Soga um Magnus den gode

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900

Titelfrise Magnus den godes saga.jpg

Soga um Magnus den gode

[1035—1047]

1. Magnus Olavsson gav seg etter jol paa vegen austantil Holmgard ned til Aldeigjuborg, og dei tok til aa bu skipi sine, daa isen gjekk upp um vaaren. Dette nemner Arnor Jarlaskald i Magnusdraapa, og han segjer der, at Magnus ikkje var fullt 11 aar, daa han fór med herskip fraa Gardarike. Um vaaren siglde kong Magnus vest til Svitjod. Dette fortel Arnor, og han segjer, at daa kong Magnus kom austantil Gardarike, siglde han fyrst til Svitjod og styrde upp til Sigtun. Daa var Emund Olavsson konge i Svitjod. Der var dronning Aastrid og, som hadde vori gift med kong Olav den heilage. Ho tok oversleg godt imot Magnus, stykson sin, og lét strakst stemna til eit stort ting ein stad som dei kallar Hangrar[1]. Paa dette tinge tala Aastrid og sagde: «Her er no komin til oss son til den heilage kong Olav, som heiter Magnus; han etlar seg no til Nong og vil faa att fars-arven sin. Eg hev ein stor skyldnad paa meg til aa hjelpa han til denne ferdi, daa han er stykson min, so som de er kunnugt for alle, baade sviar og nordmenn. Eg skal ikkje spara paa noko som eg hev i mi magt, korkje folkemagt, so mykje eg raar for, eller pengar, so han kan faa so stor styrke som mogelegt. Sameleis skal alle dei som fylgjer han paa denne ferdi vera visse paa fullkomin venskap av meg. Eg vil kunngjera dette og; at eg vil fylgja han paa ferdi, og daa er de berrsynt for alle, at eg ikkje sparer paa andre ting som eg kan gjera for han til aa hjelpa han.» Dette tala ho um baade langt og godt; men daa ho slutta, svara mange og sagde at sviane hadde havt lite ære av si ferd til Norig, daa dei fylgde kong Olav, far hans, og de var ikkje von um at de vilde ganga betre no med denne kongen, og difor var folk uhuga paa denne ferdi. Aastrid svara: «Alle dei som manndoms-menn vil vera læt seg vel ikkje skræma av slikt. Men hev nokon mist frendane sine med den heilage kong Olav eller sjølv fengi saar, so er de no manndoms-verk aa fara til Norig og hemna de.» Aastrid fekk laga de so med si tale og hjelp, at ho fekk mykje folk med seg til aa fylgja han til Norig. Dette fortèl Sigvat skald, og han segjer at sviane heldt ting paa Hangrar, og at Aastrid hjelpte Magnus med Kristi hjelp til aa faa heile arven sin, og Tjodolv skald fortèl i Magnus-flokken at Magnus siglde til Sigtun.


2. Magnus Olavsson gav seg paa vegen fraa Sigtun og hadde mykje folk, som sviane hadde gjevi han. Dei gjekk til fots gjenom Svitjod og so til Helsingland, som Arnor Jarlaskald fortèl. Sidan fór Magnus Olavsson vest igjenom Jamteland og yvi Kjølen og ned i Trondheim, og der tok alt landsfolke strakst godt imot han. Men strakst mennane til kong Svein spurde at Magnus, son til kong Olav, var komin til lande, flydde dei alle ihop vidt og breidt og smette seg av, og de vart ikkje gjort motstand mot Magnus. Kong Svein sjølv var sør i lande. Dette nemner Arnor Jarlaskald.


3. Magnus Olavsson fór med heren sin ut til kaupangen og vart godt mot-tekin. Han lét stemna til Øyreting[2], og daa bondefolke kom til tings, tok dei Magnus til konge yvi heile lande, so vidt som kong Olav, far hans, hadde havt sidan tok kong Magnus seg ei hird og sette inn lendmenn, og han sette aarmenn og syslemenn i alle bygdine. Strakst um hausten baud kong Magnus ut leiding yvi heile Trondheim og hadde godt for folk, og sidan siglde han med denne heren søretter langs med lande.


Halvdan Egedius: Strakst um hausten baud kong Magnus ut leiding yvi heile Trondheim


4. Kong Svein Alfivason var paa Sunnhordland, daa han fekk dette ufreds-bode. Han lét strakst skjera upp her-pil og sende til alle fire kantar og stemnde bondefolke til seg, med bod um at de skulde vera aalmenning ute baade av folk og skip og verja lande med han. Alt de mannskape som var nærhendes der kongen var, kom til han, og daa hadde kongen ting og samtale med bøndane og kom fram med ærendi si, og sagde at han vilde fara imot kong Magnus, son til kong Olav, og halda slag med han, um bøndane vilde fylgja han. Kongen tala heller stutt, og bøndane roste ikkje tala hans vidare heller. Sidan heldt dei danske hovdingane, som var med kongen, lange og kloke talur, men bøndane svara og lagde imot; mange sagde at dei vilde fylgja kong Svein og slaast for han, men sume negta, og sume tagde reint stille, og sume sagde de, at dei vilde draga til kong Magnus, fyrst dei kunde sleppa til. Daa svara kong Svein: «De synest meg, at de her er komi berre faa av dei bøndane som me hev sendt bod paa, og dei bøndane som er her og segjer beint fram til oss at dei vil fylgja kong Magnus, og dei som segjer at dei vil sitja i ro, tenkjer eg de er nett like mykje hjelp i. Sameleis er de med deim som tegjer; og av deim som segjer at dei vil fylgja oss, er de kan-henda annankvar mann eller fleire som de ikkje er nokor hjelp i, um me legg til slag med kong Magnus. Eg raader til de, at me ikkje set lit til desse bøndane, men heller fer dit som alt folke er trygt og trufast, og der hev me styrke nok til aa vinna under oss dette lande.» Strakst kongen hadde avgjort dette soleis, fylgde alle mennane hans denne raadi og snudde stamnane og drog upp segli. Daa siglde kong Svein aust langs med lande, og stana ikkje fyrr han kom til Danmark, og der tok dei godt imot han. Daa han raaka Hordaknut, bror sin, baud han kong Svein at han skulde hava rike med han i Danmark, og Svein tektest med de.


5. Kong Magnus fór um hausten alt aust til landsenden og vart tekin til konge yvi heile lande, og alt landsfolke gledde seg, for di Magnus hadde vorti konge. Same hausten døydde Knut den megtuge i England, 13de november[3], og vart jorda i Vincester[4]. Daa hadde han vori konge yvi Danmark i 27 aar, og baade yvi Danmark og England i 24 aar[5], og yvi Norig med i 7 aar. Daa vart Harald, son hans Knut, tekin til konge i England. Same vetteren døydde Svein Alfivason i Danmark. Tjodolv kvad ei vise um kong Magnus, og der stend de, at ein gild her fylgde han vest til Norig, og at Svein Alfivason rømde or lande. Bjarne Gullbraaskald dikta ei vise um Kalv Arneson, og der stend de, at Kalv synte Magnus vegen fraa Gardarike til heimlande hans, so Svein ikkje fekk meir enn Danmark. Denne vetteren raadde kong Magnus for Norig, og Hordaknut for Danmark.


6. Vaaren etter baud baae kongane ut leiding, og de orde gjekk, at dei vilde halda slag med kvarandre ved Elvi. [1036] Men daa baae herane styrde mot kvarandre, sende lendmennane i den eine heren løynde-bod til frendane og venine sine i hin, og de fylgde med ordsendingi fraa baae sidur, at dei skulde gjera fred millom kongane. Daa baae kongane var unge og barnslege, hadde stormennane, som dei hadde utvalt til dette i baae rike, styringi yvi lande for deim, og soleis vart de avtala eit forliks-møte millom kongane.


Halvdan Egedius: Magnus den gode og Hordaknut møtest.


Deretter møttest dei sjølve, og dei tala um forlik, og dei vart forlikte paa dei vilkaari, at kongane svor fosterbrorskap med kvarandre og sette fred millom kvarandre, so lengi dei livde baae tvo; men døydde den eine av deim sonlaus, skulde den som livde lengst taka land og folk etter han. Dei tolv gjævaste mennane i kvart rike svor med kongane paa at dei skulde halda dette forlike, so lengi nokon av deim livde. Dermed skildest kongane, og kvar fór heim til sitt rike, og dei heldt dette forlike, so lengi dei livde.


7. Dronning Aastrid, som hadde vori gift med kong Olav den heilage, kom til Norig med kong Magnus, stykson sin, og han var god med ho, som rimelegt var. Daa kom Alvhild, mor til kong Magnus, til hirdi ho med, og kongen tok strakst kjærleg imot ho og gav ho ein heiders-sess. Men de gjekk med Alvhild som de kan henda med so mange som fær magti, at ho med de same vart kaut, so ho lika ille de, at dronning Aastrid vart noko meir vyrd enn ho, baade med sess og onnor teneste. Alvhild vilde sitja næmast kongen, men Aastrid kalla Alvhild for tenestgjenta si, som ho hadde vori fyrr, daa Aastrid var dronning yvi Norig og kong Olav raadde for lande, og Aastrid vilde ikkje paa nokon maate sitja ihop med Alvhild, so dei kunde ikkje vera i hus med kvarandre. — Sigvat skald hadde fari til Rom, daa slage stod paa Stiklestad. Daa han var paa vegen nordetter, høyrde han at kong Olav var fallin, og dette var ei stor sorg for han. Daa kvad han ei vise um at han stod ein morgon paa Alpefjelli og tenkte paa breide skjoldar og side brynjur, som var sundhogne paa Stiklestad, og at han mintest kongen, som gledde seg ved lande i den fyrste tidi, daa far hans Sigvat var med han. Sigvat gjekk ein dag gjenom eit torp og høyrde ein mann kveina fælt, for di han hadde mist kona si. Han slo seg for brjoste og reiv klædi av seg og grét mykje og sagde at han gjerne vilde døy, og Sigvat kvad daa ei vise um sitt tap, som var større, daa han hadde mist kongen sin.


8. Sigvat kom heim til Norig; han hadde gard og born i Trondheim. Han siglde nordetter langs med lande paa eit handelsskip; men daa dei laag i Hillarsund[6], saag dei mange ramnar kom fljugande. Sigvat kvad ei vise um at desse ramnane flaug hit til hamni og mintest den føda Olav hadde gjevi deim den tid han var ute paa herskip, og at ørni, som Olav tidt hadde metta, skreik høgt etter mat innanfor Hillar. Daa Sigvat kom nord til kaupangen[7], var kong Svein der og baud Sigvat koma til seg, daa han fyrr hadde vori hjaa Knut den megtuge, far til kong Svein; men Sigvat svara at han vilde fara heim til garden sin. De var ein dag, at Sigvat gjekk ute paa gata og saag kongsmennane leika seg; daa kvad han, at naar han saag kongsmennane leika seg, vart han bleik som bast og gjekk tvert ifraa. Han laut minnast korleis den lovsungne kong Olav i gamle dagar leika med mennane sine paa odelstufti deira. Sidan fór han til garden sin. Han høyrde at mange folk snikka han og sagde at han hadde rømt av fraa kong Olav. Daa kvad Sigvat, at han skulde ynskja Kvitekrist vilde pina han i heite elden, um han hadde vilja røma fraa kong Olav; han hadde tallause vitne paa de, at han var paa Roma-ferd. Sigvat lika seg ikkje heime, og ein dag gjekk han ut og kvad, at han totte dei høge fjelli log yvi heile Norig, daa Olav livde, men no var, sorgi hans so stor, at han totte lidine saag ikkje braatt so blide ut som fyrr. Sigvat fór i fyrstningi av vetteren aust yvi Kjølen til Jamteland, og so til Helsingland, og kom fram i Svitjod og fór strakst til dronning Aastrid og var hjaa henne ei lang stund i agt og ære. Han var hjaa kong Onund, bror hennar, og fekk av honom 10 merkar brent sylv, som de er fortalt i Knutsdraapa. Sigvat spurde jamleg, naar han fann kaupmenn som fór paa Holmgard, um dei kunde fortelja han noko um Magnus Olavsson. Han kvad um at han hadde hug paa aa høyra lov-ord um den unge kongssonen aust i Gardarike; eg spør etter, sagde han, um so berre ein litin kjærleiks-fugl flyg hit og smyg so fint fram millom meg og den vesle hovding-sonen.


9. Daa Magnus Olavsson kom til Svitjod fraa Gardarike, raaka han Sigvat der hjaa dronning Aastrid, og alle vart dei oversleg glade. Daa kvad Sigvat ei vise. Sidan gav Sigvat seg i fylgje med dronning Aastrid og fylgde Magnus til Norig. Han kvad ei vise um at faa folk vilde hava so god konge som Magnus, um han vart lik den gjæve far sin. Daa Magnus hadde vorti konge i Norig, fylgde Sigvat skald han, og kongen var ovende glad i han. Ein gong kvad han dette, daa dronning Aastrid og Alvhild, mor til kongen, hadde kjegla noko: «Alvhild! lat du Aastrid vera større enn du, endaa de var Guds vilje, at du skulde koma til stor ære.»


10. Kong Magnus lét gjera eit skrin og bu de med gull og sylv og setja de med glimesteinar. Dette skrine var gjort liksom ei lik-kiste baade paa storleiken og paa skapnaden, men de var ei sval under, og ovanpaa var de eit lok, som var skapt liksom eit tak, med møne og hovud paa. Der er hengslur bak paa loke, og hespur framme, som dei læser med ein lykil. Sidan lét kong Magnus leggja dei heilage leivningane til kong Olav i dette skrine, og de vart mange jartegnir ved dei heilage leivningane til kong Olav. Um dette talar Sigvat skald. Dei sette i lovi yvi heile Norig, at dei skulde halda heilag høgtidi til kong Olav, og dei heldt strakst denne dagen likso heilag som dei største høgtidine. Dette nemner Sigvat skald.


11. Tore Hund fór burt fraa lande, strakst etter kong Olav var fallin. Han fór ut til Jorsalir[8], og mange segjer at han ikkje kom attende. Tore Hund hadde ein son som heitte Sigurd, og han att hadde ei dotter, Rannveig, som var gift med Joan, son hans Arne Arneson. Borni deira var Vidkunn paa Bjarkøy og Sigurd Hund og Erling og Jardtrud.

Halvdan Egedius: «Tak heller mi øks».


12. Haarek fraa Tjotta sat heime paa gardane sine alt til Magnus Olavsson kom til lande og vart konge. Daa fór Haarek sør til Trondheim til kong Magnus. Den gong var Aasmund Grankjelsson[9] hjaa kong Magnus. Daa Haarek kom til Nidaros og gjekk upp fraa skipe, stod Aasmund paa lofts-svali hjaa kongen, og daa saag dei Haarek og kjende han. Aasmund sagde til kongen: «No vil eg løna Haarek for di han drap far min.» Han hadde ei liti tunnslegi breid-øks i handi. Kongen saag paa han og sagde: «Tak heller øksi mi.» Den var hamra som ein bløyg og tjukk. «Du kan tru, Aasmund,» sagde kongen, «de er harde bein i den karen.» Aasmund tok øksi og gjekk ned fraa garden, og daa han kom ned paa tvergata[10], kom Haarek og mennane hans upp imot han. Aasmund hogg i hovude paa Haarek, so øksi radt stod ned i heilen, og dette vart banen hans Haarek. Men Aasmund gjekk upp att i garden til kongen, og heile eggi hadde lagt seg paa øksi. Daa sagde kongen: «Kva hadde den tunne øksi di nytta deg no? Eg synest denne er utskjemd dess-meir.» Sidan gav kong Magnus Aasmund len og sysle paa Haalogaland, og de er mange og lange segnir der um korleis Aasmund og sønine hans Haarek laag i strid med kvarandre.


13. Kalv Arneson raadde mest for landsstyringi hjaa kong Magnus i fyrstningi eit bil. Men daa var de nokre som minte kongen um kor Kalv hadde vori paa Stiklestad, og daa vart de vandare for Kalv a a gjera kongen til lags. De hende ein gong, daa de var mykje folk hjaa kongen, som kjærde sakine sine, at de kom til han ein mann som fyrr er nemnd, Torgeir fraa Sula i Verdalen. Han hadde ei naudturveleg ærend, men kongen gav ikkje gaum etter kva han sagde, og lydde paa deim som stod næmare. Daa sagde Torgeir høgt til kongen, so alle dei som var nær høyrde de:

Mæl du med meg,
Magnus konung;
eg i fylgje
med far din var.
Derfraa med hogg
i hausen gjekk eg,
daa dei yvi daude
drottnen steig,
Men du elskar
dei arge folk,
som drottnen sveik
og djevelen gledde.

Daa vart de staak millom folke, og nokre bad Torgeir ganga ut, men kongen kalla han til seg, og avgjorde ærendi hans so, at Torgeir var vel nøgd, og kongen lova han venskap.


14. Strakst etter var kong Magnus i gjestebod paa Haug i Verdalen. Naar kongen sat til bords, sat Kalv Arneson paa den eine sida av han, og Einar Tambeskjelvar paa den andre. Daa var de alt vorti til de, at kongen var stuss imot Kalv og vyrde Einar mest. Kongen sagde til Einar: «Me skal rida til Stiklestad i dag; eg vil sjaa merki etter de som hev hendt.» Einar svara: «Eg kan ikkje segja deg noko um de; men lat fosterfar din, Kalv, fara; han kan nok segja tidend um de som der hende.» Daa dei hadde teki burt borde, laga kongen seg til ferdi og sagde til Kalv: «Du skal fara med meg til Stiklestad.» Kalv sagde at han var ikkje skyldig til de. Daa stod kongen upp og sagde heller vondt: «Fara skal du, Kalv,» og dermed gjekk kongen ut. Kalv klædde seg fort og sagde til sveinen sin: «Du skal rida inn til Egg og beda drengine mine hava alt tye mitt um bord fyri solfall.» Kongen reid til Stiklestad, og Kalv var med han, og dei steig av hestane og gjekk dit som slage hadde vori. Daa sagde kongen til Kalv: «Kor er den staden kongen fall?» Kalv rette fram spjotskafte og svara: «Her laag han fallin,» sagde han. Daa sagde kongen: «Kor var du daa, Kalv?» «Her som eg stend no,» sagde Kalv.


Halvdan Egedius: Kong Magnus og Kalv Arneson paa Stiklestad.


Daa vart kongen blodende raud og sagde: «Daa kunde nok øksi di naa han.» «Mi øks naadde han ikkje,» svara Kalv og gjekk burt til hesten sin og sprang upp og reid sin veg med alle mennane sine, men kongen reid attende til Haug. Kalv kom um kvelden inn til Egg, og daa laag skipe hans seglbutt ved bryggja, og all lausøyren var komin um bord, og de var manna med drengine hans. Dei heldt ut etter fjorden strakst um natti, og sidan fór Kalv natt og dag, naar han hadde vind. Han siglde vest yvi have og gav seg lengi til der og herja paa Skotland og Irland og Sudrøyane. Dette nemner Bjarne Gullbraaskald i Kalvs-flokken.


15. Kong Magnus eigna til seg Vigg, som Rut hadde aatt,[11] og Kviststad, som Torgeir hadde aatt,[12] og Egg og alt de gods som var etter Kalv, og han lagde under kongen mange andre storgardar og, som dei hadde aatt som var fallne i bondeheren paa Stiklestad. Han refste strengt mange av dei mennane og, som hadde vori med i dette slage mot kong Olav; sume jaga han ut or lande, og sume tok han mykje gods fraa, og for sume lét han hogga ned buskapen. Daa tok bøndane til aa murra og tala seg imillom: «Kva tenkjer denne kongen paa, daa han bryt den lovi for oss som kong Haakon den gode sette? Minnest han ikkje de, at me aldri hev tolt urett? Han kjem nok til aa fara same vegen som far sin og andre hovdingar som me hev teki live av, naar me leiddest ofsen og lovløysa deira.» Soleis murra dei vidt og breidt i lande. Sogningane samla folk, og orde gjekk, at dei vilde halda slag med kong Magnus, um han kom der. Kong Magnus var den gongen paa Hordaland, og hadde vori der ei lang stund med mykje folk, og han lét so daa og daa, at han vilde fara nord i Sogn. Daa venine til kongen merka dette, hadde 12 menn ei raadleggjing, og dei vart samstelte um at dei skulde velja ein mann ved lutkasting til aa fortelja kongen um denne murringi, og dei stelte de so, at luten fall paa Sigvat skald.


16. Sigvat dikta ein flokk, som dei kallar Framtalande-visa[13], og han nemnde de fyrst, at dei totte kongen drygde for lengi med aa forlika seg med bøndane, daa dei truga med aa reisa ufred mot han. Han kvad:

Sør i Sogn eg ufred høyrer,
Sigvat vil til godes telja;
men er fred og forlik ute,
fylgjer kongen eg til striden.
Vaapen taka, kongen verja
vel med sverd er kjempe-vis.
Skam og skade do, um ufred
skal hans rike øydeleggja.

I same kvæde stend desse versi:

Haakon, som paa Fitjar fall,
folkeven han het med rette.
Framand røvarflokk han refste,
ros han fekk og landsens kjærleik.
Lov han folke gav og fridom,
fosterson hans Adalstein.
Godt vil bonden verja gaava,
gamal rett han seint vil sleppa.
Jarl og bonde kunde kaara
kongar gode til aa styra,
eigedom og odel baae
Olavar i fred lét vera.
Trygg var bonden under trauste
Trygveson og heilag Olav,
vise lovir gav dei lande,
lét deim og ved magt faa stande.
Harmast ikkje, herre! paa
honom som deg trufast varar.
Fritt mi meining fram eg segjer,
fremjande min konungs ære.
Lyger ikkje landsens folk,
lovi no er mykje klein;
anna du i Ulvesund
ein gong fyrr hev bonden lova.
Den som folke føra skal,
fast i ordi lyt han vera.
Hovding sigersæl de høver
halda trufast de han lova.
Kven er de som eggjar deg,
djerve kjempa, til so sviksamt
attpaa dine ord aa ganga?
Ikkje de ein stridsmann sømer.
Kven er de som eggjar deg,
djerve, bondens fe aa slagta?
Illverk maa slik aatferd mot
eigi folk av kongen nemnast.
Ingin heve endaa vaaga
unge hovding raa til valdsverk
Heren alt ved herjing leidest,
harmt er folke for sin skade.
Varleg, konge, lyt du vera;
vonde ord kring lande fer.
Du, som tjuv og røvar tugtar,
tak for urett deg i vare.
Den er kongens ven, som varar,
vonde gjerning hindrar fraa;
bause kjempa vil eg beda
bondens vilje lyda paa.
Vondt de er: kvar graahærd gubbe
gripa verjo tenkjer paa,
beint mot kongen. Best i tide
boteraad aa finna ut.
Stygglegt er de: tingmenn stikk
stødt med kviskring hovud saman.
Under felden tungt dei tenkjer,[14]
tegjing er paa folke komi.
Ein ting, høyrer eg dei klagar,
utav allting verst mun tykkjast:
Beiskt de er for gjæve bøndar
burt fraa odelsgard aa drivast.
Kongens futar fars-arv tek
fraa deim etter hastverks-dom.
So dei rundt oss læt, at ransverk
rette namn paa slikt mun vera.

Etter denne paaminningi retta kongen paa seg, og de var mange andre med, som tala um dette til kongen. De vart soleis til de, at kongen tala med dei klokaste mennane, og dei vart samde um korleis lovi skulde vera. Deretter lét kong Magnus skriva den lovboki, som endaa er i Trondheim, og som dei kallar Graagaas. Sidan vart kong Magnus vensæl, og alt landsfolke elska han, og difor vart han kalla Magnus den gode.


17. Den engelske kongen Harald døydde 5 aar etter avferdi hans Knut den megtuge, far hans, og han vart jorda [1040] hjaa far sin i Vincester. Etter avferdi hans tok Hordaknut, bror hans, den andre sonen hans Gamle-Knut, kongedøme i England, og daa var han konge baade yvi England og Danavelde og styrde desse i 2 aar. Han døydde paa sotteseng i England og er jorda i Vincester hjaa far sin. Etter hans avferd [1042] vart Eatvard den gode[15], son til den engelske kongen Adalraad og dronning Emma, dotter hans Rikard Rudejarl, tekin til konge i England. Kong Eatvard var halvbror til Harald og Hordaknut paa morsida. Gamle-Knut og Emma hadde ei dotter som heitte Gunnhild; ho var gift med keisar Heinrek[16] i Saksland, han som dei kalla Heinrek den milde. Daa Gunnhild hadde vori 3 aar i Saksland, vart ho sjuk og døydde 2 aar etter avferdi til kong Knut, far sin.[17]


18. Daa kong Magnus Olavsson spurde at Hordaknut [1042] hadde andast av, sende han strakst menn sør til Danmark, og gav deim ordsendingar med til deim som hadde bundi seg med eid, daa dei gjorde forlik og avtale millom Magnus og Hordaknut, og minte deim paa ordi sine, og lagde til, at han strakst um sumaren vilde koma sjølv til Danmark med heren sin, og paa slutten lagde han til, at han vilde eigna til seg heile Danavelde etter avtala og eiden, eller so falla sjølv i slage med heren sin. Dette fortèl Arnor Jarlaskald.


19. Dermed samla kong Magnus heren ihop og stemnde til seg lendmennane og storbøndane og raadde seg til langskip. Daa denne heren vart samla, var han ovleg vakker og vel-budd. Han hadde 70 skip, daa han siglde fraa Norig. Dette fortèl Tjodolv, og han segjer og, at kong Magnus hadde den store Visund[18], som kong Olav den heilage hadde lati byggja. Han var paa meir enn 30 rom, og i framstamnen var eit stort visund-hovud, og atter var de ein spord, og hovude og sporden og baae nakkane[19] var heilt gyllte. Dette nemner Arnor Jarlaskald. Kong Magnus siglde ut fraa Agdir og yvi til Jylland. Dette nemner Arnor.


20. Daa kong Magnus kom til Danmark, tok dei godt imot han der; han heldt radt ting og stemnur med landsfolke og bad deim taka imot seg etter avtala. Og daa no lands-høvdingane, dei som gjævast var i Danmark, var bundne med eid til kong Magnus og vilde halda ordi sine og eiden sin, so dreiv dei mykje paa dette med folke. Dette kom og til, at daa var Knut den megtuge slokna og heile avkjøme hans, og for de tridje var de no vorti kjent i alle land, at kong Olav var heilag og gjorde jartegnir.


21. Sidan lét kong Magnus stemna folke til Viborg-ting; der hev danine kaara kongane sine baade i gamle dagar og no. Paa dette tinge tok danine Magnus Olavsson til konge yvi heile Danavelde. Kong Magnus tøvra lengi i Danmark um sumaren, og folke tok godt imot han, kor han kom, og lystra. Han sette menn til aa styra i alle syslur og herad i heile lande og gav veitslur til stormennane. Daa de leid ut paa hausten, styrde han med heren sin til Norig og laag ei stund i Elvi.


22. De var ein mann som heitte Svein, son hans Ulv jarl og soneson hans Torgils Sprakalegg. Mor hans Svein var Aastrid, dotter til kong Svein Tjugeskjegg. Ho var syster til Knut den megtuge paa farssida og til sviakongen Olav Eiriksson paa morsida, for mor deira var dronning Sigrid Storraade, dotter hans Skoglartoste. Svein Ulvsson hadde havt tilhelde hjaa frendane sine, dei svenske kongane, ei lang stund, alt fraa di Ulv jarl, far hans, fall, som de er fortalt i soga um Knut den gamle, at han lét drepa Ulv jarl, systermannen sin, i Roiskjelda, og difor var Svein aldri i Danmark sidan. Svein Ulvsson var den vænaste mannen nokon kunde sjaa, og han var stor og sterk og ein stor itrottsmann og ovkar. Alle dei som kjende han, sagde de, at han hadde alle dei ting som pryder ein god hovding. Svein Ulvsson kom til kong Magnus, daa han laag i Elvi, som me hev fortalt, og kongen tok godt imot han, og de var mange som talde han til de; for Svein var oversleg vensæl, og han tala sjølv si sak for kongen baade fagert og klokt, og enden vart, at Svein gjekk i tenesta til kong Magnus og vart mannen hans. Sidan tala kongen og Svein um mangt og mykje paa tvomanns-hand.


Halvdan Egedius: Danmark paa Snorre si tid.


23. Ein dag, daa kong Magnus sat i høgsæte, og de var mangment umkring han, sat Svein Ulvsson paa fotskori nedanfor kongen; daa tok kongen orde: «Eg vil kunngjera for hovdingane og heile aalmugen, kva eg hev raadt meg til. Her er de komin til meg ein mann, som baade er gjæv i ætt og gjæv i seg sjølv, og de er Svein Ulvsson; han hev no vorti mannen min og hev gjevi meg orde sitt paa de. Men daa alle danine, som De veit, no hev vorti mennane mine i sumar, so er lande hovdinglaust, naar eg er reist burt, og som De veit, er dei der ille ute for ufred av vindar og kurar og andre folk fraa Austerveg, og av saksar. Eg lova deim og aa gjeva deim ein hovding til aa verja og styra lande. Eg ser ingin mann som høver betre til dette i alle maatar enn Svein Ulvsson, og han hev ætt til aa vera hovding. No vil eg gjera honom til jarlen min og gjeva han styringi yvi Danavelde, medan eg er i Norig, liksom Knut den megtuge sette Ulv jarl, far hans, til hovding yvi Danmark, naar Knut var i England.» Daa svara Einar Tambeskjelvar: «Ov-stor[20] jarl, ov-stor jarl, fosterson.» Kongen vart harm og sagde: «De tykkjer nok de er lite eg skynar meg paa; men eg synest de, at De tykkjer at sume er ovstore jarlar, og at sume er inginting tess.» Daa stod kongen upp og tok eit sverd og feste de i belte hans Svein, og sidan tok han ein skjold og feste paa oksli hans, og sette ein hjelm paa hovude hans og gav han jarlsnamn og slike veitslur i Danmark som Ulv jarl, far hans, hadde havt der fyrr. Sidan bar dei fram eit skrin med heilagdomar, og Svein lagde hendane sine paa deim og svor kong Magnus truskaps-eiden, og so leidde kongen jarlen til høgsæte med seg. Dette fortèl Tjodolv. Etter dette fór Svein jarl til Danmark, og der tok heile aalmugen godt imot han. Han tok ut ei hird og vart snart ein stor hovding. Han fór rundt umkring i lande um vetteren og gjorde seg mykje til vens med stormennane, og han var godt lika av aalmugen med.


24. Kong Magnus siglde nord til Norig med heren sin og var der um vetteren. Men daa vaaren kom, hadde kong Magnus ute ein stor her, og siglde sør til Danmark. Daa han kom der, høyrde han tidend fraa Vindland, um at vindane i Jomsborg var fallne fraa og ikkje vilde lystra. Dei danske kongane hadde havt eit stort jarledøme der, og der hadde dei grunnlagt Jomsborg, og de vart ei sterk festning. Daa kong Magnus høyrde tidend um dette, baud han ut ein stor flote fraa Danmark og siglde um sumaren til Vindland med heile heren, og hadde ein stor styrke. Dette fortèl Arnor Jarlaskald. Daa kong Magnus kom til Vindland, lagde han aat ved Jomsborg, tok radt borgi og drap mykje folk der og brende borgi og bygdine vidt og breidt og gjorde eit stort herverk. Dette fortèl Arnor Jarlaskald. Mykje folk i Vindland gav seg under kong Magnus, men mange fleire var dei som flydde undan. Etter dette fór kong Magnus attende til Danmark og vetterstelte seg der, men sende fraa seg heren, baade den danske og mykje av de mannskape som hadde fylgt han fraa Norig.


25. Same vetteren som Svein Ulvsson hadde fengi styringi yvi Danavelde og han hadde gjort seg til vens med mange stormenn og gjort seg lika av aalmugen, lét han gjeva seg kongs-namn, og mange hovdingar var med paa dette tiltake. Men um vaaren, daa han spurde at kong Magnus kom nordantil Norig med ein stor her, fór Svein til Skaane og derfraa upp i Gautland, og so til Svitjod til kong Emund, frenden sin, og var der um sumaren, men lét spæja etter i Danmark um kor kong Magnus var, og kor stort mannskap han hadde; og daa kong Svein no spurde at kong Magnus hadde sendt fraa seg ein stor lut av heren sin, og at han var sør i Jylland, reid Svein ned fraa Svitjod med ein stor styrke, som sviakongen gav han. Daa Svein kom ned til Skaane, tok skaaningane godt imot han, og heldt han for konge der, og de dreiv mykje folk til han. Sidan fór han ut til Sjælland, og der tok dei og godt imot han, og han lagde alt under seg. Derfraa fór han til Fyn og lagde under seg alle øyane, og folke gav seg under han, og daa hadde Svein ein stor her og mange skip.


26. Kong Magnus høyrde tidend um dette, og at vindane med hadde ein stor her ute. Daa stemnde kong Magnus folk til seg, og de samla seg snart ein her fraa heile Jylland. Hertug Otta[21] fraa Brunsvik i Saksland kom til han der; han var gift med Ulvhild, dotter til kong Olav den heilage og syster til kong Magnus, og hertugen hadde eit stort fylgje med seg. Dana-hovdingane eggja kong Magnus til aa fara mot vindeheren og ikkje lata heidne folk fara yvi lande og leggja de i øyde, og de vart avgjort, at kongen skulde venda seg søretter med heren sin til Heidaby[22]. Men daa kong Magnus laag ved Skotborg-aai[23] paa Lyrskogs-heidi, fekk han nysn um vindeheren, og at dei hadde so stor her at ingin kunde telja han, og at kong Magnus hadde ingin styrke mot denne hermagti, og at de var ikkje onnor raad enn aa fly undan. Men kong Magnus vilde slaast likevel, soframt folk totte at de var nokor von um at han kunde vinna; men dei fleste talde fraa og sagde alle som ein, at vindane hadde ein uhorveleg her. Hertug Otta raadde heller til aa slaast. Daa lét kongen blaasa ihop heile heren og lét aile mann her-klæ seg, og dei laag ute um natti under skjoldane sine, daa dei hadde høyrt at vindeheren var nære ved, og kongen var fælt hugsjuk, daa han totte de var ilt, um han skulde koma til aa fly; for de hadde han aldri prøvt fyrr. Han sov lite um natti og song bønine sine.


27. Dagen etter var mikjelsmess-eftan[24]. Mot dagen sovna kongen, og drøymde at han saag den heilage kong Olav, far sin, som sagde til han: «No er du mykje hugsjuk og ottefull, daa vindane fer imot deg med ein stor her. Du skal ikkje ræddast ein heidin her, endaa dei er mange; eg skal fylgja deg i dette slage. Gakk i slag mot vindane, naar De høyrer luren min.» Daa kongen vakna, sagde han draumen sin, og daa tok de til aa lysa av dagen. Daa høyrde heile folke upp i lufti ein klokkeljod, og dei av mennane til kong Magnus, som hadde vori i Nidaros, totte de var liksom dei ringde med klokka Glod[25]; denne klokka hadde kong Olav gjevi til Klemens-kyrkja i byen.


Halvdan Egedius: Slage paa Lyrskogheidi.


28. Daa stod kong Magnus upp og ropte at dei skulde blaasa til slag, og i de same kom vindeheren sunnantil yvi aai mot deim. Daa sprang heile kongsheren upp og stemnde mot heidningane. Kong Magnus kasta av seg ringbrynjo og hadde ytst ei raud silkeskjorte, og i handi øksi Hel, som kong Olav hadde aatt. Kong Magnus sprang fyri alle dei andre mennane mot vindeheren og hogg strakst med baae hendane den eine etter den andre. Dette fortèl Arnor Jarlaskald. Dette slage vart ikkje langt, daa kongsmennane var fælt framfuse, og kor dei kom ihop, fall vindane so tjukt som tarebruk[26] i fjøro. Dei som etterst stod gav seg til aa fly, og daa vart dei hogne ned som bu-fe. Kongen jaga sjølv deim som flydde, aust yvi heidi, og de fall folk yvi heile heidi. Dette fortèl Tjodolv:

Eg høyrer at brorson hans Harald
av hundrad kjempur den fremste
fór, og aat ramnen føde
flengde i pile-regne.
Vindar or vegen rømde
vide, der Magnus stridde.
Heidningar hogne dekte
heidi, mili breid.

De er ei folke-segn, at de aldri hev vori so stort mannfall i nordlandi i den kristne tidi som de var paa Lyrskogsheidi av vindane. Av heren til kong Magnus fall de ikkje mange, men mange vart saara. Etter slage lét kong Magnus binda um saari til mennane sine; men de var ikkje so mange lækjarar i heren som de trengdest. Daa gjekk kongen til deim som han syntest, og kjende paa hendane deira, og daa han hadde teki og stroki deim i lovane, nemnde han upp 12 mann, som han totte var mest mjukhendte, og sagde at dei skulde binda um saari; ingin av deim hadde gjort dette fyrr, men alle desse vart framifraa lækjarar. De var tvo islendingar av desse; den eine var Torkjel Geireson fraa Lyngar[27], og den andre var Atle, far hans Baard Svarte fraa Selaardal[28], og fraa deim kom de mange lækjarar sidan. Etter dette slage vart den jartegni, som den heilage kong Olav hadde gjort, namngjeti i mange land, og de var ei folke-segn, at de kunde ikkje nytta nokon aa slaast med kong Magnus Olavsson, og at kong Olav, far hans, var so nær han, at uvenine hans kunde ikkje standa seg mot han.


29. Kong Magnus snudde strakst med heren mot Svein, som han kalla jarlen sin, endaa danine kalla han for konge. Kong Magnus raadde seg til skip og budde heren, og baae tvo samla mykje folk. De var mange hovdingar i heren hans Svein fraa Skaane, Halland og Sjælland og Fyn, men kong Magnus hadde mest nordmenn og jutar, og han styrde med denne heren mot Svein. Dei møttest utfor Vestlande paa Re[29], og der vart de eit stort slag, og enden vart, at kong Magnus vann, men Svein laut fly og miste mykje folk. Han flydde attende til Skaane, for di han hadde tilhelde i Gautland aa taka til, naar han trengde til. Men kong Magnus fór attende til Jylland og sat der um vetteren med mykje folk og heldt vakt paa skipi sine. Dette nemner Arnor Jarlaskald.


30. Daa Svein Ulvsson høyrde at kong Magnus var gjengin i land, fér han strakst til skipi sine. Svein samla til seg alt de folk han kunde faa i, og fór um vetteren umkring paa Sjælland og Fyn og øyane, og daa de leid mot jol, siglde han sør til Jylland og lagde inn i Limfjorden, og der gjekk mange folk under han, og han tok bøtar av nokre, og nokre fór til kong Magnus. Daa kong Magnus spurde kva Svein tok seg til, fór han til skipi sine og hadde med seg den norske heren som var i Danmark den gongen, og noko av den danske heren, og siglde nordetter langs med lande. Daa var Svein i Aaros[30] med ein stor her, men daa han fekk tidend um heren til kong Magnus, lagde han ut or byen med floten sin og budde seg til slag. Daa kong Magnus fekk spurt kor Svein var, og han visste at de var ikkje langt imillom deim, heldt han hus-ting og tala til folke sitt og sagde: «No hev me spurt at jarlen med heren sin ligg her fyri oss, og dei hev sagt meg at han hev mykje folk. Eg vil kunngjera for dykk, kva eg etlar meg tii; eg vil fara mot jarlen og slaast med han, endaa me hev noko mindre folk. Me vil no liksom fyrr setja all vaar lit til Gud sjølv og den heilage kong Olav, far min; han hev gjevi oss siger nokre gongir fyrr, naar me hev slegist, og me hev tidt havt mindre folk enn uvenine vaare. No vil eg at me skal laga oss til aa leita etter deim og strakst taka til aa slaast, og daa skal alle mennane mine vera budde til slag.» Dermed herklæddest dei og gjorde rome sitt ferdigt, og so rodde kong Magnus og mennane hans fram so langt til dei saag heren til jarlen, og daa rodde dei radt imot han. Mennane hans Svein væpna seg og, og batt ihop skipi sine, og strakst vart de eit hardt slag. Dette fortèl Tjodolv. Dei slost framme ved stamnane, og ikkje andre kunde koma til aa hogga enn dei som var i stamnane; men dei som var i fyrirome stakk med spjot, og alle dei som var lenger atterut skaut med snøre-spjot[31] eller lette kastespjot og kaste-pilir, og nokre kasta stein eller staurar, og dei som var attanfor masti skaut med boge. Dette fortèl Tjodolv, og fortèl um kor heit skot-striden var. I fyrstningi av slage stod kong Magnus i skjoldborg; men daa han totte de gjekk seint, sprang han fram or skjoldborgi og langs-etter skipe og ropte høgt og eggja upp mennane sine og gjekk alt fram i stamnen i hogg-striden. Men daa mennane hans saag de, eggja den eine den andre, og de vart eit stort skrik yvi heile heren. So fortèl Tjodolv. Daa vart striden illherveleg kvass, og i dette take rudde dei skipe hans Svein i framstamnen og saksi[32]. Daa gjekk kong Magnus sjølv med fylgje sitt upp paa skipe hans Svein, og sidan mannskape hans, den eine etter den andre, og daa gjekk dei so hardt paa, at mennane hans Svein hopa attende, og kong Magnus rudde fyrst dette skipe, og sidan de eine etter de andre. Daa flydde Svein og mykje av mannskape hans, men mange fall, og mange fekk liv og fred. Dette fortèl Tjodolv. Dette slage stod sundag fyri jol[33], som Tjodolv fortèl. Der tok kong Magnus 7 skip fraa mennane hans Svein. Dette nemner Tjodolv. Svein flydde strakst um natti til Sjælland med deim som var komne undan og vilde fylgja han, men kong Magnus lagde til lands med skipi sine og lét strakst mannskape ganga upp um natti, og tidleg morgonen etter kom dei ned med stort strandhogg. Dette nemner Tjodolv skald.


31. Kong Magnus siglde strakst nordetter med heren til Sjælland etter Svein, men fyrst heren til kong Magnus kom dit, flydde Svein strakst upp i lande med heile mannskape sitt, og kong Magnus sette etter deim og jaga deim og drap alle deim som dei naadde. Dette fortèl Tjodolv og segjer at mange flydde til Ringsted. Svein flydde yvi til Fyn, men kong Magnus fór med herskjold yvi Sjælland og brende vidt og breidt fór deim som hadde slegi lag med Svein um hausten. Dette fortèl Tjodolv.


32. Strakst kong Magnus fekk spurlag paa Svein, siglde han med heren sin yvi til Fyn. Men strakst Svein høyrde dette, gjekk han um bord og siglde til Skaane, og derifraa fór han til Gautland, og sidan til sviakongen. Men kong Magnus gjekk upp paa Fyn og lét røva og brenna for mange, og alle dei mennane hans Svein som var der flydde vidt og breidt av garde. Dette fortèl Tjodolv:

Høgt mot himlen stormen jagar
heite glod fraa Sjællands tuftir.[34]
Kveikte eld i lufti logar
leikande i villan harm.
Men paa Fyn yvi folke
frasar vermen dubbelt høgt.
Tak og tekkje kan 'kje bergast,
torpe nordmann av mun svida.

Etter dette gjekk heile folke under kong Magnus i Danmark, og de var god fred der resten av vetteren, og kong Magnus sette mennane sine til styrarar alle stadir i [1044] Danmark. Men daa de leid ut paa vaaren, siglde han med floten sin nord til Norig, og vart verande lengi der um sumaren.


33. Daa Svein spurde dette, reid han strakst ut til Skaane og hadde mykje folk fraa Sviavelde. Skaaningane tok godt imot han, og han samla folk. Sidan fór han ut til Sjælland, som han lagde under seg, og Fyn og alle øyane. Men daa kong Magnus spurde dette, samla han folk og skip og siglde sør til Danmark, og daa han spurde kor Svein laag med heren sin, styrde han imot han. Dei møttest ein dag i kveldingi ein stad som dei kallar Helganes[35]. Daa slage tok til, hadde kong Magnus mindre folk, men større skip og betre manna. Dette fortèl Arnor Jarlaskald. De var eit kvast slag, og daa de leid paa natti, vart de eit stort mannfall. Kong Magnus skaut heile natti med handskot. Dette nemner Tjodolv. De er snarast aa fortelja um dette slage, at kong Magnus vann, men Svein rømde; dei rudde skipe hans fraa stamn til stamn, og sameleis rudde dei alle dei andre skipi hans Svein. Dette fortèl Tjodolv og Arnor. Der fall de mange av mennane hans Svein, og kong Magnus og mennane hans fekk mykje herfang. Dette fortèl Tjodolv. Daa flydde Svein upp i Skaane med alt de mannskape som kom seg undan, og kong Magnus og mennane hans jaga deim langt upp i lande, og de vart ikkje vidare motstand av mennane hans Svein eller bøndane. Dette nemner Tjodolv. Sidan lét kong Magnus fara med herskjold yvi heile bygdi. Dette fortèl Tjodolv. So tok dei til aa brenna bygdi, og alle folk flydde undan lang leid. Dette fortèl Tjodolv. No flydde Svein austetter langs med Skaane, men kong Magnus fór til skipi sine og styrde aust langs Skaane-sida, og dei hadde skunda seg hardt med aa bu seg til denne ferdi, so Tjodolv segjer i eit kvæde at dei hadde ikkje anna aa drikka enn sjøvatn. Svein flydde upp i Gautland og drog sidan til sviakongen og vart verande der um vetteren i agt og ære.


34. Kong Magnus snudde, daa han hadde lagt under seg heile Skaane. Han siglde fyrst til Falster og gjekk i land der og herja og drap mange folk som fyrr hadde gjengi under Svein. Dette fortèl Arnor. Sidan siglde kong Magnus med floten sin til Fyn, og herja og gjorde eit stort herverk. Dette og fortèl Arnor Jarlaskald.


35. Kong Magnus sat den vetteren i Danmark, og daa var de god fred. Han hadde haldi mange slag i Danmark og vunni i deim alle. Odd Kikinaskald fortèl at slage med vindane stod fyri mikjelsmess, og slage ved Aaros strakst fyri jol, og Arnor fortèl at Magnus heldt 4 slag paa ein vetter. Kong Magnus heldt tri slag med Svein Ulvsson, som Tjodolv segjer.


36. No raadde kong Magnus baade for Danmark og Norig. Men daa han hadde eigna til seg Danavelde, gjorde han sendemenn vest til England, og dei fór til kong Eatvard og flidde han brev og segl fraa kong Magnus. I dette breve var de helsning fraa kong Magnus; og so stod de: «De hev fulla høyrt gjeti den avtala som eg og Hordaknut gjorde imillom oss, at naar den eine av oss døydde sonlaus, skulde den som livde lengst taka land og folk som hin hadde havt. No hev de laga seg so, som eg veit De hev høyrt, at eg hev teki Danavelde i arv etter Hordaknut; men daa han døydde, hadde han likso fullt England som Danmark. No stend eg paa de, at eg eig England etter dei rette forliks-vilkaar. Eg vil at du skal gjeva upp rike for meg, men i anna fall vil eg freista paa aa taka de med hermagt baade fraa Danavelde og Norig, og daa skal den raada for landi som er sigeren lagi.»


37. Daa kong Eatvard hadde lesi dette breve, svara han so: «De er kunnugt for alle folk her i lande, at kong Adalraad, far min, var odelsborin til dette rike, baade etter gamal og ny erve-rett. Me var 4 sønir etter han; men daa han døydde fraa rike, tok Eatmund, bror min, rike og kongedøme, for di han var den eldste av oss brørane, og eg var vel nøgd med de, so lengi han livde. Etter honom tok kong Knut, stykfar min, rike, og de var ikkje greidt aa koma med krav, medan han livde. Men etter honom var Harald, bror min[36], konge, so lengi han var liv lagi. Men daa han døydde, raadde Hordaknut, bror min, yvi Danavelde, og daa totte dei de var ikkje rett brorskifte imillom oss, utan han var konge baade yvi England og Danmark, og eg ikkje hadde noko rike aa raada for. No døydde han, og alt landsfolke her raadde seg daa til aa taka meg til konge her i England. So lengi eg ikkje bar kongs-namn, tente eg hovdingane mine og var ikkje større paa de enn dei som ikkje var ættborne til rike her. No er eg vigd til konge her og hev heilt-upp teki kongedøme, sameleis som far min hadde fyri meg; no vil eg ikkje gjeva upp dette namne, so lengi de er liv i meg. Men um kong Magnus kjem hit til lande med heren sin, vil eg ikkje samla folk imot han, og daa kan han faa aaføre til aa leggja under seg England, naar han fyrst hev teki live av meg. Seg han desse ordi mine.» Dermed fór sendemennane attende og kom til kong Magnus og sagde korleis alt hadde gjengi. Kongen svara i mak og sagde so: «Eg tenkjer de er de rettaste og høvelegaste aa lata kong Eatvard hava rike sitt i ro for meg, og at eg sjølv hev de rike som Gud lét meg faa.»


Notar:

  1. Ukjent stelle nær Sigtuna. Tingstaden for Aattundaland laag i Lunda sokn i Seminghundra og var seinare kalla «Folklandsting».
  2. Tinge paa øyrane ved elve-osen utanfor Nidaros (sjaa korte s. 528), der dei norske kongane skulde lata seg hylla.
  3. Rettare 12te november.
  4. Winchester, den gamle kongsstaden i Wessex.
  5. Knut var konge i England i 19 aar, i Danmark i 16, med di han vart konge i England 1016 og i Danmark 1019. Snorre hev rekna fraa de aar daa Svein Tjugeskjegg døydde, som han sette for tidleg, til 1008 (sjaa s. 241).
  6. Sunde millom Hilløy og lande, sudvest for Mandal.
  7. Nidaros.
  8. Jerusalem eller Jødeland.
  9. Sjaa s. 464.
  10. D. e. aalmenningen som gjekk upp fraa elvi (Skipakroken) til stræte.
  11. Sjaa s. 505.
  12. Sjaa s. 515.
  13. Bersöglisvisur, av berr og segja, for di han sagde meiningi si bert eller beint fram.
  14. Naar nokon gjekk med tunge tankar eller grunda paa noko, lagde han seg tidt ned i sengi eller paa benken og breidde felden yvi hovude paa seg.
  15. Edvard Confessor.
  16. Rettare: konge; for Henrik vart ikkje keisar fyrr enn i aare 1047 (Henrik III).
  17. Gunnhild døydde tri aar etter sin far (18de juli 1038), men var berre gift i tvo aar (fraa 29de juni 1036).
  18. Sjaa s. 442.
  19. Sjaa s. 209.
  20. Ov-stor er d. s. s. for stor.
  21. Han heitte Ordulf, ikkje Otta.
  22. Sjaa s. 160.
  23. «Ved Skotborg-aai» kan ikkje vera rett, daa slage stod paa Lyrskogsheidi vest for byen Slesvik, men Skotborg-aai er den same som Konge-aai, som renn ut i Vesterhave eit stykke nordanfor Ribe (Sjaa korte s. 555).
  24. D. e. 28de september, dagen fyri mikjelsmess.
  25. Lyder nærast: Glaad.
  26. Tarebruk er tare (eit slag tang) som er drivin upp paa strandi.
  27. Gard i Medalland i vestre Skaptafells-sysla lengst sudaust paa Island.
  28. Ytst paa sudsida aat Arnarfjord, i Bardastrandar-sysla, paa landskagen lengst nordvest paa Island. Sonesons son aat Baard var den namnkjende lækjaren Ravn Sveinbjørnsson († 1211).
  29. Snorre hev meint at Re var ein staden paa dei danske øyane; men Re (gmldansk Rø) er de gamle namne paa øyi Rügen. Med «Vestlande» er truleg meint Vestpommern, no er kalla, («Vorderpommern»).
  30. No Aarhus, i Jylland.
  31. Kastespjot med ei reim til aa gjeva spjote fart med.
  32. Rælingane millom framstamnen og masti.
  33. 18de desember 1043.
  34. Uvisst um de er Sjælland som er meint her.
  35. Helganes (Helgenes) gjeng ut mot sør fraa den store landskagen paa austsida av Jylland (sjaa korte s. 553)
  36. Her, liksom fyrr (s. 251 og 551 ) er de gjengi ut fraa at Harald var son aat Emma og halvbror aat Edvard.