Soga um Eirikssønine

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif
Eiriksønnernes saga
Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif
Soga um Eirikssønine


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Eiriks-sønine

[961—963]


1. Eirikssønine tok kongedøme yvi Norig, daa kong Haakon var fallin. Harald vart mest æra av alle brørane, og han var eldst av deim som daa livde. Gunnhild, mor deira, som vart kalla kongemor, var mykje med i landsstyringi med deim. Hovdingane i lande var daa: Trygve Olavsson aust i lande og Gudrød Bjørnsson paa Vestfold, og Sigurd Ladejarl i Trondheim, men sønine hennar Gunnhild hadde midlande den fyrste vetteren. Daa gjekk de ord og sendemenn millom Gunnhildsønine og Trygve og Gudrød, og dei vart forlikte soleis, at dei skulde hava likso mykje av rike til len av Gunnhildsønine som dei hadde havt fyrr av kong Haakon. De var ein mann som heitte Glum Geireson; han var skald aat kong Harald og ein modig mann; han dikta denne visa, daa kong Haakon var fallin:

Herleg hev no Harald
fengi hemn for Gamle;
fiendane beit i bakken,
burt han med siger gjekk.
Svarte ramnar av saare
syger blod paa Haakon.
De spurde eg, at sverde
svinga vart i blod.

Denne visa vart godt lika. Og daa Øyvind Finnsson spurde dette, kvad han den visa som me hev uppskrivi fyrr:

Staven, som kjeften spanar [sjaa s. 113].

Denne visa vart og mykje sungi. Men daa kong Harald spurde de, so klaga han Øyvind paa live for dette, til dess venine deira forlikte deim, soleis at Øyvind skulde verta skalden hans, sameleis som han fyrr hadde vori skalden til kong Haakon. Dei var nærskylde med kvarandre og, daa mor hans Øyvind, som heitte Gunnhild, var dotter hans Halvdan jarl, men mor hennar var Ingebjørg, dotter til Harald Haarfagre. Daa kvad Øyvind ei vise um kong Harald:

Lite, dei segjer, du miste
mode, Hordalands konge,
naar saar-regne brast paa brynjur,
og bogane hardt vart spana,
naar du dei snarpe sverdi
svinga nakne i handi,
og naar du, Harald, vilde
hungren paa ulvane stilla.

Gunnhildsønine sat mest i midlande, av di dei totte ikkje de var trygt aa sitja under hendane paa trøndine eller vikverjane, som hadde vori dei beste venine aat kong Haakon, og mange stormenn var de og paa baae stelle. Daa fór de menn til aa faa gjort forlik millom Gunnhildsønine og Sigurd jarl, av di dei ikkje fekk nokon skatt av Trondheim fyrr, og enden vart, at kongane og jarlen vart forlikte og gjorde eiden sin paa de. Sigurd jarl skulde hava de same rike til len av deim i Trondheim som han hadde fyrr av kong Haakon. Daa var dei forlikte aa kalla. Um alle Gunnhildsønine vart de sagt, at dei var knipne, og dei gøymde lausøyre i jordi. Um dette gjorde Øyvind Skaldespillar ei vise:

I Haakons heile alder
paa hendane jamnan bar me
sæde, som stor-tøke kongen
straadde paa Fyrisvollen[1].
No hev folketienden
i fange paa moder aat Tor[2]
gøymt de dyre mjøle
dei mol i Frode-garden[3].
Hovudbande til Fulla[4]
fagert skein paa armen
aat skaldane i heile
Haakons livealder.
No er elvesoli[5]
avgøymd i svarte jordi;
med rangvise raadir og rame
rikjer dei stride herrar.

Daa kong Harald høyrde um desse visune, sende han bod paa Øyvind, at han skulde koma til honom. Men daa Øyvind kom til kongen, bar kongen klagemaal mot han og kalla han for uven. «De samer deg ille,» segjer han, «aa vera utru mot meg, daa du no hev vorti min mann.» Daa kvad Øyvind ei vise:

Ein herre hev eg havt,
hovding god, fyri deg;
no dreg eg ut paa aldren,
eg ynskjer ikkje den tridje.
Trufast eg herrane tente.
tvo skjoldar[6] bar eg aldri;
din flokk eg berre fyller,
fella meg snart vil elda.

Kong Harald lét Øyvind leggja denne saki under hans dom. Øyvind aatte ein stor og god gullring, som heitte Molde, og som for lang tid sidan var uppgravin or jordi; den ringen segjer kongen at han vil hava, og de var ikkje onnor raad. Daa kvad Øyvind:

Din god-vilje, bylgje-plogjar,
burde eg endeleg vinna,
um du fær den gullring
min fader lengi aatte.

Dermed fór Øyvind heim, og de er ikkje fortalt noko um at han kom til kong Harald sidan.


2. Sønine hennar Gunnhild tok ved kristindomen i England, som fyrr er fortalt. Men daa dei fekk landsstyringi i Norig, kom dei ingin veg med aa kristna folke i lande; men kor dei kunde koma til med de, braut dei ned hovi og gjorde ende paa blotingi, og av dette fekk dei mange uvenir. Og i deira tid drygde de ikkje lengi, fyrr dei gode aaringane vart forspillte, av di at kongane var mange, og kvar hadde si hird um seg; dei turvte mykje til all kostnaden dei hadde, og dei var urimeleg giruge og heldt ikkje vidare den lovi som kong Haakon hadde gjevi, so nær som naar de hovde aat deim. Alle ihop var dei væne menn, store og sterke, og store itrottsmenn. So segjer Glum Geireson i den draapa han dikta um Harald Gunhhildson:

Hæve hovding, han som
hardt gjekk fram i striden,
tolv itrottar kunde,
kongelege alle.

Tidt fór alle brørane i lag, men stundom kvar for seg; dei var hardhjarta og modige, store stridsmenn og framifraa sigersæle.


3. Gunnhild kongemor og sønine hennar talast ved tidt og samraadde seg med kvarandre um landsstyringi. Ein gong spør Gunnhild sønine sine: «Korleis hev De tenkt aa gjera de med rike i Trondheim? De ber kongsnamn liksom forfedrane dykkar hev gjort fyrr, men De hev lite land og folk, og De er mange um de. Viki hev Trygve og Gudrød der aust, og dei hev nokon rett til de for ætti si skuld; men Sigurd jarl raar aaleine for heile Trøndelag, og eg veit ikkje, kvifor De skal trenga um aa lata ein jarl raada for so stort rike og draga de undan dykk; eg tykkjer de er underlegt, at de kvar sumar fer i viking til andre land, og læt ein jarl innanlands taka farsarven fraa dykk. Harald, farfar din, som du hev fengi namn etter, vilde synast de var lite fyri aa skilja ein jarl fraa liv og rike, daa han vann heile Norig under seg og sidan styrde de til han vart gamal.» Harald svarar: «De er ikkje sameleis,» segjer han, «aa drepa Sigurd jarl, som aa slagta eit kid eller ein kalv; Sigurd jarl er ættstor og hev mange skyldfolk og er vensæl og klok; eg tenkjer, at um han fær vissa paa de, at han kan venta seg ufred av oss, so er alle trøndine der som han er; og daa kan me ikkje venta oss anna enn berre vondt. Eg trur ikkje, at de kan synast aa vera trygt for nokon av oss brørane aa sitja under hendane paa trøndine.» Daa sagde Gunnhild: «Daa skal me stella oss paa ein heilt annan maate med dette, og ikkje taka so stort i. Harald og Erling skal sitja paa Nordmøre i haust, og eg vil og vera med dykk, og daa skal me freista alle ihop, kva de kan koma ut av dette.» Og soleis gjorde dei.


Christian Krogh: Gunnhild eggjar sønine sine.


4. Sigurd jarl hadde ein bror, som heitte Grjotgard; han var mykje yngre og mindre vyrd, og hadde ikkje jarlsnamn, men han heldt seg endaa sveit[7] og var i viking um sumrane og vann seg gods. Kong Harald sender menn inn i Trondheim til Sigurd jarl med venegaavur og venlege ord, og segjer at kong Harald vilde vera likso god ven med han som kong Haakon fyrr hadde vori med Sigurd jarl; med denne ordsendingi fylgde de og, at jarlen skulde koma til kong Harald, og daa skulde dei verta heilt-upp gode venir. Sigurd jarl tok godt imot sendemennane og venskapen til kongen, men sagde de, at han kunde ikkje fara til kongen, av di han hadde so mykje aa gjera, men sende kongen venegaavur og gode og blide ord for venskapen hans. Sendemennane fór burt og drog til Grjotgard, og sagde de same til honom um venskapen hans Harald, og at han baud han til seg, og gav han attaat gode gaavur. Daa sendemennane fór heim, lova Grjotgard, han skulde koma, og paa den dagen som var sett kjem Grjotgard til kong Harald og Gunnhild. Dei tok mot han med stor glede og var overlag blide med han, so Grjotgard fekk vera med i avtalur og mangt som dei hadde løynleg seg imillom; og sistpaa vart de til de, at dei kom fram med de same um Sigurd jarl, som kongen og dronningi fyrr hadde avtala imillom seg; dei tala daa for Grjotgard um kor lengi jarlen hadde gjort han til ein litin mann; men soframt han vilde vera med paa de dei hadde tenkt paa, so sagde kongen at Grjotgard skulde vera jarlen hans og hava heile de rike som Sigurd jarl hadde fyrr; de kom daa til de, at dette vart ei avtale, at Grjotgard skulde spæja etter, naar de var likast aa taka paa jarlen, og so senda bod til kong Harald. Dermed fór Grjotgard heim og fekk gode gaavur av kongen.


5. Sigurd jarl fór um hausten inn i Stjoradal og var i gjestebod der; derfraa fór han ut til Oglo[8] og skulde i gjestebod. Jarlen hadde elles stødt mykje folk um seg, av di han trudde lite paa kongane, men daa de no hadde vori tala um venskap millom honom og kong Harald, hadde han ikkje noko stort fylgje med seg. Grjotgard varsla daa kong Harald um, at de aldri vilde laga seg betre til aa fara imot jarlen. Og strakst same natti fór kongane Harald og Erling inn etter Trondheimsfjorden med 4 skip og mykje folk, og siglde um natti i stjerneljos, og Grjotgard kom og møtte deim. Daa de leid mot enden av natti, kom dei til Oglo, der som Sigurd jarl var i gjestebod, og kveikte eld paa husi og brende garden og jarlen inne med alt folke hans, og fór burt tidleg um morgonen ut etter fjorden og so sør til Møre og var der ei lang stund.


Notar:

  1. Gulle, som Rolv Krake saadde paa Fyrisvollane.
  2. Mor aat Tor er jordi.
  3. Etter segni hadde kong Frode tvo trollkvinnur til aa mala gull paa ei kvern, kalla Grotte, som mol alt ein bad um.
  4. Fulla bar eit panneband av gull og var «eskimøy» aat Frigg, d. v. s. hadde i forvaring den oskja, som gullstasen hennar var gøymd i.
  5. Gulle.
  6. Bera tvo skjoldar er de same som aa snu kaapa etter vinden.
  7. Den flokken som er umkring ein hovding.
  8. Ögló ei bygd i Stjørdalen millom Aasenfjorden og Stjørdalsfjorden (no Skatval).