Ynglinga-soga

Fra heimskringla.no
Hopp til: navigasjon, søk
Har du husket å støtte opp om ditt favoritt kulturprosjekt? → Bli en Heimskringla-venn og gi et bidrag til Heimskringla.no.

Velg språk Norrønt Islandsk Norsk Dansk Svensk Færøysk
Denne teksten finnes på følgende språk ► Original.gif Norsk.gif Dansk.gif Svensk.gif
Norsk.gif Svensk.gif


Snorre Sturlason

Kongesogur
Snorra Sturlusonar

umsett ved
S. Schjött
1900


Ynglinga-soga


1. Jordskiva, som menneskja bur paa, skjer de mange vikar inn i; store hav gjeng fraa den ytre sjøen inn i landi. De er kunnugt, at de gjeng eit hav fraa Norvasund[1] og alt ut til Jorsalaland[2]. Fraa dette have gjeng de ein lang havsbotn i nordaust, som heiter Svartehave, og skil jordbolkane fraa kvarandre. Austanfor heiter lande Asia, men vestanfor kallar sume Europa, men sume Enea[3]. Nordanfor Svartehave ligg Store-Svitjod[4] eller de kalde Svitjod. Store-Svitjod segjer sume er ikkje mindre enn Store-Serkland[5]; sume liknar de med Store-Blaaland[6]. Nørdste luten av Svitjod ligg ubygd av frost og kyld, sameleis som synste luten av Blaaland ligg i øyde av solsteik. I Svitjod er mange storbygdir, der er mange slag folk og, og mange maalføre: der er de kjempur, og der er de dvergar, og der er de blaamenn og, og der er de mange slag underlege folk og dyr og fælande store drakar. Nordantil dei fjelli, som ligg utanfor der folk bur, renn de ei aa gjenom Svitjod, som med retten heiter Tanais[7]. Fyrr kalla dei ho Tanakvisl eller Vanakvisl; ho kjem til sjøen inne i Svartehave. Lande i Vanakvisline[8] kalla dei Vanaland eller Vanaheim. Denne aai skil millom jordbolkane. Austanfor heiter Asia, men Vestanfor Europa.


2. Lande austanfor Tanakvisl i Asia kalla dei Aasaland eller Aasaheim, men hovudborgi, som var i lande, kalla dei Aasgard[9]. I borgi var de ein hovding som heitte Odin, og der var ein stor blotstad. De var skikk der, at tolv hovgodar[10] var dei fremste; dei skulde raada for blotingi og døma mannemillom. Desse vart kalla diar[11] eller drottnar[12]; deim skulde alt folke tena og lyda. Odin var ein stor her-mann og var mykje vidfarin, og lagde mange rike under seg. Han var so sigersæl at han hadde yvi-take i alle slag, og de kom til de, at mennane hans trudde at sigeren var han viss i kvart slag. Han hadde for skikk, naar han sende mennane sine til strid eller i andre ærendir, at han fyrst lagde hendane paa hovude deira og velsigna deim; dei trudde, at daa vilde dei hava lukka me seg. Soleis var de med mennane hans og, at kor dei kom i naud, paa sjø eller land, kalla dei paa hans namn, og dei totte jamnan dei fekk hjelp utav de. All si lit sette dei til honom. Han fór tidt so langt burt, at han var ute på ferdi mange aar.


3. Odin hadde tvo brørar, den eine heitte Ve og hin heitte Vilje. Desse brørane styrde rike, naar han var burte. De var ein gong Odin var farin langt burt og hadde vori lengi ute, so Æsine totte at de ikkje var von um, at han skulde koma heimatt; daa tok brørane og skifte arven, men Frigg, kona hans, gifte dei seg med baae tvo. Meen ei stund etter kom Odin heim, og daa tok han att kona si.


4. Odin fór med ein her mot Vanine; men dei tok djervt mot han og varde lande sitt, og de var ymist med sigeren. Dei herja lande aat kvarandre og gjorde skade. Men daa dei vart leide av dette, sette dei stemnelag med kvarandre og gjorde fred og gav kvarandre gislar. Vanine gav dei gjævaste mennane sine, Njord den rike og Frøy, son hans, men Æsine ein som heitte Høne, og sagde at han høvde framifraa godt til aa vera hovding. Han var ein stor og utifraa væn mann. Med honon sende Æsine ein som heitte Mime og var ein ovleg klok mann. Men Vanine paa si side gav den visaste mannen i sin flokk, som heitte Kvaase. Daa Høne kom til Vanaheim, gjorde dei han straks til hovding. Mime gav han alltid raad. Men naar Høne var paa ting eller stemne, og Mime var burte og de kom vanskelege sakir for han, daa svara han støtt sameleis: «Lat andre raada,» sagde han. Daa kom Vanine paa den trui, at Æsine hadde sviki deim paa mannebyte. Daa tok dei Mime og hogg hovude av han og sende til Æsine. Odin tok hovude og smurde de med slikt gras, at de ikkje kunde rotna, og kvad galdrar[13] yvi og trolla de slik at de tala ved han og sagde mange løynde ting til han. Odin sette Njord og Frøy til blotgodar, og dei var diar hjaa Æsine. Dotter hans Njord heitte Frøya; ho var blotgydju[14], og ho lærde fyrst Æsine seid[15], som var skikk hjaa Vanine. Daa Njord var hjaa Vanine, hadde han vori gift med syster si; for slik var lovi der. Borni deira var Frøy og Frøya. Men hjaa Æsine var de forbodi aa gifta seg med so nært skyldfolk.


5. Der gjeng ein stor fjellgard[16] fraa nordaust og til sudvest; han skil millom Store-Svitjod og andre rike. Sunnanfor fjelle er ikkje langt til Tyrkland[17]; der hadde Odin store eigedomar. Paa den tid fór romerske hovdingar vidt umkring i verdi og lagde under seg alle folk, men mange hovdingar rømde eigedomen sin for ufreden. Men for di at Odin var framsynt og kunde trolla, so visste han, at avkjøme hans skulde bu i den nørdste luten av verdi. Daa sette han brørane sine Ve og Vilje yvi Aasgard, men sjølv drog han burt, og alle diane med, og mange andre folk. Fyrst fór han vest til Gardarike[18] og so sør til Saksland[19]. Han aatte mange sønir; han lagde rike under seg rundt um Saksland, og sette sønine sine til aa styra lande der. So fór han nord til sjøen og tok bustad paa ei øy; der heiter de no Odinsøy[20] paa Fyn. Daa sende han Gjevjon nord yvi sunde paa lande-leit. Daa kom ho til kong Gylve, og han gav henne eit plogsland. So fór ho til Jotunheim[21], og fekk der fire sønir med ein jotun; ho skapa deim um til uksar, og spende deim for plogen og drog lande ut i have gjegnt imot Odinsøy; de kallar dei Selund[22], og der budde ho sidan. Ho vart gift med Skjold, son til Odin. Dei budde i Leidra[23]. De er eit vatn eller ein sjø etter der no, som heiter Logen[24]. Fjordane ligg i Logen sameleis som nesi paa Selund. Soleis kvad Brage den gamle:

Gjevjon glad drog lande
fraa Gylve, rik på sylv.
Daa tjoran’[25] rende, for fotom
de rauk, og Danmark aukast.
Med aatte stjernur[26] i skallen
stutan' fór til aa kuta[27];
med fire hovud sitt herfang
aat have dei drog i kav[28].

Men daa Odin spurde at de var godt land aust hjaa Gylve, fór han dit, og han og Gylve gjorde forlik, av di Gylve totte ikkje han hadde magt til å standa mot Æsine. Odin og Gylve hadde mangt seg imillom med prettur og syn-kvervingar, og Æsine hadde jamnan yvitake. Odin tok seg bustad ved Logen, der som no heiter Gamle Sigtun[29], og gjorde der eit stort hov og blot, som skikk var hjaa Æsine. Han lagde under seg der alt de land som han gav namne Sigtun. Han gav bustad til hovdgodane; Njord budde paa Noatun, og Frøy i Uppsalir, Heimdall paa Himinbjørg, Tor paa Trudvang, Balder paa Breidablik[30]. Alle deim gav han gode gardar.


6. Daa Aasa-Odin kom til nordlandi, og diane med honom, er de sagt for visst, at dei tok til med og lærde folk dei kunstir, som dei lengi etter hev drivi paa med. Odin var den gjævaste av deim alle, og av honom lærde dei alle ihop kunstine; for han var den fyrste som kunde deim, og var attaat den som kunde flest. Men um de er aa segja, kvifor han var so æra, at de kom seg av di, at han var so væn og drusteleg å sjaa, naar han sat med venine sine, at de var reint ein hugnad for alle. Men naar han var i ufred, saag han fæl ut for uvenine sine. Men dette kom seg av di, at han kunde slike kunstir, at han skifte lit og skapnad paa alle vis som han vilde. Likeins tala han go godt og so greidt, at alle, som høyrde paa, totte at ikkje anna var sant; alt sagde han paa vers, soleis som ein no kved de som heiter skaldskap. Han og hovgodane hans heiter visediktarar, for di at den kunsti tok til med deim i nordlandi. Odin kunde gjera so, at i slagi vart uvenine hans blinde eller dauve eller rædde, og vaapni deira beit ikkje meir enn paakar. Men hans menn fór brynju-lause og var galne som hundar eller vargar og beit i skjoldane sine, og var sterke som bjørnar eller gra-uksar. Dei drap for fotom, men korkje eld eller jarn beit paa deim. De kallar dei berserksgang[31].


7. Odin skifte ham; daa laag kroppen som sovande eller daud, men daa vart han til fugl eller dyr, fisk eller orm, og fór daa i ein svip til land som laag langt undan, og gjekk ærendir anten for seg sjølv eller andre. De kunde han og gjera berre med ord, baade sløkkja eld og stilla sjøen og snu vinden dit han vilde. Odin aatte eit skip, som heitte Ski-bladne, som han fór paa yvi store hav; men dei kunde tulla de ihop til ein duk. Odin hadde med seg hovude hans Mime, og de fortalde han mange hendingar fraa andre verdir. Men stundom vekte han upp daude menn av jordi eller sette seg under folk som hekk i galgen. Difor vart han kalla draugedrottin eller galgedrottin. Haa aatte tvo ramnar, som han hadde lært aa tala; dei flog vidt umkring i verdi og fortalde han mange hendingar. Alle desse kunstine lærde han andre med runir og slike kvæde som dei kallar galdrar; difor kallar dei Æsine galdre-kvedarar. Odin kunde den kunsti, som hadde meste magti, og som han sjølv dreiv paa med, og de var seid. Av den kunde han vita lagnaden aat folk, og ting som ikkje var hendt andaa, og likeins gjeva folk bane og uheppe og vanhelse og taka vit og magt fraa folk og gjeva til andre. Men de fylgjer so mykje umannslegt med denne trollskapen, naar dei driv paa med han, at dei totte ikkje at karfolk skamlaust kunde fara med slikt, og difor lærde dei gydjune denne kunsti. Odin visste om alt jordgravi gods, kor de var løynt, og han kunde slike kvæde, at jord og berg og steinar og haugar lét seg upp for han, og han batt berre med orda deim som raadde for de, og gjekk inn og tok de han vilde. Av desse gaavune vart han mykje namngjetin; uvenine var rædde han, men venine hans sette lit til han og trudde paa magti hans og paa han sjølv. Han lærde blotgodane sine dei fleste kunstine; dei var næst etter honom i all visdom og trolling. Men mange andre lærde og mykje av dette, og fraa dette hev trolling komi vidt umkring og hev haldi seg lengi. Men til Odin og dei tolv hovdingane blota folk og kalla deim for gudane sine og trudde paa deim lengi etter. Etter Odins namn laga dei namne Audun[32], og so kalla folk sønine sine, og av Tord namn laga dei Tore er Torarin, eller dei lagde andre namn til, slikt som Steintor eller Havtor, eller brigda de paa endaa fleire maatar.


8. Odin gjorde de til lov i lande sitt som fyrr hadde vori lov hjaa Æsine. Soleis skulde dei brenna alle daude menn og bera paa baale med deim eigedomen deira. Han sagde de, at so stor rikdom skulde kvar koma til Valhall[33] med, som han hadde med seg paa baale. De skulde han og njota, som han sjølv hadde gravi i jorda; men oska skulde dei bera paa sjøen eller grava ned i jordi. Etter gjæve menn skulde dei gjera ein haug til minne; men etter alle dei mennane, som de hadde vori nokon manndom med, skulde dei reisa bautasteinar; og den skikken heldt seg lengi sidan. Daa skulde dei blota mot vetteren for godt aar; men midvetters blota for grøde, og tridje gongen um sumaren, og de var sigers-blot. I heile Svitjod lagde dei skatt aat Odin, ein pening for kvar nos; men han skulde verja lande deira for ufred og blota for deim til godt aar. - Njord fekk ei kone, som heitte Skade; ho vilde ikkje liva ihop med han, og gifte seg sidan med Odin. Dei hadde mange sønir; ein av deim heitte Sæming; um honom dikta Øyvind Skaldaspillar dette:

Gjæv son fekk Odin
med jotungjenta,
skattekongen[34],
som skjolden fargar[35],
daa stridsmanns-venen
og Skade budde
si meste tid
i Mannaheim.
Skiløypar-disi[36],
dotter til fjelle,
med Odin aatte
ymse sønir.

Til Sæming rekna Haakon jarl den megtuge si ætt. Dette Svitjod[37] kalla dei Mannheim, men Store-Svitjod kalla dei Godheim[38]; fraa Godheim fortalde dei mange tidendir.


9. Odin lagdes helsott i Svitjod, og daa de leid innpaa med han, lét han merkja seg med geirs-odd[39] og eigna til seg alle vaapn-daude menn. Han sagde, at han vilde fara til Godheim og taka mot venine sine der. No trudde sviane, at han var komin til gamle Aasgard og livde der æveleg. Daa tok dei til aa tru paa Odin paa nytt lag og kalla paa han. Sviane totte tidt at han synte seg for deim, fyrr de stod store slag, og daa gav han sume siger, men sume baud han til seg; baae kaar tottest vera gode. Daa Odin var daain, vart han brend, og de vart drusteleg gjort. Dei trudde de, at di høgre røyken steig upp i lufti di meir vart den vyrd i himilen, som vart brend, og at han vart rikare, di meir gods de vart brent med han. Njord fraa Noatun vart daa herre yvi sviane og heldt ved med blotingi; honom kalla sviane daa sin drottin, og han tok skattegaavur av deim. I hans dagar var de god fred og so gode aaringar i alle maatar, at sviane trudde de, at Njord raadde for aaringen og velferdi til folk. I hans tid døydde dei fleste diane, og alle vart dei brende, og dei blota til deim sidan. Njord sottdøydde; han lét og seg merkja til Odin, fyrr han døydde: sviane brende han og stor-grét yvi gravi hans.


10. Frøy tok daa rike etter Njord; han vart kalla drottin yvi sviane og tok skattegaavur av deim. Han var vensæl og aarsæl liksom far sin. Frøy reiste eit stort hov i Uppsalir[40] og sette der hovudstaden sin og lagde dertil alle innkomune sine, baade land og lausøyre. Daa vart Uppsala-rikdomen[41] grunnlagd og hev haldi seg heile tidi sidan. I hans dagar tok Frode-freden til; daa var de gode aaringar i alle land; de trudde dei var Frøy som gjorde. Han vart so mykje meir dyrka enn hine gudane, som landsfolke i hans tid vart rikare enn fyrr, av freden og dei gode aaringane. Gjerd Gymesdotter heitte kona hans. Son deira heitte Fjølne. Frøy kalla dei eit anna namn for Yngve. Yngve-namne hadde dei lengi i ætti hans sidan til heiders-namn, og Ynglingar kalla dei sidan ættmennane hans. Frøy vart sjuk. Men daa sjukdomen tok paa han, fann dei paa raad; dei lét faa folk koma til han, og stelte til ein stor haug og sette dør på og tri gluggar. Men daa Frøy var slokna, bar dei han løynleg ut i haugen, og sagde til sviane at han var livde, og heldt vakt der tri vetrar; men all skatten tømde dei inn i haugen, i ein glugge gulle, men i den andre sylve, og i den tridje koparpeningane. Daa heldt dei gode aaringane og freden ved. Frøya heldt daa ved med blotingi, for di at ho var den einaste av gudane som livde etter, og ho vart daa utifraa namngjeti, so dei skulde kalla alle høgsette konur, som no heiter fruvur, etter hennar namn. Soleis heiter og kvar kone fruve yvi sin eigedom, men den som eig hus heiter husfru[42]. Frøya var heller lauslynd. Odd heitte husbonden hennar, døtrane hennar heitte Noss og Gjerseme; dei var overlag væne, etter deira namn kallar dei no soleis dei dyraste eignalutine[43]. Daa alle sviane visste at Frøy var daain, men dei gode aaringane og freden heldt ved so trudde dei, at soleis kom de til aa vera, so lengi Frøy var i Svitjod, og vilde ikkje brenna han, og kalla han gud yvi heile verdi, og blota mest til honom for gode aaringar og fred heile tidi sidan.


11. Fjølne, son hans Yngve-Frøy, raadde daa for sviane og Uppsala-rikdomen; han var mektug og aarsæl og fredsæl. Daa var Fred-Frode i Leire. Med deim var de venskap, og dei baud kvarandre heim til seg. Daa Fjølne fór til Frode paa Selund, var de stelt til eit stort lag, og dei hadde bedi mange rundt umkring i lande. Frode hadde store husebygningar. De var gjort eit stort kjer der, mange alnir høgt, og oka med store timberstokkar; de stod i stogo under, men yvi der var der de eit loft, og golve var opi, so dei tømde drikken nedi der, og kjere var blanda fullt med mjød, og de var fælt sterk drikke der. Um kvelden fylgde dei Fjølne til hus i de næmaste lofte, og fylgje hans med. Um natti gjekk han ut i svali og skulde ganga for seg sjølv, og var svevn-ørin og daud-drukkin. Men daa han vende att til huse, gjekk han fram etter svali og til ei onnor loftsdør og inn der, og steig i mist og datt i mjød-kjere og gjekk til. So segjer Tjodolv fraa Kvine:

Feig var de sagt
at Fjølne var,
i garden hans Frode
han fekk de kjenna.
Der var han lagi,
at log[44] aat mjødhorn
hans bane vart
i vindlaus sjø

Svegde tok rike etter far sin. Han lova høgt og dyrt, at han skulde leita etter Godheim og gamle Odin. Han fór med 12 mann vidt umkring i verdi; han kom ut til Tyrkland og Store-Svitjod og raaka der mange frendar og venir, og var 5 aar paa den ferdi. Daa kom han att til Svitjod og gav seg til heime en stund. Han hadde fengi ei kone, som heitte Vana, ute i Vanaheim; son deira heitte Vanlande.


12. Svegdir fór ut att og leita etter Godheim. Aust i Svitjod er de ein gard som heiter Stein; der er de ein stein so diger som eit stort hus. Um kvelden etter soleglad, daa Svegde gjekk fraa drykkja til sengehuse, saag han burt paa steinen, og saag at de sat ein dverg under. Svegde og mennane hans var dugleg drukne og flaug burt åt steinen. Dvergen stod i døri og ropte paa Svegde og bad han ganga inn der, um han vilde finna Odin. Svegde sprang inn i steinen; men steinen lét seg att strakst, og Svegde kom ikkje att. So segjer Tjodolv fraa Kvine:

Svegde han sveik,
som i svali held vakt,
den dugrædde
for Durins ætt[45].
Inn i steinen
den storlynde
Aasa-fenden[46]
flaug etter dvergen,
og Sokminmes[47]
sal den lysande,
av jotunar bygd,
vart gjævings grav.


13. Vanlande heitte son hans Svegde, som tok rike etter han og raadde for Uppsala-rikdomen. Han var ein stor hermann og fór vidt umkring i landi. Han gav seg til um vetteren i Finnland hjaa Snjaa[48] den gamle og fekk der dotter hans, Driva. Um vaaren fór han burt, men Driva var etter, og han lova aa koma att fyrr tri vetrar var gjengne; men han kom ikkje paa ti vetrar. Daa sende Driva bod paa seidkona Huld, men sende Visbur, son til henne og Vanlande, til Svitjod. Driva kaupte Huld til aa trolla Vanlande til Finland, eller so drepa han. Daa ho tok til aa seida, var Vanlande i Uppsalir; daa vart han huga paa aa fara til Finnland, men venine og raadsmennane meinka han de, og sagde at de kunde ikkje vera anna enn trollingi til finnane[49] som gjorde han so huga paa aa fara. Daa vart han svevnug, og han ladge seg til aa sova. Men best han hadde sovna av, skreik han og sagde at mara[50] reid han. Mennane hans sprang til og vilde hjelpa han, men daa dei tok han uppe i hovude, so reid ho beini, so dei heldt paa aa brotna; daa tok dei til føtane, men daa kvævde ho hovude, so han døydde. Sviane tok like og brende attved ei aa som heiter Skuta[51]. Der sette dei bautasteinane hans. So segjer Tjodolv:

Seidkona,
sløg, og vond,
Vanlande
til Valhall sende,
og trollkjeringi
trakka skulde
den storhuga
stridsmann ihel.
Beint ved Skuta
baale stod
aat den milde[52] kongen,
som mara kjøvde.


14. Visbur tok arv etter Vanlande, far sin; han gifte seg med dotter hans Aude de rike og gav henne i bruregaave tri store gardar og eit halsband av gull. Dei hadde tvo sønir, Gisl og Ondur. Visbur reiste fraa ho og fekk ei onnor kone, men ho fór til far sin med sønine sine. Visbur hadde ein son, som heitte Domalde. Stykmori hans Domalde lét seide ulukke paa han. Men daa sønine hans Visbur var 12 og 13 vetrar gamle, fór dei til han og kravde bruregaava til mor si; men han vilde ikkje ut med ho. Daa sagde dei, at gullhalsbande skulde verta den beste mannen i ætti hans til bane, og fór burt og heim. Daa tok dei paa med seiding att, so dei kunde faa drepi far sin. Daa sagde Huld seidkone ved deim, at slik skulde ho seida, og likeins at skyldfolk jamt skulde drepa kvarandre sidan i ætti til Ynglingane. Dei samtykte dette. Dermed samla dei folk og kom uventande paa Visbur um natti og brende han inne. So kvad Tjodolv:

Vilje-borgi[53]
aat Visbur konge
bror til sjøen
slukte der.
Dei som vel
mun verja garden[54]
fæle skogs-øydar[55]
paa farn sin hissa,
og allveldug konge
ved aaren hans eigin
glodheit hund[56]
gnellande beit


15. Domalde tok arv etter Visbur, far sin, og raadde for landi. I hans dagar vart det fæl svult og naud i Svitjod. Daa heldt sviane store blot i Uppsalir; fyrste hausten blota dei naut, men de besna ikkje med aaringen for de. Hausten etter tok dei til aa blota menn, men aaringen vart ved same lage eller verre. Men den tridje hausten kom sviane mangmente til Uppsalir, daa de skulde vera blot. Daa samraadde hovdingane seg med kvarandre, og dei vart samtykte um de, at uaare kom fraa Domalde, kongen deira, og likeins at dei skulde blota han for gode aaringar og taka paa han og drepa han og farga stallane[57] raude med blode hans. Og det gjorde dei og. So segjer Tjodolv:

Fordom de hende,
dei farga jordi,
sverd-kjempur,
med kongeblod.
Og mot Domalde,
dømt fraa live,
landsheren bar
blodute vaapn,
og svia-menn
av svelting leide
jute-hataren[58]
til Hel sende.


16. Domar heitte son hans Domalde, som deretter raadde for rike. Han raadde lengi for landi, og det var gode aaringar og fred i hans dagar. Um honom er de ikkje fortalt anna, enn at han sottdøydde i Uppsalir og vart førd ut paa Fyrisvollane[59] og brend der paa aabakken, og der er bautasteinane hans. So segjer Tjodolv:

Tidt eg hev
etter haugen hans Yngve[60]
vise mennar
mykje spurt,
um kor Domar
paa den dynjande
Halvs-banen[61]
borin vart.
No eg veit,
at verk-bitin
frenden hans Fjølne
ved Fyri brann.


17. Dygve heitte son hans, som di-næst raadde for landi, og um honom er ikkje fortalt anna, enn at han sottdøydde. So segjer Tjodolv:

Ved haugen hans Dygve
Helhest-disi[62]
gaman hev
og glede stor.
Ein skulde syster
til Ulv og Narve
av kongemennar
kaara til dauden.
Med einvaldskongen
yvi Yngve-folke
dotter hans Loke
leika hardt.

Mor hans Dygve var Drott, dotter til kong Danp, som var son hans Rig, som var den fyrste som vart kalla konge paa dansk maal[63]; hans etterkomarar brukte stødt sidan kongsnamne som de største heidersnamn. Dygve var den fyrste i si ætt, som vart kalla konge, men fyrr vart dei kalla drottnar, og konune deira dronningar[64], og hirdi vart kalla drott. Men Yngve eller Yngune kalla dei alltid kvar den som høyrde til ætti deira; men alle ihop kalla Ynglingar. Dronning Drott var syster til kong Dan den storlaatne, som Danmark hev fengi namn etter.


18. Dag heitte son til kong Dygve, som vart konge etter honom. Han var so klok at han skyna fugle-maal. Han hadde ein sporv, som fortalde han mange hendingar og flaug til ymse land. De var ein gong, at sporven flaug til Reidgotland[65], til ein gard som heiter Vorva. Han flaug i aakeren til bonden og aat. Bonden kom til og tok upp ein stein og slo i hel sporven. Kong Dag vart ille ved, daa sporven ikkje kom heim, og gjorde eit sonings-blot[66] til aa faa vita korleis de var, og fekk de svare, at sporven hans var drepin paa Vorva. Siden baud han ut ein stor her og fór til Gotland; men daa han kom til Vorva, gjekk han upp med heren sin og herja. Folke flydde undan lang leid. I kveldingi snudde kongen ned til skipi med heren, og daa hadde han drepi mykje folk, og mange hadde han fanga. Men daa dei fór yvi ei aa ein stad som heiter Skjotansvad eller Vaapnavad, sprang de ein arbeidstræl fram or skogen ut paa aabakken, og skaut med ein høy-tjuge inn i flokken, og skote kom i hovude paa kongen; han stupte strakst av hesten og døydde. I den tidi kalla dei ein hovdingen, som herja, for «gram», men hermennane for «gramir». So segjer Tjodolv:

De veit eg, at til Dag
kom daudens ord;
til Hel fór hovdingen
huga paa storverk,
daa til Vorva kom
den vise kongen,
han som sverde kan svinga,
vilde sporven hemna.
Od de ord
i Austerveg
stridsmennar
fraa slage bar,
at høy-tjuga gav
gramen dauden,
ho som aat Sleipne[67]
slengjer fóre.


19. Agne heitte son hans Dag, som var konge etter honom, ein megtug og framifraa mann, ein stor hermann og ein hæv kar i alle maatar. De var ein sumar, at kong Agne fór med heren sin til Finnland og gjekk upp der og herja. Finnane samla mykje folk og fór til aa slaast med han. Froste heitte hovdingen deira. Der vart de eit stort slag, og kong Agne vann; der fall Froste og mykje folk med honom. Kong Agne fór med herskjold umkring i Finnland og lagde de under seg, og fekk ovmykje herfang. Han tok og hadde med seg Skjalv, dotter hans Froste, og Loge, bror hennar. Daa han siglde vestetter, lagde han inn til Stokksund[68] og sette tjeldi sine sør paa strandi; der var daa skog. Kong Agne aatte de gullhalsbande som Visbur hadde aatt. Kong Agne gifte seg med Skjalv. Ho bad kongen gjera erve-drykkje etter far hennar. Han baud daa til seg mange stormenn og gjorde eit stort lag. Han hadde vorti namngjetin av denne ferdi. De vart drukki mykje der, men daa kong Ange vart full, bad Skjalv han skulde agta vel paa gullhalsbande, som han hadde paa seg. Han tok daa og batt de fast um halsen paa seg, fyrr han gjekk stad og lagde seg. Landtjelde stod attmed skogen, og eit høgt tre yvi tjelde, som skulde skyggja for solsteiken. Men daa kong Agne var sovna, tok Skjalv eit digert snøre og feste under halsbande. Mennane hennar slo ned tjeldstengane og kasta lykkja paa snøre upp i greinine paa trée og tok i og drog, so kongen hekk heilt uppe ved greinine, og de vart banen hans. Skjalv og mennane hennar sprang um bord og rodde burt. Agne vart brend der, og denne staden heiter fraa den tidi Agnafit[69], paa austsida aat Tauren[70] vestan Stokksund. So segjer Tjodolv:

Underlegt var de,
um Agne-heren
svik-fulle
Skjalv skulde lika,
daa syster hans Loge
upp i lufti drog
kongen gode
med gullhalsbande,
han som ved Taur
temja skulde
hesten svale,
at høy-tjuga gav
som Hagbard[71] reid.


20. Alrek og Eirik heitte sønine hans Agne, som var kongar etter hoonom; dei var megtuge menn og store hermenn og itrottsmenn. Dei hadde for skikk aa rida hestar og temja deim baade til aa ganga og springa; ingin kunde gjera de so godt som dei. Dei dreiv paa og kappast med kvarandre um, kven som reid best eller aatte dei beste hestane. De var ein gong at brørane reid aaleine burt fraa andre folk med dei beste hestane sine, og reid ut paa nokre vollar og kom ikkje attende. Folk gjekk og leita etter deim og fann deim daude baae tvo, og hovude knasa paa deim; men dei hadde ikkje vaapn, so nær som beisli til hestane, og folk trur at dei hev drepi kvarande med deim. So segjer Tjodolv:

Fall der Alrek
der som Eirik
for bror-vaapen
sin bane fekk,
og med hestens
hovud-reimar
frendane hans Dag
drap kvarandre.
Aldri fyrr de spurdest,
at Ynglingar
heste-beisl
hadde til verju.


21. Yngve og Alv var sønine hans Alrek, som deretter vart kongar i Svitjod. Yngve var ein stor hermann og ovende sigersæl, væn og ein stor itrottsmann, sterk og djerv i slage, raust paa handi[72] og gladværug. Av alt dette vart han namnkjend og vensæl. Kong Alv, bror hans, sat heime og var ikkje paa herferd; han vart kalla Elfse og var tagall og raadrikin[73] og grettin. Mor hans heitte Dageid, dotter til kong Dag den megtuge, som Doglingane er ætta fraa. Kong Alv hadde ei kone, som heitte Bera, ei væn kvinne, mykje fyri seg og gladværug. Ein haust var Yngve Alreksson komin fraa vikingferd til Uppsalir og var daa oversleg namngjetin. Han sat jamt lengi uppe ved drykken um kveldane, men kong Alv gjekk tidt og lagde seg tidleg. Dronning Bera sat tidt uppe um kveldane, og ho og Yngve svalla med kvarandre. Alv rødde ofte um dette, og bad ho ganga og leggja seg tidlegare, og sagde at han vilde ikkje vaka etter henne. Ho svara og sagde, at den kona var sæl, som heller var gift med Yngve enn med Alv. De vart han fælt vond for, daa ho tidt sagde dette. Ein kveld gjekk Alv inn i halli, medan han Yngve og ho Bera sat i høgsæte og svalla. Yngve hadde eit sverd yvi knéi; alle folk var ovende drukne og gav ikkje gaum etter, at kongen kom inn. Kong Alv gjekk til høgsæte og drog eit sverd fram undan kappa og stakk igjenom Yngve, bror sin. Yngve spratt upp og drog sverde og hogg Alv banehogg, og dei fall baae tvo daude paa golve. Alv og Yngve vart hauglagde paa Fyrisvollane. So segjer Tjodolv:

Daud laut han liggja,
drepin av Alv,
herren som vaktar
paa heilagdomen[74],
daa kongen ovundsjuk
mot Yngve fór,
og med blodut sverd
til bane stakk han.
Harmelegt var de,
at hovdingar djerve
dronningi skulde
til draap eggja,
daa bror gav bror
banehogg,
aabruige,
i utrengsmaal.


22. Hugleik heitte son hans Alv, som tok kongedøme yvi sviane etter brørane, for di sønine hans Yngve var berre borni endaa. Kong Hugleik var ikkje hermann og sat heime i ro og fred. Han var rik, men knipin paa gods. I hirdi si hadde han mykje med allslags spelemenn, som spela paa horpe og gige[75] og fele; han hadde og med seg seidmenn og allslags trollmenn. Hake og Hagbard heitte tvo brørar, som var ovende vidspurde. Dei var sjøkongar og hadde mykje folk, og fór stundom baae tvo ihop, og stundom kvar for seg; mange kjempur var med baae tvo. Kong Hake fór med heren sin til Svitjod mot kong Hugleik, og kong Hugleik samla ein her imot; daa kom tvo brørar, Svipdag og Geigad, til aa hjelpe han, namnkjende menn og store kjempur baae tvo. Kong Hake hadde med seg 12 kjempur, og der var Starkad den gamle og med. Kong Hake var ei stor kjempe sjølv og. Dei møttest paa Fyrisvollane; der vart de eit stort slag, og snart fall mennane til kong Hugleik. Daa søkte kjempune Svipdag og Geigad fram, men kjempune hans Hake gjekk 6 mot kvar av deim og fanga deim. Daa gjekk kong Hake inn i Skjoldborgi mot kong Hugleik og drap han der og dei tvo sønine hans. Dermed flydde sviane, men kong Hake lagde lande under seg og vart konge yvi sviane. Han sat daa heime i lande i 3 vetrar, men medan han sat roleg, reiste kjempune hans fraa han og paa vikingferd og samla rikdom.


23. Jørund og Eirik var sønir til Yngve Alreksson; dei laag ute paa herskip heile tidi, medan dette stod paa, og var store hermenn. Ein sumar herja dei i Danmark, og daa raaka dei paa Gudlaug, konge yvi haaløygine[76], og heldt slag med han. Enden vart, at dei rudde skipe[77] hans Gudlaug, og han sjølv vart fanga. Dei hadde han i land paa Straumøy-nes[78] og hengde han der. Mennane hans kasta haug yvi han der. So segjer Øyvind Skaldespillar:

Auster-herens
hovdingar stolte
lét Gudlaug temja
den gruselege
Sigars-hesten[79],
daa sønine hans Yngve
gjevmilde konge
i galgen hengde.
Med lik i fange
luter paa nese
trée hans Vinge[80],
der viki seg kløyver.
Namngjetin er haugen
yvi hovding-like,
med merke-steinar
paa Straumøy-nese.

Brørane Eirik og Jørund vart namngjetne av dette; dei tottest vera mykje meir til menn enn fyrr. Dei spurde, at kong Hake i Svitjod hadde sendt fraa seg kjempune sine; daa styrde dei til Svitjod og samla ein her. Men daa sviane spurde, at Ynglingane var komne dit, so dreiv de gruveleg mykje folk til deim. Sidan lagde dei upp i Logen og styrde til Uppsalir mot kong Hake; men han fór imot deim paa Fyrisvollane og hadde mykje mindre folk. Der var det eit stort slag; kong Hake gjekk so hardt fram, at han felte alle deim, som var næmast, og sistpaa fellte han kong Eirik og hogg ned merke til brørane. Daa flydde kong Jørund til skipe og heile heren hans. Kong Hake fekk so store saar, at han saag at livadagane hans vart ikkje lange. Daa lét han taka eit langskip, som han hadde, og lada med daude menn og vaapn, og lét deim føra de ut paa have og leggja styre i lag og draga upp segle og kveikja eld paa tyrived og gjera upp eit baal paa skipe. Vinden stod fraa land. Hake var daud eller nærpaa daud, daa han vart lagd paa baale. Sidan siglde skipe logande ut paa sjøen, og dette vart vidspurt lang tid etter.


24. Jørund, son til kong Yngve, vart no konge i Uppsalir; han raadde for lande og var jamt um sumrane paa herferd. Ein sumar fór han med heren sin til Danmark; han herja paa Jylland og fór um hausten inn i Limfjorden og herja der. Han laag med heren sin i Oddasund[81]. Daa kom Gylaug, konge yvi haaløygine, dit med ein stor her; han var son til kong Gudlaug, som det fyrr er fortalt um. Han legg til slag med Jørund. Men daa landsfolke vart var de, dreiv dei til fraa alle kantar, baade med store og smaa skip. Daa rauk kong Jørund for yvi-magti, og dei rudde skipe hans; daa sprang han yvi bord og vart fanga og leidd upp paa land. Daa lét kong Gylaug reisa ein galge og leidde Jørund dit og lét hengja han. Slik ein avfardag fekk han. So segjer Tjodolv:

Daa Jørund var feig
i forne tid,
live han lét
i Limfjorden,
daa stry-hesten[82],
høg-bringa,
banen hans Gudlaug[83]
bera skulde,
og de harde reipe,
som Hagbard kvævde,
herse-hovdingen
um halsen gjekk.


25. Aun eller Aane heitte son hans Jørund, som var konge yvi sviane etter far sin; de var ein vis mann og ein stor blotmann, men hermann var han ikkje og sat heime i ro. I den tidi, daa desse kongane, som de no er fortalt um, var i Uppsalir, var fyrst Dan den storlaatne konge i Danmark. Han vart ovgamal. Etter honom kom son hans, Frode den storlaatne eller den fredsame; og so hans sønir, Halvdan og Fridleiv, som var store hermenn. Halvdan var eldst og den fremste i alt. Han fór med heren sin til Svitjod mot kong Aun, og dei heldt nokre slag, og jamt vann Halvdan. Og sistpaa flydde kong Aun til Vester-Gautland; daa hadde han vori konge yvi Uppsalir i 25 vetrar. I Gautland var han og 25 vetrar, medan kong Halvdan var i Uppsalir. Kong Halvdan lagdest helsott i Uppsalir og er hauglagd der. Etter dette kom kong Aun til Uppsalir att; daa var han 60 vetrar. Daa gjorde han eit stort blot, og blota for eit langt liv, og gav son sin aat Odin og blota han. Kong Aun fekk de svare av Odin, at han skulde liva endaa i 60 vetrar. Aun var daa konge i Uppsalir i 25 vetrar til. Daa kom Aale den frøkne[84], son til kong Fridleiv, med heren sin til Svitjod mot kong Aun, og heldt fleire slag med han, og jamt vann Aale. Daa flydde kong Aun andre gongen fraa rike sitt og fór til Vester-Gautland. Aale var konge i Uppsalir i 25 vetrar; daa drap Starkad den gamle han. Daa Aale var fallin, fór kong Aun attende til Uppsalir og raadde der for rike i 25 vetrar til. Daa gjorde han eit stort blot og blota andre sonen sin. Daa sagde Odin til han, at han skulde liva heile tidi, so lengi han gav Odin ein av sønine sine tiandekvart aar, og likeins at han gjeva eit herad i lande sitt namn etter tale paa sønine sine som var han blota til Odin. Men daa han hadde blota 7 av sønine sine, levde han i 10 vetrar slik at han ikkje kunde ganga, og dei bar han paa ein stol. Daa blota han den aattande sonen sin, og levde daa 10 vetrar til og laag til sengs. Daa blota han den niande sonen sin, og levde endaa 10 vetrar; daa drakk han av eit horn som eit sogbarn. Daa hadde han att ein son, og daa vilde han blota honom og gjeva Odin Uppsalir og dei herad som ligg til, og kalla de Tiundaland[85]. Sviane meinka han dette, og de vart ikkje noko blot av. Dermed døydde kong Aun, og han er hauglagd i Uppsalir. Sidan kalla dei de Aane-sott, naar ein mann døyr av alderdom utan verk. So segjer Tjodolv:

Endeleg kunde
i Uppsalir
Aane-sott
Aun faa kjenna,
og seigliva
skulde han faa
andre gongen
unge-bragd,
og den smale
odden av kvasse
verjo til stuten[86]
vende han aat seg.
Han som frendar
farga med blod,
av lange stute-horn
liggjande drakk.
Ukse-sverde[87]
orka ’kje graahærd
auster-kongen
uppe halda.


26. Egil heitte son hans Aun den gamle, som var konge i Svitjod etter far sin. Han var ingin hermann og sat heime i ro. Han hadde ein træl, som heitte Tunne, som hadde vori skattmeister hjaa Aane den gamle. Daa Aane hadde andast av, so tok Tunne mykje lausøyre[88] og grov ned i jordi. Men daa Egil vart konge, sette han Tunne millom hine trælane; dette lika han fælt ille og strauk av, og mange andre trælar med. Dei tok upp lausøyren, som Tunne hadde gøymt; den gav han mennane sine, og dei tok han til hovding. Sidan dreiv de mange illgjerningsmenn til han; dei laag ute paa skogen, og stundom snøgga dei seg ned i bygdine og røva fraa folk eller drap deim. Kong Egil spurde dette og fór ut og leita etter deim med folke sitt. Men ein gong han hadde fengi hus til natti, so kom Tunne der med mennane sine og sprang uventande paa deim og drap mykje folk for kongen. Daa kong Egil vart var ufreden, vilde han setja seg mot og sette upp merket sitt, men mykje folk flydde fraa han. Tunne og hans folk gjekk djervt paa, og daa kong Egil ingi onnor raad enn aa fly. Tunne og hine jaga deim alt til skogs; sidan fór dei attende til bygdi og herja og røva, og ingin sette seg mot. Alt de godse, som Tunne tok i bygdi, gav han aat mennane sine, og av dette vart han vensæl og fekk mykje folk. Kong Egil samla ein her og fór til strid mot Tunne; dei heldt slag, og Tunne vann, men kong Egil flydde og miste mykje folk. Kong Egil og Tunni heldt 8 slag, og Tunne vann i deim alle. Etter dette flydde kong Egil ut or lande og til Danmark, til Frode den frøkne paa Selund. Han lova kong Frode skatt av sviane til aa faa hjelp. Daa gav Frode han ein her og kjempune sine, og med deim fór kong Egil til Svitjod. Men daa Tunne spurde de, fór han mot han med sitt folk. Daa vart de eit stort slag; der fall Tunne, men kong Egil tok daa att rike sitt, og danine fór heim. Kong Egil sende kong Frode gode og store gaavur kvart aar, men han reidde ingin skatt til danine; men venskapen heldt seg endaa millom honom og Frode. Etter Tunne var fallin, raadde Egil aaleine for rike i 3 vetrar. Daa hende de i Svitjod, at ein gra-ukse, som var etla til bloting, hadde vorti gamal og gjødd so upp, at han vart mannvond; daa dei vilde taka han, sette han til skogs og vart galin og var lengi i skogen og gjorde mykje skade for folk. Kong Egil var ein stor skyttar, han reid jamt um dagane ute i skogane og veidde dyr. Det var ein gong han reid paa veidestig med mennane sine. Kongen hadde lengi jaga paa eit dyr, og reid etter inn i skogen fraa alle mennane sine. Daa vart han var gra-uksen, og reid til og vilde drepe han. Gra-uksen snudde seg mot han, og kongen stakk til han, men spjote skar seg ut. Gra-uksen stakk horni i sida paa hesten, so han datt flat ned paa flekken, og kongen med. Daa sprang kongen upp paa føtane og vilde draga sverde, men gra-uksen stanga han for brjoste, so horni gjekk radt inn. Daa kom menname aat kongen til og drap gra-uksen; kongen levde berre ei liti stund og er hauglagd i Uppsalir. So segjer Tjodolv:

Og den lovsæle[89] laut
or lande røma,
son hans Ty[90],
for Tunne den megtuge.
Men jotuns øyken[91]
paa Egil farga
blanke panne-sverd[92]
av blode raudt,
uksen, som hadde
aust i skogen
hovude lengi
høgt bori;
men hovud-sverde[93]
slire-laust
Skilvings-sonen[94]
stod til hjarta.


27. Ottar heitte son hans Egil, som tok rike og kongedøme etter han. Han gjorde seg ikkje til vens med kong Frode. Daa sende kong Frode menn til kong Ottar til aa henta den skatten, som Egil hadde lova han. Ottar svara de, at sviane aldri hadde lagt skatt til danine, og sagde at han vilde ikkje gjera de han heller. Sendemennane fór attende. Frode var ein stor hermann. De var ein sumar, at Frode fór med heren sin til Svitjod og gjekk i land der og herja og drap mykje folk og fanga sume. Der fekk han ovmykje herfang, brende bygdi vidt umkring og gjorde stort herverk. Sumaren etter fór kong Frode paa herjing i Austerveg[95], daa spurde kong Ottar, at kong Frode ikkje var i lande. Han gjeng um bord pa herskip og fer til Danmark og herjar der, og ingin sette seg imot. Han spør, at de hadde samla seg mykje folk på Selund, og stemner daa vest til Øresund og sigler so sør til Jylland og legg inn i Limfjorden og herjar paa Vendil[96] og brenner og snøyder av. Vott og Faste heitte jarlane hans Frode, som Frode hadde sett til aa verja lande i Danmark, medan han sjølv var burte. Daa jarlane spurde, at sviakongen herja i Danmark, daa samlar dei ein her og gjeng um bord og sigler sør til Limfjorden. Der kom dei reint uventande paa kong Ottar og lagde straks til slag. Sviane tok vel imot deim, og de fall folk paa baae sidur. Men etter som de fall folk for danine, kom de andre og fleire til fraa bygdine, og likeins lagde dei aat med alle dei skip som var der umkring. Enden paa slage vart, at kong Ottar fall og mesteparten av folke hans. Danine tok like hans og hadde i land og lagde uppaa ein haug og lét dyr og fuglar riva de sund. Dei gjorde ei tre-kraake og sende til Svitjod, og sagde at han var ikkje meir verd, Ottar, kongen deira. Sidan kalla dei han Ottar Vendilkraake. So segjer Tjodolv:

Ottar fall
under ørneklo,
den dugande kjempa,
for danske vaapn.
Ufreds-hauken
hakka med blodut
klo paa Vendil
den vise kongen.
Eg veit, at um verke
til Vott og Faste
vil segnir ganga
millom svenske menn,
at jarlane hans Frode
gjævingen tok
og den drustelege
drap i hel.


28. Adils heitte son til kong Ottar, som tok kongsdøme etter honom; han var lengi konge og vart ovende rik; nokre sumrar var han paa vikingferd og. Kong Adils kom med heren sin til Saksland[97]; der styrde ein konge som heitte Geirtjov, og kona hans heitte Aalov den megtuge; borni deira er ikkje nemnde. Kongen var ikkje i lande. Kong Adils og mennane hans sprang upp til kongsgarden og røva der, og sume dreiv buskapen ned til strandhogg[98]. Der var trælar, baade karfolk og kvinnfolk, til aa gjæta buskapen, og alle deim hadde dei med seg. Imillom desse var de ei ov-unders væn møy, som heitte Yrsa. Daa fór kong Adils heim med herfange. Yrsa vart ikkje sett millom tenestgjentune, og ein merka snart, at ho var klok og lettmælt og godt lærd i alle stykke. Alle lika henne godt, men kongen best, og de vart til de, at Adils heldt brudlaup med ho. Daa vart Yrsa dronning i Svitjod, og dei totte ho var ei utifraa hæv kvinne.


29. Kong Helge Halvdansson raadde den gongen for Leidra; han kom til Svitjod med ein her, som var so stor at kong Adils saag seg ikkje onnor raad enn aa fly undan. Kong Helge gjekk i land der med heren sin og herja og fekk mykje herfang; han fanga dronning Yrsa og hadde med seg til Leidra og gifte seg med ho. Son deira var Rolv Krake. Men daa Rolv var tri vetrar gamal, so kom dronning Aalov til Danmark og fortalde Yrsa, at mann hennar, kong Helge, var far hennar, og Aalov var mor hennar. Daa fór Yrsa attende til Svitjod til kong Adils og var dronning der sidan so lengi ho livde. Kong Helge fall paa ei herferd. Daa var Rolv Krake 8 vetrar og vart tekin til konge i Leidra. Kong Adils laag i uvenskap med ein konge som heitte Aale den upplendske og var fraa Norig. Kong Adils og kong Aale heldt slag ute paa isen paa Venern; der fall kong Aale, og Adils vann. Dette slage er de mykje fortalt um i Skjoldunga-soga[99], og likeins um at Rolv Krake kom til Uppsalir til Adils; de var den gongen Rolv Krake saadde gulle paa Fyrisvollane. Kong Adils var kjær etter gode hestar; han hadde dei beste hestane paa den tid. Han hadde ein hest som heitte Sløngve, og ein som heitte Ravn, som han tok fraa Aale, daa han var fallin; undan den vart ein annan hest alin, som heitte Ravn; den sende han til Haalogaland til kong Godgjest. Kong Godgjest reid paa han, men kunde ikkje faa stagga han, og han reid av og fekk sin bane. Dette var paa Omd[100] paa Haalogaland. Kong Adils var aat og heldt dise-blot[101] og reid umkring disar-salen; hesten snaava under han og stupte, og kongen fram-yvi og av, og hovude hans kom mot ein stein, so hausen brotna, og heilen vart liggjande paa steinen. De vart banen hans. Adils døydde i Uppsalir og er hauglagd der. Sviane kalla han ein megtug konge. So segjer Tjodolv:

De spurde eg og,
at Adils skulde
live for vonde
vette lata,
og paa storverk huga
av heste-bogen
frenden hans Frøy
falla skulde,
og den høg-ætta
hovdingen fekk
heilen blanda
med blaute gyrma,
og døy skulde
daadsæle kongen,
uvenen hans Aale
i Uppsalir.


30. Øystein heitte son aat Adils, som deretter raadde for Sviavelde; i hans tid fall Rolv Krake i Leidra. I den tid herja kongar mykje i Sveivelde, baade danir og nordmenn. De var mange sjøkongar som raadde for mykje folk, men hadde ikkje land. Berre den totte dei med full rett heitte sjøkonge, som aldri sov under sotut aas og aldri drakk i peiskroken.


31. Det var ein sjøkonge som heitte Solve, som hans Hogne paa Njardøy[102]; han herja daa i Austerveg, men hadde eit rike i Jylland. Han styrde med folke sitt til Svitjod. Kong Øystein var nett i gjestebod i ei bygd som heiter Lovund[103]; der kom kong Solve uventande paa han og kringsette huse og brende han inne med heile hirdi hans. So fór Solve til Sigtun og bad um kongsnamn og at dei skulde taka mot han, men sviane samla ein her og vilde verje lande mot han, og de vart so stort slag der, at de er fortalt, at de fekk ikkje slutt paa 11 døger. Daa vann kong Solve, og daa var han konge yvi Sviavelde ei lang tid, til dess sviane sveik han og han vart drepin der. So segjer Tjodolv:

Øystein veit eg
enden fann
paa live i Lovund,
so lagnaden vilde.
Og juten, kvad dei,
inne brende
stor-kongen
med svia-menn.
Den som skogen
snøyder av[104],
paa hovdingen fauk
i heimen hans eigin,
daa den trauste
timber-stogo,
av kjempur full
yvi kongen brann.


32. Yngvar heitte son hans Øystein, som daa vart konge yvi Sviavelde. Han var ein stor hermann og var tidt ute paa herskip, for di at Sviarike hadde vori mykje ute for her-flokkar, baade av danir og folk fraa Austerveg. Kong Yngvar gjorde fred med danine og tok daa til aa herja i Austerveg. Ein sumar hadde han ein her ute og fór til Eistland og herja der um sumaren ein staden som heiter Stein. Daa kom estane ned med ein stor her og heldt slag med han. Landsheren var so drjug, at sviane fekk ikkje verja seg; daa fall kong Yngvar, og heren hans flydde. Han er hauglagd der tett attmed sjøen i Adalsysla[105].Sviane fór heim etter dette tape. So segjer Tjodolv:

Kunnugt var de,
at konung Yngvar
for Sysla-folke
stupa laut.
Heren fraa Estland
ved havsens hjarta[106]
den ljosleitte hovdingen
i hel drap.
Auster-have
havgudens kvæde
syng ved haugen
aat sviakongen.


33. Onund heitte son hans Yngvar, som deretter tok kongsdøme i Svitjod. I hans tid var de god fred i Svitjod, og han vart rik paa lausøyre. Kong Onund fór med heren sin til Estland, till aa hemna far sin, og gjekk upp der med heren sin og herja vidt umkring i lande og fekk mykje herfang; um hausten fór han attende til Svitjod. I hans tid var de gode aaringar i Svitjod. Kong Onund var utifraa vensæl. Svitjod er eit stort skogland, og der ligg so store øydemarkir, at de er mange dagsleidir yvi. Kong Onund lagde mykje vinn og kostnad paa aa rydja skogane og dyrka upp rudningi. Han lét leggja vegir og yvi øydemarkine, og daa fann dei skoglaust land rundt umkring i skogane, og der vart de daa store bygdir. Paa denne maaten vart lande bygt, for di de var landsfolk nok til aa byggja. Kong Onund lét brjota vegir yvi heile Svitjod, baade i skogane og myrane og fjellvegir. Difor vart han kalla Braut-Onund. Kong Onund bygde seg ein gard i kvar storbygd i Svitjod og fór yvi heile lande i gjestebod.


34. Braut-Onund hadde ein son som heitte Ingjald. Daa var Yngvar konge i Fjadrundaland[107]. Han hadde tvo sønir med kona si, den eine heitte Alv og hin Agnar. Dei var mest jamgamle med Ingjald. Umkring i Svitjod var de paa den tidi herads-kongar under Braut-Onund, og for Tiundaland raadde Svipdag den blinde. Der ligg Uppsalir, og der er tingstaden aat alle sviar. Den gongen var det store blot der, og mange kongar fór dit ved midvetters-leite[108]. Og ein vinter daa de var komi mykje folk til Uppsalir, var kong Yngvar og sønine hans der. Dei var 6 vetrar gamle, baade han Alv son til kong Yngvar, og han Ingjald, son til kong Onund. Dei stelte til ein guteleik, og kvar skulde raa yvi sin flokk. Men daa dei leika med kvarandre, var Ingjald veikare enn Alv, og dette totte han var so harmelegt, at han grét. Daa kom Gautvid, fosterbror hans, til, og leidde han burt til Svipdag Blinde, fosterfar hans, og sagde at de hadde gjengi ille med han, og at han var veikare og laakare i leiken enn Alv, son til kong Yngvar. Daa svara Svipdag, at de var stor skam. Dagen etter lét Svipdag taka hjarta or ein varg og steikja paa ein tein, og gav de so til Ingjald, kongssonen, at han skulde eta de; og fraa den tid vart han meir hardhjarta og illhaatta enn andre folk. Daa Ingjald vart vaksin, fridde Onund for han til Gauthild, dotter til kong Algaute. Han var son til kong Gautrek den milde, som var son hans Gaut, som Gautland[109] hev fengi namn etter. Kong Algaute tottest vita, at dotter hans vart godt gift, naar ho fekk son til kong Onund, soframt han hadde far sins huglynde, og gjenta vart send til Svitjod, og Ingjald heldt brudlaup med ho.


35. Ein haust fór kong Onund millom gardane sine med hirdi si og kom til ein stad som heiter Himinheid[110]. Der er nokre tronge fjelldalar, med høge fjell paa baae sidur. De var eit ofsa regn-vér, men i fyrivegen hadde de snøa paa fjelli. Der gjekk de ut ei stor skridu med stein og leir. Kong Onund og heren hans kom ut for denne skrido, og kongen fekk sin bane, og mykje folk med honom. So segjer Tjodolv:

Som Jonakers sønir[111]
stein-slegne,
vart Onund heft
under Himilfjelli,
daa steinskrido
sturtande
Estlands
uven drap.
Han, som verjo hans Hogne[112]
veit aa bruka,
av urd og aur
vart yvi-breidd.


36. Ingjald, son til kong Onund, vart konge i Uppsalir. Uppsala-kongane var dei høgste kongane i Svitjod, den tid daa de var mange herads-kongar der, alt fraa di Odin var hovding i Svitjod. Dei som sat i Uppsalir var einvaldshovdingar yvi heile Sviavelde, til dess Agne døydde. Men daa vart rike fyrst skilt millom brør, som fyrr er fortalt, men sidan vart rike og kongedøme smaabytt, etter som ættine greina seg; men sume kongar rudde store skogland og bygde der og auka soleis rike sitt. Men daa kong Ingjald tok rike og kongedøme, var de mange herads-kongar, som fyrr er fortalt. Kong Ingjald lét laga til eit stort gjestebod i Uppsalir og etla seg til aa gjera erve-drykkje etter kong Onund, far sin. Han lét stella til ein sal, som var likso stor og gild i alle maatar som Uppsalen var, og den kalla han Sjaukongesalen. Han gjorde sjau høgsæte i han. Kong Ingjald sende menn yvi heile Svtjod og baud til seg kongar og jarlar og andre stormenn. Til denne erve-drykkja kom kong Algaute, verfar hans Ingjald, og kong Yngvar fraa Fjadrundaland og dei tvo sønine hans, Alv og Agnar, kong Sporsnjall fraa Nærike, og kong Sigverk fraa Aattundaland; men kong Granmar fraa Sudermannland var ikkje komin. Desse seks kongane vart sessa i den nye salen. De stod eit høgsæte tomt av deim som kong Ingjald hadde lati gjera. Alle dei, som var komne dit, vart sessa i den nye salen, men si eigi hird og sitt eigi folk hadde kong Ingjald sessa i Uppsalen. De var skikk i den tidi, naar dei skulde gjera erve-drykkje etter kongar eller jarlar, at den, som gjorde erve-drykkja og skulde taka mot arven, skulde sitja paa troppestige framanfor høgsæte, alt til dess dei bar inn den skaali, som dei kalla Brage-skaali. Daa skulde han standa upp imot Brage-skaali og lova eitkvart og drikka ut skaali; so skulde dei leida han til høgsæte, som far hans hadde havt; daa hadde han fengi rett til all arven etter han. Soleis vart de gjort no med, og daa Brage-skaali kom inn stod kong Ingjald upp og tok mot eit stort dyrehorn, og lova at han skulde gjera rike sitt ein gong til so stort til alle fire himils-ættir, eller so døy; sidan drakk han av horne. Og daa dei vart drukne um kvelden, daa sagde kong Ingjald til Folkvid og Hulvid, sønine hans Svipdag, at dei skulde væpna seg og folke sitt, som dei hadde avgjort seg imillom um kvelden. Dei gjekk ut og burt til den nye salen og kveikte eld paa han, og strakst tok salen til aa loga upp. Der brann seks kongar inne og alt folke deira; men dei, som freista paa aa koma seg ut, vart radt drepne. Etter dette lagde kong Ingjald under seg alle dessa riki, som kongane hadde havt, og tok skattar av deim.


37. Kong Granmar spurde alle desse hendingane, og han tottest vita, at de same var etla honom, soframt han ikkje agta seg. Same sumaren kjem kong Hjørvard, som dei kalla Ylving, med heren sin til Svitjod, og lagde inn i ein fjord som heiter Myrkvafjorden[113]. Men daa kong Granmar spør de, sender han bod til han og bed han sjølv og heile heren hans til gjestebod. Han tok mot dette, av di han hadde ikkje herja paa rike til kong Granmar, og daa han kom til gjestebode, vart de stor glede. Um kvelden, daa dei skulde drikka skaalir, var de skikk hjaa dei kongane som sat heime og heldt gjestebod, at dei skulde drikka tvo og tvo i lag, ein mann og ei kvinne, so langt de rakk, men for seg sjøve dei som de var flest av. Men vikingane hadde den lovi, at dei skulde drikka alle i lag med kvarandre, endaa dei var i gjestebod. Høgsæte til kong Hjørvard var tilstelt gjegnt imot høgsæte til kong Granmar, og paa same benken sat alle mennane hans. Daa sagde kong Granmar ved Hildegunn, dotter si, at ho skulde laga seg til og bera øl aat vikingane. De var ei overlag væn gjente. Daa tok ho eit sylvstaup og fyllte og gjekk til kong Hjørvard og sagde: « Heile og sæle alle Ylvingar, til minne Rolv Krake», og drakk helvti og gav de til kong Hjørvard. No tok han staupe, og handi hennar med, og sagde at ho skulde setja seg hjaa han. Ho segjer, at de ikkje var viking-skikk aa drikka tvo og tvo i lag med kvende. Hjørvard sagde, at de var von um, at han heller vilde skifta skikk og slutta med viking-lovi og drikka i lag med henne. Daa sette Hildegunn seg hjaa han, og dei tvo drakk ihop og svalla um mangt og mykje um kvelden. Dagen etter, daa kongane Granmar og Hjørvard raakast, fridde Hjørvard og bad um Hildegunn. Kong Granmar bar denne saki fram for kona si, Hild, og andre stormenn, og sagde at de vilde vera god hjelp i kong Hjørvard. Alle ropte daa at dei samtykte og totte at dette var raadelegt, og enden vart, at Hildegunn vart trulova med kong Hjørvard, og han heldt brudlaup med ho. Kong Hjørvard skulde verta verande hjaa kong Granmar, for di han hadde ikkje nokon son til aa hjelpa seg med aa taka vare paa rike.


38. Same hausten samla kong Ingjald seg folk og etla seg mot Granmar og Hjørvard, maagen hans. Han hadde ein her ute fraa alle dei riki, som han hadde lagt under seg. Daa Granmar og Hjørvard spør de, samlar dei folk i sitt rike, og kong Hogne og Hilde, son hans, som raadde for Øystre-Gautland, kjem til hjelp. Hogne var far hennar Hild, som var gift med kong Granmar. Kong Ingjald gjekk upp paa land med heile heren sin og hadde mykje meir folk. Daa seig herane ihop, og de vart eit hardt slag. Men daa dei hadde slegist ei liti stund, so flydde dei hovdingane, som raadde for Fjadrundaland, og for vest-gautane og dei fraa Nærike og Aattundaland, og heile den heren som var komin fraa desse landi, og fór til skipi sine. Dermed kom kong Ingjald i stor naud og fekk mange saar og kom seg undan og flydde til skipi sine. Men der fall Svipdag Blinde, fosterfar hans, og baae sønine hans, Gautvid og Hulvid. Kong Ingjald fór attende til Uppsalir etter dette og var ille nøgd med ferdi, og han tottest merka, at den heren var utru, som han hadde fraa de rike som han fekk med herferd. Etter dette var de stor ufred millom kong Ingjald og kong Granmar. Men daa de hadde gjengi ei lang stund paa den visi, fekk venine deira forlik i stand, og kongane sette stemnelag med kvarandre og møttest og gjorde fred med kvarandre, kongane Ingjald og Granmarr og Hjørvard, maagen hans; denne freden skulde standa ved lag so lengi dei tri kongane livde. Dette gjorde dei eiden sin paa og lova kvarandre truskap. Um vaaren etter fór kong Granmar til Uppsalir til aa blota for fred, som skikk var, naar de leid mot sumaren. Spaadommen[114] fall daa slik aat han, at han ikkje skulde liva lengi; sidan fór han heim til rike sitt.


39. Um hausten etter fór kongane Granmar og Hjørvard, maagen hans, i gjestebud paa gardane sine paa ei øy som heiter Sile[115]. Daa dei var i gjestebode, kjem kong Ingjald dit ei natt med heren sin og kringsætte huse og brende deim inne med alt folke deira. Etter dette lagde han under seg heile de rike, som kongane hadde havt, og sette hovdingar yvi. Kong Hogne og Hilde, son hans, reid tidt upp i Sviavelde og drap mennane til kong Ingjald, som han hadde sett yvi de rike som kong Granmar, maagen hans, hadde aatt. De var lang stund stor uvenskap millom kongane Ingjald og Hogne, men kong Hogne fekk likevel hava rike sitt for kong Ingjald alt til sin døyande-dag. Kong Ingjald hadde tvo born med kona si, den eldste heitte Aasa og hin Olav Tretelgja; Gauthild, kona til kong Ingjald, sende guten til Vester-Gautland, til Bove, fosterfar sin; der vart han uppfødd baade han og Sakse, son hans Bove, som dei kalla Flette. Folk segjer, at kong Ingjald drap 12 kongar og sveik deim alle ihop, endaa han hadde lova deim fred, og han vart kalla Ingjald Illraade; han var konge yvi mesteparten av Svitjod. Aasa, dotter si, gifte han med Gudrød, konge i Skaane[116]. Ho liktest far sin i huglynde. Aasa var skuld i at Gudrød drap Halvdan, bror sin. Halvdan var far hans Ivar Vidfamne. Aasa var skuld i de med, at husbonden hennar, kong Gudrød, vart drepin.


40. Ivar Vidfamne kom til Skaane, etter Gudrød, farbror hans, var fallin, og drog straks ein stor her ihop og gjekk radt upp i Svitjod. Aasa Illraade var reist til far sin i fyrivegen. Kong Ingjald var nett i gjestebod paa Ræning[117], daa han spurde at heren til kong Ivar ikkje var langt undan. Ingjald totte ikkje han hadde magt til aa slaast med Ivar; han totte de var berrsynlegt og, at um han gav seg til aa fly, vilde fiendane hans driva til fraa alle leidir. Han og Aasa gjorde daa noko, som hev vorte vidgjeti; dei drakk alle folk dauddrukne, sidan lét dei leggja eld i halli. Daa brann halli upp og alt de folk som inne var, kong Ingjald med. So segjer Tjodolv:

Og fraa Ingjald
elden rjukande
skulde paa Ræning
røva live,
daa hus-tjuven[118]
med heite solar
gude-kongen[119]
gjenom tro.
Den hending totte
heile folke
sjeldsynt var
i Sviavelde,
daa den gjæve
gjeva vilde
utrædd aat elden
sitt eigi liv.


41. Ivar Vidfamne lagde under seg heile Sviavelde; han eigna til seg Danavelde med, og ein stor lut av Saksland og heile Aust-rike[120] og femteparten av England[121]. Av hans ætt er sidan danakongane og sviakongane komne, dei som hev havt einvelde der. Etter Ingjald Illraade kom Uppsala-velde ut or ætti til Ynglingane; so lenge styrde dei, son etter far.


42. Daa Olav, son til kong Ingjald, spurde far sins avferd, so fór han av med deim som vilde fylgja han; for heile aalmugen i Svitjod reiste seg som ein mann til aa jaga ut ætti til kong Ingjald og alle venine hans. Olav fór fyrst upp i Nærike. Men daa sviane fekk spurlag paa han, fekk han ikkje vera der og reiste skogleides vestetter til ei aa som kjem nordantil ut i Venern og heiter Elvi[122]. Der gav dei seg til og tok til aa rydja og brenna skogane og byggja. Der vart de snart store bygdir, som dei kalla det Vermeland, og de var godt for jord der. Men daa dei spurde i Svitjod, at Olav rudde skogane, kalla dei han Tretelgja og totte dette var svivyrdlegt. Olav fekk seg ei kone, som heitte Solveig eller Solva, og var dotter hans Halvdan Gulltann vestantil Solør. Halvdan var son hans Solve Solvarsson, som var soneson hans Solve den gamle, som fyrst rudde Solør. Mor hans Olav Tretelgja heitte Gauthild, og mor hennar heitte Olov, dotter hans Olav den skygne[123], som var konge i Nærike. Olav og Solveig hadde tvo sønir, Ingjald og Halvdan; Halvdan vart uppfødd i Solør hjaa Solve, morbror sin; han vart kalla Halvdan Kvitbein.


43. De var mykje folk, som fór fredlause or Svitjod for kong Ivar. Dei spurde at Olav Tretelgja hadde godt for jord i Vermeland, og de dreiv dit so tjukt med folk til han, at lande kunde ikkje bera de, og de vart grøtelegt uaar og svult der. Dette gav dei kongen skuldi for, liksom sviane plar gjeva kongen skuldi baade for gode aaringer og uaar. Kong Olav var ikkje nokon blotmann; dette mislika sviane, og trudde at uaare kunde koma av de; daa samla sviane ein her, drog imot kong Olav og kringsette huse og brende han inne og gav han til Odin og blota han for gode aaringar. Dette var ved Venern. So segjer Tjodolv:

Attmed vaagen
veit eg elden
Tretelgja
tok og gløypte,
og frasande
Fornjots-sonen[124]
klædi svidde
av svia-kongen.
Burt kvarv ætti
fraa Uppsalir,
Lovde-ætti[125],
longe sidan.

Dei vitugaste av sviane skyna daa, at uaare kom av de, at folkemengdi var større enn lande kunde bera, og at kongen ikkje var skuldi. De vart til de, at dei fór med heile heren vestetter yvi Eidskogen[126] og kom fram i Solør reint uventande; dei drap kong Solve, men fanga Halvdan Kvitbein; dei tok han til hovding yvi seg og gav han kongsnamn, og han lagde under seg Solør. Sidan fór han med heren ut til Raumarike[127] og herja der og tok dette fylke med magt.


44. Halvdan Kvitbein var ein megtug konge; han var gift med Aasa, dotter hans Øystein den hardraade, kongen yvi upplendingane; han raadde for Heidmarki. Ho og Halvdan hadde tvo sønir, Øystein og Gudrød. Halvdan eigna til seg mykje av Heidmarki og Toten og Hadaland[128] og mykje av Vestfold[129]. Han vart ein gamal mann og døyde straadaude paa Toten, og vart sidan flutt ut paa Vestfold og hauglagd ein stad som heiter Skæreid i Skiringssal[130]. So segjer Tjodolv:

De hev alle høyrt gjeti,
at gjæve menn
skulde Halvdan
sakna faa,
og den løynske
Loke-dotter[131]
paa Toten hæve
hovdingen tok,
og Skæreid
i Skiringssal
i sorg yvi beini
aat den brynju-klædde luter.


45. Ingjald, bror hans Halvdan, var konge i Vermeland; men daa han hadde slokna, lagde Halvdan Vermeland under seg og tok skattar og sette jarlar yvi de, medan han levde.


46. Øystein, son hans Halvdan Kvitbein, var konge etter han paa Raumarike og Vestfold; han var gift med Hild, dotter hans Eirik Agnarsson, som var konge paa Vestfold. Agnar, far hans Eirik, var son hans Sigtrygg, som var konge i Vendil. Kong Eirik hadde ingin son, og døydde medan kong Halvdan Kvitbein livde. Halvdan og Øystein tok daa og lagde under seg heile Vestfold. Øystein raadde for Vestfold so lengi han livde. Den tid var de ein konge paa Varna[132], som heitte Skjold og var ein stor trollmann. Kong Øystein fór med nokre herskip yvi til Varna og herja der og tok de han raaka paa, klæde og andre eignelutir og reidskapen til bøndane, og hogg strandhogg; sidan fór dei burt. Kong Skjold kom til strandi med heren sin; daa var kong Øystein alt burte og komin yvi fjorden, og Skjold saag segli deira. Daa tok kappa si og veivde og blés. Daa dei siglde inn um Jarlsøy[133], sat kong Øystein ved styre; eit anna skip siglde tett attmed. De sjøa noko, og seglbommen paa de andre skipe slo kongen yvi bord, og de vart banen hans. Mennane hans fekk like upp og førde de inn til Borro[134] og kasta upp ein haug etter han paa Rae[135] ute ved sjøen ved Vadla. So segjer Tjodolv:


Men for seglbommen
stupte Øystein
og til brordotter
hans Byleist fór[136].
Paa kanten av Rae
kviler han
den storgjæve[137] kongen
under steinen gøymd.
Uvérs-kald,
der kongen ligg,
Vadle-straumen
ut i viki renn.


47. Halvdan heitte son til kong Øystein, som tok kongedøme etter han; han vart kalla Halvdan den milde[138] og mat-ille. Dei segjer, at han gav mennane sine likso mange gullpengar i løn, som andre kongar gav sylvpengar, men at han svelte folk med kosten. Han var ein stor hermann og var lengi i viking og fekk seg rikdom. Han var gift med Liv, dotter til kong Dag paa Vestmar[139]. Holtar[140] paa Vestfold var hovudgarden hans; der sottdøydde han og er hauglagd paa Borro. So segjer Tjodolv:

Og til tings
den tridje kongen[141]
løynske Hel
or heimen baud,
den gong daa Halvdan,
som paa Holtar budde,
lagnadens dom
lyda maate,
og paa Borro
dei beste kjempur
hovdingen
i haug ladge.


48. Gudrød heitte son hans Halvdan, som tok kongedøme etter han; han vart kalla Gudrød den storlaatne, men sume kalla han Veidekonge. Kona hans heitte Alvhild, dotter til kong Alvarin fraa Alvheim, og han fekk halve Vingulmark[142] med henne. Son deira heitte Olav, som sidan vart kalla Geirstada.Alv. Alvheim kalla dei den gongen lande millom Raumelvi og Gautelvi[143]. Men daa Alvhild hadde slokna, sende kong Gudrød sendemenn vest til Agdir, til den kongen som raadde der, som heitte Harald Granraude[144]. Dei skulde fri for kongen til Aasa, dotter hans; men Harald sagde nei, og sendemennane kom heim og fortalde korleis de hadde gjengi. Ei tid etter skuva kong Gudrød skipi sine paa vatne og fór sidan med ein stor her ut til Agdir og kom reint uventande og gjekk i land. Han kom ved nattetidir til garden aat kong Harald. Daa han vart var, at de hadde komi ein her mot han, so gjekk han ut med de mannskape han hadde; de kom til slag, men folkemunen var stor; der fall kong Harald og Gyrd, son hans. Kong Gudrød tok mykje herfang. Han hadde heim med seg Aasa, dotter til kong Harald, og heldt brudlaup med ho; dei fekk ein son, som heitte Halvdan. Daa Halvdan var aarsgamal, fór kong Gudrød same hausten i gjestebod. Han laag med skipe sitt i Stivlesund[145]; der var de eit stort drykkjelag, og kongen vart dugeleg full. Um kvelden, daa de var myrkt, gjekk kongen i land; men daa han kom til bryygje-sporden, flaug de ein mann paa han og stakk igjenom han med eit spjot; de vart banen hans. Mannen vart drepin paa flekken. Men morgonen etter, daa det vart ljost, bar dei kjensel paa karen, og de var skosveinen til dronning Aasa. Og ho dulde ikkje heller for, at de var ho som hadde raadt til de. So segjer Tjodolv:

Gudrød,
den gode kongen,
dei lurde seg paa,
longe sidan.
Daude-raad
mot den drukne kongen
hemnefust
hovud fann paa.
Løyn-siger
den løynske tenaren
hennar Aasa vann
yvi kongen,
og paa Stivlesunds
seng den gamle
drap han i hel
hovdingen gjæve.


49. Olav tok kongedøme etter far sin; han var ein megtug mann og ein stor hermann og utifraa væn og ein storvaksin kar. Han hadde berre Vestfold, av di kong Alvgeirr lagde under seg heile Vingulmark og sette kong Gandalv, son sin, yvi de. Dermed tok Alvgeir og Gandalv paa Raumarike og eigna til seg mesteparten av dette rike og fylke. Hogne heitte son hans Øystein den megtuge, som var kongen til upplendingane. Han lagde under seg heile Heidmarki og Toten og Hadaland. Daa snudde Vermeland seg og fraa Gudrødssønine og gav seg til aa leggja skatt til sviakongen. Olav var i tjugeaars-alderen, daa Gudrød døydde; men daa Halvdan, bror hans, vart med i styringi, so skifte dei rike millom seg; Olav fekk den øystre luten, og Halvdan synste luten. Kong Olav budde paa Geirstad[146]. Han fekk verk i foten og døydde av de, og er hauglagd paa Geirstad. So segjer Tjodolv:

Ei grein voks ut
paa gude-tree[147],
i Norigs rike
de retteleg treivst.
Sterkt kong Olav
styrde lande,
vidt og breidt
han i Vestmar raadde,
til dess fotverken
paa Foldar-strandi[148]
røva live
fraa rauste kongen.
No ligg paa Geirstad
gjæve stridsmann,
her-kongen
under haugen gøymd.


50. Rognvald heitte son til kong Olav, som var konge paa Vestfold etter far sin. Han vart kalla Heidum-hære[149]. Um honom dikta Tjodolv fraa Kvine Ynglinga-tal; der segjer han soleis:

Aldri eg høyrde
under himilen blaa,
at konge bar
betre namn,
enn daa Rognvald,
ror-styraren,
«Heidum-hære»
heita fekk.


Notar:

  1. Norvasund er sunde ved Gilbraltar.
  2. Jorsalaland er Jødeland, lande kring Jorsalir (Jerusalem).
  3. Enea, for di at dei i millomalderen trudde at mange folk i Europa var ætta fraa Æneas og Troja-folke.
  4. Store-Svitjod er namn paa Russland; de mindre Svitjod er Sverige.
  5. Serkland er der serkane eller sarasenane bur, i Vestasia, Nordafrika (og Spania). Store-Serkland er Nordafrika.
  6. Blaaland er der dei svarte bur.
  7. Tanais heiter no Don; vart rekna for grense-elv millom Asia og Europa og var tenkt aa koma fraa nokre fjell langt i nord.
  8. Kvisl tyder ei «kluft» og kan vera ein arm eller ei grein av ei elv.
  9. Dei gamle gudane vart kalla Æsir (eintal Ass); Snorre fylgjer den synsmaaten, som var komin upp i millom-alderen, at dei var trollkunnuge folk, som hadde livt i gamle dagar, og leider deira namn Ass fraa Asia.
  10. Hovgodar er de same som tempelprestar.
  11. Diar er de same som gudar, men ikkje ofte brukt, og er kanskje komi fraa irsk.
  12. Drottnar, av drottin, herre, mest um hovdingar for ei hird (drótt).
  13. Troll-songar.
  14. «Prestinde», som hadde aa staa fyri ofringar (blot).
  15. Seid var eit slag trolldom, som var endaa styggare enn galder.
  16. Her er meint Kaukasus, som dei i millomalderen trudde gjekk fraa nordaust til sudvest (i staden for fraa sudaust til nordvest).
  17. Med Tyrkland er meint Litleasia og landi der umkring, og helst lande umkring Troja.
  18. Gardarike er paa lag de same som no er kalla Russland.
  19. Nordtyskland, lande aat saksane.
  20. Odinsey eller Odinsvé (av vé, heilagdom) er Odense i Danmark.
  21. Jötunheimar er, etter de Snorre tenkjer seg, eit land i nord eller nordaust for Sverige.
  22. Selund er Sjælland.
  23. Hleiðra, seinare Leire, nær Roskilde paa Sjælland. Skjold var ættfar til Skjoldungane, kongane i Danmark.
  24. Logen (Lögrinn) er Mælaren (log er de same som vatn).
  25. Stutane.
  26. Augo.
  27. Renna.
  28. Djupsjøen.
  29. Game Sigtúnir laag nær der som no er kalla Sigtuna, paa øystre sida av Uppsala-fjorden.
  30. Nóatún, Himinbjörg, Þrúðvangr og Breiðablik er ikkje stadir paa jordi, men høyrer heime i gudelæra.
  31. Berserk er ein gjeng i bjørnehud (bere er de same som bjørn).
  32. Namne Audun kjem ikkje av Odin, som Snorre hev meint, men av auðr (rikdom) og vinr (ven).
  33. Valhall er halli aat Odin (i himilen), der fallne stridsmenn skulde koma etter dauden.
  34. Sæming; skattekonge, underkonge, den som svarar skatt.
  35. Den som fargar skjolden raud av blod, er ein modig mann.
  36. Skiløypar-dis er gudinna som gjeng paa ski.
  37. Sviþjoð er de som no heiter Svealand, men vert og, liksom Svíaríki eller Svíaveldi, brukt um alle dei land som seinare kom under dei svenske kongane i Uppsalir.
  38. Goðheimr, gude-heimen.
  39. Geir er de same som spjot. Naar einkvar heldt paa og skulde sottdøy, merkte han seg med geirs-oddden, det vil segja: han drap seg.
  40. Med Uppsalir er alltid i konge-sogune meint «Gamla Uppsala», nord for byen med de namn no (den tid kalla Østra Aaros); var ikkje vorti bispesæte endaa, den tid Snorre livde. Domkyrkja der tok dei til aa byggja i 1287.
  41. Uppsala-rikdomen er dei gardane, som kongen i Uppsalir hadde til aa liva av, og som er de fyrste grunnlage til de svenske krungods.
  42. Av husfru kjem truleg de danske ord «hustru».
  43. Hnoss tyder i gmln. «klenodie», «smykke», og gersemi ein dyr og gjæv eignalut.
  44. Log (lögr), væte, avkok.
  45. Durin, liksom Sokmime (Djupheims jotun), er dvergenamn.
  46. Svegde (med di Ynglingane var av Aasa-ætt).
  47. Durin, liksom Sokmime (Djupheims jotun), er dvergenamn.
  48. Namni Snjaa (snø) og Driva (snø-driva), liksom Gisl (skistav) og Ondur (ski), høyrer til i segnir om finnar; likeins ogso Froste (kap. 19) med sonen Loge. Ondur (flt. andrar) er nordlandske (finske) og østerdalske ski (ei lang ski og ei kort og klædd under midten med lodi reinsskinn med haari attetter).
  49. Dei gamle nordmenn trudde, at finnane baade i Finnmarki og i Finnland var sers kunnige i allslag trollskap.
  50. Mara hev dei tenkt seg som eit argt kvinnfolk, som sette seg paa sovande folk og tyngde og tjaadde deim.
  51. Nokor elv med namne Skuta er ikkje kjend i Sverige. Kanskje hev Snorre mistydt verse, so at á beði skútu vil segja «paa légo i skuta»; um so er, hev Vanlande vorti brend i sitt eigi skip, liksom Hake (kap. 23).
  52. Gjevmild.
  53. Vilje-borgi er kroppen, som held viljen bundin.
  54. Bror til sjøen er elden, liksom Loge er sagd aa vera bror aat Ægir (sjøen).
  55. Høge folk; her sønine hans Visbur.
  56. Elden.
  57. Stalle er ein tram (liksom eit altar) som gude-bilæti stod paa i dei gamle hovi.
  58. Domalde (I fiendskap med jutane i Danmark).
  59. Fyrisvollane er slettine attmed Fyrisaa millom Gamle Uppsalir og de nye Uppsala, der aai rann i sjøen.
  60. Domar (ætting aat Yngve).
  61. Halvs bane er elden, med di kong Halv vart innebrend.
  62. Helhest-disi (Helhest-gudinna) er Hel, dotter til Loke og syster til Ulv og Narve.
  63. Um Rig («den fyrste som vart kalla konge») og um Dan og Danp hev de vori fortalt i den seinare luten av de gamle kvad «Rigs-thula», som no er burtkomin, men som Snorre hev kjent.
  64. Fraa fyrst av: drottningar.
  65. Med Reidgotland er her meint Danmark, ser de ut til; andre stadir er de brukt om Jylland. «Reidgotar» var i si tid ogso gotane i søre Europa kalla.
  66. Sonings-blot var ei høgtidleg ofring; de vart daa ofra ein galt til gudane, til aa raadspyrja deim.
  67. Hesten hans Odin. Her vil de segja de same som hest.
  68. Stokksund er sunde millom Mælaren og have (saltsjøen) og heiter no Norrstrøm, paa nordsida av «Staden», de gamle Stockholm.
  69. Agnafit, av fit eller fet, «engslette, lav græsplan ved vandet» (Ivar Aasen). Paa Agnafit ligg no den eldste luten av Stockholm, i sudkanten av «Staden».
  70. Tauren, i gmlsvensk Tør, er halv-øyi millom Mørkøfjorden, Mælaren og Østresjøen. «Austsida aat T.» skulde rettare vori «nordsida aat T.» og «vestan S.» rettare sunnanfor S.
  71. Hagbard vart hengd, og den svale hesten hans er galgen.
  72. Gjevmild.
  73. Myndug, som gjerne vil raada.
  74. Kongane var tempel-eigarar og vart difor kalla dei som vaktar heilagdomen (vé-stall).
  75. Eit slag spel-reide med strengir.
  76. Haaløygine budde i Haalogaland (Nordland, fraa Helgeland til Malangen) i Norig.
  77. Hogg ned mannskape.
  78. Ukjent kor helst de er.
  79. Galgen; Sigar, far henne Signy, lét hengja Hagbard, og galgen vart difor kalla hesten hans Sigar eller hesten hans Hagbard.
  80. Galgen.
  81. Oddasund no Oddesund, vestanfor synste bøygen av Limfjorden.
  82. Den høgbringa stry-hesten er galgen.
  83. Banen hans Gudlaug er Jørund, som drap Gudlaug.
  84. Den urædde.
  85. Tiundaland hev Snorre teki som «tiande-lande» (lande aat den tiande), medan de tyder «lande med dei tie herad (hundrad)».
  86. Horne.
  87. Serleg gull og sylv.
  88. Serleg gull og sylv.
  89. Den namngjetne.
  90. Ty var son aat Odin og raade for sigeren; «son hans Ty» er difor de same som ein stor stridsmann.
  91. Uksen.
  92. Horne.
  93. Hovud-sverd utan slire er horne.
  94. Skilvingar er eit eldre namn paa den svenske konge-ætti.
  95. Austrvegr eller -vegir kalla dei landi umkring Øystresjøen, i vissa paa austsida.
  96. Vendill heiter no Vendsyssel, nordanfor øystre luten av Limfjorden.
  97. Saksland vil her segja auststrandi av Holstein.
  98. Strandhogg gjorde den som gjekk upp paa strandi og hogg ned eller røva buskapen.
  99. Skjoldunga-soga hev fortalt um dei danske kongane i eldre tid; men heile soga hev forkomist, i den skapnad som Snorre kjende ho, so nær som eit or-drag av soga um Rolv Krake, som Snorre hev gjevi i «Edda».
  100. Ömd synest vera de gamle namn paa Hindøyi eller øystre bygdi paa øyi, der Trondenes ligg (sjaa soga om Olav den heilage, kap. 117).
  101. Ofring til disine eller gydjune.
  102. Njardøy er Nærøyi utanfor Namdalen.
  103. Lovund er vel de same som Laghunda hundari i Fjardrundaland, der de var ein gamal kongsgard, Laghundsberg, no Landsberga.
  104. Elden.
  105. Adalsysla («hovudsysla») var lande austanfor øyi Øsel (Eysysla); baae tilsaman, eller heile Estland, var kalla Sysla.
  106. «Havsens hjarta» er utlagt aa tyda de same som «stein», og Snorre hev teki de som namn paa ein stad i Estland, «Stein».
  107. Fjadrundaland er eit «folkland» i Uppland, lengst vest; ein kan sjaa av soga um Olav den heilage (kap. 77), at Snorre hev meint, at Fjadrundaland var de same som Vestmannland. Difor kjenner han (kap. 34) kongar i Fjardundaland, Tiundaland og Aattundaland (d.e. heile Uppland) og Nærike og Sudermannland, men ingin konge i Vestmannland.
  108. =: i midten av januar, daa dei heldt jol i heidning-tidi (sjaa soga um Haakon den gode, kap. 13).
  109. Gautland er Gøtaland, serleg Verstergøtland.
  110. Nokon stad med namne Himinsheid (Himilsheid) er ikkje kjend i Sverige.
  111. Sønine aat Jonaker vart drepne med steinkast, av di vaapn ikkje beit paa deim.
  112. Hogne er ein gamal namngjetin konge. Den som kan bruka hans verju er ein stor stridmann.
  113. Myrkvafjorden, no Mørkøfjorden, gjeng inn mot nord til Sødertelje i Sødermanland.
  114. Dei spaadde paa den vis, at dei «fellte blot-spon», d.v.s. spreidde sponar eller tre-pinnar (kanskje med runir innrista) paa fyriskrivin maate, og søkte med dette upplysningar hjaa gudane um framtidi.
  115. Sili, no Sela-øn i Mælaren, nordaust fraa Strengnes, høyrde til Sødermanland.
  116. Skáni eller Skáney, Skaane, høyrde den til med til Danmark.
  117. Gard paa Tosterøyi i Mælaren, vest for Sela-øn, høyrde like eins til Sødermanland.
  118. Elden, som øydelegg huse.
  119. Kongane var ætta fraa gudane.
  120. Aust-rike er Russland eller Øystresjø-landi her: de var ikkje fyrr i 9de hundrad-aare at svenskane fekk velde der.
  121. Med «femteparten av England» er meint Northumberland; de var likevel ikkje fyrr i 866 at danske vikingar vann de.
  122. Klar-elvi eller Gøtaelvi.
  123. Den gløggsynte.
  124. Fornjot var far til Loge (= eld).
  125. Lovde (lovði) er eit ord som diktarane brukar med same meining som konge.
  126. Eidskogen, grenseskogen millom Solør og Vermeland.
  127. Romerike.
  128. Haðaland («Hadeland») lyder no oftast Haland.
  129. Vestfold var namne paa Jarlsbergs og Larviks amt med Eiker og Lier herad.
  130. Skiringssal var namne paa Tjølling sokn ved Larvik. Ved Kaupang der var i 9de hundrad-aare ei hamn og ein marknadsplass. Noko stelle med namn Skæreid er ikkje kjent.
  131. Hel.
  132. Varna var Rygge herad paa Austfold (Smaaleni), der den store garden Værne var kongsgard seinare utetter og, til den ikring 1200 vart eit hospital der for gamle hirdmenn.
  133. Jarlsøy heiter no Jærsøy, ved innlaupe til Tunsberg.
  134. Borró, heiter no Borre, ved Horten.
  135. Rae (Ra’e) er ein jordrygg av stein og aur, ein gamal jøkulgard eller vór (moræne) som strekkjer seg gjenom Vestfold fraa Helgeraai til Horten. Snorre hev meint, at Vadla var namn paa ei elv i Borro; men der gjeng ingi elv ut i fjorden.
  136. Byleist var bror hans Loke, som var far til Hel.
  137. Gjevmild.
  138. Gjevmild.
  139. Vestmar synest vera namn paa strandbygdine vestanfor Vestfold ikring Grenmar (Langesundsfjorden).
  140. Holtar, no Haltan i Borro herad paa Vest-fold.
  141. Den tridje fraa Halvdan Kvitbein.
  142. Vingulmörk var de meste av Smaaleni, Follo, Aker, Bærum og Asker, Røken og Hurum. I aust laag Alfheimar, i nord Raumariki og Hringariki, og i vest laag Vestfold, paa den andre sida av fjorden.
  143. Raumaelvi er Glaama, og Gautelvi er Gøtaelv.
  144. Raudskjegg.
  145. Kor Stivlesund skulde vera helst, er ikkje kjent.
  146. Geirstaðir, no Gjerstad i Tjølling sokn.
  147. De same som kongsætti.
  148. Folden er Kristianiafjorden.
  149. Snorre gjev i teksti heiðumhæri, som skulde tyda: «høgre enn heidane», men i verse heiðum-hárr, som S. Bugge tyder med «høithædret, ærerig».

HEIMSKRINGLA er et privat initiativ. Prosjektet mottar ikke noen form for offentlig støtte. Vi har kun utgifter og ingen faste inntekter. Kostnader til teknisk drift og utstyr bæres av privatpersoner. Alle økonomiske bidrag mottas derfor med stor takk. Ønsker du eller ditt foretak å støtte prosjektet økonomisk? Ta gjerne kontakt med oss, eller bruk vårt norske kontonummer 97105024499. Du kan også støtte oss via vårt Vipps-nummer 78431. For utenlandske bidrag bruk vårt IBAN-nummer NO6897105024499, med SWIFT-kode: DNBANOKK eller SEPA-kode: SKIANOBB. En kan også overføre penger til HEIMSKRINGLA via PayPal eller vippse via mobilen til 78431. Vi selger også fast annonseplass på venstre sidemeny til rimelig pris. Alle bidragsytere krediteres med navn for sine bidrag.