Soga um Halvdan Svarte

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Original.gif Norsk.gif Svensk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Soga um Halvdan Svarte
[830-860]


1. Halvdan var aarsgamal, daa far hans fall. Aasa, mor hans, fór radt med han vest til Agdir[1], og tok der strakst styringi yvi de rike, som Harald, far hennar, hadde aatt. Der voks Halvdan upp og vart snart stor og sterk og svarthærd; han vart kalla Halvdan Svarte. Daa han var 19 vetrar gamal, tok han kongedøme paa Agdir. Han fór strakst til Vestfold og skitte rike med Olav, bror sin. Same hausten fór han med ein her til Vingulmark imot kong Gandalv, og dei heldt mange slag, og vann og tapte kvar sin gong. Men sistpaa vart dei forlikte; Halvdan skulde hava halve Vingulmark, som Gudrød, far hans, fyrr hadde havt. Etter dette fór kong Halvdan upp til Raumarike og lagde de under seg. Dette spurde kong Sigtrygg, son til kong Øystein, som daa budde paa Heidmarki, og som fyrr hadde lagt Raumarike under seg. Daa drog kong Sigtrygg med ein her mot kong Halvdan, og de vart eit stort slag, og Halvdan vann. Daa dei tok til aa fly, raaka ei pil kong Sigtrygg under den vinstre armen, og han fall der. Sidan lagde Halvdan under seg heile Raumarike. Øystein heitte den andre sonen til kong Øystein, bror til kong Sigtrygg; han var daa konge paa Heidmarki. Men daa kong Halvdan var farin ut paa Vestfold, fór kong Øystein med heren sin ut paa Raumarike og lagde lande under seg vidt og breidt.


2. Halvdan Svarte spurde, at de var ufred paa Raumarike; daa drog han ein her ihop og fór imot kong Øystein, og dei heldt slag, og Halvdan vann, men Øystein flydde upp paa Heidmarki. Kong Halvdan fór daa med heren sin upp paa Heidmarki etter han, og der heldt dei eit slag til, og Halvdan vann, men Øystein flydde nord i Dalane[2] til Gudbrand herse. Der fekk han seg folk og fór sidan um vetteren ut paa Heidmarki og raaka Halvdan Svarte paa den store øyi[3] som ligg i Mjøsi. Der heldt dei slag; de fall mykje folk paa baae sidur, og Halvdan vann. Der fall Gutorm, son hans Gudbrand herse, som dei heldt for aa vera de beste manns-emne paa Upplandi. Daa flydde Øystein nord i Dalane att, og sende Hallvard Skalk, frenden sin, til kong Halvdan, til aa beda um forlik. Men for frendkaps skuld gav kong Halvdan halve Heidmarki fraa seg til kong Øystein. Havdan lagde under seg Toten og de som dei kallar Land, og likeins eigna han til seg Hadaland, og var daa ein megtug konge.


3. Halvdan Svarte tekk ei kone, som heitte Ragnhild, dotter hans Harald Gullskjegg, som var konge i Sogn. Dei fekk ein son, som kong Harald gav namne sitt, og denne guten vart uppfødd i Sogn hjaa kong Harald, morfar sin. Men daa Harald var gamal og skral og var son-laus, so gav han dotterson sin rike sitt og lét han taka til konge. Lite etter døydde Harald Gullskjegg. Same vetteren døydde Ragnhild, dotter hans. Vaaren etter lagdest kong Harald den unge helsott i Sogn; daa var han 10 vetrar gamal. Strakst Halvdan Svarte spurde hans avferd, gav han seg paa vegen med ein stor her og fór nord til Sogn. Der vart han godt mot-tekin. Han kravde der rike og arven etter son sin, og ingin sette seg imot, og han lagde under seg dette rike. Daa kom Atle jarl den mjove fraa Gaular[4] til han; han var ven aat kong Halvdan. Kongen sette Atle jarl yvi Sygnafylke til aa døma landslov der og krevja inn skattane. Dermed fór kong Halvdan til Upplandi.


4. Kong Halvdan fór um hausten ut til Vingulmark. De var ei natt, daa Halvdan var i gjestebod, at den mannen, som hadde hestevakti, kom inn til han ved midnettes tidir og sagde at de var komin ein her nær til garden. Kongen stod upp strakst og bad folke væpna seg, og gjekk radt ut og fylkte. Strakst kom sønine hans Gandalv, Hysing og Helsing, med mykje folk, og de vart eit stort slag der. Men kong Halvdan rauk for yvimagti og flydde til skogs og miste mykje folk. Der fall Olve den spake[5], fosterfar hans. Etter dette samla de seg folk til kong Halvdan, og han fór av og leita etter Gandalvssønine og raaka deim paa Eid[6] ved Øyern og heldt slag med deim. Der fall Hysing og Helsing, men bror deira, Hake, kom seg undan. Dermed lagde kong Halvdan under seg heile Vingulmark, men Hake flydde til Alvheim.


5. Sigurd Hjort heitte ein konge paa Ringerike, som var større og sterkare enn alle andre menn og den vænaste nokon kunde sjaa. Far hans var Helge den kvasse, og mor hans var Aaslaug, dotter hans Sigurd «orm i auga», som var son hans Ragnar Lodbrok. Dei segjer, at han var 12 vetrar, daa han drap berserken Hildebrand i tvomanns-strid og 11 mann til. Mange manndomsverk gjorde han, og de er ei lang sogu um han. Han hadde tvo born; Ragnhild heitte dotter hans, de var ei oversleg hæv møy; ho var i tjugeaars-alderen den gong, men Gutorm, bror hennar, var ein framvekstring. Um korleis Sigurd døydde, kan me fortelja, at han reid eismal ut i øydeskogen, som han var van, og veidde store skadedyr; dette dreiv han jamnan mykje paa med. Men daa han hadde ridi eit langt stykke, kom han fram til nokre rudningar tett ved Hadaland; daa kom berserken Hake med 30 mann imot han. Dei slost der, og Sigurd Hjort fall, men 12 mann fall av mennane hans Hake, og sjølv miste han handi og fekk tri andre saar. Dermed reid Hake med mennane sine til garden hans Sigurd og tok der Ragnhild, dotter hans, og Gutorm, bror hennar, og hadde burt med seg, og mykje gods og mange kostasame ting, og hadde med seg heim til Hadaland; der aatte han store gardar. Daa lét han laga til gjestebod og etla seg til aa halda brudlaup med ho Ragnhild; men de drygde med de, daa de vesna med saari hans. Hake hadalendings-berserken laag sjuk av saari heile hausten og fyrstningi av vetteren. Men i joli var kong Halvdan paa Heidmarki og hadde spurt alt dette. De var tidleg ein morgon, daa kongen var klædd, so kalla han til seg Haarek Gand og sagde at han skulde fara yvi til Hadaland og føra med seg Ragnhild, dotter hans Sigurd Hjort. Haarek gjorde seg reidug og hadde hundrad mann, og laga de so, at han kom yvi vatne i otta[7] og fram til garden hans Hake, sette vakt ved alle dørine paa den skaalen som drengine sov i, og sidan gjekk dei til senghuse som Hake sov i, og braut upp, og tok med seg Ragnhild og Gutorm, bror hennar, og alt de godse som var der, og brende upp skaalen og alle dei mennane som inne var. Dei tjelda ei drusteleg vogn og sette Ragnhild og Gutorm upp i, og fór sidan ned til isen. Hake stod upp og gjekk etter deim ei stund; men daa han kom til isen, so snudde han handtake paa sverde ned og lagde seg paa odden, so sverde stod igjenom han. De vart banen hans, og han er hauglagd paa bakken ved vatne. Kong Halvdan saag, daa dei fór yvi isen; han var meir gløggsynt enn andre menn, og daa han saag vogni, som var tjelda, tottest han vita, at de hadde gjengi som han vilde med ærendi deira. Han lét setja fram bordi og sende folk rundt umkring i bygdi og baud til seg mange menn, og den dagen vart de eit stort gjestebod, og i dette gjestebode vart kong Halvdan gift med Ragnhild, og sidan var ho ei megtug dronning. Mor hennar Ragnhild var Tyrne, dotter hans Klakkharald, som var konge i Jylland, og syster hennar Tyre Danmarksbot, som var gift med Gorm den gamle, som daa raadde for Danmark.


6. Dronning Ragnhild drøymde store draumar; de var ei klok kvinne. Ein av draumane hennar var de, at ho stod i hagen sin og tok ein torn[8] or serken sin, og medan ho heldt i den, voks tornen slik, at de vart ein stor tein, so den eine enden naadde ned i bakken og røtte seg med de same, men den andre enden av trée naadde høgt upp i lufti. Deretter totte ho trée var so stort, at ho knappast kunde sjaa uppyvi de, og de var uhorveleg digert. Nedste luten av trée var raud som blod, men leggen uppetter var fager grøn, men greinine var snøkvite. De var mange store kvistir paa trée, sume lenger uppe, sume lenger nede. Greinine paa trée var so store, at ho totte dei breidde seg ut yvi heile Norig og en daa lenger.


7. Kong Halvdan drøymde aldri; dette totte han var underlegt, og fortalde de til ein mann som heitte Torleiv den spake, og samraadde seg med honom um kva han skulde gjera ved de, Torleiv sagde kva han gjorde sjølv, naar han var forvitin etter aa faa vita noko; han lagde seg til aa sova i eit svinebol, og daa vanta de ikkje paa draumar. Kongen gjorde de, og so hadde han denne draumen: han syntest, at han hadde de vænaste haare ein kunde sjaa, og at haare hans laag ned i lokkar; sume naadde ned til jordi, sume til midt paa leggen, sume til knée, sume til mjødmane, sume til midt paa sida, sume til halsen, og sume var ikkje meir enn nettupp sprotne upp utor hausen som nyvlur[9]. Men paa lokkane var de alle slag lit, men ein lokk var ljosare og vænare og større enn dei alle ihop. Han fortalde draumen til Torleiv, og han lagde de soleis ut, at de skulde koma ei stor ætt fraa han, som skulde raada for landi med stor ære, men ikkje alle med like stor; men ein skulde de koma av ætti hans, som var større og hævare enn alle hine. Og de trur folk, at den lokken var eit fyribod paa kong Olav den heilage. Kong Halvdan var ein klok mann og heldt paa sanning og rettferd, og gav lovir, og heldt deim sjølv, og lét andre halda deim, so ikkje ageløyse skulde gjera lovi til inkjes. Og han sette upp sjølv ei liste paa bøtar og skipa bøtane for alle etter den fødsl og stand dei hadde. Dronning Ragnhild fødde ein son, som dei auste vatn paa og kalla Harald; han vart snøgt stor og utifraa væn. Han voks upp der og vart snart ein stor itrottsmann og hadde god forstand. Mor hans heldt mykje av han, men far hans mindre.


8. Kong Halvdan var paa Hadaland i joli. Der gjekk de underlegt til um joleftan; daa dei hadde gjengi til bords, og dei var oversleg mangmente, so kvarv all maten og alt øle burt fraa borde. Kongen sat hugsjuk etter, men alle hine gjekk kvar til sitt. Men for at kongen kunde faa vita, kven som var skuld i dette, lét han taka ein finn, som var trollkunnug, og vilde nøyda han til aa koma fram med sanningi, og pinte han, men fekk ingin-ting utav han. Finnen bad so vænt Harald, son hans, um aa hjelpa seg, og Harald bad dei skulde spara han, men de hjelpte ikkje; men daa fekk Harald han burt mot kongens vilje, og fylgde sjølv med han. Dei kom farande til ein stad, der ein hovding heldt eit stort gjestebod, og der vart dei godt mot-tekne, saag de ut for. Daa dei hadde vori der til vaaren, so var de ein dag, at hovdingen sagde til Harald: «De var fælt so stort tap, far din totte de var i de grande mat, som eg tok fraa han her i vetter; men de skal eg no løna deg med ei god tidend: no er far din daain, og du skal fara heim; daa vil du faa heile de rike, som far din hev aatt, og attaat skal du vinna heile Norig.»


9. Halvdan Svarte køyrde fraa eit gjestebod paa Hadaland, og vegen laag so fram, at han køyrde yvi Randsfjorden. Dette var um vaaren, daa de heldt paa og tinte sterkt i soli. Dei køyrde yvi Rykinsvik[10]. Der hadde de vori vaak i isen um vetteren til aa vatna buskapen, men daa var de komi møk ned paa isen, og de hadde eti um seg i solsteiken. Daa kongen køyrde yvi der, so rauk isen sund, og kong Halvdan gjekk med der, og mykje folk med honom. Daa var han 40 aar gamal. Aldri hadde de vori so gode aaringar som i hans tid. So mykje heldt alle folk av han, at daa de spurdest, at han var daain, og like hans vart ført til Ringerike og skulde jordast der, so kom dei beste mennane fraa Raumarike og Vestfold og Heidmarki, og alle bad dei um aa faa like med seg og leggja de i haug i sitt fylke, og dei venta seg gode aaringar, um dei fekk de. Men dei vart samstelte um aa byta sund like i fire lutir, og hovude vart hauglagt paa Stein[11] paa Ringerike, men kvar tok sin lut heim med seg og hauglagde, og alle desse haugane kallar dei Halvdans-haugar.


Notar:

  1. Agðir, sidan kalla Agdesida, gjekk langs sjøen fraa Rygjarbit (Jernes-tangen, strakst vestan Kragerø) til Sira-aai (Nedenes, Lister og Mandal).
  2. Dalir er Gudbrandsdalene.
  3. Helgeøyi.
  4. Gaular, i indre Holmedal innanfor Dalsfjorden i Sunnfjord.
  5. Den vise.
  6. Eið er Askim og noko av Trøgstad, sunnanfor Øyern, i nørdre Smaaleni.
  7. Graalysningi.
  8. Torn er her torn («tonn») eller hempe-naal i eit spenne.
  9. Smaa horn eller knutar.
  10. Rykinsvik, no Røkensvik, paa austsida aat Randsfjorden i Brandbu herad.
  11. Garden Stein i Hole herad paa Ringerike.