Soga um Olav den heilage
Velg språk | Norrønt | Islandsk | Norsk | Dansk | Svensk | Færøysk |
---|---|---|---|---|---|---|
Denne teksten finnes på følgende språk ► | ||||||
Kongesogur
Snorra Sturlusonar
umsett ved
S. Schjött
1900
Soga um Olav den heilage
1. Olav, son hans Harald Grenske, vart uppfødd hjaa Sigurd Syr, stykfar sin, og Aasta, mor si. Rane den vidfarne var hjaa Aasta, og han fostra kong Olav Haraldsson. Olav vart snart ein dugeleg mann og vakker og medels stor paa vokster, og han var tidleg klok og ordhittin. Sigurd Syr dreiv mykje paa med jordbruke sitt og hadde folki sine stødt i arbeid, og han var jamt ute sjølv og saag etter aaker og eng og fenaden og handverkarane, og elles der folki hans hadde noko aa gjera.
2. De var ein gong at kong Sigurd Syr vilde rida av garde, og de var ingin heime paa garden; daa bad han Olav, stykson sin, aa sala hesten hans. Olav gjekk ut i geitehuse og tok den største bukken han kunde finna, og leidde han heim og lagde salen til kongen paa han, og dermed gjekk han stad og fortalde han at no hadde han stelt til ridehest aat han. Daa kong Sigurd kom og fekk sjaa kva Olav hadde gjort, sagde han: «De er lett aa sjaa, at du ikkje vil bry deg um de som eg bed deg um; mor di tykkjer visst og de er sømelegt, at eg ikkje bed deg um slikt som ikkje er deg til lags. De er lett aa sjaa, at me ikkje hev same lynde, og du er nok meir storlynd enn eg er.» Olav svara ikkje stort og log og gjekk sin veg.
3. Daa Olav Haraldsson voks upp, var han medels høg og knapt de, men før og sterk og hadde ljosbrunt haar og var breidleitt og raud og kvit i andlite; han hadde framifraa augo og var vænøygd og kvassøygd, so folk vart rædde, naar dei saag han i augo, naar han var vond. Olav var ein stor itrottsmann i mange stykke; han skaut godt med boge, og var ein ovkar til aa kasta med spjot, var god til aa symja og hendt, og hadde godt skyn paa alt arbeid, anten de var han eller andre folk som gjorde de. Dei kalla han Olav Digre. Han var djerv og klokmælt og snart fullvaksin baade i styrke og vit, og alle frendane og kjenningane hans lika han godt; han var kapphuga i leik, og han vilde vera fyrstemannen av alle, som rimelegt kunde vera, med den stand og ætt som han hadde.
4. Olav Haraldsson var 12 vetrar gamal, daa han fyrste gongen gjekk um bord paa herskip. Aasta, mor hans, fekk [1007] Rane, som dei kalla Kongsfostre,til aa føra mannskape og vera med Olav, av di Rane tidt hadde vori i viking fyrr. Daa Olav tok ved folk og skip, gav mannskape han kongsnamn, som dei daa hadde for skikk, at dei her-kongane som var kongeborne fekk kongsnamn strakst, naar dei var i viking, endaa dei ikkje hadde land aa raada for. Rane sat ved styre, og difor segjer sume at Olav høyrde til mannskape; men han var likevel konge yvi heren. Dei styrde austetter langs med lande, og fyrst til Danmark. So segjer Ottar Svarte i eit kvæde som han dikta um kong Olav:
5. Daa hausten kom, siglde han aust til Sviavelde og tok til aa herja og brenna lande, for di han totte at sviane hadde fortent fiendskap til gagns av han, daa dei hadde drepi Harald, far hans. Ottar Svarte segjer med greide ord, at han fór fraa Danmark og austetter:
- Drakar drusteleg prydde
- dreiv De fraa land til anna
- med aarane aust i have,
- onnuge paa herferd.
- Segl De stundom sette
- og sjøen med styre velte;
- mang ei aar sleit seg
- ut paa dei store baarur.
- I folk du fæla sette,
- der du fór og blod-svana[3] metta;
- sidan i sverdleik du farga
- i Svitjod nesi raude.
6. Denne hausten heldt Olav de fyrste slage sitt ved Sotaskjer, eit av Sviaskjeri[4]. Der slost han med nokre vikingar, og den som førde deim heitte Sote. Olav hadde færre folk men større skip, og lagde skipi sine millom nokre baa-ar, so de ikkje var greidt for vikingane aa leggja til. Olav kasta stamnljaa-ar um bord i dei skipi som laag næmast, og drog deim aat seg og hogg ned mannskape. Vikingane miste mykje folk og lagde ifraa. Um dette slage fortèl Sigvat skald i eit kvæde, der han rekna upp alle slagi til kong Olav:
- Med den unge ættstore hovding
- innanbords, langskipe stemnde
- til havs, han som sidan
- hugrædde folki ottast;
- men millom mangt eg minnast
- maa daa fyrste gongen
- ovmannen ulvfoten roda
- aust ved Sotaskjeri.
7. Etter dette siglde kong Olav austetter langs Svitjod og lagde inn i Logen[5] og herja paa baae sidur av lande. Han lagde heilt upp til Sigtun og lagde seg ved gamle Sigtun. Sviane segjer at ein endaa ser dei stein-dungane som Olav lagde under bryggje-spordane sine. Men daa hausten kom, fekk Olav Haraldsson vita at sviakongen Olav samla ein stor her og at han hadde stengt Stokksund[6] med jarnlekkjur og lag folk der. Sviakongen tenkte at kong Olav vilde bida der til de fraus paa, og han mætte ikkje heren til kong Olav vidare, daa han hadde lite folk. Daa for kong Olav til Stokksund, nen slapp ikkje igjenom, daa de var eit kastell vestanfor sunde og ein her sunnanfor. Men daa dei spurde at sviakongen var un bord paa skipi sine og hadde ein stor her og mange skip, lét kong Olav grava ut igjenom Agnafit til havs. De heldt nett paa og stri-regnde, og i heile Svitjod gjeng alt rennande vatn ut i Logen, og de er berre ein utfalls-os ut til have, og den er so smal, at de er mang ei aa som er breidare, og naar de stor-regner og snøen braanar, fløymer vatne fyssande ut igjenom Stokksund, og Logen veks so høgt at de flør utyvi rundt umkring. Daa dei no hadde gravi alt til sjøs, sette vatne og straumen ut igjenom. Daa lét kong Olav taka styre av paa alle skipi og draga segli til topps. Dei hadde ein blaasande bør og styrde med aarane, og skipi kom fort yvi grunningen og kom heile ut paa sjøen alle ihop. Daa fór sviane til sviakongen Olav og sagde han at Olav Digre var sloppin til havs, og sviakongen skjemde paa deim som skulde sjaa etter at Olav ikkje slapp ut. Dette sunde kallar dei sidan for Kongssund[7], og ein kan ikkje sigla der med store skip, utan naar vatne veks høgt. Sume fortèl at sviane hadde merka daa Olav hadde gravi ut igjenom Agnafit og vatne fløymde ut, og at sviane kom med ein her og vilde meinka Olav, so han ikkje skulde sleppa ut; men daa vatne grov seg inn paa baae sidur, rasa elvebakkane ut, og folke med, og de var mange som gjekk med der. Men dette segjer sviane imot og segjer at de berre er tøv, at de gjekk med folk der. Um hausten siglde kong Olav til Gotland og laga seg til aa herja. Gotane hadde samla ein her, men sende bod til kongen og baud han skatt av lande. Kongen tok imot dette og tok skatt av lande og sat der um vetteren. So segjer Ottar Svarte:
- Du leidingsmennane lønte
- og lagde paa gotar her-skatt;
- ikkje med vaapn dei vaaga
- aa verja lande imot deg.
- Øysel-folk rende, men aust-paa
- aat ulvane svulten stilltest;
- mang ein mann hev mindre
- mod enn Yngve-sonen.
8. Her er de sagt, at daa de tok til aa vaarast, for kong Olav. aust til Øysysla[8] og herja og gjekk i land der, men Øysyslemennane [1008] kom ned og heldt slag med han. Der vann kong Olav og jaga deim og herja og øydde lande. De er fortald, at i fyrstningi, daa kong Olav kom til Øysysla, baud bøndane han skatt; men daa dei kom ned med den, møtte han deim med heren fullt væpna; og daa gjekk de annarleis enn bøndane tenkte; for dei kom ikkje ned med pengar, men med vaapn, og slost med kongen, som de fyrr er fortalt. So segjer Sigvat skald:
- Di-næst Olav de andre
- odd-tinge framde
- paa Øysels strand, den øydde;
- uppsynt daa vart sviki.
- Faa etter blodlaat[9] bida;
- bøndane kunde atter
- leggine takka, dei lenger
- fekk liva, daa undan dei rende
9. Sidan siglde han attende til Finnland og herja der, og gjekk upp i lande, men alle folk flydde til skogs og gjorde bygdi reint snaud for gods. Kongen gjekk langt upp i lande og yvi nokre skogar. Daa kom dei til nokre dalbygdir, som heiter Herdalane. Der fann dei lite gods og ikkje folk. Daa de leid ut paa dagen, snudde kongen att til skipi. Men daa dei kom til skogen, styrmde de folk imot deim fraa alle kantar og skaut paa deim og gjekk kvast paa. Kongen bad mennane sine liva seg og verja seg mot deim, so godt dei kunde; men de var ikkje so beint, av di finnane hadde livd av skogen. Fyrr kongen kom ut or skogen, miste han mykje folk, og mange vart saara. Um kvelden kom han til skipi sine. Um natti trolla finnane eit fælt stygge-vêr og storm paa sjøen, men kongen letta anker og drog upp segli og bauta utanfor lande um natti. Og de gjekk no som de gjorde stødt, at lukka til kongen var sterkare enn trollingi til finnane; for um natti fekk dei bauta seg framum Balagardssida[10] og derifraa ut i have. Men finne-heren fylgde etter paa land, etter som kongen siglde fram-med strandi. So segjer Sigvat:
- Streng og strid var den tridje
- staal-rid for kongesonen,
- daa fyrst han finnane møtte
- paa ferdi i Herdalom auster.
- Men aust i leidi du løyste
- fraa lande viking-floten;
- langskipi lagdest med bordi
- langs med Balagards-sida.
10. Etter dette siglde kong Olav til Danmark, og der raaka han paa Torkjel den høge, bror hans Sigvalde jarl, og Torkjel gav seg i lag med han, daa han nett var reidug til laa fara i herferd. Dei siglde søretter langs med Jylland til ein stad som dei kallar Sudrvik[11], og der tok dei mange vikingskip. Dei vikingane, som laag ute jamt og hadde mykje folk under seg, lét kalla seg kongar, endaa dei ikkje hadde land aa raada for. Kong Olav lagde til slag mot deim, og de vart ein hard strid, men kong Olav vann og fekk mykje herfang. So segjer Sigvat:
- Fjorde gongen gramen
- til geir-gny atter gav upphav,
- der eg frette han vel seg varde
- og vann seg framifraa heider,
- daa den faste freden
- millom folki og deira kongar
- sund dei sleit i den breide
- Sudrvik, kjend millom danom.
11. Daa siglde kong Olav sør til Frisland og laag utanfor Kinnlima-sida[12], og de var kvast vêr. Kongen gjekk upp i lande med heren sin, men landsfolke reid ned imot deim og slost med deim. Dette fortèl Sigvat skald:
- Førar i femte striden,
- faarleg for hjelmane, var du,
- der stamnane harde stormar
- stod ut ved Kinnlima-sida,
- daa rambeitt hermenn rauste
- reid ned mot kongeskipi,
- men mennane dine modig
- møtte fiend-flokken.
12. Etter dette siglde kong Olav vest til England[13]. Nett [1008] paa den tid hende de seg, at danakongen Svein Tjugeskjegg var i England med danaheren, og hadde seti der ei stund og havt lande til kong Adalraad. Daa hadde danine breidt seg vidt ut yvi England, og no hadde de vorti til de, at kong Adalraad hadde rømt lande og var farin sør til Valland. Same hausten som kong Olav kom til England, hende de seg, at kong Svein Haraldsson braa-døydde um natti i sengi si, og engelsmennane segjer at Eadmund den heilage hadde drepi han, sameleis som den heilage Merkurius drap svikaren Julianus.[14] Daa den engelske kongen Adalraad spurde dette, vende han strakst attende til England, og daa han kom att til lande, sende han bod til alle deim som for betaling vilde hjelpa han til aa taka lande. Daa dreiv de fullt av folk til han, og daa kom kong Olav og, med ein heil flokk nordmenn, og vilde hjelpa han. Dei lagde fyrst inn til London og siglde med floten inn i Tems; men danine varde borgi. Paa den andre sida aat elvi er de ein stor handelsplass, som heiter Sudvirke[15]. Der hadde danine laga seg godt til og gravi store dike, og innanfor der hadde dei sett upp ein vegg av timber og stein og torv, og hadde ein stor her der. Kong Adalraad lét deim ganga kvast paa der, men danine varde seg, og kong Adalraad kom ingin veg. Millom borgi[16] og Sudvirke var de bruir yvi elvi, som var so breide, at dei kunde køyra framum kvarandre med vognir. Paa bruine paa nedsida hadde dei stelt til forsvarsverk, baade skansar og bordtak, so høge at dei naadde til midt upp paa live paa ein mann, og under bruine var de paalar, som gjekk ned i elvegrunnen. Daa dei gjekk paa der, stod heren rundt umkring paa bruine og varde deim. Kong Adalraad hadde slik hugverk, og visste ikkje korleis han skulde taka bruine. Han kalla alle hovdingane i heren til seg til ei samtale, og samraadde seg med deim um korleis dei skulde faa ned bruine. Daa sagde kong Olav at han vilde freista paa aa leggja til med sitt folk, soframt dei andre hovdingane og vilde leggja til. I dette møte vart de avtala, at dei skulde leggja heren sin upp under bruine, og daa gjorde kvar sitt folk og sine skip reiduge.[17]
13. Kong Olav lét gjera store flakar av tægar og raa-ved, og lét taka kvistehus[18] i-sund til dette, og med desse tekte han skipi sine, soleis at dei naadde ut yvi skipsbordi; under deim lét han setja stavar, so tett og høgt at de baade var svingerom for sverdi, og at take kunde halda ut, naar dei kasta stein ned paa deim. Daa heren var ferdig, rodde dei upp etter aai, og daa dei kom nær til bruine, so skaut danine ned paa deim og kasta so store steinar, at korkje hjelmar eller skjoldar heldt, og skipi vart og fælt skadde, so mange lagde fraa att. Men kong Olav og nordmanna-heren rodde alt upp under bruine og lagde tog um paalane som bar bruine, og so tok dei paa og rodde med alle skipi ned-etter med straumen, de meste dei orka. Dei drog paalane langs grunnen, til dei gjekk lause under bruine, og av di de stod manntjukt med væpna folk paa bruine, og de laag fullt med stein og vaapn paa deim, og dei hadde broti paalane undan, so rauk bruine sund, og mykje folk datt ut i elvi, og alle hine flydde fraa bruine, sume til borgi og sume til Sudvirke. Etter dette gjekk dei paa og tok Sudvirke. Men daa borgmennane saag at Tems-aai var teki, so dei ikkje kunde meinka skipi som vilde sigla upp i lande, so vart dei rædde og gav upp borgi og tok imot kong Adalraad. So segjer Ottar Svarte:
- Brui i London braut du,
- broddleiks-harde hovding!
- lukke hev du havt til
- i herstrid gull aa vinna.
- Daa vêre voks, daa ljoma
- vidt dei klemde skjoldar,
- med brak brynju-ringar
- brast i jarnserkar gamle.
Og attaat kvad han dette:
Likeins segjer Sigvat um dette:
- Sant er, at der var de sette
- slage, der raske hovding
- baud anglar til strid, daa Olav
- upp gjekk mot London-brui.
- Valskt sverd beit, men vikingar
- varde der dike;
- sume sine budir
- paa Sudvirke-sletta hadde.
14. Kong Olav var um vetteren hjaa kong Adalraad, og daa heldt dei eit stort slag paa Ringmara-heidi i Ulvkjelsland[21], som Ulvkjel Snilling aatte paa den tid, og der vann kongane. So segjer Sigvat skald:
- Sverd-tinge de sjaunde,
- soleis som um eg mæler,
- atter lét Olav sidan
- paa Ulvkjels land fremja.
- Rundt um paa Ringmara-heidi
- i ring stod landsmenn aat Ella,
- Her-fall der vart; den hito[22]
- Haralds erving valda.
Og um dette slage segjer Ottar Svarte:
- Langt fraa skipi ladde[23]
- likdungar tunge
- heren din, eg høyrde,
- og heidi i Ringmare roda.
- Landsfolke lutte
- i leiken for dykk til jordi;
- men mange engelske mennar
- maatte flugti taka.
Daa kom store stykke av lande under kong Adalraad; men tingmennane[24] og danine hadde mange borgir og heldt seg endaa i store stykke av lande.
15. Kong Olav var hovding for heren, daa dei drog mot Kantaraborg, og der slost dei so lengi, til dei tok byen og drap mykje folk og brende upp borgi[25]. So segjer Ottar Svarte:
- Yngve! mot sikling-ætti[26]
- aagang hard du gjorde;
- blide hovding tok breide
- borgi Kantara ein morgon.
- Eld og røyk med ofse
- yvi husi leika;
- ættstore drottin vann dagen,
- i dauden sende du mange.
Sigvat reknar dette for den aattande striden kong Olav heldt:
No var kong Olav sett til aa verja lande i England og fór med herskip fram langs med lande og lagde upp i Nyamoda[31]; der laag de ein her av tingmenn, og kong Olav heldt eit slag med deim og vann. So segjer Sigvat skald:
- Unge kongen ofte
- gav anglane raude skraamur;
- atter paa brynjur de brune
- blod kom i Nyamoda.
- No hev de niande slage
- eg nemnt som kongen framde;
- i dungar danine stupte,
- der de dreiv med spjot mot Olav.
Etter dette fór kong Olav rundt umkring i lande og tok skatt av folke, eller so herja han. So segjer Ottar:
- Engelske menn ikkje magta
- motstand deg aa bjoda,
- naar du, høge hovding!
- harde skattar kravde.
- Ikkje faatidt folke
- førde gull aat drottnen;
- store ting høyrde eg stundom
- til strandi ned kunde koma.
Der var kong Olav i tri vetrar den gongen.
16. Den tridje vaaren døydde kong Adalraad, og daa tok sønine hans, Eadmund og Eadvard, kongedøme etter han.[32] [1011] Daa fór kong Olav sør yvi sjøen og slost i Ringsfjorden og tok ei festning paa Holane[33], som nokre vikingar hadde tilhald i, og reiv ned festningi.[34] So segjer Sigvat skald:
- I Rings-fjorden den fagre
- fyllt vart tie-tale
- av hoggstridar; heren siglde
- dit hovdingen baud deim fara.
- I Hol den høge borgi,
- som hyste eit vikingbøle,
- braut han; dei ynskte seg ikkje
- oftare slik ein lagnad.
17. Etter dette siglde kong Olav med heren sin vest til Grislepollar, og slost der med vikingar utanfor Vilhjalmsbø, og der vann kong Olav. So segjer Sigvat:
- De ellevte slag i sin ungdom
- heldt Olav ved Grislepollar;
- daa du fraa striden stemnde,
- storhovdingar der var fallne.
- Herstriden, hard med hjelmar
- heiders-rik aa minnast,
- vunnin vart ved byen
- aat Vilhjalm[35], den trufaste jarlen
Deretter heldt han eit slag vest i Fetlafjorden, soleis som Sigvat segjer:
- Tolvte gongen gramen
- graabein-tonni vætte
- i Fetlafjorden; feige[36]
- frettest daa mange mennar.
Derifraa fór kong Olav alt sør til Seljupollar[37] og heldt eit slag der og tok ei stor og gomol borg, som heiter Gunnvaldsborg Her fanga han ein jarl, som heitte Geirfinn, som var hovding paa borgi. Kong Olav hadde ei samtale med borgmennane, og kravde av borgi og jarlen 12 000 gullskillingar i skatt og løysepengar, og borgi reidde ut den skatten han lagde paa deim. So segjer Sigvat:
- Trettande take vann han,
- trønda-drottnen snarpe,
- sør i Seljupollar;
- sorg fekk dei som flydde.
- Gramen upp til gamle
- Gunnvaldsborg ein morgon
- gjekk og fanga jarlen,
- — Geirfinn denne heitte.
18. Etter dette siglde kong Olav med heren sin vest til Karlsaa[38] og herja der og heldt eit slag. Men daa kong Olav laag i Karlsaa og bida paa bør og var meint paa aa sigla ut til Norvasund[39] og derifraa ut til Jorsalaheim, drøymde han ein merkeleg draum, at de kom til han ein drusteleg og tekkjeleg mann, men han var avskræmeleg og, og tala til han, og baud han gjeva upp den tanken aa fara til framande land: «Far attende til odelen din, for di du skal vera konge yvi Norig til æveleg tid.» Han lagde ut denne draumen soleis, at han og avkjøme hans i lange tidir skulde vera kongar i lande.
19. Etter dette syne snudde han og lagde seg ved Peituland[40] og herja der og brende upp ein by som heitte Varrande[41]. Dette nemner Ottar:
Og dette med segjer Sigvat:
- Sunnantil kom siglande
- sigersæl Møre-drottnen
- og landgang gjorde i Leira[44],
- der langspjot gamle brotna.
- Byrge hermenn brende
- byen langt fraa sjøen,
- Varrande heiter, i væne,
- velbygde Peitu-lande.
20. Kong Olav hadde vori tvo sumrar og ein vetter paa herferd vest i Valland, og daa hadde de gjengi 13 aar fraa di kong Olav Trygveson fall. Paa den tid var de [1013] tvo jarlar i Valland, Vilhjalm og Rodbert, sønine hans Rikard Rudejarl[45], og dei styrde Normandi.[46] Syster deira var dronning Emma[47], som hadde vori gift med den engelske kongen Adalraad, og desse hadde 4 sønir, Eadmund og Eadvard den gode, Eatvig og Eatgeir. Rikard Rudejarl var son hans Rikard og soneson hans Vilhjalm Langespjot, og han var son til jarlen Gange-Rolv, som tok Normandi, og han var son til Møre-jarlen Rognvald den megtuge, som fyrr er fortalt. Fraa Gange-Rolv er Rudejarlane ætta, som lengi etter rekna dei norske hovdingane for skyldfolk, og dette vyrde dei mykje lengi etter, so dei alltid var godvenir med nordmennane, og alle nordmenn hadde trygt tilhald i Normandi, naar dei vilde tekkjast med de. Um hausten kom kong Olav til Normandi og laag um vetteren i Signa[48], og hadde fredland der.
21. Daa Olav Trygveson var fallin, gav Eirik jarl liv og fred til Einar Tambeskjelvar, son hans Eindride Styrkaarsson, og Einar var med jarlen nord til Norig. De er fortalt, at Einar var ein overlag sterk kar og den beste bogeskyttaren som hev vori i Norig, og han skaut kvassare enn alle andre. Han skaut med ei pil utan odd igjenom ei raa-blaut uksehud som hekk paa ei stong, og han var den beste skiløyparen som fanst; han var ein stor itrottsmann og urædd, og storætta og rik var han. Eirik jarl og Svein jarl gifte syster si, Bergljot Haakonsdotter, med Einar, og de var overlag mykje til kvinne. Dei hadde ein son, som heitte Eindride. Jarlane gav Einar store veitslur i Orkedalen; han vart den megtugaste og gjævaste mannen i Trondheim, og var jarlane til god hjelp og ein hjartans ven.
22. Eirik jarl var ikkje vidare nøgd med at Erling Skjalgsson hadde so stort rike, og han lagde under seg alt de konge-godse som kong Olav hadde gjevi Erling. Men Erling tok radt liksom fyrr all landskyldi i Rogaland, og soleis laut landsfolke tidt svara landskyldi tvo gongir, eller so øydelagde han landsbygdi. Jarlen fekk lite av bøtane og, daa syslemennane hans ikkje kunde halda seg der, og jarlen fór aldt umkring paa gjestebod, utan han var retteleg mangment. Dette nemner Sigvat. Eirik jarl trudde seg ikkje til aa slaas med Erling, for di han hadde store og mange frendar og var megtug og vensæl, og han hadde stødt so mykje folk umkring seg som de kunde vera ei kongs-hird. Erling var tidt um sumaren ute paa herferd og samla gods; for han heldt paa med den same stasen og stormanns-visi som han hadde teke paa med, endaa dei veitslune han no hadde var baade mindre og gav mindre av seg enn daa kong Olav, verbror hans, livde. Erling var ein vakker og ein stor og sterk mann og den største stridsmannen som fanst, og i alle itrottar var han likast kong Olav Trygveson; de var ein klok mann, og de var framferd med han i alt de han gjorde, og han var ein stor hermann. Dette nemner Sigvat:
- Ingin millom alle
- andre lendmenn var de
- som hadde herstridar fleire
- aa halda ut enn Erling.
- Sitt mod i mang ein sverdleik
- den milde hovding synte;
- inn gjekk han oftast den fyrste
- og ut or striden den siste.
Folk hev alltid sagt de, at Erling hev vori den gjævaste av alle lendmennane i Norig. Borni hans Erling og hennar Aastrid var: Aaslak, Skjalg, Sigurd, Lodin, Tore, og Ragnhild, som var gift med Torberg Arneson. Erling hadde stødt med seg 90 frie menn eller fleire, og baade sumar og vetter drakk dei til dogurden etter maal, men til kveldsverden drakk dei umælt. Men naar jarlane var nære ved, hadde han 200 mann eller fleire. Aldri hadde han mindre styrke, naar han siglde, enn eit tjugetofta skip og fullt mannskap. Erling hadde eit stort skip paa 32 rom, og endaa var de stort etter maaten, og dette bruka han naar han var i viking eller han fór i leiding, og paa dette var de 200 mann minst.
23. Erling hadde jamt 30 trælar heime paa garden, umfram andre tenestfolk; han gav trælane sine eit visst dagsarbeid, og sidan gav han deim stundir og lov til aa arbeida aat seg sjølve i skymringi og um nætane, um dei vilde. Han gav deim aakerland til aa saa korn paa og tena pengar paa avlingi. Han verdsette deim og lagde løysepengar paa deim og de var mange som løyste seg fyrste eller andre aare, mens alle som hadde nokor lukke med seg løyste seg paa 3 aar. For desse pengane kaupte Erling andre trælar, men dei som hadde løyst seg sette han anten til sildfiske eller til anna arbeid, som dei kunde liva av; sume av deim rudde skogar og sette bu der, og alle sette han i god veg paa einkvar maater.
24. Daa Eirik jarl hadde styrt Norig i 12 vetrar,[49] kom de ordsending til han fraa danakongen Knut, verbror hans [1012] at han skulde vera med han paa ei herferd vest til England med heren sin; for Eirik var ein namngjetin hermann, daa han hadde vunni i dei tvo kvassaste slagi som hev vori i nordlandi. De eine var den gongen daa Haakon jarl og Eirik slost med jomsvikingane, og de andre daa Eirik slost med kong Olav Trygveson. Dette nemner Tord Kolbeinsson. Jarlen sette ikkje denne ordsendingi fraa kongen i gløymeboki og fór ut av lande, men lét Haakon jarl, son sin, vera etter i Norig til aa taka vare paa lande, og sette Einar Tamberskjelvar yvi han til aa styra lande for han, av di Haakon den gongen ikkje var eldre enn 17 vetrar.
25. Eirik kom til kong Knut i England og var med han daa han tok London.[50] Eirik jarl heldt eit slag vestanfor London, og der drap han Ulvkjel Snilling[51]. Dette nemner Tord Kolbeinsson. Eirik jarl var ein vetter i England og held nokre slag der. Hausten etter etla han seg til Rom, men døydde i England av aarelating.[52]
26. Kong Knut heldt mange slag i England med sønine til den engelske kongen Adalraad, og de var ymist med sigeren. Han kom til England same sumaren som Adalraad døydde,[53] og daa vart kong Knut gift med dronning Emma. Borni deira var Harald[54], Hordaknut og Gunnhild. Kong Knut forlikte seg med kong Eadmund, soleis at kvar av deim skulde hava halve England. Same maanaden drap Heinrek Strjona kong Eadmund.[55] Deretter jaga kong Knut alle sønine til kong Adalraad ut or England. So segjer Sigvat:
- Ein og kvar son
- aat Adalraad i dauden
- sende ell' or lande
- ut dreiv Knut.
27. Sønine til kong Adalraad kom fraa England til Ruda i Valland, til morbrørane sine, same sumaren som Olav Haraldsson kom vestantil fraa viking, og denne vetteren var alle desse i Normandi[56] og slo lag og gjorde den avtala, at kong Olav skulde hava Nordumbraland, um dei kunde taka England fraa danine. Daa sende kong Olav um hausten Rane, fosterfar sin, til England, til aa samla folk, og sønine hans Adalraad sende han med jartegnir til venine og frendane sine, og kong Olav gav han mange pengar med til aa draga folk til deim. Rane var um vetteren i England mange stormenn lova han truskap, og landsfolke var meir hugen paa ein innanlands-konge yvi seg; men likevel hadde danine no so stor magt i England, at dei hadde tvinga heile landfolke under herredøme sitt.
28. Um vaaren fór dei vestantil alle ihop, kong Olav og sønine til kong Adalraad, og kom til England, til ein stad som heiter Jungufurda[57], og gjekk i land der med heren [1014] sin og upp mot borgi. Der var de mange av dei mennane som hadde lova deim hjelp, og dei tok borgi og drap mykje folk. Men daa mennane til kong Knut vart vare dette, samla dei ein her, og vart snart so mangmente, at sønine til kong Adalraad ikkje hadde magt til aa standa imot, og visste ikkje onnor raad enn aa sigla burt og fara vest att til Ruda. Daa skildest kong Olav fraa deim og vilde ikkje fara til Valland. Han siglde nordetter langs med England alt til Nordimbraland, og lagde inn i ei hamn som heiter Vald[58], og sloss med byfolke og kaupmennane, og vann og fekk mykje herfang
29. Kong Olav lét langskipi vera etter der, og budde tvo handelsskip og hadde um bord 220 mann[59], som var heilt upp brynju-klædde og godt utvalde. Han siglde nord ut i have um hausten og fekk ein overhendig storm, so de stod um live; men daa dei hadde raske gutar og lukka til kongen um bord, so gjekk alt vel. So segjer Ottar:
- Ikkje De øgdest[60] Æge,
- der yvi baarur De dansa;
- ingin førar fær seg
- fylgjesveinar betre.
- Skipi dei bratte skavlar
- skaut ofte av seg,
- fyrr Norig midstrands De naadde
- namnfræge Haralds ætting!
Her er de sagt, at kong Olav kom inn fraa have midt paa Norig; men den øyi, der dei tok land, heiter Sæla[61] utanfor Stad. Daa sagde kong Olav at de maatte vera ein lukke-dag, daa dei landa vel Sæla i Norig, og sagde at de visst var eit godt varsl, at de hadde høvt soleis til. Daa dei gjekk upp paa øyi, steig kongen med den eine foten paa ein stad som de var leire, og studde seg med hin foten paa kne. Daa sagde han: «No datt eg,» sagde kongen. Daa svara Rane: «Du datt ikkje, konge, men no feste du fot i lande.» Kongen log og sagde: «Soleis kan de vera, um Gud vil.» Dermed gjekk dei ned til skipi og siglde sør til Ulvesund. Der fekk dei spurlag paa Haakon jarl, og høyrde at han var sør i Sogn og ventande nordetter, fyrst han fekk bør, og at han hadde ikkje meir enn eitt skip.
30. Daa kong Olav kom sør um Fjalir, styrde han av fraa skipsleidi og siglde inn til Saudungssund[62] og lagde seg der med skipi sine, eit paa kvar side av sunde, og ein diger kabbel imillom. I de same rodde jarlen Haakon Eiriksson inn i sunde med eit langskip og fullt mannskap, og daa dei trudde at de var tvo handelsskip som laag i sunde, rodde dei fram i sunde millom skipi. No tok kong Olav og mennane hans og drog upp toge midt under kjølen paa langskipe og vatt de upp med vindespele. Strakst toge fata i langskipe, gjekk de i vére med atterenden og stupte fram paa nasa, so sjøen stod inn framme ved stamnen og fyllte skipe, so de kanta. Kong Olav tok Haakon jarl og alle mennane hans, som dei kunde naa i, upp av sunde, men sume drap dei, og sume sokk ned. Dette nemner Ottar. Dei leidde Haakon jarl upp paa kongsskipe; han var den vænaste mannen som nokon hadde set. Han hadde stort haar, og so fagert som silke, og de var bundi med eit gull-lad[63] um hovude. Han sette seg ned i fyrirome, og kong Olav sagde til han: «De er ikkje lygn, de som dei segjer um deg og frendane dine, at De er vakre karar; men no er de ute med lukka dykkar.» Daa sagde Haakon: «De er ikkje nokor ulukke, dette som hev hendt oss; de hev lengi vori so, at de hev vori ymist med sigeren, og soleis hev de gjengi med dine og mine frendar og, at snart hev den eine og snart den andre havt yvitake. Eg er mest berre barne, og no hadde me ikkje lett for aa verja oss heller, daa me ikkje visste at de var ufred ventande; de kan vera, at de gjeng betre med oss ein annan gong enn no.» Daa svara kong Olav: «Tykkjer du ikkje de ser ut til, jarl, at de no hev laga seg so, at du heretter dags korkje fær siger eller usiger?» Jarlen segjer: «Dette lyt du raada for denne gongen, konge.» Daa segjer kong Olav: «Kva vil du bjoda meg, jarl, um eg læt deg fara denne gongen heil og uskadd, kor du vil av?» Jarlen spurde kva han vilde krevja. Kongen svara: «Ikkje noko anna, enn at du fer ut or lande, og soleis gjev upp herredøme ditt, og gjer eiden din paa de, at du aldri heretter skal halda slag med meg.» Jarlen svara at so skulde han gjera. Og no gjorde Haakon jarl eiden sin paa de til kong Olav, at han aldri skulde slaast med han heretter og ikkje verja Norig med ufred mot kong Olav og ikkje taka paa han. Daa gav kong Olav honom og alle mennane hans liv og fred, og jarlen fekk att skipe sitt, som han hadde havt med seg dit, og sidan rodde dei kvar sin veg. Dette nemner Sigvat skald.
31. Etter dette laga jarlen seg ut or lande de snøggaste han vann, og siglde vest til England, og der raaka han paa kong Knut, morbror sin, og fortalde alt som hadde hendt med honom og kong Olav. Kong Knut tok oversleg godt imot han og lét han vera i hirdi med seg og gav han stor magt i rike sitt. Der var Haakon jarl no ei lang stund hjaa Knut. Medan Svein og Haakon raadde for Norig, gjorde dei forlik med Erling Skjalgsson, og dei styrkte dette forlike soleis, at Aaslak, son hans Erling, vart gift med Gunnhild[64], dotter hans Svein jarl, og Erling og Aaslak skulde hava alle dei veitslune som kong Olav Trygveson hadde gjevi Erling. Daa vart Erling heilt-upp godvenir med jarlane, og dei gjorde eiden sin paa dette.
32. No styrde kong Olav Digre aust langs med lande og heldt ting med bøndane rundt umkring, og mange gjekk i tenesta hans, men dei som var frendane eller venine hans Svein jarl lagde imot. Difor skunda kong Olav seg aust til Viki og siglde inn dei med heren sin og drog skipi sine paa land og fór upp i lande. Daa han kom til Vestfold, var de mange som tok godt imot han, som hadde vori kjenningar og venir med far hans, og han hadde mykje skyldfolk der umkring Foldi. Um hausten fór han upp i lande til kong Sigurd, stykfar sin, og kom dit tidleg dags. Daa kong Olav kom nær til garden, var de nokre tenarar som sprang fyri til garden og inn i stogo. Aasta, mor til kong Olav, sat inne med nokre kvinnfolk. Daa drengine fortalde at kong Olav kom, og at han snart var ventande, stod Aasta strakst upp og bad baade gutar og gjentur aa stella alt til, de beste dei kunde. Ho lét 4 gjentur henta all bunaden til stogo og nøyta seg og fli med tjeld og breida yvi benkine; 2 gutar bar halmen paa i golve, og 2 sette fram skjenkjar-borde og ausilen[65], 2 sette i fram mat-borde, 2 sette fram maten, 2 sende ho av fraa garden, 2 bar inn øle, og alle hine, baade gutar og gjentur, gjekk ut i garden. De fór sendemenn til kong Sigurd, og dei hadde med seg stasklædnaden hans og hesten hans, med gyllt sal og beisl som var innlagt med glimesteinar og gyllt heile vegen. Fire menn sende ho til alle fire kantar i bygdi og baud alle storfolk til gjestebod, daa ho vilde gjera velkome-øl for son sin. Alle hine som var der til staes lét ho taka dei beste klædi dei hadde, og laante deim klæde som ikkje hadde sjølve.
33. Kong Sigurd Syr var ute paa aakeren daa sendemennane kom og fortalde um dette, og kva Aasta tok seg fyri heime paa garden. Han hadde mykje folk; sume skar korn, sume batt, sume køyrde heim, og sume sette de i stakkar eller hadde de paa laaven. Men kongen gjekk umkring med 2 mann, takom-til paa aakeren og takom-til der dei av-leste korne. Dei segjer at han var klædd slik, at han hadde ein blaa kjole og blaa hosur, høge sko, som var bundne um leggen, ei graa kappe og ein graa, vid hatt, og slør for andlite og ein stav i handi, med ein gyllt sylvholk ovantil og ein sylvring i. Um lynde hans Sigurd er de fortalt, at han var ein driftig mann, som hadde umsut baade for eigedom og buskap og dreiv garden sjølv. Han var lite for stas og heller faamælt. Han var den klokaste av alle deim som var i Norig paa den tidi, og ovendes rik paa lausøyre; han var fredsam og, og gjekk ikkje andre for nær. Aasta, kona hans, var gjevmild og storlynd. Borni deira var Gutorm, som var eldst, og so kom Gunnhild og Halvdan og Ingerid og Harald, Daa sagde sendemennane: «Aasta bad at me skulde segja deg, at de laag ho mykje paa hjarta, at du no tedde deg paa stormanns-vis, og bad at du skulde liknast meir paa ætti hans Harald Haarfagre i lynde enn paa Rane Mjonev, morfar din, eller Nereid jarl den gamle, endaa dei var kloke menn.» Kongen segjer: «De er store tidendi som De fortèl, og De ber deim fram med ofse og. Aasta heve fyrr og gjort mykje krus for folk som ho var mindre skyldig aa hjelpa, og eg ser at ho hev same lynde endaa; og dette tek ho med stort aalvor, um ho kan leida son sin ut paa same stor-visi som ho no leider han inn. Men skal de no ganga paa denne maaten, so synest eg, at dei som vaagar seg i denne saki korkje maa bry seg um gods eller liv. Denne mannen kong Olav fær ei stor yvimagt imot seg, og han kan vera stød paa at danakongen og sviakongen vert vonde paa honom og de han hev fyri seg, um han driv paa med dette.»
34. Daa kongen hadde sagt dette, sette han seg ned og lét draga av seg fotbunaden og tok paa seg korduanshosur[66] og batt gyllte sporar utanpaa; og so tok han av seg kappa og kjolen og hadde paa seg pell-klæde, og utanpaa tok han ei skarlaks-kappe og spente um seg eit fint sverd og sette ein gyllt hjelm paa hovude og steig upp paa hesten sin. Arbeidsfolke sende han ut i bygdi, og tok ut 30 mann, som var godt klædde, og desse reid heim med han. Daa dei reid upp i garden utanfor stogo, saag han paa den andre sida av garden merke til kong Olav kom farande, og der kom han sjølv med 100 mann, og alle var dei godt klædde. Huse-millom var de og uppstelt folk heile vegen. Kong Sigurd helsa strakst fraa hesten paa kong Olav, stykson sin, og mennane hans, og baud han inn til drikkelag med seg; men Aasta gjekk stad og kysste son sin og baud han vera hjaa seg, og at han skulde bruka alt, baade land og folk, som ho kunde gjeva han. Kong Olav takka fint for tilbode, og daa tok ho han i handi og leidde han med seg inn i stogo til høgsæte. Kong Sigurd fekk folk til aa taka vare paa klædi deira og gjeva hestane deira korn, og sjølv gjekk han til høgsæte sitt, og no vart de gjestebod og fagning av beste slage.
35. Kong Olav hadde ikkje vori der lengi, fyrr han ein dag kalla til seg kong Sigurd, stykfar sin, og Aasta, mor si, og Rane, fosterfar sin, og vilde tala og samraada seg med deim. Daa tok kong Olav til orde: «No er de soleis, som De veit, at eg er komin hit til lande, og at eg hev vori lang tid i utlande, og i all denne tidi hev eg og mennane mine ikkje havt anna til aa liva av enn de me fekk paa herferd, og mange stadir laut me vaaga baade liv og sjæl, og mang ein saklaus mann hev loti missa eigedomen sin for vaar skuld, og sume live med. Men utlendingar sit og raar for den eigedomen som far min aatte, og far hans og alle forfedrane den eine etter den andre, og som eg og er odelsborin til. Og dei er ikkje nøgde med de heller, men dei hev eigna til seg de som alle frendane vaare eig, som er ætta fraa Harald Haarfagre som etter far. Sume gjev dei lite grande, men sume aldri de slag. No skal eg opinberra de for dykk, som lengi hev butt i hugen min, at eg er meint paa aa krevja farsarven min; men eg vil korkje draga til danakongen eller sviakongen og tigg til deim um de minste grande, endaa dei no ei stund hev kalla de for sin eigedom, som var arven hans Harald Haarfagre, men sant aa segja tenkjer eg heller paa aa søkja frende-arven min med odd og egg, og til dette vil eg faa hjelp av alle frendane og venine mine, og alle deim som vil slaa lag med meg i dette. Og soleis skal eg gjera dette krave, at eitt av tvo skal henda, at anten skal eg faa styringi yvi heile de rike som dei lagde under seg, daa dei fellte kong Olav Trygveson, frenden min, eller so skal eg falla her paa den jordi eg hev ervt etter frendane mine. No ventar eg av deg, Sigurd stykfar min, og dei andre mennane her i lande, som er odelsborne til kongedøme her, etter dei lovine som Harald Haarfagre gav, at De ikkje er so traude for aa reisa dykk og fri dykk for dette, som er ei skam for ætti vaar, at De ikkje vil leggja godviljen til alle ihop og hjelpa den som vil ganga fyri-enden og reisa ætti vaar att. Men anten so De no vil fara aat paa kara-vis eller ikkje, so veit eg korleis aalmugen er huga, at alle gjerne vil koma seg undan denne trældomen av utanlands-hovdingar, fyrst dei fær hjelp. Eg hev ikkje nemnt denne saki til nokon fyrr enn til deg, for di eg vet at du er ein klok mann, som skynar deg godt paa korleis me no i fyrstningi skal stella oss med de som eg hev tenkt meg til, um me fyrst skal tala stillt um dette med nokre faa, eller um de strakst skal faa koma i høgmæle og me skal bere de fram for aalmugen. Dei hev no alt fengi ein svarp, da eg fanga Haakon jarl, og han hev no rømt lande, og han svor og gav meg den luten av rike som han hadde fyrr. No tenkjer eg de vil vera lettare aa eigast med Svein jarl aaleine, enn um dei var baae tvo til aa verja lande.» Kong Sigurd svara paa dette: «De er ikkje smaatt som leikar i hugen din, kong Olav, og de er meir framhug enn klokskap i de som du vil, ikkje rettare eg skynar; men de var ikkje anna aa venta enn at de var stor skilnad paa smaalæte mitt og dei store tankane som du ber paa; for du var ikkje stor karen, fyrr du var raadrikin og hardfengd, naar du kunde sleppa til, og no er du attaat røynd mykje i strid og hev folka deg etter hovding-skikkane utanlands. No veit eg at du hev teki soleis paa med dette, at de kan ikkje nytta aa telja deg fraa, og de kan ikkje vera so mykje aa segja paa de, at den som er noko til kar ikkje kan vera like nøgd, um de gjeng paa skade med heile ætti og kongedøme hans Harald Haarfagre. Men eg vil ikkje lova deg noko visst, fyrr eg veit kva hine kongane paa Upplandi tenkjer paa og tek seg til. Men de var rett av deg, at du fyrst lét meg vita kva du etlar deg til, fyrr du lét de koma i høgmæle for aalmugen. Eg skal lova deg de, at eg skal tala for deg til kongane og dei andre hovdingane og andre folk i lande, og alt de eg eig, kong Olav, skal vera til hjelp for deg. Men me vil ikkje bera dette fram for aalmugen, fyrr eg ser at de kan faa framgang, og at de kan vera hjelp aa faa til dette store tiltake. For du lyt tenkja paa, at de er eit stort vaagespel aa gjeva deg i strid med sviakongen Olav og med Knut, som no er konge baade i England og i Danmark, og me lyt stø godt uppunder, skal de ganga godt. Elles synest eg ikkje de er urimelegt, at du fær godt for folk; for almugen stundar etter nytt. Soleis gjekk de fyrr og, daa kong Olav Trygveson kom til lande, at alle vart glade, men endaa laut han ikkje lengi kongedøme.» Daa han hadde sagt dette, tok Aasta til orde: «Med meg er de soleis, at eg er glad i deg, og eg vert gladare, di lenger fram du kjem, og eg skal ikkje spara paa noko av de som eg raar for. De er ikkje stor hjelpi aa faa av meg, men eg vilde heller, um eg skulde velja, at du vart yvikonge i Norig, um du so ikkje livde lenge i kongedøme enn Olav Trygveson, enn at du ikkje skulde vere større kongen enn Sigurd Syr og døy av alderdom.» Etter desse ordi slutta dei samtala. Kong Olav gav seg til der ei stund med heile mannskape sitt. Kong Sigurd heldt bord for deim annan-kvar dag med fisk og mjølk, og annan-kvar dag med kjøt og øl.
36. Paa denne tid var de mange kongar paa Upplandi som hadde fylke aa raada for, og dei fleste av deim var komne av ætti hans Harald Haarfagre. For Heidmarki raadde tvo brørar, Rørek og Ring, og i Gudbrandsdalen Gudrød, og paa Raumarike var de og ein konge, og ein konge hadde Totn og Hadaland, og de var ein konge i Valdres[67] og. Kong Sigurd Syr hadde eit møte med desse fylkeskongane uppe paa Hadaland, og til dette møte kom Olav Haraldsson og. Daa opinberra Sigurd for dei fylkeskongane som han hadde sett stemnelag med, kva Olav, stykson hans, hadde tenkt seg til, og bad deim hjelpa baade med folk og raad og samtykkje. Han legg ut for deim, kor naudturvelegt de var aa fri seg for den trældomen som danine og sviane hadde lagt paa deim. Han segjer at no finst de ein mann som vil ganga i fyri-enden i dette, og han rekna upp mange dugande verk, som kong Olav hadde gjort daa han fór umkring og var paa herferd. Daa segjer kong Rørek: «De er sant, at rike til kong Harald Haarfagre er til nedfalls, daa ingin av hans ætt er yvikonge i Norig. Men folk her i lande hev røynt noko av kvart. Haakon Adalsteinsfostre var konge, og alle var vel nøgde med de. Men daa sønine hennar Gunnhild raadde for lande, vart alle so leide hardstyre og uretten deira, at folk heller vilde hava utlendingar til kongar yvi seg og raada seg meir sjølve; for utanlandshovdingane var alltid langt undan og brydde seg lite um kva folk tok seg til, og tok den skatten av lande som dei hadde paalagt. Men daa danakongen Harald og Haakon jarl vart usams, so herja jomsvikingane i Norig, og daa reiste heile folke seg imot deim og hadde ein stor her og fridde seg radt for denne ufreden. Daa eggja dei Haakon jarl til aa forsvara lande mot danakongen og verja de med odd og egg. Men daa han totte han hadde fengi slik hjelp av landsfolke, at han var fotfast i rike, vart han so hard og streng med landsfolke, at dei ikkje tolde han, og trøndine drap han sjølve, og sette Olav Trygveson til konge, som var odelsborin til kongedøme og i alle stykke godt laga til aa vera hovding. Heile aalmugen i lande fyste etter aa faa honom til konge yvi seg og reisa uppatt de rike som Harald Haarfagre hadde lagt under seg. Men daa kong Olav totte han var fotfast i rike, fekk ingin mann raada seg sjølv for han. Han fór strengt med oss smaakongane og kravde alle dei innkomune som Harald Haarfagre hadde teki her, og i sume ting var han endaa strengare. Og folk fekk so lite raada seg sjølve for han, at ingin raadde sjølv for kva for ein gud han skulde tru paa. Men daa dei hadde teki lande fraa han, hev me no haldi venskap med danakongen og havt god hjelp av honom i alle ting som me trong um aa krevja, og me hev raadt oss sjølve og havt fred og ro innanlands og ikkje hardstyre. Mi meining er no de, at eg er vel nøgd slikt som de er; eg veit ikkje, for di um frenden min vert konge yvi lande, um eg fær de betre i nokon maate for de, og elles vil eg ikkje hava noko med denne raadi aa gjera.» Daa sagde Ring, bror hans: «Eg skal segja kva eg tenkjer. Eg tykkjer de er betre, um eg so ikkje fær større rike og eigedom enn no, at frenden min er konge yvi Norig heller enn utanlands-hovdingar, og at vaar ætt kunde reisa seg uppatt her i lande. Eg hev no den tanken og um denne Olav, at hans lukke og lagnad vil raada for um han skal faa rike eller ikkje. Men vert no han einvaldskonge i Norig, so vil den tykkjast hava de best, som hev meste retten til venskapen hans. No hev han slett ikkje meir magt enn nokon av oss, men heller mindre, daa me hev noko land og rike aa styra, og han hev slett inginting, og me er like so odelsborne til kongedøme som han. No vil me vera so gode hjelpesmenn, at me vil unna honom den høgste æra her i lande og stø han alt de me orkar. Kvifor skulde han ikkje løna oss dette godt og lengi minnast de med takk, soframt han er slik ein manndoms-mann, som eg trur og alle segjer. Um eg skal raada, vil me vaaga paa aa slaa oss i venelag med han.» Etter dette stod den eine etter den andre upp og tala, og enden vart, at dei fleste var mest huga paa aa slaa seg i samlag med kong Olav. Han lova deim venskap i alle maatar og framhjelp, um han vart einvaldskonge yvi Norig, og daa gjorde dei forlik med kvarandre og svor.
37. Etter dette stemnde kongane ihop eit ting, og kong Olav bar fram for aalmugen denne avtala og de krave han hadde paa rike. Han bad at bøndane skulde taka han til konge yvi lande, og lova deim til vederlag dei gamle lovine, og at han skulde verja lande mot utanlands her og hovdingar. Han tala lengi og godt um dette, og fekk mykje ros for tala si. Daa stod kongane upp og tala den eine etter den andre, og studde denne saki og denne ærendi for aalmugen. Soleis vart de sistpaa til de, at dei gav Olav kongsnamn yvi heile lande, og lande vart tildømt han etter dei upplendske lovine.
38. Dermed gav kong Olav seg strakst paa vegen og tinga seg gjestebod paa alle kongsgardane. Fyrst fór han gjenom Hadaland, og so drog han nord til Gudbrandsdalen, og daa gjekk de som Sigurd Syr hadde gjeti, at de dreiv so mykje folk til han, at han syntest ikkje han turvte helvti av deim, og han hadde innpaa 300 mann. Daa strakk ikkje gjestebodi til, som han hadde tilsagt, for di de hadde vori skikk, at kongane fór med 60 eller 70 mann igjenom Upplandi, og aldri meir enn hundrad. Difor skunda kongen seg igjenom, og var berre ei natt paa kvar staden. Daa han kom nord til fjelle[68], drog han strakst til fjells og kom nord yvi fjelle og ned i Uppdal og var der um natti. Sidan fór han um Uppdalsskogen og kom fram i Meldalen og kravde ting og stemnde bøndane til seg. Her tala kongen paa tinge og kravde at bøndane skulde taka han til konge, og baud deim til vederlag lov og rett, liksom kong Olav Trygveson baud deim. Bøndane hadde ingin styrke til aa halda ufred med kongen, og enden vart, at dei tok han til konge og gjorde eiden sin paa de. Men likevel hadde dei fyriaat sendt bod um dette ned til Orkedalen og Skaun[69] og fortalt alt de dei visste um ferdi til kong Olav.
39. Einar Tambeskjelvar budde i Skaun, og daa han no fekk nysn um at kong Olav kom, lét han strakst skjera upp her-pil og senda til alle fire kantar, og stemnde ihop frie og trælar med alle vaapni sine, og de bod fylgde med, at dei skulde verja lande mot kong Olav. Bodstikka fór til Orkedalen, og derifraa til Gauldalen, og de samla seg folk alle stadir der.
40. Kong Olav fór ned til Orkedalen med heren sin, og fór stillfærleg og fredleg. Men daa han kom ut til Grjotar[70], møtte han bondeflokken, og dei hadde meir enn 700 mann. Kongen fylkte heren sin, daa han tenkte at bøndane vilde slaast. Daa bøndane saag de, tok dei og til aa fylkja; men de gjekk seint og ubeint, daa dei ikkje var samstelte fyriaat um kven som skulde vera føraren deira. Men daa kong Olav saag de, at de vart ugreide millom bøndane, sende han Tore Gudbrandsson til deim, og daa han kom, sagde han at kong Olav vilde ikkje slaast med deim; han nemnde upp dei 12 gjævaste mennane i flokken deira, som skulde koma til eit møte med kong Olav. Bøndane gjekk inn paa dette, og gjekk fram yvi ein rabb som var der, og dit som fylkingi til kongen stod. Daa sagde kong Olav: «De bøndar hev no gjort vel, daa eg fær aaføre til aa tala ved dykk; for no vil eg segja dykk ærendi mi hit til Trondheim. Fyrst vil eg segja, at De alt hev spurt, veit eg, at eg og Haakon jarl møttest i sumar, og enden paa møte vart, at han gav meg heile de rike han aatte her i Trondheim, og de er, som De veit, Orkdølafylke og Gauldølafylke og Strindafylke og Øynafylke; og her hev eg vitne som var med og saag at eg og jarlen handtokst um dette, og høyrde ordi og eiden og dei vilkaari som jarlen gav meg. No vil eg bjoda dykk lov og fred, sameleis som kong Olav Trygveson baud fyri meg.» Han tala lengi og godt, og sagde paa slutten at han sette tvo kaar for bøndane, anten aa ganga i tenesta hans og lystra, eller aa halda slag med han. Daa fór bøndane attende til heren sin og fortalde korleis de hadde gjengi, og samraadde seg med heile flokken um kva dei skulde velja. Dei hadde eit ordskifte um dette ei stund, men sistpaa valde dei aa gjeva seg under kongen, og dette gjorde bøndane eiden sin paa. Etter dette skipa kongen ferdi si, og bøndane gjorde gjestebod aat han. Kongen fór daa ut til sjøen og fekk skip der. Eit tjugetofta langskip fekk han fraa Gunnar paa Gjelmin[71], og eit anna tjugetofta skip fraa Lodin paa Vigg, og eit paa 20 toftur hadde han fraa Angrar paa Nes[72]. Denne garden hadde Haakon jarl aatt, men no var de ein aarmann, som heitte Baard Kvite, som styrde han. Kongen hadde 4 eller 5 skutur, og nøytte seg stad og heldt inn etter fjorden.
41. Svein jarl var paa den tid inne i Trondheim paa Steinkjer[73], som var kaupstad, og lét stella til eit jole-gjestebod der. Daa Einar Tambeskjelvar spurde at orkdøline hadde gjevi seg under kong Olav, sende han menn til Svein jarl med bod um dette. Desse fór fyrst til Nidaros og tok ei ror-skute der, som Einar aatte, og sidan fór dei inn etter fjorden, og kom ein dag seint paa kvelden inn til Steinkjer og sagde dette til jarlen og fortalde allting um ferdi til kong Olav. Jarlen aatte eit langskip, som laag tjelda paa vatne utanfor byen, og strakst um kvelden lét han flytja um bord paa skipe lausøyren sin og klædi til mannskape og mat og drikke, so mykje skipe kunde røma, og rodde ut strakst um natti og kom i lysingi til Skarnsund[74]. Daa saag dei kong Olav, som kom roande inn etter fjorden med heren sin, og daa snudde jarlen inn til lands ved Mosviki[75]; der var de tjukk skog, og dei lagde seg so nær berge, at lauv og greinir hekk ut yvi skipe, og hogg store tre og sette heile vegen utanbords alt ned i sjøen, so dei ikkje saag skipe for lauve, og de var ikkje vorti heilt-upp ljost heller, daa kongen rodde inn um deim. De var stillt i vêre, og kongen rodde inn um øyi[76]. Men daa dei ikkje kunde sjaa til kvarandre meir, rodde jarlen ut paa fjorden og alt ut til Frosta[77] og lagde aat der; der hadde han sitt rike.
42. Svein jarl sende bod ut i Gauldalen etter Einar, verbror sin; og daa Einar kom til jarlen, fortalde jarlen han alt som hadde hendt med honom og kong Olav, og at han vilde samla folk og fara mot kong Olav og slaast med han. Einar svara soleis: «Me skal fara klokt aat og spæja etter, kva kong Olav etlar seg til, og ikkje lata han høyra anna um oss, enn at me held oss i ro, og daa kan de henda, soframt han ikkje høyrer noko um at me samlar folk, at han sèt seg til inne paa Steinkjer i joli; for der hev dei stelt godt til aat han. Men soframt han spør at me hev samla folk, so stemner han vel strakst ut etter fjorden, og so naar me ikkje i han.» Dei gjorde som Einar sagde, og jarlen fór upp i Stjoradal til gjestebods hjaa bøndane. Daa kong Olav kom til Steinkjer, tok han all gjestebods-maten og lét bera um bord paa skipi sine; han fekk i nokre førsle-skutur og hadde med seg baade mat og drikke, og snøgga seg stad, de meste han kunde, og heldt ut til Nidaros. Der hadde kong Olav Trygveson emna paa ein kaupstad og bygt ein kongsgard, som fyrr er fortalt. Men daa Eirik jarl kom til lande, sette han i stand paa Lade, der som far hans hadde havt hovudgarden sin, og lét dei husi forfarast som Olav hadde lati gjera attmed Nid, og soleis var sume nedfallne, og sume stod, men dei var mest ikkje slike at folk kunde bu der. Kong Olav siglde upp i Nid med skipi sine og lét strakst vøla um i dei husi som stod endaa, og reisa upp deim som var nedfallne, og sette mykje folk til dette arbeide. Maten og drikke lét han og flytja upp i husi, og etla seg til aa sitja der i joli. Men daa Svein jarl og Einar spurde dette, fann dei paa ei onnor raad.
43. De var ein islending, som heitte Tord Sigvaldeskald, som lengi hadde vori hjaa Sigvalde jarl og sidan hjaa Torkjel Høge, bror til jarlen, men daa jarlen var fallin, vart Tord kaupmann. Han raaka paa kong Olav daa han var i vesterviking, og vart hans mann og fylgde han sidan, og han var med kongen daa dette hende, som me no hev fortalt. Tord hadde ein son, som heitte Sigvat, som vart uppfostra hjaa Torkjel paa Apavatn[78]. Daa han var mest vaksin, fór han heimantil med nokre kaupmenn, og dette skipe kom um hausten til Trondheim, og dei tinga seg kost og hus der i grendi. Same vetteren kom kong Olav til Trondheim, som me hev fortalt. Daa Sigvat spurde at Tord, far hans, var med kongen, fór han til kongen og fann Tord, far sin, og gav seg til der ei stund. Sigvat var tidleg ein god skald. Han hadde dikta eit kvæde um kong Olav og bad kongen lyda paa de. Kongen sagde at han vilde ikkje dei skulde dikta um han, og sagde at han kunde ikkje noko med aa høyra paa skaldskap. Daa kvad Sigvat:
- Herhovding, høyr paa kvade
- eg hev, for eg kan kveda;
- ein skald lyt du eiga,
- ætt-høge herre!
- Endaa um andre skaldar
- alle de vert forbodi
- kongen lov aa kveda,
- kan du med mitt ros deg lita.
Kong Olav gav Sigvat i bragarløn[79] ein gullring, som vog ei halv mork, og Sigvat vart hirdmann hjaa kong Olav. Daa kvad han:
- Sæl ved sverde ditt tok eg,
- sidan eg skal de ikkje lasta;
- hovding! hirdmanns yrke
- er heiderlegt, etter mitt tykkje.
- Gull-rauste, godvise konge!
- godt hev me gjort de baae:
- Du fekk ein heil-tru hirdmann,
- og husbond gjæv fekk eg meg.
Svein jarl hadde um hausten lati taka halv landøyre[80] av Islands-farane, som skikk var, for di Eirik jarl og Haakon jarl hadde helvti av denne, sameleis som av dei andre innkomune der i Trondheim. Daa kong Olav var komin dit, sende han folk som skulde krevja halv landøyre av Islands-farane, men dei fór til kongen og bad Sigvat um hjelp. Daa gjekk han for kongen og kvad:
- Visst, de maa eg venta,
- vert eg heitande bøn-traa,
- naar no paa feidar eg falar[81];
- fyrr fekk eg gull av kongen.
- Gjevmilde hovding, høyr oss!
- at halve denne landøyren
- kan av knarren ganga;
- krave mitt var dette.
44. Svein jarl og Einar Tambeskjelvar samla ein stor her og drog den øvre vegen ut til Gauldalen og stemnde ut til Nidaros; dei hadde innpaa 2000 mann. Kong Olav hadde folk paa Gaularaasen[82], som heldt hestevakt, og daa dei merka at heren kom ovantil Gauldalen, gav dei kongen nysn um dette høgstnattes. Kong Olav stod upp strakst og lét vekkja heren og gjekk strakst um bord og bar ut alle klædi sine og vaapni og alt de som déi kunde faa med seg, og rodde ut or elvi. Samstundes kom jarlsheren til byen og tok all jolekosten og brende alle husi. Kong Olav fór ut etter fjorden til Orkedalen og gjekk i land der og fór upp um Orkedalen alt til fjelle, og so aust yvi fjelle til Gudbrandsdalen. I den flokken[83] som er dikta um Kløng Bruseson er de fortalt um dette, at Svein jarl brende byen Nidaros:
- Halvbygde konungs hallir
- de hende seg jarlen brende;
- ved Nid baade loft og laftir
- leikande elden sleikte.
45. Kong Olav fór søretter Gudbrandsdalen og derfraa ut til Heidmarki. Høgstvetters fór han umkring paa gjestebod, men daa vaaren kom, samla han ein her og fór ut til [1015] Viki. Han hadde mykje folk med seg fraa Heidmarki, som kongane gav han, og de var mange lendmenn og storbøndar som fylgde han derfraa, og med deim var Kjetil Kalv fraa Ringnes[84] og. Kong Olav hadde folk fraa Raumarike med. Kong Sigurd Syr, stykfar hans, kom med ein heil flokk og vilde hjelpa han, og no fór dei ned til sjøen og fekk i skip og laga seg ut or Viki og hadde ein stor og vakker her. Daa heren var reidug, lagde dei ut til Tunsberg.
46. Svein jarl samla ein her i heile Trondheim strakst etter jol og baud ut leiding og budde skipi sine. Paa den tid var de mange lendmenn i Norig, og mange av deim var megtuge, og so storætta, at dei var ætta fraa kongar eller jarlar, og berre nokre faa led imillom, og grunnrike var dei med. Kongane og jarlane, som raadde for lande, studde seg paa lendmennane, for di at i kvart fylke var de liksom lendmennane raadde for bondefolke. Svein jarl heldt seg til vens med lendmennane, og han hadde lett for aa faa folk. Einar Tambeskjelvar, verbror hans, var med han, og mange andre lendmenn, og mange som fyrr um vetteren hadde gjort eiden sin paa at dei skulde vera kong Olav true, baade lendmenn og bøndar. Strakst dei var ferdige, fór dei ut etter fjorden og siglde søretter langs med lande og samla folk fraa kvart fylke. Daa dei kom utanfor Rogaland, kom Erling Skjalgsson imot deim med ein stor her, og mange lendmenn fylgde med, og no styrde dei med heile heren aust til Viki. De var paa slutten av langefasta[85], daa Svein jarl siglde inn i Viki. Jarlen styrde inn um Grenmar[86] og lagde seg ved Nesjar[87].
47. Samstundes siglde kong Olav ut-etter Viki med heren sin, og no var de ikkje langt imillom deim, og laurdagen fyri palmesundagen[88] visste dei um kvarandre. Kong Olav hadde eit skip som heitte Karlhovde, og paa framstamnen var de utskori eit kongshovud, som han hadde skori sjølv. Dette hovude hadde dei lengi etter paa dei skipi som hovdingar styrde.
48. Sundagsmorgon, strakst de vart ljost av dagen, stod kong Olav upp og klædde paa seg og gjekk i land, og lét blaasa heile heren til landgang. Daa heldt han ei tale til heren og sagde til aalmugen, at han hadde spurt at de ikkje var langt imillom honom og Svein jarl. «No skal me bu oss til,» segjer han, «for de vert ikkje lengi, fyrr me møtest. No skal alle væpna seg og bu til baade seg og rome sitt, der som dei skal vera, so alle kan vera ferdige, naar eg blæs til aa leggja fraa land; lat oss so ro alle paa ein gong, og ingin skal fara fyrr heile floten fer, og ingin skal verta etter, naar eg ror ut or hamni, av di me ikkje kan vita um me raakar jarlen der han ligg no, eller um dei fer imot oss. Men naar de ber ihop med oss, og slage tek til, so skal folke vaart samla alle skipi og vera reiduge til aa binda deim ihop. Lat oss liva oss i fyrstningi og agta paa vaapni vaare, so me ikkje kastar deim i sjøen eller slengjer deim burt til unyttes. Men naar slage vert kvast og skipi er ihopbundne, daa skal De ganga hardt paa og slaast paa kara-vis.»
49. Kong Olav hadde eit hundrad mann paa skipe sitt, og alle desse hadde ringbrynjur og valske hjelmar; dei fleste av mennane hans hadde kvite skjoldar, med den heilage krossen paa av gull, men sume hadde maala han med raud eller blaa farge; han lét maala ein kross paa panna paa alle hjelmane og, med kvit farge. Han hadde eit kvitt merke, som var ein orm. No lét han halda messe aat seg, og sidan gjekk han um bord paa skipe sitt og bad mannskape eta og drikka noko. Deretter lét han blaasa til slag og leggja ut or hamni, og so rodde dei stad og leita etter jarlen. Daa dei kom utanfor den hamni som jarlen hadde legi i, var mannskape til jarlen væpna og etla seg nett til aa ro ut or hamni; men daa dei saag kongs-floten, tok dei til aa binda ihop skipi og sette upp merki og stelte seg til. Daa kong Olav saag dette, rodde mannskape hans fram, og kongen lagde seg mot skipe til jarlen, og dermed tok slage til. Dette fortèl Sigvat skald, og han segjer at kong Olav styrde til slage, og at Svein laag i hamni fyriaat. Sigvat skald var med i slage, og han dikta um sumaren, strakst etter slage, ei vise som heiter Nesjevisune, og der fortèl han grant um desse hendingane. Slage var overlag kvast, og de var ei lang stund ein ikkje kunde sjaa kor sigeren vilde snu seg. De fall mange paa baae sidur, og mange vart saara. Dette fortèl Sigvat. Jarlen hadde meir folk, men kongen hadde utvalt mannskap paa skipe sitt, som hadde fylgt han paa herferd, og dei var so ypparleg væpna, som me fyrr hev fortalt, at kvar mann hadde ringbrynju, so dei ikkje vart saara. So segjer Sigvat:
- Daa gneistande sverdi glumde,
- glad saag eg svale brynjur
- oss um aksline falla
- i utvalde kongens fylgje;
- og for spjoti som sjoga
- mitt svarte haar eg gøymde
- vel under valske hjelmen;
- min ven! slik var vaar bunad.
50. Daa mannskape tok til aa falla paa jarls-skipi og sume vart saara, og de tok til aa tynnast av paa skipsbordi so fór mennane til kong Olav til aa ganga upp, og merke vart bori upp paa de skipe som var næmast jarls-skipe, og kongen sjølv fylgde merke. Dette fortèl Sigvat. De vart eit hardt slag, og de fall manntjukt for Svein, og sume sprang yvi bord. So segjer Sigvat:
- Vreide gjekk me veldugt,
- medan vaapni braka høgt,
- i stormlaup upp paa skuta,
- kløyvde skjoldrand med blodute sverd.
- Men saara, der me slost,
- i sjøen bøndane sprang,
- Fagre skip me fekk;
- no flyter lik ved strandi.
Og deretter dette:
- Folki fekk vaare skjoldar
- farga raude i striden,
- dei som dit kom kvite;
- for drengine nok var de utsynt.
- Eg veit av at unge gramen
- uppgang gjorde paa skipe;
- men etter me fylgde, der eggjar
- øyddest, og ramnane fagna.
Daa vart de mannspille i heren til jarlen. Kongsmennane gjorde stormlaup paa jarls-skipe, og de var nære paa at dei hadde komi upp paa skipe. Men daa jarlen saag kva naud han var komin i, ropte han til stamnbuane, at dei skulde kappa togi og løysa skipi, og dei so gjorde. Daa tok kongsmennane og kasta stamnljaa-ar um kollarane[89] og heldt deim fast. Daa sagde jarlen at stamnbuane skulde hogga av kollarane, og dei so gjorde. Dette fortèl Sigvat. Einar Tambeskjelvar hadde lagt sitt skip paa sida av jarls-skipe, og mannskape hans kasta eit anker upp iframstamnen paa jarls-skipe, og soleis kom dei seg alle ihop ut paa fjorden. Etter dette flydde heile jarls-heren og rodde ut paa fjorden. Berse Skaldtorveson var i fyri-rome paa skipe hans Svein jarl, og daa skipi seig framum kongsfloten, sagde kong Olav høgt, daa han kjende Berse, — og han var lett aa kjenna, av di at han var vænare enn andre menn og hadde framifraa vaapn og klæde: «Far vel, Berse,» sagde han. «Far vel, konge,» svara han. So segjer Berse i ein flokk, som han dikta daa kong Olav hadde fengi han i si magt og han sat i lekkjur:
- Drengen i skaldskap drivin,
- denne, bad vel du fara,
- og eg de same fekk svara
- snarpe, raadsnare hovding.
- Hastverk eg hadde, og ordi
- som hand-rauste, ættstore konge
- meg sende, attende eg selde
- slike som eg deim kaupte.
- Svein eg fylgde i slage
- og saag hans røynetak store,
- daa bjarte sverdtungur svale
- song med kvasslydt mæle;
- aldri ut eg sidan,
- orlogsfarar! fylgjer
- i herferd nokon hovding
- hævare enn denne.
- I aar eg ligg i lekkjur
- lengi i skipe de store.
- Sverd-svingar! fritt eg segjer:
- so smaa eg bryt meg aldri,
- hirdmilde her-konge! for deg,
- at holle[90] venir eg sviker;
- millom deim din motmann
- eg møtte i min ungdom.
51. No flydde sume av mennane til jarlen upp i lande, og sume bad um liv og fred. Svein jarl og alle hine rodde ut paa fjorden og lagde skipi sine ihop, og hovdingane samsnakka, og jarlen spurde lendmennane til raads. Erling Skjalgsson talde til at dei skulde sigla nord i lande og faa seg folk og slaast med kong Olav ein gong til. Men daa dei hadde mist mykje folk, talde dei fleste til at jarlen skulde fara ut or lande til sviakongen, verfar sin, og faa folk derfraa, og Einar Tambeskjelvar studde denne raadi, daa han totte at dei hadde ingi magt til aa slaast med kong Olav daa. Soleis skildest heren deira, og jarlen siglde sør um Foldi, og Einar Tambeskjelvar fylgde med han. Erling Skjalgsson og mange andre lendmenn, som ikkje vilde røma fraa odelen sin, fór nord til heimen sin, og Erling hadde mykje folk um seg um sumaren.
52. Daa kong Olav og mennane hans saag at jarlen hadde lagt ihop skipi sine, eggja kong Sigurd Syr til at dei skulde leggja mot jarlen og slaast paa kniven. Kong Olav sagde at han fyrst vilde sjaa kva jarlen etla seg til, um flokken heldt seg samla, eller heren skildest ifraa han. Sigurd svara, at han fekk raada som han vilde: «Men de er no min tanke,» segjer han, «at med ditt huglynde, og so sjølvstyrin som da er, vil du seint faa desse stor-kultane true mot deg, daa dei alt fyrr er vande til aa trassa mot hovdingane.» De vart ikkje noko av med aa taka paa deim heller, og dei saag snart at jarlsheren skildest aat. Daa lét kong Olav rannsaka der dei fallne laag, og laag nokre dagar der og skifte herfange sitt. Daa kvad Sigvat skald:
- Eg meiner at heller mange
- av mennom, som nordfraa siglde
- i herferd, i harde striden
- heimferds-voni miste.
- Fraa sjøhestar saman bundne
- sokk mang ein mann til botnar;
- sant de er aa segja,
- at Svein me møtte ute.
Og so dette:
Kong Olav gav kong Sigurd Syr, stykfar sin, gode gaavur, daa dei skildest, og likeins dei andre hovdingane som hadde hjelpt han. Han gav Kjetil fraa Ringnes ei femtantofta skute, som Kjetil førde uppetter Raumelvi[93] og alt upp i Mjøsi.
53. Kong Olav lét spæja etter, kor jarlen fór; men daa han spurde at jarlen var farin ut or lande, so fór han vestetter Viki, og de dreiv mykje folk til han. Han vart tekin til konge paa tingi, og soleis fór han alt til Lidandesnes. Daa spurde han at Erling Skjalgsson hadde samla mykje folk, og difor tøvra han ikkje paa Nordagdir, daa han fekk strjukande bør, men skunda seg nord til Trondheim de meste han kunde, av di han totte at der var stormagti i lande, um han kunde faa lagt de under seg medan jarlen var burte fraa lande. Daa kong Olav kom til Trondheim, gjorde dei ikkje motstand imot han, og han vart tekin til konge der. Um hausten sette han seg til i Nidaros og vetterstelte seg der og lét byggja ein kongsgard og reisa Klemenskyrkja, der som ho no stend.[94] Han stakk ut tuftir til gardar og gav til bøndar og kaupmenn og andre, som han syntest, og som vilde byggja. Han sat der med mykje folk um seg, daa han ikkje leit vidare paa at trøndine vilde vera true mot han, um jarlen kom attende til lande, og inntrøndine synte dette mest, daa han ikkje fekk landskyld derifraa.
54. Svein jarl fór fyrst til Svitjod til sviakongen Olav, verfar sin, og fortalde han alt de som var hendt med honom og Olav Digre, og spurde sviakongen til raads um kva han no skulde taka seg til. Kongen sagde at jarlen skulde vera hjaa honom, um han vilde de, og faa so mykje land aa raada for, som han totte kunde vera høvelegt; «men i anna fall,» sagde han, «skal eg gjeva deg folkehjelp nok til aa taka lande fraa kong Olav.» Dette valde jarlen, daa alle mennane hans mana paa han, for di mange av deim som var med han der hadde store eigedomar i Norig. Medan dei samraadde seg um dette, vart dei samstelte um de, at dei vetteren etter skulde taka til og fara landvegen gjenom Helsingland og Jamteland og ned i Trondheim, av di jarlen trudde de var mest hjelp og stydning aa faa av inntrøndine, um han kom dit. Men fyrst tala dei av, at dei skulde fara paa herferd um sumaren i Austerveg og faa seg gods.
55. Svein jarl fór med heren sin aust til Gardarike og herja og gav seg til der um sumaren; daa hausten kom, gav han seg paa heimvegen til Svitjod med heren sin, men daa vart han sjuk og døydde. Daa jarlen hadde sælast, fór den heren, som hadde fylgt han, attende til Svitjod, men sume tok vegen til Helsingland og derifraa til Jamteland, og so vest yvi Kjølen til Trondheim, og fortalde der alt de som hadde hendt paa ferdi deira; og daa fekk dei sannspurt at Svein jarl hadde sælast.
56. Einar Tambeskjelvar og den flokken som hadde fylgt honom fór um vetteren til sviakongen og vart vel fagna der. Der var de mange andre og som hadde fylgt jarlen. Sviakongen var grovleg sinna paa Olav Digre, for di han hadde sett seg fast i skattlandi hans og jaga av Svein jarl, og kongen lova Olav hard medferd, fyrst han kunde koma til med de, og han sagde, at Olav kunde vel ikkje vera so djerv, at han lagde under seg de rike som jarlen hadde havt. De same sagde alle mennane til sviakongen. Men daa trøndine fekk vita for visst at Svein jarl hadde andast, og at han ikkje var ventande til Norig meir, so vart heile aalmugen lydug mot kong Olav. Mange av inntrøndine fór ut til kong Olav og vart mennane hans; og sume sende bod og jartegnir, at dei vilde tena han. Daa fór han inn i Trondheim um hausten og heldt ting med bøndane og vart tekin til konge i kvart fylke. So fór han ut til Nidaros og lét alle dei kongelege innkomune føra dit, og vetterstelte seg der.
57. Kong Olav lét byggja ein kongsgard i Nidaros, og i denne var de ei stor hirdstogu med dør i baae endane. Kongs-høgsæte var midt i stogo, og innanfor sat hird-bispen hans, Grimkjel, og so dei andre prestane hans, og utanfor sat raadgjevarane hans. I de andre høgsæte midt imot han sat stallaren[95] hans, Bjørn Digre, og so gjestine[96]. Naar de kom gjævingar til kongen, fekk dei ein god sess. Øl skulde dei i den tid drikka attmed elden. Han sette mennane sine kvar til sitt arbeid, som kongane hadde for skikk. Han hadde med seg 60 hirdmenn og 30 gjestir, som han gav løn og lovir. Han hadde 30 huskarlar og, som skulde gjera de arbeide som trengdest paa garden, og føra til gards de som skulde. Mange trælar hadde han og. Paa garden var de ei stor borgstogu, som hirdmennane sov i, og der var ei stor stogu og, som kongen heldt hird-stemnur i.
58. Kongen hadde for skikk aa standa upp tidleg um morgonen og klæ paa seg og tvaa hendane, og so gjekk han i kyrkja og lydde otte-songen og morgon-messa, og so gjekk han paa tingmøte og forlikte folk eller tala um andre ting som han totte var naudturvelegt. Han stemnde til seg storfolk og smaafolk og alle deim som klokaste var. Han lét tidt lesa upp for seg dei lovine som Haakon Adalsteinsfostre hadde gjevi i Trondheim. Han skipa paa lovine og tok dei klokaste mennane paa raad, og tok fraa eller lagde til, der som han syntest. Men kristin-retten sette han slik som bispen Grimkjel og andre prestar raadde han til, og lagde all sin hug paa aa faa tynt heidinskap og slike gamle vanar som han totte skadde kristindomen. Sistpaa vart de til de, at bøndane samtykte dei lovine som kongen sette. So segjer Sigvat:
- I lyftingi leiken du styrer,
- du landsrett og kan setja,
- den som millom mennar
- ved magt vidt skal standa.
Kong Olav var ein sedug mann og langmodug, faamælt og romhendt, men pengekjær. Som me hev fortalt fyrr, var Sigvat skald og nokre fleire islendingar hjaa kongen daa. Kong Olav spurde grant etter, korleis dei heldt kristindomen paa Island, og han totte de var mykje som skilde paa at de var som de skulde. Um korleis dei heldt kristindomen, fortalde dei kongen at dei etter lovi hadde løyve til aa eta hestekjøt og bera ut born[97], som heidningane gjorde, og endaa fleire ting som var til skade for kristindomen. Dei fortalde kongen um mange stormenn og, som var paa Island den gongen, og millom deim Skafte Toroddsson, som var lovsegjings-mann[98] i lande. Han spurde deim som hadde best greide paa de, um folkeskikkane i andre land vidt umkring, men mest spurde han etter um korleis dei heldt kristindomen paa Orknøyane og paa Hjaltland og Færøyane, og etter de han høyrde, skyna han at de mange stadir skorta mykje paa at de var som de skulde. Slikt var de mest han rødde um, eller so tala han um lov og landsrett.
59. Same vetteren kom de sendemenn fraa sviakongen Olav Svenske austantil Svitjod, og dei hadde yvi seg tvo brørar, som heitte Torgaut Skarde og Aasgaut aarmann, og hadde 24 mann. Daa dei kom vest yvi Kjølen til Verdalen, stemnde dei bøndane til tings og tala ved deim og kravde skatt og skyld av deim for sviakongen. Men bøndane samraadde seg og vart sam-einte um at dei skulde reida ut de som sviakongen kravde, soframt kong Olav i Norig ikkje kravde landskyld for sin part; for dei vilde ikkje leggja skatt til baae tvo, sagde dei. Sendemennane fór burt og utetter dalen, og paa kvart ting som dei heldt, fekk dei same svare av bøndane, men ingi pengar. Derifraa fór dei ut til Skaun og heldt ting der og kravde skatt, men de gjekk sameleis som fyrr. Derfraa fór dei til Stjoradal og lyste til eit ting, men bøndane vilde ikkje koma. Daa saag sendemennane at de vart ikkje til noko med ærendi deira, og Torgaut vilde snu og fara austetter. «Eg trur ikkje at me hev greidt ærendi for kongen no,» sagde Aasgaut; «eg vil fara til kong Olav Digre, daa bøndane skyt denne saki til honom,» De var han som raadde no, og dei fór ut til byen og fekk hus der. Dagen etter gjekk dei til kongen, medan han sat med borde, og helsa paa han og sagde at dei hadde ei ærend til han fraa sviakongen. Kongen bad deim koma til seg dagen etter. Næste dagen, daa kongen hadde lydt messa, gjekk han til tinghuse sitt og lét kalla dit mennane til sviakongen og bad deim koma fram med ærendi si. Daa tala Torgaut og fortalde fyrst kva ærend dei kom i og var sende i, og so korleis inntrøndine hadde svara. Deretter bad han at kongen skulde avgjera korleis de skulde verta med ærendi deira. Kongen segjer: «So lengi jarlane raadde for lande, var de ikkje aa undrast paa, at landsfolke tottest vera skyldigt til aa lystra deim heller enn aa gjeva seg under utanlands kongar; for dei var ættborne til dette rike; endaa de hadde vori rettare, at jarlane hadde hjelpt og tent dei kongane som var rettkomne til rike her, heller enn tena utanlands kongar og reisa seg med ufred mot dei rette kongane og taka liv og land fraa deim. Men no han Olav Svenske, som gjer krav paa Norig, eg veit ikkje kva rimelegt krav han hev; men de kan me minnast, all den mann-skaden me hev fengi av honom og frendane hans.» Daa segjer Aasgaut: «De er ikkje aa undrast paa, dei kallar deg Olav Digre; de er fælt so stor-vori du svarar paa ordsendingi fraa slik ein hovding. Du veit nok ikkje so rett, kor tungt kongens sinne vert aa bera for deg, og de hev dei fengi kjenna, som hev havt større magt enn du ser ut til aa hava. Men vil du endeleg halda so traatt paa rike, so er de best for deg aa fara til kongen og verta hans mann, og daa skal me beda for deg, at han vil gjeva deg dette rike til len.» Daa svara kongen og tok heilt-upp lognt til orde: «Eg skal gjeva deg ei onnor raad, Aasgaut. Far no heimatt til kongen dykkar, og seg han som so, at tidleg til vaaren skal eg laga meg til og fara aust til lina, som i gamle dagar skilde rike til den norske kongen og rike til sviakongen. Daa kan han koma dit, um han vil, so me kan gjera forlik, og kvar av oss kan faa hava de rike som han er odelsborin til.» Deretter gjekk sendemennane til herbyrge sitt og laga seg til aa fara; men kongen gjekk til bords. Daa gjekk sendemennane til kongsgarden att; men daa dørvakti saag de, sagde dei de til kongen, og han bad at dei ikkje skulde sleppa inn sendemennane; «eg hev ikkje noko usnakka med deim,» sagde han. Daa fór sendemennane av. Torgaut sagde at han og mennane hans vilde snu heimatt, men Aasgaut sagde at han vilde greida denne ærendi for kongen sin, og dermed skildest dei. Torgaut fór inn til Strindi, men Aasgaut med 11 mann drog upp i Gauldalen, og so ut til Orkedalen, og etla seg sør til Møre og vilde faa gjort ærendi for sviakongen der. Men daa kong Olav vart var dette, sende han gjestine ut etter deim. Dei raaka deim ut-paa Nese ved Stein[99] og fanga deim og batt deim og leidde deim inn til Gaularaasen, og reiste ein galge der og hengde deim, soleis at ein kunde sjaa deim naar ein kom skipsleidi innetter fjorden. Torgaut høyrde um dette, fyrr han fór heimatt fraa Trondheim, og sidan fór han heile vegen til dess han fann sviakongen, og fortalde de som hadde hendt paa ferdi deira. Kongen vart styggeleg vond, daa han høyrde dette, og daa skorta de ikkje paa store ord.
60. Vaaren etter baud kong Olav Haraldsson ut ein her fraa Trondheim og laga seg til aa fara aust i lande, og paa same tid heldt Islands-farane paa og seglbudde seg fraa Nidaros. Daa sende kong Olav bod og jartegnir til Hjalte Skjeggeson og bad han skulde koma til seg. Likeins sende han bod til Skafte lovsegjings-mann og andre menn som raadde mest for lovine paa Island, at dei skulde taka ut or lovine de som han totte var mest imot kristindomen, og likeins sende han vene-ord til heile landsfolke. Kongen fór søretter langs med lande og tøvra i kvart fylke og heldt ting med bøndane, og paa kvart ting lét han lesa upp kristindoms-lovi og dei bod som høyrde til, og fekk strakst avteki mange uvanar og mykje heidinskap hjaa folke; for jarlane hadde haldi godt dei gamle lovine og landsretten, men med aa halda kristindomen lét dei kvar gjera som han vilde. Og paa den maaten var folke døypt paa dei fleste stadine i sjøbygdine, men den kristne lovi var ukjend for dei fleste. Men i dei øvste dalane og i fjellbygdine var dei heidningar vidt og breidt; for fyrst aalmugen fekk raa seg sjølv, feste den trui seg mest paa minne, som dei hadde lært i barndomen. Men dei som ikkje vilde halda kristindomen slik som kongen sagde, deim lova han hard medferd, baade storfolk og smaafolk. Olav vart tekin til konge paa alle lagting i heile lande, og de var ingin som sagde imot. Medan han laag i Karmtsund, fór de sendemenn millom honom og Erling Skjalgsson, til aa faa deim forlikte, og de vart avtala eit forliks-møte paa Kvitingsøy[100]. Daa dei møttest, talast dei ved sjølve um forlike, og Erling totte daa han fann noko anna i ordi hans enn dei hadde fortalt til honom. For daa han tala paa de, at han vilde hava alle dei veitslune som Olav Trygveson og sidan jarlane Svein og Haakon hadde gjevi han, og at han daa vilde verta mannen hans og ein trufast ven, so svara kongen: «De synest meg, Erling, at de kan ikkje vera verre for deg aa taka imot like so store veitslur av meg som du tok imot av Eirik jarl, den mannen som hev gjort deg den største mann-skaden. No skal eg lata deg vera den gjævaste lendmannen i lande; men eg vil skifta ut veitslune som eg vil, og ikkje fara aat som lendmennane var odelsborne til farsarven min, og eg var skyldig til aa kaupa tenesta dykkar med mangdubbelt vederlag.» Erling timdest ikkje beda kongen um de minste, daa han saag at han ikkje kunde snu og venda kongen som han vilde. Og han saag de og, at de var tvo vilkaar for han: de eine at han ikkje gjorde forlik med kongen og lét de vaaga seg, korleis de vilde ganga, og de andre at han lét kongen raada aaleine, og dette valde han, endaa han ingin hug hadde paa de, og sagde til kongen: «Den tenesta vil bata deg best, som eg gjer deg friviljug.» Dermed var denne samtala ute. Sidan gjekk frendane og venine hans Erling til han og bad han vægja[101] og fara vitugt aat og ikkje vera for strid. «Du vil alltid,» sagde dei, «vera den gjævaste lendmannen i Norig, for di du baade er ein dugande mann og hev gode frendar og rikdom.» Erling totte at dette var ei god raad, og at dei gav ho i ei god meining, og han gjorde so og gjekk i tenesta til kongen, paa dei vilkaari som kongen sjølv skulde setja. Deretter skildest dei og var forlikte aa kalla, og Olav fór sin veg austetter langs med lande.
61. Strakst kong Olav kom til Viki og dei spurde dette, fór danine burt, som hadde fengi syslur av danakongen, og drog til Danmark og vilde ikkje bida paa kong Olav. Kong Olav fór innetter Viki og heldt ting med bøndane, og heile landsfolke gjekk under han der, og han tok alle kongs-skattane og gav seg til i Viki um sumaren. Sidan siglde han fraa Tunsberg aust yvi Foldi og radt til Svinesund. Der tok rike til sviakongen til, og han hadde sett syslemenn der, Eiliv Gautske i nørdste luten og Roe Skjalge yvi den øystre luten alt til Elvi. Roe hadde skyldfolk paa baae sidur aat Elvi og store gardar paa Hising[102]. Han var ein megtug og grunnrik mann, og Eiliv var og storætta. Daa kong Olav kom med heren sin til Raanrike, stemnde han landsfolke til tings, og der kom dei som budde paa øyane eller ved sjøkanten. Daa tinge var sett, tala Bjørn, stallaren til kongen, og bad bøndane taka mot kong Olav, sameleis som dei hadde gjort andre stadir i lande. De var ein gjæv bonde, som heitte Brynjolv Ulvalde[103], som stod upp og sagde: «Me bøndar veit kva de fraa gomol tid er rettaste land-skile millom den norske kongen og sviakongen og danakongen at Gautelvi hev vori deile fraa Venern til sjøen, men nordanfor der Markine[104] til Eidskogen, og derifraa Kjølen alt nord til Finnmarki. Me veit og, at so den eine og so hin hev freista paa aa taka land fraa hine. Sviane hev lengi havt magti alt til Svinesund; men sant aa segja veit eg de likevel, at de er mange som er soleis huga, at dei vilde lika betre aa tena den norske kongen, men dei vaagar ikkje paa de, daa me hev rike til sviakongen baade i aust for oss og sud, og heile vegen ovanfor, og de er von um de, at den norske kongen snart fer nord i lande, der som landsens største magt er, og daa hev me ikkje styrke til aa liggja i ufred med gautane. No lyt kongen finna paa ei god raad for oss; me fyser fulla etter aa verta mennane hans.» Men um kvelden etter tinge, og sameleis dagen etter, var Brynjolv i lag hjaa kongen, og daa tala dei mangt seg imillom i einmæle. Deretter fór kongen austetter Viki. Daa Eiliv spurde at kongen var der, lét han spæja etter ferdi hans. Eiliv hadde med seg 30 mann, som høyrde til fylgje hans, og var høgt uppe i bygdi ved skogane og hadde samla ein bondeflokk der. Mange bøndar fór til kong Olav, og sume sende vene-ord til han. Daa fór de menn millom kong Olav og Eiliv, og bøndane bad deim lengi baae tvo, at dei skulde halda eit tingmøte og gjera fred paa einkvar maaten; dei sagde til Eiliv, at soframt dei ikkje brydde seg um kva kongen sagde, kunde dei venta seg hard medferd av han, og sagde at Eiliv skulde ikkje vanta folkemagt. Daa vart de avgjort, at dei skulde koma ned og halda ting med bøndane og kongen. Men daa sende kong Olav gjestehovdingen sin, Tore Lange, med 11 mann til Brynjolv, med brynjur under kjolane og hattar yvi hjelmane. Dagen etter kom bøndane mangmente ned med Eiliv, og daa var Brynjolv i fylgje med han, og Tore fylgde med Brynjolv. Kongen lagde inn med skipi sine ved ein bergknatt, som gjekk ut i sjøen, og gjekk upp der og sette seg paa knatten med heren sin. Ovanfor var de ein voll, og der var bondeheren, og mennane hans Eiliv stod i ei skjoldborg framfor han. Bjørn stallar tala lengi og godt for kongen. Daa han sette seg ned, stod Eiliv upp og tok til orde, men i de same stod Tore Lange upp og drog sverde og hogg til Eiliv i halsen, so hovude gjekk av. Daa sprang heile bondeheren upp, men gautane tok beini paa nakken, og Tore og dei som var med han drap nokre mann for deim. Men daa heren stogga, og staake stilna av, stod kongen upp og sagde at bøndane skulde setja seg ned. Dei so gjorde, og de vart tala mangt og mykje, men sistpaa vart de til de, at bøndane gav seg under kongen og lova at dei skulde lystra han, men han lova deim igjen, at han ikkje skulde skiljast fraa deim, og vera der so lengi til dess han og sviakongen Olav fekk ein ende paa trættune sine paa eikor visi. Deretter lagde Olav under seg heile nørdste sysla og fór um sumaren alt aust til Elvi og fekk alle kongs-skattane ned-med sjøen og umkring paa øyane. Daa de leid ut paa sumaren, vende han att til Viki og siglde upp etter Raumelvi. Der er de ein stor foss, som heiter Sarp, og de gjeng eit nes ut i elvi nordanfor fossen. Der lét kong Olav byggja ein mur tvert yvi nese av stein og torv og timber, og grava eit dike utanfor, og der gjorde han ei stor jordborg, og i borgi emna han paa ein kaupstad[105]. Der lét han byggja ein kongsgard og Mariakyrkja, og der lét han merkja ut tuftir til andre gardar med, og fekk folk til aa byggja. Um hausten lét han føra dit alt de som trengdest til vetter-upphelde, og sat der um vetteren med mykje folk, og hadde menn umkring i alle syslune og. Han forbaud all utførsl fraa Viki og upp til Gautland, baade av sild og salt, som gautane ikkje godt kunde vera forutan. Kongen hadde eit stort jolelag og baud til seg mange storbøndar fraa bygdine.
62. De var ein mann som heitte Øyvind Urarhorn[106], som var ætta fraa Austagdir. Han var ein stor og høgætta mann, og kvar sumar fór han i viking, sume tidir vest yvi have og sume tidir i Austerveg eller sør til Frisland, og hadde ei tjugetofta snekkje og fullt mannskap. Han hadde vori med ved Nesjar og hjelpt kong Olav, og daa dei skildest der, lova kongen han venskap, og Øyvind lova kongen hjelp, kor han vilde krevja ho. Denne vetteren var Øyvind i jolelage hjaa kong Olav og fekk gode gaavur av han. Brynjolv Ulvalde var og hjaa kongen og fekk i jolegaave eit gullbutt sverd av kongen, og dess-forutan ein gard som heitte Vettaland[107] og var ein overlag storgard. Brynjolv dikta ei vise um gaavune, med dette steve:
- Storkongen gav meg
- sverd og Vettaland.
Sidan gav kongen han lendmanns namn, og Brynjolv var alltid ein god ven til kongen.
63. Same vetteren fór Traand Kvite fraa Trondheim aust til Jamteland og skulde henta skatt for kong Olav Digre; men daa han hadde samla skatten, kom mennane til sviakongen yvi han og drap Traand og 11 mann og tok skatten og førde til sviakongen. Dette spurde kong Olav, og han var ille nøgd med de.
64. Kong Olav baud deim den kristne lovi umkring i Viki, sameleis som nord i lande, og dette fekk framgang, daa vikverjane var mykje meir kjende med kristne skikkar enn folk nord i lande; for baade vetter og sumar var de fullt upp av kaupmenn der, baade danske og saksiske, og vikverjane fór og mykje og handla paa England, Saksland og Flæmingjaland og Danmark, og sume var i viking og sat um vetteren i kristne land.
65. Um vaaren sende kong Olav bod paa Øyvind Urarhorn, at han skulde koma til han, og dei tala lengi i einmæle. Strakst etter laga Øyvind seg til aa fara i [1017] viking. Han siglde søretter Viki og lagde aat ved Eikerøyane[108] ut for Hising. Der spurde han at Koe Skjalge var farin nord til Ordost[109] og hadde samla leiding og landskyld for sviakongen, og at han var ventande søretter. Daa rodde Øyvind inn til Haugasundi,[110] men Roe kom roande nordantil, og dei møttest i sunde og slost. Der fall Roe og innpaa 30 mann, og Øyvind tok alt de godse som Roe hadde havt. Deretter fór Øyvind i Austerveg og laag der i viking um sumaren.
66. De var ein mann som heitte Gudleik Gerdske, som var ætta fraa Agdir. Han fór mykje umkring og var ein stor kaupmann og rik, og dreiv handel paa ymse land. Han fór tidt aust til Gardarike, og difor kalla dei han Gudleik Gerdske. Denne vaaren budde Gudleik skipe sitt og etla seg um sumaren aust til Gardarike. Kong Olav sende bod til han, at han vilde tala ved han. Daa Gudleik kom, sagde kongen til han at han vilde slaa seg i lag med han, og bad han kaupa aat seg slike eignalutir som var sjeldfengde i Norig. Gudleik sagde at de skulde vera slik som kongen vilde. Etter dette lét kongen betala ut so mange pengar til han som han syntest, og Gudleik fór um sumaren i Austerveg. Dei laag ei stund ved Gotland, og daa gjekk de, som tidt kan henda, at ikkje alle er dulrame[111], og landsfolke fekk vita um at lagsmannen hans Olav Digre var um bord der. Gudleik fór um sumaren i Austerveg til Holmgard og kaupte herleg pell, som han etla til eit heiders-plagg aat kongen, og herlege skinn og framifraa fin bord-bunad. Um hausten, daa Gudleik fór vestetter, fekk han motvind, og dei laag lengi ved Øland. Torgaut Skarde hadde um hausten spæja ut ferdi hans Gudleik, og no kom han imot deim med eit langskip og slost med deim. Dei varde seg lengi, men daa folkemunen var stor, fall Gudleik og mange av mannskape, og mange vart saara. Torgaut tok alt godse deira og eignalutine til kong Olav, og Torgaut og mannskape hans bytte alt herfange sitt likt; men han sagde at eignalutine skulde sviakongen hava, og de kunde vera ein lut, sagde han, av den skatten som han hadde rett til aa taka i Norig. Dermed fór Torgaut aust til Svitjod. Dette spurdest snart. Strakst etter kom Øyvind Urarhorn til Øland, og daa han spurde dette, siglde han aust etter Torgaut, og dei møttest i Sviaskjeri og slost. Der fall Torgaut og dei fleste av mannskape hans, og hine sprang yvi bord. Daa tok Øyvind alt de godse som dei hadde teki fraa Gudleik, og likeins eignalutine til kong Olav. Øyvind fór attende til Norig um hausten og hadde med til kong Olav eignalutine hans. Kongen takka han mykje for ferdi hans og lova han venskap paa nytt lag. Daa hadde kong Olav vori konge yvi Norig i 3 vetrar.
67. Same sumaren hadde kong Olav leiding ute og fór paa nytt lag aust radt til Elvi og laag lengi der um sumaren. Daa fór de ordsendingar millom kong Olav og Rognvald jarl og Ingebjørg Trygvedotter, kona til jarlen. Ho dreiv mykje paa med at dei skulde hjelpa den norske kongen Olav, og tok seg retteleg paa tak med dette. Dette kom seg baade av di at de var mykje frendskap millom kong Olav og henne, og av di at ho ikkje kunde gløyma sviakongen de, at han hadde vori med og fellt kong Olav Trygveson, bror hennar, og at han totte han for den skuld hadde krav paa styringi i Norig. Ved fyri-tolune hennar vart jarlen huga paa venskap med kong Olav, og de vart til de, at kongen og jarlen sette stemnelag med kvarandre og møttest ved Elvi. Der rødde dei um mangt og mykje, og mest um millomvære millom den norske kongen og sviakongen, og baae tvo sagde, som sant var, at de var den verste landøyda[112] baade for vikverjane og gautane, at de ikkje var handels-fred lande-millom, og sistpaa sette dei fred og trygd seg imillom til den næste sumaren, og daa dei skildest, gav dei kvarandre gaavur og gjorde venskap med kvarandre.
Deretter fór kongen nord i Viki, og daa hadde han alle dei kongelege innkomune til Elvi, og heile landsfolke hadde gjevi seg under han. Kong Olav Svenske lagde slikt hat til Olav Haraldsson, at ingin skulde hava lov til aa nemna han med de rette namne hans, so kongen høyrde paa. Dei kalla han for den digre mannen, og dei gav han mange vondord, naar dei tala um han.
68. Bøndane i Viki rødde seg imillom um at de var ikkje onnor raad, enn at kongane fekk gjort fred og forlik, og sagde at dei var ille komne, naar kongane herja for kvarandre, men ingin torde djervt orda dette med kongen, som dei gjekk og murra um. Daa bad dei Bjørn stallar, at han skulde tala ved kongen um dette, at han skulde senda nokre menn til sviakongen, som skulde bjoda forlik paa hans vegne. Bjørn var traud for dette og bad seg undan, men daa mange av venine hans bad han, lova han sistpaa aa tala ved kongen um dette, men sagde at han hadde den tanken, at kongen ikkje vart blid, um han laut fira i nokon ting for sviakongen. Denne sumaren kom Hjalte Skjeggeson utantil Island, etter ordsendingi fraa kong Olav. Han fór strakst til kongen, som tok godt imot han og bad Hjalte vera hjaa seg, og sessa han attmed Bjørn stallar, og dei tvo var bord-kammeratar, og dei vart snart gode venir. Ein gong kong Olav hadde stemnt ihop mannskape sitt og bøndane og tala um landsstyringi, sagde Bjørn stallar: «Korleis hev De tenkt aa gjera, konge, med den ufreden som er her millom sviakongen Olav og Dykk? Paa baae sidur hev dei mist mykje folk, og endaa er de ikkje meir avgjort no enn fyrr, kor mykje kvar av dykk skal hava av rike. Her hev De seti i Viki ein vetter og 2 sumrar og vendt ryggen til heile lande her nordanfor. No er folk leide av aa sitja her, dei som hev eigedom eller odel nord i lande. No vil lendmennane og dei andre som høyrer til mannskape Dykkar, og bøndane, at denne saki skal verta greidd paa eikor visi. Og daa de no alt er fred og trygd med jarlen og vestgautane, som er næmast oss, tykkjer dei no at de er best, at De sender folk til sviakongen som skal bjoda forlik paa Dykkar vegne, og mange av deim som er hjaa sviakongen vil stø godt uppunder; for dette er til bate for alle deim som bur i desse landi, baade her og der.» For denne tala fekk Bjørn mykje vel-læte. Daa sagde kongen: «De er de rimelegaste, Bjørn, at du sjølv fær godt av den raadi som du hev komi fram med her, og du skal sjølv fara denne sendeferdi. Daa fær du baten, um raadi er god, men vert de nokon livsfaare, er du sjølv mest skuldi. De høyrer til embætte ditt og aa tala for aalmenningen de som eg vil hava sagt.» Dermed stod kongen upp og gjekk i kyrkja og lét syngja høgmesse aat seg, og sidan gjekk han til bords. Dagen etter sagde Hjalte til Bjørn: «Kvi er du so sturin, kar? er du sjuk eller vond paa nokon?» Bjørn fortalde Hjalte um samrøda si med kongen, og sagde at dette var ei vaagsam ærend aa fara i. Hjalte svarar: «Soleis er de med deim som tener kongar. Dei hev mykje ære og vert meir vyrde enn andre folk, men tidt kjem dei i livsfaare, og dei lyt finna seg i baae slagi. Men kongen hev god lukke med seg, og mykje ære kan ein faa seg ved denne ferdi, um lukka er god.» Bjørn sagde: «Du talar um denne ferdi som de ingi sak var; kan henda du vil fara med meg? for kongen sagde at eg skulde hava fylgjesmennane mine med meg paa ferdi.» Hjalte segjer: «Eg skal vera med deg, de skal vera visst, soframt du vil; for de er vandt nok um eg fær att slik sidemann som deg, skal me skiljast aat.»
69. Faa dagar etter, daa kong Olav var paa tingmøte, kom Bjørn sjølv tolvte. Han sagde til kongen at no var dei reiduge til aa fara denne ærendi si, og hestane stod sala utanfor. «No vil eg vita,» segjer Bjørn, «kva ærend me skal fara i, og kva raad du gjev oss.» Kongen segjer: «De skal bera desse ordi mine til sviakongen, at eg vil setja fred millom landi vaare med dei landmerki som Olav Trygveson hadde fyri meg, og at de skal verta ei fast avtale, at ingin skal ganga yvi paa hi sida. Men um manntyne er de ikkje verdt aa nemna noko, um de skal verta forlik; for sviakongen kan ikkje bøta med pengar den mannskaden som sviane hev gjort oss.» Daa stod kongen upp og gjekk ut med Bjørn og fylgje hans; han tok fram eit staselegt sverd og eit fingergull og flidde Bjørn og sagde: «Dette sverde gjev eg deg; Rognvald jarl gav meg de i sumar. Til honom skal De fara og segja han de fraa meg, at han skal gjeva dykk baade raad og hjelp til aa greida ærendi di; daa tykkjer eg at du hev greidt de godt, um du høyrer kva sviakongen sjølv segjer, anten han so segjer ja eller nei. Men dette fingergulle skal du gjeva Rognvald jarl, og desse jartegnine vil han nok kjenna.» Hjalte gjekk fram og helsa paa kongen og sagde: «No trengst de godt, konge, at du legg di lukke til ferdi vaar,» og dermed bad han vel-liva med kongen, til dess dei raakast att. Kongen spurde kor Hjalte skulde av. «Med Bjørn,» sagde han. Kongen segjer: «De vil vera til nytte, at du vert med paa ferdi med deim; for de hev tidt synt seg, at du hev lukka med deg. Og de skal du vita for visst, at eg skal leggja godviljen min til, um de veg noko, og gjeva deg og alle hine lukka mi med paa vegen.» Bjørn og fylgje hans reid stad og kom til hirdi hans Rognvald jarl og vart godt mot-tekne der. Bjørn var ein namngjetin mann, og alle dei som hadde set kong Olav kjende Bjørn og, baade paa uppsyne og maale, daa Bjørn stod upp paa kvart ting og tala for kongen. Ingebjørg, kona til jarlen, gjekk stad og helsa paa Hjalte; ho kjende han, for di at ho var hjaa Olav Trygveson, bror sin, nett som Hjalte var der, og ho rekna kongen for skyld med Vilborg, kona hans Hjalte; for Eirik Bjodaskalle, far hennar Aastrid, som var mor til kong Olav Trygveson, og Bodvar, far hennar Olov, som var mor hans Gissur Kvite og farmor hennar Vilborg, var brørar og sønir til Vikinge-Kaare, som var lendmann paa Voss. No var dei her daa og vart godt fagna. Ein dag gjekk Bjørn og Hjalte stad og tala med jarlen og Ingebjørg, og daa kom Bjørn fram med ærendi si og synte jarlen jartegnine. Jarlen svara: «Kva hev hendt deg, Bjørn, med di kongen vil du skal døy? For de er so raadlaust med denne ordsendingi, at eg trur de bid ikkje den karen som segjer sovorne ord til svika kongen og kjem seg strafflaus burt. Olav, sviakongen, er altfor stor-vorin til at ein skulde kunna segja noko sovori til han, som han ikkje likar.» Daa segjer Bjørn: «De hev ikkje hendt meg noko slag, soleis at kong Olav er harm paa meg; men mange av dei raadine som han legg upp, baade for seg sjølv og andre folk, er soleis laga, at dei som hev lite mod tvilar for korleis de vil spenna av. Men til dessa hev de laga seg godt med alle dei raadine han hev upplagt, og me vonar at de skal ganga soleis no og. Sant aa segja, jarl, vil eg fara til sviakongen, og ikkje venda um fyrr han hev høyrt alt de som kong Olav bad eg skulde segja ved han, soframt ikkje dauden meinkar meg, eller eg vert hindra, so eg ikkje kan koma fram, og de vil eg gjera, anten De so vil bry Dykk um ordsendingi til kongen eller ikkje.» Daa sagde Ingebjørg: «Eg skal radt segja kva eg meiner. Eg vil, jarl, at du gjer alt de du vinn til aa stø ordsendingi fraa Olav, kongen i Norig, soleis at denne ærendi kan koma fram for sviakongen, korleis han so vil svara. Um de so er faare for at sviakongen harmast paa oss, og at me misser eigedom og rike, so vil eg mykje heller vaaga paa de, enn at de skal spyrjast, at du sette ordsendingi fraa kong Olav i gløymeboki, for di du ræddast sviakongen. Du hev slik ætt og hjelp av frendane dine, og i alle maatar hev du de soleis laga, at du kan gjera deg so myndug og tala di eigi sak, naar ho er sømeleg og alle folk tykkjer ho er verd aa lyda paa, anten de so er faa eller mange, storfolk eller smaafolk, som høyrer paa, og um de so er kongen sjølv.» Jarlen svarar: «De er greidt aa sjaa, kva du eggjar meg upp til. No kan de gjerne vera, at du fær din vilje fram, at eg lovar kongens karar aa hjelpa deim, so dei kan føra ærendi si fram for sviakongen, anten han so likar de godt eller ille. Men eg vil raada for korleis me skal fara aat, og eg vil ikkje fara etter kva slike braalynde kroppar som Bjørn eller andre folk vil i slik vanskeleg sak. Eg vil at De skal gjeva dykk til her hjaa meg, til den tidi kjem, daa de ser likast ut til at denne ærendi kan faa nokon framgang.» Men daa jarlen hadde ovra seg med dette[113], at han vilde stø deim i denne saki og gjeva deim hjelp, so takka Bjørn fint og sagde at han vilde gjera etter hans raad. Bjørn og fylgje hans vart verande der hjaa jarlen ei lang stund.
70. Ingebjørg var overlag blid mot deim. Bjørn slo frampaa um saki si for henne, og totte de var leidt, at de skulde verta so langdrjugt med ferdi. Desse tvo og Hjalte tala tidt um dette alle tri, og daa sagde Hjalte: «Eg skal fara til kongen, um De vil; eg er ikkje norsk mann, og sviane vil ikkje klaga meg for de. Eg hev spurt at der er islendingar hjaa sviakongen, som er kjenningane mine og hev de godt, Gissur Svarte og Ottar Svarte, skaldane til kongen. Deim skal eg fretta, um eg kan faa vita noko um sviakongen, um de er so vonlaust med denni saki som De no segjer, eller um de kan laga seg paa ein annan maate. Eg skal gjera meg ærend som eg tykkjer kan høva.» Dette totte Ingebjørg og Bjørn var den klokaste utvegen, og dei avtala dette seg imillom. Ingebjørg stelte Hjalte til ferdi og gav han 2 gautske menn, og sagde til deim at dei skulde fylgja han og hjelpa han, baade med aa stella aat han og um han vilde senda deim av einkvar staden. Ingebjørg gav han 20 merkar vegi sylv[114], til reisepengar, og sende bod og jartegnir med han til Ingegjerd, dotter til kong Olav, at ho skulde leggja all sin hug paa aa stø uppunder saki hans, kva de so var han kunde verta nøydd til aa beda um. Hjalte fór strakst han var reidug. Daa han kom til kong Olav, fann han radt skaldane Gissur og Ottar, og dei vart glade, daa han kom, og gjekk strakst for kongen med han og fortalde han at de var komin ein mann, som var landsmannen deira, og den som var mest vyrd der i lande, og dei bad kongen at han skulde taka godt imot han. Kongen bad deim hava Hjalte og fylgjesveinane hans med seg i sin flokk. Daa Hjalte hadde vori der ei stund og vart kjend med folk, so totte alle godt um han. Skaldane var tidt hjaa kongen, av di dei var framtalande menn, og dei sat tidt um dagane framanfor høgsæte til kongen, og Hjalte var med deim, og honom vyrde dei mest i alle maatar. Soleis vart han kjend med kongen og, som var overlag pratsam med han og spurde han um nytt fraa Island.
71. Fyrr Bjørn fór heimantil, hadde han bedi Sigvat skald, som paa den tid var hjaa kong Olav, um aa slaa seg i lag med han; men folk var ikkje lysta paa denne ferdi. Bjørn og Sigvat var elles gode venir og Sigvat kvad ei vise um dette.
Men daa dei reid upp igjenom Gautland, kvad Sigvat denne visa:
- Kongens langskip lét me
- lint seg vogga tjelda
- utfor de yndeleg lande
- ved øyi tidleg sumars;
- men daa havkongens hestar
- i haust paa land spønte[118],
- etlast eg aa rida, —
- med yrki de mykje skifter.
Og daa dei reid upp igjenom Gautland seint paa kvelden, daa kvad Sigvat:
- I skymingi hesten holsvang
- til halli flyg lange vegir,
- den harde hoven kan slita
- heidi; de lid motkvelden.
- No ber meg blakken
- yvi bekken langt fraa danom, —
- sjaa hesten, der hogg han foten
- i halvmyrkre ned i dike.
Daa reid dei inn i kaupstaden Skara[119] og fram etter gata til garden aat jarlen. Sigvat kvad:
72. Ein dag gjekk Hjalte for kongen, og skaldane var med han, og daa tok Hjalte soleis til orde: «So er de, konge, som De veit sjølv, at eg er komin hit til aa finna Dykk, og eg hev fari ein lang veg, og tung med. Men daa eg kom yvi have, og eg høyrde um storleiken Dykkar, so totte eg de var uvislegt aa fara attende og ikkje faa sjaa Dykk og æra Dykkar. De er lov millom Island og Norig, at islendingar som kjem til Norig svarar landøyre der. Daa eg kom yvi have, tok eg imot landøyren av heile skipsmannskape. Men av di eg veit at De med retten eig de rike som er i Norig, so fór eg hit til Dykk og vilde gjeva landøyren til Dykk.» Dermed synte han kongen sylve, og tømde 10 merkar sylv i fange hans Gissur Svarte. Kongen sagde: «Faa hev no paa ei stund gjevi oss slikt fraa Norig; og no vil eg segja Dykk takk og ære, Hjalte, for di De hev lagt Dykk so mykje um aa gjeva landøyren til meg, heller enn aa betala de til uvenine vaare. Men no vil eg at du skal taka imot desse pengane av meg, og venskapen min attpaa». Hjalte takka kongen med mange ord, og fraa den tid lagde kongen elsk paa han, og han kom tidt i svall med han. Kongen totte, som sant var, at han var ein vitug og ordhittin mann. Hjalte fortalde til Gissur og Ottar at han var send med jartegnir til kongsdotteri Ingegjerd, so han kunde faa hjelp og venskap av henne, og bad deim laga de so, at han fekk tala med ho. Dei sagde at de var ingi sak, de, og gjekk ein dag dit som ho budde, og daa sat ho i drykkjelag med mykje folk. Ho tok godt imot skaldane, daa ho var kjend med deim. Hjalte helsa ho fraa Ingebjørg, kona til jarlen, og sagde at ho hadde sendt han dit til aa faa hjelp og venskap av ho, og bar fram jartegnine. Kongsdotteri tok godt imot dette, og sagde at venskapen hennar skulde han faa. Der sat dei til langt ut paa dagen og drakk, og kongsdotteri spurde Hjalte um mykje nytt, og bad at han skulde koma tidt og svalla med ho. Han so gjorde, og kom tidt og tala med kongsdotteri, og han fortalde ho daa i trumaal um ferdi hans Bjørn, og spurde korleis ho trudde at sviakongen vilde taka de, naar dei tala frampaa um aa gjera forlik millom kongane. Kongsdotteri svara og sagde at ho trudde de, at de kunde ikkje nytta aa prøva paa aa faa kongen til aa gjera forlik med Olav Digre. Og kongen hadde vorti so sinna paa Olav, sagde ho, at han herdte ikkje aa høyra paa han vart nemnd dess-meir.
De var ein dag, som Hjalte sat for kongen og tala med han, og kongen var lystug og drukkin. Daa sagde Hjalte til kongen: «De er mykje til dramb og drust[122] av alle slag eg fær sjaa her, og no hev eg sjølv fengi sjaa de som eg ofte hev høyrt fortalt, at ingin konge i nordlandi er so hæv som du. Harmelegt er de, at de er so lang veg hit og vondt aa koma fram; fyrst er de store have, og so er de ikkje trygt aa fara um Norig for deim som vil fara hit med venskap. Men kvifor er de ingin som freistar paa aa faa forlik i stand millom Dykk og Olav Digre? Eg høyrde mykje tale i Norig, og sameleis i i Vestergautland, um at alle var fuse etter aa faa fred, og de vart sagt meg for visst, at den norske kongen hev sagt at han var i huga paa aa verta forlikt med Dykk, og de veit eg kjem mykje av di, at han nok ser at han hev mykje mindre magt enn De hev. Dei fortalde de og, at han var meint paa aa fri til Ingegjerd, dotter di, og daa var de von um at forlike kunde standa ved lag, og han er ein framifraa mann, etter de som eg høyrde sanntalande folk sagde um han.» Daa svara kongen: «Slikt maa du ikkje segja, Hjalte, men eg vil ikkje harmast paa deg for desse ordi, daa du ikkje veit kva du skal agta deg for. Du skal ikkje kalla den digre mannen konge her i mi hird, og de er ikkje braatt so mykje tak i han, som mange skrøyter av, og du vil visst halda med meg i de, at denne maagskapen ikkje er høveleg, naar du høyrer kva eg vil fortelja; for eg er den tiande kongen i Uppsalir, og frende etter frende hev teki rike og vori einvaldskongar yvi Sviavelde og yvt mange andre store land, og alle hev dei vori yvikongar yvi hine kongane i nordlandi.[123] Men Norig er lite bygt og er romgrendt, og der hev de berre vori smaakongar, men Harald Haarfagre var den største kongen der i lande; han hadde ufred med fylkeskongane og lagde deim under seg, men han skyna so godt sitt eigi beste, at han ikkje traadde etter rike til sviakongen og difor lét sviakongane honom sitja i fred; og de gjorde og noko, at de var frendskap imillom deim. Men daa Haakon Adalsteinsfostre var i Norig, sat han i fred, til dess han herja paa Gautland og Danmark, men sidan budde dei ein her imot han, og han miste baade land og liv. Sønine hennar Gunnhild tok dei og live av, fyrst dei ikkje vilde lystra danakongen, og daa lagde Harald Gormsson Norig til sitt rike og lagde paa skattar, og endaa syntest kong Harald Gormsson vera mindre mannen han enn Uppsala-kongane, for di at Styrbjørn, frenden vaar, kua honom, og Harald vart mannen hans, men likevel steig Eirik den sigersæle, far min, yvi hovude hans Styrbjørn, daa dei røynde kvarandre. Men daa Olav Trygveson kom til Norig og kalla seg konge, so fekk han ikkje lov til dette, og eg og Svein danakonge fór stad og tok live av han. No hev eg eigna til meg Norig, og de ikkje med mindre magt enn du no hev høyrt, og eg er ikkje komin til dette med verre rett, enn at eg hev teki de i slag og vunni paa den kongen som fyrr raadde for dette rike. No kan du skyna de, so klok som du er, at de er langt ifraa di, at eg vil sleppa dette rike ifraa meg for denne digre mannen, og de er underlegt, at han ikkje minnest de, at de var med naud at han slapp ut av Logen, daa me hadde stengt han inne. Den gongen tenkjer eg de budde noko anna i hugen hans, berre han kunde sleppa undan med live, enn aa gjeva seg i kast med oss sviane tidare. No skal du Hjalte ikkje oftare føra denne tala i munnen for meg.» Hjalte totte no at de ikkje saag ut til at kongen vilde lyda paa denne tala um forlik, og han heldt upp og tok til aa svalla um noko anna. Ei stund etter, daa Hjalte kom i tale med kongsdotteri Ingegjerd, fortalde han til henne heile samtala millom honom og kongen. Ho svara daa, at slikt svar hadde ho venta av kongen. Hjalte bad ho um aa leggja godt for han hjaa kongen, og sagde at de vilde muna mest. Ho sagde at kongen vilde ikkje lyda paa de ho sagde; «men eg skal nemna um de, soframt du vil,» sagde ho, og Hjalte sagde at de skulde ho hava takk for.
Ein dag sat kongsdotteri Ingegjerd og tala med kong Olav, far sin. Daa ho merka at kongen var i godlage sitt, so sagde ho: «Korleis hev du tenkt aa gjera med den trætta som er millom deg og Olav Digre? Mange folk kjærer seg no for den vanden dei er stelte i; sume segjer at dei hev mist eigedomen sin, og sume frendane sine, for nordmennane, og alle segjer at dei ikkje hev fred lenger der i lande, so ingin av mennane Dykkar kan koma til Norig, so lengi dette stend paa. De var uklokt av deg aa gjera krav paa Norigs rike; for dette lande er fatigt og vondt aa fara gjenom, og folke er utrygt, daa dei der i lande heller vil hava alle andre til konge enn deg. Fekk eg raada, so skulde du leggja ned krave ditt paa Norig, og heller stræva etter aa faa de rike i Austerveg som dei gamle sviakongane hev havt, og som Styrbjørn[124], frenden vaar, lagde under seg for ei kort tid sidan, og lata Olav Digre faa hava frende-arven sin, og gjera forlik med han.» Kongen vart sinna og svara: «De raader du til, Ingegjerd, at eg skal gjeva upp Norigs rike og gifta deg med Olav Digre. Nei,» sagde han, «fyrr skal eg gjera noko anna. Heller skal eg daa i vetter paa Uppsala-tinge gjera kunnugt for alle sviane, at de skal vera full leiding ute, fyrr isen gjeng av vatni. Daa skal eg fara til Norig og øyda dette lande med odd og egg og brenna alt ihop og løna deim for utruskapen deira.» Daa vart kongen so vill og galin, at ho kunde ikkje svara eit ord til han, og dermed gjekk ho burt. Hjalte stod paa vakt, og gjekk strakst til ho og spurde korleis de hadde gjengi med ærendi hennar til kongen. Ho sagde at de gjekk som ho hadde venta, at ein ikkje kunde nemna eit ord til kongen, og at han baud vondt, og bad Hjalte aldri meir nemna denne saki for kongen.
Naar Ingegjerd og Hjalte svalla med kvarandre, rødde dei lidt um Olav Digre, og han fortalde ho tidt um honom og korleis han var, og han roste han de meste han kunde, men han sagde berre skire sanningi, som ho kunde skyna sjølv og, sagde ho. Ein gong, som dei talast ved, sagde Hjalte: «Skal eg faa lov av deg, kongsdotter, til aa segja de som bur i hugen min?» «Seg de du,» segjer ho, «men lat ingin annan høyra de.» Daa sagde Hjalte: «Korleis vilde du svara, um Olav, Norigs konge, sende menn til deg, som hadde den ærendi aa fri til deg?» Ho raudna og svara seinleg, men spakt: «Eg hev ikkje tenkt noko paa kva eg skulde svara, og eg trur ikkje at eg treng um aa svara paa dette heller; men soframt Olav er slik ein ovkar i alle maatar som du segjer um han, so kunde eg nok ikkje ynskja meg betre mann, naar du daa ikkje hev skrøyvt han upp for mykje i mange stykke.» Hjalte sagde at han hadde ikkje sagt meir um kongen i nokon maate enn sant var. Dei rødde tidt um dette seg imillom. Ingegjerd bad Hjalte um aa agta seg for aa segja dette til andre folk, daa kongen vilde harmast paa han, um han fekk vita de. Hjalte fortalde de til skaldane Gissur og Ottar, og dei sagde at dette var den beste raadi dei kunde finna paa, um de kunde lata seg gjera. Ottar var ein framtalande mann, og hovdingane var glade i han, og han gav seg radt i tale med kongsdotteri um dette, og rekna upp, liksom Hjalte, alt de gode um kongen. Ho og Hjalte og dei andre tala tidt um denne saki, og daa dei no rødde jamt um dette, og Hjalte hadde fengi greide paa korleis de hadde gjengi med ærendi hans, so sende han burt dei gautske mennane som hadde fylgt han dit, og lét deim fara attende til jarlen med brev, som kongsdotteri Ingegjerd og Hjalte sjølv sende til jarlen og Ingebjørg. Hjalte lét deim faa ei nysn um de og, kva han hadde tala med Ingegjerd um, og kva ho hadde svara, og sendemennane kom til jarlen noko fyri jol.
73. Daa kong Olav hadde sendt Bjørn og fylgje hans aust til Gautland, sende han andre menn til Upplandi, som skulde segja til gjestebod for han, og han etla seg til aa fara umkring paa Upplandi paa gjestebod denne vetteren, daa dei gamle kongane hadde havt for skikk aa fara umkring paa Upplandi paa gjestebod tridje-kvar vetter. Um hausten drog han ifraa Borg og fór fyrst til Vingulmark[125], og laga ferdi si slik at han var i gjestebod uppe ved skogbygdine og stemnde til seg alt bygdefolke, og helst deim som budde lengst fraa storbygdine. Han saag etter, korleis dei heldt kristindomen, og der han totte de kunde trengast rettarbot, lærde han folk rette sedir, og han refste so strengt, naar de var nokon som ikkje vilde halda upp med heidinskapen, at sume jaga han ut or lande, og andre lét han skamfara paa hendar eller føtar eller stinga ut augo paa, og sume lét han hengja eller hogga i hel, men ingin slapp fri, som ikkje vilde tena Gud. Soleis fór han yvi heile dette fylke, og like strengt refste han storfolk og smaafolk. Han gav deim prestar, og sette so tjukt av deim i bygdine som han saag de turvtest. Paa denne visi fór han um i dette fylke og hadde 300 vaapnføre menn, daa han fór upp til Raumarike. Han merka snart de, at di lenger han kom upp i lande, di mindre heldt dei kristindomen. Men endaa fór han aat paa same visi og umvende alt folke til den rette trui, og refste deim hardt som ikkje vilde lyda paa ordi hans.
74. Daa den kongen som raadde for Raumarike spurde dette, so totte han at han var ille stelt; for kvar dag kom de mykje folk til han, som kjærde seg for dette, baade storfolk og smaafolk. Kongen raadde seg til aa fara upp til Heidmarki til kong Rørek, daa han var den klokaste av dei kongane som var der paa den tid. Daa kongane tok til aa talast ved, vart dei samstelte um aa senda bod nord i Dalane[126] til kong Gudrød, og likeins til den kongen som var paa Hadaland, og beda deim koma til Heidmarki og møta Rørek og dei andre kongane. Dei sette ikkje denne ferdi i gløymeboki, og desse 5 kongane møttest paa Heidmarki ein stad som heiter Ringsaker. Den femte kongen var Ring, bror til kong Rørek. Desse kongane hadde fyrst ei samtale seg imillom, og den som var komin fraa Raumarike tok fyrst til orde og fortalde um ferdi til kong Olav Digre og den ufreden som han gjorde, daa han baade drap folk og skamslo deim, og sume jaga han ut or lande, og han tok eigedomen fraa alle deim som mukka eit ord, og fór yvi lande med ein heil her, og ikkje med den styrken som de stod i lovi. For denne ufreden, sagde han, hadde han havt seg undan dit, og sagde at mange andre stormenn hadde rømt odelsgardane sine paa Raumarike. «Men endaa me er mest ute for denne knipa, so vil de ikkje drygja lengi, fyrr De sjølve vert ute for de same,» sagde han, «og difor er de best, at me alle ihop samraader oss um kva me skal taka oss til.» Daa han enda tala si, skaut kongane til Rørek, kva han vilde svara, og han sagde: «No hev de gjengi som eg var rædd for, daa me hadde møte paa Hadaland og alle var so forhuga paa at me skulde lyfta Olav upp yvi hovude paa oss, at de vilde ikkje verta greidt aa bita i kjeppen med han, naar han fekk einvelde yvi lande. No hev me tvo kaar; de eine at me fer til han alle ihop og læt honom styra og stella med oss i alle maatar som han vil, og de trur eg er de beste for oss; de andre er aa reisa oss imot han, fyrr han fer lenger fram igjenom lande. Men endaa um han hev 300 eller 400 mann, so er ikkje de nokor yvimagt, naar me held godt ihop. Men de er jamnast verre aa vinna naar de er fleire i lag, som er like megtuge, enn naar ein mann gjeng i fyri-enden for heren sin, og eg raar helst til at me ikkje skal vaaga paa aa prøva lukka mot Olav Haraldsson.» Etter dette sagde alle kongane de som dei syntest, sume talde fraa og sume til, og de vart inginting avgjort, daa noko var i vegen, anten dei gjorde so eller so. Daa tok Gudrød Dalekonge til orde og sagde de: «Eg tykkjer de er underlegt, at De talar so att og fram, fyrr De kan faa denne saki avgjord, og De er nok gagnleg rædde Olav. Her er me 5 kongar, og ingin av oss er mindre storætta enn Olav. No gav me han styrke til aa slaast med Svein jarl, og med vaar magt hev han lagt dette lande under seg. Men vil han no ikkje unna nokon av oss de vesle rike som me hev havt fyrr, og pina og truga oss, daa kan eg segja for min part, at eg vil fri meg for denne trældomen av kongen, og eg vil segja, at den av dykk ikkje er noko til kar, som irer paa aa taka live fraa han, soframt han fer hit upp paa Heidmarki radt i hendane paa oss; for de maa eg segja dykk, at me aldri vil bera hovude fritt, medan Olav er i live.» Etter denne maningi fylgde alle hans raad. Daa sagde Rørek: «Eg synest so um de som me no hev fyrisett oss, at me treng nok um aa gjera samlage vaart fast, so ingin skal vera ustød i truskapen sin mot dei andre. Er De no meinte paa aa setja ein dag og taka paa Olav, naar han kjem hit til Heidmarki, daa vil eg ikkje lita so visst paa dykk, at sume av dykk daa skal faa vera nord i Dalane og sume ut paa Heidmarki. Skal no dette vera ei fast avtale millom oss, so vil eg at me skal vera i lag natt og dag, til dess de kjem i verk.» Dette samtykte kongane, og no fór dei alle i lag med kvarandre. Dei lét stella til gjestebod for seg ut-paa Ringsaker og drakk der paa umgang og sende spæjarar ut til Raumarike, og naar nokre kom att, sende dei andre spæjarar stad radt, so dei visste natt og dag korleis de var med ferdi hans Olav, og kor mykje folk han hadde. Kong Olav fór innetter um Raumarike paa gjestebod, og nett paa same visi som fyrr er fortalt. Men daa gjestebods-kosten ikkje rakk til, daa han hadde for mykje folk, so sette han bøndane til aa faa i meir gjestebods-kost, der som han totte de var naudturvelegt aa gjeva seg til; men sume stadir var han ikkje so lengi som fyrisett var, og difor fór han skjotare upp til vatne[127] enn de var avtala. Daa kongane hadde avgjort dette imillom seg, sende dei bod umkring og stemend til seg lendmennane og storbøndane fraa alle fylki der umkring, og daa dei kom, heldt kongane eit møte med deim aaleine og kom fram med de dei hadde sett seg fyri, og avtala ein stemnedag, naar denne fyriskipnaden skulde koma i verk, og dei avtala at kvar av kongane skulde hava 300 mann. Etter dette sende dei lendmennane attende til aa samla folk og møta kongane der som dei hadde avtala. Denne fyriskipnaden lika dei fleste godt, men endaa gjekk de her som dei segjer, at kvar hev ein ven millom uvenir.
75. Paa dette møte var Kjetil fraa Ringnes[128]. Daa han kom heim um kvelden, fekk han seg kveldsmat, og sidan klædde han og drengine hans paa seg og fór ned til vatne og tok den skuta som Kjetil aatte, som kong Olav hadde gjevi han, og skuva ut. I nauste var all reidskapen, og daa tok dei og sette seg til aarane og rodde ut etter vatne. Kjetil hadde 40 mann, som alle var godt væpna, og kom tidleg um dagen ut til Vatsenden[129]. Daa fór Kjetil stad med 20 mann og lét hine 20 vera etter og halda vakt ved skuta. Kong Olav var den gongen paa Eid[130] øvst paa Raumarike. Kjetil kom dit, nett som kongen gjekk fraa ottesongen. Han tok godt imot Kjetil. Kjetil sagde at han vilde tala med kongen fort, og daa tala dei i ein mæle. Daa fortalde Kjetil kongen, kva kongane hadde sett seg fyri, og heile den fyriskipnaden han hadde fengi greide paa. Daa kongen fekk vita dette, kalla han folk til seg, og sende sume ut i bygdi og bad deim segja til rideskyss, og sume sende han til vatne, som skulde taka dei ror-skutune dei kunde faa i, og møta han med, og so gjekk han i kyrkja og lét syngja messe aat seg, og sidan gjekk han strakst til bords. Daa han hadde fengi seg mat, laga han seg til, de foraste han kunde, og fór upp til vatne, og der møtte han skutune. Han sjølv gjekk um bord paa skuta hans Kjetil, med so mange mann som ho tok, og hine gjekk um bord der dei best kom til, og daa de leid ut paa kvelden, stakk dei fraa land. De var stillt i vêre. Dei rodde upp-etter vatne, og kongen hadde daa innpaa 400 mann. Han kom upp til Ringsaker fyrr de dagast, og vakti merka ikkje noko, fyrr heren kom upp til garden. Kjetil og mennane hans visste grant kva hus kongane sov i, og kongen lét kringsetja alle desse husi og sjaa etter at ingin kom seg undan, og soleis bida han til de vart ljost. Kongane hadde ikkje mannskap nok til aa verja seg, og alle ihop vart fanga og leidde fram for kongen. Kong Rørek var ein klok mann, men fælt strid, og kong Olav trudde ikkje han var aa lita paa, um han gjorde forlik med han, og difor lét han blinda Rørek paa baae augo og hadde han med seg. Han lét skjera tunga ut paa Gudrød Dalekonge, men Ring og tvo andre laut gjera eiden sin paa at dei skulde fara burt fraa Norig og aldri koma att. Men av dei lendmennane og bøndane som dei fekk vissa for hadde vilja svika han, jaga han sume ut or lande, og sume vart skamslegne, og sume gjekk han inn paa aa forlika seg med. Um dette segjer Ottar Svarte:
- Kvar ein konge, veit me,
- kipte seg langt ifraa deg;
- hardhendt du ord-røyri[133] hefte
- paa honom som sat nordlengst.
- No du raar for riki
- der raadevelde aatte
- fordom fem kongar
- du fekk av Gud stor siger.
- Dei breide ættlandi auster
- til Eid[134] ligg deg under fotom.
- Ingin odd-røynar fordom
- aatte land som dette.
Daa lagde kong Olav under seg de rike som desse kongane hadde havt, og tok gislar av lendmennane og bøndane. Han tok pengar i staden for gjestebod nordantil Dalane og rundt umkring fraa Heidmarki, og so snudde han att til Raumarike, og sidan vest til Hadaland. Denne vetteren døydde Sigurd Syr, stykfar hans, og daa fór kong Olav til Ringerike, og Aasta, mor hans, gjorde eit stort gjestebod aat han. Daa var Olav den einaste som bar kongsnamn i Norig.
76. De er fortalt, at daa kong Olav var i gjestebod hjaa Aasta, leidde ho fram borni sine og synte han deim. Kongen sette Gutorm, bror sin, paa de eine knee, og bror sin Halvdan paa de andre. Kongen saag paa gutane og skapte seg til og saag morskt paa deim, og daa vart gutane rædde. Daa tok Aasta den yngste son sin, som heitte Harald og var 3 vetrar gamal, og bar til han. Kongen skapte seg til for honom og, men han saag upp paa kongen att. Daa tok kongen i haare paa guten og lugga han, men guten tok upp i munnskjegge paa kongen og ryskte i de. Daa sagde kongen: «Du vert hemnefus med tidi, frende.» Dagen etter reika kongen og mor hans, Aasta, ute paa garden, og kom til ei tjønn, og der var smaagutane Gutorm og Halvdan, sønine hennar Aasta, og leika seg. Der hadde dei gjort store gardar og store kornlødur og mange naut og saudir, som dei leika seg med. Eit stykke ifraa ved ei leirvik i tjønni var Harald og hadde mange tre-sponar, som flaut ved lande. Kongen spurde han kva de skulde vera, og han sagde de var herskipi hans. Daa log kongen og sagde: «De kan gjerne vera, frende, at den tid kjem, at du raar for skip.» Daa ropte kongen paa Halvdan og Gutorm, og spurde Gutorm: «Kva vilde du hava mest av, frende?» «Aakrar,» svarar han. «Kor store aakrar vilde du hava daa?» sagde kongen. «Eg vilde at heile dette nese som gjeng ut i vatne skulde vera tilsaatt kvar sumar.» Paa dette nese stod de 10 gardar. «Mykje korn kunde standa der,» svara kongen. Daa spurde kongen Halvdan, kva han vilde eiga mest av. «Kyr,» sagde han. «Kor mange kyr vilde du hava daa?» spurde kongen. «Naar ein skulde vatna deim, skulde dei standa so tjukt umkring vatne som dei kunde.» «De tvo vil hava stort hushald,» svara kongen, «og dette liknast De paa far dykkar i.» Daa spurde kongen Harald: «Kva vilde du hava mest av?» «Drengir,» segjer han. «Kor mange vilde du hava daa?» sagde kongen. «So mange vilde eg hava, at dei aat upp kyrne hans Halvdan, bror min, i eitt maal.» Kongen log og sagde til Aasta: «Her fostrar du visst upp ein konge, mor.» De er ikkje fortalt meir av kva dei sagde.
77. De var ein gamal skikk i Svitjod, so lengi heidinskapen var der, at stor-blote skulde vera i Uppsalir i go-maanad[135], og daa skulde dei blota til fred og siger for kongen sin, og folk fraa heile Sviavelde skulde søkja dit; der skulde og tinge for alle sviane vera, og der var de marknad og kaupstemne, som stod ei viku. Daa kristindomen var komin til Svitjod, so heldt dei ved med lagtinge og marknaden. Men no, sidan kristindomen vart mannjamn i Svitjod, og kongane heldt upp aa sitja i Uppsalir, hev dei flutt marknaden til kyndilsmess[136], og soleis hev de vori heile tidi sidan, og no varer han ikkje meir enn tri dagar. Der er tinge for sviane, og til dette søkjer dei fraa heile lande. Sviarike er bytt i mange lutir. Den eine er Vestergautland og Vermeland og Markir[137] og de som høyrer med til deim[138], og dette rike er so stort, at den bispen som er sett yvi de hev 1100 kyrkjur under seg.[139] Ein annan lut er Øystregautland, og der er de eit anna bispedøme; til dette høyrer no Gotland og Øland, og alt dette ihop er eit endaa større bispedøme.[140] I sjølve Svitjod er de ein lut av lande som heiter Sudermannaland, og som er eitt bispedøme.[141] So kjem Vestmannaland eller Fjadrundaland, som er eitt bispedøme.[142] Den tridje luten av Svitjod heiter Tiundaland, og den fjorde Aattundaland, og den femte er Sjaaland og de som høyrer med til de aust langs med have.[143] Tiundaland er den beste og ypparste bygdi i Svitjod, og heile rike ligg under de. Der er Uppsalir, og der er kongsstolen, og der er erkebispestolen, og etter Uppsalir hev Uppsalarikdomen, som sviane kallar eigedomen til sviakongen, fengi namne sitt. Kvar av desse landslutine hev sitt lagting og si eigi lov i mange stykke.[144] Yvi kvart tinglag er de ein lagmann, og han raar mest hjaa bøndane, for di at de skal vera lov som han forkynner. Men um kongen eller jarlen eller bispane fer yvi lande og held ting med bøndane, so svarar lagmannen for bøndane, og dei fylgjer han alle ihop, so dei megtugaste ovkarane knapt torer koma til alltinge deira, mindre dei fær lov av bøndane og lagmannen. Men i alt de, som lovine ikkje samstavast i, skal dei alle ihop retta seg etter Uppsala-lovi, og alle hine lagmennane skal vera under den lagmannen som er i Tiundaland.
78. Paa den tid var de ein lagmann i Tiundaland som heitte Torgny, og far hans heitte Torgny Torgnysson. Dei og forfedrane deira hadde vori lagmenn i Tiundaland, son etter far, i mange kongar si livetid. No var Torgny gamal. Han hadde ei stor hird um seg, og dei heldt han for aa vera den klokaste mann i Sviavelde; han var frenden hans Rognvald jarl og fosterfar hans. No skal me fortelja korleis de gjekk, daa dei mennane kom til Rognvald jarl som kongsdotteri Ingegjerd og Hjalte hadde sendt vestetter. Dei sagde ærendi si til Rognvald jarl og Ingebjørg, kona hans, og fortalde at kongsdotteri tidt hadde tala med sviakongen um forlik millom honom og kong Olav Digre, og at ho var ein god ven til kong Olav, men sviakongen vart vill, kvar gong ho nemnde Olav, so ho totte ikkje de var von um forlik, slikt som de no stod til. Jarlen fortalde Bjørn kva han hadde høyrt austantil, men Bjørn sagde no som fyrr, at han vilde ikkje venda att, fyrr han fann sviakongen, og sagde at jarlen hadde lova han aa vera med til sviakongen. No leid de ut paa vetteren, og strakst etter jol laga jarlen seg av stad med 60 mann, og Bjørn og fylgjesveinane hans var i lag med han. Jarlen fór austetter alt til Svitjod. Daa han kom upp i lande, sende han mennane sine i fyrivegen til Uppsalir, og sende bod til kongsdotteri Ingegjerd, at ho skulde fara ut til Ullaraker[145] og møta han; der hadde ho store gardar. Daa kongsdotteri fekk bod fraa jarlen, sette ho ikkje ferdi i gløymeboki og gjorde seg reidug med mykje folk, og Hjalte gav seg i lag med ho. Men fyrr han fór burt, gjekk han til kong Olav og sagde: «Sæl vere du framfor andre kongar. De kan eg segja for sant, at eg ikkje hev komi nokon stad, der eg hev set slik stas som hjaa deg, og de skal eg fortelja, kor helst eg kjem sidan. No vil eg beda Dykk um de konge, at du vil vera venen min.» Kongen svarar: «Kvifor hev du slik braahast? Kor skal du av?» Hjalte svarar: «Eg skal rida ut paa Ullaraker med Ingegjerd, dotter di.» Kongen sagde: «Far vel daa; du er ein klok mann og ter deg godt og kan godt med aa umgangast storfolk.» Dermed gjekk Hjalte burt. Kongsdotteri Ingegjerd reid til gardane sine ut paa Ullaraker, og der lét ho stella til eit stort gjestebod for jarlen. Daa jarlen kom, vart han vel fagna og var der nokre dagar. Han og kongsdotteri tala um mangt, men mest um sviakongen og den norske kongen; ho fortalde jarlen at ho totte de saag vonlaust ut med forlike. Daa sagde jarlen: «Korleis vilde du taka de, frenka mi, um Olav, Norigs konge, frir til deg? Me synest at dette vilde vera den beste bergeraadi til aa faa forlik, um denne maagskapen kom i stand millom kongane. Men eg vil ikkje driva paa denne saki, soframt eg veit de er beint imot din vilje.» Ho segjer: «Far min fær vel raada for giftarmaale mitt; men av dei andre frendane mine er du den som eg helst vil lata raada for meg, i slike tilfelle som eg tykkjer de ligg mykje lag paa. Synest no du at dette er raadlegt?» Jarlen mana paa ho og rekna upp mange drustelege ting til ære for kong Olav, og fortalde ho grant um de som hadde hendt strakst fyriaat, at kong Olav hadde fanga 5 kongar paa ein morgon og teki rike fraa alle ihop og lagt eigedomen og rike deira under si magt. Dei tala mangt um denne saki, og dei var samtykte i alt de dei rødde um. Daa jarlen var ferdig, fór han burt, og Hjalte var med han.
79. Rognvald jarl kom ein dag ut-paa kvelden til garden hans Torgny lagmann. De var ein stor og utifraa god gard, og mykje folk stod ute; dei helsa vel paa jarlen og tok mot hestane og tye deira. Jarlen gjekk inn i stogo, og der inne var de mangment. Der sat de ein gamal mann i høgsæte, og Bjørn og fylgje hans hadde aldri set so stor mann. Skjegge var so sidt, at de laag paa kne-i hans og breidde seg ut yvi heile bringa, og de var ein væn og drusteleg mann. Jarlen gjekk fram til han og helsa paa han. Torgny tok godt imot han og bad han ganga til de sæte som han var vand til aa sitja i. Jarlen sette seg paa hi sida beint imot Torgny. Dei var der i nokre dagar, fyrr jarlen sagde ærendi si, og daa bad han at Torgny vilde vera med inn i tingstogo. Bjørn og fylgje hans gjekk med jarlen dit. Daa tok jarlen til orde og fortalde, at Olav, den norske kongen, hadde sendt menn dit aust til aa faa gjort fred, og han tala mykje um kor ille komne vestgautane var, naar de var ufred imillom deim og Norig. Han fortalde de og, at Olav, den norske kongen, hadde sendt menn alt dit, og desse sendemennane fraa kongen var til staes der no, og han hadde lova deim aa vera med deim til sviakongen. Og han sagde at sviakongen tok denne saki so tungt, at han sagde de skulde ikkje nytta for nokon aa stø uppunder denne saki. «No er de so, fosterfar min,» segjer jarlen, «at eg ikkje kan greida denne saki aaleine, og difor er eg no komin til deg og ventar god hjelp og raad av deg.» Daa jarlen heldt upp aa tala. so tagde Torgny ei stund; men daa han tok til orde sagde han: «De fer forunderleg aat; De traar etter aa faa fyrste-namn, men De kan ikkje stella dykk og tenkja dykk um, fyrst De kjem i lægervall. Kvifor kunde du ikkje tenkt paa de, fyrr du lova denne ferdi, at du ikkje hev magt til aa tala mot kong Olav. Eg synest de er likso stor ære aa reknast for ein bonde og tala fritt de ein vil, um so kongen er til staes. Men no skal eg koma til Uppsala-tinge og hjelpa deg, so du urædd kan segja de du vil til kongen.» Jarlen takka han fint for di han lova dette, og vart verande hjaa Torgny og reid med honom til Uppsala-tinge. Der var de mykje folk samla, og der var kong Olav og med hirdi si.
80. Fyrste dagen tinge var sett, sat kong Olav paa stolen, og hirdi hans rundt umkring. Paa hi sida av tinge sat Rognvald jarl og Torgny paa ein stol, og framanfor deim sat hirdi til jarlen og drengine hans Torgny, men bak stolen stod bondeflokken i ein ring umkring; sume gjekk upp paa rabbar og haugar, til aa høyra derifraa. Daa sakine til kongen, som de var skikk aa setja fram paa tingi, var framførde, og dette var avgjort, so stod Bjørn stallar upp attmed jarlestolen og sagde høgt: «Kong Olav sende meg hit i den ærendi, at han vil bjoda sviakongen forlik og de land-skile som fraa gomol tid hev vori millom Norig og Svitjod.» Han tala høgt, so sviakongen skilleg høyrde de. Men de fyrste sviakongen høyrde nemna kong Olav, tenkte han at denne mannen hadde ei ærend for han sjølv aa bera fram; men daa han høyrde tala um forlik og land-skile millom Svitjod og Norig, so skyna han kva leid dette kom fraa. Daa spratt han upp og ropte høgt, at denne mannen skulde tegja still, og sagde at de kunde ikkje nytta slikt. Daa sette Bjørn seg ned; men daa de vart stillt, stod jarlen upp og tala. Han tala um ordsendingi hans Olav Digre, og at han baud sviakongen Olav forlik, og at vestgautane bad kong Olav vænt, at han skulde gjera forlik med den norske kongen. Han rekna upp kor mykje vondt vestgautane maatte lida, for di dei laut vera forutan alle dei ting fraa Norig som dei trengde til upphelde, men derimot var utsette for yvifall og herjing, naar den norske kongen samla ein her og herja paa deim. Jarlen fortalde og, at Olav, kongen i Norig, hadde sendt menn dit i den ærendi, at dei skulde fri for han til Ingegjerd, dotter hans. Daa jarlen heldt upp aa tala, stod sviakongen Olav upp. Han svara tvert paa tala um forlike, og kom med tunge og store klagemaal mot jarlen, for di at han hadde vori so djerv, at han hadde gjort fred og trygd med den digre mannen, og gjort venskap med han; han sagde at han visst og sant var landssvikar imot seg og at de var rimelegt, at Rognvald vart jaga ut or rike, og sagde at alt slikt kom av di at Ingebjørg, kona hans, eggja han upp, og sagde at de var de verste han kunde finna paa, aa leggja sin hug til slik kone. Han tala langt og hardt, og so bar de til aa skjella paa kong Olav att. Daa han sette seg ned, var de stilit i fyrstningi.
Daa stod Torgny upp. Men daa han stod upp, so stod alle dei bøndane upp, som fyrr hadde seti, og styrmde til fraa alle kantar og vilde lyda paa kva Torgny sagde. I fyrstningi var de stort staak av alt de folke og av vaapni; men daa de vart stiltt, sagde Torgny: «Annarleis er sviakongane huga no enn dei hev vori fyrr. Torgny, farfar min, mintest Uppsala-kongen Eirik Emundsson og fortalde um honom, at daa han var i beste aldren sin, hadde han leiding ute kvar sumar og fór til ymse land og lagde under seg Finnland og Kirjaalaland[146] og Estland og Kurland og landi vidt og breidt umkring Øystresjøen, og endaa kan ein sjaa dei jordborgine og andre storverk som han gjorde; og han var ikkje so stor-vorin, at han ikkje vilde lyda paa folk som hadde noko aa tala med han um. Torgny, far min, var med kong Bjørn ei lang stund, og kjende til korleis han var; medan Bjørn livde, stod rike hans med stor styrke og inkje tap, og han var umgjengeleg med venine sine. Eg sjølv kan minnast kong Eirik den sigersæle, og eg var med han paa mang ei herferd. Han auka rike til sviane og varde de manneleg, og de var lett aa gjeva honom raad. Men denne kongen, som no er, læt ingin mann vaaga paa aa tala til han anna enn de som han sjølv likar, og dette legg han all si magt paa, men skattlandi læt han ganga ifraa seg av tiltaks-løyse og magtløyse. Han traar etter aa halda Norigs rike under seg, som ingin sviakonge fyrr hev traatt etter, og de gjer mang ein mann uro. No vil me bøndane, at du, kong Olav, gjer forlik med Olav Digre, Norigs konge, og gifter dotter di Ingegjerd med han. Men vil du vinna under deg att dei rike i Austerveg som frendane og forfedrane dine hev aatt der, so vil me alle fylgja deg til dette. Men vil du ikkje gjera som me seg jer, so vil me taka paa deg og drepa deg, og ikkje tola ufred og ulov av deg. Soleis hev gamle-karane gjort fyrr; dei kasta 5 kongar ned i ein brunn paa Mulating[147], daa dei hadde vori likso kaute og store paa de som du med oss. Seg no radt kva du vil velja.» Daa gjorde aalmugen strakst stort vaapnbrak og staak. Daa stod kongen upp og tala, og sagde at alt skulde vera som bøndane vilde. Han sagde at soleis hadde alle sviakongane gjort, at dei lét bøndane styra med seg i alt de dei vilde. Daa stana murringi paa bøndane. Etter dette samsnakka hovdingane, kongen og jarlen og Torgny, og gjorde fred og forlik for sviakongen, soleis som den norske kongen hadde sendt bod um. Paa dette tinge vart de avgjort, at Ingegjerd, dotter til kong Olav, skulde giftast med kong Olav Haraldsson. Kongen gav jarlen fullmagt til trulovingi hennar og til aa avgjera denne giftarmaalssaki, og daa dette var avgjort paa tinge, skildest dei. Daa jarlen fór heim, møttest han og kongsdotteri Ingegjerd og tala seg imillom um denne saki. Ho sende kong Olav ei gullsauma kappe av pell med silkeband. Jarlen fór attende til Gautland, og Bjørn var med han; der var Bjørn ei liti stund, og so fór han attende til Norig med fylgje sitt, og daa han fann kong Olav og fortalde han korleis de hadde gjengi med ærendi hans, takka kongen han fint for ferdi, og sagde, som sant var, at Bjørn hadde havt lukka med seg, som hadde greidt ærendi si i denne ufreden.
81. Daa de vaarast, fór kong Olav ut til sjøen og lét bu skipi sine og stemnde til seg folk, og fór um vaaren [1018] utetter Viki alt til Lidandesnes og alt nord til Hordaland. Han sende bod paa lendmennane og nemnde upp alle dei beste mennane i bygdine, og budde seg til so drusteleg som han kunde, daa han skulde møta festarmøyi si. Gjestebode skulde standa um hausten aust ved Elvi ved land-skile. Kong Olav hadde med seg kong Rørek Blinde. Daa saari hans var att-grodde, gav kong Olav han tvo menn til tenarar og lét han sitja i høgsæte hjaa seg, og heldt han med drikke og klæde i alle maatar likso godt som han fyrr hadde haldi seg sjølv. Rørek var faamælt og svara tvert og stutt, naar dei tala til han. Han hadde for skikk, at han lét skosveinen[148] sin leida seg ut og burt fraa folk um dagen, og daa dengde han guten, og naar han so flaug ifraa han, sagde han til kong Olav at den guten vilde ikkje tena han. Daa skifte kong Olav tenarar aat han, og daa gjekk de sameleis som fyrr, at ingin tenar kunde halda ut med kong Rørek. Daa sette kong Olav ein mann som heitte Svein til aa fylgja og vakta paa kong Rørek; han var frenden hans Rørek og hadde vori mannen hans i gamle dagar. Kong Rørek heldt paa just som fyrr og var tver og fór ut aaleine. Men naar han og Svein var aaleine paa tvomanns-hand, so var Rørek lettliva og pratsam. Daa kom han i hug mange ting som hadde vori fyrr, og som hadde hendt i hans tid, daa han var konge. Daa kom han i hug sitt gamle liv, og kven som hadde teki rike og lukka ifraa han, og som hadde gjort han til ein legdekall: «Men de aller-tyngste tykkjer eg de er lei,» sagde han, «at du og dei andre frendane mine, som saag ut til aa verta grepa karar, no skal vera so vanslegta, at De ikkje skal hemna noko av den skammi som dei hev gjort ætti vaar.» Soleis tala han jamt um sorgi si. Svein svara og sagde at dei hadde med ei stor yvimagt aa gjera, og at de var lite magt i deim. Rørek sagde: «Kvifor skal eg liva so lengi skjemd og skamfarin, mindre de kunde bera so til, at eg blinde mannen kunde vinna paa deim som vann paa meg daa eg sov. Lat oss freista lukka, lat oss drepa Olav Digre; no er han ikkje rædd noko vondt. Eg skal leggja upp raad, og eg skulde ikkje spara hendane mine, um eg kunde bruka deim; men de kan eg ikkje, av di eg er blind, og difor skal du bera vaapn paa han; og strakst Olav er drepin, spaar eg de, at rike kjem under uvenine hans. Daa kan de henda at eg vert konge, og daa skal du vera jarlen min.» Han talde so lengi fyri han, til dess Svein samtykte aa fylgja denne uraadi. Avtala var slik, at daa kongen laga seg til aa ganga til aftansong, stod Svein ute i svali og hadde eit stutt sverd dregi under kappa. Men daa kongen gjekk ut or stogo, kom han gangande fljotare enn Svein hadde tenkt, og daa han saag kongen i andlite, vart han bleik og kvit som eit lik, og hendane seig ned for han. Kongen merka at han var rædd, og sagde: «Kva er de no, Svein! vil du svika meg?» Svein kasta kappe og sverd fraa seg, og fall ned for føtane til kongen og sagde: «Alt i Guds og Dykkar vald, konge.» Kongen bad mennane sine taka Svein, og han vart sett i jarn. Daa lét kongen flytja sæte hans Rørek til den andre benken[149], men Svein gav han liv og fred, og han fór ut or lande. No gav kongen Rørek eit anna hus aa sova i enn de han sov i sjølv, og i de huse sov de mange hirdmenn; han sette tvo hirdmenn til aa fylgja Rørek natt og dag; desse mennane hadde vori lengi hjaa kong Olav, og han hadde røynt truskapen deira, men de er ikkje fortalt, at dei skulde vera storætta. De var so ymist med kong Rørek; han tagde mange dagar, so ingin fekk orde utav han, og sume tidir var han so lettliva og glad, at dei totte de var moro i kvart ord han sagde. Men sume tidir tala han lite og gav berre vondt fraa seg. Han hadde de soleis og, at sume tidir drakk han alle ihop ned av benken og gjorde deim uføre, alle dei som han hadde um seg, men for de meste drakk han lite. Kong Olav gav han so mange pengar han turvte. De var tidt, naar han kom heim der han budde, at han lét bera inn nokre byttur mjød, fyrr han lagde seg til aa sova, og lét alle mennane i huse drikka, og difor var han godt lika.
82. De var ein upplending som heitte Finn Litle, og sume segjer at han var av finsk ætt. Han var fælt litin, men so kjapp, at ingin hest tok han paa sprange. Han var ovkar til aa renna paa ski og skjota med boge. Han hadde lengi vori i tenesta til kong Rørek og tidt gjengi ærend for han, naar de trengdest ein paalitande kar. Han var kjend med vegine yvi alle Upplandi og kjende alt storfolke der. Daa dei hadde sett kong Rørek i varetekt, so gav Finn seg i lag med vakti og fór for de meste i lag med drengine og tenarane; men so tidt han kunde sleppa til, tente han kong Rørek og kom tidt i snakk med han; men kongen vilde ikkje røda lengi med han um gongen, og vilde ikkje at dei skulde faa mistru til samrøda deira. Daa de leid ut paa vaaren, og dei drog ut i Viki, strauk Finn burt fraa heren nokre dagar; daa kom han att og var der ei stund. Soleis gjekk de tidt, og de var ingin som gav gaum etter de, daa de var mange landslauparar med heren.
83. Kong Olav kom til Tunsberg fyri paaske[150] og var der ei lang stund um vaaren; der kom de mange handelsskip til byen daa, baade saksar og danir og folk austantil Viki og nordantil lande, og de var mykje folk der. Aaringen var god, og de var store drykkjelag. De hende seg ein kveld, at kong Rørek var komin heim noko seint og hadde drukki mykje og var fælande lystug. Daa kom Finn Litle inn med ei mjødbytte, og mjøden var krydda og urimeleg sterk. Daa lét kongen alle deim drikka som inne var, til dess dei sovna av kvar i sitt rom. Finn var gjengin ut, og de brann ljos i huse. Daa vekte Rørek dei mennane som var vande til aa fylgja han, og sagde at han vilde ganga ut i garden. Dei hadde lykt med seg, og de var stumende myrkt ute. De var ein stor kamar ute i garden, som stod paa stolpar, og de var ei tropp upp til døri. Daa Rørek og dei andre sat ute i garden, høyrde dei at de var ein mann som sagde: «Hogg du den djevelen.» I de same høyrde dei ein smell og eit fall, liksom de var noko som datt. Kong Rørek sagde: «Dei hev nok drukki dugeleg, dei som dregst der; gakk stad og skil deim aat.» Dei nøytte seg ut; men daa dei kom ut paa troppi, vart den hoggin fyrst som gjekk etterst, og dei vart drepne baae tvo. De var mennane til kong Rørek som var komne der, Sigurd Hit, som hadde vori merkesmannen hans, med 11 mann, og der var Finn Litle og med. Dei drog liki upp millom husi og tok kongen og hadde med seg og sprang um bord paa ei skute dei aatte, og rodde av. Sigvat skald sov i same huse som kong Olav; han stod upp um natti, og skosveinen hans var med han, og gjekk ut til den store kamaren. Men daa dei skulde ganga tilbakars att og ned troppi, glatt Sigvat og datt paa kne og tok nedpaa med hendane, og daa var de vaatt under. «No i kveld hev nok kongen gjort mange av oss ustøde paa føtane,» sagde han, og log i de same. Men daa dei kom inn i huse, der som de brann ljos, spurde skosveinen: «Hev du rivi deg, eller kvifor er du so blodut alle stadir?» Han svara: «Eg hev ikkje rivi meg, men de hev fulla hendt eitkvart slag.» Han vekte Tord Foleson, som var merkesmann og sengnøyte[151] hans, og dei gjekk ut og hadde med ei lykt og fann snart blode. Daa leita dei etter og fann snart liki og bar kjensel paa deim. Dei saag at der laag ein stor tre-stubbe og, med store hogg i, og sidan fekk dei vita at dei hadde gjort de paa læst, til aa narra ut deim som var drepne.
Sigvat og Tord tala seg imillom um at de var naudturvelegt, at kongen fekk vita dette, so snart de var raad til. Dei bende strakst skosveinen inn i de huse som kong Rørek hadde vori i; dei sov alle mann, men kongen var burte. Han vekte dei mennane som inne var, og fortalde kva som hadde hendt. Mennane stod upp og gjekk strakst ut i garden, der som liki var, men endaa dei totte de var naudturvelegt, at kongen fekk vita dette so snart som mogelegt, var de ingin som torde vekkja han. Daa sagde Sigvat til Tord: «Kva vil du helst, kammerat, vekkja kongen eller segja han denne tidendi?» Tord svarar: «Eg torer ikkje vekkja han for alt i verdi, men eg skal nok segja han tidendi.» Daa sagde Sigvat: «De er mykje att av natti endaa, og de kan henda, fyrr de vert dag, at Rørek hev fengi slik gøymsle at han ikkje vert lett aa finna sidan, men endaa kan dei ikkje vera langt undan, daa liki var varme. De skal aldri henda oss slik skam, at me ikkje læt kongen vita denne sviki; gakk upp i huse, Tord, og bi meg der.» Daa gjekk Sigvat til kyrkja og vekte klokkaren og bad han ringja for sjæline til kongshirdmennane, og nemnde deim som var drepne. Klokkaren gjorde som han bad. Men av ringjingi vakna kongen og sette seg upp i sengi og spurde um de alt var ottesongs-tid. Tord svarar: «De er verre enn som so, og de hev hendt store ting. Kong Rørek er burte, og tvo av hirdmennane Dykkar er drepne.» Daa spurde kongen korleis dette hadde gjengi til, og Tord fortalde de han visste. Daa stod kongen upp og lét blaasa til hirdstemne, og daa folke kom saman, nemnde kongen upp menn som skulde fara fraa byen til alle kantar og leita etter Rørek, til sjøs og til lands. Tore Lange tok ei skute og fór med 30 mann, og i lysingi saag dei tvo smaa skutur fara fyri deim, og daa dei saag kvarandre, rodde dei paa baae sidur de meste dei kunde. Der var kong Rørek med 30 mann. Men daa dei kom nær innpaa kvarandre, snudde Rørek og mennane hans til lands og sprang upp paa land alle ihop, so nær som kongen, som sette seg upp i lyftingi. Han bad farvel med deim og ynskte at dei maatte finnast med heilo. I de same rodde Tore og folke hans inn mot lande. Da skaut Finn Litle ei pil, som raaka Tore paa midten, og de vart banen hans, men Sigurd og alle mennane hans lagde til skogs. Mennane hans Tore tok like hans og kong Rørek og førde ut til Tunsberg. Kong Olav tok daa sjølv og passa paa kong Rørek og lét deim vakta han godt, og tok seg vel i vare for sviki hans, og sette menn til aa vakta paa han natt og dag. Daa var kong Rørek urimeleg lystug, og de var ingin som merka anna paa han enn at han lika seg fælande godt.
84. De hende seg helgetorsdag[152], at kong Olav gjekk til høgmesse. Daa gjekk bispen med prosession um kyrkja og leidde kongen, og daa dei kom att til kyrkja, leidde bispen kongen til sæte hans nord i koren. Næmast honom sat kong Rørek, som han hadde for skikk, og heldt kappa for andlite sitt. Men daa kong Olav hadde sett seg ned, tok kong Rørek paa oksli hans med handi og kreista: «Pell-klæde hev du no, frende,» sagde han. Kong Olav svara: «No held dei ei stor høgtid til minne um at Jesus Kristus steig upp til himilen fraa jordi.» Kong Rørek svara: «Eg skynar ikkje so mykje av de som De fortèl um Kristus, at de fester seg paa hugen min. Eg tykkjer at mykje av de som De segjer er noko utrulegt, endaa de hev hendt mange underlege ting i gamle dagar.» Men daa messa byrja, stod kong Olav upp og heldt hendane upp yvi hovude sitt og lutte seg mot altare, og kappa gleid ned av aksline hans. Daa spratt kong Rørek upp, baade fort og hardt, og stakk til kong Olav med ein kniv, av de slage som dei kallar rytningar[153], og styngen kom i kappa ved herdane, daa kongen hadde lutt seg undan. Klædi vart mykje sundskorne, men kongen vart ikkje saara. Daa kong Olav merka dette yvifalle, sprang han fram paa golve, og Rørek stakk andre gongen etter han med kniven, men raaka ikkje, og sagde: «Flyr du no, Olav Digre, for meg blinde mannen?» Kongen bad mennane sine taka han og leida han ut or kyrkja, og dei so gjorde. Etter desse hendingane eggja dei kong Olav til aa lata drepa kong Rørek. «De er eit stort vaagespel for Dykk, konge,» sagde dei, «aa hava han hjaa Dykk og spara han, endaa alt de vonde han finn paa, og han grundar natt og dag paa aa gjera de av med Dykk. Men strakst De sender han burt fraa Dykk, so ser me ingin som kan vakta so godt paa han, at de er vonlaust for han aa koma seg undan. Og slepp han fyrst laus, vil han strakst samla ein flokk og gjera mykje vondt.» Kongen svarar: «De er sant, som De segjer, at mang ein mann hev mist live, som hev forbroti seg mindre enn Rørek; men eg vil naudleg skjemma ut den sigeren eg vann paa upplendings-kongane, daa eg tok alle 5 paa ein morgon og fekk heile rike deira, og endaa slapp eg aa vera banemannen til nokon av deim, som vel var, daa dei var frendane mine alle ihop. Men no veit eg knapt um Rørek vil faa tvinga meg til aa drepa seg eller ikkje.» Difor hadde Rørek teki med handi paa oksli til kong Olav, for di han vilde vita um han hadde brynju paa seg.
85. De var ein islending som heitte Torarin Nevjolvsson. Han var ætta fraa nordlande og var ikkje storætta, men klok og tala godt for seg, og han var framtalande til storfolk. Han fór mykje umkring paa handel og var lengi utanlands[154]. Torarin var ein urimeleg stygg mann, og de kom seg mest av di, at han var so stygt lema. Han hadde store og stygge hendar, men føtane var endaa mykje styggare. Torarin var i Tunsberg, daa dette hende, som me no hev fortalt, og han var kjend med kong Olav. Torarin heldt nett paa og budde til eit handelsskip som han aatte, og etla seg til Island um sumaren. Kong Olav hadde Torarin til gjest hjaa seg nokre dagar og tala mykje med han, og Torarin sov i same huse som kongen. De var tidleg ein morgon, som kongen var vakin, men hine mennane sov i huse. Soli hadde nettupp runni, og de var heilt-upp ljost inne. Kongen saag at Torarin hadde rett den eine foten fram undan klædi, og saag paa foten ei stund. I de same vakna dei andre i huse, og kongen sagde til Torarin: «No hev eg vori vakin ei stund, og hev set eit syn som er mykje verdt, tykkjer eg, og de er ein mannefot slik at de visst ikkje skal vera nokon styggare her i kaupstaden.» Han bad hine sjaa etter, um dei totte de same, og alle som saag foten sanna at so var de. Torarin merka kva dei rødde um, og svara: «De er faa ting som er so laga, at de er utor voni aa finna maken, og de er daa trulegt, at de er soleis her og.» Kongen sagde: «Eg vil heller halda paa de, at de finst ikkje so stygg fot, um eg so skal vedda paa de.» Daa sagde Torarin: «Eg er reidug til aa vedda paa de med Dykk, at eg skal finna ein styggare fot her i kaupstaden.» Kongen segjer: «Daa skal den som hev rett faa velja kva han vil beda um.» «Ja, lat ganga,» segjer Torarin. No stakk han hin foten fram undan klædi, og den var aldri grande vænare, og der var vesle-taai av. Daa sagde Torarin: «Sjaa no her den andre foten, konge, og den er so mykje styggare, daa den eine taai er av her, og eg hev vunni veddemaale.» Kongen segjer: «Hin foten er so mykje styggare, at de er 5 fæle tær paa den, men her er berre 4, og eg hev rett til aa velja kva eg vil beda um.» «Dyrt er drottins ord,» segjer Torarin; «kva vil du beda meg um?» «At du skal føra kong Rørek til Grønland,» segjer han, «og hava han med til Leiv Eiriksson.» «Eg hev ikkje vori paa Grønland,» svara Torarin. «Daa kan de nettupp vera høveleg tid for deg aa fara til Grønland no,» segjer kongen, «um du ikkje hev vori der fyrr, slik ferdamann som du er.» I fyrstningi svara Torarin lite paa dette, men daa kongen heldt paa og bad um de, drog han seg ikkje heilt-upp undan og sagde: «Du skal faa høyra, konge, kva eg hadde tenkt aa beda um, um eg hadde vunni veddemaale, og de var aa koma inn i hirdi Dykkar, og fær eg lov til de, vert eg so mykje meir skyldig til ikkje aa draga meg undan de som De vil hava gjort.» Kongen samtykte dette, og Torarin vart hirdmannen hans. Daa budde Torarin skipe sitt til, og daa han var seglbudd, tok han mot kong Rørek. Daa kong Olav og Torarin skildest, sagde Torarin: «Ber de no so til, konge, som ikkje er utenkjande og tidt kan henda, at me ikkje naar fram til Grønland, og me driv til Island eller andre land, korleis skal eg so verta kvitt denne kongen soleis at De er fornøgd med de?» Kongen segjer: «Soframt du kjem til Island, skal du gjeva han til Gudmund Øyolvsson[155] eller Skafte lovsegjings-mann, eller ein annan hovding som vil taka mot venskapen min og jartegnine mine. Men driv du til andre land, som er næmare her, so maa du laga de so, at du veit visst at Rørek aldri meir kjem til Norig. Men dette maa du ikkje gjera, utan du ser at de ingi onnor raad er.» Daa Torarin var seglbudd og fekk bør, siglde han utanskjers utanfor øyane og nord um Lidandesnes, og so heldt han ut i have. De drygde, fyrr han fekk bør, men han vara seg vel for aa koma nær land. Han siglde sunnanfor Island, so nær at han fekk landkjenning, og so vest um lande ut i Grønlandshave. Der fekk han store stormar og dreiv lengi umkring, men daa de leid ut paa sumaren, fekk han land i Breidefjorden paa Island. Torgils Areson[156] var den fyrste av stormennane der som kom til deim. Torarin fortalde han ordsendingi og tilbode um venskap og jartegnine fraa kong Olav, at han skulde taka mot kong Rørek. Torgils svara venleg paa dette og baud kong Rørek til seg, og han var hjaa Torgils Areson um vetteren. Men han treivst ikkje der og bad at Torgils skulde gjeva han fylgje til Gudmund, og sagde at han totte han hadde høyrt at hjaa Gudmund gjekk de mest stormannsleg til paa Island, og at han nok var send til honom. Torgils gjorde som han bad, og fekk folk til aa fylgja han til Gudmund paa Modruvellir. Gudmund tok godt imot Rørek for ordsendingi fraa kongen, og den andre vetteren var han hjaa Gudmund, men daa treivst han ikkje lenger der. Daa gav Gudmund han kost og hus paa ein litin gard som heiter Kalvskinn[157], og der var de lite husfolk. Der var Rørek den tridje vetteren, og han sagde de, at fraa di han miste kongedøme, hadde han lika seg best der, av di at der vart han mest vyrd av alle. Sumaren etter [1021] vart Rørek sjuk og døydde. De er sagt, at han er den einaste kongen som kviler paa Island. Torarin Nevjolvsson var sidan lengi ute og fór, men sume tidir var han hjaa kong Olav.
86. Same sumaren som Torarin fór med Rørek til Island, fór Hjalte Skjeggeson og til Island, og kong Olav gav han [1018] venegaavur, daa dei skildest. Same sumaren fór Øyvind Urarhorn i vesterviking og kom um hausten til Irland til irekongen Konofogor. Irekongen og Einar jarl fraa Orknøyane møttest um hausten i Ulvreksfjorden[158], og der vart de eit stort slag. Kong Konofogor[159] hadde mykje meir folk og vann, og Einar jarl flydde med eit skip og kom um hausten attende til Orknøyane, og daa hadde han mist mesteparten av mannskape sitt og alt de herfange som dei hadde fengi, og jarlen var ille nøgd med ferdi si, og gav dei nordmennane, som hadde vori med irekongen i slage, skuldi for at han tapte.
87. No skal me taka paa med forteljingi der me slapp fyrr, at kong Olav fór i brureferd og vilde henta festarmøyi si Ingegjerd, dotter til sviakongen Olav. Kongen hadde stort mannskap med seg, og de var so utvalt, at alt de storfolk han kunde faa i, fylgde med han, og alle stormennane hadde med seg utvalt folk baade i ætt og hævleike. Heile heren var framifraa velbudd baade med skip og vaapn og klæde. Dei styrde aust til Konghelle med heren. Men daa dei kom dit, spurde dei ikkje noko til sviakongen, og ikkje var de komin nokon der paa hans vegne heller. Kong Olav laag lengi ved Konghelle um sumaren, og spurde mykje etter um folk kunde segja han noko um kor sviakongen var og kva han tenkte paa; men ingin kunde segja han noko visst um dette. Daa sende han menn upp i Gautland til Rognvald jarl og lét spyrja etter um han visste kva de kom seg av, at sviakongen ikkje kom til stemna, som dei hadde avtala. Jarlen sagde at han ikkje visste de; «men fær eg greide paa de,» sagde han, «skal eg strakst senda bod til kong Olav og lata han faa vita korleis de er laga, um denne tøvringi kjem av noko anna enn at han hev mykje aa gjera, som de tidt kan henda, so ferdi til sviakongen vert heft lenger enn han tenkjer sjølv.»
88. Sviakongen Olav Eiriksson hadde fyrst ei frille, som heitte Edla, dotter til ein jarl fraa Vindland. Ho var her-teki, og difor kalla dei ho for tenestgjenta til kongen. Borni deira var Emund, Aastrid og Holmfrid.[160] Han fekk med dronningi ein son og, som var fødd Jakobsmesse-dagen[161], og daa dei skulde kristna guten, lét bispen han heita Jakob. Dette namne lika ikkje sviane, og sagde at aldri hadde nokon sviakonge heitt Jakob. Alle borni til kong Olav var vakre og kloke. Dronningi var myndug og ikkje god med stykborni sine. Kongen sende Emund, son sin, til Vindland, og der vart han uppfødd hjaa morsfolke sitt, og han heldt ikkje kristindomen lengi. Kongsdotteri Aastrid vart uppfødd i Vestergautland hjaa ein gjæv mann som heitte Egil. Ho var ei fager møy og ordhag og gladværug og umgjengeleg og gjevmild. Daa ho var fullvaksi, var ho tidt hjaa far sin, og alle folk lika ho godt. Kong Olav var raadrikin og hard i ordi. Han var ille nøgd med at landsfolke hadde gjort styr og staak mot han paa Uppsala-tinge og truga han med vondt, og dette gav han Rognvald jarl meste skuldi for. Han gjorde ingi tilstelling til brureferdi, som dei hadde avtala um vetteren, at han skulde gifta dotter si, Ingegjerd, med den norske kongen Olav Digre og fara um sumaren til land-skile. Men daa de leid ut paa sumaren, vart mange forvitne etter aa sjaa kva kongen etla seg til, um han vilde halda forlike med den norske kongen, eller um han vilde brjota forlike og dermed freden. Mange var hugsjuke for dette, men ingin vaaga seg til aa spyrja kongen um de; men mange kjærde dette for kongsdotteri Ingegjerd, og bad ho faa greide paa, kva de var kongen vilde. «Eg hev ingin hug,» svara ho, «til aa tala med kongen og røda um de som er millom honom og Olav Digre, av di dei er uvenir baae tvo. Han hev svara meg vondt ein gong, daa eg tala frampaa um saki hans Olav Digre.» Kongsdotteri Ingegjerd fekk mykje hugverk av dette og var hugsjuk og uglad, og var forviti etter aa faa vita kva kongen vilde taka seg til. Ho totte de saag mest ut til at han ikkje vilde halda ordi sine til den norske kongen; for dei kunde merka at han vart sinna, kvar gong dei kalla Olav Digre for konge.
89. De var ein dag tidleg, at kongen reid ut med kane og hundane sine, og mennane hans var med han. Dau dei slepte haukane, drap hauken til kongen tvo orrar i eitt skeid, og strakst etter rende han fram att, og daa drap han tri orrar. Hundane flaug under og tok alle fuglane som kom ned. Kongen reid etter og tok sjølv veideskapen sin og kytte fælt av dette og sagde: «De vert nok ei stund til for dei fleste av dykk, fyrr De veider so mykje.» Dette sanna dei og sagde at dei tenkte at ingin konge hadde slik veide-lukke som han. Dermed reid kongen og alle hine heim, og daa var han storglad. Kongsdotteri Ingegjerd gjekk ut or huse i de same, og daa ho saag at kongen reid inn paa garden, gjekk ho stad og helsa paa han. Han tok læande imot ho og bar strakst fram fuglane og fortalde ho um veideskapen sin og sagde: «Kor kjenner du ein konge som hev fengi so stor veideskap paa so liti stund?» Ho svara: «Dette er god veideskap paa ein morgon, herre, at De hev fengi 5 orrar; men de er meir, at Olav, Norigs konge, tok 5 kongar paa ein morgon og eigna til seg heile rike deira.» Daa han høyrde dette, sprang han av hesten og snudde seg mot ho og sagde: «De skal du vita, Ingegjerd, at so stor elsk du hev lagt paa denne digre mannen, so skal du aldri faa han, og han ikkje deg heller. Eg skal gifta deg med ein slik hovding som eg kan halda venskap med, men eg kan aldri vera ven med den mannen som hev røva rike mitt og gjort meg stor skade med ran og manndraap.» Dermed slutta samtala, og dei gjekk kvar sin veg.
90. Kongsdotteri Ingegjerd hadde no fengi full greide paa kva kong Olav tenkte paa, og sende strakst bod ned til Vestergautland, til Rognvald jarl, og lét fortelja han korleis de var laga med sviakongen, at heile forlike med den norske kongen var broti, og bad jarlen og dei andre vestgautane vara seg, daa dei ikkje kunde vera trygge paa freden med nordmennane. Daa jarlen høyrde denne tidendi, sende han bod yvi heile rike sitt og bad deim agta seg, um nordmennane vilde herja paa deim. Jarlen gjorde sendemenn til kong Olav Digre med og lét segja han dei ordi han hadde høyrt, og at han for sin part vilde halda forlik og venskap med kong Olav, og bad han um de med, at han ikkje vilde herja paa rike hans. Men daa denne ordsendingi kom til kong Olav, vart han harmfull og hugsjuk, og de var nokre dagar som ingin mann fekk orde utav han. Etter dette heldt han hus-ting med mennane sine, og der stod Bjørn stallar fyrst upp. Han fortalde fyrst um at han vetteren fyrr var reist austetter og skulde gjera fred, og fortalde kor godt Rognvald jarl hadde teki imot han, og fortalde de med, kor tvert og uvensleg sviakongen i fyrstningi hadde teki denne saki; «men de forlike som kom i stand,» sagde han, «var de meir den store folkehopen og magti hans Torgny og hjelpi hans Rognvald jarl, som gjorde, enn godviljen til sviakongen. Og difor tykkjest me vita at de er kongen som er skuld i at forlike er broti, og de kan me ikkje gjeva jarlen skuldi for; me røynde de, at han var ein sann ven mot kong Olav. No vil kongen vita av hovdingane og dei andre mennane i fylgje hans, kva raad han skal taka: um han skal ganga upp i Gautland og herja med de mannskape me no hev, eller um De synest at me skal finna paa noko anna.» Han tala baade langt og vitugt. Etter dette tala mange stormenn, og de gjekk for de meste ut paa de same, at alle talde ifraa herferdi og sagde som so: «Endaa me hev mykje folk, so er de berre gjæve og megtuge menn som her er samla; men til herferd er unge menn likso godt fallne, som tykkjer de er godt aa faa rikdom og ære. Og de er stormanns-visi og, naar dei skal fara i ufred eller slag, at dei hev mange menn med seg til aa ganga fyri deim og verja deim; og tidt er dei som eig lite gods ikkje laakare til aa slaast enn dei som i rikdom er uppfødde.» Desse fyriteljingane gjorde daa at kongen raadde seg til aa løysa upp leidings-heren og gav kvar mann lov til aa fara heim, men lyste til, at næste sumar skulde han hava leiding ute fraa heile lande og draga mot sviakongen og hemna laus-ordi hans, og dette lika alle godt. Etter dette fór kong Olav nord i Viki og sette seg til i Borg um hausten, og dit lét han samla alt de han trengde til upphelde um vetteren, og sat der um vetteren med mykje folk.
91. Folk sagde baae slagi um Rognvald jarl; sume sagde at han var ein sann ven mot kong Olav, og sume sagde at dette ikkje var trulegt, og meinte paa de, at han nok kunde vori mann for aa faa sviakongen til aa halda orde sitt og forlike millom honom og kong Olav Digre. Sigvat skald viste seg som ein god ven mot Rognvald jarl i ordi sine og tala tidt um dette for kong Olav. Han baud seg til for kongen, at han skulde fara til Rognvald jarl og spæja etter kva han kunde faa vita um sviakongen, og freista paa um han kunde faa gjort noko forlik. Dette lika kongen godt; for han totte de var hugsamt aa tala jamleg med godvenine sine um kongsdotteri Ingegjerd. Tidleg paa vetteren fór Sigvat skald sjølv tridje fraa Borg og aust yvi Markir[162] og so til Gautland. Men fyrr kong Olav og Sigvat skildest, kvad han ei vise:
- Ver no sæl i salen,
- sorglaus og glad paa Borg.
- Radt skal, kong Olav, me atter
- her inne i halli finnast.
- Skalden ynskjer du maa halda
- I di hand baade lukke og land,
- at stor di ære maa vera,
- de er songarens bøn, min konge.
- Gud styrkje deg lande aa styra
- sterkt, konge, og lengi;
- min vilje de anstødt var;
- visst er du til rike borin.
Sidan fór dei aust til Eidar[163] og fekk klein skyss yvi aai paa ei eikje, og dei møddest hardt med aa koma yvi aai. Sigvat kvad ei vise:
- Vaate paa veltsame baaten
- yvi vatne til Eid me kava.
- For heimkoma spøkte de sleimt,
- slik i faare me vaaro.
- Trolli slik skarvebaat take!
- trygge var me ikkje i hugen.
- Verre skip eg aldri skoda,
- men de spent' av betr' enn me venta.
Sidan fór dei yvi Eidaskogen[164]. Sigvat kvad ei vise :
- De var'kje trøysamt, daa me traava
- trettan mil yvi skogen
- fraa Eid, og mein meg møtte
- mange, og harm eg var.
- Visst eg veit, at me kvast
- i vegen den dagen lagde,
- men saar og blemmur paa baae
- beini fekk kongens karar.
Sidan fór dei um Gautland, og kom um kvelden til ein gard som heiter Hov[165]. Der var døri stengd, so dei ikkje slapp inn. Folke sagde de var helg; derfraa strauk dei. Sigvat kvad:
- Svint til Hov eg meg skunda.
- Stengd var døri; eg lutte
- meg ned og stakk inn nosi,
- og til natti um hus eg bad.
- Faa ord berre fekk eg
- av folke, og av dei meg jaga.
- Helg var de, sa dei, men haugtussar
- slikt heidningspakk skal taka.
Daa kom han til ein annan gard; der stod kjeringi i døri og bad at dei ikkje skulde koma inn, og sagde at dei heldt paa og blota til alvane. Sigvat kvad:
- «Kom'kje inn, du arme mannen,»
- so enkja til meg sagde.
- «Her er me heidningar alle,
- harmen hans Odin me ræddast.»
- Fort daa jaga den fæle
- fyrkja meg ut som ulven.
- Men inne paa garden enkja
- til alvane, konge, blota.
Andre kvelden kom han til tri bøndar, som heitte Olve alle tri, og alle dei jaga han ut. Sigvat kvad:
- Tri sam-nemnde sellar
- sette meg paa døri.
- Dei som rygg meg vender vyrder
- 'kje vidare um si ære.
- Verst, eg meiner, vert de,
- naar vidt slik fanteferd spørst,
- at alle som Olve heiter
- vil ublid mot framande vera.
Daa fór dei lenger um kvelden og fann den fjorde bonden, og han sagde folk var den likaste av deim, men ut jaga han deim og. Sigvat kvad:
- Daa gjekk eg aa finna den fjorde,
- fred eg venta av honom.
- So dei alle lét
- at likaste denne var.
- Men knappast var de at kulten
- kasta eit auga paa meg.
- Vond laut fulla den verste
- vera, naar han var den beste.
- Austanfor Eidaskogen
- ingin meg hysa vilde
- blidsleg, daa gudlaus bonde
- eg bad um tak yvi hovud.
- Rognvald eg der ikkje raaka,
- rett og skjel eg fann ikkje.
- Paa ein kveld der vart eg
- utjaga fire gongir.
Daa dei kom til Rognvald jarl, sagde han at dei hadde havt de balsamt paa ferdi, og Sigvat kvad:
- Faarleg var oss ferdi,
- daa me fór med kongens ord.
- Sognings herre med ærend
- sende oss hit oss aa venda.
- Spara oss ikkje me gjorde,
- spelegt so langt aa ganga.
- At me vaaga oss stusslege vegen,
- vilde vaar konge gilde.
- Drjugt var for drengjom aa ganga,
- drottin, yvi Eidaskogen
- aust til jarlen den trauste,
- Di ære skal lovsungi vera.
- Skalden daa ikkje skulde
- skræmast paa dør og skjemmast,
- naar til vensæle hovding vinna
- han vilde, du jarlen milde.
Rognvald jarl gav Sigvat ein gullring, og eit kvende sagde at han hadde ikkje gjort maafaa-ferd med desse svarte augo sine. Sigvat kvad:
- Oss hev augo desse,
- dei islendske, svarte, vist
- tronge vegen og tunge
- til tindrande gullring aa vinna.
- Modig eg fór paa min fot
- fram paa vegen den gamle,
- Min veg din mann ikkje kjenner,
- du mjød-skjenkjar væn, eg tenkjer.
Sigvat skald var hjaa jarlen ei lang stund og vart godt fagna. Daa fekk jarlen vita av brevsendingar fraa kongsdotteri Ingegjerd, at de var komi sendemenn fraa kong Jarisleiv[166] austantil Holmgard til kong Olav, som skulde fri til Ingegjerd, dotter til sviakongen Olav, for kong Jarisleiv, og at kongen tok godt imot dette. Daa kom Aastrid og, dotter til kong Olav, til hirdi hans Rognvald jarl, og daa gjorde dei eit stort gjestebod der. Sigvat vart snart kjend med kongsdotteri; ho kjendest baade ved honom og ved ætti hans, for di at Ottar skald, systersonen hans Sigvat, hadde vori lengi der i kjærleike hjaa sviakongen Olav. Daa vart de tala um mangt og mykje; Rognvald jarl spurde Sigvat, um Olav, den norske kongen, kunde hava hug til aa gifta seg med kongsdotteri Aastrid; «og soframt han vil de,» segjer han, «so tenkjer eg de, at me ikkje spør sviakongen um dette.» Just de same sagde kongsdotteri Aastrid med. Etter dette fór Sigvat og fylgje hans heim og kom lite fyri jol til Borg til kong Olav. Daa Sigvat kom heim til kong Olav og gjekk inn i halli, saag han paa veggine og kvad:
- Hirdmenn her eg skodar
- hæve, som ørnen mettar.
- Brynjur og hjelmar blanke
- braglar fint paa veggjom.
- Ingin konge so ung
- eiger pryda so fager.
- Herleg er, gjæve herre,
- halli i maatar alle.
Sidan fortalde han um ferdine sine og kvad desse visune:
- Hugstore hird paa meg
- høyre og laane meg øyre,
- medan eg kved um mødur
- mange paa ferdi lange.
- Fraa svanevangens skiir[167]
- til Svitjod laut eg setja,
- Mest aldri fekk eg blund paa augom,
- daa aust eg stemnde um hausten.
Og daa han tala med kongen, kvad han:
- Trufast, du konge trauste,
- og trugin eg var i hugen;
- eg den rike Rognvald
- raaka og med han spraaka.
- Daa hirdmann fraa Gardar eg høyrde
- haglege talur laga,
- mannleg di sak, so de muna,
- du malmens vaktar, eg agta.
- Du sterke landsens styrar!
- deg spurde jarle-frenden,
- um fint du fagna vilde
- deim som fór til deg her nord.
- Og dine drengir, drottin,
- som drog dit aust gjenom skogen
- du Listelands hovding[168], han lova
- logn og kvile hjaa Rognvald.
Sigvat dikta fleire vers, og segjer i deim at Rognvald gjerne vilde hava forlik med den norske kongen, og at han sagde at no stod de paa Olav, um han vilde lata vera aa hemna seg paa sviakongen. Strakst fortalde Sigvat kong Olav dei tidendine som han hadde høyrt, og i fyrstningi var kongen reint hugfallin, daa Sigvat fortalde han um friingi til kong Jarisleiv. Og kong Olav sagde: «Eg venta ikkje anna enn berre vondt av sviakongen, men me skal nok faa lønt han de, so han skal hugsa de.» Daa de leid paa ei stund, spurde kongen Sigvat um mange ting austantil Gautland. Sigvat fortalde han mykje um kor væn og klok i ordi kongsdotteri Aastrid var, og at alle folk der sagde at ho i alle maatar var likso hæv som Ingegjerd, syster hennar. Dette lika kongen aa høyra paa. Sigvat fortalde han alt de som han og Aastrid hadde tala med kvarandre um, og kongen syntest ovende godt um dette og sagde: «Sviakongen tenkjer nok ikkje de, at eg skulde vaaga paa aa gifta meg med dotter hans forutan hans vilje.» Men dei gat ingin ting um dette til andre. Kong Olav og Sigvat skald tala tidt um denne saki. Kongen spurde Sigvat so grant, kva han hadde merka um Rognvald jarl, um han var venen deira, sagde han. Sigvat sagde daa til kong Olav at jarlen var den beste venen hans. Sigvat kvad:
- Fast skal du, fræge konge!
- forlike halda med Rognvald;
- ven-elskin for ditt vel han
- vaker ved natt som um dagen.
- Eg veit du i honom her vunni
- venen den beste av alle
- du eig i Austervegar
- alt aat grøne saltsjø.
Etter jol fór Tord Skotakoll, systerson hans Sigvat skald, og skosveinen hans Sigvat løynleg fraa hirdi og fór aust [1019] til Gautland; desse hadde fari dit aust med Sigvat hausten fyrr. Daa dei kom til hirdi hans Rognvald jarl, lagde dei fram for jarlen dei jartegnine som Sigvat og jarlen hadde avtala daa dei skildest, og gav jarlen dei jartegnine som kong Olav sjølv hadde sendt jarlen i trumaal. Strakst paa flekken lagar jarlen seg til aa fara, og kongsdotteri Aastrid var med han, og dei hadde innpaa 100 mann, som var utvalde baade av hirdi og av megtuge bondesønir, og framifraa velbudde med alle ting, baade vaapn og klæde og hestar. Sidan reid dei nord til Norig til Sarpsborg, og kom der ved kyndilsmess-leite.
92. Kong Olav hadde stelt alt i stand der; der var allslags drikke, de beste han kunde faa i, og alle andre ting var og av beste slage. Han hadde stemnt til seg mykje storfolk fraa bygdine med. Daa jarlen kom dit med fylgje sitt, tok kongen oversleg godt imot han, og jarlen fekk store og gode herbyrge, som var ypparleg innreidde, og tenarar og folk som skulde sjaa etter at de ikkje skorta paa nokon ting som kan pryda eit gjestebod. Daa gjestebode hadde stadi nokre dagar, hadde kongen og jarlen og kongsdotteri ei samtale, og enden paa samtala var, at de vart avgjort, at Rognvald jarl feste Aastrid, dotter til sviakongen Olav, til den norske kongen Olav, med den heimanfylgja som de fyrr hadde vori avtala at Ingegjerd, syster hennar, skulde havt med seg heimantil. Kongen skulde gjeva Aastrid same bruregaava og, som han skulde gjevi Ingegjerd, syster hennar. No gjorde dei gjestebode større, og daa drakk dei brudlaupe til kong Olav og dronning Aastrid med stor stas. Etter dette fór Rognvald jarl attende til Gautland. Daa dei skildest, gav kongen jarlen gode og store gaavur, og dei skildest dei beste venir, og denne venskapen varde so lengi dei livde.
93. Vaaren etter kom de sendemenn austantil Holmgard fraa kong Jarisleiv til Svitjod, som skulde høyra korleis de gjekk med de som kong Olav hadde lova sumaren fyrr, at han vilde gifta dotter si, Ingegjerd, med kong Jarisleiv. Kong Olav tala um dette med Ingegjerd og sagde at de var hans vilje, at ho skulde gifta seg med kong Jarisleiv. «Skal eg gifta meg med kong Jarisleiv,» svara ho, «so vil eg hava i bruregaave Aldeigjuborg og de jarledøme som til høyrer.» Dei gerdske sendemennane samtykte dette paa kongens vegne. Daa sagde Ingegjerd: «Skal eg fara aust til Gardarike, vil eg velja ein mann fraa Sviavelde som eg tykkjer er mest høveleg til aa vera med meg; og eg tingar paa de med, at han ikkje skal hava mindre heiders-namn der aust enn her, og i ingin maate mindre og laakare rett og vyrdnad enn han hev her.» Dette samtykte kongen, og sameleis sendemennane, og kongen gav ho orde sitt paa dette, og sameleis gjorde sendemennane. Daa spurde kongen Ingegjerd, kva de var for ein mann i rike hans som ho vilde velja til aa vera med seg. «Den mannen er jarlen Rognvald Ulvsson, frenden min,» svara ho. Kongen svara : «Annarleis hev eg tenkt aa løna Rognvald jarl for di han sveik kongen sin, daa han fór med dotter mi til Norig og gav ho aat den digre mannen til frille, som han visste var den verste uvenen vaar, og difor skal eg hengja han upp no i sumar.» Ingegjerd bad far sin um aa halda de orde han hadde gjevi ho. Og bøni hennar gjorde daa so mykje, at kongen sagde at Rognvald skulde fara i fred burt fraa Sviavelde, men ikkje koma for augo hans meir, og ikkje til Svitjod, so lengi Olav var konge. Daa sender Ingegjerd bod til jarlen og fortalde han denne tidendi og sette stemnelag med han, kor dei skulde møtast. Jarlen laga seg strakst til aa fara, og reid upp i Øystregautland og fekk seg skip der, og so drog han med fylgje sitt til kongsdotteri Ingegjerd. Um sumaren fór dei alle ihop aust til Gardarike, og daa vart Ingegjerd gift med kong Jarisleiv. Sønine deira heitte Valdemar[169], Vissavald[170] og Holte den frøkne[171] Dronning Ingegjerd gav Rognvald jarl Aldeigjuborg og de jarledøme som høyrde til. Rognvald jarl var lengi der og var ein namngjetin mann. Sønine hans Rognvald jarl og hennar Ingebjørg var Ulv jarl og Eiliv jarl.
94. De var ein mann som heitte Emund fraa Skara, som var lagmann i Vestergautland og ein klok og ordhag mann. Han var storætta og hadde mykje skyldfolk og var grunnrik, men han var kjend for aa vera innful, og trufast so midt lag. Han var den megtugaste mannen i Vestergautland, daa jarlen var reist. Same vaaren som Rognvald jarl fór fraa Gautland, heldt gautane ting seg imillom og tala tidt med kvarandre um kva sviakongen vilde taka seg til. Dei høyrde at han var harm paa deim, for di dei hadde gjort venskap med Olav, Norigs konge, i stelle for aa slaast med han. Han klaga paa dei mennane og, som hadde fylgt Aastrid, dotter hans, til Norig. Sume sagde at dei skulde beda den norske kongen um hjelp og bjoda seg til aa tena honom. Sume talde ifraa og sagde at vestgautane hadde ikkje magt til aa slaast med sviane. «Men den norske kongen er langt undan,» sagde dei, «av di stormagti i lande hans er langt undan, og de fyrste me skal gjera, er aa senda bod til sviakongen og freista paa um me kan verta forlikte med han. Læt ikkje de seg gjera, so hev me den utvegen aa beda den norske kongen um hjelp.» Daa bad bøndane at Emund skulde taka paa seg denne sendeferdi, og dette sagde han ja til, og fór med 30 mann og kom til Øystregautland. Der var de mange av frendane og venine hans, og dei tok godt imot han. Han tala med dei klokaste mennane um denne knipa, og dei vart samstelte um alt ihop, og dei totte de var mot lov og rett, som kongen bar seg aat imot deim. Daa fór Emund upp til Svitjod og tala med mange stormenn der, og alle dei sagde de same. No fór han lenger, til dess han kom til Uppsalir ein dag ut paa kveldsida, og der fekk dei godt hus og var der um natti. Dagen etter gjekk Emund til kongen, som sat paa tinge med mykje folk umkring seg. Emund gjekk fram og bukka for han og helsa paa han. Kongen saag paa han og helsa paa han og spurde han etter nytt. Emund svarar: «Lite nytt er de hjaa oss gautane; men de tykkjer me er eit merkelegt hendelse, at Atte den dølske i Vermeland, som me held for den beste skyttaren, fór upp i skogane i vetter med ski og boge, og paa fjelle hadde han fengi so mykje graaverk, at han hadde lagt paa kjelken de meste han var god for aa draga. Men daa han snudde heim fraa skogen, saag han eit ikorn i eit tre og skaut paa de, men raaka ikkje. Daa vart han sinna og slepte kjelken og flaug etter ikorne, men ikorne fór stødt der som skogen var tjukkast, sume tidir millom tre-røtane og sume tidir upp i greinine, og so siglde de millom greinine yvi til eit anna tre. Men naar Atte skaut etter de, flaug pili anten yvi eller under, men ikorne flaug aldri slik at ikkje Atte saag de. Han var so traa paa dette skytterie, at han gjekk heile dagen etter ikorne, men han fekk ikkje i de likevel. Daa de tok til aa kvelda, kasta han seg ned i snøen, som han var vand til, og laag der um natti i snøfok. Dagen etter fór Atte og leita etter kjelken sin, men fann han aldri meir, og dermed fór han heim. Dette er den tidendi eg hev, herre!» Kongen segjer: «Dette er ei liti tidend; hev du ikkje meir aa fortelja?» Emund svarar: «For ei stund sidan hende de seg og noko som ein kan kalla ei tidend, at Gaute Toveson fór med 5 herskip ut etter Gautelvi; daa han laag i Eikerøyane, kom danine der med 5 store handelsskip. Gaute tok radt 4 handelsskip og miste ikkje ein mann og fekk mykje herfang; men de femte skipe slapp ut til havs og sette segl til. Gaute fór etter med eit skip, og drog inn paa deim i fyrstningi, men daa auka vinden paa, og daa fekk handelsskipe undanmun, og daa de no bar ut til havs, vilde Gaute snu; men daa vart de storm, og han forliste paa Lesøy, og alt godse gjekk med, og mesteparten av mannskape. Dei andre mennane hans skulde bida i Eikerøyane. Daa kom danine paa deim med 15 handelsskip og drap deim alle ihop og tok alt godse som dei hadde fengi fyrr. De fekk dei for di dei var griske.» Kongen svarar: «Dette er ei stor tidend og verd aa fortelja; men kva ærend hev du her?» Emund svarar: «Eg kjem, herre, og vil hava avgjort ei vanskeleg sak, som vaar lov og Uppsala-lovi ikkje samstavast i.» Kongen spør: «Kva er de du vil kjæra for meg?» Emund svarar: «De var tvo odelsborne menn, like i ætt, men ulike i eigedom og huglynde. Dei trætta um ein jordveg og gjorde kvarandre mykje skade, men han gjorde mest som hadde meste magti, til dess denne trætta vart avgjord og dømd paa alsherjar-ting[172], og den som fyrr var den megtugaste laut betala. Men fyrste betalingsdagen gav han gaasunge for gaas, og gris for gamalt svin; i staden for ei mark brent gull gav han ei halv mark gull, og for den andre halve marki leir og mold, og umfram dette truga han hin med hard medferd, som tok dette for de han hadde til gode. Kva dømer De um dette, herre?» Kongen svarar: «Han skal reida fullt ut de som han var dømd til, og til kongen sin tri gongir so mykje. Men er de ikkje utreidt næste aar ved dette leite, so skal han vera fredlaus fraa all eigedomen sin, og helvti av godse hans skal falla til kongsgarden, og helvti til den som han hadde bot aa bøta til.» Emund tok alle dei megtugaste mennane, som var der, til vitne paa denne avgjerdi, og skaut til dei lovine som galdt paa Uppsala-tinge. Etter dette helsa han paa kongen og gjekk ut. No kom andre menn fram med sine kjæremaal for kongen, og han sat til langt ut paa dagen og avgjorde sakir. Daa kongen kom til bords, spurde han kor Emund lagmann var. Dei fortalde han at han var heime i herbyrge sitt Daa sagde kongen: «Gakk etter han, han skal vera gjest hjaa meg i dag.» Daa kom rettine inn, og so kom spelemenn med harpur og gigjur[173] og spelverk, og so tok dei til aa skjenkja. Kongen var overlag lystug og hadde mykje storfolk i lage sitt, og ansa ikkje paa Emund. Kongen drakk heile dagen, og natti etter sov han. Men um morgonen, daa kongen vakna, hugsa han kva Emund hadde sagt dagen fyrr, og daa kongen var klædd, lét han kalla til seg dei vise mennane sine. Kong Olav hadde alltid hjaa seg 12 av dei visaste mennane, som sat og dømde med han og raadde i vanskelege sakir; men dette var ikkje vandelaust, daa kongen lika ille, um domen veik ut fraa de rette, men de nytta ikkje aa leggja imot han heller. I dette møte tok kongen til orde og bad deim henta Emund lagmann. Men daa sendemannen kom att, sagde han: «Herre, Emund lagmann reid burt i gaar, strakst han hadde eti.» Daa sagde kongen: «Seg meg de, gode hovdingar, kva meinte Emund med de lov-spursmaale som han spurde um i gaar?» Dei svara: «Herre, de hev De fulla sjølv funni ut, um de laag noko anna i de enn han sagde.» Kongen sagde: «Dei tvo odelsborne mennane, som han fortalde hadde vori usams, og den eine var megtugare enn hin, og dei gjorde kvarandre skade, med deim meinte han meg og Olav Digre.» «Soleis er de, herre,» sagde dei, «som De segjer.» Kongen svarar: «Vaar sak vart dømd paa Uppsala-tinge. Men kva var meiningi med de, at han sagde at de ikkje var rett utreidt, at de var ein gaasunge for ei gaas, og ein gris for eit gamalt svin, og helvti leir for gull?» Arnvid Blinde svara: «Herre,» segjer han, «stor skilnad er de paa raude gulle og paa leir, men større skilnad paa konge og træl. De lova Olav Digre dotter Dykkar, Ingegjerd; ho er kongsbori i alle ætt-greinir av uppsvia-ætti[174], som er den beste i nordlandi, for di at denne ætti er komi fraa gudane sjølve; men no hev kong Olav fengi Aastrid, og endaa ho er kongs-barn, so er mor hennar ei trælkone, og attaat fraa Vindland. De er stor skilnad paa kongane, naar den eine læt seg lita med slikt, og de er ventelegt, at ingin nordmann kan liknast ihop med Uppsalakongen. Lat oss alle takka for dette, at de kan halda ved soleis, for di at gudane hev lengi havt mykje umsut for avkjøme sitt, endaa de er mange no som ikkje bryr seg um denne trui.» De var tri brørar; den eine heitte Arnvid Blinde, som saag so lite at han knapt kunde vera med i ufred, men han var oversleg klok. Den andre var Torvid Stame; han kunde ikkje segja meir enn tvo ord etter kvarandre paa rappen, men var den djervaste og mest hugfaste av deim. Den tridje heitte Frøyvid Dauve; han høyrde lite. Alle desse brørane var megtuge og rike menn og høgætta og ovkloke, og kongen gjorde mykje av alle desse. Daa sagde kong Olav: «Kva meinte Emund med de som han sagde um Atte Dølske?» De var ingin som svara, og den eine saag paa den andre. Kongen sagde: «Seg de no.» Daa sagde Torvid Stame: «Atte, atal[175], grisk, skarv, dølsk, toskut.» Daa sagde kongen: «Kven stiktar du paa med desse sneid-ordi?» Daa svara Frøyvid Dauve: «Herre, dei vil nok tala tydelegare, fær dei berre lov av Dykk.» Kongen sagde: «Du skal faa lov til aa segja de du vil, Frøyvid.» Daa tok Frøyvid til orde: «Torvid, bror min, som dei held for aa vera den visaste av oss, segjer at de kjem paa eitt ut, Atte og atal og dølsk og toskut, og so kallar han den som ikkje vil liva i fred, og strævar etter smaating, og inginting fær, men misser or de same store og nyttuge ting. No er eg dauv, men so høgt hev mange tala no, at eg hev kunna skilja de, at folk, baade storfolk og aalmugen, likar ille at De, herre, ikkje held orde Dykkar til den norske kongen, og endaa mindre likar dei de, at De bryt alsherjar-domen, som vart avsagd paa Uppsala-tinge. De tarv ikkje ræddast Norigs konge eller danakongen eller nokon annan, so lengi sviaheren vil fylgja Dykk; men um landsfolke samstelt vender seg mot Dykk, so ser me, som er venine Dykkar, ikkje nokon raad som me veit visst kan hjelpa.» Kongen spør: «Kven er fyrimenn for dette aa faa teki lande ifraa meg?» Frøyvid svarar: «Alle sviane vil hava den gamle lovi og den fulle retten sin. Sjaa no her, herre! kor mange av hovdingane Dykkar sit her no og samraader seg med Dykk? Sant aa segja trur eg at me her ikkje er meir enn seks som De kallar for raadgjevarane Dykkar; men alle hine tenkjer eg hev ridi burt og fari ut i bygdi og held ting med landsfolke der, og sant aa segja er her-pili uppskori og send umkring i heile lande, og dei hev stemnt til eit refse-ting[176]. Alle oss brørane hev dei bedi um aa vera med i raadi, men ingin av oss vil fortena de namne aa heita kongs-svikar; for de var ikkje far vaar.» Kongen tok daa til orde: «Kva bergeraad skal me no finna paa? No er me ille i vande stelte[177]. Gjev meg no ei raad, gode hovdingar, at eg kan faa hava kongedøme og farsarven min, men eg vil ikkje prøva styrke med heile sviaheren.» Arnvid Blinde svarar: «Herre, de synest meg er de beste, at De rid ned til Aaros[178] med de mannskape som vil fylgja Dykk, og tek der skipi Dykkar og so fer ut i Logen og stemner folke til Dykk; men no maa De ikkje fara med trass, men bjoda folk lov og landsrett, og stans her-pili; endaa hev ho visst ikkje komi langt ut yvi lande paa denne litle stundi. Send so menn De liter paa, til dei mennane som styrer for dette, og prøv paa um De kan faa stagga denne murringi.» Kongen sagde at han lika denne raadi. «Eg vil,» sagde han, «at De brørane skal taka denne ferdi paa dykk, for eg trur dykk best av mennane mine.» Daa sagde Torvid Stame: «Eg vert her, men Jakob skal fara; de trengst.» Daa sagde Frøyvid: «Lat oss gjera so, herre, som Torvid segjer. Han vil ikkje skiljast fraa Dykk i denne faaren, men eg og Arnvid skal fara.» Denne raadi fylgde dei, og kong Olav fór til skipi sine og heldt ut i Logen, og dei vart snart mangmente. Men brørane Frøyvid og Arnvid reid ut til Ullaraker og hadde med seg kongssonen Jakob, men fór stillt med de. Dei merka snart at dei hadde flokka seg ihop, og at de var hersamlingar, daa bøndane heldt ting baade natt og dag. Daa Frøyvid og Arnvid raaka paa frendar og venir der, sagde dei at dei vilde slaa lag med deim, og dette tok alle imot med glede. Strakst lét dei brørane faa raada for alt ihop, og daa samla hopen seg til deim, men alle ihop sagde de same, at dei aldri meir vilde hava kong Olav yvi seg og tola ulov og storlæte av honom, daa han ikkje vilde lyda paa nokon manns ord, endaa storhovdingane sagde han sanningi. Men daa Frøyvid merka kor uppstelt folke var, saag han kva uføre han var komin ut i. Daa heldt han møte med landshøvdingane og tala for deim og sagde: «Eg synest de, at um denne store tanken aa taka rike fraa Olav Eiriksson skal hava framgang, at me uppsviane skulde vera i fyri-enden. Soleis hev de vori stødt, at de som uppsvia-hovdingane hev stadfest seg imillom, de hev dei andre mennane i lande fylgt. Ikkje trengde fedrane vaare um aa taka mot raad av vestgautane i landsstyringi si. No vil me ikkje vanslegta slik, at Emund treng um aa gjeva oss raad, men eg vil at me frendane og venine skal vera samstelte.» Dette sagde alle ja til, og totte han hadde rett. Etter dette gjekk heile folkehopen med paa de samlage som uppsvia-hovdingane hadde gjort med kvarandre, og daa var Frøyvid og Arnvid hovdingar for flokken. Daa Emund merka dette, tvila han for at dette vilde faa framgang, og gjekk til baae brørane og tala med deim. Daa spurde Frøyvid Emund: «Korleis hev De tenkt aa gjera, um me tek live av Olav Eiriksson, kven De so vil hava til konge?» Emund svarar: «Den som me tykkjer høver best, anten han er av hovding-ætt eller ikkje.» Frøyvid svarar: «Me uppsviane vil ikkje at kongedøme skal ganga fraa den gamle kongsætti i vaare dagar, naar de er so go raad som no. Kong Olav eig tvo sønir, og ein av deim vil me hava til konge, endaa de er stor skilmun paa deim. Den eine er høgborin og av rein svensk ætt; og hin er son til ei trælkone og til halves-ætta fraa Vindland.» Daa han hadde avgjort saki paa denne maaten, vart de mykje staak og vel-læte, og alle vilde hava Jakob til konge. Daa sagde Emund: «De, uppsviane, hev magti til aa raada for dette denne venda, men de segjer eg dykk, og de vil slaa inn og, at sume av deim som no ikkje vil høyra anna enn at kongedøme i Svitjod skal ganga i ætti fraa far til son, skal liva den dagen daa dei sjølve samtykkjer i at kongedøme kjem til andre ættir,[179] og de vil nok vera de beste.» Dermed lét brørane Frøyvid og Arnvid leida kongssonen Jakob fram paa tinge og lét deim gjeva han kongsnamn der, og daa gav sviane han namne Onund, og soleis kalla dei han so lengi han livde. Den gongen var han 10 eller 12 vetrar gamal. Dermed tok kong Onund seg ei hird og valde hovdingar um seg, og alle desse hadde so mykje folk som han totte dei trengde til, og han gav heile bondeflokken heimlov. Etter dette fór de sendemenn millom kongane, og sistpaa vart de til de, at dei møttest sjølve og gjorde forlik. Olav skulde vera konge yvi lande so lengi han livde, og han skulde halda fred og forlik med den norske kongen, og sameleis med alle deim som hadde vori med i denne avtala. Onund skulde vera konge, han med, og hava so mykje av lande som han og far hans vart forlikte um, men han skulde vera skyldig til aa fylgja bøndane, soframt kong Olav gjorde noko som bøndane ikkje vilde tola av han. Etter dette fór de sendemenn til Norig, til kong Olav, med den ærendi at han skulde fara med leidings-heren til Konghelle og møta sviakongen, og at sviakongen vilde at dei skulde stadfesta forlike sitt. Daa kong Olav høyrde denne ordsendingi, var han daa som fyrr huga paa fred, og fór med heren sin, som dei hadde avtala. Daa kom sviakongen og dit, og daa han møttest med maagen sin, gjorde dei forlik og fred seg imillom. Daa var sviakongen Olav mjuk og god aa tala med. Torstein Frode[180] fortèl at de laag ei bygd paa Hising som takom-til hadde fylgt med Norig og takom-til med Gautland.[181] Daa vart de avtala millom kongane at dei skulde kasta terningar um denne eigedomen, og den skulde hava bygdi som gjorde de største kaste. Daa kasta sviakongen tvo seksar, og sagde at no turvte ikkje kong Olav kasta; men han riste terningane i handi og svara: «De er endaa tvo seksar paa terningane, og de er ei lett sak for Gud, herren min, aa lata deim snu upp no og.» Han kasta, og slo upp tvo seksar. Daa kasta sviakongen Olav og fekk tvo seksar daa med. Daa kasta Olav, norske kongen, og daa var de seks paa den eine, men hin rauk sund, so de var sjau paa den, og daa eigna han bygdi til seg. Me hev ikkje høyrt gjeti meir som hende paa dette møte, og kongane skildest forlikte.
95. Etter denne hendingi, som me no hev fortalt, snudde kong Olav med heren sin att til Viki. Fyrst fór han til Tunsberg og var der ei liti stund, og so fór han nord i lande, og um hausten alt nord til Trondheim, og vetterstelte seg der og sat der um vetteren. Daa var kong Olav Haraldsson einvaldskonge yvi heile de rike som Harald Haarfagre hadde havt, og hadde de framfor hin, at han var konge yvi lande aaleine. Daa hadde han fengi med fred og forlik den luten av lande som sviakongen Olav hadde havt fyrr; men den luten av lande som danakongen hadde havt, tok han med magt, og raadde der i den luten som andre stadir i lande. Danakongen Knut raadde paa den tid baade for England og Danmark, og han sat sjølv i England den meste tid og sette hovdingar yvi landsstyringi i Danmark, og gjorde ikkje krav paa Norig paa den tid.
96. De er fortalt, at daa den norske kongen Harald Haarfagre livde, bygdest Orknøyane, men fyrr var der berre eit vikingbol. Den fyrste jarlen paa Orknøyane heitte Sigurd, som var son hans Øystein Glumra og bror hans Rognvald Mørejarl. Etter Sigurd var Gutorm, son hans, jarl eit aar. Etter honom tok Torv-Einar, son hans Rognvald jarl, jarledøme, og var lengi jarl og ein megtug mann. Halvdan Haalegg, son hans Harald Haarfagre, fór imot Torv-Einar og jaga han av fraa Orknøyane, men so kom Einar att og drap Halvdan paa Rinansøy. Etter dette fór kong Harald med ein her til Orknøyane. Daa flydde Einar upp i Skotland. Kong Harald lét orknøyingane tilsverja seg all odelen sin. Etter de vart kongen og jarlen forlikte, og jarlen vart hans mann og tok lande til len av kongen og skulde ikkje leggja skatt, daa lande var ille ute for herjingar. Jarlen betalte kongen 60 merkar gull. Daa herja kong Harald paa Skotland, som de er fortalt i Glymdraapa. Etter Torv-Einar raadde sønine hans, Arnkjel og Erlend og Torfinn Hausakljuv, for lande. I deira tid kom Eirik Blodøks fraa Norig, og daa var jarlane undergjevne honom. Arnkjel og Erlend fall paa herferd, men Torfinn raadde for lande og vart gamal. Sønine hans var Arnfinn og Haavard og Lodve og Ljot og Skule. Mor deira heitte Grelod, dotter hans Dungad jarl fraa Katanes; hennar mor var Groa, dotter hans Torstein Raude. I den siste livetidi hans Torfinn jarl kom sønine hans Eirik Blodøks fraa Norig, daa dei hadde flytt for Haakon jarl, og daa fór dei fælt agelaust fram paa Orknøyane. Torfinn jarl døydde av sjukdom. Etter honom raadde sønine hans for lande, og um deim er de mange segnir. Lodve livde lengst av deim, og daa raadde han aaleine for dette lande. Son hans heitte Sigurd Digre, som tok jarledøme etter han; han var megtug og ein stor hermann. I hans tid kom Olav Trygveson fraa vesterviking med heren sin og lagde aat paa [995] Orknøyane og fanga paa Rognvaldsøy Sigurd jarl, som laag der med eitt skip. Kong Olav baud jarlen at han skulde spara live hans, naar han vilde lata seg døypa og taka den rette trui og verta hans mann og innføra kristindomen paa alle Orknøyane. Kong Olav tok son hans, som heitte Hunde eller Kvelp, til gisl. Derifraa fór Olav til Norig og vart konge der. Hunde var nokre aar hjaa kong Olav og døydde der. Sidan lystra ikkje Sigurd jarl kong Olav; han gifte seg med dotter til skotekongen Melkolm[182], og deira son heitte Torfinn. Sigurd jarl hadde eldre sønir og, Sumarlide og Bruse og Einar Rangmunn. Fire eller fem aar etter Olav Trygveson var fallin, fór Sigurd jarl til Irland, og sette dei eldste sønine sine til aa styra lande. Torfinn sende han til skotekongen, morfar hans. Paa denne ferdi fall Sigurd jarl i Brians-slage[183]. Daa dette spurdest paa Orknøyane, tok dei brørane Sumarlide og Bruse og Einar til jarlar, og dei skifte lande imillom seg i tri lutir. Torfinn Sigurdsson var fem vetrar, daa Sigurd jarl fall. Men daa skotekongen høyrde at jarlen var fallin, gav kongen Torfinn, frenden sin, Katanes og Sudrland og jarlsnamn, og sette menn til aa styra rike med han. Torfinn jarl var strakst i uppvokstren tidleg vaksin i alle maatar. Han var stor og sterk og stygg, og strakst han fekk aari paa seg, var de lett aa sjaa, at han var grisk og strid og hardhjarta, men ein ovklok mann. Dette nemner Arnor Jarlaskald:
- Ung som bror aat Einar
- ingin mann under himlen
- sagdest vera so vaapndjerv
- til aa verja lande og herja.
97. Brørane Einar og Bruse var ulike i huglynde. Bruse var stillfarande og fredsam og klok og ordhag og vensæl. Einar var stridlynd og faamælt og grettin, grisk og kjær etter pengar, og ein stor hermann. Sumarlide var lik Bruse i huglynde; han var den eldste og livde kortast av desse brørane og døydde av sjukdom. Etter hans avferd gjorde Torfinn krav paa sin lut av Orknøyane. Einar svara at Torfinn hadde Katanes og Sudrland, de rike som Sigurd jarl, far deira, hadde havt fyrr, og han sagde at dette var mykje meir enn tridjeparten av Orknøyane, og han vilde ikkje unna Torfinn noko skifte. Men Bruse skifte for sin part, «og eg vil ikkje,» sagde han, «traa etter aa hava meir av lande enn den tridjeparten som eg hev med retten.» Daa tok Einar under seg dei tvo lutine av lande og daa vart han ein megtug mann og mannsterk. Um sumaren var han tidt paa herferd og baud ut ein stor her i lande, men de var so ymist med de herfange han fekk paa viking. Daa tok bøndane til og vart leide av dette stræve; men jarlen heldt strengt paa med alle paalegg, og de nytta ikkje aa leggja imot han for nokon. Einar jarl var den verste ageløysa. Daa vart de dyrtid i rike hans av alt dette stræve og den kostnaden som bøndane hadde. Men i den luten av lande som Bruse hadde, var de gode tidir og ro for bøndane, og han var vensæl.
98. De var ein megtug og rik mann som heitte Aamunde, som budde paa Rossøy[184] i Sandvik paa Laupandanes. Son hans heitte Torkjel, som var ein av dei hævaste mennane paa Orknøyane. Aamunde var ein klok mann og den som var mest vyrd paa øyane. De var ein vaar at Einar jarl hadde leiding ute, som han hadde for skikk, men bøndane murra ille og tala til Aamunde um dette og bad han um aa leggja godt for deim hjaa jarlen. «Jarlen rettar seg ikkje etter andre folk,» svara han, «og de nyttar nok ikkje aa beda jarlen um de minste grande. Jarlen og eg er gode venir, soleis som de no er, men eg tenkjer de lett kan henda ei ulukke, um me vert usams, slikt huglynde som de er i oss; eg vil ikkje leggja meg upp i dette,» sagde Aamunde. Daa tala dei med Torkjel um dette; han var traud, han med, men dei eggja han upp so lengi, til han lova de. Aamunde totte han hadde vori for snar til aa lova de. Daa no jarlen heldt ting, tala Torkjel for bøndane og bad jarlen um aa spara folk for dei store paaleggi, og lagde ut um kva naud dei var komne i. Jarlen svara snildt, og sagde at han skulde leggja ordi hans Torkjel paa hjarta. «Eg hadde tenkt aa hava seks skip med meg fraa lande,» sagde han, «men no skal eg ikkje hava meir enn tri. Men du Torkjel maa ikkje beda meg um slikt tidare.» Bøndane takka Torkjel mykje for hjelpi, og jarlen for i viking og kom attende um hausten. Vaaren etter gjorde jarlen same utbode som han var vand til, og held ting med bøndane. Daa tala Torkjel att og bad jarlen spara bøndane. Daa vart jarlen sinna og svara, at for denne forbøn hans skulde de verta mykje verre for bøndane. Han skapte seg so vill og galin, at han sagde at næste vaar skulde dei ikkje koma beinheile fraa tinge baae tvo, og dermed enda tinge. Daa Aamunde høyrde kva Torkjel og jarlen hadde sagt til kvarandre, bad han Torkjel fara burt, og han fór yvi til Katanes til Torfinn jarl. Der var Torkjel lengi sidan og fostra jarlen so lengi han var ung, og sidan kalla dei han Torkjel Fostre, og han var ein framifraa mann. De var fleire stormenn som flydde fraa odelen sin paa Orknøyane for magti hans Einar jarl; dei fleste flydde yvi til Katanes til Torfinn jarl, men sume flydde fraa Orknøyane til Norig, og sume til ymse andre land. Men daa Torfinn jarl vart vaksin, sende han bod til Einar, bror sin, og bad han um de rike som han totte han hadde rett til paa Orknøyane, og de var tridjeparten av øyane. Einar var sein til aa minka rike sitt. Men daa Torfinn spurde dette, baud han ut ein her fraa Katanes og fór ut til øyane. Daa Einar jarl høyrde dette, samla han folk og var meint paa aa verja lande. Bruse jarl samla og folk og drog imot deim og freista paa aa faa deim forlikte. Dei vart forlikte soleis, at Torfinn skulde hava tridjeparten av lande paa Orknøyane, som han hadde rett til, men Bruse og Einar slo lutine sine ihop, og desse skulde Einar raada for aaleine; men døydde den eine fyri hin, so skulde den taka lande etter den andre som livde lengst. Men denne semjo totte folk var uskilleg, daa Bruse hadde ein son, som heitte Rognvald, men Einar var sonlaus. Daa sette Torfinn jarl menn til aa vakta de rike som han aatte paa Orknøyane, men sjølv var han for de meste paa Katanes. Einar jarl var for de meste paa herferd um sumaren umkring i Irland og Skotland og Bretland.
De var ein sumar at Einar jarl herja i Irland og slost i Ulvreksfjorden med irekongen Konofogor, og me hev fortalt fyrr, at Einar jarl fekk ein stor usiger og miste mykje [1018] folk der. Sumaren etter fór Øyvind Urarhorn vestantil Irland og etla seg til Norig, men daa vêre var kvast og straumane ikkje farande, lagde han inn til Aasmundarvaag og laag der [1019] vêrfast ei stund. Daa Einar jarl spurde dette, siglde han dit med ein stor her og tok Øyvind og drap han, men gav dei fleste av mennane hans liv og fred, og dei fór aust til Norig um hausten og kom til kong Olav og fortalde han at Øyvind var drepin. Kongen svara ikkje vidare paa dette, men dei merka paa han at han totte at dette var ein skade-daude, og at de var gjort for aa trassa han; han var for de meste faamælt, naar de var noko som ikkje var til lags aat han. Torfinn jarl sende Torkjel Fostre ut til øyane til aa samla ihop skattane. Einar jarl gav Torkjel den meste skuldi for di Torfinn hadde samla folk og gjort krav paa øyane, og difor nøytte Torkjel seg av fraa øyane og yvi til Katanes, og fortalde Torfinn jarl at han hadde fengi vita at Einar jarl hadde tenkt aa drepa han, um ikkje frendane og venine hans hadde gjevi han nysn um dette. «No er de ikkje anna fyri,» segjer han, «enn at de vert ein endskap paa dette, naar eg og jarlen møtest, eller so de, at eg fer lenger burt og dit som ikkje hans magt naar.» Jarlen talde Torkjel til at han skulde fara aust til Norig til kong Olav: «Dei vil vyrda deg mykje,» sagde han, «kor helst du kjem millom storfolk, og eg kjenner huglynde til dykk baae tvo, baade deg og jarlen, at de ikkje vil drygja lengi, fyrr de ber ihop med dykk.» Daa gjorde Torkjel seg reidug og fór um hausten til Norig og sidan til kong Olav, og var der um vetteren, og kongen heldt mykje utav han. Han lét Torkjel tidt vera med i samtalune sine, og han totte, som sant var, at Torkjel var ein klok og grepa mann. Kongen merka paa ordi hans at han gjorde stor skilnad paa jarlane, naar han fortalde um deim, og at han var god ven til Torfinn, men at han var harm paa Einar jarl. Tidleg um vaaren sender [1020] kongen eit skip vest yvi have til Torfinn jarl, med den ordsendingi at jarlen skulde koma aust til han. Jarlen sette ikkje denne ferdi i gløymeboki; for de fylgde blidslege ord med denne ordsendingi.
99. Torfinn jarl fór aust til Norig og kom til kong Olav; han vart godt mot-tekin og var der lengi um sumaren. Daa han laga seg vest att, gav kong Olav han eit stort og godt langskip, med alt som til høyrde. Torkjel Fostre slo fylgje med jarlen, og jarlen gav han de skipe som han hadde havt vestantil um sumaren. Kongen og jarlen skildest kjærleg, og um hausten kom Torfinn jarl til Orknøyane. Daa Einar jarl spurde dette, laag han ute paa skipi sine og hadde mykje folk. No fór Bruse jarl til baae brørane og freista paa aa faa deim forlikte, og de vart til de no med, at dei vart forlikte og gjorde eiden sin paa de. Torkjel Fostre skulde hava forlik og venskap med Einar jarl, og de vart avtala, at kvar av deim skulde halda eit lag for hin, og jarlen skulde fyrst koma til Torkjel i Sandvik. Daa jarlen var i lage der, var de god fagning, men jarlen var ikkje glad. Der var ei stor stogu og dør paa baae endane. Den dagen, daa jarlen skulde fara burt, skulde Torkjel vera med han til hans gjestebod. Torkjel sende menn som skulde spæja frametter paa vegen som dei skulde fara um dagen; men daa spæjarane kom att, fortalde dei Torkjel at tri stadir fann dei væpna menn, som laag paa lur, og dei trudde at dette var svik. Men daa Torkjel høyrde dette, so langdrygde han med aa laga seg til, og henta mennane sine. Jarlen bad han um aa laga seg til, og sagde at de var paa tid aa rida. Torkjel sagde at han hadde mykje aa stella med, og gjekk takom-til ut og takom-til inn. De var eld paa golve; daa gjekk han inn den eine døri, og etter honom kom de ein mann som heitte Hallvard, som var fraa Austfjordane paa Island, og han lét att døri. Torkjel gjekk inn imillom elden og der som jarlen sat. Jarlen spurde: «Er du ikkje ferdig endaa?» «Jau, no er eg ferdig,» svara Torkjel, og dermed hogg han til jarlen i hovude, so jarlen stupte ned paa golve. Daa sagde islendingen: «No hev eg aldri set folk so raadlause, at De ikkje dreg jarlen ut or elden,» og so køyrde han til med ei sparde[185] og sette under nakkebeine paa jarlen og kipte han upp paa benken. Torkjel og fylgjesveinen hans skunda seg ut den andre døri enn den dei hadde gjengi inn. Der ute stod mennane hans Torkjel fullvæpna. Daa tok jarlsmennane jarlen, men daa var han daud, og alle vart so handfallne at dei ikkje fekk hemnt han; de kom so fort paa og, og ingin venta slikt verk av Torkjel, daa alle trudde at de etter avtala var venskap paa jarlen og Torkjel. Dei fleste av mennane der inne var vaapnlause og, og mange hadde vori gode venir med Torkjel, og de gjorde og mykje til at han hadde lukka med seg, at de var so laga, at Torkjel skulde liva lenger. Daa Torkjel kom ut, hadde han ikkje mindre folk enn jarlsmennane, og daa fór Torkjel til skipe sitt, men jarlsmennane fór burt. Same dagen siglde Torkjel strakst aust ut i have. Dette var etter vetternætane, og han kom heilskapa til Norig og fór radt, de snøggaste han kunde, til kong Olav, og vart godt mot-tekin der. Kongen lét vel yvi de som han hadde gjort, og Torkjel var hjaa han um vetteren.
100. Daa Einar jarl var fallin, tok Bruse jarl den luten av lande som Einar jarl hadde havt, for di de var kunnugt for mange, kva vilkaar Einar og Bruse hadde gjort samlag med kvarandre paa. Torfinn totte de var rettast, at kvar av deim hadde helvti av øyane, men endaa hadde Bruse tvo tridjepartar av lande den vetteren. Vaaren etter gjorde Torfinn krav paa dette lande av Bruse, og vilde hava helvti med han, men Bruse gav han ikkje ja-minne paa de. Dei heldt ting og møte um denne saki, og daa lagde venine deira seg imillom og vilde forlika deim, men paa slutten vart de so, at Torfinn vilde ikkje lata seg lita med anna enn aa hava helvti av øyane, og sagde de med, at med de huglynde som Bruse hadde, turvte han ikkje hava meir enn tridjeparten av lande. Bruse svara: «Eg var nøgd med aa hava tridjeparten av lande,» sagde han, «som eg tok i arv etter far min, og de var ingin som kom med krav imot meg; men no hev eg teki den andre tridjeparten i arv etter bror min etter rett avtale. Men endaa eg ikkje er før til aa halda ufred med deg, bror, so vil eg likevel prøva paa noko anna enn aa segja fraa meg rike med de gode paa denne maaten.» Soleis slutta dette møte. Men daa Bruse saag at han ikkje hadde magt til aa standa jamsides med Torfinn, daa Torfinn hadde mykje større rike og hjelp av skotekongen, morfar sin, raadde Bruse seg til aa fara ut or lande aust til kong Olav, og hadde med seg Rognvald, son sin, som den gongen var 10 vetrar gamal. Daa jarlen fann kongen, tok han godt imot han. Jarlen sagde ærendi si og fortalde kongen korleis alt hekk ihop med honom og bror hans, og bad kongen um aa hjelpa seg til aa berga rike sitt og baud honom full venskap igjen. Kongen svara og tala fyrst um at Harald Haarfagre hadde eigna til seg all odelen paa Orknøyane, og jarlane hadde stødt sidan havt desse landi til len og aldri til eigedom; «og de kan vera til prov paa dette,» sagde han, «at daa Eirik Blodøks og sønine hans var paa Orknøyane, var jarlane deim undergjevne; og daa Olav Trygveson, frenden min, kom dit, so vart Sigurd jarl, far din, hans mann. No hev eg teki all arven etter kong Olav, og eg vil setja deg de kaare, at du vert min mann, og daa skal eg gjeva deg øyane til len. Daa skal me freista um eg kan gjeva deg hjelp som du vil hava meir gagn av enn Torfinn av den stydningi han fær av skotekongen. Men vil du ikkje velja dette kaare, so vil eg krevja att den eigedomen og den odelen som frendane og forfedrane vaare hev aatt der vest.» Jarlen tenkte yvi denne tala med seg sjølv og sagde de til venine sine og spurde deim til raads, um kva han skulde samtykkja i, og um han skulde forlika seg med kong Olav paa denne maaten og verta hans mann. «Men segjer eg nei til dette,» sagde han, «er de ikkje greidt aa sjaa korleis de kjem til aa ganga med meg, naar me skal skiljast, for di kongen hev tala reint ut um de krave som han trur han hev paa Orknøyane; men so stortenkt som han er, og daa me no er komne hit, er de minst fyri for honom aa stella med oss som han sjølv synest.» Men endaa jarlen totte at de var noko som vart gali, korleis han stelte seg, so tok han de vilkaare aa leggja alt i kongens magt, baade seg og rike sitt. Daa tok kong Olav magt og raadvelde av jarlen yvi alle arvelandi hans, og jarlen vart hans mann og gjorde eiden sin paa de.
101. Torfinn jarl spurde at Bruse, bror hans, hadde fari aust til kong Olav og vilde beda han um hjelp. Men daa Torfinn hadde vori hjaa kong Olav fyrr og hadde komi seg i venskap med han, trudde han at hans sak stod godt der, og visste at de var mange som vilde stø uppunder, og endaa fleire trudde han de vart, um han kom sjølv. Torfinn jarl raadde seg difor til aa bu seg til, de snøggaste han kunde, og fór aust til Norig, og tenkte at de ikkje skulde skilja so stort paa at han kom likso tidleg fram som Bruse, og at ikkje Bruse skulde faa avgjort ærendi si fyrr Torfinn fann kongen. Men de gjekk annarleis enn jarlen hadde tenkt; for daa Torfinn jarl kom til kong Olav, var forlike millom kongen og Bruse jarl upp- og avgjort. Torfinn jarl visste inginting heller um at Bruse hadde gjevi upp rike sitt, fyrr han kom til kong Olav. Og strakst daa Torfinn jarl og kong Olav møttest, kom kong Olav fram med de same krav paa rike i Orknøyane som han hadde gjort for Bruse jarl, og bad Torfinn um de same, at han skulde samtykkja i aa gjeva kongen den luten av lande som han hadde fyrr. Jarlen svara venleg og spakt paa kongens ord, og sagde at de var han mykje um aa gjera aa vera ven med kongen, «og um De, herre, tykkjer at De treng um hjelp av meg mot andre hovdingar, so hev De gjort fullkomeleg nok for meg til aa faa den; men de fell seg ikkje so for meg,» sagde han, «at eg kan verta mannen Dykkar, daa eg alt er jarlen til skotekongen og honom undergjevin.» Men daa kongen totte at jarlen med dette svare sitt berre vilde draga seg undan de krave som han hadde gjort, sagde kongen: «Vil du ikkje, jarl, verta min mann, so er de andre vilkaare de, at eg set den mannen yvi Orknøyane som eg vil; men eg vil at du skal gjera eiden din paa de, at du ikkje skal gjera krav paa desse landi, og at du skal lata deim faa vera i fred for deg, som eg set yvi landi. Men vil du ikkje velja noko av desse vilkaari, so vil den som raar for desse landi venta ufred av deg, og daa maa du ikkje finna de underlegt, at dal og bakke møtest.»[186] Jarlen svara og bad at kongen vilde gjeva han dag til aa tenkja paa denne saki. Kongen so gjorde, og gav jarlen stundir til aa samraada seg med mennane sine um kva han skulde velja. Daa bad jarlen um at han vilde gjeva han dag til næste sumar, so han fyrst kunde sigla vestetter, for di at raadgjevarane hans var heime, og han sjølv var mest berre barne; men kongen bad han velja med de same. Torkjel Fostre var hjaa kong Olav paa denne tidi, og han sende løynleg ein mann til Torfinn jarl og bad han um, at kva han so vilde, maatte han ikkje tenkja paa aa skiljast fraa kong Olav denne gongen, fyrr dei vart forlikte, daa han no var komin i kongens magt. Av desse paaminningane totte jarlen han kunde sjaa at de var ikkje anna aa gjera enn aa lata kongen raada. Han totte at de var ikkje hugsamt, at han ikkje sjølv skulde hava nokor von um aa faa arven etter forfedrane, og gjera eiden sin paa at dei skulde hava rike i fred som ikkje var fødde til de. Men daa han totte de var uvisst, um han kunde sleppa burt, so valde han aa ganga kongen til hande og verta hans mann, liksom Bruse hadde gjort. Kongen merka at Torfinn var mykje meir storlynd enn Bruse, og ikkje fann seg so godt i denne tvangen. Han trudde ikkje Torfinn so godt som Bruse, og kongen saag at Torfinn vilde setja lit til hjelpi av skotekongen, um han braut dette forlike. Kongen var so klok, at han saag de, at Bruse var sein til aa ganga inn paa heile forlike, men at han ikkje sagde anna enn han tenkte aa halda. Men daa Torfinn fyrst hadde avgjort med seg sjølv, kva han vilde velja, so gjekk han viljug inn paa alle vilkaar og prøvde ikkje paa aa faa noko brigde[187] i de som kongen ein gong hadde sagt; men kongen gruna paa at jarlen vilde ganga attpaa sumt av de som dei var forlikte um.
102. Daa kong Olav hadde tenkt paa heile denne saki med seg sjølv, lét han blaasa til eit stort ting og lét kalla jarlane dit. Daa sagde kongen: «No vil eg kunngjera forlike millom meg og Orknøy-jariane for aalmugen. Dei hev no godkjent min eigedomsrett til Orknøyane og Hjaltland, og baae tvo hev vorti mennane mine og gjort eiden sin paa alt dette, og no vil eg gjeva deim dette til len, Bruse tridjeparten av landi, og Torfinn den andre tridjeparten, som dei hadde fyrr. Men den tridjeparten som Einar Rangmunn aatte, den dømer eg aa vera heimfallin til min gard, for di han drap Øyvind Urarhorn, hirdmannen min, som var i samlag med meg og ein kjær ven, og med denne luten av landi vil eg gjera som eg synest. De vil eg og tinga paa av dykk brørane, jarlane mine, at De tek imot forlik av Torkjel Aamundeson for di han drap Einar, bror dykkar; eg vil døma i denne saki, um De samtykkjer.» De gjekk med dette som med de andre, at jarlane samtykte alt de som kongen sagde. Daa gjekk Torkjel fram og lagde denne saki under kongens dom, og soleis slutta dette tinge. Kong Olav dømde so store bøtar for Einar jarl som for tri lendmenn, men daa Einar sjølv var skyldig, skulde tridjeparten av betalingi falla burt. Daa bad Torfinn jarl kongen um lov til aa fara, og fyrst han fekk de, laga jarlen seg til, de snaraste han kunde. Daa han var heilt-upp ferdig, hende de ein dag, som jarlen sat um bord og drakk, at Torkjel Aamundeson kom braatt og lagde hovude sitt i kne-i paa jarlen og bad han gjera med seg som han vilde. Jarlen spurde kvifor han bar seg soleis; «me er alt forlikte etter kongens dom,» sagde han, «og statt upp du, Torkjel!» Han so gjorde. Daa sagde Torkjel: «De forlike som kongen gjorde, skal eg vera nøgd med i saki millom meg og Bruse, men i de som kjem deg ved, skal du raada aaleine. Endaa kongen hev tinga meg eigedom og lov til aa vera i lande paa Orknøyane, so kjenner eg huglynde ditt so fjerre, at de ikkje er verande for meg paa øyane, mindre du lovar meg fred, jarl. Eg vil difor lova Dykk de, at eg aldri skal koma til Orknøyane, kva so kongen segjer um de.» Jarlen tagna og tok seint til orde og sagde: «Vil du heller, Torkjel, at eg skal døma i vaar sak enn vera nøgd med kongens dom, so skal de vera fyrste vilkaare i forlike vaart, at du skal fara med meg til Orknøyane og vera med meg og aldri skiljast fraa meg utan mitt lov og løyve. Du skal vera skyldig til aa verja lande mitt og gjera alt de for meg som eg vil hava gjort, so lengi me baae tvo er i live.» Torkjel svara: «Dette skal vera i Dykkar magt, som alt de andre eg kan raada for.» Daa gjekk Torkjel til han og gjorde av denne avtala med jarlen. Jarlen sagde at um pengeboti skulde han segja fraa sidan, men tok strakst eid av Torkjel. Torkjel slo strakst fylgje med jarlen, og jarlen fór burt, daa han var reidug, og han og kong Olav saag ikkje kvarandre meir. Bruse jarl vart etter der og budde seg til meir i mak; men fyrr han fór burt, hadde kong Olav stemne med han og tala soleis: «Eg synest de, jarl, at eg fær ein paalitande mann i deg vestanfor have, og no tenkjer eg aa gjeva deg styringi yvi dei tvo lutine av landi som du hev havt fyrr. Eg vil at du ikkje skal vera mindre eller ringare mannen, no du er min handgjengne mann, enn du var fyrr. Men eg vil gjera din truskap fast paa den maaten, at eg vil at Rognvald, son din, skal vera etter her hjaa meg. Naar du hev mi hjelp og tvo lutir av lande, so ser eg nok at du godt kan forsvara de som ditt er med retto mot Torfinn, bror din.» Bruse tok med takk imot dette aa faa tvo tridjepartar av lande i staden for ein. Bruse drygde ikkje lengi, fyrr han fór burt, og kom um hausten vest til Orknøyane. Rognvald, son hans Bruse, vart etter der aust hjaa kong Olav; han var ein framifraa væn mann, og haare var stort og gult som silke; han vart tidleg stor og sterk, og var vitug og høvisk framfor andre, og sidan var han lengi hjaa kong Olav. Um dette talar Ottar Svarte i den draapa som han dikta um kong Olav:
- At under deg gjekk dei gjæve
- hjaltlendingar, kjent er.
- Du held paa heile de velde
- hæve tjodkongar aatte.
- Ingin stridsdjerv Yngling
- austpaa her me hadde,
- alt til deg me aatte,
- som med øyane vestpaa raadde.
103. Daa brørane Torfinn og Bruse kom vest til Orknøyane, tok Bruse styringi yvi dei tvo lutine av landi, og Torfinn yvi tridjeparten. Han var jamleg paa Katanes og i Skotland og sette mennane sine yvi øyane. Daa varde Bruse øyane aaleine, og paa den tid var dei ille ute for herjing der, daa nordmenn og danir laag mykje i vesterviking og herja, og kom tidt til Orknøyane, naar dei fór vestetter eller kom vestantil, han ikkje baud ut nokon her fraa Orknøyane eller Hjaltland, men tok all skatt og skyld som kom paa hans part. Daa baud Torfinn han de vilkaare, at Bruse skulde hava tridjeparten av landi, men Torfinn tvo tridjepartar og verja lande aaleine for deim baae tvo. Men endaa de ikkje vart noko av med dette skifte paa fyrste take, so er de likevel fortalt i jarle-sogune, at dette skifte kom i stand, og at Torfinn hadde tvo tridjepartar og Bruse ein tridjepart, daa Knut den megtuge hadde lagt Norig under seg og kong Olav var farin ut or lande. Jarlen Torfinn Sigurdsson hev vori den gjævaste jarlen paa øyane og havt de største rike av Orknøy-jariane; han lagde under seg Hjaltland, Orknøyane og Sudrøyane, og hadde eit stort rike i Skotland og Irland og. Um dette kvad Arnor Jarlaskald:
- Ditt rike, ring-øydar, naadde
- radt fraa Turseskjerom
- til Dublin; rett er røda
- um raadvelde Torfinn hadde.
Torfinn var ein stor hermann; han var 5 vetrar gamal, daa han tok jarledøme, og styrde meir enn 60 aar[188], og sottdøydde i dei siste liveaari hans Harald Sigurdsson. Men Bruse døydde medan Knut den megtuge livde, strakst etter kong Olav den heilage var fallin.
104. No hev me tvo sogur aa fortelja jamsides,[189] og me skal taka paa der som me slapp, daa me fortalde at kong Olav Haraldsson hadde gjort fred med sviakongen Olav, og at kong Olav same sumaren fór nord til Trondheim. Daa hadde [1019] han vori konge i 5 aar. Denne hausten vetterstelte han seg i Nidaros og sat der um vetteren. Denne vetteren var Torkjel Fostre Aamundeson hjaa kong Olav, som fyrr er fortalt. Daa spurde kong Olav mykje etter korleis dei heldt kristindomen i lande, og daa fekk han vita, at fyrst ein kom nord i Haalogaland, heldt dei mest slett ikkje kristindomen, og de skorta mykje paa at de var som de skulde i Naumudal og inn-i Trondheim. De var ein mann som heitte Haarek, som hans Øyvind Skaldespillar, og budde paa ei øy som heiter Tjotta paa Haalogaland. Øyvind hadde ikkje vori so oversleg rik, men han var storætta og ein manndoms-mann. Paa Tjotta budde den tid berre smaabøndar, og ikkje so reint faa heller. Haarek kaupte fyrst ein gard der, som ikkje var so overlag stor, og sette bu der; men paa nokre faa aar hadde han rudt burt alle bøndane som budde der fyrr, so han aatte heile øyi aaleine og gjorde ein storgard der. Haarek vart snart grunnrik, og han var ein stor kloking, og de var mykje framtak i han. Han hadde lengi vori mykje æra av hovdingane, og han var skyld til dei norske kongane, og difor hadde hovdingane i lande æra han mykje. Gunnhild, farmor hans, var dotter hans Halvdan jarl og hennar Ingebjørg, som var dotter hans Harald Haarfagre. Haarek var til aars komin, daa dette hende, som me no fortèl. Han var den mannen paa Haalogaland som var mest vyrd, og han hadde i lang tid havt finnehandelen[190] og kongs-sysla i Finnmarki; sume tidir hadde han havt dette aaleine, og sume tidir hadde andre ein part i de. Han var ikkje komin til kong Olav, men de hadde fari ord og sendemenn imillom deim, og alt gjekk venskapleg. Den vetteren, som kong Olav sat i Nidaros, fór de og sendemenn millom honom og Haarek fraa Tjotta. Daa lyste kongen til, at han sumaren etter etla seg nord til Haalogaland, og heilt nord til landsens ende. Men haaløygine tenkte baae slagi um denne ferdi.
105. Kong Olav budde seg til um vaaren med 5 skip og hadde innpaa 300 mann. Daa han var buin, tok han til aa fara nordetter langs med lande, og daa han kom til Naumdølafylke, stemnde han bøndane til tings, og daa vart han tekin til konge paa kvart ting. Der som andre stadir lét han lesa upp lovine, som baud folk der i lande aa halda kristindomen, og sette tap av liv og lemir og heile eigedomen deira som straff for kvar mann som ikkje vilde taka ved den kristne lovi. Der refste kongen strengt mange folk og lét dette ganga like mykje ut yvi storfolk som smaafolk; han var so lengi i kvart herad, til heile folke samtykte aa halda den heilage trui. Dei fleste av storfolke og mange storbøndar heldt gjestebod for kongen, og soleis fór han alt nord til Haalogaland. Haarek paa Tjotta heldt eit gjestebod for kongen, og de var mykje folk der og eit glupt gjestebod. Daa vart Haarek lendmannen til kong Olav, og kongen gav han dei same veitslune som han hadde havt av dei landshøvdingane som var fyrr.
106. De var ein rik bonde som heitte Grankjel eller Grankjetil, og var paa den tid noko til aars. Men i ungdomen sin hadde han vori i viking, og daa var han ein stor hermann, og han var ein ovkar i dei fleste ting som høyrer til itrottar. Son hans heitte Aasmund, og han var i alle maatar lik far sin, og endaa noko betre. De var mange som sagde de, at av dei hævaste karane i vænleike og styrke og itrottar var han den tridje i Norig. Som dei fyrste rekna dei kong Haakon Adalsteinsfostre og Olav Trygveson. Grankjel baud kong Olav til gjestebods, og de var eit fagna gjestebod, og daa dei skildest, gav Grankjel han store vene-gaavur. Kongen baud Aasmund aa vera med seg, og tala mykje for han, og Aasmund totte at han kunde ikkje slaa si eigi ære ifraa seg, og gav seg paa ferdi med kongen og vart sidan hans mann og gjorde seg mykje elska av kongen. Kong Olav var paa Haalogaland mesteparten av sumaren og fór umkring i alle tinglag og kristna folke der. Paa den tid budde Tore Hund paa Bjarkøy[191]; han var den megtugaste mannen der nord, og han vart daa lendmannen til kong Olav. De var mange megtuge bondesønir som gav seg i fylgje med kong Olav fraa Haalogaland. Daa de leid ut paa sumaren, kom kongen nordantil og siglde innetter Trondheimsfjorden til Nidaros og sat der vetteren etter. Denne vetteren kom Torkjel Fostre vestantil Orknøyane, daa han hadde drepi jarlen Einar Rangmunn. Denne hausten var de uaar paa korn i Trondheim; daa hadde de lengi vori gode aaringar, men no var de uaar alle stadir nord i lande, og verre og verre vart de, di lenger nord de var; men de var godt for korn aust i lande og paa Upplandi. I Trondheim kom de godt med no, at folk der hadde mykje gamalt korn.
107. Denne hausten fekk kong Olav høyra tidend innantil Trondheim, um at bøndane hadde havt folksame gjestebod ved vetternatts-tidir, og der var de store drykkjelag. De vart fortalt kongen, at alle minneskaaline der vart signa til Æsine paa gomol vis. De vart og fortalt, at dei hadde drepi naut og hestar og smurt blode paa stallane og haldi bloting, med dei ordi at de skulde vera til aarbot[192]. Dei sagde og at alle folk totte de var greidt aa sjaa, at gudane hadde harmast, for di haaløygine hadde snutt seg til kristindomen. Daa kongen høyrde denne tidendi, sende han bod inn i Trondheim og stemnde til seg dei bøndane som han nemnde upp. De var ein mann som heitte Olve paa Egg, som dei kalla etter den garden han budde paa; han var ein megtug og storætta mann, og han var formann for deim som fór til kongen for bøndane. Daa dei kom til kongen, kom han med dette klagemaal imot deim. Men Olve svara for bøndane og sagde at dei hadde ikkje havt noko gjestebod denne hausten, so nær som gilde og drykkjelagi sine og eitkvart venelage. «Men de,» sagde han, «som dei hev fortalt Dykk um korleis ordi fell for oss trøndine, naar me drikk, so kan alle vituge folk vara seg for slikt snakk, men eg kan ikkje svara for toskute og fulle folk, kva dei segjer.» Olve var ein ordhittin og framtalande mann, og han forsvara bøndane mot desse klagemaali. Men sistpaa sagde kongen at inntrøndine skulde bera vitne sjølve um kva tru dei hadde. Etter dette fekk bøndane heimlov, og fór strakst dei var ferdige.
108. Lenger fram paa vetteren vart de fortalt kongen, at inntrøndine hadde ei stor samling paa Mæren, og at de var store blot ved midvetters-leite, og der blota dei for fred og ein [1021] god vetter. Daa kongen totte at han hadde fengi vissa paa dette, sende han menn og ordsending inn i Trondheim og stemnde bøndane ut til byen, og nemnde upp dei mennane denne gongen og, som han totte var dei vitugaste. Bøndane hadde samtalur og samraadde seg um denne ordsendingi, og alle dei som hadde fari fyrr um vetteren var mest uhuga paa denne ferdi. Endeleg gav Olve seg paa ferdi, daa alle bøndane bad han. Daa han kom ut til byen, fór han radt til kongen, og dei kom i samtale. Daa klaga kongen bøndane, for di dei hadde havt midvetters-blot. Olve svara og sagde at bøndane var saklause i dette: «Me hadde jolelag,» sagde han, «og drykkjelag umkring i bygdine, og bøndane lagar ikkje so knapt til jolelagi sine, at de ikkje vert mykje avgang, og dette, herre, drakk dei lengi etter. Paa Mæren er de ein stor hovudgard og svære husebygningar og ei stor bygd umkring, og der tykkjer folk at de er mykje moro aa drikka mange ihop.» Kongen svara lite og var noko morsk, og han tottest hava betre greide paa dette enn de dei no hadde fortalt. Kongen bad bøndane fara attende: «men eg fær nok vita sanningi,» sagde han, «endaa De vil dylja for de, og daa fær De ikkje leggja imot. Men korleis de so hev vori til dessa, so maa De ikkje gjera slikt tidare.» Etter dette fór bøndane heim og fortalde um ferdi si, og at kongen var heller harm.
109. Kong Olav hadde eit stort gjestebod ved paasketidir[193], og hadde mange byfolk og bøndar i lage sitt. Etter paaske lét kongen skuva skipi paa vatne og bera aarane og reidskapen um bord og leggja tiljune i og tjelda og rigga, og lét deim fljota seglbudde ved bryggjune. Strakst etter paaske sende kong Olav bod inn til Verdalen. De var ein mann som heitte Toralde, som var aarmannen til kongen og dreiv garden hans paa Haug[194]. Kongen sende bod til han, at han skulde koma til han de snøggaste han kunde. Toralde drygde ikkje med denne ferdi og fór strakst ut til byen med sendemennane. Kongen tok han for seg paa tvomanns-hand og spurde etter, kor mykje sant de var i de som var fortalt han um skikkane til inntrøndine, um de var so, at dei tok paa med bloting. «Eg vil,» sagde kongen, «at du skal segja meg som de er, og de sannaste du veit; du er skyldig til de, daa du er min mann.» Toralde svarar: «Herre! de vil eg segja Dykk fyrst, at eg hev ført hit til byen baae sønine mine og kona mi, og all den lausøyren eg kunde faa med meg. Men vil du vita sanningi av meg, so skal de vera som du vil. Men segjer eg de som sant er, so maa du sjaa til sjølv korleis de gjeng meg.» Kongen sagde: «Seg du sanningi um de som eg spør deg. Eg skal sjaa til korleis de gjeng deg, so du skal ikkje nauva noko.» Daa sagde Toralde: «Skal eg segja som de er, so maa eg segja Dykk de for sant, konge, at inn-i Trondheim er mest heile folke heidensk i trui, endaa sume av deim er døypte der. Dei hev for skikk aa hava blot um hausten og helsa paa vetteren, og eit anna ved midvetters-leite, og de tridje um sumaren, og daa helsar dei paa sumaren. Dei som er med paa dette, er øynine og sparbyggine og verdøline og skøynine. De er 12 menn som stend fyri blotgildi, og no i vaar er de Olve som skal halda gilde, og no hev han de mykje annsamt paa Mæren, og dit hev dei ført alt de som trengst til gilde.» Men daa kongen fekk vita sanningi, lét han blaasa ihop folke sitt, og lét segja mennane sine at dei skulde ganga um bord. Kongen utnemnde menn til aa styra skipi, og hovdingar for kvar flokk, og sagde kva skip kvar flokk skulde ganga um bord paa. Dei vart snart reiduge, og kongen heldt inn etter fjorden med 5 skip og 300 mann. De var god bør, og skipi gjorde god fart for vinden, og de var ingin som venta at kongen skulde koma der inn so fort. Kongen kom inn til Mæren um natti og slo strakst mannring um husi. Der vart Olve fanga, og kongen lét drepa han og mange andre menn, men all gjestebods-kosten tok kongen og hadde um bord paa skipi sine, og sameleis alt de godse, baade hus-bunad og klæde og eignalutir, som dei hadde ført dit, og skifte de som herfang millom mennane sine. Kongen heimsøkte dei mennane og, som han trudde hadde havt den meste skuldi i denne raadi; sume av deim vart fanga og sette i jarn, og sume kom seg undan, og mange tok han eigedomen fraa. Dermed stemnde kongen bøndane til tings, men daa han hadde fanga mange av stormennane og hadde deim i si magt, so raadde frendane og venine deira seg til aa lova kongen at dei skulde lystra, og de vart ikkje noko upprør imot kongen i Trondheim denne gongen. Han umvende heile folke til den rette trui, og sette prestar der og lét byggja kyrkjur og vigja deim. Kongen dømde Olve ugild[195] og lagde under seg alt de som han aatte. Men av dei andre mennane, som han totte var mest skyldige, lét han sume drepa og sume skamfara, og sume jaga han ut or lande, og tok bøtar av sume. Deretter fór kongen ut att til Nidaros.
110. De var ein mann som heitte Arne Armodsson, som var gift med Tora, dotter hans Torstein Galge. Borni deira heitte Kalv, Finn, Torberg, Aamunde, Kolbjørn, Arnbjørn og Arne; dei hadde ei dotter som heitte Ragnhild, og var gift med Haarek fraa Tjotta. Arne var lendmann, megtug og gjæv og ein god ven til kong Olav. Paa den tid var sønine hans, Kalv og Finn, hjaa kong Olav i stor ære. Den kona som Olve paa Egg hadde havt, var ung og væn og storætta og rik, og dei heldt ho for eit overlag godt gifte, men de var kongen som skulde gifta ho burt. Ho og Olve hadde tvo unge sønir. Kalv Arneson bad kongen um at han vilde gjeva han den kona som Olve hadde havt, og for venskaps skuld gjorde kongen de og gav han attpaa all den eigedomen som Olve hadde havt, no gjorde kongen han til lendmann og gav han umbode inn-i Trondheim; daa vart Kalv ein stor hovding, og han var ein klok mann.
111. Daa hadde kong Olav vori konge i Norig i 7 aar. Denne sumaren kom jarlane Torfinn og Bruse til han [1021] fraa Orknøyane, og kong Olav eigna til seg desse landi, som fyrr er fortalt. Same sumaren fór kong Olav igjenom Nordmøre og Sunnmøre, og um hausten til Raumsdal. Der gjekk han i land fraa skipi sine og fór til Upplandi, og kom fram til Lesja. Der lét han taka alle dei beste mennane baade paa Lesja og Dovre, og dei laut taka ved kristindomen eller tola dauden eller røma undan, dei som kunde koma til. Dei som tok ved kristindomen gav sønine sine til kongen som gislar paa truskapen sin. Kongen var um natti paa ein gard i Lesja som heiter Bø[196], og der sette han inn prestar. Sidan fór han yvi Lordalen[197] og kom ned ein stad som heiter Stavebrekka[198]. De renn ei elv etter dalen, som heiter Otta, og de er ei fager bygd paa baae sidur aat elvi, som dei kallar Loar[199], og kongen kunde sjaa endelangs ned igjenom bygdi. «De er skade,» sagde kongen, «at ein skal brenna so fager bygd,» og stemnde ned i dalen med folke sitt, og var um natti paa ein gard som heiter Nes[200], og der fekk kongen hus paa eit loft, som han sov sjølv paa, og dette stend endaa den dag i dag, og dei hev ikkje skipla noko paa de. Der var kongen 5 dagar og sende umkring bodstikka og stemnde til seg bøndane baade fraa Vaage og Lom og Hedalen[201], og han lagde til, at eitt av tvo skulde dei, anten halda slag med han og finna seg i at han brende for deim, eller taka ved kristindomen og gjeva han sønine sine til gislar. Deretter kom dei til kongen og gav seg under han, men sume flydde sør i Dalane.
112. De var ein mann som heitte Dalegudbrand, som var liksom konge yvi Gudbrandsdalen, men var herse av namn. Sigvat skald likna han i ei vise i magt og store eigedomar med Erling Skjalgsson. Gudbrand hadde ein son, som de vert fortalt um her. Daa Gudbrand høyrde denne tidendi, at kong Olav var komin til Lom og nøydde folk til aa taka ved kristindomen, skar han upp her-pil og stemnde alle døline til aa møta han paa ein gard som heiter Hundtorp[202]. Der kom dei alle ihop, og de var mykje folk, for di de ligg eit vatn nære ved som heiter Logen[203], so dei kunde koma dit likso godt med skip som til lands, og der heldt Gudbrand ting med deim og sagde: «De er komin ein mann til Lom, som heiter Olav. Han vil bjoda oss ei onnor tru enn me hev havt fyrr, og brjota sund alle gudane vaare, og han segjer de, at han eig ein mykje større og megtugare gud. De er eit under, at ikkje jordi rivnar under han, naar han torer segja slikt, og at gudane vaare læt han faa ganga lenger. Eg tenkjer, at um me ber ut Tor or hove vaart, som stend her paa garden, og som stødt hev hjelpt oss, og han ser Olav og mennane hans, so vil guden hans braana, og han sjølv og alle mennane hans med, og verta upp i inkje.» Daa sette dei i alle paa ein gong og skreik og sagde at Olav skulde aldri sleppa derifraa, um han kom til deim, og han torde visst ikkje fara lenger sør etter dalen, sagde dei. Sidan valde dei 800 mann til aa fara nord til Breida[204] og spæja. Hovdingen for denne heren var son hans Gudbrand, som var 18 vetrar gamal, og mange andre gjæve menn var med han, og dei kom til ein gard som heiter Hov[205], og var der i tri dagar, og der kom de mykje folk til deim, som hadde flytt fraa Lesja og Lom og Vaage, for di dei ikkje vilde gjeva seg under kristindomen. Kong Olav og bispen Sigurd sette prestar i Lom og Vaage. Sidan fór dei yvi Vaagerusti[206] og kom ned i Sel og var der um natti og høyrde tidend um at de var ein stor her samla imot deim, og bøndane som var paa Breida fekk spurlag paa kongen og laga seg til aa slaast med han. Kongen stod upp og hadde herklædi sine paa seg og fór sør etter Selsvollane, og stana ikkje fyrr paa Breida, og der saag han ein stor her reidug til slag. Daa fylkte kongen heren sin og reid sjølv fyri og tala til bøndane og bad deim taka ved kristindomen. Dei svara: «Du fær nok røyna anna i dag enn aa apa oss,» og so sette dei i med her-rop og slo med vaapni paa skjoldane sine. Daa sprang kongsmennane fram og skaut med spjot, og bøndane snudde strakst og flydde, so berre nokre faa mann stod etter. Daa vart son hans Gudbrand fanga, og kong Olav gav han liv og fred, og hadde han med seg. Der var kongen i 4 dagar. Daa sagde kongen til son hans Gudbrand: «Far no att til far din og seg han at no kjem eg der snart.» Sidan fór han heimatt og fortalde far sin den leide tidendi, at dei hadde møtt kongen og slegist med han, men heile heren flydde strakst i fyrstningi. «Eg vart fanga,» sagde han; «kongen gav meg liv og fred og bad meg fara og segja deg at han kjem snart. No hev me ikkje meir her enn 200 mann av heile den heren som me hadde imot han; no raader eg deg til de, far, at du ikkje slæst med denne mannen.» «De er høyrande til de,» segjer Gudbrand, «at alt mod er banka ut or deg. De var ei ustund, du fór heimantil, og denne ferdi vil lengi minnast, og no trur du strakst paa de tulle som denne mannen fer med, som hev gjort deg og heren din til spott og skam.» Natti etter drøymde Gudbrand at de kom ein ljos mann til han, som de stod ein stor kvekk av, og sagde til han: «De var ingi sigers-ferd, son din fór mot kong Olav, men mykje verre vil de ganga deg, um du etlar deg til aa slaast med kongen; du skal falla sjølv med heile heren din, og ulvar vil riva deg og alle dine, og ramnar slita dykk.» Han vart fælin av dette skræmesyne, og fortalde de til Tord Istermage[207], som var ein hovding yvi Dalane. «Nett de same syne hadde eg,» sagde han. Um morgonen lét dei blaasa til tings, og sagde at dei totte de var raadlegt aa halda ting med denne mannen, som kom nordantil med nye bod, og faa vita um han fór med sanning. Deretter sagde Gudbrand til son sin: «No skal du fara med 12 mann til den kongen som gav deg liv og fred,» og han so gjorde. Dei kom til kongen og sagde han ærendi si, at bøndane vilde halda ting med han og setja grid millom kongen og seg. Kongen var vel nøgd med di, og dei lova kvarandre og svor paa at de skulde vera grid so lengi dette møte varde; etter dette fór dei attende og fortalde Gudbrand og Tord at dei hadde sett grid. Daa fór kongen til ein gard som heiter Lidstad[208], og var 5 dagar, og so fór kongen til bøndane og heldt ting med deim. De var eit fælt bløyte-vêr den dagen. Daa tinge var sett, stod kongen upp og sagde, at i Lesja og Lom og Vaage hadde dei teki ved kristindomen og broti ned blothusi sine, og trudde no paa den sanne Gud, som skapte himil og jord og veit alle ting. Deretter sette kongen seg ned, og Gudbrand svara: «Me veit ikkje kven du talar um: kallar du honom for gud, som korkje du eller nokon annan ser? Men me eig ein gud som me kan sjaa kvar dag, men i dag er han ikkje ute, av di de er bløyte-vêr; De vil synast at han er skræmeleg og veldig. Eg tenkjer De fær ein kvekk i live, um han kjem paa tinge. Men daa du segjer at guden dykkar er so megtug, so lat han laga de so, at de vert skya i morgon men ikkje regn, og daa skal me møtast her.» Etter dette fór kongen heim til herbyrge sitt og hadde med seg son hans Gudbrand som gisl, og kongen gav deim ein annan mann i staden. Um kvelden spurde kongen son hans Gudbrand, korleis avguden deira var skapt. Han sagde at paa skapnaden var han liksom Tor og hadde ein hamar i handi, og at han var storvaksin og innhol, og at dei hadde gjort liksom ein hjell under han, som han stod paa, naar han var ute; de skorta han ikkje paa gull og sylv, som han hadde paa seg; dei gav han 4 leivar brød kvar dag, umfram kjøt. Deretter lagde dei seg, men kongen vakte all natti og heldt paa og bad. Daa de vart dag, gjekk kongen til messe, og so til bords, og sidan til tings. Med vêre vart det so som Gudbrand hadde sagt. Daa stod bispen upp i messe-kaapa si, med bispehuva paa hovude og bispestaven i handi, og lagde ut um trui for bøndane, og fortalde deim um mange underlege gjerningar som Gud hadde gjort, og enda tala si godt. Daa svara Tord Istermage: «Mangt og mykje segjer denne mannen med horni[209], som hev ein stav i handi, som ovantil er krokut som eit vêrehorn. Men daa De no, godtfolk, segjer at guden dykkar gjer so mange underlege gjerningar, so seg til han i morgon fyri solrenningi, at han læt de vera klaart vêr og solskin, og so skal me møtast og gjera eitt av tvo, anten verta forlikte i denne saki eller halda slag.» Og dermed skildest dei denne gongen.
113. De var ein mann med kong Olav som heitte Kolbein Sterke og var ætta fraa Fjordane. Han var stødt væpna soleis, at han hadde sverd ved sida og ei stor «rudde» i handi, som sume folk kallar klubbe. Kongen sagde til Kolbein at han skulde vera næmast honom um morgonen, og so sagde han til mennane sine: «I natt skal De ganga dit som bondeskipi er, og bora hol i alle ihop og rida hestane deira burt fraa dei gardane som dei er paa,» og dei so gjorde. Kongen heldt paa og bad all natti, og bad til Gud at han vilde løysa deim ut or denne knipa av sin naade og miskunn. Daa messa var slutta og de leid mot dagen, gjekk han til tings. Daa han kom paa tinge, var nokre av bøndane komne, og i de same saag dei ein heil brote bøndar, som kom til tings og bar imillom seg eit stort manns-bilæte, som var tilstasa med gull og sylv alle stadir. Daa dei bøndane som var paa tinge saag dette, sprang dei upp alle ihop og bøygde seg for dette skræmsle, og dermed sette dei de ned midt paa tingvollen. Paa den eine sida sat bøndane, og paa hi sida kongen og hans folk. Sidan stod Dalegudbrand upp og sagde: «Kor er no din gud, konge! No tenkjer eg han ber hakeskjegge heller laagt, og eg synest at du og den mannen med horni, som De kallar bisp, og som sit der utmed deg, ikkje er so kaute som i gaar, for di at no er vaar gud komin, som raar for alle ting, og ser paa dykk med kvasse augo, og eg ser at De er ottefulle og knapt torer sjaa upp med augo. Haldt no upp med ovtrui dykkar og tru paa vaar gud, som held lagnaden dykkar i si hand.» Med dette enda han tala si. Kongen sagde til Kolbein Sterke, so ikkje bøndane merka de: «Um de høver so til under tala mi, at dei ser burt fraa avguden sin, so slaa til han med klubba, de hardaste du kan.» Sidan stod kongen upp og sagde: «Her i morgon hev du sagt mykje til oss, og segjer de er underlegt, at du ikkje kan sjaa vaar gud; men eg tenkjer at han snart vil koma til oss. Du skræmer oss med din gud, som er baade blind og dauv og korkje kan berga seg sjølv eller andre, og ingin-stad kan koma, mindre dei ber han; og eg tenkjer at han rett-no fær seg ei ulukke. Snu dykk no og sjaa mot aust; der fer no vaar gud med mykje ljos.» I de same rann soli upp, og alle bøndane snudde seg mot soli. Men samstundes slo Kolbein til avguden deira, slik at han rauk reint i-sund, og de flaug ut mysar so store som kattar liksom, og fjorføslur og ormar. Men bøndane vart so rædde at dei flydde, og sume til skipi; men daa dei skulde skuva skipi sine ut, gjekk dei fulle av vatn, og dei kunde ikkje koma um bord. Men dei som sprang til øykine fann deim ikkje. Daa lét kongen ropa paa bøndane og sagde at han vilde tala med deim, og daa snudde bøndane att, og tinge vart sett. Daa stod kongen upp og tala: «Eg veit ikkje,» sagde han, «kva dette staake og denne laupingi, som De gjer, skal vera til; no kan De sjaa kva guden dykkar dugde til, som De bar gull og sylv og mat og kost til, og no saag De kva de var for slag som naut de, mysar og ormar, fjorføslur og paddur. Ille stend de til med deim som trur paa slikt og ikkje vil halda upp med daarskapen sin. Tak gulle dykkar og eignalutine, som driv umkring paa vollen her, og hav de heim til kvinnfolki dykkar, og heng de ikkje paa stokk eller stein lenger. Her er de no tvo kaar aa velja av: anten at De no tek ved kristindomen, eller held slag med meg no i dag, og daa fær dei vinna yvi dei andre i dag, som den gud vil, som me trur paa.» Daa stod Dalegudbrand upp og sagde: «Me hev fengi stor skade paa vaar gud; og daa han ikkje kunde hjelpa oss, so vil me no tru paa den gud som du trur paa.» Daa tok alle ved kristindomen, og bispen døypte Gudbrand og son hans og lét prestar verta etter; dei skildest venir, som fyrr var uvenir, og Gudbrand lét setja upp ei kyrkje der i Dalane.[210]
114. Kong Olav fór sidan ut paa Heidmarki og kristna der; for daa han hadde teki kongane, trøyste han seg ikkje til aa fara vidt umkring i lande med lite folk etter slikt storverk, og daa hadde han ikkje kristna stort av Heidmarki. Paa denne ferdi stogga ikkje kongen, fyrr heile Heidmarki var kristna og kyrkjur var vigde og prestar innsette. Deretter fór han ut til Totn og Hadaland og retta der paa skikkane aat folk, og heldt ikkje upp, fyrr alle der var kristna. Derifraa fór han til Ringerike, og heile folke gav seg under kristindomen. Daa høyrde raumane[211] at Olav etla seg dit, og samla mykje folk, og sagde seg imillom at dei mintest godt den ferdi som kong Olav hadde gjort dit sist, og sagde at han aldri skulde fara soleis meir. Men kongen laga seg til like fullt. Daa kong Olav fór upp til Raumarike med heren sin, kom bondehopen imot han ved ei aa som heiter Nitja[212], og bøndane hadde ein heil her. Daa dei møttest, gav bøndane seg radt til aa slaast; men dei rauk snart og hopa att strakst og «fekk svolk til dei vart folk»; for dei tok radt ved kristindomen. Kongen fór gjenom dette fylke og skildest ikkje fraa deim fyrr alle mann hadde teki ved kristindomen der. Derifraa fór han aust til Solør og kristna den bygdi. Der kom skalden Ottar Svarte til han og bad um aa faa verta ein av mennane til kong Olav. Fyrr um vetteren hadde sviakongen Olav slokna, og daa var Onund Olavsson konge i Svitjod. Kong Olav snudde att til Raumarike, og daa var de lidi langt ut paa vetteren. No stemnde kong Olav til eit folksamt ting paa den staden der Heidsævis-tinge hev vori sidan.[213] Daa sette han de i lovi, at upplendingane skulde søkja til dette tinge, og at Heidsævis-lovi skulde gjelda for alle fylki paa Upplandi, og so vidt umkring andre stadir som ho sidan hev gjeldt.[214] Daa de vaarast, fór han [1022] ut til sjøen og lét bu skipi sine og fór um vaaren ut til Tunsberg og sat der um vaaren, daa de var mest folksamt der og dei førde varur til byen fraa andre land. Daa var de godt aar yvi heile Viki, og de var bergelegt alt nord til Stad; men de var reint uaar heile vegen nordanfor.
115. Um vaaren sende kong Olav bod vest til Agdir og alt nord til Rogaland og Hordaland, at han vilde ikkje at dei skulde føra ut eller selja derfraa korkje korn eller malt eller mjøl, og han lagde til, at han vilde koma dit med mannskape sitt og fara umkring paa gjestebod, som skikk og bruk var. Dette bode gjekk umkring i alle desse fylki, men kongen gav seg til i Viki um sumaren og fór alt aust til landsenden. Einar Tambeskjelvar hadde vori hjaa sviakongen Olav, fraa di Svein jarl, verbror hans, døydde, og hadde vorti mannen til sviakongen og fengi eit stort len av han. Men daa kongen hadde slokna, fekk Einar hug paa aa beda Olav Digre um grid, og um vaaren hadde de fari ordsendingar imillom deim. Daa kong Olav laag i Elvi[215], kom Einar Tambeskjelvar dit med nokre menn, og han og kongen rødde daa um forlike sitt, og dei vart samde um at Einar skulde fara nord til Trondheim og hava alle eigedomane sine, og likeins de jordegods som Bergljot hadde fengi i heimanfylgje. Deretter fór Einar sin veg nordetter, men kongen vart verande i Viki og var lengi paa Borg[216] um hausten og fyrstningi av vetteren.
116. Erling Skjalgsson heldt magti si ved lag, soleis at heilt nordantil Sognesjøen og aust til Lidandesnes hadde han herredøme yvi bøndane, men han hadde mykje mindre veitslur av kongen enn fyrr. Men de stod slik age av han likevel, at ingin torde setja skaape der som ikkje Erling vilde. Kongen totte de bar reint av med magti hans Erling. De var ein storætta og megtug mann, som heitte Aaslak Fitjaskalle. Skjalg, far hans Erling, og Aaskjel, far hans Aaslak, var brødrungar[217]. Aaslak var gode venir med kong Olav, og kongen bu-sette han paa Sunnhordaland og gav han eit stort len der og store innkomur, og kongen bad han um aa halda i hempa med Erling. Men de vart ikkje noko av med di, fyrst kongen var burte; daa var de Erling som raadde aaleine, nett som han vilde; og han vart ikkje mjukare for di at Aaslak vilde trengja seg fram jamsides med han. De gjekk soleis med deim, at Aaslak kunde ikkje halda seg i sysla og fór til kong Olav og fortalde korleis de hadde gjengi med honom og Erling. Kongen bad Aaslak vera hjaa seg, til han og Erling møttest. Kongen sende bod paa Erling, at han skulde koma til Tunsberg um vaaren til kongen. Daa dei møttest, hadde dei stemnelag, og kongen sagde: «De vert meg fortalt um di magt, Erling, at de finst ikkje den mannen nordantil Sognefjorden og til Lidandesnes som fær hava fridomen sin for deg. De er mange menn der som kunde synast at dei var odelsborne til aa faa rett av menn som ikkje er meir høgborne enn dei sjølve. No er her Aaslak, frenden Dykkar, som tykkjer at de er mest berre vondt han hev kjent av millomvære sitt med deg. No veit eg ikkje korleis de hev seg, um han er skuld i dette sjølv, eller um han skal svida for de, at eg hev sett han yvi min eigedom. Men endaa eg berre nemner honom, so er de mange andre som kjærer seg for de same for oss, baade dei som sit i syslune vaare, og aarmennane, som styrer gardane vaare og skal halda gjestebod for meg og mannskape mitt.» Erling segjer: «De skal eg radt svara paa. Eg negtar at eg legg Aaslak eller andre folk de til last, at dei er i tenesta Dykkar; men de segjer eg ja til, at de er no, som de hev vori lengi, at kvar av oss frendane vil vera større enn dei andre; de segjer eg og ja til, at de er noko eg gjer med glede, aa bøygja halsen for deg, kong Olav, men at eg tykkjer de er motskapt aa luta for Sel-Tore, som er trælborin i alle ættir, for alt de han no er aarmannen Dykkar, eller andre som er hans jamningar i ætt, um so De set deim upp i høgdi.» Daa tok venine deira til orde og bad at dei skulde forlika seg; dei sagde at kongen kunde ikkje faa slik hjelp av nokon som av Erling, um han kunde verta heilt-upp venen hans, og til Erling sagde dei de, at han skulde vægja for kongen, og sagde, at um han heldt seg til vens med kongen, kunde han lett faa fram alt han vilde mot alle andre. Enden paa dette møte vart de, at Erling skulde hava dei same veitslune som han hadde havt fyrr, og alle dei sakine som kongen hadde mot Erling vart nedsona. Dess-forutan skulde Skjalg, son hans Erling, fara til kongen og vera hjaa honom. Daa fór Aaslak heim til gardane sine, og daa var dei forlikte aa kalla. Erling fór og heim til gardane sine og heldt ved og styrde sameleis som fyrr.
117. De var ein mann som heitte Sigurd Toreson, bror hans Tore Hund paa Bjarkøy. Sigurd var gift med Sigrid Skjalgsdotter, syster hans Erling. Dei hadde ein son, som heitte Aasbjørn, som dei heldt for eit overlag godt mannsemne i uppvokstren. Sigurd budde paa Traandarnes paa Omd[218]; han var ein grunnrik mann, men han var ikkje i kongens teneste, og Tore var mest æra av desse brørane, daa han var kongens lendmann. Men heime paa garden var Sigurd ikkje i nokon maate mindre stormannsleg. Medan heidinskapen stod paa, var han vand til aa hava tri blot kvar vetter, eitt vetternatts-leite, de andre midvetters, og de tridje um sumaren. Daa han tok ved kristindomen, heldt han paa med gjestebodi sameleis som fyrr. Daa hadde han eit stort venelag um hausten og eit jolelag um vetteren, og baud til seg mykje folk. De tridje gjestebode hadde han ved paasketidir, og daa hadde han og mykje folk hjaa seg. Soleis heldt han ved, so lengi han livde. Sigurd døydde paa sotteseng. Daa var Aasbjørn 18 vetrar og tok arv etter far sin, og heldt paa sameleis og hadde tri gjestebod kvar vetter, som far hans hadde havt. Daa Aasbjørn hadde teki mot farsarven sin, varde de ikkje lengi, fyrr de tok til aa vesna med aaringane, og kornavlen slo ikkje til. Aasbjørn heldt paa sameleis med gjestebodi sine, og daa kom de godt med, at de var gamalt korn og gamalt forraad paa de som han trengde til. Men daa dette aare gjekk og de næste kom, var de ikkje de slage likare med korne enn hitt aare. Daa vilde Sigrid at dei skulde halda upp med gjestebodi, anten med nokre av deim eller alle ihop, men de vilde ikkje Aasbjørn. Um hausten drog han umkring til venine sine og kaupte korn der han kunde faa i, og av sume fekk han til gjevande. Soleis gjekk de daa denne vetteren og, at han heldt alle gjestebodi. Men vaaren etter vart de ikkje saatt stort, daa ingin kunde faa kaupt saakorn. No rødde Sigrid um at dei skulde ikkje halda so mange drengir, men Aasbjørn vilde ikkje, og heldt ved som fyrr i alle maatar. Denne sumaren saag de ut til eit kleint kornaar, og no kom de til og, at de vart fortalt sunnantil lande, at kong Olav forbaud aa føra ut korn og malt og mjøl sunnantil nord i lande. Daa totte Aasbjørn at de vart vanskelegt aa faa i de som trengdest til hushalde, og daa vart de til de, at han skuva paa vatne ei førsleskute som han aatte, som var stor nok til aa brukast paa have. De var eit godt skip, og reidskapen var mykje for-seggjord, og eit segl med stripur i høyrde til. Aasbjørn fór heiman med 20 mann. Dei siglde søretter um sumaren, og de er ikkje fortalt noko um ferdi deira, fyrr dei kom til Karmtsund ein dag i kveldingi og lagde aat ved Ogvaldsnes. De ligg ein stor gard eit lite stykke uppaa øyi Kormt, som heiter Ogvaldsnes; der var de kongsgard, og ein gild gard, som Tore Sel, aarmannen til kong Olav, dreiv. Tore var av laag ætt, men han hadde teki seg godt fram og var hard til aa arbeida og klok i ordi og mykje for stas; han vilde gjerne koma seg upp i høgdi og fira aldri, og dette kunde ganga for seg no han fekk hjelp av kongen; snarmælt var han og, og framtalande. Der laag Aasbjørn og mennane hans um natti. Men um morgonen, daa de vart ljost, gjekk Tore ned til skipe med nokre menn, og spurde um kven som førde dette staselege skipe. Aasbjørn nemnde sitt og far sins namn. Tore spurde, kor langt han skulde, og kva ærend han hadde. Aasbjørn sagde at han vilde kaupa seg korn og malt, og sagde, som sant var, at de var uaar nord i lande; «men dei hev sagt oss at de er gode aaringar her,» sagde han. «Vil du, bonde, selja oss korn? Eg ser at her er store kornstakkar; me sparde oss for mykje stræv, um me slapp aa fara lenger.» Tore svarar: «Eg skal spara deg for de stræve aa fara lenger paa kornkaup eller aa fara meir umkring her paa Rogaland. Eg kan segja deg de, at du gjerne kan snu her og ikkje fara lenger. For du fær nok ikkje korn korkje her eller andre stadir, av di kongen forbyd aa selja korn herifraa nord i lande. Far heim, du haaløygen, de er de beste for deg.» Aasbjørn svarar: «Er de so som du segjer, bonde, at me ikkje kan faa kaupt korn, so vert ærendi mi so mykje som aa vitja skyldfolke mitt paa Sole og lyda innum til Erling, frenden min.» Tore segjer: «Kor mykje er du skyld til Erling?» «Mor mi er syster hans,» svara han. Tore segjer: «Daa kan de henda eg hev tala uvarleg, um du er systerson til Ryge-kongen.» Deretter slo Aasbjørn og mennane hans tjeldi ned og snudde skipe ut. Tore ropte til deim: «Far vel daa, og kom innum her naar De er paa heimferdi.» Dette lova Aasbjørn, og dermed fór dei sin veg og kom um kvelden til Jaren. Aasbjørn gjekk i land med 10 mann, og dei andre 10 vakta paa skipe. Daa Aasbjørn kom til garden, vart han godt mot-tekin, og Erling var blid med han. Erling sette han utmed seg og spurde um mykje nytt nordantil lande. Aasbjørn fortalde han ende ut um ærendi si, men Erling svara at de høvde seg ikkje godt, daa kongen forbaud aa selja korn. «Eg trur ikkje de finst den mannen her som trøyster seg til aa brjota kongens ord. De er ikkje greidt for meg aa vera kongen til lags, daa de er mange som vil fortyna venskapen vaar.» Aasbjørn segjer: «Seint fær ein sanningi høyra. I ungdomen min hev dei lært meg at mor mi var fribori i alle ættir, og at Erling paa Sole no var den gjævaste av frendane hennar. Men no høyrer eg du segjer, at du ikkje er so fri for kongens trælar her paa Jaren at du kan gjera med korne ditt som du vil.» Erling saag paa han og gliste aat han og sagde: «De haaløygine kjenner mindre til kongens magt enn me rygine; du veg nok ikkje ordi naar du er heime, og de ligg til ætti. Lat oss no drikka fyrst, frende, so skal me sjaa i morgon, kva me kan gjera med ærendi di.» Dei so gjorde og var lystuge um kvelden. Dagen etter talast Erling og Aasbjørn ved, og Erling sagde: «Eg hev funni paa ein utveg med kornkaupe ditt, Aasbjørn; men er du mykje vand um kven du kauper av?» Han sagde at de brydde han seg aldri um, kven han kaupte korne av, naar han fekk full eigedoms-rett. Erling sagde: «De er ventelegt, at trælane mine hev so mykje korn at du vert berga; dei er ikkje under lov og landsrett som andre folk.» Aasbjørn sagde at han tok imot dette. Dei tala med trælane um dette kaupe, og dei henta korn og malt og selde til Aasbjørn, so han ladde skipe sitt so mykje han vilde. Daa han var buin til aa fara, fylgde Erling han ut med vene-gaavur, og dei skildest i kjærleike. Aasbjørn fekk god vind og lagde aat um kvelden i Karmtsund ved Ogvaldsnes og var der um natti. Tore Sel fekk strakst spurlag paa ferdi hans Aasbjørn, og at skipe hans var søkk-ladt. Tore stemnde folk til seg um natti, so han hadde 60 mann fyri dag. Han gjekk stad til Aasbjørn, fyrr de vart retteleg ljost, og gjekk strakst ut paa skipe. Aasbjørn og mannskape hans hadde klædt paa seg alt, og Aasbjørn helsa paa Tore. Tore spurde kva slag farm Aasbjørn hadde paa skipe. Han sagde de var korn og malt. Tore sagde: «Daa gjer nok Erling som han plar, at han agtar alle kongens ord for tøv, og endaa er han ikkje leid av aa vera motstandaren hans i alle ting, og de er ei bisn, at kongen læt han faa gjera alt han vil.» Tore gav mykje vondt ifraa seg ei stund, men daa han tagde seg, sagde Aasbjørn at dette korne hadde trælane hans Erling aatt. Tore svara radt, at han agta ikkje prettune hans Aasbjørn og Erling; «no er de ikkje anna fyri, Aasbjørn, enn at De gjeng i land, eller so kastar me dykk yvi bord, for me vil ikkje hava dykk i vegen her, medan me lossar skipe.» Aasbjørn saag at han hadde ikkje folk nok mot Tore, og Aasbjørn og mannskape hans gjekk i land, men Tore lét flytja heile farmen fraa skipe. Daa skipe var lossa, gjekk Tore langs etter skipe og sagde: «De var eit overlag godt segl dei hev, desse haaløygine. Tak de gamle segle, som høyrer til førsleskuta vaar, og lat deim faa; de er fullgodt aat deim som sigler paa lett kjøl.» Dei so gjorde og bytte segl. Soleis fór no Aasbjørn og mannskape hans sin veg og stemnde nordetter langs lande, og stana ikkje fyrr han kom heim fyrst paa vetteren, og de gjekk ord av denne ferdi. No slapp daa Aasbjørn aa bry seg med aa stella til gjestebod den vetteren. Tore Hund baud Aasbjørn og mor hans, og alle deim som dei vilde hava med seg, til jolegjestebod, men Aasbjørn vilde ikkje fara og sat heime. De synte paa Tore, at han trudde Aasbjørn svivyrde innbjodingi, daa han ikkje vilde koma. Tore dreiv gjøn med ferdi hans Aasbjørn. «De er stor manne-mun paa oss frendane hans Aasbjørn,» segjer han, «og de kan ein merka paa han og, daa han møddest fælt for aa lyda innum til Erling paa Jaren i sumar, men no vil han ikkje koma til næste huse til meg. Eg veit ikkje um han trur at han vil raaka Sel-Tore paa kvar holme.» Slike ord og andre av same slage fekk Aasbjørn høyra fraa Tore. Aasbjørn var ille nøgd med ferdi si, og endaa mindre lika han seg, naar han høyrde at de slik vart til laatt og løgje. Han var heime um vetteren og fór ikkje til gjestebod nokon stad.
118. Aasbjørn hadde eit langskip, ei tjugetofta snekkje, som stod i eit stort naust. Etter kyndilsmess[219] lét Aasbjørn skuva skipe paa vatne og bera reidskapen um bord og budde skipe. So stemnde han venine sine til seg og hadde innpaa 90 mann, som alle var godt væpna. Daa han var seglbudd og han fekk vind, siglde han søretter langs med lande. Dei var no paa vegen, men de gjekk seint med aa faa bør. Daa dei kom sør i lande, siglde dei meir utanskjers enn skipsleidi, naar dei kunde koma til. De hende inginting paa ferdi deira, fyrr dei kom inn til Kormt um kvelden torsdagen i paaskeviko[220]. Denne øyi er soleis laga, at ho er stor og lang, men for de meste ikkje breid. Ho ligg attmed skipsleidi paa den ytre sida, de er ei stor bygd der, men ute ved have er øyi ubygd paa mange stadir. Aasbjørn lagde inn til øyi paa utsida, der som de var ubygt. Daa dei hadde tjelda, sagde Aasbjørn: «No skal De vera etter her og bida paa meg; eg vil ganga upp paa øyi og spæja etter kor de stend til her paa øyi, daa me ikkje hev høyrt noko i fyrivegen.» Aasbjørn hadde stygge klæde og ein sid hatt og ein baatshake i handi og eit sverd um live under klædi. Han gjekk i land og inn yvi øyi. Men daa han kom upp paa ein bakke, so han kunde sjaa i garden paa Ogvaldsnes og fram i Karmtsund, saag han mykje folk som var ute og ferdast, baade paa sjøen og lande, og alle desse folk drog til garden paa Ogvaldsnes. Dette totte han var underlegt. Sidan gjekk han inn paa garden, der som tenarane laga til maten. Daa høyrde han strakst og skyna paa svalle deira at kong Olav var komin til gjestebods der, og at kongen nett var gjengin til bords. Daa gjekk Aasbjørn til stogo, og daa han kom inn i forstogo, gjekk den eine ut og den andre inn, og ingin gav gaum etter honom. Stogudøri var opi, og han saag at Tore Sel stod framanfor høgsætes-borde. De var seint paa kvelden. Aasbjørn høyrde at folk spurde Tore um korleis de hadde tilgjengi med honom og Aasbjørn, og at Tore kom med ei lang forteljing, og Aasbjørn totte greidt at han forvende sanningi. Daa høyrde han ein som sagde: «Korleis bar Aasbjørn seg daa De lossa skipe?» Tore segjer: «Han bar seg daa paa ei vis, daa me lossa skipe, men slett ikkje godt; men daa me tok segle fraa han, daa grét han.» Daa Aasbjørn høyrde dette, drog han sverde hardt og fort og sprang inn i stogo og hogg strakst til Tore. Hogge raaka han bak paa halsen, og hovude datt ned paa borde framfor kongen, og kroppen paa føtane hans, og borddukane vart utbloda baade uppe og nede. Kongen bad deim taka Aasbjørn og leida han ut, og dei tok han og leidde han ut or stogo. Dei tok og bar ut heile bordstelle og dukane, og bar ut like hans Tore, og sopa alt de som var blodut. Kongen var ovleg harm, men styrde godt ordi sine, som han gjorde stødt.
Skjalg Erlingsson stod upp og gjekk framfor kongen og sagde: «De er no som so tidt, at ein lyt venda seg til Dykk, naar ein vil hava botevon. Eg vil bjoda pengar for denne mannen, so han kan faa hava liv og lemir; men alt de andre skal De styra og stella med, konge.» Kongen segjer: «Er ikkje de livssak, Skjalg, naar ein mann bryt paaskefreden? og de med, at han drap ein mann i kongens hus; og for de tridje, at han hadde føtane mine til hoggestabbe, som du og far din vel synest ikkje er so faarlegt.» Skjalg svara: «De er leidt, konge, at De mislikar dette; men elles hadde de vori eit godt verk han gjorde. Men um De hev imot denne gjerningi, konge, og tykkjer at de er ei vigtug sak, so vonar eg at eg fær noko att av Dykk for tenesta mi; og de er nok mange som vil segja at De godt kan gjera de.» Kongen svarar: «Endaa du er ein dugande mann, Skjalg, vil eg ikkje for di skuld brjota lovi og gjeva fraa meg den kongelege heideren.» Daa gjekk Skjalg burt og ut or stogo. Tolv mann hadde vori der med Skjalg, og alle desse fylgde han, og mange andre og gjekk burt med han. Skjalg sagde til Torarin Nevjolvsson: «Vil du vera godvenir med meg, so lyt du leggja deg um, so mykje du kan, at ikkje mannen vert drepin fyri sundag.» Deretter fór Skjalg og mennane hans og tok ei ror-skute som han aatte, og rodde søretter, so fort dei orka, og kom til Jaren i graalysingi. Dei gjekk strakst upp til garden og til de lofte som Erling sov i. Skjalg flaug mot døri, so ho rauk sund ved naglane, Erling, og dei andre som var inne, vakna ved dette. Han kom fyrst paa føtane og treiv skjolden sin og sverde og flaug til døri, og spurde kven som kom farande so illsnarpt. Skjalg nemnde seg og bad han lata upp døri. Erling sagde: «Ein kunde mest vita de maatte vera du som fór so gapeleg, eller er de nokon etter dykk?» Dermed lét dei upp døri. Daa sagde Skjalg: «Endaa du tykkjer at eg fer illsnarpt, so tenkjer eg at Aasbjørn, frenden din, ikkje tykkjer eg er for snar, der han sit nord paa Ogvaldsnes i lekkjur; de er meir mannelegt aa fara dit og hjelpa han.» Etter dette talast faren og sonen ved, og Skjalg fortalde Erling korleis alt hadde gjengi til med at Sel-Tore vart drepin.
119. Kong Olav sette seg i sæte sitt, daa dei hadde flitt i stogo, og han var fælande harm. Han spurde korleis de var med draapsmannen. Dei fortalde han at han var under vakt ute i svali. Kongen segjer: «Kvi er han ikkje drepin?» Torarin Nevjolvsson svarar: «Herre, kallar De ikkje de for mord, aa drepa folk um natti?» Daa sagde kongen: «Sèt han i lekkjur og drep han i morgon.» Daa vart Aasbjørn sett i lekkjur og innestengd aaleine i eit hus um natti. Dagen etter lydde kongen morgon-messa, og so gjekk han til møte og sat der radt til høgmesse. Daa gjekk han til messa, og daa han gjekk fraa gudstenesta, sagde han til Torarin: «Skal tru soli stend so høgt no, at dei kan hengja Aasbjørn, venen Dykkar?» Torarin svara og bukka for kongen: «Herre, bispen sagde fyrre fredagen[221], at den kongen, som hev alt i si magt, tolde haad og spott, og at den er sæl, som heller vil likjast honom enn deim som daa dømde mannen[222] fraa live, eller deim som var skuld i manndraape. No er de ikkje langt til i morgon, og daa er de vyrkedag[223].» Kongen saag burt paa han og sagde: «Du skal faa din vilje; han skal ikkje verta drepin i dag. No skal du taka imot han og vakta paa han; og de skal du vita for visst, at de gjeld live ditt, um han kjem seg undan paa eikor vis.» Dermed gjekk kongen sin veg. Men Torarin gjekk dit som Aasbjørn sat i jarn. Daa tok Torarin lekkjune av han og fylgde han til ei liti stogu og lét deim gjeva han mat og drikke, og fortalde han kva kongen hadde lova, um han rømde burt. Aasbjørn svara at Torarin turvte ikkje vera rædd. Torarin sat lengi hjaa han der um dagen og sov der um natti. Laurdagen stod kongen upp og gjekk til morgon-messe, og so var han paa møte, og der var de komi mange bøndar og hadde mange kjæremaal. Kongen sat lengi der um dagen, og de var heller seint, daa dei gjekk til høgmesse. Sidan gjekk kongen til bords. Daa han hadde eti, drakk han ei stund og lét bordi standa. Torarin gjekk til den presten som hadde tilsyn med kyrkja, og gav han 2 øyrar sylv for at han skulde ringja inn helgi i de same dei tok burt kongens bord. Daa no kongen hadde drukki so lengi han syntest, tok dei bordi burt. Daa sagde kongen, at no var de paa tid at trælane tok draapsmannen og drap han. I de same ringde dei inn helgi. Daa gjekk Torarin for kongen og sagde: «Liv og fred maa vel denne mannen hava i helgi, endaa han hev forbroti seg ille.» Kongen segjer: «Pass paa han, Torarin, so han ikkje kjem seg undan.» Daa gjekk kongen i kyrkja og høyrde non-messa; men Torarin sat hjaa Aasbjørn daa og. Sundagen gjekk bispen til Aasbjørn og skrifta han og gav han lov til aa lyda høgmesse. Daa gjekk Torarin til kongen og bad han faa folk til aa vakta paa draapsmannen. «No vil eg,» sagde han, «vera fri denne saki.» Kongen takka han for dette og fekk folk til aa vakta paa Aasbjørn, og daa hadde dei lekkjur paa han. Daa dei gjekk til høgmesse, leidde dei Aasbjørn til kyrkja, og han og dei som vakta paa han stod utanfor kyrkja; men kongen og heile aalmugen stod inne og lydde messa.
120. No skal me taka paa der me slapp, at Erling og Skjalg, son hans, samraadde seg um denne vanskelege saki. Skjalg og dei andre sønine hans mana paa, so de vart avgjort, at dei skulde samla folk og skjera upp her-pil, og de kom strakst mykje folk ihop. Dei gjekk um bord, og daa dei heldt manntal, var de innpaa 1500 mann. Med denne heren fór dei stad og kom um sundagen til Ogvaldsnes paa Kormt, og gjekk upp til garden med heile heren, og kom ved de leite daa evangelium var upplesi. Dei gjekk strakst upp til kyrkja og tok Aasbjørn og braut lekkjune av han. Ved dette staake og vaapnbrake sprang alle dei inn i kyrkja som fyrr var ute, men dei som var i kyrkja saag ut alle ihop, so nær som kongen, han stod still og saag seg ikkje um. Erling og sønine hans stelte upp mannskape sitt paa baae sidune aat vegen som gjekk fraa kyrkja og til stogo. Erling og sønine hans stod næmast stogo. Daa alle messune var sungne, gjekk kongen strakst ut or kyrkja; han var den fyrste som gjekk igjenom trongen, og sidan gjekk den eine etter den andre av mennane hans. Strakst han kom heim til stogudøri, gjekk Erling fram for døri og bukka for kongen og helsa paa han. Kongen svara og bad Gud hjelpa han. Daa tok Erling til orde: «De er sagt meg, at Aasbjørn, frenden min, hev gjort ei stor misgjerning, og de er ille, konge, um de er hendt noko som De er mistykkin for. No er eg komin hit og vil bjoda forlik for han og slike bøtar som De sjølv vil setja, men til vederlag vil eg hava liv og lemir for han og rett til aa vera i lande.» Kongen svarar: «De synest meg, Erling, at De no tykkjest hava saki hans Aasbjørn i Dykkar magt, og eg veit ikkje kvifor du læst bjoda forlik for han. Eg tenkjer at du hev samla ein stor her for di du no etlar deg til aa avgjera de som er oss imillom.» Erling segjer: «De skal raada, konge, og raada soleis at me skilst forlikde.» Kongen sagde: «Tenkjer du paa aa skræma meg, Erling? er de difor du kjem so mannsterk?» «Nei,» segjer Erling. «Men bur de noko anna under, so vil eg ikkje fly no,» segjer kongen. Erling svarar: «Du tarv ikkje minna meg um de, at naar me hev raakast fyrr, hev eg havt lite folk imot deg. Men no skal eg ikkje dylja for de som bur i hugen min, at eg vil at me skilst forlikte, eller so er de ventelegt, at eg ikkje vil lata de koma til fleire møte millom oss.» Daa var Erling raud som blod i andlite. No gjekk bispen Sigurd fram og sagde til kongen: «Herre! eg byd Dykk for Guds skuld lyda paa meg og forlika Dykk med Erling, soleis som han byd, so mannen vert trygg paa liv og lemir, men De raar aaleine for alle skilordi.» Kongen svarar: «De skal raada.» Daa sagde bispen: «Erling, gjev kongen den trygdi som han vil hava, og so skal Aasbjørn beda um naade og gjeva seg i kongens vald.» Erling gav kongen ei trygd, som han tok imot. Deretter bad Aasbjørn um naade og gav seg i kongens vald og kysste kongen paa handi. Daa gjekk Erling burt med mannskape sitt, og dei helsa ikkje til kvarandre, men kongen gjekk inn i stogo, og Aasbjørn var med han. Sidan kunngjorde kongen forliks-vilkaari og sagde: «De skal vera fyrste vilkaare i forlike vaart, Aasbjørn, at du skal ganga under den landslovi, at den mannen som drep kongens tenestemann skal taka paa seg den same tenesta, um kongen vil. No vil eg at du skal taka paa deg dette aarmanns-umbod som Sel-Tore hev havt, og driva garden min her paa Ogvaldsnes.» Aasbjørn segjer at de skulde vera so som kongen vilde; «men fyrst lyt eg fara heim til garden min og rettleida der.» Kongen var vel nøgd med de, og fór derifraa til eit anna gjestebod som var tilstelt aat han. Aasbjørn gjekk og fann ferdafylgje sitt, som hadde legi i ei løynvik heile tidi medan Aasbjørn var burte. Dei hadde fengi nysn um korleis de gjekk han, og vilde ikkje fara, fyrr dei fekk vita kva enden vart paa dette. Sidan gav Aasbjørn seg paa vegen, og stana ikkje fyrr han kom nord til garden sin um vaaren; fraa den tid kalla dei han Aasbjørn Selsbane. Aasbjørn hadde ikkje vori lengi heime, fyrr han og Tore, frenden hans, møttest og talast ved. Tore spurde Aasbjørn grant ut um ferdi hans og um alt de som hadde hendt paa den, og Aasbjørn fortalde alt, soleis som de hadde gjengi fyri seg. Daa sagde Tore: «No tykkjer du vel at du hev fritt deg fraa den skammi, at dei røva fraa deg i haust?» «Ja, de gjer eg,» sagde Aasbjørn, «eller kva synest du, frende?» «De skal eg radt segja,» sagde Tore. «Den fyrste ferdi du gjorde sør i lande var skamleg, men de var daa nokor botevon med den. Men denne ferdi er ei skam baade for deg og frendane dine, um de vert noko av med de, at du vert kongens træl og jamning med han skarven Tore Sel. Ver no so mykje til kar, at du heller sit heime paa eigedomane dine her, so skal me frendane dine hjelpa deg, so du aldri skal koma slik i lægervall meir.» Dette totte Aasbjørn godt um, og fyrr han og Tore skildest, gjorde dei den avtala, at Aasbjørn skulde sitja paa garden sin og ikkje fara til kongen meir eller gjeva seg i tenesta hans. Og han so gjorde og sat heime paa gardane sine.
121. Fraa den tid daa kong Olav og Erling Skjalgsson raakast paa Ogvaldsnes, vart de usemju millom deim paa nytt lag, og denne auka paa, til dess de vart full fiendskap millom deim. Kong Olav fór paa gjestebod paa Hordaland um vaaren, og so fór han upp til Voss, daa han spurde at de var smaatt med trui bland folke der. Han heldt ting med bøndane ein stad som heiter Vangen[224], og der kom bøndane mangmente og fullt væpna. Kongen baud deim taka ved kristindomen, men bøndane baud honom slag igjen, og de gjekk so vidt, at dei fylkte heren paa baae sidur. Men daa gjekk de soleis med bøndane, at dei fekk ein kvekk i live, og ingin vilde standa fremst; og sistpaa vart de til de, som bata deim mest, at dei gav seg under kongen og tok ved kristindomen, og kongen skildest ikkje fraa deim fyrr alle var kristna. De var ein dag som kongen reid vegen sin fram og song salmane sine; men daa han kom gjegnt imot nokre haugar, stana han og sagde: «Desse ordi mine skal ganga fraa mann til mann, at eg segjer de ikkje er raadlegt, at nokon norsk konge heretter dags fer millom desse haugane.» De er og ei segn millom folk, at dei fleste kongane hev agta seg for de sidan. Deretter fór kong Olav ut til Ostrarfjord[225] og kom til skipi sine der og fór nord i Sogn og var umkring paa gjestebod der um sumaren. Daa de tok til aa hausta, siglde han innetter fjorden; derifraa fór han upp til Valdres; der var dei heidningar endaa. Kongen nøytte seg de meste han kunde upp til vatne[226] og kom uventande paa bøndane der, og tok skipi deira og gjekk um bord paa deim sjølv med heile mannskape sitt. Sidan sende han bodstikka umkring og sette tinge so nær vatne, at kongen hadde alle skipi i si magt, um han totte han trengde til deim. Bøndane søkte til tinge med ein stor og fullt væpna her. Kongen baud deim kristindomen, men bøndane ropte imot og bad han tegja seg, og gjorde strakst eit fælt staak og vaapnbrak. Men daa kongen saag at dei ikkje vilde lyda paa de som han lærde deim, og at dei hadde so mykje folk, at han ikkje kunde greida seg, so slo han um og spurde deim um de var nokre paa tinge som hadde sakir med kvarandre, som dei vilde at han skulde forlika. Ein merka snart paa de bøndane sagde, at de var mange som var usams av deim som no hadde flokka seg ihop og vilde tala mot kristindomen, og strakst bøndane tok til aa segja kjæremaali sine, freista kvar av deim paa aa draga folk til seg til aa stø uppunder saki si. Med dette gjekk heile den dagen, og um kvelden enda tinge. Strakst bøndane hadde spurt at kong Olav hadde fari um Valdres og var komin ned til bygdi, hadde dei sendt her-pil umkring og stemnt ihop baade fri og træl. Med denne heren fór dei mot kongen, so de var audt for folk rundt umkring i bygdi. Bøndane heldt seg samla, daa, tinge var slutta, og dette fekk kongen vita um. Han gjekk um bord paa skipi sine og lét ro tvert yvi vatne um natti; der gjorde han landgang upp i bygdi og lét deim brenna og røva. Dagen etter rodde dei fraa nes til nes, og kongen lét brenna heile bygdi. Daa bøndane, som heldt seg samla, saag røyken og logen i gardane sine, vart dei lause i flokken; kvar ein gjekk burt og hadde seg heim og vilde sjaa um dei kunde finna huslyden sin. Men strakst de gjekk hol paa flokken, gjekk den eine burt etter den andre, til dei skilde seg i berre smaaflokkar. Men kongen rodde yvi vatne att og brende daa paa baae sidur. Daa kom bøndane til han og bad um naade, og baud han at dei skulde gjeva seg under han. Han gav kvar mann liv og fred som kom til han og bad um de, og eigedomen deira med, og de var ingin som lagde imot kristindomen. Deretter lét kongen døypa folke og tok gislar av bøndane. Kongen gav seg til lengi der um hausten og lét skipi draga yvi eide millom vatni; men kongen fór sjeldan yvi land upp fraa vatni, daa han trudde bøndane ille. Han lét byggja og vigja kyrkjur der og sette inn prestar. Daa de leid so langt at kongen tenkte de var von um frost, drog han upp i lande og kom fram paa Totn. Dette nemner Arnor Jarlaskald, at kong Olav hadde brent paa Upplandi, i eit dikt som han laga um Harald, bror hans.[227]
Sidan fór kong Olav nord igjenom Dalane radt til fjelle[228] og stana ikkje fyrr han kom til Trondheim og alt til Nidaros; der vetterstelte han seg og sat der um vetteren. Dette var de tiande aare av kongedøme hans. Sumaren fyrr fór Einar [1023] Tambeskjelvar ut or lande, og fyrst vest til England, og der raaka han paa Haakon jarl, maagen sin, og gav seg til der hjaa honom ei stund. Sidan fór Einar til kong Knut og fekk store gaavur av han. Dermed fór Einar sjøvegen søretter alt til Romaborg[229] og kom att andre sumaren, og daa fór han til [1024] gardane sine; han og kong Olav raakast ikkje den gongen.
122. De var eit kvende som heitte Alvhild, som dei kalla for kongens tenestgjente, men var komi av god ætt. Ho var framifraa fager, og ho var ved hirdi hjaa kong Olav. Denne vaaren hende de seg, at Alvhild vart med barn, [1024] og kongens gode venir visste at han var far til dette barne. De hende seg ei natt, at Alvhild fekk vondt, og berre faa folk var til staes, nokre kvende og ein prest og Sigvat skald og nokre faa andre. Alvhild hadde de hardt og var nær dauden. Ho fødde eit gutebarn, og de var ei stund dei ikkje rett visste um de var liv i barne. Men daa barne skaut anden, endaa berre ørlite grande, bad presten Sigvat ganga stad og segja de til kongen. Han svara: «Eg torer ikkje for alt eg veit vekkja kongen, for di at han forbyd kvar mann aa uroa han, naar han søv, fyrr han vaknar sjølv.» Presten svarar: «Men de er reint naudturvelegt, at dette barne vert døypt strakst; eg synest de er lite liv i de.» Sigvat sagde: «Eg torer heller vaaga paa aa lata deg døypa barne, enn eg vil vekkja kongen. Eg skal taka vond-ordi paa meg og gjeva barne namn.» Soleis gjorde dei daa; barne vart døypt og fekk namne Magnus. Morgonen etter, daa kongen var vakna og klædd, fekk han vita alt um denne hendingi. Daa lét kongen kalla Sigvat til seg og sagde: «Kvifor var du so djerv, at du lét døypa barne mitt, fyrr eg visste um de?» Sigvat svara: «For di eg heller vilde gjeva Gud tvo menn enn fanden ein.» Kongen sagde: «Kvifor var de so naudturvelegt?» Sigvat svara: «Barne var nær innpaa dauden, og vilde vera fandens mann, um de døydde som heidning; men no var de Guds mann, og so visste eg de og, at um du vart harm paa meg, galdt de ikkje meir enn live mitt, og vil du at eg skal missa de for denne tingen, so vonar eg at eg vert Guds mann.» Kongen sagde: «Kvifor lét du guten heita Magnus? de brukast ikkje i vaar ætt.» Sigvat svara: «Eg kalla uppatt kong Karlamagnus[230]; de var den beste mannen eg visste i verdi.» Daa sagde kongen: «Du er ein mann som hev lukka med deg, Sigvat, og de er ikkje aa undrast paa, at lukke og vit fylgjest aat, men de er underlegt, som stundom kan henda, at lukka fylgjer uvituge folk, so ei uvitug raad vender seg til de gode.» Daa var kongen ovende glad. Guten vart uppfødd, og vart snart emneleg, daa han fekk aari paa seg.
123. Same vaaren gav kong Olav Aasmund Grankjelsson sysla paa Haalogaland til halves med Haarek paa Tjotta; Haarek hadde fyrr havt de heile, noko i len og noko i veitsle[231], Aasmund hadde ei skute med innpaa 30 mann godt væpna. Daa Aasmund kom der nord, raakast han og Haarek. Aasmund fortalde han korleis kongen hadde skipa de med sysla, og synte fram kongens jartegnir. Haarek sagde de, at kongen fekk raada for kven som skulde hava sysla; «men soleis gjorde ikkje dei gamle hovdingane,» sagde han, «at dei minka retten for oss, som er ættborne til aa faa magt av kongane, og gav ho i hendane paa bondesønir, som aldri fyrr hev havt slikt aa stella med.» Men endaa de synte paa Haarek, at han ikkje lika dette, so lét han Aasmund lel taka mot sysla, som kongen hadde sendt bod um. Aasmund fór heim til far sin og gav seg til der ei kort stund, og sidan fór han nord til sysla si paa Haalogaland. Daa han kom nord til Langøy[232], budde de tvo brørar der; den eine heitte Gunnstein og hin Karle, og dei var rike og høgvyrde menn. Gunnstein var den eldste av brørane og dreiv gardbruk. Karle var ein vakker mann og slo stort paa, men baae tvo var store itrottsmenn i mange stykke. Aasmund vart godt mot-tekin der og gav seg til der ei stund og samla dei innkomune av sysla han kunde faa. Karle tala med Aasmund um at han vilde fara søretter med han til kong Olav og beda um aa faa koma inn i hirdi. Aasmund talde han til dette og lova at han skulde leggja godt fór han hjaa kongen, so Karle kunde faa de som han ynskte, og soleis slo Karle seg i lag med Aasmund. Aasmund spurde at Aasbjørn Selsbane var reist sør til Vaage-stemna[233] med ei stor førsleskute som han aatte, og innpaa 20 mann um bord, og at han no var ventande sunnantil. Aasmund fór søretter langs med lande og hadde motvind, men ikkje sterk. Dei møtte ymse skip som høyrde til Vaage-floten, og no spurde dei stillt ut um ferdi hans Aasbjørn. De vart sagt deim, at han no var paa vegen nordetter. Aasmund og Karle var sengnøyte og gode venir. Ein dag, som Aasmund og mennane hans rodde, fram igjenom eit sund, kom de ei førsleskute siglande imot deim. Dette skipe var lett kjennande; de blenkte i framstamnen og var maala med raud og kvit farge, og segle var striput. Daa sagde Karle til Aasmund: «Du røder tidt um at du er so forvitin etter aa faa sjaa han Aasbjørn Selsbane; eg kan ikkje kjenna skip, er de ikkje han som sigler der.» «Gjer so vel daa, kammeraten min,» svara Aasmund, «og seg meg til, um du kjenner han.» I de same kom skipi paa sidt aat kvarandre, og Karle sagde: «Der sit han Selsbanen ved styre i ein blaa kjole.» «Eg skal gjeva han ein raud kjole, svara Aasmund, og dermed skaut Aasmund eit spjot etter Aasbjørn Selsbane og raaka han midt paa live; spjote flaug igjenom han, so de stod fast i hovudfjøli, og Aasbjørn stupte daud ned fraa styre. Sidan fór baae skipi kvar sin veg, og dei førde like hans Aasbjørn nord til Traandarnes. Daa lét Sigrid sende bod paa Tore Hund paa Bjarkøy, og han kom, daa dei hadde flitt like hans Aasbjørn, som skikk var. Daa dei fór burt gav Sigrid gaavur til venine sine. Ho fylgde Tore ned til skipe; men fyrr dei skildest, sagde ho: «No er de so, Tore, at Aasbjørn, son min, lydde dine veneraadir. No var han ikkje so langt liv lagi, at han kunde løna deg de, som du hadde fortent; men endaa eg no magtast mindre enn han hadde gjort, so skal eg leggja godviljen til likevel. Her er no ei gaave, eg vil gjeva deg, og eg skulde ynskja at du fekk gagn av ho.» De var eit spjot. «Her er no de spjote, sagde ho, «som stod igjenom Aasbjørn, son min, og blode er paa endaa; daa kan du hugsa betre paa, at de høver aat de saare som du saag paa Aasbjørn, brorson din. No gjorde du som ein kar, um du slepte dette spjote soleis av hendane, de stod i brjoste paa Olav Digre, og de segjer eg deg,» sagde ho, «at du vert kvarmanns niding, um du ikkje hemner Aasbjørn.» Dermed gjekk ho burt. Tore vart so uppøst av ord hennar, at han kunde ikkje svara eit ord, og ansa ikkje paa aa sleppa spjote, og ansa ikkje paa bryggja, og han hadde gjengi lukt i sjøen, hadde ikkje folk teki han og haldi han, daa han gjekk ut paa skipe. De var eit «maalaspjot»[234] ikkje vidare stort, og falen[235] var gullslegin. Daa rodde Tore og mennane hans burt og heim til Bjarkøy. Aasmund og fylgje hans fór sin veg, til dei kom sør til Trondheim til kong Olav, og Aasmund fortalde daa kongen de som hadde hendt paa ferdi hans. Karle vart kongens hirdmann, og han og Aasmund heldt ved og var gode venir. Men dei ordi som fall millom Aasmund og Karle, fyrr Aasbjørn vart drepin, fór ikkje i løynd, daa dei sjølve fortalde de til kongen. Men de gjekk der, som dei segjer, at kvar hev ein ven millom uvenir. De var nokre der som lagde dette paa minne, og fraa deim kom de attfor Tore Hund.
124. Daa de leid ut paa vaaren, laga kongen seg til og budde skipi sine og fór søretter um sumaren langs med lande, heldt ting med bøndane og forlikte folk og seda[236] lande, og tok imot kongens skattar, kor han kom. Um sumaren fór kongen alt aust til landsenden. Daa hadde kong Olav kristna storbygdine i lande og skipa lovine i heile lande. Daa hadde han lagt under seg Orknøyane og, som fyrr er fortalt. Han hadde sendt ordsendingar og fengi seg mange venir paa Island og Grønland med, og sameleis paa Færøyane. Kong Olav hadde sendt timber til ei kyrkje paa Island, og denne kyrkja vart uppsett paa Tingvollen, der som Altinge[237] er. Han sende ei stor klokke med, som er der endaa. Dette var etter at islendingane hadde gjort um lovi si og innført kristinretten, soleis som kong Olav hadde sendt bod til deim um. Sidan fór de mange høgsette menn fraa Island, som gjekk i tenesta hjaa kong Olav. Der var Torkjel Øyolvsson[238], Torleik Bolleson[239], Tord Kolbeinsson[240], Tord Borksson[241], Torgeir Haavarsson og Tormod Kolbrunarskald[242]. Kong Olav hadde sendt venegaavur til mange hovdingar paa Island, og dei sende honom att slike ting som fanst der og dei tenkte at han helst vilde synast var sendande. Men i dette venskapsmerke, som kongen gav Island, var de fleire ting som laag under, og som sidan kom upp.
125. Kong Olav sende denne sumaren Torarin Nevjolvsson til Island i ei ærend for seg, og Torarin siglde ut fraa [1024] Trondheim med skipe sitt, daa kongen fór, og fylgde han sør til Møre. Derifraa siglde Torarin ut til havs, og fekk so strjukande medvind, at han naadde fram til Øyrar[243] paa Island paa 4 dagar. Han fór strakst til Altinge, og kom der nett som folk var paa Lagberge[244], og gjekk strakst dit. Daa rettssakine var avgjorde der, tok Torarin Nevjolvsson til orde: «For fire dagar sidan skildest eg fraa kong Olav Haraldsson; han sender Guds og si helsning til alle hovdingane og landsstyrarane og heile aalmugen, karfolk og kvende, unge og gamle, rike og fatige her i lande, og segjer at han vil vera kongen dykkar, soframt De vil vera hans undersaattar, og at De og han skal vera venir og hjelpa kvarandre til alt godt.» Dei svara blidsleg paa tala hans, og alle sagde at dei gjerne vilde vera venir med kongen, um han vilde vera ven med landsens folk. Daa tok Torarin til orde: «Med helsningi fraa kongen fylgjer de og ei venleg bøn til nordlendingane, at dei vil gjeva han den øyi eller de utskjere som ligg utanfor Øyafjorden, og som dei kallar Grimsøy, og han vil gjeva dykk att av sitt land de gode som De kan nemna aat han. Han sender bod til Gudmund paa Modruvellir um at han skal hjelpa han i denne saki, daa han hev spurt at Gudmund hev meste magti der.» Gudmund svarar: «Eg hev god hug paa venskap med kong Olav, og eg tenkjer de vert til større bate for meg enn de utskjere som han bed um; men de er ikkje rett, som kongen hev høyrt, at eg hev meir magt yvi dette enn andre, for no er de gjort til aalmenning. No vil me hava eit møte oss imillom, me som hev meste nytta av øyi.» Dermed gjekk folk til budine[245] sine. Etter dette hadde nordlendingane eit møte imillom seg, og rødde um denne saki, og daa sagde kvar si meining. Gudmund tala for saki, og mange andre fylgde honom. Daa spurde nokre, kvifor ikkje Einar, bror hans, tala um dette; «me tykkjer,» sagde dei, «at han er mest gløggsynt i dei fleste ting.» Daa svara Einar: «Difor er eg so faamælt i denne saki, for di ingin hev spurt meg; men skal eg segja mi meining, so tenkjer eg at de er de beste for folk her til lands, at dei ikkje tek paa seg skattegaavune til kong Olav og alle dei paalegg som han hev lagt paa folke i Norig, og dette hardstyre vil me ikkje føra paa oss berre, men baade paa oss og sønine vaare og sønine deira og heile ætti vaar, som byggjer dette lande. Og denne trældomen vil aldri falla burt eller sleppa dette lande; og endaa um denne kongen er ein god mann, som eg gjerne trur han er, so vil de vel ganga heretter dags som til dessa, naar de vert kongeskifte, at dei er misjamne, sume gode og sume laake. Men vil landsfolke hava den fridomen som dei hev havt fraa di dette lande vart bygt, so er de ingi onnor raad, enn at me ikkje gjev kongen noko fotfeste, korkje med eigedomar her i lande eller med aa betala han fastsette skattar herfraa, so de kunde sjaa ut liksom me var undersaattar. Men de segjer eg er høvelegt, at dei som vil sender kongen venegaavur, haukar eller hestar, tjeld eller segl eller andre ting som er sendande, og dette er ikkje burtkasta, um me fær venskap i staden. Men um Grimsøy vil eg segja de, at naar de ikkje vert utført matvarur derifraa, so kan ein der føda ein heil her, og er de ein utanlands-her der, som fer med langskip derifraa, so tenkjer eg at mang ein smaabonde vil synast de vert trongt for døri.» Strakst Einar hadde sagt de og lagt ut um alt dette, so vart heile aalmugen som ein mann samstelt um at dette kunde dei ikkje ganga inn paa, og Torarin saag no kva endelykt de vart paa ærendi hans.
126. Andre dagen gjekk Torarin til Lagberge og dreiv paa ærendi si att og byrja soleis: «Kong Olav sende bod til venine sine her i lande, og nemnde Gudmund Øyolvsson, Snorre gode, Torkjel Øyolvsson, Skafte lovsegjings-mann og Torstein Hallsson[246]. Han sende bod til dykk, at De skulde koma til han og taka mot venskaps-tilbode hans; han sagde at De skulde ikkje setja denne ferdi i gløymeboki, soframt De brydde dykk noko um venskapen hans.» Dei svara paa dette og takka kongen for innbjodingi, og sagde at dei skulde segja fraa um ferdi si til Torarin sidan, naar dei hadde tenkt etter denne saki for seg sjølve og med venine sine. Daa no hovdingane tok til aa talast ved um dette, sagde kvar som han syntest um denne ferdi. Snorre gode og Skafte talde fraa, at dei skulde vaaga seg ut for Norigs menn paa den maaten, slik at alle dei paa ein gong fór dit som raadde mest for lande. Dei sagde at dei av denne ordsendingi fekk ein mistanke um de, som Einar og hadde slegi frampaa um, at kongen tenkte paa aa tvinga islendingane paa einkvar maaten, um han kunde koma til. Gudmund og Torkjel Øyolvsson mana paa deim, at dei skulde fylgja ordsendingi fraa kong Olav, og sagde at dette var ei stor heidersferd. Men daa dei dryfte denne saki imillom seg, vart de ei avtale, at dei skulde ikkje fara sjølve, men kvar av deim skulde senda ein mann i sin stad, som dei totte var mest høveleg til de, og med di skildest dei paa dette tinge, og de vart ingi Norigs-ferd av den sumaren. Torarin fór baade ut og attende den sumaren, og kom um hausten til kong Olav og sagde korleis de hadde gjengi med ærendi hans, og at hovdingane vilde koma fraa Island, som han hadde sendt bod til deim um, eller so sønine deira.
127. Same sumaren kom, etter ordsending fraa kong Olav, Gille lovsegjings-mann, Leiv Ossursson, Toralv fraa Dimun[247] og mange andre bondesønir fraa Færøyane til Norig. Traand i Gata[248] laga seg til aa fara, men daa han var mest ferdig, vart han sengfast, so han inginstad kunde koma, og vart att. Daa færøyingane kom til kong Olav, kalla han deim til seg til ei samtale og hadde eit møte med deim, og daa kom han fram med den meiningi som han hadde med ferdi deira, og sagde deim at han vilde hava skatt av Færøyane, og at færøyingane skulde hava den lovi som kong Olav gav deim. I dette møte kunde dei merka paa ordi til kongen, at han vilde hava trygd paa dette av dei færøyingane som var komne dit, soleis at dei skulde sverja og gjera eiden sin paa denne avtala. Han tilbaud dei mennane som han totte var dei gjævaste der, at dei skulde ganga i tenesta hans og faa ære og venskap av han. Færøyingane forstod kongens ord slik, at de var uvisst, korleis de vilde bera i vegen, soframt dei ikkje vilde finna seg i alt de som kongen bad um. Men endaa dei hadde fleire stemnelag i denne saki, fyrr ho vart avgjord, so fekk kongen fram likevel de som han bad um. Leiv og Gille og Toralv gjekk i kongens teneste og vart hirdmennane hans, og heile ferdalage gjorde eiden sin paa de til kong Olav, at dei skulde halda den lov og landsrett paa Færøyane som han gav deim, og svara den skatten han lagde paa deim. Sidan laga desse færøyingane seg paa heimferdi, og daa dei skildest, gav kongen venegaavur til deim som var gjengne i tenesta hans, og daa dei var ferdige, fór dei. Kongen lét bu eit skip og fekk i mannskap og sende til Færøyane, som skulde taka mot skatten, som færøyingane skulde betala han. De drygde, fyrr dei vart reiduge og kom av stad, og um ferdi deira kan me fortelja, at dei ikkje kom att, og at de kom ingin skatt sumaren etter heller, for di dei var ikkje komne til Færøyane, og de var ingin som hadde kravt skatt der heller.
128. Kong Olav fór um hausten inn i Viki og sende fyribod til Upplandi og tilsagde gjestebod, daa han var meint paa aa fara um Upplandi um vetteren. Sidan gav han seg paa vegen og fór til Upplandi. Denne vetteren gav kong Olav seg til paa Upplandi og fór paa gjestebod der og rettleidde alt de som han totte trengde til umbot der, og skipa paa kristindomen daa med, der han totte de trengdest. Daa kong Olav var paa Heidmarki, hende de seg, at Kjetil Kalv fraa Ringnes[249] fridde til Gunnhild, dotter hans Sigurd Syr og hennar Aasta; Gunnhild var syster til kong Olav, og kongen hadde aa svara og raada i denne saki. Han tok godt imot dette, daa han visste um Kjetil at han var ein storætta og rik og klok mann og ein stor hovding, og han hadde lengi vori gode venir med kong Olav, som fyrr er fortalt. Alt dette gjorde de, at kongen unte Kjetil dette giftarmaale, og de vart soleis, at Kjetil fekk Gunnhild, og kong Olav var med i brudlaupe. Derfraa fór kong Olav nord i Gudbrandsdalen og var i gjestebod der. Der budde de ein mann som heitte Tord Gutormsson, paa ein gard som heiter Steig[250], og han var den megtugaste mannen i nørdste-luten av Dalane. Daa han og kongen møttest, fridde Tord til Isrid Gudbrandsdotter, moster til kong Olav, og kongen var svarsmann i denne saki og. Daa dei hadde tenkt yvi dette, vart de avgjort, at dette giftarmaale skulde verta av, og Tord vart gift med Isrid. Sidan var han ein hjartans ven aat kong Olav, og mange andre med av frendane og venine hans Tord, som fylgde honom. Dermed fór kong Olav attende um Totn og Hadaland og derifraa til Ringerike og ut i Viki. Um vaaren fór han til Tunsberg og gav seg til lengi der, medan de var paa de største med kaupstemna og tilførsla. Daa lét han bu skipi sine og hadde mykje folk hjaa seg.
129. Denne sumaren kom fraa Island, etter ordsendingi fraa kong Olav, Stein, son hans Skafte lovsegjings-mann, Torodd, son hans Snorre gode, Gjelle, son hans Torkjel Øyolvsson, og Egil, son hans Sidu-Hall, bror hans Torstein. Gudmund Øyolvsson hadde andast av vetteren fyrr. Desse islendingane fór til kong Olav de fyrste dei kunde. Daa dei raaka kongen, vart dei godt mot-tekne og var hjaa han alle ihop. Same sumaren spurde kong Olav, at de skipe var komi burt, som han hadde sendt til Færøyane etter skatt sumaren fyrr, og at de inginstad var komi til lands, so vidt folk visste. Kongen fekk daa i eit anna skip og mannskap og sende til Færøyane etter skatt. Desse fór og i vegen og siglde til havs, men sidan spurde dei ikkje meir til deim enn til hine, og de var mange gisningar um kor de kunde hava vorti av desse skipi.
130. Knut den megtuge, som sume kallar den gamle Knut, var paa den tid konge yvi England og Danavelde. Knut den megtuge var son hans Svein Haraldsson Tjugeskjegg. Han og forfedrane hans hadde styrt Danmark i lange tidir. Harald Gormsson, farfar hans Knut, hadde dregi under seg Norig, daa Harald Gunnhildson var fallin, og hadde teki skattar og sett Haakon jarl den megtuge til aa varna um lande. Danakongen Svein, son hans Harald, raadde og for Norig og sette jarlen Eirik Haakonsson til aa varna um lande. Daa styrde brørane Eirik og Svein Haakonsson lande, til dess Eirik jarl fór vest til England, etter ordsendingi fraa verbror sin, Knut den megtuge, og lét Haakon jarl, son sin og systerson hans Knut den megtuge, vera etter til aa styra Norig. Men daa Olav Digre kom til Norig, fanga han fyrst Haakon jarl og sette han av fraa styringi, som fyrr er fortalt. Daa fór Haakon til Knut, morbror sin, og hadde vori hjaa honom til den tidi me no er komne til her i soga vaar. Knut den megtuge hadde vunni England med slag og slaasting, og hadde eit langt stræv, fyrr landsfolke vart han lydugt. Men daa han totte at han var fullkomeleg stød i styringi, hugsa han paa kva han syntest han aatte av de rike som han ikkje raadde for sjølv, og de var Norig. Han meinte han hadde erve-rett til heile Norig, og Haakon, systerson hans, syntest og han aatte eit stykke, og at han hadde mist de med skam. De var ein grunn til som gjorde at Knut og Haakon hadde lati de vera stillt med krave paa Norig, og de var, at i fyrstningi, daa kong Olav Haraldsson kom til lande, reiste heile aalmugen og aalmenningen seg og vilde ikkje anna høyra, enn at kong Olav skulde vera konge yvi heile lande; men sidan, daa folk totte dei ikkje fekk raada seg sjølve for hans magt, var de nokre som vandra ut or lande. Mange stormenn eller sønir av storbøndar hadde fari til kong Knut og hadde gjort seg ymse ærendir, og alle dei som kom til kong Knut og vilde gjera seg til vens med honom, alle dei fekk hendane fulle av rikdom. Der var de mykje meir dramb og drust aa sjaa og, enn andre stadir, baade av alt de folk som var der dags dagleg, og av all den stasen som var i dei husi han aatte og var i sjølv. Knut den megtuge tok skatt og skyld av dei folkeslag i nordlandi som var rikast. Men i same mun som han hadde større innkomur enn andre kongar, gav han burt meir og enn alle andre kongar. I heile rike hans var de so god fred, at ingin torde taka paa der, og landsfolke sjølvt hadde fred og den gamle landsretten sin. Av dette vart han namngjetin i alle land. Men av deim som kom fraa Norig, var de mange som klaga yvi de hardstyre dei var under, og lagde ut for Haakon jarl, og sume for kong Knut sjølv, at nordmennane var reiduge til aa gjeva seg under kong Knut og jarlen paa nytt lag og faa att fridomen sin av deim. Dette lika jarlen godt, og han kjærde dette for kongen og bad han prøva paa um kong Olav vilde gjeva upp rike for deim eller av-lata de paa visse vilkaar, og de var mange som hjelpte jarlen i aa driva paa dette.
131. Knut den megtuge sende menn vestantil England til Norig, og allting var tilstelt paa de beste aat deim til denne ferdi, og dei hadde brev og innsegl fraa den engelske kongen. Dei kom til den norske kongen Olav Haraldsson um vaaren i Tunsberg. Daa de vart fortalt kongen, at der var komne sendemenn fraa kong Knut den megtuge, vart han ille ved, og sagde at kong Knut sende nok ikkje menn dit med ærend som de var noko gagn i for honom eller mennane hans, og de drygde nokre dagar, fyrr sendemennane fekk te seg for kongen. Daa dei fekk lov til aa tala med han, gjekk dei for kongen og bar fram brevi fraa kong Knut, og sagde den ærendi som fylgde med, at kong Knut kalla heile Norig for sin eigedom og sagde at forfedrane hans hadde havt dette rike fyri honom. Men for di kong Knut baud alle land fred, vilde han ikkje fara med herskjold til Norig, mindre de ingi onnor raad var. Men soframt kong Olav Haraldsson vilde vera konge yvi Norig, skulde han fara til kong Knut og taka lande til len av han og verta hans mann og betala dei skattane til han som jarlane fyrr betalte. Sidan lagde dei fram brevi, og i deim stod nett de same. Daa svara kong Olav: «Eg hev høyrt i gamle segjande-segnir, at dei heldt danakongen Gorm for aa vera ein gild tjodkonge[251], og han raadde berre for Danmark; men desse danakongane, som hev vori sidan, tykkjer at dette er for lite. No er de komi til de, at Knut raar for Danmark og England, og attaat hev han no lagt under seg eit stort stykke av Skotland. No kjem han med krav paa farsarven min. Han skulde daa læra aa halda maate ein gong og ikkje vera so grisk, eller skal tru han tenkjer paa aa raada for alle nordlandi aaleine, eller tenkjer han paa aa eta upp alt kaale i England aaleine? De maa han orka fyrst, fyrr eg legg hovude mitt under han eller viser han nokor hyllest. No skal De segja han desse ordi fraa meg, at eg vil verja Norig med odd og egg, so lengi eg er liv lagi, og ikkje betala nokon mann skatt av rike mitt.» Etter denne avgjerdi laga sendemennane fraa kong Knut seg av stad og var ikkje fornøgde med ærendi si. Sigvat skald hadde vori hjaa kong Knut, og kong Knut gav han ein gullring, som vog ei halv mark. Daa var Berse Skaldtorveson og hjaa kong Knut, og kong Knut gav han tvo gullringar, som vog ei halv mark kvar, og eit fint sverd attpaa. Sigvat kvad ei vise um dette. Sigvat gav seg i tale med sendemennane fraa kong Knut og spurde deim mykje um nytt. Dei svara paa de som han spurde deim um, og fortalde um samtalune sine med kong Olav, og korleis de hadde gjengi med ærendi deira. Dei fortalde at kongen hadde ikkje teki godt imot den saki dei bar fram. «Me veit ikkje,» sagde dei, «kven de er han liter paa, so han negtar aa verta mannen til kong Knut og fara til han, som vilde vera de beste for han, daa kong Knut er so mild, at hovdingar aldri hev gjort han so mykje imot, at han ikkje tilgjev deim alt, strakst dei kjem til han og viser han hyllest. No for ei liti stund sidan kom de til han tvo kongar nordantil Skotland fraa Five[252], og han gløymde harmen sin og gav deim alle dei landi som dei hadde havt fyrr, og store venegaavur attpaa.» Daa kvad Sigvat:
- Kjent er, at gjæve kongar
- aat Knut hev sine hovud
- ført nord-fraa Five;
- fredkaup var de aa kalla.
- Ofte vann Olav siger,
- men aldri selde den digre
- her i denne heimen
- hovude sitt til nokon.
Sendemennane fraa kong Knut fór sin veg attende og hadde god bør yvi have. Sidan fór dei til kong Knut og fortalde korleis de hadde gjengi med ærendi deira, og sagde dei siste ordi som kong Olav hadde sagt paa slutten. Kong Knut svara: «Kong Olav gissar ikkje rett, um han trur at eg vil eta upp alt kaale i England aaleine. Eg vil heller at han skal finna de bur meir innanfor side-revi mine enn berre kaal. For heretter skal de koma kalde raadir undan kvart side-rev paa meg.» Same sumaren kom Aaslak og Skjalg, sønine hans Erling paa Jaren, fraa Norig til kong Knut og vart vel fagna der, av di Aaslak var gift med Sigrid, dotter til jarlen Svein Haakonsson, og ho og jarlen Haakon Eiriksson var systkinborn. Kong Knut gav desse brørane store veitslur hjaa seg, og dei var i stor ære.
132. Kong Olav stemnde lendmennane til seg og hadde mykje folk um seg um sumaren; for de gjekk de orde, at Knut den megtuge vilde fara vestantil England um sumaren. De var høyrande paa de dei fekk vita av handelsskipi som kom vestantil, at Knut drog ihop ein stor her i England. Daa de leid ut paa sumaren, var de nokre som sanna og andre som avsanna at heren vilde koma. Men kong Olav var i Viki um sumaren og hadde folk ute, som spæja etter um kong Knut kom til Danmark. Kong Olav sende menn um hausten aust til Svitjod til kong Onund, verbror sin, og lét fortelja han ordsendingane fraa kong Knut, og de krave han hadde gjort paa Norig av kong Olav, og lagde til, at han tenkte, at um Knut lagde under seg Norig, vilde ikkje Onund faa hava Sviavelde i fred lengi, og sagde de var raadlegt, at han og Onund gjorde samlag og reiste seg imot han, og sagde at de i so fall ikkje vilde skorta deim paa styrke til aa halda ufred med kong Knut. Kong Onund tok godt imot ordsendingi fraa kong Olav, og sende bod igjen, at han paa si side vilde gjera samband med kong Olav, so kvar av deim skulde senda hjelp fraa sitt rike til den som fyrst trengde til de. I denne ordsendingi millom deim vart de avgjort, at dei skulde finnast og leggja upp raad. Kong Onund etla seg til aa fara yvi Vestergautland vetteren etter, men kong Olav laga seg til vettersæte i Sarpsborg. Denne hausten kom Knut den megtuge til Danmark og sat der um vetteren med mykje folk. De vart fortalt han, at de hadde fari menn og ordsendingar millom den norske kongen og sviakongen, og at de nok var store tankar under der. Kong Knut sende menn um vetteren til Svitjod til kong Onund, og sende han store gaavur og blidslege ord; han sagde de, at han gjerne kunde sitja kvar i denne striden millom honom og Olav Digre; «for du, kong Onund,» segjer han, «og ditt rike skal vera i fred for meg.» Daa sendemennane kom til kong Onund, bar dei fram dei gaavune som kong Knut sende han, og venskapen hans med. Kong Onund var ikkje vidare lotin paa de dei tala um, og sendemennane syntest dei kunde merka paa kong Onund at han hadde god hug paa venskap med kong Olav. Dei fór attende og fortalde kong Knut korleis de hadde gjengi med ærendi deira, og bad han um at han ikkje maatte venta seg nokon venskap av kong Onund.
133. Denne vetteren sat kong Olav i Sarpsborg og hadde mykje folk. Daa sende han haalogalendingen Karle nord i lande i ei ærend for seg. Karle fór fyrst til Upplandi, og sidan nord yvi fjelle, og kom fram til Nidaros, og tok so mykje gods der som kongen hadde gjevi han lov til, og eit godt skip, som han totte var høvelegt til den ferdi kongen hadde sett han til, og de var aa fara nord til Bjarmeland. Avtala var slik, at Karle skulde vera i samlag med kongen, og ganga halvt med honom. Karle siglde nord til Haalogaland tidleg um vaaren, og der gav Gunnstein, bror hans, seg paa vegen med han, og hadde sine eigne varur med seg. Dei var innpaa 25 mann um bord paa dette skipe, og strakst tidleg paa vaaren fór dei nord til Finnmarki. [1026] Tore Hund spurde dette og sende menn til brørane, med bod um at han etla seg til Bjarmeland um sumaren, og at han vilde sigla i lag med deim og byta likt med deim de som dei fekk. Karle og Gunnstein sende bod igjen, at Tore skulde hava 25 mann, som dei hadde, og daa vilde dei byta de godse dei fekk likt millom skipi, so nær som dei varune mannskape handla til seg. Daa sendemennane hans Tore kom att, hadde han skuva paa vatne og butt eit langskip, ei stor busse[253], som han aatte. Han hadde manna de med drengine sine, og dei var innpaa 80 mann um bord. Tore hadde styringi aaleine yvi dette mannskape, og skulde hava alt de godse dei fekk paa ferdi. Daa Tore var reidug, siglde han nord langs med lande, og raaka Karle og Gunnstein nord i Sandvær[254]. Sidan fór dei lag og hadde god vind. Gunnstein sagde til Karle, strakst dei og Tore raakast, at han totte Tore var hoste mannsterk. «Eg tenkjer,» sagde han, «at de var raadlegare, at me snudde att og ikkje fór slik at Tore fær klofeste paa oss; for eg trur han ille.» «Eg vil ikkje snu att,» sagde Karle; «men de er sant, at hadde eg visst, daa me var heime paa Langøy, at Tore Hund vilde slaa lag med oss med so stort mannskap som han no hev, hadde me teki meir folk med oss.» Brørane tala med Tore um dette, og spurde kva de skulde vera til, at han hadde mykje meir folk med seg enn dei hadde sendt bod um. «Me hev eit stort skip,» svara han, «som de trengst mykje folk paa, og eg tenkjer at me ikkje vert for mange gjæve gutar um bord paa ei slik vaage-ferd.» Um sumaren fór dei oftast so fort som skipi gjekk. Naar de var lite vind, gjekk skipe hans Karle forare, og daa siglde dei undan; men naar han friska paa, hala Tore inn paa deim. Dei var sjeldan i lag, men visste alltid um kvarandre. Daa dei kom til Bjarmeland, lagde dei inn til kaupstaden[255], og kaupstemna tok til, og alle dei fekk nøgdi av gods som hadde noko aa kaupa for. Tore fekk overlag mykje graavarur og bjorskinn og sobelskinn. Karle hadde og mykje gods med seg og kaupte mykje skinnvarur for. Daa de var slutt paa kaupstemna, siglde dei ut etter Vina-aai, og daa sagde dei upp freden med landsfolke. Daa dei kom ut til havs, heldt dei skips-raad, og Tore spurde um mannskape hadde nokon hug paa aa ganga upp i lande og taka herfang. Dei svara at dei fyste etter de, um de laag noko herfang lagleg til. Tore sagde at der var herfang, soframt dei hadde lukke paa ferdi, men at de var ikkje utenkjande at dei kom i livsfaare. Alle sagde at dei vilde vaaga paa, soframt de var von um herfang. Tore sagde at de var skikk der i lande, at naar rike menn døydde, skulde all lausøyren skiftast millom den daude og ervingane hans. Han skulde hava helvti eller tridjeparten, og sume tidir mindre; dette godse skulde dei bera ut i skogen eller i ein haug og blanda med jord, og sume tidir vart de uppsett hus og. Han sagde at dei skulde laga seg av stad ved avdags leite. De vart avtala, at ingin skulde renna fraa dei andre, og ingin skulde vera etter heller, naar styremennane sagde at dei skulde burt. Dei lét folk vera etter og halda vakt ved skipi, og gjekk upp paa land. Fyrst var de slette vollar, og sidan ein stor skog. Tore gjekk i fyri-enden, og brørane Karle og Gunnstein sist. Tore bad mannskape fara stillt og skjera borken av tre-i, so dei saag fraa de eine tree til hitt. Dei kom fram til ein stor rudning, og i rudningen var de ein høg skigard med ein port paa, som var attlæst. Seks mann av landsfolke skulde halda vakt yvi skigarden kvar natt, tvo um gongen kvar sin tridjepart av natti. Daa Tore og dei andre kom til skigarden, var vaktmennane gjengne heim, og dei som skulde vaka dernæst var ikkje komne paa vakt endaa. Tore gjekk til skigarden og krøkte i med øksi upp paa garden og hala seg upp, og kom soleis inn um garden paa den andre sida aat porten. Daa var Karle og komin yvi garden paa den andre sida aat porten. Karle og Tore kom paa ein gong til porten og tok bommen ifraa og lét upp porten, og daa kom mannskape inn i garden. Daa sagde Tore: «I denne garden er de ein haug, og gull og sylv og mold i ei røre, og den skal me gjeva oss i kast med. I garden stend avguden til bjarmane, som heiter Jomale[256], men ingin maa vera so djerv at han røvar den.» Dermed gjekk dei inn i haugen, og tok so mange pengar som dei orka, og bar i klædi sine, og de fylgde mykje mold med, som ventande var. Daa sagde Tore at dei skulde hava seg burt; «og no skal De brørane, Karle og Gunnstein,» sagde han, «fara fyrst, og eg sist.» Daa gjekk dei alle ihop ut til porten; men Tore gjekk attende til Jomale og tok ein sylvbolle, som stod paa kne-i hans og var full med sylvpengar. Han slo sylve i kappe-flake sitt og stakk armen inn i hodda som var paa bollen, og gjekk ut til porten. Daa var heile fylgje komi utanfor skigarden; men daa merka dei at Tore hadde vorti etter. Karle gjekk attende og leita etter han, og daa dei raaka kvarandre innanfor porten, saag Karle at Tore hadde sylvbollen. Daa sprang Karle til Jomale og saag at de var eit digert halsband um halsen paa han. Karle lyfte upp øksi og hogg sund snori som halsbande var bundi fast med bak paa halsen. Dette hogge var so hardt at hovude gauv av Jomale, og de skrall slik at dei bisna alle ihop. Karle tok halsbande, og dermed fór dei stad. Men i same blinken som de skrall, kom vaktmennane fram paa rudningen og blés radt i horni, og strakst etter høyrde dei luren gjekk paa alle kantar umkring seg. Dei skunda seg fram til skogen og inn i skogen, og høyrde de ropte og skreik attanfor deim paa rudningen, og daa var bjarmane komne dit. Tore Hund gjekk etterst av alle mennane sine, og tvo menn gjekk fyri han og bar ein sekk imillom seg, og i den var de noko som var mest likt oske. Tore tok ned i med handi og saadde de paa vegen bak seg, og sume tidir kasta han de fram yvi folke. Soleis kom dei fram or skogen og ut paa vollane. Dei høyrde at bjarme-heren fór etter deim med skrik og gruseleg gauling, og strakst styrmde bjarmane fram or skogen etter deim og paa baae sidur av deim; men bjarmane eller vaapni deira kom aldri so nær deim at dei nauva noko, og av dette kunde dei skyna at bjarmane ikkje saag deim. Daa dei kom til skipi, gjekk Karle og Gunnstein fyrst um bord, daa dei hadde vori fremst heile tidi, men Tore vart lengst att paa land. Strakst Karle og Gunnstein kom um bord, kasta dei tjeldi av og kasta laust og drog segle upp, og skipe gjekk fort ut paa have. De gjekk seinare for Tore, daa skipe deira ikkje var so lett aa handsama, og daa dei fekk upp segle, var Karle og Gunnstein langt undan land. Baae skipi siglde yvi Gandvik[257]. De var ljost um natti endaa, og dei siglde baade natt og dag, til dess Karle og Gunnstein lagde til ein kveld ved nokre øyar, tok ihop segle og kasta anker og venta paa straum-falle; for dei hadde ein strid straum imot seg[258]. Daa kom Tore etter, og han lagde seg og for anker. Sidan sette Tore ut ein baat og gjekk ned med nokre mann og rodde burt til skipe hans Karle. Tore gjekk um bord, og brørane helsa vensleg paa han. Tore bad Karle gjeva seg halsbande: «Eg tykkjer de er rettast,» sagde han, «at eg fær dei eignalutine som vart tekne der; for eg tenkjer De kan takka meg for at me slapp derifraa forutan mannfall; men du, Karle, totte eg førde oss i ein stor faare.» Daa sagde Karle: «Kong Olav eig helvti av alt de godse eg samlar paa denne ferdi, og no etlar eg honom halsbande. Far til han du, um du vil, daa kan de henda han gjev deg halsbande, um so er at han ikkje vil hava de sjølv, for di eg tok de fraa Jomale.» Daa svara Tore og sagde at han vilde dei skulde ganga upp paa øyi og skifta herfange sitt. Gunnstein segjer at no var de straumskifte og tid til aa sigla, og dermed letta dei anker. Daa Tore saag de, gjekk han ned i baaten og rodde til skipe sitt. Karle og Gunnstein hadde alt dregi upp segle og var komne langt, fyrr Tore og mannskape hans hadde fengi upp segle sitt. No siglde dei soleis, at Karle og Gunnstein alltid siglde fyri, men paa baae skipi dreiv dei paa og siglde de meste dei kunde. Soleis fór dei, til dei kom til Geirsvær[259], som er de fyrste bryggjelægje, naar ein kjem nordantil. Der kom dei i kveldingi og lagde seg i hamni ved bryggjune. Tore laag inst i hamni, men Karle laag lenger ute. Daa Tore hadde tjelda, gjekk han i land, og de var mange menn med han, og gjekk til skipe hans Karle, og daa hadde dei og gjort fraa seg. Tore ropte ut paa skipe og bad styremennane ganga i land, og daa gjekk brørane i land med nokre menn. Daa tok Tore paa med de same som fyrr, og bad deim ganga i land og bera de herfange, dei hadde fengi, fram til skifting. Brørane svara at de var ikkje naud paa de, fyrr dei kom heim til bygdar. Tore svara at de var ikkje skikk aa venta med aa skifta herfange til dei kom heim, og lita slik paa at folk var ærlege. Dei hadde eit ordkast um dette, og kvar stod paa sitt. Daa gjekk Tore burt. Men daa han hadde gjengi eit lite stykke, snudde han og sagde at fylgje hans skulde bida der. Han ropte paa Karle og sagde at han vilde tala paa tvomanns-hand med han. Karle gjekk imot han, men daa dei møttest, lagde Tore til han med eit spjot midt paa live, so de stod igjenom han. Daa sagde Tore: «Her skal du faa kjenna ein bjarkøying, Karle; de var de eg tenkte og, at du skulde faa kjenna spjote Selshemnaren.» Karle døydde paa flekken, men Tore og fylgje hans gjekk attende til skipe. Gunnstein og mennane hans saag at Karle fall, og sprang strakst til og tok like hans og bar de um bord og kasta tjeldi og landgangen av og lagde fraa land. Deretter drog dei upp segle og fór sin veg. Daa Tore saag dette, tok dei og tjeldi ned og laga seg til aa sigla so fort dei kunde. Men daa dei drog segle, rauk stage sund, og segle datt ned tverskips, og dei vart hefte lengi um bord hjaa Tore, fyrr dei fekk upp segle andre gongen. Gunnstein var alt komin langt, fyrr skipe hans Tore var komi i fart, og mennane hans Tore gjorde no baade siglde og rodde, og de same gjorde Gunnstein. Paa baae sidur nøytte dei seg de meste dei kunde natt og dag. De drygde lengi fyrr de bar ihop med deim, for di at strakst dei kom inn i sundi millom øyane, var skipe hans Gunnstein lettare aa venda; men Tore drog innpaa han likevel, so daa Gunnstein kom utfor Lengjuvik[260], snudde han mot land og sprang av skipe og upp paa land med mannskape sitt. Lite etter kom Tore og sprang upp etter deim med sine menn og forfylgde deim. De var ei kone som fekk hjelpt Gunnstein og gøymt han, og de er sagt; at ho var hard til aa trolla. Tore og mennane hans gjekk ned til skipe att og tok alt de godse som fanst paa skipe hans Gunnstein, og bar stein i staden, og so lagde dei skipe ut paa fjorden og hogg hol i de og søkkte de ned, og so fór Tore heim til Bjarkøy. Gunnstein og mennane hans fór i fyrstningi i skugg og skjol og rodde paa smaabaatar, fór um natti og laag um dagen, og soleis heldt dei paa, til dei kom fram um Bjarkøy, og alt til dei kom ut or sysla hans Tore. Gunnstein fór fyrst heim til Langøy og var der ei liti stund, og so fór han strakst søretter, og stana ikkje fyrr han kom sør til Trondheim og raaka kong Olav og fortalde han alt de som hendt var paa Bjarmelands-ferdi. Kongen lét ille yvi ferdi deira, men baud Gunnstein aa vera hjaa seg, og lova at han skulde greida denne saki for han, naar han kunde koma til. Gunnstein tok med takk mot dette tilbode og vart verande hjaa kong Olav.
134. De er fortalt fyrr, at kong Olav var aust i Sarpsborg den vetteren daa Knut den megtuge sat i Danmark. Same vetteren reid sviakongen Onund gjenom Vestergautland og hadde meir enn 300 mann. De fór menn og ordsendingar millom honom og kong Olav, og dei sette stemnelag med kvarandre, at dei skulde møtast um vaaren ved Konghelle. Dei sette ut med møte, for di dei vilde vita, fyrr dei møttest, kva kong Knut vilde taka seg til. Daa de leid ut paa vaaren, gjorde kong Knut seg ferdig til aa fara vest til England med heren sin. Han sette Hordaknut, son sin, etter i Danmark, og Ulv jarl, son hans Torgils Sprakalegg. Ulv var gift med Aastrid, dotter til kong Svein og syster til Knut den megtuge. Dei hadde ein son, som heitte Svein, som sidan vart konge i Danmark. Ulv jarl var ein utifraa mann. Daa Knut den megtuge fór vest til England, og kongane Olav og Onund spurde de, drog dei til møte og raakast i Elvi ved Konghelle. De var eit kjærlegt møte, og dei tala venskapleg med kvarandre, so aalmugen høyrde paa de. Men dei rødde um mangt og mykje millom seg og, som berre dei tvo visste, men noko av dette kom seinare i verk og vart kunnugt for alle. Daa kongane skildest, gav dei kvarandre gaavur og skildest i venskap. Kong Onund fór upp til Gautland, men kong Olav fór nord i Viki og derifraa ut til Agdir, og so nord langs med lande, og laag ei lang stund i Eikundasund[261] og bida paa bør. Her spurde han at Erling Skjalgsson og jarbyggine laag ute og hadde samla ein stor her. De var ein dag, som kongsmennane tala seg imillom, um de var sunnanvind eller sudvestvind, og um dei kunde sigla med denne vinden um Jaren eller ikkje. Dei fleste sagde at de var ikkje siglande Daa svara Halldor Brynjolvsson[262]: «Eg tenkjer de,» sagde han, «at dei nok totte de var god vind til aa sigla um Jaren med, um Erling Skjalgsson hadde stelt til gjestebod aat oss paa Sole.» Daa sagde kong Olav at dei skulde taka ned tjeldi og leggja ut med skipi, og dei so gjorde. Den dagen siglde dei um Jaren, og de var ypparleg vind, og um kvelden lagde dei aat ved Kvitingsøy[263]. Derifraa fór kongen nord til Hordaland og fór umkring paa gjestebod der.
135. Same vaaren hadde de siglt eit skip fraa Norig ut Færøyane, og med dette skipe fylgde de ordsendingar [1026] fraa kong Olav, um at ein av hirdmennane hans der skulde koma yvi fraa Færøyane, anten Leiv Ossursson eller Gille lovsegjings-mann eller Toralv fraa Dimun. Daa denne ordsendingi kom til Færøyane og de vart fortalt til deim sjølve, rødde dei seg imillom um kva som kunde bu inn-under denne ordsendingi, og dei vart samde um, at dei trudde kongen vilde spyrja deim ut um de, som nokre sagde for visst var hendt der paa øyane, den ulukka med sendemennane fraa kongen og mannskape paa dei tvo skipi, som de ikkje hadde berga seg ein mann fraa. Dei avtala at Toralv skulde fara. Han laga seg til og budde eit handelsskip som han aatte, og fekk i mannskap, og dei var 10 eller 12 mann um bord. Daa dei var seglbudde og venta paa bør, hende de paa Austrøy hjaa Traand i Gata, at Traand kom gangande inn i stogo ein godvêrsdag, og daa laag dei tvo brorsønine hans, Sigurd og Tord Torlaksson, paa pallen; de var ein til og, som heitte Gaut den raude, som var frenden deira. Alle tri var fostersønine hans Traand og ovkarar; Sigurd var den eldste og den fremste av deim i alle maatar. Tord hadde eit utnamn og vart kalla Tord den laage, endaa han var utifraa høg, men han var endaa sterkare og trekare etter maaten. Daa sagde Traand: «De er mangt som skifter um i ein manns livetid. De var sjeldan, daa me var unge, at dei som var unge og føre til allting skulde sitja eller liggja paa ein godvêrsdag, og de skulde ikkje dei gamle hava trutt, at Toralv fraa Dimun var meir fyri seg enn De; men de handelsskipe som eg hev aatt, og som stend her i nauste, tenkjer eg vert so gamalt no, at de rotnar under tjørebraae. Her er no alle hus fulle med ull, som ikkje vert gjord i pengar; soleis skulde de ikkje gjengi, hadde eg vori nokre aar yngre.» Sigurd spratt upp og ropte paa Gaut og Tord og sagde at han herdte ikkje aa høyra paa slike sneidord av Traand. Dei gjekk ut til drengine og gjekk stad og skuva skipe paa vatne, og so lét dei henta farmen[264] og lasta skipe. De skorta ikkje paa farm der heime, og ikkje paa skipsreidskap heller, so dei budde skipe paa nokre faa dagar; dei var og 10 eller 12 mann um bord. Dei og Toralv siglde ut med same vinden, og dei saag jamleg til kvarandre paa have. Dei kom i land i Herna[265] ved avdags leite, og Sigurd lagde seg lengst ute ved strandi, men berre eit lite stykke fraa dei andre. Um kvelden, daa de var myrkt, og Toralv og mennane hans tenkte paa aa sengja, gjekk Toralv og ein mann til med han upp paa land og gjekk for seg sjølve. Daa dei var reiduge til aa ganga ned att, so fortèl han som fylgde han, at de vart kasta eit klæde yvi hovude paa han, og at dei lyfte han upp fraa bakken, og i de same høyrde han de skrall, og so lagde dei av garde med han og kasta han ned, og daa datt han i sjøen og sokk under; men daa han kom seg i land, gjekk han dit som han og Toralv hadde skilst, og der fann han Toralv, som var kløyvd radt ned til herdane og laag daud. Daa mannskape fekk vita dette, bar dei like hans um bord og heldt vakt yvi like natti yvi. Daa var kong Olav i gjestebod paa Lygra[266], og dei sende bod dit. Han lét bodstikka ganga og stemnde til eit ting, og kongen var paa tinge. Han hadde stemnt dit færøyingane fraa baae skipi, og dei var komne paa tinge. Daa tinge var sett, stod kongen upp og sagde: «De er hendt noko her no, og de er godt, at ein sjeldan fær høyra um slikt; her er no ein gjæv mann drepin, og me tenkjer at han er saklaus. Er de nokon mann paa tinge som kan segja kven som hev gjort dette?» Ingin vilde vera ved de. Daa sagde kongen: «Eg kan ikkje dylja for kva mi meining er um den ugjerning, og eg gjev færøyingane sjølve skuldi. Eg tenkjer de hev gjengi til soleis, at Sigurd Torlaksson hev drepi mannen, og at Tord den laage hev kasta den andre i sjøen. Og eg skal leggja til, at eg gissar paa at grunnen til dette er den, at dei nok ikkje vilde at Toralv skulde fortelja um dei ugjerningane som han truleg hev havt god greide paa, og som me sjølve hev havt mistanke um, de morde og uverke, at sendemennane mine hev vorti myrda der.» Daa kongen enda tala si, stod Sigurd Torlaksson upp og sagde: «Eg hev aldri tala paa ting fyrr, og eg tenkjer folk vil synast at eg er laak til aa tala for meg; men no trur eg de er reint naudturvelegt aa svara noko; eg vil gissa paa de, at den tala som kongen no hev komi med er komi fraa tungeroti paa folk som er mykje uvitugare og verre enn han; men berrsynt er de, at dei reint vil vera uvenir med oss. De er urimelegt snakk, at eg skulde vilja gjera Toralv noko vondt, daa han var fosterbror min og ein god ven. Men hadde de vori annarleis, og hadde de vori noko imillom meg og Toralv, hev eg so mykje vit, at eg heller hadde vaaga paa denne gjerningi heime paa Færøyane enn her under hendanepaa Dykk, konge. No vil eg negta denne saki, baade for meg og for heile skipsmannskape, og eg byd meg til aa gjera eid paa de, soleis som lovi Dykkar krev. Men um De tykkjer at de er meir sæt paa de, skal eg bera jarn, og daa vil eg at De sjølv skal vera til staes ved skirsli[267].» Daa Sigurd enda tala si, var de mange som lagde godt for han og bad kongen at Sigurd skulde faa prova at han var uskyldig, og dei totte at Sigurd hadde tala godt, og at han var uskyldig i de som dei hadde klaga han for. Daa sagde kongen: «Med denne mannen kan de vera paa tvo maatar; hev dei logi paa han i denne saki, so kan han vera ein god mann; men i anna fall er han noko djervare enn me hev set maken til; og eg trur likso snart de, og eg tenkjer at han sjølv vil bera vitne imot seg.» Men daa folk bad for Sigurd, tok kongen imot at han vedtok jarnburd. Dagen etter skulde han koma til Lygra, og so skulde bispen standa fyri skirsli, og med di slutta tinge. Kongen gjekk attende til Lygra, og Sigurd og fylgje hans til skipe sitt. No tok de strakst til aa myrkna av natti, og daa sagde Sigurd til fylgjesveinane sine: «Sant aa segja er me komne i ei leid knipe, og er komne ut for ei grov lygn, og denne kongen er innful og sviksam, og de er greidt aa sjaa, korleis de gjeng med oss, um han skal raada; for fyrst lét han drepa Toralv, og no vil han gjera oss til ubotsmenn[268]. De er minst fyri for honom aa gjera fusk med denne jarnburden, og eg tenkjer at de gjeng ille med den som vaagar paa slikt med honom. No kjem de nett eit fjellkast ut gjenom sunde, og eg raader til at me fær upp segle og sigler ut til havs, so kan Traand ein annan sumar fara med ulli si sjølv, um han vil selja ho. Men slepp eg burt, so skal eg aldri meir koma til Norig, er de von.» Fylgjesveinane totte dette var ei god raad og tok og drog upp segle og lét de ganga um natti ut til havs, de snøggaste dei kunde. Dei stana ikkje fyrr dei kom til Færøyane og heim til Gata. Traand lét ille yvi ferdi deira, og dei svara han ikkje blidt dei heller, men vart verande heime hjaa Traand likevel.
136. Kong Olav fekk strakst vita at Sigurd var farin burt, og daa lagde folk de ut paa de verste; mange av deim som fyrr hadde negta og sagt imot, sagde no de var likt til at klaga mot Sigurd var rett. Kong Olav sagde ikkje stort um denne saki, men han syntest at no hadde han fengi vissmun paa de han fyrr hadde havt ein mistanke um. Etter dette fór kongen lenger og var i gjestebod der som dei hadde stelt til aat han. Kong Olav kalla til seg til ei samtale dei menn som var komne fraa Island, Torodd Snorreson, Gjelle Torkjelsson, Stein Skafteson og Egil Hallsson. Daa tok kongen til orde: «De hev tala frampaa med meg i sumar um at De vilde laga dykk til aa fara til Island, men eg hev ikkje svara noko visst paa dette til no; men no vil eg segja dykk kva eg tenkjer paa. Deg, Gjelle, tenkjer eg aa senda til Island, um du vil bera fram ei ærend for meg; men dei andre islendingane som er her skal ikkje fara til Island, fyrr eg høyrer korleis de gjeng med de maalemne som du, Gjelle, skal hava med deg dit.» Daa kongen var komin fram med dette, totte dei som var fuse etter aa koma av stad, men ikkje fekk lov, at de var uvenslegt, slik som han fór aat med deim, og totte de var fælt aa vera etter og ikkje vera frie menn. Gjelle laga seg til og fór til Island um sumaren, og hadde med seg ordsendingar dit, som han kom fram med paa tinge sumaren etter. Denne ordsendingi fraa kongen gjekk ut [1027] paa at han bad islendingane um aa taka ved dei lovine som han hadde gjevi i Norig, og gjeva han av lande tegn-gilde og nase-gilde,[269] for kvar nase ein pening, av de slage som de gjeng 10 av paa ei aln vadmaal. Han lagde til, at han lova deim venskap, um dei samtykte dette, men i anna fall lova han hard medferd deim som han kunde naa i. Folke sat lengi og raadlagde um denne saki, og sistpaa vart dei samstelte alle som ein um aa negta skattegaavune og alle dei paaleggi som han hadde kravt. Same sumaren fór Gjelle til Norig til kong Olav og raaka han um hausten aust i Viki, daa han var komin ned fraa Gautland, som eg skal fortelja um sidan, vonar eg, i soga um kong Olav. Daa de leid ut paa hausten, fór kong Olav nord til Trondheim og drog med heren sin til Nidaros og vetterstelte seg der. Vetteren etter sat kong Olav i kaupangen[270], og dette var de trettande aare av kongedøme hans.
137. De var ein mann som heitte Kjetil Jamte, son hans Onund jarl fraa Sparbu i Trondheim. Han flydde aust yvi Kjølen for kong Øystein Illraade og rudde skogar og bygde de lande som no heiter Jamteland. Mange andre folk flydde og dit fraa Trondheim for denne ufreden, for di kong Øystein lagde skatt paa trøndine og sette hunden sin, Saur, til konge der. Soneson hans Kjetil heitte Tore Helsing; han bygde Helsingland, som hev fengi namn etter honom. Men daa Harald Haarfagre rudde rike for seg, rømde de mykje folk ut or lande att, baade trøndir og naumdølir, og daa vart de nye bygdir aust i Jamteland, og sume fór alt til Helsingland aust utmed have, og var under sviakongen. Men daa Haakon Adalsteinsfostre var yvi Norig, kom de i stand fred og handelsferdir fraa Trondheim til Jamteland; og for di kongen var so vensæl, fór jamtane vestetter til han og lova han aa lystra og gav han skatt, og han gav lov og landsrett aat deim. Dei vilde heller koma under hans kongedøme enn under sviakongen, av di dei var komne av nordmanns-ætt. Sameleis gjorde alle dei helsingane og, som hadde ætti si nordanfor Kjølen, og soleis heldt de paa lengi etter, alt til dess Olav Digre og sviakongen Olav Svenske trætta um land-skile; daa gav jamtane og helsingane seg under sviakongen, og daa var Eidskogen land-skile i aust, og so Kjølen alt nord til Finnmarki. Daa tok sviakongen skatt av Helsingland og Jamteland. Men den norske kongen Olav meinte at etter forlike med sviakongen skulde de ikkje ganga same vegen med skatten fraa Jamteland som fyrr; men endaa hadde saki lengi stadi slik, at jamtane hadde betalt sviakongen skatt, og at han hadde sett syslemenn yvi lande, og sviane vilde ikkje høyra anna heller daa, enn at alt lande som laag austanfor Kjølen høyrde under sviakongen. De gjekk daa, som ein tidt ser, at endaa kongane var verbrørar og venir, vilde like fullt baae tvo hava alt de rike som dei trudde dei hadde noko krav paa. Kong Olav hadde sendt bod til Jamteland, at de var hans vilje, at jamtane skulde lyda han, og lova deim i anna fall hard medferd. Men jamtane hadde gjort den avtala, at dei vilde lyda sviakongen.
138. Torodd Snorreson og Stein Skafteson var misnøgde med at dei ikkje fekk raada seg sjølve. Stein Skafteson var ein fager mann og ein ovkar i itrottar, ein god skald, og slo stort paa og var ærekjær. Skafte, far hans, hadde dikta ei draape um kong Olav og hadde lært Stein ho, og meiningi var, at han skulde segja upp kvæde for kongen. Stein kunde ikkje berga seg for neising og slengord mot kongen baade i tale og vers. Baade han og Torodd var uvyrdne i ordi, og sagde at de var verre for kongen, at han lagde slik tvang paa deim, enn for deim som i tru maate hadde sendt han sønine sine. Kongen vart harm for dette. Ein dag, som Stein Skafteson var for kongen, spurde han kongen um han vilde lyda paa den draapa som Skafte, far hans, hadde dikta um kongen. Daa svara kongen: «Fyrst lyt du, Stein,» sagde han, «kveda de som du hev dikta um meg.» Stein sagde at de var ingin ting han hadde dikta. «Eg er ikkje skald, konge,» sagde han, «og um eg skyna meg paa aa dikta, so vilde De synast at de var lite maatande, liksom de andre eg gjer.» Med di gjekk Stein burt og han trudde han merka kva kongen stikta paa. Kongen hadde ein aarmann som heitte Torgeir, som styrde ein av gardane hans i Orkedalen; han var nettupp hjaa kongen daa og høyrde samtala millom honom og Stein, og strakst etter fór Torgeir heim. Ei natt rømde Stein fraa byen med skosveinen sin. Dei fór upp paa Gaularaasen og utetter, til dei kom til Orkedalen. Um kvelden kom dei til den kongsgarden som Torgeir styrde, og Torgeir baud Stein aa vera der um natti, og spurde kva han fór etter. Stein bad han gjeva seg hest og slede[271], daa han saag at dei heldt paa og køyrde inn korn. Daa sagde Torgeir: «Eg veit ikkje korleis de heng ihop med ferdi di, um du hev fengi lov av kongen til aa fara. Fyrre-dagen totte eg de ikkje fall so blide ord millom deg og kongen.» Stein sagde: «Um eg slett ikkje fær raada meg sjølv i nokon ting for kongen, so skal eg ikkje tola slikt av trælane hans.» Dermed drog han sverde og drap aarmannen, og tok hesten og bad sveinen springa upp paa hesten, men Stein sette seg i sleden. Dermed lagde dei i vegen og køyrde all natti, og fór til dess dei kom ned i Surnadal[272] paa Møre. Der fekk dei skyss yvi fjordane, og skunda seg de meste dei kunde. Dei fortalde ikkje folke um dette draape, der dei kom, og sagde at dei var kongsmenn, og folk var beinsame med deim, kor dei kom. Ein dag i kveldingi kom dei til Giske[273], til garden hans Torberg Arneson. Han var ikkje heime sjølv, men kona hans, Ragnhild, dotter hans Erling Skjalgsson, var heime. Der vart Stein godt mot-tekin, daa dei var gode kjenningar. De hadde hendt ein [1025] gong fyrr, at Stein kom fraa Island, med eit skip som han aatte sjølv, og kom fraa have inn til Giske og laag der ved øyi. Ragnhild laag i barnseng nett daa, og hadde gruveleg vondt, og de fanst ikkje prest paa øyi eller nære ved. Dei sende bod til handelsskipe og spurde um de var prest um bord; de var nok ein prest som heitte Baard fraa Vestfjordane um bord, men han var ung og lite lærd. Sendemennane bad presten fylgja med heim, men han totte at dette var ei vanskeleg sak, daa han visste at han kunde lite, og vilde ikkje fara. Daa tala Stein for presten og bad han fara. Presten svara: «Eg skal fara, soframt du fer med meg; de vert tryggare for meg daa, um eg treng til raad.» Stein sagde at de skulde ikkje vanta paa de. Sidan gjekk dei upp til garden og dit som Ragnhild var. Strakst etter fødde ho eit gjentebarn, som saag ut til aa vera kleinslegt. Presten døypte barne, og Stein heldt ho yvi daapen. Gjenta fekk namne Tora, og Stein gav ho ein gullring. Ragnhild lova Stein venskap i alle maatar, og sagde at han skulde koma dit til henne, naar han totte han trengde til hjelp av ho. Stein svara at han kom nok ikkje til aa halda fleire gjenteborn yvi daapen, og dermed skildest dei. Men no hadde de laga seg soleis, at Stein bad Ragnhild um aa gjera de som ho hadde lova, og fortalde de som hadde hendt han, og at han no var komin ut for kongens harm. Ho svara at ho skulde gjera alt de ho orka til aa hjelpa han, og bad han bida til Torberg kom heim, og sessa han attmed Øystein Orre, son sin, som daa var 12 vetrar gamal. Stein gav Ragnhild og Øystein gaavur. Torberg hadde fengi vita korleis de hekk ihop allting med Stein, fyrr han kom heim og var ikkje vidare blid. Ragnhild tala ved han og fortalde korleis de hadde gjengi Stein, og bad han um aa taka imot han og sjaa til og hjelpa han. Torberg svara: «Eg hev spurt at kongen hev sendt ut bodstikka og haldi ting um draape hans Torgeir, og at Stein er lyst fredlaus, og at kongen er oveleg harm. Eg hev meir vit enn aa taka mot og hjelpa ein utlending og faa kongens harm til vederlag. Lat Stein fara burt herifraa, de snøggaste du kan.» Ragnhild svara at anten skulde ho og Stein fara burt eller vera der baae tvo. Torberg bad ho fara, kor ho vilde. «Eg tenkjer,» sagde han, «at um du stryk stad, kjem du snart att, for her er du mest æra.» Daa gjekk Øystein Orre, son deira, fram og sagde at han vilde ikkje vera etter, um Ragnhild fór av. Torberg sagde at dei var fælt so stride og traae i dette, «og de ser ut til at De fær raada i dette,» sagde han, «daa De trur de er so mykje um aa gjera. Men du slegtast altfor mykje paa ætti di, Ragnhild, i de stykke, at du lite vyrder kva kong Olav segjer.» Ragnhild sagde: «Er du so rædd for aa hava Stein hjaa deg, so far sjølv med han til Erling, far min, eller gjev han fylgjesveinar, so han kan koma dit i fred.» Torberg sagde at han vilde ikkje senda Stein dit; Erling hadde nok aa svara for likevel, [1027] som kongen var misnøgd med. Stein var der um vetteren. Men etter jol kom de sendemenn fraa kongen til Torberg, med bod um at Torberg skulde koma til han fyri midfasta[274], og de var ei streng ordsending. Torberg tala med venine sine um dette og spurde deim til raads, um han skulde vaaga paa aa fara til kongen, etter de som no var hendt; men dei fleste talde ifraa og sagde de var de beste, at han sende Stein fraa seg heller enn aa fara i kongens vald; men Torberg hadde mest hug paa ikkje aa draga seg undan ferdi. Strakst etter fór Torberg til Finn, bror sin[275], og fortalde honom saki og bad han vera med. Finn svara at han totte de var skrøpelegt, at kona tok seg slik husbondskap, at han ikkje torde vera rette herren sin tru for kona si. «Du kan lata vera aa fara, um du vil,» sagde Torberg, «men eg trur at de er meir rædsel som gjer deg uhuga enn truskap mot kongen,» og dei skildest i sinne. Sidan fór Torberg til Arne Arneson, bror sin, og fortalde han korleis de hadde seg, og bad han vera med til kongen. Arne sagde: «Eg synest de er underlegt med deg, so klok og fyritenkt som du er, at du skal hava busa upp i slik ei stor ulukke og fengi kongens harm reint i utrengsmaal. De kunde vera orsakande paa ein maate, um de var ein frende eller fosterbror, som du hadde hjaa deg, men slett ikkje at du hev teki imot ein islending og hev hjaa deg ein som er lyst fredlaus av kongen, og vaagar baade deg sjølv og alle frendane dine.» Torberg sagde: «De er sant som dei segjer, de er ei ætteskam i kvar ætt. De kan eg greidt sjaa var den største ulukka for far min, at han hadde slik uheppe med sønine sine, at han skulde faa ein sæling paa slutten, som ikkje liknast de slage paa vaar ætt. Var de ikkje for di eg totte de var ei skam for mor mi, skulde eg visst og sant aldri kalla deg for bror vaar.» Dermed gjekk Torberg og fór heim og var hugsjuk. Sidan sende han bod nord til Trondheim til Kalv, bror sin, og bad han møta seg ved Agdenes. Daa sendemennane raaka Kalv, lova han aa fara og sagde inginting. Ragnhild sende bod aust til Jaren til Erling, far sin, og bad han senda mannskap. Derfraa kom sønine hans Erling, Sigurd og Tore, og kvar av deim hadde eit tjugetofta skip og 90 mann. Daa dei kom nord til Torberg, tok han imot deim paa de beste og med stor glede. Torberg laga seg til avferd og hadde eit tjugetofta skip, og no styrde dei nordetter. Daa dei kom til Trondheims-mynne[276], laag Finn og Arne, brørane hans Torberg, der med tvo tjugetofta skip. Torberg helsa blidsleg paa brørane sine, og sagde at bryningi hadde gjort mun, og Finn sagde at de sjeldan turvtest med honom. Deretter fór dei med heile denne heren nord til Trondheim, og Stein var i lag med deim. Daa dei kom til Agdenes, var Kalv Arneson der, og hadde eit tjugetofta skip og fullt mannskap. Med denne heren fór dei inn til Nidarholmen og laag der um natti. Morgonen etter hadde dei ei samtale. Kalv og sønine hans Erling vilde at dei skulde fara inn til byen med heile heren, og lata de vaaga voni. Men Torberg vilde at dei fyrst skulde fara med lempe og gjera tilbod, og dette samtykte Finn og Arne. De vart soleis avtala, at Finn og Arne fyrst fór til kong Olav med nokre faa mann. Kongen hadde alt høyrt gjeti den store folkemengdi som dei hadde, og tala noko kvast til deim. Finn gjorde tilbod for Torberg, og sameleis for Stein. Han baud kongen aa setja boti so stor som han vilde, mot at Torberg skulde faa vera i lande og hava veitslune sine, og Stein hava liv og lemir. Kongen svara: «De tykkjest meg De hev laga denne ferdi soleis heimantil, at no tykkjer De vel De raar likso mykje som eg eller meir; men de hadde eg minst venta av dykk brørane, at De skulde fara med ein her imot meg; eg merkar fulla at de er jarbyggine denne raadi kjem ifraa. Men De tarv ikkje bjoda meg pengar.» Daa sagde Finn: «Me brørane hev ikkje samla folk for di me vil bjoda Dykk ufred, konge, men meiningi var den, at me fyrst vilde bjoda Dykk, konge, tenesta vaar; men segjer De nei og etlar Torberg noko vondt, so vil me alle ihop fara, med den heren me hev, til Knut den megtuge.» Daa saag kongen paa han og sagde: «Soframt De brørane vil gjera eiden dykkar paa de, at De skal fylgja meg innanlands og utanlands, og ikkje skiljast fraa meg, mindre De fær lov og løyve av meg, og ikkje løyna de for meg, um De fær vita at de vert lagt upp svikraad mot meg, so vil eg taka mot forlik av dykk brørane.» Etter dette fór Finn att til sin her og sagde dei vilkaari som kongen hadde sett deim. No raadlagde dei um dette, og Torberg sagde at han gjerne tok imot dette vilkaare for sin part: «Eg er ikkje lysta paa,» sagde han, «aa røma fraa eigedomane mine og søkja til utanlands-hovdingar. Eg trur de alltid vert ei ære for meg aa fylgja kong Olav og vera der som han er.» Daa sagde Kalv: «Eg vil ikkje sverja kongen nokon eid og ikkje vera lenger med kongen enn eg fær hava veitslune mine pg min heider for resten, og kongen vil vera venen min; og de er min vilje, at me gjer so alle ihop.» Finn svara: «Eg raader til de, at me læt kong Olav raada aaleine for vilkaari oss imillom.» Arne Arneson sagde: «Er eg meint paa aa fylgja deg, bror Torberg, um du vil slaast med kongen, so skal eg ikkje skiljast fraa deg, um du tek ei betre raad, og eg vil fylgja deg og Finn og velja de vilkaare som De synest batar dykk mest.» Daa gjekk dei tri brørane, Torberg og Finn og Arne, um bord paa eitt skip og rodde inn til byen og gjekk til kongen. Daa vart dei forlikte soleis, at brørane svor kongen eid. Daa prøvde Torberg paa aa faa forlik med kongen for Stein, og kongen svara, at Stein skulde fara i fred for honom, kor han vilde; «men han kan ikkje vera hjaa meg her etter dags,» sagde han. Dermed fór Torberg og brørane hans ut til heren. Kalv fór til Egg, men Finn til kongen, og Torberg og de andre mannskape søretter og heim. Stein fór søretter med sønine hans Erling, men tidleg um vaaren fór han [1027] vest til England og tok teneste hjaa Knut den megtuge, og var lengi hjaa honom i agt og ære.
139. Daa Finn Arneson hadde vori ei liti stund hjaa kong Olav, var de ein dag at kongen kalla Finn til seg til ei samtale, og nokre andre som han var vand til aa raadleggja med. Daa tok kongen til orde og segjer so: «Eg er fullhuga paa de, at eg i vaar er meint paa aa bjoda ut leiding fraa heile lande, baade mannskap og skip, og sidan fara med heile den heren som eg kan faa imot Knut den megtuge; for eg veit at de krave som han hev gjort paa rike imot meg, de tenkjer han ikkje skal vera berre tome ord. No vil eg segja deg, Finn Arneson, at eg vil at du skal fara ei ærend for meg nord til Haalogaland og halda utbod der og bjoda ut full leiding med mannskap og skip, og koma meg i møte med denne heren ved Agdenes.» Sidan nemnde kongen upp andre menn, og sende sume inn i Trondheim og sume sør i lande, so han lét dette bode ganga yvi heile lande. Um ferdi hans Finn kan me fortelja at han hadde ei skute og innpaa 30 mann. Daa han var seglbudd, fór han til han kom til Haalogaland. Der stemnde han bøndane til tings og sagde ærendi si og kravde leiding. Bøndane der i bygdi hadde store leidingsskip; dei lydde etter ordsendingi fraa kongen og budde skipi sine. Daa Finn kom lenger nord i Haalogaland, heldt han ting der og, og sende nokre menn til aa krevja leiding der som han syntest. Finn sende menn til Tore Hund paa Bjarkøy og, og lét krevja leiding der som andre stadir. Daa kongens bod kom til Tore, laga han seg til, og manna med drengine sine de skipe som han sumaren fyrr hadde havt paa ferdi til Bjarmeland, og budde dette paa sin eigin kostnad. Finn stemnde ihop alle dei haaløygine som var nordantil der, til aa møta i Vaagar[277], og der kom de ein stor her ihop um vaaren, og venta til Finn kom der nord. Tore Hund var og komin der. Daa Finn kom, lét han strakst blaasa heile leidings-heren til hus-ting. Paa dette tinge synte mannskape fram vaapni sine, og utbode vart etter-set fraa kvar skipreide. Daa dette var avgjort, sagde Finn: «Eg vil spyrja deg, Tore Hund, kva du vil bjoda kong Olav for di du drap Karle, hirdmannen hans, og for de rane, at du tok kongens gods nord i Lengjuvik. No hev eg kongens fullmagt i denne saki, og no vil eg vita kva du svarar.» Tore saag seg umkring, og saag at de stod paa baae sidur mange fullt væpna menn, og der kjende han Gunnstein og mange andre av frendane hans Karle. Daa sagde Tore: «Mitt tilbod er snart gjort, Finn, at eg vil leggja under kongen heile den saki som han tykkjest hava imot meg.» Finn svara: «De er no von um at de vert unt deg mindre ære enn som so; for no lyt du leggja saki under min dom, skal de verta noko forlik av.» Tore segjer: «Eg tenkjer at saki mi kjem i rettugt gode hendar daa med, og eg skal ikkje draga meg undan.» Daa gjekk Tore fram og slo til, og Finn avgjorde no alt ihop. Sidan sagde Finn forliks-vilkaari, at Tore skulde betala 10 merkar gull til kongen og 10 merkar gull til Gunnstein og dei andre frendane, og 10 merkar gull[278] attaat for ran og skade paa gods, og dette skulde han betala strakst, sagde han. «Dette var ei stor bot,» sagde Tore. «I anna fall vert heile forlike upp i inkje,» sagde Finn. Daa sagde Tore at Finn skulde gjeva han dag, so han kunde faa laana av fylgje sitt. Finn bad han betala paa flekken, og at han skulde koma fram med de store halsbande som han tok fraa like hans Karle, attpaa. Tore sagde at han hadde ikkje teki halsbande. Daa gjekk Gunnstein fram og sagde at Karle hadde halsbande paa halsen daa dei skildest; «men de var burte daa me tok like hans,» sagde han. Tore sagde at han hadde ikkje lagt merke til dette halsbande; men um me so hev noko halsband, lyt de vel liggja heime paa Bjarkøy.» Daa sette Finn spjots-odden for brjoste paa Tore og sagde at han skulde koma fram med halsbande. Daa tok Tore halsbande av halsen og gav Finn. Dermed gjekk Tore burt og ut paa skipe sitt, og Finn gjekk ut paa skipe etter han, og mange menn var med han. Finn gjekk langs etter skipe og mennane fyllte romi. Attved masti under tiljune saag dei tvo tunnur, som var so store at dei vart reint forundra. Finn spurde kva de var i desse tunnune. Tore sagde at de var drikke hans. «Kvifor gjev du oss ikkje noko aa drikka daa, kammerat, so mykje drikke som du hev,» sagde Finn. Tore sagde til ein mann at han skulde tappa or tunna i ein bolle, og so fekk Finn og fylgje hans drikke av beste slage. Daa bad Finn Tore um aa betala pengane. Tore gjekk att og fram paa skipe og tala med ymse folk. Finn ropte paa han og bad han koma fram med pengane. Tore bad han ganga paa land, so skulde han betala der, og daa gjekk Finn og mennane hans paa land. Daa kom Tore og betalte noko sylv og betalte 10 vegne merkar or ein pung. Deretter bar han fram mange knyte, og i sume var de ei vegi mark, og i sume ei halv eller berre nokre øyrar[279]. Daa sagde Tore: «Dette er laante pengar, som ymse folk hev laant meg; for alle reisepengane som eg eig er vel mest bruka upp, tenkjer eg.» Sidan gjekk Tore ut paa skipe, og daa han kom att, betalte han noko sylv, daa lite grande og daa lite grande, og no leid de mot kvelden. Strakst tinge hadde slutta, gjekk folk til skipi sine og laga seg til aa fara, og siglde av, fyrst dei var reiduge; sistpaa hadde dei siglt dei fleste. Finn saag at de tynntest med folk umkring han, og mennane hans ropte paa han og bad han gjera seg reidug. Endaa var ikkje tridjeparten av pengane betalt. Daa sagde Finn: «De gjeng seint no med betalingi, Tore. Eg ser du tykkjer de fell tungt aa betala pengane; no kan de vera med dette for de fyrste; du skal betala til kongen de som er att.» Dermed stod Finn upp og gjekk. Tore sagde: «Eg likar godt at me skilst, Finn; men eg skal hava vilje til aa betala denne skuldi soleis, at kongen ikkje skal segja eg hev betalt for lite, og ikkje du heller.» Dermed gjekk Finn til skipe sitt og siglde etter dei andre skipi sine. Tore vart seint ferdig til aa leggja ut or hamni. Men daa segle deira kom upp, siglde dei ut yvi Vestfjorden[280], og so ut paa have og søretter langs med lande, so dei saag sjøen midt upp i lidine, og sume tidir var lande heilt under vatne. Soleis lét han de ganga søretter, til han siglde ut i Englandshave[281] og kom fram til England. Sidan fór han til kong Knut, som tok godt imot han. Daa kom de upp, at Tore hadde mykje lausøyre med seg, og alt de godse som dei hadde teki i Bjarmeland, baade han og Karle. Men i dei store tunnune var de ein botn strakst innanfor den ytre botnen, og imillom deim var de drikke, men sjølve tunnune var fulle med graaskinn[282] og bjorskinn og sobel. Tore var no hjaa kong Knut. Finn Arneson fór med heren sin til kong Olav og fortalde alt de som hadde hendt paa ferdi hans, og sagde at han trudde de, at Tore hadde fari ut or lande og vest til England til kong Knut den megtuge; «eg tenkjer han vil gjera oss mykje vondt,» sagde han. Kongen sagde: «Eg trur at Tore er uvenen vaar, og eg tykkjer alltid de er betre han er langt undan enn nære ved.»
140. Aasmund Grankjelsson hadde vori i sysla si paa Haalogaland denne vetteren og var heime hjaa far sin, Grankjel. De ligg eit vær ut imot have, som ein fangar baade sel og fugl paa, og som er baade eggvær og fiskevær, og dette hadde fraa gomol tid legi til den garden som Grankjel aatte; men Haarek fraa Tjotta gjorde krav paa de, og no var de komi til de, at han hadde havt alt gagne av være nokre aar. Men no totte Aasmund og far hans at dei kunde venta hjelp av kongen i alle sakir, naar dei hadde retten paa si side. Um vaaren fór dei baae tvo, faren og sonen, til Haarek, og hadde ordsending og jartegnir fraa kong Olav, at Haarek skulde [1027] gjeva upp krave paa være. Haarek svara tvert paa dette, og sagde at Aasmund fór til kongen baade med desse og andre last-ord um han. «Eg hev all retten paa mi side,» sagde han, «og du skulde læra aa vara deg, Aasmund, endaa du trur du er mykje til kar, no du hev kongens hjelp. Den treng du no fulla og, um de skal ganga for seg, at du drep sume hovdingar og gjer deim til ubotsmenn, og røvar fraa oss, som til no trudde at me kunde bita i kjeppen med folk, um dei so var vaare jamningar i ætt; men no er de langt ifraa at De er mine jamlikar i de stykke.» Aasmund svarar: «De er mange som fær kjenna de, Haarek, at du hev storfolk til frendar og overlag stor magt; mang ein mann lid urett for di skuld; men no er de von um at du lyt prøva med hardleiken din andre stadir, og ikkje hjaa oss, Haarek, og ikkje gjera soleis mot lovi, som du gjer no.» Dermed skildest dei. Haarek sende 10 eller 12 av drengine sine med ei stor ror-skute til være, og der tok dei allslag fengd[283] og ladde skuta. Men daa dei var heimferdige, kom Aasmund Grankjelsson paa deim med 30 mann og bad deim sleppa all fengdi. Drengine hans Haarek drygde noko med aa svara paa dette, og Aasmund og mennane hans sette paa deim, og daa fekk dei kjenna folkemunen. Sume av drengine hans Haarek fekk juling, sume vart saara, og sume kasta i vatne, og all fengdi bar dei fraa skipe deira og hadde med seg. Etter dette kom drengine hans Haarek heim og fortalde Haarek um ferdi si. «De kallar me for nytt, som sjeldan hender,» sagde Haarek, «men aldri hev de hendt fyrr, at mine folk hev fengi juling.» De vart stiltt med denne saki, og Haarek gat ikkje orde um de og var i godlage sitt. Um vaaren lét Haarek bu ei tjugetofta skute og manna ho med drengine sine, og skipe var overlag velbutt baade med mannskap og allslag reide. Um vaaren fór Haarek i leiding, men daa han kom til kong Olav, var Aasmund Grankjelsson der alt. Daa fekk kongen eit stemnemøte millom Haarek og Aasmund og forlikte deim, og domen vart lagd under kongen. Daa lét Aasmund føra vitne paa at Grankjel hadde aatt være, og etter dette dømde kongen. Daa vart de mismun imillom deim; de vart ikkje lagt bøtar for drengine hans Haarek, og være vart tildømt Grankjel. Haarek sagde at han skamlaust kunde lata seg lita med kongens dom, korleis de so laga seg med denne saki sidan.
141. Daa Gjelle Torkjelsson fekk lov til aa fara til Island, som fyrr er fortalt, hadde Torodd Snorreson gjevi seg til i Norig, av di kong Olav so vilde, og paa denne tidi var han hjaa kong Olav, og var ille nøgd med de, at han var so ufri at han ikkje fekk fara sin veg, kor han vilde. Tidleg paa vetteren, daa kong Olav sat i Nidaros, lyste kongen til, at [1026] han vilde senda menn til Jamteland til aa krevja skatt. Folk var ikkje moda paa denne ferdi, daa dei sendemennane som kong Olav hadde sendt fyrr, Traand Kvite og 11 mann, var drepne, som fyrr er fortalt, og sidan hadde jamtane lati seg styra av sviakongen. Torodd Snorreson baud seg til denne ferdi; for han var mest like sæl, korleis de gjekk han, naar han berre fekk raa seg sjølv. Dette tok kongen imot, og Torodd fór av med 11 mann. Dei kom aust til Jamteland og tok inn til ein mann som heitte Torar; han var lagmann der, og mest vyrd. Der vart dei godt mot-tekne. Daa dei hadde vori der ei stund, sagde dei ærendi si til Torar. Han sagde at dei andre mennane og hovdingane i lande raadde likso mykje i alle maatar for svare som han, og sagde at han vilde stemna ihop eit ting. Han so gjorde og lét bodstikka ganga og stemnde ihop eit stort ting. Torar fór til tinge, og sendemennane vart verande heime. Torar bar denne saki fram for aalmugen, men alle var samstelte um at dei ikkje vilde leggja nokon skatt til den norske kongen, og sendemennane vilde sume hengja, og sume vilde dei skulde taka og blota deim. De vart endeleg avgjort, at dei skulde halda deim fast der, til dess syslemennane til sviakongen kom dit, og dei skulde daa segja fyri, som dei vilde, korleis ein skulde gjera med deim, men taka landsfolke paa raad med; dei skulde lata de sjaa ut liksom sendemennane hadde de godt, og liksom dei hefte deim for di dei skulde bida paa skatten, og so skulde dei skifta deim imillom seg og setja deim i kost, tvo og tvo ihop. Torodd og ein mann til var hjaa Torar. De var eit stort jolelag der og fønningslag[284]. De var mange bøndar der i torpe, og alle dei drakk ihop um joli. De var eit anna torp ikkje langt derifraa; der budde verbror hans Torar, ein rik og megtug mann. Han hadde ein vaksin son, og no skulde verbrørane drikka halve joli hjaa kvar av deim, og fyrst hjaa Torar. Baae verbrørane drakk ihop og Torodd og bondesonen, og dei sat og kappdrakk, og um kvelden var de ordkast og mannjamning millom nordmennane og sviane, og sidan um kongane deira, baade dei som hadde vori fyrr og dei som var no, og um de krangle, baade med manndraap og røvarskap, som hadde vori millom landi. Daa sagde bondesonen: «Um vaare kongar hev mist meir folk, so vil syslemennane til sviakongen jamna de med 12 manns liv, naar dei kjem sunnantil etter jol, og De hev nok ingi greide paa, De stakarane, kvifor dei hefter dykk her.» Torodd merka seg dette, og mange kaldflirte aat han og gav fant-ord baade til deim og kongen deira. No kom de upp, daa øle tala or jamtane, de som Torodd ikkje hadde tenkt paa fyrr. Dagen etter tok Torodd og den andre karen alle klædi sine og vaapni og lagde deim til reide. Natti etter, daa folk hadde sovna, rømde dei til skogs. Morgonen etter, daa folk merka at dei hadde rømt, fór dei etter deim med sporhundar og fann deim i skogen, der dei hadde gøymt seg, og hadde deim med heim i ei stogu. Under den var de ei djup grav, som dei slepte deim ned i, og læste døri etter deim. Dei hadde lite mat og ikkje klæde, so nær som sine eigne. Midt i joli[285] fór Torar og alle frie folk paa garden med til verbror hans; der skulde dei drikka siste helvti av joli. Trælane hans Torar skulde vakta paa gravi. De var etla nøgdi av drikke aat deim, men dei agta ikkje korleis dei drakk, og dei vart fulle strakst um kvelden. Daa dei no tottest vera skikkeleg fulle, rødde dei seg imillom, dei som skulde gjeva mennane i gravi mat, at de skulde ikkje skorta deim paa noko. Torodd song kvæde og moroa trælane, og dei sagde, han var ein, dei lika, og gav han eit stort ljos, som brann. Daa gjekk dei trælane ut som fyrr var inne, og gaula og ropte høgt paa dei hine at dei skulde koma inn. Men dei var so fulle alle ihop, at dei korkje læste att gravi eller stogo. Daa skar Torodd og fylgjesveinen hans kappune sine sund i remsur og knytte deim ihop og gjorde ein knut paa enden og kasta han upp paa stogu-golve, og der snara han seg rundt um ein kistefot og vart fast. No prøvde dei paa aa koma upp. Torodd letta fylgjesveinen sin upp, til han stod paa aksline hans, og so hala han seg upp igjenom gluggen. De skorta ikkje paa reip i stogo, som han fira ned til Torodd. Men daa han skulde draga upp Torodd, kunde han ikkje rugga han. Daa sagde Torodd at han skulde kasta reipe yvi den biten[286] som var i huse, og gjera ei lykkje paa enden og leggja ved og stein i den, so de vart tyngre enn han, og han so gjorde. Daa gjekk vegti ned i gravi, og Torodd upp. Dei tok so mange klæde i stogo som dei turvte. Der var nokre reinsskinn der inne, og paa deim skar dei av fetlingane og batt deim bak fram under føtane paa seg. Men fyrr dei lagde i vegen, kveikte dei eld paa ein stor laave som var der, og so rømde dei i kolmyrker. Laaven brann, og mange andre hus paa garden. Torodd og den andre fór heile natti til ein øydeskog, og der gøymde dei seg um dagen. Um morgonen vart dei sakna. Dei fór og leita etter deim med sporhundar paa alle kantar fraa garden; men hundane fylgde slage attende til garden; for dei hadde teven av reins-fetlingane, og fylgde slage den vegen som klauvine snudde, og de vart ingi leiting av. Torodd og fylgjesveinen hans fór lengi umkring i øydeskogane, og kom ein kveld til eit lite hus og gjekk inn der. Der sat ein mann og ei kone attmed elden. Mannen kalla seg Tore, og sagde at ho som sat der var kona hans, og at de var dei som aatte denne hytta. Bonden baud deim aa vera der, og dei tektest. Han fortalde at han var komin dit for di han hadde rømt or bygdi for eit draaps skuld. Dei stelte godt for Torodd og fylgjesveinen hans, og dei aat alle ihop attmed elden. Sidan reidde dei upp for Torodd og den andre paa brisken, og dei lagde seg til aa sova, men de logebrann paa varmen endaa. Daa saag Torodd at de kom ein mann fraa eit anna hus, og han var so stor at han aldri hadde set maken; han hadde skarlaks-klæde med gullband paa, og saag drusteleg ut. Torodd høyrde at han snikka deim, for di dei tok imot gjestir og knapt hadde mat so dei berga seg sjølve. Kjeringi svara: «Ver ikkje vond, bror, dette hev sjeldan hendt; hjelp deim heller lite grande; du hev betre for de du enn me.» Torodd høyrde at den store mannen heitte Arnljot Gjelline, og at kjeringi var syster hans. Torodd hadde høyrt gjeti Arnljot, og at han var ein fæl røvar og eit illmenne. Torodd og fylgjesveinen hans sov um natti, daa dei var trøytte av aa ganga. Men daa de var som ein tridjepart att av natti, kom Arnljot inn og bad deim standa upp og laga seg av stad. Torodd og den andre stod upp strakst og klædde paa seg og aat dogurd, og so gav Tore deim eit par ski kvar. Arnljot gav seg paa vegen med deim og steig paa skiine, som var baade breide og lange. Men strakst Arnljot sette skistaven i bakken, var han langt ifraa deim. Daa bida han og sagde at paa den maaten kunde dei ingin veg koma, og bad deim stiga upp paa skiine med seg. Dei so gjorde, og Torodd stod næmast og heldt seg under belte hans Arnljot, og fylgjesveinen hans Torodd heldt seg i honom. Arnljot gjekk so fort som han hadde gjengi laus. Um kvelden kom dei til eit sælehus, daa de var gjengi som ein tridjepart av natti, og slo eld og matstelte seg. Men daa dei aat, sagde Arnljot at dei maatte ikkje kasta ned noko av maten, korkje bein eller smular. Arnljot tok ein sylvdisk fram or skjorta si og aat av den. Daa dei var mette, gøymde Arnljot leivningane, og so gjekk dei og lagde seg. I den eine enden av huse var de ein hjell paa tverbjelkane, og der gjekk Arnljot og hine upp og lagde seg til aa sova. Arnljot hadde eit stort hoggspjot med gullslegin fal og skafte so stutt at han nett kunde naa falen med handi, og han hadde eit sverd um seg. Dei hadde baade vaapni og klædi sine uppe paa hjellen hjaa seg. Arnljot, som laag fremst paa hjellen, bad deim vera stille. Strakst etter kom de 12 menn til huse, som var kaupmenn og fór til Jamteland med varune sine. Daa dei kom inn i huse, gjorde dei fælt staak og var kipne, og gjorde upp ein stor varme for seg, og daa dei aat, kasta dei ut alle beini, og dermed lagde dei seg til aa sova og lagde seg ned paa brisken attmed varmen. Men dei hadde ikkje sovi lengi, fyrr de kom ei stor trollkjering til huse. Daa ho kom inn, sopa ho vel umkring seg og tok beini og alt de som etande var og kasta i munnen paa seg. So tok ho den mannen som laag næmast og reiv og sleit han reint i sund og kasta han paa varmen. Dei andre vart fælne, daa dei vakna, og sprang upp. Men ho hadde i hel den eine etter den andre, so de vart berre ein i live. Han sprang inn under hjellen og ropte paa hjelp, um de var nokon paa hjellen som kunde berga. Arnljot tøygde seg etter han og tok han i herdane og kipte han upp. Daa gjekk ho fram til varmen og tok til aa eta upp dei mennane som var steikte. Daa stod Arnljot upp og tok hoggspjote sitt og sette de imillom herdane paa ho, so odden gjekk ut igjenom brjoste. Ho skvatt fælt og belja stygt og flaug ut. Arnljot slepte take, og ho hadde spjote med seg ut. Daa gjekk Arnljot ned og rudde ut liki og sette døri og beiteskiune for stogo att; for alt dette hadde ho broti fraa, daa ho gjekk ut, og no sov dei resten av natti. Daa de vart ljost, stod dei upp og aat fyrst dogurden sin, og daa dei hadde eti, sagde Arnljot: «No skal me skiljast aat her; no skal De fara etter den vegen som kaupmennane brøytte, daa dei kom hit i gaar, men eg vil leita etter spjote mitt. Til løn for stræve mitt vil eg hava de som eg tykkjer de er noko verd i av de godse som desse mennane hev havt. Du, Torodd, skal helsa kong Olav fraa meg og segja han de, at han er den mannen som eg er mest forvitin etter aa finna, men helsningi mi er han vel like glad med.» Han tok upp sylvdisken og strauk han med duken og sagde: «Gjev denne disken til kongen, og seg han at de er helsningi mi.» Sidan laga dei seg av stad, baade Arnljot og dei andre, og dermed skildest dei. Torodd fór med fylgjesveinen sin og den mannen som hadde komi seg undan av kaupmanns-fylgje. Torodd reiste til han fann kong Olav i kaupangen[287], og fortalde alt som hadde hendt paa ferdi hans, og helsa han fraa Arnljot og gav han sylvdisken. Kongen sagde at de var ille, at Arnljot ikkje var komin til han, og at de var stor skade, at slik ein grepa kar og merkeleg mann skulde hava so tung lagnad. Sidan var Torodd hjaa kong Olav resten av vetteren, og daa fekk han lov av han til aa fara til Island um sumaren etter, og han og kong Olav skildest gode venir.
142. Um vaaren laga kongen seg til avferd fraa Nidaros, og de samla seg mykje folk til han baade der fraa Trondheim og nordantil lande. Daa han var reidug til aa fara, fór [1027] han fyrst med heren sør til Møre og samla leidingsfolk baade der og fraa Raumsdal, og so fór han til Sunnmøre. Han laag lengi paa Herøyane[288] og venta paa mannskape, og heldt jamleg hus-ting; for de kom mangt for øyro hans, som han totte trengde raadleggjing. Paa eit hus-ting som han hadde, heldt han ei tale og tala um dei mennane som han hadde mist paa Færøyane; «men skatten, som dei hev lova,» sagde han, «kjem ikkje fram. No er eg meint paa aa senda folk dit att etter skatten.» Kongen slo frampaa til fleire um at dei skulde taka paa seg denne ferdi, men alle ihop svara de same og bad seg undan ferdi. Daa stod de upp ein stor og drusteleg kar paa tinge; han hadde ein raud kjole og hjelm paa hovude og sverd i belte og eit stort hoggspjot i handi. Han tok soleis til orde: «Sant aa segja,» sagde han, «er de stor skilmun paa folk. De hev ein god konge, men han hev laake karar, naar De segjer nei til ei sendeferd som han byd dykk, endaa De hev fengi venegaavur av han og mange heiders-teikn. Men eg hev til no ikkje vori ven til denne kongen, og han hev vori uvenen min og, og han segjer han hev grunn til de. No vil eg bjoda deg, konge, at eg skal fara denne ferdi, um ingin likare finst.» Kongen svara: «Kva er dette for ein gasta kar, som svarar paa tala mi? Du gjer skam paa dei andre som er her, daa du byd deg til aa fara, men dei drog seg undan, som eg tenkte skulde teki gjerne mot de. Men eg kjenner deg ikkje, og veit ikkje namne ditt.» «Namne mitt er de ikkje vandt med,» svara han, «du hev nok høyrt gjeti meg, er de von; eg heiter Karl Mørske.» «De er sant, Karl,» sagde kongen, «eg hev høyrt gjeti deg fyrr, og de er ikkje betre aa segja, at de hev vori dei tidine, at um me hadde raakast, skulde du ikkje fengi sagt tidend um de. Men no vil eg ikkje vera laakare enn du, daa du byd meg hjelpi di, men du skal hava takk og ære. Du skal koma til meg, Karl, og vera i gjestebode mitt i dag; daa skal me talast ved um dette.» So skulde de vera, sagde Karl.
143. Karl Mørske hadde vori viking og ein stor røvar, og kongen hadde mange gongir sendt folk etter han og vilde drepa han. Men Karl var ein storætta og mangfreistin kar, og ein itrottsmann og hæv i mange maatar. Daa Karl no hadde raadt seg til aa fara, forlikte kongen seg med han og gav han venskapen sin med, og stelte han i stand til ferdi de beste han kunde. De var innpaa 20 mann um bord paa skipe. Kongen sende ordsendingar til venine sine paa Færøyane, og styrde Karl til Leiv Ossursson og Gille lovsegjings-mann, som skulde vera han til nytte og hjelp, og gav han jartegnir med. Karl fór strakst han var buin; han hadde god vind og kom til Færøyane og lagde inn i Torshamn paa Straumøy[289]. Sidan stemnde han ihop eit ting, og de kom mykje folk. Der kom Traand fraa Gata med ein heil flokk, og der kom Leiv og Gille og, med mykje folk. Daa dei hadde tjelda og stelt seg, gjekk dei til Karl Mørske, og dei helsa blidsleg paa kvarandre. No kom Karl fram med ordsendingi og jartegnine fraa kong Olav og venebode hans til Gille og Leiv. Dei tok godt imot de og baud Karl til seg, og lova han at dei skulde stø uppunder og hjelpa han so mykje dei orka, og han tok imot dette med takk. Strakst etter kom Traand, som tok godt imot Karl. «Eg er glad,» sagde han, «for di de er komin slik ein gjæving hit til lande vaart med ærend fraa kongen vaar, som me alle er skyldige til aa stø uppunder. Eg vil ikkje høyra anna, Karl, enn at du er hjaa meg i vetter, med so mange av mannskape ditt at du fær større ære enn du fyrr hev havt.» Karl svara at han alt var meint paa aa fara til Leiv; «elles,» sagde han, «vilde eg havt stor hug paa aa taka mot dette tilbode.» «Daa hev de vori so laga,» sagde Traand, «at Leiv skulde faa større ære av dette enn eg; men er de noko anna eg kan gjera, som kunde vera deg til nokon bate?» Karl svara at de vilde vera ei god beining, um Traand vilde samla skatten paa Austrøy og alle Nordøyane. Traand sagde at de var rett og rimelegt aa gjera han denne beinen, naar han fór i kongens ærend. Dermed gjekk Traand til budi si att, og de hende ikkje noko meir paa dette tinge. Karl fekk hus hjaa Leiv Ossursson og var der vetteren etter. Leiv samla skatten paa Straumøy og alle øyane sunnanfor. Vaaren etter vart Traand fraa Gata vanhelsug og hadde augneverk og andre sjukdomar med, men han laga seg til aa fara til tings, som han var vand til. Daa han kom paa tinge og budi var tjelda, lét han tjelda under med svarte tjeld innanfor, so de ikkje skulde koma for sterkt ljos inn. Daa de hadde gjengi nokre dagar av tinge, gjekk Leiv og Karl mannsterke til budi hans Traand. Daa dei kom til budi, stod nokre menn utanfor. Leiv spurde um Traand var inne i budi, og dei svara ja. Leiv sagde at dei skulde beda Traand ganga ut; «eg og Karl hev ei ærend til han,» sagde han. Men daa mennane kom ut att, sagde dei at Traand hadde slik augneverk, at han kunde ikkje koma ut, men han bad at Leiv vilde ganga inn. Leiv sagde til fylgjesveinane sine at dei skulde fara varleg, naar dei kom inn i budi, og ikkje trengja seg ihop; «og den skal ganga fyrst ut som gjeng sist inn,» sagde han. Leiv gjekk fyrst inn, og so Karl, og so fylgjesveinane hans, og var fullt væpna, som dei skulde laga seg til slag. Leiv gjekk heilt inn til de svarte tjelde og spurde kor Traand var. Traand svara og helsa paa Leiv. Leiv helsa paa honom att og spurde um han hadde samla nokon skatt fraa Nordøyane, og um han vilde greida for seg med sylve han hadde samla. Traand svara og sagde at de hadde ikkje gjengi han or minne, de som han og Karl hadde tala um, og at han skulde gjera greide for seg med skatten. «Her er ein pung, Leiv,» sagde han, «som du skal taka mot; han er full av sylv.» Leiv saag seg um og saag faa folk i budi; dei fleste laag paa benkine, og nokre faa sat uppe. Daa gjekk Leiv til Traand og tok imot pungen og bar han lenger ut i budi, der som de var ljost, og slo sylve ned paa skjolden sin og rota ned-i med handi, og sagde at Karl skulde sjaa paa sylve. Daa dei hadde set paa de ei stund, spurde Karl kva Leiv syntest um sylve. «Eg tenkjer at kvar den kleine skillingen som finst paa Nordøyane er komin her,» svara han. Traand høyrde dette og sagde: «Likar du ikkje sylve, Leiv?» «Nei,» sagde han. Daa sagde Traand: «De var daa grovt, slike skarvar frendane vaare er, daa ein slett ikkje kan tru paa deim. Eg sende deim i vaar til aa krevja skatt nord paa øyane, medan eg sjølv var ufør til alt. Men no hev dei teki mutur[290] av bøndane til aa taka mot falsk mynt, som ikkje gjeng; de er de beste at du ser paa dette sylve, Leiv, som eg hev fengi i landskyld.» Daa bar Leiv de andre sylve tilbake att, og tok den andre pungen og bar til Karl og saag etter pengane med han. Karl spurde korleis Leiv lika desse pengane. Han sagde at han totte de var skarve pengar, men at ein kunde alltid taka deim, naar de var krav som de ikkje var so faarlegt med; men han vilde ikkje taka desse pengane paa kongens vegne. Ein mann, som laag paa pallen, kasta felden av hovude sitt og sagde: «De er sant, som dei segjer for eit gamalt ord, at ein ugjerest med aari, og so er de med deg og, Traand, som læt Karl Mørske vanska pengane dine all dagen.» Dette var Gaut den raude. Daa Gaut sagde dette, sprang Traand upp og var fælt ordkvass og gav frendane sine ei dugeleg skrape. Sistpaa sagde han at Leiv skulde fli han sylve og taka ein annan pung, som bøndane hans hadde gjevi han um vaaren. «Endaa eg er dimsynt,» sagde han, «er eigi hand trugnast.» Ein annan mann, som laag paa pallen, reiste seg upp paa olbogen. Dette var Tord den laage, og han sagde: «De var daa grovt til fant-ord me fekk av han Mørekarl; han skulde ikkje gjera de for inginting.» Leiv tok pungen og bar den og til Karl, og dei saag paa desse pengane. Daa sagde Leiv: «Ein treng ikkje aa sjaa lengi paa desse pengane; her er den eine betre enn den andre, og desse pengane vil me hava. Faa ein mann, Traand, til aa sjaa til ved betalingi.» Traand sagde at han trudde han var best tent med at Leiv saag til paa hans vegne. Daa gjekk Leiv og Karl ut eit lite stykke fraa budi og sette seg ned og vog sylve. Karl tok hjelmen av hovude sitt og slo ned i han de sylve som dei hadde vegi. Dei saag ein mann som gjekk burt til deim; han hadde ein øksestav i handi og ein sid hatt paa hovude og ei grøn kappe, og var berrføtt, med lerefts brok, som han hadde knytt um beini. Han sette staven ned i bakken og gjekk burt og sagde: «Sjaa deg fyri, Mørekarl, so du ikkje fær mein av staven min.» Strakst etter kom de ein mann fljugande og ropte fælt kvast paa Leiv Ossursson og bad han nøyta seg de meste han kunde til budi hans Gille lovsegjings-mann; «Sigurd Torlaksson sprang inn igjenom tjeld-døri og hev gjevi ein mann i budi hans Gille ulivs-saar,» sagde han. Leiv stod upp radt og gjekk burt til Gille, og heile mannskape i tjelde hans var med han. Karl vart sitjande, og austmennane[291] stod umkring han. Daa kom Gaut den raude springande og hogg med ei handøks yvi herdane paa dei andre, og hogge raaka i hovude paa Karl, men saare vart ikkje stort. Daa treiv Tord Laage staven som stod i bakken, og slo med den paa øksehamaren so blade gjekk inn i heilen. I de same styrmde de ein heil flokk ut or budi hans Traand, og Karl vart borin daud burt. Traand lét ille yvi dette verke, og baud bøtar til forlik for frendane sine. Leiv og Gille tok paa seg søksmaale, og vilde ikkje taka mot bøtar. Sigurd vart landlyst for den skaden han hadde gjort mannen i budi hans Gille, og Tord og Gaut for di dei hadde drepi Karl. Austmennane budde de skipe som Karl hadde havt med seg, og fór aust til kong Olav. Men de var ikkje so laga, at kong Olav hemnde dette paa Traand eller frendane hans, for den ufreden som hadde teki til i Norig, og som me no skal fortelja um. Og no er de ikkje meir aa fortelja um de som hende daa kong Olav kravde skatt fraa Færøyane. Men sidan vart de strid paa Færøyane, daa Karl Mørske var drepin, og frendane hans Traand fraa Gata og Leiv Ossursson drogst med kvarandre, og um dette er de lange segnir.
144. No skal me fortelja um de som me tok paa med fyrr, at kong Olav fór med heren sin og hadde leiding ute langs heile lande. Alle lendmennane nordantil lande fylgde med han, so nær som Einar Tambeskjelvar; han hadde seti i ro heime paa gardane sine, fraa di han kom til lande, og tente ikkje kongen. Einar hadde ovende store eigedomar og livde paa stormanns-vis, endaa han ikkje hadde veitslur av kongen. Kong Olav siglde med floten sør um Stad, og der samla de seg og mykje folk til han fraa bygdine. Daa hadde kong Olav eit skip som han hadde bygt vetteren fyrr, som heitte Visund[292]. De var eit stort skip, og paa framstamnen var de eit gyllt visund-hovud. Dette nemner Sigvat skald:
Deretter fór kongen sør til Hordaland. Der spurde han at Erling Skjalgsson var farin ut or lande med ein stor flokk, 4 eller 5 skip. Sjølv hadde han eit stort langskip, og sønine hans 3 tjugetofta skip, og dei hadde siglt vest til England til Knut den megtuge. Daa siglde kong Olav austetter langs med lande og hadde ein stor her. Han spurde etter um folk visste noko um kor Knut den megtuge var, og alle kunde segja han de, at han var i England; men dei fortalde de med, at han hadde leiding ute og etla seg til Norig. Men daa kong Olav no hadde ein stor her, og han ikkje fekk retteleg greide paa kor han skulde styra til aa møta Knut, og mannskape totte de var lite mun i aa liggja paa ein stad med so stor her, raadde han seg til aa sigla sør til Danmark med heren, og hadde med seg alt de mannskape som han totte var best til aa slaast og best væpna? og gav hine heimlov. So stend de i visa:
- Ordhag stemner Olav nordan,
- Uksen fær i sjøom byksa.
- Annan drottin driver sunnan
- draken fram med aare-tak.
No fór de mannskape heim som han totte de var lite hjelp i. Kong Olav hadde ein stor og vakker her; der var dei fleste lendmennane fraa Norig, so nær som dei som me fyrr hev sagt var farne ut or lande eller sat etter heime.
145. Daa kong Olav siglde til Danmark, styrde han til Sjælland, og daa han kom dit, gjekk han i land og herja. Daa røva han fraa landsfolke, og sume vart drepne og sume fanga og bundne og førde um bord, og alle dei, som kunde koma til, flydde, og de vart ikkje gjort motstand. Der gjorde kong Olav eit stort herverk. Daa kong Olav var paa Sjælland, høyrde han tidend um at kong Onund Olavsson hadde leiding ute og fór med ein stor her vestetter langs Skaane[296] og herja der. Daa kom de upp, kva kong Olav og kong Onund hadde lagt raad um i Elvi, daa dei gjorde samlag og vart venir, at dei baae tvo skulde gjera motstand mot kong Knut. Kong Onund stana ikkje fyrr han kom til kong Olav, verbror sin. Daa dei møttest, kunngjorde dei, baade for heren og landsfolke, at dei var tenkt paa aa leggja under seg Danmark, og bad landsfolke taka imot seg. Daa gjekk de som de gjeng for de meste, at naar landsfolke vert ute for herjing og ikkje fær hjelp til motstand, so segjer dei fleste ja til alle dei paalegg dei kan kaupa seg fred med. Soleis vart de daa no og, at mange gjekk under kongane og lova at dei skulde lystra, og dei lagde lande under seg vidt og breidt, kor dei fór, og i anna fall herja dei. Sigvat skald fortèl um denne herjingi i den draapa som han dikta um kong Knut den megtuge:
- Med gramen stemnde
- stormande nordan
- til slette Selund
- svale kjølir;
- og enn vil Onund
- med anna mannskap
- til sverdverk Danmark
- fraa Svitjod vitja.
146. Kong Knut hadde spurt vest i England at den norske kongen Olav hadde leiding ute, og at han fór med heren til Danmark, og at de var ufred i rike hans. Daa tok kong Knut til og samla folk, og de kom snart ihop ein stor her og mange skip. Haakon jarl var den andre hovdingen for denne heren. Denne sumaren kom Sigvat skald til England vestantil Ruda i Valland, i lag med ein mann som heitte Berg. Dei hadde fari dit paa handel sumaren fyrr. Sigvat dikta ein flokk um dette, som dei kalla Vestfar-visune. Daa Sigvat kom til England, fór han strakst til kong Knut og vilde beda um orlov til aa fara til Norig, daa kong Knut hadde lagt farbann[300] paa alle handelsskip, til han fekk heren budd. Daa Sigvat kom til han, gjekk han til de herbyrge kongen var i, men herbyrge var læst, og han stod lengi utanfor. Daa han fann kongen, fekk han lov, som han bad um. Daa kvad han ei vise. Daa Sigvat merka at kong Knut budde seg til herferd mot kong Olav, og han visste kor stor styrke kong Knut hadde, kvad Sigvat ei vise um dette og segjer at han vilde syrgja paa kong Olav, um han døydde, og dikta endaa fleire visur um ferdi hans Knut og hans Haakon.
147. Daa Knut den megtuge var reidug til aa draga ut or lande med heren, hadde han overlag mykje folk og ofseleg store skip. Han sjølv hadde ein drake som var so stor at han var paa 60 rom, og han hadde gyllte hovud. Haakon jarl hadde og ein drake, og den hadde 40 rom; den var de og gyllte hovud paa, og i segle paa baae desse skipi var de heile vegen blaa og raude og grøne stripur. Alle skipi var maala ovanfor vatsgangen, og all reiden um bord var utifraa fin. Dei hadde mange andre skip og, som var store og vel budde. Dette nemner Sigvat skald i Knutsdraapa:
De er fortalt, at kong Knut siglde vestantil England med denne store heren og kom med heile floten velberga fram til Danmark, og lagde inn i Limfjorden, og der fann han ei stor samling av landsfolke.
148. Jarlen Ulv Sprakaleggsson var sett til aa verja lande heime i Danmark, daa kong Knut fór til England, og kongen hadde sett han til formyndar for son sin, som dei kalla Hordaknut. Dette hende sumaren fyrr, som me alt hev fortalt. Men jarlen sagde strakst, at kong Knut, daa dei skildest, hadde gjevi han de paalegg, at danine skulde taka Hordaknut, son til kong Knut, til konge yvi Danavelde. «Difor,» sagde han, «gav han oss guten. Eg og mange andre menn her i lande og hovdingar hev tidt klaga yvi dette for kong Knut, at folk her i lande tykkjer de er vondt aa sitja her kongelause; dei kongane som var fyrr totte dei var fullberga, naar dei hadde kongedøme yvi Danavelde berre, og i gamle dagar var de mange kongar paa ein gong som raadde for dette rike. Men no er de mykje større vande med de enn de hev vori fyrr; for til no hev me fengi sitja i fred for utanlands-hovdingar, men no høyrer me at den norske kongen tenkjer paa aa herja hjaa oss, og folk er rædde for at sviakongen og vil vera med paa denne herferdi; men no er kong Knut i England.» No lagde jarlen fram brev og innsegl fraa kong Knut, som sanna alt de jarlen hadde sagt. Mange andre hovdingar studde han i denne saki, og alle desse talde til dette, so landsfolke avgjorde at dei skulde taka Hordaknut til konge, og dette vart gjort paa same tinge. Dronning Emma hadde vori upphavsmann til denne raadleggjingi; ho hadde lati gjera dette breve og forsegla de, og hadde fengi kongens innsegl med list, men dei løynde alt dette for honom sjølv. Daa no Hordaknut og Ulv jarl høyrde at kong Olav var komin nordantil Norig med ein stor her, fór dei til Jylland; for der er den meste styrken i Danavelde. Der skar dei upp her-pil og stemnde til seg ein stor her. Men daa dei spurde at sviakongen og var komin der med heren sin, totte dei at dei hadde ikkje styrke til aa leggja seg i slag med baae tvo, men heldt heren samla i Jylland og var meint paa aa verja dette lande mot kongane. Dei samla heile floten i Limfjorden og bida soleis paa kong Knut. Men daa dei spurde at kong Knut var komin aust til Limfjorden, sende dei sendemenn til honom og til dronning Emma, og bad ho faa greide paa um kongen var harm paa deim eller ikkje, og lata deim faa vita de. Dronningi tala um dette med kongen, og sagde at Hordaknut, son deira, vilde gjeva i bot alt de som kongen vilde, um han hadde gjort noko som kongen ikkje lika. Han svara de, at Hordaknut hadde ikkje funni paa dette av seg sjølv; «difor hev de gjengi som ventande var,» sagde han, «at naar han, som var barn og uvitug, vilde heita konge, og de vart eit knipetak, vilde utanlands-hovdingar fara yvi heile dette lande med herskjold og leggja de under seg, um ikkje vaar hjelp var komi til. Vil han no gjera noko forlik med meg, lyt han koma til meg og lata den narreskapen vera, at han kallar seg konge.» Desse same ordi sende dronningi sidan til Hordaknut, og bad han at han ikkje skulde setja dette i gløymeboki, og sagde, som sant var, at han hadde ikkje styrke nok til aa standa imot far sin. Daa denne ordsendingi kom til Hordaknut, samraadde han seg med jarlen og hine hovdingane som var med han. Men dei merka snart, at de fyrste landsfolke spurde at Knut den gamle var komin, styrmde heile aalmugen til honom og sette all si lit til honom. Daa saag Ulv jarl og hine, som var i samlag med han, at dei laut gjera eitt av tvo, anten fara til kongen og leggja alt i hans vald, eller so røma ut or lande. Men alle mana paa Hordaknut at han skulde fara til far sin, og han so gjorde. Daa dei møttest, fall han ned for føtane til far sin og lagde innsegle, som fylgde med kongsnamne, paa kne-i hans. Kong Knut tok Hordaknut i handi og sette han i sæte, so høgt som han hadde seti fyrr. Ulv jarl sende son sin, Svein, som var kongens systerson, til kong Knut. Han bad kongen um liv og fred og forlik for far sin, og baud seg til som gisl for jarlen. Svein og Hordaknut var jamgamle. Kong Knut bad deim segja til jarlen at han skulde samla ein her og skip og so koma til kongen, og daa kunde dei talast ved um forlik, og dette gjorde jarlen.
149. Daa kong Olav og kong Onund spurde at kong Knut var komin vestantil, og at han hadde ein uhorveleg stor her, siglde dei austetter langs Skaane og tok til aa herja og brenna i bygdine, og søkte austetter langs lande burt imot land-skile aat sviakongens rike. Men strakst landsfolke spurde at kong Knut var komin vestantil, vart de ikkje meir av med aa gjeva seg under kongane. Dette nemner Sigvat skald:
- Den gong Danmark
- drottnane maatte
- ikkje knekkja
- med kvass-tøk aatsøknad.
- Daa lét daatt[306]
- dana-banen
- Skaane herja,
- hovding ovarst.
No siglde kongane aust langs med lande og lagde aat ved ei elv som heiter Helgeaai[307], og tøvra der ei stund. Daa spurde dei at kong Knut fór etter deim med heren sin. No gjekk dei paa raad, og de vart avtala, at kong Olav med ein lut av heren sin skulde ganga upp paa land og radt til skogane, til de vatne som Helgeaai fell ut or. Der i utfalls-osen gjorde dei ein dam av timber og torv og stemde upp vatne, og so grov dei store dike og fekk fleire vatn til aa renna ihop, so de flødde utyvi vidt og breidt, og dei fellte store timberstokkar, som dei lagde i elvefare. Dei heldt paa med dette arbeide i mange dagar, og kong Olav stod fyri heile dette spikke, og kong Onund hadde styringi yvi heren og floten. Kong Knut høyrde tidend um kor kongane var, og all den skaden dei hadde gjort i rike hans, og no siglde han imot deim, daa dei laag i Helgeaai, og hadde ein gong til so mykje folk som dei tvo hadde ihop. Dette nemner Sigvat:
- Jutlands drottin
- eg gjev de lov,
- fraa aasæte lét seg
- ikkje støkkja.
- Danmarks sterke
- skjold ei tolde
- harmleg herjing,
- hovding ovarst.
150. Ein dag i kveldingi fekk spæjarane til kong Onund sjaa kong Knut kom siglande, og daa var han ikkje langt undan. Daa lét kong Onund blaasa i luren, og dei tok tjeldi ned og her-klædde seg og rodde ut or hamni og austetter langs lande; so lagde dei skipi saman og batt deim ihop og laga seg til slag. Kong Onund sende spæjarar upp i lande, og dei fór til kong Olav og fortalde han dette. Daa lét kong Olav brjota upp dammen og sleppa aai ned i elvefare, og um natti fór han ned til skipi sine. Daa kong Knut kom utanfor hamni, saag han at heren til kongane laag reidug til slag; men han totte de vart for seint paa dagen aa leggja til slag, naar heile heren hans hadde laga seg til; for floten hans turvte mykje rom paa sjøen til aa sigla; de var langt imillom de fyrste og etterste skipe, og imillom de som siglde lengst ute og næmast land, og de var lite vind. Daa kong Knut saag at sviane og nordmennane hadde rømt hamni, lagde han inn i hamni med alle dei skipi som kunde faa rom, men storparten laag ute paa have. Um morgonen, daa de var paa de næmaste ljost, var mange av mannskape hans uppe paa land; sume vilde talast ved og sume moroa seg. Men daa merka dei ingin ting, fyrr vatne kom fløymande yvi deim som ein foss, og store timberstokkar fylgde med og dreiv inn paa skipi deira, so dei vart skamfera, og vatne flødde uty vi alle vollane, so alt de mannskape gjekk med som var paa land, og mange av deim som var um bord med. Men alle dei som kunde koma til kappa landtoge og kom seg lause, og skipi dreiv umkring kvart paa sin kant. Den store draken, som kongen sjølv var paa, dreiv med straumen, og daa han ikkje var god aa venda med aarane, dreiv han ut mot floten aat kongane Onund og Olav, og daa dei kjende skipe, lagde dei seg strakst rundt umkring de; men daa skipe var so høgborda som de hadde vori ei festning, og de var stort og utvalt mannskap um bord og ypparleg væpna, so var ikkje skipe lett aa raada med; og de drygde ikkje lengi heller, fyrr Ulv jarl lagde til med sitt mannskap, og daa tok slage til. Daa samla heren til kong Knut seg fraa alle kantar. No saag kongane Olav og Onund, at for denne gongen hadde dei vunni den sigeren som var deim lagi, og lét hamla og kom seg lause fraa heren til kong Knut, og skilde flotane fraa kvarandre. Men for di mannskape hans Knut ikkje hadde rott fram til slag slik som kong Knut hadde fyrisett, vart de ikkje noko av med aa ro etter deim, og han tok til aa skipa floten og bu seg til. Daa dei hadde skilst aat, og kvar flote siglde for seg, saag kongane etter heren sin, og fann at dei inkje mannfall hadde havt. Men dei skyna og, at um dei bida til kong Knut fekk skipa heile den store heren som han hadde, og lagde imot deim, var de so stor folkemun, at de var lite von um at dei kunde vinna, og de vart difor avtala, at dei skulde ro austetter langs med lande med heile heren. Daa dei saag at kong Knut ikkje sette etter deim, reiste dei mastine og drog upp segli. Ottar Svarte talar um dette møte i den draapa som han dikta um Knut den megtuge, og sameleis Tord Sjaareksson i minne-draapa si um kong Olav.
151. Kong Olav og kong Onund siglde austetter langs med sviakongens rike, og um kvelden lagde dei til lands ein stad som heiter Barvik[308], og der laag kongane um natti; men ein merka paa sviane at dei var heimhuga, for heile storparten av floten siglde austetter langs med lande um natti, og stana ikkje fyrr kvar kom heim til sin bustad. Daa kong Onund vart var dette, lét han blaasa til hus-ting, og der tok han til orde: «Soleis er de, kong Olav, som De veit,» sagde han, «at me hev fari alle ihop i sumar og herja rundt umkring i Danmark; me hev fengi mykje gods, men ikkje noko land. Eg hev i sumar havt halvfjorde hundrad skip, men no er de ikkje fleire att enn eit hundrad, og eg trur de, at me ikkje kan vinna stor æra med ikkje større heren enn me hev no, endaa De hev 60 skip, som De hev havt i heile sumar. No tykkjer eg de er best aa fara attende til rike mitt; de er godt med heil vogn aa heim aka. Me hev vunni noko, men inginting mist. No vil eg bjoda deg, Olav verbror min, at du fer heim med meg, og at me er i lag alle ihop i vetter. De kan taka av mitt, de som De vil, so du og mannskape ditt kan liva godt. Men vil De heller velja de aa fara landvegen gjenom lande vaart heim til Norig, kan du taka de som du treng paa vegen.» Kong Olav takka kong Onund for dette snilde tilbode; «men skal eg faa raada,» sagde han, «skal me raada oss til noko anna, og me skal halda ihop den heren som er att; me hev utvalt mannskap og gode skip; me kan godt liggja um bord heile vetteren, som herkongar plar gjera. Men Knut vil ikkje liggja lengi i Helgeaai; for der finst de ikkje hamn til alle dei skipi han hev. Eg veit de og, at mannskape der traar likso mykje etter aa koma heim som her. Eg tenkjer me stelte de soleis i sumar, at bonden veit kva han skal gjera baade i Skaane og i Halland, og heren hans Knut vil snart driva til alle kantar, og daa er de endaa uvisst, kven som er siger lagi. Fyrst vil me spæja ut, kva han vil taka seg til.» Daa kong Olav enda tala si, vart de staak og godlaat, og de vart avtala soleis som han vilde. Dei sende spæjarar til heren aat kong Knut, og baae kongane Onund og Olav vart liggjande der.
152. Daa kong Knut saag at Norigs konge og sviakongen siglde austetter langs med lande med heren sin, lét han menn rida landvegen natt og dag, etter som kongane siglde sjøvegen. Kong Knut hadde alltid spæjarar i heren deira, og daa han spurde at ein stor lut av heren var sigld fraa kongane, styrde han med heren sin attende til Sjælland og lagde seg i Øresund med heile heren, so nokre laag paa Skaane-sida og nokre ved Sjælland. Kong Knut reid upp til Roiskjelda[309] dagen fyri mikjelsmess med eit stort fylgje. Ulv jarl, systermannen hans, hadde stelt til eit stort gjestebod aat han, og der var reint ovfagning, men kongen var stur og grettin. Jarlen freista paa aa kveikja han upp paa mange maatar, men kongen var stuss og faamælt. Jarlen spurde um han vilde spela skakk, og de sagde han ja til. Daa tok dei fram eit skakk-brett og spela. Jarlen vog aldri ordi og fira ikkje for nokon. Han var den megtugaste mannen i Danmark etter kong Knut. Ulv jarl hadde ei syster som heitte Gyda, som var gift med jarlen Gudine Ulvnadsson, og sønine deira var kong Harald og jarlane Toste og Valtjov og Morukaare og Svein[310]. Dei hadde ei dotter som heitte Gyda og vart gift med den engelske kongen Jatvard den gode[311].
153. Daa dei hadde spela skakk ei stund, tok jarlen ein riddar[312] fraa kongen, men kongen tok att brikka og bad han gjera eit anna drag. Jarlen vart sinna og slo skakk-borde yvi ende og gjekk burt. «Flyg du no, Ulv rædde!» sagde kongen. Jarlen snudde seg i døri og sagde: «Du hadde flogi lenger i Helgeaai, hadde du sloppi til. Du kalla meg ikkje Ulv rædde, daa eg lagde til og hjelpte deg, daa sviane slo dykk som hundar.» Dermed gjekk jarlen ut og lagde seg til aa sova, og strakst etter gjekk kongen i seng. Morgonen etter, daa kongen klædde paa seg, sagde han til skosveinen sin: «Gakk til Ulv jarl og drep han.» Sveinen gjekk og var burte ei stund og kom att. «Drap du jarlen?» sagde kongen. «Eg drap han ikkje,» svara han, «for han var gjengin til Lucius-kyrkja.» De var ein mann som heitte Ivar Kvite, av norsk ætt. Kongen sagde til Ivar: «Gakk stad du og drep jarlen.» Ivar gjekk til kyrkja og inn i koren og stakk sverde igjenom jarlen, og Ulv jarl lét live strakst. Daa gjekk Ivar til kongen med de blodute sverde. «Drap du jarlen?» sagde kongen. «Ja, eg drap han,» svara han. «De var rett,» sagde kongen. Men daa jarlen var drepin, læste munkane kyrkja. Kongen sende bod til munkane og bad deim lata upp kyrkja og syngja messe, og dei gjorde som kongen bad. Men daa kongen kom til kyrkja, skøytte han so mykje jordgods til kyrkja, at de vart eit stort herad, og denne kyrkja kom seg mykje etter dette. Kong Knut reid ned til skipi sine og laag lengi der um hausten med ein stor her.
154. Daa kong Olav og kong Onund spurde at kong Knut hadde styrt til Øresund, heldt kongane hus-ting. Kong Olav tala daa og sagde at dette hadde gjengi soleis som han hadde gjeti paa, at kong Knut ikkje vart verande lengi ved Helgeaai; «og no ventar eg at meir av de me hev med kvarandre skal ganga etter de eg gjet paa. Han hev no lite folketal, mot de han hadde i sumar, men mindre kjem han til aa hava um ei tid; for dei er ikkje mindre uhuga enn me paa aa liggja ute paa skipi utetter hausten, og sigeren skal timast oss, berre me held ut og ikkje vantar tiltak. I sumar hev de gjengi soleis, at me hev havt mindre her-styrke, og endaa hev dei for oss mist baade folk og gods.» Daa tok sviane paa og tala, og segjer at de var raadlaust aa bida der til de vart vetter og frost, «endaa um nordmennane eggjar til de; dei hev ikkje greide paa korleis de kan leggja til med is her; heile sjøen frys ofte til um vetrane. Me vil fara heim og ikkje vera her lenger.» De vart no sterk murring paa sviane, og den eine tala i munnen paa den andre, og de vart avtala, at kong Onund fór heim med heile heren sin, men kong Olav vart liggjande etter.
155. De var ei natt at Egil Hallsson og Tove Valgautsson skulde halda vakt paa kongsskipe. Daa dei sat paa vakt, høyrde dei at dei grét og ille lét, dei som var fanga og laag bundne uppe paa land um natti. Tove sagde at han totte de var syndlegt aa høyra paa jamringi deira, og bad Egil vera med og løysa deim. Dette sette dei no i verk og skar av bandi og slepte fangane. Dette vart de stort mistykkje med i heren, og kongen var so harm, at de saag spøkjeleg ut for deim, og sidan, daa Egil vart sjuk, var de lengi kongen ikkje vilde sjaa til han, fyrr mange folk bad for han. Daa angra Egil mykje og bad kongen tilgjeva seg. Daa vart kongen blid att paa Egil og lagde hendane sine paa den sida som verken var, og song yvi, og strakst paa flekken batna de med Egil. Tove vart forlikt med kongen, fortalde dei, paa den maaten, at han skulde prøva paa aa faa Valgaut, far sin, til aa koma til kongen. Valgaut var ein rein heidning, men kongen tala for han, so han tok ved kristindomen, og han døydde strakst etter.
156. Kong Knut hadde alltid spæjarar i heren til kong Olav, og dei kom seg i tale med mange folk og baud baade pengar og venskap fraa kong Knut, og der var mange som lét seg lokka og gav sitt ord paa at dei skulde halda han lande til hande, um han kom til Norig. Dette kom upp um mange sidan, endaa de gjekk løynt i fyrstningi. Sume tok strakst imot pengegaavur, og sume fekk lov paa pengar sidan, og de var mange som alt hadde fengi store venegaavur av han; for de kunde ein segja for sant um kong Knut, at kvar den som kom til han og han totte saag ut til aa vera ein manndoms mann og vilde vera venen hans, alle dei fekk hendane fulle med pengar, og difor vart han overlag vensæl. Han var mest raust paa handi med utlendingar, og aller mest med langferdingar.
157. Kong Olav hadde tidt samtalur og stemnemøte med mennane sine og spurde deim til raads. Men daa han merka at den eine sagde so og hin so, so tok han til aa tvila for at de var sume som sagde noko anna enn dei totte var rett, og at de ikkje var so visst, um alle var so retteleg trufaste som dei skulde. De var mange som mana paa at dei skulde sigla til Øresund, fyrst dei fekk vind, og so nord til Norig; dei sagde at danine torde nok ikkje leggja til slag mot deim, endaa dei laag der med ein stor her. Men kongen var so vitug, at han saag at slikt var ugjerande. Han visste og, at Olav Trygveson hadde fengi kjenna anna enn at danine ikkje torde slaast, daa han lagde til slag mot ein stor her med faa folk. Kongen visste og, at de var mange nordmenn i heren til kong Knut, og difor tvila kongen for at dei som raadde han til slikt var meir true mot kong Knut enn mot honom. Daa gjorde kong Olav dette av soleis, at dei som vilde fylgja han skulde laga seg til og fara landvegen upp um Gautland og so til Norig; «men skipi vaare,» sagde han, «og alt de godse me ikkje kan hava med oss, vil eg senda aust til sviakongens rike og lata deim taka vare paa de der aat oss.»
158. Haarek fraa Tjotta svara soleis paa tala til kong Olav: «De er greidt, at ikkje eg kan fara til Norig til fots; eg er ein gamal og tungfør mann og lite vand med aa ganga, og eg er traud for aa skiljast ved skipe mitt og; eg hev gjort meg so mykje fyri med dette skipe og reiden paa de, at eg tykkjer de er leidt aa lata uvenine mine faa tak i dette skipe.» «Far med oss, du Haarek,» svara kongen; «me skal bera deg med oss, um du ikkje orkar aa ganga.» Daa kvad Haarek ei vise:
- Utan rædsel skal eg rida
- raske havhest so de braskar.
- Litin hugnad laut de vera
- lange vegen heimatt ganga.
- Urædd er eg, de veit alle,
- endaa der i Øresunde
- mange kjempur med sin konge
- Knut paa herskip ligger ute.
Daa laga kong Olav seg til avferd; mennane hans hadde gangklædi og vaapni sine, og dei andre klædi og lausøyren klyvja dei paa dei hestane dei kunde faa i. Han sende folk av og lét føra skipi sine aust til Kalmarnir og lét setja upp skipi der og forvara all reiden og de andre godse. Haarek gjorde som han hadde sagt, og bida paa bør, og so siglde han vestetter langs Skaane, til han kom vest til Holar[313] um kvelden med strjukande bør. Daa lét han taka ned segle og masti og fløyi, og sveipte heile skipe ovanfor vatsgangen inn i graa tjeld, og lét berre nokre faa mann ro framme og atter, og lét dei fleste sitja laagt i skipe. Daa vaktmennane til kong Knut saag skipe, rødde dei seg imillom um kva for eit skip dette kunde vera, og gissa paa at de var ladt med salt eller sild, daa dei saag faa folk, og at de var faa som rodde, og dei totte skipe var graatt og ikkje tjøru-brædt, og blakt av soli, og dei saag at skipe var drjugt lasta og. Men daa Haarek kom lenger fram i sunde, fram um floten, lét han reisa masti og heisa segle og setja upp den gyllte fløyi si. Segle var kvitt som nysnø, med raude og blaa stripur. Daa mennane til kong Knut saag han tok til aa sigla, sagde dei til kongen at de venteleg var kong Olav som hadde siglt um deim. Men kong Knut sagde at kong Olav var so vitug, at han ikkje fór einskips gjenom heren til kong Knut, og meinte de var rimelegare, at de var Haarek fraa Tjotta eller slik ein. Folk trur for visst at kong Knut kjende til ferdi hans Haarek, og at han ikkje hadde fari soleis, um ikkje han og kong Knut hadde vorti venir i fyrivegen, og dette totte dei vart berrsynt sidan, daa venskapen millom kong Knut og Haarek vart kunnug for alle. Daa Haarek siglde nord um Vedrøy[314], kvad han og ei vise. Haarek fór sin veg, og stogga ikkje fyrr han kom nord til Haalogaland og til garden sin paa Tjotta.
159. Kong Olav gav seg paa vegen og fór fyrst upp um Smaaland og kom fram i Vestergautland. Han fór roleg og fredleg, og landsfolke var beinsamt mot deim. Kongen fór til han kom ned i Viki, og so nordetter Viki til Sarpsborg. Der sette han seg fyri og vetterstelte seg der. Daa gav kongen mesteparten av mannskape sitt heimlov, og hadde hjaa seg so mange lendmenn som han syntest. Der var med han alle sønine hans Arne Armodsson, som kongen vyrde mest. Daa kom Gjelle Torkjelsson til kong Olav; han var komin fraa Island sumaren fyrr, som me alt hev fortalt.
160. Sigvat skald hadde vori lengi hjaa kong Olav, som me her hev fortalt, og kongen hadde gjort han til stallaren sin. Sigvat var ikkje lettmælt, naar han tala i ubundin stil, men skaldskapen fall so lett for han, at versi strøymde fraa tunga so lett som han tala paa vanleg vis. Han hadde fari til Valland og handla, og paa denne ferdi var han komin til England, og der hadde han raaka Knut den megtuge og fengi lov av honom til aa fara til Norig, som fyrr er fortalt. Daa han kom til Norig, fór han strakst til kong Olav og fann han i Sarpsborg, og gjekk fram for kongen, daa han sat til bords, og helsa paa han. Kongen saag paa han og tagde. Sigvat kvad:
- Heim er hit komne,
- herhovding, stallarar dine.
- Lyd du paa meg, og mennane
- merke dei ord eg vil kveda:
- Kvar hev oss tjodkongen tiltenkt
- aa taka sess millom hirdmenn?
- Inne her heile din skaale
- hugsamt meg er aa skoda.
Daa sanna ein de, som dei segjer for eit gamalt ord, at mange er kongens øyro; for kong Olav hadde høyrt alt um ferdi hans Sigvat, og at han hadde vori hjaa kong Knut. Kong Olav sagde til Sigvat: «Eg veit ikkje um du no etlar deg til aa vera stallaren min, eller um du no hev vorti mannen til kong Knut.» Sigvat kvad ei vise um at Knut hadde spurt han um han vilde ganga i hans teneste, men at han hadde svara at de ikkje sømde seg aa tena fleire enn ein um gongen. Daa sagde kong Olav at Sigvat skulde ganga til de sæte som han var vand til aa hava, og no kom Sigvat snart i den same venskapen med kongen som fyrr.
161. Erling Skjalgsson og alle sønine hans hadde um sumaren vori i heren til kong Knut og i fylgje hans Haakon jarl, og der var Tore Hund og, og var i stor ære. Daa no kong Knut spurde at kong Olav var farin landvegen til Norig, løyste han upp leidingen og gav heile mannskape lov til aa vetterstella seg. De var ein stor her av utlendingar i Danmark no, baade engelsmenn og nordmenn og fraa fleire land, som hadde ført mannskap til heren um sumaren. Erling Skjalgsson fór til Norig um hausten med mannskape sitt og fekk store gaavur av kong Knut, daa dei skildest, men Tore Hund vart etter hjaa kong Knut. Sendemenn fraa kong Knut fór nord til Norig med Erling, og hadde med seg overlag mykje lausøyre; um vetteren fór dei rundt umkring i lande og betalte dei pengane som kong Knut hadde lova mange um hausten for at dei skulde hjelpa han, og gav til mange andre med, som dei kunde kaupa til aa vera venir med kong Knut, og Erling berga deim, medan dei fór umkring. Paa denne maaten gjekk de til, at ei heil mengd med menn gjorde seg til godvenir med kong Knut og lova han tenesta si, og at dei skulde gjera kong Olav motstand. Sume gjorde dette midt i folk-augom, men de var mange fleire som løynde de for aalmugen. Kong Olav høyrde tidend um dette; for mange kunde fortelja han um de, og de var tidt paa tale i hirdi. Sigvat skald kvad dette:
- Flust no kongens fiendar
- fer med opne pungar;
- mange byd den mæte
- malm for hans fredhelga hovud.
- Kvar veit at den som sin holle
- herre for gull mun selja,
- sitt hev — og slikt han verd er —
- i svarte helvite inne.
De kom tidt paa tale og, kor ille de sømde Haakon jarl aa føra ein her mot kong Olav, som hadde gjevi han live, daa jarlen var komin i hans magt. Men Sigvat var ein god ven til Haakon jarl, og daa han høyrde dei lasta jarlen, kvad han ei vise og sagde at de var ikkje rett av kongens karar, um dei hadde teki pengar av jarlen for Olavs liv; «men de var godt for oss,» sagde han, «um me alle visste oss frie for svik.»
162. Kong Olav hadde eit stort jolelag, og mykje storfolk var komi til han. Sjaunde dag jol gjekk kongen med nokre faa menn og Sigvat, som fylgde kongen natt og dag, til eit hus som eignalutine til kongen var forvarde i. Han hadde havt ei stor tilstelling, som han hadde for skikk, og hadde samla eignalutine sine og vilde gjeva venegaavur um kvelden aattande dag jol[315], og i dette huse stod de ikkje so faa gullbudde sverd. Daa kvad Sigvat ei vise og sagde at han gjerne vilde taka mot eit. Kongen tok eit sverd og gav han; handtake var linda med gull, og hjalte var gullslegi, og de var ein framifraa eignalut. Men gaava var ikkje ovundlaus, som ein sidan fekk høyra. Strakst etter jol gav kong Olav seg paa vegen til Upplandi, for di han hadde mykje folk, men han hadde ikkje fengi innkomur nordantil lande um hausten, daa de hadde vori leiding ute um sumaren, og paa den hadde kongen kosta alt de som de var raad til aa faa i. De beid ikkje skip heller til aa fara nord i lande med heren paa. Han høyrde ikkje anna nordantil heller, enn at han kunde skyna de var utrygt, um han fór dit og ikkje hadde mykje folk, og difor raadde kongen seg til aa fara gjenom Upplandi, endaa de ikkje var so lengi som de stod i lovi sidan han hadde fari paa gjestebod der, og som kongane hadde havt for skikk. Men daa kongen drog upp i lande, baud lendmenn og storbøndar han heim til seg, og sparde han for mange umkostningar.
163. De var ein mann som heitte Bjørn, som var ætta fraa Gautland. Han var ven og kjenning til dronning Aastrid, og noko skyld til ho og, og ho hadde gjevi han aarmanns-umbod og sysle i øvre Heidmarki, og han hadde styringi yvi Øystredalen med. Kongen totte ikkje um Bjørn, og bøndane lika han ikkje heller. I den bygdi Bjørn styrde hadde de hendt, at de kom burt mange naut og grisir, og Bjørn stemnde ihop eit ting og spurde der etter de som var komi burt. Han sagde at dei som budde i skogbygdine langt fraa andre folk var likast til slike skarvestykke, og med dette stikta han mest paa deim som budde i Øystredalen. Denne bygdi var fælt gresgrendt, og folk budde der ved sjøar eller rudningar i skogen, og de var berre faa stadir de laag storbygdir ihop.
164. De var ein mann som heitte Raud og budde der i Øystredalen. Han hadde ei kone som heitte Ragnhild, og tvo sønir, Dag og Sigurd, som var emnelege karar. Dei var paa dette tinge og svara for døline og viste klaga fraa deim. Bjørn totte dei var fine i aatferd og briska seg med staselege vaapn og klæde. Bjørn vende tala si mot brørane og sagde at dei var ikkje ulike til aa hava gjort slikt. Dei negta for seg, og dermed slutta tinge. Strakst etter kom kong Olav med fylgje sitt til Bjørn aarmann og var i gjestebod der, og daa kjærde dei den same saki for kongen, som hadde vori framme paa tinge. Bjørn sagde at han totte at sønine hans Raud var likast til slik skarveferd. Daa sende dei bod paa sønine hans Raud. Men daa dei raaka kongen, sagde han at dei saag ikkje ut til aa vera tjuvar, og sagde deim fri for dette klagemaale. Dei baud kongen heim til far sin, og at han skulde vera i gjestebod der i tri dagar med heile fylgje sitt. Bjørn talde fraa, at han skulde fara, men kongen fór like radt. De var eit gildt gjestebod hjaa Raud. Kongen spurde kva for folk Raud og kona hans var. Raud sagde at han var svensk, og ein rik og storætta mann; «men eg flydde burt derfraa,» sagde han, «med denne kona, som eg hev havt sidan. Ho er syster til kong Ring Dagsson.» Daa hugsa kongen ætti deira baae tvo. Han merka at baade faren og sønine var kloke, og spurde deim um itrottane deira. Sigurd sagde at han kunde tyda draumar, og vita kor de leid med tidi, um han korkjei saag sol eller maane eller stjernur. Kongen prøvde denne kunsti hans, og de var som Sigurd hadde sagt. Dag nemnde den itrotti, at han kunde sjaa kva godt og vondt de budde i kvar mann som kom for augo hans, naar han vilde leggja merke til de og aathuga[316] de. Kongen bad han segja dei lytr han saag paa honom, og Dag fann noko som kongen totte var rett. Daa spurde kongen um Bjørn aarmann, kva lyte han hadde. Dag sagde at Bjørn var ein tjuv, og sagde og, kor Bjørn hadde gøymt paa garden sin baade bein og horn og hudir av dei nauti han hadde stoli um hausten; «for de var han,» sagde han, «som hadde stoli alt de som kom burt i haust, og som han hev skulda andre for.» Dag sagde til kongen alle merki paa dei stadine han skulde leita paa. Daa kongen drog burt fraa Raud, gav dei han store venegaavur, daa dei skildest, og sønine hans Raud var med kongen. Kongen fór fyrst til Bjørn, og daa viste de seg, at de var sant alt de som Dag hadde sagt. Sidan lét kongen Bjørn fara ut or lande, og han kunde takka dronningi for di at han fekk hava liv og lemir.
165. Tore, son hans Olve paa Egg og stykson hans Kalv Arneson og systerson hans Tore Hund, var ein væn mann og stor og sterk, og paa den tid var han 18 vetrar gamal. Han hadde fengi eit godt gifte paa Heidmarki og stor rikdom med kona si. Han var overlag vensæl og hadde gode gaavur til aa vera hovding. Han baud kongen heim til seg til gjestebod med fylgje sitt, og kongen tok imot tilbode og fór til Tore og vart godt mot-tekin. Der var eit gasta gjestebod og ovfagning, og alt var av beste slage. Kongen og mennane hans rødde seg imillom um at dei totte alt høvde godt ihop, og dei visste ikkje kva som var best, anten husrome hans Tore eller husbunaden eller bord-bunaden eller drikke, eller mannen sjølv, som gjorde gjestebode. Dag lét ikkje vidare um dette. Kongen var vand til aa svalla med Dag og spurde han um ymse ting, og kongen røynde at de var sant alt de som Dag sagde, anten de var ting som alt var hendt eller skulde henda, og difor hadde kongen god tru paa de han sagde. Kongen fekk Dag paa tvomanns-hand og svalla mykje um mange ting med han. Sistpaa tala kongen med Dag um kor gild mann Tore var, som gjorde so gjævt gjestebod aat deim. Dag lét ikkje vidare um dette, og sagde de var sant, som kongen sagde. Daa spurde kongen Dag kva lyte han saag paa Tore. Dag meinte at Tore nok hadde eit godt huglynde, um han var slik som folk totte han saag ut til aa vera. Kongen bad han um aa svara paa de som han spurde um, og sagde at de var han skyldig til. «Daa lyt du lata meg raada for straffi, konge,» sagde Dag, «um eg skal nemna lyte hans.» Kongen sagde at han vilde ikkje skjota sin dom under andre, og bad Dag svara paa de som han spurde um. «Dyrt er drottins ord,» svara Dag. «Eg finn de lyte paa Tore, som kan henda so mange andre, at han er for kjær etter skillingen.» «Er han tjuv eller røvar?» spurde kongen. «Nei, de er han ikkje,» svara Dag. «Kva er han daa?» sagde kongen. Dag svara: «Han hev vorti kongs-svikar til aa vinna pengar; han hev teki pengar av Knut den megtuge for aa drepa deg.» «Korleis vil du prova de?» spurde kongen. Dag sagde: «Paa den høgre armen ovanfor olbogen hev han ein diger gullring, som kong Knut hev gjevi han, og som han ikkje vil lata nokon sjaa.» Dermed enda samtala millom kongen og Dag, og kongen var ovende harm. Daa kongen sat til bords, og dei hadde drukki ei stund og folk var lystuge, og Tore gjekk umkring og saag gjestine sine til godes, kalla kongen Tore til seg. Han gjekk fram til borde og lagde hendane paa borde. «Kor gamal er du, Tore?» spurde kongen. «Eg er 18 aar,» sagde han. «Du er stor og ein gild mann til aa vera so ung,» sagde kongen. Daa tok kongen um den høgre armen hans og strauk upp etter olbogen. «Tak varleg der,» sagde Tore, «eg hev ein svull paa armen.» Kongen heldt handi si still, og kjende daa at de var hardt under. «Hev du ikkje høyrt de, at eg er lækjar,» sagde kongen; «lat meg sjaa svullen.» Tore saag at de kunde ikkje nytta aa løyna ringen, og tok ringen og lagde han fram. Kongen spurde um de var ei gaave fraa kong Knut. Tore sagde at han kunde ikkje dylja for de. Daa lét kongen taka Tore og setja han i jarn. Daa gjekk Kalv burt og bad um fred for Tore og baud pengar for han, og mange andre studde han og baud pengane sine fram. Kongen var so harm, at de var uraad aa tala til han, og sagde at Tore skulde faa den domen som han hadde etla kongen, og so lét kongen drepa Tore. Men folk vart fælt harme for den gjerningi baade der paa Upplandi og likso mykje nord i Trondheim, der som Tore hadde si meste ætt. Kalv tok de fælt tungt, at denne mannen vart drepin, daa Tore hadde vori fosterson hans i uppvokstren.
166. Grjotgard, son hans Olve og bror hans Tore, var den eldste av brørane. Han var og ein gjæv mann og hadde ein heil flokk um seg; han var og paa Heidmarki den gongen. Daa han høyrde at Tore var drepin, gjorde han yvifall der som kongens menn eller gods var, og dess-imillom heldt han seg i skogar eller andre gøymslur. Daa kongen høyrde tidend um denne ufreden, lét han spæja ut kor Grjotgard var, og daa fekk kongen vita at Grjotgard natta ikkje langt fraa der som kongen var. Kong Olav fór strakst um natti, og kom fram daa de dagast. Dei slo mannring um stogo som Grjotgard og mennane hans var inne i. Grjotgard og hine vakna ved mann-staake og vaapn-brake, og sprang strakst til vaapni sine, og Grjotgard sprang ut i forstogo og spurde kven som styrde denne heren. Dei fortalde han at kong Olav var komin. Grjotgard spurde um kongen kunde høyra ordi hans. Kongen stod framanfor døri og sagde at Grjotgard kunde segja kva han vilde, og at han kunde høyra ordi hans, sagde kongen. «Eg bed ikkje um fred,» sagde Grjotgard, og i de same sprang han ut og hadde skjolden yvi hovude sitt og dregi sverd i handi. De var ikkje retteleg ljost, so han ikkje saag skilleg. Han stakk med sverde etter kongen, men han raaka Arnbjørn Arneson, og styngen kom under brynjo og gjekk upp i buken, og Arnbjørn fekk banen sin av dette. Grjotgard og dei fleste av mannskape hans vart og drepne paa flekken. Etter desse hendingane snudde kongen og drog sør til Viki att.
167. Daa kong Olav kom til Tunsberg, sende han menn fraa seg til alle syslune og kravde mannskap og leiding. De var smaatt med skip for han, og han hadde ikkje andre skip enn bondeskutur. De kom mykje folk til han fraa bygdine der umkring, men de kom faa langvegs fraa, og ein merka snart at landsfolke hadde vendt seg fraa truskap mot kongen. Kong Olav sende menn aust til Gautland etter skipi sine og de godse som dei lét vera etter um hausten. Men de gjekk traatt me deim; for de var ikkje betre daa enn um hausten aa fara gjenom Danmark, for di kong Knut hadde ein her ute um vaaren fraa heile Danavelde, og hadde ikkje mindre enn 1200 skip.
168. I Norig høyrde dei tidend um at Knut den megtuge samla ein uhorveleg her i Danmark, og at han var meint paa aa sigla til Norig med heile denne heren og leggja dette lande under seg. Daa dette spurdest, vart folk endaa traa-are aa faa til for kong Olav, og sidan fekk han lite hjelp av bøndane. Mennane hans rødde tidt um dette seg imillom. Daa kvad Sigvat ei vise, og i den sagde han at den engelske kongen baud ut ein her, at Olav fekk færre folk og mindre skip, og at de var skam, at landsfolke ikkje hjelpte kongen sin. Kongen heldt hird-stemnur og sume tidir hus-ting med heile heren sin og spurde mennane sine til raads um kva dei syntest dei helst skulde taka seg til. «Me kan ikkje dylja for,» sagde kongen, «at kong Knut vil koma og lyda innum til oss i sumar, og han hev ein stor her, som De vel hev høyrt, og me hev lite folk aa møta heren hans med, soleis som de no er, og landsfolke er ikkje aa lita paa.» Paa denne tala til kongen svara dei so ymist, dei som han tala til, men Sigvat kvad ei vise um at dei kunde nok fly, men fienden vilde leggja de ut som dei var rædde.
169. Same vaaren hende de paa Haalogaland, at Haarek fraa Tjotta hugsa at Aasmund Grankjelsson hadde røva og slegi drengine hans. Eit tjugetofta skip, som Haarek aatte, laag paa vatne utanfor garden hans med tjeld og tiljur, og han lét so, at han etla seg sør til Trondheim. Ein kveld gjekk Haarek um bord med alle drengine sine og hadde innpaa 80 mann. Dei rodde um natti, og imot morgon kom dei til garden hans Grankjel og slo ring um husi, og so gjekk dei paa og kveikte eld paa husi. Der brann Grankjel inne og alt heimefolke hans, men sume vart drepne ute, og 30 mann gjekk med. Etter denne gjerningi fór Haarek heim og sat paa garden sin. Aasmund var hjaa kong Olav paa denne tidi, og av deim som budde paa Haalogaland var de ingin som kravde bot av Haarek for dette verke, og ikkje baud han sjølv heller.
170. Knut den megtuge drog ihop heren sin og siglde til Limfjorden. Daa han var reidug, siglde han med heile heren derifraa til Norig, og skunda seg, og lagde ikkje til lands austanfor fjorden[317], men siglde yvi Foldi og lagde i land ved Agdir og kravde ting, og bøndane kom ned og heldt ting med kong Knut. Der vart Knut tekin til konge yvi heile lande, og han sette menn i syslune der umkring og tok gislar av bøndane, og ingin lagde imot. Kong Olav var i Tunsberg, daa heren hans Knut siglde utanfor yvi Foldi. Kong Knut siglde nordetter langs med lande, og folk fraa bygdine kom til han, og alle lova dei skulde lystra. Kong Knut laag ei stund i Eikundasund, og der kom Erling Skjalgsson til han med mykje folk, og han og kong Knut gjorde venskap med kvarandre paa nytt lag. Millom andre ting som kong Knut lova Erling, var de og, at han skulde hava styringi yvi heile lande millom Stad og Rygjarbit[318]. Sidan for kong Knut sin veg nordetter, og um ferdi hans vil me ikkje fortelja anna, enn at han ikkje stana fyrr han kom nord til Trondheim og styrde inn til Nidaros. Daa stemnde han ihop eit ting i Trondheim fraa dei 8 fylke, og paa dette tinge vart Knut tekin til konge yvi heile Norig. Tore Hund hadde fylgt med kong Knut fraa Danmark og var der no, og Haarek fraa Tjotta var og komin dit. Han og Tore vart lendmenn under kong Knut og gjorde eiden sin paa de. Kong Knut gav deim store veitslur og lét deim faa finne-handelen og store gaavur attpaa. Alle dei lendmennane som vilde halda seg til han, gav han fullt upp baade med veitslur og pengar, og lét deim alle hava større magt enn dei hadde havt fyrr.
171. Daa kong Knut hadde lagt heile lande under seg i Norig, heldt han eit stort ting baade av sine eigne menn og av landsfolke, og der lyste kong Knut at han vilde gjeva Haakon jarl, frenden sin, styringi yvi alt de lande som han hadde vunni paa denne ferd, og med de same leidde han Hordaknut, son sin, upp i høgsæte utmed seg og gav han kongsnamn og Danavelde attpaa. Kong Knut tok gislar av alle lendmennane og storbøndane, anten sønine eller brørane deira eller andre nærskyldingar, eller menn som dei heldt mest utav og han totte høvde best, og paa denne maaten gjorde han folk true mot seg, som me no hev fortalt. Strakst Haakon jarl hadde teki ved rike i Norig, slo maagen hans, Einar Tambeskjelvar, seg i lag med han og tok att alle dei veitslune som han hadde havt fyrr, daa jarlane raadde for lande. Kong Knut gav Einar store gaavur og batt han til seg medstor kjærleik, og lova han at Einar skulde vera den største og gjævaste mannen i Norig av deim som ikkje hadde fyrste-namn[319], so lengi han hadde magti i lande, og han lagde til, at han totte Einar høvde best til aa bera fyrstelegt namn i Norig, naar de ikkje fanst nokon jarl, eller so Eindride, son hans, for di han var so høgborin. Dette, som han lova, lika Einar vel og lova truskap igjen, og no tok hovdingskapen hans Einar til paa nytt lag.
172. De var ein mann som heitte Torarin Lovtunga, som var ætta fraa Island og var ein stor skald, og hadde vori mykje med kongar eller andre hovdingar. No var han hjaa kong Knut den megtuge og hadde dikta ein flokk um han. Men daa kongen fekk vita at Torarin hadde dikta ein flokk um han, vart han harm og bad han kveda ei draape dagen etter, naar kongen sat til bords. Gjorde han ikkje de, sagde kongen, skulde Torarin verta hengd, for di han hadde vori so djerv og dikta ein flokk um kong Knut. Daa dikta Torarin eit stev og sette inn i kvæde og lagde til nokre vers. Steve lyder soleis:
- Her paa jordi Knut er herre
- som i himlen Græklands vaktar[320]
Kong Knut lønte kvæde med 50 merkar sylv. Denne draapa kallar dei «Hovudløysn». Torarin dikta ei draape til um kong Knut, som dei kallar «Tøgdraapa». I denne draapa er de fortalt um denne ferdi til kong Knut, daa han drog fraa Danmark nord til Norig, og dette er ein av stev-bolkane[321]:
- Knut styrer under soli.
- Min storfellte ven
- med hermagt stor
- ut til havs fór.
- Or Limfjorden førde
- frægde havkonge
- langskip mange,
- lét deim til Norig gange.
- Egdir, som ufred
- ikkje ræddast,
- laut ottast her
- for hovdingens ferd.
- Gullprydt var heile
- gjævingens skip.
- Gromt er aa høyra paa,
- gromare var de aa sjaa.
- Kolsvarte mastir
- paa kongens bylgjedyr
- framum Listeland strauk,
- so um stamnen de fauk.
- Av svanevangs-skiir[322]
- var sjøen dekt
- utmed strond
- i Eikunda-sund.
- Hovdingens hæve
- hirdmenn siglde
- med gjøn-kvasse vind
- um Hjornagle-tind[323].
- Laak var 'kje ferdi
- til frægde kongen,
- naar de fossa um stamn,
- daa um Stad dei fór fram.
Her er sagt, at den som kvad dette hadde syn for segn[328] um ferdi til kong Knut; for Torarin gildar seg av di, at han var i fylgje med kong Knut daa han kom til Norig.
173. Dei mennane som kong Olav hadde sendt aust til Gautland etter skipi sine, tok med seg dei skipi som dei totte var best, og brende hine, og hadde med seg reiden og de andre godse som kongen og mennane hans aatte. Daa dei spurde at kong Knut hadde fari nord til Norig, siglde dei vestetter gjenom Øresund og nord til Viki til kong Olav, som var i Tunsberg, og gav han skipi hans. Daa kong Olav spurde at kong Knut fór med heren sin nord langs med lande, styrde han med heile floten sin inn i Oslofjorden og upp i eit vatn som heiter Dravn[329], og laag kvar der, til dess heren til kong Knut hadde siglt um deim søretter att. Daa kong Knut no siglde søretter langs med lande, heldt han ting i kvart fylke, og paa kvart ting vart lande tilsvori han, og dei gav han gislar. Han fór aust yvi Foldi til Borg og heldt ting der, og lande vart tilsvori han der som andre stadir. Deretter fór kong Knut sør til Danmark, og daa hadde han lagt under seg Norig forutan slag, og no raadde han for tri rike. Dette nemner Hallvard Haareksblese, daa han dikta um kong Knut.
174. Kong Olav siglde med skipi sine ut til Tunsberg, fyrst han spurde at kong Knut var farin sør til Danmark. Deretter laga han seg av stad med de mannskape som vilde fylgja han, og hadde 13 skip. Sidan siglde han utetter Viki, men fekk lite baade av pengar og folk, og de var ikkje andre som fylgde med enn dei som budde paa øyar eller ut-nes. Kongen gjekk ikkje upp i lande, men tok med seg av pengar og folk de som var paa vegen hans. Han merka de, at no var lande sviki fraa han. Han siglde etter som han hadde vind. Dette var i fyrstningi av vetteren, og de drygde lengi, fyrr dei fekk bør. Dei laag lengi ved Seløyane[330], og der høyrde dei tidendir av kaupmenn nordantil lande. Dei fortalde kongen at Erling Skjalgsson hadde samla mykje mannskap paa Jaren, og at skipe hans laag full-butt ved land, med mange andre skip, som bøndane hadde, skutur og garnbaatar og store ror-skutur. Kongen siglde vestetter med heren og laag ei stund i Eikundasund; daa fekk dei spurlag paa kvarandre, og Erling samla so mykje folk som han kunde.
175. Tomasmesse[331] fyri jol i graalysingi lagde kongen ut or hamni. Dei hadde god bør, men noko kvass, og siglde nordetter langs Jaren. De var vaatt i vére og drivskodde. De gjekk strakst bod landvegen yvi Jaren, daa kongen siglde utanfor, og daa Erling fekk vita at kongen siglde vestetter, lét han blaasa heile heren um bord. No dreiv heile mannskape um bord og laga seg til slag. Men de bar fort nordetter framum Jaren med kongs-skipi, og daa tok Olav den innre leidi og var meint paa aa fara inn i fjordane og faa seg folk og pengar der. Erling Skjalgsson siglde etter han med ein stor her og mange skip. Skipi deira gjekk fort, daa dei ikkje hadde anna um bord enn folk og vaapn, men skipe hans Erling gjekk mykje forare enn dei andre. Daa lét han taka rev i segle og bida paa floten sin. Daa saag kong Olav at skipi hans Erling hala fort inn paa han, for kongens skip var tungladde og vatsdrukne, daa dei hadde legi i vatne heile sumaren og hausten, og vetteren attpaa, alt til daa. Han saag at de vart stor folkemun, um dei møtte heile floten hans Erling paa ein gong. Difor lét han ropa fraa skip til skip, at dei skulde lata segli siga smaatt og syfta segle[332], og dei so gjorde. Daa Erling merka dette, ropte han til mannskape sitt og bad deim gjeva paa og sigla: «De ser,» sagde han, «at segli deira stend laagare, og at dei halar undan.» Daa lét han stikka ut revi paa skipe sitt, og daa gjekk de snart ifraa dei andre skipi.
176. Kong Olav styrde innanfor Bokn[333], og daa saag dei ikkje meir til kvarandre. Daa bad kongen deim strika paa segli og ro fram i eit trongt sund som var der. Daa lagde dei skipi ihop der, innanfor ein bergknabb, og heile mannskape var herklædt. Erling siglde inn i sunde, og merka ingin ting, fyrr heren laag beint fyri han og han saag kongsmennane rodde imot deim med alle skipi paa ein gong. Erling og mennane hans lét segle falla og treiv vaapni, men kongsheren lagde til paa alle kantar av skipe. Der vart de no eit slag, og de som kvast var, men mannfalle kom snart i mannskape hans Erling. Erling stod i lyftingi paa skipe sitt; han hadde hjelm paa hovude og skjold framfor seg og sverd i handi. Sigvat skald var etter i Viki, og der høyrde han tidend um dette; men Sigvat var god ven med Erling og hadde fengi gaavur av han og vori med han. Sigvat dikta ein flokk um falle hans Erling, og i den er dette verse:
- Ut lét Erling løypa
- langskip imot kongen,
- han som fekk bleike foten
- farga raud paa ørni.
- Skipe hans laag side
- um side i heren med kongens;
- braatt daa mennane byrja
- aa berjast kvast med sverdom.
No tok mannskape hans Erling til aa falla, og daa de kvesste paa med slage og kongsmennane gjekk upp paa skipe, fall kvar i sitt rom. Kongen sjølv gjekk hardt fram. Dette nemner Sigvat. Mennane hans Erling fall so reint til siste mannen, at sistpaa var de ingin som stod paa skipe, so nær som han sjølv. For de var ikkje mange som bad um live, og ingin fekk som bad, og ikkje kunde dei koma seg til aa fly heller, daa de laag skip rundt umkring skipe hans Erling. Og de segjer dei for visst og, at ingin baud til og vilde fly. Sigvat segjer:
No gjekk dei paa han Erling baade fraa fyrirome og fraa dei andre skipi. Der var eit stort rom paa lyftingi, som stod høgt upp yvi dei andre skipi, og ingin kunde sleppa til utan med skot, og takom-til med spjotstikk, som han slo fraa seg. Erling varde seg so manneleg, at ingin visste aa nemna maken, at ein mann hev stadi so lengi mot so mange mann som gjekk paa, og aldri baud han til og vilde koma undan eller beda um live. So segjer Sigvat:
- Hughard Skjalgs hemnar
- heldt seg og vilde ikkje
- grid av kongsmennom krevja,
- um kring han spjoti sjoga.
- Enno de ikkje hev vori,
- og ikkje kjem de sidan,
- i heimen med hav kringfløytt
- ein hovding med større djervhug.
No gjekk kong Olav atterut til fyrirome og saag kva Erling tok seg til. Daa tala kongen til han og sagde: «Du snur andlite mot oss i dag, Erling.» «Andlit til andlit skal ørnir kloast,» svara han. Desse ordi nemner Sigvat:
- Andlit til andlit Erling
- bad ørnine kloast, han som
- med lyst lande varde
- og landverne ikkje svigta, —
- daa han i oto ved Utstein,
- til ufred fyriaat buin,
- til Olav ord mælte,
- som og seg sanne synte.
Daa sagde kongen: «Vil du ganga i tenesta mi, Erling?» «De vil eg,» sagde han. Daa tok han hjelmen av hovude sitt og lagde ned sverde og skjolden og gjekk fram i fyrirome. Kongen stakk odden paa øksi i kinne paa han og sagde: «Merkja skal eg kongs-svikaren.» Daa sprang Aaslak Fitjaskalle fram og hogg med øksi i hovude paa Erling, so ho stod ned i heilen, og de vart strakst banesaar, og der lét Erling live sitt. Daa sagde kong Olav til Aaslak: «Vesal vøre deg[337] for dette hogge; no hogg du Norig av handi mi.» Aaslak svara: «De var ille, konge, um du fær mein av hogge mitt; eg totte no at eg hogg Norig i handi paa deg; men hev eg gjort deg noko mein, konge, og eg fær utakk av deg for dette verke, daa vert de lite vinning for meg; eg fær utakk og fiendskap av so mange menn for dette verke, at eg heller kunde trenga stydning og venskap av Dykk.» Kongen sagde at so skulde de vera. Deretter bad kongen alle mann ganga um bord kvar paa sitt skip og laga seg stad de meste dei orka. «Me vil ikkje røva dei fallne,» sagde han, «no fær kvar hava de som han hev fengi.» Daa gjekk dei tilbake til skipi sine og laga seg til, so fort dei vann. Daa dei var reiduge, kom bondeheren siglande sunnantil inn i sunde. Daa gjekk de, som ein tidt røyner, at naar ein her hev fengi store tap og misser hovdingen sin, er de ikkje framtak i deim, endaa dei hev ein stor styrke, og daa er dei hovding-lause. Ingin av sønine hans Erling var der, og bøndane kom seg ikkje til aa leggja til slag, og kongen siglde sin veg nordetter. Bøndane tok like hans Erling og flidde de og førde de heim til Sole, og sameleis alle dei andre som var fallne der. Dei syrgde mykje paa Erling, og de hev vori aalmentsagt, at Erling Skjalgsson hev vori den gjævaste og megtugaste mannen i Norig av deim som ikkje bar større heiders-namn. Sigvat Skald hev og dikta dette:
- Erling fall, — ein betre
- bidar ikkje dauden;
- men med si magt valda
- den megtuge konge verke.
- Ingin annan veit eg
- som alt til de siste kunde
- betre enn han halda
- sin heider uppe i live.
De segjer han og, at Aaslak hadde gjort frende-draap, og at de var laakt gjort.
177. Sume av sønine hans Erling var nord i Trondheim hjaa Haakon jarl, og sume nord paa Hordaland, og sume inn-i fjordane og samla folk. Daa de spurdest, at Erling var fallin, fylgde de med denne tidendi bod um at dei skulde reisa ein her austantil Agdir og i Rogaland og Hordaland. Der baud dei ut ein her, og den som mannsterk var, og denne heren fór med sønine hans Erling nord etter kong Olav. Daa kong Olav for fraa slage med Erling, siglde han nord igjenom sundi, og daa var dagen mest til ende. Dei segjer at daa dikta han denne visa:
- Laakt, eg tenkjer, paa leiken
- likar konungs-svikar,
- djervt eg paa draken sprang,
- drengir for ramnen eg slengde.
- Radt vilde han røva i natt
- mitt rike og liv tillike,
- men svært for konungs-svik
- svida han fekk og lida.
Sidan fór kongen nordetter langs med lande med heren sin, og daa fekk han god greide paa korleis bøndane hadde flokka seg ihop. Daa var mange lendmenn med kong Olav, og alle Arnesønine. Dette nemner Bjarne Gullbraa-skald i de kvæde som han dikta um Kalv Arneson. Kong Olav fór, til han kom nord um Stad, og lagde til ved Herøyane, og der høyrde han tidend um at Haakon jarl hadde ein stor her i Trondheim. Daa samraadde kongen seg med folke sitt. Kalv Arneson mana paa han, at han skulde draga til Trondheim og slaast med Haakon jarl, endaa folkemunen var stor. Mange andre studde denne raadi, men sume talde fraa, og dei lét kongen avgjera de.
178. Sidan lagde kong Olav inn til Steinavaag[338] og laag der um natti, men Aaslak Fitjaskalle styrde med sitt skip inn til Borgund, og der laag han um natti; Vigleik Arneson var der fyri han. Um morgonen, daa Aaslak vilde ganga til skipe sitt, tok Vigleik paa han og vilde hemna Erling. Der fall Aaslak. Daa kom nokre av hirdmennane til kongen, som hadde seti heime um sumaren, nordantil Frekøyarsund[339] og sagde kongen den tidendi, at Haakon jarl og mange lendmenn var komne um kvelden til Frekøyarsund med eit stort mannskap, «og dei vil taka live av deg og heren din, konge, um dei ser seg syn til.» Kongen sende nokre mann upp paa eit fjell som er der, og daa dei kom upp paa fjelle, saag dei at de kom ein stor her og mange skip nordantil Bjarnøy[340]; daa fór dei ned att og sagde kongen de, at heren kom nordantil. Daa lét kongen, som laag der med 12 skip, blaasa i luren, og daa tok dei tjeldi ned paa skipi hans og tok til aarane. Daa dei var reiduge og lagde ut or hamni, kom bondeheren siglande nordantil um Tjotande[341] og hadde 25 skip. Daa stemnde kongen innanfor Nyrve[342] og inn um Hundsver[343]. Daa kong Olav kom rett ut for Borgund, kom de skipe imot han som Aaslak hadde aatt, og daa dei raaka kong Olav, sagde dei han tidend um at Vigleik Arneson hadde teki live av Aaslak Fitjaskalle, for di han hadde drepi Erling Skjalgsson. Kongen lét ille yvi denne tidendi, men han kunde ikkje heftast lenger for ufreden, og siglde inn um Vegsund[344] og Skot[345]. Der skildest nokre fraa han. Kalv Arneson og mange andre lendmenn og skipsstyrarar fór fraa han og drog imot jarlen. Men kong Olav heldt paa og siglde til han kom inn i Todarfjorden[346], og lagde aat i Valldalen og gjekk i land fraa skipi sine. Daa hadde han 5 skip, som han sette paa land, og lét forvara segli og reiden. Etter dette sette han upp landtjelde sitt der, paa ei øyr som heiter Sult[347], og der er de fine vollar, og han reiste ein kross der paa øyri tett attmed. Der budde ein bonde, som heitte Bruse, paa Møren[348], og han var hovding yvi dalen. Sidan kom Bruse og mange andre bøndar ned til kong Olav og tok godt imot han, som rimelegt var, og han var og blid, for di dei tok godt imot han. Daa spurde kongen um de var framkjømt upp i lande fraa dalen og yvi til Lesja. Bruse sagde at de var ei urd i dalen, som heiter Skjervs-urdi[349], og at der var de ikkje framkjømt korkje for folk eller hestar. Kong Olav svara han: «De skal me no freista paa, bonde; de gjeng som Gud vil. Kom no her i morgon med øykine dykkar, og kom sjølve med, og daa skal me sjaa korleis de vil laga seg, naar me kjem til urdi, um me daa kan finna paa ei raad til aa sleppa yvi med hestar og folk.»
179. Daa dagen kom, fór bøndane ned med øykine sine, som kongen hadde sagt til deim. Alt godse og klædi sine førde dei paa øykine, men alt mannskape og kongen sjølv gjekk. Han gjekk so langt som til Krossbrekka[350], dei kallar, og kvilde seg der, daa han kom upp bakken, og sat der eit bil og saag ned i fjorden, og sagde: «Ei slitsam ferd hev dei gjort meg, lendmennane mine, som no hev skift truskap, og som ei stund var venine mine og fulltrue menn.» Der stend de no tvo krossar paa brekka, der kongen sat.[351] Daa steig kongen upp paa ein hest og reid upp-etter dalen, og stana ikkje fyrr dei kom til urdi. Daa spurde kongen Bruse um de var noko sel der, som dei kunde vera i, og han sagde at de var;[352] men kongen sette upp landtjelde sitt og var der um natti. Um morgonen bad kongen deim fara til urdi og freista um dei kunde faa lagt veg yvi. Dei gjekk, men kongen sat heime i landtjelde. Um kvelden kom dei heim, hirdmennane til kongen og bøndane, og sagde at dei hadde havt eit fælt stræv og ingin veg komi, og sagde at de aldri kunde verta lagt veg yvi der. Der var dei daa andre natti, og kongen heldt paa og bad all natti. Strakst kongen saag at de daga, bad han mennane fara til urdi og freista ein gong til, um dei kunde faa lagt veg yvi, og dei gjekk, men var traude til, og sagde at dei fekk ikkje gjort noko ved de. Daa dei var gjengne, kom den mannen til kongen som stod fyri nista, og sagde at de var ikkje meir til mat enn tvo nautsfall; «men du hev 400 mann av ditt eigi mannskap og 100 bøndar,» sagde han. Daa sagde kongen at han skulde hava upp alle kjetlane, og hava noko av slagte i kvar kjetil, og han so gjorde. Daa gjekk kongen til og gjorde krossmerke yvi og bad deim laga maten. Daa gjekk kongen til Skjervs-urdi, der dei skulde rydja vegen. Men daa kongen kom dit, sat dei alle og var trøytte av arbeide. Daa sagde Bruse: «De var de eg sagde Dykk, konge, og De vilde ikkje tru meg, at me ikkje kunde raa med denne urdi.» Daa lagde kongen ned kappa si og sagde at dei skulde ganga stad alle ihop og freista ein gong til. Dei so gjorde, og daa førde 20 mann steinar kor dei vilde, som ikkje 100 mann kunde rugga fyrr, og midt paa dagen var vegen rudd, so de var framkjømt baade for folk og hestar med klyv, likso godt som paa slette vollen. Sidan fór kongen ned att dit som nista var, og som no heiter Olavs-helleren[353]. De er ei ile og der, tett ved helleren, og der tvo kongen seg. Naar bu-fe vert sjukt for folk i dalen, og de drikk av dette vatne, besnar de med sjukdomen. Sidan fekk kongen og alle hine seg mat, og daa kongen var mett, spurde han um de var nokor sæter i dalen ovanfor urdi og nær fjelle som dei kunde vera i um natti. Men Bruse segjer: «Her er nokre sætrar, som heiter Grøningane[354], men ingin mann kan vera der um nætane for trollskap og vonde vette, som held til der ved sætri.» Sidan sagde kongen at dei skulde laga seg til aa fara, og sagde at han vilde vera der um natti paa sætri. Daa kom den mannen til han som raadde for nista, og sagde at de var nøgdi av mat, og at han visste ikkje kor han var komin fraa. Kongen takka Gud for denne sendingi, og nista ut bøndane, som fór ned-etter dalen, og var paa sætri um natti. Men ved midnettes-tidir, daa dei laag og sov, lét de so avskræmeleg stygt ute paa stølen: «Soleis brenner meg no bønine hans kong Olav,» sagde dette vette, «so eg kan ikkje vera lenger i husi mine, og no lyt eg røma og aldri meir koma paa denne stølen.» Um morgonen, daa folke vakna, fór kongen til fjells og sagde til Bruse: «Her skal dei byggja ein gard, og den bonden som her bur skal alltid hava utkoma si, og aldri skal korne frjosa her, endaa de frys baade ovanfor og nedanfor.» Daa fór kong Olav yvi fjelle og kom ned til Einbu[355] og var der um natti. Daa hadde kong Olav vori konge i Norig i 15 aar, med de aare som baade han og Svein jarl var i lande, og med de aare som me no hev fortalt um eit bil; no var de lidi yvi jol, daa han gjekk fraa skipi [1029] sine og gjekk upp paa land, som fyrr er fortalt. Um denne bolken av kongedøme hans hev fyrst presten Are Torgilsson den frode skrivi, som baade var sann-ordig og minnug, oa so gamal at han kunde minnast dei mennane, og hadde høyrt sogur av deim, som var so gamle at dei for aldrens skulde kunde minnast desse hendingane, soleis som han sjølv hev sagt bøkane sine, og i deim hev han nemnt dei mennane som han hadde kunnskapen sin fraa. Men elles er aalmenningssegni slik, at Olav var 15 aar konge yvi Norig, fyrr han fall; men dei som segjer de, dei reknar de siste aare Svein jarl var i lande med til styringi hans Svein; for Olav livde sidan i 15 aar som konge.
180. Daa kong Olav hadde vori paa Lesja um natti, fór han med mannskape sitt dag etter dag, fyrst til Gudbrandsdalen, og derifraa ut paa Heidmarki. Daa synte de seg, kven som var venine hans; for dei fylgde med han daa, men dei som hadde tent han med mindre truskap skildest fraa han, og sume vart uvenine hans og heilt-upp fiendar, som de sidan kom for ein dag. De var greidt aa merka paa mange upplendingar, at dei hadde lika ille at Tore vart drepin, som me fyrr hev fortalt. Kong Olav gav heimlov til mange av mennane sine, som hadde gard og born aa syta for; for folk totte de var uvisst, kva fred dei kunde venta for hus og heim, som fór med kongen ut or lande. Daa gjorde kongen kunnugt for venine sine, at de var meiningi hans aa fara ut or lande, fyrst aust til Sviavelde, og so gjera upp med seg sjølv kvart han so skulde snu seg. Og han bad venine sine gjera rekning paa de, at han var meint paa aa koma attende til lande att og til rike sitt, um Gud lét han liva so lengi, og sagde at de var hans tanke, at alt folke i Norig vilde binda seg til aa tena han endaa ein gong. «Eg hev den trui,» sagde han, «at de er ei liti stund Haakon jarl vil hava magti i Norig, og mange vil synast at de ikkje er noko underlegt i de, daa de hev skorta Haakon jarl paa lukke mot meg fyrr. Men faa folk vil tru meg, naar eg segjer mine tankar um Knut den megtuge, at han um faa aar vil vera slokna og heile herredøme hans upp i inkje, og at de ingin framgang vert for hans ætt, um de gjeng etter mine ord.» Daa kongen enda tala si, laga mennane hans seg til aa fara, og kongen gav seg paa vegen med de mannskape som fylgde han, aust til Eidskogen. Daa var dronning Aastrid med han, og Ulvhild, dotter deira, og Magnus, son til kong Olav, Rognvald Bruseson og Arnesønine Torberg og Finn og Arne, og endaa fleire lendmenn, og de var utvalde menn han hadde. Bjørn stallar fekk heimlov og fór heimatt til garden sin, og mange andre av venine til kongen fekk lov av honom til aa fara att til gardane sine. Kongen bad at dei skulde lata han faa vita de, um de hende noko i lande som de var naudturvelegt at han fekk vita. Dermed gav kongen seg paa vegen.
181. Um ferdi til kong Olav kan me fortelja, at han fyrst fór fraa Norig aust yvi Eidskogen til Vermeland, og derifraa ut til Vatsbu[356], og sidan yvi den skogen som vegen ligg igjenom, og kom til Nærike. Der budde de ein megtug og rik mann som heitte Sigtrygg. Han hadde ein son som heitte Ivar og sidan vart ein gjæv mann. Kong Olav vart verande hjaa Sigtrygg um vaaren, men daa de tok til aa sumrast, laga kongen seg til aa fara og fekk seg skip. Um sumaren gav han seg paa vegen, og stogga ikkje fyrr han kom aust til Gardarike til kong Jarisleiv og dronning Ingegjerd. Dronning Aastrid og kongsdotteri Ulvhild var etter i Svitjod, men kongen hadde Magnus, son sin, med seg aust. Kong Jarisleiv tok godt imot kong Olav og baud han vera hjaa seg og hava so mykje av lande som han turvte til aa kosta upphelde paa mannskape sitt med. Kong Olav tektest med dette og vart verande der. De er fortalt, at kong Olav var sedug og bad trutt til Gud i alle sine livedagar Men daa han merka at magti hans minka, og at motstandarane hans vart sterkare og sterkare, lagde han all sin hug paa aa gjera Guds teneste, og daa vart han ikkje heft av anna, som han fyrr hadde aa tenkja paa, og de arbeide som han fyrr drev paa med. For all den stundi han sat i kongedøme hadde han stræva for de som han totte var mest gagn i, fyrst aa freda og frelsa lande for trældom under utanlands-hovdingar, og sidan umvenda landsfolke til den rette trui og samstundes setja lov og landa rett, og daa han vilde at rett skulde vera rett, tugta han deim som vilde de som vrangt var. De hadde mykje vori skikk og bruk i Norig, at sønine til lendmenn eller storbøndar fór ut paa herskip og samla rikdom og herja baade utanlands og innanlands. Men fraa di kong Olav kom til kongedøme, freda han lande sitt soleis at han gjorde ende paa all røving der i lande, og um de so var stormanns-sønir som braut freden eller gjorde noko som kongen totte var ulovlegt, og han kunde koma til aa tugta deim, sparde han deim ikkje, men dei miste liv eller lemir, og de hjelpte ikkje, um folk bad for deim eller dei baud pengar. Dette fortèl Sigvat skald. Han refste like mykje baade storfolk og smaafolk; men dette totte landsfolke var for strengt, og de voks fiendskap upp imot han, daa dei miste frendane sine etter kongens rettferdige dom, endaa klagemaali var sanne. Dette var upphave til den reisningi som landsfolke gjorde mot kong Olav, at dei ikkje tolde rettferd av han. Men han vilde heller gjeva fraa seg kongsnamne enn rettferdi. De var ikkje noko sant i den klaga mot han, at han var knapp paa pengar mot mennane sine; for han var utifraa gjevmild med venine sine; men grunnen til at dei reiste ufred imot han var den, at folk totte han var hard og strid til aa refsa, men kong Knut baud fram store pengar, og storhovdingane vart lokka ved de at han lova kvar av deim magt og ære, og folke i Norig var huga paa aa taka mot Haakon jarl, daa han hadde vori overlag lika av landsfolke fyrr, daa han raadde for lande.
182. Haakon jarl hadde siglt med floten sin fraa Trondheim og var farin sør paa Møre mot kong Olav, som me fyrr hev fortalt, og daa kongen heldt inn i fjordane, sette jarlen etter han. Daa kom Kalv Arneson imot han, og fleire av dei mennane som hadde skilst fraa kong Olav, og han tok godt imot Kalv. Etter dette siglde jarlen inn der som kongen hadde sett upp skipi sine, inn i Todarfjorden i Valldalen. Der tok jarlen dei skipi som kongen aatte, og skuva deim paa vatne og budde deim til, og kasta lut[357] um kven som skulde vera styremenn. De var ein islending med jarlen, som heitte Jøkul, son hans Baard Jøkulsson fraa Vatsdal[358]. Jøkul fekk ved lut-kastingi Visunden aa styra, som kong Olav hadde styrt. Jøkul dikta ei vise um dette. Her vil me i faa ord fortelja noko som hende mykje seinare, at Jøkul kom ut for heren til kong Olav paa Gotland og vart fanga, og kongen lét leida han av og vilde hogga hovude av han. Dei virra ein vier i haare paa han, og ein mann tok og heldt i. Jøkul sette seg ned paa ein bakke, og ein mann skulde til aa hogga han. Men daa han høyrde kvinen, rette han seg upp, og hogge kom i hovude paa han, og de vart eit stort saar. Daa kongen saag at de var banesaar, sagde han at de fekk vera med de. Jøkul vart sitjande og kvad ei vise:
- Saari svid av møde,
- seti hev eg ofte betre;
- med ofse or flengja gufsa
- ut den raude spruten.
- Or breide saare blode
- brusar; eg herding fær læra.
- Gjevmilde, hjelmprydde hovding
- heidrar meg med sin vreide.
Etter dette døydde Jøkul.
183. Kalv Arneson fór nord til Trondheim med Haakon jarl, og jarlen baud han heim til seg, og at han skulde ganga i tenesta hans. Kalv sagde at han vilde fara inn til garden sin paa Egg fyrst, og so leggja raad, og Kalv so gjorde. Daa han kom heim, merka han snart at Sigrid, kona hans, var noko storfelt, og ho rekna upp all den sorgi som ho sagde kong Olav hadde gjort ho; fyrst at han lét drepa mannen hennar, Olve, «og no sidan,» sagde ho, «baae sønine mine. Og du, Kalv, var med, daa dei vart drepne, og de hadde eg minst venta av deg.» Kalv sagde at de var mykje mot hans vilje, at dei tok live av Tore; «eg baud pengar for han,» sagde han; «men daa Grjotgard vart drepin, miste eg bror min, Arnbjørn.» «De var godt,» sagde ho, «at du hev fengi kjenna slikt av kongen; for no kan de henda at du vil hemna honom, um du ikkje vil hemna mi sorg. Du saag, daa Tore, fosterson din, vart drepin, kor mykje kongen vyrde deg daa.» Soleis tala ho tidt um sorgine sine med Kalv. Kalv svara tidt vondt, men sistpaa vart de til de, at de drog etter med han, de ho tala for han, og han lova at han skulde ganga i tenesta til jarlen, soframt jarlen vilde leggja paa veitslune hans. Sigrid sende bod til jarlen, korleis de no hadde seg med Kalv, og strakst jarlen høyrde dette, sende han bod til Kalv, at han skulde koma ut til byen til jarlen. Kalv sette ikkje denne ferdi i gløymeboki og fór strakst etter ut til Nidaros, og der fann han Haakon jarl og vart godt mot-tekin, og han og jarlen talast ved; dei vart forlikte i alle maatar, og de vart avgjort, at Kalv gjekk i tenesta til jarlen og fekk store veitslur av honom. Sidan fór Kalv heim til garden sin, og daa hadde han meste styringi yvi heile innre Trondheim. Strakst vaaren kom, budde Kalv eit skip som han aatte, og strakst han var seglbudd, siglde han ut til havs og styrde vest til England, daa han hadde høyrt at kong Knut hadde siglt tidleg paa vaaren fraa Danmark og vest til England. Daa hadde kong Knut gjevi Harald, son hans Torkjel Høge, jarledøme i Danmark. Kalv Arneson fór til kong Knut, strakst han kom til England. Dette nemner Bjarne Gullbraa-skald. Daa Kalv kom til Knut, tok kongen overlag godt imot han og hadde ei samtale med han. Daa no desse talast ved, bad kong Knut Kalv at han skulde binda seg til aa setja upp mot Olav Digre, um han søkte attende til lande. «Daa skal eg,» sagde kongen, «gjeva deg jarledøme og lata deg raada for Norig, men frenden min, Haakon, skal koma til meg, og de høver best for honom, for han er so ærleg, at eg trur ikkje han vil skjota eit spjotskaft mot kong Olav, um dei raakast.» Kalv lydde paa de som kongen sagde, og fekk hug paa jarlsnamne, og dette vart ei fast avtale millom kong Knut og Kalv. Kalv laga seg heimatt, og daa dei skildest, gav kong Knut han drustelege gaavur. Dette nemner Bjarne skald. No fór Kalv attende til Norig og kom heim til garden sin.
184. Same sumaren fór Haakon jarl ut or lande og vest til England, og daa han kom dit, tok kong Knut godt imot han. Jarlen hadde ei festarmøy der i England, og no vilde han faa i stand giftarmaal, og etla seg til aa halda brudlaupe sitt i Norig, men i England lagde han seg til alt slikt som han totte var verst aa faa i i Norig. Um hausten laga jarlen seg paa heimvegen, men han vart seint ferdig. Daa han var seglbudd, siglde han ut til havs. Um ferdi hans kan me fortelja, at skipe gjekk under, og at ingin vart berga. Men sume segjer at skipe hev vori set nordanfor Katanes i kveldingi i hard storm, og vére stoda ut paa Petlandsfjorden. Dei som trur dette meiner at skipe dreiv ned i Svelgen[359]. Men de veit folk for visst, at Haakon jarl kom burt paa sjøen, og at inginting kom i land av de som paa skipe var. Same hausten sagde kaupmenn i Norig tidend um dette, som no kom ut yvi lande, at folk trudde at jarlen var komin burt. Men de visste alle folk, at han ikkje kom til Norig denne hausten, og daa var lande hovdinglaust.
185. Bjørn stallar sat heime paa garden sin, daa han hadde skilst fraa kong Olav. Bjørn var ein namnkjend mann, so de spurdest snart vidt og breidt, at han hadde slegi seg til ro. Dette spurde Haakon jarl med, og andre hovdingar, og dei sende menn og ordsending til Bjørn. Daa sendemennane kom fram, tok Bjørn godt imot deim. Sidan kalla Bjørn sendemennane til seg til ei samtale og spurde deim um ærendi deira. Men den som formannen var sagde dei hadde helsning til Bjørn fraa kong Knut og Haakon jarl og endaa fleire hovdingar; «og attaat hev kong Knut,» sagde han, «høyrt mykje gjeti deg, og at du lengi hev fylgt Olav Digre og vori ein stor uven til kong Knut, og de tykkjer han er ille, daa han vil vera ven med deg som med alle andre dugande menn, fyrst du sluttar med aa vera uvenen hans, og no er de ikkje anna fyri heller, enn at du søkjer hjelp og venskap der som de er mest aa faa, og der som alt folk i nordholva[360] av verdi tykkjer de er ei ære aa søkja venskap. No kan De sjaa, De som hev fylgt Olav, korleis han no hev skilst fraa dykk; no er De alle ihop hjelpelause mot kong Knut og mennane hans, og fyrre sumaren herja De lande hans og drap venine hans. No lyt du taka imot med takk, at kongen byd deg venskapen sin, daa de var rimelegare, at du bad, og baud pengar attpaa.» Daa han hadde enda tala si, svara Bjørn og sagde som so: «No vil eg sitja i ro heime paa garden min og ikkje tena hovdingar.» Sendemannen svara: «De er just rette kongsmenn, slike som du er, og de kan eg segja deg, at du hev tvo kaar aa velja millom; de eine at du fer fredlaus fraa eigedomane dine, liksom lagsmannen dykkar, Olav, fer no. De andre kaare er de, som du vil sjaa er likare, at du tek imot venskapen til kong Knut og Haakon jarl og vert deira mann og lovar deim truskap, og her kan du taka løni di.» I de same slo han ut engelsk sylv or ein stor pung. Bjørn var kjær etter pengar, og no vart han hugsjuk og tagna, daa han saag sylve, og tenkte med seg sjølv paa kva han skulde raada seg til. Han totte de var vondt aa missa eigedomane sine, og totte de var lite von um nokon framgang for kong Olav i Norig. Men daa sendemannen merka at Bjørn tok til aa tvila, daa han saag pengane, kasta han fram tvo digre gullringar og sagde: «Tak no pengane, Bjørn, og sver eiden; eg lovar deg de, at desse pengane er smaating mot deim du vil faa naar du kjem og vitjar kong Knut.» Og av alle desse pengane og fagre lovnadir og store gaavune vart han lokka av penge-elsken og tok pengane og gjekk i tenesta til kong Knut og Haakon jarl og svor deim truskap. Dermed for sendemennane av.
186. Bjørn stallar høyrde tidend um de som dei fortalde, at Haakon jarl var komin burt. Daa vendest hugen hans, og han ira mykje paa de, at han hadde broti truskapen sin mot kong Olav; no totte han at han var laus fraa den avtala han hadde gjort um aa lyda Haakon jarl. Bjørn totte og, at no var der nokor von um at kong Olav kunde faa framgang og koma til magti, um han kom til Norig, naar lande laag hovdinglaust for han. Bjørn laga seg fort heiman og hadde nokre menn med seg, og so fór han natt og dag, til hest, naar han kunde, og til skips, naar de høvde seg so, og han stana ikkje fyrr han kom aust til kong Olav i Gardarike ved joletidir um vetteren. Kongen vart oversleg glad, daa Bjørn kom til han, og daa spurde kongen han um mykje nytt nordantil Norig. Bjørn sagde at jarlen var komin burt, og no var lande hovdinglaust. Ved desse tidendine vart dei mennane glade som hadde fylgt kong Olav fraa Norig og hadde havt eigedomar og frendar og venir der, og no leika de i hugen deira berre aa setja til heimvegs. Bjørn fortalde kongen mange andre tidendir og fraa Norig, som han var forvitin etter aa høyra, og daa spurde kongen etter venine sine, korleis dei heldt truskapen sin imot han. Bjørn sagde at de var ymist med di. Daa stod Bjørn upp og fall ned for føtane aat kongen og tok um foten hans og sagde: «Alt i Guds og Dykkar vald, konge; eg hev teki pengar av mennane hans Knut og svori deim truskapseiden; men no vil eg fylgja deg og ikkje skiljast fraa deg, so lengi me liver baae tvo.» Kongen svara: «Statt upp strakst, Bjørn; du skal vera forlikt med meg, men dette lyt du sona for Gud. Eg kan vita at de er faa i Norig no som held truskapen sin mot meg, naar slike som du svigtar; og de er sant og at folk der er i ein stor vande, daa eg er langt undan, og fiendane mine trugar deim med ufred.» Bjørn fortalde no kongen kven som mest hadde bundi seg til aa vera formenn og reisa ufred mot kongen og mennane hans. Han nemnde sønine hans Erling paa Jaren og frendane deira, og Einar Tambeskjelvar, Kalv Arneson, Tore Hund og Haarek fraa Tjotta.
187. Daa kong Olav var komin til Gardarike, var han ovende tankefull og gjekk og grunda paa kva han no skulda raada seg til. Kong Jarisleiv og dronning Ingegjerd baud kong Olav vera der hjaa seg og taka mot de rike som heiter Vulgaria[361]; de er ein lut av Gardarike, og alle folk var heidningar i dette lande. Kong Olav tenkte med seg sjølv yvi dette tilbode; men daa han bar dette for mennane sine, talde alle han ifraa aa gjeva seg til der, og eggja kongen upp til aa draga nord til Norig til rike sitt eigi. Kongen tenkte og med seg sjølv paa aa leggja ned kongsnamne og fara ut i verdi til Jorsalir[362] eller til andre heilage stadir og ganga i kloster. Men de som stødt leika i hugen hans var, um de kunde laga seg so, at han kunde vinna att rike sitt i Norig. Men naar han tenkte paa dette, mintest han de, at i dei 10 fyrste aari av kongedøme hans gjekk alt lett og greidt for han, men sidan gjekk de seint og ubeint med alt han tok seg til, og prøvde han lukka, gjekk de stødt imot. Og difor tvila han paa um de var klokt aa lita so mykje paa lukka og fara med ein litin styrke imot fiendane sine, naar heile aalmugen hadde slegi seg i lag med deim og vilde gjera kong Olav motstand. Slik gjekk han allstødt og gruvla, og skaut si sak til Gud og bad at han vilde lata de henda som han saag var tenlegast. Han tenkte att og fram paa dette, og visste ikkje kva han skulde raada seg til, daa han syntest han var viss paa, at de som han no tenkte paa vilde verta til ulukke for han.
188. Ei natt laag kong Olav i sengi si og vakte lengi um natti, og tenkte paa kva han skulde raada seg til, og var svært tankefull. Men daa han vart trøytt og mod i hugen, seig svevnen paa han, men svevnen var so lett, at han totte han var vakin og saag alt som gjekk fyri seg i huse. Daa saag han ein stor og drusteleg mann stod framfor sengi i staselege klæde, og de sveiv i kongen, at de laut vera kong Olav Trygveson. Denne mannen sagde til han: «Er du mykje hugsjuk og veit ikkje kva du no skal raada deg til? Eg tykkjer de er underlegt, at du grundar so att og fram paa dette, og at du tenkjer paa aa leggja ned det kongsnamne som Gud hev gjevi deg, og sameleis at du tenkjer paa aa vera her og taka mot rike av utanlands-kongar, som du ikkje kjenner; far du heller attende til rike ditt, som du hev fengi i arv og lengi styrt med den magt som Gud gav deg, og lat ikkje dine undermenn skræma deg. De er kongens ære aa vinna paa uvenine sine, og ein ærefull daude aa falla med heren sin i slag; eller tvilar du noko paa de, at du hev retten paa di side i denne striden? De skal du ikkje gjera, aa dylja sanningi for deg sjølv; difor kan du djerveleg søkja attende til lande, daa Gud vil bera vitne um at de er din eigedom.» Daa kongen vakna, totte han at han saag ein svip av mannen som gjekk burt. Men fraa den stundi vart han hugfast og tenkte fullt og fast paa aa fara attende til Norig, som han hadde havt mest hug paa fyrr og, og som han merka at alle mennane hans helst vilde de skulde vera; og daa tenkte han som so, at lande var lett aa vinna, daa de var hovdinglaust, som han daa hadde høyrt, og han tenkte, at naar han kom sjølv, vilde mange koma han til hjelp liksom fyrr. Daa kongen no kunngjorde de som han etla seg til, for mennane sine, tok dei alle imot de med takk.
189. De er fortalt, at de hende seg ein gong, daa kong Olav var i Gardarike, at sonen til ei gjæv enkje fekk ein halssvull, og han vart so sjuk, at han ingin mat kunde faa ned, og de saag ut til at han skulde døy. Mor til guten gjekk til dronning Ingegjerd, som ho var kjend med, og synte ho guten. Dronningi sagde at ho visste ikkje nokor hjelperaad: «Gakk du,» sagde ho, «til kong Olav; han er beste lækjaren her, og bed han handfara der guten hev vondt, og vil han ikkje paa annan maate, so hels han fraa meg.» Ho gjorde som dronningi sagde, og daa ho fann kongen, sagde ho til han at son hennar var daudsjuk av ein halssvull, og bad han handfara svullen. Kongen sagde til ho at han ikkje var lækjar, og bad ho ganga til ein lækjar. Ho sagde at dronningi hadde styrt ho dit, «og ho bad meg helsa fraa seg, at De skulde bruka den lækjedomen som De kjende, og ho sagde til meg at De var beste lækjaren her i byen.» Daa tok kongen og handfór halsen til guten, og fingerfór lengi svullen, til dess guten leda paa munnen. Daa tok kongen brød og braut sund og lagde i kross i loven paa seg, og so lagde han de i munnen paa guten, og han svelgde de ned. Fraa den stundi gjekk all verken av halsen, og faa dagar etter var han reint frisk. Mor hans vart overlag glad, og sameleis dei andre frendane og kjenningane til guten. I fyrstningi dømde dei paa at kong Olav hadde gode lækjar-hendar, liksom dei segjer um deim som driv mykje med lækje-kunst, at dei hev gode hendar. Men sidan, daa de vart kunnugt for alle, at han gjorde jartegnir, tok dei dette som ei sann jartegn.
190. De hende seg ein sundag, at kong Olav sat til bords i høgsæte sitt, og sat i so djupe tankar at han ikkje ansa paa tidi. Han hadde ein kniv i handi, og ei stikke, som han spikka nokre sponar av. Skutilsveinen stod framfor han med ein mugge, og saag kva kongen gjorde, og daa skyna han at han sat i andre tankar. «De er maandag i morgon, herre,» sagde han. Kongen saag paa han, daa han høyrde dette, og daa kom han i hug kva han hadde gjort. Daa bad kongen um eit kveikt kjerteljos, og sopa ihop i handi si alle sponane som han hadde spikka, og sette logen burt aat og lét sponane brenna i loven paa seg. Og av dette kunde dei sjaa at han vilde halda fast Guds lov og bod og ikkje gjera imot de som han visste rettast var.
191. Daa kong Olav hadde sett seg fyri at han vilde gjeva seg paa heimvegen, sagde han de til kong Jarisleiv og dronning Ingegjerd. Dei talde han ifraa aa fara, og sagde at han skulde faa so mykje magt i deira rike som han totte var sømelegt, og bad han ikkje fara i hendane paa fiendane sine med so lite mannskap som han hadde der. Daa fortalde kong Olav deim draumen sin, og at han trudde de var Guds forsyn. Men daa dei merka at kongen var fullhuga paa aa fara attende til Norig, so baud dei han all den hjelpi til ferdi som han vilde hava av deim. Kongen takka deim med fagre ord for godviljen sin, og sagde at han med største glede vilde taka mot de som han trengde til ferdi si.
192. Strakst etter jol gjorde kong Olav seg i stand. Han hadde innpaa 200 av sine eigne menn med seg, og kong Jarisleiv gav alle desse hestar og ridestell, og daa han var reidug, gav han seg paa vegen. Kong Jarisleiv og dronning Ingegjerd gjorde stor ære paa han, daa han fór, men Magnus, son sin, lét han vera etter der hjaa kongen. No fór kong Olav vestetter, og i fyrstningi paa dei frosne elvane og sjøane alt til have. Men daa vaaren kom og isen gjekk upp, budde dei skipi sine, og daa dei var seglbudde og fekk bør, siglde dei ut, og de gjekk godt paa ferdi. Daa kong Olav kom med skipi sine til Gotland, høyrde han tidendir baade fraa Sviavelde og Danmark og alt fraa Norig; daa fekk han vissa paa at Haakon jarl var komin burt, og at Norigs land var hovdinglaust. Daa totte kongen og mennane hans at de laga seg godt med ferdi deira, og siglde derfraa, daa dei fekk bør, og styrde til Svitjod. Kongen lagde inn i Logen med heren sin og styrde upp i lande til Aaros[363], og sende bod til sviakongen Onund og sette stemnelag med han. Kong Onund vart blid, daa ordsendingi kom fraa verbror hans, og fór til kong Olav, som han hadde sendt bod til han um. Dronning Aastrid kom og til kong Olav med dei mennane som hadde fylgt henne, og de vart stort glede-møte paa alle desse, og sviakongen tok godt imot kong Olav, verbror sin, daa dei møttest.
193. No skal me fortelja um kva dei tok seg til i Norig paa denne tidi. Tore Hund hadde havt finneferd desse tvo vetrane, og kvar vetter hadde han vori lengi paa fjelle og fengi overlag mykje gods, og hadde drivi mangeslags handel med finnane. Han lét gjera seg der 12 reins-kuftur, med so mykje trolldom at inkje vaapn beit paa deim, mykje mindre enn paa ringbrynju. Men den andre vaaren budde Tore eit [1030] langskip som han aatte, og manna de med drengine sine. Han stemnde ihop bøndane og kravde leiding radt til de nørdste tinglage, og samla ein stor flokk der og siglde søretter um vaaren med dette mannskape. Haarek fraa Tjotta samla og mykje folk og vart dugeleg mannsterk. Mange fleire stormenn var og med i denne ferdi, men desse var dei gjævaste. Dei lyste til, at den styrken skulde fara mot kong Olav og verja lande mot han, um han kom austantil.
194. Einar Tambeskjelvar var den som raadde mest i ytre Trondheim, daa de kom ut, at Haakon jarl var fraafallin. Han totte no at han og Eindride, son hans, var næmast til dei eigedomane og den lausøyren som jarlen hadde havt. Daa mintest Einar dei venlege ord og lovnadir som kong Knut hadde gjevi han, daa dei skildest. Einar lét difor bu eit godt skip som han aatte, og gjekk um bord sjølv med eit stort fylgje, og daa han var seglbudd, heldt han søretter langs med lande, og sidan vest yvi have, og stana ikkje fyrr han kom til England. Han fór strakst til kong Knut, og kongen tok godt imot han. Sidan sagde Einar ærendi si til kongen, og sagde at han var komin og vilde hava de kongen hadde lova han, daa han hadde sagt at Einar skulde bera jarls-namn i Norig, naar Haakon jarl var burte. Kong Knut sagde at de bar ein annan veg med dette no. «No hev eg,» sagde han, «sendt menn og jartegnir til Svein, son min, i Danmark, og lova han Norigs rike; men eg vil halda venskap med deg, og du skal faa de heiders-namn av meg som du hev fødsel til, og vera lendmann, men hava store veitslur, og vera so mykje framfor hine lendmennane, som de er meir framtak i deg enn i dei andre lendmennane.» Daa saag Einar korleis han var stelt, og skipa seg heimatt. Men daa han no kjende kongens meining, og visste at de venteleg ikkje vart fredsamt i lande, um kong Olav kom austantil, so sveiv de i Einar, at de var ikkje verdt aa skunda seg med ferdi meir enn høvelegt var, naar dei skulde slaast med kong Olav og ikkje faa meir til magt enn dei hadde fyrr. Einar siglde ut paa have, daa han var reidug, men kom ikkje til Norig, fyrr de vigtugaste alt var hendt av de som hende der um sumaren.
195. Hovdingane i Norig hadde spæjarar aust i Svitjod og sør i Danmark, um kong Olav kom austantil Gardarike. Dei fekk strakst spurlag, so fort som folk kunde fara, daa kong Olav var komin til Svitjod, og strakst dei fekk vissa paa dette, fór de ufredsbod yvi heile lande; dei baud ut full leiding, og ein her vart samla. Dei lendmennane som var fraa Agdir og Rogaland og Hordaland, skilde seg; sume drog nord og sume aust, daa dei totte de trengdest mannskap paa baae kantar. Sønine hans Erling paa Jaren drog austetter med alt de mannskape som var austanfor deim, og dei var hovdingar for denne heren. Men Aaslak fraa Finnøy[364] og Erlend fraa Gjerde[365] og dei lendmennane som var nordanfor, dei snudde nordetter. Alle desse, som me no hev nemnt, hadde svori eiden sin til kong Knut paa at dei skulde taka live av kong Olav, um dei saag seg syn til de.
196. Daa de spurdest i Norig, at kong Olav var komin austantil til Svitjod, samla dei seg, dei av venine hans som vilde hjelpa han. Den høgste mannen i denne flokken var Harald Sigurdsson, bror til kong Olav, som den gongen var 15 vetrar gamal, men stor paa vokster og saag ut som han var fullvaksin. Der var mange andre gjæve menn og, og dei hadde i alt 600 mann, daa dei fór fraa Upplandi, og stemnde med denne heren aust yvi Eidskogen til Vermeland. Derfraa fór dei aust yvi skogane til Svitjod, og spurde seg fyri um kor kong Olav var.
197. Kong Olav var i Svitjod um vaaren, og hadde derifraa spæjarar nord i Norig, men han høyrde ikkje anna derifraa, enn at de ikkje vart fredsamt aa fara dit, og dei mennane som kom nordantil avtalde han og mykje fraa aa fara inn i lande; men han var fullhuga, no som fyrr, paa aa fara. Kong Olav spurde kong Onund, kva hjelp han vilde gjeva han til aa vinna att lande sitt. Kong Onund svara at sviane var lite for aa fara i herferd til Norig. «Me veit,» sagde han, «at nordmennane er harde folk og ovkarar til aa slaast, og ikkje gode aa heimsøkja med ufred. Eg skal radt segja deg kva eg vil gjeva; eg skal gjeva deg 400 mann gode hermenn og godt budde til strid, som du kan velja av hirdmennane mine. Og so vil eg gjeva deg lov til aa fara yvi lande mitt og faa i alt de mannskape som du kan, og som vil fylgja deg.» Kong Olav tok imot dette tilbode og laga seg til avferd. Dronning Aastrid og kongsdotteri Ulvhild vart etter i Svitjod.
198. Daa kong Olav gav seg paa vegen, kom de mannskape til han som sviakongen gav han, og de var 400 mann, og kongen lagde vegen slik som sviane synte han. Dei stemnde upp i lande til skogane, og kom fram ein stad dei kallar Jarnberaland[366]. Der møtte kongen de mannskape som var fari imot han fraa Norig, som me fyrr hev fortalt. Der raaka han Harald, bror sin, og mange andre av frendane og venine sine, og de vart stor glede paa deim, daa dei møttest. Daa hadde dei alle ihop i 200 mann.
199. De var ein mann som heitte Dag, som dei sagde var son til kong Ring, som hadde rømt lande for kong Olav[367], og dei segjer at Ring var son hans Dag Ringsson og soneson hans Harald Haarfagre. Soleis var Dag frenden til kong Olav. Ring og Dag, son hans, hadde gjevi seg til i Sviavelde og fengi eit rike aa styra der. Um vaaren, daa kong Olav var komin austantil til Svitjod, sende han bod til frenden sin, Dag, at han skulde gjeva seg i lag med han med heile den styrken som han hadde, og vann dei Norigs rike, skulde Dag ikkje faa mindre rike der enn forfedrane hans hadde havt. Daa denne ordsendingi kom til Dag, totte han dette var gjævt, og han lengta etter aa fara heim til Norig og taka mot de rike der som frendane hans hadde havt fyrr. Han svara radt paa dette og lova at han skulde vera med. Dag var hastig baade i ord og gjerning, og braa og djerv, men han var ingin kloking. Han samla ein her og fekk innpaa 1200 mann, og med denne heren fór han til møtes med kong Olav.
200. Kong Olav sende bod umkring i bygdine, at dei mennane som vilde vinna seg rikdom paa den maaten at dei fekk herfang til aa skifta imillom seg og dei innkomune som uvenine til kongen sat inne med, at dei skulde koma til han og fylgja han. Kong Olav førde heren sin gjenom skogbygdine, og sume tidir gjenom øydemarkir og tidt yvi store vatn, og dei drog eller bar skipi etter seg millom vatni. De dreiv ein heil brote til kongen av skogbyggine, og sume ransmenn med. Mange av dei stadine der han var um natti kalla dei sidan Olavs-budir. Han stana ikkje fyrr han kom fram til Jamteland, og derfraa fór han nord til Kjølen. Mannskape spreidde seg i bygdine og fór mykje i smaaflokkar, so lengi dei ikkje venta nokon ufred. Naar dei spreidde mannskape, fylgde stødt nordmennane med kongen, men Dag tok ein annan veg med sitt mannskap, og sviane var paa den tridje kanten med sitt mannskap.
201. Der var tvo menn, den eine heitte Gaukatore og den andre Avrafaste, som var ransmenn og dei verste til aa røva, og dei hadde med seg 30 mann av same slage. Desse brørane var større og sterkare enn andre menn, og de skorta deim ikkje paa mod og djervskap. Dei høyrde gjeti den heren som fór gjenom lande der, og rødde seg imillom um at de var eit godt paafund aa fara til kongen og fylgja han til lande sitt og vera med i eit rettelegt slag med han og røyna seg; for dei hadde ikkje vori med fyrr i noko slag som mannskape var uppstelt i fylking til, og dei var nyfikne etter aa faa sjaa fylkingi til kongen. Denne avgjerd lika fylgjesveinane deira godt, og dei gav seg paa vegen til kongen. Daa dei kom fram, gjekk dei med fylgje sitt framfor kongen, og baade dei og fylgjesveinane deira var fullt væpna. Dei helsa paa han, og han spurde kva dei var for folk. Dei nemnde kva dei heitte, og sagde at dei var der fraa bygdi, og so sagde dei ærendi si og baud seg til aa fara med kongen. Kongen sagde at han syntest de var godt fylgje i slike karar. «Eg vil gjerne,» sagde han, «taka mot slike karar; men er De kristne menn?» sagde han. Gaukatore svara og sagde at han var korkje kristin eller heidning. «Eg og felagane[368] mine hev ingi onnor tru, enn at me trur paa vaar magt og styrke og lukke til aa vinna, og de rekk godt til for oss.» «De er stor skade,» svara kongen, «at slike grepa karar ikkje skal tru paa Krist, skaparen sin.» «Er de nokon kristin-mann i fylgje ditt, konge,» svara Tore, «som hev vaksi meir paa ein dag enn me brørane?» Kongen bad at dei skulde lata seg døypa og taka den rette trui. «Sidan kan De fylgja meg, og daa skal eg gjera dykk til stormenn; men vil De ikkje de, so far attende til gjerefare[369] dykkar.» Avrafaste svara at han vilde ikkje taka mot kristindomen, og dermed gjekk dei. Daa sagde Gaukatore: «Dette er stor skam, at denne kongen viser oss burt; og aldri fyrr kom eg der som eg ikkje var god nok til aa ganga i lag med andre menn, og eg vil aldri snu paa den visi.» Dermed slo dei seg i lag med andre skogmenn og fylgde flokken. No drog kong Olav vest til Kjølen.
202. Daa kong Olav fór austantil yvi Kjølen og drog ned paa vestsida av fjelle og de halla undan derifraa og vestetter ned mot sjøen, kunde han sjaa ut yvi lande; mykje folk gjekk fyri kongen, og mykje gjekk baketter, men der han reid var de romt umkring han. Han var tagal og tala ikkje til nokon, og soleis reid han lengi um dagen og saag seg ikkje stort um. Daa reid bispen burt til han og spurde kva han tenkte paa, med di han var so tagal. For kongen var jamleg glad og rødug med mennane sine paa ferdi, so alle vart glade som var umkring han. Daa svara kongen og var tankefull: «Underlege ting hev no komi fyri meg ei stund. No saag eg ut yvi Norig, daa eg lét auga fara vestetter fraa fjelle. Daa kom de meg i hugen, at eg hadde havt mang ein sæl dag i dette lande. Daa hadde eg eit syn, so eg saag yvi heile Trondheim, og sidan yvi heile Norig, og so lengi dette syne var for augo mine, saag eg allstødt vidare og vidare, alt til eg saag yvi heile verdi, baade land og sjø; eg kjende grant dei stadine der eg hadde vori fyrr, og som eg hadde set, og likso greidt saag eg dei stadine som eg ikkje hev set fyrr, baade dei som eg hev høyrt tale um, og dei som eg ikkje hev høyrt gjeti fyrr, baade bygde og ubygde, so vidt som verdi er.» Bispen sagde at dette syne var heilagt og ovleg merkelegt.
203. Daa kongen drog ned fraa fjelle, laag de ein gard framfor deim, som heiter Sula[370], i den øvste bygdi i Verdølafylke. Daa dei kom ned imot garden, laag de aakrar ved vegen. Kongen bad mennane sine fara stillt og roleg og ikkje øydeleggja aakeren for bonden. Dette gjorde dei godt og vel, so lengi kongen var nær, men dei flokkane som baketter kom gav ikkje gaum etter dette, og folk gjekk yvi aakeren so at han vart trakka ned heile vegen. Den bonden som budde der heitte Torgeir Flekk, og han hadde tvo sønir, som var nettupp vaksne. Torgeir tok godt imot kongen og mennane hans, og baud han all den hjelpi han hadde raad til. Kongen takka for tilbode og spurde Torgeir etter tidendir, og um de var noko nytt hendt i lande, og um dei hadde samla ein her imot han. Torgeir sagde at dei hadde dregi ihop ein stor her der i Trondheim, og at der var komne lendmenn baade sunnantil lande og nordantil fraa Haalogaland; «men eg veit ikkje,» sagde han, «um dei etlar seg mot Dykk med denne heren eller ein annan stad.» Sidan klaga han for kongen yvi den skaden kongsmennane hadde gjort han, og ageløysa deira som hadde øydelagt og trakka ned alle aakrane hans. Kongen sagde at de var ille, at dei hadde gjort han mein, og so reid kongen dit som aakeren hadde stadi, og saag at han laag flat nede alle stadir. Han reid rundt umkring aakeren, og so sagde han: «Eg tenkjer visst, bonde, at Gud vil gjera denne skaden god att, og at aakeren stend betre um ei viku.» Og de vart den beste aakeren, som kongen sagde. Kongen vart verande der um natti, og um morgonen laga han seg til ferdi. Han sagde at Torgeir bonde skulde fara med han, men han baud seg til aa lata baae sønine sine vera med. Daa sagde kongen at dei ikkje skulde fara med han, men gutane vilde fara like radt. Kongen bad dei skulde vera etter, men dei vilde ikkje lata seg avtelja, og daa vilde hirdmennane til kongen binda deim. Daa kongen saag dette, sagde han: «Lat deim fara; dei kjem nok att.» Og de gjekk som kongen sagde med gutane.
204. No drog heren ut til Stav[371]. Daa kongen kom til Stavemyrane, heldt han kvild. Daa fekk han sannspurt at bøndane for imot han med ein her, og at han snart vilde koma i slag med deim. Daa kanna[372] kongen heren sin og heldt manntal. Daa fanst de 900 heidningar[373] i heren, og daa kongen fekk vita dette, bad han deim um aa lata seg døypa, og sagde at han vilde ikkje hava heidningar med seg i slage. «Me kan ikkje lita paa folketale,» sagde han, «me skal setja vaar lit til Gud; for med hans kraft og miskunn kan me vinna; men eg vil ikkje blanda heidningar ihop med mine eigne.» Daa heidningane høyrde dette, gjekk dei paa raad, og sistpaa lét 400 mann[374] seg døypa, men 500 sagde nei til kristindomen, og denne hopen snudde att til lande sitt. Daa gjekk dei tvo brørane Gaukatore og Avrafaste fram med mannskape sitt, og baud seg til aa fylgja kongen att. Han spurde um dei hadde lati seg døypa, og Gaukatore sagde at dei hadde ikkje de. Daa bad kongen deim taka mot daapen og den rette trui eller i anna fall fara sin veg. Daa gjekk dei burt og talast ved og samraaddest um kva dei skulde raada seg til. Daa sagde Avrafaste: «Skal eg segja kva eg meiner, vil eg ikkje snu; eg vil vera med i slage og hjelpa ein av deim, og eg er like sæl, kva for ein flokk eg er i.» Daa svara Gaukatore: «Skal eg vera med i slage, vil eg hjelpa kongen, daa han treng mest til hjelp; og skal eg tru paa nokon gud, so er de vel ikkje verre aa tru paa Kvitekrist enn paa einkvar annan gud. No er de mi raad, at me læt oss døypa, um de er kongen so mykje um aa gjera, og so vil me vera med han i slage.» Dette samtykte dei alle ihop, og so gjekk dei til kongen og sagde at dei vilde lata seg døypa. Daa vart dei døypte av prestane og konfirmerte. Etter dette tok kongen deim upp i hirdi si og sagde at dei skulde vera under merke hans i slage.
205. Kong Olav hadde no fengi vissa paa at de ikkje vilde drygja lengi fyrr de kom til slag med bøndane. Daa han hadde kanna heren sin og haldi manntal, hadde han meir enn 30 hundrad[375], og dette totte dei daa var ein stor her paa ein stad. Sidan tala kongen til heren og sagde: «Me hev ein stor her og vakkert mannskap. No vil eg segja alle mann korleis eg vil hava uppstelt heren. Merke mitt skal fara fram midt i heren, og med de skal hirdi og gjestine mine fylgja, med de mannskape som kom til oss fraa Upplandi, og sameleis de mannskape som kom til oss her i Trondheim. Paa høgre handi av merke mitt skal Dag Ringsson vera, med alt de mannskape som han førde med seg til aa hjelpa oss, og han skal hava de andre merke. Paa vinstre handi av mi fylking skal de mannskape vera som sviakongen gav oss, og alt de mannskape som kom til oss i Sviavelde, og dei skal hava de tridje merke. Eg vil at folke skal skipa seg i flokkar, so frendar og kjenningar held ihop; for daa kan dei best forsvara og kjenna kvarandre. Me skal merkja heile mannskape vaart og gjera eit merke paa hjelmane vaare og skjoldane, og maala den heilage krossen paa deim med kvit farge. Og naar me kjem i slag, so skal me alle hava eitt ordtak: Fram, fram kristmenn, krossmenn, kongsmenn. Me lyt hava tunne fylkingar, um so er at me hev mindre folk; for eg vil at dei ikkje skal kringsetja oss med heren sin. No skal mannskape skipa seg i hopar, og sidan skal me setja hopane i fylking, og daa lyt kvar vita sitt stelle og gjeva agt etter kva side han er paa fraa de merke som han skal fylgja. No vil me halda fylkingi vaar, og mannskape skal vera fullt væpna natt og dag, til me fær vita kor me og bøndane raakast.» Daa kongen hadde tala, fylkte dei mannskape sitt og skipa de etter de som kongen hadde fyrisett. Etter dette hadde kongen eit møte med hovdingane for smaahopane, og daa var dei mennane komne att som kongen hadde sendt ut i bygdi til aa krevja mannskap av bøndane. Dei kunde fortelja den tidendi fraa bygdi, der dei hadde fari, at de vidt og breidt var reint audt for vaapnføre folk, og alle desse var farne til bondeheren, og der dei raaka paa folk, var de faa som vilde fylgja deim, men dei fleste svara de, at dei sat heime for di dei ikkje vilde fylgja nokon av deim og korkje vilde slaast mot kongen eller mot frendane sine, og dei hadde fengi lite folk. Daa spurde kongen mennane sine til raads um kva dei syntest var best aa taka seg til. Finn Arneson svara soleis paa de kongen spurde um: «Eg skal radt segja korleis de skulde vera, um eg fekk raada. Daa skulde me fara med herskjold umkring i alle bygdine og røva alt gods og brenna heile bygdi so reint av, at de aldri stod eit kot att, og soleis skulde me løna bøndane for dei hev sviki kongen sin. Eg tenkjer at mang ein fulla vert laus i flokken, naar han ser røyk og loge heime i husi sine, og ikkje skilleg veit korleis de gjeng borni og konune og gamlefolke, fedrane og mødrane deira og andre skyldfolk. Eg tenkjer,» sagde han, «at naar nokre fer til og bryt lage, so vil snart fylkingane deira tynnast; for soleis er de laga med bøndane, at den raadi som nyast er likar alle best.» Daa Finn enda tala si, staaka dei og lét vel yvi dette, og mange lika godt aa faa seg herfang, og alle totte at bøndane fortente berre vondt, og at de var trulegt, som Finn sagde, at mange av bøndane vart lause i flokken. Tormod Kolbrunarskald kvad daa ei vise:
- Berre lat oss brenna
- kvart bu me finna innan
- Herberg[376]; heren vil lande
- for hovdingen verja med sverde.
- Lat inntrøndine einast
- av alle husi hava
- kalde kol, naar elden
- kveikt er, um eg maa raada.
Men daa kong Olav høyrde kor uppsett folke var, bad han um ljod og sagde: «Bøndane hadde godt fortent at me gjorde som De vil. Dei veit de og, at eg fyrr hev gjort so, at eg hev brent upp husi for deim og refst deim strengt paa andre maatar og. Men daa gjorde eg so, at eg brende for deim for di dei hadde gjengi fraa trui si og teki til aa blota og ikkje vilde lyda paa ordi mine. Daa hadde me Guds rett aa verja. At dei no hev sviki kongen sin, de er mykje mindre sætande,[377] endaa dei ikkje held trui si mot meg, og de sømer deim ille som manndoms-menn vil vera. No hev eg meir rett til aa spara deim noko, naar dei for-ser seg mot meg, enn daa dei var Guds fiendar. No vil eg at mannskape mitt skall fara stillfærleg fram, og ikkje gjera noko herverk. Fyrst vil eg fara imot bøndane, og vert me daa forlikte, er de vel. Men held dei slag imot oss, daa er de tvo kaar for handi. Anten fell me i slage, og daa hev me stelt oss godt, at me ikkje fer dit med røva gods; eller so vinn me, og daa skal De taka arv etter deim som no slæst imot oss; for sume av deim vil falla der, og sume vil fly, og alle desse hev forbroti heile eigedomen sin. Men daa er de godt aa ganga til store hus og drustelege gardar, men ingin nyt de som brent er, og av røva gods gjeng mykje meir til spilles enn de som til nyttes kjem. No skal me fara spreidt ut etter bygdi og taka med oss alle vaapnføre menn som me kan faa i. Mannskape skal hogga ned buskapen og, og taka annan kost, som dei treng til føde, men ikkje gjera anna ugagn. Eg likar godt at De drep spæjarane til bøndane, um De fær tak i deim. Dag og mannskape hans skal fara paa nordsida ned etter dalen, men eg vil fara aalmannvegen utetter, og i kveld skal me møtast og natta paa ein stad alle ihop.»
206. De er fortalt, at daa kong Olav fylkte heren sin, sette han menn i skjoldborg, som skulde standa framfor han i slage, og til dette valde han dei mennane som var sterkast og snarpast. Daa kalla kongen skaldane til seg og bad deim ganga i skjoldborgi. «De skal vera her,» sagde han, «og sjaa de som her gjeng fyri seg, so trengst de ikkje aa høyra etter segnir av andre, og De skal sidan fortelja de og dikta um de.» Der var Tormod Kolbrunarskald og Gissur Gullbraa, fosterfar hans Hovgarde Rev[378], og Torfinn Munn. Daa sagde Tormod til Gissur: «Lat oss ikkje standa so trongt, kammerat, so ikkje Sigvat skald fær rome sitt, naar han kjem. Han vil vel vera framanfor kongen, og kongen vil vel ikkje vita av anna heller.» Kongen høyrde dette og svara: «Du tarv ikkje sneida Sigvat, for di um han ikkje er her; han hev tidt fylgt meg godt; no bed han for oss, og de treng me godt til.» «De kan gjerne vera,» svara Tormod, «at du no treng mest til bønir, men tunt vart de um merkes-stongi, var alle hirdmennane dine no paa Roma-ferd. De er sant og, at me fyrr klaga paa at ingin fekk rom for Sigvat, naar ein vilde tala med deg.» Daa tala skaldane seg imillom og sagde at de kunde vera høvelegt, at dei dikta nokre minnevisur um de som no snart skulde ganga fyri seg. Daa kvad Gissur:
- Den bodskapen seinast
- skal bondedotteri ottast,
- at uglad eg var. Til verkel
- paa vollen aa møta til skjoldting
- Alt um arm-stælte hermenn,
- paa Odins møyar bidar,
- i Gonduls gny lat oss standa
- med gramen traust saman.
Daa kvad Torfinn Munn eit anna vers:
- De myrknar mot de sterke
- malm-él i skjoldgarden harde;
- verdølir vil til sverdleik
- med vise kongen risa.
- Lat ramnen den glade oss gjøda
- og gramen verja ramleg;
- me fullbørt[379] trøndir skal fella
- i furande Odins skuri.
Daa kvad Tormod:
- Til staal-vére de store
- stundi no seg skundar;
- sverdtid stig, — no hugen
- maa sist kongsmenn missa.
- Til strid lat oss gjera oss reide;
- ræddhug daa ikkje duger,
- naar til geir-ting me ganga
- med gladvære Olav i radir.
Desse visune lærde folk strakst.
207. Deretter gav kongen seg paa ferdi og drog ut etter dalen. Han tok seg nattelægje,[380] og der samla heile mannskape hans seg ihop og laag ute um natti under skjoldane sine, men strakst de lyste, lét kongen heren bu seg, og so drog dei lenger ut etter dalen, daa dei var reiduge. Daa kom de mange bøndar til kongen, og dei fleste gjekk inn i heren hans, og alle kunde fortelja de same, at lendmennane hadde dregi ihop ein uhorveleg stor her, og at dei etla seg til aa halda slag med kongen. Daa tok kongen mange merkar sylv og flidde til ein bonde og sagde: «Desse pengane skal du gøyma og sidan skifta deim ut; nokre av deim skal du leggja til kyrkjune, og nokre skal du gjeva til prestane, og sume til fatigfolk, og gjeva desse pengane for deira liv og sjæl som fell i slage og slæst imot oss.» Bonden svara: «Skal eg ikkje gjeva desse pengane til sjælefrelse for dine eigne menn, konge?» Daa svara kongen: «Desse pengane skal du gjeva for deira sjæl som er med bøndane i slage og fell for vaapni til vaare menn. Men dei mennane, som fylgjer oss i slage og fell der, skal fulla bergast alle ihop.»
208. Den natti daa kongen laag med heren sin samla, som me fyrr hev fortalt um, vakte han lengi og bad til Gud for seg og heren sin, og sov ikkje stort. Mot dagen fall svevnen paa han, og daa han vakna, rann dagen. Kongen totte de var for tidlegt aa vekkja heren, og spurde kor Tormod skald var. Han var tett ved og svara og spurde kva kongen vilde han. «Seg fram eit kvæde for oss,» sagde kongen. Tormod sette seg upp og kvad, so høgt at dei høyrde de yvi heile heren. Han kvad de gamle Bjarkemaale[381], og dei fyrste versi lyder so:
- Dag er paa himlen komin,
- hanen vengjom skakar,
- tid er for trælar
- aa taka til arbeid.
- Vakne alle, vakne
- venir gode,
- alle hans Adils[382]
- ypparste sveinar,
- Haar den hardtakande,
- Rolv skjotande,
- ættgode mennar,
- dei som ikkje flyr.
- Eg vekkjer dykk ikkje til vin
- eller til vivs kviskring,
- heller eg vekkjer til harde
- Hildar-leiken.
Daa vakna heren, og daa de var slutt paa kvæde, takka dei han for kvæde og totte gildt um de, og at de høvde godt, og kalla kvæde «Huskarla-kvot»[383]. Kongen takka han for hans gaman[384] og tok ein gullring, som vog ei halv mark, og gav Tormod. Tormod takka kongen for gaava og sagde: «Ein god konge eig me, men no er de vandt aa sjaa, kor langliva kongen vert. Eg bed deg um de, konge, at du ikkje læt oss skiljast korkje i liv eller daude.» Kongen svara: «Me skal alle vera ihop, so lengi eg raader for de, naar ikkje De vil skiljast fraa meg.» Tormod sagde: «Eg vonar de, konge, anten de vert fred eller ufred, at eg skal vera nær Dykk, so lengi eg kan, kor me so høyrer at Sigvat fer med gullhjalte.» Daa kvad Tormod ei vise um at han vilde fylgja kongen i liv og daude.
209. Kong Olav førde heren ut-etter dalen, og Dag fór med heren sin ein annan veg daa og. Kongen stana ikkje fyrr han kom ut til Stiklestad[385]. Daa saag dei bondeheren, som fór vidt spreidt, og de var slik ei mengd med folk, at paa kvar den stig kom de folk ræsande fram, og vidt og breidt fór dei i store hopar. Dei saag ein flokk, som hadde vori ute og spæja, koma ned fraa Verdalen. Desse kom tett innpaa kongsheren og merka ingin ting, fyrr dei var so nær at dei kunde kjenna kvarandre. De var Rut fraa Vigg med 30 mann. Daa sagde kongen at gjestine skulde fara mot Rut og taka live av han, og dette var dei reiduge til radt. Daa sagde kongen til islendingane: «Eg hev høyrt at de er skikk paa Island, at bøndane er skyldige til aa gjeva drengine sine ein slagte-saud um hausten, men no vil eg gjeva dykk ein rut[386] til slagt.» Islendingane var lette aa faa til dette, og fór strakst mot Rut med nokre andre menn, og Rut vart drepin, med heile den flokken som fylgde han. Daa kongen kom til Stiklestad, stana han og lét heren stansa. Kongen bad deim stiga av hestane og laga seg til der, og dei gjorde som kongen sagde. Daa stelte dei seg i fylking og sette upp merki. Dag var ikkje komin endaa med sitt mannskap, so dei laut vera forutan den fylking-armen. Daa sagde kongen at upplendingane skulde ganga fram der og setja upp merki; «men eg synest de ikkje er raadlegt,» sagde kongen, «at Harald, bror min, er med i slage, for han er berre barne endaa.» Harald svara: «Eg skal visst og sant vera med i slage; men er eg so veik at eg ikkje evler sverde, so kan eg raad for de. De kan binda handi til handtake. Ingin skal hava betre vilje enn eg til aa gjera bøndane ugagn. Eg vil fylgja felagane mine.» Dei segjer at Harald daa kvad ei vise um at han nok skulde verja den fylking-armen som han kom til aa standa i. Harald fekk sin vilje fram og vart med i slage.
210. Bonden som budde paa Stiklestad heitte Torgils Haalmeson og var far hans Grim den gode. Torgils baud seg til aa hjelpa kongen og vera med i slage. Kongen takka for tilbode; «men eg vil heller,» sagde kongen, «at du ikkje skal vera med i slage, bonde. Du kan heller gjera de for oss, at du bergar mennane vaare etter slage, dei som er saara, og jordar deim som fell i slage. Og ber de so til, bonde, at eg fell i dette slage, so hav du umsut med like mitt, so mykje som turvast kan, soframt dei ikkje negtar deg de.» Torgils lova kongen de som han bad um.
211. Daa kong Olav hadde fylkt heren sin, tala han for deim og sagde at dei skulde herdast i hugen og ganga djerveleg fram, um de kom til slag. «Me hev godt og stort mannskap,» sagde han, «og endaa bøndane hev noko meir folk, er de lukka som raar for sigeren. Eg vil kunngjera de for dykk, at eg ikkje vil fly fraa dette slage; eitt av tvo: anten skal eg vinna paa bøndane, eller so falla her. Eg vil beda um de, at den tingen hender som Gud ser batar meg mest. Me skal lita paa de, at me hev ei rettare sak enn bøndane, og at Gud vil berga eigedomane vaare for oss etter dette slage, eller i anna fall gjeva os mykje større løn for de tape me fær her, enn me sjølve kan ynskja oss. Lagar de seg so, at eg fær noko aa raada etter slage, so skal eg løna kvar av dykk som han fortener og etter som han gjeng fram i slage. Vinn me, so er de nok til aa skifta imillom dykk baade av land og lausøyre, som uvenine vaare sit med no. Lat oss ganga paa so hardt me kan i fyrstningi; for de er snart avgjort, naar de er stor folkemun. Me hev von um siger, naar me gjeng raskt paa. Men de vil falla tungt for oss aa strida til me trøytnar, so folk vert uføre til aa slaast. Me hev ikkje so mykje folk aa skifta paa som dei, daa nokre av deim kan ganga fram, og hine kan liva seg og kvila. Men gjeng me so hardt fram at dei snur undan som fremst er, so vil den eine falla yvi den andre, og daa vil dei fara verre, di fleire dei er.» Daa kongen enda tala, staaka dei og lét vel, og den eine eggja den andre upp.
212. Tord Foleson bar merke til kong Olav. So segjer Sigvat skald i den minne-draapa som han dikta um kong Olav og gav stev etter uppstodu-soga[387]:
- Høyrt hev eg, Tord herdte
- den harde spjotstriden saman
- med Olav; modige hjarto
- møtte der kvarandre.
- Høgt der bror aat Ogmund
- bar for Ringeriks-gramen
- den fagert gyllte stongi;
- fram gjekk han djervt i striden.
213. Kong Olav var her-klædd soleis, at han hadde ein gyllt hjelm paa hovude og ein kvit skjold med den heilage krossen innlagd med gull. I den andre handi hadde han eit spjot, de same som no stend i Kristkyrkja ved altare. Ved belte hadde han eit sverd, som dei kalla Neite, som var ovende kvast, og handtake var linda med gull. Ringbrynju hadde han og. Dette nemner Sigvat skald.
214. Daa kong Olav hadde fylkt heren sin, var bøndane endaa ikkje komne nær til paa nokon kant. Daa sagde kongen at heren skulde setja seg ned og kvila seg. Kongen sette seg ned, og heile heren hans, og dei sat romt. Han lutte seg ned og lagde hovude i knee paa Finn Arneson. Daa sovna han til, og han sov ei liti stund. Daa saag dei bondeheren, som kom dragande imot deim og hadde sett upp merki sine, og de var ei uhorveleg mengd med folk. Daa vekte Finn kongen og sagde til han at no søkte bøndane inn paa deim. Men daa kongen vakna, sagde han: «Kvi vekte du meg, Finn, og lét meg ikkje njota draumen min?» Finn svara: «Du drøymde vel ikkje slikt at de ikkje var rettare for deg aa vaka og bu deg mot den heren som fer imot oss; eller ser du ikkje at noer heile bondeheren komin?» Kongen svara: «Dei er ikkje so nær oss endaa, at de ikkje hadde vori betre at eg hadde sovi.» Daa sagde Finn: «Kva drøymde du, konge, med di du tykkjer de var slik skade, at du ikkje vakna av deg sjølv?» Daa fortalde kongen draumen sin, at han totte han saag ein høg stige, og at han gjekk upp etter den, so langt upp i lufti at han totte han saag himilen opna seg, og so langt naadde stigen. «Eg var nett komin paa de øvste stige,» sagde han, «daa du vekte meg.» Finn svara: «Eg synest ikkje denne draumen er so god som du synest. Eg tenkjer at dette varslar at du er feig, soframt de er noko anna enn berre svevn-ørske som kom fyri deg.»
215. Endaa hende de noko, daa kong Olav var komin til Stiklestad. De kom ein mann til han, maa vita, og de var ikkje noko underlegt i de just; for de kom mange menn til kongen der fraa bygdine; men dette var merkelegt, for denne mannen saag ikkje ut som dei andre som var komne til kongen. Han var so høg at ingin naadde han lenger enn til oksli; han var ein vakker mann og hadde fagert haar. Han var godt væpna og hadde ein fin hjelm og ringbrynju, raud skjold, eit prydelegt sverd i belte, og i handi hadde han eit stort gullslegi spjot, og skafte var so digert at de var handfylling i de. Denne mannen gjekk fram for kongen og helsa paa han, og spurde um kongen vilde taka mot hjelpi hans. Kongen spurde han um namne og ætti hans og kva landsmann han var. Han svara: «Eg hev ætti mi i Jamteland og Helsingland, og eg heiter Arnljot Gjelline; de kan eg helst fortelja um meg, at eg var beinsam med mennane dine, som du sende til Jamteland til aa krevja skatt; eg gav deim ein sylvdisk, som eg sende Dykk til jartegn paa at eg vilde vera venen Dykkar.» Daa spurde kongen um Arnljot var kristin eller ikkje. Han sagde at hans tru var de, at han trudde paa si eigi magt og manndom; «denne trui hev strokki til fullkomeleg til no, men no tenkjer eg heller aa tru paa deg, konge.» Kongen svara: «Vil du tru paa meg, skal du tru paa de som eg lærer deg. Du skal tru at Jesus Krist hev skapt himil og jord og alle folk, og til honom skal alle folk fara etter dauden, dei som gode og retttruande er.» Arnljot svarar: «Eg hev høyrt gjeti Kvitekrist, men eg kjenner ikkje til gjerefare hans, og kva han raader for; men no vil eg tru alt de som du segjer meg, og leggja heile saki mi i di hand.» Deretter vart Arnljot døypt, og kongen lærde han so mykje av trui som han totte var mest naudturvelegt, og sette han fremst i fylkingi, framanfor merke sitt. Der var Gaukatore og Avrafaste med, og heile fylgje deira.
216. No skal me fortelja de, som me fyrr kom burt fraa, at lendmennane og bøndane hadde samla ein uhorveleg stor her, strakst dei høyrde at kongen var farin austantil Gardarike og at han var komin til Svitjod. Daa dei høyrde at han var komin vest til Jamteland, og at han tenkte paa aa fara vest yvi Kjølen til Verdalen, førde dei heren inn i Trondheim, og der samla dei heile aalmugen, frie og ufrie, og so fór dei inn til Verdalen, og hadde so stor her at de var ingin der som hadde set so stor her koma ihop i Norig. De gjekk der, som de jamt kan henda i ein stor her, at de var mange-slag folk. Der var mange lendmenn og ein heil hop storbøndar, men storhopen var smaabøndar og arbeidsfolk. Soleis var heile hovudstyrken, som dei hadde samla i Trondheim, og dette mannskape var fælt uppsett paa fiendskap med kong Olav.
217. Kong Knut den megtuge hadde lagt under seg heile Norigs land, som me fyrr hev fortalt, og likeins sagde me at han hadde sett Haakon jarl til aa styra de. Han gav jarlen ein hirdbisp, som heitte Sigurd og var av dansk ætt og hadde vori lengi hjaa kong Knut. Denne bispen var hug-ram[388] og ein stor talar. Han tala saki hans kong Knut alt de han kunde, og var fælt hatig paa kong Olav. Denne bispen var med i denne heren og tala jamt for mannskape og eggja deim mykje til aa setja upp mot kong Olav.
218. Sigurd bisp heldt ei tale paa eit hus-ting, og de var mykje folk samla. Han tok soleis til orde: «Her er de no komi ihop mykje folk, so de knapt vert raad til aa sjaa større innanlands-her i dette fatige lande. No var de godt, um denne store styrken kom dykk til nytte; for de kan nok trengast, soframt denne Olav endaa ikkje tenkjer paa aa halda upp med aa herja for dykk. Alt i uppvokstren vande han seg paa aa røva og drepa folk, og difor fór han rundt umkring i landi, og sistpaa tok han vegen hit til lande, og de fyrste han gjorde var aa gjera seg til uvenir med alle dei beste og megtugaste, og fyrst og fremst med kong Knut, som alle er mest skyldige aa tena, so godt dei kan, og han sette seg fast i skattlande hans. Sameleis gjorde han med sviakongen Olav, og han jaga jarlane Svein og Haakon burt fraa ervelandi sine. Men sine eigne frendar var han hardast med lel, for han jaga alle kongane av fraa Upplandi; dette var no elles til høves liksom aat deim, daa dei hadde broti trui og eiden sin til kong Knut og fylgt denne Olav i kvar uraad han fann paa. No vart de ein ende paa venskapen deira, som dei hadde fortent. Han skamfór deim og tok under seg rike deira og tynte alle deim i lande som hadde fyrstelegt namn. Sidan kjenner De nok korleis han hev stelt med lendmennane; dei gjævaste er drepne, og mange hev rømt lande for han. Han hev fari umkring i dette lande med røvarflokkar og, og brent bygdine og drepi og røva for folk; eller finst de nokon stormann her, som ikkje hev store ting aa hemna, som han hev gjort deim? No fer han med ein utanlands-her, og dei fleste er skogmenn og farkar og andre røvarar; tenkjer De at han no vert mildare mot dykk, no han fer med dette herke, han som gjorde slikt herverk naar alle som fylgde han talde han ifraa? No trur eg de er de beste, at De minnest kva kong Knut sagde og kva han raadde dykk til, um Olav freista paa aa koma attende til lande, at De skulde verja fridomen dykkar, som kong Knut lova dykk. Han bad dykk standa imot og jaga fraa dykk slikt farkepakk. No er de ikkje onnor raad enn aa fara imot deim og slaa ned dette fantefylgje for ørn og ulv, og lata kvar liggja der han vert hoggin, mindre De heller vil draga ihop daudskrottane deira i holt og steinrøysir. Ingin fær vera so djerv at han fører deim til kyrkjune; for alle ihop er dei vikingar og illmenne.» Daa han enda denne tala, staaka dei og lét vel, og alle samtykte at dei skulde gjera som han sagde.
219. Dei lendmennane som var komne ihop der hadde eit møte til samtale, og avgjorde korleis dei skulde fylkja, og kven som skulde vera hovding for heren. Daa sagde Kalv Arneson at Haarek fraa Tjotta høvde best til aa vera hovding for denne heren, daa han var komin av ætti hans Harald Haarfagre, og kongen var styggeleg harm paa han, for di han hadde drepi Grankjel, og han kunde venta den hardaste medferdi, um Olav kom til rike sitt att; Haarek var attaat mykje røynd i slag og ein ærekjær[389] mann. Haarek svara, at dei mennane høvde betre til dette, som var i beste alders-blomen sin; «men eg er no,» sagde han, «gamal og skrøpeleg og lite før til aa slaast; de er frendskap og millom meg og kong Olav, og endaa han ikkje mæter de vidare, so samer de ikkje meg aa ganga lenger fram i denne ufreden mot han enn nokon av dei andre i flokken vaar. Du, Tore, høver godt til aa vera hovding i slage med kong Olav. Du hev og skilleg grunn til de. Du hev baade frendetap aa hemna paa han, og at han jaga deg som fredlaus mann fraa alle eigedomane dine. Du hev lova kong Knut og frendane dine og aa hemna Aasbjørn. Eller tenkjer du at du nokor tid fær betre aaføre enn no til aa hemna deg paa Olav for all denne svivyrdingi?» Tore svara paa tala hans: «Eg trøyster ikkje reisa merke mot kong Olav eller vera hovding for denne heren. Trøndine hev de største mannskape ber; eg kjenner storlæte deira og veit at dei vil ikkje lyda meg eller nokon annan haaløygsk mann. Men de trengst ikkje aa minna meg um den uretten eg hev aa hemna paa Olav; eg minnest de manndraape, at kong Olav hev teki live av 4 menn, alle gjæve baade i ære og ætt, brorson min Aasbjørn, systersønine mine Tore og Grjotgard og far deira, Olve, og eg er skyldig til aa hemna kvar av desse. No vil eg segja so mykje som so, at eg hev valt ut 11 av dei snarpaste drengine mine, og eg tenkjer me ikkje skal yvi-lata de til andre aa skifta hogg med kong Olav, kan me so sant sleppa til.»
220. Daa tok Kalv Arneson til orde: «De er reint naudturvelegt med de tiltake me no hev gjort, at de ikkje vert upp i tøv no daa heren er samla. De vil anna til, skal me halda slag med kong Olav, enn at kvar smetter seg undan faaren. For de kan me vera visse paa, at um kong Olav ikkje hev mykje folk, imot den heren som me hev, so er føraren traust, og heile heren hans vil vera paalitande til aa slaast og fylgja han. Men er no me noko hugfallne, som helst skulde vera førarar for heren vaar, og vil me ikkje kveikja og eggja upp heren og sjølve ganga i fyri-enden, so vert de ikkje lengi mod i bringa paa storhopen, og so vil kvar berga seg so godt han kan. Endaa de er komin ihop ein stor her no, vil me snart faa kjenna, um me møter kong Olav og heren hans, at me er visse pa aaa tapa, soframt ikkje me som raar er hugheile, og heile hopen stormar fram samheldige alle som ein. Kan me ikkje gjera de, er de betre for oss ikkje aa vaaga noko slag, og daa er de greidt, at de ikkje er onnor raad enn aa vaaga paa aa beda kong Olav um naade, endaa me totte han var hard, daa me var mindre skyldige, enn han no vil synast me er. Elles veit eg at de finst slike menn i hans her, at eg kunde faa liv og fred der, um eg vilde beda. Men vil De no som eg, so skal du Tore, verbror min, og du, Haarek, ganga under de merke som me skal reisa upp alle ihop og fylgja. Lat oss so alle vera snarpe og hugheile i de tiltake me hev gjort, og føra soleis fram bondeheren at dei ikkje merkar nokon tvihug paa oss. De vil setja mod i aalmugen, naar me gjeng glade til aa fylkja og eggja upp heren.» Daa Kalv hadde enda tala si, retta alle seg etter ordi hans og sagde at dei vilde alt skulde vera slik som Kalv saag bata deim mest. Alle vilde no at Kalv skulde vera hovding for heren og setja kvar i den flokken som han vilde.
221. Kalv sette upp merke og stelte drengine sine under merke, og der var Haarek fraa Tjotta og hans mannskap med. Tore Hund og hans fylgje var fremst i brjoste paa fylkingi framanfor merke. Paa baae sidune aat Tore var utvalt mannskap av bøndane, dei som var raskast og best væpna. Denne fylkingi gjorde dei baade lang og tjukk, og i denne fylkingi stod trøndine og haaløygine. Paa høgre handi av fylkingi stod de ei onnor fylking, og til vinstre for storfylkingi hadde dei fraa Rogaland og Hordaland og Sogn og Fjordane si fylking, og dei hadde de tridje merke.
222. Der var ein mann som heitte Torstein Knarrar-smed[390], som var kaupmann og ein dugeleg handverkar og ein stor og sterk mann, med framferd i alle ting, men ein stor draapsmann. Han hadde vorti uforlikt med kongen, og kongen hadde teki fraa han eit stort, nytt handelsskip, som Torstein hadde bygt. Dette var for ageløysa hans Torstein og til ei manne-bot som kongen hadde rett til. Torstein var med i heren, og gjekk framanfor fylkingi, der som Tore Hund stod, og sagde: «Her vil eg vera i lag med Dykk, Tore, for eg tenkjer, at um eg og Olav raakast, skal eg vera fyrstemannen til aa bera vaapn paa han, berre eg kan koma so nær han, og betala han for de han tok de beste skipe fraa meg som nokor tid hev vori paa handelsferd.» Tore og mennane hans tok imot Torstein, og han gjekk med i hopen deira.
223. Daa bonde-fylkingane var uppstelte, tala lendmennane til hermennane og bad deim leggja merke til sitt stelle, kor dei stod, og kva merke kvar av deim skulde vera under, og kor nær han var sett merke, og kva leid fraa merke han var. Dei bad deim vera kjappe og snare til aa ganga i fylking naar lurane gjekk og dei blés til slag, og daa skulde dei ganga fram i fylkingi; for de var endaa eit langt stykke att aa føra heren, og de var ventelegt, at fylkingane kunde brjotast i hergonga. Deretter eggja dei folke, og Kalv sagde at alle dei som hadde harmingar og fiendskap aa hemna paa kong Olav skulde ganga fram under dei merki som skulde fara mot merke hans Olav, og minnast alt de vonde han hadde gjort deim, og sagde at dei aldri kunde faa betre aaføre til aa hemna harmingane sine og frelsa seg fraa de hardstyre og den trældomen som han hadde lagt paa deim. «Den er ein sæling,» sagde han, «som ikkje no slæst som djervast; for dei er ikkje saklause, dei som er imot dykk, og dei vil ikkje spara dykk, kan dei koma seg til.» Denne tala roste dei høgt, og de vart eit stort skrik og uppeggjing yvi heile heren.
224. Etter dette førde bøndane heren sin til Stiklestad, og daa var kong Olav alt komin med sin her. Kalv og Haarek fór fram med merke fremst i heren. Men daa dei møttest, drygde de noko, fyrr de bar ihop, daa bøndane bida med aa ganga paa, for di at heren deira ikkje var like langt framme alle stadir, og dei venta paa de mannskape som kom sist. Tore Hund hadde gjengi etterst med flokken sin; for han skulde sjaa etter, at ikkje mannskape drog seg attende, naar her-rope lét og herane saag kvarandre; og no bida Kalv og Haarek paa Tore. Bøndane hadde til ordtak i heren sin, til aa eggja fram mannskape i slage: «Fram, fram bondemenn.» Kong Olav gjekk ikkje paa, han heller, daa han venta paa Dag og den styrken som fylgde honom. Daa fekk kongen auga paa mannskape hans Dag. De er sagt, at bondeheren var ikkje mindre enn hundrad gongir hundrad mann[391]. Sigvat segjer i ei vise at bøndane var tvo gongir so mange som hine.
225. Daa no baae herane stod, og folk kunde kjenna kvarandre, sagde kongen: «Kvi er du der, Kalv! for me skildest venir sør paa Møre. De samer ille for deg aa slaast med oss og skjota drepande skot i vaar her; for her er fire av brørane dine.» Kalv svara: «Mangt gjeng no annarleis, konge, enn de sømde seg best; du skildest soleis fraa oss, at me nøyddest til aa halda fred med deim som etter var. No lyt kvar vera der som han stend; men endaa skulde me forlikast, um eg fekk raada.» Daa svara Finn: «De er eit merke hjaa Kalv, at naar han talar godt, er han meint paa aa gjera vondt.» Kongen sagde: «De kan henda, Kalv, at du no vil forlikast; men eg synest ikkje at De bøndane fer so fredleg aat.» Daa svara Torgeir fraa Kviststad[392]: «No skal De hava slik fred som mange hev havt av Dykk fyrr, og de skal De no bøta for.» Kongen svara: «Du tarv ikkje stunda so mykje paa aa møta oss; de er ikkje so laga, at du skal vinna paa oss i dag; for eg hev lyft deg til magt fraa ein litin mann.»
226. Daa kom Tore Hund med fylgje sitt og gjekk fram for merke og ropte: «Fram, fram bondemenn.» Daa sette bøndane i med her-rope og skaut baade med pilir og spjot. Kongsmennane ropte og her-rop, og daa de var gjort, eggja dei kvarandre med de ordtake dei hadde lært fyrr, og sagde: «Fram, fram kristmenn, krossmenn, kongsmenn.» Daa bøndane som stod ute i fylking-armen[393] høyrde dette, sagde dei de same som dei høyrde fiendane sagde. Men daa dei andre bøndane høyrde dette, trudde dei de var kongsmenn, og bar vaapn paa deim, og daa slost dei sjølve, og de fall mange, fyrr dei drog kjensl paa kvarandre. De var fint vér, og soli skein klaart. Men daa slage tok til, lagde de seg ein raude yvi himilen, og so yvi soli, og fyrr han slutta, vart de so myrkt som um natti.[394] Kong Olav hadde stelt upp heren sin paa ein bakke, og no støytte dei seg ned paa bondeheren, og gjekk so hardt paa, at bonde-fylkingi bogna for deim, so brjoste paa kongens fylking kom til aa standa der som dei etterste i bondeheren hadde stadi fyrr, og mange av bondeheren var ved og skulde fly; men lendmennane og drengine til lendmennane stod faste, og de vart eit kvast slag. Dette fortèl Sigvat. Lendmennane eggja mannskape sitt og trengde seg fram. Dette nemner Sigvat:
- Fram midt i fylkingi
- fór merke aat trøndom,
- der møttest dei djerve, —
- de verk no bøndane angrar.
No gjekk bondeheren paa fraa alle kantar. Dei som stod fremst hogg, og dei som stod næmast deim stakk med spjot, og alle dei som gjekk attanfor skaut med spjot eller pilir, eller kasta stein og hand-øksar og staurar. Daa vart de snart mannfall i slaastingi, og de fall mange paa baae sidur. I fyrste ridi fall Arnljot Gjelline og Gaukatore og Avrafaste og heile fylgje deira, men kvar av deim hadde fellt ein mann eller tvo, og sume fleire. Daa tynntest radine framanfor kongens merke, og daa bad kongen Tord bera fram merke, og kongen sjølv fylgde merke med den flokken som han hadde teki ut til aa vera næmast seg i slage, og dette var dei vaapndjervaste og best væpna mennane i heren hans. Dette nemner Sigvat:
- Min drottin merke nærast
- mest gjekk fram, eg høyrde;
- sterk nok der var striden,
- der stongi vod fram i trongen.
Daa kong Olav gjekk fram or skjoldborgi og fremst i fylkingi, og bøndane saag han i andlite, ræddast dei og vart handfallne. Dette nemner Sigvat:
- Nefst de var, eg vønest,
- visst for folk i striden
- eldhuga Olav inn i
- augo dei kvasse aa skoda.
- Trøndske menn ikkje torde
- seg til aa sjaa han i augo,
- dei orm-bjarte; øgjeleg
- egda-drottnen deim tottest.
Daa vart slage kvast, og kongen sjølv gjekk hardt fram i hoggskifte. Dette med nemner Sigvat.
227. Kong Olav stridde manneleg. Han hogg til lendmannen Torgeir fraa Kviststad, som me hev nemnt fyrr, tvert yvi andlite, og hogg sund naseskjermen paa hjelmen og kløyvde hovude nedanfor augo, so de gjekk mest av. Daa han fall, sagde kongen: «Er de ikkje sant, som eg sagde deg, Torgeir, at du ikkje skulde vinna i vaart møte?» I same stundi støytte Tord ned merkes-stongi so hardt at ho vart standande; daa hadde Tord fengi banesaar og fall der under merke. Der fall Torfinn Munn og, og Gissur Gullbraa. Tvo menn hadde teki paa honom, og han drap den eine av deim og saara hin, fyrr han fall. So segjer Hovgarde-Rev[395]:
- Mot tvo kvate kjempur
- den kappdjerve hadde aa strida;
- til ulivs han hogg den eine,
- den andre fekk han saara.
Daa hende de, som me fyrr hev fortalt, at himilen var klaar, men soli kom burt, so dei ikkje saag ho, og de vart myrkt. Dette nemner Sigvat:
- Eit under alle de kallar,
- ikkje lite, at soli,
- endaa skylaus, ikkje
- orka folk aa varma.
- Stort var teikne som timdest
- tjodkongen, at dagen
- den fagre liten sin lata
- laut; eg frette de auster.
Ved dette bil kom Dag Ringsson med den styrken som han hadde havt, og tok til aa fylkja heren sin og sette upp merke sitt. Men daa de var reint myrkt, gjekk de ikkje fort med aa ganga paa; for dei visste ikkje visst kven dei hadde fyri seg. Dei vende seg dit som hordane og rygine stod. Mange av desse hendingane var paa ein gong, og sume strakst fyrr eller strakst etter.
228. Kalv Arneson hadde tvo frendar; dei heitte Kalv og Olav og stod paa den eine sida hans og var store og modige karar. Kalv var son hans Arnfinn Armodsson og brorson hans Arne Armodsson. Tore Hund gjekk fram paa den andre sida aat Kalv Arneson. Kong Olav hogg til Tore tvert yvi herdane, men sverde beit ikkje, og de saag ut som de rauk dust av reins-felden. Dette nemner Sigvat. Tore hogg til kongen, og dei skifte nokre hogg, men sverde beit ikkje for kongen, der de kom paa reins-felden, men Tore vart saara paa handi. Kongen sagde til Bjørn stallar: «Slaa hunden, som ikkje jarn bit paa.» Bjørn snudde øksi i handi og slo med øksehamaren. Slage raaka Tore i oksli, og de var so hardt, at Tore skjangla. I de same snudde kongen seg mot frendane hans Kalv og gav den eine av deim, Olav, banesaar. Daa lagde Tore Hund til Bjørn stallar med spjote midt paa live og gav han banesaar. Daa sagde Tore: «Soleis stikk me bjørnane.» Torstein Knarrarsmed hogg til kong Olav med ei øks, og hogge kom paa den vinstre foten ovanfor knee. Finn Arneson drap strakst Torstein, men daa kongen hadde fengi dette saare, halla han seg upp mot ein stein og kasta sverde og bad Gud hjelpa seg. Daa stakk Tore Hund til han med eit spjot, og styngen gjekk upp under brynjo og rende upp i live. Daa hogg Kalv til han, og hogge kom paa den vinstre sida paa halsen; men folk segjer ymist um de var Kalv Arneson eller Kalv frenden hans som saara kongen. Kong Olav lét live av desse tri saari. Daa han var fallin, fall mest heile den flokken som var gjengin fram med kongen. Bjarne Gullbraa-skald kvad dette um Kalv Arneson:
- Lande med vaapn du varde,
- vigdjerv, imot Olav;
- eit beite med hovdingen
- du hadde, — de kom meg for øyra.
- Til stordaad fram du stemnde
- paa Stiklestad den fremste,
- hæve der merke vod; du vaapnverk
- vann, til kongen var fallin.
Sigvat skald kvad dette um Bjørn stallar:
- Bjørn, kan eg sannrøynt segja,
- hev synt stallarar fullgodt,
- korleis de høver aa halda
- hugen mot sin drottin.
- Med kongens holle hirdmenn
- i heren fekk han falla
- ved hovude aat sin hovding;
- høgt den dauden eg prisar.
229. No heldt Dag Ringsson striden uppe, for fyrste gongen gjekk han paa so hardt, at bøndane hopa attende, og sume tok til aa fly. Daa fall de mykje folk for bøndane, og desse lendmennane: Erlend fraa Gjerde og Aaslak fraa Finnøy, og merke vart nedhoggi som dei hadde fari under. Daa vart de ein heit strid, og dette kalla dei Dags-ridi. Daa snudde Kalv Arneson og Haarek fraa Tjotta og Tore Hund seg mot Dag med den fylkingi som fylgde deim, og no vart Dag yvistigin og tok til aa fly med de mannskape som var att. De gjeng ein dal upp der som storhopen for, og de fall mange der, og folke spreidde seg til baae sidune. Mange var stygt saara, og mange so mødde at dei orka ingin ting. Bøndane forfylgde ikkje langt, daa hovdingane snart snudde og gjekk dit som dei fallne laag; for mange hadde venir og frendar aa leita etter der.
230. Tore Hund gjekk dit som like til kong Olav var, og flidde de og lagde de ned og rette de ut og breidde eit klæde yvi de. Han fortalde sidan, at daa han turka blode av andlite paa kongen, var de so fagert, at han var raudleitt paa kinni, liksom han sov; men de var mykje ljosare enn fyrr, daa han livde. Daa kom blode av kongen paa handi hans Tore og rann upp paa handi, der han hadde fengi saare, og fraa den stundi turvte han ikkje binda um saare; so fort grodde de. Tore sjølv vitna at dette hende, daa de kom ut millom folke, at kong Olav var heilag. Tore Hund var den fyrste som stod paa kong Olavs heilagdom, av alle dei stormennane som hadde vori med der og sett upp imot han.
231. Kalv Arneson leita etter brørane sine, som var fallne der, og han fann Torberg og Finn. Dei segjer at Finn kasta eitt stutt sverd etter han og vilde drepa han, og skjemde paa han med harde ord og kalla han ein trulaus skarv og kongs-svikar. Kalv brydde seg ikkje um dette og lét Finn bera burt fraa valen, og sameleis Torberg. Dei saag etter saari deira, men dei hadde ikkje noko livsfaarlegt saar. Dei var fallne for di dei var yvidengde med vaapn og trøytte. Daa tok Kalv og førde brørane sine ned til skipe og var sjølv med deim. Men strakst han fór av, fór heile den bondeflokken og burt, som aatte heime der umkring, so nær som dei som stelte med frendane og venine sine som var saara, eller med liki til dei fallne. Dei førde deim som var saara heim paa garden, so kvart hus var fullt av deim, og dei sette upp tjeld ute yvi sume av deim. Men so forunderleg mykje folk som var samla i bondeheren, likso forunderleg totte folk de var, at samlingi løyste seg so fort upp, daa dei fyrst tok til med de; dette kom mykje av di at mesteparten hadde samla seg fraa bygdine der umkring og var ovleg heimhuga.
232. Dei bøndane som aatte heime i Verdalen gjekk til hovdingane Haarek og Tore og klaga si naud for deim og sagde som so: «Desse, som no hev komi seg undan her paa flugti, vil fara upp etter Verdalen og stella ille heime paa gardane vaare, og de er ikkje heim-farande for oss, so lengi dei er her i dalen. No lyt De gjera so vel og fara etter deim med mannskap, og lat ikkje eit mors barn sleppa undan; for slik medferd hadde dei etla oss, hadde dei havt yvitake, daa me møttest, og de same vil dei gjera endaa, um me heretter raakast og dei er ovanpaa. Kan henda dei gjev seg til her i dalen, soframt dei ingin faare ottast, og daa vil dei strakst fara agelaust aat i bygdine vaare.» Bøndane var langtalande um dette og var overlag traae til aa mana paa hovdingane, at dei skulde fara og drepa de folke som hadde komi seg undan. Og daa hovdingane rødde um dette seg imillom, totte dei de var mykje sant i de som bøndane sagde. Dei raadde de av so, at Tore Hund gav seg paa vegen med verdøline, og han hadde 600 mann av sitt eigi mannskap. Dei fór stad ved avdags leite, og Tore stana ikkje, fyrr han kom upp til Sula um natti. Der høyrde han tidend um at Dag Ringsson var komin der um kvelden med mange andre flokkar av mennane hans Olav, og hadde gjevi seg til der medan dei fekk seg kveldsverd, og sidan hadde dei lagt til fjells. Daa sagde Tore at han vilde ikkje setja etter deim yvi fjelle, og snudde att og fór ned i dalen, og fekk berre drepi nokre faa. Sidan fór bøndane til gardane sine, men Tore og mannskape hans fór dagen etter ut til skipi sine. Dei kongsmennane, som ikkje var uføre, fora seg av og løynde seg i skogane, og sume fekk hjelp av
233. Tormod Kolbrunarskald var under kongens merke folki slage. Daa kongen var fallin, og de var paa de villaste med slaastingi, fall kongsmennane den eine ved sida av den andre, og dei fleste som stod uppe var saara. Tormod vart ille saara, og daa gjorde han som alle hine og hopa derifraa som meste livsfaaren var, og sume sprang. Daa tok de slage til, som dei kallar Dags-ridi, og daa søkte alle dit av kongens menn, dei som vaapnføre var. Men Tormod kom ikkje med i slage daa, av di han var saara og mod, so han ikkje kunde slaast; men han stod attmed felagane sine, endaa han ikkje kunde gjera noko meir. Daa vart han skotin med ei pil i den vinstre sida. Han braut av pileskafte og gjekk burt fraa slage og heim til husi, og kom til ei stor lødu. Tormod hadde dregi sverd i handi. Daa han gjekk inn, gjekk de ein mann ut imot han og sagde: «De er grove verk, kor ille dei læt her inne med uling og gauling. De er stor skam, at raske karfolk ikkje skal tola saari sine, og de kan gjerne vera, at kongens menn hev gjengi manneleg fram, men dei ber saari sine som nokre stakarar.» Tormod svara: «Kva heiter du?» Han kalla seg Kimbe. «Var du med i slage?» spurde Tormod. «Eg var med bøndane,» sagde han, «som best var.» «Er du noko saara?» spurde Tormod.« Litevetta,» sagde Kimbe, «men var du med i slage?» «Eg var med deim som hadde de best,» sagde Tormod. Daa Kimbe saag at Tormod hadde ein gullring paa armen, sagde han: «Du er visst ein kongsmann; gjev meg gullringen, du, skal eg gøyma deg; bøndane vil drepa deg, kjem du paa deira veg.» «Tak ringen, du, um du kan,» sagde Tormod; «mist hev eg no de som meir er.» Kimbe rette fram handi og vilde taka ringen, men Tormod svinga sverde og hogg av han handi, og dei segjer at Kimbe bar saare sitt ikkje de slage betre enn hine, som han fyrr hadde lasta. Kimbe gjekk, men Tormod sette seg ned i lødo og sat der ei stund og høyrde paa kva folke svalla um. Dei rødde, mest um de som kvar totte han hadde set i slage, og um kven som hadde vori djervast. Nokre lova mest mode til kong Olav, og nokre nemnde andre menn, som dei meinte ikkje var laakare. Daa kvad Tormod:
- Blautt var 'kje Olavs hjarta,
- i blode gjekk kongen fram.
- Staal beit paa Stiklestad,
- daa til striden folke lengta.
- Vel var dei fleste, veit eg,
- vande til pile-drive,
- men endaa eg saag at Olav
- av alle minst seg livde.
234. Sidan gjekk Tormod burt til ei stogu og gjekk inn der. De var mange menn der inne som var ille saara, og de var ei kone der som batt um saari deira. Der var eld paa golve, og ho vermde vatn til aa reinska saari med. Tormod sette seg ned utar ved døri[396], og de gjekk folk ut og inn og stelte med deim som var saara. De var ein som snudde seg til Tormod og saag paa han og sagde: «Kvi er du so bleik? Er du saara, eller kvifor bed du ikkje um lækning? Daa kvad Tormod ei vise:
- Raudleitt eg er 'kje, men drosi
- raudleitte mannen elskar;
- um meg, den saara mannen,
- mange seg visst ikkje bryr.
- Bleik er kjempa no,
- blod av saari renn.
- djupe merke av Dags-rid
- og danske vaapn svida.
Daa stod Tormod upp og gjekk inn aat elden og stod der ei stund. Daa sagde lækjarkona til han: «Du mann, gakk ut og tak dei ved-skiune som ligg her utanfor døri.» Han gjekk ut og bar inn ski-fange og kasta ned paa golve. Daa saag lækjarkona han i andlite og sagde: «De er fælt kor bleik denne mannen er; kvi er du slik?» Daa kvad Tormod:
- Kvinna, ser eg, undrast,
- kvi so bleik eg er.
- Faa av saar vert fagre,
- fram eg i pil-regne gjekk.
- Malmen den myrke, skotin
- med magt, igjenom meg flaug.
- Næmast hjarta de kvasse
- jarne, tenkjer eg, beit.
Daa sagde lækjarkona: «Lat meg sjaa saari dine, so skal eg binda um deim.» Tormod sette seg ned og kasta klædi av seg. Daa lækjarkona saag saari hans, saag ho etter de saare han hadde i sida, og ho kjende at de stod eit jarn i, men visste ikkje visst, kor jarne hadde fari inn. Ho hadde stelt til ein graut i ein stein-kjetil, av stappa lauk og anna gras, og koka de ihop, og lét deim som var saara eta dette, og soleis prøvde ho um saari gjekk inn i innvolen; for ho kjende lauken ut or saare, naar de var i innvolen. Ho bar dette til Tormod og bad han eta. Han svara: «Tak burt dette; eg hev ikkje graut-sott.» Daa tok ho ei knipetong og vilde draga ut jarne; men de var fast og leda ikkje paa seg, og de stod ikkje langt ut heller, daa saare var svolli ut. Daa sagde Tormod: «Skjer inn til jarne, so eg kan naa de godt med tongi; lat so meg faa ho og rykkja.» Ho gjorde som han sagde. Daa tok Tormod gullringen av handi og gav lækjarkona og bad ho gjera med han kva ho vilde. «God manns gaave er dette,» sagde han; «kong Olav gav meg denne ringen i morgon.» Daa tok Tormod tongi og rykte ut pili; men de var krokar paa ho, og de laag tægar av hjarta paa deim, sume raude og sume kvite. Og daa han saag dette, sagde han: «Godt hev kongen født oss; endaa er eg feit um hjarterøtane.» Daa halla han seg attyvi og var daud. Her endar forteljingi um Tormod.
235. Kong Olav fall onsdagen den 29de juli. De var nær middag, daa dei møttest; men slage tok til halvgjengi til nons[397], men kongen fall fyri non, og myrkre varde fraa halvgjengi til nons og til nons. Sigvat skald dikta fleire visur um kva enden paa slage vart, og segjer at hermennane ikkje hadde visst um fyrr, at de var slik styrke hjaa bøndar og hersar, at dei kunde fella ein slik konge som Olav tottest vera. Bøndane røva ikkje dei fallne, og strakst etter slage var de ikkje fritt at de kom ein rædsel paa mange som hadde vori mot kongen. Men dei lagde ikkje av sin vonde vilje likevel, og avgjorde seg imillom, at alle dei som var fallne med kongen ikkje skulde faa den umsut og jordferd som sømde seg for gode menn, og kalla deim alle ihop for røvarar og fredlause. Men dei mennane som megtuge var, og hadde frendar millom dei fallne, brydde seg ikkje um de, og førde frendane sine til kyrkjune og jorda deim.
236. Torgils Haalmeson og Grim, son hans, gjekk til valen um kvelden, daa de hadde vorti myrkt. Dei tok upp like til kong Olav og bar burt til eit lite tomt skjol paa den andre sida av garden. Dei hadde ljos og vatn med seg og tok klædi av like og tvo de og sveipte de i lindukar og lagde de ned i skjole, og lagde ved yvi, so ingin kunde sjaa de, um de skulde koma folk inn i hytta, og so gjekk dei heim til garden. De hadde fylgt med baae herane mange tiggarar og fatigfolk, som bad um mat, og kvelden etter slage hadde mykje slikt folk haldi til der, og daa natti kom, leita dei etter hus i alle bygningane, baade store og smaa. De var ein blind mann der, som de er fortalt um; han var fatig, og guten hans var med han og leidde han. Dei gjekk ute paa garden og leita etter hus, og kom til de same tome huse, og døri var so laag at dei mest laut krjupa inn. Daa den blinde mannen kom inn i huse, trivla han seg fram paa golve og leita etter ein stad han kunde leggja seg ned. Han hadde hatt paa hovude, og hatten seig ned yvi andlite hans, daa han lutte seg ned. Han kjende med hendane at de var ein dam paa golve; daa tok han upp med den vaate handi og rette upp hatten, og fingrane kom upp ved augo. Men strakst fekk han slik klaae i augnekvarmane, at han strauk med dei vaate fingrane paa sjølve augo. Daa hopa han ut or huse, og sagde at de kunde ingin liggja der inne, daa de var vaatt alle stadir. Daa han kom ut or huse, kunde han strakst fyrst skilja hendane sine og alt de som var so nær han, at han kunde sjaa de for nattemyrkre. Han gjekk strakst heim til garden og inn i stogo, og sagde til alle folk der at han hadde fengi att syne sitt, og no var han gløggsynt; men de var mange menn der som visste at han lengi hadde vori blind; for han hadde vori der fyrr og gjengi umkring i bygdine. Han sagde at han saag fyrste gongen daa han kom ut or eit lite skrøpelegt hus, og de var vaatt alle stadir der inne, sagde han. «Eg tok ned i med hendane,» sagde han, «og gnika meg i augo med dei vaate hendane.» Han sagde kor huse stod og. Men dei mennane som var der og saag dette som hadde hendt, undra seg mykje paa dette og rødde seg imillom um kva som kunde vera inne i dette huse. Men Torgils bonde og Grim, son hans, tottest vita korleis de hekk ihop med denne hendingi, og var rædde at uvenine til kongen skulde koma og rannsaka huse. Sidan smette dei seg av og gjekk til huse og tok like og hadde de ut i hagen og gøymde de der, og so gjekk dei til garden att og sov um natti.
237. Torsdagen kom Tore Hund ovantil Verdalen ut til Stiklestad, og mykje folk var med han, og mange av bondeheren var og der, daa dei kom. Dei tok paa og rudde upp millom dei fallne att, og folk førde burt liki aat frendane og venine sine, og hjelpte deim som dei vilde lækja av deim som var saara; men ei heil mengd hadde andast av etter slage var slutta. Tore Hund gjekk dit som kongen var fallin, og leita etter like, og daa han ikkje fann de, spurde han seg fyri, um nokon kunde segja han kor de hadde vorti av kongens lik; men de var ingin som kunde segja de. Daa spurde han Torgils bonde, um han visste noko um kor kongens lik var, og Torgils svara: «Eg var ikkje med i slage, og eg veit lite um de som hende der. No gjeng de mange segnir, og dei segjer no at dei hev set kong Olav i natt uppe ved Stav med ein heil flokk; men er han fallin, so hev fulla nokre av mennane Dykkar gøymt like hans i eit holt eller i ei steinrøys.» Men endaa Tore tottest vita for visst, at kongen var fallin, var de mange som trudde de Torgils sagde, og sette ut at kongen hadde nok komi seg burt fraa slage, og at de ikkje vilde drygja lengi fyrr han fekk ein her og kom yvi deim. Daa fór Tore til skipi sine og ut etter fjorden, og daa tok heile bondeheren til aa spreida seg og hadde med seg alle dei saara som kunde tola flutningi.
238. Torgils Haalmeson og Grim, son hans, hadde like til kong Olav i si varetekt, og var ovende hugsjuke og visste ikkje korleis dei skulde faa teki vare paa de soleis at ikkje uvenine til kongen skulde faa i like og skamfara de; for dei høyrde bøndane rødde um at de var ei avtale, um dei fann like til kongen, at dei skulde brenna de eller føra de ut paa sjøen og søkkja de ned. Torgils og Grim hadde set um natti at de brann liksom eit kjerteljos yvi der som like til kong Olav laag imillom dei fallne, og sameleis sidan, daa dei hadde gøymt like, saag dei jamleg um nætane ljos der som kongen kvilde. Dei var rædde for at uvenine til kongen skulde leita etter like der som de var, naar dei saag desse merki. Difor var de Torgils og Grim mykje um aa gjera aa føra like burt ein stad som de kunde liggja trygt. Dei gjorde ei kiste, og gjorde ho so fin som dei kunde, og lagde kongens lik ned i den, og sidan gjorde dei ei onnor lik-kiste og bar halm og stein i ho, so de vart manns tyngd i ho, og lét ho vel att. Daa heile bondeheren var burte fraa Stiklestad, laga Torgils og Grim seg heiman. Dei fekk ei ror-skute, og dei var i alt 7 eller 8 mann, som alle var frendane eller venine hans Torgils. Dei førde like til kongen løynleg um bord og sette kista ned under tiljune. Dei hadde med seg den kista og, som de var stein i, og sette ho i skipe, so alle kunde sjaa ho. Sidan fór dei utetter fjorden med god vind, og kom um kvelden i skymingi til Nidaros og lagde aat ved kongsbryggja. Daa sende Torgils menn upp i byen og lét segja til Sigurd bisp at dei kom der med like til kong Olav. Daa bispen høyrde tidend um dette, sende han strakst nokre av mennane sine ned til bryggjune, og der tok dei ei ror-skute og lagde paa sida av skipe hans Torgils og bad deim gjeva seg like til kongen. Daa tok Torgils og mennane hans den kista som stod uppe paa tiljune, og bar ned i skuta, og so rodde hine ut paa fjorden og søkkte ned kista der. Daa var de myrke natti. Torgils og fylgje hans rodde upp etter elvi, til dei kom fram um byen, og lagde til lands ein stad ovanfor byen, som heiter Saurlid. Der bar dei like upp og inn i ei tom hytte som stod der upp-for dei andre husi, og vakte der um natti yvi like. Torgils gjekk ned i byen og fekk tala ved dei mennane som hadde vori dei beste venine til kong Olav, og spurde deim um dei vilde taka mot like til kongen; men ingin torde gjera de. Sidan tok Torgils og dei andre og førde like upp etter aai, og grov de ned i ein sand-mel som er der, og jamna etter seg, so ingin kunde sjaa at dei nyleg hadde gravi der. Dei hadde gjort fraa seg alt dette, fyrr de daga, og so fór dei til skipe sitt og lagde strakst ut or elvi og fór sin veg, til dei kom heim til Stiklestad.
239. Svein, son til kong Knut og Alfiva, dotter hans Alfrin jarl[398], hadde vori sett til aa styra i Jomsborg i Vindland. Men no var de komi ordsending til han fraa kong Knut, far hans, at han skulde fara til Danmark og derifraa til Norig og taka styringi yvi Norigs rike og hava kongsnamn yvi Norig. Daa fór Svein til Danmark, og hadde mykje folk med seg derifraa, og Harald jarl[399] og mange andre stormenn var med han. Dette talar Torarin Lovtunga um i de kvæde som han dikta um Svein Alfivason, som dei kallar Glælogns-kvida[400]:
- De er 'kje aa dylja,
- at danir gjorde
- trufast ferd
- med trauste kongen.
- Fyrst er djerve
- jarlen aa nemna
- og kvar den mann
- som med han var;
- den eine var hæv,
- og hin var betre.
Sidan fór Svein til Norig, og Alfiva, mor hans, var med han, og der vart han tekin til konge paa kvart lagting. Han var nett komin vest til Viki, daa slage var paa Stiklestad og kong Olav fall. Svein stana ikkje fyrr han kom nord til Trondheim um hausten, og han vart tekin til konge der som andre stadir. Kong Svein innførde nye lovir i lande i mange stykke, og desse sette han etter dei lovine som var i Danmark, og sume var mykje strengare. Ingin mann skulde fara av lande utan løyve av kongen, og fór han, skulde eigedomane hans falla under kongen. Kvar den som drap ein mann skulde hava forbroti land og lausøyre. Vart nokon landlyst og de fall han ein arv til, eigna kongen arven til seg. Til jol skulde kvar mann gjeva kongen ein mæle malt av kvar aare[401], og eit laar av ein tri-aars ukse, som dei kalla «vinjar-todde»[402], og eit spann smør, og kvar husfru ei «kvende-gaave», de vil segja, so mykje uspunni lin som ein kunde spenna um med tornen og langfingeren. Bøndane var skyldige til aa byggja alle dei husi som kongen vilde hava paa gardane sine. Dei skulde gjera ut ein hermann for 7 menn som var yvi fem aar gamle, og dei skulde vera med i same mun og reida ut leiding. Kvar mann som rodde paa have[403] skulde leggja 5 fiskar avgift til kongen[404], kor han so rodde ut fraa. Kvart skip som fór burt fraa lande skulde halda av eit rom til kongen tvert yvi skipe. Kvar mann som fór til Island, baade nordmann og islending, skulde svara avgift. Attaat dette skulde danske menn hava slik ære Norig, at vitnesmaal av ein av deim skulde fella vitnesmaal av 10 nordmenn.[405] Men daa denne lovgjevingi vart kunngjord for aalmugen, tok dei strakst til aa reisa hugen sin upp imot dette, og de murra seg i millom; daa sagde dei som ikkje hadde vori med og fari mot kong Olav: «No kan De, inntrøndine, taka venskap og løn av Knytlingane[406], for di De slost med kong Olav og drap han so han miste rike. Dei lova dykk fred og rettarbot, men no hev De naud og trældom, og attaat gjort stor synd og skarveverk.» Men de var ikkje godt aa mukka, og alle saag at dei hadde stelt seg ille; men folk vaaga ikkje aa setja upp mot kong Svein, og de kom seg mest av di, at dei hadde gjevi kong Knut sønine sine eller andre nærskyldingar til gislar, og de var ingin som kunde vera formann um dei sette upp, heller. Dei hadde snart mange klagemaal mot kong Svein, men dei gav Alfiva meste skuldi for alt som ikkje var til lags aat deim, og no var de mange som sagde sanningi um kong Olav.
240. Denne vetteren tok mange i Trondheim til aa tala um at kong Olav var ein verkeleg heilag mann, og at mange jartegn viste heilagdomen hans. Mange tok daa tilaa paakalla kong Olav um vigtige ting, og mange fekk hjelp av denne paakallingi, sume helsebot og sume reise-lukke og andre ting som dei kunde trenga til.
241. Einar Tambeskjelvar var komin vestantil England heim til gardane sine, og hadde dei veitslune som kong Knut hadde gjevi han daa dei møttest i Trondheim, og de var mest eit jarlerike. Einar Tambeskjelvar hadde ikkje vori med i striden mot kong Olav, og han roste seg sjølv av dette. Einar mintest at kong Knut hadde lova han jarledøme yvi Norig, og at kongen hadde gjengi attpaa de han hadde lova. Einar var den fyrste av stormennane som heldt paa at kong Olav var heilag.
242. Finn Arneson var berre ei liti stund paa Egg hjaa Kalv, bror sin, daa han var harm for di Kalv hadde vori med i slage mot kong Olav, og Finn gav jamleg Kalv harde last-ord for dette. Torberg Arneson var ikkje braatt so ordkvass som Finn, men Torberg lengta burt likevel og heim til garden sin. Kalv gav brørane sine eit godt langskip, med full reide og anna som til høyrde, og godt fylgje, og dei fór heim til gardane sine. Arne Arneson laag lengi av saari sine, men vart frisk og meinlaus att, og um vetteren for han sør til garden sin. Alle brørane fekk seg liv og fred av kong Svein og slo seg til ro heime.
243. Sumaren etter vart de mykje tale um at kong [1031] Olav var heilag, og no tala alle paa ei onnor vis um kongen. De var mange som sanna at kongen var heilag, som fyrr hadde vori mot han med full fiendskap og ikkje paa nokon maate hadde vilja segja sanningi um han. No tok folk til aa klaga dei mennane som mest hadde eggja til motstand mot kong Olav, og Sigurd bisp fekk mykje skuldi for dette. Folk der vart so hatige paa han, at han totte de var likast aa strjuka av og vest til England til kong Knut. Sidan sende trøndine menn og ordsendingar til Upplandi, at Grimkjel bisp skulde koma nord til Trondheim. Kong Olav hadde sendt Grimkjel bisp attende til Norig, daa han fór aust til Gardarike, og sidan hadde Grimkjel bisp vori paa Upplandi. Men daa denne ordsendingi kom til bispen, laga han seg til aa fara strakst. De gjorde og mykje til at bispen for, at han trudde de var sant, de som dei fortalde um at kong Olav gjorde jartegnir og var heilag.
244. Grimkjel bisp fór til Einar Tambeskjelvar, som tok imot han med glede, og dei tala um mangt og mykje, og um dei store hendingane med, som hadde gjengi fyri seg der i lande, og dei var samtykte i alt de dei tala um. Sidan fór bispen inn til byen, og der tok heile aalmugen godt imot han. Han spurde grant etter dei teikni som dei fortalde um kong Olav, og han fekk gode tidendir. Sidan sende bispen ordsending inn paa Stiklestad til Torgils og Grim, son hans, og stemnde deim til seg ut til byen. Dei drygde ikkje ferdi av, og fór ut til byen til bispen. Daa fortalde dei han alle dei merkelege ting dei hadde fengi vita, og kor dei hadde ført kongens lik av. Daa sende bispen bod paa Einar Tambeskjelvar, og Einar kom til byen. Einar og bispen hadde ei samtale med kongen og Alfiva, og bad at kongen skulde gjeva lov til aa taka like til kong Olav upp or jordi. Kongen gav deim lov og bad bispen gjera med de som han vilde. De var mykje folk i byen den gongen. Bispen, Einar og andre menn gjekk dit som like til kongen var jorda, og lét grava etter de, men daa var kista mest komi upp or jordi. Mange raadde no til at bispen skulde lata kongen grava ned i jordi attved Klemens-kyrkja, og dei so gjorde. 12 maanar og 5 dagar[407] etter kong Olav døydde, vart dei heilage leivningane hans upptekne, og daa var kista til kong Olav mest komi upp or jordi att, og kista var liksom ny, nett som ho var nyhyvla. Grimkjel bisp kom til, daa dei lét upp kista til kong Olav, og daa stod de ein yndeleg ange av ho. Daa nækte bispen andlite til kongen, og han var ikkje de minste annarleis i aasyne, og han var so raudleitt i kinni som han nyleg hadde sovna. Dei som hadde set kong Olav, daa han fall, kunde sjaa stor mun, kor mykje haare og neglane hadde vaksi sidan, mest likso mykje som dei hadde vaksi, um han hadde vori i live her i verdi heile tidi sidan han fall. Daa gjekk kong Svein, og alle dei hovdingane som der var, til og vilde sjaa lekamen til kong Olav. Daa sagde Alfiva: «De er merkeleg so seint folk rotnar i sand; de hadde ikkje vori so, um han hadde legi i mold.» No tok bispen ei soks og skar haare til kongen, og tok noko av munnskjegge, for han hadde havt stort munnskjegg, som dei bruka den tidi. Daa sagde bispen til kongen og Alfiva: «No er haare og munnskjegge til kongen so langt som daa han døydde, og de hev vaksi so mykje som De no ser her er avskori.» Daa svara Alfiva: «Eg vil tru at dette haare er ein heilagdom, soframt de ikkje brenn i elden; for me hev tidt set haare heilt og uskadt paa folk som hev legi lenger i jordi enn denne mannen.» Daa lét bispen henta eld i eit fyrfat og signa de og lagde røykjelse paa, og so lagde han haare til kong Olav i elden, og daa alt røykjelse hadde brunni, tok bispen haare upp or elden, og daa var haare ubrunni. Bispen lét kongen og dei andre hovdingane sjaa dette. Daa bad Alfiva han leggja haare i uvigd eld. Men Einar Tambeskjelvar svara og bad ho tegja, og gav ho mange harde ord for dette. No avgjorde bispen, og kongen samtykte, og heile manne-mugen dømde, at kong Olav var sanneleg ein heilag mann. Daa vart kongens lik bori inn i Klemens-kyrkja og gravsett yvi høg-altare. Kista vart sveipt med pell, og dei tjelda med gudvev[408] yvi ho. De vart strakst mange slag jartegnir ved heilagdomen til kong Olav.
245. Der paa melen, som kong Olav hadde legi i jordi, kom de upp ein fager brunn, og av dette vatne fekk mange helsebot, som hadde mein. Brunnen vart innbygd, og dei hev jamnan teki godt vare paa dette vatne sidan.[409] Dei bygde fyrst eit kapell der og sette altare der som kongens grav hadde vori; men no stend Kristkyrkja paa denne staden. Erkebispen Øystein[410] lét setja høg-altare paa same staden som kongens grav hadde vori, daa han reiste dette store munstre[411] som no stend, og paa denne staden hadde altare vori i den gamle Kristkyrkja og.[412] Dei segjer at Olavskyrkja[413] no stend der som den tome stogo var, som dei sette like til kong Olav i natti yvi, og der dei bar upp dei heilage leivningane til kong Olav fraa skipe, kallar dei no Olavslid, og den ligg no midt i byen.[414] Bispen flidde dei heilage leivningane til kong Olav; han skar haare og neglane hans, for dei voks som han hadde vori livande her i verdi. Dette nemner Sigvat skald. Torarin Lovtunga dikta um Svein Alfivason eit kvæde, som heiter Glælogns-kvida, og der stend desse versi:
- Konge-stolen
- han sette seg i,
- tjodkongen[415]
- i Trøndelag.
- Her vil allstødt
- heile si tid
- ring-brjotaren
- raada i bygdom,
- i lande som Olav
- aatte fyriaat,
- fyrr enn her-fraa
- han fór til himmerik,
- og just der vart,
- de veit me alle,
- han som konge het,
- heilag kalla.
- Hugfast vandra han
- vegen tronge,
- sonen hans Harald[416],
- til himerike,
- alt til den herlege
- heilag vart.
- Der no ligg
- lovsungne hovding
- skuldlaus og rein
- med skadelaus kropp.
- Som paa livande mann
- maa du skoda,
- haar og neglar
- paa honom veks.
- Tidt av seg sjølv
- yvi tre-kista kongens
- bjølle-ljomen
- læt so fagert;
- der folke kan
- kvar dag høyra
- klokke-klangen
- yvi konge-mannen.
- Og der uppe
- yvi altare
- til Kristi ære
- kjerteljos brenn.
- So hev Olav,
- fyrr han andast av,
- syndelaus
- sjæli berga.
- Der kjem krjupande
- krypling-flokken,
- der som den heilage
- herren kviler.
- Blinde i mengd
- og maallause,
- hit dei søkjer
- og gjeng heile ifraa.
- Du Svein, bed Olav,
- Guds eigin mann,
- at han vil lata deg
- lande styra.
- Godt aar og fred
- fær han av Gud,
- og til alle menn
- ut de skifter.
- Aat Herrens vigde
- vel-lærde prest[417]
- fram skal du bera
- bønine dine.
Torarin Lovtunga var hjaa kong Svein og høyrde desse store teikn paa at kong Olav var heilag, at dei kunde høyra yvi dei heilage leivningane hans av dei himelske magtir ein ljom, liksom dei ringde med klokkur, og at ljosi tendra seg sjølve der yvi altare av den himelske eld. Men naar Torarin segjer at de kom ein stor hop til den heilage kong Olav med halte og blinde og andre sjuke, og for heile derifraa, so nemner han de ikkje annarleis og legg ikkje meir ut um de, enn berre segjer at de var ei uteljande mengd med folk som fekk helsa si, strakst i fyrstningi, av dei jartegnine som den heilage kong Olav gjorde. Men dei største jartegnine som kong Olav gjorde, deim er de skrivi og fortalt mest um, og sameleis dei som han gjorde seinare.
246. Soleis segjer dei som er gløgge til aa rekna, at Olav den heilage var konge yvi Norig i 15 aar, fraa di Svein jarl fór ut or lande, men vetteren fyrr fekk han kongsnamn av upplendingane. Dette segjer Sigvat skald og, at Olav raadde 15 vetrar for lande. Kong Olav den heilage var 35 aar daa han fall, etter de som Are prest den frode segjer, og han hadde haldi 20 rettelege slag, som Sigvat skald fortèl um. No hev me fortalt eit stykke av soga um kong Olav, um noko av de som hende medan han raadde for Norig, og korleis han fall og heilagdomen hans kom upp. Men no skal de ikkje vera unemnt heller, de som han hev meste æra av, dei jartegnine som han gjorde; men de er uppskrivi lenger ute i denne boki.
247. Kong Svein Knutsson raadde for Norig nokre aar, og var eit barn baade i alder og i tanke. Alfiva, mor hans, raadde mest i lande, og landsens menn var fælt hatige paa ho, baade den gong og alltid sidan. Danske menn hadde reint yvitake i Norig, og landsens folk lika dette ille. Naar de vart tala um slikt, skulda dei andre landsens menn trøndine for at dei hadde gjort mest til aa faa drepi kong Olav den heilage og teki lande fraa han, og til at Norigs menn var komne under dette illstyre, so trengsel og trældom var komin yvi heile folke, baade høg og laag, og heile aalmugen. Dei sagde at trøndine var skyldige til aa setja upp og kasta av deim dette herredøme. De var og ei aalmenn tru millom landsfolke, at trøndine hadde meste styrken i Norig paa den tidi, baade for hovdingane sine og den folkemengdi som der var. Daa trøndine fekk vita at landsmennane deira klaga paa deim, so tilstod dei at dette var sant, og at de var eit stort daareverk av deim, at dei hadde teki liv og land fraa kong Olav, og at dei fekk stor vantakk for den ulukka dei hadde gjort. Hovdingane hadde stemnelag og raadleggjingar med kvarandre, og Einar Tambeskjelvar var formannen for dette. Sameleis var de med Kalv Arneson og, at no merka han kva for ei snare han var komin i, for di kong Knut hadde lokka han. De som Knut hadde lova han, gjekk han attpaa alt ihop; for kong Knut hadde lova Kalv jarledøme og styringi yvi heile Norig, og Kalv hadde vori formann, daa dei slost med kong Olav og røva han liv og rike, og endaa hadde Kalv ikkje større heiders-namn enn fyrr, og han totte han var dugeleg narra. De gjekk ordsendingar millom brørane Kalv og Finn og Torberg og Arne, og no vart de brorskap att millom deim.
248. Daa Svein hadde vori tri vetrar i Norig, kom de tidend til Norig um at de laga seg til ein flokk vestanfor have, og hovdingen for denne heitte Trygve og kalla seg for son til Olav Trygveson og dronning Gyda fraa England. Daa kong Svein spurde dette, at ein utanlands-her var ventande til lande, baud han ut ein her nordantil lande, og dei fleste lendmennane fraa Trondheim fór med han. Einar Tambeskjelvar sette seg til heime og vilde ikkje fara med kong Svein. Og daa ordsendingi fraa kong Svein kom til Kalv inn-paa Egg, at han skulde ro leiding med kongen, tok Kalv eit tjugetofta skip som han aatte, og gjekk um bord med drengine sine og laga seg til, de snøggaste han var god til, og so heldt han ut etter fjorden og bida ikkje paa kong Svein, og so siglde han sør til Møre, og stana ikkje fyrr han kom sør til Giske, til Torberg, bror sin. Sidan sette alle brørane, Arnesønine, stemnelag med kvarandre og samraaddest, og so for Kalv nord att. Daa han kom til Frekøyarsund, laag kong Svein der i sunde med heren sin. Daa Kalv kom roande sunnantil inn i sunde, ropte dei til kvarandre, og kongsmennane bad Kalv leggja til og fylgja kongen og verja lande hans. Kalv svara: «De hev eg gjort nok av, og vel so de, kan henda, aa slaast med vaare eigne landsmenn til aa gjeva Knytlingane magti.» Dermed rodde Kalv og mennane hans sin veg nordetter, radt til han kom heim paa Egg. Ingin av Arnesønine var med i denne leidingsferdi med kongen. Kong Svein siglde sør i lande med heren sin; men daa han ikkje høyrde noko til at heren hans Trygve var komin vestantil, siglde han sør til Rogaland og alt sør til Agdir; for folk gissa paa at Trygve fyrst vilde søkja aust til Viki, for der hadde forfedrane hans vori og fengi mest hjelp, og der hadde han stor stydning av skyldfolke sitt.
249. Daa kong Trygve styrde vestantil, kom han inn til Hordaland med floten sin. Der spurde han at kong Svein hadde siglt søretter, og daa siglde han og sør til Rogaland. Men daa kong Svein fekk nysn um at Trygve var komin vestantil, snudde han nord att med heren sin, og han og Trygve møttest innanfor Bokn i Soknarsund[418], tett ved der som Erling Skjalgsson var fallin. Der vart de eit stort og hardt slag. Folk segjer at Trygve skaut kastespjot med baae hendane paa ein gong. «Soleis lærde far min meg aa messa,» sagde han. Uvenine hans hadde sagt, maa vita, at han var son til ein prest, men han gilda seg av at han daa liktest meir paa kong Olav Trygveson; og Trygve var reint ein yvigangs-kar og. I dette slage fall kong Trygve og mange av heren hans, men sume kom undan, og sume fekk liv og fred. Dette er nemnt i Trygveflokken. Dette slage er og nemnt i ein flokk som var dikta um kong Svein, og i den stend, at slage stod paa ein sundag. Kong Svein heldt ved og styrde lande etter dette slage, og daa var de god fred. Vetteren etter sat kong Svein sør i lande.
250. Einar Tambeskjelvar og Kalv Arneson hadde stemnemøte med kvarandre og gjekk paa raad denne vetteren og møttest i Nidaros. Daa kom de ein sendemann fraa kong Knut til Kalv Arneson og hadde ei ordsending til han fraa kong Knut, at Kalv skulde senda han tri tylvtir øksar av beste slage. Kalv svara: «Ingi øksar sender eg kong Knut; seg han de, at eg skal gjeva Svein, son hans, øksar, so han ikkje skal synast de skortar paa deim.»
251. Tidleg um vaaren gav Einar Tambeskjelvar og [1034] Kalv Arneson seg paa vegen med eit stort fylgje av dei beste mennane som fanst i Trondheim. Dei fór um vaaren aust yvi Kjølen til Jamteland, og so til Helsingland, og kom fram i Svitjod, og der raadde dei seg til skip. Um sumaren fór dei aust til Gardarike og kom um hausten til Aldeigjuborg. Derfraa sende dei sendemenn upp til Holmgard til kong Jarisleiv, med den ærendi, at dei baud Magnus, son til kong Olav den heilage, at dei skulde taka imot han og fylgja han til Norig og gjeva han hjelp, so han kunde faa att farsarven sin, og stø han, so han kunde verta konge yvi lande. Daa denne ordsendingi kom til kong Jarisleiv, samraadde han seg med dronningi og dei andre hovdingane sine, og dei vart samstelte um at dei skulde senda bod til nordmennane og beda deim koma dit til kong Jarisleiv og Magnus, og dei fekk grid til denne ferdi. Daa dei kom til Holmgard, vart de avgjort imillom deim, at dei nordmennane som der var gjekk Magnus til hande og vart mennane hans, og Kalv og hine som hadde vori mot kong Olav paa Stiklestad gjorde eiden sin paa dette. Magnus gav deim trygd og fullt forlik, og gjorde eiden sin paa at han skulde vera deim alle trygg og tru, naar han fekk rike og kongedøme i Norig; han skulde verta fosterson hans Kalv Arneson, men Kalv skulde vera skyldig til aa gjera alt de som Magnus trudde kunde gjera hans magt større og friare enn fyrr.
Notar:
- ↑ Av yta, setja, skuva ut.
- ↑ Gjesta.
- ↑ Ramnen.
- ↑ Sviasker skjergarden ved Sødermanland og Upland. Sotasker, no Sotholmen utanfor Næringe i Sødertørn ved Sødermanland.
- ↑ Logen (Lögrinn) sjaa s. 9.
- ↑ Norrstrøm; sjaa merknaden s. 21—22.
- ↑ No Søderstrøm i Stockholm.
- ↑ Øsel.
- ↑ Blodtap, aarelating.
- ↑ Sørstrandi av Finnland.
- ↑ No Søndervig, vestanfor Ringkjøbing paa veststrandi i Jylland.
- ↑ Veststrandi av prov. Holland (Nord- og Sud-Holland) var fyrr kalla Kinnheim eller Kennemarland.
- ↑ Tidrekningi er her i ugreide. Olav kom, saman med Torkjel den høge, til England i aug. 1009, men den danske konge Svein jaga Edelred av fraa England hausten 1013 og døydde 2. febr. 1014. Edelred kom att fraa Frankrike i april 1014 (og daa var Olav i fylgje med honom), men dei vaapnstridar Olav hadde, mot London, paa Ringmaraheid og mot Canterbury, var mot engelsmennane, ikkje mot danine.
- ↑ Keisar Julianus fall i eit slag mot persane 363, men etter segni vart han drepin med spjote aat den heilage Merkurius.
- ↑ Suðvirki heiter no Southwark og høyrer med til London (paa sudsida av elvi).
- ↑ D. e. London.
- ↑ London vart kringsett hausten 1009, men vikingane vann ikkje taka borgi.
- ↑ Hus som er bygde av kvist eller greinir(?).
- ↑ Njota godt av, gjera bruk av.
- ↑ Dette verse høyrer til aare 1014, daa Olav fylgde Edelred attende til England.
- ↑ Dette slage stod den 5te mai 1010. Ringmere er i sokni East Wretham i søre Norfolk (East Anglia). Ulvkjel var jarl i East Anglia.
- ↑ Hitu, upphiting, rid, «dyst».
- ↑ Av lada, leggja i haugar.
- ↑ Tingmenn (þingmannalið) kalla dei den hird av danir som kong Knut hadde i England, skipa i aare 1018, so namne er her nemnt 8 aar for tidleg.
- ↑ Dei tok paa aa kringsetja Canterbury midt i september 1011, og heldt ved med de i 20 dagar. Torkjel den høge (og Olav i lag med honom) gjekk i tenesta hans Edelred sumaren 1012.
- ↑ Ætti aat Sigar, ein gamal dansk konge.
- ↑ Skanse, festning.
- ↑ Hindra, stengja.
- ↑ Portgreive (port-gerefa) v. s. hamn-fut (lat. portus, hamn).
- ↑ Namn paa eit folk; kanskje dei som Perth i Skotland hev namn etter.
- ↑ Namne ukjent; kanskje er meint ein stad attved London som Torkjel den høge denne hausten (1013) varde mot danine under kong Svein.
- ↑ Edelred døydde 23de april 1016; men Olav var farin fraa England i lag med Edelred hausten 1013.
- ↑ Hol (d. e. haug), som Sigvat skald hev, er kanskje ikkje aa taka som namn.
- ↑ I franske skriftir er de fortalt, at hertug Rikard av Normandi kalla Olav til hjelp mot Eude av Chartres, og at Olav gjorde innfall i Bretagne og tok borgi Dol; dette er hendt um hausten 1015 eller utetter vetteren 1013—14. Dol ligg inst inn-i bugti millom Cotentin og Bretagne; so denne bugti er daa Ringsfjorden.
- ↑ Denne Vilhjalm er hertug Vilhelm den 5te av Akvitania (990—1030), som de er fortalt um i franske skriftir, at han slost med vikingar fraa nordlandi utmed havstrandi i Poitou.
- ↑ Feig tyder paa norsk ikkje rædd, men: nær dauden, etla til aa døy; fretta, aa spyrja, høyra um, faa vita.
- ↑ S. skulde liggja i sudvestre Frankrike eller nørdre Spania.
- ↑ Skulde helst vere Guadalquivir i sudvestre Spania.
- ↑ Gibraltar-sunde (sjaa s. 6).
- ↑ Peituland er Poitou, sunnanfor Loire-osen.
- ↑ No Guérande søre Bretagne, nordanfor Loire-osen (høyrer ikkje til Poitou).
- ↑ Stridsglad (fjaag, blid, «munter»).
- ↑ Landskape Touraine lenger uppe ved Loire.
- ↑ Elvi Loire. Namni lyder no paa fransk Poatú og Loár, men den tid truleg nærare Peitu og Leire.
- ↑ Ruda er Rouen, hovudstaden i Normandi.
- ↑ «Jarlen» daa var Rikard den 2dre (996—1026), som her er forbytt med son sin, Robert (1028—35); ingin av deim hadde nokon bror med namn Vilhjalm.
- ↑ Emma var syster aat Rikard den 2dre; sønine hennar med Edelred var Alfred († 1056) og Eadvard (konge 942—66), medan Eadmund († 1016), Eadvig og Eadgar var sønir aat Edelred etter fyrste gifte.
- ↑ Signa er elvi Seine. Etter de som er sagt i dei eldste skriftir, vart Olav døypt medan han var i Normandie den gongen, og de var erkebisp Robert i Rouen (bror aat hertug Rikard) som døypte han.
- ↑ De spørst um Eirik dro fraa Norig fyrr i 1014 eller 1015; for Knut vart ikkje konge fyrr enn i 1014 og drog til England i 1015.
- ↑ De var um hausten 1016 at Knut slapp inn i London, og han her-tok ikkje byen, men borgarane lét han koma inn friviljug.
- ↑ Ulvkjel Snilling fall i slage ved Assandun 18de oktober 1016.
- ↑ Eirik fekk av kong Knut jarledøme Northumberland 1017 og styrde der til han døydde i 1023.
- ↑ Knut kom til England i 1015, men Edelred døydde 23de april 1016. Knut gifte seg med Emma i juli 1017.
- ↑ Harald var ikkje son aat Emma, men uægte son aat Knut med Ealfgifu (Alfiva).
- ↑ Etter de som er sagt i engelske skriftir, ser de ut til Eadmund døydde ein naturleg daude 30te novbr. 1016). Heinrek skal vera Eadrik.
- ↑ De var um vetteren 1016—17 at sønine aat Edelred flydde fraa England, lengi etter at Olav var farin fraa Normandi og var komin til England i lag med Edelred sjølv (vaaren 1014).
- ↑ Namne ukjendt.
- ↑ Med Vald er vel meint The Wolds, nokre høgdedrag langs med havstrandi i Lincolnshire og Yorkshire.
- ↑ D. e. 260 («store hundrad»).
- ↑ Øgjast, ræddast, fæla for.
- ↑ Sæla tyder lukke (av sæl), men øyi heiter elles Selja.
- ↑ No Sauesund aust for Atleøyi i Askvoll herad (sjaa s. 65, merkn. 3).
- ↑ Gullband.
- ↑ Rettare Sigrid (sjaa kap. 131).
- ↑ Skaal med skaft paa til aa ausa med.
- ↑ Korduan v. s. fraa Kordova i Spania; hosur kan baade vera hosur og brok.
- ↑ Denne kongen i Valdres vert ikkje nemnd seinare, og i kap. 74 rekna berre fem fylkeskongar paa Upplandi.
- ↑ Dovre-fjell.
- ↑ Børseskogn, millom Orkedalen og Gauldalen.
- ↑ Ein gard nær prestegarden (Gryting) i Orkedalen, men finst ikkje no lenger.
- ↑ Gelmin, no Gjølme, i Orkedalen, paa vestsida av Orkla-osen.
- ↑ No Hangran i Bynese (Nes) ved Trondhjem.
- ↑ Steinker der Beitstadfjorden skjer lengst inn aust.
- ↑ Sunde vestanfor Innerøyi, millom Trondheimsfjorden og Beitstadfjorden.
- ↑ Masarvik (Mosviki) s. v. for Skarnsund.
- ↑ D. e. Innerøyi.
- ↑ Halvøyi Frosta paa austsida aat Trondheimsfjorden.
- ↑ Apavatn er ein gard paa sudlande paa Island, ved eit vatn, som garden hev fengi namn etter, i Aarnessysla n. v. for Skaalholt.
- ↑ Diktarløn.
- ↑ Landøyre var den avgifti som islendingane laut leggja naar dei kom «til land» i Norig eller dei norske skattlandi vestpaa. Denne avgifti vart avteki i 1262—64, daa Island gav seg under Norigs konge.
- ↑ Fala, tinga paa, søkja um eit eller anna. Til denne utreidsla (landøyren) gav islendingane jamleg skinnfeldar.
- ↑ Her Byaasen i Trondhjems bymark. Gaularaasen er elles heile aasryggen millom Gauldalen (med Bynese) paa vestsida og Strindi paa austsida.
- ↑ Eit dikt, mindre enn ei draape.
- ↑ Hringunes eller Ringunes er Ringnes i Stange (Skaun) paa Heidmarki.
- ↑ Dei 7 faste-vikune fyri paaske.
- ↑ Grenmarr, no Langesundsfjorden.
- ↑ Nesjar er nesi (landskagane) millom Langesundsfjorden og Tunsbergfjorden, serleg Nesit lengst vest, no Brunlanes.
- ↑ Palmesundag var i 1015 den 3dje april (men i 1016 den 25de mars). Snorre reknar at slage stod i 1015, men de var nok i 1016.
- ↑ Uppstandarar framme i stamnen.
- ↑ Holl, trufast «huld».
- ↑ Styrke, magt; evla, aa magtast, vinna med.
- ↑ Heidmarkingane.
- ↑ Glaama.
- ↑ Klemenskyrkja laag ved Strandgata (sjaa Nidaros-korte).
- ↑ Stallaren var ein av dei gjævaste hirdmennane. Han tala for kongen paa tingi.
- ↑ Gjestine hadde halv hirdmanns-løn, og kongen bruka deim mest til aa fara faarlege ærendir for seg.
- ↑ Bera ut = «udsætte». Naar de var eit barn dei ikkje vilde føda upp, bar dei de ut, so de kunde døy.
- ↑ Skafte var lovsegjings-mann 1003—1030.
- ↑ Stein á Nesi er garden Stein paa Bynese.
- ↑ Hvitingsey n. v. for Tungenes og Jaren.
- ↑ Gjeva etter, «fira».
- ↑ Den store øyi i osen til Gøtaelvi, som de nørdre stykke av høyrde til Norig, og de søre til Sverige.
- ↑ Namne Ulvalde tyder d. s. s. kamel.
- ↑ Markine, d. e. skogbygdine (paa den norske sida Aremark og Ømark, paa den svenske Nordmarka).
- ↑ Borg, som dei fraa fyrste helvti av 13de hundrad-aare tok til aa kalla Sarpsborg. Um borgbyggjingi aat Olav er de eit minne i namne «Borregaard» (Borgargerði) vestanfor Sarpsfossen; den gamle garden gjekk med i eit jordfall 1702, men av «St. Olavs voll» er de enno ein leivning vestanfor.
- ↑ Urarhorn v. s. horne til ur-uksen.
- ↑ No kalla Wætteland, i Skee sokn i Wætte herad nørdst i Baahuslen.
- ↑ Den eine av desse øyane ut for Hisingen heitte Øykrøy, no Øckerø.
- ↑ No Orust, stor øy i søre Baahuslen nordanfor Hising.
- ↑ No Høgasund ved garden Høga i Thoresby sokn paa nordsida aat innlaupe til nørdre greini av Gøtaelvi.
- ↑ som kan «halda tett».
- ↑ Øydeleggjing for lande.
- ↑ Ovra seg med, «udlade sig med» (koma fram med).
- ↑ D. v. s. verdsett etter de røynlege sylv-verde, medan paa Snorre si tid ei mynta mark («talt sylv») ikkje hadde full vegt.
- ↑ Skipe med sitt togverk.
- ↑ Lista men, Listelands gjord, belte eller halsband, er have.
- ↑ Asa, æsa, sjoda, «bruse», styrma.
- ↑ Spøna, spóra, fara tungt fram og trø upp iordi.
- ↑ Skara er i skaanings herad, hovudbyen i Vestergautland, sæte for landstinge og sidan bispesæte.
- ↑ Drós, gjæv, velvyrd kvinne.
- ↑ Horveleg, skikkeleg, dugeleg.
- ↑ Stas og pragt.
- ↑ Den kongerekkja som Snorre hev lati Olav rekna etter (liksom i fraasegnir paa Island) er: 1) Sigurd Ring (s. 65) 2) Ragnar Lodbrok (s. 65), 3) Bjørn Jamside, 4) Eirik, 5) Bjørn paa Hauge, og 6) Emund, bror hans, 7) Eirik Emundsson s. 58 og 78), 8) Bjørn Gamle (s. 78), 9) Eirik den sigersæle (s. 177), 10) Olav.
- ↑ Styrbjørn, brorson aat Eirik den sigersæle, herja i Austerveg og vann Jomsborg i Vindland, fyrr han fall i slage mot Eirik ved Fyrisaa (sjaa s. 297).
- ↑ Her: Borgesysla (Smaaleni) og Follo.
- ↑ Gudbrandsdalen.
- ↑ Mjøsi.
- ↑ Sjaa s. 269.
- ↑ D. e. ved Minne.
- ↑ Paa Eid, d. e. ved Eidsvoll.
- ↑ Hand-eld er d. s. s. gull.
- ↑ Mæt, verd aa agta, gjæv og dugande.
- ↑ Tunga.
- ↑ Eidskogen.
- ↑ Andre maanaden etter jol, fraa midt i februar til midt i mars.
- ↑ D. e. 2dre februar. Dette tinge og marknaden er umtala i Uppsala-lovi og kalla Disæþing eller Kyndilþing. Marknaden «Distingen» vart haldin ved kyndilsmess i tri dagar eller fleire alt til 1895; no er de berre ein fe- og heste-marknad der paa kyndilsmess-dagen.
- ↑ D. e. Nordmarka i Dalsland (no i Vermeland).
- ↑ D. e. Dalsland (sjaa soga um Magnus Berrføtt, kap. 12).
- ↑ Bispedøme Skara (Vestergøtland, Dalsland og Vermeland) hadde i 15de aarh. ikring 630 kyrkjur (ikkje 1100, d. e. 1320!).
- ↑ Linkøpings bspd. (Østergøtland med Kalmar len, Njudung og Finnveden, Øland og Gotland) hadde ikr. aar 1500 486 kyrkjur. Snorre hev sprungi yvi landskape Værend med Vexiø bspd.
- ↑ Strengnes bspd. (Sødermanland og Nærike).
- ↑ Vesteraas bspd.(Vestmanland med Dalarne, men ikkje Fjadrundaland, —sjaa s. 34, merknad 2).
- ↑ Upsala bspd. (heile Upland — Fjadrundaland, Tiundaland og Aattundaland med Rodren — heile Helsingland, so langt de var bygt, og de norske Jamteland). Sjaaland (Sjølande), paa svensk Rodren, no Roslagen, var bytt i Aattundalands Rode og Tiundalands Rodr.
- ↑ Snorre hev meint at bispedømi svara saman med lag-sogune og tale paa lagmenn; men soleis var de ikkje. Eigne lagmenn hadde, paa den tid Snorre livde, 1) Tiundaland, 2) Aattundaland, 3) Fjadrundaland (saman lagde 1296 med Helsingland eller «Norrland» til eitt, «Upland»), 4) Vestmanland (med Dalarne), 5) Nærike, 6) Sødermanland, 7) Østergøtland (med Kalmar len), 8) Øland, 9) Tiohærad eller Smaaland, 10) Vestergøtland (med Dalsland), 11) Vermeland.
- ↑ Ullaraker var eit herad paa vestsida aat Fyrisaa, nær Upsala no er, medan Gamle Upsala var lenger nord, paa austsida aat Fyrisaa i Vaxhalda (no Vaxala) herad. Tingstaden for Ullaraker laag nær «Bondkyrka» no er kalla, i Upsala.
- ↑ Lande aat karelane, som budde i øystre luten av Finnland og mot nordaust burtetter mot Kvitehave.
- ↑ Misskrift for Mora-ting, de gamle hyllings-tinge for sviakongane. Mora eng med «Mora stenar» laag ved Laggaa i sudaust for Upsala paa grensa millom Tiundaland og Aattundaland.
- ↑ Tenar, «oppasser».
- ↑ Langbenken beint imot der kongen hadde høgsæte sitt; fyrr hadde Rørek seti paa same benk som kongen.
- ↑ 6te april 1018.
- ↑ Seng-kammerat.
- ↑ «Kristi himmelfartsdag», 15de mai 1018.
- ↑ Dolk eller tolkniv (gml. tysk rûtinc eller riutelinc).
- ↑ D. v. s. i Norig.
- ↑ Gudmund den megtuge paa Möðruvellir, hovding paa nordlande († 1024).
- ↑ Budde paa Reykholar i Bardastrandarsysla paa nordsida av Breidefjorden (vestlande).
- ↑ Paa Aaskogstrandi paa vestsida av Eyafjorden (nordlande).
- ↑ No Lough Larne, ein trong fjord nordaust i Irland eit stykke nord for Belfast.
- ↑ Denne irske kongen er ikkje kjend elles, men hev vel vori ein smaakonge i øystre Ulster.
- ↑ Her vantar nokre ord i teksti, um at kongen vart gift, og at han med haudronningi fyrst fekk ei dotter Ingegjerd.
- ↑ 25de juli (1007 eller 1009).
- ↑ Aremark i Smaaleni.
- ↑ Stora Ed, millom Trollhættan og Venersborg ved Gøtaelvi.
- ↑ Skogane aust for Stora Ed.
- ↑ No Store-Hof, sudvest for Skara i Skaanings herad (Vestergøtland).
- ↑ Jaroslaw, son aat Wladimir (sjaa s. 140), var storfyrste i Kiew og Novgorod 1016—1054.
- ↑ Svanevangen er sjøen, svanevangens ski er skipi.
- ↑ Dette liksom Dofra dróttinn o. fl., brukt i staden for Norigs konge eller nordmanna-kongen.
- ↑ Russ. Wladimir, f. 1020, † fyri faren (1052).
- ↑ Russ. Wsewolod, f. 1030, storf. 1078—1093.
- ↑ D. e. den hugheile, djerve. Forutan Wladimir og Wsewolod hadde Jaroslaw sønine Izjaslaw (storf. 1054—78), Swjatoslaw av Tshernigow († 1075), Wjatsheslaw av Smolensk († 1058) og Igor av Wladimir († 1061). Ein av desse er daa «Holte den frøkne».
- ↑ Ting av all heren, de vil segja ting som folk møtte paa fraa heile lande.
- ↑ Eit slag strenge-spel.
- ↑ Uppsviane er sviane fraa Uppland.
- ↑ Terrin, trættekjær.
- ↑ Refse-ting er eit ting til aa straffa deim som hev gjort noko vondt.
- ↑ Ille ute, i knipe.
- ↑ Áróss kjem av aa og ós Her er de der som Fyrisaai renn ut i Mælaren (Lògrinn), der som Upsala ligg no.
- ↑ Spaadom um Steinkjels ætt, som kom til kongedøme ikr. 1056; «daa gjekk kongedøme i
- ↑ Ein ukjend sogu-mann.
- ↑ Dei tvo synste soknine paa Hising (Lundby og Tuve) høyrde fraa gomol tid til Gautland, dei fire andre (Bakke, Bjorlanda, Sæve og Thorslanda) høvrde til Norig.
- ↑ Malcolm mac Keneth var konge i Skotland 1005—1034.
- ↑ Brians-slage stod ikkje i 1004 eller 5, som Snorre reknar, men i 1014 (23 de april).
- ↑ Rossøy, no Mainland (gln. Meginland, hovudlande), den største av Orknøyane, med Sandvik, no Sandwick, paa landodden Dyrnes paa austsida av øyi.
- ↑ Ei strids-øks, slik som dei bruka i Irland.
- ↑ At du fær like for like.
- ↑ Umbrøyte «ændring».
- ↑ Skulde vera 50 (sjaa merknaden s. 346); Torfinn døydde 1064 eller 65.
- ↑ Den eine um jarlane og den andre um hendingane i Norig.
- ↑ Einerett til aa driva handel med finnane.
- ↑ Gard og øy millom Hinnøy og Senja (no Bjerkøy).
- ↑ Betre aaringar.
- ↑ 2dre april 1021.
- ↑ I nedre Verdalen, millom Verdalsøyri og Stiklestad.
- ↑ Utan rett til betaling, so de ikkje skulde vera bøtar for draape paa han.
- ↑ Bæar, ved austenden av Lesjevatne.
- ↑ Sidedal til Lesja med yvigang til Skiaaker (Sjaak); namne ikkje rett i handskriftine («Ljárdal»).
- ↑ Fjellveg fraa Lesja til Skiaaker.
- ↑ No Lom (for Loum) med Skiaaker.
- ↑ No Synste-Nes i øvre Lom. Stogo stod der endaa til 1830 paa lag, daa ho vart flutt til Eikre og umbygd.
- ↑ Anneks til Vaage, ved Sjoa.
- ↑ Hundfjorp heiter no Hundorp, paa søre Fron.
- ↑ D. e. elvi Logen.
- ↑ Breiða, no Breibygdi, synst i Sel.
- ↑ «Hov paa Breida» er seinare gjengin inn under garden «Breden» (Bræ'e).
- ↑ Vágaröst, der som vegen gjeng fraa Vaage-bygdi til Sel (handskrifti hev «Urgarost»).
- ↑ Han budde paa Steig. (sjaa kap. 128).
- ↑ Liðstaðir er Listad ved søre Frons kyrkje (sjaa korte). Tingstaden var ved Hundorp og Tors-hove ved Hove.
- ↑ Bispehuva var tvi-klufta.
- ↑ Kyrkja stod paa Listad, til ho i 1787 vart flutt dit som søre Frons kyrkje stend no.
- ↑ Folk paa Raumarike (Romerike).
- ↑ Nitja er Nitelvi i Nittedalen (Nedalen) paa nedre Romerike.
- ↑ Ved Eidsvoll (sjaa s. 100, merknad 2).
- ↑ De ser ut til at Snorre hev meint at Heidsævis-lovi galdt i Viki og; men de er likevel vandt um de er rett.
- ↑ Gøtaelvi.
- ↑ Sarpsborg.
- ↑ «Fættere», soleis at fedrane er brørar.
- ↑ Þrándarnes paa Ömd er Trondenes (Trones) paa Hinnøyi i Senja.
- ↑ 2dre febr. 1023.
- ↑ 18de april 1023.
- ↑ D. e. langfredag.
- ↑ Kristus.
- ↑ Fredagen var fastedag og difor heilagdag.
- ↑ Vossevangen.
- ↑ Vosse-elvi gjeng ut i Bolstadfjorden, ein av fjordarmane ikring den store øyi Oster.
- ↑ Anten Vangsmjøsi eller Slidrefjorden.
- ↑ D. e. kong Harald Hardraade.
- ↑ Dovrefjell.
- ↑ Byen Rom.
- ↑ D. s. s. Carolus Magnus, Karl den store.
- ↑ Syslemennane hadde vanleg til løn innkomune av kongelegt jordegods til ein viss sum; dette kalla dei veitsle. At ein syslemann hadde noko i len vil segja, at han sjølv fekk innkomune mot aa leggja ei viss aarleg avgift til kongen.
- ↑ Ytste øyi i Vesteraalen.
- ↑ Fiske- og kaupstemna i Vaagan i Lofoten.
- ↑ «Maal» paa eit vaapn var visse innsmidde merke eller teikningar (runir?)
- ↑ Fal er ein hol tange paa spjots-odden til aa setja skafte i (liksom paa ein spade).
- ↑ Av sed (skikk, vis), aa læra upp i gode sedir («danne», «civilisere»).
- ↑ Ved Øksaraa sudvest paa Island.
- ↑ Paa Hvamm (sjaa Laksdølasaga).
- ↑ Stykson aat Øyolv og son aat den Bolle som er nemnd s. 211.
- ↑ Skalden (um honom er fortalt i soga um Bjørn Hitdølakappe).
- ↑ Son aat Bork den digre og systkinbarn aat Snorre gode.
- ↑ Dei tvo fostbrørar som de er fortalt um i «Fostbrødrasaga».
- ↑ Attved der byen Eyrarbakki no ligg. sudvest paa Island, sunnanfor Tingvollane.
- ↑ D. e. «Lovbjerget», den bergknausen eller haugen ved Almannagjaa der lovsegjings-mannen sat.
- ↑ Dei hadde sett upp budir til aa bu i, den tid dei var paa tinge.
- ↑ Son aat Hall paa Sida.
- ↑ Dimun heiter no Store-Dimun. Toralv fraa Dimun var son aat Sigmund Bresteson.
- ↑ Gata er ein gard paa austsida av Austrey (sjaa korte s. 438).
- ↑ Sjaa s. 269.
- ↑ I søre Fron (sjaa korte s. 368). Denne bygdi er elles rekna til søre Gudbrandsdalen. Mannen er vel den same som fyrr (s. 367) er kalla Tord Istermage.
- ↑ Konge som raar yvi eit heilt folk.
- ↑ Fife (lyder Faif) i øystre Skotland.
- ↑ Eit stort breidt skip.
- ↑ Fiskevær utanfor Ringvatsøy, n. v. for Trums («Tromsø»); sjaa korte s. 411.
- ↑ Uppe ved aai Vina (Dvina), vel den same som russane seinare kalla Cholmogory.
- ↑ Jomale (himil eller himilgud) er karelisk; finnlendingane kalla sin gud Jumala, finnane (lappane) sin Ibmel, som alt er same orde.
- ↑ Kvitehave.
- ↑ Ved Sviatoi nos («de heilage nes»).
- ↑ No Glesvær, eit fiskevær nordvest for Magerøyi utanfor Finnmarki.
- ↑ No Lenvik paa halvøyi vest for Malangen, den tid den nørdste bygdi paa fastlande.
- ↑ No byen Eikersund («Egersund») sudaust paa Jaren.
- ↑ Son aat Brynjolv Ulvalde paa Vettaland (s.285).
- ↑ Utanfor Tungenes (sjaa korte s.376).
- ↑ «Ladningen».
- ↑ Hennøyane utanfor Manger i Nordhordland.
- ↑ Lygre sokn (Lyra, Lyraa) i Lindaas herad aust for Manger.
- ↑ Reinsking, prøve paa at ein er skuldlaus eller segjer sant.
- ↑ Ubotsmenn var dei som hadde gjort noko so stygt at dei ikkje kunde sona de med bøtar, men berre med live.
- ↑ Tegn (þegn) er de same som «undersaatt». Tegn-gilde er den bot som draapsmannen skulde betala kongen, naar han hadde drepi ein av tegnine hans. Nase-gilde (nefgildi) er ein skatt av kvar nase (eller kvart menneskje). (Orde «gilde» kjem av gjalda, aa betala).
- ↑ Nidaros.
- ↑ De ser her ut til at Snorre trudde dei i Norig køyrde i slede um sumaren.
- ↑ Surndalen paa Nordmøre, vest for Orkedalen. Vegen gjekk fraa Meldalen yvi Rindalen til Surndalen.
- ↑ Ei øy paa Sunnmøre, n. v. for Aalesund (sjaa korte s. 171).
- ↑ 5te mars 1027.
- ↑ Finn budde paa Austraatt paa Ørlande.
- ↑ Namne stend ikkje i handskriftine; i Peder Claussøns umskrift stend «Trondheims» minde, og d. v. s. «Kraakevaad», sunnanfor Storfosn.
- ↑ Vaagan i Lofoten (sjaa korte s. 411).
- ↑ Ei mark gull var = 8 merkar sylv; de heile vart daa so mykje som 240 merkar sylv, og kunde vel vera so mykje som minst 100000 kr. i vaare pengar.
- ↑ Ein øyre er 1/8 mark.
- ↑ Fjorden millom Lofoten og lande.
- ↑ Englandshaf millom Norig og England.
- ↑ Graaskinn (liksom «graavarur») er ikorn-skinn.
- ↑ Fangst.
- ↑ «Sammenskudslag».
- ↑ Joli var rekna aa vara «ein halv maanad», fraa 25de desember til 7de januar; midt i joli var soleis ved 1ste januar.
- ↑ Tverbjelke.
- ↑ Sjaa s. 417.
- ↑ Vestanfor Hareidland (sjaa korte s. 171).
- ↑ Den største av Færøyane, med byen Torshavn, hovudstaden no er.
- ↑ «Bestikkelser».
- ↑ Paa Færøyane og Island og andre stadir der vest kalla dei nordmennane for de meste for austmenn.
- ↑ D. e. bison-ukse. I folkevisa um Heilag-Olav er skipe hans kalla «Uksen».
- ↑ D. e. Ormen.
- ↑ Traa eller uviljug til aa vika.
- ↑ Hardt tak, røynetak.
- ↑ som daa høyrde til Danmark.
- ↑ Den tilsvarande lina i steve er aa finna paa s. 447 og 48.
- ↑ Sjøleides, «fiskevegen»; lyr er ein fisk av same ætt som torsk og sei.
- ↑ Lid (led), fylgje, her-fylgje; tyder ogso skip i de gamle maal.
- ↑ «Embargo»; handelsskip fekk ikkje lov til aa sigla ut.
- ↑ Med klaare, kvasse augo.
- ↑ Flote (reid, fylgje, flokk som rid).
- ↑ Den som byd ut («udæsker») til strid.
- ↑ Av reka, driva; byrg, sjølvtrygg, stolt.
- ↑ Brimsjø, «brænding».
- ↑ Kvast, braatt.
- ↑ Helgeaai, Áin helga, er aust i Skaane (sjaa korte s. 307).
- ↑ Ei hamn i Blekinge.
- ↑ Roskilde.
- ↑ Um Valtjov og Morukaare (Morkere), som ikkje var sønir aat Godvine, sjaa soga um Harald Hardraade kap. 75.
- ↑ Edvard Confessor.
- ↑ Ein «springar».
- ↑ Viki innanfor Skanør.
- ↑ No Væderø i Halland, utanfor nordvest-odden av Skaane (sjaa korte s. 307).
- ↑ Nyaarsdag (1028).
- ↑ «Undersøge».
- ↑ Kristianiafjorden.
- ↑ Sjaa merknaden s. 48—49.
- ↑ Tignarnafn (jarl eller hertug eller konge).
- ↑ Kristus.
- ↑ Ein flokk er eit mindre dikt, som dei gjerne dikta um jarlar og andre ringare menn. Draapa er større, og hev stev eller umkvæde. Dei vers som stend millom tvo stev kalla dei stevbolk. Steve her er: «Knut styrer under soli».
- ↑ Skip.
- ↑ Med Hjornagli eller Hjarnæli er vel meint anten fjelle «Hornelen» (Smalsarhorn) i Nordfjord (lyder no Haar-nelen) eller Tjærnaglen synst i Sunnhordland.
- ↑ Millom Romsdalen og Nordmøre.
- ↑ Skipi.
- ↑ Knut (jutar de same som «jyder»).
- ↑ Skogland kringfløytt av have(?).
- ↑ I dei tvo siste radine i andre verse stend i grunnteksti at syne hans var sterkare enn segni um ferdi hans Knut, de vil segja: aa sjaa var gildare, meir paalitande, enn berre aa høyra um de. (Av dette ordlage, hava syn for segn, kjem de danske «syn for sagen»).
- ↑ Drafn eller Dramn er de inste av Drammensfjorden, millom Svelvik og Drammen.
- ↑ Paa vestsida aat Lindesnes.
- ↑ 21de desember 1028.
- ↑ Taka inn rev (svipta af handrifi?). Meiningi er, at han minkar segle, so de ser ut for Erling liksom Olav kjem undan.
- ↑ No kalla Store Bokn. «Innanfor B.» v. s. inn sunnanfor Bokn.
- ↑ Av skjot, rask, snar.
- ↑ D. s. s. langskip, men utan «hovud» (drakehovud).
- ↑ Øyane nordanfor Tungenes (sjaa korte s. 376).
- ↑ Tru du fekk ei ulukke!
- ↑ Der som vestre luten av byen Aalesund no ligg.
- ↑ Sunde innanfor Frøkøy nørdst med havstrandi i Romsdalen (Bod herad).
- ↑ I Borgund herad.
- ↑ Rettare Trjotskverve, no Kverven, nese lengst vest paa Ellingsøy.
- ↑ Gard ved Nyrvesunde.
- ↑ Nokre smaaøyar utanfor Borgund.
- ↑ Millom Suli (Sul'a) og Yksnøy «Oksenø» (sjaa korte s. 478).
- ↑ No Skot'e, der Storfjorden krøkjer av søretter («Slyngstadfjorden»).
- ↑ Tafjorden, inste greini av Storfjorden.
- ↑ No Sylte ved Tafjorden paa austsida aat elvi i Valldalen.
- ↑ No Muri paa vestsida aat elvi.
- ↑ No Skjærs-urdi paa nordsida aat elvi, nær Grøning (i handskrifti «Sevs-urd»).
- ↑ No Langbrekka.
- ↑ Ein tre-kross stod der endaa ved 1760. No stend der ein jarnkross med innskrift fraa seinare tid.
- ↑ No garden Alstadsætri eller Urdi (Ur'a) sunnanfor Skjærs-urdi.
- ↑ Heiter so endaa.
- ↑ No garden Grøning ovanfor urdi.
- ↑ Øvst paa Lesjeskogen uppunder fjellet.
- ↑ De nørdste herad i Vestergøtland, sunnanfor Tiveden.
- ↑ Lut, «lodd».
- ↑ Vatnsdalr paa nordlande. Han var ætta fraa Ingemund den gamle (sjaa Vatsdølasoga).
- ↑ D. e. malstraumen; er enno kalla Swelchie.
- ↑ Nørdre helvti.
- ↑ Store Bulgaria ved Volga og side-elvi Kama, med hovudstaden Bolghar.
- ↑ Jerusalem.
- ↑ Sjaa merknaden s. 341.
- ↑ Øy og herad i Ryfylke.
- ↑ Gard og sokn i Etne herad i Sunnhordland.
- ↑ Járnberaland er Dalarne.
- ↑ Sjaa s. 304.
- ↑ Av felage, kammerat.
- ↑ «Forretning».
- ↑ No Sulstugu, øvst i Verdalen ved Sulaai.
- ↑ Ein gard i Vuku i Verdalen, men finst ikkje no lenger.
- ↑ «Undersøke», mynstra.
- ↑ 1080.
- ↑ 480; likeins 500 = 600 (sjaa s. 151).
- ↑ 3600.
- ↑ Herberg er visstnok de same som Hernes, ytst paa Frosta.
- ↑ Hev mindre aa segja.
- ↑ Um honom sjaa kap. 227.
- ↑ Fullt upp, rikeleg.
- ↑ Natti millom 28de og 29de juli.
- ↑ Denne visa song nordmannen Bodvar-Bjarke i de slage som Rolv Krake fall i.
- ↑ Kjempune hans Rolv Krake hadde hjelpt den svenske kongen Adils mot den norske kongen Aale (sjaa etter i Ynglinga-soga kap. 28 og 29).
- ↑ Som kveikjer upp huskarlane eller drengine (av hvetja, kvetja, de same som kvessa).
- ↑ «Underholdning».
- ↑ No øvre Stiklestad, ovanfor Stiklestad kyrkje.
- ↑ Namne Rut (Hrûtr) tyder d. s. s. ein vér eller saudbukk.
- ↑ Forteljingi um at Kristus stod upp fraa dei daude.
- ↑ «Heftig», «lidenskabelig».
- ↑ «Ærgjerrig» (meir enn de danske: ærekjær).
- ↑ Skipsbyggmeister (av knörr, eit handelsskip, og smiðr, ein handverkar).
- ↑ Her som elles «store hundrad» (120 X 120 = 14400).
- ↑ No Kvistad paa Innerøyi.
- ↑ «Fløyi».
- ↑ Denne sol-formyrkningi var ikkje samstundes med slage, men vel so ein maanad seinare (31te august 1030). Snorre hev her, imot dei eldre fraasegnir, fylgt Sigvat skald, som ikkje var med i slage og fekk høyra um solformyrkningi etter at Olav vart heilag-menne.
- ↑ Rev Gjestsson fraa Hovgardar, ein gard paa Snæfellsnes sudvest paa Island.
- ↑ Lenger ute ved døri, næmare døri.
- ↑ Nón er ikring kl. 3 (av latinsk nona, niande timen paa dagen — rekna fraa kl. 6 um morgonen).
- ↑ Alfiva (eng. Ælfgifu) var dotter aat Ælfhelm, ealdorman (jarl) i Northumberland.
- ↑ Son aat Torkjel den høge (s. 483).
- ↑ Glælogn tyder havstille.
- ↑ Eldstad.
- ↑ Avgift eller «stykke» (toddi) av garden (vin).
- ↑ D. e. paa fiske.
- ↑ Denne fiske-avgifti (landvarða) var ei avgift som skrei-fiskarane fraa gomol tid gav jord-drottnen der dei rodde ut fraa, og kongen, naar han hadde eigna til seg odelen eller eigedomsretten til jordi.
- ↑ Dette vil segja, at naar ein dansk stridsmann av kongens fylgje kom i slaasting med nordmenn, hadde stridsmannen den forrett, at hans vitnesmaal galdt meir i saki.
- ↑ Etterkomarane hans Knut.
- ↑ 3dje august 1031.
- ↑ Eit slag kostelegt ty, kan-henda skarlak.
- ↑ Brunnen vart innbygd i koren paa Mariakyrkja; i tufti etter den er nyleg funni merke etter ein brunn. Ein brunn i høgkoren paa Domkyrkja, som vart gravin sidan, vart i seinare tid haldin for aa vera den her nemnde Olavsbrunn.
- ↑ 1161—88.
- ↑ D. e. stor kyrkje (gmln. musteri, av latin monasterium, kloster).
- ↑ Den som Olav Kyrre bygde.
- ↑ Den som Magnus den gode bygde.
- ↑ Der «Kongens gade» no gjeng (sjaa korte s. 528).
- ↑ Svein Alfivason, som no er konge yvi den norske tjod (folk).
- ↑ Kong Olav.
- ↑ i teksti: bókamáls regin-nagli, «bogmaalets (ɔ: latinens) faste støtte».
- ↑ Millom øyane Sokn og Bru aust for Tungenes (sjaa korte s. 376)