Um Sinfjotles daude

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif
Dansk.gif Svensk.gif


Edda-Kvæde
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)


På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund


Um Sinfjotles daude


Sigmund Volsungsson var kongen i Frankland, Sinfjotle var den eldste av sønene, den andre het Helge, den tridje Håmund. Borghild, kona til Sigmund, hadde ein bror som het . . . . . Men Sinfjotle, stykson hennar, og . . . . . bela båe til same kvendet, og for den sak skuld drap Sinfjotle honom. Men når han kom heim, då bad Borghild han fara burt; men Sigmund baud ho bøter, og det var so ho tok imot desse. Med ved gravølet bar Borghild øl; ho tok eitr, eit stort horn fullt, og bar til Sinfjotle. Men då han såg i hornet, skila han at det var eitr i det og mælte til Sigmund: "Stinn er drykken, far!" Sigmund tok hornet og drakk det ut. So er sagt at Sigmund var so hardsett, at eitr skadde han korkje utan eller innan, men alle sønene hans tolde eitr utanpå kroppen. Borghild bar eit anna horn til Sinfjotle og bad han drikke, og det gjekk alt som fyrr. Og endå tridje gongen bar ho hornet til han og lagde hædingsord til, um han ikkje drakk ut. Han mælte no som fyrr med Sigmund. Denne sa: "Bruk skjegget til sil, son!" Sinfjotle drakk og var daud med ein gong. Sigmund bar han lange leider i fanget sitt og kom til ein land og trong fjord, og der var det eit lite skip og ein man på skipet. Han baud Sigmund å ferje yver fjorden. Men då Sigmund bar liket ut på skipet, vart båten lasta. Karen mælte at Sigmund skulde fara innum fjorden. Karen støytte skipet ut og kvarv brått. Kong Sigmund heldt seg lenge i Danmark, i Borghild sitt rike, siden han vart gift med ho. Då fór Sigmund sud til Frankland til det riket som hann åtte der. Hann fekk der til kone Hjørdis, dotter til kong Øylime; sonen deira var Sigurd. Kong Sigmund fall i slag mot Hundings-sønene, men Hjørdis gifte seg då med Alv, son til Kong Hjalprek, Sigurd voks der up, med han var gut. Sigmund og alle sønene hans var langt umfram alle andre menn i styrke og vokster, djervskap og all dugleik. Sigurd var likevel den fremste av alle, og honom kallar alle menn i fornsegner framifrå alle menn og gjævast av herkonger.