Soga um Ramnkjell Frøys-gòde

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Dansk.gif


Islandske ættesagaer

Soga um Ramnkjell Frøys-gòde


Nynorsk umsetjing ved
Torleiv Hannaas


Det Norske Samlaget (Landsmålslaget)

Oslo 1925


1.

Det var i den tidi Harald haarfagre var konge — son til Halvdan svarte, son til Gudrød veidekonge, son til Halvdan den gjevmilde og matsaare, son til Øystein fret, son til Olav tretelgja, sveakongen — at ein mann som heitte Hallfred kom siglande paa skipet sitt til Island, til Breiddal. Det er nedanfor Fljotsdalsherad. Der paa skipet var kona hans og son hans, som heitte Ramnkjell. Han var daa femtan vetrar gamal og eit godt mannsemne. Hallfred busette seg der i dalen. Um vetren døydde eit utlendsk trælkvende han hadde, som heitte Arntrud. Etter henne heiter garden sidan Arntrudsstad. Men um vaaren flutte Hallfred nord yver heidi, og rudde seg gard i Geitdalen dei kallar. Og ei nott drøymde han at det kom ein mann til honom og sagde: «Her ligg du heller uvarleg, Hallfred. Flyt bustaden din vest yver Lagarfljot. Der finn du lukka di.» So vakna han, og førde all sin eigedom yver Rangaa til Tunga, og rudde den garden som no heiter Hallfredsstad. Der budde han til sin alderdom. Men det vart etter ei geit og ein bukk for honom. Og same dagen som Hallfred var flutt ifraa, gjekk der ei skrida yver garden, og der tyndest desse dyri. Difor heiter det sidan Geitdal.


2.

Ramnkjell hadde for vane aa rida innyver heidane um sumaren. Daa var heile Jokulsdalen bygd, upp til brui. Ramnkjell reid upp etter Fljotdalsherad, og saag at der gjekk ein øydedal upp ifraa Jokulsdalen. Denne dalen totte han var betre aa byggja enn dei andre dalane han hadde sét. Og daa han kom heim, bad han far sin skifta godset med seg, og sagde at han vilde reisa bustaden sin der. Dette gjekk faren med paa. Han rudde daa ein gard der i dalen, og kalla honom Adalbol. Ramnkjell fekk Oddbjørg Skjoldulvsdotter or Laksaadalen. Dei hadde tvo søner, den eldre heitte Tore og den yngre Aasbjørn. Daa Ramnkjell hadde leke land paa Adalbol, heldt han eit stort blot og bygde eit stort hòv. Han elska ingen annan gud so mykje som Frøy, og honom gav han helvti med seg i alle dei beste eignelutene sine. Ramnkjell bygde heile dalen, og gav folk land. Men han vilde vera yvermannen deira og tok gòdord yver deim. Av dette fekk han tilnamn og vart kalla Frøy-gòde. Han var oveleg raadrik, men ein dugleg mann. Han nøydde Jokulsdals-mennene under seg og gjorde deim til tingmennene sine. Ramnkjell var mild og blid mot sitt eige folk, men strid og hardlynd mot Jokulsdals-mennene, og dei fekk ikkje rett og skil av honom. Han stod i mang ein strid, men aldri gav han bøter for nokon. Og ingen mann fekk minste bot av honom, kva han so gjorde.

Der er vondt aa ferdast i Fljotsdalsherad, mykje steinut og blautt. Men likevel reid Hallfred og Ramnkjell jamt til einannan, for dei var godvener feggane. Hallfred totte aalmannleidi var vond aa fara, og so leita han seg upp ein veg yver Fljotsdalsheidi. Der fekk han turrare veg, men lengre. Vegen heiter enno Hallfredsgata. Men den leidi fer berre dei som er best kjende i Fljotsdalsherad.


3.

Bjarne heitte ein mann. Han budde paa ein gard dei kallar Laugarhus. Det er i Ramnkjellsdal. Han var gift og hadde tvo søner med kona si. Den eine heitte Saam og hin Øyvind, — vene og emnelege karar. Øyvind var heime hjaa far sin. Men Saam var gift og budde lenger nord i dalen, paa ein gard som heiter Leikskaalar. Han var ein rik og storfeld mann, og logkunnig. Øyvind vart farmann, og siglde til Noreg og var der um vetren. Der ifraa tok han ut til andre land, og stana i Myklegard. Der var han mykje vyrd av grekarkongen, og var der ei rid.

Ramnkjell hadde ein eignelut som han heldt gjævare enn alt anna. Det var ein hest, graaborkut paa lìt og med aal etter ryggen, som han kalla Frøyfakse. Han gav Frøy, venen sin, halvt i hesten. Denne hesten lagde han so mykjen elsk paa at han lova han skulde verta den mann til bane. som reid honom utan hans vilje.


4.

Torbjørn heitte ein mann. Han var bror til Bjarne, og budde i Ramnkjellsdal, paa ein gard som heiter Hol, beint imot Adalbol, paa austledi. Torbjørn hadde lite gods, men ein stor barneflokk. Den eldste son hans heitte Einar. Han var stor og mannsleg. Det var ein vaar Torbjørn sagde til Einar at han fekk høyra seg um etter tenesta. «For eg hev ikkje meir arbeid her paa garden enn at dei andre greider det. Og det er uvandt for deg aa faa tenesta, du som er so rask ein dreng. Det er ikkje av kjærleiksløyse eg bed deg taka ut. For du er den nyttugaste av borni mine. Men det er for naudi og fatigdomen eg gjer det. Og no veks hine borni mine til, so dei vert arbeidsføre. Men du kann betre faa stedt deg enn dei.» Einar svara: «Vel seint hev du sagt meg dette. No hev alle folk bygt seg, og fenge det beste arbeidet, og eg tykkjer det er ille aa taka det andre hev vanda.» Einar tok no hesten sin og reid til Adalbol. Ramnkjell sat i stova. Han tok vel og venleg imot honom. Einar spurde etter tenesta hjaa Ramnkjell. Han svara: «Kvi kjem du so seint med dette? Du var den fyrste eg vilde ha teke. Men no hev eg leigt alt tenestfolket mitt, so nær som til eitt yrke, og det vil visst ikkje du hava.» Einar spurde kva det var. Ramnkjell sagde at han hadde ikkje fenge nokon til aa gjæta smalen, og det turvte han ein god mann til. Einar sa at han var like sæl kva han gjorde, anten det var det eine eller det andre. Men han vilde byggja seg paa tvo halvaar. «Eg skal snart nemna deg vilkòri mine,» segjer Ramnkjell. «Du skal gjæta femti søyor paa sætri, og driva heim all sumarveden. Dette skal du gjera for kost og husvist i tvo halvaar. Og so vil eg skilja ein ting med deg som med hine smalemennene mine. Frøyfakse gjeng der uppi dalen med fylgjet sitt. Honom skal du sjaa etter baade vetter og sumar. Men eitt segjer eg deg: Eg vil at du aldri kjem paa baket hans, kor naudsynt det enn kann verta deg. For eg hev dyrt lova at eg skal verta den mann til bane, som rid honom. Det fylgjer honom tolv merrar. Dei skal standa deg til reide, og du kann taka kva ei du vil av deim, naar det trengst, nott eller dag. Gjer no som eg segjer. For det er eit gamalt ordtøke at «den veld ikkje vondt som varar ein annan.» No veit du kva eg hev sagt.» Einar svara at han var ikkje so uvitug at han vilde rida den hesten som var honom meinka, fyrst det var andre hestar aa faa.


5.

Einar for no heim etter klædi sine, og flutte til Adalbol. Sidan buførde dei til ein støl uppi Ramnkjellsdal, som dei kallar for Grjotteigssel. — Det gjekk godt for Einar fram etter sumaren, og aldri vanta det ein einaste sau alt til midsumars. Men daa kom det burt innpaa tretti søyor ei nott. Einar leita kringum i alle hagane, men fann inkje. Smalen var burte for honom mest ei vika. Ein morgon gjekk Einar ut tidleg. Daa hadde sunnantoka og muskregnet letta. Han tok seg ein stav i handi, og beisl og hesteplagg, og gjekk yver Grjotaa. Ho renn framanfor sætri. Men der paa øyri laag det smaafeet som hadde vore heime um kvelden. Han støkte det heim til sætri, og so vilde han av og leita etter hitt som burte var. Han saag no hesteflokken utpaa øyri, og tenkte aa taka seg ein hest og rida paa. For han skyna at han kom fljotare fram um han reid enn um han gjekk. Daa han kom til hestane, elte han deim. Men no var dei skjerre som elles aldri rømde for folk, — so nær som Frøyfakse. Han stod so still som han vøre graven ned. Einar ser at morgonen lid, og tenkjer at Ramnkjell fær ikkje vita det um han no rid paa hesten. So tek han Frøyfakse og beislar honom, og legg plagget under seg paa hesteryggen. Han rid upp med Grjotaagilet, so upp til joklane og vestyver til der Jokulsaai renn undan jokulen (1), og so ned med aai til Røykjasel. Han spurde alle saue-mennene paa sætrane um dei hadde sét noko til desse smaalogi. Men ingen hadde sét deim. Einar reid Frøyfakse heilt fraa graalysingi og til midaftan (2). Hesten bar honom skjott utyver og vidt ikring, for han var oveleg rask. Einar kom daa i hug at det var nok paa tidi aa rekna heim det feet fyrst som gjekk med sætri, um han ikkje fann hitt. So rid han aust yver halsane til Ramnkjellsdal. Men daa han kjem ned til Grjotteig, høyrer han saue-jerming or det gilet som han hadde ride frammed fyrr. Han snur daa hesten dit, og der kjem det rennande imot honom tretti søyor, dei same som hadde vore burte ei vika. Han dreiv deim daa heim, saman med hitt feet.

Hesten var sivaat av sveite, so det draup av kvart haaret. Han var leirut og kavende trøytt. Han velter seg rundt tolv gonger. So set han i og kneggjar høgt, og tek paa sprang ned etter gotone. Einar set etter, og vil koma fyre hesten og faa teke honom og ført honom attende til stodlaget. Men no er han so sky at Einar kjem ikkje naame nær honom. Hesten løyp ut etter dalen, og stânar ikkje fyrr han kjem heim til Adalbol. Ramnkjell sat nett til bords. Og daa hesten kom for døri, kneggja han høgt. Ramnkjell sagde til ei kona som skipa paa bordet, at ho skulde ganga ut i døri og sjaa. «For det kneggja ein hest, og eg totte det var so likt Frøyfakse.» Ho gjeng fram i døri, og ser Frøyfakse, fælt avreidd. Ho segjer til Ramnkjell at Frøyfakse stend utfor døri, kaldleg stygg. «Kva kann den karen vilja, sidan han er komen heim?» segjer Ramnkjell. «Ikkje kann dette vera for det gode.» So gjeng han ut og ser Frøyfakse og talar til honom: «Ille tykkjer eg det er at du skal vera soleis medfaren, fosterson min. Men du visste kva du gjorde, som sagde meg til. Og dette skal eg hemna. Men gakk no du til fylgjet ditt!» Og hesten tok upp etter dalen att til stodlaget sitt.

Ramnkjell gjeng til sengs um kvelden, og søv heile notti. Men um morgonen tek han seg ein hest og legg sâl paa, og rid upp til sætri. Han rid i blaae klæde, og hev øks i handi, men ikkje fleire vaapen. Einar hadde nett drive smalen inn i kviene. Han laag paa kvigarden og talde feet, medan kvendi var aat og mjølka. Dei helsa paa Ramnkjell. Han spurde korleis det gjekk deim. Einar svara: «Det hev gjenge meg ille. Her vanta tretti søyor mest ei vika. Men no er dei funne.» Ramnkjell sagde at slikt var aldri aa nemna. «Det hev ikkje bore til so ofte som ein kunde ha venta at feet hev kome burt. Men hev det ikkje hendt noko verre? Hev du ikkje vore til og ride Frøyfakse her fyrre dagen?» Einar sagde at det kunde han ikkje neitta. «Kvi reid du denne hesten som var meinka deg, fyrst der var so nok av andre som du hadde lov til aa taka? Eg skulde endaa ha gjeve deg til for ein gong skuld, sidan du hev vedgjenge so greidt, hadde eg ikkje svore so dyrt.» Men i den trui at det aldri vert noko av dei folk som bryt lovnadene sine, so sprang han av hesten og inn paa Einar, og hogg honom banehogg. Daa det var gjort, reid han heim til Adalbol og sagde desse tidender. Sidan sende han ein annan mann til aa gjæta smalen paa sætri. Men han lét Einar føra burt paa høgdi vestanfor sætri, og der reiste han ein varde attmed dysi (3). Dei kallar det Einarsvarden. Og fyrst soli stend yver den, so held dei midaftan paa sætri.


6.

Torbjørn fekk spurt yver til Hol at Einar son hans var drepen. Han totte hjarte vondt daa han høyrde det. So tek han hesten sin og rid yver til Adalbol, og bed Ramnkjell um bøter for draapet. Ramnkjell læt um at han hev drepe fleire menner enn denne. «Men du veit at eg aldri vil bøta for nokon mann. Og det lyt folk lita seg med. Men likevel skal eg segja so mykje, at eg tykkjer sjølv dette verket mitt er i verste laget av alle dei draap eg hev gjort. Du hev vore grannen min i lang tid, og eg hev lika deg godt, og me hev kome vel til lags. Og ikkje skulde eg ha gjort Einar noko for andre smaating, hadde han berre ikkje ride hesten. Men no maa me ira paa at me hev vore for uvyrdne i munnen, og sjeldnare kom me til aa trega um me heller lova i minste laget. No vil eg syna deg at eg tykkjer dette draapet er verre enn dei andre eg hev gjort. Eg vil halda deg med mjølkefe i sumar, og med slaatr til hausten. Og det same vil eg gjera kvart aar, so lenge du vil bu her. Sønene og døtterne dine skal me reida ut paa min kostnad, og hjelpa deim so dei kann koma seg godt i veg. Og er det ein ting som du veit finst i mine hus, og som du tarv, so skal du berre segja meg til. For her etter dags skal det ikkje skorta deg noko slag av det du treng aa hava. Du skal bu paa garden din so lenge du hev hug til. Og fyrst du leidest det, so flyt du hit til meg. So skal eg syta for deg til din døyande dag, og me skal vera gode vener. Men det ventar eg, at mange kjem til aa segja at den mannen vart dyr nok.» — «Ikkje tek eg imot desse vilkòri,» segjer Torbjørn. «Korleis vil du daa hava det?» spør Ramnkjell. Daa segjer Torbjørn: «Eg vil at me skal taka menner til aa skilja oss.» Ramnkjell svarar: «Daa held du deg jamgod med meg, og paa den vis vert me aldri forlikte.» Daa rid Torbjørn burt, og ut etter Ramnkjellsdalen. Han kjem til Laugarhus, og finn Bjarne bror sin og segjer honom desse tidender, og bed honom hjelpa til i denne saki. Bjarne segjer at han er ikkje mann til aa setja seg upp imot Ramnkjell. «Um me kann hava mange pengar under hand, so orkar me ikkje aa dragast med honom. Og det er sant som dei segjer, at «den er klok som kjenner seg sjølv». Ramnkjell hev vride retten ifraa so mang ein mann som var mektugare enn me. Eg tykkjer du hev vore faavita som hev vanda so gode vilkòr. Og ikkje vil eg leggja meg ut i dette.» Torbjørn talar daa mange haadlege ord til Bjarne bror sin, og segjer at det er mindre mannskap i honom di meir det gjeld paa. So rid han burt, og brørne skilst uvener.

Torbjørn stânar ikkje fyrr han kjem ut til Leikskaalar. Der bankar han paa. Det gjeng einkvan til døri og lèt upp. Torbjørn bed Saam koma ut. Saam helsar frenden sin venleg, og bed honom vera der. Torbjørn svarar so lite til. Saam ser at Torbjørn er modfallen, og spør etter tidender. Han fortel um draapet paa Einar son sin. «Det er ikkje nytt,» segjer Saam, «at Ramnkjell drep folk.» Torbjørn spør um Saam vil gjeva honom nokor hjelp. «Det er soleis med denne saki, at endaa um mannen er meg næst, so hev ikkje hogget falle langt ifraa dykk heller.» — «Hev du spurt Ramnkjell um han vil gjeva deg bøter for draapet?» spør Saam. Torbjørn segjer heile sanningi, korleis det hadde bore til med honom og Ramnkjell. «Aldri hev eg høyrt gjete,» segjer Saam, «at Ramnkjell hev bode nokon so mykje som deg. No vil eg rida med deg upp til Adalbol. Men lat oss fara smaalaate og høyra um Ramnkjell vil standa med bodet sitt. Han maa daa vel fara aat som ein fagna mann.» — «Det er no eitt,» segjer Torbjørn, «at Ramnkjell visst ikkje vil no, og hitt er det, at ikkje er eg heller meir huga paa det no enn daa eg reid der ifraa.» Saam segjer: «Tungt tenkjer eg det vert aa føra sak mot Ramnkjell.» Torbjørn svarar: «Det vert aldri noko av dykk unge karar, for de ræddast alle ting. Eg trur ikkje at nokon mann hev slike stakarar til frendar som eg. Det er vesalt med slike karar som deg. Du vil vera logkunnig, og er fus paa smaasaker, men vil ikkje taka paa deg denne saki som er so greid. Delte kjem folk til aa lasta deg for, som rett er, — du som skulde vera den likaste i ætti vaar. Eg ser no kvar det ber av med oss.» Saam segjer: «Kva batar det deg um eg tek paa meg denne saki, og me so baae fær skam og skade?» Torbjørn svarar: «Det vøre so mykje huglegare at du tok med saki. So fær det ganga som det kann.» Saam segjer: «Ufus gjeng eg til delte. Og mest gjer eg det for di me er frendar. Men det skal du vita, at eg tykkjer ikkje eg hev nokor hjelp i deg.» So rette Saam fram handi og tok saki av Torbjørn.


7.

Saam tek seg no ein hest og rid upp etter dalen. Han rid inn paa ein gard og lyser draapet. So fær han folk med seg mot Ramnkjell. Ramnkjell fekk spurt dette, og han maatte læ daa han høyrde at Saam hadde teke saki imot honom.

Det leid av denne sumaren og næste vetren. Men um vaaren daa stemnedagane kom, rid Saam heimanfraa og upp til Adalbol og stemner Ramnkjell for draapet paa Einar. Etter det rid Saam ut etter dalen og stemner grannane sine til tingferd. Sidan sit han kyrr til dess folk bur seg til tings. Ramnkjell sender bod ut etter Jokulsdalen og stemner folk saman. Han fær sytti mann or tinglaget sitt. Med denne flokken rid han aust gjenom Fljotsdalsherad, og so inn-kring vatsbotnen og tvert yver halsen til Skridudalen, og upp Skridudalen og sud yver Øksarheid til Berufjorden, og der ifraa rette tingmannsleidi til Sida. Sud or Fljotsdal er der syttan dagsleider til tingvollen. Men aldri fyrr var Ramnkjell riden ut or heradet, so samlar Saam folk aat seg. Han fær mest med seg lauskarar, og dei som han fyrr hadde sagt til aa møta. Han gjev desse mennene vaapen og kost og klæde. Saam tek ein onnor leid or dalen. Han fer upp Jokulsdalen og rid yver paa brui, og tek so yver Mødrudalsheidi. Dei var i Mødradalen um notti. Derifraa reid dei til Herdebreidstunga, og so ovanum Blaafjell til Kroksdal, og sud yver Sprengesanden. Dei kom ned til Sauda fell, og der ifraa til tingvollen. Ramnkjell var ikkje komen endaa. Det gjekk seinare for honom, av di han hadde lengre veg. Saam tjeldar bud for mennene sine eit godt stykke ifraa der austfjordingane er vane med aa tjelda. Noko etter kjem Ramnkjell paa tinget. Han tjeldar budi si so som han er van. Han høyrer at Saam er paa tinget, og lær berre av det. Tinget var hardla fjølment. Dei var der dei fleste hovdingar som var paa Island. Saam gjeng til alle hovdingane og bed um hjelp og studnad. Men alle svarar like eins, og segjer at dei hev ikkje fenge so mykje godt av Saam at dei for hans skuld vil gjeva seg i kast med Ramnkjell, og setja vyrdnaden sin so paa spel. Dei segjer òg at det hev gjenge same vegen med dei fleste som hev havt tingtrættor med Ramnkjell, at han hev fare ille med deim alle. Saam gjeng heim til budi si. Dei er modfallne baade han og Torbjørn, og ottast for at saki deira kjem til aa enda so, at dei ikkje fær anna skam og svivyrding. Og dei gjeng i slik hugverk at dei korkje kann njota svevn eller mat. For alle hovdingar hadde neitta aa stydja deim, jamvel dei som dei heist hadde venta hjelp av.


8.

Det var ein morgon gamle Torbjørn vakna tidleg. Han vekkjer Saam, og bed honom risa upp. «Eg fær ikkje sova,» segjer han. Saam ris upp, og fer i klædi sine. Dei gjeng ut og ned til Øksaraai, nedanfor brui. Der tvær dei seg. Torbjørn talar til Saam og segjer: «Det er mitt raad, at du sender ein av etter hestane vaare, og at me tek paa heimvegen. No er det greidt aa sjaa at me fær ikkje anna enn svivyrding.» Saam svarar: «Det er vel. For du vilde berre trætta med Ramnkjell, og ikkje taka imot dei vilkòr som mang ein mann hadde teke, endaa um han hadde nærskyldingen sin aa hemna. Du sneidde oss for stakarar, alle dei som ikkje vilde ganga med deg i denne saki. Men no skal eg aldri gjeva meg, so lenge eg tykkjer det er minste von um at eg kann faa gjort noko.» Dette gjeng so inn paa Torbjørn at han græt. Daa ser dei vestanfor aai, eit stykke nedum der dei sit, at fem karar gjeng saman fraa ei bud. Det var ein høg mann, men ikkje trek, han som gjekk fyre deim. Han var klædd i lauvgrøn kyrtel, og hadde eit gildt sverd i handi, — ein mann med rettskore andlit, raudleitt og ven, med mykje ljosbrunt haar. Denne mannen var lett kjenneleg. For han hadde ein ljos lokk i haaret sitt paa vinstre sida. Saam sagde: «Lat oss standa upp og ganga vest yver aai til mots med desse karane.» Og dei so gjorde. Han som gjekk fyre helsa fyrst paa deim og spurde kven dei var. Dei sagde det. Saam spurde daa mannen kva han het. Han kalla seg Torkjell Tjostarsson. Saam spurde kvar han var ætta ifraa, og kvar han aatte heime. Han sagde han var vestfjording av ætt og upphav, og høyrde heime i Torskefjord. Saam spør: «Er du gòdordsmann kann henda?» Han sagde at det var langt ifraa det, «Er du bonde daa?» spør Saam. Nei, han var ikkje det heller. «Kva er du daa til mann?» segjer Saam. «Eg er lauskar,» svarar han. «Eg kom heim til Island fyrre sumar. Eg hev fare utanlands sju vetrar, og vore nedi Myklegard og gjeve meg i tenesta hjaa Gards-kongen (4). Men no held eg meg hjaa bror min, som heiter Torgeir.» — «Er han gòdordsmann?» spør Saam. Torkjell svarar: «Ja, han er gòdordsmann i Torskefjorden og vidare yver Vestfjordane.» — «Er han her paa tinget?» spør Saam. «Ja visst er han her,» segjer Torkjell. «Kor mangment er han?» spør Saam. «Han hev innpaa sytti mann,» svarar Torkjell. «Er de fleire brøder?» spør Saam. «Der er ein til,» segjer Torkjell. «Kven er det?» spør Saam. «Han heiter Tormod,» segjer Torkjell, «og bur paa Gardar paa Alptanes. Han er gift med Tordis, dotter til Torolv Skallagrimsson paa Borg.» — «Du vilde vel ikkje hjelpa oss noko?» segjer Saam. «Kva er det de treng?» spør Torkjell. «Hjelp og studnad av hovdingar,» svarar Saam. «For me hev sak aa føra mot Ramnkjell gòde um draapet paa Einar Torbjørnsson. Og me kunde trygt lita paa aa faa drive saki fram fekk me di hjelp.» Torkjell svarar: «Det er som eg sagde — eg er ingen gòdordsmann.» — «Kvi er du skoten so for glugg?» segjer Saam. «Du er daa hovdingson, du som dei andre brørne dine.» Torkjell svarar: «Eg sagde ’kje at eg inkje gòdord aatte. Men eg gav det til Torgeir bror min fyrr eg for utanlands. Sidan hev ikkje teke med det att, for eg tykkjer det er i gode hender medan han varveitslar det. Gakk no til honom og bed um hjelp. Han er ein heilhuga og traust kar, og ein fagna mann paa alle vis, ung og ærekjær. Det er slike menner de helst kann venta dykk studnad av.» Saam segjer: «Me fær ingi hjelp av honom utan du legg godt for oss.» Torkjell segjer: «Det kann eg lova, at eg heller skal vera med dykk enn imot, for eg tykkjer det er rett og naudsynt at ein reiser sak etter nærskyld frende. Far no de fyre til budi vaar, og gakk inn der. Karane ligg og søv. De ser daa at der stend tvo skinnfeld-sengjer innar tvert yver budi. Eg reis upp or den eine, og i den andre ligg Torgeir bror min. Han hev havt ein stor kaun paa foten sidan han kom paa tinget, so han lite hev fenge sove um nætene. Men no sprakk kaunen i nott, og vaagmori er ute. Sidan hev han sove. Og no hev han stunge foten ut undan feiden, fram paa fotfjøli, for di han hev so oveleg ein hite i den foten. Lat den gamle mannen ganga fyre inn i budi. Han ser ut til aa vera veiksynt og kruslen. Naar so du mann,» segjer Torkjell, «kjem inn aat sengi, skal du snaava og detta mot fotfjøli. Tak so i den taai som det er bunde um og nykk til, og sjaa korleis han tek det.» Saam segjer: «Du meiner det visst vel med oss, men dette synest meg ikkje raadelegt.» Torkjell svarar: «Eitt av tvo fær de gjera, anten fara som eg segjer, eller ikkje beda meg um raad.» Saam svarar og segjer: «Me skal gjera som han raader oss til.» Torkjell sagde han skulde koma etter. «For eg bidar paa mennene mine.»


9.

No gjekk dei, Saam og Torbjørn, og kom inn i budi. Der sov alle mann. Dei saag braatt kvar Torgeir laag. Gamle Torbjørn gjekk fyre, og for og raga. Og daa han kom aat sengi, daa datt han mot fotfjøli, og treiv i den vonde taai og nykte til seg. Torgeir vakna av det, og spratt upp i sengi og spurde kven det var som for so uvyrde og rende imot føtene paa sjuke folk. Men korkje Saam eller Torbjørn svara eit einaste ord. I det same kom Torkjell inn i budi, og sagde til Torgeir bror sin: «Ver ikkje so braa og vond for dette, bror. For det gjer deg ikkje noko. Ein kann snart koma til aa gjera uvilja skade, og det hender so mang ein mann at han ikkje fær sét seg vel fyre naar han gjeng i hugverk. Det er orsakande at du er saar um foten din, som du hev havt so mykje mein av. Det kjenner du best sjølv. Men no kann det vera at det ikkje er mindre saart for denne gamle mannen aa ha mist son sin, og ingi bøter faa — og skorta alle ting sjølv. Det kjenner han best. Og det er ventande at denne mannen ikkje kann gaa alle ting so vel, han som hev so tungt aa bera.» Torgeir svarar: «Ikkje trudde eg at han kunde skulda dette paa meg. For ikkje drap eg son hans. Og difor skal han ikkje hemna det paa meg.» — «Ikkje vilde han hemna dette paa deg.» segjer Torkjell. «Han tok hardare paa deg enn han vilde, av di han ser so lite. Men no vonar han aa faa nokor studning av deg. Og det er gjæv manns verk aa hjelpa den som er gamal og turftig. Han er vorten nøydd til aa reisa ettermaal etter son sin og gjer det ikkje av girugskap. Men no dreg alle hovdingane seg undan og vil ikkje stydja honom, og det er stakarslegt av deim.» Torgeir spør: «Kven er det desse mennene hev kjæremaal imot?» Torkjell svarar: «Ramnkjell gòde hev drepe son til Torbjørn, saklaus. Han gjer det eine uverket etter det andre, men vil aldri retta skaden for nokon mann.» Torgeir segjer: «Det gjeng nok meg som dei andre. Eg veit ikkje eg er desse mennene so mykje skuldig at eg vil yppa strid med Ramnkjell. Eg tykkjer han fer so kvar sumar med deim som hev saker med honom, at dei fær liti eller ingi æra fyrr leiken lyktar. Og same vegen hev det gjenge med alle. Difor tenkjer eg dei fleste er uhuga paa aa koma i klørne hans, fyrst det ikkje er naudsynt.» Torkjell svarar: «Det kann vera at det hadde gjenge like eins med meg um eg hadde vore hovding, at eg traude vilde ha gjeve meg i kast med Ramnkjell, Men no tykkjer eg ikkje so. For no vilde eg helst hava med den aa gjera, som alle fyrr hev lide ulut av. Og eg totte det vøre ei stor æra for meg eller for den hovding som finge bøygt nakken paa Ramnkjell, og ingi skam um det gjekk meg som andre. For det som mange andre vert fyre, det kann eg òg skamlaust bera. Og den som vaagar, han vinn.» — «Eg skynar,» segjer Torgeir, «korleis det er med deg, at du gjerne vil hjelpa desse karane. No vil eg leggja gòdordet og raadveldet mitt i dine hender. Hav no du det, som eg hev havt det fyrr. Men sidan skal me vera saman um det baae. Og hjelp so du deim som du vil.» — «Eg tykkjer,» segjer Torkjell, «at gòdordet vaart er i dei beste hender so lenge du hev det. Og ingen unner eg det so vel som deg. For du er i mange ting framum oss andre brørne. Og eg er ikkje viss paa kva eg skal gjera av meg for det fyrste. Du veit, frende, at eg hev ikkje lagt meg upp i mange saker sidan eg kom til Island. Men no kann eg sjaa kva mine raad veg. No hev eg sagt det eg vil for denne gongen. Kann vera at Torkjell lepp (5) kjem der som ordi hans vert meir metne.» Torgeir svarar: «Eg ser no kvar dette ber av, frende. Du mislikar aatferdi mi. Men det orkar eg ikkje vita. Og eg skal heller hjelpa desse mennene, korleis det daa gjeng, er so du vil.» Torkjell segjer: «Eg bed einast um det som eg tykkjer me burde gjera.» — «Kva kann desse mennene sjølve gjera til aa fremja saki si?» spør Torgeir. «Det er som eg sagde i dag,» svarar Saam, «at me treng styrk av hovdingar. Men sakførsla tek eg paa meg.» Torgeir segjer at daa er det uvandt aa hjelpa honom. «Og no gjeld det um aa fyrebu saki so rett som mogelegt. Men eg trur Torkjell vilde gjerne at de vitja honom fyrr domen vert sett. De fær daa eitkvart for strævet dykkar, anten trøyst, eller òg svivyrding verre enn fyrr, og sorg og trege. Gakk no heim, og ver glade. For de kann turva aa halda modet uppe, no de skal bendast med Ramnkjell. Men seg ikkje til nokon mann at me hev lova dykk studnad.» No gjekk dei heim til budi si, og var gladværuge og fjaage. Alle folk undrast paa dette, kor skjott dei hadde skift hug, dei som hadde vore so modfallne daa dei gjekk heimantil.


10.

No sat dei rolege til dess domarane gjekk i retten. Daa kalla Saam mennene sine saman og gjekk til logberget. Der var domen sett. Saam gjekk djervt fram for retten. Han tok straks til og nemnde upp vitni sine, og sette fram søksmaalet mot Ramnkjell gòde etter rett landslog. Ikkje mistala han i nokon ting, og førde saki med mykjen dugleik. Di næst kom Tjostarssønene med ein stor mannfjølde. Alle folk fraa Vestlandet fylgde deim, og det synte seg at dei var vensæle menner. Saam enda kjæremaalet sitt med aa bjoda Ramnkjell til aa verja seg, utan so at der skulde vera einkvan annan til stadar som vilde føra verjemaalet for honom etter log og rett. Talen hans Saam vart vel fagna, og det vart spurt um nokon vilde bera fram verjemaalet for Ramnkjell. Folk sprang til budi hans Ramnkjell og sagde honom kva som var paa ferd. Han nøytte seg og kalla i hop mennene sine og gjekk til retten. Han kom ikkje i hug at der skulde vera stor motburd aa faa. Og tanken hans var aa gjera smaafolk leide av aa saksøkja honom. Han etla seg til aa sprengja retten, og driva Saam burt med skam og skade. Men det var uraad no. Der var slik ein mannfjølde at Ramnkjell ingen stad kunde koma innaat, og han vart trengd burt av ei stor yvermakt, so han aldri fekk høyrt maalet av dei som saksøkte honom. Det var difor uhøgt for honom aa føra fram verjemaalet sit. Men Saam dreiv saki greidt etter alle loger, til dess at Ramnkjell vart dømd reint fredlaus paa dette tinget. Ramnkjell giekk beint heim til budi, og fekk tak i hestane sine og reid burt av tinget, og var ille nøgd med den endelykt saki hadde fenge. For slikt hadde aldri hendt honom fyrr. Han reid aust yver Lyngdalsheidi og aust igjenom til Sida, og stâna ikkje fyrr han kom til Ramnkjellsdalen. Han sette seg til paa Adalbol, og lést som ingen ting hadde hendt. Men Saam var etter paa tinget, og gjekk der ovbyrg. Mange folk totte det var vel til Ramnkjell, at han hadde fenge slik svivyrding, og no hugsa dei at han hadde gjort mang ein mann urett.


11.

Saam bida til dess tinget var slutt. Daa budde folk seg til aa fara heim. Han takka brørne for hjelpi deira. Torgeir spurde Saam læande korleis han totte det gjekk. Saam lét vel. Torgeir sagde: «Tykkjest du no vera maalet noko nærare enn fyrr?» Saam svara: «Eg tykkjer Ramnkjell hev fenge ei stor skam som dei kjem til aa halda uppe lenge. Og det er mange pengar verdt.» Torgeir sagde: «Mannen er ikkje reint fredlaus, alt medan feransdomen (6) ikkje er halden. Det lyt ein gjera paa heimstaden hans, og det skal vera fjortan dagar etter vaapentak.» (Dei kallar det vaapentak fyrst aalmugen rid av altinget). «Men no tenkjer eg Ramnkjell er komen heim, og etlar aa sitja paa Adalbol. Eg gjet paa at han vil halda hovdingmakti si og aldri vyrda dykk. Men du etlar vel aa rida heim og setja deg til paa garden din, um du slepp til og alt gjeng vel. Du tykkjer vel du hev saki di so paa stell no at du kann kalla honom skogmann (7). Men eg tenkjer han vert same skræma for folk her etter som fyrr, so nær som det at du nok lyt bøygja deg endaa lægre.» — «Det er eg aldri rædd,» segjer Saam. «Du er ein raust mann,» segjer Torgeir, «og eg tykkjest vita at Torkjell bror min ikkje vil sleppa deg paa halvvegen. Han vil no fylgja deg til alt er uppgjort deg og Ramnkjell imillom, so du kann sitja i ro. De tykkjer vel at me tvo er nærast til aa hjelpa dykk, sidan me hev lagt oss mest upp i saki dykkar fyrr. Og me skal no for ein gong skuld fylgja dykk til Austfjordane. Men veit du nokor leid til Austfjordane, som ikkje er aalmennveg?» Saam vart fegen for dette, og sagde at dei kunde fara same leidi som han hadde kome austantil.

Torgeir valde no ut folk og lét fyrti mann fylgja seg. Saam hadde òg fyrti mann. Dette folket var vel butt med vaapen og hestar. Etter det reid dei alle den same leidi, til dei kom til Jokulsdalen ein dag i graalysingi. Der reid dei yver brui. Dette var den morgonen dei skulde halda feransdomen. Daa spurde Torgeir korleis dei helst skulde koma uventa yver deim. Saam sagde han visste raad til dess. Han snudde daa av vegen og upp paa mulen, og fylgde so halsen millom Ramnkjellsdal og Jokulsdal, til dei kom upp aat det fjellet som garden Adalbol ligg nedunder. Der gjekk grasgeilar upp i heidi. Men ned i dalen var der ei bratt brekka, og der nedunder stod husi. Der steig Saam av hesten og sagde: «Lat oss sleppa hestane vaare her, og setja tjuge mann til aa gjæta deim. Men me andre seksti skal springa ned aat garden, og eg tenkjer faa mann skal vera paa føtene der.» Dei gjorde so, og sidan heiter det Rossegeilane (8) der. No bar det skjott ned aat garden. Det var yver rismaal, men folk hadde ikkje stade upp endaa. Dei skaut hurdi upp med stokkar og sprang inn. Ramnkjell laag i sengi si. Dei tok honom og alle heimemennene hans, dei som var vaapenføre. Kvende og born vart rekne inn i eit anna hus. I tunet stod der eit utebur. Fraa det og yver til skaaleveggen var skoten ein aas til aa turka klæde paa. Dei leidde Ramnkjell og mennene hans dit. Han baud store bøter for seg og folket sitt. Men daa det ikkje nytta, bad han um liv for mennene sine. «For dei hev inkje vondt gjort dykk. Det er ingi vanæra for meg um de drep meg. Og det skal eg ikkje beda meg undan. Men eg bed at de ikkje vil fara stygt og skamleg med meg. Det er ingi æra for dykk heller.» Torkjell sagde: «Me hev høyrt at du skal ha vore strid i taumen for uvenene dine. Og no er det vel at du i dag fær kjenna det paa deg sjølv.» Dei tok daa Ramnkjell og mennene hans og batt hendene deira bak paa ryggen. Etter det braut dei upp buret og tok reip ned av krokane. Sidan tok dei knivane sine og stakk hol i hælsenane deira, og drog reipi der igjenom, og kasta so reipi yver aasen, og batt deim saman og hengde deim upp der aatte mann. Daa sagde Torgeir: «No hev du fenge den løni du er verd, Ramnkjell. Og du kom nok ikkje i hug at du skulde faa slik skam av noko menneskje som du no hev fenge. — Men kva vil no du Torkjell gjera, sitja her hjaa Ramnkjell og sjaa etter desse karane, eller vil du ganga med Saam eit pileskot burt fraa garden og halda feransdom paa ein steinbakke der det korkje er aaker eller eng.» (Dette skulde dei i den tidi gjera fyrst soli var rett i sud.) Torkjell svara: «Eg vil sitja her hjaa Ramnkjell. Det er mindre strævalt, tykkjer eg.» Torgeir og Saam gjekk daa og fullførde domen. Etter det gjekk dei heim, og tok ned Ramnkjell og mennene hans og sette deim i tunet. Blodet hadde daa sige ned for augo paa deim. Daa sagde Torgeir til Saam, at han kunde gjera med Ramnkjell som han vilde. «For no tykkjer eg det er uvandt aa leika med honom.» Saam svara daa: «Tvo vilkòr byd eg deg, Ramnkjell. Det eine, at du vert leidd burt or garden og drepen, du og dei mennene som eg vil. Men av di du hev ein stor barneflokk, so vil eg unna deg at du kann faa syta for deim. Og vil du halda livet so far burt fraa Adalbol med alt folket ditt, og hav med deg berre det godset som eg etlar deg, og det vert hardla lite. Men eg vil taka garden her, og heile gòdordet. Du skal aldri krevja det att, og heller ikkje sønene dine. Og ikkje skal du bu nærare enn austanfor Fljotsdalsherad. Og no kann du gjeva meg handslag so framt du vil taka imot dette tilbodet.» Ramnkjell sagde: «Mange kunde vel tykkja at ein snar daude vøre betre enn slik svivyrding. Men det gjeng meg som mange andre, at ein vèl livet so sant det er raad. Eg gjer det mest for sønene mine. For dei kjem nok ikkje langt um eg døyr ifraa.» Daa vart Ramnkjell løyst, og han gav Saam sjølv-døme. Saam gav Ramnkjell det han vilde av godset, og det var naud-lite. Spjotet sitt hadde Ramnkjell med seg, men ikkje fleire vaapen. Same dagen flutte han burt fraa Adalbol med alt sitt folk. — Torkjell sagde daa til Saam: «Ikkje veit eg kvi du gjer dette. Og du kjem til aa trega det mest sjølv, at du gjev Ramnkjell liv.» Saam sagde at no fekk det so vera.


12.

Ramnkjell førde no buet sitt aust gjenom Fljotsdalsherad, og tvert yver Fljotsdal og aust yver Lagarfljot. Ved vatsbotnen laag der ein liten gard som het Lokhylla. Denne jordi kaupte Ramnkjell, paa borg, av di han hadde ikkje fleire pengar enn han turvte deim til lausøyre. — Folk rødde mykje um dette, korleis det store modet hans Ramnkjell hadde falle. Og mange mintest no det gamle ordtøket, at «stutt er ovmods æva». — Det var eit godt skogland og store vidder, men smaatt med hus, og difor fekk han jordi for godt kaup. Men Ramnkjell saag ikkje mykje paa kostnaden. Han hogg ned den store skogen, og reiste seg der ein riseleg gard, som sidan heiter Ramnkjellsstad. Det hev jamt sidan vore kalla ein god gard. Ramnkjell budde der i tronge kòr det fyrste aaret. Han dreiv mykje med fiske. Og han gjekk mykje i arbeid medan husi vart bygde. Dei fyrste aari lagde han paa kalvar og kid um vetren. Han heldt buskapen vel, so det livde upp mest alt det han sette paa. Ein kunde mest segja at der var tvo hovud paa kvart livande. Den same sumaren slo fisket godt til i Lagarfljot. Slikt letta utkoma for folk i heradet, og det heldst med kvar sumar.


13.

Saam sette bu paa Adalbol etter Ramnkjell. Sidan heldt han ei vyrdeleg veitsla og bad til seg alle dei som hadde vore tingmennene hans Ramnkjell. Saam baud seg til aa vera yvermannen deira i staden for Ramnkjell. Folk gjekk med paa det, men dei tenkte so ymist. Tjostarssønene raadde honom til at han skulde vera venleg og gjevmild og hjelpsam med mennene sine, og stydja kvar den som turvte det. «Og daa er dei ikkje noko til folk, um dei ikkje fylgjer deg truge, naar du treng det. Men me raader deg til dette, av di me gjerne vilde at alt skulde ganga deg vel. For du er ein gjæv mann, tykkjer me. Gjæt no vel paa, og ver var um deg. For det er vandt aa vara seg mot dei vonde.» Tjostarssønene sende folk av etter Frøyfakse og fylgjet hans. Dei sagde dei vilde sjaa desse dyri som det gjekk so mange sogor um. Daa vart hestane leidde heim, og brørne skoda deim. Torgeir sagde: «Desse øykjene tykkjer eg trengst til gardsbruket. Og det er mitt raad at dei skal gjera det dei kann til gagn for folk, til dess dei vert so gamle at dei ikkje kann liva lenger. Men denne hesten synest meg ikkje betre enn andre hestar, heller det verre, at han hev vore skuld i so mykje ilt. Eg vil ikkje at han skal valda fleire draap enn han alt hev gjort. No er det best at han tek med honom som eig honom.» Dei leider no hesten ned etter vollen. Der stend ein hamar ned-med aai, og nedanfor er ein djup hyl. Der leider dei no hesten fram paa hamaren. Tjostarssønene dreg ein sekk yver hovudet paa honom, og bind stein til halsen hans. So tek dei lange stenger og driv hesten utfyre, og tyner honom soleis. Staden heiter sidan Frøyfakse-hamar. Der ovanfor stend dei gudehusi som Ramnkjell hadde aatt. Torkjell gjeng inn der og fletter stasen av alle gudane. Etter det set han eld paa gudehuset og brenner alt saman. — Sidan bur gjestene seg til aa fara burt. Saam vèl ut aagjetne eigneluter til baae brørne, og dei lovar kvarandre fullkomen venskap, og skilst ovgode vener. Dei rid no rette leidi vest til Fjordane, og kjem heim til Torskefjord med æra. — Saam sette Torbjørn ned paa Leikskaalar. Der skulde han bu. Men kona aat Saam flutte etter mannen sin til Adalbol, og der budde han ei rid.


14.

Ramnkjell fekk spurt aust til Fljotsdal at Tjostarssønene hadde tynt Frøyfakse og brent hovet. Daa sagde han: «Eg tenkjer det er faafengd aa tru paa gudane,» — og lagde til at etter den dag skulde han aldri tru paa deim. Og det heldt han sidan. Han blota aldri. Ramnkjell sat paa Ramnkjellsstad og skrapa gods saman. Han fekk mykji vyrding i heradet. Kvar mann vilde sitja og standa som han vilde. — I den tidi kom det som mest med skip fraa Noreg til Island. Folk tok land, og bygde det meste av heradet i Ramnkjells dagar. Ingen fekk sitja i fred utan han bad Ramnkjell um lov. Alle maatte dei lova honom fylgjet sitt. Og han lova aa verja deim. Han lagde under seg alt landet austanfor Lagarfljot. Dette tinglaget vart braatt mykje større og folkerikare enn det han fyrr hadde havt. Det gjekk upp um Skridudalen, og upp med heile Lagarfljot. No hadde det vorte vending i skaplyndet hans. Mannen var mykje vensælare enn fyrr. Han hadde same hugen til aa vera raust og romhendt, men no var han mykje greidare enn fyrr, og meir umgjengeleg paa alle vis. Ramnkjell og Saam fanst ofte paa aalmann-møte. Men dei nemnde aldri hopehavet sitt. Soleis leid det fram seks vetrar. Saam var vel lika av tingmennene sine. For han var greidsam og fredleg, og rettvis i domane sine. Han mintest det som brørne hadde raadt honom til. Saam var mykje for ovbunad.


15.

Det er gjete um at der kom eit skip av havet inn i Røydarfjord. Styremannen var Øyvind Bjarneson. Han hadde vore utanlands i sju aar. Øyvind hadde gjenge mykje fram i manndom og var vorten den skjotaste karen. Han fekk snart høyrt um dei tidender som hadde hendt. Men han lét so lite til. Han var ein faaordig mann. — So braatt Saam fær spurt dette, rid han til skipet, og det vert no eit fagna møte millom brørne. Saam bed honom der vest. Øyvind tek det vel, og bed Saam rida fyre heim, og senda hestar etter varone hans. Han set upp skipet sitt og steller um det. Saam gjer no so, fer heim, og sender hestar imot Øyvind. Og daa han hev greidt med varone sine, tek han paa veg til Ramnkjellsdal. Dei var fem saman. Den sette var skosveinen hans Øyvind. Han var islendsk av ætt, og skyld honom. Denne sveinen hadde Øyvind teke or armods kòr og havt med seg til utlandi, og halde honom som sjølve seg. Denne bragdi hans Øyvind var vorti kjend, og alle folk sagde at faae var hans likar. — Dei reid upp paa Torsdalsheidi, og rak fyre seg sekstan klyvhestar. Der var tvo av huskarane til Saam, og tri farmenner. Dei var alle i lìta klæde, og reid med fagre skjoldar. Dei reid tvert yver Skridudalen, og yver Hals til Fljotsdal, til ein stad som heiter Bulungsvollane, og ned paa Gilsaa-øyri. Den aai kjem austanfraa, og renn ut i vatnet millom Hallormsstad og Ramnkjellsstad. Dei rid daa upp med Lagarfljot, nedanfor vollen paa Ramnkjellsstad, og so inn um vatsbotnen og yver Jokulsaa med Skaalevad. Daa var det midt imillom rismaal og dagverd. Ei kona var ned-med vatnet og tvo lereftet sitt. Ho ser ferdi. Daa sopar ho saman klædi og tek spranget heim. Ho kastar klædi ned ute i vedkosten og spring inn. Ramnkjell var ikkje risen upp endaa. Sjølve-folket laag i skaalen. Men tenestfolket hadde gjenge paa arbeid. Dette var i høyonni. Kona tok til ords daa ho kom inn: «Det er mest sant som dei segjer for eit gamalt ord, at «den ugjerest som eldest». Ho vert liti den vyrding som tidleg legst til, fyrst mannen sidan gjev seg yver i usømdi, og hev ikkje trott til aa fylgja retten sin nokosinne. Og slikt er stor skam av ein mann som hev vore so raust. No er det anna liv med dei som veks upp hjaa federne sine, og som De tykkjer er inkje-vetta mot Dykk sjølv. So braatt dei er framvaksne, fer dei fraa land til land, og vert haldne for dei gjævaste kvar dei kjem. Og so kjem dei heim att og tykkjest vera større enn hovdingar. Øyvind Bjarneson reid her yver aai ved Skaalevad, med so fager skjold at det lyste lang veg. Han er so mykje til mann at det vøre hemn i honom.» Kjeringi masar paa og lèt kjeften ganga. Ramnkjell ris upp og svarar henne: «Kann vera at du segjer mangt som er sant nok, — men ikkje for di at det er noko godt som driv deg. No er det vel at strævet ditt aukar. Spring no snøgt sud til Videvollane etter Hallsteinssønene Sigvat og Snorre. Bed deim koma til meg skjott med dei vaapenføre mennene som der er.» Ei onnor tenestgjenta sende han ut til Rolvsstad etter Rolvssønene Tord og Halle, og dei som var vaapenføre der. Baade Hallsteinssønene og Rolvssønene var gjæve og gilde karar. Ramnkjell sende òg bod etter huskarane sine. Dei vart attan i alt. Dei væpna seg dugeleg. Og so reid dei yver aai, paa same staden som dei fyrre.


Andreas Bloch: Ramnkjell Frøys-gòde


16.

Daa var Øyvind og fylgjet hans komne upp paa heidi. Øyvind rid til dess han kjem midt vest paa heidi, til Bessegotone dei kallar. Der var ei svartmyr, og det er som ein skulde rida i berre evja. Jamt gjeng det til knes, eller midt paa leggen, og stundom under buken. Men under er det hardt som berg. Vestanfor er der eit stort raun. Og daa dei kjem ut paa raunet, ser skosveinen seg attende, og segjer til Øyvind: «Der rid folk etter oss, ikkje færre enn attan. Der er ein stor mann til hest i blaae klæde, og det synest meg likt Ramnkjell gòde. Men no hev eg ikkje sét honom paa lenge.» Øyvind svarar: «Kva skil det oss? Eg veit ikkje eg hev noko vondt aa venta av Ramnkjell. Eg hev ingen ting gjort honom imot. Han hev vel ærend vest til dals og skal finna venene sine.» Sveinen svarar: «Det kjem meg i hug at det er deg han vil finna.» — «Ikkje veit eg,» segjer Øyvind, «at der hev bore noko til millom Ramnkjell og Saam bror min sidan dei vart samde.» Sveinen svarar: «Det vilde eg at du skulde rida undan vest i dalen. Daa kunde du vera trygg. Eg kjenner skaplyndet hans Ramnkjell. Han vil ikkje gjera oss noko, so framt han ikkje naar i deg. Alt er berga um du vert det. Daa fær dei ikkje dyr i snòra, og det er vel kva det vert av oss.» Øyvind segjer at han vil ikkje rida undan so braatt. «For eg veit ikkje kven desse mennene er. Og folk skulde faa seg ein god laatt um eg rømde fyrr eg hadde røynt kva det var.» Dei rid no vest av raunet. Daa er det ei onnor myr fyre deim, som heiter Uksemyr. Ho er mykje grasvaksi. Men der er bløytor so det mest er uført yver. Difor lagde gamle Hallfred den øvre vegen, endaa den var lengre. Øyvind rid vest paa myri. Hestane legg seg drjugt i for deim, og det seinkar deim mykje. Hine kjem skjott etter, som rid lause. Ramnkjell og flokken hans rid no ut paa myri. Øyvind og hans fylgje er daa komne yver. Dei ser no Ramnkjell og baae sønene hans. Dei bed Øyvind rida undan. «No er me yver alle uføror. Du kann naa til Adalbol medan myri er imillom.» Øyvind svarar: «Ikkje flyr eg undan folk som eg inkje uskil hev gjort.» Dei rid daa upp paa halsen. Der stend nokre smaae fjellknattar. Og attmed fjellet er der ei snaud blaasi mel-torva, med høge bakkar til alle sidor. Øyvind rid aat torva. Der stig han av hesten og bidar deim. «No skal me snart faa vita ærendet deira.» segjer han. Etter det gjeng dei upp paa torva, og bryt upp noko stein der. Ramnkjell snur daa ut or gota og sud aat torva. Han tala ikkje eit ord til Øyvind, men søkte braatt inn paa honom. Øyvind varde seg vel og manneleg. Skosveinen hans heldt seg ikkje kraftig nok til aa slaast, og tok hesten sin og reid vest yver halsen til Adalbol, og sagde Saam kva leik dei var komne i. Saam skunda seg og sende bod etter folk. Dei vart tjuge mann, og alle var godt væpna. Saam reid aust paa heidi der striden hadde stade. Daa var det vorte umskifte med deim. Ramnkjell reid austyver etter verket. Men Øyvind var fallen, og alle mennene hans. Det fyrste Saam gjorde, var aa sjaa etter um der var liv i bror hans. Men verket var vel gjort, — dei var livlause alle fem. Der var og fallne tolv av mennene hans Ramnkjell. Men seks reid burt. Saam stogga der berre eit lite bil. So reid han og mennene hans etter. Ramnkjell og flokken hans reid no undan so hardt dei kunde. Men dei hadde mødde hestar. Daa sagde Saam: «Me kann naa deim. For dei hev mødde hestar, men alle vaare er kvilde. Det skal nær ganga at me naar deim fyrr dei kjem ned av heidi.» Daa var Ramnkjell komen aust yver Uksemyri. No reid baae flokkane, alt til dess Saam kom fram paa heide-bruni. Daa saag han at Ramnkjell var komen langt ned i brekkone, og skyna no at han kom til aa sleppa undan ned i heradet. Han sagde daa: «Her kann me snu attende. For no er det lett for Ramnkjell aa samla folk.» Saam snur daa um med so gjort. Han kjem der til som Øyvind ligg, og tek paa og kastar upp haug yver honom og felagane hans. Dei kallar det enno Øyvindstorva og Øyvindsfjell og Øyvindsdal.


17.

Saam fer no med alle varone heim til Adalbol. Og daa han kjem heim, sender han bod etter tingmennene sine, at dei skal koma der um morgonen fyrr dagmaal. Han etlar seg daa aust yver heidi. «Ferdi vaar fær verta som ho kann.» Um kvelden gjeng Saam til sengs. Der var daa kome drjugt med folk.

Ramnkjell reid heim og sagde desse tidender. Han fær seg fyrst mat. Og etterpaa samlar han folk til seg, so at han fær sytti mann. Med dette fylgjet rid han vest yver heidi, og kjem uventa til Adalbol, og tek Saam i sengi og leider honom ut. Ramnkjell segjer daa: «No Saam, er du komen i slik ei stoda at du vel snaudt hadde tenkt det for ei stund sidan. For no hev eg makt yver livet ditt. Men eg skal ikkje vera verre mann med deg enn du var med meg. Eg vil bjoda deg tvo vilkòr: Det eine at du vert drepen, — det andre at eg skal døma og raada aaleine oss imillom.» Saam sagde at han heller valde aa liva, men lét um at han trudde baae vilkòri vart harde. Ramnkjell sagde at det kunde han vera viss paa. «For eg hev slikt aa løna deg. Eg skulde ha late deg sloppe med det halve um du vøre det verd. Du skal fara burt fraa Adalbol, ned til Leikskaalar og busetja deg der. Du skal hava med deg dei rikdomane som Øyvind hev aatt. Men her ifraa skal du ikkje taka meir gods enn det du hev ført hit; det skal du hava med deg alt saman. Eg vil taka ved gòdordet mitt, og like eins garden og bustaden. Eg ser at godset mitt hev vakse mykje. Men det skal ikkje du njota godt av. For Øyvind bror din skal du ingi bøter faa, for det at du dreiv ettermaalet so skamleg etter den fyrre frenden din. Og du hev bøter nok etter Einar frenden din likevel, du som hev havt gòdordet og eigedomane mine i seks vetrar. Men draapet paa Øyvind og mennene hans er ikkje meir verdt, tykkjer eg, enn ugjerningi mot meg og mennene mine. Du rak meg ut or bygdi, men eg lèt meg lita med at du sit paa Leikskaalar. Der kann du greida deg godt, um du ikkje ofsar deg til din eigen skade. Min undermann skal du vera so lenge me liver baae. Og det maa du hugsa paa at di meir ilt det vert oss imillom, di verre skal du fara.» Saam fer no burt med folket sitt, ned til Leikskaalar, og buset seg der.

No skipar Ramnkjell mennene sine til med gardsbruket paa Adalbol. Tore son sin set han ned paa Ramnkjellsstad. Sjølv hev han gòdordet yver alle desse bygdene. Aasbjørn var hjaa far sin, av di han var den yngste.


18.

Saam sat paa Leikskaalar denne vetren. Han var tagal og stillvoren. Mange lagde merke til at han var ille nøgd med luten sin. Men fram paa vetren daa dagane lengdest, for Saam sjølv-annan med tri hestar yvir brui, og der ifraa yver Mødrudalsheidi, og so yver Jokulsaa paa ferja, so til Myvatn, der ifraa yver Fljotsheidi og Ljosavatnsskardet, og stâna ikkje fyrr han kom vest i Torskefjorden. Der vart han teken vel imot. Daa var Torkjell nykomen heim av langferd. Han hadde vore utanlands fire vetrar. Saam var der ei vika og kvilde seg. Sidan sagde han deim korleis han var komen ut i det med Ramnkjell, og bad brørne um hjelp og studnad no som fyrr. Torgeir svara mest for brørne denne gongen. Han sagdest vilja halda seg utanfor. «Det er langt imillom oss. Me tottest ha skipa det fullvel aat deg fyrr me gjekk i fraa. so det skulde ha vore høgt for deg aa halda makti di. No hev det gjenge som eg tenkte daa du gav Ramnkjell livet, at det kom du til aa trega mest sjølv. Me talde deg til at du skulde taka Ramnkjell av dage. Men du vilde raada. No er det greidt aa sjaa kven som hev vore den vitugaste av dykk, sidan han lét deg sitja i fred, og fyrst slo til daa han kunde faa drepe den som han totte var meir til mann enn du. Me kann ikkje lata lukkeløysa di verta oss til fall. Og ikkje fyser me so mykje etter aa dragast med Ramnkjell at me bryr oss um aa vaaga æra vaar der oftare. Men me vil bjoda deg hit med alt skyldfolket ditt under vaar verja, um du tykkjer det er mindre meinslegt aa bu her enn i nærleiken av Ramnkjell.» Saam svara at det hadde han ingen hug til, men sagde at han vilde heim att, og bad deim skifta hestar med seg. Det var dei reide til med same. Brørne vilde gjeva Saam gode gaavor. Men han vilde ingi taka, og sagde at dei var nokre stakarar. Saam reid heim til Leikskaalar med dette, og budde der til sin alderdom. Han fekk aldri uppreising imot Ramnkjell so lenge han livde. Men Ramnkjell sat paa garden sin og heldt uppe vyrdingi si. Han døydde paa sotteseng, og haugen hans er i Ramnkjellsdalen, ned fraa Adalbol. Dei lagde med honom inn i haugen mykje gods, alle herklædi hans og det gode spjotet hans.

Sønene hans tok hovdingmakti etter honom. Tore budde paa Ramnkjellsstad, men Aasbjørn paa Adalbol. Gòdordet hadde dei saman, og dei vart haldne for gjæve menner.

Og her endar soga um Ramnkjell.


Notar:

1. Jokulen er den store Vatnejokul.

2. Midaftan (miðr aptann), klokka 6 um kvelden. Hine dagstidene var: rismaal (rismál) kl 6 um morgonen, dagmaal (dagmál) kl. 9, middag (miðr dagr) kl. 12, og non (nón) kl. 3.

3. Ei dys, ei steinrøys, ein liten gravhaug.

4. Gards-kongen er det same som Myklegards-kongen.

5. Torkjell lepp kalar han seg etter den ljose leppen eller lokken i haaret.

6. Feransdomen tek eigedomane fraa den som er dømd fredlaus.

7. Skogmann eller skoggangsmann, ein som er fredlaus og difor held seg ute i skogane.

8. Ross (hross) er det same som hest.

9. Raun (hraun), ei urd av storkna lava.


HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.