn hev sigi på deg;
det var mor mi som låg
på lur etter skip
og drog Lodvars karar i kav.

20.
Kneggje du gjorde,
gjekk du 'kje skoren,
no svingar Rimgjerd sin svans;
langt atti du visst
hev, Atle, ditt hjarta,
um so du heste-mål hev."

21.
ATLE kvad:
"Heste-makti mi
du mun vel røyne,
stigg eg av skip på land;
hard-banka vert du,
hugast meg so,
og set ikkje halen so høgt."

22.
RIMGJERD kvad:
"Stig du i land,
um du liter på styrken,
me hittest i Varins-vik;
side-beini
skal eg deg fli,
kjem du i mine klypar."

23.
ATLE kvad:
"Eg flytjer meg ikkje,
fyrr folk vaknar,
um hovding vakt eg held;
ikkje eg undrast,
ditt u-fryske,
um du upp under kjølen kom."

24.
RIMGJERD kvad:
"Vakna du Helge
og viljug gjev bót
for du Hate hogg ned;
ei natt i kleven
med kulten eg sov,
då fær eg beigen bøtt."

25.
HELGE kvad:
"Lodin deg eige,
ditt leide manntjon,
tussen i Tolløy bur,
hundvise jotun,
haugtroll det verste,
hendigt høve for deg."

26.
RIMGJERD kvad:
"Ho vil du hava,
som hamn såg ut
fyrre natti åt folket;
drosi gullprydde
drog frå meg makti;
ho eine veld
at eg ikkje kann
dykk bane-beigen gjeva."

27.
HELGE kvad:
"Høyr no Rimgjerd:
um eg harmen din bøter,
seg då gramen greidt:
var ho for seg sjølv
med skipi å berge
eller fór det fleire saman?"

28.
RIMGJERD kvad:
"Tri gong nie,
men ei tande fyre,
mjøllkvite hjelmprydde møy;
folar riste seg,
av fakset det dreiv
dogg i djupe dalar,
hagl i høge skogar,
derfrå kjem vokster og vår.
skamlegt var alt som eg såg."

29.
HELGE kvad:
"Sjå imot aust,
slegi deg hev
Helge med helruner rame;
på strand og på sjø
skip er berga
og siklings menn alle saman."

30.
ATLE kvad:
"Dag er det, Rimgjerd,
du drygde med Atle,
til æva di vart all;
eit sjømerke likt
til låt du vert,
der du i stein er støytt."


IV.

Kong Helge var ein framifrå hermann. Han fór til kong Øylime og bela til Svåva, dotter hans. Helge og Svåva lovast, og heldt ovleg mykje av einannan. Svåva var heime hjå far sin, men Helge i hernad; Svåva var valkyrje som fyrr. Hedin var heime hjå far sin, kong Hjorvard, i Noreg. Hedin fór einsleg heim or skogen jol-aftan og råka eit trollkvende; ho reid på ein varg og hadde ormar til taumar og baud Hedin fylgje. "Nei", sagde han. Ho sae: "Dette skal du bøte for ved brage-staupet." Um kvelden var det lovnadgjeving: blótgalten vart framleidd; mennene lagde hendene sine på han og gjorde brage-lovnaden. Hedin lova å vinne Svåva, dotter til Øylime, kjærasten til Helge, bror hans; men han trega dette so hardt, at han gjekk og fór villstigar sud yver land til han fann Helge, bror sin.

31.
HELGE kvad:
"Heil vere koma di!
Kva mun du segja
av ny-tidender
frå Noregs land?
Kva er det som det
hev drivi heiman,
med eine du kjem
oss å finne?"

32.
HEDIN kvad:
"Verre våde
vart meg funnen,
[enn eg bror min
bøte kunde];
eg hev kora
den kongeborne,
bruri di eigi,
ved brage-staupet."

33.
HELGE kvad:
"Syt ikkje du,
sannast kann dei
lovnads-ordi
åt oss båe;
meg hovdingen hev
til holmgang stemmt;
um tri næter skal
den striden stande;
uvisst det er
um attende eg kjem,
men eg likevel liter
på ein lagnad god."

34.
HEDIN kvad:
"Du sae Helge
at Hedin var verd
godt av deg
og gåvur store;
deg sømer det betre
sverd å blodge
enn fred å gjeva
fiendom dine."

Dette sa Helge av di han hadde fyresviv um feigdi si og um at fylgjune hans hadde vitja Hedin, då denne såg kvendet ride vargen. Alv, son til Rodmar, het den kongen som hadde hasla Helge voll på Sigarsvoll på tri næter. Det vart ein hard strid, og der fekk Helge banesår.

35.
Då kvad HELGE:
"Ei møy reid vargen
myrke natti,
av Hedin kravde ho
honom å fylgje;
visste ho vel
at vegast skulde
Sigrlinn-sonen
på Sigars-vollom."

36.
Helge sende
Sigar å ride
til Øylime etter
eine-dotter hans:
"Bed ho bu seg
og brått koma,
um fylkjeren ho
vil finne i live."

37.
SIGAR kvad:
"Meg hev Helge
hit no sendt
med deg Svåva
sjølv å mæle;
deg vil hovdingen
hitte gjerne,
fyrr den gjævborne
gjeng or heimen."

38.
SVÅVA kvad:
"Kva vart Helge,
Hjorvard-sonen?
Såre sorgi
set åt meg no,
um sjø honom sveik;
men um sverd honom beit,
skade og skam
skuld mannen have!"

39.
SIGAR kvad:
"Det fall her i dag
ved Frekasteinen
hovding den beste
som beid under soli.
Alv for sigren
eine rådde,
um det denne venda
vandt turvtest."

40.
HELGE kvad:
"Sæl deg, Svåva,
du sterk deg halde,
me finst ikkje her
i heimen meir;
av såri stride
strøymer blodet,
odden vann alt
inn åt hjarta.

41.
Eg bed deg Svåva
- mi brur skal'kje gråte -
at du no vil
min vilje lyde:
du breide for bror min
blæja kvite
og unge kjempa
din elskhug gjeve!"

42.
SVÅVA kvad:
"Mælt eg hadde
i Munarheim,
då Helge meg raust
ringar gav,
at aldri godviljug,
um eine eg vart,
ei u-kjend kjempe
i armen eg tok."

43.
HEDIN kvad:
"Kyss meg, Svåva,
eg kjem ikkje att
til Rogheim eller
til Rodulsfjelli,
fyrr hemnt eg heve
Hjorvards-sonen,
den beste hovding,
som beid under soli."

Helge og Svåva er det sagt vart uppattfødde.