Norske trollvisor og norrøne sogor - Aasmund Frægdegjæva

Fra heimskringla.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Norsk.gif
Original.gif Norsk.gif


Norske trollvisor og norrøne sogor

Aasmund Frægdegjæva


av Knut Liestøl



I.


Som nr. 1 i den store folkevise-samlingi si sette Landstad visa um Aasmund Frægdegjæva. Ved sin rikdom paa einskilddrag og ved den serlege godhugen som telene hadde lagt til denne underfulle kjempevisa, baud ho seg fram fyrst, endaa ho korkje i heil støyping eller i poetisk magt stend millom dei fremste av eventyrvisone.

Det finst mange uppskrifter av henne; flestalle dei som hev fare noko vidare med aa samla visor i Telemarki, hev skrive henne upp. Rekkja byrjar med ei uppskrift av Olea Crøger, og sidan finst det uppskrifter av Jørgen Moe, Sophus Bugge, Hans Ross, Moltke Moe, Ivar Mortensson o. fl. Alle uppskriftene er fraa Telemarki; berre ei fraa Bykle i Sætesdal. Her skal me til ei prøve prenta av den eldste av alle dei uppskriftene me no hev: Olea Crøgers[1].


1.
De va Irlands kongje boll,
han tala te sine menn:
"Kven sko nor i Trollebotten
aa hente mi dotter heim?"
— Æ de inkje dagjen ? —


2.
Te so svara han Raaehest,
han steig fe kongjen fram:
"Aasmon æ baate stor aa sterk,
han æ so fræg ein mann."


3.
"Høyre du Aasmon Frægdegjœvar
hot eg seie deg:
du sko nor i Trollebotten
aa hente mi dotter heim!


4.
"Høyre du Aasmon Frœgdegjœvar
du œ den frœgdast i londo,
du sko nor i Trollebotten
aa løyse mi dotter av vòndo."


5.
"Hot so heve eg imot deg brote,
aa kongje der du stend,
me´ du vi endeleg vita meg
langt nor i Trolleheim?"


6.
"Vi du hente heim dotter mi,
den vene jomfru Immerlin,
so skò ho blive di tinge brur,
ho œ so vent ett viv.“


7.
"Vi du gjeva meg dotter di,
den vene jomfru Immerlin,
so reiser eg nor i den mørke hei´i
der ingjo soli skina."


8.
Dei aarine aa dei forgylte segl,
dei bare dei ut te lande [!]
dei ropa paa Tarkjel Adelfar:
"Lat no skipe koma te gange!“


9.
So heisa di upp di silkjesegli
so høgt upp i segleraa,
di strauk ikkje segl paa bunkjen ne
for dei Trollebotten saag.


10.
"Hokke vi de, mine broane tvo,
ante vokte mitt skip under lie,
hell de vi inni bergje gange
aa taka ut den vene møy?


11.
Hokke vi de, mine brøane tvo,
ante vokte mitt skip unde lie,
hell de vi inn i bergje gange
aa taka lit jomfruga frie?“


12.
Te svara Aasmons brøane tvo,
di va baate urge aa blauge:
"De høyre me paa broe kons
at han vi vita kon daue."


13.
"Helle vi me, frægdan broer,
aa vokte ditt skip under øy;
me tor *kje inn i bergje gange
aa taka ut vene møy.


14.
Helle vi me, frægdan broer,
aa vokte ditt skip unde lie;
me tor ´kje inn i bergje gange
aa taka ut jomfruga frie."


15.
Han kom seg i den fysste hadden,
der va so undeleg vore:
dukæne va oto bloe dregje (!)
aa ormæne spela ette bore.


16.
Han kom seg i den andre hadden,
der va so mykje vaae:
gannekjere paa gølve sto,
aa trolle silV ivi de raae.


17.
Han kom seg i den trea hadden,
der sto femten sengjir uppredde.
Aasmon kasta seg i ein (!) av dei,
der sovna guten snedde.


18.
Inn so kom den (!) vene viv
som Aasmon ville vinne,
ho ha haar som spunne gull
aa vippa i silkjetvinne.


19.
Inn so kom den (!) vene viv
som Aasmon ville faa,
ho ha haar som spunne gull
aa vippa i silkjetraa.


20.
Ho ha haar som spunne gull
aa vippa i silkjeband,
Aasmon upp otor sengji sprang,
tok henar i sin (!) fang.


21.
"Du slepp meg, slepp meg Aasmon:
du set ´kje meg i fang;
mo´e mi et´e úpp kven ho ser,
um de va St. Olavs mann!"


22.
"Du slepp meg, slepp meg Aasmon:
de sae den vivi (!) jose,
de æ so vondt dei nyte drengjin ,
dei maa kje vivi njote.


23.
Inn so kom den skomegyvri,
ho gjore baate grutte aa grinte:
"Hot æ de fe ett tekjubaan,
som hell´e mitt vene viv?"


24.
"Den som kallar meg ett tekjubaan,
den sko ette bondo [!] leite,
men kalle meg Aasmon Frægdegjævar,
so vi denne guten heite.


25.
Høyre du de, du skomegyver,
hot eg seie deg:
Hor heve du fengje de breie belte
som du ber kringum deg?“


26.
"De fekk [eg] ifjor i joli
utav St. Olavs velde,
daa eg skit live av kongjen taka,
so seint um ein juleftans kvell.


27.
Dei slo meg mæ skraa i skadden,
de tottes eg inkje lie;
dei skvette ette meg vigslevatten,
eg kjenner enno hor de svier.


28.
Eg tok kongjen paa min (!) bak,
eg tosse vera ung,
men som eg kom i durahadden,
falt han meg for tung.


29.
Dei slo meg mæ skraa i skadden,
de tottes meg gjøra ve,
so sprette eg belte av kongjens rygg,
eg smaug i jori ne.


30.
Høyre du Aasmon Frægdegjævar
hot eg seie deg:
du hit ar dette jønne glohett
aa sendt de hit te meg!"


31.
"No hev eg vore i dei kristne landi,
der folkje ropar paa Gud;
eg hev tekje i de gloans jønne,
[eg æ my kje sterkar hell du."


32.
De va Aasmon Frœgdegjœvar
hoggje han te mæ avle,
hoggje han te den skomegyvri],
so odden sto i henars navle.


33.
Um so tala den skomegyver,
daa ho datt dau te jor:
"Du sko ´kje liv ans o bergje koma,
inkje ivi den salte fjor!"


34.
De va Aasmon Frægdegjævar,
han gjekk seg ut paa den strond,
burte va honoms brøane tvo,
inkje skip va der fe hand.


35.
Han kom seg i den fjore hadden,
der va slett ingjen vaande,
der sto fagran fjotan folen,
han va uti gulle bande [!]


36.
"Mykje av de raue gulle
vi eg gjeva deg,
vi du, fagran fjotan folen,
ivi have ber a meg.


37.
"Mykje av de ratte gtdle,
so vi eg kje hava av deg,
men maa eg faa di høgre hond,
so lett løyp eg unde deg."


38.
Te svara Aasmon Frægdegjævar,
som Gud gav honom te raae:
"Full vel sko du faa mi høgre hond,
men so skò du bera kon baae!


39
Aa høyre du jomfru Immerlin,
du pakkar ditt gull i skrin,
mæ eg gjeng meg i drykkjestogo,
aa leikar mæ sabelen min.a


40.
"Tak no baate sylv aa gull
so mykje som du kan tine,
du set deg paa mitt breie bak,
me sko ut paa have rie."


41.
Han kom seg i den femte hadden,
han va so vrei i sinn,
han høggje sund’e tavlebore,
de skrangla i kvor den ring.


42.
So høggje han i hel alle bergetrolli,
som han fyri augo saag,
so reste han otor Trollebotten,
der flaut mæ blo aa vaag.


43.
Kongjen han sto i høg an loft,
han ser seg ut so vie:
"No ser eg Aasmon paa have ri,
mæ fagran dotteri mi.


44.
De va Aasmon Frægdegjævar,
han steig ut paa den sand,
so høggje han folens hovue av,
de blei ein kristen mann.


45.
So høggje han honoms hovit av,
de blei ein kristen mann:
Engelbert henars yngste broer,
kongjens son av Engelland.


__________


Fil:Gerhard Munthe - Åsmund at the Gate in the Mountain - NG.M.00909 - National Museum of Art, Architecture and Design.jpg
"Åsmund går opp til døren i berget", maleri av Gerhard Munthe fra 1902–1904 til folkevisa om Åsmund Frægdegjævar som redder prinsesse Ermelin fra fangenskap i Trollebotnen. I Munthes illustrasjoner til kjempe- og trollballaden er Åsmund framstilt som norrøn ridder og hirdmann hos kongen. (Nasjonalmuseet.)

Den fyrste som gav ut visa var Landstad. Hans tekst er ei samanstøyping av fleire uppskrifter. I ein merknad segjer han: "Dette gamle, mærkelige kvad er meget bekjendt i Silgjord og med mere end almindelig overeensstemmelse mundtlig meddelt af forskjellige personer. Jeg kan derfor ikke sige, at jeg har havt forskjellige varianter af kvadet i dets heelhed, men desto flere i dets enkeltheder. Disse har jeg enten anført i anm. eller optaget dem som endringer i texten, hvorved jeg her som overalt har fulgt den regel, at det i sproglig henseende ældste og ægteste udtryk burde gives fortrinnet, medens jeg forøvrigt saa tro som mulig har gjengi vet det meddelte. Kvædet er mig fuldstændigst meddelt af Lafrants Groven, der senere ved døden er afgaaen, og af Halvor Endrejord, samt rettet og udvidet ved meddelelser af enken Anne Golid, Lafrants Hogndalen, Bendik Aanundsen Fedland o. m. fl., den sidste fra Skafsaa, de øvrige alle fra Silgjord" (Folkev. s. 3). Svend Grundtvig segjer um Landstads tekst at den "er af udgiveren sammenstykket af saa mange opskrifter, tildels med indbyrdes fremmede og uforenelige bestanddele, at dens kritiske benyttelse bliver næsten umulig" (DgF. II, s. 95). Denne domen er, som dei fleste av Svend Grundtvigs domar um Landstad, altfor streng. Landstad segjer sjølv at visa er kvedi "med mere end almindelig overeensstemmelse", og det er ingen grunn til aa tvila paa det. Mange av uppskriftene gjev i det store og heile Landstads tekst, og dei mange usamanhangande, um ikkje nettupp "uforenelige" drag finst i uppskriftene og. Daa Moltke Moe i 1890-aari skulde laga ein restitution bygd paa alle versionar, kom han i det store og heile til same teksti som Landstad. Hjaa Landstad var det stelt lite med einskilde namn og ordlag, men ikkje brigda paa sjølve forteljingsdragi. Det usamanhangande og lause i forteljingi hev gjort at det hev kome upp mange nylagingar, so at det er, som Landstad segjer, mange avvik i det einskilde. Dei vigtugaste av desse nylagingane vert umtala sidan. — Ei tekst av visa ved Sophus Bugge er prenta i Berggreens "Norske folkesange og melodier" (s. 2).

Hovudinnhaldet av visa er daa dette: Olav kongen (Harald kongen, Irlands konge, Islands konge, Hislands konge, Irlands konge Borg, danske kongen) hev mist dotter si til Trollebotn. Han hev sendt ut mange til aa leita etter henne, men ingen av dei er komen att. No spør han kven vil prøva seg att. Ingen vaagar aa bjoda seg fram. Daa segjer Raae-hæst at Aasmund Frægdegjæva (Frægdegjævar, Frægdegjéva, Frægdegjeven, Frægdan [Flagdekjempa, Flagrekjempa]), vilde vera høveleg til slik ei ferd. Kongen lovar daa Aasmund dotter si (Ermelin, Irmelin, Immerlin), um han kann berga henne. Aasmund tek daa Olavs-skipe, Ormen lange. "Dei ropa paa Tarkjell Adelfar: lat no skipe koma ti gange." Daa dei kjem til Trollebotn, spør Aasmund dei tvo brørne sine (som ein ikkje hev høyrt tale um fyrr) kva dei vil: anten ganga inn i berget og henta ut den* vene møyi, eller vera att og vakta skipet. Dei trur at broren vil svika dei, og vil heller vera att. Aasmund gjeng daa inn i berget og kjem i den fyrste halli; der er det blodute dukar, og ormane spelar etter bordet. I den andre halli finn han eit "gannekjer", i den tridje uppreidde silkesengjer. Han legg seg i ei av dei. Daa kjem jomfrua inn; ho aatvarar han for gygri Targjer Hukebrur (Hykebrur, Hugabrur, Huskebrur, Hagapru, Harebru, Harald Hukebruri, Skómegyvri, Skaanegyvri). Daa gygri kjem, hev Aasmund ei samrøde med henne, og det endar med at han fær narra henne til aa sluka gloheitt jarn. Ho misser livet. Aasmund tek jomfrua med seg, men daa han kjem ned til strandi, er skipet burte. Han gjeng attende til berget og kjem i den fjorde halli. Der finn han ein fole, som talar mannemaal. Aasmund lovar folen mykje av det raude gull, um han vil bera han yver havet. Folen vil hava "(av) hans høgre hand", og det lovar Aasmund, dersom folen vil bera baade han og jomfrua. Fyrr Aasmund drog fraa berget, drap han alle bergetrolli, og tok med seg mykje sylv og gull. Folen ber dei so yver havet. Daa dei kjem i land, høgg Aasmund hovudet av folen, og han vart daa til Adelbrett (Alebrett, Albrett, Ingelbrett, Engelbert), son til kongen i Engelland.

I nokre uppskrifter hev gygri eit gildt belte paa seg. Aasmund spør kvar ho hev fenge det, og ho fortel daa det oftast soleis som her framanfor i Olea Crøgers uppskrift (v. 26—29). Um tilburden daa gygri vart drepi, er det mange avvik i uppskriftene. Det vert nemnt at "Tor'e tor hita gloheite jenn". Aasmund "sender", "rek" eller "sting" jarnet. Dette er ogso forvendt soleis at jarnet vert hita, men Aasmund høgg med det som med eit sverd. — I sume uppskrifter finst det ingen ting um brørne til Aasmund; i nokre er dei med, men fær lov av Aasmund til aa draga heimatt:


De va Aasmund Frægdegjæva
han tore mykje vaage:
"De maa reise heimatt,
um dé so vi de baae."


Ei heil rekkje vantar draget um folen; dei en dar med at gygri døyr. Men so er det einskilde uppskrifter att som hev laant drag fraa visa um "Lavrans unge"; t. d. desse versi, som er lagde Aasmund i munnen:


Eg sko skruv aa skarlakji
uppunde din søylen slaa,
vi du meg aa mitt vene viv
bera hera ifraa.


Eg sko skruv aa skarlakji
uppunde din søylen smie,
maa eg aa so mi vene møy
paa deg oto bergje rie


Ei heil rekkje uppskrifter hev ikkje namni Ermehn og Adelbrett, og berre faa hev Tarkjell Adelfar. — I ei uppskrift fraa Sauland er Aasmund sjølv Irlands konge. — I nokre uppskrifter bed Skomegyvri Aasmund aa hogga henne i tvo luter og sjølv gaa millom lutene; det neittar Aasmund (Landstad v. 46—47). — I nokre uppskrifter er det kome inn eit par episke flagrevers um "smaatrolli" (truleg ifraa visa um Steinfinn Fefinnsson):


Inn so kom dei smaatrolli,
dei va baade leie aa jote:
"Hot tru de felar kons sale moer,
mæ ho spenner so till mæ foto?"


Inn so kom dei smaatrolli,
dei gjore seg av eit gama:
"Hot tru de felar kons sæle moer,
mæ ho f ær ikkje kjeften i sama ?“


Elles finst det ei mengd mindre variationar, som ikkje hev nokor vegt for etterrøkjingi her, t. d. det meiningslause at livet aat Torgerd skulde vera knytt til det beltet ho ein gong hev teke av kong Olav! Av di at samanlikningi med andre segner og visor ikkje kjem til aa gjelda heile visa under eitt, men berre einskilde bolkar og drag, er det uturvande aa setja upp nokor yversynstavle yver variantane.


II.


Daa Landstad gav ut Aasmund Frægdegjæva i 1853, kunde han ikkje beintfram peika paa noko sidestykke til henne korkje fraa viseheimen eller fraa segner og eventyr. "Men," segjer han, "hvad kvadets indhold angaar, saa viser det sig strax, at vi her have en af de gamle nordiske myther for os, romantiseret efter en senere tids fordringer" (s. 3). Han nemner at den svenske visa "Esbjørn Prude och Ormen Stark", "samt dens variant Ulf den stærke", viser stor likskap med Aasmund Frægdegjæva. "Det sandeste tør maaskee være, at medens de ere uafhængige af hverandre indbyrdes, have de en fælleds oprindelse i de gamle myther og oldkvad, der lyde ned til os i mange efterspil og klinge gjennem en stor masse af vore eventyrer med toner, der endnu mægtig tiltale folkeaanden" (s. 4). Landstad tenkjer seg at Aasmund, som er kalla "St. Olavs mann", kanskje kunde vera Aasmund Grankjellsson. I Targjer Hukebrur kjenner han att den gn. Þorgerðr Hǫlgabrúðr, og han ser likskapen millom Aasmunds strid med Torgerd og Tors strid med Geirrød. Han peikar, s. 45 ff., paa den likskapen, som Aasmund Frægdegjæva og fleire trollvisor hev med forteljingi hjaa Saxo Grammaticus um Torkell Adelfar. Denne soga lyder i samandrag so[2]:

Kong Gorm hadde høyrt islendingane fortelja um Geirrødsgarden og dei store skattane der var aa finna. "Men vejen did var nok yderst farefuld og fast ufarbar for dødelige mænd. Man skulde nemlig eiter f or far ne m sends frasagn sætte over det store hav som omslynger alle lande, ... og omsider naa frem til lande hvor lys ei fandtes, og hvor alt var hyllet i evigt mulm." Men kongen hadde hug til aa prøva sanningi av fraasegnene og tok paa ferdi. Til førar hadde han valt Torkell Adelfar. Daa dei endeleg kom til Geirrøds gard var "stuen helt forfalden, fyldt af en afskylig røg og dunst, og vrimlede af alt, hvad der kunde støde øje og si nd. Dørstolperne var dækkede med sod, der i lange tider havde samlet sig der, væggene var sølede til med snavs, loftet var gjort af lutter spyd, gulvet var strøet med orme og fuldt af alskens skarn og møg, saa det hele var et ligesaa uvant som rædselsfuldt skue for de fremmede gæster. Overalt stod der en arg og vedholdende stank op i næsen paa dem og plagede dem svarlig. Blodløse skygger og utysker sad paa bænke af jærn; mellém sæderne var der skillerum af bly, og ved døren stod gruelige trolde paa vagt. Nu gik de videre og fik øje paa et sprængt klippestykke og temmelig nær derved en gubbe med gennemboret krop, der sad ligesom i et højsæde med ryggen mod et revnet fjæld; og ved siden af ham sad tre skrutryggede kvinder, der saa ud som der ingen benrad fandtes i kroppen paa dem. Thorkels stalbrødre var nysgerrige eiter at vide hvem det var; og han, som var vel kendt med aarsagen til sligt, fortalte dem, at gud Thor, opbragt over jætternes frækhed, havde drevet en gloende staalstang ind gennem Geirrøds bryst, da denne bød ham trods, og den var saa trængt videre frem og havde knust og flakt klippens sider; men kvinderne, sagde han, var blevet ramt af lynet, og havde med brudt ryg maattet bøde for deres angreb paa hans guddomsvælde."

Til slutt kom dei inn i ei hall, der det var fleire kostesame ting, millom anna eit vedunderleg kunstfullt belte. Daa kunde dei ikkje styra seg lenger, og med Torkell i brodden prøvde dei aa røva eignelutene. Men trolli tok paa dei, og mange vart drepne. Berre nokre faa, millom dei Torkell sjølv, slapp undan og kom heimatt.

Landstad jamfører no denne soga med Aasmund Frægdegjæva. Han minner um at nokre versionar hev "danske kongen", og at varianten "Irlands konge Borg“, kanskje kann vera ei forvending av Gorm. Han nemner at Gorm hadde tvo brør, liksom Aasmund, at baade soga og visa hev namnet Torkell Adelfar, at det baae stader er tale um ei ferd til eit land der det ingen dag var, at Torkell vil hava serleg gode og sterke skip, at det er fleire haller dei gjeng gjenom, at Torkell og fylgjet hans paa ferdi fyrst kjem til Gudmund, bror aat Geirrød, og raakar dei fagre døtterne hans, at det er tale um ormar, eiter, troll, belte "og endelig kampen med den gloende jernbolt, der omtales hos Saxo som forhenpasseret imellem Thor og Geirrød. Reise-eventyret er i vor vise mindre udførligt, end hos Saxo, men der er rimeligviis meget forkommet, andet forkvaklet af dens indhold, medens paa den anden side vistnok ogsaa meget af Saxos omstændelighed mere tilhører ham selv, end oldsagnet" (s. 47). Han finn at Aasmund Frægdegjæva, Kappen Illugjen og Saxos forteljing um Torkell Adelfar "ere udsprungne af ældre oldnorske kvad, der efterhaanden have modtaget en mere tidsmæssig form og et mere romantisk indhold" (s. 50). Landstad naadde ikkje lenger. Det vart mykje lause gissingar, og dei likskapane han peikar paa, er ofte altfor aalmenne. Samanlikningi med Saxos forteljing er i stor mun bygd paa vanlege episke drag. Dei likskapane ein serleg bør merka seg, er at namnet Torkell Adelfar og kastingi med det gloande jarnet finst baae stadene; det viser tydeleg til ein eller annan samanheng millom Aasmund Frægdegjæva og soga um Torkell Adelfar, og me skal di for sidan koma attende til spursmaalet.

Det var fyrst daa Konrad Maurer i sine "Islandische Volkssagen" (1860) hadde prenta eit utdrag av "Sagan af Åsmundi Flagðagæfu", at granskingi fekk fast grunn under føtene. Maurer maa ha visst um likskapen millom denne sogetaatten og visa, for han segjer s. 310: "Auch in Norwegen soll es ein Lied geben über Ásmund frægdgeve (?)". Tvo aar seinare tok Jón Arnason inn heile forteljingi i sine "íslenzkar þjóðsðgur og æfintýri" I s. 171 —179: "Inntak úr sðguþætti af Ásmundi flagðagæfu". Hovudinnhaldet er so:

Aasmund var fødd i ein avdal i Norig og var den yngste av tri soner; dei livde i den tidi daa Olav den heilage var konge. Dei tvo eldste brørne vilde fara til kong Olav og taka teneste, men paa vegen møtte dei ein stor jøtul og vart so rædde, at dei rende beint heimatt. Faren lasta dei for dette og eggja dei ut atter. Daa fekk Aasmund vera med, og daa gjekk altsaman godt, for Aasmund gav seg radt i kast med jøtulen og drap han. Sidan var Aasmund lenge med kongen og var alltid den fremste i alle storverk. — Kongen sa ein gong at no hadde han kristna alt folk i Norig:


Hirðmenn svðruðu máli kónúngs og segja: "Því síðr ætlum vér alt fólk kristið í Noregi, að í eyju einni norðr fyrir landi býr kona sú er Þorgerðr heitir og kðlluð er Hðldatrðll, hefir hún eigi trú tekið og setið lengi þar í eyjunni en engan skatt goldið, hafa þangað sendir verið menn nokkurum sinnum að heimta skattinn, en engir aptr komið, er Lorgerðr full fjðlkýngis og hin vesta viðreignar." Konúngi þótti mikils um vert, og hafði þegar til orða við menn sína hvert nokkur vildi fara til eyjarinnar og sækja skattinn. Allir kváðust þess ófúsir, segja hverjum víst fjðrtjón er gengi í greipr Lorgerdi, og tðldu ðll tormerki, lauk svo að engi varð til ferðarinnar; talar konúngr þá til Ásmundar og biðr hann fara.


Aasmund sa at han var lite før til aa gjera det alle andre bad seg undan, men han vilde gjerne gjera det kongen bad um, og sagde seg viljug til aa prøva. Kongen vart glad, og let straks bu eit skip og gav Aasmund dei menn han vilde hava.


Sigla þeir Ásmundr síðan brott, greinir ekki um ferð þeirra, fyrr en þeir koma til eyjarinnar og lenda þar einhversstaðar; sjá þeir á eyjunni bæ mikinn og reisilegan og þykjast víst vita að Lorgerðr muni þar bygð eiga. Þá mælti Ásmundr til manna sinna: "Nú skuluð þér bíða min her vid skipið, en eg mun ganga heim til bæjar og vita hvað þar er titt." Þeir báðu hann fyrir sjá; gengr hann svo heim til bæjarins og er hann kemr par, sér hann ekki manna úti, gengr síðan umhverfís bæinn og ristir reita um hann alt í kríng. Ei var lokað dyrum, gekk Asmundr inn og kallaði í hvert hús, en fann hvergi nokkurn mann. Um síðir kom hann að húsi nokkuru langt innar í bænum, þar gekk hann inn, og sá hvar kona sat að saumum, úng og afbragðsfríð, kvaddi Ásmundr hana kurteisliga, hún tók vel kveðju hans, og spurði hver hann væri og hvað hann héti.


Ho fær vita kven han er og kva ærend han hev, og ho fortel at ho er dotter til Torgerd og at mori er ute paa veiding. Til slutt segjer ho seg viljug til aa fara med Aasmund, um han vinn og fær teke skatten, men ho bed for livet aat mor si. "Skaltú her og eigi lengi dvelja, pvi litt er móður minni skapfelt að menn sé á tali við mig." Aasmund løyner seg, men daa Torgerd kjem heim, segjer ho at det maa ha kome gjester, av di ho hev brent seg paa dei reitene som Aasmund hadde rita. Aasmund kjem fram or gøymslet sitt og krev skatten. Men Torgerd vil fyrst prøva med honom dei same kunstene som ho hev prøvt med dei mennene kong Olav hev sendt dit fyrr: aa vada gjenom eld, hogga med sverd paa den berre foten, og til slutt hituleiken. Med det heilage krossmerket greider Aasmund seg i dei tvo fyrste prøvone. Den tridje er so, at Aasmund skal slaa seks gloande jarnnaglar, og so skal dei gløypa tri kvar. Torgerd gløyper tvo, men den tridje hev Aasmund gjort krossmerket yver, og den brenner henne so, at ho vert reint uppgjevi. Sidan tok Aasmund alt hennar gods til kongen, og dotter hennar fylgde honom godviljug og vart sidan kona hans. — Ein gong seinare fór kongen sjølv i lag med Aasmund og tvo andre menner til Nordland og skulde kristna eit par folk, som endaa var heidningar og trudde paa eit avskræmelegt troll, som dei kalla Volske. Der vart det ein stor bardage; kjerringi sjølv tok tak med kong Olav, og gav seg ikkje fyrr enn ryggen brotna i henne; Aasmund stridde lenge med trollet Volske, til dess han fekk hjelp av kongen og gjorde ende paa det. Desse folki hadde ogso ei dotter, som var baade ven og vitug og hadde harma seg lenge yver denne trollskapen som ho saag hjaa foreldri. Ho var den einaste som slapp av med livet, og kongen trøysta henne og tok henne med seg heim. Kongen heldt Aasmund i stor vyrdnad og gav han namnet flagðagæfu, fordi han hadde "slika gæfu til að vinna flðgð og úvættir".

Denne soga hev sira Eyjólfur á Vðllum i Svarfaðardal (d. 1745) skrive upp etter bestemor si, Bjørg Olavsdotter, og etter mor si, Vilborg Sveinsdotter. Bestemori døydde i 1696, 80 aar gamall. Um dei rímur’ne som ligg til grunn for sogetaatten, segjer Øyulv at bestemor hans "mundi úr þeim allmðrg erindi, og sagði þær einar hinar elztu er hún hafði heyrðar". Desse rímur’ne maa soleis i minsto ganga attende til tidi ikr. 1600. Jón Forkelsson trur at dei knapt kann vera yngre enn fraa 15de hdr. Men dei kann snaudt vera av dei eldste rimur’ne heller; til det svipar dei altfor mykje paa dei seine umdiktingar av eldre soge-emne som var so vanlege paa Island, med samanstøyping av litterære drag fraa alle kantar.

Daa Arnasons samling var komi, skreiv Ivar Aasen um henne i "Dølen" III nr. 17. Han gjev eit stutt samandrag av soga um Aasmund Flagdagjæva og legg til: "Denne segni hever nokor likning med ymse gamle sogor, soleides ogso med den løglege sogostubben, som heiter Volsa-taatt og stend i Flatøyboki. Men det som er mest merkande fyre oss, er det, at denne segni likjest myket paa den norske visa um Aasmund Frægdegjævar (No. 1 hjaa Landstad). Sjølve namnet er nokot sviplikt; vistnog kunde "Frægdegjævar" vera ei avlagad form av "Frægdargjæva" (gjæva elder lukka til frægd, d. e. ros og æra); men ein kann ogso tenkja seg, at detta kunde vera ei mishøyrsla elder tilvending av "Flagdagjæva", sidan ordet flagd er so litet kunnigt her i landet." Aasen trur at "ventelega er det eit gamalt kvæde, som er upphavet baade til den islendske segni og den norske visa; men sidan hever segni fenget ymse vendingar og kanskje voret samanfløkt med ymse andre sogor, som so lett vil henda med folkasegner, som ganga lenge fraa mann til mann og inkje verda uppskrivne."

Det er lett aa sjaa samanhengen millom siste bolken av sogetaatten um Aasmund og Volsa-taatten; alt Maurer (Isländische Volkssagen, s. 310) hev set likskapen. Cfr. ogso Heusler i Zeitschrift des Vereins fur Volkskunde 1903, s. 27, og Heusler-Ranisch, Eddica minora XCVI. — Den fyrste luten um mannen og kjerringi med dei tri sønene, um den yngste sonen som er oskeladd, men til slutt gjer det brørne ikkje greider, er vanlege eventyrmotiv. (Sjaa Rittershaus, Isländische Volksmärchen, s. 290). Striden med jøtulen er og, som Adeline Rittershaus segjer, eit vanlegt eventyrmotiv, men utformingi her svipar meir paa skildringi av liknande strider i fornaldarsogone.

Det er daa midbolken, forteljingi um ferdi til Torgerd, som viser skyldskap med visa um Aasmund Frægdegjæva. Men der er daa og likskapen so stor, at baade rimur’ne og visa maa ha runne av ei rot. Me hev same tilburden i kongshalli, daa kongen vil faa ein av mennene sine til aa draga til Torgerd; dei kvider seg alle, men til slutt fær kongen Aasmund til. Dei bur ut eit skip og kjem fram. Aasmund gjeng aaleine til bustaden aat Torgerd, og fer fraa rom til rom, til han endeleg raakar ei fager jomfru, som segjer seg aa vera dotter av Torgerd og aatvarar Aasmund for henne. Aasmund og Torgerd røyner kvarandre med gloande jarn, Torgerd taper og Aasmund dreg heimatt med jomfrua. Namni svar ar heilt: Asmundr og Aasmund, Porgerðr og Targjer (telemarks-form for Torgerd). Tilnamni svarar og: Frægdegjæva(r) er utan tvil forvending av Flagðagæfa. At flagd hev vorte til frægd ser ein av eit anna ord i visa: "frægdegjeni“ trollgapet:


Aasmund hita gloandes jenne,
tok han de mæ longo,
stakk de av at frægdegjeni,
men de rann utatt i svongo.


Her kann ikkje "frægdegjeni" vera anna enn ei forvending av flagdegjeni. At fyrste samansetningsleden hev vore flagd og ikkje frægd, ser ein av Herredags-visa fraa Lista. Uppskrifti fraa 1786 hev "Osmund Flagdekiemþe“; seinare uppskrifter hev Flagrekjempa. Naar ein held alt dette saman, kann det ikkje vera tvil um at frægdegjæva er same ordet som flagðagæfa.

Midbolken av soga og visa inneheld soleis same sogeemnet. Men visa hev fleire drag som ikkje hev noko tilsvarande i den islendske segn i. Desse avviki maa ein fyrst gjera greide for, fyrr ein kann finna det rette samhøvet millom soga og visa og grunnlaget for segnene um Aasmund.

1. Sjølve raama for forteljingi, expositionen, er onnorleis i visa enn i soga. Etter den islendske formingi skal Aasmund av stad og krevja skatt; i visa skal han henta heimatt kongsdotteri. Dette siste er, som alle veit, eit vanlegt drag i eyentyr; t. d. Grimsborken, der ein hest hjelper guten, Fugl Dam, der ein fugl hjelper guten, Gullslottet som hekk i lufti o. m. fl. — Dette eventyrdraget er kome inn i andre eventyrvisor og, t. d. Kappen Illugjen, Hugaball og den andre Hemingsvisa. Derimot er det sermerkt at kjempa skal krevja skatt, og det maa daa ha gjenge her som so ofte, at det vanlege trengjer det serlege undan, og det som den islendske forteljingi hev, er visseleg det upphavlege. Men naar eventyrdraget um at kjempa skal henta heimatt kongsdotteri fraa trollheimen fyrst hadde trengt seg inn, so maatte dette føra med seg andre brigde i den upphavlege forteljingi. Ferdi kunde ikkje lenger gaa til ei øy nord med landet, men heilt til Trollebotn. Den kvinna som er hjaa Torgerd, kunde ikkje lenger vera dotter hennar, men dotter til kongen; ho berre trur at ho er dotter til Torgerd.

2. Den islendske soge-taatten fortel berre at Aasmund tok jomfrua med seg heim og at ho vart gift med han. Som fyrr nemnt kløyver uppskriftene av visa seg i tvo flokkar, naar det gjeld slutten: nokre endar med at Aasmund drep Torgerd; dei andre fortel at dei tvo brørne til Aasmund svik han og dreg burt med skipet, medan han er i berget. Aasmund finn ein fole som hev mannemaal; denne folen hjelper Aasmund yver havet, etter at Aasmund hev lova han at han skal faa den høgre handi hans[3]. Daa dei kjem i land høgg Aasmund hovudet av folen, og han vert til ein kongsson.

Den fyrste formi, som endar med at gygri vert drepi, er mykje meir heilstøypt enn den andre. Draget um dei svikfulle brørne stend heilt laust i visa. Me høyrer ingen ting um dei fyrr skipet hev naatt Trollebotn. Dei gjer ingen ting anna enn aa draga burt med skipet, og me høyrer ikkje meir gjete dei, endaa den poetiske rettferdi krev at dei skulde faa si refsing. Kor laust heile draget um brørne stend, kann ein sjaa av at det jamvel er umlaga slik, at Aasmund sjølv sender dei heimatt; dei er berre bakgrunn for det karsverket som Aasmund gjer. Ja i ein version fell samtalen med brørne fyrr dei fer til Trollebotn. Folen hev heller ikkje stort anna aa gjera enn aa føra Aasmund heim. Han er ikkje, som ein kunde venta, den umskapte broren til Ermelin. Ein hug til aa spinna forteljingi lenger ut og fella henne heilt inn i ei eventyr-raame, hev kanskje gjort at bolken um folen og heimferdi er komen til; diktaren vilde ikkje berre fylgja Aasmund til Trollebotn, men sjaa han vel heimatt og. Eller kanskje den eventyrformi som hev gjeve visa innleidingi ogso hadde draget um den umskapte folen. I alle høve høyrer ein slik rikdom paa hendingar av dette slaget som Aasmund Frægdegjæva hev, helst heime i eventyret, men er reint sjeldsynt millom visone. Det vantar daa heller ikkje paa sidestykke til draget um folen innan eventyrverdi. Eit godt døme er "Enkjesonen" (N. F. 14). Der er det fortalt um ein gut som tener hjaa eit troll. Han fær ikkje lov til aa ganga inn i fire løynderom, som der er hjaa trollet, men han gjer det likevel. I det fjorde romet finn han ein hest, som kann tala. Hesten hjelper han burt or berget, og sidan høgg guten hovudet av hesten, og hesten vert daa til ein konge. I eit avbrigde fraa Valdres vert han til " systerson aat kongen i Engelland". Varianten hjaa Asbjørnsen og Moe er fraa Ringerike, men eventyret finst ogso i Telemarki og bygdene ikring. Dette eller liknande eventyr maa ha vore med aa forma ut slutten av visa. Men berre vore med; for ein finn ogso drag fraa ei onnor vise: Hugaball. Siste luten av denne visa fortel at Hugaball og dei tvo brørne hans fer "norafjølls“, dvs. til Trollebotn, og skal berga tvo jomfruor. Daa dei kjem fram, segjer Hugaball:


"Høyre de no mine brøane tvaa,
holt eg dikkon spyrja maa:
kvaare vi’ de no skipe passe,
hell de vi’ i bergje inngaa?
Høyre du unge Hugaball:
me vi’ kje i bergje gaa,
me vi’ helle skipe passe,
at dæ reiser ’kje paa bylgja blaa."


Hugaball hentar jomfruone ut or berget,


ville, hass brøane sill’ gjøyme,
mæ han rei seg i bergje inn,
ville taka guile meire.
Daa han kom seg i bergje inn,
begynde hass hesten te tala:
"Dæ skipe, du Hugaball siglde paa,
no æ dæ langt utpaa have."
Dæ va unge Hugaball,
han blei so ille ivi or,
han blikna som dæ bleike lauv
aa svartna som ei jor.
"Tak no den blaa kaapa di
aa brei unde hovane frie!
kjerne daa me paa den grøne jori,
dæ spyrst over verden saa vie.
Tak no den blaa kaapa di
aa brei ’a unde min hov!
saa maa du rie den breie fjor,
som paa den grøne jor.“


Hugaball fer so attende yver havet; kongen stend i høgelofts-svali og ser han koma; daa han er komen i land, høgg han i hel brørne sine. Likskapen med Aasmund Frægdegjæva er so stor, baade i forteljingsgangen og i dei einskilde versi, at det maa vera samanheng millom dei tvo visone, og det er utenkjande anna enn at tvo visor med so likt emne maa ha verka paa einannan i alle dei hundrad aar dei hev livt jamsides i Telemarki. — Men kunde ein ikkje tyda likskapen paa den maaten at Aasmund Frægdegjæva beintfram hadde laant heile slutten fraa Hugaball? Bugge finn at forteljingi um Hugaballs ferd "minder meget om Aasmund Frægdegjævas vise", og han trur at der hev vore eit vers um at Hugaball slo den vonde styvmori i hel: "hendes blod faar hesten at æde og bliver derved forløst" (GnF, s. 22). Men i Hugaball-visa finst ingen ting um at hesten er eit forskapt menneskje. Det er ein hest av same slaget som Grimsborken: ein naturleg hest, men med yvernaturlege eigenskapar. Det ser ein grant av det, at Hugaball fær hesten av mor si, han finn han ikkje i berget. Det er difor liten grunn til aa tru at Hugaball-visa skulde ha enda soleis som Bugge tenkte seg. Den einaste løysingi er daa at siste luten baade av Aasmunds-visa og av Hugaball-visa byggjer paa eventyrmotiv, men at dei gjeng ut fraa kvar sin eventyrkrins. Hugaball-visa er den eldste og hev vore fyrebilæte for skildringi av korleis Aasmund Frægdegjæva kom heimatt. Heile draget um dei tvo brørne hev ogso kome inn fraa Hugaballvisa. Det finst berre i dei tvo visone. I "Hugaball" hev det grunn i heile forteljingi at brørne er med, og der fær dei si straff, i "Aasmund Frægdegjæva" stend det heilt laust, som me alt hev set. Ein kunde ogso tenkja at dei tvo rædde brørne i Aasmundsvisa var eit minne um dei tvo rædde brørne i den islendske soge-taatten. Men det som vert fortalt um dei der, er ikkje det same som i visa, og dei er ikkje med i den bolken av den islendske soge-taatten som svarar til visa; dessutan er slike rædde og trulause fylgjesveinar vanlege i eventyri.

Baade den eventyrlege raama kring forteljingi og heile skildringi av heimferdi fraa Trollebotn, er soleis seinare drag, som ikkje kann ha havt noko med den upphavlege forteljingi um Aasmund Frægdegjæva aa gjera. I skildringi av møtet med Torgerd er det og avvik fraa den islendske formi, men dei høver det betre aa greida ut um, naar me hev funne grunnlaget for heile forteljingi.


III.


Fil:Olav der Heilige03.jpg
Olav den hellige forvandler troll til stein. Veggmaleri fra middelalderen i Dintuna kirke i Västmanland, Sverige. Fingalo, 2006. Commons.

Kongen i den islendske sogetaatten er Olav Haraldsson. I visa heiter han Olav, Harald, Irlands konge, Islands (Hislands) konge, Irlands konge Borg. Av desse namni hev Harald truleg kome inn fraa Hemings-visone. I "Heming aa Harall kungjen" set Harald nokre vande fyrelogor for Heming, liksom kongen set den vande fyreloga for Aasmund at han skal til Trollebotn. I "Heming aa gyvri" finst rett nok ikkje Harald-namnet, men der er tydelege merke etter at det er ein konge som hev sendt Heming av stad (t. d. GnF. 2 A, V. i, Jørgen Moe, Skr. II s. 171, V. 1) og sidan Hemings-namnet fyrst er vove inn i denne eventyrdiktingi, hev vel Haralds-namnet fylgt med. Dei andre namni er vanlege poetiske kongsnamn i visone (Borg er vel berre ei forvending); sjaa Sophus Bugge og Moltke Moe: Kungssonen av Norigsland, s. 5.

Olav kongen, som fleire uppskrifter hev, er soleis utan tvil det upphavlege. Det samstavast med den islendske segn-formi, og jamvel i versionar av visa der det er tale um Irlands konge, er det nemnt St. Olavs menn og Olavs-skipe Ormen lange. Torgerd fortel at det var i "fyrre fjoren, uti Sankt Olavs velde" at ho fekk det breide beltet ho ber. Sjølve innhaldet av midbolken i den islendske sogetaatten: ei kristningssoge, viser at ho alt fraa fyrsten, som so mange andre kristningssogor, hev vore knytt til ein av dei tvo Olav´ ane.

Korleis stend no visa um Aasmund Frægdegjæva til dei andre forteljingane um Heilag-Olav i nynorsk tradition?

Um kong Olav finst det ei mengd segner rundt ikring i dei norske bygdene. I Hardanger fortel dei um daa han kristna Eidfjord, og um koss han bygde kyrkje i Mauranger og slost med uvetti, som vilde hindra han (Haukenæs, Natur, folkeliv etc. I, s. 112, VI, s. 265). I Sætesdal fortel dei at han vilde byggja kyrkje i Trondheim (Skar, Gamalt II, s. 7), paa Ringerike at han vilde byggja kyrkje paa garden Stein (Faye, s. 110) osb., sjaa Faye, s. in ff.! — Nokre segner fortel um kjeldor som det er lækjedom i, avdi St. Olav hev drukke der (Bang, Norges hellige kilder, passim). Sumestader viser dei merke etter hesten hans St. Olav eller far etter han sjølv (Skar, Gamalt II, s. 6 ff., Storåker, s. 99). Ein stad blæs det jamt av di St. Olav sat der og svala seg, og fleire andre natur-ovringar er knytte til den heilage Olav.

Mest kjende er vel segnene um korleis St. Olav strider mot trolli. Det galdt for trolli aa verja den gamle heidne trui, og dei tolde ikkje klokke-ringjingi fraa kyrkjone, so dei prøvde paa alle maatar aa gjera St. Olav til meins. Desse segnene finn ein vide ikring; sjaa t. d. samlingane aat Faye, Skar, Storåker, osb. I Sverike finn ein ogso nokre kyrkjebilæte, som skildrar korleis Olav strider med trolli: i Floda kyrkje (Sðdermanland) fraa ikr. 1480—1500, i Tegelsmora kyrkje (Upland) og i Kumbla kyrkje (Vårmland) fraa ikr. 1500—1520; i det historiske museet i Stockholm er det tvo altarskaap med liknande bilæte. Paa alle desse bilæti ser ein kong Olavs skip med uksehovudet i framstamnen; det sigler inn mot berget. I skipet stend kong Olav, og fraa berget møter eitt eller fleire troll. (Sjaa Henry Petersen i Folkekalender for Danmark 1871, s. 122 ff.; Daae, Norges helgener, s. 128 ff.; Gustav Storm, Om en Olavs-legende fra Ribe, s. 17 f.).

Ei segn som svara til emnet for desse bilæti fortalde dei i Norig; ho var knytt til fjellet Hornelen (Faye, s. 116), og det finst ogso ei folkevise um ferdi til Hornelen og striden med trolli. Denne visa er no kjend i dansk og færøysk form; den danske formi finst hjaa Vedel og i former som er avleidde av Vedels tekst (DgF. 51); den færøyske finst i 6 uppskrifter fraa 19de hdr. (CCF. 28, DgF. IV, s. 879 ff.). Naar det i den danske formi er skildra eit troll som er so laga:


han har øine som brændende baal,
med munden monne han skingre;
og negle har han som bukkehorn,
staar en alen ud for hans fingre.
Skjæg har han som en hesteman,
slog neder til hans knæ;
stjerten havde han lang og lodden,
hans klør vaare slemme at se.


So er det ei so typisk norrøn skildring av troll, at visa maa ha runne upp paa norrøn grunn. Og naar det her er fortalt um koss Olav skaper troll um til stein, so finn ein det att i den norske visa um "Heilag-Olavs kappsigling", som er gøymd i danske uppskrifter fraa 16de hdr. Kong Olav


... seiled over de bjerge blaa,
ud da løb de trolde smaa.
"St. Oluf koning med det røde skæg,
hvi seiler du i-gjemmel vor stue-væg?“
"Statt du, trold, du bliver til sten,
og gjør du aldrig nogen men!“[4]


Denne visa hev ogso vore kjend i Sverike. I Dybecks "Runa" I, s. 17 er det nemnt at i ein heradstingsprotokoll av 1684 er det rn. a. umtala ei vise um "S. Oloffz Seglation". Dybeck viser og til G. Hallmanns "Beskrifning ðfwer Kiðping" (Stockh. 1728), der det er nemnt, at paa ei gamall altar-tavle, som skulde vera komi fraa Trondheim, var det avskildra korleis Olav sigler yver heid og fjell (DgF. III, s. 827).

Fraa Norig høyrer me um visa i 18de hdr. I "Beskrivelse af øvre Telemarken" 1777 (hdskr. i kgl. BibL ny kgl. saml. nr. 1568, 4to) ved Engelbrett Michaelsen, er det nemnt at ein bergknaus i Laardal heiter "Sanct Olavs skip". "Der om siunges endnu en vise, om ham og hans broder Haralds kapseiling, der var af den vigtighed, at hvo af dem, som først kom til Trondhiem, som var maalet, den skulle være konge i Norge." Harald lagde fyrst i veg, men Olaf kunde den kunsti aa sigla yver berg og dal og kom fyrst fram. "Men da han herved ei agtede saa nøye om han fordærvede nogle af bierge-trollenes boeliger, tiltalede ham et bierge-trold saaledes, som visen giver tilkiende:


"Høyrer du Olav med dit Roue Skieg,
Qvi seglar du giønum min Kiellare Veg?"


Men den hellige mand agtede ei meget om trollene; thi det heder:


Sancte Olav mone sig tilbage siaae,
Stat du der alte i Kampen graae.


Hvilket ord havde den kraft at trollet strax blev forvandlet til en kampesteen." Broren Harald gjekk og i stein, daa han saag at Olav hadde kome fram fyre.

Desse same versi av visa finn ein att fraa ymse kantar av landet i bygdesegner um korleis kong Olav sigler yver land, utan at det der er tale um kapp-sigling med broren: fraa Ringerike i ei segn um steingygri i nørdre Krokkleivi (Faye s. 109), fraa Tydalen i segni um Lahammerkjerringi (O. Stv. Hansen, Bygdefortælling, s. 30), fraa Staden (Fedraheimen 1883, nr. 27) 0. fl. Dei tvo formingane av segni um strid med trolli som synest aa liggja til grunn i dei tvo visone (trolli i Hornelen og bergkjerringi med rokk og tein), er ikkje alltid haldne grant ut fraa einannan; hjaa Faye, s. 116, er trollet i Hornelen lagt dei same versi i munnen som bergkjerringi i dei andre versionane. Elles er segner med samtalen millom kong Olav og trolli aa finna i alle Norderlandi: fraa Danmark (Thiele 2. utg. II, s. 27), Sverike (Fernows beskrifning ðfver Warmland, s. 223, Afzelius, Sagohåfder 2, s. 70; cfr. St. Olafs saga paa swenska riim, Stockh. 1675, s. 36). Island (ísl. þj. I, s. 164), og fraa Færøyane (Fær. kv., s. 120), der rett nok samtalen er burtfallen, men der dei enno viser ein "Kellingarsteinur". Visone og segnene hev livt jamsides, og samtalen er i versform i dei fleste avbrigde av segnene og.

Dei andre dragi i visa um Heilag-Olavs kappsigling hev tvo røter. Den eine er trui paa at Olav kunde sigla yver land. I mange norske bygder fortel dei koss Olav kom siglande gjenom bygdi, og dalar og djuv er tidt ikkje anna enn faret etter skipet hans. Den andre er forteljingi um kong Olav og bror hans Harald. Endaa Harald var berre 15 aar den gongen daa Olav fall ved Stiklestad, og endaa dei norrøne sogone ingen ting veit aa fortelja um uvenskap millom brørne so hev det alt i millomalderen kome upp ei segn um at Harald traadde Olav etter livet og slo lag med fiendane hans. Me møter det fyrst hjaa Claudius Clavius 1427; han fortel at den heilage kongen og martyren Olav stridde mot den vantru broren sin med Guds synlege hjelp. I Olavs-legenden fraa Ribe (1460—65) finn me ein heil segnkrins um Olav og Harald: um fødselen deira, um at Olav sigler yver land til Nidaros, um at Olav skaper fiendane sine i stein, og at han vert drepen av bror sin. Forteljingi um kappsiglingi til Nidaros hev ein myrkare daam i legenden enn i visa. Det er med svik og ikkje etter greid avtale at Harald prøver aa koma fyre bror sin til Nidaros. Legenden fraa Louvain 1485 (umsett til laagtysk og utgjeven i Liibeck 1492 og sidan fleire gonger) fortel og um kappsiglingi. Men vel aa merka: desse legendane hev ingen ting um striden med trolli. I samanheng med kappsiglingi møter me den striden fyrst i folkevisa. Tilgangen er vel denne: Det hev vore ei forteljing um ei kappsigling millom Olav og Harald til Nidaros, og ei onnor forteljing um at Olav paa ei sigleferd skapte nokre troll i stein. Baae hev vorte grunnlaget for visor, men visa um kappsiglingi hev soge til seg drag fraa den andre forteljingi, soleis at det ogso under kapp-siglingi er strid med troll. Dette kunde lett gaa fyre seg, av di Olav siglde yver land og soleis kom framum bustadene aat trolli; kanskje ogso det draget i legenden at Olav skapte fiendane sine i stein, kann ha gjeve tilføre til samanblanding av dei tvo forteljingane. — Minne um kappsiglingi til Nidaros finn ein ogso i norske folkesegner i andre formingar enn dei som knyter seg til visa. Ved Byglandsfjorden viste dei i Faye si tid ein odde som Olav siglde yver, daa han paa ferdi si til Nidaros kappsiglde med Harald (Faye, s. 115). Ei segn fraa Hardanger fortel at "kong Ole med sin broder Harald var engang i Kintservig. Kongen havde et skib, kaldet Ormen glade, og Harald et andet, kaldet Oxen hin lade. Det blev aftalt imellem begge brødre, at hvo der først kom til Trondhiem skulde være konge. Harald løste strax fra landet, men Ole biede 3 dage, for først at høre prædiken, og kom dog før Harald" (Schnabel, Beskrivelse over Hardanger, 1781, s. 48). I Søgne fortel dei at Heilag-Olav reiste mastri paa skipet sitt i Trysfjorden, daa han skulde setja segl og kappsigla med bror sin. Ved Ny-Hellesund vart Olavssundet til ein gong daa St. Olav med skipet sitt gjorde ei ferd til Trondheim[5]. (Storåker, s. 99—100). Men det som den siste segni fortel, kann ein jamføra Ribe-legenden (Storm, s. 6) der det same er fortalt, og dette provar daa Gustav Storms tanke at legenden byggjer paa norske, serleg vestlandske segner (s. 14). Peder Claussøn hev ogso kjent denne segni um at St. Olav var ved Ny-Hellesund, men han hev ikkje nytta henne onnorleis enn at han segjer at Olav bygde tvo vardar der. Ein vil alt av dei dømi eg her hev ført fram, sjaa at det finst ei lang og manglita segn-rekkje um Heilag-Olav. Korleis samsvarar desse segnene med det dei norrøne sogone veit aa fortelja um han?

Segnene um fiendskapen med Harald hev ingen grunn i dei gamle sogone; det er ein segnkrins som hev vakse seg fram i seinare luten av millomalderen.

Segnene um korleis Olav fór ikring og kristna landet og bygde kyrkjor hev sjølvsagt ofte noko tilsvarande i sogone, t. d. um kristning og kyrkjebyggjing paa Heidmarki og i Valdres (Fms. V, s. 249, 272).

Segnene um korleis Olav slæst med sjøormen (Faye, s. 121, Strøm II, s. 272 o. fl.) hev kanskje upphavet sitt i dei gamle forteljingane um at Olav strider med ei margygr (Flat. II, s. 25—26, Fms. IV, s. 55—57, V, s. 162—164, Legendariske saga, s. il —12). Det er ei liknande hending som var skildra i det velkjende bilætet fraa Vallensbæk kyrkja vest for Kjøbenhavn, eit bilæte som er ifraa tidi ikr. 1400.

Ogso um natur-ovringar som hev sitt upphav fraa St. Olav, veit sogone aa fortelja. T. d. at kornet ikkje frys paa Grøningar (Heimskr., s. 450; cfr. Magdalena Thoresen, Billeder fra vestkysten af Norge, s. 209 f., og Yngvar Nielsens Reisebreve, s. 17), og at kjeldor hev lækjekraft, av di at St. Olav hev tvege seg i dei (Hkr., s. 450).

Segnene um korleis Olav sigler yver land, hev visseleg utgangspunktet sitt i forteljingi um daa Olav siglde gjenom Agnafit. Dette fortel Snorre so at han grov seg igjenom og slapp ut daa Logen hadde flødt upp (Hkr., s. 221). Men den legendariske saga fortel det so, at han la seg paa kne, og "þá varð sá atburðr er með miklu móti varð, at nesit sprakk í sundr fyrir Olafi Haraldssyni" og dei siglde gjenom neset med tri skip (Ólafs saga, Kria. 1849, s- 13). Fleire av dei nynorske segnene likjest mykje paa denne gamle forteljingi, t. d. denne segni fraa Sunnmøre: "Strømmene i Skøye skal i den ældste tid have været lukkede. Men da Olaf paa en af sine reiser gjennem Søndmøre ikke kunde komme ind Flisnæsfjorden, stevnede han gjennem Ellingsøfjorden mod Strømmene, som strax aabnede sig for ham lige ind til Skøyebugten. Herfra lod han sine skibe trække over et eid, som endnu kaldes Langedraget til Solnørbugten i Ørskaug. Siden den tid har Strømmene været aabne og farbare endog for skibe". (Fylling, Folkesagn I, s. 8). Men medan baade sogeforteljingi og visa um Olavs kappsigling gjev oss den tokken at dette var noko som hende berre denne eine gongen, so gjer folkesegnene det til ein fast eigenskap ved skipet aat Olav at det kunde sigla baade land og sjø. Det hev med andre ord vorte eit eventyrskip av same slaget som Oskeladden hev i eventyri "Lillekort" og "Askeladden og de gode hjelperne" (N. F. I, nr. 24, II, nr. 19; cfr. Campbell, Popular Tales of the West Highlands XVI, og Grimm, nr. 165).

So kjem me endeleg til Olavs strid med trolli. Segner med dette emnet er overlag vanlege i notidi; og ein skulde ha venta at dei vilde ha havt eit tilsvarande rom millom dei segnene som dei gamle sogone for tel. Men røkjer ein no etter, vil ein Anna at den legendariske saga inkje veit aa fortelja um strid med trolli; derimot er det i kap. 14 fortalt um strid med ei margygr. Heimskringla fortel korleis kongen reinskar sætri Grøningar, som var so laga at der kunde "engi maðr vera um nætr fyrir trollagangs sakir ok meinvætta, er þar eru hjá setrinu." Kong Olav laag um natti paa sætri. "En at miðri nótt, er menn váru í svefni, þá lét á stǫðli úti afskræmiliga, ok mælti: 'Svá brenna mik nú bœnir Olafs konungs,' segir sú vættr, 'at eigi má ek nú vera at híbýlum mínum, ok verð ek nú flýja, ok koma aldri á þenna stǫðli síðan´"(s. 450). Denne forteljingi viser korleis uvetti maatte vika for Olav den heilage, men ho er ikkje nokor sermerkt forteljing um strid med troll; ho svipar meir paa forteljingane um djevlar som vert jaga hurt. Den store Olafs saga i Flatøyboki fortel i kap. 23 um striden med margygra og kap. 106 um korleis "Óðinn kom til Olafs með dul ok prettum." Odin kallar seg Gest og talar mykje med kongen um kvelden. Til slutt skynar kongen kven det er "ok tók til tíðabókar er var í sænginni ok ætlaði at slá í hǫfuð Gesti ok mælti: ´Fú vilda ek sízt vera, hinn illi Odinn.´ Segja menn þá svá verða við Gesti at han fœri þar niðr sem hann var kominn." (Flat. II, s. 135; Fms. V, s. 171-172). Dette er forunderleg lite, og det høyrer i stor mun til dei siste utformingane av sogone um Olav Haraldsson.

Vender me oss til soga um Olav Tryggvason, so høyrer me der mykje meir um strid med troll. Ein gong kongen hadde vore i Haalogaland og siglde sudetter fram med landet "varð í þeirri ferð margt til tidenda, þat er í frásagnir er fært, troll ok aðrar illar vættir glettust vid konungsmenn ok stundum við hann sjálfan" (Fms. II, s. 180; Snorre segjer beintfram at han ikkje vil taka med sovorne fraasegner, Hkr., s. 192). Kongen elte ein stor mann som rodde i ein baat, men daa kongen drog inn paa han og hadde kome i tale med han, kvelvde han baaten yver seg og sokk (Fms. II, s. 180). Odd munk fortel at ein gong fór kongen nord til Haalogaland, av di det skulde vera so mykje "trollagang" der, at folket ikkje kunde tola det lenger, og hadde sendt bod til kong Olav. Han tok paa ferdi, og ein gong han hadde lagt til land for natti, bad han mennene sine vera varsame og ikkje gaa i land fyrr um morgonen. Men tvo menn som heldt vakt um natti, var forvitne og gjekk i land likevel. "Kómu til fjalls ok sá þar elda brenna, ok kómu at hellis durum ok sátu úti ok sá at þar váru troll myrg við eld. Þeir heyrðu at eitt tók til orða ok mælti (þat leizt þeim sem vera mundi foringi trollanna): ´Vita munu þér at Olafr konungr er kominn í heruð vár, ok ætlar á morgun upp at ganga ok sækja hingat til bygda várra ok flæma oss á braut.´ " So fortel nokre andre troll um kor gale det gjekk dei, daa dei prøvde aa gjera Olav til meins. Sidan fór Olav yver landet med vigslevatn og song og jaga trolli burt (01. Tr. saga, Kri a. 1853, s. 44—46; cfr. Fms. II, s. 187 f., Flat. I, s. 398 f.).

Det var ikkje berre trolli som Olav var i kast med, men med dei gamle gudane og. Odin kom til han paa Agvaldsnes og tala med han, liksom han gjorde med Olav den heilage (Hkr., s. 180, 01. Tr. s., s. 34, Fms. II, s. 138). Ein gong kong Olav siglde frammed landet, stod det ein stutt og raudskjeggjut mann paa eit berg. Han ropa til skipet, og Olav lagde til og tok han um bord. Han hadde mykje gaman med kongsmennene; kongen høyrde det og fekk mannen burt til seg. Kongen spurde han um mykje, og han svara paa alt. "Þá mælti konungr: ´Hvat folki hefir hér búit á land upp?´ Maðrinn mælti: ´Hér bjoggu risar ok stórt folk lengi hvatt, ok þá kom sótt í lið þeirra ok lifði eigi fleira eptir en tvær miklar konur. Ok þá er menn tóku hér at byggva, þá gerdiz mynnum mikit mein at konunum, ok þat vard órrædi manna at þeir hétu á þetta hit rauda skegg, ok þat gafz þeim ok drap ek konurnar med hamri mínum,´ ok þá er þar var komit, fleygir hann um fram stafninn ok í sjóinn. Þá mælti konungr: ´Djarfr var fjándinn er hann gekk svá nær oss, ok skjótt sótti hann ok undan´ (Ol. Tr. s., s. 44; sjaa og Fms. II, 182—184, Flat. I, s. 397). — Ein gong fór kongen til Haalogaland og vilde kristna landet. Daa han kom til Namdalen, vilde han ut til Raudsøyane og vitja Raud, som hadde eit hov for guden Tor. Raud fekk Tor til aa tjota "skeggrodd sina" mot Olav og mennene hans, og dei fekk hardt vér mot seg, men kom likevel fram til øyi paa slutten. Kong Olav prøvdest med Tor, soleis at dei skulde freista aa draga kvarandre yver ein stor eld. Tor tapte og brann upp, og Raud vart daa kristna (Fms. I, s. 302 ff. Sjaa ogso Flat., I, S- 433-434).

Olav Tryggvason kunde hjelpa andre mot heidningar og troll, um han ikkje sjølv var til stades; fleire gonger naar kjempone er i naud i striden, lovar dei aa umvenda seg og tena kong Olav. Ein gong sende Olav islendingen Torvald Tasalde til Upplandi aat den heidne Baard, som budde i Ulfarsdglum; han skulde henta Baard til kongen. Baard hadde dotter si heime, men elles vart ikkje folk vise med at han hadde menn hjaa seg. Kongen lika ille at Baard ikkje vilde taka ved den kristne trui, og hadde tvo gonger sendt 12 mann til han "ok hafi engir aptr komit". Torvald var viljug til aa gjera ferdi, og vilde hava med seg hirdmannen Sigurd, "en ekki fleira, því at gipt yðr ok hamingja, herra, má oss meira en menn nǫkkurir." Torvald fekk ein duk av Olav med Guds namn paa; den skulde han sveipa ikring seg. Med hjelp av den duken vann Torvald paa Baard og fekk han med til kongen; der vart han døypt (Fms. II, s. 144 ff., Flat. I, s. 380 ff). — Daa Gunnar helming slæst med guden Frøy og held paa aa tapa, "hugsar hann þá fyrir sér, ef hann getr yfirkomit þenna fjándi, ok verði honum auðit at koma aptr til Noregs, at hann skal hverfa aptr til réttrar trúar, ok sættast vid Olaf konung, ef hann vill vid honum taka; ok þegar eptir þessi hugsan tekr Freyr at hrata fyrir honum; ok þvi næst fellr hann" (Fms. II, s. 75, Flat. I, s. 338). — I "Þorsteins þáttr uxafóts", er det fortalt at "þat kom fyrir Olaf konung at flǫgð lægi á Heiðarskógi, svá at þar tœki af vega alla. Konungr skýtr á húsþingi ok spyrr hverir fara vilja at frelsa Heiðarskóg." Ein mann Brynjolv baud seg til, men daa han kom til Heidarskog, fall han i striden med trolli. Torstein uksefot og felagen hans Styrkar drog so av stad og kom i strid med trolli dei og. Daa det leitar som mest paa Torstein, lovar han aa taka ved kristendomen og tena kong Olav so lenge han livde, um han maatte sleppa fraa det med livet, og med det same kom det ein straale inn i romet og trollet miste magti si (Fms. Ill, s. 122 ff., Flat. 1,5.257 ff.).

Denne yversyni hev vist oss at til dei fleste av dei nynorske segnene um Olav den heilage finn ein tilsvarande forteljingar i den norrøne bokheimen. Berre ikkje til dei nynorske segnene um strid med troll, endaa dei no er av dei best kjende. Men i den norrøne bokheimen er sovorne segner knytte til den andre kristningskongen: Olav Tryggvason. Naar det gjeld strid med trolli, hev Olav den heilage fenge det romet som Olav Tryggvason hadde. At segnene um strid med trolli soleis kunde flytjast fraa den fyrste kristningskongen yver paa den andre, er lett aa skyna. Den fyrste kongen som for aalvor prøvde aa trengja dei gamle heidne gudar og uvette undan, maatte og vera den som fyrst og mest kom i strid med dei. Ved Olav den heilage er det meir tale um dei vonde magtene som kristendomen visste aa fortelja um: djevlane. Møtet millom Odin og Olav den heilage synest nærast aa vera laga etter forteljingi um møtet millom Olav Tryggvason og Odin paa Agvaldsnes.

So lenge folk greidt heldt uppe minnet um dei tvo Olav’ane, var det mest sjølvsagt at Olav Tryggvason var den som dei maatte tenkja seg som stridsmann mot trolli. Olav Tryggvason var den ljosleitte, høge, rakvaksne kjempa, idrottsmannen framum alle, "gleðimaðr mikill", den venesæle rauste hovdingen, som kom og kvarv paa ein forunderleg maate, so heile livet hans vart som eit eventyr. Han var ikkje berre den kristne kongen, men ogso nordmannakongen, som fall for fiendehand langt fraa heimlege strender, og som heile folket, fraa den øvste til den nedste, sytte og ynskte attende. Olav den heilage var lite folkekjær. Han hadde i si siste tid mest heile landet mot seg, og um han kunde ikkje folkesegni so lett leggja si hildring og gjera han til helten i forteljingar som heilt eller halvt røttest i gamall tru. Men kyrkja gjorde han til det store heilagmennet, og fyrst etter dauden var det at han kom til aa gjera sine fleste underverk. Han trengde etter kvart den fyrste Olav’en attende, og i folkeminnet, som ikkje lenge kann halda dei historiske linedragi klaare og reine, rann dei tvo Olav ane saman, soleis at det den eldre Olav'en hadde gjort, vart flutt yver paa den yngre. I folkesegni kom Olav den heilage til aa raada grunnen aaleine. Me treng ikkje her byggja paa aalmenne slutningar — som elles er bindande nok — men me kann i fleire høve sjaa korleis Olav Haraldsson hev soge til seg segner som upphavleg var knytte til Olav Tryggvason.

Den forteljingi me alt hev nemnt, um korleis Olav Tryggvason kom til Raud paa Haalogaland, fortel dei no i Nordland soleis:


Da Saint Olav strævede med at kristne folket i Nordland, kom han ogsaa til Saltenfjorden. Men det var rent umuligt at komme ind over fjorden; for hver eneste dag blæste østenvinden saa sterkt, at kongen og hans mænd ikke kom et "spand fram", skjønt de roede og sled af alle livsens kræfter. Det var "Godø-Rauden", som blæste ud for at holde Olav borte fra sin gaard, og ved sin trolddom forgjorde han veir og vind saaledes, at det i syv samfulde aar hver eneste dag blæste og føg ud igjennem fjorden. Siden har det været et ordtag blandt folk paa de kanter, naar østenvinden er altfor sterk og langvarig, at det er "Godø-Rauden", som blæser ud. Da saa Olav ikke kunde komme ind over fjorden og igjennem Saltstrømmen, holdt han syd om Strømøen for at slippe ind igjennem Sundstrømmen. Men ogsaa her var Rauds troldkunst i fuld gang, og det røg ligesaa godt ud igjennem Sundstrømmen som igjennem Saltstrømmen. Saa gik kongen frem i stavnen paa sit skib med sin stridsøkse i haanden og hug den fast i berghammeren, mens hans rorsmænd pustede ud efter taget; men end nu den dag i dag ser man merkerne i haarde fjeldet efter øksens eg. Længere frem i Strømmen stødte han til en fjeldknat med sin knyttede haand, og straks gik der et hul i berget, saa stort, at kongens mænd kunde stikke trossen igjennem og saa skibet fortøiet. Efterat de havde taget sig tilstrækkelig hvile, tog de atter basketag med den forgjorte østenvind og lagde tillands østenfor Godø. Raud, som ikke ventede kongen fra den kant, blev fangen og dræbt, men hans guld og gods blev kongens eiendom" (Nicolaissen, Sagn og eventyr fra Nordland II, s. 89 ff.).


Ei islendsk segn kunde so seint som i den tidi Arne Magnusson var ung fortelja um at Olav Tryggvason raaka ein bergbue ein gong han laag med skipet sitt nedunder eit berg. Kongen spurde bergbuen kor mange menn han hadde, og han svara:


"Eg hefi tólf báta fyrir landi,
og tólf menn eru á hverjum bát,
tólf seli drepr hver maðr,
og i tólf lengjar er skorinn hver selr,
og hver lengja er skorin i tólf stykki,
þá eru tveir um toddann,
og teldu þar af, kóngr."


Medan kongen rekna dette ihop, fekk bergbuen trolla skipet inn i berget, og hadde ikkje Torgeir stjakarhovde sett ein bjelke imot, so hadde skipet vorte drege inn i berget (ísl. þj. I, s. 164—165). Møtet med trollet, som paa denne underlege maaten fortel kor mange menn det hev, finst ogso i den færøyske visa "Trðllini i Hornalondum", men der er det Olav Haraldsson som spør. Her hev den islendske traditionen halde paa det upphavlege, med an den færøyske (norske) hev skift konge; at den islendske segni skulde ha bytt um namnet fraa Olav den heilage til Olav Tryggvason er urimelegt og utan noko sidestykke. I visa um Heilag Olavs kappsigling hev kongen skipet Ormen snare, endaa skip med namnet Ormen berre er kjende fraa soga um Olav Tryggvason.

Desse resultati gjer heile teorien um Olav den heilage som arvtakar etter guden Tor i striden mot trolli noko tvilsam. I alle høve synest det aa vera noko sekundært som hev kome upp i seinare luten av millomalderen i norske bygder, der minnet um Tor hev halde seg friskt lenge etter at kristendomen vart innførd.


IV.


Fil:Gerhard Munthe - Åsmund and the Princess riding Home - Google Art Project.jpg
"Åsmund og prinsessen rir hjem". Maleri av Gerhard Munthe fra 1902–1904 til folkevisa om Åsmund Frægdegjævar som redder prinsesse Ermelin fra fangenskap i Trollebotnen. (Nasjonalmuseet.)

Sidan baade rímur’ne og visa um Aasmund Frægdegjæva nemner Olav Haraldsson, maa det sams grunnlaget for baae ha havt dette namnet. Men ser me nærare paa det som vert fortalt, likjest det so mykje paa nokre norrøne forteljingar som er knytte til Olav Tryggvason,. at det er i soga um han at dei fleste dragi av den gamle soga um Aasmund Frægdegjæva maa hava grunnlaget sitt.

Torgerd Hukebrur fortel i visa at ho vilde taka livet av kong Olav seint ein joleftans kveld. Ho tok kongen paa ryggen og vilde bera han av stad, men daa ho kom i "durahallen", vart han for tung for henne. So kom det fram ein prest, ein "vigslekall", og slo henne med skraa i skallen,


"eg kjenner enno de svier“.

Dei skvette eld aa eimyrja

aa vigsale-vatne vie,
vigsale kom daa der eg sto,
vigsale monne meg svie.
De fornam eg paa londo deires
eg aatte der ingjen fre,
so sprette eg belte av kong jens rygg
aa sokk i jori ne.
(Landstad I, v. 41—42).


Dette er paa lag det same som trolli fortel den gongen daa kong Olav ligg nord med Haalogaland, og tvo av mennene hans gjeng i land (sjaa s. 43). Daa det eine trollet hev fortalt at Olav Tryggvason var komen dit, segjer eit anna troll:


"Þat horfist illa til því at ek mun segja yðr at eitt sinn bar okkarn fund saman. Ek átta bygð í Gaulardal suðr skamt frá Håkoni jarli, vin minum, ok varð mér úhagligt skipti er så kom í staðinn, því at vit jarl áttum saman margan félagskap. Ok eitt sinn er konungs menn léku nær bygð minni, þótti mér illt háreysti þeirra ok úþokki var mér at þeim ok réðumk ek í leikinn með þeim, svá at þeir sá mik eigi, ok skildumk ek svá við þá at brotin var hynd á einum, ok annan dag þá braut ek fót á Qðrum, ok þótti mér þá mjok vænliga horfast. Ok hinn þriðja dag kom ek til leiks, ok ætlaða ek þá at gera þeim hríð einhverjum, ok er ek tók hǫndum um einn, þá greip sá at síðum mér, ok þótti mér brenna undir hans átaki ok vilda ek gjarna undan, en þess var eigi kostr, ok vissa ek þá at konungr var þar, ok allsstaðar þess er hann fór hǫndum um mik, þá brann ek, ok hefi ek aldrigi jafnvésæll orðit, ok varð þat loks at ek leitaða niðr í jorðina ok fór ek síðan í braut ok norðr hingat." Þá mælti annarr djǫfull: "Ek kom þar sem konungr var á veizlu, ok vilda ek gera honum svik með drykk, ok brá ek á mik konulíki fagrar, ok stóð ek með horn hjá trapizu ok vel búin, ok um kveldit er konungr sá mik, rétti bann til mín hyndina ok til hornsins, ok hugða ek þá gott til, ok er hann tók við horninu þá laust hann í hgfuð mér ok svá mikit hygg, at ek hugða at haussinn mundi brotna, ok varð ek þá at neyta hinnar neðri leiðar, ok hefi ek slíkt af fengit okkrum fundi." Ok þá mælti hit þriðja troll: "Ek vil segja yðr hvé mér fór. Ek kom í þat herbyrgi er konungr hvíldi ok byskup í annarr i rekkju, ok brá ek á mik konu syn vænnar". Konungr mælti: "Þú kona, gakk ok klá fót minn!" ok svá gerða ek ok kló ek fœtr hans ok lét ek vaxa í kláðann mjyk. Síðan sofnaði konungr, ok þá gægðumk ek upp yfir hann ok ætlaða ek þá at styrma yhr honum, ok í því þá rak byskup bók á meðal herða mér, ok varð mér svá illt við at hvert bein brotnaði, ok varð ek þá at neyta hinnar neðri leiðar. En byskup vakti konung ok beiddist at sjá fótinn ok var þá komit i drep ok skar byskup ór flekkinn ok gerðist þá heilt eptir. Nú má ek slikar min jar hans hafa." (01. Tr. s., s. 45).


Det er lett aa sjaa at det Torgerd fortel i visa er av nettupp same slaget som desse tri forteljingane. Me hev i allesaman trollet som i løynd kjem til kongen og vil gjera han mein, men maa søkka i jordi og paa den maaten koma undan. I den tridje forteljingi i Olav Tryggvasons saga hev me vigslekallen, biskopen, som slær til trollet i hovudet med ei bok, og i den fyrste er det fortalt um eit fangtak med sjølve kongen, og so snøgt trollet fekk tak i kongen, kjende det kor det sveid. Vigslevatnet er umtala baade i soga og visa, berre med den skilnaden, at i soga er det dagen etter at kongen gjeng i land og skvetter vigslevatn vide ikring og soleis jagar trolli undan. I den formi som forteljingane aat trolli hev i Flatøyboki, er det eit par einskilde ting som minner merkeleg um visa. Det andre trollet segjer: "Gekk ek inn síð um kveld þá er Olafr konungr hélt eina mikla veizlu" (Flat. I, s. 399); dette svarar til "so seint um ein joleftaskvelli" i visa. Det tridje trollet segjer at det fekk eit hardt slag i hovudet av boki, "ber ek æ síðan hallt hyfud ok verðr aldri verklaust" (Flat. I, s. 400); dette svarar til visa: "dei slo meg mæ skraa i skallen — eg æ kje heilbrigda enno og "eg kjenner enno de svier" um vigslevatnet.

Fleire av dei einskilde dragi i desse forteljingane kjem ofte att i samanheng med strid mot uvetti i umvendingssogor. Daa Agde jarl kjem til Olav Tryggvason i joli og vil drepa Torstein Bæjarmagn, so møtte det han ein hite so sterk, at han torde ikkje gaa inn, men laut snu. Daa kom kongen til "ok sló hann með gullbúnu refði í hyfuðit, en hann steyptist niðr í jyrðina (Fms. III, s. 196). Daa Odin kom til kong Olav den heilage, tok kongen "tíðabók ok ætlaði at slá í hyfuðit Gesti“, og Odin (= Gest) laut daa søkka i jordi (Flat. II, s. 135). I fornaldarsogor og islendske eventyr møter me fleire gonger det draget at trolli kjem upp or jordi og søkk ned i jordi (sjaa t. d. Fas. Ill, s. 471, ísl. þj. II, s. 333). — Liksom Olav Tryggvason og bispen fer ikring paa Haalogaland og skvetter vigslevatn, soleis gjeng bispen i Þorvalds þáttr Koðránssonar "með bœnum ok sálmasǫng, ok dreifði vatninu umhverfis steininn", der det uvettet bur som Kodraan hev til spaamann og trur paa, og vigslevatnet brenner uvettet (Fms. I, s. 262—63). I "Bárðar saga Snæfellsáss" skvetter presten Jostein vigslevatn mot uvetti og held dei soleis undan (s. 42). Denne maaten aa jaga burt trolli paa er laant fraa forteljingar um koss dei jaga burt djevlar. I Thurkils vision fortel ein djevel at han tok paa seg kvinneskap og vilde inn i koret i ei kyrkje; men diakonen kom til og skvette vigslevatn paa han, so han maatte røma det fortaste han kunde (Flores historiarum III, s. 198).

Dette at fleire av dei dragi som er sams for Aasmunds-visa og forteljingane i Olav Tryggvasons saga, er so aalmenne i kristnings-segnene, synest ved fyrste augnekastet aa gjera dei store likskapane me hev peika paa mindre verdfulle, naar det gjeld aa prova ein serleg samanheng millom dei segnene som Odd munk fortel og Aasmunds-visa. Men at ein sovoren serleg samanheng verkeleg er der, ser ein grant av tvo ting. For det fyrste at det er menn som er i teneste hjaa kong Olav som høyrer paa at jøtunen fortel kva som hende han daa han kom i kast med kong Olav. Det er soleis ikkje berre forteljingane som er like, men raama kring dei er den same baae stadene; og denne raama er so sermerkt, at ho i sogone berre er knytt til det eine hendet fraa Haalogaland, og i folkeviseheimen finst ho berre i visa um Aasmund Frægdegjæva. Ein slik merkeleg likskap baade i raama kring forteljingane, og i forteljingane sjølve kann ikkje vera eit tilfelle. Den same segni som Odd munk fortel, maa vera yverførd til Aasmund Frægdegjæva. Det Torgerd fortel kjennest daa og som eit innskot, eit innskot av ei slik uvanleg lengd, at ein kunde verta freista til aa tru at det var ein leivning av ei sjølvstendig vise, um ein ikkje visste at det ogso elles var berre ein bolk av ei forteljing um strid mot troll. For det andre veit me at Torgerd. Holgabrud var knytt til den haaløygske jarle-ætti, ho var ei ætte-gydje. (Sjaa Gustav Storm, Arkiv f. nord. 61. II, s. 124 ff). Som Storm hev vist, vart ho etter kvart meir og meir tenkt som eit troll; i Harðarsaga Grimkelssonar er ho syster til den vonde haugbuen Sote; i Ketill Hængs saga fer ho saman med Skelking fraa Dumbshav og Ofote fraa Ofote-fjord og andre storvette nordanfraa landet til trolle-tinget[6]. Men no fortel det fyrste av dei trolli som talar i Olav Tryggvasons saga: "Bygð min var i Gaidardal skamt frá Hlǫðum ok átta ek vinåttu vid Håkon jarl ok gaf hann mér góðar gjafir" (Flat. I, s. 399, Fms. II, s. 186). No er Torgerd Holgabrud ogso kalla venen aat Haakon jarl, og han hadde eit gudehov for henne i nærleiken av Lade. Dette trollet paa Haalogaland er daa kanskje tenkt som Torgerd Holgabrud sjølv; men anten dette er so eller ei, maa det ha lege kavende nær for ein som kjende baade forteljingane um Torgerd og segnene hjaa Odd munk aa knyta dei saman, soleis at det trollet som talar vart Torgerd Holgabrud. Det er det som er gjort i visa um Aasmund Frægdegjæva.

Me hev enno eit døme paa at Torgerd Holgabrud var i strid med ein mann som (sidan) var hjaa Olav Tryggvason. Torgeir stjakarhovde var "stafnasmiðr á Orminum langa" (Flat. I, s. 433—434). Etter Þorgeirs rímur stjakar-hðfða fór Torgerd Holdabrud med trolldom mot han og prøvde aa fjetra hesten hans daa han reid "á Heiðarskóg". Etter Arne Magnusson var Torgeir stjakarhovde med og hjelpte Olav Tryggvason ein gong eit troll heldt paa aa faa Olavs skip inn i berget (den same segni som me fyrr hev tala um i samanheng med visone um Olav den heilage, s. 47). Sjaa meir um dette emnet i "Huld" (I, s. 19), der rimur’ne er prenta[7]


V.


Etter som denne etterrøkjingi hev skride fram, hev det vorte klaarare og klaarare kvar forteljingi um Aasmund Frægdegjæva hev røtene sine. Etter at me hadde skilt ut dei reint eventyrlege tilsetningane, førde alle traadar mot ein og same segnkrinsen: dei kristningssogone som knyter seg til Olav Tryggvason. Me hev set korleis ein einskild bolk, møtet millom St. Olav og Torgerd Hukebrur, utvilsamt gjeng attende til ei segn, som knyter seg til ei kristningsferd som Olav Tryggvason gjorde til Haalogaland. Me hev ogso set at fleire drag, serleg i den islendske forming! av forteljingi um Aasmund Frægdegjæva, tydeleg viser mot norrøne forteljingar um korleis Olav Tryggvason fekk folk til aa taka paa seg faarlege sendeferder mot heidningar. Me hev soleis nemnt forteljingi um Torvald Tasalde (sjaa s. 44), som vart send til Upplandi mot den heidne Baard; kongen hadde tvo gonger fyrr sendt menn til han, men det hadde gjenge som i Aasmunds-visa at "ingjen av dei va komen atte“. Endaa større likskap med "Aasmund Frægdegjæva" hev bolken um trolli paa Heidarskog i Porsteins þáttr uxafóts (sjaa s. 45). Der hev me tilburden i kongshalli daa kongen vil senda menn mot trolli; der og gjeng det gale med den fyrste sendeferdi, men so prøver Torstein seg og vinn paa trolli.

Men visa um Aasmund Frægdegjæva hev soge tilfang fraa ein annan kant og: fraa soga um Torkell Adelfar. I "Sakses Oldhistorie" II hev Axel Olrik med avgjerande prov vist at denne forteljingi er av norrønt upphav og at ho høyrer til den "literaturgruppe, der staar fornaldarsagaerne allernærmest, nemlig den store række eventyrlige fortællinger fra kristningstiden, der især samler sig om kong Olav, og hvoraf vi har en mængde i islandske þættir og rimur i færøske kvæder og norske folkeviser" (s. 133). Fraa denne soga er daa fyrst og fremst namnet Torkell Adelfar kome inn i visa. Moltke Moe tenkte seg at det var gjenom lærd paaverknad ved ei umdikting i ein prestegard i 17de eller 18de hdr.[8]. Men det var berre ei gissing fraa hans side, og etter det som me hev funne ut um upphavet til visa, held eg ein slik lærd innverknad for reint urimeleg. Visa um Aasmund Frægdegjæva stod so nær soga um Torkell Adelfar, at ho lett kunde laana drag fraa henne. Og at eit slikt einskilt namn kann vandra yver fraa ei dikting til ei onnor, hev me fleire døme paa. Eg skal taka det næraste. Torkell Adelfar er nemnd i Aasmunds-visa nettupp paa same maaten som Aasmund Frægdegjæva sjølv er nemnd i visa um "Ungan Herredag". Der er det jamvel same tilhøvi med sigleferd og skip og mannskap som skal veljast ut:


Læg inkie ud di smaa skudan,
og læg dem inkie paa sund!
tag nu du den dyre knurren,
som er bygt paa Oustad-grund!
Tag saa med drug snappan Shiran svend,
og saa han kappan Tor,
og saa han Osmund flagdekiempe,
som boer i biærget noer!
(DgF. IV, s. 691).


Eg veit elles ikkje noko døme paa lærd innverknad paa desse visone, eller paa nokor umdikting i prestegardane. Saman med namnet Torkell Adelfar hev kanskje den underlege episoden um beltet, som finst i mange uppskrifter, kome inn. Det vert fortalt at Aasmund spør gygri kvar ho hev fenge det breide beltet fraa, og ho segjer daa at ho tok det av kong Olav den gongen ho vitja han jolekvelden. No er det fortalt i soga um Torkell Adelfar at han millom anna fekk sjaa eit overlag kunstfullt belte. Men der er det ikkje noko troll som ber det[9].

Skildringi av hallene i visa hev my kje som minner um Geirrødsgarden i Torkell Adelfars soge (sjaa s. 26), men som det fýrr er halde fram, er likskapane altfor aalmenne. Sumt peikar til andre kjeldor. Forteljingi um korleis Aasmund fer fraa hall til hall og til slutt finn jomfrua, er, som fyrr nemnt, eit eventyrdrag (sjaa s. 33). Dukane som "va oto bloi dregne" minner um silkeserken i "Þorsteins þáttr uxafóts": "hann var því líkastr sem hann væri þveginn í mannablóði" (Fms. III, s. 125).

I kappleiken millom Torgerd og Aasmund er dei fyrste prøvone fallne ut or den norske visa (aa vada eld og hogga tri gonger paa berre foten, "beides bekannte proben der sogenannten berserkir", Konr. Maurer: Isländische Volkssagen, s. 309). Den tridje leiken er sams for soga og visa. Etter soga gjev Torgerd ein "naglatein" til Aasmund og bed han smida seks gloande naglar. Ho skal gløypa tri og han tri. Han gjer so, og Torgerd gløyper tvo naglar, men Aasmund tok og signa den tridje, og so snøgt ho hadde fenge den i seg, vart ho liggjande magtlaus, medan Aasmund gjekk attende til mennene sine. — Uppskriftene av visa fortel dette paa ymse maatar. Dei talar stødt um det gloande jarnet, men koss det vart bruka, er det ymse meiningar um. I nokre variantar narrar Aasmund gygri til aa gløypa gloande jarn:


"Høyrer du, Aasmund Frægdegjæva
no vi eg spyrje deg:
hosse hann dee bera ti,
at du æ frægdar, hell eg?"
"Høyrer du, Targjær Hukebrur!
no svarar eg deg av tru:
Eg hev sopi eitl gloandes jønn,
di æ eg frægdar, hell du."
""Høyrer du, Aasmund Frægdegjæva!
hot eg be´e deg:
du hitar dæ jønne gloheitt
aa send dæ so hit te meg!“
Dæ va Aasmund Frægdegjæva,
rok han te mæ avle,
rok han te den skome gyvri,
so odden sto i hennars navle.
(Berggreen 2, v. 22—25).


Det er elles det vanlege i segnene at trolli vert drepne med sverd, og i sume av variantane av "Aasmund Frægdegjæva" er dette blanda saman med hituleiken, soleis at det fyrst er tale um aa glohita jarnet og senda det til gygri, men etterpaa høyrer me at Aasmund høgg til gygri og kløyver henne ned i navlen. Soleis er det t. d. i Landstads tekst.

Alt Landstad trudde at det var Tors strid med Geirrød som laag til grunn for hituleiken (Folkev. s. 17). Snorra Edda fortel at Geirrød let Tor henta inn i halli til kappleikar. Daa Tor kom midt framfyre Geirrød, tok Geirrød gloande jarnsinder, ei jarnglo, og kasta mot Tor, men han tok imot og kasta jarngloi attende, so ho fór tvert igjenom Geirrød. Denne forteljingi høyrer til same typen som forteljingane um strid med jøtnar i fornaldarsogone; soleis finn me det vanlege draget at ryggen vert broten paa trollkjerringane (døtterne til Geirrød).

Moltke Moe tenkte seg at det i visa um Aasmund Frægdegjæva kunde vera merke etter lærd innverknad paa den formi hituleiken der hadde fenge[10].

Det skulde vera nemningi av Geirrødsmyten i Saxos forteljing um Torkell Adelfar som var grunnen til ein sovoren sekundær innverknad paa visa. Men denne tanken synest kvila paa ei mistyding av teksti. Aasmund skal "sende Torgerd jarnet, og det stend at han 'rok' det inn gjenom frægdeginet og utatter med navle. Men "senda" tyder her "fli“ og at "reka“ ikkje kann tyda "kasta", "driva", men nærast "renna" ser ein grant av samanhengen. (Naar det er lagt til "mæ avle", so er det berre innverknad fraa den vanlege folkeviseformelen um kjempa som høgg til "med avle" og kløyver motstandaren heilt "i navle"). Dessutan talar versionane um aa gløypa jarnet. Det er soleis hituleiken mest i same form som me kjenner han fraa den islendske sogetaatten. Soga um Aasmund hev daa vel alt fraa fyrste stund havt denne formi av hituleiken.

Men hev no i det heile hituleiken noko med forteljingi um Tor i Geirrødsgarden aa gjera?

Ein høyrer ofte tale um gloande jarn i samanheng med yvernaturlege vette (gloande jarnstong, gloande sopelime), og det er tale um at det gloande jarnet vert kasta; men ein kappleik med gloande jarn finn ein berre i Geirrøds-myten og i soga um Aasmund Frægdegjæva[11]. Det stend i Snorra Edda at Geirrød let kalla "Fór i hǫllina til leika", og den tridje prøva heiter hitur-leik i den islendske formi av soga um Aasmund. Dinæst er det baae stadene fortalt at dei tek det gloande jarnet med ei tong. Mytane um Tor var vel dei som heldt seg lengst og best av dei gamle forteljingane um æser. Hamarhentingi er emnet i Tors-visa, og gong paa gong finn ein Tor nemnd i visone; stundom er han fienden aat trolli, stundom er han tenkt som troll sjølv (sjaa Kappen Illugjen, Herredags-visa, Genselin-visa, Runda-visa og det færøyske Sjúrðar-kvæði). Ogso i visa um Aasmund Frægdegjæva er Tor nemnd i fleire oppskrifter:


"Du æ inkje den frægdasie
i adde lðndi du:
Tor´e tor hita gloheite jønni,
aa derfør œ ’n frægdar hell du"


eller:


(Tor) han kann gløype gloheite jønni,
derfør æ ’n frægdar hell du.


Dette synest aa visa at diktaren av Aasmunds-visa anten hev kjent att Geirrøds-myten i grunnlaget for visa, eller at det hev vore eitkvart der som hev sett han paa tanken um kappleiken med Geirrød. Merkande er det og i denne samanhengen at Saxo fortel Geirrøds-myten i soga um Torkell Adelfar, som visediktaren maa ha kjent. Elles er det utum visone fleire minne um Tor i folkediktingi, t. d. den velkjende Urebø-segni fraa Rauland i Telemarki. I norrøne eventyrdiktingar fraa ei sein tid er Geirrød og Geirrødsgarden nemnde; i Torstein Bøjarmagns saga er det fortalt um ei ferd til Geirrød i Geirrødsgarden paa Olav Tryggvasons tid; etter yngre handskrifter av Orvarodds saga dreg Ogmund Øytjovsbane "til Geirroðar jytuns í Geirroðargarði" (Boers utg. 1888, s. 134); i Samsonar saga fagra er det fortalt at den staden der Geirrød fall heiter Geirroðargarðar. Tor og Torgerd Hukebrur er nemnde saman i visa; Torgerd meiner at Aasmund ikkje er den frægaste, for Tor er den frægaste som bur der i landet. Ein kjem ved dette liksom av seg sjølv til aa tenkja paa at Tor og Torgerd skulde vera dyrka saman og bilæti deira staa i same hovet (Njaala, kap. 88), men det er sjølvsagt at difor treng ikkje traditionen i Aasmunds-visa ganga attende til ei sovori dyrking.


__________


Naar ein les visa um Aasmund Frægdegjæva, kann ein ikkje anna enn leggja merke til kor laust ho er bygd. Serleg merkar ein det i bolken um upphaldet i Trollebotn og møtet med Torgerd. Der er t. d. det Torgerd fortel um daa ho kom til Olav den heilage, eit innskot so langt at ein finn ikkje maken i nokor onnor norsk folkevise. Kjensla av dette usamanhangande vert endaa sterkare, naar ein les igjenom alle variantane; heile siste bolken um heimferdi fraa Trollebotn kann vanta, og ein kann ikkje segja at visa hev tapt noko paa det, tvertimot kj en nest ho meir heilstøypt. Det finst ei mengd avbrigde, som tydeleg viser seg aa vera nylagingar, og fleire gonger syner det seg at desse nylagingane ikkje rett høver med det gamle; det vert braae skifte og motsetningar som ikkje heilt er utjamna.

Berre dette gjev oss ein mistanke um at vise-emnet ikkje hev runne av ei rot berre; og den etterrøkjingi me no hev ført til endes, viser oss at so er det. Visa byggjer paa ei kristningssoge av det slaget me ofte møter i norrøn bokheim. Men det er ingi gamall kristningssoge, men nærast ei ny dikting paa gam alt grunnlag, ei ny dikting som hev laant drag fraa ymse kantar.

Denne nydiktingi hev alt fraa fyrste stund sett hendingane til Olav Haraldssons tid, og han hev vore med i soga; men ho hev laant heile sin svip og mange einskilde drag fraa segner som fyrst var knytte til Olav Tryggvason. Me hev her ei yverflytjing fraa eldre til yngre personar som ein so ofte møter i segnverdi; ei yverflytjing av same slaget som naar Karl den store laaner drag fraa Karl Martell. Det er ogso laant eit namn og kanskje ymse smaa drag fraa soga um Torkell Adelfar, og kanskje eit einskilt drag fraa Geirrøds-myten. Alt dette er sett inn i ei eventyr-raame, og hev i mange variantar fenge ei tildikting i eventyrstil um heimferdi fraa Trollebotn.

Paa Island hev den upphavlege soga um Aasmund vorte umdikta til rimur, og hev der og fenge ei eventyr-innleiding, og dessutan ei litterær tildikting etter Volsa-taatten. Baade den norske og den islendske formi hev kvar for seg halde paa drag som den andre ikkje hev, men som hev havt heime i grunnformi av Aasmunds-segni. Parallelar til den utviklingi som her er skildra, skal me sidan finna i andre eventyrvisor.

Fotnoter

  1. Skrivemaaten er her retta noko paa; jomfru Crøger hev ei svært ustød rettskriving, og hev dessutan misskrive seg fleire gonger. Eit par stader vantar det noko i original-manuskriptet; det er her sett til i klomber. Maalføret synest nærast aa vera fraa Seljord, men hev fleire former som peikar mot dei vestlengste bygdene i Telemarki.
  2. Landstads samandrag er berre nytta her og der, av di det var best aa herma Saxo ordrett, der det var torv til det. Jørgen Olriks umsetjing er nytta (II s. 120 ff.).
  3. Ei uppskrift hev "faa av di høgre hand" og det er vel nærare det rette: Aasmund skal hogga hovudet av folen med sverdet.
  4. Ei onnor uppskrift hev:
    Seiled han over de Skaaner-knolde,
    ud da løb de stnaa trolde alle.
    Ud kom kærling med rok og ten:
    hvi seiler du gjennem min vindues-veg?
    (DgF. 50 B. v. 22—23).
  5. Dalane der Mon-elvi og Søgne-elvi gjeng, skal vera faret etter skipet hans (Storåker, s. 99); cfr. Louvain-legenden: "scissura in monte mansit usque in hodiernum diem“ (Mon. hist. Norv. s. 278).
  6. Cfr. den merkelege stubben som Johannes Skar hev i "Gamalt or Sætesdal V, s. 136 um "Hukebru Haukelid"; ho "var rik og svær; ho turfte 24 alner i follarne og fanget, og mannen 12 alner i dei felte buksorne."
  7. Utgjevaren av rímur’ne um Torgeir stjakarhovde held det for uvisst um dei segnene Arne Magnusson hev sett attaat rimur’ne verkeleg gjeng paa den same Torgeir. Men det er ingen grunn til aa draga Arne Magnussons ord i tvil her; tvertimot: naar Arne Magnussons forteljing er so ulik det rimur’ne sjølve fortel, er det eit prov for at han ikkje sjølv hev knytt segner og rimur saman ved ei slutning han hev gjort; han maa ha visst at det var den same mannen det galdt i baae høve.
  8. Olriks, Sakse II, s. 135, anm. 1. — Moltke Moe heldt ogso ein gong fyrelesningar yver visa um Aasmund Frægdegjæva. Det var ei gjenomgaaing av dei einskilde vers og segndrag, mindre ei utgreiding um heile viseemnet. Han naar soleis ikkje fram til nokor jamføring med dei kristningssegnene som er knytte til Olav Tryggvason. Resultati av granskingane sine gjev han soleis: "Baade Aasmundsvisen og den islandske rime er uavhængige poetiske omformninger av et sagnstof, der i prosaform, som en egen saga eller en sagataat, har levet paa Island. Sandsynligst forekommer det mig at denne saga er blit overført — skreven eller gjennem mundtlig tradition til Færøerne og at disse øer er vor vises vugge. “ Kva standpunkt eg hev til desse meiningane, vil ein sjaa sidan i denne utgreidingi. Sjølv hev eg, fyrr eg hadde set den ulika stoda dei tvo Olav’ane hadde i segnene, uttala at visa um Aasmund Frægdegjæva maa byggja paa ei soge um daa kong Olav kristna Norig (Maal og Minne 1911, s. 204). — Moltke Moe trur at namnet Engelbrett (Alebrett osb.) hev kome inn fraa andre folkevisor med dette namnet: "Alebrett og Lindeli" (— DgF. 311) og "Albrett og Signelil* (— DgF. 83). Like eins meiner han at namnet Ermelin er kome fraa "Hr. Tønnes’s vise" (= DgF. 34).
  9. Eit merkelegt belte som Haakon unge skuldar Audun Hestakorn for aa ha teke, er umtala i den færøyske Eyðuns rima:
    Beltið breitt og búgvið var,
    sett við dýrum steinum,
    lað kom ikki um bróður mins bak,
    fyrr enn jóladagin eina.
    (Fær. anth. I, s. 121, v. 7; cfr. v. 8 og 9 )
  10. Etter fyrelesningar. Etter dei upplysningane han sidan hev gjeve til Koht (Gamalnorske eventyr um Oden og Tor, s. 47) synest han nærast aa vera komen burt fraa denne tanken.
  11. Kappleik med ein gloande gull-ball i þorst. s. bœjarm. Fms. III s. 186.