Forskjell mellom versjoner av «Reginsmål»
| Linje 35: | Linje 35: | ||

or Hel no løyse |
or Hel no løyse | ||

og elvar-elden meg gjeva.” |
og elvar-elden meg gjeva.” | ||

2. |

2. | ||

''GJEDDA kvad:'' |
''GJEDDA kvad:'' | ||
| Linje 44: | Linje 43: | ||

i upphavs tider |
i upphavs tider | ||

sette oss til i vatn å vada.” |
sette oss til i vatn å vada.” | ||

3. |

3. | ||

''LOKE kvad:'' |
''LOKE kvad:'' | ||
| Linje 53: | Linje 51: | ||

verd å få han, |
verd å få han, | ||

som fer med usanne ord?” |
som fer med usanne ord?” | ||

4. |

4. | ||

''ANDVARE kvad:'' |
''ANDVARE kvad:'' | ||
| Linje 89: | Linje 86: | ||

du skapte inkje, |
du skapte inkje, | ||

men banen for dykk båe.” |
men banen for dykk båe.” | ||

7. |

7. | ||

''REIDMAR kvad:'' |
''REIDMAR kvad:'' | ||
| Linje 98: | Linje 94: | ||

fulla lati, |
fulla lati, | ||

hadde fyrr eg fåren visst. |
hadde fyrr eg fåren visst. | ||

8. |

8. | ||

''LOKE kvad:'' |
''LOKE kvad:'' | ||
| Linje 107: | Linje 102: | ||

det enn mun vera |
det enn mun vera | ||

ætla til harm og hat. |
ætla til harm og hat. | ||

9. |

9. | ||

''REIDMAR kvad:'' |
''REIDMAR kvad:'' | ||
| Linje 130: | Linje 124: | ||

som saknar far sin |
som saknar far sin | ||

på broren hemner sin harm. |
på broren hemner sin harm. | ||

11 |

11 | ||

''REIDMAR kvad:'' |
''REIDMAR kvad:'' | ||
| Linje 168: | Linje 161: | ||

veiding eg vonar |
veiding eg vonar | ||

den vargen skal få. |
den vargen skal få. | ||

14. |

14. | ||

Fostre vil eg |
Fostre vil eg | ||
| Linje 206: | Linje 198: | ||

d’er vandt um folar |
d’er vandt um folar | ||

vindbylgja maktar.” |
vindbylgja maktar.” | ||

17 |

17 | ||

''REGIN svara:'' |
''REGIN svara:'' | ||
| Linje 217: | Linje 208: | ||

stamanfolar stuper, |
stamanfolar stuper, | ||

kven spør um dette? |
kven spør um dette? | ||

18 |

18 | ||

''MANNEN kvad:'' |
''MANNEN kvad:'' | ||
| Linje 241: | Linje 231: | ||

når ein bardage ventar, |
når ein bardage ventar, | ||

og sverdi skal svingast kvast? |
og sverdi skal svingast kvast? | ||

20 |

20 | ||

''NIKAR kvad:'' |
''NIKAR kvad:'' | ||
| Linje 250: | Linje 239: | ||

true eg du fær, |
true eg du fær, | ||

når du rid ut og ramnen møter. |
når du rid ut og ramnen møter. | ||

21 |

21 | ||

Eit anna det er, |
Eit anna det er, | ||
| Linje 258: | Linje 246: | ||

på vegom dine |
på vegom dine | ||

tvo dådfuse drengjer. |
tvo dådfuse drengjer. | ||

22 |

22 | ||

Det er det tridje |
Det er det tridje | ||
| Linje 266: | Linje 253: | ||

fær du øygne |
fær du øygne | ||

fienden, fyrr han ser deg. |
fienden, fyrr han ser deg. | ||

23 |

23 | ||

Egg skal ingen |
Egg skal ingen | ||
| Linje 276: | Linje 262: | ||

og når stridfuse sellar |
og når stridfuse sellar | ||

i svinfylking gjeng. |
i svinfylking gjeng. | ||

24 |

24 | ||

Stygt mark det er |
Stygt mark det er | ||
| Linje 284: | Linje 269: | ||

attmed deg stend |
attmed deg stend | ||

og vondt dei deg valdar. |
og vondt dei deg valdar. | ||

25 |

25 | ||

Kjemd og tvegen |
Kjemd og tvegen | ||
| Linje 309: | Linje 293: | ||
Sigurd fór hem til Hjalprek. Då eggja Regin Sigurd til å drepa Fåvne. | Sigurd fór hem til Hjalprek. Då eggja Regin Sigurd til å drepa Fåvne. | ||

[[Kategori:Alfabetisk indeks]] | [[Kategori:Alfabetisk indeks]] | ||
Revisjonen fra 25. des. 2013 kl. 14:07
| Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |

| Denne teksten finnes i flere utgaver på følgende språk ► | ||||||
Norrøne fornsongar
(Andre utgåve, 1928)
På nynorsk ved
Ivar Mortensson-Egnund
SIGURD gjekk til hestestodet hans Hjalprek og valde seg ut ei hest som sidan var kalla Grane. Då var Regin, son Reidmar, komen til Hjalprek. Han var hagare enn alle andre, men, dverg i vokster; vit var det han og ein hard hug, og trollkunnig var han. Sigurd vart fostra av Regin med sers umhug og kjærleik. Regin fortalde honom um ættfolket sitt og korleis det har til, då Odin og Høne og Loke hadde komi til Andvarefossen. I denne fossen var det mykje fisk. Og det var ein dverg som het Andvare, han heldt seg lenge i fossen i gjedde-hâm og fekk seg mat der. ”Otr het bror vår,” sa Regin, ”han tok ofte otr-hâm og fór upp i fossen. Han hadde ein gong teki ein laks og sat i elvebakken og åt blundande. Loke kasta ein stein mot otren, so han stupte daud. Æsene tyktest vera hepne av dette og flådde belgen av otren.” Same kvelden kom dei til Reidmar og bad um hus og synte fram veidni si. Då vart dei tekne, og me lagde på dei det, at vilde dei løyse livet sitt, so laut dei fylle otr-belgen med gull, og med raudt gull laut dei hylja han utanpå ogso. Då sende dei Loke av til å få gullet. Han kom til Rån og fekk netet hennar; med dette fór han til Andvarefossen og kasta det ut framfyre gjedda, og ho rann i netet.
1.
Då mælte LOKE:
”Kva slag fisk er dette,
som fór i straumen
og ikkje veit seg å vara?
Du hovudet lyt
or Hel no løyse
og elvar-elden meg gjeva.”
2.
GJEDDA kvad:
”Andvare eg heiter,
O-in het far min,
i mang ein foss hev eg fari;
ufegjens norner
i upphavs tider
sette oss til i vatn å vada.”
3.
LOKE kvad:
”Andvare, seg det,
um eige du vil
liv millom lydar på jord
kva vedlike vert han
verd å få han,
som fer med usanne ord?”
4.
ANDVARE kvad:
‘Vedlike strengt
vert det for dei
som skal Vadgjelme vada
Dei som usanne ord
mot einannan bruker,
dei fær lenge lide.”
Loke såg alt gullet sam Andvare åtte. Men når han hadde reidt gullet, dan hadde han att ein ring, og den tok Loke frå han. Dvergen gjekk inn i steinen og mælte:
5.
”Fulla skal gull,
sam Gust han åtte,
brødrane tvo
til bane verte
og øyde livet
på åtte kultar,
godt skal ingen
av eign mi njote.”
Æsene reidde godset til Reidmar; dei fyllte otr-belgen og reiste han upp på føtene, so skulde æsene leggje gull upp ikring og hylja han reint. Men då dette var gjort, gjekk Reidmar fram og såg eit værhår og bad dei dekkje det med. Då drog Odin fram ring Andvare og lagde yver håret.
6.
Då kvad LOKE:
”Gull er gjevi
gjald fekk du
høgt nok for hovud mitt;
men sæle for son din
du skapte inkje,
men banen for dykk båe.”
7.
REIDMAR kvad:
”Gåvur gav du,
men godgåvur ikkje,
av godhug du ikkje gav.
Livet de skulde
fulla lati,
hadde fyrr eg fåren visst.
8.
LOKE kvad:
”Enn verre vert det
eg vita tykkjest,
når menn mun stridast um møy.
Ufødde kultar
det enn mun vera
ætla til harm og hat.
9.
REIDMAR kvad:
”Gullet det raude
eg råder vel sjølv,
so lenge sum eg lever.
Trugsmålet ditt
tykkjest lite verdt,
fare de heim hedan.”
Fåvne og Regin kravde Reidmar etter frendebot for Otr, bror sin. Han sa nei til dette. Då lagde Fåvne sverdet gjennom Reidmar, far sin, med han sov. Reidmar ropa på døtrane sine:
10.
”Lyngheid og Lovnheid!
Mitt liv er no slutt,
men naud driv nakne te spinne.”
LYNGHEID sa:
”Seldan syster
som saknar far sin
på broren hemner sin harm.
11
REIDMAR kvad:
”Al deg ei dotter,
ulvhuga dros,
um ikkje du fær
fræge sonen;
gjev møyi ein mann
midt i naudi,
son deira han
din harm skal stogge.”
Då døydde Reidmar, men Fåvne tok alt gullet. Regin på farsarv, men Fåvne sa nei til dette. Regin lagde då råder med Lyngheid, syster si, um korleis han skulde få farsarven sin. Ho kvad:
12.
”Bror din blidleg
beda skal du
um arvegåve og godhug;
harde råder
høver lite,
skal du noko av Fåvne få.”
Desse åtburdar fortalde Regin til Sigurd. Ein dag, då han kom til huset hans Regin, vart han vel fagna.
13.
REGIN kvad:
”Sigmunds-sonen
ser eg koma
snarpe sveinen
til salar våre;
av mod hev han meir
enn ein mann uti årom,
veiding eg vonar
den vargen skal få.
14.
Fostre vil eg
frøkne sellen,
den Yngve-ætting
til oss er komen
høgste hovding
under himmelkvelv
vidt um landi
gjeng lagnaden hans.”
Sigurd var då jamleg i lag med Regin, og han sa Sigurd at Fåvne lang på Gnitahei-i og var i ormehâm. Han åtte ein øgjeshjelm sam alt levande fekk støkk av. Regin gjorde Sigurd eit sverd som het Gram; det var so kvast, at han stakk det ned i Rin og lét ein ull dott drive med straumen og dotten vart skoren sund sum han vore vatn. Med dette sverdet kløyvde Sigurd smidje-stedet hans Regin. etter dette eggja Regin Sigurd til an vega Fåvne; men han sa:
15.
”Høgt mun dei læ
dei Hundings søner,
dei som øydde
Øylimes liv,
um meir han tykkjer
mun i dette:
gull å finne
enn fader-hemn.”
Kong Hjalprek gav Sigurd skipsfolk, so han kunde få hemn yver far sin. Dei fekk ein stor storm og beitte utanfyre eit bergnos. Ein mann stod på berget og kvad:
16.
”Kven er det som rid
på Rævils hestom,
på høg-alda
i glymjande hav?
sveiten han driv
av sjø-marom,
d’er vandt um folar
vindbylgja maktar.”
17
REGIN svara:
Med Sigurd me fèr
på sjø-plankane,
og til banen vår ber
børen, me hev;
bratt fell båra
yver baugen ned,
stamanfolar stuper,
kven spør um dette?
18
MANNEN kvad:
”Nikar var namnet
då eg nærde ramnen,
Volsung unge!
og i ota eg var;
no må du kalle
karen på berg
Feng eller Fjolne,
eg fara vil med”.
Dei lagde til lands, og kallen gjekk på skipet. Då spakna vêret.
19.
SIGURD kvad:
”Seg meg no, Nikar,
du veit noko av kvart,
kva som gagnar gudar og menn:
kva varsl er best,
når ein bardage ventar,
og sverdi skal svingast kvast?
20
NIKAR kvad:
”Der mange varsl,
visste de alle,
når sverdi skal svingast kvast,
traust fylgje
true eg du fær,
når du rid ut og ramnen møter.
21
Eit anna det er,
når ut du ein komen
og er til burtferd buen,
um då du vert var
på vegom dine
tvo dådfuse drengjer.
22
Det er det tridje
um du tjoting høyrer
av ulv under aske-greinom;
og lukka deg fylgjer,
fær du øygne
fienden, fyrr han ser deg.
23
Egg skal ingen
upp vende
mot seint skinande
syster åt månen;
siger fangar den
som sjå maktar,
og når stridfuse sellar
i svinfylking gjeng.
24
Stygt mark det er
um han snåvar foten,
når til stridsferd du stig i veg
då ille diser
attmed deg stend
og vondt dei deg valdar.
25
Kjemd og tvegen
skal kappen vera
og eta seg um morgon mett;
for uvisst det er
på aftan lite,
d’er leidt um lukka glepp.”
Sigurd hadde ein stor strid med Lyngve Hundingsson og brødrane hans. Der fall Lyngve med dei tvo brødrane sine. Etter striden kvad Regin:
26.
”No beiske branden
på Sigmunds bane
hev blodørn rist
på ryggen inn;
med blod so fagert
han frøydde jordi,
hovding denne
Hugin gledde.”
Sigurd fór hem til Hjalprek. Då eggja Regin Sigurd til å drepa Fåvne.